Ny Tid 4. Kristus er vår øvsteprest og dermed vår talsmann hos Faderen til evig tid. Korleis gjekk det då med prestetenesta i den gamle pakt og korleis er prestetenesta i den nye pakt?

Jesus vart døypt av Johannes døyparen.

Matt.3,13 Då kom Jesus frå Galilea til Jordan, til Johannes, og ville verta døypt av han. 14 Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg!» 15 Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16 Med det same Jesus var døypt, steig han opp or vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due.  17 Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i.»

Joh.1,29 Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd!  30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg. 31 Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel.» 32 Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han.  33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande. 34 Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.»

Joh.3,22 Sidan fór Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte.  23 Johannes døypte, han òg, i Ainon ved Salim; for det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa. 24 Dette var før Johannes vart kasta i fengsel.  25 No vart det eit ordskifte mellom læresveinane til Johannes og ein jøde om reinsinga. 26 Læresveinane kom til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på hi sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.»  27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen.  28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål.  30 Han skal veksa, eg skal minka.

Gudstenesta i den gamle pakt, som varsel om prestetenesta i  den nye pakt.

Gudstenesta i den gamle pakt.

Når Aron vart vigsla til øvsteprest og sønene hans vigsla til prestar, vart det bore fram eit syndeoffer, blodet skulle reins både dei og heilagdomen, dei og heilagdomen vart salva. 

2.Mos.29,1 Såleis skal du gjera når du vier dei til presteteneste for meg: Du skal ta ein ung okse og to lytelause verar,  2 og så usyrt brød, usyrte kaker med olje i, og usyrte brødleivar, smurde med olje. Alt dette skal du laga av kveitemjøl. 3 Du skal leggja det i ei korg, og så skal du bera det fram i korga og leia fram oksen og dei to verane. 4 Aron og sønene hans skal du kalla bort til møteteltdøra og vaska dei med vatn.  5 Du skal ta kledebunaden og kle Aron med kjortelen, kappa, efoden og brystduken, binda om han beltet på efoden, 6 setja hua på hovudet hans og festa det heilage diademet på hua.  7 Og du skal ta salvingsoljen og hella ut over hovudet hans og salva han. 8 Så skal du føra fram sønene hans og ha på dei kjortlane, 9 spenna beltet om dei, liksom om Aron, og binda dei høge huene på dei. Og sidan skal dei ha retten til prestedømet i all æve.

Når du set inn Aron og sønene hans, 10 skal du leia oksen fram til møteteltet, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet åt oksen. 11 Du skal slakta oksen for Herrens åsyn innmed møteteltdøra. 12 Og du skal ta noko av blodet og stryka på altarhorna med fingeren. Det som er att av blodet, skal du hella ut nedmed altarfoten. 13 Alt feittet på innvolen og leverlappen, og begge nyrene med talga som er på dei, skal du brenna på altaret. 14 Men kjøtet av oksen og skinnet og mageinnhaldet skal du brenna opp utanfor leiren. Det er eit syndoffer.

…..

2.Mos.40,9 Sidan skal du ta salvingsoljen og salva heilagdomen og alt som er i han, og vigsla både teltet og alt som høyrer til der, så det vert heilagt.  10 Du skal salva brennofferaltaret og alt som høyrer til, og vigsla altaret, så det vert høgheilagt. 11 Og du skal salva vaskekaret og fotstykket og vigsla det. 12 Så skal du føra Aron og sønene hans bort til møteteltdøra og vaska dei med vatn.  13 Og du skal kle Aron i den heilage kledebunaden, salva han og vigsla han, og så skal han vera prest for meg.

I vers 9 ser vi at det var Aron og ætta hans som vart vigsla til prestetenesta på denne måten.

Øvstepresten skulle ein gang i året, på den store forsoningsdagen, Yom Kippur, bere fram eit syndeoffer for seg sjølv og så for folket. Slik skulle han representere folket overfor Gud og representere Gud overfor folket. Dette skulle han følgje opp med å lære opp folket til å vere gudelege. 

Hjerteomskjeringa, tempelet skal ikkje byggast med hær eller makt, men berre ved Guds Ande, varsel om den nye pakta.

