Ny tid 5. Oljetreet; greiner vart avhoggne og ville olivengreiner vart poda inn. Kven var eller er dei to oljegreinene i Joh.Op.11?

Forsoninga.

Gud forsona verda med seg sjølv ved at Son hans, Jesus Kristus, døde i staden for oss på korset. Slik gjorde han slutt på fiendskapen mellom jødar og heidningar. Korleis skal vi forstå det i vår tid, når det er så mykje fiendskap og krig? La oss no prøve å forstå profetien om oliventreet og greinene.

Bibelvers om forsoninga.

Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.  2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande,  4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.  6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege.  7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.  9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv.  11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

Ef.1,2 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,

han som i Kristus har velsigna oss

med all Andens velsigning i himmelen.

 Ef.2,1 De var ein gong døde på grunn av misgjerningane og syndene dykkar.  2 De levde i dei på denne verdsens vis og lét dykk leia av hovdingen i himmelrømda, den ånd som no verkar i dei ulydige.  3 Ja, ein gong levde vi alle som dei. Vi fylgde lystene i vår syndige natur og lét oss leia av den og av våre eigne tankar. Og vi var av naturen under Guds vreide liksom alle dei andre.

4 Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik,  5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste.  6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.  9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg.  10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

11 De var ein gong heidningar og vart kalla uomskorne av dei som kallast dei omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand.  12 Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, utan del i paktene og lovnaden og difor utan von og utan Gud i verda.  13 Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær ved Kristi blod. 14 For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned det gjerdet som skilde, fiendskapen.  15 Då han gav sin lekam, avlyste han lova med hennar bod og føresegner. Såleis skulle han gjera fred og skapa dei to til eitt nytt menneske.  16 I ein lekam skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og der gjorde ende på fiendskapen.  17 Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær.  18 Ved han har vi begge tilgjenge til Faderen i ein Ande.  19 Så er de ikkje lenger framande og utlendingar, men de er borgarar saman med dei heilage og høyrer Guds husfolk til. 20 De er oppbygde på apostel- og profetgrunnvollen, men hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv.  21 Han held heile bygningen saman, så han i Herren veks til eit heilagt tempel,  22 og ved han vert de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.

Oljetreet.

Paulus sa at Gud ikkje hadde støytt frå seg folket sitt, det var han sjølv eit døme på. Som Guds folk var dei som eit oljetre, men på grunn av fråfallet vart greiner brotne av. Slik vart det rom for å pode inn andre greiner. Heidningar som kom til tru på Kristus var som ville oljekvistar som vart hogde av andre oljetre og poda inn i dette oljetreet og fekk sevje frå denne rota. Kanskje då dei opphavlege greinene vart misunnelege på dei innpoda greinene slik at dei også vart poda inn att i det oljetreet som dei opphavleg var på. Ja, men då må ikkje misunninga verte slik som når Kain vart misunneleg på Abel, for det var nettopp derfor dei vart avhogne.

Rom.11,1 No spør eg: Har Gud støytt frå seg folket sitt? Langt ifrå! Eg er sjølv ein israelitt, av Abrahams ætt og Benjamins ættgrein.  2 Gud har ikkje støytt frå seg folket sitt, det folket han hadde vedkjent seg. Eller veit de ikkje kva Skrifta seier i forteljinga om Elia, korleis han stig fram for Gud med klagemål mot Israel? 3 Herre, profetane dine har dei drepe, og altara dine har dei rive ned. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.  4 Men kva svar fekk han frå Gud? Eg har spart sju tusen mann som ikkje har bøygt kne for Ba’al.  5 På same måten har det i vår tid òg vorte att ein rest som Gud i sin nåde har valt ut.  6 Men er det av nåde, er det ikkje på grunn av gjerningar; elles var ikkje nåden nåde.  7 Kva så? Det Israel strevar etter, har dei ikkje nått, men dei utvalde har nått det. Dei andre har vorte forherda,  8 som det står skrive:

Gud har gjeve dei ei sløv ånd,

augo som ikkje ser og øyro som ikkje høyrer,

heilt til denne dag.

9 Og David seier:

Lat bordet deira verta ei snare og ei felle,

så dei snåvar og får si straff.

10 Lat augo deira dimmast,

så dei ikkje kan sjå,

og lat ryggen deira vera bøygd for alltid.

11 Så spør eg: Snåva dei for at dei skulle falla? Nei, langt ifrå! Men deira fall gjorde at frelsa kom til dei andre folka, og så skulle jødane verta misunnelege på dei.  12 Når deira fall har ført til rikdom for verda, og tapet av dei har vorte til rikdom for dei andre folka, kor mykje meir får det ikkje då å seia at dei kjem med i fullt tal?

