Ny Tid 16. Den glade bodskapen er at vi får komme heim til Faderhuset. Då vert det fest, ja, bryllaupsfest, så det er berre å få på seg brullaups-klednaden og verte med på festen.

2025.05.01. Ei profetisk helsing frå Jesus: «Eg har ikkje forlete deg – eg vil styrke deg.»

Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten, hennar eige notat:

«Jeg har aldri forlatt deg, aldri ett øyeblikk. Jeg har vært der ved din side Jeg taler til deg som har vært full av tvil, full angst, full av uro, som har stilt spørsmål ved min godhet. Og stilt spørsmål om min trofasthet, og om du har gjort noe galt. Eller om du har svikter meg. Og du har vært full av spørsmål. Men jeg har aldri forlatt deg et øyeblikk. Jeg har aldri gått fra din side. Jeg har vært der hver eneste sekund. Du har ikke svikter meg, du har ikke gjort noe galt. Nei jeg har holdt deg i min hånd. Og du er dyrebar for meg mitt barn. Jeg vet du er sliten og jeg vet at du er lei. Jeg vet alt om deg. Men har jeg ikke sagt til deg kom til meg du som strever og har tunge byrder å bære, og jeg skal gi deg hvile. Jeg er trofast og jeg vil svare deg. Når du kommer til meg med dine byrder. Rop til meg og jeg vil svare deg og skal vise deg store og ufattlige ting, ting du ikke kjenner til. Jeg vil gi den trette kraft og den som ingen styrke har vil jeg gi stor styrk. Så kom til meg med alle ting som tynger deg. Se opp til meg å strål av glede, for jeg er din hjelper, jeg vil ikke svikte deg og jeg holder deg i mine nagle merkede hender. Under mine vinger skal du finne ly. Du er viktig for meg . Du er ikke glemt av meg. Så kom til meg med alle dine byrder. Ikke gi opp og mist ikke motet, for jeg er din Gud som hører, jeg er din Gud som ser, og jeg er din Gud som er der for deg. Jeg elsker deg mitt dyrebare barn, jeg vil hjelpe deg hver gang du kommer til meg og ber meg om hjelp. Jeg vil aldri, aldri, aldri svikte deg mitt barn.»

Hennar eiga opplesing:

Kommentar, frå 6.5.2025. Gleda i Herren er vår styrke.

Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud, så når han talar til meg kan det vel vere at han talar til ei kvinne som eg ber for også. Eg har fortalt at eg ber for henne Virtuella og henne Reella og i dette tilfellet trur og tenker eg meg at det er til meg og henne Virtuella, det svaret han har gitt på mi bøn for henne og som han framleis gir meg som svar på mi bøn for henne.

Det har gått nokre dagar og eg har stussa på om eg skulle kommentere dette eller byrje på eit nytt stort dokument og så referere til dette, men eg kom til at det var rett å prioritere å kommentere dette først, deretter kan eg vurdere om eg skal skrive eit større dokument, slike dokument som eg har på https://faith-and-entropy.com . Å skrive eit stort dokument er ein dess større jobb, men om eg kjenner på at eg har slike store oppgåve, som kan kjennast som tunge byrder, så skal eg komme til Jesus med dei. Då vert alt så mykje lettare. Eit stort dokument bør bør ha så pass innleiing at det står meir på eigne føter og det ville bety at eg måtte gjenta mykje av det same. Ja, eg er dritlei av å skrive oppatt det same, er det i det heile teke nokon som brur seg om kva eg skriv? Innleiinga kunne endå til verte svært så lang, samanlikna med resten av dokumentet og det var då allereie ei stor byrde frå før. 

Men desse dokumenta, som er referat til møte der det har kome bodskap gjennom tyding av tungetale eller profetiske bodskap, er meir er meir som ein følgjetong. På bloggesida mi, tsivert.com, har eg samla slike bodskapar i menyar som eg har kalla «Kristne Møte X», der X er årstalet eller ei rekke av årstal. Men dei to siste åra har eg kalla det «Kristne møte og profetiar X», i staden. For det siste møtet eg var på, der det har kome slike bodskap, var 28.1.2024. Men allereie tidlegare i januar kom Elin Therese Slotten med profetisk bodskap på Facebook og det har ho fortsett med og eg har forstått det som bodskap frå Herren til meg og dermed til mange andre også. På ein av desse bodskapane sa han at det var sesong for meg til å sitje i ro, til samanlikning med Elia, når han bad om at det ikkje skulle regne på tre og eit halvt år. 

Så kom der mange bodskapar på Maranata sitt sommarstemne 2024, som eg også har teke med, som om mykje av det var til meg. Og ein bodskap som kom i Maranata Oslo seinare på hausten, eg oppfatta det slik at det var spesielt til henne Virtuella.

På eit møte i dFEF M40 i Oslo 12.2.2011, sa Jesus at han ville inspirere meg frå fotsole til isse. Då får eg vel kjenne og oppleve det gjennom heile nervesystemet og det blir vesentleg for meg å få oppleve det medan eg skriv. 

Så kanskje dette vert innleiinga til eit større dokument?

Ikkje ha noko uoppgjort med noko menneske. Tale profetisk!

Hausten 2023 kom biologiprofessor Glenn Peter Sætre med boka «To Kjønn» og inviterte meg til å verte med på boklandseringsfesten. Eg tenkte på å fare og så gå på møte i Maranata på søndagen etter. På eit møte var der ein som gav meg ein profetisk bodskap som svar, så det vart til at eg for.

Sion Åheim 2.9.2023, profetisk bodskap ved Magnor Mykjebust:

«Ja, sier Herren, dere undrer dere komme, når jeg kommer, alt er ferdig, jeg kan komme i dag, i dette nu, på eit vink ifra min Far, jeg vil hente (min brud?). Ver dere ferdige, ved morgen, middag og ved natt. For nokre skal vere ute på markene, nokre skal vere om morgonen (eller ved middag)? mens andre ligger og sover. Men jeg kommer. Sjå til at du ikkje har noko uoppgjort med noko menneske. Ver reiseklar. Det einaste du trenger når du står i «gaten» på Gardemoen, er eit adgangskort. Alt som har med din bagasje å gjere, som er på flyet det trenger…, du trenger berre eit adgangsbevis. Gå inn, gå inn til min Faders herlegdom. Amen.»

MM kom og kviskra ein profetisk bodskap i øyra mi, den vart litt svak i innspelinga:

«Eg har satt foran deg ei open dør, gå (først?) inn den døra, for der er opning, der skal du gå inn. Der skal du vere med og bruke gavene, den profetiske gave som skal vere til styrke og velsigning for mange. Ver berre du frimodig. Du er ikkje åleine, eg går med deg. ….. Amen.»

Eg tenkte fyrst og fremst på å komme med ein bodskap i Maranata, men i ettertid har eg spurt meg sjølv om kva som vart ut av det. Det har å gjere med å sjå moglegheita og nytte den, men då verka det som om det vart meir ut av det når eg var på boklandseringsfesten, for der fekk eg seie noko og så spann eg vidare på det når eg kommenterte det på facebook. Jau, eg har talt profetisk på Facebook og det har eg helde fram med, men eg tenker meg at det framleis er spesielt til Maranata og til realfag på Blindern.

