Bildet; Det vart jubel i himmelen for denne tala.
Mi tru, bøn og von.
Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse mine næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Når eg var ni år forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det som første prioritet, be han frelse kvinna frå det og be han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone som andre prioritet. Når eg bad slik, merka eg at Jesus meg nær, som ein skugge ved mi høgre hand, slik vart eg kjend med han som min beste ven. Sidan har han ikkje forlete meg. Han var livet som var planta i meg ved Guds Ord og det skulle vekse.
Når eg sidan vart forelska i ei jente, var den laglege tida for meg å vedkjenne Jesu namn, det høvde med trua og kjærleiken som Gud hadde gitt meg i hjertet, kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg gjekk på gymnaset oppdaga eg at det høvde med Paulus si lære og lovnaden om at vi ved trua skulle få komme inn til Guds kvile (Heb.3-4). I følgje Paulus er Kristus hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Paulus grunngav det både utifrå skapingshistoria og evangeliet.
Eg byrja å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus talt til meg, både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale, det var litt raft og storarta for meg å få oppleve at hans om eg vart kjend med som min beste ven, når eg var ein liten gutunge, sat ved Faderens høgre hand og talte til meg frå himmelen. Han sa til meg at hans frelseverk er fullført og fullkome, så det var berre for meg å tru på det og ta imot i tru. Vi får kvile på grunnlag av Jesu fullførde frelseverk, vi skal feste blikket på han som er Guds Ord og trua sin opphavsmann og fullendar og snakke med han (Heb.12,1…). Slik har han fortsett med å tale til meg sidan også.
Jesus sa eg skulle komme til han med mi sak, overgi meg 100% til han og la han han ta seg av denne saka for meg altså. Han sa eg skulle sjå at han har sett fram for meg ei open dør som ingen kan lukke og invitert meg (Op.3,7-8). Hans frelseverk er fullført og fullkome, så ingen kan lukke den døra for meg. Han har betalt prisen for oss med sitt eige blod, det er billetten til himmelen, også når han kjem for å hente si blodkjøpte brud.
Jesus sa til oss at det er berre ein måte folk kan verte frelste på og det er ved at hans namn vert løfta opp. Det er ein god grunn til at eg byrjar med å skrive om mi tru, bøn og von til han. Farisearane og dei skriftlærde lessa tunge byrder på folket, men Jesus gav dei kvile.
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Her talar Jesus til oss om openberring og den openberringa er viktig for oss. Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, ved sitt Ord og sin Ande, så den openberringa er viktig for oss, den er frigjerande og den gir oss visdom frå himmelen, den gjer alt mykje enklare for oss.
Når eg skriv om filosofihistoria vil de sjå at det er mange som har streva med å erkjenne kva som er sant og rett og så har dei trekt sine konklusjonar. Like vel han der vere fleire måtar å forstå det på. Eg trur på Faderen og Sonen, ser og opplever Guds rike og vil og kan forstå filosofihistoria utifrå det utgangspunktet. Poenget mitt er ikkje å lære folk å streve, men å vise at vi har løysinga, som gjer alt mykje enklare, så dei slepp å streve.
Det er ein åndskamp, då skal vi først og fremst vere defensive, kle oss i Guds fulle rustning, så skal vi også verte i stand til å gå meir offensivt til verks.
Be, så skal du få. Møte i Maranata 1.2.2015.
Innleiing ved John Miland.
John sa han hadde fått noko frå Herren som han gjerne ville dele, og denne gangen brann han ekstra for det, så han ringde og spurde Knut om å få innleie og då var Knut allereie på nippet til å ringe og spørje han om nettopp det. Så las han ifrå Matteus-evangeliet:
MTT 3,1 – MTT 3,2 {DØYPAREN JOHANNES STIG FRAM} På den tid steig døyparen Johannes fram i øydemarka i Judea og forkynte: 2 “Vend om, for himmelriket er nær!”
MTT 4,17 Frå den tid tok Jesus til å forkynna: “Vend om, for himmelriket er nær!”
MTT 5,14 De er ljoset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje døljast.
Vi er lyset i verda, då kan vi ikkje berre sitje her inne og vere lys for kvarandre, vi må ut der som det er mørkt og vere lys. Han oppfordra oss til å bryte med tradisjonen og komme oss ut og vere lys der som det er mørkt.
Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved John:
Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord at eg har behag i dykk som lovar og prisar mitt namn. Sjå, seier Herren, eg har sendt deg ut og eg veit om deg. Du priste mitt namn og du lovsang meg og du var med i dansen med dei glade. Og sjå, eg lokkar deg ut igjen, seier Herren, for at du igjen skal lovsynge og prise mitt namn. For sjå, seier Herren, eg har behag i det, seier Herren. Og ver ikkje skamfull, ver ikkje redd for å prise meg og takke meg i ein kvar samanheng. Og du skal få oppleve, seier Herren, at eg skal velsigne deg på ein rikeleg måte. Kast ikkje bort ditt frimod, for det har stor lønn, seier Herren. Derfor så skal du vere frimodig i denne tid og proklamere min bodskap og legge fram mitt Ord og forkynne mitt Ord, seier Herren. Og du skal få oppleve at eg skal stadfeste Ordet med dei medfølgjande teikn, seier Herren. Å, eg vil at mine born, de skal gå ut i denne tida og eg Herren, eg skal salve dei, eg skal bruke dei, seier Herre. Ver ikkje tilbakehalden, men ver frimodig å gå den veg som eg leier deg, seier Herren.
