Biletet: Elia i bergkløfta.
Jesus kom for å fullføre lova og profetane, inkludert Messias-profetien i Sak.14, det gjorde han når han døde på korset og stod oppatt frådei døde.
Vi syng «Klippe du som brast for meg, la meg gøyme meg i deg». Det får meg til å tenke på profeten Elia som gøymde seg i ei fjellhole (1.Kong.19). Malakias profeterte at der skulle komme ein profet som han kalla Elia, til samanlikning med Elia, altså. Det var Johannes døyparen og at vi skulle sjå at Jesus var Guds Lam som bar verda si synd.
Når Moses leia folket i øydemarka, vart dei tørste, men så kom dei til eit berg og Moses skulle slå på berget med staven. Då opna der seg ei oppkome med vatn, så folket fekk drikke. Dette berget er symbol på Kristus, han er berget som vart slått, ved at han vart krossfesta på Golgata. Oppkoma er symbol på det levande vatnet som vi får ved å tru på han og komme til han. Han vart gravlagt i ei hole i berget og der vart lagt ein stein framfor. Men han stod oppatt og viste seg for folk, steinen vart teken til sides så dei kunne sjå at grava var tom. Det var som om berget hadde broste og slept han ut. Dette er det profetert om i Sak.14, men det trengs mykje kjennskap til skriftene med symboltolking for å forstå det.
Sak.14,1Sjå, det kjem ein Herrens dag. Då skal det hærfanget dei har ført bort frå deg, skiftast ut hjå deg.
2 Eg vil samla alle folkeslaga til strid mot Jerusalem. Byen skal verta teken, husa plyndra og kvinnene tekne med vald. Halve byen skal førast bort i fangenskap, men resten av folket skal ikkje rydjast ut or byen.
3 Herren sjølv skal fara ut og strida mot desse folka som på stridens dag, den dagen han gjekk til kamp. 4 Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget, som ligg rett aust for Jerusalem. Og Oljeberget skal dela seg i to frå aust til vest, så det vert ein brei dal. Den eine halvparten av fjellet vik unna mot nord og den andre mot sør. 5 Dalen attmed fjellet mitt skal fyllast, for dalen mellom fjella skal nå heilt til Asal. Og de skal røma som de rømde for jordskjelvet i dei dagar Ussia var konge i Juda. Då skal Herren min Gud koma og alle heilage vera med han.
6 Den dagen skal det henda at ljoset kverv, og dei herlege himmelljosa sloknar. 7 Så skal det vera ein einaste dag – Herren kjenner han – og ikkje dag som skifter med natt; om kvelden skal det vera ljost. 8 Den dagen skal det henda at det renn levande vatn ut frå Jerusalem, den eine halvparten til havet i aust og den andre halvparten til havet i vest. Såleis skal det vera både sommar og vinter.
9 Då skal Herren vera konge over heile jorda. Den dagen skal Herren vera éin og namnet hans det einaste.
Apostelen Johannes skreiv at det er tre som vitnar, Anden, vatnet (livsens vatn) og blodet og det er Gud som vitnar om Son sin. Det er somme som avviser dette og derfor ventar deg seg at han skal komme på ein annan måte som erstatning for dette, som om Guds nåde ikkje er nok for dei. Det minner om dei fem uvituge brurmøyane som ikkje hadde nok olje med seg.
Peter sa at v i skal vere eit kongeleg presteskap, det blir vesentleg i tusenårsriket, det er same prestetenesta, for Jesus er øvsteprest til evig tid og det er eit evig evangelium.
1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.
4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:
Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,
som er utvald og dyrverdig;
den som trur på han,
skal ikkje verta til skammar.
7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.
9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.
Joh.Op.20,4 Eg såg troner, og nokre sette seg på dei; dei fekk makt til å halda dom. Og eg såg sjelene til dei som hadde vorte halshogne fordi dei hadde halde fast på Jesu vitnemål og på Guds ord, og alle som ikkje hadde tilbede dyret eller biletet av det og ikkje teke merket på panna eller handa. Dei vart levande att og rådde saman med Kristus i tusen år. 5 Men dei andre døde vart ikkje levande før dei tusen år var lidne. Dette er den fyrste oppstoda. 6 Sæl og heilag er den som får vera med i den fyrste oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt. Dei skal vera Guds og Kristi prestar og råda med han i tusen år.
Herrens dag, dommedag og/eller frelsedagen.
