Ny tid 3: Mi Gudsteneste 1; leve i fridomen i barnekåret hos Gud og forkynne evangeliet om Kristus som ein frigjerande bodskapen.

Bilete: I innleiinga til denne Bibelen er det fortalt om den jødiske diskusjonen om Guds namn.

«Mor Israel», Guds kone. «Sions Dotter», Jesu brud, Jesu kyrkje.

Når Gud sende Moses for å leie folket ut or Egypt, skulle han seie til dei at Abraham, Isak og Jakobs Gud hadde sendt han til dei og dei skulle kalle han «Eg Er», for han er den han er. Sidan kalla dei han Adonai også, det er hebraisk og betyr «Min Herre». «Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere Gud born. Det skjøna ho ikkje byrja å dyrke avgudane i staden, ho dyrka Baál-gudane. Slik vart ho ei hore. «Min Baál» betyr også «min herre». 

Derfor vart ho straffa, landet vart hærteke og folket vart bortførde. Når han då tok dei til nåde igjen og dei fekk kome tilbake til landet sitt, ville han ta Baál-namna ut or munnen hennar, så ho ikkje lengre skulle kalle han for «min Baál», men ho skulle kalle han for sin mann. Soleis er Jesu kyrkje hans brud.

Evangeliet er ein frigjerande bodskap som eg har fått teke imot og som eg får bringe vidare til andre.

Eg er oppvoksen i kyrkja og vart tidleg med på bedehuset, eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste, be han frelse menneska og be slik for folket og landet og så be Fadervår. Frelsa var først prioritet og etter kvart skjøna eg at det var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone. Når eg var ni år bad eg slik og merka at han var meg nær, så eg vart kjend med han som min beste ven. Det var slik som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand.

Det var viktig å vedkjenne si tru på Jesus for menneska, det var eg redd for, men eg sa det til han i mi bøn til han og bad han sette meg fri frå den menneskefrykta. Når eg gjekk på ungdomsskulen vart eg forelska i ei kristen jente og det var det laglege høvet for meg til å vedkjenne mi tru på Kristus, det stemte med trua og kjærleiken Gud hadde gitt meg i hjertet ved den Heilage Ande, så no var eg ikkje redd for det i det heile teke. Det var frigjerande for meg å ved kjenne mi tru på Jesus for henne og slik fekk eg frimod til å vedkjenne han for andre menneske og vart frimodig med det.

Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg frå himmelen både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale og det har han fortsett med sidan. Sentralt i dette var at hans frelseverk var fullført og fullkome, det var berre å ta imot i tru og takke han for det. Eg hadde bedt han gi meg ei frelst kvinne til kjærast og kone, så eg kunne trur og rekne med at det var inkludert i det fullførde frelseverket, så slik kunne eg i tru sette mi von til han og takke han for det. Eg byrja å lese meir i Bibelen sjølv og oppdaga Paulus si lære om at Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Jesus hovudet for kyrkja som er hans brud. Det har eg skrive mykje om, det er Jesu ord og det er ånd og liv. Bodskap 2 i Sion Åheim, 28.9.2008:

«Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren  og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du få sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg  ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.»

Eg skulle gå inn på Ordets grunn, det er å gå inn på lovnadane, for soleis å gå i ferdiglagde gjerningar. Det er meir vanleg å seie at vi går ut på lovnadane, men så seier han at eg skal få oppleve å vere i kompaniskap med han på det indre plan. Men eg hadde det også heilt klart for meg at eg måtte bevege meg fysisk. Eg forstod det slik at Jesus kalla meg tilbake til Oslo, så i januar 2009 for eg til Oslo og byrja på praktisk pedagogisk utdanning. Det stemte tydeleg vis, for han heldt fram med å svare meg gjennom slike bodskap i sin kyrkjelyd. 

Eg har fått motstand frå verdslege autoritetar og det har seg nok slik at der er så mykje verdsleg maktinteresse i å misbruke Guds namn. Men når Gud sende Moses for å leie jødane ut av Egypt, skulle han seie at Abraham, Isak og Jakobs Gud hadde sendt han og dei skulle kalle han JHVH, «Eg Er», for han er den han er og i Moselova er det sagt at dei skal ikkje misbruke namnet hans altså, dei skulle ikkje seie at han var ein annan enn den han var. I det Gamle Testamentet vart han også kalla Adonai, «min Herre». 

