Lovnad, profeti og filosofihistorie 3. Apologetikk; forsvare den kristne trua overfor dei som var opplærde i antikk filosofi. Slik vart middelalderen dominert av filosofi og teologi.

På biletet ser det ut til at Augustin har eit hjerte tennt i brann.  Det er sjølvsagt symbolsk Guds Ande og kjærleik i hjertet, det er den åndelege røyndomen som tilfredsstiller vår lengsel. Den religiøse lengselen kan også forståast som tørste etter det levande vatnet. Dette er meir fundamentalt i kristendomen enn filosofering.

Mi tru, bøn og von.

Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse mine næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Når eg var ni år forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det som første prioritet, be han frelse kvinna frå det og be han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone som andre prioritet. Når eg bad slik, merka eg at Jesus meg nær, som ein skugge ved mi høgre hand, slik vart eg kjend med han som min beste ven. Sidan har han ikkje forlete meg. Han var livet som var planta i meg ved Guds Ord og det skulle vekse.

Når eg sidan vart forelska i ei jente, var den laglege tida for meg å vedkjenne Jesu namn, det høvde med trua og kjærleiken som Gud hadde gitt meg i hjertet, kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg gjekk på gymnaset oppdaga eg at det høvde med Paulus si lære og lovnaden om at vi ved trua skulle få komme inn til Guds kvile (Heb.3-4). I følgje Paulus er Kristus hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Paulus grunngav det både utifrå skapingshistoria og evangeliet.

Eg byrja å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus talt til meg, både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale, det var litt raft og storarta for meg å få oppleve at hans om eg vart kjend med som min beste ven, når eg var ein liten gutunge, sat ved Faderens høgre hand og talte til meg frå himmelen. Han sa til meg at hans frelseverk er fullført og fullkome, så det var berre for meg å tru på det og ta imot i tru. Vi får kvile på grunnlag av Jesu fullførde frelseverk, vi skal feste blikket på han som er Guds Ord og trua sin opphavsmann og fullendar og snakke med han (Heb.12,1…). Slik har han fortsett med å tale til meg sidan også.

Jesus sa eg skulle komme til han med mi sak, overgi meg 100% til han og la han han ta seg av denne saka for meg altså. Han sa eg skulle sjå at han har sett fram for meg ei open dør som ingen kan lukke og invitert meg (Op.3,7-8). Hans frelseverk er fullført og fullkome, så ingen kan lukke den døra for meg. Han har betalt prisen for oss med sitt eige blod, det er billetten til himmelen, også når han kjem for å hente si blodkjøpte brud.  

Jesus sa til oss at det er berre ein måte folk kan verte frelste på og det er ved at hans namn vert løfta opp. Det er ein god grunn til at eg byrjar med å skrive om mi tru, bøn og von til han. Farisearane og dei skriftlærde lessa tunge byrder på folket, men Jesus gav dei kvile.

Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.

28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Her talar Jesus til oss om openberring og den openberringa er viktig for oss. Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, ved sitt Ord og sin Ande, så den openberringa er viktig for oss, den er frigjerande og den gir oss visdom frå himmelen, den gjer alt mykje enklare for oss.

Når eg skriv om filosofihistoria vil de sjå at det er mange som har streva med å erkjenne kva som er sant og rett og så har dei trekt sine konklusjonar. Like vel han der vere fleire måtar å forstå det på. Eg trur på Faderen og Sonen, ser og opplever Guds rike og vil og kan forstå filosofihistoria utifrå det utgangspunktet. Poenget mitt er ikkje å lære folk å streve, men å vise at vi har løysinga, som gjer alt mykje enklare, så dei slepp å streve.

Det er ein åndskamp, då skal vi først og fremst vere defensive, kle oss i Guds fulle rustning, så skal vi også verte i stand til å gå meir offensivt til verks.

                                           Middelalderen.     

Apologetikk.

Romarriket og keisarmakte forfall, mange skulda det på den kristne kyrkja, men den voks og fekk meir og meir utfordring med å ta over. Augustin hadde viss tankar om korleis. Sjølv etter at kristendomen hadde vorte statsreligion i Romarriket, var dei kristne på defensiven for å forsvare trua si mot tankane frå dei «intellektuelle» som var opplærde i antikk filosofi. Denne forsvarstenkinga vart kalla apologetikk og slik vart det formulert ein kristeleg teologi. Filosofi og teologi prega så middelalderen.

