Lovnad, profeti og filosofihistorie 4. Frå middelalderen til moderne tid; vi vert opplyste av Guds Ord og med reformasjonen fekk vi allmenn folke-opplysning. Til fridom har Kristus frigjort oss, så vert ikkje træl for menneske.

Bildet: Martin Luther. Med han fekk reformasjonen gjennomslag.  Protestantane forkynte rettferd ved trua på at Jesus stod oppatt frå dei døde, trua kom av forkynninga og forkynninga av Kristi ord. Derfor var det viktig at alle skulle lære å lese og skrive og så skulle dei få Bibelen på sitt eige morsmål. Så dei kunne prøve alt på Bibelen, for å sikre at dei ikkje vart lurte. Slik fekk vi allmenn folkeopplysning.

Mi tru, bøn og von.

Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse mine næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Når eg var ni år forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det som første prioritet, be han frelse kvinna frå det og be han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone som andre prioritet. Når eg bad slik, merka eg at Jesus meg nær, som ein skugge ved mi høgre hand, slik vart eg kjend med han som min beste ven. Sidan har han ikkje forlete meg. Han var livet som var planta i meg ved Guds Ord og det skulle vekse.

Når eg sidan vart forelska i ei jente, var den laglege tida for meg å vedkjenne Jesu namn, det høvde med trua og kjærleiken som Gud hadde gitt meg i hjertet, kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg gjekk på gymnaset oppdaga eg at det høvde med Paulus si lære og lovnaden om at vi ved trua skulle få komme inn til Guds kvile (Heb.3-4). I følgje Paulus er Kristus hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Paulus grunngav det både utifrå skapingshistoria og evangeliet.

Eg byrja å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus talt til meg, både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale, det var litt raft og storarta for meg å få oppleve at hans om eg vart kjend med som min beste ven, når eg var ein liten gutunge, sat ved Faderens høgre hand og talte til meg frå himmelen. Han sa til meg at hans frelseverk er fullført og fullkome, så det var berre for meg å tru på det og ta imot i tru. Vi får kvile på grunnlag av Jesu fullførde frelseverk, vi skal feste blikket på han som er Guds Ord og trua sin opphavsmann og fullendar og snakke med han (Heb.12,1…). Slik har han fortsett med å tale til meg sidan også.

Jesus sa eg skulle komme til han med mi sak, overgi meg 100% til han og la han han ta seg av denne saka for meg altså. Han sa eg skulle sjå at han har sett fram for meg ei open dør som ingen kan lukke og invitert meg (Op.3,7-8). Hans frelseverk er fullført og fullkome, så ingen kan lukke den døra for meg. Han har betalt prisen for oss med sitt eige blod, det er billetten til himmelen, også når han kjem for å hente si blodkjøpte brud.  

Jesus sa til oss at det er berre ein måte folk kan verte frelste på og det er ved at hans namn vert løfta opp. Det er ein god grunn til at eg byrjar med å skrive om mi tru, bøn og von til han. Farisearane og dei skriftlærde lessa tunge byrder på folket, men Jesus gav dei kvile.

Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.

28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Her talar Jesus til oss om openberring og den openberringa er viktig for oss. Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, ved sitt Ord og sin Ande, så den openberringa er viktig for oss, den er frigjerande og den gir oss visdom frå himmelen, den gjer alt mykje enklare for oss.

Når eg skriv om filosofihistoria vil de sjå at det er mange som har streva med å erkjenne kva som er sant og rett og så har dei trekt sine konklusjonar. Like vel kan der vere fleire måtar å forstå det på. Eg trur på Faderen og Sonen, ser og opplever Guds rike og vil og kan forstå filosofihistoria utifrå det utgangspunktet. Poenget mitt er ikkje å lære folk å streve, men å vise at vi har løysinga, som gjer alt mykje enklare, så dei slepp å streve.

Det er ein åndskamp, då skal vi først og fremst vere defensive, kle oss i Guds fulle rustning, så skal vi også verte i stand til å gå meir offensivt til verks.