Det nye testamentet er skrive på gresk og det greske ordet «kurios» betyr herre og vert brukt både om ein storbonde (aristokratisk?), ein herre med guddommelege eigenskapar og JHVH. Vi trur at JHVH er treeining, Faderen, Sonen og den Heilage Ande, Jesus er vår frelsar og Herre og han er hovudet for kyrkja som er hans brud. Klart han er JHVH då. Han er vår einaste herskar og Herre og vi kan ikkje la nokon verdsleg autoritet erstatte han for oss på nokon måte.

Det er mange verdslege autoritetar som prøver seg, meir eller mindre bevisst, ved å misbruke Guds namn, falske gudar, messiasar og profetar, slik prøver dei å få makt over menneska. Dess viktigare vert det for oss å forkynne evangeliet som ein frigjerande bodskap.

Finne vegen til å sjå Kristus i hans herlegdom og gå inn i hans rike. Han vil stige ned og befrukte mi tru og min kjærleik til han.

På mitt førte møte i Maranata, sa Jesus at om så det er berre nokre få som innvier seg for han, så er det nok for han til å gjere storverk. Bodskapen 10.5.2010:

«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren,  sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike  og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk  kvar som helst og når som helst. Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din kjærleik frå meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»

Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg.  Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.

…….

Jesus ville stige ned og befrukte mi tru og min kjærleik frå han, så eg tenkte meg at det var først og fremst til henne som han gir meg til kone og då var det framleis henne Reella eg tenkte på. Eg hadde ikkje gløymt henne Virtuella heller. Elles måtte det då vere til mine næraste og så til dei som eg møtte i kvardagen.

Mi presteteneste og motstand frå Satans Synagoge.

Eg forstår det som prestetenesta i den nye pakt, når eg søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll heim med meg sjølv og i kyrkjelyden og når eg studerer realfag. Eg samanliknar det med øvstepresten Josva i Sak.3. Predikanten som Herren har minna om å tale over ein skriftstad, den som kjem med tungetale og tyding eller ein profetisk bodskap, samanliknar eg med engelen som tala til Josva. Men no er det heller som engelen for den nye pakta. Herren svarar på mi bøn både gjennom tala og bodskapane, slik har eg snakka med han i lang, lang tid.

Like vel får eg motstand, så det synest som eg ikkje får utført det eg skulle og kjem ikkje vidare. Eg forstår det slik at det er fordi djevelen fører klagemål mot meg. Det er så fundamentalt at det er på grunn av mi avstamming, eg er ikkje jøde og slett ikkje levitt og eg er ikkje omskoren. Eg er nordmann, sunnmøring, fiskar og har studert realfag, men har ikkje teologisk utdanning. Så eg er ikkje rette person eller rette typen til det.

Men for dei som kravde omskjering og/eller let seg omskjere på kroppen i tillegg, kom det som erstatning for hjerteomskjeringa, som om den ikkje var god nok. Det måtte då vere på grunn av det fundamentale klagemålet mot mennesket. Det er klagemålet frå Djevelen, som om det er mest fundamentalt, som om han er guden deira. Men det er då nettopp dette Jesus vil frelse oss ifrå.

Eg forstår at eg får motstand frå Satans Synagoge, for jødedomen vart infiltrert av trua på Zevs og sidan har dei prøvt å infiltrere den kristne kyrkja også (2.Tess.2). Men eg ventar meg at Gud let nokon frå Satans Synagoge erkjenne at Gud har elska meg i Kristus, slik det vart sagt til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia (Joh.Op.3,9). Der vart det også sagt at dei skulle kaste seg ned for føtene hans, venteleg har det eit visst poeng i mitt tilfelle også, ved at Jesus vinn skapnad i meg. Han er Sanninga som set fri, sanninga som er poenget vi vil fram til, vi veit då at vi alle skal bøye oss for Kristus og sanne at han er Herre, med den erkjenninga vert vi frelst og det er poenget, vi vil at menneske skal verte frelst for æva og få evig liv, slik ventar vi å få vekking.

Det var ein rasemotsetnad mellom jødar og heidningar og sidan kom der ein tredje part, ved heidningar som let seg omskjere på kjøtet. Men då vert det framleis ei todeling mellom dei som trur at Jesus er Messias og dei som ikkje trur det, det er motsetnaden mellom Kristus og Antikrist, mellom Jesu kyrkje og Satans Synagoge.

