ENTROPILOVA KOLLAPSAR BYLGJEFUNKSJONEN. LIKEVEL TENKER VI KONSTRUKTIVT FOR Å FÅ ORDEN I TANKELIVET, ER DET VED SUPERPONERING AV BYLGJEFUNKSJONAR? ER DET BEVISSTHEITA SOM KOLLAPSAR BYLGJEFUNKSJONEN VED Å SENDE SIGNAL GJENNOM EFFERENT NERVESYSTEM?

ENTROPIEN, GRAVITASJONEN OG BYLGJEFUNKSJONEN, KVA BETYDNING HAR DET FOR ATOM- OG MOLEKYL-STRUKTUREN OG LIVET PÅ JORDA?

BYLGJEFUNKSJONEN OG ORBITALANE.

Atomorbitalane vart utrekna ved å løyse Schrødingers bylgjelikning, så dei er bylgjefunksjonen og vi talar om orbitalane same enten der er elektron i dei eller ikkje. Vi seier då ikkje at orbitalen kollapsar fordi den mista sine elektron. Eit atom kan verte eksitert ved at eit elektron får energi til å verte løfta opp i ein høgare orbital, så verte det de-eksitert igjen ved å sende ut eit foton. Hovudkvantetalet n fortel noko om energinivået i eit elektronskal, der kan vere 2*n*n elektron i eit elektronskal, https://snl.no/elektronskall .  Kvantetalet for rotasjonsmoment kan då ha verdiane  l = 0, 1, ….(n-1), det magnetiske kvantetale kan då ha verdiane ml = 0, +/- 1. …. +/- l. I tillegg kjem kvantetalet for elektronets eigenspinn s = +/- ½. Er l = 0, har vi ein s-orbital, er l = 1, har vi ein p-orbital, er l = 2, har vi ein d-orbital, er l = 3, har vi ein f-orbital. Orbitalen og «elektronkonfigurasjonen» kan då verte gitt ved å setje hovudkvantetalet n framfor ein av desse bokstavane. Vi kan til dømes ha ein 2p-orbital. Dette vert brukt til å sette opp periodesystemet, slik som vi ser her:

https://no.wikipedia.org/wiki/Blokkene_i_periodesystemet

Atoma i same gruppe i periodesystemet har oftast like mange elektron i dei ytste orbitalane og dette vert brukt til å forklare at dei har likande eigenskapar, liknande reaktivitet. To eller fleire atom kan reagere til eit molekyl ved at dei deler på dei ytste elektrona i dei ytste s og p orbitalane som til saman har plass til 8 elektron. Reaktiviteten vert gjerne forklart som fylling av denne oktetten. For edelgassane er den ytste oktetten fylt, derfor er dei lite reaktive.

Då kan vi også tenke oss at desse ytste elektrona i eit molekyl fyller ein orbital for heile molekylet, det vert kalla ein molekylorbital. Med nanoteknologi har computerar vorte mykje betre, så dei vert brukte til å løyse Schrødingers bylgjelikning for større molekyl og slik finn dei molekylorbitalane, men då er det like vel gjort tilnærmingar. Og kva så? Når eit stort molekyl vert nedbrote til mindre molekyl og atom, vert det meir uorden, entropien aukar. Då kan vi vel seie at molekylorbitalen kollapsa, bylgjefunksjonen kollapsa og det fekk den fysiske betydninga at entropien auka. Korleis kan då nokon påstå at bylgjefunksjonen ikkje kollapsar?

ENERGIEN ER BEVART, MEN VI BRUKAR «ORDNA ENERGI». INNSTRÅLINGA FRÅ SOLA OG UTSTRÅLINGA FRÅ JORDA ER BALANSERT.

 I dagleg tale seier vi gjerne at vi treng energi og brukar energi, vi får energi gjennom maten vi et og brukar energi i forbrenninga i kroppen. Vi treng energi til oppvarming av hus og til å køyre motorar. Men i følgje fysikken er energien bevart, så vi brukar ikkje energi. Då kan vi presisere det ved å kalle det ordna energi. Vi brukar orden. Entropien er eit mål for uorden og i følgje entropilova (termodynamikkens andre hovudlov) aukar den i energiprosessane. Det er dette som også driv alle dei biologiske livsprosessane på jorda, det vert mest tydeleg ved den høge forbrenninga i varmblodige dyr. Det er dette som også skjer i forbrenningsmotorar og vedomnar, i store organiske molekyl var det mykje orden, dei vert nedbrotne til mange små molekyl, så det vert meir uorden. Vatnet i eit fjellvatn som ligg høgt over havet har meir orden enn når det renn ut i havet. Dette kan vi nytte til å drive eit vass-kraftverk.

Der er i gjennomsnitt like mykje energi i innstrålinga frå sola som i utstrålinga frå jorda, så det vert energibalanse over tid. Men utstrålinga har lengre bylgjelengde, lavare frekvens, så kvart foton har mindre energi. Så for eitt foton frå sola, trengst det mange foton for å sende ut den same energimengda. Det betyr at det har vorte meir uorden, entropien har auka. Det er dette som driv energiprosessane. Det kan forklarast utifrå statistisk kvantefysikk som at det er det som er mest sannsynleg som faktisk skjer.

