Bilete: Den Heilage Ande dreiv meg og leia meg ned denne trappa akkurat i det ho Reella kom frå høgre og gjekk forbi rett framfor meg. Då var der eit rom midt i denne vestibyla, den har dei rydda vekk og har der ein serveringsdisk og så brukar dei å ha vitskaplege føredrag i dette området. Ser ut til at dei hadde eit slikt foredrag på dette biletet, kanskje det er i pausa eller det er nettopp ferdig.
Mi bønneteneste er ei presteteneste.
Eg har fortalt om korleis eg var opplærd til å be får eg var ein liten gutunge, å be slik er det sentrale med prestetenesta både i den gamle og den nye pakt. No er eg i den nye pakt og får oppleve at Gud svarar meg frå himmelen gjennom sin Messias og den Heilage Ande. Eg har teke vare på Jesu ord, både det som er skrive i Bibelen og det han har talt til meg om minna meg ved sin Ande i kyrkjelyden, heilt tilbake til 1990 og vel så det. Og eg har sett det på grunnlag at det som står skrive i Bibelen. Og han har teke vare på det som eg har sagt og skrive.
Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand. På den tida eg gjekk i 6. eller 7.klasse (ungdomsskulen) kom eg over noko kristen litteratur der det stod skrive at alle dei som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born. Så eg tenkte over det og gjorde meg sjølv bevisst på at det var mitt standpunkt i mitt hjerte, sjølv om ingen andre visste det. Og så kom eg i hug korleis eg bad når eg var 9 år og byrja å be slik igjen.
Eg visste det var viktig å vedkjenne mi tru på Jesus for dei andre, men det var eg redd for, eg ville i alle fall ikkje fornekte han, så eg valde berre å teie stilt om det. Men eg sa det til han i mi kveldsbøn og bad han fri meg frå den menneskefrykta. Når eg gjekk på ungdomsskulen vart eg forelska i ei kristen jente og det vart det laglege høvet for meg til å vedkjenne mi tru på Jesus, no var eg ikkje redd for det i det hele teke, for det høvde med trua og kjærleiken Gud hadde gitt meg i hjertet ved sitt Ord og sin Ande.
Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg frå himmelen både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale. Det har han helde fram med sidan, i pinsekyrkjer og i Maranata også. Det sentrale i dette er at hans frelseverk er fullført og fullkome, det er berre å ta imot i tru og takke han for det.
Jesus lova å vere med oss og komme til oss.
Eg har fortsett å be slik og han har svart meg at eg aldri har fornekta han og han har aldrig forlete meg. Slik er det sjølv om vi ikkje alle tider opplever det så sterkt, men det er viktig for oss å innstille oss på det slik at vi får oppleve det sterkt. For som Guds born er det viktig for oss å få oppleve Faderens kjærleik og omsorg og som Jesu kyrkje er vi Jesus brud og ynskjer å få oppleve hans kjærleik og omsorg.
Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
Joh.6, 29 Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.» 30 «Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg?» spurde dei. «Kva kan du gjera? 31 Fedrane våre åt manna i øydemarka, som skrive står: Brød frå himmelen gav han dei å eta.» 32 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. 33 Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.» 34 Då sa dei: «Herre, gjev oss alltid det brødet!» 35 Jesus svara: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta.
……..
44 Ingen kan koma til meg utan at Faderen som sende meg, dreg han; og eg skal reisa han opp på den siste dagen. 45 Det står skrive hjå profetane: Alle skal vera opplærte av Gud. Kvar den som høyrer på Faderen og lærer av han, kjem til meg. 46 Eg seier ikkje at nokon har sett Faderen; berre han som er frå Gud, har sett Faderen. 47 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur, har evig liv. 48 Eg er livsens brød. 49 Fedrane dykkar åt manna i øydemarka, men dei døydde. 50 Det brødet som kjem ned frå himmelen, er slik at den som et av det, ikkje døyr. 51 Eg er det levande brødet som har kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid. Og det brødet eg vil gje, er lekamen min som eg gjev til liv for verda.»