Frå middelalderen til moderne tid.

Augustin, Aquinas og rasjonalistane.

Augustin forstod at hos mennesket hadde vi både subjekt og objekt i same ting, derfor fann vi sikraste kunnskap med vår eiga sjølvinnsikt, «intraspeksjon». Augustin meinte vi hadde fri vilje, men det var om å gjere å komme inn i Guds frelsesplan,  Guds predestinasjon gjaldt for oss alle. Ved trua og vona om frelse fekk han ein viktig ytre referanse i det hinsidige. Her er det berre for oss å refererer til Bibelen. Aquinas trudde på openberring.

Thomas Aquinas trudde på openberring, så openberringa og forstanden var to områder av vår mentale akvititet som delvis overlappa kvarandre. Det høver godt med korleis eg sjølv tenker og forstår meg sjølv som ein kritisk rasjonalist til samanlikning med Descartes og dei andre rasjonalistane. Vi er opplyste av Guds Ord, det gjeld både pionerane i den nye naturvitskapen og rasjonalistane, slik fekk vi ei opplysningstid.

Thomas Aquinas tala om universalia før tingen, slik Gud ser det, universalia i tingen, slik den er i seg sjølv, universalia etter tingen, slik vi ser det. Eg hevdar vi må bruke forstanden, rasjonaliteten vi allereie har, for å finn og innsjå universalia etter tingen. Slik vi gjer i realfag. Sidan vi brukar rasjonaliteten vi allereie har, har vi allereie universalia før tingen og brukar dei. meir. Det vert vesentleg å skilje mellom ein daud ting og ein levande ting, om det er plante, dyr eller menneske, der er vesentlege skilnadar som vi sjølvsagt må forstå og vedkjenne.

Frå naturrett-tanken til evangeliet og allmenn skulegang.

I opplysningstida vart naturrett-tanken kritisert av empiristar og liberalistar. Du skulle sjølv vere bevisst og opplyst om kva slags samfunnskontrakt du gjekk inn i. Men klasseskilje betydde framleis at den ulærde underklassa av arbeidarar ikkje hadde same rettane som andre. At dei levde i fattigdom verka til å avgrense veksten i folketalet. Det vart teke for gitt at dersom dei fekk betre velstand, ville det berre resultere i auke i folketalet og så sank dei i fattigdom igjen. Vi kan forstå dette på grunnlag av det fundamentale klagemålet mot mennesket. Det var ein god grunn til at Jesus prioriterte å gå til den ulærde underklassa.

Matt.26,6 Medan Jesus var i Betania, heime hjå Simon den spedalske, 7 kom det ei kvinne bort til han med ei alabastkrukke full av dyr salve. Den helte ho ut over hovudet hans medan han sat til bords. 8 Då læresveinane såg det, vart dei arge og sa: «Kva skal slik øyding tena til? 9 Denne salven kunne vore seld for mange pengar til hjelp for dei fattige.» 10 Men Jesus merka det og sa til dei: «Kvifor er de leie med henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg. 11 Dei fattige har de alltid hjå dykk, men meg har de ikkje alltid. 12 Då ho slo denne salven ut over lekamen min, salva ho meg til gravferda mi. 13 Sanneleg, det seier eg dykk: Alle stader i verda der dette evangeliet vert forkynt, skal det ho gjorde, forteljast til minne om henne.»

Judas gjer avtale om å svika Jesus

14 Ein av dei tolv, han som heitte Judas Iskariot, gjekk då til overprestane 15 og sa: «Kva vil de gje meg om eg hjelper dykk til å få tak i han?» Dei talde opp tretti sølvpengar til han. 16 Og frå den stunda leita han etter eit lagleg høve til å svika Jesus.

…..

Men protestantane oppdaga at mennesket vert rettferdige for Gud ved tru åleine, trua kjem av forkynninga og forkynninga av Kristi ord. Derfor var det viktig å byrje med allmenn opplæring, så alle skulle lære å lese og skrive og få Bibelen på morsmålet.

 

Psykologi.