Vi reknar med ein bylgjefunksjon for kvart foton. I spesielle tilfelle, når eit foton vert splitta i to, er dei framleis samanfiltra som om dei har ein bylgjefunksjon og det betyr at dei fysiske eigenskapane til det eine heng saman med dei fysiske eigenskapane til det andre, sjølv om dei er langt ifrå kvarandre. Dette vert kalla ikkje-lokasjon og er forunderleg rart. Når innstrålinga treff jorda, kollapsar både den elektromagnetiske strålinga og bylgjefunksjonen. Når same energimengda vert stråla ut igjen, vert det med fleire foton, fleire elektromagnetiske bylgjer og dermed bylgjefunksjonar. Vi ser at kollapsen av bylgjefunksjonen er vesentleg for at det skal verte meir uorden, i samsvar med entropilova, slik har det ei fysisk betydning, korleis kan då nokon påstå at det ikkje er reellt? Vi ser det utifrå makrokosmos, men kvantefysikken er ikkje berre mikro-kosmos, men «nano-kosmos» og vi kan framleis spekulere på korleis den kvantefysiske realiteten er.

Entropien i det tidlege univers og i svarte hol. Gravitasjonen og entropien.

Roger Penrose snakkar om entropien 7 min ut i denne videoen https://www.youtube.com/watch?v=fMV2cphelx0 .

Den inraraude bakgrunnsstrålinga var i ei plasma-sky av H-, He-, Li-kjerner og elektron i det tidlege univers, for det var for varmt til å danne atomstruktur, det var temperatur-likevekt, så strålinga var høgfrekvent. Først når det kolna, så det vart atomstruktur, vart universet gjennomskinleg. Sidan har utvidinga av universet ført til at bylgjelengda har vorte strekt, så no er den kald infraraud stråling. 

8 min. I den tidlege plasmaskya var der likevekt mellom stråling og partikler, det var høg temperatur og høgfrekvent stråling. Det var termisk likevekt og det betyr at entropien var høg, det var stor uorden, inntil gravitasjonen kom inn i bildet. Entropien i gravitasjonsfeltet var lav. 

14 min. Innstrålinga frå sola har lav entropi.  Kontrasen mellom den varme og lyse sola og den svarte bakgrunnen, betyr lav entropi, det er orden.

17 min. Entropien er stor i svarte hol. Etter teorien er der singularitet singularitet både i svarte hol og i Big Bang, men dei er svært ulike ved at der er lav entropi i Big Bang.  

Sidan fortel Penrose om sin alternative Big Bang – teori.

Her er deira eigen oversikt over videoen:


00:00
– Introduction

 00:49 – Participant Introduction

 02:02 – A Working Definition of Time

 07:25 – Applying Entropy and The Second Law to the Directionality of Time

 16:37 – What The Early Universe May Have Looked Like

 20:27 – Solving the Puzzle of The Past Hypothesis

 31:46 – Investigating Exponential Expansion

 38:50 – New Discoveries and Discourse Since 2004

 55:41 – A Peek Into Sir Roger Penrose’s Continuing Research

 01:08:17 – Credits

MÅLEINSTRUMENTET KOLLAPSAR BYLGJEFUNKSJONEN.

9 minutt ut i denne ut i denne videoen, https://www.youtube.com/watch?v=itLIM38k2r0&t=576s , seier Penrose at når vi gjer ei måling, kollapsar bylgjefunksjonen, så det vart mange som byrja å tene seg at det var bevisstheita som kollapsa bylgjefunksjonen. Eugene Wigner (1902-1995) var ein amerikansk fysikar som gjorde seg til talsmann for dette synet. Penrose snakka med han om det og konkluderte med at han ikkje var dogmatisk om det. Wigner fekk Nobelprisen i fysikk i 1963 for oppdaginga og bruken av symmetrisk grunnstruktur i kjernefysikk og elementær-partikkelfysikk, det står det sjølvsagt respekt av. Men at det skulle vere bevisstheita som kollapsa bylgjefunksjonen kalla Penrose ein åndeteori og slikt vart ekskludert frå fysikken. Ja, i fysikken studerer vi daude ting av stokk og stein og i følgje Bibelen finst der ikkje ånd i slike ting.

Jer.10,11 Så skal de seia til dei:

«Dei gudar som ikkje skapte himmel og jord,

skal kverva frå jorda

og ikkje finnast under himmelen.»

12 Herren skapte jorda med si kraft,

han grunnla fastlandet i visdom

og spente ut himmelen med skjøn.

13 Når han tornar, brusar vatnet i himmelen,

han lèt skodd stiga opp frå enden av jorda,

han lèt lyna blinka og regnet falla

og sender vinden frå hans opplagsrom.

14 Alle menneske er dumme og uvituge.

Kvar gullsmed må skjemmast av sine gudebilete,

dei støypte bileta hans er lygn,

det er ikkje ånd i dei.

15 Gagnlause er dei, eit verk til å spotta,

i rekneskapsstunda er det ute med dei.

16 Såleis er ikkje han som er Jakobs del,

for det er han som skaper alt.

Israel er hans eiga ætt.

Herren, Allhærs Gud, er hans namn.

