Mi sak, eit moral- og politisk-filosofisk problem?
Eg er oppvoksen i kyrkja og vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Etter kvart skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, som første prioritet og så gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone som andre prioritet.
Når eg gjekk på ungdomsskulen, merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg gjekk på gymnaset oppdaga eg at det stemte med Paulus si lære og Heb.3-4. Eg byrja å gå på møte i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus talte til meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale, han sa at hans frelseverk var fullført og fullkome, så det var berre for meg å tru og ta imot og takke for det.
Når eg byrja å studere realfag, sa Jesus til meg at han var den som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den. Han har sett fram for meg ei open dør som ingen kan lukke og invitert meg inn. Ja, for hans frelseverk er fullført og fullkome, på det grunnlaget får eg komme inn. Det er også billetten til å verte med når han kjem for å hente si blodkjøpte brud. Ingen kan legge til noko eller ta noko ifrå, det einaste vi kan gjere er å ta imot i tru og så takke han for det. Han er fullkommen og den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome.
Så kva betyr det å vake? Ja, kva meiner vi med vekking? Jesus gir meg ånd og liv frå himmelen og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og Faderen og så trur eg og vonar eg at han gir meg ei kone ved at han gir henne også ånd og liv frå himmelen og vekker henne også opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Det er også poenget med hans kyrkje. Jesus har kalla Sions dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann. Dette er identiteten til den kristne kyrkja og det gjeld sjølvsagt jødane også.
Kristendom og realfag har resultert i at det har gått kraftig tilbake med dei gamle gudane. Då vert det viktig for oss å forstå korleis kristendom og realfag kan sameinast. Ved tru skjønar vi at universet har vorte skapt av Guds Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege (Heb.2). Derfor er naturen forståeleg. Så vi kan lære å forstå den med metodene i realfag. Men så fortel Bibelen også at Gud skaper noko nytt med sitt Ord. Det einaste vi kan gjere for å verte med på det, er å tru på Gud og hans Ord og ta imot av berre nåde.
Dette handlar om kristendomen og realfag i historisk-filosofisk samanheng. Rasjonalistane får med seg begge deler og det kan verke som at det gjer Immanuel Kant også, men det vil eg stille eit par spørsmål til, som eg sjølv vil svare på. Personleg var han ein pietistisk protestant, men empirismen og liberalismen fekk han til å konkludere med at kyrkja sin rasjonalitet ikkje eksisterte, underforstått den Katolske Kyrkja. Hans hovudverk er «Kritikk av den Reine Fornuft». Men så vert det sagt at han berga fornufta med filosofien sin.
Eg vil imidlertid påstå at Gud og hans Ord eksisterer, Kristus er Guds Messias, når hans blod reinsar oss og vi vert salva av den Heilage Ande, så vert vi reine i hjerte, sinn, hug og forstand, då skal vi stå oss godt mot kritikken av den reine fornuft. Vi har allereie teke imot det nye som Gud gir oss frå himmelen og vil gjerne ha meir av det.
Gud talte og det skjedde, slik er han logisk. Så såg han etter at det var godt, før han skapte noko meir. Slik er hans dialektikk.
Aristoteles er kalla logikkens far, men han gjorde ein feil som moderne logikk har kvitta seg med. Då kan vi seie at Gud er logisk.
Eg har skrive om ei prioritetsordning ved at påkallar Kristus som min frelsar og Herre og ber han frelse menneske, som første prioritet, det høver med å søke først Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg. Eg hevdar dette er god logikk, ved at vi brukar logikken på ideane og i vår tenking. Vi må passe på at vi ikkje gjer ei omprioritering ved at vi set det fysisk synlege over ideane og det åndelege. Det var nettopp det som var den store feilen ved at menneske dyrka avgudar av stokk og stein.
