Lovnad, profeti og filosofihistorie 19. Vi får dei mest fundamentale menneskerettane ved å ta imot Guds rike som små born, ved gjenfødinga får vi sjå det og komme inn i det. Det er himmelriket, men det er også profetert om eit tusenårsrike. 11. Vedkjenne Jesu namn. Vere lys og salt i verda.

Innleiing.

På evangeliets grunnvoll får vi dei mest fundamentale menneskerettane.

I opplysningstida kjempa folk om menneskerettar og det gjer dei framleis. Vår tid synest bere meir og meir preg av at innhaldet i menneskerettane smuldrar bort, det meiner eg viser klarare og klarare at folk treng å verte opplyste av Guds Ord, for slik får dei mest fundamentale menneskerettane. Vi får ta imot Guds rike som små born og komme inn i det. Alle som tok imot Jesus, gav han rett til å verte Guds born, fødde på nytt av livsens vatn og Ande, så vi får sjå Guds rike og komme inn i det. Vi får komme inn i fridomen i barnekåret hos Gud. Vi får prestetenesta i den nye pakt. Alt dette er fundamentale menneskerettar for den einskilde, slik bør det forkynnast og slik bør det verte forstått og motteke. Eg kan referere til nokre sentrale og velkjende bibelvers (Joh.1,1-15, Joh.3,3-21, Joh.14,6, Rom.8,12-39, Heb.9,26 & 10,14).

Dette er fyrst og fremst på det individuelle plan, Gud er personleg og vi kjem inn i eit personleg forhold til han (Joh.10,1…). Men det har også med vår sosialisering å gjere, for vi vert fødde inn i Guds rike, som hans born skal vi få leve i fridomen i barnekåret heime i Faderhuset. Slik er og blir Guds rike det meste fundamentale samfunnet i menneskelege samfunn allereie her og no, på denne jorda.

Sidan det er eit personleg forhold til den personlege Gud, som har skapt alle ting og er allmektig, kjem dette først og fremst til å handle om mitt personlege samfunnet med Faderen og Sonen, slik som eg sjølv opplever det.

Dette har relevans til det eg har skrive om profetien om Jesu gjenkomst og romantikken i desse dokumenta:

Her er det sentrale poenget at vi må velje å drikke av kjelda med det levande vatnet, i staden for å drikke av denne verda sin sprukne brønnar, for å få noko varig, verdifullt og meiningsfullt både for tid og æve.

Synda skilde menneska frå Gud, det er det vondes problem og menneska sitt mest fundamentale problem, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. På det grunnlaget vinn vi tilbake det tapte. I det gamle testamentet er  avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Som motsetnad til dette er Jesus sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane.

I vår tid er det mange som avviser evangeliet om Guds rike og om Kristus som Guds Messias. Slik mister dei sine mest fundamentale menneskerettar og så påstår dei endåtil at dette gjeld det norske folk og Noreg som nasjon også. Så det forvitrar innan frå. Så viser det seg at dei også avviser sanninga i realfag. Det var då som «antikolonialismen» som markerte seg på universiteta for knapt ti år sidan og det var som trua på dei gamle gudane, laga av stokk og stein.

Søke sanning med fredelege metode, metoda i evangeliet og metodene i realfag er fredelege.

Evangeliet gir oss ei metode til å søke og komme til erkjenning av Sanninga. I tillegg har det i realfag vorte utvikla metode til å søke sanning. I begge tilfelle vert vi overtyda med fredelege metode. Vi kan oppleve at det vert motsetnad mellom metodene, men det må vi lære oss å leve med, så vi innser når den eine metoda tek over for den andre. Eg tenker meg at begge desse metodene vert fundamentale i eit framtidig fredsrike; tusenårsriket. Det er profetert at prestetenesta i den nye pakt vert fundamental i tusenårsriket. Med den skal vi søke sanninga i Guds Ord, men poenget mitt er at det er sameinleg med å søke sanning ved å studerer realfag og moderne teknologi. Det vart fundamentalt for vestleg sivilisasjon, vår velstand og velferd og vi gjer rett i å takke Gud for det. Det ligg an til at det kan verte like fundamentalt og verdifullt for dei andre sivilisasjonane også.