Søk meg, seier Herren, i ditt løynkammer og eg skal løne deg i det openberre. Spør etter meg og mi kraft, søk mitt åsyn alltid, seier Herren, og eg skal leie deg inni dei ferdiglagde gjerningar. Og du skal verte forundra, seier Herren, når du får sjå dei gjerningar som eg har lagt foran deg. Og eg vil at du skal vandre i dei og du skal vere til velsigning, du skal vere til hjelp for menneske som treng eit ord ifrå meg. For sjå, seier Herren, eg er ingen karrig Gud, men eg rik nok, seier Herren, for alle som påkallar mitt namn. Derfor skal du vere lydhøyr i denne tida og høyre kva Anden har å seie til deg og så skal du gå ut gjere kva den leier deg til. Abba. Amen.
Tale ved Stian Ludvigsen.
Stian talte over desse bibelversa:
MTT 8,23 – MTT 8,27 {JESUS STILLER STORMEN} Så gjekk han ut i båten, og læresveinane fylgde han. 24 Brått bles det opp til storm på sjøen, og bylgjene slo over båten. Men Jesus sov. 25 Då gjekk dei bort og vekte han og sa: “Herre, frels! Vi går under!” 26 Han svara: “Kvifor er de så redde? Kor lite tru de har!” Så reiste han seg og truga vinden og sjøen, og det vart blikande stilt. 27 Mennene undra seg og sa: “Kven er dette? Både vind og sjø lyder han.”
MTT 7,7 – MTT 7,8 {BED, SÅ SKAL DE FÅ!} Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk. 8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn; og den som bankar på, for han vert det opplate.
JAK 5,14 – JAK 5,15 Er nokon av dykk sjuk, skal han kalla til seg dei eldste i kyrkjelyden, og dei skal be over han og salva han med olje i Herrens namn. 15 Då skal bøna, beden i tru, berga den sjuke, og Herren skal reisa han opp. Og har han gjort synder, skal han få dei tilgjevne.
Han oppfordra oss til å frigjere oss frå menneskebod og vere opptekne av det sentrale i evangeliet og forkynne det for menneska. Så inviterte han til forbønn.
Tungetale ved Mari, tyding ved Stian:
Mitt barn, eg ser dine nederlag, eg ser dine fall. Mitt barn, du skal vite det at eg er prøvd i alt, i likskap med deg, så eg har medynk med deg i dine skrøpelegdomar. Mitt barn, vit det, når eg døde på korsets tre, så døde eg for dine nederlag. Derfor, så kan du vere frimodig, derfor så kan du komme inn for nådens trone og søke om hjelp til rette tid. Mitt barn, ver frimodig og kom til meg, kom til meg og du skal kjenne, at ja, eg vil løyse deg, eg vil setje deg fri, ja, eg vil utruste deg. Mitt barn, du skal ikkje gøyme deg for meg, men kom, kom til meg, seier Herren.
Mitt barn, eg har utvalt deg mellom mange, eg har kalla deg. Mitt barn, du skal vere eit lys i denne verda. Ja, sanneleg, så skal menneske få sjå min stordom gjennom det liv som du lever, for du skal vere frimodig og legge dine hender på dei sjuke, ja, du skal legge dine hender på dei bundne, ja, du skal legge dine hender på dei som lid naud og dei skal bli fri. Mitt barn, ver frimodig og bruk dei evner og gaver som eg har betrudd deg, for eg angrar ikkje mine nådegåver. Ver frimodig mitt barn, ver frimodig og kom til meg. Amen.
Jesus vart oppløfta for å trekke oss til seg, så la oss oppløfte Jesu namn og verte tiltrekte av han.
Maranata Landsstevne 2023, tysdag kveld 11.7.
Tyding av tungetale ved ei kvinne.
«Ja, du har hørt at jeg har talt til ditt hjerte i kveld, sier Herren. Og du har hørt min stemme mange ganger. Og nå ber jeg deg, du må ikke forherde ditt hjerte. For jeg går -, jeg har hørt din bønn, jeg har sett dine lengsler og jeg har sett dine tårer, sier Herren. Og dette er kvelden da jeg rekker ut min hånd til deg, sier Herren. Og du skal få lov å så merke at de prøvelser, dine nederlag, det skal jeg ta meg av, sier Herren. Men jeg ønsker at du skal ta imot min hånd, så jeg får lov til å reise deg opp igjen. Og jeg vil sette dine føtter på fjell, sier Herren. Og du skal ikke lenger vakle, du skal ikke lenger tvile på mitt Ord, for det jeg har sagt, det har jeg sagt og mitt Ord, det står fast, sier Herren.
Jeg har sett at ditt hjerte er i ferd med å dras vekk og bort ifra meg. For dine skuffelser, dine nederlag, tror du du er alene om. Men jeg har sett og jeg ser deg. Jeg har sett deg i mørke, der du trur du er alene og ingen har hørt og ingen ser deg. Men du skal vite, mitt elskede barn, jeg ser deg. Og jeg elsker deg, jeg har en framtid for ditt liv, sier Herren. Jeg har en framtid der jeg vil reise deg opp og jeg vil bruke deg i denne tiden. Du skal være en røst for meg i denne tiden, sier Herren. For mitt folke skal reise seg og mitt namn skal stråle på nytt igjen. For uten at mitt namn vert utgytt i denne verden og i dette land, sier Herren, så vil det gå til grunne. Men mitt namn proklameres seier. Halleluja. Og Djevelen han vet at han er underlagt, men mitt namn nå løftes opp, sier Herren.»
Laurdag formiddag. 15.7. Israels-møte. Stig Andre Lippert.