52 No vart det strid mellom jødane, og dei sa: «Korleis kan han gje oss lekamen sin å eta?» 53 Jesus sa til dei: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Dersom de ikkje et lekamen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje livet i dykk. 54 Den som et min lekam og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen. 55 For lekamen min er sann mat, og blodet mitt er sann drikk. 56 Den som et min lekam og drikk mitt blod, vert verande i meg og eg i han. 57 Liksom Faderen, den levande, har sendt meg, og eg har liv ved han, så skal òg den som et meg, ha liv ved meg. 58 Dette er det brødet som er kome ned frå himmelen; det er ikkje det som fedrane åt, dei som døydde. Den som et dette brødet, skal leva i all æve.» 59 Dette sa han medan han lærte i synagoga i Kapernaum.
……..
Dette vert symbolisert i nattverden og det er ein åndeleg røyndom som vi opplever. At Kristus openberra seg for meg og at han og Faderen tok bustad hos meg, opplevde eg sterkast når eg vart glad i ei jente og bad for henne, med takk til Jesus for at han frelser oss, dert var først og fremst ei takkebøn, altså. Når eg gjekk på gymnaset opplevde eg det sterkt og klart i forhold til ei jente som eg kallar Virtuella og når eg studerte realfag i Oslo, opplevde eg det sterkt og klart i forhold til ei jente som eg kallar Reella. Eg er viss på at det var Gud som gjorde sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande, så eg gjer rett i å takke Faderen og Sonen for det, soleis gjer eg også rett i å hugse på dei i mine bøner.
Reella.
Eg studerte realfag ved Universitetet i Oslo og hausten 1988 oppdaga eg henne Reella på Blindern og medan eg sat på den store lesesalen øvst (3.etg) i Vilhelm Bjerknes hus, sa eg til Jesus i mitt stille sinn at eg syntest ho var så vakker at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje kjende henne og ikkje hadde snakka med henne. Seinare ein gong når eg sat der opplevde eg at den Heilage Ande minna meg om det og dreiv meg til å gå ut og ned, det høvde no bra med å gå det vanlege ærendet på toalettet i kjellaren, så eg reiste meg og gjekk. På høgre side av trappa ned til først etasje var der ein murvegg og når eg gjekk ned siste trinna kom ho frå høgre og gjekk rett framfor meg. Då sa eg i mitt stille sinne: «Der er ho». Då fekk eg ei åndeleg openberring, det var som om himmelen opna seg og Jesus openberra seg for meg og for henne og sa det same, samtidig som eg sa det: «Der er ho». Eg kom ned rett bak henne og svinga til høgre for å gå ned trappa til kjellaren.
Sidan såg eg etter henne og yngste å få møte henne igjen og snakke med henne, då såg eg andre kvinner også, men det var no eigentleg henne eg såg etter og tenkte på. Og Jesus sa til meg at eg han såg ikkje på det eg såg på, men han såg til hjertet (1.Sam.16,7). Så han lærde meg at det skulle eg gjere også. Sjølv om ho var så fantastisk vakker å sjå til, så var dette viktigast. Eg var viss på at ho også opplevde denne åndelege openberringa og forklarde det med
Matt.5, 8 Sæle dei som er reine i hjarta, dei skal sjå Gud.
Han minna meg om å vere brennande i hjertet og i ånda, eg hadde kjærleiken frå Gud i mitt hjerte (Rom.5,5) og eg skulle la den flamme opp. Det minna han meg om seinare også, så det er ein god grunn til at eg ikkje har kunna gløyme henne.
Seinare oppdaga eg at det refererte til kva Guds sa til Samuel, når han skulle salve David til konge:
1.Sam.16,4 Samuel gjorde som Herren hadde sagt. Då han kom til Betlehem, gjekk dei eldste i byen skjelvande imot han og spurde: «Varslar det godt at du kjem?» 5 Han svara: «Ja, det varslar godt; eg kjem og vil ofra til Herren. Helga dykk og ver med meg til offerhøgtida!» Så helga han Isai og sønene hans og bad dei vera med til høgtida.
6 Då dei så kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: «Her, framfor Herren, står den han vil salva.» 7 Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.» 8 Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 9 Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 10 Såleis lét Isai sju søner gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: «Herren har ikkje valt ut nokon av desse.»
