Kristendomen, Thom-ismen, Kant-ismen og realfag. 3.

Mi sak, eit moral- og politisk-filosofisk problem?

Eg er oppvoksen i kyrkja og vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Etter kvart skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, som første prioritet og så gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone som andre prioritet.

Når eg gjekk på ungdomsskulen, merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg gjekk på gymnaset oppdaga eg at det stemte med Paulus si lære og Heb.3-4. Eg byrja å gå på møte i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus talte til meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale, han sa at hans frelseverk var fullført og fullkome, så det var berre for meg å tru og ta imot og takke for det.

Når eg byrja å studere realfag, sa Jesus til meg at han var den som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den. Han har sett fram for meg ei open dør som ingen kan lukke og invitert meg inn. Ja, for hans frelseverk er fullført og fullkome, på det grunnlaget får eg komme inn. Det er også billetten til å verte med når han kjem for å hente si blodkjøpte brud. Ingen kan legge til noko eller ta noko ifrå, det einaste vi kan gjere er å ta imot i tru og så takke han for det. Han er fullkommen og den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome.

Så kva betyr det å vake? Ja, kva meiner vi med vekking? Jesus gir meg ånd og liv frå himmelen og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og Faderen og så trur eg og vonar eg at han gir meg ei kone ved at han gir henne også ånd og liv frå himmelen og vekker henne også opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Det er også poenget med hans kyrkje. Jesus har kalla Sions dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann. Dette er identiteten til den kristne kyrkja og det gjeld sjølvsagt jødane også.

 Kristendom og realfag har resultert i at det har gått kraftig tilbake med dei gamle gudane. Då vert det viktig for oss å forstå korleis kristendom og realfag kan sameinast. Ved tru skjønar vi at universet har vorte skapt av Guds Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege (Heb.2). Derfor er naturen forståeleg. Så vi kan lære å forstå den med metodene i realfag. Men så fortel Bibelen også at Gud skaper noko nytt med sitt Ord. Det einaste vi kan gjere for å verte med på det, er å tru på Gud og hans Ord og ta imot av berre nåde.

Dette handlar om kristendomen og realfag i historisk-filosofisk samanheng. Rasjonalistane får med seg begge deler og det kan verke som at det gjer Immanuel Kant også, men det vil eg stille eit par spørsmål til, som eg sjølv vil svare på. Personleg var han ein pietistisk protestant, men empirismen og liberalismen fekk han til å konkludere med at kyrkja sin rasjonalitet ikkje eksisterte, underforstått den Katolske Kyrkja. Hans hovudverk er «Kritikk av den Reine Fornuft». Men så vert det sagt at han berga fornufta med filosofien sin.

Eg vil imidlertid påstå at Gud og hans Ord eksisterer, Kristus er Guds Messias, når hans blod reinsar oss og vi vert salva av den Heilage Ande, så vert vi reine i hjerte, sinn, hug og forstand, då skal vi stå oss godt mot kritikken av den reine fornuft. Vi har allereie teke imot det nye som Gud gir oss frå himmelen og vil gjerne ha meir av det.

Gud talte og det skjedde, slik er han logisk. Så såg han etter at det var godt, før han skapte noko meir. Slik er hans dialektikk.

Forstå trengselen og trengseltida utifrå økonomiske behov, folkevandring og det mekanistiske verdsbildet.

Når vi les Bibelen, ser vi at krig ofte var motivert av å rane og røve til seg verdsleg gods. Det kunne ha seg slik at nokre vart rike og andre vart fattige og så spørst det kva som var grunnen til det. Stemte det med at Gud velsigna nokre og forbanna andre? Gud velsigna Israel i si rettferd, men så vart dei korrupte og vart straffa for det. Allereie i dommartida såg vi at andre folk kom inn i landet deira og fortrengde dei og så påstod Gud at det var straff fordi dei vende seg bort frå han, så dei måtte vende om til han for å få hjelp.

Det vart uro og folkevandring i Romarriket, då var kyrkja redninga for mange og det gjorde sitt til at den voks, for gjennom den fekk menneska komme inn i samfunn med Gud.

I det mekanistiske verdsbildet vert menneske forstått som fysiske gjenstandar som skubbar bort i kvarandre så dei påverkar kvarandre. Slik også med kommunikasjonen gjennom språket. Det betyr at dess tettare der er med folk, dess fleire skubb får du og dess større vert trengselen, dess større vert behovet for å gjere noko med det, kanskje ved å seie noko for å ordne samfunnet. Kanskje nokon byrja å bruke albogane og slå om seg for å få meir albogerom og så vert det krig.