Stig Andre Lippert forkynte at ved syndefallet braut menneska med Gud, men ved trua på Kristus og hans fullførde frelseverk vert vårt forhold til Gud gjenoppretta og det var det som var hans plan med Israel også. Jesus kjem for å hente si brud, så det skal vi sjå fram til, når han drygjer, så skal vi sjå på det som eit høve til at fleira skal verte frelst.
Det vart jubel i himmelen for denne tala.
Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Astrid Østrem Torkildsen.
«Dette er en hellig dag for meg, sier Herren. I min himmelske herlighet, så er det full jubel, sier Herren. Og den atmosfære som er i min himmel i denne stund, sier Herren, som bare er en vidunderlig forløsning. Når dette budskapet blir dratt fram, sier Herren. Det er det som er innholdsrikt, det er det som startet, det jeg startet, sier Herren, det er det som jeg skal fullføre. Og den starten og det som har vært gjennomført i dag, det er det som ligger på mitt hjerte og, sier Herren. For det er akkurat det som det er, det stunder nå til en avslutning, på en helt ny måte. Og derfor så er det så viktig i denne tid, sier Herren, at folk forstår mitt Ord, forstår mine tanker, forstår hvordan jeg har tenkt og hvordan jeg tenker. Og det er derfor det kommer til å utløse en guddommelig ild og vekkelse over hele mitt folk, sier Herren. Det er ikkje bare i ditt nærområde, men det vil bli over hele mitt skaperverk. For om ganske kort tid kommer jeg til å hente – og det står skrevet i mitt Ord, sier Herren, jeg kommer til å løfte mitt brudefolk hjem. Det kommer til å bli som skyer som kommer til å løftes opp over hele min jord, sier Herren. Og hugs at jorden er egentlig skammelen for mine føtter. Då kan du forstå den uendelige himmel, det åndelige område, som jeg styrer og betjener og har kontroll på, sier Herren. Jeg har kontroll på absolutt alt. Dette her har jeg fullstendig oversikt over. Mennesker prøver å tilintetgjøre det, men det er dårskap i mine øyne, sier Herren. Så la denne dagen få bli et levande bevis på hvordan jeg tenker, sier Herren. Og hvordan jeg har tenkt framover. Jeg har tenkt å hente brude-folket, jeg, sier Herren.
Jeg kommer og jeg kommer uendelig fort, jeg kommer meget, meget snart. Og da løfter jeg mitt brudefolk hjem. Jeg løfter hjem menighet, som er mitt brudefolk. Og det er det jeg gleder meg til å møte, sier Herren. Jeg har nå laget en fest som kommer til å bli uendelig stor og mektig. Det er ikke øye av menneske på denne jord som har vært på sånn en brudefest som jeg lager, sier Herren. Da er det noe som er skapt av meg, som ligger i min guddommelige guddommelighet, min mektighet, min ild, min kraft, alt som tilhører den himmelske herlighet, det er en mektig, mektig, mektighet, sier Herren. Det er umulig å ikle de og, men den kraften av guddommelighet som Joel har beskrevet, den kommer til å gjennomsyre hele mitt skaperverk. Og du må bare være våken for at den ild som kommer, må du få fatt i, sier Herren. For det er meg som gjør det og jeg kommer til å gjøre det på et så mektig vær, som aldrig noen gang i historien har vært. Det er den kraften jeg må gjør, for å løfte brudefolket opp i skyen, som jeg løftet opp min sønn. Det er den samme kraften som bærer opp og den skal kjennes og merkes for den enkelte person som har opplevt meg, sier Herren, har levt med meg og tror på meg, sier Herren, vil bli oppløftet under denne gudommelige ildkraften, som når bare blir utløst over denne jord, sier Herren. Amen.»
Relevante bibelvers.
Joh.3,13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen: Menneskesonen, *som er i himmelen•. 14 Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han. 18 Den som trur på han, blir ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd fordi han ikkje har trudd på namnet til Guds einborne Son. 19 Og dette er dommen: Lyset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn lyset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det vonde, hatar lyset og kjem ikkje til lyset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som følgjer sanninga, kjem til lyset, så det skal bli klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»
Joh.4,10 Jesus svara: «Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.» 11 «Herre,» sa ho, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå? 12 Du er vel ikkje større enn Jakob, ættefaren vår, som gav oss brunnen og sjølv drakk av han, og sønene hans og buskapen med?» 13 Jesus svara: «Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.» 15 Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje vert tyrst meir og ikkje treng koma hit og dra opp vatn.»
16 Då sa Jesus til henne: «Gå og hent mannen din og kom hit att!» 17 «Eg har ingen mann,» svara kvinna. «Det er rett som du seier, at du ikkje har nokon mann,» sa Jesus. 18 «For du har hatt fem menn, og den du har no, er ikkje din mann. No sa du sant.» 19 «Herre, eg ser at du er ein profet,» sa kvinna. 20 «Fedrane våre tilbad Gud på dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe.» 21 Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, det kjem ei tid då de korkje skal tilbe Faderen på dette fjellet eller i Jerusalem. 22 De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane. 23 Men det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Faderen i ånd og sanning. For slike tilbedarar er det Faderen vil ha. 24 Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.» 25 Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem,» – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han kunngjera oss alt.» 26 Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som talar med deg.»
