Ny tid 6. Hjarte-omskjering i den Heilage Ande. Ikkje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande. Kristendomen var eit treffande svar på platonismen og det vart ein kjempe-suksess. «Aldri meir Massada»?

Israels-folket gjorde opprør mot Herren sin Gud. Når dei då vende om til han igjen, skulle dei verte hjerteomskorne.

Moses forkynte for folket at dei skulle vere Guds born, men han var førebudd på at dei kom til å gjere opprør og vende seg bort ifrå han, så det kom til å gå dei ille. Når dei vende om og kom tilbake til han og landet han gav dei, skulle dei verte hjerte-omskorne. Det er ein profeti om evangeliet om Kristus. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av livets vatn og den Heilage Ande. Det som er født av Anden er ånd. Og Paulus talte om det som hjerteomskjeringa i Anden. 

Dei vart bortførde til Babylonia og når dei kom attende til landet sitt, var det viktig for dei å byrje å bygge oppatt tempelet, for då ville Gud velsigne dei igjen. Dei fekk motstand, men Sakarja oppmuntra dei med å profetere om at det skulle ikkje skje med hær eller makt, men berre ved Guds Ande. Når ulykka seinare nærma seg og kom over dei, kven kunne då prøve å seie til dei at det skjer ikkje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande? Dei forstod det ikkje og det verka som om det var for seint. Til samanlikning vert det for seint for mange når Jesus kjem att. Vi må ta imot Guds Ord i tru, slik at vi forstår det med hjertet og opplever at det er verdifull for oss her og no, slik vert vi førebudde på hans gjenkomst, same enten det skjer i vår levetid eller ikkje. 

Kristendomen er eit treffande svar på platonismen.

Platon meinte at sjela var opphavleg i ideverda og skoda fullkomne idear, inkludert det godes ide. Men når mennesket kom til verda, mista det mykje av den innsikta. Slik forklarde han det vondes problem. Så «uheldig vis» var menneska for dumme og for vonde til å ta del i demokratiet. Men gjennom lang utdanning kunne dei gjenvinne mykje av den, derfor trongst ei lærd elite til å styre med diktatorisk makt. Men det tradisjonelle aristokratiet kunne vel ha ei anna vurdering, at «heldig vis» var folk for vonde og for dumme til å ta del i demokratiet, det var eit godt argument for dei til å sikre makta si med bruk av våpen. 

Kristendomen vart eit treffande svar på dette. Gud elska verda så høgt at han sende Son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men få evig liv. Han velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til, vi må verte som born, ja, fødast på nytt for å sjå det og komme inn idet. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born. Det vondes problem var at synda skilde menneska frå Gud, men med eitt syndeoffer tok Jesus bort synda ein gong for alle.

Demokratiet i Aten vart eit alternativ til det tradisjonelle slavesamfunnet. Men så veit vi korleis det gjekk med demokratiet i Aten, det forvitra innanfrå, vesentleg fordi sofistane som gjekk for å vere dei lærde i den tida meinte der ikkje var noko som var rett og sant, dei var meir eller mindre korrupte pratmakarar som prøvde å få med seg folket ved å vere flinke til å ordlegge seg. Sidan har vi funne gode metode til å finne ut kva som er rett og sant, både i kristendomen og i realfag. Men så er det mange som avviser det og kallar det frigjering, slik at med «demokratiske metode» vert folket dåra og forførde slik som ved syndefallet. Det kan verte drepande for samfunnslivet, sjølv om det er eit demokrati, det kan verte demokratiets undergang, så det vert diktatur i staden. Då må vi gjennomskode at det er den eigentlege dei har med denne såkalla «frigjeringa». Det er den aktuelle problemstillinga for «religionsfridom» også.

I vår tid har kunnskapen auka, med mange fleire fagområde og der mykje politiske tankar i tida som vert framstilt som frigjering, men eigentleg går det ut på at demokratiet skal forvitre innanfrå, så samfunnet kollapsar innanfrå. Det fungerer som argument for diktatur, gjennom borgarkrig og krig mellom nasjonar, ja, verdskrig. Derfor er det viktig å lære kva som er rett og sant. Folk kan verte ekspertar på ulike område, men framleis får vi dei to ulike perspektiva på å vere lærd eller ikkje. Ved å bruke prefikset (u), kan vi slå saman to setningar med motsette perspektiv, eg tek med nokre påstandar som typiske døme.  (U)heldig vis er barn og unge for dumme til å forstå seg på forkynninga av evangeliet, dei er for dumme til å be sjølve og lære å forstå sitt eige beste. (U)heldig vis er dei for dumme til å ta imot Faderens kjærleik og omsorg, så dei blir som bortkomne søner og døttre. I følgje Paulus er Kristus hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna, men (u)heldig vis er ungdomen for dumme til å forstå det og (u)heldig vis lærer dei ikkje å forstå det seinare heller. Kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære har forsterka den dåringa og forføringa. Klart der er mykje korrupte maktinteresser i dette. Mannen vil framleis jobbe for seg sjølv og sine, kone og born, men no vert det snyltarar som lurer til seg verdiane. Vi får eit snyltesamfunn til samanlikning med slavesamfunnet, der folk vart selde som slavar.