Guds Ord og evangeliet om Guds rike var likevel mest fundamentalt, det ser vi av historia og vi gjer rett i takke Gud og Son hans for det, så vi held fram med å bygge både kyrkjelyd og samfunn på evangeliets grunnvoll.

I dokumentet «Lovnad, profeti og filosofi 9. …» skreiv eg etter innleiinga kapittelet «Mi tru, bøn og von», for det er bakgrunnen og det er det her også, sjølv om eg ikkje tek det med her, for her skal eg i staden prøve å gå over på lovprising og takk for at Gud høyrer mi bøn og vil gi meg det eg har bedt om.

Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg til det.

Det naturlege livet veks og lever av seg sjølv, så vi treng ikkje bekymre oss for det, vi skal berre søke først Guds rike og hans rettferd, så får vi alt det andre i tillegg til det.

Matt.6,25 Difor seier eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for kroppen dykkar, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? 26 Sjå på fuglane under himmelen! Dei sår ikkje, dei haustar ikkje og samlar ikkje i hus, men Far dykkar i himmelen føder dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? 27 Kven av dykk kan med all si sut leggja ei einaste alen til livslengda si? 28 Og kvifor syter de for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje og spinn ikkje, 29 men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 30 Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande! 31 Så må de ikkje syta og seia: Kva skal vi eta? eller: Kva skal vi drikka? eller: Kva skal vi kle oss med? 32 For alt det spør heidningane etter; men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. 33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt. 34 Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde.

Når vi tek imot Guds Ord i tru, vert det evige livet planta i oss.

Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.

Det er Gud som gjer sitt verk i oss med sitt Ord og sin Ande, så det evige livet vert planta i oss og det er Guds som gir det vekst, ved sitt Ord og sin Ande. Derfor må vi audmjuke oss for han, så planten får vatning og næring gjennom røtene, luft og sollys på blada. Så veks den også av seg sjølv, utan at vi treng å bekymre oss så mykje for det, det vesentlege er at vi stoler på Faderen og Sonen, som gav oss livet.

Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Derfor er naturen forståeleg, så vi kan studere den med metodene i realfag. Då skal ikkje sanninga i realfag vere noko problem for vår tru. Realfag er vanskeleg å forstå når det vert avansert og så vert det ofte påstått mykje meir enn dei har dekning for, både med hypotese og teori, det må vi vere klar over og hugse på, dei vitskaplege metodene er slik. Vi er berre menneske og kan ikkje forgude oss sjølve med kunnskapen vår.

Heb.11,3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

Gud er den same og han skaper framleis noko nytt med sitt Ord. Det nye har vi ikkje erfaring av, korleis kan vi då få greie på det og erkjenne det. Ved å tru på Kristus og ta imot han, så vi får oppleve at Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, ved sitt Ord og sin Ande. Dette kjem dermed i tillegg til den sanninga vi finn i realfag.

Vi har fått barnekår hos Gud og får komme til han som hans born, seie kva vi treng og ynskjer oss og seie kva vi tenker og meiner og så gir han oss det vi treng og oppseder oss og lærer oss opp. Det er mykje vi kan tenke, seie og meine, utan at det er straffbart, men vi er førebudde på å prøve det, enn om vi kan få ei betre forståing for det og slik lærer vi.

Det er viktig for oss å vedkjenne Jesu namn.

Jesus har gitt oss store lovnadar med å kjennast ved han.

Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og den Heilage Ande og det som er født av anden er ånd. Vi får leve i fridomen i barnekåret hos Gud og då er det ein fundamental menneskerett for oss. Det er viktig for oss å kjennast ved Jesus som vår frelser og Herre for Faderen og så er det viktig for oss å kjennast ved han for menneska. Det følgjer lovnadar med det som også blir fundamentale menneskerettar for oss

Rom.10,5 Moses skriv om den rettferd som lova gjev: Den som held lova, skal leva ved lova. 6 Men rettferda av tru seier: Tenk ikkje med deg sjølv: Kven skal fara opp til himmelen? – det vil seia for å henta Kristus ned – 7 eller: Kven skal stiga ned i avgrunnen? – det vil seia for å henta Kristus opp frå dei døde. 8 Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i munnen din og i hjarta ditt. Det er ordet om trua, det som vi forkynner. 9 For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst. 10 Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste. 11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar. 12 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. 13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.

Matt.10,32 Den som kjennest ved meg for menneska, han skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen. 33 Men den som fornektar meg for menneska, han skal eg òg fornekta for Far min i himmelen.

Luk.9,23 Så sa han til dei alle: «Vil nokon vera i lag med meg, lyt han seia nei til seg sjølv og dag for dag ta krossen sin opp og fylgja meg. 24 For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal berga det. 25 Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men misser seg sjølv og går til grunne? 26 For den som skjemmest ved meg og orda mine, han skal Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen åt Far sin og dei heilage englane. 27 Sanneleg, det seier eg dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei får sjå Guds rike.»

Læresveinane får sjå Jesu herlegdom

28 Ikring åtte dagar etter at han hadde tala desse orda, tok han med seg Peter, Johannes og Jakob og gjekk opp i fjellet og ville be. 29 Og medan han bad, fekk andletet hans ein annan utsjånad, og kleda hans vart skinande kvite. 30 Brått stod det to menn og tala med han; det var Moses og Elia. 31 Dei synte seg i herlegdom og tala med han om den utgangen livet hans skulle få i Jerusalem. 32 Peter og dei andre hadde falle i djup svevn. No vakna dei og fekk sjå herlegdomen hans og dei to mennene som stod der saman med han. 33 Då mennene skulle skiljast med han, sa Peter til Jesus: «Meister, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia» – han visste ikkje sjølv kva han sa. 34 Og medan han tala, kom det ei sky og skygde over dei, og dei vart redde då dei kom inn i skya. 35 Og or skya lydde ei røyst: «Dette er Son min, den utvalde. Høyr han!» 36 Men då røysta hadde lydt, var det ingen å sjå utan Jesus åleine. Læresveinane tagde med dette, og dei tala den gongen ikkje til nokon om det dei hadde sett.

Mi vedkjenning av Jesu namn.

Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse mine næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Når eg var ni år forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det som første prioritet, be han frelse kvinna frå det og be han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone som andre prioritet. Når eg bad slik, merka eg at Jesus meg nær, som ein skugge ved mi høgre hand, slik vart eg kjend med han som min beste ven. Sidan har han ikkje forlete meg. Han var livet som var planta i meg ved Guds Ord og det skulle vekse. 

Eg visste det var viktig for meg å vedkjenne mi tru på Kristus for dei andre, det syntest eg var vanskeleg, eg torde ikkje, men eg ville slett ikkje fornekte han, så eg valde å teie stilt om det. Men eg snakka med han Jesus om det i kveldsbøna mi og bad han setje meg fri frå den menneskefrykta.

Når eg sidan vart forelska i ei jente, var den laglege tida for meg å vedkjenne Jesu namn, det høvde med trua og kjærleiken som Gud hadde gitt meg i hjertet, kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. For meg verka det frigjerande å vedkjenne Jesus namn nettopp i denne samanhengen og det gleda meg og når eg gjekk på gymnaset vart eg ivrig med det. Eg oppdaga eg at det høvde med Paulus si lære og lovnaden om at vi ved trua skulle få komme inn til Guds kvile (Heb.3-4). I følgje Paulus er Kristus hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Paulus grunngav det både utifrå skapingshistoria og evangeliet. 

Gå inn på lovnadane og gå i ferdiglagde gjerningar.