I sommar var det ein predikant i Filadelfia Vennesla som heldt tale under overskrifta «Gud er ikkje logisk» https://www.youtube.com/watch?v=zniqLiutvlY&t=1s . Det var då merkeleg til overskrift på eit evangelisk møte, skal vekkinga bety at vi lærer å tenke ulogisk? Men dei eksempla han kom med, der han påstod at Gud ikkje var logisk, dei var tvert om eksempel på at Gud var logisk. Han tenkte logisk, men stoppa ikkje med det, han gjennomførte det som han tenkte. Når vi tenker logisk, tenker vi rett, men dessverre hender det at vi tenker feil og ulogisk også. I mange tilfelle kan vi tenke logisk, men så må vi innrømme at vi klarer ikkje å gjennomføre det som vi tenkte, så der stoppar det. Men kanskje vi kan be Gud gjere eit under og så gjennomfører han det? Ja, i denne siste tida er det mange som kan vitne om det. Men då er det vitne om at Gud er logisk, ikkje det motsette.
Overskrifta på denne tala er grunna på ei misforståing av kva logikk er for noko. Aristoteles vert kalla logikkens far, men han gjorde den feilen at brukte logikken på fysiske gjenstandar i staden for å bruke den på idear. Gud tenker og talar logisk, men han er også den allmektige skaparen som skaper det som han seier, så det blir logisk på den måten også. Men å påstå at han ikkje er logisk er på påstå at han ikkje tenker logisk og det, som om han sa noko ein dag og neste dag seier han at det betyr noko heilt anna enn det han sa. det gjer han sjølvsagt ikkje, han tenker logisk og rett heile tida. Men ormen spurde Eva: “Har Gud verkeleg sagt … Dernest påstod han at det Gud hadde sagt var feil, for Gud visste betre. Dette braut med logikken i Guds Ord. Gud tenker og talar logisk, så han er til å stole på. For menneska blir det om å gjere å lære å innsjå det.
Aristotels gjorde den feilen at han brukte logikken på gjenstandar i staden for å bruke den på idear, men moderne logikk har kvitta seg med den feilen. Hausten 1984 tok eg eit kurs i logikk for informatikk på Universitetet i Oslo. Då vart eg overraska av å få vite at noko grunnleggande i logikken hadde vi frå Aristoteles.
Logikken handlar ikkje om påstandane vi går ut ifrå er sanne eller ikkje, men resonnementet frå ein påstand til ein annan er rett. Påstandane kan til dømes vere så komisk som at «alle grisar likar diskomusikk» og «Nasse Nøff» er ein gris. Ja vel, då likar Nasse Nøff diskomusikk, det logiske resonnementet er rett, det er poenget. Om alle grisar likar diskomusikk, er ei anna sak, det tek vi ikkje stilling til.
Mi tru på Gud og hans Ord er eit utgangspunkt eg har å tenke utifrå og då er det viktig for meg å tenke logisk, både med hjerte og hjerne. Eg kan samanlikne det med David som kom til at han ikkje kunne gå i striden med Sauls rustning, han la den av og tok fram det enkle våpenet sitt igjen, slynga og nokre glatte steinar.
Til samanlikning med at det er viktig for meg å tenke logisk når eg studerer realfag. Rasjonaliteten i matematikken er viktig og då er det sjølvsagt viktig å tenke logisk og rekne rett.
Jesus sa at det kjem ei tid då menneska skal tilbe Gud i ånd og sanning.
Joh.4,22 De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane. 23 Men det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Faderen i ånd og sanning. For slike tilbedarar er det Faderen vil ha. 24 Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.»
Det er ved at vi bøyer oss for Kristus, påkallar han og takkar og lovpriser han som vår frelsar og Herren. Vi vart reinsa i Jesu blod og fylte av den Heilage Ande, derfor kjenner eg meg trygg på at denne tilbedinga er logisk, den er rett, sjølv om eg ikkje innser alt den inneber.
Dialektikk, også for dei kristne? Logikken og metodene i realfag.
Platonismen er først og fremst ei ide-lære, det var om å gjere å få innsikt i ide-verda, men så skulle dei også ut i ei praksis-periode, der dei skulle lære av erfaring, også gjennom samtale med andre menneske. Dette vert kalla dialektikk. Sjølv om dei skulle lære av erfaring, betyr det ikkje at dei fullkomne og evige ideane vart endra, det godes ide var ikkje endra, dei skulle berre få meir innsikt i det godes ide.
