Innleiing.

I Jobs bok vart det ein diskusjon om menneske kunne verte rettferdige og fullkomne for Gud. Det er eit spørsmål som vi møter igjen seinare i Bibelen også. Svaret er at Gud er fullkommen og han skaper noko fullkome, som står til evig tid, menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Kristus er Guds Son og er fullkommen og hans frelseverk er fullført og fullkome. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome. Ved trua på Jesus får vi komme inn til Guds kvile, vi får kvile på grunnlag av Jesu fullførde frelseverk.

Ved å tru at Jesus stod opp frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Han er vegen til Faderen, sanninga som set oss fri og det evige livet. Så det er viktig for oss å vende oss til han, ta imot han og velje å gå den vegen, kjennast ved han for både Gud og menneske, som Sanninga som set oss fri og ta imot den Anden og det livet han gir oss frå himmelen. Slik er han mest verdifull for oss.

Vi kan bygge ekteskap, heim, kyrkjelyd og samfunn på evangeliets grunnvoll. Då er det om å gjere å bygge med noko som er varig og verdifullt, gull, sølv og dyre edelsteinar, noko som består eldprøva (1.Kor.3,10-13). Menneska er som dyrebare edelsteinar som Gud vil ha frelst i si hand. Gull symboliserer tru, men kva med sølv?

Relevante bibelvers.

EDELSTEIN.

2.Mos.28, Du skal ta to karneol-steinar, og på dei skal du grava inn namna åt Israels-sønene, 10 seks namn på den eine steinen, og dei andre seks på den andre steinen, etter alderen. 11 På same måten som ein ritar inn i stein eller grev inn i eit signet, skal du grava inn namna åt Israels-sønene på desse to steinane. Og du skal setja dei i flettverk av gulltråd. 12 Begge steinane skal du setja på akslebanda åt efoden. Dei skal minna om Israels-sønene. Når Aron står for Herrens åsyn, skal han bera namna deira på begge akslene sine og såleis minna om dei.

Op.2,12 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Pergamon:

….

17 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, han vil eg gje av den løynde manna. Og eg vil gje han ein kvit stein, med eit nytt namn rita inn, eit namn som ingen kjenner utan den som får steinen.

GULL.

1.Pet.1, 6 Det kan de gleda dykk over, om de no ei lita stund, når så skal vera, må ha det vondt i mange slag prøvingar. 7 Såleis vert trua dykkar prøvd. For når jamvel forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må òg trua som er så mykje meir verd, prøvast, så ho kan verta til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg. 8 Og han elskar de, endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han. Og de jublar og er fylte av ei glede så herleg at ho ikkje kan tolkast med ord; 9 for de skal nå målet for trua: frelse for sjelene.

SO.17,3 Sølvet smeltar dei i digelen

og gullet i smelteomnen,

men hjarto er det Herren som prøver.

SØLV.

Jes.1,21 Å, at den trufaste byen

skulle verta ei skjøkje!

Full av rett var han,

rettferd budde der inne,

men no – mordarar!

22 Sølvet ditt har vorte til slagg,

vinen din er blanda med vatn.

23 Dine styresmenn er opprørarar,

dei held lag med tjuvar.

Alle elskar dei muter

og jagar etter gåver.

Den farlause hjelper dei ikkje til hans rett,

og enkjers sak tek dei seg ikkje av.

24 Difor seier Herren, Allhærs Gud,

Israels Veldige:

Ve, eg vil sløkkja harmen min

på mine motstandarar

og hemna meg på mine fiendar!

25 Eg vil venda mi hand imot deg,

reinsa ut ditt slagg som med lut

og skilja ut alt ditt bly.

26 Så vil eg atter gje deg domarar

som dei du hadde før,

og rådgjevarar som i den fyrste tid.

Sidan skal du kallast

Rettferdsby og Truskapsstad.

27 Ved rett skal Sion løysast ut,

ved rettferd dei som vender om.

28 Men brotsmenn og syndarar skal knusast,

dei som vender seg frå Herren,

skal gå til grunne.

…..

Då ser det ut til at sølvet er symbol på visdom, gudlegdom og rettferd.

JESUS ER MEST VERDIFULL FOR OSS.