Aristoteles meinte sinnet til eit foster eller nyfødt barn var som ei rein tavle som det vart skrive på, ei «tabula rasa». Sitat frå https://no.wikipedia.org/wiki/Tabula_rasa :

Tabula rasa (latinskrapt helle eller ren tavle) er et uttrykk som i praksis kun er kjent i sin overførte betydning. Uttrykket henviser til den epistemologiske tesen om at individuelle mennesker er født uten noe medfødt eller innebygd mentalt innhold, med andre ord; «blanke», og at deres hele kunnskap er gradvis bygd opp fra deres erfaringer og sanseoppfatinger av verden rundt dem. «Å gjøre tabula rasa» er på norsk også delvis sammenfallende med begrepet «å gjøre rent bord».

Den filosofiske bruken av tabula rasa kan spores til Aristoteles, men for alvor til Thomas av Aquino på 1200-tallet. En annen middelalderteolog, Albertus Magnus, arbeidet med tankene omtrent samtidig. Nevnes kan også Franciscus Mercurius van Helmont og Pierre Gassendi.

Det var imidlertid John Locke som definerte tabula rasa til hvordan uttrykket benyttes idag, i sin bok Essay concerning Human Understanding i 1689.

Den bokstavelige konkrete tabula rasa eksisterte i antikken. Den var en skrivetavle overtrukket av et voksbelegg. Etter at man hadde skrevet på den, kunne man overstryke overflaten og slik fullstendig fjerne teksten.

SITAT SLUTT.

Nazitysklands propagandaminister Josef Goebbels meinte visst også dei og utnytta det slik at dersom ei løgn vert gjenteken mange nok gangar, vert den til slutt til ei «sanning». I vår tid vert den strategien tydeleg hos dei venstreradikale i den såkalla “woke-rørsla». Igjen kjem vitskapssynet deira i konflikt med genetikken, slik som under Stalin-tida. Når det då viser seg at vi har så pass kritisk sans og er så pass voksne og forstandige og tenker så pass sjølvstendig at vi ikkje er berre som ei tavle som dei kan skrive på slik som dei vil, då kallar dei oss lett for idiotar. 

I ein kristen kyrkjelyd vert vi alle opplærde av Guds Ord, vi har alle fått den same Anden og vi har alle same Herre, Kristus er hovudet for kyrkja som er hans brud, han er hovudet for lekamen og vi er lemene. På mange måtar er vi like, sjølv om vi er ulike som ulike lemer på same kroppen. Dette heng saman med at vi som menneske er genetisk like, men ikkje heilt like, det er berre einegga tvillingar som er genetisk like. Og så viser det seg dei heller ikkje er heilt like, noko av det kan forklarast med epigenetikk, til dømes at den eine får schizofreni og den andre ikkje. Slik er vi forskjellige og tenker forskjellig, ikkje noko av dette kan forklarst med tabula rasa.

Vi må verte som born, ja, fødast på nytt, for å sjå Guds rike og komme inn i det. Han er vegen til Faderen, så vi skal gå den venen og vere heime i Faderhuset. Der får vi oppleve at Faderen elskar oss og har omsorg for oss som sine born, han oppseder oss og lærer oss opp. Der skal vi vekse opp som hans søner og døtre. Læreboka er Bibelen. Kva så med realfag og moderne teknologi? Bibelen er i alle fall læreboka vår, så la oss sjå der.

Jes.28,23 Vend øyra til og høyr mi røyst,

lyd etter og høyr kva eg seier!

24 Når bonden pløyer og skal så,

held han då støtt på

med å pløya og snu og horva si jord?

25 Nei, når han har jamna åkeren,

spreier han dill og strøyer ut karve,

sår kveite, durra, bygg og hirse,

og spelt langsmed åkerreina. 

26 Hans Gud har synt han den rette måten

og lært han korleis det skal gjerast.