Til samanlikning fekk Jesu disiplar også ei praksis-periode, som dei lærde av. Dei også fekk lære av erfaring, men det betydde ikkje at læra deira vart endra av det som dei erfarte. For Gud, hans Ord og Ande er og blir alltid den same, Jesus er i går og i dag den same til evig tid. Guds rike er ein åndeleg og evig røyndom, vi må verte fødde av Guds Ande for å sjå det og komme inn i det. Då kjem det ikkje an på kva vi ser og sansar rundt oss. Korleis kan vi då lære av praksisen? Trua vår vert prøvd og den prøvde trua er mykje verdt.
Gud talte og det skjedde, slik er han logisk. Så såg han errrer at det var godt, før han skapte noko meir, slik er hans dialektikk. Så trua vår vert prøvd til samanlikning med at vi prøver hypoteser i realfag, kva så om hypotesa vert avsanna? Vi er feilbarlege, både ved at vi kan tenke feile og handle feil. Men ved Guds nåde får vi gå tilbake til utgangspunktet og tenke nytt, så vi vert fornya.
Men etter kvart viste det seg at det vart annleis med dialketikken. Sitat frå https://snl.no/dialektikk :
«Dialektikk er en metode som gjennom samtale – spørsmål og svar, bevis og motbevis, argument og motargument – søker å bestemme begrepenes innhold eller, mer allment, trenge inn i et problem.
Ifølge Aristoteles var det Zenon fra Elea som i utledningen av «paradoksene» om bevegelsens umulighet først anvendte denne metode. Tidligere ble den utformet særlig av Sokrates. Den sokratiske dialektikk hadde til hensikt å vise det utilstrekkelige i de alminnelige meninger. I Platons skole ble den dialektiske metode filosofiens viktigste hjelpemiddel i erkjennelsens oppstigning fra sansningen til kunnskap om ideene. Aristoteles brukte dialektikk som betegnelse for en kritisk behandling av allment godtatte oppfatninger, men hos stoikerne ble det den alminnelige betegnelse for den formelle logikk, og denne betydning beholdt ordet gjennom hele middelalderen.»
I mer moderne filosofi brukte særlig Kant, Hegel og Marx betegnelsen dialektikk. Hegel brukte ordet om anvendelsen av logisk tenkning til oppnåelse av klar, begrepsmessig erkjennelse av en sak, men ga det en særlig betydning ved sin lære om tankens bevegelse gjennom de tre såkalte dialektiske stadier: tese, antitese og syntese. For Hegel betegnet dialektikk også historiens utviklingsgang gjennom motsetninger som oppheves på et senere og «høyere» trinn i utviklingen. Denne hegelske betydning av dialektikk var utgangspunktet for den spesielle bruk Marx gjorde av dialektikk i dialektisk materialisme.
Tru på det fullkomne og lære av erfaring, dialektikk?
Dialektikk betyr rett og slett å lære av erfaring og det må vi vel få lov til. Kva er det vi veit frå før, utan å ha erfart noko? Det ligg i genane, då tenker vi gjerne på instinkt. Suttebehovet er tydeleg eit instinkt frå fødselen av, røntgen av fosteret i mors mage kan til dømes vise at det suger på tommelen. Dette også er erfaring for ungen. Og tommelen er også ein eigenskap som gjer oss vesentleg betre utrusta enn andre individ, vi vert betre i stand til å lage reiskap og bruke dei.
Aristoteles postulerte «tabula rasa», rein tavle, slik var menneskesinnet frå fødselen av og ved erfaring vart det skrive på tavla, så alt vi lærer kom ved erfaring, empirisme altså. Og slik er liberalismen. Joseph Goebbels har vorte tillagt sitatet: «dersom ei løgn vert gjenteken mange nok gangar, vert den til slutt ei sanning». Som om det er betydninga av «tabula rasa»?!