Moses sa til folket at dei skulle vere Guds born, men han føresåg at dei kom til å gjere opprør og verte bortførde frå landet sitt. Når då Gud let dei komme attende til landet sitt, skulle dei verte hjerteomskorne. Då var det viktig for dei å komme i gang med å bygge oppatt tempelet for då ville Gud velsigne dei. Dei fekk motstand ved at nabofolka deira førde klagemål mot dei overfor storkongen av Persia. Men profetane Sakarja og Haggai oppmuntra dei. Sakarja profeterte om at Djevelen førde klagemål mot øvstepresten Josva, men Herrens engel tala øvsteprestens sak. Han og embetsbrørne hans var førebilete på det som skulle koma, han skulle sjå fram til at Gud let sin tenar Renning koma, på ein dag skulle skulda som kvilte på landet takast bort.

Sak.3,6 Då gav Herrens engel denne lovnaden til Josva:

7 Så seier Herren, Allhærs Gud:

Går du på mine vegar

og rettar deg etter det eg har fastsett,

skal du få styra mitt hus

og vakta mine føregardar,

og eg vil gje deg tilgjenge

saman med dei som gjer teneste her. 

8 Høyr no, Josva, øvsteprest!

Du og embetsbrørne dine,

som sit framføre deg,

de er varselsmenn.

For sjå, eg lèt min tenar Renning koma.  

9 Ja, på den steinen eg har lagt framfor Josva,

på denne eine steinen med sju augo

ritar eg den innskrift som skal stå,

lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

På ein einaste dag vil eg ta bort

den skuld som kviler på dette landet. 

10 Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud,

skal de be kvarandre til gjestebod

under vintre og fikentre.

……

 Det er ein profeti om Kristus. 

Serubabel var byggherre og det vart sagt til han at det skulle ikkje skje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande. Så slik var hjerteomskjeringa i Anden. Josva og Serubabel var dei to oljegreinene (Sak.4) som får ein ny funksjon i den nye pakta, slik vi ser i Joh.Op.11.

Kristus kom for å fullføre lova og profetane. Korleis gjekk det då med den levittiske prestetenesta?

Dersom øvstepresten Josva gjekk på Herrens vegar, skulle han få styre Herrens hus og vakta hans føregardar. Det gjaldt vel ætta han også, men Daniel hadde allereie profetert om heidningane sin tid, då føregarden skulle verte nedtrakka. Det rare er at dispensjonalistane talar om heidningane si tid som om nedtrakkinga vara heilt ifrå Israels fråfall til dei tok Jerusalem i 1967, det er altså ein utruleg mangel på innsikt i Bibelens ord.

I Sak.3 var det Djevelen som førde klagemål mot øvstepresten Josva. Dermed førde han klagemål mot heile folket og landet, for Josva representerte dei overfor Gud. Men i Malaki.1-2 er det Herren Gud som fører klagemål mot den levittiske prestetenesta, fordi dei har brote Levi-pakta. 

Profeten Malakias fortalde korleis Leviætta med sitt prestedømme rettleia folket, men seinare veik dei av og braut levipakta.

Malaki.2,1 Då skal de skjøna at det er eg

som har sendt dykk dette bodet,

så mi pakt med Levi kan stå ved lag,

seier Herren, Allhærs Gud.

5 Mi pakt med han gav liv og fred,

og det gav eg han så han skulle ottast.

Han ottast meg og hadde age for mitt namn. 

6 Påliteleg rettleiing var i hans munn,

og det fanst ikkje svik på hans lipper.

Han ferdast med meg i fred og rettferd

og berga mange frå syndeskuld. 

7 For ein prests lipper tek vare på kunnskap,

frå hans munn skal folk be om rettleiing,

for han er sendebod frå Herren, Allhærs Gud.

8 Men de har vike av frå vegen

og fått mange til å falla

med den rettleiing de har gjeve.

Levi-pakta har de brote,

seier Herren, Allhærs Gud.

9 Difor har eg gjort dykk vanvørde

og små for heile folket,

for de aktar ikkje på mine vegar,

men gjer skil på folk

når de gjev rettleiing om min vilje.