I fylgje Bibelen må vi skilje mellom daude ting og levande ting, spesielt mellom daude ting dyr som har blodomlaup, sjela til dyret er i blodet og det skal vi ha respekt for. Blodet fører oksygen til hjerna, så dei vert bevisste sin eigen eksistens. Dette blir mest effektivt for fuglar og dyr som pustar. Dette vert brukt symbolsk om at Gud gir oss sin Ande og vekker oss opp til liv i samfunn med seg, i hans rike, så vi vert bevisste om at han eksisterer. I Fork.3,18-22 ser det ut til at det gjeld dyr også.

Dersom bevisstheita skulle kollapse bylgjefunksjonen, ville det som vi ser og sansar rundt oss vere avhengig av vår bevisstheit, at vi ser og sansar det og vert bevisst om det, men dette høver ikkje verken med platonsk eller aristotelisk realisme.

Platonsk realisme. Platon hevda at ideane (universalia) har den høgste og mest eigentlege eksistens, uavhengig av om menneska oppdagar, erkjenner og forstår dei. Tinga vi ser rundt oss er berre avspegling av ideane. Dette var universalia før tingen (universalia ante res).

Aristotelisk realisme. Aristoteles meinte at formene (universalia) finst i dei einskilde tinga (particularia). Via particularia kan vi ved tankens hjelp erkjenne universalia, men universalia eksisterer ikkje uavhengig av tinga. Det finst i følgje Aristoteles ikkje eit universalie «rettferd» som eksisterer uavhengig av om det finst rettferdige menneske eller samfunn. Rettferda har ikkje ein sjølvstendig eksistens, men eksisterer berre i rettferdige einskildmenneske og samfunn. Dette var universalia før tingen (universalia in rebus).

I middelalderen var det ein universaliestrid, ein strid om kva slags eksistens universalia hadde. Der var også dei som hevda at der ikkje var universalia verken før tingen eller i tingen, det var berre namn dei brukte på ting som liknar. Det vert kalla nominalisme, det var universalia etter tingen (universalia ante res).

Konseptualisme var noko mellom realisme og nominalisme, det var å hevde at universalia som til dømes rettferd eksisterte, men berre som eit begrep hos menneske. Så også i vår tid kan det vere menneske som brukar ordet Gud berre som eit konsept.

Aristotelisk realisme er ikkje sameinleg med det som står skrive i Bibelen om rettferd ved trua, spesielt er det ikkje sameinleg med evangeliet. Korleis kunne då Thomas Aquias få til ei syntese mellom aristotelisme og kristendom? Han godtok universalia både før tingen, i tingen og etter tingen, så det var då ikkje berre aristotelisme og kristendom, men platonisme også. Han trudde på openberring, men kva var den openberringa? Var det openberring ved Guds Ande, så måtte han vel skilje mellom daude ting og levande menneske. Han talte om universalia før tingen, i tingen og etter tingen, ei syntese mellom kristendom og aristotelisme som vart godteken som den katolske kyrkja sin filosofi. Immanuel Kant talte om tingen i seg sjølv og tingen slik han oppfatta den. Han var protestant, Hegel tenkte vidare i same baner, han også var protestant og kven veit kor mykje dette fekk å bety for den protestantiske kyrkja?

Men på bakgrunn av slike bibelvers som Jer.10,11-16, ser det ut til at den store feilen hos både Aquinas og Kant var at dei ikkje skilde mellom daude ting, som stokk og stein og eit levande individ som pusta og var bevisst, eit menneske som kunne høyre, tenke og tale og svare for seg sjølv. Slik ytringsfridom kjem ikkje til uttrykk i filosofien deira.

Når dei tenker seg at det er bevisstheita som kollapsar bylgjefunksjonen, verkar det som dei har gløymt måleinstrumentet, det er då det som kollapsar bylgjefunksjonen og det skjer same enten det er nokon som les det av aller ikkje, det skjer uavhengig av vår bevisstheit altså. Derfor har vi realisme både i klassisk mekanikk, relativitetsteori og kvantefysikk, sjølvsagt har vi det, det er då realfag. At vi les av måleinstrumentet er også fysisk prosess, då er det kroppen vår som er «måleinstrumentet» som kollapsar bylgjefunksjonen, sjølv om vi ikkje oppfattar det som eit eksakt måleresultat som vi set tall på. Slik er det med all informasjonen som vi får frå omgjevnadane gjennom sansane.

PROTO-BEVISSTHEIT OG LIBET-EKSPERIMENTET.

44:00 minutt ut i denne videoen: https://www.youtube.com/watch?v=itLIM38k2r0&t=576s , fortel Penrose om si hypotese om retroaktivtet og proto-bevisstheit. Tanken er at der er fysiske og kjemiske prosessar som skjer i hjerna di som han kallar protobevisstheit, for det er årsaka til di bevisstheit, så det skjer tett før det resulterer i di bevisstheit. Han har ei hypotese om at kollapsen av bylgjefunksjonen er årsak til bevisstheit. Dette er spesielt for storehjerna sidan den ikkje er kalkulerande. Tankeprosessane i lisjehjerna er meir automatiserte, slik som når vi syklar eller spelar bordtennis, men då må vi no vere svært så årvakne og bevisste, så vi reagerer raskt og rett. Når vi brukar storehjerne kan vi gjere bruke mykje meir tid til å tenke oss om for å gjere eit val, sansen for matematikk og logikk ligg hovudsakleg i pannelappen lengst framme i storehjerna. Med den reknar vi og planlegger. Men han samanliknar hjerna med ein komputer, påstår han at storehjerna ikkje kalkulerande slik som ein computer og konkluderer dermed at den har eigenskapar som ein computer ikkje har, ei bevisstheit som ein computer ikkje har. Vi har sett at robotar kan lære seg å gå og vi kan vel tenke oss at dei kan lære seg å sykle også. Men eg vil likevel hevde at dei ikkje er bevisste slik som lisjehjerna vår er. Vår sjølvbevisstheit, erkjenninga av at vi sjølve eksisterer, er avhengig av eit lite område i ryggmargforlenginga, rett framfor lisjehjerna.