13 No talar eg til dykk som er av heidningætt. Så sant som eg er apostel for heidningane, set eg tenesta mi høgt; 14 og eg gjer det med den von at eg kan gjera landsmennene mine misunnelege og frelsa nokre av dei.  15 Har det vorte til forsoning for verda at dei vart vraka, kva må det ikkje så føra til at dei vert godtekne? Jau, liv av døde! 16 Er det fyrste brødet heilagt, er heile deigen heilag. Er rota heilag, er greinene det òg.  17 Nokre av greinene er no avbrotne, og du som var ein vill oljekvist, er pota inn mellom greinene og har fått sevje frå rota saman med dei.  18 Men tenk ikkje om deg sjølv at du er betre enn greinene! Gjer du det, så kom i hug at det ikkje er du som ber rota, men rota som ber deg! 19 No vil du kanskje seia: «Greinene vart avbrotne så eg kunne verta innpota.» 20 Ja vel, men det var vantrua som gjorde at dei vart avbrotne, og det er trua som gjer at du vert ståande. Ver ikkje hovmodig, men ottast Gud!  21 Sparte han ikkje dei naturlege greinene, skal han ikkje spara deg heller.

22 Sjå då kor god Gud er og kor streng! – streng mot dei som er falne, men god mot deg så sant du held deg til godleiken hans. Elles vert du òg avhoggen.  23 Men dei andre òg skal verta innpota, i fall dei ikkje held fram i vantrua si. Gud har makt til å pota dei inn att.  24 Du vart avhoggen av eit vilt oliventre og mot naturen innpota på eit godt tre. Kor mykje meir skal ikkje dei naturlege greinene potast inn i sitt eige oliventre, dei som av naturen høyrer treet til? 25 Brør, eg vil seia dykk ein løyndom, så de ikkje skal ha for store tankar om dykkar eige skjøn: Forherding har kome over ein del av Israel til dess folkeslaga er komne inn i fullt tal. 26 På den måten skal heile Israel verta frelst, som det står skrive:

Frå Sion skal bergingsmannen koma,

han skal rydja gudløysa bort frå Jakob,

27 og dette er den pakt eg vil gjera med dei

når eg tek bort syndene deira.

28 På grunn av evangeliet har dei vorte Guds fiendar, så de skal få frelsa. Men på grunn av utveljinga er dei elska av Gud, for fedrane skuld. 29 For Gud angrar ikkje på sine nådegåver og si utveljing.  30 De var ein gong ulydige mot Gud, men no har de fått miskunn fordi dei andre var ulydige. 31 På same vis har dei no vore ulydige, men den miskunn de har fått, skal føra til at dei no får miskunn. 32 Gud la alle under ulydnad, så han kunne miskunna seg over alle.

33 Å, for eit djup av rikdom

og visdom og skjøn hjå Gud!

Kor uransakelege hans domar er,

og kor ufattelege hans vegar! 

34 Kven kjende Herrens tankar,

eller kven var rådgjevaren hans? 

35 Kven gav han noko fyrst,

så han skulle få vederlag? 

36 Av han og ved han og til han er alle ting.

Han skal ha ære i all æve! Amen.

Heb.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne,  23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga,  24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.

25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen.

……

Dispensjonalistane prøver å framstillet det som at Finn Arne Lauvås og dei andre preteristane meiner at Gud har vraka folket sitt, jødane, men eg veit at det er i alle fall ikkje tilfelle for Finn Arne Lauvås. Så den øyra høyrer eg ikkje på, spesielt sidan det er så tydeleg at dei ikkje har brytt seg om kva eg har sagt, til tross for at eg har snakka med Herren i mange år. I staden kallar eg meg preterist, med bokstaveleg tolking av ordet og legg mi eiga overtyding i det.

 Dei to oljegreinene.

I Sak.4 er det tale om to oliventre og det vert også kalla oljegreiner.

Sak.4,1 Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein mann vert vekt or svevnen. 2 Han spurde meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein ljosestake som er av gull heilt igjennom. På toppen har han ei oljeskål og sju lamper med sju røyrer til kvar av lampene, som sit øvst på han.  3 Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre for oljeskåla og eitt til venstre.»  4 Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva tyder dette, herre?» 5 Engelen som tala med meg, sa: «Veit du ikkje kva dette tyder?» Eg svara: «Nei, herre.» 6 Då tok han til ords og sa til meg:

Dette er Herrens ord til Serubabel:

Ikkje med makt og ikkje med kraft,

men med min Ande,

seier Herren, Allhærs Gud.