På 1970-talet var det Kristne Studentlaget opptekne av apologetikk, særleg til forsvar mot dei venstre-radikale og mot utviklingslæra. Det vart ein del interessante problemstillingar og diskusjonar, men eg trur dei overdreiv betydninga av det.

Syntese mellom ny-platonisme og kristendom.

Den lærde overklassa var opplærd i antikk filosofi, korleis skulle dei kristne forkynne evangeliet til dei? Dei kunne prøve å omsetje bibelen til deira språk, det kan vi karakterisere som den katolske metoda. Eller dei kunne fordømme all filosofi som heidensk dårskap og tale Bibelens språk også til dei intellektuelle. Det kan vi karakterisere som den protestantiske metoda. Det var no svært til forenkling. Når Luther seinare forkynte rettferd ved tru, så forstår eg det som ein rasjonalisme som godt kan forståast med Platons terminologi. Så var det også den første strategien som fekk gjennomslag i den Katolske Kyrkja. Den kristne teologien byrja som apologetikk, forsvar for kristendomen mot innvendingar frå ikkje-kristne intellektuelle. Det vart først ei syntese mellom kristendom og ny-platonisme, men sein-stoisisme spelte også inn. Men denne syntersa vart først vart filosofien lidane, så teologien. Teologiske førestillingar (dogmer) vart formulert i eit språk som høvde bra med hellenistiske (nyplatonske) filosofar, til dømes læra om treeininga og kroppen som mindreverdig i forhold til sjela og Anden. Dette hang igjen lenge etter at folk slutta å tenke ny-platonsk, slik vart teologien lidande. Denne teologien vart dominerande frå 300 til 1200, då det kom ei syntese mellom kristendom og aristotelisme, ved Thomas Aquinas. Den vart sidan godteken som filosofien til den Katolske Kyrkja.

Med kristendomen fekk vi

1. Mennesket i sentrum

2. Lineær historie

3. Gud som person og skapar.

I antikken tenkte dei seg Gud i verda, men i kristendomen er Gud ein person som eksisterer hinsides verda og universet, han sende sin einborne Son for å frelse menneska og når han frelser eit menneske vert verda og universet sekundert i forhold til han og det mennesket han frelser.

Dei stoiske tankane om naturrett og mellommenneskeleg brorskap og likskap fell saman med ei allmenngyldig lov i Guds ord, alle menneske er brør og likemenn fordi han har skapt dei i si likning.

Mennesket i fellesskapet hadde på det individuelle område ei sjel som var god  og ein kropp som var vond. I det allmenne fellesskapet hadde dei stat og lov, naturretten hadde dei i den kyrkjelege institusjonen og Romas rett hadde dei i den verdslege institusjonen. Det vart ei maktfordeling mellom kyrkje og statsmakt, den kristne kyrkja vart ein statsautorisert fortolkar av etiske og religiøse spørsmål, så folk fekk eit visst grunnlag for å kritisere dei verdslege styresmaktene. Dette har vore viktig for fridomstankten i Europa.

Augustin.

Augustin (354-430 e.Kr.) levde eit lystig liv i Kartaga, når han var ung, men så kom han inn i ei religiøs søking. Han var innom skeptisismen, men så vende han seg til ny-platonismen. Men hans erfaringar stod i strid med den nyplatonske tiltrua til fornufta, at rett innsikt fører til rett handling. Og så oppdaga han at dei kristne levde meir moralsk enn han sjølv, sjølv om dei teoretisk sett var svakare. Han vende om til kristendomen og for tilbake til Nord-Afrika som prest. Han skapte ei teologisk syntese mellom nyplatonisme og kristendom, slik som vi såg ovanfor.

Han tilbakeviste skeptisismen ved å påstå at vi har den sikraste kunnskapen om det indre mennesket, ved å påstå at «intraspeksjon» gir sikrare kunnskap enn sansing, mennesket har ein kunnskapsteoretisk forrang, fordi subjekt og objekt fell saman. Det indre er for han meir ei stridsmakt for indre kjensler og viljeimpulsar enn kjølig forstands-tenking. Menneske har fri vilje, men samtidig er vi underlagt Guds førebestemte frelseplan (predestinasjon).

