Bruke eller misbruke Guds namn, vedkjenne Jesu namn.
Kven kan bruke Guds namn? Der er berre ein Gud, JHVH («Eg Er»), vokalane er ikkje tekne med, så korleis skal det skrivast med vokalar og uttalast?
Når Moses skulle føre Israels-folket ut av Egypt, skulle han seie til dei at Abraham, Isak og Jakobs Gud hadde sendt han og dei skulle kalle han «Eg Er» (JHVH), for han er den han er. Så dei skulle ikkje seie at han er ein annan enn den han er. Dei skulle ikkje misbruke namnet hans.
Profetane sa om «Mor Israel» at ho var Guds kone, så borna han fekk med henne skulle vere Guds born, altså. Han hadde omsorg for henne, so kona si, men det forstod ho ikkje, så ho byrja å dyrke avgudane i staden, slik vart ho ei hore. Ho dyrka Baál-gudane så ho kalla Gud for sin Baál, det også betyr «min herre». Då tok han bort omsorga si for henne og då gjekk det henne ille. Sidan ville han vere nådig mot henne i trulovingsdagane, han ville ta Baál-naman ut or munnen hennar, for ho skulle kalle han for sin mann, i staden (Hoseas.1-2). Dette får vi oppfylt ved at Jesu kyrkje er hans brud.
David Harold Stern (DHS) var ein messiansk jøde som oversette Bibelen til engelsk, spesielt for jødar, så han kalla den «Complete Jewish Bible» (CJB).
I innleiinga kjem han med mange interessante tankar og synspunkt. Han tenker seg ei linje frå bokstavtolking til meiningstolking, der bibeloversettingar kan plasserast på linja. I meiningstolkinga vert det lagt vekt på korleis ein som las grunnteksta ville ha forstått det. Versjonar som King James Version, Revised Standard Version og New American Standard Version er svært så bokstavelege, men CBJ ligg svært så langt på meinings-tolking-sida. Dessutan tok han omsyn til at dagens jødar skal forstå det rett, han innrømma at i eit par tilfelle gjekk han så langt med slike omsyn, at bibelverset verka rart, samanlikna med grunnteksta.
Dei skulle ikkje misbruke Guds namn, derfor vart dei sidan så redde for å bruke det at dei gløymde dei korleis det skulle uttalast. Det er ubegripeleg, for det er då heilt vanleg å seie «eg er» i eit språk. Så det ser ut til at heile poenget var å framstille nokon som meir skriftlærd og gudeleg enn andre, for soleis å gjere skil på folk. Sidan kom hebraisk ut av bruk, gammal hebraisk gjekk i gløymeboka. 6-900 e.Kr. byrja ei gruppe skriftlærde å utvikle eit system med å addere vokalar til teksta, med punkt eller piler, «vokal-peikarar». Så då vart vel problemet løyst??
I det gamle testamentet vart Gud også kalla Adonai, det betyr «Min Herre» og i synagogene var det vanleg å kalle Gud for Adonai. På Jesu tid var det berre øvstepresten som hadde lov til å bruke namnet JHVH og berre på den store forsoningsdagen (Yom Kippur), når han gjekk inn i det høgheilage. Dette var så strengt at dei skriftlærde, «the Masorets», ikkje hadde lov til å skrive vokalane, i staden brukte dei vokalane i Adonai. Sidan har dei diskutert korleis dei skal seie JHVH, det beste forslaget er visst JAHVE. Jehova er eit nyare engelsk bastardord, ved at vokalane i Adonai er overført til JHVH, men der er ikkje historisk grunnlag for det.
Dette kan de sjekke her: https://snl.no/Adonaj .
CJB brukar ofte «Adonai» i staden for JHVH, men i den hebraiske grunnteksta finn vi også «Adonai JHVH», «Herren Gud». Då oversette han det med «Adonai Elohim». «Elohim» betyr Gud og slik er det oversett når det står åleine.
Den gamle og den nye pakt. Testamente.
I det gamle testamentet er det tale om pakta (paktene) som Gud gjorde med menneske, hans pakt med Israels-folket og profetiane om den nye pakt. Det nye testament er skrive på gresk og det greske ordet for pakt kan også bety testamente. Det fungerer bra for den nye pakt, for alle som tok imot Kristus, Guds Son, gav han rett til å verte Guds born. Kristus var arvingen og så døde han i staden for oss, så vi skulle få den retten og få barnekår hos Gud. Han var arvingen og så vart vi medarvingar. Dermed høver det bra å kalle den nye pakt eit testamente, men det høver ikkje heilt med den gamle pakt å kalle det for det gamle testamentet. Moselova kalla dei Torah, det betyr lære eller instruksjon. Det gamle testamentet kallar dei Tanakh, sidan konsonantane tnk er første bokstanen i Tora, Neviím (profeter) og K´tuvim (Writings).
Der er berre ein Gud og han er treeining.
Det gamle testamentet vart for det meste skrive på hebraisk, Esra, Nehemia og Daniel var skrivne i arameisk, eit semittisk språk med slektskap til hebraisk. Det nye testamentet vart skrive på gresk. Det greske ordet for herre, kurios, vart brukt både om herren på ein herre-gard (aristokratisk storbonde?), herre med goddommelege overtonar og JHVH. Når jødane fall ifrå Gud, kalla «Mor Israel» han for sin Baál, det også betydde «Min Herre».
Så dette må både dei og vi sjå skilnad på, DHS meinte å sjå skilnad på det og let det komme til uttrykk i CJB, spesielt sidan det er ei meinings-oversetting. Men korleis kunne han vite kvar i det Nye Testamentet kurios betyr JHVH? Ved å prøve det Nye testamentet på det gamle og merke seg kvar det er brukt JHVH. Slik kom han til at det Messianske synet var rett, at Messias og den Heilage Ande er inkludert i Adonai, så Gud er treeinig. Til dømes:
Fil.2,5 Lat det same huglaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!
6 Då han var i Guds skapnad,
heldt han det ikkje for eit rov
å vera Gud lik.