7 Kven er vel du, du mektige fjell?

Framfor Serubabel skal du verta ei slette.

Han skal føra fram toppsteinen,

medan dei ropar:

«Nåde, nåde vere med han!»

8 Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

9 Serubabels hender har tufta dette huset,

og hans hender skal fullføra det.

Då skal du sanna

at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til dykk. 

10 Ja, alle som har vanvørdt

den dagen då det tok til i det små,

skal gleda seg når dei får sjå

blyloddet i Serubabels hand.

– Dei sju, det er Herrens augo

som fer over heile jorda.

11 Då tok eg til ords og spurde han: «Men kva tyder dei to oliventrea som står til høgre og til venstre for ljosestaken?» 12 Atter tok eg til ords og spurde: «Kva tyder dei to olivengreinene attmed dei to gullrøyrene som leier den gylne oljen ned frå dei?» 13 Han sa til meg: «Veit du ikkje kva dei tyder?» «Nei, herre,» svara eg. 14 Då sa han: «Det er dei to som er salva med olje. Dei står framfor han som er herre over all jorda.»

Dei to olivengreinene er dei to som er salva med olje, her er altså oljen symbol på den Heilage Ande. Eg forstår det slik at der er eit gull-rør som leier olje frå begge dei to oljegreinene. 

Dei to oljetrea får vi vite meir om i Johannes Openberring.

Joh.Op.11,1 Og eg fekk ei mælestong, på skap som ein stav, og det vart sagt til meg: «Reis deg og mæl Guds tempel og altaret og dei som tilbed der!  2 Men føregarden utanfor templet skal du la vera; den skal du ikkje mæla. For han er overlaten til heidningane, og dei skal trø ned den heilage byen i 42 månader.  3 Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i syrgjeklede, til å vera profetar i 1260 dagar.» 4 Dette er dei to oliventrea og dei to ljosestakane som står framfor herren over jorda.  5 Og vil nokon skada dei, går det eld ut or munnen på dei og gjer ende på fiendane deira. Ja, om nokon vil skada dei, skal han døy på den måten.  6 Dei har makt til å lata att himmelen, så det ikkje fell regn i den tida dei er profetar; dei har makt over vatnet og kan gjera det til blod, og makt til å slå jorda med alle slag plager, så ofte dei vil.

7 Men når dei har fullført vitnemålet sitt, skal dyret som stig opp or avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei.  8 Lika deira skal liggja på gata i den store byen som åndeleg tala vert kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest. 9 Menneske av mange folk og ætter og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei. 10 Og dei som bur på jorda, skal gleda og fagna seg over lagnaden deira og senda kvarandre gåver. For desse to profetane hadde vore ei stor plage for dei som bur på jorda.

11 Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei; dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart skjelvande redde.  12 Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for augo på fiendane sine.  13 I same stunda kom det eit stort jordskjelv. Tiandeparten av byen rasa saman, sju tusen menneske vart drepne, og dei som var att, vart forfærde og gav Gud i himmelen ære.

14 Det andre ve er over. Men det tredje ve kjem snart.

Etter tre og ein halv dag stod dei oppatt frå dei døde og steig opp i himmelen. Eg har tala om dette som frelsa slik som dåpen symboliserer den og eg er overtyda om at det er rett. Det er det grunnlaget at vi framleis kan ha desse tenestene i den kristne kyrkja. Ja, litt seinare er det også tale om kista i himmelen som er teikne på pakta, men no er det den nye pakta.

Joh.Op.11,19 Då vart Guds tempel i himmelen opna, og kista som er teiknet på pakta hans, vart synleg der inne. Og det kom lyn og drønn, torebrak og jordskjelv og store hagl.

No talar eg om desse tenestene som noko universelt, universalia, men kva med partikularia, profetien må vel også vere om at nokon opplevde dette svært så reelt? Kven kunne det då vere? Eg vert meir og meir overtyda om at det var apostlane Johannes og Paulus, Johannes som øvstepresten Josva og Paulus som byggherren Serubabel. Med tanke på kor mykje dei har skrive av det nye testamentet og kva dei har skrive, skulle dette passe bra. Det vert alt for mykje å ta med alt det som argument her, men det sentrale vert at dei steig opp i himmelen. Det vart profetert om at Paulus og Peter skulle lide martyrdøden, slik sett kunne det passe best for dei, då ville eg foreslå Paulus som øvstepresten Josva og Peter som byggherren Serubabel. Begge talte om å bygge på evangeliets grunnvoll, men Paulus talte også om prestetenesta (Rom.12,1….). Det er framfor alt Hebrearbrevet som fortel om prestetenesta i den nye pakta og eg held det for å vere mest sannsynleg at det var Paulus som skreiv det, for han var den mest skriftlærde av dei og brevet avslutta med å skrive om medtenaren hans, Timoteus, og så helsa han frå brørne i Italia, Paulus vart då send dit som fange.