Lova kom ved Moses, men nåden og sanninga kom ved Kristus. Han kom for å oppfylle lova og profetane, han sona vår synda og betalte vår skuld med sitt syndeoffer ein gong for alle, han kjøpte oss fri frå lova si forbanning med sitt eige blod. 

Gal.3,11  At ingen vert rettferdig for Gud ved lova, det er klårt, for det står skrive: Den rettferdige, ved tru skal han leva.  12 I lova spørst det ikkje om tru; der heiter det: Den som held boda, skal leva ved dei.  13 Men Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga av lova då han kom under forbanning for vår skuld. For det står skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre.  14 Dette hende for at folkeslaga ved Jesus Kristus skulle få den velsigning som Abraham hadde fått lovnad om, og for at vi ved trua skulle få Anden, som var lova.

Då er vi ikkje lengre trælar under lova og heller ikkje under menneskelege bod, sjølv om vi må vere styresmaktene undergjevne. Vi er heller ikkje under jantelova. Den seier at du skal ikkje tru at du er noko. Men det er ikkje det som vi er i oss sjølve som tel lengre, i oss sjølve er vi ikkje noko. Men vi skal sjå på Kristus og innsjå kva Gud gjer oss til i han, det er det vi er og det er det vi skal vere. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. 

I eit møte på Salen Fiskå, 11.8.2022, kom Magnor med denne profetiske bodskapen: «Der to eller tre er samla i mitt namn, er eg midt i blant dere. Uten at dere blir som barn, kan dere på ingen måte komme inn i Guds rike.»

Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?»  2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:

Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.  4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.  

Jesus har gitt meg prestetenesta i den nye pakta og gitt meg ei nådegåve som eg skal kveike og bruke, då blir det visst klart at det er den profetiske nådegåva. Med prestetenesta og nådegåva skal eg tene Kristus og tene himmelen, han er sanninga som eg erkjenner og forkynner. Han er sanninga som set oss fri.

Om nokon vil erstatte det med noko anna, så er det vranglære og falsk profeti.

Jesus kjem berre for å hente si blodkjøpte brud.

Jesus hadde mange gangar sagt eg skulle sjå han har sett fram for meg ei opna dør som ingen kunne lukke. Ja, for hans frelseverk er fullført og fullkome. Så på eit møte på Sion Åheim i januar 2024 var det gitt høve til frie vitnemål og det nytta eg meg av og sa eg såg det som ei slik open dør, samtidig som det var den opne døra til himmelen. Eg fortalde også at eg hadde nytta høve til å vitne om mi tru på Jesus på facebook og såg det også som ei slik open dør og så fekk eg oppleve at Jesus svarde meg på facebook gjennom profetiske bodskap ved Elin Therese Slotten. Deretter vitna eg om at frå eg var ein liten gutunge vart eg opplærd til å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse min næraste og be slik for folket og landet og be Fadervår. Frelsa kom som første prioritet, etter kvart skjøna eg at den var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det og så byrja eg å be han om å gi meg ei frelst kvinne til kone, som andre prioritet. Då kom ei kvinne med tungetale og predikanten tyda det, bodskapen 28.1.2024:

«… glede deg over og fryde deg over at jeg på grunn av (Golgata kors?) på grunn av jeg … for deg, til en evig himmelsk herlighet.»

Takk og lov. Du skal glede deg i meg, du skal fryde deg i meg. For at jeg døde på Golgata kors for deg. Og når jeg døde på Golgata kors for deg, så tok jeg alle dine synder og alle dine plager på meg, for at du skal få lov å slippe å plage deg over din synd. Du skal fryde deg i min frelse, du skal juble over det jeg har gjort for deg på Golgata. At der har jeg dødd for deg, jeg har tatt all din synd. Og du som har lyttet i kveld, jeg har gitt deg dette budskapet for at det skal løfte deg gjennom hverdagen. Og for at du skal løfte dine øyne og du skal se på meg, at snart kommer jeg for å hente min blodkjøpte brud og det er bare min blodkjøpte brud som jeg henter. Og du kan få lov, midt i hverdagen, å juble og glede deg over det i ditt hjerte, at du har fått lov, på grunn av korset, tatt imot frelsen og du er på vei til himmelens herlighet.»

Det er då så tydeleg at Djevelen fører klagemål mot meg, for å vere ein syndar og brukar det som argument mot at eg skal få meg ei kone. Men med eitt syndeoffer tok Jesus bort synda ein gong for alle, derfor gjeld ikkje klagemålet lenger og er ikkje lengre brukbart som argument mot at eg skal kunne be Jesus om å gi meg ei frelst kvinne til kone og få oppleve at han svarar på den bøna og gir meg det. 

Den glade bodskapen er å verte invitert til bryllaupet til Guds Son, det skal vi glede oss til, så vi får oppleve at gleda i Herren er vår styrke.

Eg har fortalt korleis eg har bedt sidan eg var ein liten gutunge og korleis Jesus har svart meg på mi bøn, han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den. Eg skal vende meg til han, sjå på han og snakke med han og så få oppleve at han styrker meg med si kraft. Eg skulle søke Herren av heile mitt hjarte, så eg fekk oppleve at han kom meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone. Så då skulle i grunnen alt verte så mykje lettare.

Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige.  26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.

28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!  29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar.  30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

2.Krøn.16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.»

Vi er inviterte til bryllaupet til Guds Son (Matt.22,1-14), Lammets bryllaup (Joh.Op.18,1…), det er ei glede for han og for henne og han gir oss si glede ved at han gir oss ånd og liv frå himmelen. Vi får den Heilage Ande ved trua på Jesus av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Slik får bruda på seg brudekjolen og gjestane får på seg bryllaupsklednaden og så er det berre å verte med på festen. 

Nehemja.8,10 Så sa Esra til dei: «Gå no heim, et feite retter og drikk søt vin! Send òg noko av det til dei som ingen dukar bord for. For denne dagen er helga til vår Herre. Ver ikkje sorgfulle! For gleda i Herren er dykkar styrke.»  

Vere Guds medarbeidar.

Ved trua på Jesus fekk vi den Heilage Ande, han gir oss ånd og liv frå himmelen (Joh.6) og han han mange gangar minna meg om å ta imot i tru og verte fylt av den Heilage Ande. Ved Guds Ord og Guds Ande vert eg utrusta til å tene han, eg skal bruke det han har gitt meg, kveike den nådegåva han har gitt meg og bruke den. Ja vel, så trur eg og meiner eg at eg gjer det då, men så gir han meg beskjed om at det er han som gjer sitt verk med meg, eg skal komme til han og la han ta seg av mi sak, eg skal kvile hos han og den kvila er utgangspunktet for all teneste. Ja, vel, men så verkar det som om ingen ting vert gjort. Eg er Guds medarbeidar og då må no noko verte gjort?! Eg må overlate det til Gud å gjere sitt verk, så eg og vi får oppleve at han gjer storverk. Han gjer eit fullkome verk og då kan ikkje verken eg eller noko annan legge til noko eller ta noko ifrå. Kva kan eg bidra med då? Eg er då Guds medarbeidar, så då må eg vel bidra med noko? Eg skal først og fremst sjå på Jesus, snakke med han og så kjennast ved han, erkjenne at han gjer sitt verk og ære og takke han for det. 