Men vi har nedarva eigenskapar som gjer oss i stand til å innsjå og vurdere kva som er rett og sant, så vi lagrar minnet systematisk. Som om det er instinkt altså? Eg vil tru at kinesarane og japanarane har naturlege anlegg for sine språk og vi har naturlege anlegg for våre språk. Vel hadde det seg slik at Gud vildra språka våre, det vart så pass fundamentalt at det sit igjen i genane (1.Mos.11). Minnet vårt er ikkje berre som ein filmrull som lagrar bileter, men vi er kritisk til kva som er vert å legge merke til og hugse på. Det har også å gjere med kva vi har naturlege anlegg for.
Når eit lite barn sit og leikar med leikene sine, må vi vere førebutt på at det vil ha leika opp i munnen, for suttebehovet er eit instinkt. Så barnet må ikkje få nokre små klinkekuler som kan sette seg fast i halsen. Det kan få har leiker som det kanskje kastar frå seg gong på gong og ser kva som skjer eller mjuke bamsar og dokker som det kosar med. Det kan få «pedagogiske leiker» som er som geometriske figurar som passar inn i eit system. Om det sit og leikar og småpratar, så er det eit godt teikn. Om det kan få seg eit lite kjæledyr som det kan leike med og kanskje småprate med, så kan det verte kjempekjekt for dei begge.
For både dyr og menneske er det slik at ungen leikar for å lære seg å leve som vaksne individ. Då må der for barnet vere ein mjuk overgang frå å leike til å gjere nytt for seg med å hjelpe til og så kunne gjere ein jobb som vaksen. Dei kristne er Guds born og det held dei fram med som vaksne, så for dei skulle i alle fall denne overgangen vere mjuk.
Vi treng ikkje bekymre oss for den dag i morgon, Gud kleder lilja på marka og gir fuglane mat, utan at dei arbeider for føda. Men det betyr ikkje at vi ikkje har lov til å arbeide. Fuglane flyg då rundt for å finne føda. Vi skal ikkje bere tunge byrder inn gjennom Jerusalems portar på sabbaten. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4), får vi får oppleve at Gud gjer sitt verk i oss og med oss ved sitt Ord og sin Ande. Då er det viktig å ære og takke han for det, så vi verte verande i den kvila, det er forpliktande, for Gud gir ikkje si ære til nokon annan (Matt.11,25-30 Jes.42,8-12).
Aristotelisme høver med avgudsdyrking.
Sidan Aristoteles meinte at rettferd finst berre i menneske og i samfunnet, universalia finst berre i tingen, minner det om at ved syndefallet freista ormen Eva, med at dersom dei åt av kunnskapstreet, så skulle dei verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Men det gjekk ikkje så bra. Og så minner det som avgudsdyrking.
Jer.10, 11 Dette skal de seia til dei:
«Dei gudane som ikkje skapte himmel og jord,
skal utryddast frå jorda
og under himmelen.»
Jes.44,6 Så seier Herren,
kongen som løyser ut Israel,
Herren over hærskarane:
Eg er den første, og eg er den siste,
det finst ingen annan gud enn eg.
7 Kven er som eg?
Lat han ropa ut og fortelja,
leggja fram for meg det som har hendt
frå eg grunnla det eldgamle folket.
Dei skal fortelja til dei
kva som skal koma i framtida.
8 Frykt ikkje, ver ikkje redde!
Har eg ikkje frå før av
fortalt og late deg høyra?
De er mine vitne.
Finst det nokon Gud ved sida av meg?
Eg kjenner ikkje til noko anna berg.
Handverkaren og gudebileta
9 Dei som formar gudebilete, er tomme, alle saman.
Dei gleder seg over slikt som ikkje hjelper.
Deira vitne ser ikkje, dei skjønar ikkje,
difor blir dei til skamme.
10 Kven formar ein gud og støyper eit bilete
om ikkje for å få hjelp?
11 Alle som dyrkar dei, blir til skamme,
handverkarane er berre menneske.
Lat dei alle samlast og stiga fram!
Saman skal dei gripast av skrekk
og bli til skamme.