Heb.13,23 De skal vita at Timoteus, bror vår, er frigjeven. Kjem han snart, skal eg vitja dykk saman med han.

24 Helsa alle leiarane dykkar og alle dei heilage! Brørne frå Italia sender si helsing.

25 Nåden vere med dykk alle!

Men det kan verke som om Johannes utførde prestetenesta, for evangeliet og breva hans verkar svært så psykologiske og så skreiv han «Jesu øvsteprest-bøn». 

Etter at Jesus hadde stått opp frå dei døde og vorte teken opp til himmelen, openberra han seg for Paulus, frå himmelen, slik vart Paulus omvend og frelst av berre nåde. Då vart han også rykkt inn i den tredje himmelen, så vi kan trygt seie at han steig opp i himmelen.

Ap.gj.9,3 Men då han var på vegen og ikkje hadde langt att til Damaskus, stråla det brått eit ljos frå himmelen ikring han. 4 Han fall til jorda og høyrde ei røyst som sa: «Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg?» 5 «Kven er du, Herre?» spurde Saulus. Han svara: «Eg er Jesus, han som du forfylgjer.  6 Stå opp og gå inn i byen! Der skal dei seia deg kva du skal gjera.» 7 Mennene som fylgde han, stod mållause; dei høyrde røysta, men såg ikkje nokon.  8 Saulus reiste seg frå jorda; men då han opna augo, kunne han ikkje sjå. Så tok dei han i handa og leidde han inn til Damaskus. 9 Og i tre dagar sat han der blind, og han korkje åt eller drakk.

2.Kor.12,1 Eg må rosa meg, endå det ikkje tener til noko. Og no kjem eg til syner og openberringar eg har fått frå Herren. 2 Eg veit om eit menneske i Kristus, ein som for fjorten år sidan vart rykt inn i den tredje himmel – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det. 3 Og eg veit at denne mannen vart rykt inn i Paradis – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det – 4 og der fekk han høyra useielege ord, som eit menneske ikkje har lov til å tala. 5 Denne mannen vil eg rosa meg av, men av meg sjølv vil eg ikkje rosa meg, utan av mi vanmakt.  6 Men om eg ville rosa meg, så var eg ikkje frå vitet, for eg kom til å seia sanninga. Men eg lèt det vera, for eg vil ikkje at nokon skal gjera seg større tankar om meg enn dei han får når han ser og høyrer meg.  7 Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal verta hovmodig. 8 Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg.  9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg.  10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.

I Sak.4 var det tale om ein sjuarma lysestake og det er det tale om i Joh.Op.1 også, når Jesus openberra seg for Johannes. 

Joh.Op.1,10 På Herrens dag kom Anden over meg, og eg høyrde ei sterk røyst bak meg, med klang som ein basun.  11 Ho sa: «Det du får sjå, skal du skriva i ei bok og senda til dei sju kyrkjelydane: til Efesos, Smyrna, Pergamon, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.»

12 Eg snudde meg og ville sjå kven det var som tala til meg. Då såg eg sju ljosestakar av gull,  13 og midt imellom ljosestakane ein som var lik ein menneskeson, kledd i fotsid kappe og med eit gullbelte under bringa. 14 Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull eller som snø, og augo som logande eld,  15 føtene var som bronse, glødd i omnen, og røysta lydde som bruset av veldige vassmengder.  16 I si høgre hand hadde han sju stjerner, og or munnen hans gjekk det ut eit kvast, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft.

17 Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:

Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste  18 og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nyklane til døden og dødsriket.  19 Skriv opp det du har sett, det som no er og det som heretter skal koma.

20 Dette er løyndomen med dei sju stjernene som du såg i mi høgre hand, og dei sju ljosestakane av gull: Dei sju stjernene er englane for dei sju kyrkjelydane, og dei sju ljosestakane er kyrkjelydane.

Det var på Herrens dag, dommedag altså. Seinare skulle han stige opp i himmelen.

Joh.Op.4,1 Deretter hadde eg eit syn: Eg såg at det var opna ei dør inn til himmelen. Og den røysta eg før hadde høyrt tala med klang som ein basun, sa til meg: «Stig hit opp, så skal eg syna deg det som heretter skal henda.»

2 I det same kom Anden over meg. Og sjå, i himmelen stod det ein kongsstol, og det sat ein på kongsstolen.  


Leave a comment