7 Men han gav avkall på sitt eige,
tok på seg ein tenars skapnad
og vart menneske lik.
I si ferd var han som eit menneske;
8 han nedra seg sjølv
og vart lydig til døden,
ja, døden på krossen.
9 Difor har Gud storleg opphøgt han
og gjeve han det namn
som er over alle namn,
10 så kvart kne skal bøya seg i Jesu namn,
i himmelen, på jorda og under jorda,
11 og kvar tunge sanna:
Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders ære! Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.
Det refererer til Jes.24,24, der Gud er kalla Adonai.
Jes.45,22 Vend deg til meg og få frelse,
heile du vide jord!
For eg er Gud, og ingen annan.
23 Ved meg sjølv har eg svore,
eit sanningsord har gått ut or min munn,
eit ord som eg ikkje tek att:
For meg skal kvart kne bøya seg,
kvar tunge skal sverja meg truskap.
24 Om meg skal dei seia:
«Berre hjå Herren er frelse og styrke.»
Til han skal dei skamfulle koma,
alle som harmast på han.
………..
Altså er Kristus JHVH.
2.Kor.3,16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
2.Mos.34,34 33 Då Moses var ferdig med å tala til dei, la han eit slør over andletet sitt. 34 Men kvar gong han gjekk fram for Herren og tala med han, tok han sløret bort til han skulle ut att. Og når han kom ut, tala han til israelittane det han var føresagd. 35 Då såg israelittane korleis det stråla av andletet hans, og Moses hadde sløret for andletet att, til dess han skulle inn og tala med Herren.
I desse versa er Gud kalla Adonai, «Adonai the Spirit». Så både Messias og den Heilage Ande er innkludert i JHVH og Gud er treinig.
Meiningsoversetting, ja, så kvifor ikkje tenke litt meir på at JHVH betyr «Eg Er», det betyr at Gud eksisterer. Det fekk dei oppleve at hans sende Son sin til dei, han skulle også verte kalla Immanuel, det betyr «Gud med oss». Det fekk dei oppleve, men då sa dei at han var ein annan enn den han var. Dei avviste han og fekk han hendretta, han døde på korset, men då sona han all verda si synd. Han var gravlagd, men stod opp att og for opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre hand. Han sende den Heilage Ande til si kyrkje og den herleggjer og openberrar han for oss, så vi får sjå at han er med oss alle dagar, sjølv om ikkje verda ser han.
Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
Verte frelst for æva og verte frelst på dommedag.
Joh.1,16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.
I det nye testamentet er det heilt klart at frelse er først og fremst å verte frelst for æva og få evig liv. Men i det gamle testamentet ser vi også at det er å verte frelst frå røvarar og frå styresmakter som driv krig. Det finn vi i det nye testamentet også, inntil dommedag, like vel vart det profetert om kristendomsforfølging, inntil dei leid martyrdøden for si tru, for det evige livet var tross alt viktigast for dei.
Dei som kjennest ved Jesu namn for menneska, vil han kjennast ved for Faderen og englane hans og det får vi merke, for vi er komne til Sionfjellet, det himmelske Jerusalem og Guds englar.
Men dispensjonalistane meiner visst dei er så skriftlærde at dei foraktar oss for det som ulærde og uvituge ungar, sidan det er berre åndeleg og ikkje fysisk synleg. Og fordi det er andre enn dei sjølve som innser det og opplever det. Det er misunning altså.
Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:
Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
…………..
10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.
Paulus var ein ivrig farisear og prøvde å utrydde kristendomen, men vart omvende ved eit Guds under og så forkynte han at ved å tru at Gud vekte Kristus opp frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å erkjenne at han er Herre, vert vi frelst, kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst (Rom.10,13 & Joel.3,5). Fann dei ut av kva som var dei rette volkalane i «tetragrammet» (JHVH) då? Ikkje ved å seie «eg er» på ein meir skriftlærd måte, den problemstillinga måtte då vere kunstig, så det var ikkje poenget. Men at Jesus var Guds Son og han gjorde Faderen kjend for dei. Så det var berre å påkalle Herrens namn og få oppleve at han frelser. Det skjer ikkje ved hær og ikkje ved makt, men berre ved Guds Ande (Sak.4).
Smålegheit forkledt som gudlegdom er ein øydande styggedom (Matt.24,15).
Gud elska verda så høgt at han sende son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born. Han er vegen til Faderen, så ved å gå den vegen kjem vi til Faderhuset og får oppleve hans kjærleik og omsorg. Han døde i staden for oss på korset, for at vi skulle få den retten.
Guds arm var ikkje for kort til å frelse, men syndene deira skilde dei frå han. Men med eitt syndeoffer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den sanne og levande Gud.
Abel bar fram eit godt offer, så Gud brydde seg om han, dermed såg ut til at det skulle gå han godt. Derfor vart Kain misunneleg og slo han i hel. Apostelen Johannes sa at slik var skilnaden på den gamle vonde naturen og den nye (Heb.11,4 & 1.Joh.3,12). Korleis kan då den nye naturen overleve? Ved at Jesus døde i staden for oss. Han stod oppatt frå dei døde og vi er komne til han.
Heb.12,til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.
Frelsa er gratis, det er berre å tru på Kristus, vende seg til han og påkalle han som frelsar og Herre. Nokon kan seie imot og det utartar seg som rein smålegheit, at dei ikkje unner andre noko godt. Og smålegheita kan vere så sterk at det betyr at dei ikkje unner seg sjølve noko godt heller, berre dei kan ha den haldninga at dei ikkje unner andre noko godt heller. Med ei liknande smålegheit unner dei ikkje ein mann å få seg ei kone eller ei kvinne å få seg ein ektemann. Dei unner ikkje menneska å få barnekår hos Gud, så dei kunne be han om noko godt. I den Katolske Kyrkja påstod dei lenge at Kristus var så streng at vanlege folk ikkje kunne komme til han og be til han direkte.
