Mi sak, eit moral- og politisk-filosofisk problem?
Eg er oppvoksen i kyrkja og vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Etter kvart skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, som første prioritet og så gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone som andre prioritet.
Når eg gjekk på ungdomsskulen, merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg gjekk på gymnaset oppdaga eg at det stemte med Paulus si lære og Heb.3-4. Eg byrja å gå på møte i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus talte til meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale, han sa at hans frelseverk var fullført og fullkome, så det var berre for meg å tru og ta imot og takke for det.
Når eg byrja å studere realfag, sa Jesus til meg at han var den som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den. Han har sett fram for meg ei open dør som ingen kan lukke og invitert meg inn. Ja, for hans frelseverk er fullført og fullkome, på det grunnlaget får eg komme inn. Det er også billetten til å verte med når han kjem for å hente si blodkjøpte brud. Ingen kan legge til noko eller ta noko ifrå, det einaste vi kan gjere er å ta imot i tru og så takke han for det. Han er fullkommen og den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome.
Så kva betyr det å vake? Ja, kva meiner vi med vekking? Jesus gir meg ånd og liv frå himmelen og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og Faderen og så trur eg og vonar eg at han gir meg ei kone ved at han gir henne også ånd og liv frå himmelen og vekker henne også opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Det er også poenget med hans kyrkje. Jesus har kalla Sions dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann. Dette er identiteten til den kristne kyrkja og det gjeld sjølvsagt jødane også.
Kristendom og realfag har resultert i at det har gått kraftig tilbake med dei gamle gudane. Då vert det viktig for oss å forstå korleis kristendom og realfag kan sameinast. Ved tru skjønar vi at universet har vorte skapt av Guds Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege (Heb.2). Derfor er naturen forståeleg. Så vi kan lære å forstå den med metodene i realfag. Men så fortel Bibelen også at Gud skaper noko nytt med sitt Ord. Det einaste vi kan gjere for å verte med på det, er å tru på Gud og hans Ord og ta imot av berre nåde.
Dette handlar om kristendomen og realfag i historisk-filosofisk samanheng. Rasjonalistane får med seg begge deler og det kan verke som at det gjer Immanuel Kant også, men det vil eg stille eit par spørsmål til, som eg sjølv vil svare på. Personleg var han ein pietistisk protestant, men empirismen og liberalismen fekk han til å konkludere med at kyrkja sin rasjonalitet ikkje eksisterte, underforstått den Katolske Kyrkja. Hans hovudverk er «Kritikk av den Reine Fornuft». Men så vert det sagt at han berga fornufta med filosofien sin.
Eg vil imidlertid påstå at Gud og hans Ord eksisterer, Kristus er Guds Messias, når hans blod reinsar oss og vi vert salva av den Heilage Ande, så vert vi reine i hjerte, sinn, hug og forstand, då skal vi stå oss godt mot kritikken av den reine fornuft. Vi har allereie teke imot det nye som Gud gir oss frå himmelen og vil gjerne ha meir av det.
Gud talte og det skjedde, slik er han logisk. Så såg han etter at det var godt, før han skapte noko meir. Slik er hans dialektikk.
Barnetrua og barnekåret sett i relasjon til platonismen og den nye naturvitskapen.
Platon hadde ei ide-lære, der han trudde på fullkomne idear og meinte at dei eksisterte, sjølv om dei ikkje var fysisk synlege, var det den eigentlege røyndomen. Han tenkte matematisk og tok døme frå matematikken, til dømes ein perfekt sirkel som døme på det fullkomne. Slik var også det godes ide fullkommen. Mennesket var opphavleg i ideverda og hadde innsikt i det fullkomne, men når kom til verda mista dei mykje av denne innsikta. Dette var årsaka til det vondes problem, i menneske og samfunn. Men dei kan gjenvinne mykje av den med lang opplæring og derfor skal ei lærd elite styre med diktatorisk makt. Likevel skulle dei gjennom ei praksis-periode, der dei skulle ut i samfunnet og lære av det dei opplevde og erfarte. Det dei lærde av erfaring skulle likevel ikkje viske ut innsikta i dei evige fullkomne ideane, for opplæringa skulle berre gi dei betre innsikt.