27 Ingen treskjer dill med slede

eller rullar vognhjul over karve.

Nei, dill vert banka ut med stav

og karve med ein kjepp.

28 Vert vel brødkornet knust?

Nei, ein treskjer det ikkje for lenge.

Ein køyrer hestar og vogner over,

men lèt ikkje hjula knusa kornet.

29 Dette òg kjem frå Herren, Allhærs Gud.

Underfulle er hans råd,

stor er hans visdom.

Her er det tale om naturfag og teknologi på den tida, det vert påstått at det var Gud som hadde lært dei det og så vert bonden og arbeidet hans brukt symbolsk om Gud og hans rike. Vi får ei vag forståing av det utifrå samanhengen, men i evangeliet om Kristus vert det heilt klart for oss.

Platon tenkte svært så matematisk og det gjorde sitt til at med matematikken vart moderne vitskap og teknologi mykje meir omfattande og avansert og vi kan framleis tru og tenke slik at Gud har lært oss dette også og takke han for det, men å takke han for frelsa i Kristus er mest fundamentalt, ved å ta imot han, fekk vi rett til å verte Guds born. Som hans born tek vi imot han kjærleik og omsorg og takkar han for det. Det gjer oss også i stand til å vise ekte omsorg for andre. Dette vert avgjerande viktig når Jesu kjem for å dømme nasjonane.

Matt.25,31 Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på kongsstolen sin i herlegdom.  32 Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjætar skil sauene frå geitene,  33 og setja sauene på si høgre side, og geitene på si venstre.

34 Så skal kongen seia til dei på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borna åt Far min, og ta i eige det riket som er etla åt dykk frå verda vart grunnlagd. 35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg;  36 eg var utan klede, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg om meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.»  37 Då skal dei rettferdige svara: «Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tyrst og gav deg drikke? 38 Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller utan klede og kledde deg? 39 Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og kom til deg?» 40 Men kongen skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg.»

41 Så skal han seia til dei på venstre sida: «Gå bort frå meg, de bannstøytte, til den evige elden som er laga til åt djevelen og englane hans.  42 For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, men de gav meg ikkje drikke; 43 eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var utan klede, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje om meg.» 44 Då skal dei svara: «Herre, når såg vi deg svolten eller tyrst eller framand eller utan klede eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?» 45 Men han skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.» 46 Så skal dei gå bort til evig straff, men dei rettferdige til evig liv.

Hjerte-omskjering i den Heilage Ande.

Moses forkynte for folket at dei skulle vere Guds born, men han var førebudd på at dei kom til å gjere opprør og vende seg bort ifrå han, så det kom til å gå dei ille. Når dei vende om og kom tilbake til han og landet han gav dei, skulle dei verte hjerte-omskorne.

5.Mos.30, Herren vil samla og velsigna folket sitt

1 Når alt dette kjem over deg, velsigninga og forbanninga som eg har lagt fram for deg, og du tek det til hjarta ute mellom alle folkeslaga som Herren din Gud har drive deg bort til,  2 og du så vender om til Herren din Gud av heile ditt hjarta og heile din hug og lyder han i alt det eg byd deg i dag, både du og borna dine,  3 då skal Herren din Gud venda lagnaden din og vera miskunnsam mot deg. Atter skal han samla deg frå alle dei folk han har spreitt deg imellom.  4 Om du så er bortdriven til verdsens ende, skal Herren din Gud samla deg og henta deg der.  5 Herren din Gud skal føra deg heim til det landet fedrane dine tok i eige, og du skal vinna det att. Og han skal gjera vel imot deg og gjera deg endå talrikare enn fedrane dine.

Då skal Herren din Gud omskjera hjarta ditt og hjarto åt etterkomarane dine, så du elskar Herren din Gud av heile ditt hjarta og heile din hug, og du skal få leva.  7 Men alle desse forbanningane skal Herren din Gud venda mot fiendane dine og mot dei som hatar og forfylgjer deg. 8 Då skal du atter vera lydig mot Herren og halda alle boda hans, som eg gjev deg i dag. 9 Og i alt du tek deg til, skal Herren din Gud gje deg rikeleg av det som godt er, av born og buskap og grøde på jorda. For endå ein gong skal Herren gleda seg over deg og gjera vel imot deg, liksom han gledde seg over fedrane dine,  10 så sant du lyder Herren din Gud og held boda og føresegnene hans som er skrivne i denne lovboka, og så sant du vender om til Herren din Gud av heile ditt hjarta og heile din hug.