I mitt førre dokument, LPF 18, https://faith-and-entropy.com/2024/09/30/lovnad-profeti-og-filosofihistorie-18-vi-far-dei-mest-fundamentale-menneskerettane-ved-a-ta-imot-guds-rike-som-sma-born-ved-gjenfodinga-far-vi-sja-det-og-komme-inn-i-det-det-er-himmelriket-men-de/ , skreiv eg om at Gud leia ein predikant i Sion Åheim til å opne for frie vitnemål i byrjinga av møtet, det kom som eit bønnesvar for meg og eg gjekk fram og vitna og då kom der bodskap gjennom tyding av tungetale om at det ordet som Jesus har talt og som eg har omgitt meg med er ånd og liv. Eg skulle gå inn på lovnadane og gå i ferdiglagde gjerningar. Så på nyåret reiste eg til Oslo og byrja på praktisk pedagogisk undervisning.

Vitne om mi tru på Jesus i kyrkjelyden, måtte det då vere eit salva møte.

Eg skreiv framleis til leiinga den Frie Evangeliske Forsamling i Oslo og skreiv om dette til dei og at eg yngste å seie noko om det i kyrkjelyden, men det høyrdest ikkje ut til at dei var særleg interesserte i det. Når eg kom til Oslo fortsette eg å gå i denne kyrkjelyden og på eit vitnemøte var eg fram og ville seie noko om det. Eg fortalde at eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og no skulle ho verte frelst og fri, så ho kunne vere saman med meg i kyrkjelyden også. Eg ville lese opp ifrå denne bodskapen, men det fekk eg ikkje lov til, eg fekk ikkje lov til å seie noko meir om det.

På eit vitnemøte i Sion Åheim for knapt eit år sidan, prøvde eg også å seie noko, men ein mann vart sitjande og avbryte meg gang på gang. Eg meinar det var siste møtet eg var på i 2023, så då måtte det vere i desember. Etter nokre dagar ringde han og bad meg om unnskyldning for det og eg svarde at det var greit. Han yngste vi kunne møtast igjen på Sion som før.

Men dette har også å gjere med kva forventningar vi kjem til møtet med. Eg vitnar for dei andre om mi tru på Jesus, så eg snakkar om han og vil ære han for det eg trur han har gjort for meg. Men eg ventar også at han er midt i mellom oss og han har sagt eg skal snakke med han. Eg skal påkalle Herren den stund han er nær, takke han for det han har gjort for meg og be til han, hans svarar meg og eg trur på det han seier og takkar han og gir han ære og held fram med å snakke med han. Sjølv om eg vitnar om han og talar om han, ynskjer eg å skift over til å tale med han. Eg har då fått oppleve at dette fungerer når der er ein salva predikant og eller andre som Jesus har salva og utrusta med sine nådegåver, tungetale, tyding av tungetale og profetisk tale. At han svarar meg, viser at eg også er salva, den som har øyre han høyre kva Anden talar til kyrkjelyden. Øyra er også ein lem på Jesu lekam, det er ei nådegåve det også. Det har å gjere med å forstå med hjerte, sinn og tanke.

Då synest det svært så rart om der er nokon som vil høyre, tenke og tale i staden for meg og endåtil svare meg i staden for Kristus og den Heilage Ande. I slutten av kvart av dei sju breva i Johannes Openberring vart det sagt at den som har øyre han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane.

Vere lys og salt i verda.

Der vi møter andre menneske i kvardagen er også kontaktpunktet mellom Kristus og dei.

Møte i M40, Oslo, sundag, 2. desember 2001. Tungetale ved Kjell Arve Tolås, tyding ved Knut Østby:

«Ja, også i denne byen er det mennesker som lengter etter meg. I din nærhet er det mennesker som venter på et ord om meg ifra din munn, sier Herren. Jeg har plassert deg akkurat der du er, for at du skal være mitt vitne i denne tiden. Ja, lys og salt, det er det denne verden trenger. Og det er den egenskapen du har fått fra meg, sier Herren.