Han har ei nyplatonske forståing av kropp og sjel, sjela representerer hovudsakleg det guddommelege, kroppen er sete for det syndige. Gud frelser sjela og mennesket opplever ein strid mellom Gud og djevel, som ein strid i det einskilde mennesket. Det viser seg også i motsetnaden mellom Guds-staten og den verdslege staten. Liksom den einskilde opplever ein strid mellom frelse og synd, er historia ein strid mellom ein god og ein vond stat.

Den politiske situasjonen var at keisarmakta forfall, så dei kristen måtte ta over meir og meir av politiske verv, samtidig som dei også vart skulda for å vere årsak til imperiets undergang. Det var nok ein god grunn til at Augustin byrja å tale om to statar. Den verdslege staten var eit nødvendig vonde, den skulle styre den menneskelege vondskapen og straffe uretten. For Aristoteles og Thomas Aquinas var mennesket av naturen sosialt, for Platon var staten ein oppsedar til det fullkomne liv, han søkte det ideelle. Augustin meinte mennesket var av naturen sosialt før syndefallet, men på grunn av syndefallet vart statens oppgåve å styre den menneskelege vondskapen for å straffe uretten. Han hadde nok med å halde vondskapen i sjakk. Også utan synda, ville det vere nødvendig med ei statsform, for å halde orden, men det ville ikkje vere nødvendig med tvang. I eit syndig samfunn må styresmakta vere innsett av Gud, for å holde orden, så dei er ikkje tilsette av folket, men av Gud.

For Augustin er Kyrkja er som organisasjon nødvendig for sjelefrelsa, til skilnad frå staten, men imperiet er ein kristen stat der alle er underlagt både keisar og pave. Ville det gå vel? For Platon var staten ein etisk oppsedar til det fullkomne liv, det skulle vi vel då finne igjen i Guds-staten, kyrkja altså. Aristoteles sin stat skulle vi finne igjen i den verdslege staten.

Her vil eg minne om at i det gamle testamentet hadde kongen og øvstepresten to svært ulike oppgåver i eitt og same tempel.

Gud openberrar si frelse for oss i Kristus.

Vi vert opplyste ved Guds Ord, han openberrar si frelse for oss i Kristus, slik får vi ein trygg referanse, så vi ikkje skal fare vill.

Salme 139, 1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.

Herre, du ransakar meg og kjenner meg.

2 Anten eg sit eller står, så veit du det,

langt bortanfrå merkar du mine tankar.

3 Anten eg går eller ligg, så ser du det,

du kjenner alle mine vegar.

4 Ja, før eg har eit ord på tunga,

veit du det, Herre, fullt og heilt.

5 Du kringset meg på alle sider,

du har lagt di hand på meg.

6 Det er for underfullt til å skjøna,

det er så høgt at eg ikkje kan fatta det.

7 Kvar skal eg fara frå din Ande,

kvar skal eg røma frå ditt åsyn?

8 Fer eg opp til himmelen, så er du der,

og reier eg lege i dødsriket, så er du der òg.

9 Tek eg morgonrodens venger på

og slår meg ned der havet endar,

10 så fører du meg jamvel der,

di høgre hand, ho held meg fast.

11 Og seier eg: «Lat mørkret løyna meg

og ljoset ikring meg verta natt»,

12 så er ikkje mørkret for mørkt for deg,

og natta er ljos som dagen,

ja, mørkret er som ljoset.

13 For du har skapt mitt indre,

du har vove meg i mors liv.

14 Eg takkar deg fordi eg er skapt

på skræmeleg underfull vis.

Underfulle er dine verk,

det veit eg så vel.

15 Mine bein var ikkje dulde for deg

då eg vart skapt i løyndom

og forma djupt i jorda.

16 Du såg meg då eg var eit foster,

i di bok vart alt skrive opp;

mine dagar fekk si form

før ein einaste av dei var komen.

17 Kor høge dine tankar er, Gud,

kor veldig summen av dei!

18 Vil eg telja dei, er dei tallause som sand;

kjem eg til endes med det, er eg enno hjå deg.

…….

23 Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjarta,

prøv meg og kjenn mine tankar!

24 Sjå om eg er på den vonde vegen,

og lei meg på ævevegen!

I vona er vi frelste og vona er eit anker for sjela inn i det høgheilage. Det er ein sikker referanse.

