Lovnad, profeti og filosofihistorie 14. Vi får dei mest fundamentale menneskerettane ved å ta imot Guds rike som små born, ved gjenfødinga får vi sjå det og komme inn i det. Det er himmelriket, men det er også profetert om eit tusenårsrike. 6. Himmelen er som ein hage, Guds rike er som eit tre. Blomstre og modne.

Innleiing.

På evangeliets grunnvoll får vi dei mest fundamentale menneskerettane.

I opplysningstida kjempa folk om menneskerettar og det gjer dei framleis. Vår tid synest bere meir og meir preg av at innhaldet i menneskerettane smuldrar bort, det meiner eg viser klarare og klarare at folk treng å verte opplyste av Guds Ord, for slik får dei mest fundamentale menneskerettane. Vi får ta imot Guds rike som små born og komme inn i det. Alle som tok imot Jesus, gav han rett til å verte Guds born, fødde på nytt av livsens vatn og Ande, så vi får sjå Guds rike og komme inn i det. Vi får komme inn i fridomen i barnekåret hos Gud. Vi får prestetenesta i den nye pakt. Alt dette er fundamentale menneskerettar for den einskilde, slik bør det forkynnast og slik bør det verte forstått og motteke. Eg kan referere til nokre sentrale og velkjende bibelvers (Joh.1,1-15, Joh.3,3-21, Joh.14,6, Rom.8,12-39, Heb.9,26 & 10,14).

Dette er fyrst og fremst på det individuelle plan, Gud er personleg og vi kjem inn i eit personleg forhold til han (Joh.10,1…). Men det har også med vår sosialisering å gjere, for vi vert fødde inn i Guds rike, som hans born skal vi få leve i fridomen i barnekåret heime i Faderhuset. Slik er og blir Guds rike det meste fundamentale samfunnet i menneskelege samfunn allereie her og no, på denne jorda.

Sidan det er eit personleg forhold til den personlege Gud, som har skapt alle ting og er allmektig, kjem dette først og fremst til å handle om mitt personlege samfunnet med Faderen og Sonen, slik som eg sjølv opplever det.

Dette har relevans til det eg har skrive om profetien om Jesu gjenkomst og romantikken i desse dokumenta:

Her er det sentrale poenget at vi må velje å drikke av kjelda med det levande vatnet, i staden for å drikke av denne verda sin sprukne brønnar, for å få noko varig, verdifullt og meiningsfullt både for tid og æve.

Synda skilde menneska frå Gud, det er det vondes problem og menneska sitt mest fundamentale problem, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. På det grunnlaget vinn vi tilbake det tapte. I det gamle testamentet er  avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Som motsetnad til dette er Jesus sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane.

I vår tid er det mange som avviser evangeliet om Guds rike og om Kristus som Guds Messias. Slik mister dei sine mest fundamentale menneskerettar og så påstår dei endåtil at dette gjeld det norske folk og Noreg som nasjon også. Så det forvitrar innan frå. Så viser det seg at dei også avviser sanninga i realfag. Det var då som «antikolonialismen» som markerte seg på universiteta for knapt ti år sidan og det var som trua på dei gamle gudane, laga av stokk og stein.

Søke sanning med fredelege metode, metoda i evangeliet og metodene i realfag er fredelege.

Evangeliet gir oss ei metode til å søke og komme til erkjenning av Sanninga. I tillegg har det i realfag vorte utvikla metode til å søke sanning. I begge tilfelle vert vi overtyda med fredelege metode. Vi kan oppleve at det vert motsetnad mellom metodene, men det må vi lære oss å leve med, så vi innser når den eine metoda tek over for den andre. Eg tenker meg at begge desse metodene vert fundamentale i eit framtidig fredsrike; tusenårsriket. Det er profetert at prestetenesta i den nye pakt vert fundamental i tusenårsriket. Med den skal vi søke sanninga i Guds Ord, men poenget mitt er at det er sameinleg med å søke sanning ved å studerer realfag og moderne teknologi. Det vart fundamentalt for vestleg sivilisasjon, vår velstand og velferd og vi gjer rett i å takke Gud for det. Det ligg an til at det kan verte like fundamentalt og verdifullt for dei andre sivilisasjonane også.