MATT.10,32 Den som kjennest ved meg for menneska, han skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen. 33 Men den som fornektar meg for menneska, han skal eg òg fornekta for Far min i himmelen. 34 Tru ikkje at eg er komen for å skapa fred på jorda. Eg er ikkje komen med fred, men med sverd.

35 Eg er komen for å setja skilje:

Son står mot far,

dotter mot mor,

sonekone mot vermor,

36 og ein manns husfolk er hans fiendar.

37 Den som har far eller mor kjærare enn meg, er ikkje verd meg. Den som har son eller dotter kjærare enn meg, er ikkje verd meg. 38 Og den som ikkje tek krossen sin og fylgjer etter meg, er ikkje verd meg. 39 Den som vinn livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, skal vinna det!

40 Den som tek imot dykk, tek imot meg; og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg. 41 Den som tek imot ein profet fordi han er profet, skal få ein profets løn, og den som tek imot ein rettferdig mann fordi han er rettferdig, skal få ein rettferdig manns løn. 42 Og den som gjev ein av desse små, om det så berre er ei skål kaldt vatn fordi han er læresvein – sanneleg, det seier eg dykk: Han skal ikkje missa si løn.

Så Jesu bodskap var tydeleg vis annleis enn bodskapen til Johannes Døyparen, alias Elia. Det kan vere på grunn av overgangen til den nye pakta, evangeliet gir oss eit betre fundament å bygge på.

Malaki.4,4 Kom i hug lova åt Moses, tenaren min,

den eg gav han på Horeb for heile Israel,

både føresegner og domsreglar.

5 Sjå, eg sender profeten Elia til dykk

før Herrens dag kjem, den store og skræmande.

6 Han skal venda fedrehjarto til borna

og barnehjarto til fedrane,

så eg ikkje skal koma og bannstøyta landet.

Guds rike og verdslege rike.

I dei fire store rika som Daniel profeterte om, var der herskarar som gjerne ville gjere seg sjølve til gudar. Slik var det i romarriket også, men der skulle vi vel få ei avklaring ved Daniels profeti om steinen som traff fotstykket på biletstøtta, knuste det og dermed fall heile statua i knas. Men steinen vaks over heile verda, det var Guds rike og det var evig. Då må vi sjå skilnad på det og verdslege rike.

Jøde fyrst, så grekar.

Den glade bodskapen vart forkynt for jødane fyrst og så forgrekarane og dermed til dei andre heidningane også. Det var det rett svaret, både for jødar og heidningar, for dei lærde verka det som det bomma, dei lærde jødane venta seg ein annan slags Messias.

Rom.1, 16 For eg skjemmest ikkje ved evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde fyrst og så grekar. 17 For i det vert Guds rettferd openberra, av tru til tru, som skrive står: Den rettferdige skal leva ved tru.

1.Kor.1, 17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:

Eg vil tyna visdomen hjå dei vise

og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.

20 Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska.

Antikk filosofi og politikk.

Det er tydeleg at antikk filosofi var inspirert av jødedommen. Det starta som naturfilosofi, ja det starta bra, men dei fann ikkje metode til å avgjere kva som var rett, så dei vart ikkje samde. Så tok moralfilosofi og politisk filosofi over. Sofistane var dei lærde, lærarar og journalistar, dei var pratmakarar og kverulantar, beste pratmakaren vann fram, men det var ikkje alltid å seie kva som var rett og sant, samfunnet vart korrupt, til samanlikning med det jødiske samfunnet tidlegare.

Jes.59,14 Difor er retten unnatrengd,

rettferda står langt borte.

På torget er sanninga fallen,

og det rette vinn ikkje fram.

Sparta var eit aristokratisk jordbrukssamfunn, men Athen var og Hellas elles var meir moderne, dei dreiv handverk (industri), handel og skipsfart og fekk koloniar på kysten av Middelhavet og Svartehavet. Der vart dei forfæra over moralen til barbararane og dei stilte seg spørsmål om korleis dei kunne påstå at deira moral var rettare og betre, hadde dei liksom, noko rett til å lære andre? Dersom dei ville føre ein imperialistisk politikk og verte eit storrike, trong dei ein felles moralfilosofi som kunne samle folka som hadde ulik moral og religion. Dei måtte vere tolerante altså.