Rom.8,18 Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.

Heb.6,19 Denne vona er eit trygt og fast anker for sjela. Det når innom forhenget i heilagdomen, 20 dit Jesus gjekk inn og opna vegen for oss, han som til evig tid har vorte øvsteprest på Melkisedeks vis.

Med denne referansen har vi åndeleg og forstandig innsikt i hjerte og sinn, vi har rasjonalitet, det har vi også med matematikken. Det vart viktig for rasjonalistane som opplysningsfilosofar. Så eg forstår opplysningstida slik at vi vert opplyste av Guds Ord, slik vi ser i Joh.1 og 1.Joh.1 og mange andre bibelvers også.

Openberringa vi får i Guds Ord og ved Guds Ande gir oss betre innsikt i universalia før tingen og vi kan bruke dei til dess meir. Guds primære hensikt med det er å frelse menneskesjela for æva og gi den evig liv, han har ein frelseplan og den er det om å gjere for oss å innsjå og komme inn i og verte med i. Ved å ta imot Jesus fekk vi rett til å verte Guds born, då er det om å gjere for oss å komme inn i fridomen i barnekåret hos Gud. Det er den mest verdifulle og mest fundamentale menneskeretten vi kan tenke oss. Klagemåla mot oss gjeld ikkje lengre. Vi får komme inn i fridomen i barnekåret hos Gud og oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born. Og slik har han omsorg for sine henders verk.

Rom.8,12 Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. 13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. 14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.

18 Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.

………

33 Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive:

For di skuld vert vi drepne dagen lang,

vi vert rekna som slaktesauer.

37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

2.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.

Gud har openberra si frelse for oss i Kristus, ved sitt Ord og sin Ande. Då skal vi sjå på han. Vi skal ikkje sjå på «tingen» i staden, verken tinge rundt oss, oss sjølve eller andre menneske. Det er då heilt klart at vi skal ikkje ete av kunnskapstreet, slik som Adam og Eva, så dei såg på seg sjølve og gøymde seg for Gud med dårleg samvit.

Apropos apologetikk; eg skal ikkje bere Gud, men han vil bere meg.

Eg hadde nyst skrive om apologtikk. Når det gjaldt det Kristne Studentlaget sitt forsvar mot utviklingslæra, for ikkje å seie angrep på utviklingslæra, så trudde og meinte eg at Gud skaper gjennom utvikling, ved sitt Ord og det gjer han framleis, sidan vi er forsona med han på evangeliets grunnvoll, får vi oppleve det i våre liv. Eg hadde då bedt han om å gi meg ei frelst kvinne til kone og trudde framleis at han ville gi meg det. Og så svarde Jesus meg i pinsekyrkja Sion Åheim, 28.8.2008.

I følgje Paulus er Kristus hovudet for mannen og mannen hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud, han grunngav det både utifrå skapingssoga og evangeliet. Gud er den same no som då han skapte (1.Mos.1-2), men no har han openberra si frelse for oss i Kristus, han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Dette er Guds Ord og eg har eg gjenteke mange gangar og eg forstår det slik at det var dette det var sikta til i byrjinga av bodskapen, dette ordet er ånd og liv som gjer underverk, fordi det er Guds Ord (Joh.1,1….)

Matematikken og den matematiske beskrivinga av naturen, særleg i fysikken, vert ofte brukt som argument for trua på at Gud har skapt det heile. Det er vesentleg i apologetikken, men mi interesse for apologetikk skulle ikkje verte slik at eg skulle gå duknakka og bere Gud, nei, han vil bere meg. Matematikken er teoretisk og usynleg, derfor kan vi av og til få problem med å forklare kvifor vi er opptekne av den. Men Gud, hans Ord og hans Ande er også usynleg, likevel er Gud og hans rike ein åndeleg røyndom. Eg får oppleve det, han styrker meg med si kraft og held meg oppe, han ber meg, slik trur eg han støtter meg i mi interesse for matematikk og fysikk, jau, kalla han meg til å studere realfag, så støtta han meg i det også.

1.Kor.1,17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:

Eg vil tyna visdomen hjå dei vise

og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.

20 Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska.