Kristus kom til vår jord og vart med sin forkynning av Guds rike eit treffande svar på platonismen. Han velsigna småborna og sa dei vaksne skulle komme til han med dei, for Guds rike høyrer slike til. Dei måtte verte som born, ja, fødast på nytt for å sjå det og komme inn i det. Den som gjer seg liten som eit barn er den største i Guds rike.
Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:
Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!
8 Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. 9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld.
10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn.
Jesus tok med seg disiplane sine ut i samfunnet, slik fekk dei også ei praksisperiode der dei lærde ved erfaring, til samanlikning med Platons dialektikk. Då fekk dei oppleve at Faderen var med dei og gjorde sitt verk, så det vonde måtte vike. Erfaringa var ikkje berre å sanse naturen og samfunnet, men at Gud var med dei og gjorde godt mot menneska, så det kom ei endring i den sansbare naturen og samfunnet. Gud gjorde sitt verk med sitt Ord og sin Ande og det verk han gjorde var godt. Og Jesus takka Faderen for det.
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Dersom Sokrates og Platon hadde opplevt dette, trur eg sikkert dei hadde takka Gud for det. Men kva med Aristoteles? Tja, i den Katolske Kyrkja vart dei visst nok kristna. Jøde først, så grekar, sa Paulus, vi må forstå det slik at kristendomen kom til jødane først, så til grekarane og så vidare til alle heidningar.
Det vondes problem var at synda skilde menneska frå Gud, men med eitt synde-offer tok Jesus den bort ein gong for alle. På det grunnlaget får vi komme inn i samfunnet med Gud, det er berre å ta imot i tru, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar.
Antikk filosofi i den Katolske Kyrkja. Universaliestriden.
Jøde først, så grekar, sa Paulus, evangeliet kom til jødane først, så til grekarane og andre heidningar. Men så kom gresk filosofi inn i kyrkja og kristendomen vart meir og meir fortrengd og menneska vart meir og meir trongsynte.
I 392 e.Kr. gjorde keisar Teodosius den Store kristendomen til statsreligion i Romarriket, det var ved ei syntese mellom kristendom og ny-platonisme ved «kyrkje-faderen» Augustin. Han godtok ei lære om at det var berre gjennom kyrkja folk kunne verte frelst. I følgje platonismen var det om å gjere å løyse eller takle det vondes problem ved å utdanne ei lærd elite som skulle styre. Det prega meir og meir den Katolske Kyrkja.
I middelalderen var der lenge ein strid om universelle idear (universalia) eksisterte eller om det berre var partikularia. Ein kunne peike på hesten «Blakken» og seie at den eksisterte, men eksisterte den universelle ideen «hest»? Dette er naturfag, men kjem vi over på moral- og politisk-filosofi kan vi spørje om rettferd eksisterer som universalie uavhengig av tingen (menneske og samfunn) eller berre i menneske og samfunn.
Dei som hevda at universalia er det verkelege (reale), vert kalla realistar eller begrepsrealistar. Dei som hevdar at universalia ikkje er noko verkeleg eksisterande, men berre namn, vert kalla nominalistar.
Platon hevda at ideane (universalia) har den høgste og mest eigentlege form for ekistens, dei eksisterer uavhengig av om menneske fattar det og om der er noko som avspeglar ideane. Dette ver kalla universalia ante res, universalia før tingen. Dette var platonsk realisme.