Sokrates samtalte med folk og han menten at gjennom slik dialog kom han til erkjenning av sanninga og den gjorde han lykkeleg. Han meinte å kunne seie kva som var rett og sant altså. Etter at Aten tapte krigen mot Sparta, fekk sofistane skulda, dei vart skulda for å oppvigle ungdommen, så det vart ei moralsk oppløysing. Sokrates vart skulda for å vere sofist, til tross for at det var feil og han vart henretta.

Då trekte Platon seg attende og filosoferte, han gav opp tanken på demokrati, sidan folket let seg oppvigle mot Sokrates. Han meinte der var ei ideverd med fullkomne idear, inkludert det godes ide. Når eit menneske kom til verda, kom det frå ideverda og stupte inn i materien, då miste det mykje av den innsikta det hadde i ideane før fødselen. Men gjennom langvarig utdanning kunne det gjenvinn mykje av innsita. Derfor skulle ei lærd elite styre med diktatorisk makt. Platon søkte altså eit idealsamfunn på den måten.

Evangeliet om Kristus og hans forkynning av Guds rike er ein fulltreffar som svar på dette, men som svar er der også vesentleg skilnad, for Jesus sa at vi må vende om og verte som born, ja, fødast på nytt, for å sjå Guds rike og komme inn i det. Det vondes problem var at synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle.

På eit berømt maleri peikte Platon opp, mot ideverda, men Aristoteles peikte ned, mot den sansbare verda. Og når det gjels samfunnssyn og samfunnsengasjement, såg han utover, mot verdslege samfunn og rike, for å samanlikne dei og prøve å finne det beste.

Aleksander den Store hadde hatt Aristoteles til lærar og når han hadde sikra makta si i Egypt, let han seg utrope til ein gud der, men elles let han dei få ha religionen sin i fred, som tidlegare. Slik var Aleksander tolerant.

Den Katolske Kyrkja godtok thomismen som sin filosofi.

Rett før 400 e.Kr. kom Augustin med ei syntese mellom kristendom og ny-platonisme. I høgmiddelalderen (1050-1300 e.Kr.) var paven på høgda av si makt. Paven og presteskapet påstod at Kristus var så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, dei måtte gå via paven, prestane og helgenane. Soleis kom skriftestolane, avlatshandelen og helgendyrkinga. Midt på 1200-talet kom munken Thomas Aquinas med ei syntese mellom kristendom og aristotelisme. Den vart kalla thomismen og vart godteken som filosofien til den Katolske Kyrkja. Det var rart at han ikkje reagerte på vranglæra i kyrkja, avlatshandelen og helgendyrkinga.

Augustin hadde ei regimentlære, eit åndeleg regiment, som skulle høve med Guds rike og kyrkja og eit verdsleg regiment som høvde med den verdslege staten. No skulle vel det åndelege regiment høve med kristen-platonismen (Augustins syntese)  og det verdslege regiment høve med aristotelismen/thomismen. Men no prøvde paven å framstille seg som meir tolerant enn Kristus, vi kan samanlikne det med Aristoteles som let seg utrope som ein gud i Egypt, men som også framstilte seg som tolerant, for å få støtte i folket, der ligg maktinteresse i det.

Kampen for tilværet. Dyret og den Falske Profet. Den Store Skjøkje.

I følgje naturvitskapen med utviklingslæra er livet ein kamp for tilværet, det om å gjere for individet, slekta og arten å overleve ved å tilpasse seg naturen. Det gjeld for menneska også, men det forklarer ikkje alt, det er like vel Gud som skaper utvikling og som gjer noko nytt. Verdslege rike oppstod og deira herskarar forguda seg sjølve, men det gjekk slik som ved syndefallet, det var Guds om skapte det og let det gå til grunne, han straffa dei fordi dei prøvde å gjere seg sjølve til gudar. Han ville gjere noko nytt, men dei stod imot det nye. Slik også med den Lovlause og Dyret. Den Falske Profet tente Dyret, prøvde sikkert å profetere om at det nye kom ved Dyret, men det var lureri, folk vart luret og kom ikkje med i det nye, vart ikkje med på det likevel. Ganske alvorleg, når det er tale om å komme inn i Guds rike og verte frelst for æva (2.Tess.2 & Op.13).