12 Smeden tek meiselen og arbeider på biletet attmed kolelden. Han formar det med hammar og arbeider på det med sterk arm. Blir han svolten, har han ingen styrke lenger. Drikk han ikkje vatn, blir han trøytt. 13 Treskjeraren spenner ut målesnora. Han teiknar eit omriss med stift og lagar eit bilete med skavjern. Han teiknar eit omriss med passar og lagar eit bilete i skapnad av ein mann, eit vakkert menneske. Det set han i eit hus. 14 Han høgg ned sedertre. Han vel seg ut ein sypress eller ei eik og lèt henne veksa seg sterk blant trea i skogen. Han plantar eit furutre, og regnet får det til å veksa. 15 Det skal vera til brensel for menneske. Noko tek han til å verma opp med, noko fyrer han med for å baka brød. Noko lagar han ein gud av, som han tilbed. Han formar eit gudebilete som han bøyer seg for. 16 Halvparten brenner han på elden. På denne halvparten legg han kjøtet han skal eta, han steikjer det og blir mett. Så vermer han seg og seier: «Å, no er eg varm og god, eg ser elden!» 17 Resten lagar han ein gud av, eit gudebilete, som han bøyer seg for. Han kastar seg ned, bed til det og seier: «Berg meg, for du er min gud!»
18 Dei forstår ikkje og skjønar ikkje. Auga deira er attklistra så dei ikkje kan sjå, hjartet òg, så dei ikkje kan skjøna. 19 Han tek det ikkje inn over seg, han har ikkje kunnskap og forstand nok til å seia: «Halvparten brende eg opp, så baka eg brød over glørne. Eg steikjer kjøt og et det. Så lagar eg noko avskyeleg av resten, eg bøyer meg for ein trekubbe!» 20 Han gjeter oske, det forvirra hjartet hans har ført han vill, så han ikkje bergar livet og seier: «Er det ikkje løgn i mi høgre hand?»
Immanuel Kant.
Immanuel Kant (1724-1804) var ein pietistisk protestant som så typisk skil mellom tru og kunnskap. Det finn vi hos rasjonalistane også, men han meinte dei var for dogmatiske. Liberalismen brukte empirismen på det menneskelege samfunnet og det førde til oppløysing av moralske normer og svekking av moralske og politiske autoritetar, så empirismen og liberalismen vart ei katastrofe for pietisten Immanuel Kant, han konkluderte med at kyrkja sin rasjonalitet ikkje fanst.
I staden for ein rasjonell intuisjon om oversanselege «ting», som Gud og moralske normer, stiller Kant ei refleksiv innsikt i dei grunnleggande vilkåra for erfaring, slik innsikt er kalla transendental innsikt. Han meinte det måtte vere noko som ordnar og strukturerer erfaringa vår og det er felles, som om vi ser med same slags briller. Dersom alle brillene hadde grønt glas, ville sanseintrykket verte grønt. Sanseintrykket vårt vert forma av uforanderlege transendentale former som rom, tid og kausalitet, med kategorien årsak, formar forstanden vår sanseintrykket.
Rasjonaliteten, våre tankar og idear, slik som matematikk, kalla Kant for apriori kunnskap, vi har den før vi erfarer altså. Erfaringsbasert kunnskap får vi av å erfare, så han kalla det aposteriori kunnskap, vi får den etter at vi har erfart. Her er det erfaring i det materielle miljø det er tale om. Og så skilte han mellom syntetisk og analytisk sanning, analytisk sanning er sanne i kraft av sine ord.
Dermed får vi ein tabell med to rekker og to søyler. I første rekke har vi apriori kunnskap, i andre rekke har vi a posteriori kunnskap. I første søyle har vi syntetisk kunnskap, i andre søyle har vi analytisk kunnskap. Her er eit døme.
I øvre høgre hjørne har vi a priori analytisk kunnskap: Dette grøne huset er grønt. Dette svarar til rasjonaliteten.
I nedre venstre hjørne har vi a posteriori syntetisk kunnskap: Dette huset er grønt. Dette svarar til empirisk kunnskap.
I nedre høgre hjørne skulle vi då få analytisk a posteriori kunnskap, men den boksa er tom, den gir ikkje meining. For det var feil å bruke logikken på den fysisk synlege naturen, vi må bruke den på idear. Så kan vi bruke ideane på naturen.