Heb.5,1 Ein øvsteprest vert alltid teken blant menneske og innsett til å gjera teneste for menneske framfor Gud. Han skal bera fram gåver og offer for synder. 2 Han kan vera mild mot dei som feilar og fer vilt, av di han sjølv ligg under vesaldom  3 og difor må bera fram syndoffer for seg sjølv og ikkje berre for folket.  4 Ingen tek seg sjølv den æra, men han vert kalla av Gud liksom Aron. 

I Sak.3 var der ein engel som talte til øvstepresten Josva, men i Malakias.3 er det tale om ein engel for ei ny pakt.

Malaki.3,1 Sjå, eg sender min bodberar,

han skal rydja vegen for meg.

Brått kjem han til sitt tempel,

Herren som de leitar etter.

Sjå han kjem, engelen for pakta

som de stundar etter,

seier Herren, Allhærs Gud. 

2 Men kven kan tola den dagen han kjem,

kven kan stå seg når han syner seg?

For han er lik elden som smeltaren brukar,

lik luten som vaskarane reinsar med. 

3 Han skal sitja og smelta og reinsa sølvet.

Han skal reinsa levittane,

reinsa dei som gull og sølv,

så dei kan bera fram for Herren

offergåver på rett vis.  

4 Då skal Herren gleda seg

over offergåvene frå Juda og Jerusalem

som i eldgamle dagar, i framfarne år. 

5 Eg kjem til dykk og held dom.

Eg skundar meg å vera vitne

mot dei som driv med trolldom,

mot dei som bryt ekteskapet,

mot dei som gjer rang eid,

og mot dei som held att løna for leigekaren,

er harde med enkjer og farlause

og rengjer retten for innflyttaren,

men ikkje har age for meg,

seier Herren, Allhærs Gud.

Eg tenker meg at bodberaren  er Johannes Døyparen, «engel» betyr bodberar, så han er engelen for den nye pakta. I vers 1 er det også tale om Herren som han rydjar vegen for, Kristus altså. Korleis går det då med den levittiske prestetenesta? Dei vert reinsa så dei kan bere fram offer på rett vis, det er det som er så viktig altså. Men sidan det er ei ei ny pakt, vert den endra og det betyr også at lova verte endra.

Heb.7,11 Lova som folket fekk, kviler på det levittiske prestedømet. Dersom dette prestedømet hadde ført til fullending, kvifor måtte det då koma ein prest av anna slag, ein som vert kalla prest på Melkisedeks vis og ikkje på Arons vis?  12 Men når prestedømet vert endra, vil det seia at lova òg vert endra. 13 For han som det her er tale om, høyrde til ei anna ætt, og ingen frå den ætta har gjort teneste ved altaret. 14 Det er kjent nok at vår Herre er runnen av Juda ætt, og Moses har aldri sagt noko om prestar frå den ætta.

Prestetenesta var øydelagd slik som vi ser i Dan.1, det daglege offeret vart teke bort. Og som vi ser i Sak.11. I den gresksyriske tida vart prestetenesta i Jerusalem eit stridens eple. Maccabearane var prestesøner og leia jødane i motstandskampen mot Antiokus 4. Epifanes. Dei gjorde avtale med romerane og så klarde dei å frigjere seg. Avtala vart å godta den siste av Maccabearsøene, Simeon, som øvsteprest og hovding. Sidan gjekk herskaren i Selevkideriket også med på det. Og jødane gjorde avtale med han om at han og ætta hans skulle vere øvsteprest og hovding inntil det stod fram ein ny profet. Men kva med Levi-pakta med Gud og innviinga til å tene Gud som øvsteprest. 

Jesus sa han var ikkje komen for å avlyse lova og profetane, men for å fullføre. Like vel talar Paulus som at lova sine krav ikkje lengre gjeld. Korleis skal vi forstå det? Det må vere ved at Jesus oppfyllte den for oss, både ved at han levde eit heilagt og syndefritt liv og ved at han sona synda for oss.

Gudstenesta i den nye pakta.

