Ny tid 18. Jesus har planar for meg, min familie, kyrkjelyden og min omgangskrets og han vil gjennomføre det. Han vil frelse min familie og gjere noko nytt med oss. 2.

3.2.2024. Det eg har for deg er det du lengtar etter i djupet av ditt hjarte. Det er skrive i ditt DNA. Det eg har for deg er heilt unikt og ingen kan erstatte deg. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/03/01/3-2-2024-det-eg-har-for-deg-er-det-du-lengtar-etter-i-djupet-av-ditt-hjarte-det-er-skrive-i-ditt-dna-det-eg-har-for-deg-er-heilt-unikt-og-ingen-kan-erstatte-deg-profetisk-bodskap-ved-elin-therese-s/

Sak.4,6b Ho fekk dette bibelverset:

Ikkje med makt og ikkje med kraft,

men med min Ande,

seier Herren, Allhærs Gud.

Og så denne bodskapen:

«Lenge nok har de brukt menneskeleg styrke og kraft, men eg er ein nidkjær Gud. Eg ser ikkje etter menneska sine raske føter og styrke. Men etter dei som fryktar meg. Eg ser ikkje etter dei som vil få seg eit namn, men etter dei som lengtar etter å vere i mine føregardar. Dei som elskar meg framfor alt. Dei som søker mitt rike og ikkje sitt eige rike. Dei som vil sjå min herlegdom og ære, men ikkje sin eigen. Eg kan gjere kva som helst gjennom kven som helst og eg kan ikkje avgrensast. Eg brukar det som ingen ting er, for å gjere de vise til skamme. Lenge nok har du trutt eg ikkje kan bruke deg, lenge nok har du peika på det eine problemet etter det andre. Eg vel ikkje dei kvalifiserte, men eg kvalifiserer dei utvalde. Eg ynskjer å bruke deg, mitt barn. Eg ynskjer fellesskap med deg. Eg lengtar etter tid med deg. Eg ynskjer å openberre kva eg har for deg og kvifor eg skapte deg. Eg ynskjer å forme deg lik meg. Eg ynskjer å leve nær til deg. Du kan få så mykje av meg, som du sjølv ynskjer. Du kan vere så nær meg, som du sjølv ynskjer. Det er ikkje noko hinder. Du er god nok for meg, akkurat sånn som du er. Du er elska og akseptert av meg. Eg ynskjer å bruke deg til ting du aldrig hadde trutt var mogleg. Ditt kall er så stort at du vil aldri klare å gjere det med menneskeleg styrke, intelligens eller kraft. Berre med min Ande, seier Herren, i fellesskap med meg. Du er skapt for ein større hensikt. Det eg har for deg er det du lengtar etter i djupet av ditt hjarte. Det er skrive i ditt DNA. Det eg har for deg er heilt unikt og ingen kan erstatte deg. Det eg har for deg er viktig. Det eg har for ditt liv er det du vil elske. Ikkje alle har eit kall som Reinert Bonke. Men alle har ei viktig rolle på min kropp. Dersom du berre visste kva eg har for degt, mitt barn, ville du aldrig ønskt å blir nokon andre igjen. Då ville du aldri vorte sjalu på andre sitt kall, gave eller velsigningar og gode andre har. Dersom du berre ville søke meg og sjå til meg for ditt liv og ikkje det jordiske. Du er dyrebar, viktig og spesiell for meg. Og ingen kan erstatte deg i mitt hjerte. Du har mi fulle merksemd og eg høyrer deg, mitt barn. 

«Sjå, eg kjem med skyene og kvart auge skal sjå meg, også dei som gjennomborer meg. Eg er alfa og omega, byrjinga og enden, seier Herren. Eg har høyrt di bøn for din familie. Eg er tru til mitt ord. Eg vil ikkje la dine ord fall i bakken.

Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten  10.2.2024, sitat frå 

https://blessings-from-heaven.com/2024/03/01/10-2-2024-eg-har-hoyrt-di-bon-for-din-familie-og-eg-vil-ikkje-la-dine-ord-falle-til-bakken-profetisk-bodskap-ved-elin-therese-slotten/  :

«Sjå, eg kjem med skyene og kvart auge skal sjå meg, også dei som gjennomborer meg. Eg er alfa og omega, byrjinga og enden, seier Herren. Han som er og som var og som kjem, den allmektige. Frykt ikkje, mitt barn, eg er den fyrste og den siste. Sjå, eg er han som lever og var død og sjå eg er levande i all æve. Eg har nøklane til døden og dødsriket. Eg har høyrt di bøn for din familie. Eg er tru til mitt ord. Eg vil ikkje la dine ord fall i bakken. Eg etterjager dine familiemedlemmer, når du ber. Eg skal frelse dei. Fortsett å be, for det gir meg retten til å gå etter dei med min Ande. Trengsel vil komme over denne jorda. Prøvingar vil auke, men mine heilage vil vokse og spire i mine føregardar. Dei som elskar meg og mitt ord vil blomstre og skine sterkare og sterkare. Men for dykk som frykter mitt namn, skal rettferdssola gå opp med lækjedom under sine venger og de skal gå ut og springe som kalvar når dei vert sleppte ut frå fjøsen. Min herlegdom vil fylle jorda. Store ting vil skje som ikkje har vore sett før. Eg vil vise min herlegdom. Englar vil verte meir vanleg å sjå. Det overnaturlege vil verte meir og meir vanleg, for eg er ein overnaturleg Gud. Gud er ei ånd og eg ynskjer at mine tilbedarar skal tilbe meg i ånd og i sanning. Hold deg tett til meg i denne tida. Forføringa vil verte stor over verda, men mitt Ord står for evig fast. Hos meg er det inga forandring eller skiftande skugge. Eg er sanninga, vegen og livet. Eg lutrar deg gjennom eld og prøver ditt hjarte. Eg er ein nidkjær Gud og ynskjer heile ditt hjarte, alle rom, ei tru, tillit og ein kjærleik som veks, sjølv gjennom prøvingar og smerte. Eg vil aldrig sleppe deg og aldrig forlate deg. Den som sigrar vil eg gi å ete av den skjulte manna. Eg vil gi han ein kvit stein og på steinen er det skrive inn eit nytt namn som ingen kjenner, utan den som får den. Den som sigrar, han vil eg gi å ete av Livets tre, som er midt i Guds Paradis. Den som sigrar og held fast på mine gjerningar inntil enden, han vil eg gi makt over folkeslaga, han skal herske over dei med jernstav. Som pottemakaren sine kar skal dei verte slått i stykke. Slik eg har fått det overgitt av min far og eg vil gi han morgonstjerna. Den som sigrar skal verte kledd i kvite klede og eg skal slett ikkje stryke namnet hans ut or Lammets bok, men eg skal vedkjenne hans namn for min far og hans englar. Den som sigrar vil eg gjere til ei søyle i min Guds tempel og han skal aldri meir gå utanfor. Eg vil skrive min Guds namn på han og namnet på min Guds by, det Nye Jerusalem som kjem ned frå himmelen, frå min Gud. Eg vil skrive mitt nye namn på han. Den som sigrar vil eg gi å sitje med meg på mi trone, slik eg har sigra og sett meg med min far, på hans trone. Ver tru inntil døden og eg vil gi deg livets krone, seier Herren. Sjå, eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta di krone. Amen.»

Innleiinga «Sjå, eg kjem med himmelskyene…..» er henta frå byrjinga av Johannes Openberring og det er ein bodskap til alle og ein kvar. 

Joh.Op.1,4 Johannes helsar dei sju kyrkjelydane i provinsen Asia: Nåde vere med dykk og fred frå han som er og som var og som kjem, og frå dei sju åndene som står framfor hans kongsstol,  5 og frå Jesus Kristus, det truverdige vitnet, den fyrstefødde av dei døde og herren over kongane på jorda. Han som elskar oss og har fria oss frå syndene våre med sitt blod,  6 og har gjort oss til eit kongerike, til prestar for Gud, sin Far, han skal ha æra og makta i all æve. Amen.