Men det verkar vel litt rart om det vert hevda at det er dette som skal til for at du skal seie noko, mennesket tenking og ytring vert redusert. Så kvifor ikkje komme ut i fritt rom, der du får tenke og tale fritt og nytte deg av det medan du framleis har fridomen og moglegheita til å komme ut i fritt rom og så tenke og tale fritt?

Til fridom har Kristus frigjort oss, så då skulle det høve bra å komme ut i fritt rom og forkynne den glade bodskapen der.

Jesus talar om trengselen som ein plass der det er trongt og så kallar han meg ut i fritt rom. Sitat frå B2.14.7.2024:

«Se, jeg angrer ikke på det kall og den nådegave jeg har gitt ….. du fast og men jeg lukker deg ut av trengselen til en åpen plass, hvor det ikke er trangt.»

Det refererer til Rom.11,29

Rom.11,26 På den måten skal heile Israel verta frelst, som det står skrive:

Frå Sion skal bergingsmannen koma,

han skal rydja gudløysa bort frå Jakob,

27 og dette er den pakt eg vil gjera med dei

når eg tek bort syndene deira.

28 På grunn av evangeliet har dei vorte Guds fiendar, så de skal få frelsa. Men på grunn av utveljinga er dei elska av Gud, for fedrane skuld. 29 For Gud angrar ikkje på sine nådegåver og si utveljing. 30 De var ein gong ulydige mot Gud, men no har de fått miskunn fordi dei andre var ulydige. 31 På same vis har dei no vore ulydige, men den miskunn de har fått, skal føra til at dei no får miskunn. 32 Gud la alle under ulydnad, så han kunne miskunna seg over alle.

33 Å, for eit djup av rikdom

og visdom og skjøn hjå Gud!

Kor uransakelege hans domar er,

og kor ufattelege hans vegar!

34 Kven kjende Herrens tankar,

eller kven var rådgjevaren hans?

35 Kven gav han noko fyrst,

så han skulle få vederlag?

36 Av han og ved han og til han er alle ting.

Han skal ha ære i all æve! Amen.

Gud la alle under ulydnad, så det var nok slik dei vart trælar under det forgjengelege (Rom.8,20).

Rom.8,18 Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.

Paulus skreiv at Gud ikkje angra på sitt kall og si utveljing og då vart det Israel-folket han talte om. Men no seier Jesus det same om meg og oss. Kallet, utveljinga og lovnadane gjel meg og oss også. Eg tok imot Guds rike som eit lite barn, livet vart planta i meg ved Guds Ord og det skulle vekse. Eg får stadig stige fram for nådens kongsstol og det er. Det han også kallar meg til, eg skal stige fram for han. Slik er prestetenesta i den nye pakta. Det skulle eg gjere samtidig som eg var i praktisk arbeid eller studerte realfag. Så som Guds medarbeidar får eg oppleve at han gjer sitt verk med meg og oss, samtidig som eg gjer mitt verk, same enten det er praktisk arbeid eller å studere realfag. Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone og det er sentralt i det det verket som Gud gjer med meg og med oss, som Jesu kyrkjelyd.

Eg har eit breitt grunnlag i realfag, men ikkje særleg spesialisert. La oss tenke oss at eg gjekk vidare og spesialiserte meg. Ein som går vidare med hovudfag og doktorgrad får eit breitt grunnlag i sitt fag og vert spesialist i eitt område av det faget. Vert han forskar, vert det på eit snevert område av det faget. Han publiserer det nye han finn og held seg oppdatert med å lese slike publikasjonar i sitt fag. Det er ikkje mange som får sleppe til å skrive noko i slike tidsskrift.

Så kva med kravet vi av og til møter i massemedia om at du skal underbygge det du seier som om det var vitskap, ei hypotese som vert prøvd og vert sikrare og sikrare fordi den ikkje vert avsanna. Det kravet vil gjere menneska svart så trongsynte, og verke som om dei vert sette i fengsel i eit trongt rom. Forskaren sitt laboratorium vert eit fengsel for han.