I øvre venstre hjørne har vi a priori syntetisk påstand: Alt som skjer har ei årsak. Dette er det nye som Kant kom med og som den nye naturvitskapen kom med, at den var ei syntese mellom rasjonalitet og empiri. Tek vi til dømes Newtons 2. lov, at krafta F =m*a, der m er massen og a er akselerasjonen, så ser vi ikkje verken krafta eller akselerasjonen, krafta verkar i massesenteret, som om all massen var der, men det ser vi heller ikkje.
Vi treng ikkje mykje matematikk for å forstå kva analytisk kunnskap er, vi kan starte med aksioma i reell analyse, som ekistensen av null og 1, kommutativ lov, assosiativ lov og distributiv lov. Vi brukar det praktisk rekning og innser og opplever at det verkar, det vert rett, det er poenget. Vi kan visualisere det med å rekne på fingrane, flytte på blyantar, dele ei kake. Då er det syntetisk apriori kunnskap og det er god pedagogikk Men eksistensen av 0 og 1 er abstraksjonar, vi er ikkje avhengige av at det er fysisk synlege gjenstandar. Og det er viktig for elevane å lære å abstrahere.
Det vesentleg nye som Kant kom med, er syntetisk apriori kunnskap, den er ikkje erfaringsbasert, men den er heller ikkje analytisk. Hardbarka empiristar meinar at denne boksa er tom, men Kant puttar mykje inn i den, som etikk (etisk kunnskap), religion, metafysikk, påstand om at vi har fri vilje. Endå til matematikk, men det er det usemje om. I følgje matematikken er til dømes den rette linje den kortaste vegen mellom to punkt, men Kant meinte dette var ei syntetisk utsegn apriori. Betyr ikkje dette at han ikkje heilt forstod seg på den hypotetisk deduktive like vel?
Om vi samanliknar med den hypotetisk deduktive metode, så er den naturvitskaplege kunnskapen ei syntese mellom erfaring og rasjonalitet, der matematikken er den vesentlege rasjonaliteten, den er analytisk og eg ville ha plassert den i ruta oppe til høgre, kalle den analytisk apriori altså.
Den naturvitskaplege kunnskapen er etter Kants filosofi syntetisk a priori. Men så putter han mykje anna rart inn i same ruta, så den vert mystisk. Som kritikk av den reine fornuft altså?! Det høyrest rart ut, det skulle vel heller vere om å gjere å ha ei rein fornuft og eit reint samvit, så her må vi vere på vakt mot avgudsdyrking.
Når det gjeld moralfilosofi, tek Kant det for gitt at der finst eit «du skal», men korleis er det mogleg? Det må vere nedlagt i oss, så sinnelaget står over konsekvens og plikt står over lyst. Det er slik som med dei uforanderlege transendentale formene, det er syntetisk apriori, derfor kalla han det for det kategoriske imperativ. I tillegg kjem hypotetisk imperativ, som kan vere mål-rasjonelle, dersom du vil oppnå noko, så gjere noko for å oppnå ditt mål.
Når det gjeld politisk filosofi, forsvarar Kant individets rettar men grunngir det ikkje utifrå ein objektiv naturrett, som Thomas Aquinas, eller ein subjekt-sentrert naturrett, som John Lock, men i ein transcendentalfilosofi. Gitt at mennesket er slik, så er det eit logisk nødvendig vilkår at menneske har ein fridom til å gi seg sjølv moralske lover. Men vert ikkje dette å bruke logikken på den fysisk synlege naturen igjen då?
Denne siste setninga verkar litt merkeleg, har kategorisk imperativ vorte til «logisk nødvendig vilkår»? Vi kan tenke logisk ut ifrå eit utgangspunkt som soleis vert vilkår og komme fram til ein konklusjon. Rett nok kan konklusjonen verte vilkår som vi tenker vidare utifrå. Men det spørst om ikkje dette vart å tenke i sirkel og det er ikkje logisk.
Hegel, Marx og kristendomen.