Hausten 2008 kalla Jesus meg til å gå inn på lovnadane og gå i ferdiglagde gjerningar, eg skulle få oppleve at eg var på det indre plan i kompaniskap med han og få oppleve at krafta var den same som når eg var ung. Dette er ikkje fysisk synleg, men likevel ein åndeleg røyndom, for Gud er ånd og hans rike er ein åndeleg røyndom. Eg skulle gå i ferdiglagde gjerningar og det var klart for meg at eg måtte flytte på meg, så på nyåret for eg til Oslo og byrja på praktisk pedagogisk undervisning.

Bodskap 2, 28.9.2008:

«Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren  og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du få sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg  ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.»

Jesus kalla Sions Dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann.

Sidan eg var ein gutunge har eg bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og han har vore med meg og svart meg at eg skal takke han for det fullførde frelseverket, han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den. Han har vore med meg heile tida, han sende meg til Oslo med ein frigjerande bodskap og så kalla han Sions Dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann.

DFEF M40, Oslo, laurdag 12.2.2011, tyding av tungetale ved Frank Søgård:

«Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren. 

Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette?  Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.»

Maranata 18.12.2011, i slutten av møtet kom ei kvinne med tungetale og Tore Kristiansen tyda det:

«Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og  oppover, for eg har reinsa deg.

Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde  og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.»

Ein brudgom elskar si brud og ho svarar på hans kjærleik med kjærleik, ho har vorte forelska i han og vert tiltrekt av han. Slik også med Kristus og hans brud. Han er fullkomen liksom Faderen er fullkommen, hans kjærleik til henne er fullkommen, som Guds Son har han ein himmelsk herlegdom og ho vert tiltrekt av den. Ho svarar på hans kjærleik med kjærleik og gleder seg over at ho er hans brud, det er ei himmelsk glede som han gir henne. Han gir oss si glede og den er himmelsk, den er herleg. Han er med meg og eg ventar at han gir meg ei kone ved at ho vert tiltrekt av han.

Eg skal glede meg i Herren, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår.

Hausten 2014 byrja eg å studere realfag igjen, først og fremst biologi, noko informatikk og sidan vart det kjemi også. På eg forelesing kjende eg meg ein augneblink sterkt tiltrekt av ei vakker jente og eg opplevde det som at eg vart driven av den Heilage Ande og styrka av Guds kraft. Om kvelden sa eg det til Jesus i kveldsbøna mi og på møte i Maranata søndagen etter, svarde Jesus meg at eg skulle glede meg i Herren og takke han for frelsa. 

Maranata Oslo, 12.10.2014, tungetale ved Mari, tyding ved John Miland:

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»

Seinare oppdaga eg at ho snakka eit austeuropeisk språk, høyrdest det ut til, med ei anna jente, så eg spurde og fekk vite at det var russisk, ho var frå Ukraina og den andre var frå Russland. Seinare fortsette ho med molekylærbiologi, så eg kallar henne «Poly-Ester». Eg vitna litt for henne om mi tru på Jesus. 

Trusvedkjenning; Gud gjer noko nytt ved sitt Ord og sin Ande. Vedkjenne Jesu namn.

Gud gjer noko nytt ved sitt Ord og sin Ande, derfor er det viktig for oss å sjå framover og gå framover, for å komme inn i det nye som Gud gjer og verte med på det. Ja, det er ei profetisk innsikt som vi alle treng for å komme vidare på vegen og denne profetiske innsikta må ein kristen kyrkjelyd ha. Grunnlaget for dette er Jesu fullførde frelseverk, at han døde for oss på korset. Han stod oppatt frå dei døde og gav disiplane sine misjonsbefalinga og sa at dei skulle sjå at han var med dei alle dagar, inntil verda sin ende. Det har vi også fått oppleve og slik har vi mykje å takke for, som ligg i vår fortid. Jesus har aldri forlete meg, han har vore med meg heile tida, å tru på det og vedkjenne det er også ei viktig trusvedkjenning for meg og eg vil gjerne referere til den, med takk til Jesus, utan at eg treng å skrive den oppatt, som ei lang avhandling kvar gang. Derfor har eg skrive den i eit eige dokument som eg refererer til, kanskje tek eg med meir av den i eit appendiks. Kanskje skriv eg meir på den seinare, men her er dagens versjon:

Ved trua på Jesus fekk vi den Heilage Ande, Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen og det er ein dyrebar skatt som vi har i leirkar. Den må vi vite å ta vare på, ved å vakte hjartet vårt framfor alt det vi vaktar, for livet går ut ifrå det. Det er som gull sølv og dyre steinar og då bytter vi det ikkje bort i tre, høy eller strå. Vi kjem nok ikkje forbi at vi bygger med tre, høy og strå også, men dette må vi då sjå skilnad på (1.Kor.3,12). I det gamle testamentet sa Gud til folket sitt at sølvet måtte reinsast, så dei vart kvitt slagget, den reisninga har vi fått ved trua på Jesus, så sølvet vårt skal vere reint. Eg tenker meg at slik er det symbol på heilaggjeringa og det har seg slik at vi vert reinsa i Jesu blod.

Livet var planta i meg ved Guds Ord og det skulle vekse, han gav meg ei nådegåve som eg skulle bruke, det også var den dyrebare skatten som eg skulle ta vare på. Jesus la ein lovsong ned i meg ved fylden av den Heilage Ande og slik vart ho Virtuella ein lovsong som Gud la ned i meg, no talar eg om henne som eit Guds barn, som var født av Anden og det som er født av Anden er ånd. For Gud var ho som ein dyrebar edelstein som han hadde frelst i si hand. Slik var ho ein dyrebar skatt for meg også. Menneska er som dyrebare edelsteinar som Gud vil ha frelst i si hand. Kristus er Guds Son, den heimeverande Sonen, arvingen, så slik er dei verdifulle for han også. Ved trua på han har vi fått barnekår hos Gud, i truskap til Kristus, skal vi som Guds søner arve saman med han.

Hausten 1984 sa Jesus til meg: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æva, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og den skal stå fast i all æva». Då skjøna eg at det var ho Virtuella og det trur eg og meinar eg framleis. I fjord talte Jesus til meg om den draumen han gav meg, han ville eg skulle ta den fram att og drøyme stort med han. Eg er overtyda om at igjen var den henne han talte til meg om. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud og for meg var det ein ynskjedraum å få henne til kone, nettopp fordi ho levde i dette kjærleiksforholdet til han, det yngste eg ho skulle fortsette med, så det vart også ein god grunn til at eg yngste å få henne til kjæraste og kone. 