Vil dei verkeleg påstå at alternativet dei kjem med er vitskap? Kanskje ved at den dialektiske metode vert godteken som «vitskapleg metode», men utan ein fast definert referanse. Då må vi vere førebudde på at løgna vert gjenteken så mange gangar at den vert godteken som om den var sanning.

2.Tess.2,9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

Men når eg har studert realfag, har eg søkt sanninga i realfag, samtidig som eg har søkt Herren, både heime med meg sjølv og i kyrkjelyden, den Heilage Ande openberra sanninga i Guds Ord for meg, Kristus er sanninga som set meg fri. Så eg skulle sjå på han og snakke med han, samtidig som eg studerte eller var i praktisk arbeid.

Jesus kallar meg ut i fritt rom, der det ikkje er trongt, ved at han kallar meg til å gå ut på lovnadane, så eg får sjå at han er med meg alle dagar. Så eg held fram med å sjå på han og snakke med han og så vitnar eg for andre om mi tru på han og då blir det rett for meg å fortelje litt om kva eg har snakka med han om.

Eg tok imot Guds rike som eit lite barn og fekk oppleve at det var i meg, for livet vart planta i meg ved Guds Ord og Jesus gav meg ånd og liv frå himmelen. Han har gitt meg prestetenesta i den nye pakt og den vert sentral og viktig i tusenårsriket. Soleis ber eg Faderen om å la riket sitt komme.

Eg har lært av erfaring og det har vore verdifullt, det er det eg har tent pengar på.

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk ved fjorden og havet så langt sør-vest som det er mogleg å komme på fastlandet på Sunnmøre. Far min reiste utanriks som styrmann, så då var det om å gjere for oss å lære gjere gards-arbeid og det var gammaldags og tungvint. Når han kom heim att, likte han å ta oss med ut på fjorden i færingen for å dorge og pilke. Her var det ikkje spørsmål om barnearbeid, det var berre spørsmål om kva vi klarde. Når eg var ti år, bygde vi og ungdomane på ein nabogard hytte på fjellet. Då var eg 10 år og var den yngste.

Denne erfaringa i praktisk arbeid kom vel med når eg byrja på tråling. Då fekk eg lære meir ved praktisk erfaring, eg har arbeidt i lag med andre og lært av det og det er det eg har tent pengar på.

Etter min først tur på tråling, bad eg om å få komme inn i eit slikt kristeleg miljø som eg var i når eg gjekk på gymnaset og så bad eg spesielt om å få møte igjen henne Virtuella og fekk bønnesvar ved at eg møtte henne igjen på Universitetet i Bergen. Det var det som fekk meg til å byrje å studere realfag og sidan vart det både av interesse og av idealistiske grunnar. Eg visste at det var behov for slik utdanning og venta meg at med den kunne g få meg ei trygg og god jobb. Men det er ikkje mykje pengar eg har tent med den utdanninga. Eg har undervisningskompetanse, men har ikkje fått lærarjobb. Det vart visst ein åndskamp og det var no rart at det skulle verte ein åndskamp å studere realfag. Vi søker sanning med metodene i realfag, ferdig med det.

Etter omlag eit halvt år sa Jesus til meg at eg måtte lære å skilje mellom kva det var eg skulle gjere og kva det var han skulle gjere. Gud gjer sitt verk i mitt hjerte ved sitt Ord og sin Ande, når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4). Soleis ventar eg at han gir meg ei frelst kvinne til kone, slik som eg har bedt om, sidan eg var ung. Like vel må eg gjere eit praktisk arbeid, til dømes når eg er på tråling, eller eit teoretisk arbeid når eg går på skule eller studerer. Eg må få harmoni mellom det han gjer og det eg gjer, ved at eg er Guds medarbeidar.

Kant og Kristendomen.

Kategorisk og hypotetiske imperativ for kristne?

Kant var ein pietistisk protestant. Men kva var då hans kategoriske imperativ? I følge filosofien hans må du sjølv vite det og det er din rett å gi deg sjølv ei moralsk lov. Ja vel, men vil du ikkje då høyre litt på visse andre og ta imot gode råd? Høyre på foreldra dine og dei som forkynner kva som står skrive i Bibelen? Legg merke til at i 8 av dei 10 boda er imperiet at «du skal ikkje», berre i to av dei er det at «du skal» og då er poenget ikkje at du skal prestere så mykje, i staden skal du vere takksam for noko som andre har gjort for deg. Du skal helde kviledagen heilag, så du takkar Gud for det han har gjort for deg og kviler på grunnlag av det. Og så skal du heidra far din og mor di, så det går deg vel og du får leve lenge i landet Gud gir deg.