Eg hadde ei cand-mag-grad i realfag og det ville vere naturleg å gå vidare og gjere noko meir ut av det, eg hadde nok tenkte på det utan at det hadde vorte noko meir av det, men no tok eg dette som eit kall om å gå vidare med det, så eg for til Oslo og byrja på praktisk pedagogisk undervisning i januar 2009. Hausten 2014 byrja eg å studere realfag igjen, men no vart det biologi og informatikk, sidan kjemi også. Eg vart spesielt viss på at Gud leia meg til å studere biologi, han staka ut vegen for meg og det var også den vegen han bana for meg gjennom forhenget i den himmelske heilagdomen.

Eg vart aktiv på FB og fekk meg bloggeside og skriveriet tok meir og meir tid, så det gjekk meir og meir ut over studiane og i 2017 reiste eg heim att til Sunnmøre. Eg skreiv om «Big-Bang-teorien» at eg meinte den høvde med vår trua på at Gud skapte alt med sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Derfor er naturen forståeleg, så vi også kan forstå den med matematikk. Det er vi med moderne fysikk og astronomi komne langt med. Eg forstår det slik at han svarde meg på dette med å seie at eg var elska av ein tre gangar heilag Gud (Sion Åheim 3.2.2019). Jau, for med heilaggjeringa fekk eg betre innsikt og det trongst når eg studerte realfag.

 

Sion Åheim 28.9.2008. Gå i ferdiglagde gjerningar.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2008-09-28-sion-ga-i-ferdiglagde-gjerningar/ :

Sion, pinsemenigheta på Åheim, søndag 28.9.08. Møte kl 19.

Det var spesielt to bibeltekstar som eg hadde tenkt på i det siste, og når eg sett meg inn i bilen og skulle til å køyre til møtet så sanna eg for meg sjølv og for Gud at desse to tekstane kunne eg godt tenke meg å lese på møtet, dersom det vart gjett moglegheit for frie vitnemål, men eg sa også at det var litt mykje å ta fram i eit vanleg vitnemøte.

Då predikanten, Arnstein Andersen, fekk ordet, opna han for frie vitnemål fyrst. Eg gjekk fram og las frå fylgjande kapittel:

1KO 3,5 – 1KO 3,23 Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til. 6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster. 7 Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster. 8 Den som plantar og den som vatnar, er eitt; men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid. 9 For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning. 10 Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister; og andre byggjer oppå. Men kvar må sjå til korleis han byggjer. 11 Ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus. 12 Men om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv, dyre steinar, tre, høy eller halm, 13 så skal det ein gong syna seg kva slag arbeid kvar har gjort. Domens dag skal gjera det klårt, for han vert openberra med eld, og elden skal prøva korleis kvar manns verk er. 14 Om det verket ein mann har bygt, står seg, skal han få si løn. 15 Om verket hans brenn opp, må han lida tapet. Sjølv skal han verta frelst, men så som gjennom eld. 16 Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk? 17 Øydelegg nokon Guds tempel, han skal Gud øydeleggja. For Guds tempel er heilagt, og dette templet er de. 18 Ingen må dåra seg sjølv! Om nokon av dykk tykkjest vera vis i denne verda, lat han då verta ein dåre, så han kan verta verkeleg vis. 19 For visdomen åt denne verda er dårskap i Guds augo. For det står skrive: Han fangar dei vise i deira eiga list, 20 og ein annan stad: Herren kjenner tankane åt dei vise og veit at dei ingenting er. 21 Difor må ingen rosa seg av menneske. For alt høyrer dykk til, 22 anten det er Paulus, Apollos eller Kefas, anten det er verda, liv eller død, det som no er eller det som koma skal. Alt høyrer dykk til. 23 Men de høyrer Kristus til, og Kristus høyrer Gud til.