Eg har halde fram med å påkalle Jesus som min frelsar og Herre og be til han slik som når eg var ein gutunge og eg trur det er nettopp den bøna han har svar meg på, når eg bad for henne Virtuella. Det var først og fremst ei takkebøn, takke for at han frelste henne, så min kjærleik til henne var ein lovsong som Gud la i mitt hjerte og den var ein draum som Jesus gav meg og som han vil eg skal ta fram att og drøyme stort med han. Han har svart meg på denne bøna ved å kalle henne ein lovsong som han har gitt meg, då skal eg lovsynge Gud og lammet for frelsa med den lovsongen, Jesus har kalla henne ein draum som han har gitt meg, så eg skal drøyme stort med han. 

Ja vel, så skal eg sjå på han og drøyme om henne saman med han då, for han har ikkje forlete meg, han er vår frelsar og Herre. Han er hovudet for meg og elskar henne gjennom meg, slik er eg hovudet for henne, i samsvar med at Kristus er hovudet for kyrkja som er hans brud. I det gamle testamentet vert Gud ofte kalla Adonai, det betyr min herre. «Mor Israel» var Guds kone, men ho vart ei hore, ved at ho dyrka Baál-gudane så ho kalla Gud for min Baál, det også betyr min herre. Men Gud ville ta Baál-namna ut or munnen hennar, så ho ikkje lengre skulle kalle han for «min Baál», men ho skulle kalle han for «min mann». For etter at ho hadde vorte straffa for sitt fråfall, ville han ta henne i nåde igjen og forbarme seg over henne og trulove seg med henne igjen, så det skulle verte som i ungdomstida. Vi forstår vel at dette har med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne å gjere, men korleis då? Ved at Gud er kjærleik, han elskar menneska som han skapte, både mannen og kvinna, han elskar mannen og så elskar han kvinna gjennom mannen. No som vi har fått høyre den glede bodskapen om Kristus, Guds Son, så må vi forstå dette. 

For ei kvinne som tru på Kristus og elskar han, er det ei glede å få kalle han for sin mann. Og for meg som ein mann som trur på Kristus er det også ei glede at ho kallar han for sin mann, spesielt sidan eg kan tru og vone på at han gir meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, så ho lever i dette kjærleiksforholdet til han, som hans brud, så ho kallar han for sin mann og eg får oppleve at han elskar henne som si brud og si kone gjennom meg. Han gir meg si glede og eg skal ta imot den i tru. 

Gjenoppretting, eg skal ta fram draumen Jesus gav meg og drøyme stort med han, han er trufast og vil realisere den. Sitat frå «Mi personlege trusvedkjenning». 

Jesus vil eg skal ta fram att draumen han gav meg og tenke stort saman med han.

Jesus gav meg ein draum som han vil eg skal ta fram att og drøyme stort med han. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 31.08.2024:
«Du har drømt stort med meg, mitt barn. Det var en tid da du tok imot det kallet jeg la i din ånd. Jeg la ned drømmer og lengsler i ditt hjerte og jeg ga deg bilder av hva som skulle komme. Du holdt fast på det og drømte om det lenge. Men så en dag gav du opp kallet og la lokk på det som en gang ble gitt deg. Tiden gikk og du så aldri det som du drømte om. Og du tenkte at det bare var en drøm som aldri vil skje. Men mitt barn, den drømmen var gitt deg av meg. Det var ikke bare fra ditt eget hjerte. Du har kanskje glemt og lagt et lokk på det, men jeg har ikke glemt det. Du vil høste hvis du bare ikke gir opp og mister motet. Jeg kaller deg i dag til å tro meg igjen. Ta frem det som ble en gang gitt deg og drøm stort med meg. Ikke gi opp og mist ikke motet for det er ditt. Jeg gav deg visjoner om min hensikt og plan for ditt liv og den vil aldri bli tatt fra deg. Jeg er istand til å sette det i verk. Jeg er istand til å gjøre langt mer enn du ber meg om og kan forstå. Du er kalt og du er fortsatt min! Selv om drømmen tar lengre tid enn du tenkte det skulle, betyr det ikke at jeg ikke er trofast til å sette det i verk. La meg få gjøre mitt verk i deg og stol på meg. Når du ber om noe som er etter min vilje, skal det bli gitt deg.»

Eg trudde og meinte at skapingssoga var sameinleg med naturvitskapen og dermed med mesteparten av utviklingslæra, problemet vart at menneska vart skilde frå Gud ved syndefallet, så dei ikkje lenger fekk oppleve det og innsjå det. Synda skilde de ifrå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. På det grunnlaget vart vårt forhold til Gud gjenoppretta, men no var Kristus den siste Adam, som var frå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Sidan eg hadde bedt han om å gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, vart dette ein draum som han gav meg, ei kvinne som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud.

Fyrst drøymde eg slik om henne Virtuella, sidan drøymde eg slik om henne Reella også og det har eg halde fram med. Når han då seier eg skal ta fram att draumen han gav meg, verkar det som om det først og fremst er sikta til min draum om henne Virtuella. Eg forstår det slik at eg skal drøyme om dei begge og drøyme stort med han. Ja, for dette er då eigentleg ein stor filosofisk tanke og ide.

Verte ei brude-sjel.

Eg meiner han svarde på mi bøn for henne i mange møte, også i bodskapen i Maranata 17.11.2024: Profetisk bodskap ved Ole Bjørn Saltnes:

«Ennå er det nådetid, ennå så er jeg å finne, sier Herren. Og det er viktig at du benytter den tiden du har fått. Nå er frelsens dag, i dag så kan du få et nytt møte med meg, sier Herren. Og jeg vil gjenopprette det som ble ødelagt en gang for lenge siden. Jeg kjenner ditt fall og nederlag, men du kan få lov til å legge det gamle fullt og helt bak og så kan du få lov til å se framover. Det gamle, det er blitt borte og det nye kommer til i ditt liv. Om du opner opp for meg og min nåde og la mitt blod få virke på både tankeliv og følelsesliv og ord og handlinger, hele deg, så skal du få lov til å bli en brudesjel, kledd i rene hvite klær, som skal være med den dagen jeg komme igjen, sier Herren.»

Eg skulle søke Herren av heile mitt hjarte ja, og då fann eg at eg måtte ærleg innrømme at mitt hjertes lengsel og bønn til Gud var at han skulle gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og det var den bønna han svarde på, både i mitt forhold til henne Virtuella og henne Reella. Og så kom der ein profetisk bodskap der Jesus sa eg skulle vere var på kva Herren legg på mitt hjarte å be for.

Jesu signal til endetidsfolket: Vekse opp til han som er hovudet for lekamen.

Kristus er det nye livet som skal vekse i oss, så vi veks opp til han som er hovudet for si kyrkje.