Oppgaven kan virke umulig, sier du, kanskje. Ja, du har følt på at du kommer til kort så mange ganger, at ordene ikke strakk til. Men det er nettopp da jeg kan få virke i deg, sier Herren, fordi jeg gav deg ikke motløshets ånd, men jeg har gitt deg min ånd i ditt indre, i ditt hjerte, for at du skal kunne tale mitt ord til de du møter, ja, være en duft fra liv til liv, det skaper min ånd der du vandrer, sier Herren.

Og når du sier at din tid er over, du har gjort ditt, så skal du vite det, at ennå er det arbeidsmuligheter for deg, sier Herren. Alder og utdannelse, alle de menneskelige forutsetningene som verden ser etter, det er ubetydelig for meg. Men nettopp der du er plassert, der du bor, der du treffer et menneske, der er kontaktpunktet for meg, sier Herren. Og du skal virke, du skal forkynne mitt budskap til de du møter, for det er muligheten for dem til å høre evangeliet og bli frelst. Og det jeg vet, det er det du lengter etter, sier Herren, at mennesker rundt deg skal møte meg, og du skal kunne brukes i denne tiden, fordi jeg går med deg, jeg har ikke overlatt deg til tilfeldigheter, og dere er ikke etterlatt farløse, men jeg er midt iblant mitt folk, for å virke i dere, sier Herren.»

Jesus gir oss lyset og saltet, bruk det som Jesus har for deg og ver lys og salt i verda.

Eg tek med ein bodskap i Maranata 5.9.2021, sjølv om eg ikkje var på møtet:

«Ja, jeg er Herren, jeg er Herren som leder deg i det du skal gjøre for meg. Du er den som skal gi menneskene saltet, som er ifra meg. Fordi jeg har teke bolig i ditt hjerte. Fordi i same øyeblikket som du taler ut av din munn, så er det ikke du som taler, det er jeg som taler gjennom deg. Fordi jeg har makt til å gjøre det, jeg har makt til å gjøre det, fordi det er jeg som vet hva som skal skje med mennesker når jeg taler igjennom deg. Jeg vil bruke deg for at jeg skal bli æret for det. … For jeg er Herren din Gud, jeg er den som taler, jeg er den som gjør mirakler, jeg er den som helbreder, ja, jeg er den som gjør alt. Derfor, bruk det som jeg har for deg, fordi jeg vil bruke deg og du er mitt redskap. Og la redskapet være tilgjengelig for meg, for jeg, Herren din Gud vil bruke deg i det som jeg legger på ditt hjerte.

Lys og salt, det går sammen. Lys og salt er det som gjør at mennesker får se hva jeg gjør i alle, i mine barns liv. Jeg er den som gir det lyset. Jeg er også den som gir det saltet. Er du den som vil bruke saltet til å  gå i den tjenesten som jeg har lagt i ditt hjerte. For jeg er den som legger i ditt hjerte hva du skal si til menneske. Noen ganger så leder jeg til steder der du bare skal være lys, bare være lys og ikke si noe. Fordi det lyset som er i deg, la det ikke slukne, fordi jeg vil at du skal være det lyset for meg. Når jeg sa, når jeg skapte jord og himmel, så sa jeg: «Bli lys». Og det ble lys. La det lyset skinne i deg. La det være kraft som går i gjennom hele deg. Fordi den kraften, det lyset, det er det jeg vil bruke og så saltet. Fordi mitt Ord står fast. Og når mitt Ord står fast, så er det også til evig tid. Det er til evig tid, for jeg er evig. Og jeg er ånd og den ånden som du har fått ifra av meg, den herleggjør alt. Det er den som viser deg hvordan og hva du skal gjøre med lyset og saltet. La det ikke slukne, la det ikke bli, stå fast i det som du har vært i. For jeg vil bruke deg, jeg vil bruke deg til alt som jeg legger i ditt hjerte. Og du skal få lyse og du skal få se hva jeg gjør igjennom deg. For jeg er den som har skapt lyset, jeg har også lagt saltet i deg. For at du skal gå i tjeneste for meg. Så frykt ikke, vær ikke redd, for jeg er din Gud, som er med deg i alt du tar deg fore.» 

PROFETEN ELISJA OG KVINNA MED OLJEKOPPEN. Møte i Maranata 8.12.2013.