Guds Ord og evangeliet om Guds rike var likevel mest fundamentalt, det ser vi av historia og vi gjer rett i takke Gud og Son hans for det, så vi held fram med å bygge både kyrkjelyd og samfunn på evangeliets grunnvoll.

I dokumentet «Lovnad, profeti og filosofi 9. …» skreiv eg etter innleiinga kapittelet «Mi tru, bøn og von», for det er bakgrunnen og det er det her også, sjølv om eg ikkje tek det med her, for her skal eg i staden prøve å gå over på lovprising og takk for at Gud høyrer mi bøn og vil gi meg det eg har bedt om.

Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg til det.

Det naturlege livet veks og lever av seg sjølv, så vi treng ikkje bekymre oss for det, vi skal berre søke først Guds rike og hans rettferd, så får vi alt det andre i tillegg til det.

Matt.6,25 Difor seier eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for kroppen dykkar, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? 26 Sjå på fuglane under himmelen! Dei sår ikkje, dei haustar ikkje og samlar ikkje i hus, men Far dykkar i himmelen føder dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? 27 Kven av dykk kan med all si sut leggja ei einaste alen til livslengda si? 28 Og kvifor syter de for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje og spinn ikkje, 29 men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 30 Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande! 31 Så må de ikkje syta og seia: Kva skal vi eta? eller: Kva skal vi drikka? eller: Kva skal vi kle oss med? 32 For alt det spør heidningane etter; men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. 33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt. 34 Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde.

Når vi tek imot Guds Ord i tru, vert det evige livet planta i oss.

Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.

Det er Gud som gjer sitt verk i oss med sitt Ord og sin Ande, så det evige livet vert planta i oss og det er Guds som gir det vekst, ved sitt Ord og sin Ande. Derfor må vi audmjuke oss for han, så planten får vatning og næring gjennom røtene, luft og sollys på blada. Så veks den også av seg sjølv, utan at vi treng å bekymre oss så mykje for det, det vesentlege er at vi stoler på Faderen og Sonen, som gav oss livet.

Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Derfor er naturen forståeleg, så vi kan studere den med metodene i realfag. Då skal ikkje sanninga i realfag vere noko problem for vår tru. Realfag er vanskeleg å forstå når det vert avansert og så vert det ofte påstått mykje meir enn dei har dekning for, både med hypotese og teori, det må vi vere klar over og hugse på, dei vitskaplege metodene er slik. Vi er berre menneske og kan ikkje forgude oss sjølve med kunnskapen vår.

Heb.11,3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

Gud er den same og han skaper framleis noko nytt med sitt Ord. Det nye har vi ikkje erfaring av, korleis kan vi då få greie på det og erkjenne det. Ved å tru på Kristus og ta imot han, så vi får oppleve at Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, ved sitt Ord og sin Ande. Dette kjem dermed i tillegg til den sanninga vi finn i realfag.

Vi har fått barnekår hos Gud og får komme til han som hans born, seie kva vi treng og ynskjer oss og seie kva vi tenker og meiner og så gir han oss det vi treng og oppseder oss og lærer oss opp. Det er mykje vi kan tenke, seie og meine, utan at det er straffbart, men vi er førebudde på å prøve det, enn om vi kan få ei betre forståing for det og slik lærer vi.

Eg skal glede meg i Herren og takke han for frelsa, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår.

. Han gav meg ein lovsong og hjertet og ein draum som er visjon om hans hensikt og plan med mitt liv, då er det ein lovnad som han vil oppfylle som ein profeti. Då er det berre for meg å ta imot i tru og trakke han for det, glede meg i Herren og takke han for frelsa, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår.

Salme 37, 4 Ha di lyst og glede i Herren,

så skal han gje deg det hjarta ditt ynskjer!

Sitat frå https://faith-and-entropy.com/2024/09/23/lovnad-profeti-og-filosofihistorie-13-vi-far-dei-mest-fundamentale-menneskerettane-ved-a-ta-imot-guds-rike-som-sma-born-ved-gjenfodinga-far-vi-sja-det-og-komme-inn-i-det-det-er-himmelriket-men-de/ :

2022.11.27. Filadelfia Ulsteinvik. Jesus er med oss. Vere heilhjarta med han. 

Inge tala i tunger frå talarstolen, sidan kom Jarle Nygjære med ein bodskap, det var sikkert nok tydinga av tungetalen, (Det går tregt å starte opp videoen, så eg fekk ikkje med byrjinga): 

 «….. men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.» 