Det er Herrens dag og det er då dommedag! Ja, for det er den dagen då Jesus vart dømde i staden for oss og med sin død på korset sona all verda si synd. Soleis er det også frelsedagen, det er berre å ta imot i tru og verte frelst frå domen. Soleis talar det om frelsedagen i våre liv, for kvar einskild av oss. Domedagen og frelsedagen vart dermed ei lang historie, så vi finn igjen noko av profetien i Johannes Openberring. Det skal eg ikkje diskutere no, men hovudsaka her vert å vise kva som er sagt om Berget i det gamle testamentet, for å forklare symboltolkinga av Sak.14,4 og at Jesus er Messias som oppfylte denne profetien.
David sa til folket at i dag, om de høyre hans røyst, så forherd ikkje hjarto dykkar. Mange profetar kom og talte til dei sidan, Sakarja var ein av dei, då var det viktig for dei å høyre etter. Men det er først og fremst denne dagen det er tale om.
Herren sa at i nådens tid bønhøyrde han deg, på frelsedagen hjelpte han deg (Jesaja 49,8).
Jesaja.49,1 Høyr på meg,
de øyar og strender,
lyd etter, de folk langt borte!
Frå mors liv har Herren kalla meg,
frå mors fang har han nemnt mitt namn.
2 Han har gjort min munn til eit kvast sverd
og løynt meg i skuggen av si hand.
Han har gjort meg til ei kvass pil
og gøymt meg i sitt pilehus.
3 Han sa til meg:
«Du er Israel, min tenar,
på deg vil eg syna min herlegdom.»
4 Men eg sa:
«Til fåfengs har eg streva,
til unyttes har eg øydt mi kraft.
Min rett er likevel hjå Herren,
mi løn er hjå min Gud.»
5 «Og no,» seier Herren,
som frå mors liv
har skapt meg til sin tenar,
til å føra Jakob attende til han
og samla Israel hjå han
– eg er gjæv i Herrens augo,
og min Gud har vorte min styrke,
6 «det er for lite at du er min tenar
som skal reisa opp att Jakobs ætter
og føra heim att den frelste flokken av Israel.
Eg vil gjera deg til eit ljos for folkeslag,
så mi frelse kan nå til heimsens ende.»
Heim frå fangenskapet
7 Så seier Herren,
Israels utløysar, Israels Heilage,
til han som alle vanvørder og skyr,
til han som er træl under valdsherrar:
fyrstar skal kasta seg ned,
for Herrens skuld, han som er trufast,
for Israels Heilage, som valde deg ut.
8 Så seier Herren:
I nådens tid bønhøyrer eg deg,
på frelsesdagen hjelper eg deg.
Eg har skapt deg
og gjort deg til ei pakt for folket.
Du skal atterreisa landet
og skifta ut odelsgrunn
som ligg aud og snau,
9 og seia til fangane: «Gå ut!»
til dei som er i mørkret: «Kom fram!»
og beite på alle snaue høgder.
I dag om du høyrer hans røyst, så forherd ikkje ditt hjarte.
Når Guds Ord ved trua smeltar saman med oss i våre hjerte, får vi komme inn til Guds kvile, slik går vi inn i det lova landet.
Kong David sa til folket at dersom dei høyrde Herrens røyst i dag, så måtte dei ikkje forherde sitt hjarte. Den glade bodskapen som vart forkynt for dei om at dei skulle få komme inn til Guds kvile, vert no forkynt for oss også. Det betyr å gå inn i det lova landet, sjølv om vi fysisk sett er langt borte, vi er heidningar som bur i heilt andre land, men den same glade bodskapen vart forkynt for oss også, det er berre å ta imot i tru.
Heb.3,7 Difor, som Den Heilage Ande seier:
I dag, om de høyrer hans røyst,
8 så gjer ikkje hjarto dykkar harde
som den gongen fedrane dykkar trassa meg,
den dagen dei eggja meg i øydemarka.
9 Der eggja dei meg
og sette meg på prøve,
10 endå dei hadde sett mine gjerningar i førti år.
Difor fekk eg uvilje mot denne ætta
og sa: Dei fer alltid vilt i sitt hjarta,
dei kjenner ikkje mine vegar.
11 Så svor eg i min vreide:
Dei skal aldri koma inn til mi kvile!