7 Sjå, han kjem med skyene! Kvart auga skal sjå han, også dei som har gjennomstunge han, og alle folk på jorda skal gråta sårt over han. Ja, sanneleg, amen!

8 Eg er Alfa og Omega, seier Gud Herren, han som er og som var og som kjem, Den Allmektige.

Himmelskyene tek eg som symbol på den Heilage Ande, den herleggjer og openberrar Kristus for oss, så vi alle skal kunne sjå han del, nesten halva er lovnadane til dei som sigra i dei sju kyrkjelydane i Johannes Openberring 3-4, det er mektig at alle dei lovnadane kjem på ein gong.

«Jeg har skapt deg for at du bare kan bli helt tilfredsstilt når du kommer til meg. Jeg er den eneste som kan tilfredsstille deg, mitt elskede barn. …. Bare hos meg vil du finne det fullkomne. Jeg er den som elsker deg fullkommet og jeg er den som aldri vil svikte deg og aldri forlate deg.»

Bodskapen 30.1.2025, sitat frå

https://blessings-from-heaven.com/2025/02/11/2025-1-302-6-sja-opp-til-herren-og-vent-pa-hjelp-ifra-han/ :

«Mitt barn jeg har sett hvordan du føler deg så tom og alene. Jeg har sett deg prøve å fylle dine beger med kjærlighet fra dine venner og din familie. Jeg har sett deg hvordan din frustrasjon har vokst da de svikter deg igjen og igjen, og dine kar var fortsatt tomme. Mitt barn, ingen mennesker kan fylle ditt indre med den kjærligheten du lengter etter. Ingen kan tilfredsstille ditt behov slik som du virkelig trenger. Jeg har skapt deg for at du bare kan bli helt tilfredsstilt når du kommer til meg. Jeg er den eneste som kan tilfredsstille deg, mitt elskede barn. Din frustrasjon og smerte vil bare vokse hvis du prøver å la mennesker fylle deg og dine behov. De kan aldri gi deg den ubetingede og fullkomne kjærligheten som du er skapt til å få. Bare hos meg vil du finne det fullkomne. Jeg er den som elsker deg fullkommet og jeg er den som aldri vil svikte deg og aldri forlate deg. Mennesker vil feile og svikte. Men hos meg kan du finne fred. Jeg har skapt deg først og fremst for meg selv. Jeg ønsker ditt felleskap. Jeg ønsker å være den største og første i ditt liv. Din største kjærlighet og beste venn. Jeg ønsker å fylle deg så det renner over av kjærlighet, nok til å elske en dødene verden. Kom til meg og la meg tilfredsstille deg.»

Kommentar.

Litt meir bøn for min familie.

I mitt vitnemål 28.1.2024. fortalde eg at frå eg var ein liten gutunge var eg opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse min næraste. Etter kvart skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han om å frelse oss frå det, som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kone som andre prioritet. Tanken var å be slik for brørne mine også og for søstera mi at ho fekk seg ein frelst ektemann. Ho er nest eldst, eg har tre brør, ein som er yngre.

Som sagt budde familien min i Chicago i 4-5 år før eg vart fødde. Når vi var små, var eg og Arvid like store, så der vart krangling og slosting, men så var vi også gode venner som skulle forsvare kvarandre. Vi har mykje amerikaslekt. Far min reiste som styrmann i utanriksfart. Alt dette gjorde at vi fekk vidsyn, vi kunne vere usamde og krangle og våre meiningar gjekk i ulike retningar om ymse. Men vi var opplærde til at vi skulle tilgi kvarandre, på grunnlag av evangeliet og det var ein viktig grunn til at vi heldt saman i ein hyggeleg heim. 

Eg har bevart denne barnetrua, så eg ber framleis på same måten. Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg gjennom tyding av tungetale. Det var ubegripeleg storarta for meg å få oppleve at han som eg vart kjend med som min beste venn når eg var 9 år, talte til meg frå si trone i himmelen. Og han har vore med meg og fortsett å svare på mi bøn, han har sagt at eg skal takke han for frelsa og at han er den som tek seg av mi sak. 

Kristus er Sanninga som set oss fri. Antikrist er Lygnaren.

Eg har nok fått merke at der er dei som meiner seg å vere så vise og lærde at dei foraktar meg for det, men Jesus har sagt vi må verte som born for å komme inn i Guds rike. Der er tydeleg vis mange som kallar seg kristne som hevdar og meiner at eg ikkje kan be slik og så meiner dei at dei skal be i staden for meg. Då blir det som om dei vil fortrenger meg og erstatte meg. Men eg forstår at det er nettopp med den strategien den Lovlause prøver å sette seg inn i Guds tempel.

Men Kristus brukar kristne som har teke tilflukt til han og talar til meg gjennom dei, både gjennom forkynninga og gjennom tyding av tungetale og profetisk tale, eg får svar ved at eg les Guds ord og ved at den Heilage Ande openberrar det for meg.

Der er mange som står imot, så dei svarar stikk i strid med dette, for Djevelen er denne verda sin gud, strategien hans er framleis å dåre og forføre kvinna, for så å bruke henne til å lokke mannen med. Slik prøver dei å få makt over menneska, så dei vert trælar under synda og avgudane. I det gamle testamentet er avgudane laga av stokk og stein kalla Lygna. Satan legg snarer for å fange menneske og med sitt klagemål mot dei prøver han å halde dei i trældom. Det er også strategien for Satans Synagoge. Til tross for at vi har ei Kristen Statskyrkje, synest denne strategien å verte sterkare og sterkare her i landet. Djevelen sitt klagemål mot menneska er så fundamentalt at det strir mot mannens interesse av å få seg kone og born og det stri mot samhaldet og omsorga vi har for kvarandre og som vi tek imot i familien. Slik får vi motstand frå Satans Synagoge.

Som motsetnad til den er Kristus sanninga som set menneska fri frå trældomen under synda og avgudane. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til Gud, så vi skal tilhøyre han.

Då er det også klart at Antikrist er Lygnaren.

1.Joh.2,20 Men de er salva av Den Heilage, og alle har de kunnskap.  21 Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga lygn kjem frå sanninga.  22 Og kven er lygnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen.  23 Den som fornektar Sonen, har heller ikkje samfunn med Faderen. Den som vedkjennest Sonen, har samfunn med Faderen òg.  24 Lat det då verta verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av. For dersom det vert verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av, vert de òg verande i Sonen og Faderen.  25 Og dette er det han har lova oss: det evige livet.

Mor mi, til samanlikning med enka med salvekrukka.

På Maranata sitt landsstevne 2023, kveldsmøtet laurdag 15.7, var der ei gammal kvinne innleia med å minna oss om enka med salvekrukka. 

Det var berre ei lita krus med olje, men i tru på profetens ord og dermed på Guds Ord, henta så mange tome kar i nabolaget som mogleg og byrja å helle oljen over i kara og det stoppa ikkje før alle kara var fulle. 

2.Kong.4,1 Ei kvinne som hadde vore gift med ein av profetsveinane, ropa ein gong til Elisja: «Mannen min, som var tenaren din, er død. Du veit at han var ein mann som hadde age for Herren. Men no kjem ein som han stod i skuld til, og vil ta begge sønene mine til trælar.»  2 Elisja sa til henne: «Kva kan eg gjera for deg? Sei meg kva du har i huset!» Ho svara: «Tenestkvinna di har ikkje anna i huset enn ei krus med olje.»  3 Då sa han: «Gå til alle grannane dine og lån deg kar, så mange tome kar som du kan få tak i.  4 Gå så inn og steng døra etter deg og sønene dine! Slå olje i alle desse kara, og set dei bort når dei er fulle!»
     5 Kvinna gjekk frå han, og ho stengde døra etter seg og sønene sine. Dei bar kara bort til henne, og ho slo olje i dei.  6 Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: «Lat meg få eit kar til!» Men han svara: «Her er ikkje fleire.» Då heldt oljen opp å renna.  7 Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: «Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som vert att.»