Ei hypotese er eit forslag og eit hypotetisk imperativ kan vel då forståast som eit forlag om kva som er lurt å gjere for å oppnå noko. Men blir ikkje dette berre tvangs-tankar? Det spørst kor relevant det er. Du kan vel prøve det og sjå korleis det går. Dersom det verka dårleg, så kan du vel velje å prøve ein annan måte eller prøve deg på noko anna. Slik har vi ein fri vilje. Det er ikkje alle som vil godta det, nei vel så er det berre å avsanne den «hypotesa» deira.  

Det kategoriske imperativ er også noko som kvar einskild skal vite, men det er også noko som vi har felles, så alle skal vite det. Men er det i det heile teke nokon som kan seie kva det er for noko og så vente seg at alle skal vere samde? Nei, ingen. Og det er det som er så rart.

Det minner om det som Aiskhylos sa som reaksjon mot demokratiet i Aten, at Zevs skulle vere så suveren over dei andre gudane at han skulle regjer med ein universell moral, så diktatorisk at alt som skjedde var hans verk. Men det var ingen som kunne seie kva den moralen var. I praksis betyr det at ein herskar får fridom til å regjere diktatorisk (jfr. Den Lovlause i 2.Tess.2).

Klassisk mekanikken var ein naturvitskapleg teori, men det mekanistiske verdsbildet vart ein filosofisk teori, som om tenkinga vår skulle vere tvungen, slik som når ein stein kjem ramlande og treff ein annan stein så den flytter seg eller den treff eit hus og det vert knust. Igjen betyr det at ein herskar får fridom til å regjere diktatorisk, for det er ingen som veit kva som er lov og rett. Det viser seg hos dei liberale på både høgre og venstre side og det verkar endå til som argument for å få ein herskar som er fri til å gjere meir slik som han vil.

2.Tess.2,7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

Men er det noko i den kristne trua vi må ta som kategorisk imperativ? Ja, at vi trur på Kristus og tek imot han. Trua er eit utgangspunkt vi har å tenke utifrå, så å tru er analytisk tenking. Når vi tek imot han, blir det synetiska priori, men på den måten at vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam. Den er forgjengeleg, Anden er evig, men så skal det resultere i at vi ved oppstoda får ein åndeleg lekam, det høyrest no svært så syntetisk ut då. Det er berre å nemne noko sentrale bibelvers.

Joh.1,12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans.

Joh.3,16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Joh.6,29 Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.»

Rom.10,9 For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst. 10 Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste. 11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar. 12 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. 13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.

Rom.8, Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. 11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk.

12 Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. 13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. 14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.

Legge den nye pakt opp på den gamle.

På landsstemnet til Maranata laurdag formiddag 13.7.2024, talte Stig Andre Lippert om ofringa i den gamle og den nye pakt og sa at vi legg den nye pakt oppå den gamle. Til samanlikning kan vi tenke oss at vi legg ein ny tabell over tabellen til Kant. Realfag, matematikken og den nye naturvitskapen fyller vi inn på nytt. Tek vi med moderne teknologi, blir det også syntetisk a priori. Gud, hans Ord og hans Ande er framleis analytisk a priori. Det er matematikken også. Men når Ordet ved trua smeltar saman med oss i vår hjerte, vert det ei syntese mellom ordet og hjertet, så det vert syntetisk apriori, fordi eg kjenner det i mitt hjerte. Syntesa betyr ikkje at Ordet vert endra, men min kjennskap til det er begrensa, eg kan få meir og meir kjennskap til det. Det er som eit korn som spirer og veks, så min kjennskap til det veks.

Jer.31,33 Nei, såleis er den pakta eg vil gjera

med Israels-folket i dagar som kjem,

lyder ordet frå Herren:

Eg vil leggja mi lov i hugen deira

og skriva henne i hjarta deira.

Eg vil vera deira Gud,

og dei skal vera mitt folk.

34 Då skal ingen lenger

læra sin neste og sin bror

og seia: «Kjenn Herren!»

For dei skal alle kjenna meg,

både små og store, seier Herren.

For eg vil tilgje deira misgjerning

og aldri meir koma deira synd i hug.