Kant kom med uforanderlege transendentale former og så kom Hegel med foranderlege transendentale former i tillegg. Korleis kunne dei eventuelt endrast? Det som særmerker Hegels filosofi er den dialektiske omforminga mellom herre og knekt og intersubjektiviteten som vert kalla Tidsånda, som driv historia framover. Dette går over hovudet på vanlege folk, Gud og den einskilde har lite og ingen betydning for dette. Ja, for dette er eigentleg avgudsdyrking, ei omprioritering som set den fysiske naturen over ideane, tankelivet og åndslivet. Men Gud er alfa og omega og er evig og alltid den same, Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid.
Marks talte også om ei dialektisk omforming mellom knekten og naturen, for med vårt arbeid omforma vi naturen, vi lag ny reiskap og lærde av det og laga nye og meir avanserte verktøy og maskiner, bygde fabrikkar og den vanlege arbeidar og forbrukar forstod mindre og mindre av korleis det verka, arbeidarane vart framandgjorde, så maskinene og varene vart som avgudar for folket, dei vart avmektige overfor desse avgudane. Med tida ville det kapitalistiske system kollapse og då kom den rette tida for å gjere revolusjon.
Denne dialektiske retninga Kant, Hegel, Marks, gir ikkje meir innsikt i ide-verda, men mindre og mindre, som om auget vert meir og meir svaksynt, ja, slik er framandgjeringa. Rettferds-sola vert meir og meir mørklagd, så det kan forståast som oppfylling av profetien i Matt.24,29: «…. sola mørkjast og månen missa sitt ljos …». I følgje marxismen endar det med revolusjon, som om det skulle vere dommedag!?
Historisk-filosofisk årsak til at barnetrua vert forakta. Men Faderen og Sonen er til å stole på.
Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Dei vaksne må verte som born, ja, fødast på nytt av livsens vatn og Guds Ande for å sjå Guds rike og komme inn i det. Kven av dei vaksne ville gi barnet sitt ein skorpion, når det bad om eit egg? Kor mykje meir skal ikkje Faderen gi den Heilage Ande til dei som ber han. Er dei fødde av Anden, så er dei ande, det er det dei består av, då er også Guds Ande som mat og næring for dei. Det ordet Kristus har tala til oss er ånd og liv. Dersom eit barn kjem og pratar med foreldra sine os seier at det vil ha seg mat, kven vil då svare at det skal berre teie stilt og gå sin veg?
Men i middelalderen vedtok den Katolske Kyrkja at Kristus var så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, dei måtte gå via paven, prestane og helgenane. Som om synda framleis skilde dei frå Gud, slik verka skriftestolane og så kom avlatshandelen.
Den haldninga ser vi i dagens samfunn, stikk i strid med menneskerettar og demokratiske rettar. Det er som om paven og prestane skal be i staden for deg, utan eigentleg å representere deg og dine interesser, men seg sjølve og andre interesser i staden.
Der er nok ei historisk-filosofisk årsak til at vi vert forakta og kanskje endåtil spotta for vår barnetru, men så har det også slike vikarierande økonomiske motiv. Kanskje endåtil frå lærde kristne, prestar og predikantar og mm. Men kva er det som ligg i det? Det kan vere eit moralfilosofisk krav om at du skal gjere noko sjølv, så du kan underbygg dei påstand med erfaring. Men den som gjer seg liten som eit barn overlet det til Gud å gjere sitt verk. Eit krav om at du skal prøve å gjere ditt verk i staden, blir då som å krevje at du skal prøve å gjere det deg sjølv liksom Gud, som ved syndefallet altså! Det blir som eit krav om at du skal verte freista slik som vi ser i Matt.18,6…
Det kan vere eit krav om at du skal vere vitskapleg, ved at du skal kunne underbygge dine påstandar med erfaring, som ein vitskapleg teori, altså. Men kor mykje av vår tenking og tale i det daglege liv er vitskapleg teori? Om så vi held på å sjekke ei hypotese med eksperiment, er det lite av tenkinga og samtala som er akkurat å seie hypotesa.
Roger Penrose har kome med ei framstilling som er omlag som følgjer: Matematikken er omfattande og kan brukast på svært så mykje. Like vel er det berre ein liten del av den som er brukt i vitskaplege teoriar og lover og soleis brukt i den synlege naturen. Berre ein liten del av naturen er levande og bevisst. Berre ein liten del av den levande bevisste naturen er i stand til å tenke matematisk og det er menneske. Og berre ein liten del av menneska har det som sin jobb å tenke matematisk.