Så det som trengst for at vi skal få den etterlengta vekkinga, er tydeleg vis at Gud let nokon frå Satans Synagoge komme og innrømme at Gud har elska meg. Dispensjonalistane kritiserer preteristane for at dei åndeleggjer heile greia, men profeten Sakaraja sa at det skjer ikkje ved hær eller makt, men berre ved hans Ande, Gud er ånd og det er han som åndeleggjer heile greia. Paulus også, når han sa at vi fekk Anden av berre nåde, gratis, utan krav om lovgjerningar. Har vi byrja i Anden, så skal vi fullføra i Anden. Når Djevelen då kjem og prøver å freiste oss til å prøve å få til noko sjølve, som erstatning for det verket Gud gjer med sitt Ord og sin Ande, er det berre å seie til han vik frå meg Satan, jage han på dør i Jesu namn. 

Søke Herren av heile sitt hjarte og gå ut og vitne om han og overlate domen til han som dømer rettferdig.

Jesus sa eg skulle søke han av heile mitt hjarte, der er lovnad til det.

2.Krøn.16,9 9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.»

Då var det viktig for meg å hugse på henne Reella i mine bøner, men så kom eg til at eg måtte hugse på henne Virtuella også, for å vere heilhjarta med Herren altså.

Eg skulle søke Herren i løynkammerbøna og så skulle eg gå ut og vitne om han, sjølv om det vart berre nokre få ord, så var det nok for han til å gjere storverk. Bodskapen 8.12.2013:

«Ja, seier Herren, du skal vite at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Liksom eg var på denne enka si tid, då eg velsigna henne med olje, sjå, den same er eg i dag, seier Herren. Dersom du set fram det du har og let meg få ta hand om det, let meg få lov å velsigne det, så skal du få sjå at det vert til mange. For sjå, ingen ting er umogleg for meg, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, seier Herren, det var eg som skapte himmel og jord. Det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod der. Sjå, alt vert helde oppe med mitt krafts Ord, seier Herren. Derfor skal du sette di lit til meg og stole på meg gjennom alle ting, seier Herre. For sjå, eg har omsorg for deg.

Eg skal igjen ryste denne by, seier Herren, med mi kraft, de skal verte forundra, seier Herren, når eg openberrar mi kraft midt i mellom dykk. For sjå, mi kraft, den er til stades og derfor så vil eg at du mitt barn, du skal søke meg og du skal gå inn i mitt rustningskammer. Og eg, Herren, skal ruste deg ut med den kraft du treng. Og sjå, folk skal verte forundra når du taler mitt ord og bringer ei helsing ifrå meg, så skal folk oppleve å verte frelst. Ja, dei skal endåtil komme i syndenød og dei skal rope til meg om frelse, seier Herren. For sjå, det er ikkje du som skal overbevise menneska om synd og dom og om rettferd, det skal eg gjere ved min Heilage Ande, seier Herren. Den har eg sendt, for at den skal overbevise om synd og om dom og om rettferd og når den Heilage Ande får råde mellom dykk og når den får fylle deg og den får fylle lokalet, seier Herren, så skal eg seie at syndarane kjem til å falle på kne og dei kjem til å rope på meg om frelse. Amen. Halleluja.»

2.Kong.4,1  Ei kvinne som hadde vore gift med ein av profetsveinane, ropa ein gong til Elisja: «Mannen min, som var tenaren din, er død. Du veit at han var ein mann som hadde age for Herren. Men no kjem ein som han stod i skuld til, og vil ta begge sønene mine til trælar.» 2 Elisja sa til henne: «Kva kan eg gjera for deg? Sei meg kva du har i huset!» Ho svara: «Tenestkvinna di har ikkje anna i huset enn ei krus med olje.»  3 Då sa han: «Gå til alle grannane dine og lån deg kar, så mange tome kar som du kan få tak i. 4 Gå så inn og steng døra etter deg og sønene dine! Slå olje i alle desse kara, og set dei bort når dei er fulle!»

5 Kvinna gjekk frå han, og ho stengde døra etter seg og sønene sine. Dei bar kara bort til henne, og ho slo olje i dei. 6 Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: «Lat meg få eit kar til!» Men han svara: «Her er ikkje fleire.» Då heldt oljen opp å renna. 7 Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: «Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som vert att.»