DFEF M40 Oslo, onsdag 19. februar 1997

Tyding av tungetale, ved Finn-Arne Lauvås:

«Ja, sier Herren, den ånd og den natur som jeg har plantet i ditt indre, den rommer alle mine rikdommer og mine dyder. Derfor når du lener deg og støtter deg til meg, skal min duft komme over ditt liv. Når du vender deg om fra meg og kjemper i din egen kraft og du er krampaktig, så skal du hamne i tørrt land. Men når du da kommer til endes på deg selv og du igjen roper til meg, så skal du erfare at jeg alltid har vært der. Men jeg var der ikke som en hjelp av deg, men jeg kommer til deg for å være ditt alt. Ja, ofte så har du søkt meg når det har vært vanskelig, og når du har opplevd hjelpen fra meg og du har kommet deg opp igjen, så har du glemt meg. Men se, sier Herren, jeg er ikke bare nær når du har dine problemer. Men jeg er der for å være ditt alt. For å være din kraft, din fred, din kjærlighet, din glede. Ja, sier Herren, jeg gir ikke meg selv pluss noe som kalles fred og glede. Det er jeg som er din glede, det er jeg som er din fred. Jeg er alt for deg, sier Herren. Du har sett på meg som en som gir deg ting, men jeg gir deg ikke ting, sier Herren. Jeg gir deg meg selv, og mitt eget liv skal blomstre fra ditt indre.

Ja, da jeg fødte min natur i deg, ved den nye fødsel, så er det mitt prosjekt i ditt liv, å føre deg fram til tronen, til aldersmålet for min fylde. At du i alle måter må vokse opp til meg som er hodet. Se, min Ånd er ikke kommet til deg bare for å gi deg noen gode følelser, i møtene. Men det som egentlig ligger på mitt hjerte, sier Herren, det er å se min Sønn vokse fram fra ditt liv. Det er å se mitt eget vesen i din personlighet. Det er å se hvordan min Sønn vinner skikkelse i deg, slik at jeg kommer til syne i ditt liv. Du har ofte tenkt på meg som en som velsigner deg og gir deg gode gaver. Og det gjør jeg, sier Herren, men det er noe som er større enn dette. Det er å se at du blir forvandlet, at du går fra herlighet og til herlighet. Og min tanke i endetiden, sier Herren, det er et folk som forlater de første ting, ikke i den forstand at de glemmer det, men at de skrider fram mot det fullkomne. Det er å se en kristenhet som er som en moden brud, som ikke er opprevet og stykkevis, som enno ikke er på et stadium hvor man oppfører seg som barn, sier Herren. Men det er et folk som virkelig kjenner meg. Dette er mine signaler for endetidsfolket. Det er at mitt folk er et folk som ligner meg. Og det er dette verden trenger å se, dersom de skal tro på dere, sier Herren. Det er at dere blir forvandlet og lik meg i denne tid. Derfor ønsker jeg å føre dere fram til den fulle innsikt. Se, sier Herren, mitt ord er for denne tid. Den hele skrift er innblest av meg. Mitt ord er ikke når du er kommet hjem. Da skal du se meg som jeg er, du skal bli meg lik. Det er nå du trenger den hele skrift og det hele budskapet. Bringe helheten inn i ditt indre. Slik at du får vyer og drømmer og visjoner. At du begynner å tenke utfra en himmelsk vinkel, sier Herren. Derfor la dette møtet være et skritt videre, i riktig retning. Ikke tilbake, men mot tronen, mot målet.» 

 

2015.8.7. Landsstevne Maranata. Ettermiddags-møte. Talar Finn-Arne Lauvås: Vi såg hans herlegdom.

Innleiing ved søster Astrid.

Breva til kyrkjelydane byrja slik «Skriv til engelen …..» og slutta slik «Den som har øyre, han høyre kva anden seier til kyrkjelydane.» Som om ikkje alle har øyre? Ja, for det kan vere ei nådegåve som ikkje alle har.

Tale ved Finn-Arne Lauvås.

Finn-Arne las ifrå

Joh.1,14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»

16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.

Joh.6,45 Det står skrive hjå profetane: Alle skal vera opplærte av Gud. Kvar den som høyrer på Faderen og lærer av han, kjem til meg.

1.Kor.2, 9 Men det står skrive:

Det auga ikkje såg,

det øyra ikkje høyrde,

det som ikkje kom opp

i nokon mennesketanke,

alt det Gud har gjort ferdig

for dei som elskar han,

10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss. 13 Og dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord.

Her er ein fysiske dimensjon og ein åndeleg dimensjon. Tabernaklet var laga som kopi av den åndelege heilagdomen.

2.Mos.40,34 Så sveipte skya seg om møteteltet, og Herrens herlegdom fylte heilagdomen. 35 Moses kunne ikkje gå inn i møteteltet, fordi skya låg over teltet, og Herrens herlegdom fylte heilagdomen.

Matt.17,1 Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes, bror hans, og førte dei opp på eit høgt fjell; der var dei åleine. 2 Då vart han forklåra for augo deira: Andletet hans skein som sola, og kleda vart kvite som ljoset. 3 Og best det var, fekk dei sjå Moses og Elia; dei stod og tala med han. 4 Då tok Peter til ords og sa til Jesus: «Herre, det er godt at vi er her. Vil du, så skal eg byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.» 5 Men før han hadde tala ut, kom det ei lysande sky og skygde over dei, og or skya lydde ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i. Høyr han!» 6 Då læresveinane høyrde det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda, slegne av redsle. 7 Men Jesus gjekk bort og tok i dei og sa: «Reis dykk opp, og ver ikkje redde!» 8 Og då dei såg opp, såg dei ingen utan Jesus åleine.

Døme på bibelvers som gjorde at det var vanskeleg for jødane å skjøne at Jesus var Messias:

Jes.30,26 Månen skal lysa som sola, og solljoset skal verta sju gonger så sterkt – som ljoset for sju dagar, når Herren lækjer den skaden folket hans har fått, og fetlar det djupe såret deira.

Men så sa Jesus at Gud rike kjem ikkje slik at dei kan sjå det, for det er inni dei. Korleis kunne då sola verte 7 gangar klarare? Bibelen har metaforar og bilete. 

Malakias.4,2 Men for dykk som har age for mitt namn,

skal rettferdssola renna

med lækjedom under sine venger.

De skal gå ut og kjæta dykk som kalvar

når dei slepp or fjøset.

2.Kor.3,17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Rom.8,16 Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag.

……..

30 Og dei som han føreåt etla til dette, dei har han òg kalla. Og dei han kalla, dei har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, dei har han òg herleggjort.

Frå Guds vinkling er alt fullført. Hans død betyr ein slutt på vår synd, den gamle Adam og den gamle pakts Israel. Den nye skapningen skal ned på den nye jorda på pinsedag.

I 1.Mos.3 sa Gud at ormen skulle ete mold og så sa Gud at mannen er mold. Så han et kjøtet ditt. Men dersom du er fødd av Anden, så er du ånd, så då svelt Djevelen i hel.