Dessutan vil eg minne om det som står skrive i Bibelen om at vi må skilje mellom daude ting, som stokk og stein, og eit levande individ som har blodomlaup og åndedrett.

Her vert det fortalt om Libet-eksperimentet: https://en.wikipedia.org/wiki/Benjamin_Libet?fbclid=IwY2xjawHBAEZleHRuA2FlbQIxMAABHX-Xmx7-WxgY-0y8wxymm2izO7kcN7P7tlVmrDj0sQjM-1MRD6ibm3oINA_aem_pQ8uL_difVuQQs_FUyiPQw

SITAT:

To monitor brain activity during the same period, Libet used an electroencephalogram (EEG). The EEG uses small electrodes placed at various points on the scalp that measure neuronal activity in the cortex, the outermost portion of the brain, which is associated with higher cognition. The transmission of electrical signals across regions of the cortex causes differences in measured voltage across EEG electrodes. These differences in voltage reflect changes in neuronal activity in specific areas of the cortex.

To measure the actual time of the voluntary motor act, an electromyograph (EMG) recorded the muscle movement using electrodes on the skin over the activated muscle of the forearm. The EMG time was taken as the zero time relative to which all other times were calculated.

……

During the experiment, the subject would be asked to note the position of the dot on the oscilloscope timer when “he/she was first aware of the wish or urge to act” (control tests with Libet’s equipment demonstrated a comfortable margin of error of only −50 milliseconds). Pressing the button also recorded the position of the dot on the oscillator, this time electronically. By comparing the marked time of the button’s pushing and the subject’s conscious decision to act, researchers were able to calculate the total time of the trial from the subject’s initial volition through to the resultant action. On average, approximately two hundred milliseconds elapsed between the first appearance of conscious will to press the button and the act of pressing it.

Researchers also analyzed EEG recordings for each trial with respect to the timing of the action. It was noted that brain activity involved in the initiation of the action, primarily centered in the secondary motor cortex, occurred, on average, approximately five hundred milliseconds before the trial ended with the pushing of the button. That is to say, researchers recorded mounting brain activity related to the resultant action as many as three hundred milliseconds before subjects reported the first awareness of conscious will to act. In other words, apparently conscious decisions to act were preceded by an unconscious buildup of electrical activity within the brain – the change in EEG signals reflecting this buildup came to be called Bereitschaftspotential or readiness potential. As of 2008, the upcoming outcome of a decision could be found in study of the brain activity in the prefrontal and parietal cortex up to 7 seconds before the subject was aware of their decision.[8] Since then, even the readiness potential argument has been refuted.[9]

Implications of Libet’s experiments

There is no majority agreement about the interpretation or the significance of Libet’s experiments.[10] However, Libet’s experiments suggest to some[11] that unconscious processes in the brain are the true initiator of volitional acts, and free will therefore plays no part in their initiation. If unconscious brain processes have already taken steps to initiate an action before consciousness is aware of any desire to perform it, the causal role of consciousness in volition is all but eliminated, according to this interpretation. For instance, Susan Blackmore‘s interpretation is “that conscious experience takes some time to build up and is much too slow to be responsible for making things happen”.[12]

Such a conclusion would be overdrawn as in a subsequent run of experiments, Libet found that even after the awareness of the decision to push the button had happened, people still had the capability to veto the decision and not to push the button. So they still had the capability to refrain from the decision that had earlier been made. Some therefore take this brain impulse to push the button to suggest just a readiness potential which the subject may either then go along with or may veto. So the person still has power over his or her decision.[10]

For this reason, Libet himself regards his experimental results to be entirely compatible with the notion of free will.[10] He finds that conscious volition is exercised in the form of ‘the power of veto’ (sometimes called “free won’t”);[13][14] the idea that conscious acquiescence is required to allow the unconscious buildup of the readiness potential to be actualized as a movement. 

SITAT SLUTT.

Lat oss tenke oss at du er i ei forsamling der det vert snakka om ei sak, du og dei andre vert informert gjennom eit foredrag og får moglegheit til å komme med spørsmål og synspunkt. Du tenker over saka om kjem til at du vil seie noko om det, så du løfter handa til teikn på at du vil ha ordet. La oss tenke oss at der også er nokon som gjer Libet-eksperimentet på deg, det er planlagt og organisert og du er inforstått med det og samarbeider om det, så du registrerte sjølv tidspunktet for når du var på nippet til å løfte handa, men ombestemte deg og når du valde det og gjorde det. I følgje hypotesa om protobevisstheit skulle då EEG registrere hjerneaktivitet tett før dei tidspunkta du sjølv gav opp.