12 Sjå til, brør, at ikkje nokon av dykk har eit vondt, vantruande hjarta, så han fell frå den levande Gud. 13 Set mot i kvarandre kvar dag så lenge det heiter «i dag», så ikkje nokon av dykk skal la seg dåra av synda og verta forherda. 14 For vi har fått del i Kristus. Lat oss berre heilt til enden halda fast på det grunnlaget som vi hadde i den fyrste tida. 15 Når det heiter:
I dag, om de høyrer hans røyst,
så gjer ikkje hjarto dykkar harde
som den gongen dei trassa meg,
16 kven var det då som høyrde, men likevel var trassige? Var det ikkje alle dei som Moses hadde ført ut or Egypt? 17 Kven var det han hadde uvilje mot i førti år? Var det ikkje dei som synda og fall døde om i øydemarka? 18 Og kven var det han meinte då han svor at dei ikkje skulle koma inn til hans kvile? Var det ikkje dei som var ulydige? 19 Så ser vi at det var vantru som gjorde at dei ikkje kunne koma inn.
Heb.4,1 Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det. 3 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa:
Så svor eg i min vreide:
Dei skal aldri koma inn til mi kvile!
Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk. 5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile!
6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:
I dag, om de høyrer hans røyst,
så gjer ikkje hjarto dykkar harde.
8 Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag. 9 Så er det då ein kviledag i vente for Guds folk. 10 Den som er komen inn til hans kvile, han får kvila etter sine gjerningar, liksom Gud kvilte etter sine gjerningar. 11 Lat oss difor streva etter å koma inn til denne kvila, så ingen er ulydig og fell. Vi må ikkje ha dei til føredøme som var ulydige i øydemarka.
12 For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar. 13 Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for.
Moses slo på berget med staven og der vart ei oppkome med vatn.
Det refererer til at når Moses leia folket på vegen mot det lova landet, støytte dei på problem, då viste vantrua seg ved at i staden for å be i tru, vart dei opprørske. Slik også når dei kom inn i eit tørt land og vart tørste, men der var eit berg og Gud sa til Moses at han skulle slå på berget og då vart der ei oppkome med vatn, så dei fekk drikke.
2.Mos.17,1 Så tok heile Israels-folket ut frå Sin-øydemarka og fór dagslei etter dagslei, som Herren baud dei. Sidan slo dei leir i Refidim. Men der fanst det ikkje vatn så folket kunne få drikka. 2 Difor tretta folket med Moses og sa: «Gjev oss vatn, så vi får drikka!» Moses svara: «Kvifor trettar de med meg? Kvifor set de Herren på prøve?» 3 Men folket tyrsta etter vatn. Dei murra mot Moses og sa: «Kvifor har du ført oss opp frå Egypt? Vil du at vi og borna våre og feet vårt skal døy av torste?» 4 Då ropa Moses til Herren og sa: «Kva skal eg gjera med dette folket? Det er ikkje lenge før dei steinar meg!» 5 Herren sa til Moses: «Far føre folket saman med nokre av dei eldste i Israel! Ta med deg staven som du slo på elva med, og gå! 6 Så skal du få sjå meg stå framfor deg på berget ved Horeb. Når du slår på berget, skal det strøyma fram vatn, så folket får drikka.» Moses gjorde som Herren sa, medan dei eldste i Israel såg på. 7 Den staden kalla dei sidan Massa og Meriba. For der tretta israelittane med Moses, og der sette dei Herren på prøve då dei sa: «Er Herren mellom oss eller ikkje?»
Moses skulle stå på berget og få sjå Herrens herlegdom.
Opprøret viste seg tydelegast når Moses var opp på Sinai og fekk lov-tavlene. Då laga dei seg ein gullkalv og dansa rundt den og sa at det var guden som førde dei ut or Egypt. Etter dette ville ikkje Herren gå med dei lengre, men han ville senda engelen sin føre dei inn i det lova landet. Men så bad Moses for seg og folket og fekk Herren til å gå med dei like vel. Og Moses fekk sjå Herrens herlegdom til samanlikning med Elia i berghola.
2.Mos.33,1 Sidan sa Herren til Moses: «Ta ut herifrå, både du og det folket du har ført opp frå Egypt, og far til det landet som eg med eid lova Abraham og Isak og Jakob då eg sa: Di ætt vil eg gje det. 2 Eg sender ein engel framføre deg og driv ut kanaanearane, amorittane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane. 3 Far opp til det landet som fløymer med mjølk og honning! Men eg vil ikkje fara med deg, for du er eit stridlyndt folk; elles kunne eg gjera ende på deg på vegen.»
………..