Intraspeksjon var lenge metoden i psykologi. I moderne tid vart Freuds psykoanalyse dermed hjelp og rettleiing med intraspeksjonen gjennom samtale med ein lærd person. Seinare har erfaringsbasert psykologi vorte dominerande. Dei prioriterer observering, så samtale. Vi kan samanlikne dette med kva som skjer i det reelle liv, du ser ein person først, så tek du kontakt med å prate med vedkommande. Det var vel det som skjedde når dei kristne gjekk ut med evangeliet også, men då vart det vesentleg at dei fekk sjå og oppleve at Jesus var med dei.

I vår tid er det likevel nifst kor mange som fer vill, fordi dei ikkje har referansen ved trua på Kristus, som den Gode Hyrdingen, vår frelsar og Herre. Dei tek så feil i sin intraspeksjon og sjølvforståing at dei endåtil tek feil om dei sjølve er manne eller kvinne.

Immanuel Kant.

Empirismen og liberalismen vart ei katastrofe for pietisten og protestanten Immanuel Kant (1724-1804), så han konkluderte med at kyrkja sin rasjonalitet ikkje fanst. Med sine transendentale former og kategorier redda han fornufta. Dette er å samanlikne med Aristoteles sine former. Så kom han med sin moralfilosofi som kategorisk og hypotetisk imperativ. Dette kan vi lese om her:

https://snl.no/kategori

https://snl.no/det_kategoriske_imperativ

Vi får eit skilje mellom teoretisk rasjonalitet og praktisk fornuft/rasjonalitet, i siste tilfelle vert det ei målsetjing og ein handlingsplan for å nå sine mål, her kom Kant med det kategoriske imperativ og hypotetiske imperativ. Sitat frå https://snl.no/rasjonalitet :

Rasjonalitet, fornuft, fornuftighet, fornuftsmessighet og hensiktsmessighet.

Rasjonalitet er et omstridt begrep i filosofien, men kan sies å i hovedsak betegne to ting:

en standard eller målestokk som man bruker for å vurdere om menneskers tanke- og handlingsliv er fornuftige eller hensiktsmessige

den evnen individet besitter som gjør det mulig både å etterkomme og å feile hva gjelder de kravene eller betingelsene som ligger i 1

En kan være rasjonell i betydning 2, uten å være rasjonell i betydning 1. Det virker derimot klart at det å være rasjonell i betydning 1 fordrer at man er rasjonell også i betydning 2. Følgelig har man gjerne tenkt seg at rasjonalitet i betydning 1 er avledet eller springer ut av rasjonalitet som evne og kapasitet (betydning 2).

Gjennom filosofihistorien har man gjerne tatt utgangspunkt i Platons og Aristoteles’ tese om at mennesket er et vesen med fornuft – et såkalt rasjonelt dyr – og diskusjonene har gjerne dreid seg om hvordan denne kapasiteten skal forstås.

Diskusjonen rundt rasjonalitet handler også om hva slags kriterier eller prinsipper som er forutsatt for at noen skal regnes som rasjonelle og fornuftige, i hvilken grad mennesket evner å leve opp til disse samt hvordan man kan bruke slike prinsipper for å begrunne moralske prinsipperpolitiske organisasjonsstrukturer eller vitenskapelige metoder.

Ifølge tradisjonen etter Aristoteles og Platon har man forbeholdt rasjonalitet og fornuft til mennesket og tenkt at dyrs atferd og tanker ikke kan måles på denne måten fordi de nettopp mangler evnen til fornuft og rasjonalitet. Denne tradisjonen står fortsatt sterkt i samtidig filosofi.

………

Hva slags rolle er mer kontroversiell, men det er vanlig å påstå at det vi tror og tenker om verden er noe som kan måles opp i mot standarder av epistemisk- eller teoretisk rasjonalitet. Disse standardene bestemmes igjen ut fra hva det er som indikerer om noe er sant eller usant.