Det rare er at dette ikkje vert forstått som din eigen frie vilje, fyrst etter at du seier nei til din fyrste tanke og ombestemmer deg, vert det godteke at du har fri vilje. Protobevisstheita vert til bevisstheit, ein tanke og ide som du tenker og vurderer og så gjer du eit val. Slik er bevisstheita i storehjerna. Men kva med alle dei gangane du må handle raskt og impulsivt då? Er kanskje ikke det også din eigen frie vilje? Ja, kva er bevisstheita di, underbevisstheita di og protobevisstheita di for noko? Er det kanskje ikkje du sjølv og din eigen eigedom? Det skulle og burde i alle fall vere det, men det kan vel vere at ein kvar bør passe på at slik skal det framleis vere, for det er då så tydeleg at der er mykje maktinteresse som prøver å få makt over menneskesinnet og kanskje spesielt underbevisstheit.

KROPP OG SJEL, EFFERENT OG AFFERENT NERVESYSTEM.

Når vitskapsfolk (realistar) får spørsmål om kva bevisstheita vår er, svarar dei gjerne at det er den informasjonen vi får frå omgjevnadane gjennom sansane. Så det er å verte bevisst det fysiske miljøet vi lever i. Dette skjer gjennom afferent nervesystem, men det er berre eine halva av det perifere nervesystemet, den andre halva er efferent nervesystem, gjennom det vert det sendt signal frå sentralnervesystemet ut i kroppen  og så vidare til omgjevnadane, for ein stor del kan vi ha god tid til å tenke oss om, før vi sender signal til omgjevnadeane. Og når dei tenker seg om, vil dei vel gjere innrømme at bevisstheita er noko meir enn informasjonen vi får gjennom sansane, du vert då bevisst om noko meir enn dette. Elles vil det høve bra med «myta» om at Newton sat ut i hagen og sola seg og så datt der eit eple i hovudet på han og med ein gang oppdaga han han gravitasjonslova og Newtons tre lover. Men vi veit at han utvikla differensialgeometrien for å komme fram til det og skreiv det ned i «Principa Matematica», som vert rekna vor å vere det største einskilde vitskaplege dokumentet som har vore skrive. Soleis er då bevisstheita nok langt meir enn det vi sansar.

Ja, bevisstheita er då noko anna enn det fysiske miljøet rundt deg, som du vert bevisst om, tinga rundt deg kan du ta og føle på, men bevisstheita kan du ikkje sanse slik. Så kva er bevisstheita? Der er ei hypotese om at den er bylgjefunksjonen, men så lenge vi lever og er sunne og friske, kollapsar ikkje tankane og ideane våre fordi dei kolliderer med eit måleinstrument. Det skjer berre ved hjerneskade og død. Det spørsmålet vi då sit igjen med er om vi har ei sjel og om den har evig liv. Både Platon og Aristoteles meinte at vi har sjel, Platon talte om sjela meir slik som Jesus gjorde, men Aristoteles talte om sjela meir som den biologiske naturen, noko liknande finn vi også i Bibelen, sidan den seier at sjela til dyret er i blodet og i Fork.3 talte Salomo om dyra som om dei også har ånd.

Sanse-reseptorar (sanse-mottakarar) vert stimulerte frå omgjevnadane, til samanlikning med måleinstrumentet som kollapsa bylgjefunksjonen. Mykje av informasjonen kjem som elektromagnetisk stråling, både synleg lys og varmestråling, vi kjenner varmen frå sollyset og frå ein stråleovn eller ein peis med ein lysande flamme. Dei elektromagnetiske bylgjene kollapsar og den energien i dei vert til varme som vi kjenner på kroppen. Då skulle det vel ikkje vere så rart om bylgjefunksjonen også kollapsar. Lyspartikkelen hadde ikkje kvileenergi, så i dette tilfellet forsvinn partikkelen også.

Sanse-reseptoren vart stimulert og sender eit signal med eit afferent nevron til ryggmargen og hjerna, slik sansar vi og får informasjon frå det fysiske miljøet rundt oss. Efferent nevron får signal frå sentralnervesystemet og sender dei vidare til to moglege nervesystem. Det ein er motor-systemet, det styrer musklane. Noko av dette er viljestyrt, som når du vel å løfte handa for å få komme til og seie noko eller du løfter hammaren for å slå spikaren på hovudet. Noko av det er ikkje viljestyrt, som når nokon slår på forkant av kneet og foten gjer eit lite spark, slik vert ryggmargsrefleksen testa.

Den andre moglegheita er at efferent nevron sender signal til autonomisk nervesystem, som kontrollerer glatte musklar og kjertlar. Der er det tre moglegheiter. I sympatetisk divisjon gjeld det å kjempe eller flykte. I parasympatetisk divisjon gjeld det å kvile og fordøye maten. I enterisk divisjon gjeld det å styre kjertlane som skil ut hormon.

Noko av motorsystemet er viljestyrt, då må vi vel også ha fri vilje, for at det skal fungere rett?! Like vel diskuterer mange lærde om vi har fri vilje, men då er det også eit definisjons-spørsmål kva dei meinar med fri vilje. Her må vi uansett vere på vakt og passe på fridomen vår.