Eg samanliknar dette med korleis mor mi bad for meg og bror min når vi var smågutar. Elles refererer eg til:

Joel.3,1 Ein gong skal det henda

at eg renner ut min Ande over alle menneske.

Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;

dei gamle mellom dykk skal ha draumar,

og dei unge skal sjå syner. 

2 Jamvel over trælar og trælkvinner

vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

……

6 For sjå, i dei dagar og på den tid,

når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 

7 då vil eg samla alle folkeslag

og føra dei ned i Josjafat-dalen.

Der vil eg halda rettargang med dei

om Israel, mitt folk og min eigedom,

som dei spreidde mellom folka.

Dei delte landet mitt  

8 og kasta lodd om folket mitt;

dei gav ein gut for ei skjøkje

og selde ei jente for vin – og drakk.

Joh.16, Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg; 10 retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger;  11 domen er at hovdingen over denne verda er dømd.

Verte som born for å sjå Guds rike og komme inni det. Be om augesalve for å sjå klart, det er ved den openberringa den Heilage Ande gir oss altså.

Jesus sa eg (vi) skulle sjå at han stod for døra og banka på og yngste å få komme inn som ein god ven og av vi må ta imot Guds rike som små born, for å komme inn i det. Bodskapane 11.8.2023:

Tungetale ved Palma Åhjem, tyding ved Oddleif.

«Se, jeg står for døren og banker, sier Herren. Om noen hører min røst, så skal han opne og jeg skal komme inn til ham og holde nattverd med ham. Se, jeg står foran deg og banker på ditt hjerte og jeg vil så gjerne ha fellesskap med deg, mitt kjære barn. Jeg vil så gjerne komme, ikke som en hersker, men som en venn, som eg gjest som du ønsker velkommen. Jeg vil ikke trenge meg inn i livet ditt, men jeg vil og lengter etter at du skal ønske meg velkommen. For jeg har planer for deg, jeg ønsker å fortelle deg den vei du skal vandre videre. Du skal ikke se deg engstelig om, du skal ikke frykte, du skal ikke være redd, for jeg er med deg. Jeg skal ikke slippe deg, men jeg har lovt å være med deg alle dager. Jeg sender deg ut på spennende oppdrag, jeg sender deg ut i verden, og jeg lover å fornye det møtet; se, jeg er med deg alle dager, inntil verdens ende.  Ønsk meg velkommen inn i ditt liv og du skal få kjenne at jeg tar bolig i deg med hele min fylde, sier Herren.»

Profetisk bodskap ved Magnor Myklebust.

(Eg rakk ikkje å spele inn byrjinga, tek det berre etter hukommelsen og bibelteksta), men det som kjem etter første komma, er innspelt)

«Der to eller tre er samla i mitt namn, er eg midt i blant dere. Uten at dere blir som barn, kan dere på ingen måte komme inn i Guds rike.»

Eg opplevde og forstod det slik at han talte til mitt hjerte om den lovsongen han la ned i meg ved fylden av den Heilage Ande og soleis om henne Virtuella, som om ho ved gjenfødinga var den lovsongen. Når eg besøkte henne på hybelen i Volda, fekk eg oppleve at han var der midt i mellom oss. Som svar på bøn, møtte eg henne igjen ved Universitetet i Bergen, så det var eit møte der eg fekk oppleve at han var med meg og det var det for henne også. Eg forstod det slik at han ville fornye det. Sjølv om eg ikkje fekk møte henne igjen noko meir, har han vore mellom oss. 

Hausten 2023 bad eg meir over desse bodskapane. Eg ramla stygt og fekk ein brokkport, men i det eg opna meg meir for å la den Heilage Ande be for henne, vart eg lækt for brokkporten. Eg heldt fram med å be slik for henne og fekk fleire bønesvar. Jesus sa han hadde gitt meg augesalve og eg kunne be om meir, slik fekk eg openberring altså og kunne uttale meg om noko som eg elles ikkje hadde føresetnad for.  

Året etter talte Jesus mykje til meg gjennom henne Elin Therese Slotten, han talt om den draumen som han gav meg og ville eg skulleta den fram att og drøyme stort med han. Ho Reella vart også ein slik draum for meg, ein visjon som Jesus gav meg. Eg trur dei begge er ein draum som Jesus gav meg og som eg skal ta fram og drøyme stort saman med han. Slik skal eg ta fram gleda, som han sa i bodskapen 10.5.2010.