11 Desse boda som eg gjev deg i dag, er ikkje for vanskelege eller for langt borte for deg.  12 Dei er ikkje i himmelen, så du må seia: «Kven vil fara opp til himmelen for oss og henta dei ned, så vi kan høyra dei og leva etter dei?»  13 Dei er heller ikkje på hi sida av havet, så du må seia: «Kven vil fara over havet for oss og henta dei, så vi kan høyra dei og leva etter dei?» 14 Nei, ordet er deg nærare enn som så; det er i munnen din og i hjarta ditt, så du kan leva etter det.

Valet mellom liv og død

15 Sjå, i dag har eg lagt fram for deg livet og det gode og døden og det vonde.  16 Gjer du som eg byd deg i dag, så du elskar Herren din Gud, går på hans vegar og held deg etter hans bod, føresegner og domar, då skal du leva og aukast. Og Herren din Gud skal velsigna deg i det landet du går inn i og legg under deg.

17 Men vender du hugen din bort og ikkje lyder, og lèt du deg riva med, så du bøyer deg og tilbed andre gudar og dyrkar dei, 18 då seier eg dykk i dag at de skal gå til grunne. De skal ikkje få leva lenge i det landet som de kjem inn i og legg under dykk når de no går over Jordan.

19 Himmel og jord tek eg i dag til vitne på at eg har lagt fram for dykk liv og død, velsigning og forbanning. Vel då livet, så skal du få leva, både du og ætta di.  20 Elska Herren din Gud, høyr på han og hald deg til han! Då skal du få leva og bu lenge i det landet Herren svor at han ville gje fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob.

Seinare profetar forkynte også dette.

Jer.31,33 Nei, såleis er den pakta eg vil gjera

med Israels-folket i dagar som kjem,

lyder ordet frå Herren:

Eg vil leggja mi lov i hugen deira

og skriva henne i hjarta deira.

Eg vil vera deira Gud,

og dei skal vera mitt folk. 

34 Då skal ingen lenger

læra sin neste og sin bror

og seia: «Kjenn Herren!»

For dei skal alle kjenna meg,

både små og store, seier Herren.

For eg vil tilgje deira misgjerning

og aldri meir koma deira synd i hug.

Jeremias profeterte om at dei kom til å verte bortførde til Babylonia og det skulle gå 70 år før dei fekk vende attende (Jer.25,11). Då var det viktig for dei å byrje å bygge oppatt tempelet, for då ville Herren velsigne. Dei fekk motstand med profeten Sakarja profeterte for dei og sette mot i dei og profetien viser framover til den nye pakta, ved Guds tenar, Renning. 

Sak.3,8 Høyr no, Josva, øvsteprest!

Du og embetsbrørne dine,

som sit framføre deg,

de er varselsmenn.

For sjå, eg lèt min tenar Renning koma.  

9 Ja, på den steinen eg har lagt framfor Josva,

på denne eine steinen med sju augo

ritar eg den innskrift som skal stå,

lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

På ein einaste dag vil eg ta bort

den skuld som kviler på dette landet. 

10 Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud,

skal de be kvarandre til gjestebod

under vintre og fikentre.

Sak.4,6 Då tok han til ords og sa til meg:

Dette er Herrens ord til Serubabel:

Ikkje med makt og ikkje med kraft,

men med min Ande,

seier Herren, Allhærs Gud.

7 Kven er vel du, du mektige fjell?

Framfor Serubabel skal du verta ei slette.

Han skal føra fram toppsteinen,

medan dei ropar:

«Nåde, nåde vere med han!»

Dei skulle bygge tempelet og Serubabel var byggherre. Dei fekk motstand, men så seier Sakarja at det skal ikkje skje med hær eller makt, men ved Guds Ande. Dette viser betydninga av hjerteomskjeringa i Anden.

Paulus forkynte den nye pakta som hjerteomskjering i den Heilage Ande.

Rom.2,28 For rett jøde er ikkje den som er jøde i det ytre, og rett omskjering er ikkje den dei gjer i det ytre, på kroppen.  29 Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjarta, ikkje etter bokstaven, men ved Anden. Han får si ros, ikkje av menneske, men av Gud.

Rom.10,5 Moses skriv om den rettferd som lova gjev: Den som held lova, skal leva ved lova.  6 Men rettferda av tru seier: Tenk ikkje med deg sjølv: Kven skal fara opp til himmelen? – det vil seia for å henta Kristus ned – 7 eller: Kven skal stiga ned i avgrunnen? – det vil seia for å henta Kristus opp frå dei døde. 8 Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i munnen din og i hjarta ditt. Det er ordet om trua, det som vi forkynner. 9 For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst.  10 Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste.  11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar.  12 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han.  13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.