Guds Ord vender ikkje tomt tilbake, men utfører det Gud sende det til. Det gjorde sitt verk i oss og når vi forkynner det til andre, så vil det gjere sitt verk i dei og. Trua kjem av forkynninga og forkynninga av Kristi ord. Vi tok imot Guds Ord i tru og ved trua på Jesus fekk vi den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Så vi får oppleve at Gud gjer sitt verk i oss med sitt Ord og sin Ande. Vi får det som analytisk a priori kunnskap og så vert det syntetisk apriori kunnskap i oss. Blir det også til syntetisk aposteriori kunnskap? Korleis då? Ved våre imperativ «du skal»? Det skal då få konsekvensar, vi skal gjere trua sine gjerningar, vi skal då bere frukt.

Men det er først og fremst ved at Jesus er med oss og gjer sitt verk, så vi får oppleve at Faderen gjer storverk. Derfor er universalia a priori, in rebus og a posteriori best egna til å beskrive dette. Gud gjer oss til kanal for si velsigning. Jesus er fullkommen og den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome, vi fekk drikke av kjelda med det levande vatnet og den vart ei kjelde som veller opp til evig liv i oss. Frå våre liv skal det renna straumar av levande vatn. Og det er framleis fullkome. Vi må berre løfte hugen og blikket opp til Jesus og ta imot i tru og ære og takke han for det.

Jes.42,1 Sjå, min tenar som eg stør,

min utvalde som eg har hugnad i!

Eg har lagt min Ande på han,

retten skal han føra ut til folka.

2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa

og ikkje bruka mælet på gata.

3 Han skal ikkje bryta eit broste sev

og ikkje sløkkja ein rykande veik.

Med truskap skal han føra retten ut.

4 Han skal ikkje trøytna

og ikkje bryta saman

før han har breitt ut retten på jorda.

Øyar og strender ventar på hans lære.

5 Så seier Herren Gud,

han som skapte himmelen og spente han ut,

og breidde ut jorda med alt som der gror,

han som gjev livspust til folket på jord

og ånd til dei som ferdast der:

6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd

og teke deg i handa.

Eg har skapt deg

og gjort deg til ei pakt for folket,

til eit ljos for folkeslaga.

7 Du skal opna blinde augo

og føra fangar ut or fengslet,

dei som sit i mørkret,

ut or fangeholet.

8 Eg er Herren, det er mitt namn.

Eg gjev ikkje mi ære til andre

og ikkje min pris til gudebilete.

9 Det som vart varsla før, er kome,

og no kunngjer eg nye ting.

Før dei enno gror fram,

lèt eg dykk få høyra om dei.

Den nye songen

10 Syng ein ny song for Herren,

lovsyng han frå heimsens endar,

de som ferdast på havet,

og alt som fyller det,

de øyar og strender

og de som bur der!

11 Øydemarka med sine byar skal syngja,

landsbyane der Kedar held til.

Dei som bur på fjellet, skal jubla,

frå fjelltoppane skal dei ropa høgt.

12 Dei skal gje Herren ære,

forkynna hans pris på øyar og strender.

Dersom tingen er deg sjølv, så får vi vel vite litt om korleis tingen er i seg sjølv, for det må vel du sjølv vite?

Immanuel Kant tala om «das Ding an sich», tingen i seg sjølv og «das Ding an mich», tingen slik eg opplever den. Tingen i seg sjølv er og blir det rette, men kven har den fasiten? Når vi talar om ein ting, talar vi om korleis den er for oss, korleis vi ser og sansar den. Men tingen i seg sjølv kan vere heil annleis. Talar vi om ein gråstein, kan vi seie at den endrar seg lite over tid, men ein plante kan veks opp og visne, eit dyr kan leve og bevege seg, men så daudar det til slutt.

Men kva om tingen er deg sjølv? Du skal presentere deg sjølv for andre og seie kven du er. Kva kan du og vil du då seie om deg sjølv? Sjølvsagt er det viktig for deg å seie det som du sjølv synest er bra om deg sjølv og så tek du kanskje omsyn til kva du trur dei andre vil synest er bra. Vi kan samanlikne det med å ta på seg fine klede når vi skal i eit fint selskap. Men så er der kanskje nokon som meiner du gir eit feil inntrykk av deg sjølv. Kanskje kan det vere sakleg og dei kan meine at du har berre godt av å få vite og erkjenne det. Eller kanskje det er usakleg, dei fer med baktale for å skade deg og dine interesser, ved at du får problem med di sosialisering. Slike metode skal ikkje dei kristne bruke, dei har andre metode.