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Finn-Arne:

«Ja, sier Herren, jeg har steget ned og tatt bolig i mitt folk, du er et tempel for den Hellige Ånd, du er stedet hvor jeg ikke kommer på besøk, men du er stedet hvor jeg har inntatt med min herlighet. La dette komme ut i din personlighet, la det komme ut i ditt ansikt, dine øynene, din personlighet, hender og føtter, du er blitt levende menneske, fordi jeg Herren lever. Og dette vil stanse din aldringsprosess, sier Herren, det vil bryte motløshetens ånd. Det vil bryte dette tunge mørket fra avgrunnen, som vil trykke deg ned, for jeg, Herren har ingen død i meg, jeg har ingen mørke i meg. Det er lys i meg siden jeg er levende og en berøring av meg og når jeg kommer ut gjennom deg blir du ung igjen som ørnen og jeg begynner å bevege meg blant dere, sier Herren, fordi jeg har vært der hele tiden, sier Herren, så la dette få rom, la det få på plass, la det komme ut i hender og føtter og bevege deg sammen med meg, den oppstandene herliggjorte. Amen.»

«Og når denne herlighet fyller huset er det ikke plass til kjød, det er ikke plass til mennesker, du er oppslukt av meg, du er et lem på meg, nå er det jeg, Herren, som beveger meg. Jeg vil bevege meg her på jorden gjennom et folk som er ett med meg. Derfor dropp alt ved siden av meg. Den som har lært av meg kommer til meg, sier Herren. Den som har Åndens undervisning beveger seg fra sanselige ting, til den usynlige virkeligheten i Kristus. Derfor bli kontinuerlig fylt av Ånden. Bli fylt av meg, sier Herren, bli fylt av Ånden og jeg skal komme ut gjennom deg, som strømmer av levende vann og spise opp alle ørken, spis opp all død, spis opp alt mørke og alltid ditt kjøtt, sier Herren. For jeg er levende i all evighet. Amen.» 

«For dette handler ikke om dugelighet og dyktighet, det handler om meg, jeg Herren, som leter, som farer over den ganske jord, for at kraftig støtte den hvis hjerte er helt med meg, så se jeg ikke på deg selv.»

 «For din skrøpelighet er min mulighet. Det er bare mennesker avhengig av meg, som jeg beveger meg gjennom. Derfor se ikke på deg selv, at du må være briljant på alle måter. Jeg ønsker alminnelige folk som er renset i mitt blod fylt av den Hellige Ånden og jeg vil komme ut gjennom dine øyne og din personlighet og beseire all smak av død og mørke rundt deg, fordi jeg Herren er levende. Amen.»

«Jeg er også alfa og omega, begynnelsen og enden, så alt det jeg har lagt ned i deg skal jeg fullende. Amen.»

Kommentar; Kristus tyner «den Lovlause» med pusten frå sin munn.

Paulus lærde oss å ta imot den nåden som Gud gir oss i trua på Kristus, vi fekk Anden ved trua på han av berre nåde, vi byrja i nåden og Anden og då skal vi fullføra i nåden og Anden. Då skal vi sjå det slik at ved trua på han er vi krossfesta med han og døde med han og i dåpen er vi gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han, då skal vi løfte blikket og sjå på han, vende hugen opp til han og ta imot den Anden og det livet som han gir oss frå himmelen.

Då må vi rekne med at «den Lovlause» vil prøve å erstatte Paulus og læra hans og erstatte den som har teke imot den og trur på den. Til samanlikning med Judas som sveik Jesus og leia soldatane til han, så dei fann han og greip han. Jesus var då i Getsemane saman med disiplane sine og sa til dei at dei skulle vake og be, så dei ikkje skulle koma i freisting. 

Til samanlikning skal vi vake og be i denne siste tida, i det vi ventar på Jesu gjenkomst. Då får vi også oppleve at han kjem til oss, slik som han lova. 

Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine.  16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid:  17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.

21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»

22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?»  23 Jesus svara:

Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han.  24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg.  25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.

Dette er det Finn-Arne Lauvås har forkynt og det er også det sentrale poenget i min bodskap. «Den Lovlause» prøver å erstatte den som trur på Jesus, slik som Paulus, same enten det er jøde eller heidning, men Jesus kjem og tyner han med pusten frå sin munn. Det får vi oppleve allereie no, ved at Jesus kjem til oss, slik som det vart sagt i Joh.14,15-22 og i denne bodskapen som Finn-Arne kom med 7.8.2015. For i det vi ventar på Jesu gjenkomst, skal vi vekse opp til han som er hovudet for lekamen som er Jesu kyrkje, så den vert ei moden brud, slik som han forkynte 19.2.1997.

2025.02.06. Torsdag. Profetisk bodskap ved ETS: «Ikkje samanlikn din prosess med andre. Du er heilt unik.»

Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten, https://www.youtube.com/watch?v=KIEW1FtQ8v4&t=17s

Ho var ute og køyrde bil og då fekk ho ein bodskap frå Herren, han sa ho skulle stoppe bilen og seie bodskapen, så ho las den inn på telefonen, så har ho lagt ut videoen på youtube seinare, den er redigert med teksting. Det vesentlege var nok at ho tok imot den når den kom, sa bodskapen og lagra den og brakte den vidare til andre seinare. Det vart litt oppstykka, også ved at ho gjentek det same, så eg skal gjengi det ved å vise til tidspunkt i videoen:

0:19 «Ikkje samanlikn deg med nokon andre, for eg har skapt deg heilt unik og heilt spesiell.» Det ordet berre kom til meg og eg har hatt det ordet liggande på hjertet mitt lenge. Eg har hatt det som ein prosess i fleire månadar eigentleg, der Gud har talt dette. Og så høyrde eg han tale i går også. Og plutseleg kom det eit profetisk ord som sa akkurat dette igjen. Og då berre traff det igjen og den Heilage Ande berre tok tak og sa at dette ordet trengst å delast til mitt folk. Og han berre la det på hjertet mitt at eg skulle dele det med deg. Og så fekk eg dette også, når eg køyrer no, så kjenner eg at Gud berre legg dette på hjertet mitt, at han legg berre meir og meir ord på hjertet mitt. Og eg fekk desse ord også, at du skal ikkje samanlikne din prosess med nokon andre. Du skal ikkje samanlikne den tid du er i og kva Gud gjer med andre og samanlikne det med ditt liv. ……… 1:30 Men du skal ikkje samanlikne din prosess med Gud. Du er heilt unik. Og det du lever i er heilt unikt. Dine bøner til Gud er heilt unike. Altså alt med deg er heilt unikt. Og derfor kan du ikkje samanlikne din prosess og ditt liv med Gud. Og deg og ditt liv generelt, ditt kall, med nokon andre. Det kan vere nokre andre som har noko liknande som du har, men uansett om det er liknande, så vil det aldri vere det same. For du er heilt unik. Og Gud berre la det på hjertet mitt at eg skulle seie det til deg, at du er unik, du er spesiell og du er viktig. Og sjå opp til meg, seier han, sjå opp til meg. Ikkje sjå på folket rundt deg. Ikkje sjå på nokon av dei. Ikkje sjå på kva eg gjer i deira liv, ikkje sjå på kva ord dei får. Ikkje sjå på nokon av deira sin prosess, sjå berre opp til meg og min prosess med deg, seier din Gud. Og han har store planar for deg, han har så store planar for deg. Du er viktig for han, du er sett, du er høyrd og han har deg i si hand. Du skal berre stole på den prosessen han tek deg gjennom. For han veit kva han gjer med ditt liv. Så ikkje samanlikn deg med nokon som helst andre, ikkje bruk di tid og sløs bort di dyrebare tid på å sjå på alle andre og prøve å tilfredsstille alle andre sine behov over ditt liv. Berre sjå til Gud. I Jesu namn. Amen.