Ledestjernen eller siktemålet her er med andre ord virkeligheten og sannheten. Selv om filosofer er uenige om hvorvidt det er tanken eller sansene som er kongeveien til sannhet, så er de stort sett enige om at våre oppfatninger bør rette seg etter det som er sant, og følgelig at standardene for epistemisk rasjonalitet bør ha noe med sannhet å gjøre.

…….

I kontrast til epistemisk rasjonalitet står den praktiske fornuft eller praktiske rasjonalitet. Her spør man seg ikke hvor rasjonelt det er å tro at ulike ting er sant, men snarere hvor rasjonelt det er å gjøre ulike ting.

I motsetning til det som er tilfelle med epistemisk rasjonalitet, er filosofer svært uenige om hva siktemålet eller ledestjernen med praktisk rasjonalitet består i.

Aristoteles angir menneskets funksjon og lykken (gresk: eudaimonia) som siktemålet for et rasjonalt vesen. Immanuel Kant hevder at frihet og moralloven er det sentrale.

….

For å kunne unnslippe den uendelige regressen har enkelte filosofer, som for eksempel Immanuel Kant, foreslått et kriterium som supplerer instrumentell formålsrasjonalitet med en type målrasjonalitet.

For at dette skal lykkes, må en finne et kriterium som angir hvorvidt målet i seg selv er rasjonelt eller fornuftig. Kants forslag er at det såkalte kategoriske imperativ kan fungere som et slikt kriterium.

Hvis dette stemmer, vil man kunne bruke det kategoriske imperativ for å angi de mål eller handlingsprinsipper et fornuftsvesen bør følge.

SITAT SLUTT.

Trudde Kant på openberringa i Bibelen?

Personleg var Kant ein pietistisk protestant, så då trudde han vel på openberring i Bibelen, sjølv om han ikkje gav særleg uttrykk for det i sin filosofi. Tilsvarande for Hegel, han var ein protestantisk prest, men filosofien hans bar ikkje særleg preg av det, for det verka som han kom ikkje særleg langt med forkynninga si.

Den nye naturvitskapen var hypotetisk deduktiv, både hypotese og teori var syntese mellom rasjonalitet og empiri, hypotesa var testa og prøvd mot erfaring, dersom den bestod testane vart den til teori, om den ikkje bestod ein test, var det nok til å vrake den. Dette skulle passe bra med Kants syntetisk apriori kunnskap. Men så plasserte han matematikken i same boksa, dermed verka det som om han ikkje heilt forstod at den nye naturvitskapen var hypotetisk deduktiv like vel. Og så plasserte han mykje anna i same boksen., moralfilosofi og religion, så her skal vi passe oss for avgudsdyrking. Kva er vel meir analytisk enn matematisk analyse og logikk, så det må då vere rett å karakteriser det som analytisk apriori kunnskap. Kva elles ville han plassere i den boksa? Rimeleg vis si protestantiske tru på Gud og hans Ord, som han las i Bibelen. Men då trengde han også at den Heilage Ande openberra det for han. Kunne han innsjå dette transendente med brillene som han tala om, som han meinte vi har felles, når han karakteriserte dei som rom, tid, kausalitet? Han kalla det uforanderlege trancendentale former, men dette er då fysikk og moderne fysikk har vist at dei ikkje er så uforanderlege like vel. I følge relativitetsteorien er rom og tid relative og i kvantefysikken er kausaliteten borte.

Når det gjeld den åndelege openberringa er det berre om å gjere å vere klarsynte slik at det vi ser ikkje vert forma og påverka av briller og ikkje vert formørka av solbriller. Om der er noko som skader auget, så vi ikkje ser klart, er det om å gjere å få det ut og få augesalve, så auget vert friskt og vi kan sjå klart.

Matt.7, 1 Døm ikkje, så de ikkje skal verta dømde! 2 For de skal dømast etter den domen de feller over andre, og det skal mælast opp til dykk med det målet de sjølve mæler med.