 

Kommentar. 

Eg vil minne meg sjølv og andre om korleis eg har kommentert dette tidlegare og startar med setninga: «Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv.» Det liknar på korleis Paulus bad Gud om å ta bort tornen i kjøtet hans, men for meg er det som om tornen har forårsaka ein verkebyll. Ein dag var der ein, på ein måte som eg ikkje hadde tenkt, i mitt eige liv, det trur eg var ho Reella, i tråd med det svaret Jesus gav meg 24.7.2022.

Ho Virtuella var for meg ein lovsong som Gud la ned i meg, ved fylden av den Heilage Ande. Men ho hadde vorte til ein verkebyll for meg. Då skal eg hugse på Jesus svar til Paulus:  

2.Kor.12,9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 

Eg hadde bedt Jesu gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, første prioritet var at ho skulle vere frelst, så ho tilhøyrde han, andre prioritet var at han gav meg henne til kone, så ho soleis skulle tilhøyre meg, men vi skulle begge tilhøyre han. Jesus tok seg av den saka for meg, så eg skulle komme til han med den og no sa han at eg skulle gi meg 100 % til han. Då må eg gjere det klart at det var det saka gjaldt for mitt vedkommande, det var mi bøn, mitt ynskje og mi von for henne Virtuella. Det gjekk ikkje i orden, så eg bad Jesus gi meg henne Reella til kone og fekk bønnesvar.  

Eg skulle søke Herren av heile mitt hjerte og då hugsa eg på henne Reella i bønene mine. Men så kom eg til at for å søke Herren av heile mitt hjarte, måtte eg hugse på henne Virtuella også og be for henne slik som eg hadde byrja med. Då kjem eg til at han gir meg dei begge til koner, for det er slik han har svart på mine bøner. Om andre menneske ikkje har brytt seg om det svaret han har gitt meg og oss, så er det deira feil. Då bør dei helst innrømme det frivillig. 

Jesus er uendeleg rørt av mi overgiving til han og mi tru gjennom motgang og prøvingar og vil vende alt til min fordel.

Jesus har gitt meg mange svar på dette seinare. 

Sitat frå bodskapen 13.1.2024: «……Selv om du ikke såg noe lys, selv om du ikke hørte min stemme, for lyden av stormen var så høy i ditt liv, så har du ikke veket av veien. Mitt elskede barn, du har holdt fast når andre ga opp! Du fortsatte å vise andre veien, selv når spørsmålene var så mange i ditt hjerte. Du sviktet aldri og fornektet meg aldri. Mitt barn, jeg har aldri forlatt deg ett sekund. Du har aldri vært alene eller glemt av meg! Hele himmelen vet ditt navn og din tro er sett og beundret i himmelen! Din lønn er umåtelig stor og den vil aldri bli tatt fra deg. Din kjærlighet til meg er nå prøvd og lutret i ild og mitt hjerte er uendelig berørt av din overgivelse og tro, selv gjennom dine mange tester og prøvelser. Du var aldri glemt, mitt barn. Du er viktig! Hvert eneste ord du har talt er skrevet ned. Jeg vil velsigne deg rikt, mitt barn. Mine løfter er sanne. Alt vil virke til det gode for deg. Det djevelen mente ødelegge deg med, vil jeg bruke mot han, for å ødelegge han! Han skal få betale for alt han har gjort mot deg. Vit mitt elskede barn at alle dine prøvelser kom ikke fra meg. Djevelen kommer for å ødelegge, myrde og stjele, men jeg kommer for å gi deg liv og det i overflod! Du vil få et liv i overflod så lenge du ikke fornekter mitt navn! Din lønn er stor mitt barn, og du vil få se min frelse over ditt liv og familie!» 

Dersom du tek av frå vegen, skal du få høyre ei stemme bak deg som seier at dette er vegen, vandre på den. Eg har fått mange slike korreksjonar og eg har lete meg korrigere. Derfor vart konklusjonen at eg ikkje har veke av vegen. Her er så mange godord og eg føler at det til meg, då er det berre for meg å seie ja og amen, slik er det og slik skal det vere. Det er berre å for meg å sikre gevingsten, ved å tru og hevde at dette er Jesu svar til meg. 