Oljen er symbol på den Heilage Ande. No er Maranata på internett, Facebook og samarbeider med Visjon Norge, slik får dei som denne enkja sette fram mange tome kar, ja, mange fleire enn henne. Gjennom Facebook når det meg også, det takkar eg Jesus for.

Mobbinga på «storeskulen» forklarar eg som eit krav om å gjere borna til trælar, til samanlikning med han som kom for å gjere dei to sønene til enkja til slavar. Det problemet vart eit bønnemne for mot mi til samanlikning med denne enkja, det var å be for oss, men også for bygdafolket. Ho hadde lært oss å be kveldsbøna og heldt fram med det, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be om frelse for mine næraste og for bygdafolket, be for folket og landet og så be Fadervår. Eg samanliknar det med enka som sette fram tome kar for å fylle dei med olje.

Min oppvekst.

Det er mange tilfelle der det er viktig for oss å få hjelp av andre og der er mange tilfelle det er viktig for andre å få hjelp av oss, det er eit vesentleg poeng med å vere sosial. Då er det viktig for oss å tenke slik også, tenke rett og relevant i den situasjonen vi er i. Her vil eg nemne nokre døme som har relevans til denne bodskapen.

Rett før denne bodskapen kom, tenkte eg litt på korleis det var når eg var gutunge. Bror min, Arvid, var eitt og eit halvt år eldre enn meg, men vi var omlag like store. Då låg det an til både leik og rivalisering, vi var gode vener som leika kjekt i lag og skulle vere på lag og verne kvarandre på skulen, men heime vart det også rivalisering og slosting, han var aggresiv og eg eg tok til tårene og måtte flykte. Vi vart opplærde i den kristne nestekjærleiken, så eg skulle vere vennleg mot han og venta meg at han skulle vere vennleg mot meg også, men då vart eg ofte skuffa, eg syntest dette fungerte ikkje. Eg forstod at det eg trengde, var å få hjelp i form av ei kone og allereie når eg var 9 år hadde eg då bedt Jesus om å gi meg ei frelst kvinne til kone. 

Når eg var 10-11 år, bygde vi hytte på fjellet i lag med ungdommane på ein nabogard, dei var to jenter og ein gut, han var yngst og like gammal som eldste bror min, Ove. Vi spadde torv og hadde til brensel. Når vi skulle på fjellet, var det alltid Ove som tok initiativet. Seinare, når eg vart eldre prøvde eg også å ta initiativet til å få andre med meg, men det var ikkje råd, det var liksom ikkje slik det skulle vere. Eg ville ta initiativet til å spade torv igjen, men fekk ingen respons, så eg gjorde det åleine, ta det utover torvholen til tørk. Då kunne eg vel vente meg at andre ville ta eit tak og snu torva og få den inn, når den var tørr. Men nei, berre mannen til søstra mi vart med meg og bar inn torva. Ove gifta seg med yngste dottera på denne nabogarden og det vart dei og borna deira som nytta hytta mest og som hadde mest nytte av denne torva, dei hadde den til brensel til oppvarming av hytta i mange år.

Få hjelp ved at nokon køyrer deg når du fer eller kjem heim att.

Her er lite kollektivtrafikk, så bilen vert dess viktigare. Unge gutar har gjerne mange kameratar og det er stas når dei får seg sertifikat og bil, dei fer på kamerat-turar, det er så populært at det utartar seg til noko som dei kallar «råning». Men dei har sjølvsagt nytte av det også, når ein av dei har vore bortreist og kjem attende, har han ein kamerat som kan hente han med bil. Det er svært så aktuelt her som det er så mange som reiser på sjøen når dei er unge, på fiske eller supply. Slik var det nok for dei aller fleste unge menn som eg reiste på sjøen ilag med eller så hadde dei funne seg ei kvinne, som kjæraste eller kone som kom og henta dei med bil. Igjen var det ikkje vanskeleg for meg å skjøne at eg trengde hjelp i form av ei kone. Men slik var det ikkje for meg, for eg har kristne vennar i staden og dei er ikkje vennar med meg på den måten. Dei er venner med meg i kyrkjelydssamlingane og i det korte sosiale samværet etter møtet og når eg får haike med dei til og frå møtet. 

Den første trålaren eg var på heitte «Granitt», det var ein saltfisktrålar. Ein gong serverte stuerten lettsalta makrell til pålegg, han hadde laga det til sjølv av vår eigen fangst. Eg syntest dette var smart, så eg skar filet og salta for å ta med meg heim att. Etter kvart vart det så mykje at dei andre byrja å spørje kva eg skulle med dette. Det kunne dei saktens spørje om og eg lurt på det sidan også, kvifor eg gjorde det, men det har noko med eit ynskje om å byrje for seg sjølv, med noko som gjer meg sjølv meining og verdi. Det vart så mykje at det vart tungt å få med seg heim att, eg steig på land frå hurtigbåten med ei tung kasse i kvar hand og det gjekk så seint at eg risikerte å verte for sein på bussen, men då kom sjåføren og hjelpte meg med eine kassa, han hadde knapt med tid. Eg tenkte meg at der var ei kvinne som hadde gjort han merksam på det, kanskje fordi ho gjekk på land samtidig som meg og såg det. Når eg kom heim att la eg makrellen i ein stamp ute i eit «krop» ved huset, med støypt tak over. Der vart den gløymd til den byrja å lukte, sidan eg for på sjøen igjen, så onkelen min tok og grov den ned. Den vart ikkje brukt til agn ein gong.

For nokre dagar sidan opplevde eg noko liknande, eg fekk problem med å nå bussen når eg gjekk av hurtigbåten på Hareid, men då gjekk det ikkje så bra, eg vart for sein på bussen. Eg hadde fire kolli, ein skulderbag og ein bag i kvar hand og så ei kasse, så eg bad matrosen sette den på land for meg. Dersom eg hadde gått heilt fram til bussen med dei tre bagane og sagt ifrå til sjåføren, så hadde det sikkert gått bra, men no stoppa eg og sette frå meg bagane på fortauet og gjekk tilbake for å hente kassa, for den var dyr. Då tok matrosen oppatt kassa og kom med den mot meg, no vert eg vel for seine sa eg og slik vart det. Eg hadde endåtil sett frå meg bagane ved sidan av eit taxi-skilt, så det såg ut som eg skulle ha taxi. Ja, det vart å ringe etter taxi og han køyrde meg til Larsnes ferjekai, det kosta meg over 1100 kr. Vi hadde passert bussen, så no var det berre å vente til den kom. Den skulle vere med ferja frå Årvik til Koparnes, den store fordelen med denne ruta var at når eg fyrst hadde fått bagasjen inn i bussen, slapp eg omlasting, til eg gjekk av på Fiskå. Der kom eldste bror min og henta meg med bil.

Eg tenkte tydeleg vis feil når eg gjekk på land på Hareid, eg tenkte vel at eg skulle få hjelp av vennlegsinna medmenneske, men då måtte eg ha gått heilt fram til bussen med det same og sagt ifrå til sjåføren. Elles vart mine førestillingar om å få hjelp malplassert i denne situasjonen. Tidlegare har eg haika med nevøen min, Njål, eldste son til Ove, til og frå Ulsteinvik eller Ålesund, sidan han jobbar som førsteamanuensis ved Høgskulen Ålesund og pendlar nokre dagar i veka, elles har han heimekontor. Det var på denne reisa eg hadde hatt best utbytte av det, men det var feil dag, for då hadde han visst om både meg og pakkane mine og fått det med seg i bilen. Ja, ein stor fordel med nære slektningar er at vi veit om kvarandre og hjelper kvarandre. 