3 Kvifor ser du flisa i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga vert du ikkje var? 4 Eller korleis kan du seia til bror din: Lat meg ta flisa ut or auga ditt, når det er ein bjelke i ditt eige? 5 Din hyklar! Ta fyrst bjelken ut or ditt eige auga! Då ser du klårt og kan ta flisa ut or auga på bror din.

6 Gjev ikkje hundane det som er heilagt, og kast ikkje perlene dykkar for svin. Dei kjem berre til å trakka dei ned og venda seg mot dykk og riva dykk sund.

2.Kor.3,12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Ef.1,15 Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg kjem dykk i hug i bønene mine. 16 For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage. 17 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.

Joh.Op.3,14 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea:

Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til Guds skaparverk: 15 Eg veit om gjerningane dine; du er korkje kald eller varm. Gjev du var kald eller varm! 16 Men du er lunka, ikkje kald og ikkje varm. Difor vil eg spytta deg ut or min munn. 17 «Eg er rik,» seier du, «eg har overflod og vantar ingen ting.» Men du veit ikkje at nett du er arm og ynkeleg, blind, fattig og naken. 18 Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er lutra i eld, så du kan verta rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å ha på augo dine, så du kan sjå.

19 Alle dei eg har kjær, refser og tuktar eg. Gjer alvor av å venda om! 20 Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.

21 Den som sigrar, han vil eg la sitja med meg på min kongsstol, liksom eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans kongsstol.

22 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

Opplysning og frigjering ved Guds Ord eller formørking og trældom?

Apostelen Johannes fortsette med å forkynne bodskapen til Johannes Døyparen og forkynte soleis at vi alle vert opplyste av Guds Ord.

Joh.1,1 I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.

6 Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. 7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.

9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

Dette gjaldt alle menneske, både jøde og grekarar og andre heidningar, sjølv om dei ikkje forstod det. Men dersom dei vart verande i Kristi ord, skulle dei gå kjenne sanninga og den skulle setje dei fri.

Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.»

Jesus profeterte om at der kom ei natt då ingen kunne arbeide.

Joh.9,4 Så lenge det er dag, må vi gjera hans gjerningar som har sendt meg. Det kjem ei natt då ingen kan arbeida. 5 Medan eg er i verda, er eg ljoset for verda.»

Avgudsdyrking var årsaka til at det vart mørkt i menneskehjarto.

Rom.1,18 Guds vreidedom vert openberra frå himmelen over all gudløyse og urett hjå menneske som held sanninga nede i urett. 19 For det ein kan vita om Gud, ligg ope for dei; Gud har sjølv openberra det. 20 For hans usynlege vesen, både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og skjøna av gjerningane hans alt frå verda vart skapt. Difor har dei ikkje noko å orsaka seg med. 21 Dei kjende Gud, men likevel gav dei han ikkje den ære og takk som Gud skal ha. Med sine tankar enda dei i det som ingenting er, og det vart mørkt i deira uvituge hjarta. 22 Dei sa seg å vera vise, men dei enda i dårskap. 23 I staden for å æra den uforgjengelege Gud, dyrka dei bilete av forgjengelege menneske, fuglar, firføtte dyr og krypdyr.

Menneske vart lagt i trældom under det forgjengelege, like vel var der von. Er vi opplyste av Guds Ord, så må vi må skjøne at det er ein vesentleg skilnad på å granske naturen og å tilbe bilete eller skulpturar av forgjengelege menneske, fuglar, firføtte dyr og krypdyr.

Rom.8,18 Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.

Renessanse-mennesket tala gjerne om den mørke midelalderen og då må vi forstå at årsaka til formørkinga var mangel på evangelisk forkynning og at pavedyrkinga var ei fornying av keisardyrkinga. Thomas Aquinas trudde på openberring, sidan han var ein munk, kan vi vel ta det for gitt at det var openberring ved Guds Ord og dermed rett og sann opplysning. Men kva vert så betydninga av syntese mellom aristotelisme og kristendom? Kva la han i det? Her vil eg ganske enkelt seie at er vi opplyste av Guds Ord, så vert ikkje den openberringa endra av det vi ser og sansar rundt oss. Men den opplysninga kan vi granske verda utan at det betyr at vi tilber noko av det vi granskar. Nettopp det vart tydeleg for pionerane i den nye naturvitskapen. Galilei Galilei trudde på kristendomen men vart forfølgd av den Katolske Kyrkja. Newton trudde på kristendomen og på sine gamle dagar skreiv han bok om Daniels bok og Johannes Openberring. Ei slik opplysning hadde tydeleg vis også dei andre rasjonalistane.