Bygge på evangeliets grunnvoll.

Vi skal bygge på evangeliets grunnvoll, vi skal verte som åndelege steinar oppbygde til eit tempel.

1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale,  2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd.  3 De har då smaka at Herren er god.

4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud.  5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus.  6 For det heiter i Skrifta:

Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,

som er utvald og dyrverdig;

den som trur på han,

skal ikkje verta til skammar.

7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein,  8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.

9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos.  10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.

Prestetenesta i den nye pakta.

Paulus sa at rett jøde er dei som er hjerteomskorne i den Heilage Ande, det blir vi ved trua på Jesus, ved den får vi den Heilage Ande og då skal vi late den råde i vår døyelege lekam. Dette gjeld for heidningane også.

Rom.2, For rett jøde er ikkje den som er jøde i det ytre, og rett omskjering er ikkje den dei gjer i det ytre, på kroppen.  29 Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjarta, ikkje etter bokstaven, men ved Anden. Han får si ros, ikkje av menneske, men av Gud.

For no har Kristus med eitt syndeoffer teke bort synda ein gong for alle, slik det vart profetert i Sak.3. Derfor trengs ikkje fleire syneoffer. Han er vår øvsteprest til erstatning for den levittiske øvstepresten. Like vel er prestetenesta i den gamle pakt er eit førebilete på prestetenesta i den nye pakt, for på grunnlag av Jesu forsoningsverk får vi alle gå inn i den himmelske heilagdomen.

Heb.4, 14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

Rom.12,1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.

3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre. 6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal nytta henne i samsvar med trua; 

Heb.13,15 Lat oss då ved han alltid bera fram for Gud vårt lovprisingsoffer, det vil seia: frukt av lipper som lovar hans namn. 16 Men gløym ikkje å gjera godt og dela med andre. For slike offer er til hugnad for Gud.

Den levittiske øvstepresten skulle først bere fram eit syndeoffer for seg sjølv, så for folket, så eg tenker meg at han fyrst skulle tale si eiga sak for Gud og så tale folket si sak. Til samanlikning kan vi med vår presteteneste i den nye pakt først og fremst tale våre eiga sak for Gud og så tale våre næraste si sak, næraste slekt og venner, dei vi møter i kvardagen, folket i lokalsamfunnet og så heile folket og landet. Men no er det altså på grunnlag av at med eitt syndeoffer har Jesus teke bort synda ein gong for alle. Det er ved at han er vår øvsteprest og talsmann hos Faderen, han ber for oss og den Heilage Ande ber for oss. Soleis er det ein åndeleg røyndom. 

Det er eit treffande mottiltak mot Djevelen og hans strategi. Det er å lokke og forføre menneska og så føre klagemål mot dei, for soleis å prøve å få makt over dei. Hans klagemål er så fundamentalt at det går på naturleg arv, som om menneske ikkje er bra nok på grunn av sin naturlege arv og slik får slektskapet også betydning. Men dersom ein frå ein familie og slekt er frikjend frå klagemålet og frigitt, så verkar det også som eit godt argument for at dei andre også vert frikjende og frigitt. Det er berre på grunn av at Jesus har betalt prisen for oss med sitt eige blod, men vår bøn for våre næraste og våre vitnemål for dei kan verke som ein slik argumentasjon.

Jesus er sanninga som set oss fri, det er rett psykologi.

Vert vi verande i Jesu ord, skal vi lære å kjenne sanninga og den skal sette oss fri.

Joh.1, 16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde.  17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.

Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine.  32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.»

I prestetenesta i den nye pakta, skal vi innvie oss for Kristus, feste blikket på han. Så skal vi gå ut og vitne for andre om han, i samsvar med misjonsbefalinga. Då skal vi få sjå at Jesus er med oss alle dagar, inntil verda sin ende. Han er Sanninga som set oss fri, så dette er rett psykologi og tenkemåte alle våre dagar. Dette er vår metode. Vi møter Jesus der oppe hos Faderen og får sjå og oppleve at han er med oss her nede.

Bodskapen på Misjonshuset på Høvik, Tysdag 12.5.09.