2025.02.20&27. Profetisk bodskap ved ELT: Gud har skapt deg for å høyre hans stemme, du er ikkje eit unntak. No er tida inne for deg til å ta din rette plass i Guds rike. 

Profetisk bodskap, 20.2, ved Elin Therese Slotten (torsdag):

«Jeg har hørt deg si mitt barn at du ikke hører min stemme. Men jeg har aldri vært langt vekke fra deg. Jeg har aldri forlatt deg et eneste øyeblikk. Min ånd er med deg og jeg snakker til deg og leder deg mer enn du aner. Jeg er oppriktig interessert i deg og ditt liv. Mine tanker for deg er ufattelig mange og konkrete. Jeg dagdrømmer om deg og mine øyne er på deg alltid. Du er mitt elskede barn. Du har min fulle oppmerksomheten og jeg elsker deg inderlig . Verdens støy blir høyere og høyere. Og dine tanker er mange. Men jeg har skapt deg for å kunne høre min stemme. Dette gjelder deg også mitt barn. Du er ikke et unntak. Jeg ønsker at du skal lære deg å kunne høre min stemme. Jeg ønsker at du skal kunne skjelne på dine egne tanker og mine. Også avsløre når den onde taler til deg i dine tanker. Men mitt barn du har alt hørt fra meg igjen og igjen. Noen ganger merket du det, andre ganger trodde du det var dine tanker. Men jeg taler også til deg mitt barn, tro aldri noe annet. Kom til meg i stillhet. Lær deg å sitte i stillhet og bruk tid i mitt nærvær. Tilbe meg! Tilbedelse og takksigelse vil åpne opp for mitt nærvær, som vil igjen rydde atmosfæren inni deg og rundt deg, til å kunne høre meg lettere og også føle mitt nærvær. Depresjon og frykt vil hindre deg i å kunne høre min stemme klart, det blir som en tåke fra den onde som hindrer mitt nærvær og glede og kunne flyte i ditt liv. Frykt ikke mitt barn, bare tro. Kom til meg med dine bekymringer og la meg bære ditt åk. Stol på meg at jeg har omsorg for deg og avslår den ondes listige angrep. Jeg har overvunnet over alt av den ondes makt og gitt deg autoritet til å jage han på dør ved mitt navn.»

Hennar eigen opplesing med kommentar: https://www.youtube.com/watch?v=b6bQZIfYXAU&t=26s .

Ei helsing frå Gud 27.2: Kom høgare opp, mitt barn, no er tida inne for deg til å ta din rette plass i mitt rike.

Ho kom med ei helsing frå Gud torsdagen etterpå også, noko som Gud la på hennar hjerte, men ho sa det meir med sine eigne ord, ikkje som eit direkte sitat frå Herren altså, her er det rom for hennar eigne vurderingar utifrå hennar eige liv og erfaringar med Gud. Ja, slik er det rom for mine vurderingar også. Sjølv om far hennar bar henne som eit lite barn, noko som både ho og han likte, så måtte ho lære å gå sjølv. Dette brukar ho symbolsk om at kvar einskild må lære å lytte til Guds stemme og gå på det som hane eller ho sjølv høyrer han seier til dei, i eit personleg Gudsforhold, altså. 

Ho kjem med ein personleg bodskap, som eg godt kan forstå som om den er spesielt til meg. Eg har større autoritet i det åndelege til å be for min familie enn kva ho har, ja, som tidlegare sagt gir det Jesu rett til å gå etter dei. Og så seier ho at eg skal komme høgare opp, no er tida for meg til å ta min rette plass i Guds rike. Då synest eg ærleg tala det er på tide at eg finn den plassen og finn meg til rette i den. Ho seier eg må ta autoritet og stå på eigne føter.

Relevante bibelvers.

2.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg!  7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.  

1.Joh.4,17 Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken.  18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda.  19 Vi elskar av di han elska oss fyrst.  

2.Kor.6,1 Som hans medarbeidarar legg vi dykk på hjarta at de ikkje til unyttes må ta imot Guds nåde. 2 For han seier:

I rette tid bønhøyrde eg deg,

på frelsesdagen hjelpte eg deg.

Sjå, no er den rette tid, no er frelsesdagen!

Jes.49,8 Så seier Herren:

I nådens tid bønhøyrer eg deg,

på frelsesdagen hjelper eg deg.

Eg har skapt deg

og gjort deg til ei pakt for folket.

Du skal atterreisa landet

og skifta ut odelsgrunn

som ligg aud og snau, 

9 og seia til fangane: «Gå ut!»

til dei som er i mørkret: «Kom fram!»

Kommentar. 

Adam snakka med Gud og sa om Eva at ho skulle kallast kvinne, for ho var teken av ein kar. Seinare gjorde han den feilen at han høyrde på henne i staden for å halde seg til Guds Ord.

Den fyrste Adam var skapt av jorda og vart til ei levande sjel, han døde, mold var han og til molda skulle han attende. Den siste Adam er ifrå himmelen og har for oss vorte ei livgjevande ånd. Hans brud er hans kyrkje, dette er det nye som Gud gjer ved sitt Ord og sin Ande. Vi må vende om og verte som born, ja, fødast på nytt av livsens vatn og Guds Ande, for å sjå Guds rike og komme inni det. Dette er den fundamentale forklaringa på at der er noko som eg må legge bak, for å ta imot det nye og komme inni det, der er noko som eg må gi slepp på og noko som eg må halde fast på. Jesus held fast på meg og lærer meg å skilje mellom dette. 

Fyrste prioritet var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre og be han frelse menneske, eg skjøna at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han gi meg ei frelst kvinen til kone som andre prioritet. Som svar på den bøna openberra Gud si frelse for oss i Kristus, for meg og ei kvinne som eg var glad i; eg drøymde stort med han, om ei einsleg kvinne som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn, og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Fyrst henne Virtuella og sidan henne Reella. Ho Virtuella vart ikkje kona min, men det handla om noko meir enn det, det var fråfallet i kyrkja som var ei vidareføring av syndefallet eller syndefallet på nytt, stikk i strid med korleis eg bad frå eg var ein liten gutunge. Eg forstår det slik at Jesus talte til henne om det i bodskapen 17.11.2024:

«Ennå er det nådetid, ennå så er jeg å finne, sier Herren. Og det er viktig at du benytter den tiden du har fått. Nå er frelsens dag, i dag så kan du få et nytt møte med meg, sier Herren. Og jeg vil gjenopprette det som ble ødelagt en gang for lenge siden. Jeg kjenner ditt fall og nederlag, men du kan få lov til å legge det gamle fullt og helt bak og så kan du få lov til å se framover. Det gamle, det er blitt borte og det nye kommer til i ditt liv. Om du opner opp for meg og min nåde og la mitt blod få virke på både tankeliv og følelsesliv og ord og handlinger, hele deg, så skal du få lov til å bli en brudesjel, kledd i rene hvite klær, som skal være med den dagen jeg komme igjen, sier Herren.»

Og eg kan då ikkje gjere forandring på det som har skjett, sitat frå bodskapen 1.1.2025: «Rett dine øyne fremover. Se deg ikke tilbake, men strekk deg etter det som er der fremme. Jeg har vært med deg hver dag, og jeg holdt deg tett inntil meg. Jeg har aldri sluppet taket på ditt liv mitt barn. Jeg vil du skal rette ditt fokus på meg og hva jeg kommer til å gjøre og ikke på det som har vært og det du skulle ønske å forandre på. Jeg har planer for ditt liv dette kommende året, og jeg vil ikke svikte deg. Du ser ikke det jeg ser. Heller ser du ikke mitt oversiktsbilde av hva jeg gjør i ditt liv. Jeg vil du skal stole på meg.»