Paulus sa at bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande (2.Kor.3,6), då var det lovens bokstav han sikta til, Moselova, men menneskebod verka sameleis. Bokstavtolkinga må vere rett, men Ande openberrar Guds Ord for oss, så det vert til liv for oss, ja, evig liv. Dette er noko som vi opplever som verdifullt og gledeleg her og no, vi får ei ekte og himmelsk glede, Gud er kjærleik og den kjærleiken er ekte.
Reise seg frå mørkets rike og gå inn i Kristi rike, finne vegen til å skode Kristus i hans herlegdom.
Preteristane meiner at dommedagen kom i år 70, nokre av dei meiner at då kom Jesus att også, det vert referert til Matt.16,28.
Matt.16, 24 Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon vera i lag med meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og fylgja meg. 25 For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal finna det. 26 Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 27 For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin med englane sine, og då skal han gje kvar og ein lika for det han har gjort. 28 Sanneleg, det seier eg dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei ser Menneskesonen koma i sitt rike.»
Ja, det var Herrens dag og det var ein dommedag. Vi må verte som born, ja, fødast på nytt, for å sjå Guds rike og komme inn i det. Og Jesus lov oss at han ville ikkje late oss vere att som foreldrelause born, han ville komme til oss, ved at han sende oss talsmannen, den Heilage Ande. han ville openberre seg for oss, han og Faderen ville komme og ta bustad hos oss. Elles har då Jesus lova oss at han vil komme til oss (Joh.14,23). I Heb.12,22 er det sagt at vi er komne til Jesus og Guds englar og den levande Guds by på Sion-fjellet. Det kan vere fleire som opplevde det til samanlikning med Stefanus, når han leid martyrdøden. Vers 28 vart i alle fall oppfylt for Johannes, då han var på Patmos.
Dispensjonalistane meiner at det fjerde dyret i Daniels bok er Romarriket, i Norsk Bibel (1994) vert det endåtil påstått i kommentarfeltet og det vesle ellevte hornet, som vart så stort, vet kalla Antikrist. Men det høver ikkje med at Jesus kom og forkynte evangeliet om Guds rike, for det var den vesle steinen som traff fotstykket på biletstøtta så den ramla og gjekk i knas. Så voks Guds rike så det fylte opp heile jorda. Har dispensjonalistane ikkje forstått at evangeliet om Kristus også er evangeliet om Guds rike?
I Dan.10,13 ser det ut til at Mikael var herskaren i Hellas, men i Dan.12, kan det vere herskaren i Romarriket. For Maccabearane gjorde avtale med romarane og det høver med at kong Mikael var ein romersk keisar, ein «Cæsar». I Joh.Op.12 er det tale om overengelen Mikael. I Daniels bok var Mikael ein konge, men her er det tale om englemakt altså. Det står over kongsmakt.
På mitt første møte i Maranata talte Jesus om at no vert mørkets rike akseptert, men om så det er berr nokre få som finn vegen til å skode han i hans herlegdom, så er det nok for han til å gjere storverk. Bodskapen 10.5.2009:
«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren, sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk kvar som helst og når som helst. Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din kjærleik frå meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»
Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg. Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.
Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg frå trældomen i Babylonia, korleis vart responsen på det?
I 2011 kalla Jesus Sions dotter til å frigjere seg, som om ho framleis var i Babylonia.
Bodskap 3, 12.2.2011. Tyding av tungetale ved Frank Søgård:
«Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.
Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette? Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.»
Mor hennar hadde ikkje omsorg for ektemannen og heller ikkje for borna, i staden vart ho ei hore som drap borna han fekk med henne. Er dottera framleis som mora?
Joh.18,4 Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst:
Far bort frå henne, folket mitt, så de ikkje vert medskuldige i syndene hennar og ikkje råka av plagene hennar. 5 For syndene hennar når opp til himmelen, og Gud har kome i hug all uretten ho har gjort.
Kvar vart det av responsen på denne bodskapen? Kva med Krf-politikken? 16. februar vart det opprør mot Gadaffi i Libya og etter ein månad 22.7. same år kom terroraksjone i Oslo og 17. mars vedtok FN´s tryggingsråd ei flyforbodsone over Libya, sidan vart landet invadert av 15 land, mellom andre Noreg. Sitat få min eigen artikkel i Sunnmørsposten, https://www.smp.no/meninger/i/qWV0Bo/krigen-mot-libya-vart-ein-demonstrasjon-av-norsk-bistandspolitikk-pa-sitt-verste :
Historikarane gjer sine analysar og konkluderer visst nok med at Hillary Clinton er i forhold til Trump kva den tyske liberalismen, konservatismen, sosialdemokratismen og stalinismen var i forhold til Hitler, det nokre har kalla den hjelpelause antifascismen. Det er vel analysert utifrå sosialistisk samfunnsforståing.
Jau, marxistiske analysar kan vel ha noko for seg, berre det ikkje vert dogmatisk, spesielt når det er analyse av ei så mørk, tung og vond tid som mellomkrigstida og krigen. Det verkar til at den politiske tenkinga heng fast i gjørma og hindrar nytenking og fornying. Så det kan verke som dei prøver å mane fram daudingar for å få til eit zoombi-opprør.
Sitat frå https://www.aftenposten.no/…/norge-gikk-til-krig-med …
I dokumentaren anskueliggjør blant andre KrFs 1. nestleiar Dagrun Eriksen hvordan «bistandsretorikken» blei brukt da Norge gikk til krig.
Frå Stortingets talarstol snakkar KrFs nestleiar om å «skifte ut vilkårlig maktmisbruk med menneskerettigheter, skifte ut kvinneundertrykking med likeverd og likestilling, skifte ut fordommer mot utdanning, skifte ut korrupsjon med menneskerettigheter». Dette sa ho altså i staden for å forkynne evangeliet som den frigjerande bodskapen.