12 Moses sa til Herren: «Du seier at eg skal føra dette folket opp. Men eg får ikkje vita kven du vil senda med meg, endå du har sagt at du kjenner meg vel og har godvilje for meg. 13 Er det så at du har godvilje for meg, så syn meg vegane dine, så eg kan læra deg å kjenna og finna nåde hjå deg. Kom i hug at dette er ditt eige folk!» 14 Då sa Herren: «Sjølv skal eg gå med, og eg skal føra deg til ro.» 15 Moses svara: «Går ikkje du med, så lat oss sleppa å fara herifrå! 16 Korleis kan eg vita at du har godvilje for meg og folket ditt utan at du går med oss, så eg og folket ditt får ære framfor alle folkeslag på jorda?» 17 Då sa Herren til Moses: «Det du bed om, vil eg gjera; for eg har godvilje for deg og kjenner deg vel.» 18 «Så lat meg få sjå herlegdomen din!» sa Moses. 19 Han svara: «Eg vil gå framom deg i all min godleik og ropa ut for deg namnet mitt, Herren. For eg er nådig mot den eg er nådig mot, og miskunnar den eg miskunnar. 20 Du kan ikkje få sjå andletet mitt,» sa han; «for det mennesket som ser meg, kan ikkje leva.» 21 Sidan sa Herren: «Sjå, her er ein stad tett attmed meg; stå der på berget! 22 Når så herlegdomen min fer framom, skal eg setja deg i bergskorta og halda handa mi over deg til dess eg har kome framom. 23 Så vil eg ta handa mi bort; då kan du sjå meg attantil; men andletet mitt kan ingen sjå.»
Opprør og straff.
Når dei kom fram til grensa til Kaánans-landet, sende Moses tolv menn for å speide ut landet, ein frå kvar ætt. Når dei kom attende melde dei om at dette kom til å verte vanskeleg, så det vart opprørs-stemning, men to av dei prøvde å få dei til å tru at det kom til å gå vel. Gud ville straffe dei som gjorde opprør, men Moses bad for dei.
4.Mos.14,13 Moses sa til Herren: Egyptarane har høyrt at du i ditt velde førte dette folket ut or landet deira, 14 og dei har fortalt det til dei som bur i landet. Dei har høyrt at du, Herre, er midt imellom dette folket, ja, at du har synt deg for dei, Herre, åsyn til åsyn, at skya di held seg over dei, og at du går føre dei i ei skystøtte om dagen og i ei eldstøtte om natta. 15 Men lèt du dette folket døy, alle som ein, då kjem folka som har høyrt gjetordet om deg, til å seia: 16 «Herren makta ikkje å føra dette folket inn i det landet som han med eid hadde lova dei, og så drap han dei i øydemarka.» 17 Herre, vis no di store makt, du som har sagt: 18 «Herren er langmodig og rik på miskunn; han tilgjev synd og skuld. Men han lèt ikkje den skuldige sleppa straff. Han lèt straffa for misgjerningane åt fedrane koma over born i tredje og fjerde ættleden.» 19 Tilgjev no i di store miskunn den synda dette folket har gjort, liksom du har tilgjeve dei heile vegen frå Egypt og hit.
20 Då sa Herren: Eg tilgjev dei på ditt ord. 21 Men så sant eg lever, så sant Herrens herlegdom fyller heile jorda: 22 Ingen av dei mennene som har sett herlegdomen min, sett dei teikna eg gjorde i Egypt og i øydemarka, og som likevel har sett meg på prøve mange gonger og vore ulydige mot meg, 23 ingen av dei skal få sjå det landet eg har lova fedrane deira. Ingen som vanvørder meg, skal få sjå det! 24 Men Kaleb, tenaren min, har ei anna ånd i seg, og han har fylgt meg trufast. Difor lèt eg han koma inn i det landet han har vore i, og etterkomarane hans skal få det til eige. 25 Men i dalane der bur amalekittane og kanaanearane. Difor skal de, når de i morgon fer i veg og dreg ut i øydemarka, ta den vegen som fører til Sevsjøen.
26 Sidan tala Herren atter til Moses og Aron og sa: 27 Kor lenge skal dette vonde folket murra mot meg? Eg har høyrt korleis israelittane murrar mot meg. 28 Sei til dei: Så sant eg lever, lyder ordet frå Herren: Eg skal gjera med dykk som de har bede meg. 29 Her i øydemarka skal beina dykkar liggja, alle de som vart mønstra, kvar mann som er tjue år eller meir og har murra mot meg. 30 Ingen av dykk skal koma inn i det landet som eg lova at de skulle få bu i – ingen utan Kaleb, son til Jefunne, og Josva, son til Nun. 31 Og borna dykkar, som de meinte ville falla i fiendehand, dei skal eg føra inn. Dei skal læra å kjenna det landet som de vanvørde. 32 Men dykkar bein skal liggja her i øydemarka. 33 Og borna dykkar skal flakka ikring her i førti år. Dei skal lida fordi de var trulause, til de alle har vorte til inkjes i øydemarka. 34 Liksom de speida ut landet i førti dagar, skal de lida i førti år for syndene dykkar, eitt år for kvar dag. De skal få kjenna kva det vil seia å setja seg opp mot meg. 35 Eg, Herren, har sagt at så vil eg gjera med heile dette vonde folket som har svore seg saman mot meg. Her i øydemarka skal dei enda sine dagar; her skal dei døy.