1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.

Skal vi ikkje drive sjølv-ransaking av og til då? Jau, men på den måten at vi b er Gud ransake oss, for trua på han og hans Ord er ein referanse vi treng å halde oss til. Eller så kan vi fare vill med vår sjølvransaking, det kan bli som når ein blind leier ein blind.

Salme.139,23 Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjarta,

prøv meg og kjenn mine tankar!

24 Sjå om eg er på den vonde vegen,

og lei meg på ævevegen!

Tenk deg at du kjem heim att frå eit selskap og så spør du deg sjølv om du stod fram i selskapet som den du var eller den du yngste å vere. Kva tilbakemelding synest du at du fekk på det. Kanskje prata du om kva visjonar og mål du hadde for framtida, men kva med måloppnåing, kunne du seie at du hadde fått noko framgang og oppnått noko av det? Kanskje ser du deg i spegelen og vurderer frisyren og antrekket. Då kan du seie at du brukar naturfaglege metode  og ser på deg sjølv utanfrå, du ser på tingen slik som den ser ut for deg.

Men du er sjølv tingen og då må du vel kunne seie noko om tingen i seg sjølv, dette må då vere det beste høvet til å få vite korleis tingen er i seg sjølv. Skal du drive sjølvransaking for å vere «objektiv» med tanke på korleis du sjølv er? Skal du studere ein gråstein utanfrå, kan du og må du prøve å vere objektiv, skal du få greie på korleis den er inni, så må du knuse den. Men vil du ikkje hevde at som menneske er du subjektiv, med ein fri vilje og rett til å velje korleis du vil vere og korleis du vil stå fram? Kan då di sjølvransaking vere heilt objektiv? Tja. Eg vil hevde at du uansett treng ein ytre referanse. I samfunnet og det ytre fysiske miljø kan vi ha mykje å referere til, men no tenker eg på at vi treng trua på Gud og hans Ord som referanse, så vi seier som David, ransak meg Gud og kjenn mitt hjerte, prøv meg og kjenn mine tankar, lei meg på ævevegen. David kjende seg dømd og mått be om nåde og tilgiving og det gjorde Paulus også.

Salme.32, 1 Av David. Ein læresalme.

Sæl er den

som får si misgjerning tilgjeven

og si synd tildekt!

2 Sælt er det menneske

som Herren ikkje tilreknar skuld,

og som er utan svik i si ånd.

3 Så lenge eg tagde, tærtest eg bort,

eg stunde heile dagen.

4 For dag og natt

låg di hand tungt på meg.

Mi livskraft kvarv

som i sommarens hete. Sela

5 Då sanna eg mi synd for deg

og dulde ikkje mi skuld.

Eg sa: «Eg vil sanna

mine synder for Herren.»

Og du tok bort mi syndeskuld. Sela

6 Difor skal alle trugne

be til deg i trengselstider.

Om det kjem ein veldig flaum,

skal vatnet ikkje nå dei.

7 Hjå deg finn eg livd,

du vernar meg mot trengsle

og lèt frelsesjubel lyda ikring meg. Sela

8 Eg vil læra deg og visa deg

den vegen du skal gå.

Eg vil la mitt auga kvila på deg

og gje deg råd.

9 Ver ikkje lik hest og muldyr,

som ikkje har vit!

I sin villskap må dei tvingast med taum og beisel,

elles kjem dei ikkje til deg.

10 Den gudlause har mange plager;

men den som set si lit til Herren,

kransar han med miskunn.

11 Gled dykk i Herren!

Bryt ut i jubel, de rettferdige!

Ja, rop av fagnad, alle de ærlege!

Rom.7,14 Vi veit at lova er åndeleg, men eg er eit vanmektig menneske, selt til synda. 15 For eg skjønar ikkje kva eg sjølv gjer. Det eg vil, gjer eg ikkje, og det eg hatar, det gjer eg. 16 Men gjer eg det eg ikkje vil, då gjev eg lova rett i at ho er god. 17 Så er det då ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg. 18 For eg veit at i meg, det vil seia slik eg er i meg sjølv, bur det ikkje noko godt. Viljen har eg, men å gjera det gode maktar eg ikkje. 19 Det gode som eg vil, gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg. 20 Men gjer eg det eg ikkje vil, då er det ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg. 21 Så finn eg då at denne lova gjeld for meg: Eg vil gjera det gode, men kan ikkje anna enn gjera det vonde. 22 Mitt indre menneske seier med glede ja til Guds lov. 23 Men i lemene mine merkar eg ei anna lov. Ho ligg i strid med lova i hugen min og gjer meg til ein fange under syndelova, som verkar i lemene. 24 Eg arme menneske! Kven skal fria meg frå denne dødens lekam? 25 Gud vere takk ved Jesus Kristus, vår Herre! Så tener eg då Guds lov med hugen min, men syndelova slik som eg er av naturen.