Så Noregs krigføring i Libya vart ein demonstrasjon av Norsk bistandspolitikk på sitt verste, med KrF sin bistandspolitikk i spissen. Det var eigentleg motivert av deira eige maktbegjær og resulterte i ein reaksjon mot «den arabiske våren». Seinare stilte Erna Solberg opp med rause gåver for å følge opp, men kven veit kvar dei pengane hamna? Så Norsk bistandspolitikk er absurd.
Den andre absurde side av saka er at trass i at Arbeidarpartiet skryter av sin velferdspolitikk, så var det Stoltenberg-regjeringa med Jonas Gard Støre som utanriksminister som gjekk til krig mot Libya og med det raserte velferdsstaten framfor andre i Afrika og arabarlanda.
SITAT SLUTT.
Sitatet frå Dagrun Eriksen har vorte brukt som døme på kor banale norske politikarar er og kor banal det går an å verte, så soleis har ho gjort seg legendarisk. Når det gjeld kvinnesak, burde norske kvinner vere ærlege om deira behov for å få seg ein ektemann, noko anna vil vere hyklarisk. Og den glade bodskapen er at alle som tok imot Kristus, gav han rett til å verte Guds born, så vi får komme til han med alle våre behov også når ei kvinne vil ha seg ein ektemann og ein mann vil ha seg ei kone. Ja, det er spesielt viktig å komme til han med det behovet, for det er viktig for oss og vår Gud og skapar veit det. Men dette vart slik som ved Israels fråfall, «Mor Israel» var Guds kone og fekk oppleve at han elska henne og hadde omsorg for henne som kona si, men det skjøna ho ikkje, så ho vart ei hore i staden, som ikkje hadde omsorg for ektemann og born, i staden drap ho borna han fekk med henne. Då tok han bort omsorga si for henne og då gjekk det henne ille. Ho gav avkall på hans omsorg og viste ikkje omsorg.
Slik vart det også med Krf sin bistandspolitikk og norsk bistandpolitikk. Sidan dei gav avkall på Guds omsorg og ikkje viste omsorg som hans kone og born, vart bistandpolitikken deira forfeila og vart til korrupsjon i staden, der dei gjore menneska til handelsvare, som trælar.
På slutten av året kalla Jesus Sions dotter på nytt til å frigjere seg og då høyrdest det noko meir optimistisk ut. Sitat frå bodskapen i Maranata 18.12.2011:
«Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og oppover, for eg har reinsa deg.
Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.»
Ormen er skapt av Gud, kva skal han med den?
Eg vart venn på facebook med ei kvinne (SL) som vart forstandar i pinsekyrkja inn i Stryn. Ho skreiv på FB at ormen ikkje er skapt av Gud. Eg korrigerte henne ved å vise til skapingssoga, der står det svart på kvitt at Gud skapte ormen (1.Mos.1,24 &3,1). Men ho hadde ei religiøs tru på at Gud ikkje hadde skapt ormen og stod fast i den trua. Ei kvinne foreslo at dei skulle gå ut i marka og drepe orm. Eg svarde SL at så lenge ho ikkje ville godta bokstavtolkinga, var eg ikkje villig til å gå vidare med noko symboltolking. Om vi ikkje forstår kva som står skrive, ikkje forstår symboltolkinga, så kan vi ikkje av den grunn byrje å endre på bokstavtolkinga. Sidan eg påstod at ho ikkje forstod skrifta, var det ei anna kvinne som kom med skuldingar mot meg om at eg krenka henne med det eg sa. Då svarde eg at ho kom med sine skuldingar, ja, å prøve å seie noko her er som å kaste perler for svin. Då var det ikkje lenge før kommentarane hennar forsvann for meg, så ho blokkerte meg nok. Etter ei stund forsvann heile innlegge for meg, SL forsvann for meg på FB, så ho blokkerte meg nok ho også. Ja, for mitt vedkommande kan ho godt få lov til å verte «den legendariske tullkjerringa inn i Stryn», som fekk med seg kyrkjefolket ut i marka for å drepe orm, for å tilfredsstille sin religiøse trong og sin primitive trong til sjølvhevding.
Men for dei som undrast over kvifor Gud skapte ormen, er det først og fremst berre å lese vidare. Då er det opplagt at vi treng symboltolking, for å forstå det.
1.Mos.3, Då sa Herren Gud til ormen:
«Fordi du gjorde dette,
skal du vera forbanna
framfor alt fe og alle villdyr.
På buken skal du krypa,
og mold skal du eta alle dine dagar.
15 Fiendskap vil eg setja
mellom deg og kvinna,
mellom ditt avkom og hennar ætt.
Dei skal krasa ditt hovud,
og du skal hogga dei i hælen.»
16 Til kvinna sa han:
«Stor vil eg gjera di møde
så tidt du er med barn;
med verk og vande skal du føda.
Etter mannen din skal du stunda,
og han skal råda over deg.»
4.Mos.21,4 Så tok dei ut frå Hor-fjellet og valde vegen til Sevsjøen. For dei ville fara utanom Edom-landet. Men på ferda vart folket utolmodig 5 og tala mot Gud og mot Moses: «Kvifor førte de oss ut or Egypt når vi må døy her i øydemarka? Her finst det korkje brød eller vatn, og vi er inderleg leie av denne ringe maten.»
6 Då sende Herren eiterormar inn mellom folket. Dei beit israelittane, og mange av dei døydde. 7 Folket kom til Moses og sa: «Vi synda då vi tala mot Herren og mot deg. Bed Herren at han må ta ormane bort frå oss!» Og Moses bad for folket. 8 Då sa Herren til han: «Lag deg ein orm og set han på ei stong! Så kan kvar den som vert biten, sjå opp på ormen og berga livet.» 9 Moses laga ein koparorm og sette han på ei stong. Og det gjekk så at kvar gong ein mann vart biten av ein orm, og han såg bort på koparormen, berga han livet.
Joh.3,14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.
Jes.11,8 Spedbarnet skal leika innmed hola åt hoggormen,
og veslebarnet skal retta ut si hand
mot bolet åt eiterormen.
9 Ingen skal gjera vondt eller ugagn
på heile mitt heilage fjell.