I den Store Skjøkje vert folk haldne i trældom ved at styresmaktene vert dyrka som avgudar, men Gud kallar folket sitt ut frå henne, så dei ikkje vert skuldige i syndene hennar (Op.18,4-8). Eg tenker meg at tilbedinga av Dyret med den Falske profet og avgudsdyrkinga i den Store Skjøkje er som eit kunstig krav om tilpassing til verdslege autoritetar. Desse krava og forventningane kan ligge i sosialiseringsprosessen. Eg samanliknar det med «Mor Israel» sitt fråfall, at ho vart ei hore med avgudsdyrkinga si. Sions Dotter vart såra og sjuk og Jeremias kjende på smerten i folket i seg sjølv. Du kan kjenne på smerte på grunn av ei synd, noko dumt du sa og gjorde, men kvifor gjorde du det då? Fordi du kjende det som eit kunstig krav om tilpassing og gjekk med på det. Kravet om tilpassing kan fungere som eit forslag om samfunnskontrakt, slik som vi såg hos Hobbes filosofi og liberalismen. Fridom, for kven? Når dei med samfunnskontrakt gjer deg til træl og det endåtil utan at dei har innvilga deg ytringsfridom, nei, for det gjeld berre for ei rik og lærd overklasse.

Trikset er at det vert framstilt som om du sjølv skal gjere deg rettferdig og fullkommen og det overfor verdslege autoritetar. Men det går då ikkje. Og kva så? Dei framstiller seg som tolerante med sitt krav om tilpassing og samfunnskontrakt og det ved å setje seg sjølve i staden for Gud. Slik vert den einskilde lurte på heile greia, det er som om han og ho gir frå seg gull og får treverk i staden. Om du framleis bygger på evangeliets grunnvoll, kva er det då du bygger med? Om det er gull, sølv og edle steinar, så toler det eld-prøva, men er det tre, høy og strå, så brenn det opp.

Verte rettferdig, fullkommen, frelst og fri ved å tru på Jesus og erkjenne at han er Herre.

I Jobs bok er det ein diskusjon om eit menneske kan verte rettferdig og fullkommen for Gud. Det ser vi igjen elles i Bibelen også og konklusjonen er at Gud er heilage, fullkommen og rettferdig og når han frelser menneske for æva og gir dei evig liv, gjer han dei rettferdige, heilage og fullkomne. Alle som tok imot Kristus, gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vart og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd, det er evig. Kristus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Då er det berre for oss å halde fram med å ta imot den Anden og det livet som han gir oss frå himmelen.

I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Som motsetnad til den er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Den Heilage Ande openberrar Guds Ord for oss, så vi erkjenner at Kristus er Sanninga som set oss fri. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den levande og sanne Guds, så vi skal tilhøyre han. Tek vi imot han, får vi hans Ande som pant på at vi tilhøyrer han, slik blir vi frelst og fri.

Vi er komne inn i eit personleg forhold til Kristus, vår frelsar og Herre, så det er ei personleg sak. Slik er det for meg også. Dette har eg skrive meir om her :

Det er også tale om at vi skal lyde han, så kva går denne lydnaden ut på? Først og fremst at vi skal tru på han, halde fast på hans ord, elske han, vende oss til han og sjå på han, slik som den Heilage Ande openberrar han for oss og han for oss.

Joh.6,29 Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.»

Rom.6,15 Kva så? Skal vi synda, sidan vi ikkje er under lova, men under nåden? Langt ifrå! 16 De veit at når de steller dykk til rådvelde for einkvan og lyder han, då vert de trælar under den som rår over dykk; anten vert de trælar under synda, og det fører til død, eller under lydnaden, og det fører til rettferd. 17 Men Gud vere takk! De som før træla under synda, har no av hjarta vorte lydige mot den læra som vart dykk overgjeven. 18 De har vorte frigjorde frå synda og er trælar for rettferda – 19 eg brukar eit bilete frå dagleglivet fordi de er skrøpelege menneske. Før baud de fram lemene dykkar til teneste for umoral og urett, og det førte berre til endå meir urett. Men no skal de by fram lemene dykkar til teneste for det som er rett, så de kan verta helga. 20 Medan de træla under synda, var de ikkje bundne av det som er rett. 21 Kva slag frukt hausta de av det? Slikt som de no skjemmest ved, for det fører til døden. 22 Men no er de frigjorde frå synda og har vorte tenarar for Gud; og frukta av det er eit liv i helging og til sist evig liv. 23 For den løn synda gjev, er døden, men Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre.