36 Då dei mennene som Moses hadde sendt for å speida ut landet, kom att, gav dei ei nedslåande melding om landet og sette heile folket opp mot han. 37 Desse mennene, som hadde vore med på det, døydde av pest etter Herrens vilje. 38 Av dei som hadde fare på speidingsferd til Kanaan-landet, var det berre Josva, son til Nun, og Kaleb, son til Jefunne, som fekk leva.
Moses leia folket til berget igjen, då skulle han tale til det, men gjorde den feilen at han slo på berget igjen.
Første gangen dei kom til berget, skulle Moses slå på det med staven. Omlag 40 år seinare leia han folket til øydemarka igjen og igjen vart dei tørste og krangla med han. Men han snakka med Herren, no skulle han gå til berget og snakke med det. Men han gjorde den feilen at han slo på berget igjen, to gongar.
4.Mos.20,1 I den fyrste månaden kom israelittane i samla flokk til Sin-øydemarka, og dei gav seg til i Kadesj. Der døydde Mirjam, og der vart ho gravlagd.
2 Då folket ikkje hadde vatn, slo dei seg saman mot Moses og Aron. 3 Dei tretta med Moses og sa: «Gjev vi hadde fått døy liksom landsmennene våre døydde for Herrens åsyn! 4 Kvifor har de ført Herrens folk ut i denne øydemarka når vi må døy her, både vi og feet vårt? 5 Kvifor førte de oss ut or Egypt og lét oss koma til denne skarve staden, ein stad der det korkje finst korn eller fiken, vintre eller granateple, ja, ikkje eingong drikkevatn?»
6 Moses og Aron kom seg unna folkehopen og gjekk bort til møteteltdøra. Der kasta dei seg ned med andletet mot jorda. Då synte Herrens herlegdom seg for dei, 7 og Herren sa til Moses: 8 «Ta staven! Så skal du og Aron, bror din, kalla folket saman og tala til berget medan dei ser på. Då skal det gje frå seg vatn. Såleis skal de få vatn til å strøyma fram frå berget og la både folk og buskap få drikka.»
9 Moses gjorde som Herren sa. Han tok staven som låg for Herrens åsyn. 10 Og han og Aron kalla folket saman framfor berget og sa til dei: «Høyr no, de stridnakkar! Trur de at vi kan få vatn til å strøyma fram åt dykk frå dette berget?» 11 Så lyfte Moses handa og slo to gonger på berget med staven sin. Då strøymde det fram så mykje vatn at både folket og buskapen fekk drikka.
12 Men Herren sa til Moses og Aron: «Fordi de ikkje trudde på meg og ikkje lét israelittane sjå kor heilag eg er, difor skal ikkje de få føra dette folket inn i det landet eg har gjeve dei.»
13 Dette var Meriba-kjelda, der israelittane tretta med Herren, og der han synte dei kor heilag han er.
I staden for å gjere opprør mot Herren, skulle dei høyre på det han sa til dei og snakke med han.
Sjå opp til Herren og strål av glede.
David at dei skulle sjå opp til Herren og stråle av glede.
Salme.34, Av David, då han var hjå Abimelek og bar seg som galen, så han vart jaga bort og slapp unna.
2 Støtt vil eg prisa Herren,
stendig vil eg lovsyngja han.
3 Eg rosar meg av Herren,
dei hjelpelause gleder seg når dei høyrer det.
4 Lat oss saman lova Herren
og prisa hans store namn!
5 Eg søkte Herren, og han svara meg,
frå alt som skræmde, berga han meg.
6 Sjå opp til han, og strål av glede,
så skal de aldri raudna av skam!
7 Ein stakkar ropa, og Herren gav svar,
han frelste han frå alle trengsler.
8 Herrens engel slår leir
til vern for dei som har age for Herren,
og friar dei ut or fare.
9 Smak og sjå at Herren er god!
Sæl er den som flyr til han.