For landet er fylt av kunnskap om Herren,
liksom vatnet dekkjer havsens botn.
10 Den dagen skal folkeslag søkja
til renningen or Isais rot.
Han skal stå som eit samlingsmerke for folka,
og bustaden hans skal vera full av herlegdom.
Ei kyrkje som strir mot si eiga lære.
Det har vist seg mange gangar i historia at kyrkja er ein institusjon som straffar deg fordi du trudde det som dei forkynte, du lærde og forstod det som dei underviste. Og i vår tid får du merke meir og meir av det, langt inn i frie kristne forsamlingar, så du får ikkje særleg stor moglegheit til å gjenta det og vitne om di tru der, du bør helst komme deg ut i det fri, der du får vere meir fritt-talande. Korleis kan dette ha seg?
Det kan vere mange forklaringar på det, men den viktigaste og største årsaka til det er nok av i byrjinga av Middelalderen kom den tradisjonelt lærde overklassa inn i kyrkja, og kristen teologi vart utforma som apologetikk, ordet kjem av forsvarstale, det gjekk ut på å forsvare kristendomen mot læra til den lærde overklassa, fyrst og fremst frå antikk kultur. Dette utvikla seg slik at vanlege folk ikkje lenger hadde noko dei skulle ha sagt, i filosofihistoria har nye generasjonar av lærde kritisert og erstatta filosofien til tidlegare filosofiar.
Om vi samanliknar med eit anna fag, til dømes matematikk, så bygger den på visse enkle, sjølvinnlysande aksiom, som vi stadig går tilbake til og brukar. Og det ville no vere ganske utruleg om ein matematikklærar byrja å le og gjere narr av dette som noko dumt og kanskje endåtil vil straffe elevane fordi dei brukte det. Men for mange som liksom vil stille seg fram og undervise i kristendom er det annleis, så dei endåtil underviser i noko heilt anna i staden.
Moderne matematikk, naturvitskap og teknologi.
Men matematikken, den nye naturvitskapen og moderne teknologi kan ikkje erstattast slik. Like vel er det mange som held fram i same stilen, så læra deira strir både med kristendom og realfag. Korleis er det mogleg? Ved at dei diktar og så framstiller dei diktinga si som sanning og vitskap, som om vitskap skulle vere å tilbe det vi granskar, stokk og stein, dyr og menneske og skulpturar som vil lagar av stokk og stein, statuer av menneske og dyr eller tilbe hestar og vogner, bilar, skip og motorsyklar og kva meir? For dei prøver å få makt over menneska med marxistisk framandgjering og med diktinga si.
I staden for at ein mann skal få vere fri til å tenke og tale sjølv og uttale seg på eigne vegne, diktar dei om kva han tenkar og prøver å tale i staden for han, i staden for å innrømme at han har ein fri vilje og er fri til å tenke og tale sjølv. Slik baktale er uretten satt i system og vert brukt i opplegg for justismord og krig.
No er eg opplærd i moderne matematikk, naturvitskap og noko datafag og det er sjølvsagt betre enn antikk filosofi, det tener mest som historisk bakgrunn. Med metodene i realfag har også med filosofi å gjere, og det er eit vesentleg poeng at eg lærer å tenke sjølvstendig, både med metodene, innsikta og kunnskapen. Skulle eg av den grunn miste trua på Faderen og Sonen? Nei. I det eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, får eg oppleve at Faderen er min formyndar (Jfr. Matt.11,25-30) og Jesus er min frelsar og Herre. Med den oppsedinga og opplæringa Faderen og Sonen gir meg, veks eg opp til han som er hovudet for lekamen, Kristus, så eg lærer å tenke sjølvstendig i forhold til verdslege autoritetar.
Kva er mørkets rike? Antikolnialisme? Målet «helgar» metoden.
I bodskapen 10.5.2009, var det tale om mørkets rike:
«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren, sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike og byrjar å gå over i mitt rike, …….
Vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, då brukar vi metodene i evangeliet. Det er rett og god psykologi. Det er ikkje noko i vegen for at eg samtidig kan studere realfag og då bruker eg metodene i realfag i tillegg. Men her er det tale om at mørkets rike vert akseptert og eg trur det har å gjere med at andre metode vert akseptert som erstatning.
For omlag 8-10 år sidan markerte mange venstre-radikale seg på «øvre Blindern» (Samfunnsvitskapleg og historisk-filosofisk fakultet ved Universitetet i Oslo) under fana «Antikolonialisme» (AK). Dei fylt auditorium med sine møte og nokre av mine akademikar-vennar på FB, ein filosofi-professor (JS) og ein biologi-professor (KG) og nokre av deira FB-vennar, karakteriserte det som menighetsmøte. Om til dømes JS kom der og ville ha eit ord med i laget, fekk han berre beskjed om å gå heim og lese sin Popper. Karl Popper karakteriserte seg sjølv som ein kritisk rasjonalist og prøvde å forklare og forsvare metodene i realfag. AK vart forstått som postmoderne protest mot trua på at det fanst universalia og nekta endåtil for at det var mogleg å finne sanning med naturfaglege eksperiment. Men trua på at der finst universalia er vesentleg for heile universitets-kulturen. Vidare var AK ein protest mot renessansen og dei store oppdagingane, på grunn av det «faktum» at imperialismen følgde som resultat. Soleis var dette ein protest mot opplysninga vi fekk først ved evangeliet og dernest ved realfag og moderne teknologi. Det er tydeleg at det er dette som sidan har vorte til «woke-rørsla».
Dei tek sikte på revolusjon, bryte ned det gamle for å bygg opp eit nytt og «betre» samfunn, betre for kven? Det er som ei religiøs tru på at det skal komme eit betre samfunn etter revolusjonen, så målet helgar metoden, nær sagt same kva slags metode som vert brukt. Men dei har avvist dei gode metoden til å bygge opp eit godt samfunn, så dei er eigentleg ikkje i stand til det, så dei er berre istand til å rive ned. Det synest som det kan karakteriserast som tjuvar og røvarar som er komen for å stele og drepe.