Det er noko som eg må legge bak og gi slepp på. Kva så med det som var av andre prioritet, at eg bad Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone? Kva med henne Reella? Når eg bad for henne, sa Jesus at slik han hadde vore mot meg, ville han også vere mot den som eg bad for. Eg skulle sjå på han og snakke med han, så då reknar eg med at han ville snakke med henne også. Når Gud hadde titt meg visjonar og kalla meg til å gå på dei, så måtte eg aldri stille spørsmål. Eg samanliknar det med at Adam gjekk i Guds hage og snakka med han, han skulle dyrke og verne hagen og så ville Gud gi han ei hjelp som høvde for han, så han skapte kvinna av mannens sidebein og førde henne til han. Han fortsette med å snakke med Gud.

1.Mos.2,18 Då sa Herren Gud: «Det er ikkje godt for mannen å vera åleine. Eg vil gje han ei hjelp som svarar til han.»  19 Og Herren Gud tok jord og skapte alle dyra på marka og alle fuglane under himmelen, og han leidde dei fram til mannen og ville sjå kva han kalla dei. Det mannen kalla kvar levande skapning, det skulle han heita. 20 Så sette mannen namn på alt feet, alle fuglane under himmelen og alle villdyra på marka. Men for seg sjølv fann han inga hjelp som svara til han.

21 Så lét Herren Gud ein tung svevn koma over mannen. Og medan han sov, tok han eit av sidebeina hans og fylte att med kjøt. 22 Av det sidebeinet Herren Gud hadde teke frå mannen, bygde han ei kvinne, og han leidde henne bort til han. 

23 Då sa mannen: 

«Dette er då bein av mine bein

og kjøt av mitt kjøt.

Ho skal kallast kvinne,

for ho er teken av ein mann.»

24 Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt.

Legg merke til at Gud tok sidebeinet og fylte att med kjøt og så sa mannen om henne at ho var bein og kjøt av hans eige bein og kjøt. Ein predikant sa ein gong at han tok det som låg nærast mannens hjerte.

Sidan Gud gjorde dette, trengde ikkje mannen spørje henne, han trengde ikkje fri til henne, ha sa berre til Gud at slik er det, fordi Gud hadde gjort det. Og slik kan vi og skal vi takke Gud for det han har gjort, kvile i det han har gjort, for Gud kvilte den sjuande dagen etter alt sitt verk. Det er heilt vanleg at ein mann frir til ei kvinne og då spør han henne om noko. Men då vil han vel først og fremst fortelje henne noko, at han her glade i henne og så spør han om ho vil svare på hans kjærleik med kjærleik. Og vi veit då ikkje alt som vart sagt mellom Adam og Eva, men det som dei snakka med Gud om, var fundamentalt viktig og særleg det som er skrive i Bibelen.

Men så kjem ormen og snakkar med kvinna og lokka henne til å ete av frukta på kunnskapstreet, stikk i strid med Guds Ord, ho gav mannen sin med seg og han åt. Då refsa Gud mannen fordi han høyrde på kona si, i staden for å berre høyre på Guds Ord og seie det altså.

1.Mos.3,17 Og til Adam sa han:

«Fordi du høyrde på kona di

og åt av treet

som eg forbaud deg å eta av,

skal jorda vera forbanna for di skuld.

Med møde skal du næra deg av henne

alle dine levedagar.

18 Torn og tistel skal ho bera,

og du skal eta av vokstrane på marka.

19 Med sveitte i andletet

skal du eta ditt brød,

til dess du fer i jorda att;

for av henne er du teken.

Jord er du,

og til jord skal du atter verta.»

Kom ut mi fagre møy, lat meg få sjå din fagre skapnad og høyre di mjuke stemme. 

Nei vel, så treng ikkje eg spørje ei kvinne eller høyre på kva ho seier, eg seier berre at Gud er den same og skaper oss framleis slik som det er sagt i skapingssoga (1.Mos.1-2), men no skaper Gud oss i Kristus, slik skaper han oss i si likning. Han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone, så eg snakkar med han om det og så seier eg at eg trur han heilt konkret gir meg henne Reella til kjæraste og kone, Gud overtyder meg om det ved sitt Ord og sin Ande. Eg må vel trygt kunne seie det til han sjølv, for han kan då trygt dobbeltsjekke det med seg sjølv om det verkeleg er slik. Anden ransakar alle ting, jamvel djupnene i Gud.

1.Kor.2,9 Men det står skrive:

Det auga ikkje såg,

det øyra ikkje høyrde,

det som ikkje kom opp

i nokon mennesketanke,

alt det Gud har gjort ferdig

for dei som elskar han,

10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud.  11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud.

Men dersom Jesus vil snakke med henne, så vil han vel høyre hennar stemme også og det vil eg også. Då er det og blir det på den måten at Jesus er vår øvsteprest og talsmann hos Faderen og han sende oss talsmannen, den Heilage Ande. Den talar til oss og talar for oss, ved å hjelpe oss i vårt bønneliv, så det er viktig for oss å høyre kva Anden talar til kyrkjelydane.

Høgs.2,8 Høyr, det er min ven.

Sjå der, han kjem

springande over heiane,

hoppande over haugane.

9 Min ven er som gasellen,

han liknar den unge hjort.

Sjå, der står han bortmed husveggen;

han glytter inn gjennom gluggen

og ser inn mellom sprinklane.

10 Min ven tek til ords og seier:

Stå opp, min hugnad!

Kom ut, mi fagre møy!

11 For sjå, vinteren er til endes,

regnet har kvorve.

12 Blomane sprett på vollane;

songtida er komen,

og turteldua kurrar i landet.

13 Frukta på vintreet raudnar,

og det angar av vintre i blom.

Stå opp, min hugnad!

Kom ut, mi fagre møy!

14 Du mi due på berghylla,

i livd under flogbratte fjell,

lat meg få sjå din skapnad,

lat meg få høyra ditt mæle!

For di røyst er så mjuk

og din skapnad så fager.

 

No er frelsedagen, ein tidsaktuell bodskap. 

I bodskapen 17.11.2024 minna Jesus dei om at det enno er nådetid, i dag er frelsedagen, i dag er han å finne, så nokon kunne få eit nytt møte med han. Slik er evangeliet ein dagsaktuell bodskap, så lenge det er nådetid og kor lenge er det? Han vil frelse menneske for æva og gi dei evig liv og så vil han frelse dei frå dommedag. Hugs at når Israel fall i får Herren, ropa han på dei gjennom profetane, for å få dei til å vende om, men dei høyrde ikkje på han. Når fienden då kom og angreip dei, var det for seint, han ville ikkje høyre på dei og ville ikkje forsvare dei, i staden skulle dei gi opp og overgi seg. 

Han har gitt oss og spesielt meg ein bodskap å bringe, som soleis er svært så dags-aktuell, så eg må vere vaken for hans leiing og ha sans for hans «timing». Sitat frå bodskapen 1.1.2025:

«Noen ganger kan det føles ut som at jeg sover i stormen. Som at jeg ikke bryr meg. Som disiplene sa til meg bryr du deg ikke at vi går under. Men jeg er der med deg og jeg bryr meg, og jeg vil ikke la deg drukne. Jeg vil stille din storm, bare stol på meg! stol på min timing og på at jeg har omsorg for ditt liv. Det du ser med dine øyne er ikke det samme som jeg ser. Det du tenker er viktig, er ikke nødvendigvis det samme som det jeg tenker er viktig. Det du ønsker å produsere med ditt liv er ikke nødvendigvis det samme som jeg ønsker å gjøre med ditt liv. Men følger du min ledelse og vei, vil du aldri angre. Du kan stole på min godhet for deg og ditt liv. Jeg kan ikke lyve og jeg kan ikke svikte deg. Uten meg kan du ikke gjøre noe. Hold deg nær til meg mitt barn og jeg skal holde meg nær til deg. Søk meg og lær av meg. Jeg er trofast og ingen som setter sin lit til meg vil bli gjort til skamme.»