Tyding av tungetale ved Roar Grande.

Fritt igjen fortalt: Herren sa at det var ikkje tilfeldig at vi var der, vi utgjorde eining, det tydde vel på at det var han som hadde sett den saman, han sa at han hadde lengta etter dette møtet. 

Mp3-opptak:

… … Eg er den same og som du har venta på veldig lenge, så vil du sjå at eg er frigjeraren. Eg er den som set fri, eg gir ei ny kraft og eg gir ei ny oppreisning for ein kvar som vil søke meg. 

Ny tungetale med tyding:

«De skal få kjenne og sjå at eg er den Gud som gir feite rettar. Eg har sagt om ein gammal klarna sti, og der skal komme … og det er ei utgyting av min Ande etter mitt Ord og etter den lovnaden eg har talt, så vil du sjå og skue, når du  møter meg oppe i det åndelege. Du må løfte ditt blikk opp, det er der du møter meg i Anden, og det er – du er ånd og eg er ånd og eg har lagt din ånd ned i deg, så derfor skal de  løfte meg opp, fryde dykk i meg, så skal de sjå at ei ny glede vinn fram. Denne gleda vil forløyse dykkar liv på ein slik måte, at de endå meir vert i stand til å ta imot det som eg vil gi dykk, endå meir vere i  stand til å ta imot det. For det er nemleg gjennom gleda  og det er den styrken de kan ha og vere grunnfesta i. Og eg frydar meg når eg ser denne gleda, trua si glede utgytt frå min Ande og ifrå ditt hjerte. Så du begynner å gripe hemmelegheita i dette, så skal du sjå at eg har kraft til siger, seier Herren. Og både familie og venner og nære skal få kjenne kva Ande de har fått over dykk. Og de skal få kjenne at når denne Ande, denne – slår rundt dykk i vide ringar, så vil menneska kjenne at de har med ein levande Gud å gjere. Den kjærleik som stråler ut frå dykk, den treng du ikkje å snakke om, du treng ikkje å tale om det, men de vil berre kjenne at de er kjærleiksbodbringarar,  de er mine ambassadørar som vil gå og vandre og berre enkle ord, for det er salvinga som løyser åket, det er salvinga som openberrar kven eg er, det er salvinga som tek vekk mørkret i denne verda og lyser opp i kroken. Det er det eg gjer, fordi de har elska meg og vore saman med meg der oppe.  Då vert eg saman med dykk der nede. Halleluja.» 

Heb.12, 1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss,  2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.  3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.

Gud oppsedar oss

4 I striden mot synda har de enno ikkje gjort slik motstand at det stod om livet. 5 Har de gløymt dei manande ord som talar til dykk som til søner:

Son min, vanvørd ikkje Herrens tukt,

miss ikkje motet når han refser deg.

6 For den Herren elskar, tuktar han,

og han refser kvar son han tek seg av. 

7 At de må lida, tener til å oppseda dykk; Gud steller med dykk som med born. Finst det ein son som faren ikkje tuktar? 8 Får de ikkje tukt som alle andre, då er de ikkje søner, men uekte born. 9 Vi har hatt våre jordiske fedrar som tukta oss, og vi hadde age for dei. Skal vi ikkje mykje heller bøya oss under han som er Far til åndene, så vi kan vinna livet? 10 For fedrane tukta oss berre ei stutt tid etter sitt eige skjøn, men han gjer det til vårt beste, så vi skal få del i hans heilagdom. 11 All tukt tykkjest vel, medan ho står på, å vera meir til sorg enn til glede. Men sidan ber ho freds- og rettferds-frukt hjå dei som er oppøvde med tukt.

12 Difor, rett dei hangande hender

og styrk dei skjelvande kne! 

13 Lat føtene gå rett fram på vegen, så det halte ikkje går or led, men heller vert lækt.

14 Legg vinn på å leva i fred med alle, og streva etter helging; for utan helging skal ingen sjå Herren.  15 Sjå til at ikkje nokon lèt Guds nåde gå frå seg! Lat inga beisk rot få renna opp og gjera skade, så mange vert smitta. 


Leave a comment