Heb.5,5 Så har heller ikkje Kristus teke seg den æra å vera øvsteprest. Han fekk henne av Gud som sa til han:

Du er son min,

eg har født deg i dag.

6 Og som han seier ein annan stad:

Du skal vera prest til evig tid

på Melkisedeks vis.

7 Då Jesus levde på jorda, bar han med høge rop og tårer fram bøner og naudrop til Gud som kunne berga han frå døden, og han vart bønhøyrd fordi han hadde age for Gud. 8 Endå han var Son, lærte han lydnad av det han leid. 9 Då han hadde nått fullendinga, vart han opphav til evig frelse for alle som lyder han; 10 Gud hadde då kalla han øvsteprest på Melkisedeks vis.

Lydnaden er at vi drikk av kjelda med det levande vatnet og held fram med det, at vi bøyer oss for han og takkar han som vår frelsar og Herre, så vi tilber Gud i ånd og Sanning.

Joh.14, 15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.

21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»

22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:

Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.

15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.

21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»

22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:

Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.

Joh.4,10 Jesus svara: «Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.» 11 «Herre,» sa ho, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå?

……..

22 De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane. 23 Men det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Faderen i ånd og sanning. For slike tilbedarar er det Faderen vil ha. 24 Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.»

Gud gjer noko nytt, legge bak seg det gamle og ta imot det nye og gå inn i det. Slik får vi fornying.

I eit platonsk samfunn er det dei gamle vise som skal regjere og lære opp ungdomen. Men korleis kan eit slikt samfunn lære noko nytt og fornye seg og utvikle seg? Folket lærer berre oppatt det same gamle. Aristoteles sitt samfunnsengasjement var i staden å sjå utover i verda, for å finne det beste samfunnet med den beste moralfilosofien og politikken. Han tenkte biologisk og tenkte seg at menneska står på eit høgare nivå enn dyra og så kjem gud over det igjen.

Men Daniel hadde for lengst prioritert om dei fire store rika, som fire dyr og frå historia veit vi at herskarane i desse rika hadde ein tendens til å framstille seg som gudar. Der var Dynasti som dei meinte ætta frå gudane. Og i Johannes Openberring er det fortalt at menneska tilbad Dyret. Den falske profet tente Dyret, det tyder på at han profeterte om det nye, som om det var Dyret som kom med det.

Gud gjer noko nytt, men då har menneska bestandig stått imot og prøvt å forgude seg sjølve for soleis å framstille det som om det er dei sjølve som kjem med det nye. Når Moses leia folket ut av Egypt, for å leie dei mot det lova landet, lengta dei attende til kjøtgrytene i Egypt. På grunn av vantru, kom dei ikkje inn i det, men måtte vente til det kom ein ny generasjon, omsider kom den inn i det lova landet og etter mange generasjonar fekk dei ein konge etter Guds hjerte, David. Jerusalem var Guds kone, men ho tenkte tilbake på då ho var i Egypt og mennene der kjende på henne. Det hugsa ho på altså og byrja å tenke slik og vart ei hore (Esekiel.16&23).

Sanninga i Guds Ord og sanninga i realfag.

Grekarane søkte visdom, men korleis kunne dei vite kva som var sant og rett? Og Pilatus spurde Jesus: Kva er Sanning?

Ved tru skjønar vi at det synlege har vorte skapt av Guds Ord, så det har vorte til av det usynlege.

Heb.11,1 Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser. 2 For si tru fekk menneske i gamal tid godt vitnemål. 3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

Derfor er naturen forståeleg og det var nok ein god grunn til at dei første greske naturfilosofane meinte naturen var forståeleg. Men kven hadde den rette forståinga, korleis kunne dei verte samde? Sokrates meinte han kom til erkjenning av sanninga gjennom dialog med andre og det gjorde han lykkeleg. Han var så sikker og opplevde denne gleda så sterkt og verkeleg at han meinte han kunne godt tåle flammane om han vart dømd og brend på bålet. Slik også med Kristus og dei fyrste kristne som leid martyrdøden og for mange kristne er både gleda og trusselen reell i vår tid. Når Kristus vart stilt for retten, sa han at han var komen for å vitne om sanninga og når han vart spurt om han var konge, sa han at hans rike var ikkje av denne verda.