Parallelt med dette kom reformasjonen, dei forkynte rettferd ved trua på at Jesus stod oppatt frå dei døde, trua kom av forkynninga og forkynninga av Kristi ord. Derfor var det viktig at alle skulle lære å lese og skrive og så skulle dei få Bibelen på sitt eige morsmål. Så dei kunne prøve alt på Bibelen, for å sikre at dei ikkje vart lurte altså.

Seinare er det mange som har karakterisert renessansen med reformasjonen som ei så forvirra tid at i staden for å vere lyset som kom, var det lyset som nesten forsvann og så kom opplysningstida først midt på 1600-talet, sitat frå https://snl.no/opplysningstiden :

Perioden har sine røtter midt på 1600-tallet med den vitenskapelige revolusjonen og freden i Westfalen som avsluttet religionskrigene i Europa. Den engelske revolusjonen i 1688 settes ofte som startpunkt for opplysningstiden, med den franske revolusjonen i 1789 som sluttpunkt.

Tenkningen i denne perioden er preget av et stadig mer kritisk oppgjør med særlig religiøse dogmer og institusjoner, mens vitenskap, individuell fornuft, frihet, toleranse og framskritt ble innsatt som nye idealer og autoriteter. I tillegg etablerte opplysningstiden nye rammer for kunnskapsutveksling og offentlig debatt. Slik ble opplysningstiden definerende for moderniteten, som omfatter samfunnsomveltninger slik som sekularisering og individualisme, industrialisering og kapitalismemassemedier og demokrati.

Jesus kalla meg til å gå med ein frigjerande bodskap.

Men vi er opplyste av Guds Ord, i han var liv og livet var lyset for menneska. Vi som har vorte verande i Jesus ord, har fått oppleve at det er ånd og liv, det livet er lyset for oss, Anden openberrar sanninga i Guds Ord for oss og den set oss fri.

I mitt førre dokument skreiv eg om at Jesus kalla meg til å gå med ein frigjerande bodskap, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2008-09-28-sion-ga-i-ferdiglagde-gjerningar/ :

«Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom …..

Så i januar 2009 for eg til Oslo og byrja på praktisk pedagogisk undervisning og eg gjekk i dFEF i M40 som tidlegare. Eg skreiv framleis til dei og hadde varsla dei om dette og på eit vitnemøte gjekk eg fram og vedkjende mi tru og byrja å lese denne bodskapen for å forklare kva den betydde for meg, men då ville dei ikkje høyre på det.

Reise seg frå mørkets rike og gå over i Guds rike.

Men på mitt første møte i Maranata svarde Jesus meg slik, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2009-05-10-m-finn-vegen-til-a-skode-jesus-i-hans-herlegdom/ :

MARANATA Oslo søndag 10.5.2009. Kl 18.

Tale ved Roar Grande.

Tyding av tungetale, (ved Roar Grande)Mp3-opptak:

«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren,  sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike  og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk  kvar som helst og når som helst.   Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din   kjærleik frå  meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»

Vert ikkje træl for menneske.

Møte i Maranata 14.6.2009, https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2009-06-14-m-vert-ikkje-trael-for-menneske/ :

Tyding av tungetale:

«Frelsen er en gave, frelsen den er Guds utstrakte hand. Frelsen er fullbrakt og broen over selve avgrunnen er bygd, den er bygd solid, grundig, fundamenteringen holder i liv og i død. Og den er grunnlagt på evige løfter, den er grunnlagt på en evig eksistens. Derfor behøver du ikke frykte for noen ting, for grunnvollen er lagt. Klippen er revnet.   (Ja, her bryter ut alt)? hva menneskeheten trenger.  Jeg ble slått, misshandlet, knust for alle dine missgjerninger, for alle dine sykdommer. Istedenfor dom, skal du få nåde, i stedet for fortapelse, får du himmel, i stedet for død, får du liv og overflod. Kom i dag og ta av livets vann uforskyldt, du får det av bare nåde.