Du drog meg opp frå gjørma og sette mine føter på ein klippe.
I Salme 40 takka David Gud for at han drog han opp av gjørma og sette hans føter på fjell, slik var hans frelse. Han held fram med å tale i først person eintal seinare i same salmen, sjølv om det er tydeleg at det er ein profeti om Kristus. Gud frelste han frå døden, slik openberra han si frelse for oss i Kristus, men sin død og oppstode vart han opphav til evig frelse for dei som trur på han og tek imot i tru.
Salme.40, Til korleiaren. Ein Davids-salme.
2 Eg venta og vona på Herren.
Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop.
3 Han drog meg opp or den tynande grav,
opp or den djupe gjørma.
Han sette mine føter på fjell
og lét meg gå med faste steg.
4 Han la ein ny song i min munn,
ein lovsong til vår Gud.
Mange skal sjå det og ottast
og setja si lit til Herren.
5 Sæl er den mann
som set si lit til Herren,
og ikkje held seg til dei stolte,
til dei som fell frå i lygn.
6 Herre, min Gud,
mange under har du gjort,
og mange tankar har du til vårt beste;
ingen kan mæla seg med deg.
Vil eg tala og fortelja om dei,
er dei reint uteljande.
7 Slaktoffer og gåve har du ikkje hug på,
– du har opna mitt øyra;
brennoffer og syndoffer krev du ikkje.
8 Då sa eg: «Sjå, her kjem eg.
I bokrullen er det skrive om meg.
9 Å gjera din vilje, Gud, er mi lyst,
eg har di lov i mitt hjarta.»
10 Eg forkynte bodskapen om frelsa
i den store samling.
Eg lét ikkje att mine lipper;
det veit du, Herre.
11 Di rettferd heldt eg ikkje for meg sjølv,
eg tala om din truskap og di frelse.
Di miskunn og di sanning forkynte eg ope
i den store samling.
12 Herre, du vil ikkje
ta di miskunn frå meg.
Di miskunn og di sanning
skal alltid verna meg.
13 Eg har tallause trengsler på alle kantar,
mine misgjerningar tek meg att,
– eg kan ikkje lenger lyfta augo;
dei er fleire enn håra på mitt hovud.
Eg har reint mist motet.
14 Herre, gjer vel og fri meg ut!
Skund deg og hjelp meg, Herre!
15 Lat alle som står meg etter livet,
verta til spott og spe!
Lat dei som vil tyna meg,
dra seg tilbake med vanære.
16 Dei som spottar meg og ropar «ha-ha»,
skal stivna av redsle og skam.
17 Men lat alle som søkjer deg,
fegnast og gleda seg i deg!
Lat dei som elskar di frelse,
alltid seia: «Stor er Herren!»
18 Eg er hjelpelaus og fattig,
men Herren har omsut for meg.
Du er min hjelpar og bergingsmann;
dryg ikkje lenger, min Gud!
Lat oss jubla for Herren, vårt frelsande berg ……
I Heb.4 vert det referert til Salme 95, David byrja med å oppfordre til å juble for Herren, vårt frelsande berg. Det er symbol på Kristus og frelsa i han.
Salme 95, Kom, lat oss jubla for Herren
og ropa høgt for vårt frelsande berg!
2 Lat oss gå fram for han med lovsong
og hylla han med song og spel!
3 For Herren er ein mektig Gud,
ein stor konge over alle gudar.
4 Han har jord-djupnene i si hand
og fjelltoppane i si eige.
5 Havet er hans, for han har skapt det,
det faste landet har hans hender forma.
6 Kom, lat oss bøya oss og tilbe,
bøya kne for Herren, vår skapar!
7 For han er vår Gud, vi er folket han gjæter,
den hjord han leier med si hand.
Å, ville de høyra på han i dag!
8 Gjer ikkje hjarto dykkar harde, som ved Meriba,
som den dagen ved Massa i øydemarka,
9 då fedrane eggja meg
og sette meg på prøve,
endå dei såg kva eg gjorde!
10 I førti år hadde eg uvilje mot denne ætta,
og eg sa om dei:
«Dei er eit folk som fer vilt i sitt hjarta,
dei kjenner ikkje mine vegar.»
11 Så svor eg i min vreide:
«Dei skal aldri koma inn til mi kvile!»
Elia i berghola.
Seinare gjorde dei opprør og fall ifrå Herren. Men profeten Elia gøymde seg i ei berghole, til samanlikning med Moses.