Joh.18,36 Då sa Jesus: «Mitt rike er ikkje av denne verda. Var riket mitt av denne verda, hadde mennene mine stridt for meg, så eg ikkje skulle koma i hendene på jødane. Men riket mitt er ikkje av denne verda.» 37 «Så er du då konge?» sa Pilatus. «Du seier det,» svara Jesus. «Eg er konge. Til det er eg fødd, og til det er eg komen til verda, at eg skal vitna om sanninga. Kvar den som er av sanninga, høyrer mi røyst.» 38 «Kva er sanning?» sa Pilatus. Dermed gjekk han ut til jødane att og sa til dei: «Eg finn inga skuld hjå denne mannen. 39 Men de er vane med at eg gjev dykk ein mann fri til påske. Vil de at eg skal gje dykk kongen over jødane fri?» 40 Då ropa dei endå ein gong: «Ikkje han, men Barabbas!» Men Barabbas var ein røvar.

Den eksperimentelle (moderne) naturvitskapen, realfag.

Utviklinga av den moderne naturvitskapen er eineståande i verdshistoria, det har vorte filosofert over kvifor den ikkje vart oppdaga og utvikla før, kva var det som gjorde at den vart utvikla akkurat i Vest-Europa  frå omlag 1600 e.Kr. Det vart filosofert over metodene og det vert det framleis.

For det fyrste, så hadde vi skolastikken, sitat frå https://snl.no/skolastikk :

Skolastikk er en systemskapende, metodisk, autoritets- og tradisjonsbunden retning innen filosofien som blant annet søkte å forene gresk filosofi, særlig Platon og Aristoteles, med den kristne læren. Den ble først og fremst dyrket ved katedral– og klosterskoler i Europa fra 1100- til 1500-tallet.Skolastikken utviklet et raffinert teknisk begrepsapparat og en tilsvarende terminologi. Dens tenkning er basert på deduksjon fra bestemte premisser (for eksempel Aristoteles’ metafysikk og Bibelen) mer enn på induksjon og erfaring.

Disputasjonsformen ble karakteristisk for skolastikken. Man gikk ut fra en oppstilt tese eller et spørsmål, argumenterte for og mot etter strengt oppstilte regler, ofte med sitater fra Bibelen og andre autoriteter, fremsatte så i hoveddelen konklusjonen og gav til slutt svar på motargumentene.

SITAT SLUTT.

På 1200-talet hadde arabarane med seg ein fornya kjennskap til Artistoteles og Thomas Aquinas formulerte ei syntese mellom kristendom og aristotelisme, som vert kalla Thomismen og den vart godkjend som filosofien til den Katolske Kyrkja. Det Aust-Romerske riket braut saman i 1453 e.Kr. Då var det mange intellektuelle som reiste vestover og tok med seg ein fornya kjennskap til antikk filosofi, spesielt Platon. Vi får tre vesentlege poeng:

  1. Adekvate omgrep og teoriar frå antikk filosofi.
  2. Teoretisk skulering, trening i skolastisk filosofi.
  3. Ei nyvekt interesse for å utnytte og kontrollere verda, ei sekularisering av interessene, typisk for renessansen.

Galileo Galilei.

Galileo Galilei vert rekna som far for den eksperimentelle naturvitskapen og han viste ved eksperiment at Aristoteles tok feil. Galilei trudde på kristendomen, men Kyrkja hadde gjort aristotelismen til religion, så dei hata han fordi han søkte sanning og viste at dei tok feil.

Sitat frå https://snl.no/Galileo_Galilei :

Galileo Galilei var en italiensk fysiker og astronom, mest kjent for sine bidrag til bevegelseslæren og som en av de første til å ta i bruk teleskop i astronomien. Han var en ivrig forkjemper for Nicolaus Copernicus’ verdensbilde, der Sola er i sentrum for Jordens bevegelse, noe som skaffet ham problemer med paven i Roma.

Galileis virksomhet fikk stor betydning, ikke bare for den naturvitenskapelige utviklingen, men også for filosofien, der hans teorier og metoder var viktige for fremveksten av et materialistisk-mekanistisk verdenssyn.

Galilei ble født i Pisa. Fra sin far Vincenzo Galilei, som var av gammel adelsslekt, arvet han en sterk interesse for musikk. Han viste også tidlig stor begavelse for tegning og maling. I 1581 dro han til universitetet i Pisa for å studere medisin, men kom snart til å interessere seg hovedsakelig for fysikk og matematikk.