Dags-aktuell bodskap; tørsten etter det levande vatnet. Naturleg arv, genetikk.

Når det er tale om den gamle Adam, som var laga av jord, gjeld ikkje det alt som er naturleg arv og dermed all genetikk også? Betyr det at alt som vert kalla genetikk er feil og ikkje noko å bry seg om? Nei. Paulus tal om det naturlege på to måtar, både som det som var vondt og feil og som det som var rett. Genetikken er grunnleggande biologi og naturvitskap, så det kan alltids verte aktuelt å vise til det. Problemet med den gamle vonde naturen vart at synda skilde menneska frå Gud, dermed miste dei den åndelege og forstandige innsikta, så det gjekk fatalt ut over sjølvforståinga. Så kan vi spørje kva som kom først, «høna eller egget», den vonde naturen eller synda. 

Men når vi let oss forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, gjenvinn vi den åndelege og forstandige innsikta og den rette sjølvforståinga, vi innser at vårt mest fundamentale behov er lengselen etter Gud, tørsten etter det levande vatnet, det er så fundamentalt at det ligg i genane, det ligg i ditt DNA, dette ordet vart brukt i ein av bodskapane hennar Elin og det var ein sensasjon. Då skulle det vel ikkje vere så heilt ute av vegen å skrive om genetikk og det har eg gjort i det siste og samanlikna med det som står skrive i Bibelen. Bodskapen 3.2.2024:

«Lenge nok har de brukt menneskeleg styrke og kraft, men eg er ein nidkjær Gud. Eg ser ikkje etter menneska sine raske føter og styrke. Men etter dei som fryktar meg. Eg ser ikkje etter dei som vil få seg eit namn, men etter dei som lengtar etter å vere i mine føregardar. Dei som elskar meg framfor alt. Dei som søker mitt rike og ikkje sitt eige rike. Dei som vil sjå min herlegdom og ære, men ikkje sin eigen. Eg kan gjere kva som helst gjennom kven som helst og eg kan ikkje avgrensast. Eg brukar det som ingen ting er, for å gjere de vise til skamme. Lenge nok har du trutt eg ikkje kan bruke deg, lenge nok har du peika på det eine problemet etter det andre. Eg vel ikkje dei kvalifiserte, men eg kvalifiserer dei utvalde. Eg ynskjer å bruke deg, mitt barn. Eg ynskjer fellesskap med deg. Eg lengtar etter tid med deg. Eg ynskjer å openberre kva eg har for deg og kvifor eg skapte deg. Eg ynskjer å forme deg lik meg. Eg ynskjer å leve nær til deg. Du kan få så mykje av meg, som du sjølv ynskjer. Du kan vere så nær meg, som du sjølv ynskjer. Det er ikkje noko hinder. Du er god nok for meg, akkurat sånn som du er. Du er elska og akseptert av meg. Eg ynskjer å bruke deg til ting du aldrig hadde trutt var mogleg. Ditt kall er så stort at du vil aldri klare å gjere det med menneskeleg styrke, intelligens eller kraft. Berre med min Ande, seier Herren, i fellesskap med meg. Du er skapt for ein større hensikt. Det eg har for deg er det du lengtar etter i djupet av ditt hjarte. Det er skrive i ditt DNA. Det eg har for deg er heilt unikt og ingen kan erstatte deg. Det eg har for deg er viktig. Det eg har for ditt liv er det du vil elske. Ikkje alle har eit kall som Reinert Bonke. Men alle har ei viktig rolle på min kropp. Dersom du berre visste kva eg har for deg, mitt barn, ville du aldrig ønskt å blir nokon andre igjen. Då ville du aldri vorte sjalu på andre sitt kall, gave eller velsigningar og gode andre har. Dersom du berre ville søke meg og sjå til meg for ditt liv og ikkje det jordiske. Du er dyrebar, viktig og spesiell for meg. Og ingen kan erstatte deg i mitt hjerte. Du har mi fulle merksemd og eg høyrer deg, mitt barn. 

Mitt kall er så stort at eg aldri vil klare å gjere det med menneskeleg styrke, intelligens eller kraft, men berre med Guds Ande, i fellesskap med han. Dette må då vere å møte han på Sion-fjellet (Heb.12). Ja vel, så då må eg feste blikket på Jesus og snakke med han. Og seie det om att og om att at han gir meg henne Reella til kone, takke han for at han frelser henne og gir meg henne til kone. Då blir det vel heilt klart at trua mi består prøva. Så kan han prøve det på seg sjølv om han er samd med seg sjølv i at slik er det og slik blir det.

Site på Faderens fang og kvile og så lære å gå sjølv.

Elin kom med ei profetisk helsing igjen, ja, det var viktig å få oppleve at han bar meg, at han sett meg på fange og let meg få lene hovudet inn til han, så eg fekk høyre og kjenne hans hjerteslag for meg. Denne kvileplassen er utgangpunkt for all teneste (bodskapen 21.8.1996), slik fekk eg høyre den bodskapen eg skulle gå med, når han sette meg ned på golvet og let meg få gå sjølv. Når eg sit på fanget hans førebur han meg også på det han let meg gå inni, ja, som han sender meg inni og der litt fornying i det, han let meg gå inni noko nytt, ja han hjelper meg inni det, mitt kall er så stort at eg er heilt avhengig av at han gir meg hjelp ved sin Ande, som han også sa gjennom henne, men eg skal eg ikkje sette meg på fanget i staden for å gå sjølv. Eg fekk sitje på fanget hans og kjenne hans hjerteslag for meg og høyre hans stemme, men eg får også høyre hans stemme medan eg går. 

Vekse opp til han som er hovudet for lekamen.

Kristus er det nye livet som skal vekse i oss, så vi veks opp til han som er hovudet for si kyrkje.

DFEF M40 Oslo, onsdag 19. februar 1997

Tyding av tungetale, ved Finn Arne Lauvås:

«Ja, sier Herren, den ånd og den natur som jeg har plantet i ditt indre, den rommer alle mine rikdommer og mine dyder. Derfor når du lener deg og støtter deg til meg, skal min duft komme over ditt liv. Når du vender deg om fra meg og kjemper i din egen kraft og du er krampaktig, så skal du hamne i tørrt land. Men når du da kommer til endes på deg selv og du igjen roper til meg, så skal du erfare at jeg alltid har vært der. Men jeg var der ikke som en hjelp av deg, men jeg kommer til deg for å være ditt alt. Ja, ofte så har du søkt meg når det har vært vanskelig, og når du har opplevd hjelpen fra meg og du har kommet deg opp igjen, så har du glemt meg. Men se, sier Herren, jeg er ikke bare nær når du har dine problemer. Men jeg er der for å være ditt alt. For å være din kraft, din fred, din kjærlighet, din glede. Ja, sier Herren, jeg gir ikke meg selv pluss noe som kalles fred og glede. Det er jeg som er din glede, det er jeg som er din fred. Jeg er alt for deg, sier Herren. Du har sett på meg som en som gir deg ting, men jeg gir deg ikke ting, sier Herren. Jeg gir deg meg selv, og mitt eget liv skal blomstre fra ditt indre.