11 Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Men han er ute og gjæter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi går ikkje til bords før han kjem.» 12 Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt og bjartøygd, og vent vaksen var han òg. Då sa Herren: «Reis deg og salva han! For han er det.» 13 Då tok Samuel oljehornet og salva han der han stod mellom brørne sine. Frå den dagen kom Herrens Ande over David og var med han sidan. Så tok Samuel ut og fór heim att til Rama.
David vart salva til konge, kva vart ho salva til då? Jesus hadde betalt prisen for henne med sitt eige blod, for at ho skulle vere hans brud, ho var reinsa i hans blod til å vere det og ho vart salva med den Heilage Ande til å vere hans brud.
Våren 1989 var ho med på ein revy som dei kalla «Hva er vitsen?». Dei annonserte den med at to studentar gjekk utkledde som ei kamel inn på den store lesesalen øvst i «Vilhelm Bjerknes Hus» og så hadde dei eit opptrinn der ho sang Creedence-sangar på Fredrikke-plassen (Blindern sentrum), på toppen av den lave, men breie trappa opp mot plassen mellom Matematikkbygget, Vilhelm Bjerknes hus og Sofus Lies Auditorium. Det er nok det største auditoriet på Blindern og der hadde dei revyen. Eg var der på ei av oppvisningane, eg sat langt bak på høgre side. På eit opptrinn kom dei med noko som likna kollektbøsser inn mellom benkeradene og sa «sel, sel, sel …». Eg rekna med det hadde noko med selfangst å gjere, for motstanden mot selfangs var ei politisk sak på den tida. Då kom ho inn eit par tre benkerader framfor meg og ringla med kollektbøssa og sa «sel, sel …». Dei hadde også eit opptrinn om årstalet 1990 og prisen 19,90, fordi det hadde nyst vorte så moderne å bruke slike prisar som salstriks.
Eg tenkte meg at ho Reella steig fram for Kristus, som hans brud, og det verdset han som ein stor skatt.
Eg tenkte meg at ho Reella steig fram for Kristus, som hans brud.
Eg skal sjå på Jesus og snakke med han og han har sagt at slik som han har vore mot meg, vil han også vere mot den som eg ber for, eg oppfatta det som svar på mi bøn for henne Reella, ja, ho også får då komme fram for han og snakke med han. Eg får komme fram for han og be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og med alle dei behova som følgjer med. Ho får komme fram for han og be han om å gje henne ein frelst mann til kjæraste og ektemann og med alle dei behova som følgjer med. Eg trur og forstår det slik at han har allereie svart meg på det, at han frelser henne som kone mi og då har han allereie svart henne på det også. Eg har fått motstand og det har tydeleg vis vorte gjort politikk ut av det, då er det motstand mot vår felles sak også. Men ho får stige fram for han som hans brud, med alle sine behov som brud, då blir det også som hans prinsesse og hans dronning.
Eg får sitje i ro og snakke med Herren, som Elia før han steig fram på Karmel. Men også som Elia i bergsprekka.
Eg får site i ro og snakke med Herren, som Elia før han steig fram på Karmel. Like vel er det også som Elia når han gøymde seg i bergsprekka etterpå. For Kristus er klippen som brast for meg, så eg får gøyme meg i han. Slik er det for meg! Men dette har også å gjere med å forstå den tida vi er i, vere var for Herrens sesongar.
Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 18.3.2024:
«Jeg ser alt du har sagt og skrevet ned til meg, sier Herren, det holder jeg som min største skatt. Alt er bevart og tatt vare på hos meg. Du er dyrebar og viktig. Det du deler med meg om dine drømmer og lengsler er viktig for meg. Ikke tro for et øyeblikk at jeg ikke har hørt det eller sett det eller ikke bryr meg. Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for deg til å tørre å be meg om mer. Tro meg for mer enn det du kan se. Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv. Tro meg for mer. Rop til meg, så skal jeg vise deg store og ufattelige ting. Ting du ikke kjenner til. Be meg om å vise deg hva du skal tro meg for og jeg skal legge det på hjertet ditt. Jeg har fortrolig samfunn med de som frykter meg og jeg skal vise dem min pakt. Elia var et menneske under samme kår som du. Og han bad inderlig om at det ikke skulle regne og det regnet ikke på jorden i tre år og seks måneder. Ett rettferdig menneskes bønn virker med stor kraft. Dine bønner er viktig og de virker. Vær lydig til meg. Lydighet er betre enn offer. Jeg lengter etter at mine barn skal ha fellesskap med meg daglig, høre etter min ledelse og stemme, gå i takt med mitt hjerte. Ikke gå når det er en tid for å sitte, men gå i takt med mine tider og sesonger. Uten et nært, intimt forhold med meg er det umulig for deg å handle utifra mitt hjerte. Kom og sit tett inntil meg, hør mitt hjerteslag som slår for deg og jeg skal vise deg mine tider og veier for deg. Jeg har enda mye mer for deg, mitt elskede barn. Ha ikke det synlige for øyet, men det usynlige. For det synlige tar slutt, men det usynlige er evig. Nå er det tid for å tro meg for mer, også for deg.»