Sjå likskapen mellom dette og 5.Mos.30,6&12-14.

«Norsk Bibel» og profetien om Dyret med ti horn.

Daniel fekk to syn om dei 4 store verdsrika (Dan.2&7). I Dan.7 er dei omtala som fire dyr, det siste hadde ti horn.

Dan.7,6 Sidan såg eg eit anna dyr, som likna ein leopard. Det hadde fire fuglevenger på ryggen, og det hadde fire hovud. Dyret fekk stor makt.  7 Så fekk eg i nattsynene mine sjå eit fjerde dyr, fælt og skræmeleg og uhorveleg sterkt. Det hadde store tenner av jern og åt og krasa; og leivningane trakka det ned med føtene. Det var annleis enn alle hine dyra og hadde ti horn. 8 Då eg såg vel på horna, fekk eg auga på eit anna lite horn som skaut opp mellom dei. Og tre av dei andre horna vart opprykte, så det kunne få rom. Dette hornet hadde augo som eit menneske og ein munn som tala store ord.

I «BIBLEX Hermons store bibelhandbok» er det nemnt to moglege tolkinga, den eine er at det tredje dyret (v6) er Aleksander den Store sitt rike og det fjerde er Romarriket. Den andre moglegheita er at det tredje riket er det Persiske riket og det fjerde er det Greske riket. Dei fire tærne på biletstøtta i Dan.2 skulle då svare til dei ti horna. Der var det svake punktet på biletstøtta, fordi føtene bestod av både jern og leire. 

I «Norsk Bibel» står det som kommentar til vers 7 at det fjerde dyret er Romarriket og det ellevte hornet er Antikrist. Men Ordet Antikrist finn vi berre i 1.Johannes brev og eg har ofte undra meg på at mange kristne brukar ordet Antikrist på ein annan måte enn det vert brukt her, som om ein stor herskar som skal stå fram. Mykje spekulasjonar om dette har utarta seg mest som dikting om Europa og spesielt om EU og det er ikkje rart at utartar seg som feilvurdering, feildømming og profeti som slår feil.

Når eg skrive om profetiane og kommentert dette og så viste eg at det fjerde dyret er det greske riket, dei ti horna svara til dei ti strategane i Hellas, det store ellevte hornet vart då Aleksander den Store. Eg samanlikna ikkje dei ti horna med dei ti tærne, det kan vere rett og svare til at demokratiet vart til ei svakheit, men den var først og fremst fordi føtene ikkje var berre jern, men leire også, der jernet var grekarane og leiren var persarane. For grekarane hadde vunne og var sterke, persarane hadde tapt og var svake. Daniels bok har også ei historieskriving og i den går det heilt klart fram at det andre riket er det Mediske riket og då må det tredje vere det persiske riket og det fjerde vere det greske riket.

Når debatten om endetidssynet føregjekk i Dagen for eit år sidan, skreiv om dette som føreslag til kronikk og sende til dei, men der var inga interesse for det. Seinare oppdaga eg at Leif Jacobsen hadde vore med på Bibel-oversettinga «Norsk Bibel».

Profetiane i Daniels bok er svært så sentrale og grunnleggande for å forstå Johannes Openberring, så sidan dei ikkje forstår denne profetien rett, får dei store problem med å forstå Johannes Openberring og let frustrasjonen gå ut over andre som har forstått meir og går i forsvarsposisjon ved å kallar dei preteristar, med sin definisjon av ordet. 

Berre ved Guds Ande. Preterisme?