FRK 3,1 – FRK 3,14 Alt har si faste tid, alt som hender under himmelen, har si tid: 2 ei tid til å fødast, ei til å døy, ei tid til å planta, ei til å riva opp; 3 ei tid til å drepa, ei til å lækja, ei tid til å riva, ei til å byggja; 4 ei tid til å gråta, ei til å le, ei tid til å syrgja, ei til å dansa; 5 ei tid til å kasta steinar, ei til å samla dei, ei tid til å ta i famn, ei til å la det vera; 6 ei tid til å leita, ei til å missa, ei tid til å gøyma, ei til å kasta; 7 ei tid til å riva sund, ei til å bøta, ei tid til å teia, ei til å tala; 8 ei tid til å elska, ei til å hata, ei tid til krig og ei til fred. 9 Kva vinning har den som arbeider, av alt sitt strev? 10 Eg såg det plagsame strevet som Gud har gjeve menneska. 11 Alt skapte han fagert i si tid. Jamvel æva har han lagt i hjarta deira. Men dei skjønar ikkje det verk som Gud har gjort frå fyrst til sist. 12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei enn å gleda seg og gjera vel i livet. 13 Men når ein mann får eta og drikka og vera lukkeleg i alt sitt strev, er det òg ei gåve frå Gud. 14 Eg skjøna at alt det Gud gjer, varer til evig tid. Ikkje kan ein leggja noko til, og ikkje kan ein ta noko ifrå. Gud har laga det så for at menneska skal ha age for han.

I 1.Kor.3 tok eg ikkje med vers 5 og 18-23. Eg sa berre at så er det tale om visdomen og Salomo var ein vismann og så byrja eg å lese frå Forkynnaren, der hoppa eg over vers 5-8. Det var mykje Salomo hadde klart å bygge opp, men vi veit korleis det gjekk, det vart nedrive alt saman, og Jesus sa at der skulle ikkje ligge igjen stein på stein og det var etter at tempelet hadde vorte oppattbygt. Det kan godt hende Salomo såg det for seg korleis det kom til å gå, ei tid til å bygge opp, ei tid til å rive ned, alt er fåfengt, men så sa han også at Gud hadde lagt æva ned i menneskehjertet og alt det Gud gjer varer til evig tid, vi kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Vi har vårt daglege strev alle saman av oss, det vi strevar med vil med tida gå til grunne alt saman, men Guds Ord er evig og det verket Gud gjer med sitt. Jesus har sagt at han er med oss. Vi er Guds medarbeidarar og då må vi samarbeide. Når vi bygger på grunnvollen med tre, høy og strå, så vil det verte fortært av elden, det vil gå til grunne, men når vi bygger med gull, sølv og dyre steinar, så vil det verte ståande, det symboliserer det evige. Og Salomo sa at det verket som Gud gjer, står til evig tid.

Deretter spurde predikanten om der var ein til og ein mann som heiter Hendriksen gjekk fram og kommenterte det som eg hadde sagt og tilføya at då må vi lyde.

Etterpå sa predikanten at det som vi to no hadde sagt det var det han følte som skulle fram her i møtet. Dette var tydelegvis noko som Gud hadde leia han til og han sa at det var fyrste gongen han hadde gjort det på denne måten, å opne for frie vitnemål før talen. Så talte han om den Heilage Andes gjerning i våre liv og las ifrå Joh.14 & 16. Han sa at jantelova gjaldt langt inn i dei kristne forsamlingane og meinte at dette ikkje var bra. Han las også 1.Ti.4,12-14 og sa at vi alle har ei nådegåve å ta oss av.

1TI 4,12 – 1TI 4,14 Lat ingen vanvørda deg fordi du er ung, men ver eit føredøme for dei truande i ord og gjerning, i kjærleik, truskap og reinleik. 13 Ta deg serskilt av skriftlesinga, forkynninga og opplæringa, til dess eg kjem. 14 Forsøm ikkje den nådegåva som er i deg, den du fekk ved profetord då eldsterådet la hendene på deg.

I slutten av møtet inviterte han til forbøn og der kom fram ei kvinne. Inger-Johanne Vik kom også fram og var med å bad for henne og ho kom med tungetale som predikanten tyda. Dette var til den kvinna som var til forbønn og var noko lågmælt. Mp3-opptak:

«Du skal vite det at eg elskar deg. Eg berører deg (ikkje berre i din lekam, eg)? berører deg (i di ånd)? ånd og du skal få oppleve …. at eg er Herren i ditt liv. Eg vil sende menneske i din veg. Du skal få lov å vere eit reiskap for min ånd. …. ordet som seier du er løyst, du er fri, du er helbreda, ja, det ordet som eg har talt som er ånd og liv, skal gjere eit verk i menneske og du skal få oppleve og sjå at eg som er Herren din forløysar, eg er også din helbreder. Og du skal få vere eit reiskap for meg, så ver frimodig, stol på Ordet, stol ikkje på din forstand eller menneskers visdom. Men la Ordet få lov til å vere rettesnor for ditt liv. Og du skal få oppleve og kjenne det at eg gjer eit under…. Ver frimodig.»