Ja vel, men kor mange er det då som tenker vitskapleg? Kor stor av vår tenking er å tenke vitskapleg, kor stor av vår samtale er vitskapleg eller handlar om vitskap? Og betyr det at resten av vår tenking og samtale er feil?
I vår tid er det tydeleg vis mange som vil framstille det som om barnetrua er feil, Guds born har teke feil. Og så vil dei erstatte Guds born ved å erstatte barnetrua deira med noko anna, ved å framstille det som om det skulle vere vitskap. Men det er det ikkje! Det er moralfilosofi, dialektikk og avgudsdyrking. Det er tydeleg vis Dyret og den falske profet som er på ferde igjen, slik vi ser i Op.19. Jødane ventar framleis på at Messias skal komme og stå på Oljeberget og det er det visst mange kristne som gjer også. Som om han ikkje allereie har stått der? Eller som om dei kjem til berget for andre gong, slik som Moses, men han gjorde den feilen at han slo på berget ein gang til. Like vel kom der ut vatn igjen, men han fekk ikkje føre folket inn i det lova landet. For det han skulle gjere var å tale til berget.
Men Kristus er klippen som brast for meg, så eg fekk drikke av det levande vatnet og det held eg fram med. Og så har eg tala med han og det held eg frem med. Og så kjennest eg ved han for menneska, så dei også får vite kva eg talar med han om. Ja, den som kjennest ved han for menneska, vil han kjennast ved for Faderen og englane hans og det får eg visst nytte meg av.
Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten, 17.7.2024:
«Åpne din munn så skal jeg fylle den, sier Herren. Jeg ønsker å bruke deg mitt barn. Du føler at du ikke passer inn og du tror du ikke har en rolle i mitt rike. Men det er en løgn fra løgnens far. Verden er flink til å sette mine barn i lenker. Verden har laget seg et egent system hvor noen passer inn og andre ikke. Men jeg ønsker å bruke det som denne verden ikke ser. Det som er lavt stilt her i denne verden, for å gjøre de vise til skamme. Du har en stor rolle i mitt rike og jeg ønsker å bruke deg mektig. Ikke i egen kraft, med min herlighet, sier Herren. Du er kalt mitt barn og du er sett! Du er viktig og du har en oppgave. En stor oppgave! Ikke sett begrensinger på deg selv. Mennesker ser på det ytre, men jeg ser til hjerte. Jeg velger ikke de kvalifiserte, men jeg kvalifiserer de utvalgte. Jeg har sett deg mitt barn. Jeg ser hvordan verden har dømt deg og satt lokk på deg. Jeg ser hvordan djevelen har stoppet deg igjen og igjen. Men nå er tiden der hvor du skal få blomstre! Du har lenge nok sett ned på deg selv og tenkt du er ubrukelig. Men i dag mitt barn kaller jeg deg til å ta et steg i tro. Stå den onde imot og han vil fly fra deg. Ta min hånd og stol på meg. Er det noe som er for vanskelig for meg? Sier Herren. Er det noe som er for vanskelig for meg å bruke? Nei! La meg lede deg ut steg for steg, i ditt nye liv med meg. Du er kalt og viktig og du er elsket! Åpne din munn, så skal jeg fylle den! Jeg vil vise deg store og ufattelige ting, ting du ikke kjenner til.»
Avgudane laga av stokk og stein er Lygna, Djevelen er far til lygna. Men Kristus er sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Han leier meg ut i fritt rom, der eg får tenke og tale fritt, med åndeleg og forstandig innsikt, eg får oppleve samfunnet med Faderen og Sonen i den Heilage Ande. Fridom er på engelsk «liberty», herav liberal og liberalisme, så dette er liberalisme for meg. Eg er fri til å velje, så derfor vil eg velje å erfare det som er viktig, verdifullt, viktig og meiningfullt for meg. Eg stolar på at Jesus vil leie meg slik og hjelpe meg inni det nye som han har for meg.