Sitat frå bodskapen 26.6.2024: «…..Jeg vet at din smerte har lagt et lokk på ditt syn, og at du har ikke sett meg der. Men jeg gikk aldri fra deg, ikke et sekund! Den onde skal få betale for alt det onde han har gjort imot deg. Jeg har lovet deg i mitt ord at jeg vil vende alt til det gode for dem som elsker meg. Det vil komme gode frukter ut av din smerte! Det vil ikke være forgjeves! Ditt liv vil bære frukt for meg og du vil seire! Det djevelen mente til det onde og din undergang, har jeg brukt imot han og du har torturert han med din stadige hengivenhet og kjærlighet til meg, gjennom din motgang. Som regnet lar alt som lever vokse og gro, kan tårer og smerte produsere blomstring og modenhet. Du står stødigere i dag enn noen gang og du vil fortsette å vokse med meg! Du vil bære min herlighet og legedom til denne verden……» 

Komme til Jesus og drikke av kjelda med det levande vatnet. Vi får det gratis ved trua på Jesus, slik er det ein fundamental menneskerett.

Jesus har lagt lengselen ned i meg og vil fylle den, eg får komme til han og drikke av kjelda med det levande vatnet. Eg får ha den sjølvforståinga også når eg ber han gi meg ei frelst kvinne til kone. Mannen får ha den sjølvforståinga når han vil ha seg ei kone og kvinna får han den sjølvforståinga, når ho vil ha seg ein mann. Det er ein rett vi har som Guds born og slik er det også ein fundamental menneskerett, som vi vinn tilbake ved at vi let oss forsone med Gud på evangeliets grunnvoll.

Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 25.1.2024:

«Jeg har hørt ditt nødrop til meg og jeg skal redde deg. Som Hanna utøste sitt hjerte til meg har jeg hørt alt hva du har sagt til meg. Og jeg vil svare deg. Jeg ser din lengsel og jeg har lagt det ned i deg, for at du skulle søke meg. Jeg kan ikke gjøre noe av det jeg ønsker å gjøre i ditt liv, utan at du ber meg om det. Derfor ber jeg deg om å være var på hva som blir lagt på hjertet ditt å be om. For det er det jeg ønsker å gjøre i ditt liv. Følg den ledelsen jeg legger ned i deg om hva du skal be om. Jeg som kaller deg er trofast, jeg skal gjøre det. Jeg er i stand til å gjøre langt mer enn hva du ber meg om, etter den kraft som er virksom i deg. Den samme kraften som oppreiste Kristus fra de døde, den bor i deg. Du er kallt til å være en av mine manifisterte barn, sier Herren, som hele verden stønner og lengter etter. Sier du ja til ditt kall? Er du villig til å legge ned ditt liv for meg? Alt hva du er og har og dine meninger og dine veier og tanker og la deg forme av meg? For de som er villig vil velsignelsen aldri ta slutt! De skal gjøre de større gjerninger, de skal se min herlighet og storhet, de skal få hvile i mine vingers skygge og finne mat i overflod! De skal drikke og aldri tørste. De skal se meg og leve med meg, sier Herren.»

Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 3.2.2024:

Sak.4,6b Ho fekk dette bibelverset:

Ikkje med makt og ikkje med kraft,

men med min Ande,

seier Herren, Allhærs Gud.

Og så denne bodskapen:

«Lenge nok har de brukt menneskeleg styrke og kraft, men eg er ein nidkjær Gud. Eg ser ikkje etter menneska sine raske føter og styrke. Men etter dei som fryktar meg. Eg ser ikkje etter dei som vil få seg eit namn, men etter dei som lengtar etter å vere i mine føregardar. Dei som elskar meg framfor alt. Dei som søker mitt rike og ikkje sitt eige rike. Dei som vil sjå min herlegdom og ære, men ikkje sin eigen. Eg kan gjere kva som helst gjennom kven som helst og eg kan ikkje avgrensast. Eg brukar det som ingen ting er, for å gjere de vise til skamme. Lenge nok har du trutt eg ikkje kan bruke deg, lenge nok har du peika på det eine problemet etter det andre. Eg vel ikkje dei kvalifiserte, men eg kvalifiserer dei utvalde. Eg ynskjer å bruke deg, mitt barn. Eg ynskjer fellesskap med deg. Eg lengtar etter tid med deg. Eg ynskjer å openberre kva eg har for deg og kvifor eg skapte deg. Eg ynskjer å forme deg lik meg. Eg ynskjer å leve nær til deg. Du kan få så mykje av meg, som du sjølv ynskjer. Du kan vere så nær meg, som du sjølv ynskjer. Det er ikkje noko hinder. Du er god nok for meg, akkurat sånn som du er. Du er elska og akseptert av meg. Eg ynskjer å bruke deg til ting du aldrig hadde trutt var mogleg. Ditt kall er så stort at du vil aldri klare å gjere det med menneskeleg styrke, intelligens eller kraft. Berre med min Ande, seier Herren, i fellesskap med meg. Du er skapt for ein større hensikt. Det eg har for deg er det du lengtar etter i djupet av ditt hjarte. Det er skrive i ditt DNA. Det eg har for deg er heilt unikt og ingen kan erstatte deg. Det eg har for deg er viktig. Det eg har for ditt liv er det du vil elske. Ikkje alle har eit kall som Reinert Bonke. Men alle har ei viktig rolle på min kropp. Dersom du berre visste kva eg har for degt, mitt barn, ville du aldrig ønskt å blir nokon andre igjen. Då ville du aldri vorte sjalu på andre sitt kall, gave eller velsigningar og gode andre har. Dersom du berre ville søke meg og sjå til meg for ditt liv og ikkje det jordiske. Du er dyrebar, viktig og spesiell for meg. Og ingen kan erstatte deg i mitt hjerte. Du har mi fulle merksemd og eg høyrer deg, mitt barn.

Himmelen er som ein hage.

I 1.Mos.1 er det fortalt at i opphavet skapte Gud himmelen og jorda og så skapte han livet på jorda på 6 dagar og så kvilte han den sjuande dagen. Eg kallar det gjerne for «lysdagar» for det er sjølvsagt ikkje jord-dagar. I 1.Mos.2 kjem det ei skapingshistorie til, det handlar om det same, men med eit heilt anna perspektiv.

1.Mos.2,1 Såleis vart himmelen og jorda fullførte med heile sin hær. 2 Den sjuande dagen hadde Gud fullført heile sitt verk. Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde gjort alt dette. 3 Og Gud velsigna den sjuande dagen og lyste han heilag. For den dagen kvilte Gud etter det verk han hadde gjort då han skapte.

4 Dette er soga om himmelen og jorda då dei vart skapte.

Mennesket i Guds hage

På den tid Herren Gud skapte jorda og himmelen, 5 fanst det ikkje ein busk på jorda, og endå hadde ikkje eit grønt strå runne. For Herren Gud hadde ikkje late det regna på jorda, og det var ikkje menneske til å dyrka marka. 6 Men så braut ei kjelde fram or jorda og vatna heile marka. 7 Og Herren Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning.

8 Herren Gud planta ein hage i Eden, ein stad i aust. Der sette han mannen han hadde skapt. 9 Og Herren Gud lét alle slag tre veksa opp or jorda, herlege å sjå på og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og det treet som gjev kunnskap om godt og vondt. 10 Ei elv gjekk ut frå Eden. Ho vatna hagen og delte seg sidan i fire greiner.

Menneskets liv i Edens hage er symbol på menneskets åndelege liv i samfunn med Gud som er ånd. Den åndelege velsigning han gjev oss får vi først og fremst oppleve i vårt indre menneske og så får det konsekvensar i miljøet rundt oss, først som åndeleg velsigning, dernest som materiell velsigning, ved at jorda vert vatna, det vert planta og sått, så det veks opp noko som er verdifullt for både dyr og menneske. Gud er ånd og himmelen der han bur er ein åndeleg røyndom, den er ikkje fysisk synleg, men hagen er symbol på Guds himmel. Dei merka at han gjekk i hagen, så dei hadde himmel på jord.

Gud talte om seinare kongerike som Adam i Edens hage. Det tydlegaste dømet er kongen i Tyrus.