I Israel og området rundt er tørke ein trussel, dei treng regn i rett tid og det vert brukt som symbol på den åndelege velsigninga. Første prioritet er å påkalle Herrens nam til frelse og så be og den åndelege velsigninga. Vi er vande til at slik skal vi be. Men her er det snakk om at Elia bad om at det ikkje skulle regne, der var ein sesong for det og dette vart heilt utanom det vanlege, for det skulle ikkje regne på tre år.
Profetisk bodskap ved ETS, 14.4.2024. (Møte i Lofoten); Sannelig, det er en fremtid for deg, og ditt håp skal ikke bli til intet. (Salomos Ordspråk 23:18 NB).
«Du er bundet av løfter til meg. Jeg vil gi deg mat i den rette tid. Stol på meg av hele ditt hjerte og sett ikke din lit til din egen forstand. Du vil aldri kunne se hele bilde for ditt liv som jeg gjør. Inviter meg inn i alle dine veier og jeg vil lede deg på de rette stier for ditt liv. Jeg vil rettlede deg! Jeg er med deg, ta min hånd og stol på meg. Veien min vil føre deg på stier du ikke hadde tenkt. I nye sesonger og steder du ikke så for deg. Jeg vil at du skal stole på at jeg leder deg på de rette veier, selv når det noen ganger går saktere enn du selv ønsker. Jeg har en plan og jeg ser hele ditt liv. Adlyd meg og ta min hånd og la meg lede deg. Du er trygg i min hånd. De rettferdiges sti er som det strålende lys, som skinner klarere og klarer til høylys dag. Jeg, Herren velsigner den rettferdige. Som et skjold omslutter jeg ham med favør. Jeg er den Gud som ser alle ting, alt er nakent og bart for meg. Jeg vil lønne deg som har levd et liv for meg. Jeg er trofast og min lønn er med meg. Jeg gjør godt mot de gode og mot den som er oppriktig av hjerte. Jeg ser deg som ber og gjør godt og ingen ting går meg forbi. Den som alltid går gråtende ut og bærer såkornet for å så, skal sannelig komme tilbake med jubel og bære sine kornbånd.« Salmenes bok 126:6 BGO I den rette tid skal du høste bare du ikke mister motet. Sett deres håp til meg, Herren! For hos meg er det trofast kjærlighet og rikelig forløsning er hos meg. Har jeg ikke utfridd deg igjen og igjen. Har jeg ikke vist min trofasthet i ditt liv. Jeg vil igjen vise deg min storhet og makt. Jeg vil igjen svare deg. Du er ikke glemt av meg. Jeg er sannhet og kan ikke lyve. Jeg er den Gud som ser deg. Jeg er den levende og den allmektige. Den ene sanne Gud. Skaperen av alle ting. Jeg har skapt deg for meg selv og jeg er en nidkjær Gud. Jeg lengter etter tid med deg. Jeg dagdrømmer om deg. Du er min dyrebare skatt som jeg elsker inderlig. Jeg elsker den tiden vi har sammen. Den er dyrebar for meg. Du er sannelig sett og hørt og elsket av meg sier Herren. Sannelig, det er en fremtid for deg, og ditt håp skal ikke bli til intet.»
Jesus sa han ville gi meg mat i rette tid. Eg er pensjonist og «er ikkje sytande», eg har og får det eg treng. Det får meg til å tenke på korleis Gud gav Elia mat og drikke i denne vanskelege tida og så brukar eg det symbolsk om livets brød, Guds Ord. Då er desse bodskapane som ETL kjem med som mat i rette tid, for meg. Til samanlikning med ramnane og denne enka som kom med mat til Elia.