2.Kor.12, 1 Eg må rosa meg, endå det ikkje tener til noko. Og no kjem eg til syner og openberringar eg har fått frå Herren. 2 Eg veit om eit menneske i Kristus, ein som for fjorten år sidan vart rykt inn i den tredje himmel – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det. 3 Og eg veit at denne mannen vart rykt inn i Paradis – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det – 4 og der fekk han høyra useielege ord, som eit menneske ikkje har lov til å tala. 5 Denne mannen vil eg rosa meg av, men av meg sjølv vil eg ikkje rosa meg, utan av mi vanmakt. 6 Men om eg ville rosa meg, så var eg ikkje frå vitet, for eg kom til å seia sanninga. Men eg lèt det vera, for eg vil ikkje at nokon skal gjera seg større tankar om meg enn dei han får når han ser og høyrer meg. 7 Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal verta hovmodig. 8 Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg. 9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.

Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, skal vi sjå på Jesus og snakke med han.

Universalia før tingen (a priori) svarar då til Kants «analytisk a priori» påstand. Der passar for trua på den tre-einige Gud og for matematikken. Men i Heb.3-4 ser vi at ved trua må Guds Ord smelte saman med oss i våre hjarte, for at vi skal få komme inn til Guds kvile. Slik får vi universalia i tingen (in rebus), men då vert det altså som noko nytt i forhold til dei universalia som var i tingen frå før. Her har eg brukt terminologien frå thomismen. Med Kants terminologi er det apriori analytisk utsegn; Guds Ord, som ved trua smeltar saman med oss i våre hjerter, så vi kjenner det og opplever det. Når det smeltar saman med oss, kan vi vel kalle det ei syntese, men det er syntetisk apriori, for det er ikkje noko som verken vi eller andre ser og sansar i det fysiske miljøet rundt oss. Den Heilage Ande let meg få kjenne at Jesus lever i mitt hjerte.  Eg meinar det framleis er analytisk og logisk, for syntesa betyr ikkje at utganspunktet vert endra, det er det same utgangspuktet både for tenking og liv, det er om å gjere å tenke logisk utifrå det slik at vi lære å tenke rett og handle rett og gjere gode og rette val. Kanskje kjem eg til at eg tenkte ikkje rett, kanskje fekk det som konsekvens at eg ikkje handla rett heller. Då var det ikkje logisk. Men utganspunktet er framleis rett, så ved Guds nåde og miskunn får eg gå tilbake til utgangspunktet som eg trur på og tenke nytt.

Gud har skapt alle ting ved sitt Ord og held alt oppe ved sitt ord, derfor var der universalia i tingen frå før også. Men no skaper han noko nytt ved sitt Ord, så det er berre å ta imot det i tru. Kristus er brødet som kom ned frå himmelen, då er det berre å ta imot det og ete det. Det orde han har tala er ånd og liv. Han gir oss det frå himmelen. Då blir det slik at vi består av det som vi et, vi et det same brødet og derfor blir vi eitt, det som er født av Anden er ånd.

Guds ord er såkornet som vert sått i våre hjerte, så det skal spire og gro og bere frukt. Det skal også verte sått i verda, så det spirer og gror og ber frukt. Når ordet ved trau smeltar saman med oss i våre hjarte, vert vi såkorn som vert sått i verda.

La oss no tenke oss at du kjem inn i eit selskap igjen. Blir det nå meir tydeleg at der har kome noko nytt, at du har fått framgang og vekst. Det som blir lettast synleg er det som vi ser og sansar naturleg, slik som med naturfaglege metode, som at du kanskje har lagt på deg, vorte meir gråhåra og rynkete. Og når du kjem heim att og ser deg i spegelen og går på vekta, vert du oppdatert, jau, du har vorte eldre. Men det var vel ikkje primært det du tenkte på som di målsetjing med å få framgang og vekst.