1.Kong.19,7 Men Herrens engel kom ein gong til, tok i han og sa: «Stå opp og et! Elles vert vegen for lang for deg.» 8 Då stod han opp og åt og drakk. Og styrkt av maten gjekk han førti dagar og førti netter, til han kom til Horeb, Guds-fjellet. 9 Der gjekk han inn i ei hole, som han var i om natta.
Då kom Herrens ord til han, og det lydde så: «Kva vil du her, Elia?» 10 Han svara: «Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.» 11 Då sa Herren: «Gå ut og stå på fjellet for Herrens åsyn!» Så gjekk Herren framom. Føre han fór ein stor og sterk storm, som kløyvde fjell og knuste knausar; men Herren var ikkje i stormen. Etter stormen kom det eit jordskjelv; men Herren var ikkje i jordskjelvet. 12 Etter jordskjelvet kom det ein eld; men Herren var ikkje i elden. Etter elden kom lyden av ei linn susing. 13 Då Elia høyrde den, drog han kappa for andletet, gjekk ut og stod attmed inngangen til hola.
Då bar det imot han ei røyst som sa: «Kva vil du her, Elia?» 14 Han svara: «Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.» 15 Då sa Herren til han: «Far attende og ta vegen til øydemarka ved Damaskus! Gå så inn i byen og salva Hasael til konge over aramearane! 16 Og Jehu, son til Nimsji, skal du salva til konge over Israel, og Elisja, son til Sjafat frå Abel-Mehola, skal du salva til profet etter deg. 17 Det skal gå så at den som slepp unna sverdet åt Hasael, skal Jehu drepa; og den som slepp unna sverdet åt Jehu, skal Elisja drepa. 18 Men eg vil spara sju tusen i Israel, alle som ikkje har bøygt kne for Ba’al og ikkje har kyst han med sin munn.»
Det er jordskjelv som kløyver fjell og knuser knausar, så ein kan lure på om setningane har stokka seg her, men det må få stå slik det er på grunnteksta.
Jesus vart herleggjord på fjellet og vi får sjåHerrens herlegdom som i ein spegel.
Tre av Jesu disiplar fekk oppleve at Moses og Elia openberra seg for dei på fjellet. Ja, Jesus sa då at han var komen for å fullføra lova og profetane og det vart herlegare enn noko som hadde vore tidlegare.
Matt.17,1 Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes, bror hans, og førte dei opp på eit høgt fjell; der var dei åleine. 2 Då vart han forklåra for augo deira: Andletet hans skein som sola, og kleda vart kvite som ljoset. 3 Og best det var, fekk dei sjå Moses og Elia; dei stod og tala med han. 4 Då tok Peter til ords og sa til Jesus: «Herre, det er godt at vi er her. Vil du, så skal eg byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.» 5 Men før han hadde tala ut, kom det ei lysande sky og skygde over dei, og or skya lydde ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i. Høyr han!» 6 Då læresveinane høyrde det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda, slegne av redsle. 7 Men Jesus gjekk bort og tok i dei og sa: «Reis dykk opp, og ver ikkje redde!» 8 Og då dei såg opp, såg dei ingen utan Jesus åleine.
2.Kor.3,12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
Herrens tempelberg vart løfta opp.
Herrens tempelberg vart løfta opp når Jesus vart teken opp til himmelen.
Jes.2,1 Det ordet som Jesaja, son til Amos, fekk i eit syn om Juda og Jerusalem:
2 I dei siste dagar skal det henda
at Herrens tempelberg skal stå
grunnfest høgt over alle fjell
og lyfta seg opp over haugane.
Dit skal alle folkeslag strøyma.
3 Mange folk skal gå av stad og seia:
«Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell,
til huset åt Jakobs Gud,
så han kan læra oss sine vegar,
og vi kan ferdast på hans stigar!
For frå Sion skal lovlære gå ut,
og Herrens ord frå Jerusalem.»
Vi er komne til Sion-fjellet, då må vi sjå til at vi ikkje avviser han som talar til oss fråhimmelen.
Jesus døyper oss med den Heilage Ande, då blir det som om vi har møte med han der oppe.
Heb.12,18 De er ikkje komne til eit fjell som ein kan ta og kjenna på, …. 22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.
25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen.
Det er tre som vitnar, Anden, vatnet og blodet.
Apostelen Johannes skreiv at det er tre som vitnar, Anden, vatnet og blodet. Det er livets vatn som det er tale om i Sak.14.
Joh.3,5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.»