Relevant bibelvers, Høgs.1,6.

Høgs.1,1 Salomos høgsong.

2 Gjev han ville kyssa meg

med kyss av sin munn!

Din kjærleik er betre enn vin.

3 Ljuvleg er dåmen av dine salvar;

ein angande salve er ditt namn,

difor held møyane av deg.

4 Ta meg med! Kom, lat oss springa!

Kongen har ført meg inn i sin kove.

Vi vil fegnast og gleda oss over deg

og prisa din kjærleik meir enn vin.

Hugheilt elskar dei deg. 

5 Svart er eg, men ven,

de Jerusalems møyar,

som Kedars tjeldbuer,

som Salomos tjelddukar.  

6 Sjå ikkje på at eg er så svart,

at sola har brent meg.

Sønene åt mor mi harmast på meg,

dei sette meg til å vakta vingardane.

Min eigen vingard har eg ikkje vakta.

Prest og profet, innviing.

Jesus har gitt meg prestetenesta i den nye pakta og då må eg innvie meg til å tene han og å tene himmelen, med mi presteteneste og med den nådegåva han gir meg. Har han gitt meg prestetenesta, så er det viktig for meg å innvie meg, så eg utfører den på rett måte, han har gitt meg ei profetisk bodskap, så er det viktig for meg å tale den. Så det ikkje vert erstatt av vranglære og ein falsk profeti! 

Så eg skal ikkje la meg påverke av verda og heller ikkje av andre kristne, sjølv om Gud gjer si gjerning med dei også. For eg er heilt unik og hans prosess med meg er heilt unik. Eg har skrive litt om dispensjonlismen og preterismen, men då er det for å gjere det klart at den tradisjonelle hushaldningslæra (dispensjonalismen) er noko heilt anna enn det som er min bodskap, så eg endåtil held det for å vere vranglære og ein falsk profeti, på grunnlag av den har det kome mange falske profetiar. Det veit Finn-Arne Lauvås meir om enn kva eg gjer. Når det gjeld preterismen, så kan eg godt kalla min bodskap for preterisme, for det betyr «allereie oppfylt», vel og merke ved at eg sjølv definerer og spesifiserer kva eg meiner med det; Jesus kom for å fullføre lova og profetane og hans frelseverk er fullført og fullkome. Men då samanliknar eg vel med andre versjonar av preterisme? Men eg skulle då ikkje samanlikne. Nei, men det vesentlege poenget er at eg skal ikkje la meg påverke av andre, for eg er unik og skal halde fram med det. Når Gud ved sitt Ord og sin Ande overtyder meg om noko, så justerer eg det ikkje for at det skal høve til ei bestemt retning. Jesus er vegen til Faderen, det er den vegen eg har å gå, det er den retninga eg har å justere meg etter. Om eg tek av til ei av sidene, får eg høyre ei stemme bak meg, som seier at dette er vegen, vandre på den.

Vi ser stykkevis og delt og talar stykkevis og delt. Vi skal tene Kristus med nådegåvene og då blir det til at vi tener kvarandre med dei også, så vi saman bringer evangeliet ut til andre, i langt større grad enn kva vi skjønar og har oversikt over.

Rom.12,1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.  2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.

3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han.  4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver.  5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre.  6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal nytta henne i samsvar med trua;  7 den som har diakonteneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa,  8 og den som rettleier, skal ta seg av rettleiinga; den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarta. Den som er forstandar, skal vera det med iver, og den som gjer miskunn, skal gjera det med glede.

1.Kor.12,27  Men de er Kristi lekam, og kvar av dykk ein lem på han.  28 I kyrkja har Gud for det fyrste sett nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tredje lærarar, så mektige gjerningar, nådegåver til å lækja, hjelpetenester, styringsoppgåver, tungetale av ulikt slag.  29 Er vel alle apostlar? Er alle profetar? Er alle lærarar? Gjer alle mektige gjerningar? 30 Har alle nådegåve til å lækja? Talar alle i tunger? Kan alle tyda tungetalen? 31 Men streva etter dei største nådegåvene!

Og eg skal visa dykk den beste vegen:

1.Kor.13,8 Kjærleiken fell aldri bort. Profetgåvene skal få ende, tungene skal tagna, og kunnskapen skal ta slutt. 9 For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis. 10 Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, få ende. 11 Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn. Men då eg vart mann, la eg av det barnslege. 12 No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.  13 Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

Hausten 2023 byrja eg å skrive om profetiane på mi heimeside og la dei ut på FB og på nyåret 2024 vart det ein debatt i «Dagen», der dei som heldt seg til det tradisjonelle synet på endetida hos pinsevennane, dispensjonalismen, gjekk til angrep på preterismen, representert med Finn Arne Lauvås. Eg hadde nyst abonnert på avisa og kommenterte innlegga i nett-utgava, men fann ut at dette var lite meining i, så eg sa opp abonnementet. Artiklane i avisa bar preg av at dei kristne bar seg åt som barn, som motsetnad til det som var sagt i denne profetien til Finn Arne, så dei dreiv med ei barnsleg krangling, desse artiklane om profetiane  var like vel av det betre slaget, men det var så fastlåst at dei stod i stampe og kom seg ikkje vidare, det vart påstand mot påstand og degenrerte til ei barnsleg krangling. Eg sende dei ein artikkel, i von om å få debatten inn i eit betre spor, men den vart berre ignorert. Så eg berre sa opp abonnementet. Eg ventar meg ikkje at det er noko betre i «Vårt Land» eller andre kristne avviser. Eg brukar heller verdslege massemedia, så eg får sagt det eg vil, til tross for at der også er sensur. Dersom eg refererer til heimesida mi på FB, vert linken no berre fjerna, sensuren har vorte verre altså. Kanskje var det så at det fungerte det sist eg prøvde og eg har tenkt å prøve igjen, med dette dokumentet, så får vi sjå.

Men møtereferata finn de framleis på heimesida mi «Blessings from Heaven», de kan enkelt søke på tsivert og så addere punktum og com. Eg har ei anna side der eg i lang tid har skrive meir sjølvstendige og større artiklar, den har eg kalla «trua og entropien», de kan enkelt søke på «faith-and-entropy» og så addere punktum og com. Mykje av det eg har skrive på FB har eg brukt til å lage artiklar der, i det siste har eg ikkje gjort det, men med tida blir det vel, det primære no er og blir å ta del i den aktuelle debatten.