Lat oss no tenke oss at du er i ei forsamling av menneske som snakkar om ei sak som du vert informert og vert bevisst om. Du tenker over saka vil seie noko om den, så du løfter handa til teikn på at du vil seie noko. Kanskje får du moglegheit til det, så du seier det du ville. Eller du har vorte bevisst om at du har ein snikkarjobb å gjere, så du løfter hammaren med handa, for å slå spikaren på hovudet. Mest sannsynleg treff du, men der er også ei moglegheit for at du bommar. Etter ein del læring med prøving og feiling, vert du ganske treffsikker og klarer å utføre det du hadde sett deg føre.

I dette tilfellet er det då så opplagt det du var bevisst om, det du sjølv tenkte og valde, som var årsak til det du sa og gjorde og det skjedde ved kollaps av bylgjefunksjonen. Slik er vår tenking og vår logikk, ja, slik er matematisk logikk! Då kan vi seie at det var bevisstheita di som kollapsa bylgjefunksjonen, den starta ein prosess av kollapsar, der den eine kollapsen førde til ein ny kollaps, så spørst det korleis bevisstheita di vart årsak til den første kollapsen. Ja, vi kan framleis spørje kva bevisstheita er, kva eksistens har den, kva er odontologien. Men det forandrar ikkje på denne logikken og tenkemåten, matematisk logikk og kombinatorikk er slik og det er rett.

 Der er ei hypotese om at den er bylgjefunksjonen, Penrose har vore talsmann for ei slik hypotese, han stilte spørsmål om kva bevisstheita kunne vere om ikkje den var bylgjefunsjonen og filosoferer over kollapsen av bylgjefunksjonen. Nokre meiner at den ikkje kollapsar så dei kjem ut med ein «mange verdener teori». Det er ikkje særleg realistisk, det verkar mest komisk. Men her skil Fedrico Faggin mellom bylgjefunksjonen som epistiomologi og som odontologi. I visse tilfelle finn vi den matematiske formelen, så det er epitomologi. Men odontologien handlar om kva som er eksistensen av den og han og mange andre tenker seg bevisstheita må postulerast og det må bylgjefunksjonen også og det kan vel vere same sak, same eksistens.  Federico tenker seg at vår bevisstheit og vårt tankeliv er ei superponering av mange byljefunksjonar, ei samanfiltring og superponering av alle byljefunksjonane i hjerna og dei kollapsar ikkje, sjølv om dei vert årsak til ein slik sekvens av kollapsar av byljefunksjonar, ved at du tek eit val og gjer ei handling.

Penrose, Faggin og Kastrup diskuterer dette i denne videoen: https://www.youtube.com/watch?v=0nOtLj8UYCw

1:30 Faggin vil postulere bevisstheit og fri vilje.

32:00 Dei ler av «mange verdener-teorien», Penrose byrjar å tale om Wigners synspunkt og så vert det snakk om bylgjefunksjonen som epistomologi eller odontologi.

GUD VILLE UTGYTE SIN ANDE OVER ALT KJØT.

 I det gamle testamentet er det fortalt at Guds profetar sa til folket at sola, månene og stjernene ikkje er gudar, avgudane laga av stokk og stein er ikkje gudar, der er ikkje ånd i dei. Dei gudane som ikkje hadde skapt himmel og jord var ikkje gudar. Berre den Gud som hadde skapt himmel og jord, var Gud og han ville utgyte sin Ande over alt kjøt.

Joel.3,1 Ein gong skal det henda

at eg renner ut min Ande over alle menneske.

Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;

dei gamle mellom dykk skal ha draumar,

og dei unge skal sjå syner.

2 Jamvel over trælar og trælkvinner

vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

Denne lovnaden får vi oppfylt ved trua på Jesus og hans fullførde og fullkome frelseverk, vi vert rettferdige for Gud ved å tru at Jesus stod oppatt frå dei døde, så vi får den Heilage Ande ved å tru på han, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Lovnaden var ikkje å utgyte Anden over gudar laga av stokk og stein og heller ikkje noko anna vi har laga av stokk og stein, heller ikkje EEG-elektroder eller reknemaskiner, men over kjøtet. Kroppen vert eit tempel for den Heilage Ande, med den inspirerer Jesus meg frå fotsole til isse, det er ikkje begrensa til hjerna altså, men det kjem i tillegg til den informasjonen eg får frå omgjevnadane gjennom nervesystemet. Det er Sanningens Ande og den ransakar alle ting, jamvel djupnene i Gud. Så den ransakar skaparverket altså og det høver i grunnen bra med at eg studerer realfag. Men det viktigaste er at den openberrar Guds Ord for oss og openberrar Guds frelse for oss i Kristus, han er sanninga som set oss fri.

Det gir oss ein orden i vår tenking og vårt indre menneske, til tross for nedbrytinga av den ytre naturen i samsvar med entropilova. Vi får oppleve Guds skaparkraft og frelsekraft i vår indre menneske og eg meiner dette høver med finsjusteringa av universet. Mange har fått oppleve Guds skaparkraft og frelsekraft ved trua på Jesus, så dei har fått oppleve å verte lækte frå sjukdom.

FRI VILJE, TILFELDIGHEIT OG SANNSYN.