Tale ved John Miland.

John sa han hadde fått eit ord ifrå Herren, som han ville dele med oss.

2KG 4,1 – 2KG 4,7 {ELISJA HJELPER EI ENKJE}  Ei kvinne som hadde vore gift med ein av profetsveinane, ropa ein gong til Elisja: “Mannen min, som var tenaren din, er død. Du veit at han var ein mann som hadde age for Herren. Men no kjem ein som han stod i skuld til, og vil ta begge sønene mine til trælar.” 2 Elisja sa til henne: “Kva kan eg gjera for deg? Sei meg kva du har i huset!” Ho svara: “Tenestkvinna di har ikkje anna i huset enn ei krus med olje.” 3 Då sa han: “Gå til alle grannane dine og lån deg kar, så mange tome kar som du kan få tak i. 4 Gå så inn og steng døra etter deg og sønene dine! Slå olje i alle desse kara, og set dei bort når dei er fulle!” 5   Kvinna gjekk frå han, og ho stengde døra etter seg og sønene sine. Dei bar kara bort til henne, og ho slo olje i dei. 6 Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: “Lat meg få eit kar til!” Men han svara: “Her er ikkje fleire.” Då heldt oljen opp å renna. 7 Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: “Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som vert att.” [gudsmannen: profeten Elisja.] 

Tungetale ved Mari, tyding ved John.

«Ja, seier Herren, du skal vite at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Liksom eg var på denne enka si tid, då eg velsigna henne med olje, sjå, den same er eg i dag, seier Herren. Dersom du set fram det du har og let meg få ta hand om det, let meg få lov å velsigne det, så skal du få sjå at det vert til mange. For sjå, ingen ting er umogleg for meg, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, seier Herren, det var eg som skapte himmel og jord. Det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod det. Sjå, alt vert helde oppe med mitt krafts Ord, seier Herren. Derfor skal du sette di lit til meg og stole på meg gjennom alle ting, seier Herre. For sjå, eg har omsorg for deg.

Eg skal igjen ryste denne by, seier Herren, med mi kraft, de skal verte forundra, seier Herren, når eg openberrar mi kraft midt i mellom dykk. For sjå, mi kraft, den er til stades og derfor så vil eg at du mitt barn, du skal søke meg og du skal gå inn i mitt rustningskammer. Og eg, Herren, skal ruste deg ut med den kraft du treng. Og sjå, folk skal verte forundra når du taler mitt ord og bringer ei helsing ifrå meg, så skal folk oppleve å verte frelst. Ja, dei skal endåtil komme i syndenød og dei skal rope til meg om frelse, seier Herren. For sjå, det er ikkje du som skal overbevise menneska om synd og dom og om rettferd, det skal eg gjere ved min Heilage Ande, seier Herren. Den har eg sendt, for at den skal overbevise om synd og om dom og om rettferd og når den Heilage Ande får råde mellom dykk og når den får fylle deg og den får fylle lokalet, seier Herren, så skal eg seie at syndarane kjem til å falle på kne og dei kjem til å rope på meg om frelse. Amen. Halleluja.»

Kommentar 1.10.2024.

Historia om enka med oljekoppen minna meg om korleis mor mi bad for meg og eine bror min når vi var smågutar. Det vitavitna eg om 28.1.2024 på Sion Åheim.

Eg byrja å studere realfag igjen hausten 2014 og då vitna eg av og til om mi tru på Jesus. På biologibygget fortalde eg til dømes ei ung kvinne (student) at Jesus hadde sagt at eg skulle søke han av heile mitt hjerte, for hans auge fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han. Slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Eg sa kanskje også noko om at ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur.

At eg kan vitne slik, har seg slik at eg opplever det i mitt hjerte. Eg opplever at Jesus er med meg og han er Ordet som skaper tru i dei.

2024.01.28. Sion Åheim. Jesus kjem berre for å hente si blod-kjøpte brud. Det er det Nye Jerusalem, som kjem ned på den nye jorda.