Joh.10,1 Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.
Oslofolk karakteriserer bygdesladder og baktale som «Bygdedyret», men ved Universitetet i Oslo vert det gjort til «vitskap», ved kvinneforsking og kjønnsforsking på øvre Blindern. Korleis er det mogleg?
Draken gav Dyret sin kongsstol, det er mørket rike, slik gjekk det til, Draken brukar sine metode til å få makt.
Joh.Op.13,1 Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud. 2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt.
Prestane i kyrkja har gjerne kontakt med psykologar og psykiaterar, i tilfelle dei treng hjelp med ein av dei truande. Dei likar spesielt godt Freuds psykoanalyse. Då fekk «pasienten» høve til å svare for seg og psykiateren stilte diagnose. Men så opphøgjer dei diagnosen til vitskapleg teori og då misser pasienten høvet til å svare for seg. Eigentleg blir dette ikkje til vitskapleg teori, men til ein religiøs kult som dei prøver å få makt over menneska med.
Freud var jøde og på grunnlag av ei antikk religiøs myte, formulerte han «teorien» om ødipus-komplekset, at ein gutunge på omlag 5 år vart avvend frå amming og då oppfatta faren som ein konkurrent. Eg har vanskeleg for å tru og tenke meg at det skulle verte noko problem i ein kristen familie, det verkar kunstig. Så i staden definerer eg ødipus-komplekset, at presten med sitt følgje vert misunneleg på både faren og sonen. Det vert gjort religion ut av det, ved at Antikrist fornektar Faderen og Sonen. Prestane skulle lære opp folket i den kristen trua, frå dei var småborn, men så viser det seg at dei ikkje unner borna å vokse opp i barnekåret hos Gud. Dei refererer til Israel fråfall og ventar seg at det skal gå sameleis.
Djevelens metode er å dåre og forføre kvinna slik som ved syndefallet, for så å bruke henne til å lokke mannen med. Slik prøver han å få makt over menneska, gjennom synda og avgudsdyrkinga. Også med å dyrke styresmaktene som gudar, jfr. Den Store Skjøkje (Joh.Op.17-18). Balak prøvde å få profeten Bileam til å bannlyse Israelsfolket, men kunne ikkje seie anna enn det Gud sa til han og det vart velsigning i staden. Men så fekk dei kvinner til å lokke jødiske menn til hor og det førde til forbanning i staden. Det vart eit oppgjer i Israels-leiren. Men Bileam var med i striden mot Israels-folket og fall i den striden.
Det er tydeleg at på «Øvre Blindern» satsar dei på ein slik strategi med kjønnsforskinga si, for å mønstre til strid mot både kristne og jødar. Mot meg og kyrkjelyden eg går i og som motsetnad til det som eg har bedt Jesus om. Kva kan eg gjere med det? Eg må berre overgi meg 100 % til Kristus og la han ta seg av mi sak. Det skjer ikkje med hær eller makt, men berre ved Guds Ande.
Du skal ikkje misbruke Guds namn, men i mørkets rike er nettopp det ei metode til å få makt over menneska.
Det var viktig for jødane påkalle Herrens namn, for å få hjelp og vern, ja, frelse. Men dei måtte ikkje misbruke namnet hans, så dei vart redde for å bruke det. Men då vart det mørkets rike som misbrukte det i staden, så i staden for å seie at Gud var den han var, sa dei at han var ein annan enn den han var. Så dei nekta for at Gud var med Kristus og gjorde sitt verk, det vart til at dei fornekta Faderen og Sonen. Antikrist altså. Det ser vi framleis og i vår tid ser det ut til at kyrkja også er i ferd med å verte infiltrert slik som jødedomen vart infiltrert. Men Kristus kjem og tyner den Lovlause med pusten frå sin munn.
Når biologiprofessor Kristian Gundersen heldt foredrag om boka si, «Snåsakoden», snakka han om lækjedom ved bøn og spurde kva som var forklaringa når dei kristne bad om lækjedom utan at det skjedde. Vel, det vesentlege er at Gud elska verda så høgt at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Då lovde han dei ikkje at dei ikkje skulle døy, men at dei skulle leve om så dei døde, for han skulle reise dei oppatt på den siste dagen. Der er lovmessigheiter i naturen og vi kan forklare det med at Gud har skapt alt med sitt ord, derfor er naturen forståeleg og derfor kan vi studere den og finn ut korleis den fungerer.
Ved trua på Kristus fekk vi den Heilage Ande av berre nåde, som Gud har den makt over det som han har skapt, derfor kan vi oppleve under, som lækjedom ved bønn. Då må vi gi rette forklaringa på det, at det er eit Guds under. Så det betyr ikkje at vitskapen er feil og må korrigerast, det betyr ikkje at lækjaren gjorde ein feil.
Når Moses skulle føre Israels-folket ut av Egypt, skulle han seie til dei at Abraham, Isak og Jakobs Gud hadde sendt han og dei skulle kalle han «Eg Er» (JHVH), for han er den han er. Så dei skulle ikkje seie at han er ein annan enn den han er. Dei skulle ikkje misbruke namnet hans. Som i annan skriven hebraisk tekst vart ikkje vokalane tekne med og dermed gløymde dei korleis det skulle uttalast. Sidan har dei diskutert korleis dei skal seie JHVH, det beste forslaget er visst JAHVE. Jehova er eit nyare engelsk bastardord, ved at vokalane i Adonai er overført til JHVH, men der er ikkje historisk grunnlag for det.
Til samanlikning diskuterer «dei lærde» no kva som skal vere den rette stavinga av LHB, kor mange bokstavar som skal leggast til. Men då må vi vel forstå at dette ikkje er den rette guden? Hæ??! Har dette noko med Guds namn å gjere då? Ja, det har visst det, det ser vi i Pride-rørsla, når dei brukar «regnboge»-flagget, med 6 fargar i staden for sju. Til tross for at dei som ikkje er fargeblinde ser sju fargar i regnbogen og det er spesielle område i frekvens-spekteret, soleis er det fysikk. Ved å mikse fargar kan vi få fram mange fleir fargar, men deg er ikkje slik i regnbogen. Her refererer regnbogen til at Gud brukte den som symbol på pakta han gjorde med Noah etter syndefloda. Det var ei pakt med alt som levde på jorda.