For å forklare fri vilje, vår fridom til å velje, kan vi vise til kombinatorikken. Det handlar mykje om kor mange moglegheiter vi har til å velje, så dersom nokon påstår at vi ikkje har fri vilje, bryt det med matematikken! Men i praksis blir det ofte eit spørsmål om kor informert du er og om kva du sjølv klarar å utføre.

La oss til dømes tenke oss at vi legg ein kortstokk utover bordet, slik at alle korta viser og du vil velje kombinasjonen «hus» av tre kongar og to essar, kor mange valmoglegheiter har du då? Når du vel første essen, har du fire moglegheiter, når du vel den andre, har du tre moglegheiter. Slik også når du vel dei to første kongane, når du vel den tredje, har du to moglegheiter. Kor mange moglege kombinasjonar kan du då velje? Først reknar vi ut kor mange permutasjonar det vert, då spelar rekkefølga ei rolle, for essane vert det 4*3 = 12. Dei kan komme i to rekkefølgje, skal vi rekne ut talet på kombinasjonar, tek vi ikkje omsyn til rekkefølgje, derfor må vi dividere med to, så det blir 6 kombinasjonar. For kongane blir det 4*3*2 = 26  permutasjonar. Dei kan komme i 3*2 = 6 moglege rekkefølgje, så vi må dividere med 6, det blir 4 kombinasjonar. Det kan også forklarast ved at vi tek bort eitt av fire kort, då har vi fire moglegheiter. Først har vi 6 kombinasjonar, så 4, det blir til saman 4*6 = 24 kombinasjonar. Det vil seie at du kan fritt velje mellom 24 ulike hos med fire kongar og to essar.

Men la oss no tenke oss at nokon stokkar korta og legg dei utover bordet oppned, slik at du ikkje ser kva for kort det er og så skal du velje 6 kort. Talet på permutasjonar vert då p = 52*51*50*49*48*47. Det kan veljast i r = 6*5*4*3*2 rekkefølgjer. Talet på kombinasjonar vert då k = p/r = 203585520. Sannsynet for at du skal velje eitt bestemt av dei vert 1/203585520, tilnærma lik 0,00000005, sannsynet for at du skal velje eitt av dei 24 husa vert omlag ein av ein million.

Så kva var skilnaden på å vere fri til å velje det du yngste og å satse på flaksen? Det var eit spørsmål om å vere informert eller ikkje. Dette har relevans til vårt daglege liv til dømes når du vil gå ut for å handle noko for å lage til noko om så det er berre lage mat plante noko i hagen, skal du bygge deg hus, vil du ha informasjon om pris og kvalitet på material og arbeid, skal du kjøpe deg hus, vil du ha informasjon om huset. Og så må du vurdere sjølv kva du klarer å gjennomføre og om du har viljestyrke nok til det. Då er det ikkje berre spørsmål om fri vilje, men om kva du har viljestyrke til.

Det har også relevans til fysikken ved at entropien vert forstått som mål for uorden og for mangel på informasjon vi kan ha om eit system. Ved energiprosessane vert det meir uorden og meir mangel på informasjon vi kan ha om eit system. Like vel kan det lokalt verte meir orden og meir informasjon vi kan ha om eit system. Då må vi gjerne arbeide for det, men heldig vis har vi også maskiner som kan arbeide for oss.

Sitat frå https://snl.no/entropi :

Når et system prepareres, slik at ulike deler av systemet har forskjellig temperatur, har man mer informasjon om systemet enn når det er i temperaturlikevekt. En utvikling av systemet mot temperaturlikevekt gir økende entropi og innebærer samtidig at man taper informasjon om systemet. Den franske fysikeren Léon Brillouin tolket derfor entropi som et mål for manglende informasjon om et system.

Termodynamikkens 2. hovedsetning kan da oppfattes som et uttrykk for at alle fysiske prosesser i et isolert system fører til tap av informasjon om systemet.

SITAT SLUTT.

 

KJERNEREAKSJONAR, FISJON, KVANTETUNNELLERING.

Her forklarar Don Lincoln Heisenbergs uskarpheitsrelasjon for oss https://www.youtube.com/watch?v=V5l_ehnM73w . Fyrst ryddar han vekk ei missforståing, at det har med måleusikkerheit å gjere, som at eit foton kolliderer med eit elektron og endrar farta til det. Men som relevant døme, brukar han levetida til elementærpartiklar.

Nukleon vert haldne i ei atomkjerne på grunn av sterke kjernekrefter som held dei saman. Det kan også forklarast slik at etter klassisk fysikk har dei ikkje har nok energi til å komme ut, dei har ikkje nok potensiell energi til å komme over ei potensialsperre. Den er som ei støypt demning for ein brønn som ligg på ei høgde, men nivået i brønnen er for lavt til at noko kan renne over. Like vel kan der vere eit rør gjennom demninga, med ei krane slik at nokon kan komme å tappe litt vatn opp i ei bøtte. Slik kan nokre få elementærpartiklar av og til komme ut like vel, slik er den naturlege kjernereaksjonen fisjon, men forklaringa er sjølvsagt ikkje at nokon kjem og opnar ei krane og stenger den igjen. Det vert kalla «potensial-sperre-gjennomtrenging» eller kvante-tunnellering. Nordmannen Ivar Giæver fekk Nobelprisen i fysikk i 1973 for forsking på elektron som tunnelerte gjennom tynn isolasjon rundt superleiarar https://snl.no/Ivar_Gi%C3%A6ver .