Aristoteles hevda at formene (universalia) eksisterte i dei einskilde tinga (partikularia). Via partikularia kan vi ved tankens hjelp erkjenne universalia, men dei eksisterer ikkje uavhengig av partikularia. Det finst ikkje eit universalie «rettferd» uavhengig av om der finst rettferdige menneske eller samfunn, det har ikkje sjølvstendig eksistens, men finst berre i menneske og samfunn. Dette vart kalla universalia in rebus, universalia i tingen. Så rettferda har ikkje sjølvstendig eksistens, men eksisterer berre i menneske og samfunn. Dette vert kalla ariostotelisk realisme.
Samanhengen mellom realisme og rasjonalisme er som følgjer; den som seier at det finst universalia (=realisme), vil også hevde at vi har evna til å erkjenne universalia (= rasjonalisme) – for korleis kunne han elles tale om universalia? Og den som seier at vi har evna til å erkjenne universalia ved rasjonell intuisjon (= rasjonalisme), vil hevde at universalia er verkelege (= realisme).
Nominalistane hevda at universalia var berre namn som vart set på noko som likna. Det vart kalla universalia post res, universalia etter tingen.
Samanhengen mellom nominalisme og empirisme er som følgjer; den som meiner at berre dei einskilde sansbare tinga eksisterer (nominalisme), må hevde at vi berre kan vite noko om sansbare ting (empirisme). Men dei som meiner vi berre kan vite noko om sansbare ting (empirisme), påstår ikkje dermed at det ikkje finst anna enn sansbare ting (=nominalisme);
Det vart etter kvart dei som meinte at universalia er før tingen, sett frå Guds synspunkt, dei er i tingen, sett frå tingen slik den faktisk er, dei er etter tingen, sett frå menneske sin synsstad. Thomas Aquinas (1225-1274) hadde eit slikt syn. Ved å bytte ut Aristoteles sitt «første prinsipp» med Gud, laga han ei syntese av kristendom og aristotelisme. Og det vart etter kvart den Katolske Kyrkja sin filosofi. Han vart kanonisert i 1323 og i 1879 vart filosofien hans anbefalt av den Katolske Kyrkja. Som katolisismens filosofi hadde Thomismen for femti år sidan ei utbreiing som berre kunne måle seg med marxismen.
Thomas Aquinas meinte der var ei overlapping mellom sansing/fornuft på den eine sida og openberring på den andre sida. Men dersom han hadde openberring, så måtte han vel innsjå at der var noko som var røyte gale med den Katolske Kyrkja. I alle fall dersom han hadde slik openberring som vi les om i Bibelen.
Frå den gamle til den nye pakt. Protestantisme; Skilje mellom kunnskap og tru. Ockham, Luther og Pascal.
I tidleg mellomalder rådde realismen grunnen, men i høgmellomalderen (1250) får vi ein moderat realisme ved Thomas Aquinas. I seinmellomalderen tek nominalismen overhand, som ved Vilhelm Ockham (og Luther). Dei konkluderte med at vi må skilje mellom tru og vitenskap/kunnskap. Men det er vel nokså likt det rasjonalistane sa om dualisme mellom ånd og materie, kropp og sjel, hjerte og forstand.
Ockham og Pascal.
Vilhelm Ockham og Martin Luther var to munkar som gjorde opprør mot den Katolske Kyrkja. Ockhams barberkniv er velkjent ved oppstilling og gjennomføring av eit eksperiment, det betyr å barbere vekk erfaringar som ikkje er vesentlege, for å finne og gjere den erfaringa som viser lovmessigheita i naturen. Det betyr å velje mellom både erfaring, tankar og idear. Men då treng vi å bruke forstanden, rasjonaliteten, for å gjere gode val. Dette høver med det matematikaren og rasjonalisten Blaise Pascal (1623 – 1662) sa om at trua på Gud er eit utgangspunkt vi har å tenke utifrå og at det også handlar om å gjere eit godt val, for å seie det kort, på min måte. Han talte også om hjertets logikk, det gjer eg også og eg hevdar eg opplever det. Sitat frå https://snl.no/Blaise_Pascal :
Ifølge Pascal er de høyeste sannheter ikke tilgjengelige for fornuften; de fattes umiddelbart av hjertet: la logique du cœur (hjertets logikk) er et uttrykk som senere har vært gjenstand for ulike tolkninger. De første prinsipper, som all vitenskap bygger på, erkjennes intuitivt. Intuisjon (l’esprit de finesse) er derfor vel så viktig for mennesket som dets analyserende, logisk diskursive evne (l’esprit de géométrie).