Deretter kom Inger-Johanne med tungetale igjen, som talaren tydde frå talarstolen og det oppfatta eg som eit svar på det som eg hadde sagt, Mp3-opptak:

«Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren  og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du få sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg  ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.»

Sion Åheim. 3.2.2019. Gud valde ut det som ingen ting er, for å gjere det som er noko til skamme.

Tale ved Arnstein Andersen.

Arnstein byrja med å spørje kva det var vi tenkte på tett før vi for på møte. Han såg seg sjølv i spegelen. Vi vil gjerne sjå fine ut i møte med andre menneske. Når nokon spør ein annan:” Korleis har du det?” så er gjerne standardsvaret: ”Bra”. Men det er overflatisk. Det var ein som fekk svaret: ”Det vil du ikkje vite.” Så vi bør ikkje stille det spørsmålet utan at vi har tid til å lytte. Ei kvinne hadde det bra og svarde slik også. Men så fekk ho problem og når ho då fekk spørsmålet, prata ho som ein foss. Så takka ho for at han ville prate med henne. Men han hadde då ikkje sagt noko meir.

Så talte han over desse bibelversa:

MTT 18,12 – MTT 18,14 {SAUEN SOM VILLA SEG BORT}  Kva meiner de? Om ein mann har hundre sauer, og ein av dei villar seg bort, lèt han ikkje då dei nittini vera att i fjellet og går av stad og leitar etter den som har fare vilt? 13 Sanneleg, det seier eg dykk: Skulle han finna sauen, då gleder han seg meir over denne eine enn over dei nittini som ikkje villa seg bort. 14 Sameleis vil heller ikkje Far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal fortapast.  

JES 49,14 – JES 49,17 {HERREN GLØYMER IKKJE SION}  Men Sion seier: “Herren har forlate meg,  min Gud har gløymt meg.” 15   Gløymer vel ei kvinne brystbarnet sitt,  har ho ikkje medkjensle med den son ho fødde?  Og om ei mor kan gløyma,  så gløymer ikkje eg deg. 16   Sjå, eg har teikna deg i mine hender,  dine murar har eg alltid for auga. 17   Dei som skal byggja deg, skundar seg hit,  og dei som reiv ned og la deg i øyde,  fer bort ifrå deg. 

5MO 6,5 – 5MO 6,7 Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile din hug og av all di makt. 6 Desse orda og boda som eg gjev deg i dag, skal du gøyma i hjarta ditt. 7 Du skal prenta dei inn i borna dine og tala om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp.

FIL 4,6 – FIL 4,7 Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. 7 Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus.

JES 50,4 – JES 50,5 {HERRENS TENAR ER TILLITSFULL I TRENGSLER}  Herren min Gud har gjeve meg  ei læresveinstunge,  så eg med mitt ord kan styrkja den trøytte.  Kvar morgon vekkjer han mitt øyra,  så eg kan høyra på læresveins vis. 5   Herren min Gud har opna mitt øyra.  Eg sette meg ikkje imot  og drog meg ikkje unna.

JES 40,27 – JES 40,31   Kvifor talar du så, Jakob,  kvifor seier du, Israel:  «Min veg er løynd for Herren,  min Gud bryr seg ikkje om min rett”? 28   Veit du det ikkje, har du ikkje høyrt det?  Herren er den evige Gud  som skapte den vide jord.  Han vert ikkje trøytt, han vert ikkje mødd,  hans vit kan ingen grunda ut. 29   Han gjev den trøytte kraft,  og den som ingen krefter har,  gjev han stor styrke. 30   Gutar vert trøytte og mødde,  unge karar snåvar og fell. 31   Men dei som ventar på Herren, får ny kraft;  dei lyfter vengene som ørnar,  dei spring og trøytnar ikkje,  dei går og mødest ikkje. 

Olav Harald Vik tok avslutninga og las noko frå Salme 103, meiner eg det var.

Profetisk bodskap ved Arnstein.