Bibelvers om bryllaupet til kongssonen.
Så eg tenkte meg at ho steig fram for han som hans brud, med sine behov som brud. Og det set han pris på.
Salme.45,1 Til korleiaren. Etter «Liljene».
Av Korah-songarane. Ein læresalme.
Ein song om kjærleik.
2 Mitt hjarta strøymer over av gode ord,
eg vil kveda min song for kongen.
Mi tunge er som ein snøggskrivars griffel.
3 Du er den fagraste av menneske,
milde ord har du på lippa.
Difor har Gud velsigna deg for alltid.
4 Spenn sverdet om livet, du veldige kjempe,
i di høgd og din herlegdom!
5 Ha lukka med deg!
Dra ut til strid
for sanning, mildskap og rett!
Di høgre hand skal visa deg
skræmande storverk.
6 Dine piler er kvasse
– folk stuper for deg;
dei råkar kongens fiendar i hjarta.
7 Din kongsstol, Gud,
står til evig tid,
rettferds stav er din kongsstav.
8 Du elska rettferd og hata urett.
Difor har Gud, din Gud,
salva deg med fagnads olje framfor dine frendar.
9 Av myrra, aloë og kassia
angar heile ditt skrud.
Du gleder deg over strengespel
frå elfenbeinsprydde haller.
10 Mellom dine edle damer
er det kongsdøtrer,
og ved di høgre side
står dronninga i Ofir-gull.
11 Høyr, dotter, sjå hit og vend øyra til!
Gløym ditt folk og di farsætt,
12 så vil kongen gleda seg over din venleik!
For han er din herre, han skal du hylla.
13 Frå Tyrus kjem dei med gåver,
dei rike i folket søkjer din velvilje.
14 I all sin prydnad stig kongsdottera inn,
hennar kjole er gjennomvoven med gull.
15 I sin fargerike bunad vert ho leidd til kongen.
Etter henne fylgjer unge jenter,
hennar veninner, som vert førte fram for deg.
16 Medan folket ropar av fryd og glede,
går dei inn i kongens slott.
17 Dine søner skal koma i staden for fedrane;
set dei til hovdingar kringom i landet!
18 Frå ætt til ætt vil eg prisa ditt namn;
difor skal folka lova deg evig og alltid.
Matt.22,1 Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning: 2 «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin. 3 Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje. 4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet! 5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si. 6 Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel. 7 Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8 Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det. 9 Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn. 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.
11 Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd. 12 Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner! 14 For mange er kalla, men få er utvalde.»
Joh.Op.19,6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:
Halleluja!
Herren vår Gud, Den Allmektige,
har vorte konge!
7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!
Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!
Brura har butt seg;
8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin.
– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.
9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.»
Livet vart planta i oss ved Guds Ord, det skal vekse. Jorda skal la rettferd vekse og bere frelse som frukt.
Gud vatnar jorda, så den skal la rettferd vekse og bere frelse som frukt.
Livet vart planta i meg ved Guds Ord og det skulle vekse. Det trur eg var og er tilfelle med henne Reella også. Kva så?
Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.
Jes.45,8 Lat det drypa ovanfrå, du himmel,
lat rettferd strøyma, de skyer!
Jorda skal opna seg for det,
og den frukt ho ber, er frelse,
det ho lèt gro, er rettferd.
Eg, Herren, skaper dette.
Når eg les Guds Ord, skal det av seg sjølv bringe fram den frukta eg lengtar etter. Bodskap 2. FM.11.7. Maranatas årsstemne 2024.
Jesus er vintreet, eg er ei grein på det, utan han kan eg ikkje gjere noko (Joh.15,1….). Men eg får sevje frå rota og stamma, berre slik kan eg bere frukt. Når eg les Guds Ord, så vil Ordet av seg sjølv bringe fram den frukta eg lengtar etter. Slik som det vart sagt i bodskapen B2.FM.11.7.2024, tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon:
«For min kjærlighet er rikelig utøst i ditt hjerte ved min ånd. Derfor behøver du ikke å prøve å stige opp eller fare ned, for se, jeg bor ved troen i ditt hjerte. Jeg virker i deg ved min ånd. Og når du leser mitt ord, så vil ordet av seg selv bringe fram frukten som du så sårt har lengtet etter. Du kan ikke skape dette i din egen kraft og styrke og dyktighet, men du skal få se opp til meg og du skal stråle av glede, du vil ikke rødme av skam, for jeg, Herren, jeg elsker deg med en evig kjærlighet.