Ja, da jeg fødte min natur i deg, ved den nye fødsel, så er det mitt prosjekt i ditt liv, å føre deg fram til tronen, til aldersmålet for min fylde. At du i alle måter må vokse opp til meg som er hodet. Se, min Ånd er ikke kommet til deg bare for å gi deg noen gode følelser, i møtene. Men det som egentlig ligger på mitt hjerte, sier Herren, det er å se min Sønn vokse fram fra ditt liv. Det er å se mitt eget vesen i din personlighet. Det er å se hvordan min Sønn vinner skikkelse i deg, slik at jeg kommer til syne i ditt liv. Du har ofte tenkt på meg som en som velsigner deg og gir deg gode gaver. Og det gjør jeg, sier Herren, men det er noe som er større enn dette. Det er å se at du blir forvandlet, at du går fra herlighet og til herlighet. Og min tanke i endetiden, sier Herren, det er et folk som forlater de første ting, ikke i den forstand at de glemmer det, men at de skrider fram mot det fullkomne. Det er å se en kristenhet som er som en moden brud, som ikke er opprevet og stykkevis, som enno ikke er på et stadium hvor man oppfører seg som barn, sier Herren. Men det er et folk som virkelig kjenner meg. Dette er mine signaler for endetidsfolket. Det er at mitt folk er et folk som ligner meg. Og det er dette verden trenger å se, dersom de skal tro på dere, sier Herren. Det er at dere blir forvandlet og lik meg i denne tid. Derfor ønsker jeg å føre dere fram til den fulle innsikt. Se, sier Herren, mitt ord er for denne tid. Den hele skrift er innblest av meg. Mitt ord er ikke når du er kommet hjem. Da skal du se meg som jeg er, du skal bli meg lik. Det er nå du trenger den hele skrift og det hele budskapet. Bringe helheten inn i ditt indre. Slik at du får vyer og drømmer og visjoner. At du begynner å tenke utfra en himmelsk vinkel, sier Herren. Derfor la dette møtet være et skritt videre, i riktig retning. Ikke tilbake, men mot tronen, mot målet.» 

Diskusjonen om profetiane.

Hausten 2023 byrja eg å skrive om profetiane på mi heimeside og la dei ut på FB og på nyåret 2024 vart det ein debatt i «Dagen», der dei som heldt seg til det tradisjonelle synet på endetida hos pinsevennane, dispensjonalismen, gjekk til angrep på preterismen, representert med Finn Arne Lauvås. Eg hadde nyst abonnert på avisa og kommenterte innlegga i nett-utgava, men fann ut at dette var lite meining i, så eg sa opp abonnementet. Artiklane i avisa bar preg av at dei kristne bar seg åt som barn, som motsetnad til det som var sagt i denne profetien til Finn Arne, så dei dreiv med ei barnsleg krangling, dess artiklane om profetiane  var like vel av det betre slaget, men det var så fastlåst at dei stod i stampe og kom seg ikkje vidare. Eg sende dei ein artikkel, i von om å få debatten inn i eit betre spor, men den vart berre ignorert. Så eg berre sa opp abonnementet. Eg ventar meg ikkje at det er noko betre i «Vårt Land» eller andre kristne avviser. Eg brukar heller verdslege massemedia, så eg får sagt det eg vil, til tross for at der også er sensur. Dersom eg refererer til heimesida mi på FB, vert linken no berre fjerna, sensuren har vorte verre altså. 

Men møtereferata finn de framleis på heimesida mi «Blessings from Heaven», de kan enkelt søke på tsivert og så addere punktum og com. Eg har ei anna side der eg i lang tid har skrive meir sjølvstendige artikklar, den har eg kalla «trua og entropien», de kan enklet søke på «faith-and-entropy» og så addere punktum og com. Mykje av det eg har skrive på FB har eg brukt til å lage artiklar der, i det siste har eg ikkje gjort det, men med tida blir det vel, det primære no er og blir å ta del i den aktuelle debatten.

Billy Graham og presidenten og dei to tempelvitna.

I det siste har eg kommentert Trumps politikk på FB og eg skjønar at denne bodskapen kjem som stadfesting på dette, eg skal stige høgare opp, no er tida inne for meg å finne min rette plass i Guds rike. Det minner meg om at når Billy Graham vart spurt om han ville verte president i USA, så svarde han med å spørje om kvifor han skulle stige ned. For han ville det bety ei degradering, som om han fekk mindre makt altså. På sett og vis var det heilt rett, men det er då heilt klart at presidenten hadde ei verdsleg makt som Graham ikkje hadde, kvar si oppgåve. Vidare ser eg dette på bakgrunn av Joh.Op.11, dei to tempelvitna skulle stige opp i himmelen.

Joh.Op.11,7 Men når dei har fullført vitnemålet sitt, skal dyret som stig opp or avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei.  8 Lika deira skal liggja på gata i den store byen som åndeleg tala vert kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest. 9 Menneske av mange folk og ætter og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei. 10 Og dei som bur på jorda, skal gleda og fagna seg over lagnaden deira og senda kvarandre gåver. For desse to profetane hadde vore ei stor plage for dei som bur på jorda.

11 Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei; dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart skjelvande redde.  12 Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for augo på fiendane sine.  13 I same stunda kom det eit stort jordskjelv. Tiandeparten av byen rasa saman, sju tusen menneske vart drepne, og dei som var att, vart forfærde og gav Gud i himmelen ære.

14 Det andre ve er over. Men det tredje ve kjem snart.

 5:10 minutt ut i denne videoen seier ho at du har meir autoritet i det åndelege til å be for din familie, enn kva ho har, på grunn av lovnadar i Guds Ord. Det minner meg om bodskapen 10.2.2024: «…….Eg har høyrt di bøn for din familie. Eg er tru til mitt ord. Eg vil ikkje la dine ord fall i bakken. Eg etterjagar dine familiemedlemmer, når du ber. Eg skal frelse dei. Fortsett å be, for det gir meg retten til å gå etter dei med min Ande. ……» 

Dei to tempelvitna var to personar og sidan er det to åndelege tenester som skal gjerast i tempelet og i kyrkja, men her vart det ein sterk motsetnad mellom det verdslege og det åndelege som var frå himmelen, då skulle dei stige opp i himmelen og halde fram med si åndelege gudsteneste der. Med evangelisk kristendom vert vi opplærde til at vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam, så vi får oppleve at det himmelske råder over det jordiske. Republikanarane innstiller seg på at slik skal politikken deira også vere, den skal ikkje vere slik som dette Dyret som streid mot dei to tempelvitna.

Virtuella.

Når eg gjekk på gymnaset, vart eg litt kjend med ei kristen jente som eg kallar Virtuella, ho var aktiv i det Kristne Skulelaget og i NKUF og eg vart med og hjelpte henne med å leie ei ungdomsgruppe i NKUF. Ho spelte gitar og lovprisa Kristus som sin frelsar og Herre. Ho elska Kristus, som bruda som elska sin brudgom. Det likte eg og eg merka at eg byrja å verte glad i henne, men var redd for å verte skuffa, så eg knelte ved senga på hybelen og bad over det og vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for denne kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det som ei åndeleg openberring, ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd, ho var i Guds hand og han la henne i mitt hjerte. Det gjorde meg så godt og eg vart så glad i henne. Eg fekk sjå henne meir frå Guds perspektiv, som det vidunderlege barnet som han elska og hadde omsorg for og eg vart så glad i henne.  

Det hende eg besøkte henne på hybelen og vi hadde ei lita bønne stund. Eg opplevde at Jesus var midt i mellom oss. Eg yngste å fortelje henne det og fri til henne, men korleis skulle eg få sagt det på ein fin måte? Eg opplevde det som at han inviterte meg til det, det var berre å bruke denne moglegheita som han gav meg. Men kvar vart det av frimodet mitt, det var som eg fann ikkje ord. Men han er då Guds Ord og det var berre å seie det, tale det, eg kjende han og det var berre å kjennast ved han for henne. Ja, det er då han som er døra inn til sauene, det var berre å bruke den og gå inn. 

Tråling og studier.

 

Når eg gjekk på gymnaset byrja eldste bror min, Ove, å studere realfag i Bergen og så reiste han som fiskar på ein trålar om sommaren. Når eg var i eksamenstida siste året på gymnaset, tipsa han meg om at der var leig jobb på trålaren, eg søkte og fekk jobben. Eg kom opp til eksamen i valfaget differensiallikningar og same dagen reiste eg med fly til Tromsø og gjekk ombord i trålaren dagen etter. Når båten kom til lands igjen for å bunkre, kom han også ombord. Det vart ein lang tur, til ut på seinsommaren. 