Joh.6,28 Då sa dei til han: «Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?» 29 Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.» 30 «Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg?» spurde dei. «Kva kan du gjera? 31 Fedrane våre åt manna i øydemarka, som skrive står: Brød frå himmelen gav han dei å eta.» 32 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. 33 Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.» 34 Då sa dei: «Herre, gjev oss alltid det brødet!» 35 Jesus svara: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta. 36 Men eg har sagt dykk: Endå de har sett meg, trur de ikkje. 37 Alle dei som Faderen gjev meg, kjem til meg; og den som kjem til meg, skal eg så visst ikkje visa bort. 38 For eg er ikkje komen ned frå himmelen for å gjera det eg sjølv vil, men det han vil, som sende meg. 39 Og det er hans vilje som sende meg, at eg ikkje skal missa nokon av alle dei han har gjeve meg, men reisa dei opp på den siste dagen. 40 For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.»
Filosofi-historie.
Antikken.
Dei joniske naturfilosofane.
Dei fyrste greske filosofane var naturfilosofar frå dei joniske byane på vestkanten av Tyrkia, det var på 500-talet f.Kr. det kulturelle senteret i Hellas. Dei var dei første som våga å følgje den frie tanken og fornufta og frigjere seg frå visse fastlagde førestillingar, bygde på religion eller overtru.
Dei ulike sivilisasjonane hadde ei tru på at der var ein gud som hadde skapt verda, men korleis kunne der då vere mange gudar, endåtil i ein og same kultur? Dette var ikkje god nok forklaring for dei joniske naturfilosofane. Dei skjøna at røyndomen er noko anna og meir enn det vi oppfattar med sansane, så dei søkte dei djupare forklaring, kva er opphavet til alle ting.
Thales sa at alt var vatn, det var namnet han brukte på urstoffet som alt bestod av, det høver med det vi no veit om at masse er eit mål for energi, så det er stoffet som alt består av. Demokrit kom med si atom-lære og påstod at sjela også bestod av slike atom. Andre meinte der var fire element, jord, luft, vatn og eld. Anaksagoras meinte at verda er skapt av ei heil mengde små spirer i ei uordna masse, kaos. Ånda sette alt i rotasjonsrørsle, slik vart iuniverset til. Sola var ei glødande masse. Han levde i Aten i Perikles-tida, stordomstida for demokratiet i Aten.
Dei meinte dei kunne løyse problema med rein tenking. Dei var dei første til å sette opp oppgåva for all vitskap; den fordomsfrie forskinga med eitt mål, å finn fram til sanninga.
Sofistane.
Demokratiet i Aten hadde trong for meir opplysning. Sofistane var lærde menneske som dreiv med undervisning. Dei kjende til religion og statsstyre i andre land og hadde i kosmopolitisk innstilling. Dei diskuterte religion og moral, men fann ikkje noko opphavleg og allmenngyldig, ikkje ei allmenn objektiv sanning. Dei var journalistar og juristar, men vart korrupte.
Sokrates. (469-399 f.Kr.)
Sokrates meinte der fanst ei objektiv allmenngyldig sanning. Han samtalte med folk og meinte å komme fram til ei sanning som vart integrert i han og gjorde han lykkeleg. Han la grunnen for den induktive metode; å gå frå det einskilde, kjende og konkrete, til det abstrakte og allmenne.
Etter Peloponneskrigen såg alt tut til å gå i oppløysing og det vart vanleg å gje sofistane skulda, fordi dei hadde hjelpt til med å bryte ned moralen hos dei unge. Mange trudd eller lest tru at Sokrates var sofist, så han vart stilt for folkedomstolen og dømd til døden.
Peloponnes-krigen (431- 404 f.Kr).
Aten hadde demokratisk styre og var eit «moderne samfunn» med industri, handel og sjøfart og gjorde det godt. Som motsetnad til dette var Sparta var eit konservativt, aristokratisk jordbrukssamfunn, motsetnaden vart så stor at dei gjekk til krig mot Aten og vann.
Det gode liv, mennesket i fellesskapet. Demokrati eller diktatur?
Det er tydeleg at antikken var inspirert av jødedommen. Profeten Jeremias sa at Gud var kjelda med det levande vatnet, det kan ha inspirert Thales til å seie at alt er vatn. Der var ein motsetnad mellom Israels Gud og avgudane og eg meinar det viser seg også i antikk filosofi. Dei greske gudane sprang ut av ei kaoskamp og fekk makta på kvar sine område. Som reaksjon mot demokratiet i Aten, fann diktaren og krigaren Aiskylos (525-456 f.Kr.) på at Zevs skulle vere den mektigaste av dei alle og styre med ein universell moral, så diktatorisk at alt som skjedde var hans verk. Det verka som grekarane sitt svar på jødane sin Gud allmektige. Men Mose-lova var ikkje slik, den var ført og fremst å fortelje kva dei ikkje skulle gjere og kva straffa var for å gjere det dei ikkje hadde lov til. Kva dei skulle gjere, var ei anna sak.
Sitat frå https://snl.no/Aiskhylos :
Aiskhylos er den egentlige skaperen av den klassiske greske tragedien. Mens det tidligere bare hadde vært kor og én skuespiller, innførte Aiskhylos en skuespiller nummer to og skapte dermed muligheter for dramatisk handling. Handlingen, ikke lenger koret, ble nå det sentrale i tragedien. Aiskhylos opptrådte oftest med virkelige trilogier, de såkalte innholdstrilogier, det vil si med tre sammenhengende dramaer, som forholdt seg til hverandre som skyld, gjengjeldelse og forsoning. Han avsluttet hver trilogi med et løssluppent satyrdrama.
….
et stykke det er fortsatt omstridt om virkelig er av Aiskhylos, og Orestien (458).