I slutten av tala kom Arnstein med denne bodskapen:

”…., eg veit om kampane du har, eg veit om nattevåket ditt, men eg går saman med deg, eg ber det saman med deg. Så stol på mitt Ord, stol på mine lovnadar. Eg er ein skugge ved di høgre hand. Eg har ikkje gløymt deg. Eg har ikkje forlete deg. Men det du opplever i livet føler du, det er ikkje rettferdig. Men livet kan vere vanskeleg, du kan møte motgang. Men hugs at eg går saman med deg. Eg er ein skugge ved di høgre hand. Så skal du få kvile i mine naglemerka hender. Søk meg i løynkammeret med meg. La meg få lov til å bere saman med deg. Og bli bevisst på det at eg er ein Gud som høyrer, ein Gud som kjenner ditt namn, ein Gud som kjenner adressa di, som veit kvar du bor. Det er eg som har helde deg oppe. Amen.”

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Arnstein.

”Den dagen du sa ja til meg, mitt barn, så sa du ja til fridom, du sa ja til lækjedom og du sa ja til å følgje meg, at eg skulle få lov til å leie ditt liv. Det gjeld også i dag. Eg ser du er trøytt, eg ser du har det vanskeleg. Men overlat tinga til meg. Forstanden din vil kanskje ofte hindre deg i å gjere det. Men overlat alle ting til meg, også det som synest umogleg ut i dag. Eg gjer det umoglege mogleg. Og det som ingen ting var, valde eg ut til å gjere til skamme det som er noko. Om du føler deg som ingen ting, du er ingen ting samanlikna med andre, men hugs at eg elskar deg slik som du er. Du har ein eigen identitet, du er skapt i Guds bilete. Og du er elska av den tre gangar heilage Gud. Så søk meg, søk inn i mitt Ord, når du kjem heim att. Søk i løynkammeret og be til meg. Eg skal svare, eg skal svare i mi tid, seier Herren. Så ver frimodig og søk meg.

Livet, det er ikkje berre roser, det har du oppdaga, livet er også ting som er vanskeleg, det er kantar som møter deg. Men du skal vite at eg som har lovt, eg som har født deg på nytt, eg har lovt å vere med deg inntil den siste dag, inntil du forlet denne verda. Så stol på meg. Legg inn det giret i livet ditt, at du søker meg kvar morgon. At eg kan få vere den som leier deg gjennom dagen. At eg kan få lov til å vere med å bygge livet ditt vidare. Også inni samanhengar med andre menneske, der skal du få vere til hjelp. Der er mange rundt deg som treng hjelp, der er mange som lengtar etter nokon å snakke med. Og akkurat du kan vere ein samarbeidspartnar og ein samtalepartnar som einkvan kan snakke med. Så ver frimodig. I begge mine hender har eg teikna også deg. Og du skal vite det at eg skal gå med deg, resten av livet, når du søker meg. Amen.”

Relevante bibelvers.

Salme 91, 1 Den som sit i livd hjå Den Høgste

og bur i skuggen av Den Allmektige,

2 han seier til Herren: «Mi livd og borg,

min Gud som eg set mi lit til!»

3 Ja, han bergar deg frå jegerens snare,

frå pest som tyner.

4 Med sine fjører løyner han deg,

under hans venger finn du livd.

Hans truskap er skjold og vern.

5 Du skal ikkje reddast for skræmsler om natta,

for piler som flyg om dagen,

6 for pest som snikjer seg fram i mørkret,

for sott som herjar middagstider.

7 Om tusen fell ved di side,

ti tusen ved di høgre hand,

så skal ikkje ulukka nå deg.

8 Du skal berre vera vitne til det

og sjå at dei gudlause får si løn.

9 For du seier: «Herren er mi livd.»

Den Høgste har du gjort til din bustad.

10 Inkje vondt skal koma over deg

og inga plage nå ditt telt.

11 For han skal gje sine englar påbod

at dei skal verna deg på alle dine vegar.

12 Dei skal bera deg på hendene,

så du ikkje støyter foten på nokon stein.

13 På løve og orm skal du trakka,

ungløve og orm skal du trø under fot.

14 «Eg bergar han, for han held seg til meg;

eg gjev han livd, for han kjenner mitt namn.

15 Når han kallar på meg, svarar eg;

eg er med han i naud og trengsle,

eg friar han ut og gjev han ære.

16 Eg mettar han med mange dagar

og lèt han sjå mi frelse.»


Leave a comment