Falleksperimenter i Pisa

I 1583 oppdaget han, angivelig ved å iaktta de svingende lysekronene i domkirken i Pisa, at to pendler med samme lengde har samme svingetid, selv om de har forskjellig tyngde. Han innså at dette stred mot Aristoteles‘ (384–322 fvt.) lære, som sa at tunge legemer faller fortere enn lette. Han prøvde så å sammenligne fallhastigheten til tunge og lette ting og fant at Aristoteles’ lære var gal. Dette vakte stor oppsikt, men også sterk motstand. Beretninger som sier at han foretok sine falleksperimenter fra det skjeve tårn i Pisa, er uriktige.

Professorat i Pisa

I 1585 flyttet han til Firenze og studerte Evklid og Arkimedes. I forbindelse med dette skrev han sine to første arbeider, om legemers oppdrift med anvendelse på hydrostatisk veiing og om legemers tyngdepunkt, i 1587. Disse arbeidene vant stor anerkjennelse, og Galilei ble i 1589 professor i matematikk i Pisa. Her begynte han for alvor å beskjeftige seg med bevegelsesproblemer. Gjennom kontrolleksperimenter lyktes det ham å oppdage de riktige lovene for fallbevegelsen og for bevegelse med konstant akselerasjon. Undersøkelsene, som først ble avsluttet noen år før han døde, er beskrevet i hans berømte verk Samtale om de to nye vitenskaper og danner grunnlaget for kinematikken.

Professorat i Padova

I 1592 byttet Galilei, blant annet på grunn av kritikken mot ham, sitt professorat i Pisa med et mer fordelaktig professorat i Padova, som tilhørte republikken Venezia. Der virket han i de følgende 18 årene, og han samlet om seg en stadig voksende skare av studenter fra alle land, blant andre den senere svenske kongen Gustav Adolf (1594–1632). Han utformet da loven om akselerasjonen, oppfant proporsjonspasseren og et væsketermometer, og innførte prinsippet om virtuelle hastigheter i mekanikken – et prinsipp som senere fikk grunnleggende betydning i Joseph Louis Lagranges (1736–1813) analytiske mekanikk. Videre drev han viktige studier over legemers kohesjon og skapte grunnlaget for fasthetslæren.

Galileis kikkerterI 1609 hørte Galilei om de første kikkertene som ble konstruert i Nederland, og det lyktes ham snart å sette sammen betydelig bedre kikkerter selv. En av disse oppbevares ennå i Firenze. Med sine kikkerter, som gav en forstørrelse på opptil 30 ganger, gjorde Galilei en rekke betydelige oppdagelser. På Månen så han sletter og berg med kraftige skygger. Melkeveien var ingen tåke, men et mylder av stjerner, og omkring Jupiter oppdaget han i 1610 fire himmellegemer som han skjønte måtte være Jupitersmåner. Galilei følte seg overveldet og skrev: «av uendelig takk til Gud for at det har behaget ham å la meg bli den første iakttager av så vidunderlige og for alle århundrer skjulte ting.»

………

Først i 1992 ble Galilei rehabilitert av den katolske kirke.

Galileis virksomhet fikk stor betydning, ikke bare for den naturvitenskapelige utviklingen, men også for filosofien. Hans teorier og metoder ga sterke impulser til fremveksten av det generelle materialistisk-mekanistiske verdenssynet som dominerte både naturoppfatning og metodesyn hos filosofer som René Descartes (1596–1650) og Thomas Hobbes (1588–1679). Galilei er blant en av de første i nyere tid som formulerer læren om primære og sekundære sansekvaliteter.

Kva var det nye Gud gjorde og framleis gjer? Evangeliet og den nye naturvitskapen.

Lova kom ved Moses, nåden og sanninga kom ved Kristus. dersom dei vart verande i Jesu Ord, skulle dei få lære å kjenne sanninga og den skulle setje dei fri (Joh.1,17 & Joh.8,31-32).