På heimesida mi «Blessings-from-heaven» skriv eg referat frå møte der det har vore tyding av tungetale eller profetiske bodskap og så legg eg til mine eigne kommentarar, men på den andre heimesida mi, «Trua og Entropien», skriv eg meir sjølvstendig, gjerne ved å vise til slike møtereferat. Hausten 2023 byrja eg å skrive om profetiane på mi heimeside, «Trua og Entropien» og la dei ut på FB. På nyåret 2024 vart det ein debatt i «Dagen», der dei som heldt seg til det tradisjonelle synet på endetida hos pinsevennane, gjekk til angrep på preterismen, representert ved Finn Arne Lauvås. Dei sa lite om kva som var det tradisjonelle synet, det var dispensasjonalismen, men den vart nemnd mest berre som eit fagord, men det var den som var feil og det var det eigentlege problemet deira. Eg hadde nyst abonnert på avisa og kommenterte innlegga i nett-utgava, men fann ut at dette var lite meining i, så eg sa opp abonnementet. Eg har skrive om dette i kommentar til bodskapane Elin kom med 20&27.2 i år. Som kommentar til den første bodskapen skreiv eg eit lite referat frå møtet på Sion Åheim same dag, John Willy Lien hadde talt om profetiane og så refererte han til Leif Jakobsen si åtvaring mot preterismen som ei vranglære, ei av åtvaringane var at preteristane åndeleggjorde heile greia. På slutten av møtet fekk vi lov til å komme med spørsmål, så eg var fram og sa nokre ord. På søndag hadde han forkynt om at Jesu frelseverk var fullført, det kalla eg preterisme, for Jesus kom for å oppfyllelova og profetane. Preterisme betyr «allereie oppfyllt», så det skulle vel høve bra med det som han sjølv forkynt på søndag om at Jesu frelseverk er fullført. I Sakarja.4 er det tale om å bygge oppatt tempelet og det vart profetert om at det skulle ikkje skje med hær eller makt, men ved Guds Ande. Så det skulle vel stemme bra med at preteristane åndeleggjer heile greia. Etter møtet innrømma eg for han at det eg hadde sagt var først og fremst ein påstand, men venteleg ville då spørsmålet melde seg. Men hugs at vi må ikkje stille spørsmål ved Gud ord. Det likte han og omfamna meg som ei velsigning. 

Eg tek opp tråden derifrå. At vi får lov til å stille spørsmål utan å komme med ein påstand, som i eit vitnemål, verkar som ei umyndiggjering. Leif Jakobsen har også teke til orde mot dei som fer langt bort frå kyrkjelyden med sin forkynning, slik at verken dei eller kyrkjelyden har kontroll på det. Det liknar mest på korleis dei lærde jødane prøvde å sette stoppar for Paulus si misjonering og dernest hans kyrkjelydsoppbygging, ved å krevje at heidningar som hadde vorte kristne skulle omskjerast. Dernest minner det om læra som Augustin godtok, om at det var berre gjennom kyrkja folk kunne verte frelst, dei som stod utanfor, var forbanna, så dei skulle gå fortapt. Det verka på liknande måte til å setje grenser for misjoneringa.

På heimesida mi «Trua og Entropien» skrive eg som sagt meir sjølvstendige artiklar, så når eg her tek opp tråden, er det først og fremst ein tråd som eg sjølv slapp ved å skrive ferdig artiklar, at eg slapp den er soleis ikkje så rart. Eg må få lov til å sjå det slik, så eg slepp å skrive oppatt det same mange gangar, eg må få lov til å komme vidare og det er det sikkert mange andre også som må få lov til. Eg er sjølvstendig nok til å ignorere hushaldningslæra, «dispensjonalismen» og så definerer eg preterismen bokstaveleg, «allereie oppfyllt» og brukar det om at Jesu frelseverk er fullført og fullkome. Han kom for å oppfylle lova og profetane. Oppbygginga at tempelet og dermed Jesu kyrkje, skjer berre ved den Heilage Ande, den openberrar Guds Ord for oss og viser oss at Jesus frelseverk er fullført for oss. Slik får vi også profetisk innsikt, så vi alle kan tale profetisk, slik som Elin har sagt. Har Jesus kalla deg og valt deg ut personleg, så har han også openberra det ved sin Ande og det er profetisk innsikt. Den som talar profetisk, talar til oppbygging av kyrkjelyden og det skjer berre ved Guds Ande. Den som talar profetisk brukar vitet, så då kan han vel tenke og tale sjølvstendig.

På heimesida mi «Trua og Entropien» har eg lagt vekt på å bruke vit og forstand og tenke og skrive sjølvstendig. Då kan det vel vere at eg har tala profetisk utan at eg sjølv har vore skikkeleg klar over det, men det betyr sjølvsagt ikkje at alt det er profetisk. Korleis kan vi då vite kva som er profetisk tale av det? Det eg har skrive om openberring som Gud har gitt meg og som stemmer med bodskap som har kome gjennom tyding av tungetale og profetiske bodskap. Bodskapane som kjem som Andens direkte tale til oss er svært så pålitelege, det er berre å prøve det på Guds Ord, så får vi også ei betre forståing av det. Men Anden talar til oss også ved å be for oss med sukk som det ikkje finst ord for, enn om vi får kjenne krafta i det. Og så har Gud ved sitt Ord og sin Ande gitt meg innsikt i profetiane, så eg har skrive om dei på min måte. Eg meiner eg har høyrt kva Anden talar til kyrkjelydane og eg har høyrt Guds stemme når eg har skrive dette. Eg er tydeleg vis heilt unik også i dette og derfor skal eg ikkje samanlikne med andre. Jesus har sagt eg er heilt unik og derfor skal eg ikkje samanlikne hans prosess med meg med hans prosess med andre.