Slipp meg til, så skal jeg, Herren, ta meg av ditt sinn, dine tanker, missmotet, angsten og depresjonen, sykdom og plager. Når jeg ved mitt Ord og ved min Ånd får reist meg opp i ditt indre, så skal det som skriften har sagt, flyte strømmer av levende vann. Ut ifra din munn, når du taler om meg, så skal det være livgivende ord, for det Ord jeg har talt, det er ånd og det er liv og det skaper hva det sier. Derfor, mitt barn, frygt ikke for morgendagen, men i dag er jeg, Herren, å finne. Sett din lit til meg av hele ditt hjerte og du skal få se, at fienden, han må fly ifra deg. For jeg er den evige Seiers-Herren, jeg er Kristus, kongenes konge og herrenes Herre.
For om fienden reiser seg opp, som han gjør i disse dager, så skal du vite at jeg er Gud den Allmektige og når du blir hånet og mitt navn blir hånet, så vil du høre ha ha ha ifra meg. For jeg ser ikke slik som du ser, for jeg har all makt i himmel og på jord, alt er underlagt mine føtter, jeg er Gud den Allmektige, alfa og omega, begynnelsen og enden og du skal få se at jeg, Herren, reiser opp en menighet nå i denne tid, full av den Hellige Ånd og ild og kraft og mitt ord er og blir det viktigste av alle ting, for evig og alltid står mitt Ord.»
Eg erkjente i mitt stille sinn og mitt indre menneske at det var så viktig for meg at han frelste henne Reella, at det var som om eg ville legge meg langflat for Kristus i mi bøn til han om det, slik som når Johannes la seg langflat for han i Joh.Op.1. Han er Guds Ord og det er det viktigaste, Gud har skapt alt ved sitt Ord og det er viktig for vår forståing av naturen og vår forståing av realfag og ho Reella studerte då biologi.
13.1.2024 Eg skal få sjå Guds frelse over mitt liv og min familie. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.
«Du har gått gjennom mye smerte, men nå skal det snu. Din lønn vil bli stor. Du har gått gjennom mye mitt barn og fortsatt vært trofast. Du har hatt storm etter storm, men fortsatt trodd meg og søkt meg. Du har holdt fast, selv om det kostet deg alt av styrke. Du har bedt, du har fastet, du har grått og du har håpet! Selv om du ikke såg noe lys, selv om du ikke hørte min stemme, for lyden av stormen var så høy i ditt liv, så har du ikke veket av veien. Mitt elskede barn, du har holdt fast når andre ga opp! Du fortsatte å vise andre veien, selv når spørsmålene var så mange i ditt hjerte. Du sviktet aldri og fornektet meg aldri. Mitt barn, jeg har aldri forlatt deg ett sekund. Du har aldri vært alene eller glemt av meg! Hele himmelen vet ditt navn og din tro er sett og beundret i himmelen! Din lønn er umåtelig stor og den vil aldri bli tatt fra deg. Din kjærlighet til meg er nå prøvd og lutret i ild og mitt hjerte er uendelig berørt av din overgivelse og tro, selv gjennom dine mange tester og prøvelser. Du var aldri glemt, mitt barn. Du er viktig! Hvert eneste ord du har talt er skrevet ned. Jeg vil velsigne deg rikt, mitt barn. Mine løfter er sanne. Alt vil virke til det gode for deg. Det djevelen mente ødelegge deg med, vil jeg bruke mot han, for å ødelegge han! Han skal få betale for alt han har gjort mot deg. Vit mitt elskede barn at alle dine prøvelser kom ikke fra meg. Djevelen kommer for å ødelegge, myrde og stjele, men jeg kommer for å gi deg liv og det i overflod! Du vil få et liv i overflod så lenge du ikke fornekter mitt navn! Din lønn er stor mitt barn, og du vil få se min frelse over ditt liv og familie!»