Orestien
Orestien (gresk Oresteia) er den eneste bevarte trilogien og består av tragediene Agamemnon, Kvinnene som bærer gravofferet (gresk Choëforoi) og Eumenidene.
Aiskhylos’ grunnidé i dette alderdomsverket er tanken om en moralsk verdensorden, en guddommelig, høyeste morallov. Alt som skjer er guden Zevs‘ verk. Som en motvekt mot det fremvoksende demokratiet i Athen hevdet han den tradisjonsbundne, i enkelte henseender ennå aristokratiske samfunnsordningen. Orestien ender som et varmt forsvar for rådet på Areopagos.
Aiskhylos forener religion og etikk med en profets overbevisning. I sitt uttrykk søker han det opphøyde språket som bærer av sine tanker. Han er den kraftige, storslåtte lyrikeren og den enkle, storlinjede dramatikeren. Billedspråket hans er dristig, ofte dunkelt.
Demokratiet i Aten fekk si stordomstid i Perikles-tida, 460-430 f.Kr, med Perikles som den fremst statsmannen, i fleire år var han leiar for strateg-rådet og styret Aten gjennom folketinget. Demokratiet gjaldt berre for ei lærd overklasse. For dei var det om å gjere å verte opplærd til å delta i fellesskapet, det gode liv var ikkje i einsemda, men mennesket i fellesskapet. Opplæringa skjedde i heimen, lokalsamfunnet og vidare i bysamfunnet, slik låg der ei sosialisering og urbanisering i det. Dette finn vi både hos Platon og Aristoteles. Samfunnsmodellane deira gjaldt for eit lite samfunn, som Aten.
Platon og Aristoteles.
På eit berømt maleri med Platon og Aristoteles, peika Platon opp, men Aristoteles peika ned. For Platon meinte at det var ideane (som hest, god, sirkel) eksisterte sjølvstendig, men Aristoteles meinte det var dei einskilde tinga som eksisterte sjølvstendig, det er «substansen». Eigenskapar som brun, rund, eksisterer berre ho dei einskilde tinga og arts-begrep som hest og menneske eksisterer berre som felleseigenskapar hos einskilde ting.
Platon var ein idealistisk rasjonalist som såg utover det beståande, mot noko kvalitativt nytt, den politiske oppgåva var å endre samfunnet mot eit ideal. Han meinte at samfunnet kunne vert underlagt rasjonell studium og intelligent leiing. Slik var han dialektikar.
Aristoteles ser på dei ulike statsformene og klassifiserer og vurderer dei med sunn fornuft, for å finne det beste som er gitt. Han meinte samfunnet var bestemt av frie, moralsk likeverdige medlemmar, det må verte styrt ved lov og styret må kvile på fri diskusjon, ikkje på makt åleine. Han var analytikar.
Demokrits atomistiske og materialistiske verdssyn høvde best på den daude naturen, han fekk problem med å forklare biologiske fenomen. Han og Platon var opptekne av kva som hende. Aristoteles tok utgangspunkt i den levande naturen, så han vart meir opptenken av handlinga, han prøvde å forklare den med organiske kategoriar, organ-modellen. Han generaliserte frå den levande naturen til daude ting også, som om elementa søker sine naturlege mål, lufta stig opp, vatnet renn i havet og steinen fell til jorda.
Aristotels lære om den daude naturen, jord, vatn, luft og hans forståing av kraft var heilt feil, men den Katolske Kyrkja hadde godteke aristotelismen som sin filosofi og derfor kjempa dei imot pionerane i den nye naturvitskapen. Det gjekk ikkje an å bruke det teleologiske prinsipp på den daude naturen.
I den daude naturen kan vi få ei hending, men i den levande naturen kan vi få ei handling. I samfunnsvitskapane som kom på 1800-talet (August Comte, Karl Marx, John Stuart Mill), får vi ei spenning mellom hending og handling.
Platon.
Hendrettinga av Sokrates var eit justismord, sidan folket kravde det, trekte Platon seg attende og filosoferte. Han tenkte matematisk og formulerte si idelære, at mennesket kan ha innsikt i evige og fullkome idear. Han kunne til dømes tenke seg ein fullkommen rund sirkel, sjølv om det ikkje finst fullkomne sirklar i det vi ser rundt oss. Slik kan vi tenke oss ei usynleg ideverd med fullkomne idear, inkludert det godes ide. Og då påstod han at det er det som eigentleg eksisterer. Når menneske kjem til verda, kjem sjela frå ideverda og stuper inn i materien, men då mister den mykje av innsikta den hadde i ideverda, med det godes ide. Det er det vondes problem. Men med langvarig opplæring kan menneske gjenvinne mykje av denne innsikta og derfor skal ei lærd elite styre.
Aristoteles.
Han hadde vesens-kunnskap og årsaks-kunnskap. På den eine side hadde han vegen opp frå sansing til vesensinnsikt. På den andre sida hadde han slutningslæra, frå dei nødvendige sanningane (grunnleggande prinsipp) til konklusjonane som følgjer. Her inngår logikken.
Ontologien (metafysikken/første-filosofien) er:
- Substans
- form/materie
- fire årsaker
- aktualitet/potensialitet, forandring
- teologi
Dei fire årsakene finn vi til dømes ved forming av ei leirkrukke.
- den finale årsak, hensikta med skapinga. Det teleologiske prinsipp (telos = mål).
- den verkande årsak, drivkrafta, den mekaniske forminga
- det materielle prinsipp, det krukka vert laga av
- det formale prinsipp. Den form som krukka får.