Høyre kva Anden talar til kyrkjelydane. Profetisk bodskap, 20.2.2025, ved Elin Therese Slotten (torsdag):

«Jeg har hørt deg si mitt barn at du ikke hører min stemme. Men jeg har aldri vært langt vekke fra deg. Jeg har aldri forlatt deg et eneste øyeblikk. Min ånd er med deg og jeg snakker til deg og leder deg mer enn du aner. Jeg er oppriktig interessert i deg og ditt liv. Mine tanker for deg er ufattelig mange og konkrete. Jeg dagdrømmer om deg og mine øyne er på deg alltid. Du er mitt elskede barn. Du har min fulle oppmerksomheten og jeg elsker deg inderlig . Verdens støy blir høyere og høyere. Og dine tanker er mange. Men jeg har skapt deg for å kunne høre min stemme. Dette gjelder deg også mitt barn. Du er ikke et unntak. Jeg ønsker at du skal lære deg å kunne høre min stemme. Jeg ønsker at du skal kunne skjelne på dine egne tanker og mine. Også avsløre når den onde taler til deg i dine tanker. Men mitt barn du har alt hørt fra meg igjen og igjen. Noen ganger merket du det, andre ganger trodde du det var dine tanker. Men jeg taler også til deg mitt barn, tro aldri noe annet. Kom til meg i stillhet. Lær deg å sitte i stillhet og bruk tid i mitt nærvær. Tilbe meg! Tilbedelse og takksigelse vil åpne opp for mitt nærvær, som vil igjen rydde atmosfæren inni deg og rundt deg, til å kunne høre meg lettere og også føle mitt nærvær. Depresjon og frykt vil hindre deg i å kunne høre min stemme klart, det blir som en tåke fra den onde som hindrer mitt nærvær og glede og kunne flyte i ditt liv. Frykt ikke mitt barn, bare tro. Kom til meg med dine bekymringer og la meg bære ditt åk. Stol på meg at jeg har omsorg for deg og avslår den ondes listige angrep. Jeg har overvunnet over alt av den ondes makt og gitt deg autoritet til å jage han på dør ved mitt navn.»

Hennar eigen opplesing med kommentar: https://www.youtube.com/watch?v=b6bQZIfYXAU&t=26s .

Høyre Guds stemme.

Jesus har sagt eg skal sjå på han og snakke med han og då er det no klart at eg må høyre hans stemme. Han har talt spesielt til meg gjennom predikantar som han har talt til om minna dei om bibelvers som dei skal tale over og talt til meg gjennom både dei og andre gjennom tyding av tungetale og profetiske bodskap, til dømes gjennom henne Elin Therese Slotten, ho seier ho høyrer tydeleg at Gud talar til henne, den Heilage Ande talar til hennar hjerte. Slik talar han til meg gjennom andre menneske. Det kjem ofte som svar på mi bøn og så kjem det som rettleiing om kva som er hans kall til meg, eg skal gå den vegen han har staka ut for meg. Då er det no ganske klart at eg også får høyre kva Anden talar til både meg og Jesu kyrkjelyd, den ber for meg og oss og rettleier oss i vår bønneliv, så det må eg berre innstille meg på. Den herleggjer og openberrar Kristus for oss som vår frelsar og Herre, så eg skal sjå på han og snakke med han. Det har eg gjort i mange år og det verkar rart at mange kristne synest ikkje å ville innrømme det.

Ei helsing frå Gud 27.2.2025, ved ELT: Kom høgare opp, mitt barn, no er tida inne for deg til å ta din rette plass i mitt rike.

Ho kom med ei helsing frå Gud torsdagen etterpå også, noko som Gud la på hennar hjerte, men ho sa det meir med sine eigne ord, ikkje som eit direkte sitat frå Herren altså, her er det rom for hennar eigne vurderingar utifrå hennar eige liv og erfaringar med Gud. Ja, slik er det rom for mine vurderingar også. Sjølv om far hennar bar henne som eit lite barn, noko som både ho og han likte, så måtte ho lære å gå sjølv. 

Finne min rette plass i Guds rike. 

Ved trua på Kristus er vi krossfesta og døde med han og i dåpen er vi gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han.