1.Mos.9,8 Så sa Gud til Noah og sønene hans: 9 «No vil eg gjera ei pakt med dykk og etterkomarane dykkar 10 og med kvar levande skapning hjå dykk, både fuglar og fe og alle villdyr som er hjå dykk, alle som gjekk ut or arka, alle dyr på jorda. 11 Eg gjer mi pakt med dykk: Aldri meir skal alt som lever, tynast av storflaumen; aldri meir skal det koma ein flaum som legg jorda i øyde.»
12 Og Gud sa:
«Dette er teiknet på pakta eg skipar
mellom meg og dykk
og kvar levande skapning som hjå dykk er,
for ætter som kjem i alle tider:
13 Eg set bogen min i skyene;
han skal vera eit teikn på pakta
mellom meg og jorda.
14 Når eg samlar skyer over jorda,
og bogen syner seg i skyene,
15 då skal eg koma i hug den pakta
som er mellom meg og dykk
og kvar levande skapning.
Aldri meir skal vatnet verta
til ein storflaum som tyner alt liv.
16 Bogen skal koma i skyene;
eg skal sjå han og minnast
den pakta som alltid skal vera
mellom Gud og kvar levande skapning
som rører seg på jorda.»
17 Gud sa til Noah: «Dette er teiknet på den pakta eg skipar mellom meg og alt liv som finst på jorda.»
Men Pride-rørsla legg ei heilt anna tyding i det, slik misbruker dei Guds namn og forvrenger hans ord. Den relevante Bibel-teksta her er domen over Sodaoma og Gomorra (1.Mos.19).
Bodskapane i Maranata 19.6.2016:
Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved John:
”Sjå, eg er alt kjøts Gud. Skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, du skal vite at eg som skapte himmel og jord, eg som tala og det skjedde, ingen ting er umogleg for meg. Derfor skal du setje di lit til meg, du skal trygt kunne gå ut på mine lovnadar. Og du skal få sjå at det held, seier Herren. For sjå, eg har kalla deg ved namn, du er min. Eg har skrive ditt namn i livets bok. Derfor vil eg at du mitt barn, du skal fryde deg og du skal glede deg i mi frelse. Ver ikkje tilbakehalden, men strekk deg ut mot det som ligg foran, seier Herren. Og du skal skal få oppleve at eg skal fylle ditt beger, så det flyt over. Du skal få oppleve at eg dekker bord for deg, seier Herren, med feite og med margfylte rettar. Og du skal ete av landets gode ting.
Ja, eg skal føre ut eit folk i denne siste tida, før eg kjem igjen, eg skal ta meg ut eit folk som eg skal reinse og eg skal lutre dei og dei skal vere med og dei skal forkynne min pris, seier Herren. Det er eit folk som eg har helga, tvers gjennom og som eg skal leie og eg skal salve dei med mi kraft. Og sjå, eg skal vere med og stadfeste Ordet, med dei teikn og under som skal følgje dei som trur. For sjå, seier Herren, eg har jo sagt i mitt Ord, eg skal gjere langt meir enn de har forstand til å be meg om. Amen.
Ja, eg prisar og lovar deg Herre, eg vil takke deg midt i forsamlinga. Eg takkar deg for di frelse og din nåde som du har vist imot meg. Eg har opplevt at du har vore med meg gjennom prøvingar, gjennom trengsler, så er du ein trufast Gud forutan svik. Derfor så prisar eg deg og lovar deg midt i forsamlinga. Amen.”
Kommentar om parader i gatene og svar gjennom tyding av tungetale.
I slutten av møtet kom John med ein kommentar om parader gjennom gatene, eg reknar med det var ”homo-parader”. Då kom Mari med tungetale og John tyda det:
«Når eg såg ned på Sodoma og Gomorra, då såg eg at synda var så stor, forfallet var så stort, at eg bestemmte meg for å utslette desse byane, seier Herren. Og sjå, eg skodar ut over denne verda og eg ser det også i dag, seier Herren, kor synda er stor og når menneska syndar og dei vil ikkje ha noko med meg å gjere, dei forkastar min Son, sjå, det kjem, det kjem straffedommar over land, over by, seier Herren. For sjå, seier Herren, eg manar dykk, mitt folk, til å gå i forbønn for dykkar land. Rop til meg og be om at eg må halde min vreide tilbake, seier Herren. For sjå, eg ser at synda er stor og eg har sagt i mitt Ord, synda si løn, det er døden, seier Herren. Sjå, seier Herren, det får konsekvensar, når menneska ikkje vil gå på mine vegar. For sjå, dei som vendar om, seier Herren og ropar til meg om frelse og om barmhjertighet, dei får oppleve, at eg er ein nådig, ein barmhjertig Gud, som tilgjev og som vil reinse og som vil gjere noko nytt for den einskilde. Derfor, mitt barn, rop til meg, gå inn i ditt løynkammer og rop til meg, seier Herren. Og eg skal svare på din bønner. Halleluja.»
Libya-krigen.
Eg fekk messenger-melding om at eg var suspendert fra FB og fekk 24 timar til å svare for meg, men så viste det seg at det var falskt. Eg hadde skrive dette innlegget om at vi ikke skal misbruke Guds namn, vi kan påkalle Herrens namn til frelse og be til han som hans born. Vi kan be for andre også, men det tek sikte på at dei skal verte i stand til å svar for seg sjølve. Øvstepresten skulle representere Gud overfor folket og representere dei overfor Gud, men i den nye pakta er Kristus vår øvsteprest og vår talsmann overfor Gud og eg meiner det er viktig å la han vere det for oss.