Det kan forklarast både med Heisenbergs uskarpheits-relasjon og Schrødingers bylgjelikning. Sitat frå https://no.wikipedia.org/wiki/Werner_Heisenberg :

Som tidligere nevnt tilbrakte Heisenberg en periode i København i årene 1926 til 1927 som assistent hos Niels Bohr, og det var nettopp i København i 1927 at Heisenberg utviklet sitt kanskje mest kjente prinsipp, nemlig uskarphetsrelasjonen. Dette prinsipp viste seg å være den siste brikken i puslespillet som gjorde at Heisenberg og Bohr var i stand til å vise at Schrödingers bølgemekanikk var ekvivalent med Heisenbergs og Bohrs kvantemekanikk og matrisemekanikk. Heisenbergs uskarphetsrelasjon og Bohrs komplementaritet ligger nemlig til grunn for hva man kjenner som Københavnfortolkningen av kvantemekanikken.

Sitat frå https://no.wikipedia.org/wiki/Heisenbergs_uskarphetsrelasjon :

Heisenbergs uskarphetsrelasjon, eller Heisenbergs usikkerhetsprinsipp, i kvantemekanikken sier at både posisjon og bevegelsesmengde til en partikkel ikke kan bestemmes skarpt (presist) ved samtidig måling. Dermed vil en nøyaktigere måling av partikkels posisjon føre til en mer uskarp måling av bevegelsesmengde, og omvendt. Det samme gjelder også andre kvantemekaniske størrelser, slik som tid og energi.

Uskarphetsrelasjonen er gitt av Plancks konstant og er en fundamental egenskap ved kvantemekanikken som ikke kan unngås eller omgås på noen måte. Uskarphetsrelasjonen er inkorporert som en naturlig del av alle ulike formuleringer av kvantemekanikken. F.eks. har kvantemekaniske objekter både partikkel- og bølgeegenskaper (se Bølge-partikkel-dualitet) og uskarphetsrelasjonen sier at det er umulig samtidig å observere et objekt som partikkel og bølge.

Uskarphetsrelasjonen ble oppdaget og formulert av Werner Heisenberg i 1927 og har hatt mye å si for forståelse og tolkning av kvantemekanikken. Tolkningen gitt av Werner Heisenberg og Niels Bohr kalles for Københavntolkningen.

Matematisk formuleres Heisenbergs uskarphetsrelasjon som

Δx  * Δp ³ h/(4*p)

Δx Δp≥h4πhvor Δx er uskarphet i posisjon, Δp er uskarphet i bevegelsesmengde og h er Plancks konstant. Tilsvarende gjelder også at

ΔE * Δt ³ h/(4*p)

hvor Δt er uskarphet i tid og ΔE er uskarphet i energi. SITAT FRÅ: https://nn.wikipedia.org/wiki/Kvantemekanisk_tunnelering : Kvantemekanisk tunnelering er eit fenomen i kvantemekanikken der ein partikkel kan røre seg i strid med dei grensene energien eller rørslemengda til partikkelen skulle tilsei, så lenge denne rørsla skjer innanfor grensene gjeve av Heisenbergs uskarpleiksrelajson. På den måten kan ein partikkel gå gjennom eller over ein barriere som han i følgje klassisk fysikk ikkje skulle kunne overvinne. Slike effektar er observert i mange kvantemekaniske system, mellom anna alfadesintegrasjon. Sannsynet for kvantemekanisk tunnelering minkar eksponentielt med tjukkleiken til barrieren. Tunneleringseffektar kan derfor ha særs varierande overgangssannsyn eller levetid, og for alfadesintegrasjon er det observert levetider frå brøkdelar av sekund til milliardar av år. Innan mesoskopisk fysikk og nanoteknologi er ein viktig konsekvens av tunnelering at elektron kan kome gjennom tynne isolatorar og dermed gje elektrisk straum gjennom isolatoren. SITAT SLUTT. Inn i potensialbrønnen (atomkjerna) kan byljefunksjonen ha høge amplituder, det betyr at de er sannsynleg at partikkelen har denne posisjonen på x-aksen. Gjennom potensialsperra, synk amplituda eksponetielt mot null, men har framleis ein liten verdi på andre sida av potensialsperra, så det er ikkje heilt umogleg at partikkelen kan vere der, men sannsynet for det er ikkje særleg stort. Men når den først er ute, vert mykje energi frigitt som rørsleenergi, så partikkelen fyk av garde. X-aksen kunne leggast i alle retningar, byljefunksjonen var symmetrisk om atomkjerna. Men om det radioaktive materialet låg i eit tåkekammer ville vi sjå spor av partikkelen som strålar utifrå origo, sentrum potensialbrønnen, atomkjerna. Så denne symmetriske byljefunksjonen har kollpsa. Det som gjeld no er bylgjefunksjonen for partikkelen som fyk avgarde. Her kan de lese og sjå animasjonsfilmar om dette: https://en.wikipedia.org/wiki/Quantum_tunnelling              


Leave a comment