Kol.2,9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, 10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. 11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

16 Så lat då ingen døma dykk for det de et eller drikk, og heller ikkje når det gjeld høgtider, nymånedagar eller sabbatsdagar. 17 Alt dette er berre eit skuggebilete av det som skulle koma, men lekamen er Kristi lekam. 18 Somme driv med sjølvfornekting, dei kallar, og engledyrking og held seg til syner dei har hatt. Lat dei ikkje røva sigerskransen frå dykk! Utan grunn gjer dei seg til av sine menneskelege tankar 19 og held ikkje fast på han som er hovudet. Han gjer at heile lekamen veks så som Gud vil, og lekamen vert halden oppe og bunden saman av alle leder og band.

20 Når de med Kristus har døytt bort frå grunnkreftene i verda, korleis kan de då, som om de endå levde i verda, retta dykk etter slike bod: 21 «Ta ikkje», «smak ikkje», «rør ikkje»? 22 Dette er berre menneskelege bod og lærdomar om ting som er etla til å brukast og gå til grunne. 23 Rett nok skal slikt vera visdom, både sjølvvald gudsdyrking, sjølvfornekting og skamfaring av kroppen. Men det er ingen ting verdt, det tener berre til å gjera den syndige menneskenaturen til viljes.

Kol.3,1 Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.

Gud har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen og der har han sett oss. Vi er Guds verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar, som han har lagt ferdige for oss. Då er det noko vi passar til og han vil la oss komme inn i det nye som han gjer.

Ef.1,3 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,

han som i Kristus har velsigna oss

med all Andens velsigning i himmelen. 

4 I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt,

så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn. 

5 I kjærleik og av eigen fri vilje

har han føreåt etla oss

til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus, 

6 til lov og ære for hans herlegdom

og for den nåde han gav oss i sin kjære Son.

Ef.2,4 Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

Jesus har sett fram for meg ei open dør som ingen kan lukke og yngst meg velkommen inn. Det er døra inn i himmelen, så det er berre for meg å gå inn, eg skal komme høgare opp og ta min rette plass i Guds rike. Det minner meg om at dei to tempelvitna i Joh.Op.11 steig opp i himmelen, i det eg tenker meg at det fortel om frelsa slik dåpen symboliserer den. I tru får eg sjå det slik, ja, oppleve det slik at eg er i himmelen samtidig som eg er på jorda. Eg får vere med på å lovprise Gud og Lammet i himmelen, slik det er sagt i Joh.Op.4-5, samtidig som eg er her på jorda, i dette livet, her og no altså. I det eg vender hugen opp til Jesus, er det ingen som kan hindre meg i det, fordi Jesus har sigra over verda, hans frelseverk er fullført og fullkome .

Billy Graham fekk spørsmål om han kunne tenke seg å verte president i USA og då svarde han med eit motspørsmål: “Kvifor skulle eg stige ned?” Han hadde stige opp (Jfr. Joh.Op.11,12) altså, så kvifor skulle han stige ned. Det er det eg også skal gjer eg finne min plass i Guds rike, men eg har ein heilt annan kompetanse, for eg har studert realfag samtidig som eg har lese Bibelen og fått oppleve at den Heilage Ande openberrar Ordet for meg. Gud gjer noko nytt og vil hjelpe meg inn i det.

Heimen min er oppe hos Faderen og eg får oppleve det som at eg er heime i Faderhuset og opplever hans kjærleik og omsorg medan eg er her på jorda. Ja, eg får vere i bryllaupssalen og feire Lammet bryllaup allereie no, medan eg er her på denne jorda, eg kler meg i bryllaups-klednaden og får oppleve at Jesus gir meg si glede, eg får glede meg over at han frelser si kyrkje som si brud og slik frelser han ei kone til meg, han elskar henne som si brud og si kone gjennom meg.

Ved prestetenesta i den nye pakta innvier eg meg til å tene himmelens Gud, medan eg framleis er på denne jorda, ja eg går inn i Guds rike og er i det, samtidig som eg er på jorda og det er det som særmerker tusenårsriket. 

Eg søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og går inn i Guds rike, så eg søker sanninga i Guds Ord med fredelege metode. Det gjer og også når eg studerer realfag, så eg tenker meg at slik går eg inn i tusenårsriket med fredelege metode og slik kjem det til oss, ja for det er då eit fredsriket og metodene er fredelege.