Sitat frå Dagsavisen 1.4.2025, https://www.dagsavisen.no/kultur/2015/10/11/propaganda/ :
PROPAGANDA
betyr å bevisst forme folkeopinionen ved å manipulere folks følelser og tanker, ved f.x. å fremheve noe og utelate annet, og massene lar seg lett forføre.
Til alle tider har mennesker smisket og svartmalt, skapt intriger og spredd rykter, konspirert og kreert skrekk for å nå egoistiske mål. Nrk-serien «Hat, kjærlighet og propaganda» avdekker hvordan myndighetene i de rivaliserende blokkene under “Den kalde krigen” skapte og opprettholdt fiendebilder ved hjelp av samme type virkemidler. Det ble sagt at i denne perioden etablerte propagandaen seg som selvstendig virksomhet. Lignende propaganda benyttes aktivt i dagens spill om makt og posisjon. Iflg.professor Allern finnes det flere pr.-rådgivere og konsulenter i Norge enn valgte politikere. I USA er det verre, og lobbyvirksomhet er utbredt. Store markedsaktører bedriver iherdig bakenforliggende påvirkning. I et imperialistisk klodespill med alt for høy gevinst?
Dokumentaren «De gode bombene» viser spriket mellom løgnaktig retorikk og realitet. 16. mars 2011 advarte Gahr Støre mot intervensjon i Libya fordi det ville bety å ta part i en borgerkrig. Tre dager seinere snakket han varmt om å innføre demokrati ved hjelp av bomber. De, som er valgt til å ivareta våre interesser, gikk til angrep på Libya med F-16 kampfly, uten et eneste formelt og lovpålagt møte i forkant. Opposisjonen og verden sto samlet, fikk vi vite, selv om Tyskland,Russland, India, Kina og Brasil stemte blankt på FN`s resolusjon om militært engasjement. Gadaffi ba tvert om våpenhvile. En delegasjon fra AU, Afrikas union, var på vei til Libya for å føre fredsforhandlinger, men ble forhindret i å lande p.g.a. norske bombetokt, mens mediene formidlet scener av desperate mennesker som tigget om våpenhjelp i kampen mot en diktator, som brått var blitt ond. Gadaffi vil ta knekken på sitt eget folk, ble det utbasunert, og sånne basuner tror vi på.
Fra stortingets talestol snakket Kr. Folkepartis Dagrun Eriksen om «å skifte ut vilkårlig maktmisbruk og korrupsjon med menneskerettigheter, kvinneundertrykking med likeverd og fordommer med utdanning» mens norske fly bombet vilkårlig. Bare 25% av bombemålene var angitt. 75% skjedde etter pilotenes forgodtbefinnende til tross for at Norge har underskrevet Geneve-konvensjonen, der det står at sivilbefolkning, skoler, sykehus, religiøse forsamlingshus og vanlige boliger skal skånes i krig. “Fint øvelse for våre jagerpiloter,” sa Stoltenberg da nettopp det skjedde. Hverken Kirken, bistandsorganisasjonene, mediene eller opposisjonen hadde eller har innvendinger mot angrepet på Libya, men, som filmskaper Rolfsen uttrykker det; selv om vi hjemme overser egne synder ute, glemmer ikke islamske miljøer. Han henviser til Norges brudd på folkerett og folkevett.
Libya før Gadaffis fall skal ha vært Afrikas best fungerende land. Velferden overgikk vår på mange måter, selv om levestandarden lå mye lavere. Elektrisitet, helse- og skole-systemer var gratis. Bensinprisen lå på ca. en krone literen. En viss andel av landets oljeinntekt gikk rett inn på innbyggernes kontoer, og lån var rentefrie. Å ha et hjem var en menneskerett, og nygifte mottok rause startpakker. Om noen ønsket å drive gård, ble de tildelt jord, bygninger, utstyr. Et storstilt vannprosjekt, Great-Man River, skulle bringe vann til ørkenland. Å fjerne Gadaffi kostet minst 30 000 liv. Dødstallene er antagelig høyere. Libya i dag er et voldelig anarki i verste forstand. Fordi diktatoren ikke ville innordne seg USA`s finansmonopol, men var pådriver for et afrikansk banksystem? Et vellykket sådant ville kullkastet den globale, amerikanske pengedominansen. Afrika er i realiteten et svært ressursrikt kontinent. Handlet det dessuten om olje? Eller store, underjordiske vannreserver?
Sør-Afrikas president Zuma tok initiativ til de bombarderte fredsforhandlingene og ba om våpentilstand i 2011, hvilket ble avvist av NATO. I en tale 15. september i år sa han: «Bombarderinga av Libya og drapet på landets leder åpnet flomportene for alvorlige splittelser og konflikt. NATO-styrkenes systematiske bombing undergravde sikkerheten i landet og skapte den konflikten som fortsetter i Libya og nabolandene. Europa vil ikke ha flyktningene. Det var dem som gjorde dem til flyktninger.» Professor Terje Tvedt hadde en Aftenpostkronikk 17. september hvor han skrev: «hvordan kunne Norge – dette landet som i tiår hadde brukt milliarder av kroner på å iscenesette seg selv som verdensmester i bistand, som Afrikas spesielle venn, og som eksponent for global dialog – enstemmig og reservasjonsløst la seg representere av bombefly og bomber over Afrika våren 2011?»
Til tross for enkelte gravende Nrk-dokumentarer biter alt for mange på løgnaktige åter, slik vi bet på «Løgnen om Irak» (Nrk-dokumentar), løgnen om Libya, løgnen om Syria og løgnen om Ukraina. Flyktningtragedien er en konsekvens vi bare har sett starten av, tenker jeg, når nåværende forsvarminister påstår at det er helt normalt å femdoble krigsberedskapen i nord. Amerikanskstyrte baser eter seg innpå Russland, og 2015 blir et rekordår for NATO-øvelser tett på russergrensa i Øst-Europa. Sikkerhetsalliansen får meg til å føle meg uhyre sårbar og utrygg.
Kari Elisabet Svare
Kvinner for frihet og fred, IKFF