Men Gud har gitt oss ein annan spegel som vi skal sjå i.

1.Kor.13,8 Kjærleiken fell aldri bort. Profetgåvene skal få ende, tungene skal tagna, og kunnskapen skal ta slutt. 9 For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis. 10 Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, få ende. 11 Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn. Men då eg vart mann, la eg av det barnslege. 12 No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. 13 Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

2.Kor.3,4 Denne overtydinga har vi i Kristus, for Guds åsyn. 5 Ikkje så at vi av oss sjølve duger til dette; vi kan ikkje tenkja ut noko, som om det kom frå oss. Nei, vår dugleik er av Gud, 6 han som gjorde oss til tenarar for ei ny pakt, som ikkje byggjer på bokstav, men på Ande. For bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande.

………

12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.

Ein spegel reflekterer eit bilete av oss, men denne spegelen reflekterer eit bilete av Kristus inn i oss, slik at det pregar oss, vi vert skapte i Guds likning.

Eg lengtar etter Gud og han lengtar etter meg.

Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.

https://www.youtube.com/embed/ott71WkOnS4?version=3&rel=1&showsearch=0&showinfo=1&iv_load_policy=1&fs=1&hl=en-gb&autohide=2&start=94&wmode=transparent «Jeg hører ditt hjerte som roper ut til meg. Du sier; min sjel lengter, ja tæres av lengsel etter deg, min Gud. Mitt hjerte og min kropp roper etter den levende Gud. Jeg lengter etter deg også mitt barn. Jeg lengter mer etter deg enn du noen gang kan lengte etter meg. Du er dyrebar og høyt elsket. Skapt og formet av meg. Du er verdifull og underfull. Du har en hensikt og er viktig for meg og ditt kall er viktig for meg. Jeg holder deg i min hånd, mitt barn. Jeg har behag i deg. Og du er min! Jeg er en god Gud og en god Far. Jeg ønsker å ta deg dypere og lengere med meg. På steder du aldri kan gå alene. Ta min hånd og slipp aldri tak! Du og jeg skal gå sammen gjennom ild og vann, og på den andre siden venter min herlighet. Stol på min ledelse og min vei i ditt liv. Søk meg alltid og hold deg tett til mitt hjerte! Se ikke på bølgene som truer på hver side, men se kun på meg! Jeg skal lære deg å gå på vannet med meg. Jeg vil lære deg å se verden og ditt liv fra himmelsk perspektiv. Jeg ønsker gi deg det ditt hjerte lengter etter. Jeg er lys og sammen med meg vil du bringe lys inn i mørke rundt deg. Se ikke på problemene, la deg ikke distrahere, men se opp til meg og strål av glede. Jeg har alt du trenger for i dag og til du en dag skal hjem til meg.»

Jesus vil lære meg å gå på vatnet med han og sjå verda og mitt liv frå eit himmelsk perspektiv. Snakk om universalia apriori, i følgje Thomas Aquinas var det slik Guds såg verda frå sin synsstad. Jesus sa vi skulle vere i han, så er han i oss. Då har vi universalia både apriori og in rebus. Eg får oppleve der ein åndeleg dimensjon å gå inn i, det blir som å gå på vatnet. Så eg får sjå denne verda utanfrå. Som om eg er i den åndelege skya saman med han, sjølv om kroppen framleis sit i ro. Han har vel si hensikt med det. Men kva slags hensikt kunne eg tenke meg med det? Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone, men korleis kan eg komme i kontakt med henne og kommunisere med henne? Først og fremst ved at han talar til henne og gir henne ånd og liv og vekker henne opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Jesus møter henne i skya, som si brud. Og så møter han meg, så ho vert mi brud fordi ho er hans brud, for eg ikler meg han og slik kler eg meg i bryllaupsklednaden for å feire Lammets bryllaup. Kva tid den kroppslege bortrykkinga kjem, veit eg ikkje, men det er av og til eg stussar på om det er det som må til for at det skal verte noko reelt ut av det, i tydinga kroppsleg, ikkje berre åndeleg og sjeleleg altså. Jesus sa i bergpreika at vi skal ikkje bekymre oss for kva kroppen treng og her seier han at han har alt det eg treng for i dag til eg ein dag skal heim til han. Bra, han er til å stole på. I tru og tillit til han har eg mykje å takke han for.


Leave a comment