Minn jødane om at det skjer ikkje med hær og ikkje med makt, men berre ved Guds Ande. Kva så med slagordet deira: Aldri meir Massada?

 

Preterisme?

Jesus kom for å oppfylle lova og profetane og når han hang på korset, sa han at det var fullbrakt og så døde han. Det er og blir det sentrale poenget i preterismen, for ordet betyr «allereie oppfylt». Og eg brukar det om å innsjå kva dette betyr for oss, ved at den Heilage Ande openberrar Guds ord for oss og openberrar og herleggjer Kristus for oss som vår frelsar og Herre. Jesus sa at dersom vi kjennest ved han for menneska, vil han kjennast ved oss for Faderen og englane hans. Då er det noko som vi må vite og lære å nytte oss av. Når vi kjennest ved han for menneska vert det gjerne spørsmål og problem som melder seg med vi får svar og hjelp ved Guds Ord og Guds Ande, vi får oppleve og merke at Jesus kjem til oss og då er ikkje Faderen og hans englar langt unna heller.

Maccabearane til samanlikning med Moses.

La oss no tenke oss at vi vedkjenner Jesu namn for jødane og så minner vi dei om at når dei skulle bygge oppatt tempelet, sa Gud til dei at det skjer ikkje ved hær eller makt, men berre ved hans Ande (Sak.4). Korleis verka det ved oppfyllinga av profetien i Dan.11, då Antiokus Epifanes avsette den jødiske øvstepresten og sette inn ein øvsteprest som dyrka Zevs i staden og kravde at jødane også skulle gjere det same? Tusen jødar for ut i øydemarka for å halde sabbat for Herren i fred og ro, men Antiokus sine soldatar kom etter dei og drap dei ned for fote. Sidan leia maccabearane dei i ein motstandskrig og klarde å frigjere folket og jage okkupantane ut av landet (1.Macc).

Til samanlikning var det eit motiv for Moses til å samle folket.

2.Mos.5, 1 Sidan gjekk Moses og Aron fram for farao og sa: «Så seier Herren, Israels Gud: Lat folket mitt fara, så dei kan halda høgtid for meg i øydemarka!»  2 «Kven er Herren,» spurde farao, «sidan eg skal lyda han og la folket fara? Eg kjenner ikkje Herren og vil ikkje la Israel fara.» 3 Dei svara: «Hebrearguden har møtt oss. Difor vil vi fara tre dagsleier ut i øydemarka og ofra til Herren vår Gud, så han ikkje skal koma over oss med pest eller sverd.» 4 Då sa egyptarkongen til dei: «Moses og Aron, kvifor dreg de folket bort frå det dei har å gjera? Gå til arbeidet dykkar!» 5 Og farao heldt fram: «De ser kor talrikt folket har vorte i landet no. Og så vil de lokka israelittane til å leggja ned arbeidet sitt!»

6 Same dagen gav farao futane og arbeidsformennene for folket dette påbodet: 7 «Heretter skal de ikkje gje folket halm til mursteinen, som de før har gjort. Dei skal sjølve gå og sanka seg halm. 8 Men de skal krevja like mykje murstein av dei no som før; de skal ikkje slå av på talet. For dei er late; difor skrik dei: Vi vil av og ofra til guden vår. 9 Legg tungt arbeid på karane, så dei har nok å gjera og ikkje høyrer på alt lygnsnakket!»

Jesu lekam.

Når Jesus kom og forkynte evangeliet om Guds rike for dei, spurde dei kva slags teikn han gjorde. Då sa han at om så dei reiv ned dette tempelet, så skulle han bygge det oppatt på tre dagar. Men då tenkte han på kroppen sin som eit tempel. På grunnlag av si verdslege makt, kravde dei å få han hendretta og fekk det gjennomført. Men han stod oppatt frå dei døde, det skjedde ikkje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande.