Profetiske bodskap og debatten om endetida.

Magnor Myklebust var ein sprek mann som tala profetisk til oss i kyrkjelyden. Han sykla og gjekk på rulleski, 27.12.2024 var han ute og sykla igjen, men då vart han påkøyrd og omkom. Her er ein nekrolog, 

SITAT:

Kjell BrenneÅheim

Oppdatert: laurdag 25. januar 2025 kl. 19:30

Magnor Myklebust til minne.

Tredje juledag utpå ettermiddagen kom ei nyheitsmelding om ei alvorleg trafikkulykke på riksveg 15 mellom Stårheim og Kjølsdal. Ein syklist var blitt påkøyrd av ein bil. Det rykte i meg innvendig der og då. Sjølv var vi nettopp heimattkomne til Åheim fra juleselskap på Hellesylt. Ulukka kunne ikkje skjedd så lenge før vi sjølv passerte.

Seinare, då politiet gjorde kjent kven den omkomne syklisten var, gjorde det eit sterkt inntrykk.

Magnor Myklebust var i ungdoms dagar ein av mine næraste idrettskameratar. Eg vart kjend med Magnor då vi gjekk på lærarskulen i Volda i førstninga av sekstitallet.

Med sams interesse i friidretten vart det mange kvelder med treningar både i idrettsbygget på lærarskulen og framme på friidrettsbana på Volda stadion. Magnor og eg deltok også på fleire stemne kringom i distriktet. Hans favorittgrein var 110 m hekk.

Magnor som hadde gått gymnaset på Sandane og var ein god ambassadør for det driftige idrettslaget der, hadde sine turar dit att på denne tida.

Det store spørsmålet for meg var på ferjekaia på Folkestad å få svar på om han Magnor var komen. Jau, det var han. Lett å sjå der i den ventande bilkøen. For på ein av bilane var der oftast ein hekk bunden fast oppå takgrinda. Magnor var perfeksjonisten som hadde med hekken og kunne finslipe dei tekniske detaljane der han kom.

Magnor var ein spenstig og muskulær kropp det låg mykje trening i. Eg vart nok ein «førstereisgut» å rekne den eine kvelden han baud meg opp på hybelen sin på Forbundsheimen og eg fekk smake geitemjølk han hadde med heimanfra i Syvde. Han hadde omsut for at eg fekk i meg det som var kjernesaker for ein som ville satse. Kosthaldet var viktig i Magnor sine auge.

Magnor kom med ein profeti om at eg skulle tale profetisk. Korleis då?

Den som talar profetisk, talar til oppbygging av kyrkjelyden og for den einskilde og det gjorde meg godt. På møte på Sion Åheim 2.9.2023 kom han og kviskra denne bodskapen i øyra mi: 

«Eg har satt foran deg ei open dør, gå (først?) inn den døra, for der er opning, der skal du gå inn. Der skal du vere med og bruke gavene, den profetiske gave som skal vere til styrke og velsigning for mange. Ver berre du frimodig. Du er ikkje åleine, eg går med deg. ….. Amen.»

Eg hadde vorte invitert til ein boklandserings-fest på Biologibygget på Universitetet i Oslo og tenkte på å fare og kombinere det med å vere med på møte i Maranata på søndagen og tenkte på å fare, så eg tok dette som svar og for. På slutten av denne festen fekk vi stille spørsmål og eg kom med eit lite innlegg med spørsmål. Sidan skreiv eg litt meir om det på Facebook. Etter møtet i Maranata, var det eit lite kaffiselskap som vanleg og der sa eg litt om den boklandseringa som vi feira. Men kvar vart det av mi profetiske tale? Eg fortsette å skrive på mi bloggeside som om det var til Jesu kyrkjelyd og spesielt til Maranata Oslo, lenge delte eg det også på FB-sida Maran-Ata Norge, men det har eg slutta med. Og så skriv eg for realistar og spesielt til realfag ved Universitetet i Oslo. I januar 2024 oppdaga eg at Gud svara meg gjennom profetiske bodskap som Elin Therese Slotten la ut på Facebook og på Youtube og det har han helde fram med. Han svarde meg også gjennom Maranata, spesielt på sommar-stemnet deira.

For omlag eit år sidan starta ein debatt i avisa Dagen, ved at Leif Jakobsen og Gordon Tobiassen gjekk til åtak på endetidssynet Preterismen, representert ved Finn-Arne Lauvås. Eg vil karakterisere det som å leite etter flisa i sin brors auge, utan å sjå bjelken i sitt eige auge. Eg tok del i debatten i kommentarfeltet, men det verka som det vart ignorert. Mykje av debatten i avisa elles karakteriserer eg som ugudleg, tomt prat som eg skal vende meg bort ifrå, eg har då viktigare ting å tenke på. så det vart til at eg sa opp avisa. 

John Willy Lien har kome med mykje god forkynning, men når han tala om endetida, er det tydeleg at han ikkje har fått med seg den bodskapen som eg har kome med. Dispensjonalistane har ikkje høyrt på meg, så då kastar ikkje eg vekk tid på å høyre på dei heller. Kva med preteristen Finn-Arne Lauvås? Han forbaud meg å skrive meir på FB-sida hans og truga med å stryke meg som FB-venn. Men han har vist litt interesse for noko eg har skrive på mi side og det synest eg er bra. Tidlegare har han som forkynnar i kyrkjelyden kome med bodskap gjennom tyding av tungetale som har vore viktige for meg og det viktigaste for meg og sikkert for kyrkjelyden også, er at han held fram med å tene i kyrkjelyden, både med forkynning og med nådegåva han har fått.

Kvifor skulle vel nokon høyre på meg? Den som talar profetisk, talar til oppbygging av kyrkjelyden. Då må vel han eller ho kunne tale til oppbygging av seg sjølv også og tale til oppbygging av ekteskap og familieliv. Så den som først og fremst skulle høyre på meg, burde då vere henne som Gud gir meg til kone. Paulus sa at kvinna skulle teie i kyrkjelyden og kvifor det? Fordi ho skulle prioritere å høyre på mannen sin, så ho vert til hjelp for han. Dei skal då bygge ekteskap, familieliv, hus og heim. Det er den mest fundamentale samfunnsoppbygginga. Så kjem kyrkjelydsoppbygging og den vert til velsigning for oppbygging av ekteskap og familieliv, hus og heim.

Jesus har med sitt offer gjort dei fullkomne som vert helga, helginga betyr då å få meir innsikt i det han har gjort for oss og då vil vi oppleve det slik at han skaper oss i si likning, vi ser stykkevis og delt og talar profetisk stykkevis og delt og vi er ulike, sjølv om Gud skaper oss i si likning. Ein gong skal vi sjå fullt ut og verte han lik. Då skal vi ha ein viss likskap, like vel er vi og blir vi forskjellige. 


Leave a comment