John Willy Lien talte om det Nye Jerusalem.

Joh.Op.21, Noko tempel såg eg ikkje i byen, for Gud Herren, Den Allmektige, og Lammet er tempel der. 23 Og byen treng ikkje ljos frå sol eller måne, for Guds herlegdom lyser over han, og Lammet er ljoset hans.

Joh.Op.22,1 Engelen synte meg ei elv med livsens vatn; klår som krystall renn ho ut frå kongsstolen til Gud og Lammet. 2 Midt imellom bygata og elva står livsens tre, fritt til begge sider. Det ber frukt tolv gonger og gjev si frukt kvar månad. Og lauvet på treet er til lækjedom for folka. 3 Det skal ikkje lenger finnast noko som er under forbanning. Kongsstolen til Gud og Lammet skal vera i byen, og tenarane hans skal tena han. 4 Dei skal sjå Guds åsyn, og namnet hans skal vera på panna deira. 5 Natt skal det ikkje vera meir, og dei treng ikkje ljos av lampe eller av sol, for Herren Gud skal lysa over dei. Og dei skal råda i all æve.

17 Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

Mitt vitnemål.

Når ein kjem med eit vitnemål, bør det vere om ein skriftstad som ein opplever har vorte viktig for seg sjølv, ved at det har vorte til liv for seg sjølv. Då er det vel på sin plass at ein seier litt om seg sjølv, men det primære og viktigaste er då bibelverset. Og Jesus har mange gangar minna meg om at han har sett framfor meg ei open dør og invitert meg inn. Så eg har tenkt ein del på det. Det refererer til brevet til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia. Pinsevennar likar godt å kalle kyrkjelyden sin for Filadelfia, for det verka som engelen for denne kyrkjelyden kom best ut av det. Men når eg opplever at det er ein bodskap til meg, så må eg få lov til å seie litt om meg sjølv og om korleis eg opplever at det er ein bodskap til meg og komme med min bodskap. Då er det ikkje ein kvan annan som skal svare i staden for meg.

Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:

Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.

Eg såg dette på bakgrunn av likninga om den Gode Hyrdingen i Joh.10. Eg har ei dobbeltolking av det, liksom skapingssoga i 1.Mos.2, det handlar både om den fysiske realiteten, ein fysisk og biologisk hage og det åndelege samfunnet med Gud som er ånd, å dyrke hjertets jord. Det er slik som det står skrive i Ef.1 at Gud har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen i Kristus Jesus og i Ef.2 står det skrive at der har han sett oss. Sidan ei og same likning handlar om begge deler er det ikkje alltid så lett å forstå. Jesus er døra inn til sauene, likevel handlar det om å gå inn gjennom døra for å samlast fysisk i ein kristen kyrkjelyd og så gå ut att gjennom same døra. Og faktisk byrja denne likning med at Jesus leia dei ut gjennom døra. Dei samlast i tempelet i synagogene og i heimane og sidan i nye heimar. Jesus leia dei ut og leia dei gjennom landet til samanlikning med David når han og flokken hans var utstøytt og David sa at Herren var hans hyrding, det vanta han ingen ting, han leia han til dei grøne grasgangane og til vatn der han fann kvile.

Jesus sa at dei som var komne før han, var tjuvar og røvarar som hadde klive over ein annan stad, i staden for å gå inn gjennom døra og sidan kom ulven og spreidde dei, men då var han den Gode Hyrdingen som sett livet til for sauene og så samla han dei igjen. Han gav dei misjonsbefalinga og sa dei skulle få sjå at han var med dei alle dagar. Når dei då gjekk ut og forkynte evangeliet på nye plassar, fekk dei sjå at han var døra dei hadde å gå inn gjennom for å samlast i nye kyrkjelydar.