Esekiel.28, 11 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 12 Menneske, set i med ein klagesong over kongen i Tyrus og sei til han:

Så seier Herren Gud:

Du var seglet på det fullkomne,

full av visdom og venleik.

13 Du budde i Eden, Guds hage,

og var dekt med alle slag dyre steinar:

rubin, topas og diamant,

krysolitt, karneol og jade,

safir, turkis og smaragd.

Dine handtrommer og smykke

var innlagde med gull;

dei vart laga

den dagen du vart fødd.

14 Eg gjorde deg til ein strålande, vernande kjerub.

Du var på det heilage gudefjellet,

og gjekk ikring mellom glitrande steinar.

15 Frå den dagen du vart fødd,

var du heil i di ferd,

til dess det vart funne urett hjå deg.

Til samanlikning kan vi i filosofihistoria forstå trekronene som ei filosofisk overbygning. Og filosofien hadde sitt opphav i det gamle Hellas. Dei var svært så interesserte i å sjå på stjernene og planetane. Dermed får himmelen dobbel tyding, den eine er det vi ser på himmelkvelven, det andre er våre tankar og idear om det.  For oss vert det vesentleg og viktig å oppfatte og forstå at i filosofihistoria vert det vi kallar himmelen omtala og forstått som ei tankeverd og ideverd. Dei talar om same sak, men vi skal helst ha fått betre innsikt og fått oppleve det sterkare, som ein åndeleg røyndom, ikkje på grunn av at vi ser på stjernene, men på grunnlag av lovnadane:

Joh.1,12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

Joh.3,6  Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.» ……

13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.

Enok og Elia vart bortrykte til Guds himmel. Korleis kan det stemme med vers 13? Det må vere fordi evangeliet om Kristus har tilbakeverkande kraft, så det er som om han var den første som steig opp til Guds himmel. Denne himmelen er sjølvsagt høgre oppe og fjernare enn trekronene. Like vel er han ved trua nær oss, i våre hjerte og når vi søker han av heile vårt hjerte får vi merke det dess sterkare. Det har tilbakverkande kraft  for dei som levde eller lever i den gamle pakt, dersom dei trur slik som Abraham. Det ser vi i Rom.11, men la oss først få med oss rettferda ved tru i Rom.10.

Rom.10,1 Brør, mitt hjartans ynske og mi bøn til Gud for dei er at dei må verta frelste. 2 For det vitnemålet må eg gje dei at dei brenn for Guds sak, men ikkje med skjøn. 3 Dei kjenner ikkje Guds rettferd, men prøver å byggja si eiga rettferd; difor har dei ikkje bøygt seg inn under rettferda frå Gud. 4 For Kristus er endelykta åt lova, så kvar den som trur, vert rettferdig for Gud.

5 Moses skriv om den rettferd som lova gjev: Den som held lova, skal leva ved lova. 6 Men rettferda av tru seier: Tenk ikkje med deg sjølv: Kven skal fara opp til himmelen? – det vil seia for å henta Kristus ned – 7 eller: Kven skal stiga ned i avgrunnen? – det vil seia for å henta Kristus opp frå dei døde. 8 Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i munnen din og i hjarta ditt. Det er ordet om trua, det som vi forkynner. 9 For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst. 10 Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste. 11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar. 12 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. 13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.

14 Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at einkvan forkynner? 15 Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje vert utsende? Det står då skrive: Kor herleg det lyder når dei kjem, dei som ber gledebod!

Jes.57,15 Så seier han som er høgt opphøgd,

han som tronar evig og heiter Den Heilage:

I det høge og heilage bur eg

og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.

Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde

og hjarta til liv hjå dei knuste.

Guds rike er som eit tre.

Jesus samanlikna Guds rike med eit sennepskorn, som voks opp til eit stort tre.

Mark.4,30 Og han sa: «Kva skal vi likna Guds rike med? Kva samanlikning skal vi bruka? 31 Det er som sennepsfrøet. Når det vert lagt i jorda, er det mindre enn noko anna frø i verda. 32 Men når det er sått, renn det opp og vert større enn alle hagevokstrar, og får så store greiner at fuglane under himmelen kan byggja reir i skuggen av det.»