Jesus gav disiplane sine misjonsbefalinga og sa at dei skulle sjå at han var med dei alle dagar, inntil verda sin ende.  Men fyrst skulle dei vente på at han sende dei den Heilage Ande frå himmelen. Når dei då gjekk ut og forkynt evangeliet om Guds rike, fekk dei sjå at han var med dei, den Heilage Ande var i dei og med dei og gjorde sitt verk, folk kom til tru på Kristus og vende om til han, fordi den Heilage Ande overtyda dei. Det var ikkje fordi dei vart tvinga til det, men til tross for at herskarane i samfunnet prøvde å hindre dei med makt. Det var heller ikkje noko dei som fram til som eit fleirtalsvedtak i ein demokratisk prosess. Men det var fordi trua kom av forkynninga og forkynninga av Kristi ord og så vitna den Heilage Ande og openberra Guds Ord og leia dei fram til Sanninga som er Kristus.

Til samanlikning vert ikkje folk tvinga til å erkjenne sanninga i realfag, den kjem heller ikkje som resultat av fleirtalsvedtak i ein demokratisk prosess. Dess meir avansert teori, desse færre er det som forstår seg på det. Like vel vert langt fleire enn dei overtyda. Den nye naturvitskapen var noko eineståande nytt i verdshistoria og eg meiner vi gjer rett i å takke Gud for det. Den fysiske, kjemiske og biologiske naturen er slik som den alltid har vore, bortsett frå at der skjer ei biologisk utvikling, i følgje utviklingslæra, men vi kan like vel tru at det er Guds om skaper den. Elles er det nye at vi forstår oss betre på den og har funne metode til å avgjere kva som er rett og sant.

Her har kristendomen spelt ei viktig rolle i historia, for på ei tid då herskarane framleis spurde etter kva som var sanning, sa Jesus at han var komen for å vitne om sanninga og sa at han var Sanninga. Og disiplane hans heldt fram med å vitne om Sanninga. Jesus sende dei Sanningsanden frå himmelen, den openberra sanninga i Guds Ord for dei, den sa Sanninga og gjorde dei i stand til å seie og forkynne det som var sant og rett.

Himmel og jord skal forgå, men Jesus ord skal aldri forgå. Jesus gjekk bort for å stelle til ein verestad for oss, så kjem han att og hentar oss, så vi skal vere der han er, i Gud himmel og på den nye jorda. Her er det i alle fall tale om den åndelege himmelen. Gud skaper ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur. Så spørst det om det her er tale om den fysiske himmelen også, eit nytt solsystem, ei ny galakse eller eit nytt univers.

Dette viser at frelsa er like fundamental som skaping eller på sett og vis meir fundamental, for når Gud frelser oss, skaper han noko som står til evig tid. Jesus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Gud er fullkommen, Jesus er Guds Son og er fullkommen og hans frelseverk er fullført og fullkome. Den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome.

1.Kor.2,1 Då eg kom til dykk, brør, forkynte eg ikkje Guds vitnemål med meisterskap i talekunst eller visdom. 2 For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest. 3 Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk. 4 Og det var ikkje med overtalande argument og visdomslære eg bar fram ordet og bodskapen, men med provføring av Ande og kraft. 5 For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft.

6 Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. 7 Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen. 8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre. 9 Men det står skrive:

Det auga ikkje såg,

det øyra ikkje høyrde,

det som ikkje kom opp

i nokon mennesketanke,

alt det Gud har gjort ferdig

for dei som elskar han,

10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss. 13 Og dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord. 14 Men det mennesket som ikkje har Anden, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er ein dårskap for han, og han kan ikkje forstå det; dette kan berre dømast om på åndeleg vis. 15 Men det mennesket som har Anden, kan døma om alt, men sjølv kan han ikkje dømast av nokon. 16 For

kven kjende Herrens hug,

så han kunne gje han råd?

Men vi har Kristi hug.


One response to “Lovnad, profeti og filosofihistorie 22. Guds rike og verdslege rike.”

  1. buttketerrick82 Avatar

    glorious! 51 2025 ENTROPILOVA KOLLAPSAR BYLGJEFUNKSJONEN. LIKEVEL TENKER VI KONSTRUKTIVT FOR Å FÅ ORDEN I TANKELIVET, ER DET VED SUPERPONERING AV BYLGJEFUNKSJONAR? ER DET BEVISSTHEITA SOM KOLLAPSAR BYLGJEFUNKSJONEN VED Å SENDE SIGNAL GJENNOM EFFERENT NERVESYSTEM? brilliant

    Like

Leave a comment