1.Joh.5,6 Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son? 6 Han er den som kom med vatn og blod, Jesus Kristus, ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga. 7 Det er tre som vitnar: 8 Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same. 9 Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son. 10 Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i seg. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til lygnar, fordi han ikkje har trutt Guds eige vitnemål om Son sin. 11 Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i Son hans. 12 Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.
Klippe du som brast for meg, la meg gøyme meg i deg.
Klippen er revna.
Maranata søndag 14.6.09. Tyding av tungetale:
«Frelsen er en gave, frelsen den er Guds utstrakte hand. Frelsen er fullbrakt og broen over selve avgrunnen er bygd, den er bygd solid, grundig, fundamenteringen holder i liv og i død. Og den er grunnlagt på evige løfter, den er grunnlagt på en evig eksistens. Derfor behøver du ikke frykte for noen ting, for grunnvollen er lagt. Klippen er revnet. (Ja, her bryter ut alt)? hva menneskeheten trenger. Jeg ble slått, misshandlet, knust for alle dine missgjerninger, for alle dine sykdommer. Istedenfor dom, skal du få nåde, i stedet for fortapelse, får du himmel, i stedet for død, får du liv og overflod. Kom i dag og ta av livets vann uforskyldt, du får det av bare nåde.
Du behøver ikke å være nedadbøyd, men du kan løfte blikket oppad. For blodet fra mine sår gir deg frelsens – blodet skaper og gir deg forløsning fra all fordømmelse. Blodets rensende makt fører deg over og inn i samfunn med meg, sier Herren. Du behøver ikke å gå der uten fred og håp og framtid. Gjennom mitt utgytte blod har død funnet sted til forløsning fra syndens dom og skyld, i dag er det nåde, for blodet vitner, blodet taler, blodet vitner om død, blodet taler om nåde. Kom derfor å ta imot min utstrakte hånd og jeg skal dra deg opp og jeg skal sette deg over i mitt rike.
La ikke menneske gi deg trelldom, bli ikke menneskets trell. Men se blodet setter deg fri. Min Ånd den gjør levende hva blodet har gitt deg. Golgata forteller om at i stedet for forbannelse får du velsignelse. For jeg ble forbannet for at du skulle bli velsignet. Jeg døde for at du skulle ha liv og overflod. Men jeg oppstod igjen for at du skulle bli ikledt for evig min rettferdighet. Og er du kledt i min rettferdighet , så er du ikke redd for det som er i tiden, men du kan løfte motet og blikket oppover, og stråle av glede, for jeg har løst deg, satt deg fri, kalt deg ved navn, for du er min eiendom for tid og for evighet.»
Eg får sitje i ro og snakke med Herren, som Elia i berghola.
Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 18.3.2024:
«Jeg ser alt du har sagt og skrevet ned til meg, sier Herren, det holder jeg som min største skatt. Alt er bevart og tatt vare på hos meg. Du er dyrebar og viktig. Det du deler med meg om dine drømmer og lengsler er viktig for meg. Ikke tro for et øyeblikk at jeg ikke har hørt det eller sett det eller ikke bryr meg. Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for deg til å tørre å be meg om mer. Tro meg for mer enn det du kan se. Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv. Tro meg for mer. Rop til meg, så skal jeg vise deg store og ufattelige ting. Ting du ikke kjenner til. Be meg om å vise deg hva du skal tro meg for og jeg skal legge det på hjertet ditt. Jeg har fortrolig samfunn med de som frykter meg og jeg skal vise dem min pakt. Elia var et menneske under samme kår som du. Og han bad inderlig om at det ikke skulle regne og det regnet ikke på jorden i tre år og seks måneder. Ett rettferdig menneskes bønn virker med stor kraft. Dine bønner er viktig og de virker. Vær lydig til meg. Lydighet er betre enn offer. Jeg lengter etter at mine barn skal ha fellesskap med meg daglig, høre etter min ledelse og stemme, gå i takt med mitt hjerte. Ikke gå når det er en tid for å sitte, men gå i takt med mine tider og sesonger. Uten et nært, intimt forhold med meg er det umulig for deg å handle utifra mitt hjerte. Kom og sit tett inntil meg, hør mitt hjerteslag som slår for deg og jeg skal vise deg mine tider og veier for deg. Jeg har enda mye mer for deg, mitt elskede barn. Ha ikke det synlige for øyet, men det usynlige. For det synlige tar slutt, men det usynlige er evig. Nå er det tid for å tro meg for mer, også for deg.»
Så for meg er det sesong for å sitje i ro, til samanlikning med Elia i berghola, der berget er symbol på Kristus. Det er tid for å be han om noko større og noko meir. Det har eg allereie skrive noko om.