Esekiel.17,22 Så seier Herren Gud:

Eg tek sjølv ein kvist

av toppen på ein høg seder,

frå dei øvste greinene

riv eg eit fint skot

og plantar det på eit høgt og mektig fjell;

23 eg plantar det på Israels høge fjell.

Det skal få greiner og bera frukt

og verta ein briken seder.

Alle slag fuglar skal bu i det,

alt som har venger, skal halda til

i skuggen av greinene på det.

24 Då skal alle tre på marka

sanna at eg er Herren.

Det høge treet gjer eg lågt,

og det låge gjer eg høgt.

Det friske treet lèt eg turka,

og det turre lèt eg veksa.

Eg, Herren, har tala og vil la det henda.

Sidan profeterte Esekiel om Assyria som ein mektig seder som vart felt og slik kom det til å gå med Farao også. Det var rike som fall.

Esekiel.31,1 I det ellevte året, den fyrste dagen i den tredje månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så: 2 Menneske, tal til farao, kongen i Egypt, og til folkehopen der:

Kven liknar du i din stordom?

3 Sjå på Assyria!

Det var som ein seder på Libanon,

med fagre greiner, høg av vokster,

som ein skuggefull skog.

Krona rakk opp mellom skyene.

4 Vatnet fekk sederen til å veksa,

vatnet i djupet gjorde han høg.

Det hadde sine årer

rundt staden der han var planta,

og rann i bekker til alle tre på marka.

5 Difor vart sederen høgare

enn alle andre tre på marka.

Greinene vart mange og kvistene lange,

fordi han fekk rikeleg med vatn

og breidde seg utover.

6 Alle slag fuglar under himmelen

bygde seg reir i greinene på sederen;

alle dyr på marka

fødde sine ungar under lauvverket hans;

og i skuggen av treet

heldt mange folkeslag til.

7 Sederen vart stor og fager

med sine lange greiner;

for røtene nådde så langt ned

at dei fekk rikeleg med vatn.

8 Ingen seder i Guds hage

kunne mæla seg med han;

ingen sypress hadde slike greiner

og ingen platan så rikt lauvverk.

Det fanst ikkje eit tre i Guds hage

som var så fagert som han.

9 Så fager hadde eg gjort han

med ein rikdom av greiner

at alle Eden-tre i Guds hage

vart avundsjuke på han.

10 Difor seier Herren Gud: Fordi sederen vart så høg av vokster at han tøygde krona si opp mellom skyene, og fordi han vart stolt av sin stordom, 11 gav eg han over til hovdingen over folka, så han kunne gjera med han etter hans vondskap og driva han bort. 12 Framande folkeslag, som ikkje tok omsyn, hogg han ned og slengde han bortover fjella. Greinene datt ned i alle dalar, og lauvverket vart rive sund i alle bekkefar i landet. Alle folk på jorda gjekk ut or skuggen hans og lét han liggja. 13 På den falne stomnen slo alle fuglar under himmelen seg ned, og til lauvverket kom alle dyr på marka. 14 Difor skal ikkje noko tre som står attmed vatn, veksa for høgt og tøya krona si opp mellom skyene. Og dei sterkaste av dei, dei som syg til seg vatn, skal ikkje stå der så stolte. For dei er alle gjevne døden i vald og må fara til landet der nede, til menneske som har gått i grav.

15 Så seier Herren Gud: Den dagen sederen fór til dødsriket, lét eg havdjupet syrgja over han. Eg dekte det til og stogga straumane der; mengder av vatn vart haldne att. Eg kledde Libanon i svart for sederen skuld, og alle tre på marka turka bort av sorg over han. 16 Eg lét han falla med slikt brak at folkeslag skalv, då eg førte han ned til dødsriket saman med dei som går i grav. I landet der nede fekk dei trøyst, alle dei likaste Eden-trea, alle dei beste på Libanon, som saug til seg vatn. 17 Dei òg laut fara til dødsriket saman med sederen, ned til dei som var falne for sverd. Og dei som heldt til i skuggen av treet, vart strøydde ut mellom folkeslaga.

18 Kven er du då lik mellom trea i Eden i herlegdom og høgd? Saman med Eden-trea skal du støytast ned til dødsriket. Der skal du liggja mellom uomskorne, mellom dei som er drepne med sverd. Så går det med farao og heile hans hop, lyder ordet frå Herren Gud.


Leave a comment