Aristoteles tenkte seg at eit frø har potensial til å bli ein plante, så det realiserer sitt potesial i ein aktuell plante, slik vert potesialet meir og meir aktualisert. Slik skilde han meir generelt mellom potensialitet og aktualitet. På ein rangstige sette han materien nedst, den kalla han rein potensialitet. På neste trinn kom døde ting, som stein og jord. Over det kom plantar, så dyr, så menneske og øvst kom rein aktualitet, Gud. Plantar har reproduktiv sjel (kan formeire seg), vegetativ sjel (kan ta opp næring), (psyche er det greske ordet for sjel og betyr livsprinsipp). Dyra har i tillegg sensitiv sjel (den sansar) og motorisk sjel (den kan bevege seg). Menneska har i tillegg fornuft (psyche logike). Mennesket er eit fornuftig dyr, fornufta er menneskets form som omdannar dei dyriske formene, slik at dei dyriske eigenskapane blir gjennomstråla av fornufta.
Aristoteles var læraren for Aleksander den Store i tre år, når Aleksander døde, vende athenarane seg mot Aristoteles på grunn av hans makedonske fortid, så han måtte ta røminga. Men både Platon og Aristoteles sitt samfunnssyn var om eit lite bysamfunn som Athen, Aleksander sine idear om eit imperium hadde han nok frå andre, først og fremst far sin.
Den gresk-romerske tida (300 f.Kr. – 400 e.Kr).
Kong Fillip av Makedonia gjekk til krig mot Hellas for å få dei med seg i krig mot Persia, men det var son hans, Aleksander den Store som sette det i verk,, i 334 f.Kr. gjekk han over Hellespont med ein hær frå Makedonia og Hellas. Han la under seg landet frå Egypt til Indi og i 323 tok han Babylon. Men han døydde brått og riket hans vart delt i fire, Makedonia med Hellas, Syria med Mesopotamia, Egypt og Iran. Slik som det var profetert av Daniel.
No kom den gresk-romerske tida, der store overnasjonale rike tok over mykje av politikken i dei små statane, men dei fekk ha eit visst sjølvstyre. Mykje av det som vart skrive i denne tida er gått tapt, men filosofane tenker seg også at det kom ei maktesløyse i hellenismen, så det vart ein tendens til å avstå frå naturfilosofisk og samfunnsfilosofisk tenking.
Begrepet og realiteten «det særskilde individ» oppstår samtidig som begrepet og realiteten «den universelle stat». Det vart eit omslag frå å vere oppteken av mennesket i fellesskapet til å verte oppteken av det isolerte, privatiserte og sjølvstendige mennesket under ei universell lov.
Det filosofiske spørsmålet var no korleis sikre individets lykke. Stoisismen og epikurismen var to filosofiske retningar som gav ulike svar på det.
Jødane gjorde opprør mot det beinharde diktaturet.
Aleksander den Store forstod at han måtte vere tolerant, for å klare å samle eit stort rike. I Egypt let han seg utrope som ein gud, men han let dei få ha dei gamle gudane sine. Men seinare kon Antiokus 4. Epifanes til makta i Selevkide-riket og kravde at alle i riket hans skulle dyrke Zevs og ingen annan gud. Men då gjorde jødane opprør. Sitat frå https://snl.no/Antiokhos_4._Epifanes :
Antiokhos 4. var konge i Selevkideriket i Syria i perioden 175–164 fvt. Han var sønn av Antiokhos 3. den store. Tilnavnet Epifanes betyr «den strålende gud» eller «den gud som åpenbarer seg» og var et vanlig tilnavn blant hellenistiske herskere. I dag er han mest kjent som den kongen hvis hensynsløse helleniseringspolitikk i Judea og Samaria førte til jødisk oppstand under ledelse av Juda Makkabeeren og hans brødre. Kampene førte til frigjøring av Jerusalem og til slutt et nytt jødisk kongerike. Disse seierne danner også bakgrunnen for den jødiske festen hanukka.
Maccabearane gjorde avtale med Roma og Sparta, dette kan vi lese om i 1.Macc.
Epikurismen.
I Epikurs skule, «Hagen», var også kvinner og slavar velkomne. Epikurismen var ei lære om å nyte livet, men med omtanke, det gode liv er eit liv i velvære og i fravær av ulyst og liding. For å sikre maksimal velvære og minimal liding, må vi kalkulere. Legg deg ikkjke opp i politikk eler andre saker som er usikre og skaper bekymring, men lev i din verna krets der du kan nyte din vin og din ost i fred og ro. Berre det velværet ein har kontroll over, kan sikre individet garantert lykke. Epikurismen er negativt innstilt til politisk engasjement, det skaper usikkerheit.
- Det gode og det einaste godet som finst er lyst.
- For å sikre maksimal lyst, må vi berre gi oss inn på dei goda vi har kontroll over.
Berre lyst har verdi i seg sjølv og det er nødvendig vis individets lyst. Lystfilosofi er kalla hedonisme og dette er ein kalkulerande hedonisme.
Stoisismen.
Stoikarane var meir pessimistiske med tanke på å få kontroll over ytre gode, dei ville gjere seg uavhengige av det ytre og lære å leve i sitt indre liv, som dei kunne ha kontroll over. Lykke er ikkje avhengig av ytre gode, slik hadde dei same synet som Sokrates og Platon. Dei einaste vilkåret for lykke er eit dygdig liv, der dygd er basert på innsikt. Dygd er å leve i samsvar med fornufta, med logos, dei kalla det også Gud, den guddommelege elden og lagnaden. Den viktigaste innsikta er truleg å innsjå at alt er viseleg ordna og at det ikkje er verken mogleg eller ynskjeleg å gripe inn i det. Alt er styrt av logos eller Gud. Kva som enn skjer, skal du bere det som om du ville det, om du berre visste at alt skjer etter Guds vilje. Dei forkynte ein asketisk moral utetter og oppfostring til indre karakterstyrke. Ein skal vise stoisk ro, med lidenskapsløyse (apati) overfor dei ytre tilskikkingane.