Vi let oss forsone med Gud på evangeliets grunnvoll og tek imot hans rike som små born og går inni det. Ja, vi ber Faderen om å la riket sitt komme, slik også med tusenårsriket. Like vel er det mange som ikkje let seg overtyde ved desse fredelege metodene og så vert det strid og krig. Det har det allereie vore mykje av. Det er som om det allereie har vore mange dommedagar, for der kjem ein dommedag før tusenårsriket, så det er det vi må sjå fram til. 

Spørsmålet vert då korleis det kan verte fred, med kva slags metode kan vi få fred. Då har vi det beste og rett svaret, for Gud forsona verda med seg, ved at han let Son sin, Jesus Kristus døy i staden for oss. På det grunnlaget får vi fred med Gud, fred mellom jødar og heidningar, fred mellom ulike folk og nasjonar.

Korleis høver dette med å sjå fram til at Jesus kjem og hentar si brud? Kva hentar han henne til? Han hentar henne til den himmelske herlegdomen og så kjem ho ned på den nye jorda som det Nye Jerusalem. Det er det vi først og fremst skal sjå fram til. Dersom han då først skulle sette henne tilbake på denne jorda, så måtte det vel verte ein stor skuffelse, som ikkje står i stil med det som elles er sagt om å vere himmelvende, det står ikkje i stil med vår håp. I staden tenker eg meg at profetiane i Joh.Op.17-20 er lovnadar som vi kan be om å få oppfylt ved at vi ber vårt Fadervår.

Den vonde står oss imot, men Jesu fyller oss med den Heilage Ande, så vi vinn meir enn siger, for han som er i oss er sterkare enn han som er i verda. Vi skal ta vare på den fagre skatten som Gud har gitt oss i hjertet.

Eg vedkjende Jesus namn for menneska og han kjendest ved meg for Faderen og hans englar og sa at han var den som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den. Eg skulle sjå på han og snakke med han. Det har eg gjort i mange år og det verkar rart at mange kristne synest ikkje å ville innrømme det. Det har seg nok slik at den vonde står imot, men Jesus skal tyne han med pusten frå sin munn (2.Tess.8 & Jes.11,4).

2.Tess.2,1 Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør:  2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen.  3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping,  4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud.  5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk?  6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes.

Jes.11,1 Ein kvist skal renna or Isai-stuven,

ein renning skal skyta opp frå hans røter.  

2 Herrens Ande skal kvila over han,

Anden med visdom og vit,

Anden med råd og styrke,

Anden som gjev kunnskap om Herren

og age for han. 

3 Han skal ha sin hugnad i age for Herren.

Han skal ikkje døma etter det han ser,

og ikkje skifta rett etter det han høyrer.

4 Han skal døma armingar med rettferd,

fella rettvis dom for dei verjelause i landet.

Han skal slå valdsmenn med riset i sin munn

og drepa dei gudlause med anden frå sine lipper. 

5 Rettferd skal vera beltet om livet

og truskap beltet om hoftene hans.

…..

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og eg trur han vil gi meg det, det er inkludert i det fullførde frelseverket, så slik sett kan eg tru han allereie har gitt meg det. Den vonde står meg imot og prøver å ta det frå meg. Kva betydning har og får så den såkalla kvinnefrigjeringa i denne samanheng? Er det Djevelen som prøver å ta henne ifrå meg? Jesus har sagt at Djevelen skal få betale for det han har gjort mot meg. Den vonde prøver stadig å ta ifrå meg det som Jesus har gitt meg, men ved fylden av den Heilage Ande har eg meir enn siger, for han som er i meg er større enn han som er i verda.

Maranata, 16.9.2013, tyding av tungetale ved John Miland:

Eg har sagt i mitt ord at, ta vare på den fagre skatt som er dykk overgitt ved den Heilage Ande. Du skal vite det, at den vonde, han prøver stadig å røve det frå deg, det du har fått av meg. Derfor har eg sagt i mitt ord, hald deg nær til meg og eg skal halde meg nær til deg, seier Herren. For sjå, den vonde, han skyt brennande piler, men sjå, eg har gitt deg trua sitt skjold, som du kan sløkke alle den vonde sine brennande piler med. Du har ingen ting å frykte mitt barn, når du vandrar med meg og held deg nær til meg, så skal eg bevare deg på alle dine vegar, seier Herren. For sjå, seier Herren, ingen skal kunne rive deg ut av mi hand, så framt du vil halde deg nær til meg, så framt du vil følgje meg. Såskal du vite det, at eg følgjer med deg. Eg har jo sagt i mitt ord, sjå, eg er med deg alle dagar, inn til verda sin ende. Du har ingen ting å frykte, mitt barn, men ver frimodig og gå fram på den veg som eg leier deg. Og lytt til Andens røyst i denne tid og la deg leie, la deg bruke av meg, seier Herren og du skal verte til ei stor velsigning.