Eg visste ikkje kva eg skulle ta meg til med, men Ove tipsa meg om å byrje å studere realfag i Bergen. Eg bad til Gud over det og bad om å få komme inn i eit slikt kristent fellesskap som eg var i når eg gjekk på gymnaset og så bad eg spesielt om å få møte igjen henne. Igjen opplevde eg det som at han stilte den moglegheita open for meg, det var berre å komme. Eg oppfatta det som ei moglegheit som stod open for meg, så eg kunne velje det av min eigen frie vilje, av berre nåde, like vel var det noko han kalla og leia meg til, så eg kunne forstå det som eit godt råd. Så eg kan seie at han leia meg til Universitetet i Bergen og der møtte eg henne igjen ein av dei første dagane. Gud openberra si frelse for oss i Kristus og slik openberra han henne for meg som sitt barn, fødd av vatne og Ande. Og det var no det fullkomne som eg altså skulle ha som siktemål. Fordi Kristus er fullkommen og hans frelseverk er fullført og fullkome. 

Eg lovpriste Gud for at han hadde frelst henne og det høver med Descartes rasjonalitet og slik høver det med mitt talent for matematikk. Eg hadde ikkje planar om noko slikt når eg gjekk på gymnaset, så eg hadde ikkje gjort særleg god innsats heller, eg hadde underprestert. Eg visste eg hadde talent for det og det visste han også, så no var det berre å legge seg i selen og gjere ein innsats, men det vart etter ein god del «om og men».

Seinare var Ove på ein mindre trålar i lag med den andre bror min, Arvid og så kom eg ombord ein tur også. Sommaren 1979 kom eg ombord i ein stor fabrikk-trålar som heitte «Ottar Birting». Arvid hadde vore eit år på reisande folkehøgskule i Afrika og han skulle vere med i eit fjernsynsprogram om det. Det fortalde eg til dei andre, eg fekk ikkje sjå deg, eg synest hugse det var fordi eg hadde frivakt og måtte sove, eller kanskje det var fordi eg var på vakt og måtte jobbe?? Dei som såg det sa at det var no han som sa noko, som førde ordet altså.

Seinare kom han ombord som fiskar, så eg var på tråling i lag med han på den båten også. Eg tenkte eg skulle byrje å studere igjen, men så vart det til at eg for på tråling igjen, vart på tre båtar, ein tur på kvar båt, før eg var ein tur i lag med Ove på ein liten trålar igjen. I mellomtid hadde han vore på ein stor fabrikk-trålar som heitte «Tenor» i Sætremyr-reiarlaget i Måløy. Der fekk han jobb til Arvid også.

Min bror Arvid stod meg spesielt nær, sidan han er vel eit år eldre enn meg.

Når eg og Arvid gjekk på gymnaset, valde vi begge reallinje og kom i same klasse, sidan han hadde gått realskule og eg hadde gått ungdomsskule. Vi leige kvar vår hybel i øvste etasje, han hadde størst hybel og der hadde vi middags-stellet i lag, men brødmaten min hadde eg på min eigen hybel. Der var ein elev i ei anna klasse som syntest vi var svært ulike, spesielt sidan eg var kristeleg, men han banna.  Og eg kan godt nemne litt av kva som vart skrive i russeavisa om han, han var topp-politikaren som ingen kunne målbinde, grøne argument grodde som ugras. Han var ei hissigpropp og det fekk dei merke når det var lagspel i gymnastikk-timane.

Sidan vi var så ulike, tenkte eg på å få meg ein hybel ein annan plass, det hadde også å gjere med å verte meir sjølvstendige som vaksne menneske. Men eg gjekk på møte på Betel (dFEF) og då var der ein predikant som talet over Salme 133.

Salme.133, 1 Ein song til festferdene. Av David.

Sjå, kor godt og fagert det er

når brør bur fredeleg saman!

2 Det er som når dyr olje på hovudet

renn ned i skjegget,

renn ned i Arons skjegg

og over saumen på hans kjortel.

3 Det er som når dogg frå Hermon

fell på Sion-fjellet.

For der gjev Herren velsigning

og liv til alle tider.

Denne dyre oljen er symbol på den Heilage Ande og dermed talar det også om visdomen som Gud gir oss ved sitt Ord og sin Ande. Eg forstod at Jesus svara meg slik og det var svar godt nok.

Etter gymnaset var han eit år på ein reisande folkehøgskule i Afrika, det var svært så sosialistisk skulering, det fekk vi høyre når han kom tilbake. Så tok han grunnfag i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Vi leigde eit lite hus, han budde i første etasje, der var eit skikkeleg kjøken og der hadde vi matstellet. Eg budde i andre etasje og hadde litt brød mat der. Eg dreiv litt tråling og tenke på å studere, men var usikker på kva. 

Han fortalde meg at dette var eit forholdsvis vanskeleg samfunnsfag, så det var vanlege å ta andre samfunnsfag først. Overfor dei andre studentane gav han tydeleg uttrykk for respekt for faget som eit vanskeleg fag. Men når der kom sensur på oppgåvene, viste det seg at han fekk beste karakter i lag med ein eller to andre. Så skulle dei inn til munnleg eksamen og då forbetra han karakteren og vart den beste på faget. Så byrja han på Handelshøgskulen i Bergen. 

Eg var på kibbutz i Israel i eitt år, 1983/84 og så byrja eg å studere realfag i Oslo.

Arvid var fødd i USA og har både norsk og amerikansk statsborgarskap. Når han var ferdig med Handelshøgskulen, jobba han først i den Norske Bank, så i oppdretts-selskapet Moovi. Men så fekk han jobb på kontoret til Ærvik og Sætremyr i Seattle, det hadde rekneskapet for tre store trålarar som fiska pollock ved Alaska. Så han flytte til Seattle for over 30 år sidan.  No driv sitt eige rekneskapsfirma, som einaste tilsette, han tek rekneskapet for 2-3 mindre krabbe/fiske-båtar, slike som vi har fått sjå i TV-programmet «dangerous catch». 

Og han er republikanar, så kvifor ikkje engasjere han meir i republikansk politikk, som jobb altså? Gjennom han hadde eg sikkert fått betre kontakt med dei. Det er eit forslag som eg sikkert får komme til Jesus med, som ei bøn for han og så veit han best. Dei siste to månadane har eg snakka med han på video-telefon nesten kvar helg og det hender vi pratar litt om politikk også. 


2 responses to “Ny tid 18. Jesus har planar for meg, min familie, kyrkjelyden og min omgangskrets og han vil gjennomføre det. Han vil frelse min familie og gjere noko nytt med oss. 2.”

  1. 2025.05.08. Profetisk bodskap: Jeg ønsker å gjenopprette din familie. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. Avatar

    […] og han vil gjennomføre det. Han vil frelse min familie og gjere noko nytt med oss. 1. Ny tid 18. Jesus har planar for meg, min familie, kyrkjelyden og min omgangskrets og han vil gjennom… Ny tid 19. Jesus har planar for meg, min familie, kyrkjelyden og min omgangskrets og han vil […]

    Like

  2. Ny Tid 27. Djevelen er komen berre for å stele, slakte og øydelegge. Men Jesus er den Gode Hyrdingen, som sette livet til for sauene, han er komen for at vi skal ha liv og overflod. Så kva er det rette endetidssynet? 2. – Faith and Entropy Avatar

    […] og han vil gjennomføre det. Han vil frelse min familie og gjere noko nytt med oss. 1. Ny tid 18. Jesus har planar for meg, min familie, kyrkjelyden og min omgangskrets og han vil gjennom… Ny tid 19. Jesus har planar for meg, min familie, kyrkjelyden og min omgangskrets og han vil […]

    Like

Leave a comment