Du behøver ikke å være nedadbøyd, men du kan løfte blikket oppad. For blodet fra mine sår gir deg frelsens – blodet skaper og gir deg forløsning fra all fordømmelse. Blodets rensende makt fører deg over og inn i samfunn med meg, sier Herren. Du behøver ikke å gå der uten fred og håp og framtid.   Gjennom mitt utgytte blod har død funnet sted til forløsning fra syndens dom og skyld, i dag er det nåde, for blodet vitner, blodet taler, blodet vitner om død, blodet taler om nåde. Kom derfor å ta imot min utstrakte hånd og jeg skal dra deg opp og jeg skal sette deg over i mitt rike.

La ikke menneske gi deg trelldom, bli ikke menneskets trell. Men se blodet setter deg fri. Min ånd den gjør levende hva blodet har gitt deg. Golgata forteller om at i stedet for forbannelse får du velsignelse. For jeg ble forbannet for at du skulle bli velsignet. Jeg døde for at du skulle ha liv og overflod. Men jeg oppstod igjen for at du skulle bli ikledt for evig  min rettferdighet. Og er du kledt i min rettferdighet , så er du ikke redd for det som er i tiden,  men du kan løfte motet og blikket oppover,  og stråle av glede, for jeg har løst deg, satt deg fri, kalt deg ved navn, for du er min eiendom for tid og for evighet.»

Relevante Bibelvers.

Sak.14, 1 Sjå, det kjem ein Herrens dag. Då skal det hærfanget dei har ført bort frå deg, skiftast ut hjå deg.

2 Eg vil samla alle folkeslaga til strid mot Jerusalem. Byen skal verta teken, husa plyndra og kvinnene tekne med vald. Halve byen skal førast bort i fangenskap, men resten av folket skal ikkje rydjast ut or byen.

3 Herren sjølv skal fara ut og strida mot desse folka som på stridens dag, den dagen han gjekk til kamp. 4 Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget, som ligg rett aust for Jerusalem. Og Oljeberget skal dela seg i to frå aust til vest, så det vert ein brei dal. Den eine halvparten av fjellet vik unna mot nord og den andre mot sør. 5 Dalen attmed fjellet mitt skal fyllast, for dalen mellom fjella skal nå heilt til Asal. Og de skal røma som de rømde for jordskjelvet i dei dagar Ussia var konge i Juda. Då skal Herren min Gud koma og alle heilage vera med han.

6 Den dagen skal det henda at ljoset kverv, og dei herlege himmelljosa sloknar. 7 Så skal det vera ein einaste dag – Herren kjenner han – og ikkje dag som skifter med natt; om kvelden skal det vera ljost. 8 Den dagen skal det henda at det renn levande vatn ut frå Jerusalem, den eine halvparten til havet i aust og den andre halvparten til havet i vest. Såleis skal det vera både sommar og vinter.

Gal.5,1 Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under trældoms åk.

Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg.

Møte i dFEF M40, 12.2.2011, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/08/2011-02-12-m40-jesus-kalla-sions-dotter-til-a-frigjere-seg/ :

Vekkingsmøte ved Emanuel Minos, kl 19. Yngvar Pettersen og Frank Søgård deltok.

Tyding av tungetale ved Frank Søgård: 

«Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.

Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette? Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.»

 

Jesus kalla Sions dotter ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom.

Møte i Maranata 12.2.2011, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/08/2011-12-18-maranata-jesus-kalla-sions-dotter-ut-i-fridomen/ :

I slutten av møtet kom ei kvinne med tungetale og Tore Kristiansen tyda det:

«Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og oppover, for eg har reinsa deg.

Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.»


Leave a comment