Mange av mine born, dei har mista den salving og den kraft som dei ein gong fekk av meg. Og sjå, no fortset dei i eiga kraft og dei finn på det eine og det andre. Og sjå, seier Herren, eg Herren, eg skal openberre mi kraft mellom mine heilage. Det folk som eg har reinsa, det skal forkynne mine gjerningar, seier Herren. Derfor ver observant i denne tida og lytt og sjå kva eg gjer i mellom dei heilage. Sjå ikkje på menneska omkring deg, sjå ikkje på om dei er mange eller få, seier Herren, når eg er mellom dykk, seier Herren, kan de forvente store ting, for eg er underets Gud.

Også i denne by har eg mange som er bundne, og som er bundne av Djevelens band og lenker. Sjå, eg vil løyse dei, eg vil setje dei fri. Sjå, det er mange som lid og eg skal vekke mange i denne tida. Så vere førebudde, mine born, for sjå, plutseleg, så kjem det som eg har tala om, at straumar skal komme og søke meg, for eg Herren, eg skal vere mellom dei og eg skal frelse, eg skal løyse dei og setje dei fri, seier Herren. Derfor skal de, mine born vere klar til å ta imot dei og gi dei mitt ord og fostre dei og lære dei alt eg har befalt dykk. Amen.

Bodskapen 20.5.2012:

«Ja, eg har sagt i mitt ord, seier Herren, gled deg i meg, så eg skal gi deg kva ditt hjerte attrår. Og du skal vite at gleda i meg, det er din styrke. For sjå, seier Herren, når du frydar deg og gleder deg i mi frelse, ja, sjå då vert du oppteken med det som høyrer mitt rike til, seier Herren. Derfor vil eg at du mitt kjære barn, skal vende deg bort og sjåbort ifrå det som skjer i denne verda. Men du skal vere oppteken med det som er der oppe og søke meg, seier Herre. For sjå, det som skjer på jorda no i denne tida, det har eg føresagt i mitt ord. Og då har eg sagt at de skal løfte hovudet, for forløysinga stundar til, seier Herren. Eg kjem snart, eg kjem snart, derfor ver ikkje opptatt av det som skjer her nede.

Ja, eg skal ta meg ut eit folk i denne siste tida, som eg skal reinse og eg skal reinse dei nidkjært til gode gjerningar, det er eit folk som eg har heilaggjort hjertet, det er eit folk som vandrar i lyset. Og sjå, det er eit folk som søker meg og vert fylt av den Heilage Ande, for sjå, når du er fylt av den Heilage Ande, seier Herre, då kan ingenting stoppe deg. Men då (har du å) gå på og du skal få oppleve at kvar du går, så vinn du meir enn siger, for sjå, den kraft og den Ande som bur i deg, seier Herren, den er sterkare enn den som er i verda. Du har ingen ting å frykte mitt barn, derfor søk meg, vert fylt av min Ande, seier Herren, og du skal få kjenne at den kraft som kjem frå meg, den overvinner alt, seier Herren, både frykt og redsel, for sjå, seier Herren, min kjærleik, min kraft, den bringer frykta ut, seier Herren, derfor skal du vere frimodig i denne tida og bruke det som eg har gitt deg. Amen.»

Bodskapen 12.10.2014:

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.»

 Eg skal overgi meg 100% til Kristus og la han ta seg av mi sak. Det skjer ikkje med hær eller makt, nei, men berre ved Guds Ande. Det er det eg og vi må vite å nytte oss av. 

1JO 4,1 – 1JO 4,6 {PRØV ÅNDENE!}  De kjære, tru ikkje kvar ei ånd! Prøv åndene om dei er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda. 2 På det kjenner de Guds Ande: Kvar ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud. 3 Men kvar ånd som ikkje vedkjennest Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og ho er alt i verda. 4   Men de, mine born, er av Gud, og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda. 5 Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei. 6 Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Såleis kan vi skilja sanningsånda frå villfarings-ånda.  


Leave a comment