Epikurismen fekk ikkje stor tilslutning, men det gjorde Stoisismen. Fleire romerske herskarar var stoikarar: Cicero (106-43 f.Kr), Seneca (4 f.Kr- 65 e.Kr), Epiktet (50-138 f.Kr.) Marc Aurel (121 – 180 e.Kr).
Dei romerske stoikarane kjende eit universelt medansvar som grekarane ikkje hadde. Dei tala for ein kosmopolitisk solidaritet og humanitet, dei hadde ei religiøs overtyding om at alle menneske inngjekk i ein kosmopolitisk og moralsk heilskap og brorskap. Det kan forståast som eit forsøk på å overvinne den manglande intimiteten i Romarriket, at det var langt frå individ til keisar og frå Betlehem til Roma. Dei postulerte ein harmoni mellom individa og universet og tala om elden som er i både Gud og menneske og som borgar for ein brorskap mellom menneska.
Men dei tala også om ein eld som med jamne mellomrom utsletter alt, som eit ragnarokk, så historia gjentek seg, den går rundt slik som årstidene. Det blir fatalistisk og det høver ikkje heilt med Platons dialektikk. Men der ligg ein kime til samfunnskritikk i at der er ein ulikskap mellom det faktisk allmenne (lovene for imperiet) og det ideelt allmenne (naturlova), det vart seinare det teoretiske skiljet mellom keisar og pave. Som om kristendomen gjennomsyra og overtok naturlova altså, ideelt sett frå eit kristent synspunkt, men det vart det også mykje strid om.
https://snl.no/stoisk_filosofi
Nyplatonisme.
Nyplatonismen, hovudsakleg ved Plotin (205-270 e.Kr.) prøver å svare på den religiøse lengselen. Individet vert sett inn i ein større kosmologisk samanheng, det vonde vert forstått som ein mangel, noko ikkje-verande, liksom kroppen og materien vert sett som noko ikkje-verande, mens sjela er verande. Målet er å frigjere sjela frå det jordiske hylsteret, kroppen, slik at sjela kan oppleve det altomfattande fellesskapet med verdsånda. Her var det snakk om overmenneskelege krefter, men også dette er lære, ikkje liv, sjølv om somme meinte dei opplevde det som ein religiøs røyndom.
Først med kristendommen, med sin bodskap om ein levande og personleg Gud og eit forsonande paradis, fekk denne lengselen eit fullnøyande svar.
Sitat frå https://snl.no/nyplatonisme :
Nyplatonisme er en filosofisk retning grunnlagt i senantikken som forener elementer fra nypythagoreisme, Platons filosofi og orientalsk forløsningslære. Den hevder at verden «flyter» eller «strømmer» ut fra det guddommelige urvesen i forskjellige grader av fullkommenhet, helt ned til materien, det ondes prinsipp.
Gud kan bare erkjennes i ekstasen, som er den høyeste erkjennelsesform; dernest kommer intuisjonen, og i tredje rekke den vanlige logiske tenkning. Den laveste kunnskapsform er den sansene gir oss.
Denne graderingen gjentas i etikken: sjelen kan gradvis stige opp fra de vanlige dyder til den i ekstasen forenes med Gud.
Historikk
Som nyplatonismens grunnlegger regnes Ammonios Sakkas fra Alexandria (200-tallet evt.) eller hans elev Plotin (ca. 205–270). Plotin er den betydeligste representanten. Retningen har spilt en stor rolle i filosofiens og teologiens historie, for blant andre kirkefedre som Origenes, Augustin og Bonaventura, men også hos en aristoteliker som Thomas Aquinas finnes klare innslag av nyplatonisme.
Gjennom Dionysios Areopagita fikk nyplatonismen også betydning for middelalderens kristne mystikk. I renessansen fikk retningen ny aktualitet ved tenkere som Nicolaus av Kues og Marsilio Ficino.
Evangeliet om Guds rike.
Jesus kom og forkynte evangeliet om Guds rike, han kom for å oppfylle lova og profetiane og det vart også eit treffande svar på platonismen. Han var løysinga på det vondes problem, for han var det Guds Lam som bar verda si synd. Det vondes problem var at synda skilde menneska frå Gud, men med eitt synde-offer tok han bort synda ein gong for alle.
Relevante bibelvers.
Fork.3,1 Alt har si faste tid,
alt som hender under himmelen, har si tid:
2 ei tid til å fødast, ei til å døy,
ei tid til å planta, ei til å riva opp;
3 ei tid til å drepa, ei til å lækja,
ei tid til å riva, ei til å byggja;
4 ei tid til å gråta, ei til å le,
ei tid til å syrgja, ei til å dansa;
5 ei tid til å kasta steinar, ei til å samla dei,
ei tid til å ta i famn, ei til å la det vera;
6 ei tid til å leita, ei til å missa,
ei tid til å gøyma, ei til å kasta;
7 ei tid til å riva sund, ei til å bøta,
ei tid til å teia, ei til å tala;
8 ei tid til å elska, ei til å hata,
ei tid til krig og ei til fred.