  Jesus har sett framfor meg ei open dør, som ingen kan lukke, for hans frelseverk er fullført og fullkome. Ingen kan stenge den døra for meg. Han har bana vegen for meg inn i den himmelske heilagdomen, så eg får stige fram for nådens trone. Eg tenker på det som å bøye meg for Jesu kors og så tenker eg på nådestolen over pakt-kista. At der får eg openberring. Men heime med meg sjølv løfta eg blikket opp til Jesus, der han sit ved Faderens høgre hand, der sit han også på nådens trone og så sa eg til han at eg elskar han, ja, for det er no ved at vi elskar han at vi får openberring. Då oppdaga eg at eg byrja å få svar på internett.

Mor mi brukte å be kveldsbøna saman med meg og bror min Arvid, som er vel eitt år eldre. Det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. På den tida gjekk vi på skule annakvar dag, småskulen (1-3 klasse) ein dag og storeskulen (4-7 klasse) neste dag. storeskulen hadde to dagar til, oftast på ein større og nyare skule, der det var ei klasse for kvart årstrinn. Når Arvid byrja på storeskulen, fortalde han om stygg mobbing på skulen og det hadde med kjønn og seksualitet å gjere. Dette problemet vart eit bønne-emne i kveldsbøna vår. Etter kvart skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. (Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand. Dette siste gløymde eg å ta med i vitnemålet mitt, men det hadde også med at det kunne ikkje vere for langt).

I storeskulen vart det mykje erting på grunn av kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og det gjekk også over i stygg mobbing. Det var i grunnen rart heile greia, men dette også kan vel forståast ut ifrå filosofihistoria og kyrkjehistoria. På den tida eg gjekk i 6. eller 7.klasse (ungdomsskulen) kom eg over noko kristen litteratur der det stod skrive at alle dei som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born. Så eg tenkte over det og gjorde meg sjølv bevisst på at det var mitt standpunkt i mitt hjerte, sjølv om ingen andre visste det. Og så kom eg i hug korleis eg bad når eg var 9 år og byrja å be slik igjen.

Då sa John Willy sa eg måtte avrunde, for der var andre som også ville seie noko. Men eg tok meg tid til å minne eg om at der kom ein profetisk bodskap når Oddleif var her, der Herren sa at endå ein gong sender eg min tenar til deg og ditt distrikt for å vende fedrane sine hjarte til borna og borna sin hjarte til fedrane. Det handla også om å verne ekteskap og familieliv. Det er bodskapen til Johannes Døyparen, han forkynte at Jesus er den som har bruda og det er han som døyper oss med den Heilage Ande. Den bodskapen har eg teke imot og gjort til min bodskap og den vil eg gå inn gjennom døra med.

Tungetale ved Ingelin, tyding ved John Willy.

John Willy sa her var ei dame som hadde ein bodskap og så kom Ingelin med tungetale. Eg prøvde å ta det opp på video, men så oppdaga eg at den hadde ikkje starta likevel, så eg fekk ikkje med meg byrjinga, det vart litt klipping også, før eg var sikker på at den var på. Men eg hugsa han sa noko om at eg skulle glede meg i Herren heime med meg sjølv. Opptak:

«… glede deg over og fryde deg over at jeg på grunn av (Golgata kors?) på grunn av jeg … for deg, til en evig himmelsk herlighet.»

«Takk og lov. Du skal glede deg i meg, du skal fryde deg i meg. For at jeg døde på Golgata kors for deg. Og når jeg døde på Golgata kors for deg, så tok jeg alle dine synder og alle dine plager på meg, for at du skal få lov å slippe å plage deg over din synd. Du skal fryde deg i min frelse, du skal juble over det jeg har gjort for deg på Golgata. At der har jeg dødd for deg, jeg har tatt all din synd. Og du som har lyttet i kveld, jeg har gitt deg dette budskapet for at det skal løfte deg gjennom hverdagen. Og for at du skal løfte dine øyne og du skal se på meg, at snart kommer jeg for å hente min blodkjøpte brud og det er bare min blodkjøpte brud som jeg henter. Og du kan få lov, midt i hverdagen, å juble og glede deg over det i ditt hjerte, at du har fått lov, på grunn av korset, tatt imot frelsen og du er på vei til himmelens herlighet.»


Leave a comment