Joh.2,18  Då tok jødane til ords og spurde han: «Kan du syna oss eit teikn på at du har rett til å gjera dette?»  19 Jesus svara: «Riv ned dette templet, og eg skal reisa det opp att på tre dagar.» 20 Då sa jødane: «I førtiseks år har dei bygt på dette templet, og du vil reisa det opp att på tre dagar?» 21 Men det templet han tala om, var lekamen hans.  22 Då han hadde stått opp frå dei døde, kom læresveinane hans i hug at han hadde sagt dette, og dei trudde Skrifta og det ordet Jesus hadde sagt.

Matt.12,38 Nokre skriftlærde og farisearar tok då til ords og sa: «Meister, vi ville gjerne sjå deg gjera eit teikn.»  39 Han svara: «Ei vond og utru ætt krev teikn, men ho skal ikkje få noko anna teikn enn Jona-teiknet. 40 For liksom Jona var tre dagar og tre netter i buken på den store fisken, såleis skal Menneskesonen vera tre dagar og tre netter i jord-djupet.

Rom.1,1 Paulus, Jesu Kristi tenar, kalla til apostel og utvald til å forkynna Guds evangelium, helsar dei kristne i Roma.  2 Dette evangeliet har Gud føreåt gjeve lovnad om gjennom profetane sine i heilage skrifter, 3 evangeliet om Son hans, Jesus Kristus, vår Herre, som menneske komen av Davids ætt,  4 men ved heilagdoms Ande innsett som Guds mektige Son då han stod opp frå dei døde.  5 Ved han har eg fått nåde og apostelembete, så eg i alle folkeslag skal føra menneske til lydnad og tru, til ære for hans namn.

Trengsel-tida, preterisme eller dispensasjonalisme (hushaldningslære)?

Jesus profeterte om at tempelet skulle rivast ned og dei som budde i Judea måtte røme til fjells. 

Matt.24,1 1 Så gjekk Jesus bort frå templet. Då han var på veg ut, kom læresveinane til han og peika på tempelbygningane. 2 Men han sa: «Sjå alt dette! Sanneleg, det seier eg dykk: Her skal det ikkje liggja att stein på stein; alt skal rivast ned.»

…….

15 Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! –  16 då må dei som er i Judea, røma til fjells; 17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset;  18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20 Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat! 21 For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta. 22 Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare. 

Dette vert kalla trengsletida. Preteristane meiner det skjedde i den fyrste jødisk-romerske krigen, men dispensasjonalistane meiner det ikkje har skjett enno, så det ligg i framtida altså. Men kva seier historia? 

Aldri meir Massada.

I følgje historia vart Jerusalem beleira av romarane i den første jødisk-romerske krigen, dei tok byen og tempelet vart nedrive, mange unge menn vart hendretta ved krossfesting, andre vart tekne som slavar. I slutten av krigen var der 960 jødar som rømde til Herodes si fjellborg på Massada og forskansa seg der i tre år. Romarane brukte jødisk slavar for å bygge opp ein veg, så dei kunne ta fjellborga. Jødane i borga forstod at dagen etter kom dei, så dei valde å begå sjølvmord i staden for å verte romerske slavar. Berre ei ung kvinne overlevde, fordi ho hadde gøymt seg vekk. I denne artikkelen vert det påstått at det var knapt ti kvinner og barn som berga livet ved å gøyme seg vekk: https://no.wikipedia.org/wiki/Masada

Sidan har jødane laga seg slagordet «aldrig meir Massada», det vart spesielt aktuelt under andre verdskrig. I staden for å døy forsvarslause, skulle dei kjempe med livet som innsats, meir som maccabearane altså.

Så i fylgje historia har Jesu profeti i Matt.24 i hovudsak gått i oppfylling, oppgåva vert ikkje å prøve å finne ut om der er noko av den har gått i oppfylling, men om der er noko av den som ikkje har gått i oppfylling. Så i hovudsak har preteristane rett og dispensasjonalistane feil. Alle veit at tempelet vart nedrive og svært mange veit at mange jødar rømde til Massada-fjellet, så det som Jesus profeterte gjekk i oppfylling. Og det seier preteristane. Men så seier dispensasjonalistane at dei tek feil!? Då er det som å nekte for at det har skjett, i staden for å seie «aldri meir Massada» blir det å påstå «Massada har aldrig skjett». Skal de kanskje verte Holocaust-fornektarar også? Jødane i Judea har enno ikkje måtta røme til fjells, så då må det skje ein gong i framtida, for at profetien skal gå i oppfylling. Og kven skal liksom oppfylle den profetien då? Gud oppfyller profetiane, han sende Son sin for å frelse, men også for å oppfylle lova og profetane så han oppfylte sine eigne profetiar også og gjer det framleis. 


Leave a comment