Tid og æve
9 Kva vinning har den som arbeider,
av alt sitt strev?
10 Eg såg det plagsame strevet
som Gud har gjeve menneska.
11 Alt skapte han fagert i si tid.
Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.
Men dei skjønar ikkje det verk
som Gud har gjort frå fyrst til sist.
12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei
enn å gleda seg og gjera vel i livet.
13 Men når ein mann får eta og drikka
og vera lukkeleg i alt sitt strev,
er det òg ei gåve frå Gud.
14 Eg skjøna at alt det Gud gjer,
varer til evig tid.
Ikkje kan ein leggja noko til,
og ikkje kan ein ta noko ifrå.
Gud har laga det så
for at menneska skal ha age for han.
15 Det som er, har eingong vore,
og det som skal henda, har hendt før.
Gud tek fram att det som kvarv.
Jes.44,12 Smeden arbeider med meiselen og strevar attmed kolelden. Han formar biletet med hamar og lagar det til med sin sterke arm. Han vert svolten og kreftene minkar. Han vert tyrst og misser sin styrke. 13 Treskjeraren spenner ut mælesnora og teiknar biletet med krit. Han ritar det opp med passar og formar det med skavjern. Så lagar han det til i manneskapnad, som eit fagert menneske, og set det i eit hus. 14 Han feller sedrar, eller han vel seg ei steineik eller ei eik, som har vakse seg sterk mellom trea i skogen. Han plantar òg eit laurbærtre, og regnet gjev vokster. 15 Dette brukar mannen til brensel. Noko tek han til å verma seg med, og noko nører han opp eld med når han skal baka brød. Men han lagar òg ein gud som han kastar seg ned for, eit gudebilete som han bøyer kne for. 16 Halvparten av treet brenner han i elden. På glørne steikjer han kjøt, et og vert mett. Så vermer han seg og seier: «Å, no er eg varm; eg merkar elden!». 17 Resten gjer han til ein gud, eit gudebilete, som han bøyer seg for. Han kastar seg ned, bed til det og seier: «Frels meg, for du er min gud!»
18 Slike folk er utan vit og skjøn. Augo deira er attklinte, så dei ikkje ser, og hjarto deira harde, så dei ikkje skjønar. 19 Mannen tenkjer seg ikkje om og har ikkje klokskap og skjøn nok til å seia: «Halvparten av treet brende eg opp. På glørne steikte eg brød og kjøt og åt. Og så skulle eg laga resten til eit ufyseleg bilete og bøya kne for ein trekubbe!» 20 Berre oske er det han jagar etter. Eit dåra hjarta har ført han vilt, så han ikkje bergar seg og seier: «Er det ikkje lygn det eg held i mi høgre hand?»
Apgj.17,16 Medan Paulus venta på dei i Aten, vart han harm i hugen då han såg at byen var overfylt med gudebilete. 17 I synagoga tala han med jødane og med dei som trudde på Gud, og på torget tala han kvar dag med dei han råka. 18 Nokre epikureiske og stoiske filosofar gav seg i ordskifte med han, og somme sa: «Kva kan han vel meina, denne pratmakaren?» Andre sa: «Det er likt til at han forkynner framande gudar.» Det var fordi han forkynte evangeliet om Jesus og oppstoda. 19 Så tok dei Paulus med seg opp på Areopagos og sa: «Kan vi få vita kva slag ny lære det er du kjem med? 20 Det er då underlege ting du lèt oss få høyra; difor ville vi gjerne få vita korleis det kan ha seg med dette.» 21 For korkje atenarane sjølve eller utlendingane som budde der, gav seg tid til anna enn å fortelja og spørja nytt.
22 Då steig Paulus fram midt på Areopagos og sa:
Atenske menn! Eg ser at de på alle måtar er svært religiøse. 23 For då eg gjekk ikring og såg på heilagdomane dykkar, fann eg eit altar der det stod skrive: «For ein ukjend Gud». Det som de tilbed utan å kjenna det, det er det eg forkynner dykk. 24 Gud som har skapt verda og alt som i henne er, han som er herre over himmel og jord, han bur ikkje i tempel som er bygde med hender, 25 og lèt seg ikkje tena av menneskehender, som om han skulle trenga noko, han som gjev alle liv og ande og alle ting. 26 Han lét alle folkeslag, som er ætta frå eitt menneske, busetja seg over heile jorda, og han sette faste tider for dei og grenser mellom bustadene deira. 27 Det gjorde han for at dei skulle leita etter Gud, om det kunne lukkast for dei å kjenna seg fram til han og finna han, endå han ikkje er langt borte frå nokon av oss. 28 For i han er det vi lever og rører oss og er til, som òg nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: «For vi er hans ætt.» 29 Er vi då Guds ætt, så må vi ikkje tru at guddomen liknar eit bilete av gull eller sølv eller stein, som menneskekunst eller mennesketanke har forma. 30 Til denne tid har Gud hatt tol med vankunna; men no byd han at alle menneske, kvar dei så er, skal venda om. 31 For han har fastsett ein dag då han vil døma verda med rettferd, og til det har han etla ein mann. Det har han prova for alle med å reisa han opp frå dei døde.
32 Men då dei høyrde at døde menneske skulle stå opp att, var det somme som spotta; men andre sa: «Vi vil gjerne høyra meir av deg om dette ein annan gong.» 33 Så gjekk Paulus frå dei. 34 Men det var nokre som heldt seg til han og kom til tru. Mellom dei var Dionysios, ein av Areopagos-domarane, og ei kvinne som heitte Damaris, og nokre andre.