I sitt berømte veddemålsargument (Pascal’s wager eller Pascal’s gambit) anbefaler Pascal at man godtar Guds eksistens, selv om man ikke kan vite noe sikkert om dette: Hvis Gud eksisterer, vil dermed vår fremtidige salighet være sikret, for Gud har lovet de troende evig salighet, mens ingenting dermed vil være tapt hvis Gud ikke eksisterer.
Sitat frå https://snl.no/William_Ockham :
William Ockham var en engelsk filosof og teolog fra Ockham i Surrey. Han var fransiskanermunk og lærer i teologi i Oxford. I 1324 ble han anklaget for kjetteri og oppholdt seg i Avignon inntil den pavelige undersøkelseskommisjonen i 1328 anbefalte fordømmelse og ekskommunikasjon av ham. Han flyktet da til München, og søkte beskyttelse hos keiser Ludvig 4. Her ble han til sin død, og skrev en rekke avhandlinger som støttet Ludvig i hans kritikk av pavestolen i Avignon.Filosofi
Ockham videreførte den kritikken Johannes Duns Scotus hadde rettet mot Thomas Aquinas. Kritikken var særlig rettet mot forsøket på å bygge en bro mellom kristendommens trossannheter og den aristoteliske filosofien; Ockham hevdet at tro og viten måtte skilles skarpest mulig. Verken Guds eksistens eller vesen kan bevises eller forstås av fornuften. Fornuftens og troens områder er så forskjellige at de to stadig kommer i strid med hverandre. I en slik strid må troen alltid få prioritet, uansett hvor fornuftsstridig den synes å være.
I erkjennelsesteorien forfektet han en ekstrem empirisme, der all vår viten om skaperverket stammer fra sanseerfaringer av enkeltting. Dette markerte et brudd med en forestilling som hadde dominert siden antikken, nemlig at viten alltid er viten om noe allment. Ifølge Ockham er det selve vår viten, og ikke gjenstanden for viten, som er allmenn. Den allmenne formen til vår viten er å forstå som et resultat av abstraksjonsprosesser, og i universaliestriden inntok han følgelig et nominalistisk standpunkt. Ockham var også en meget betydelig logiker.
Ockhams barberkniv
Ockhams barberkniv er et metodologisk enkelhets- eller økonomiprinsipp som kan formuleres slik: Man bør ikke innføre flere begreper og størrelser enn nødvendig for den sak det gjelder.
Skjønt prinsippet er eldre enn William Ockham, tilskrives det ham fordi han gjorde så bevisst og systematisk bruk av det.
Martin Luther.
Martin Luther forkynte rettferd ved tru og trua kjem av forkynninga av evangeliet. I følge logikken (matematisk logikk, det vi brukar i realfag og moderne teknologi), treng vi eit utganspunkt å tenke utifrå, for å tenke logisk, same enten utgangspunktet er rett eller ikkje. Men søker vi sanning, må vi starte med eit utgangpunkt vi meiner er rett eller sant, same enten det er ved tru eller rasjonell intuisjon. Då har vi ein rasjonalitet. Martin Luther fann tilbake til rasjonaliteten i kristendomen og den eigentlege Kristne Kyrkja, ved at han fann den i Bibelen. Det var like vel ikkje så fort gjort, men i det minste starta han ein prosess med å finne den fram igjen. Då har vi universalia ante res, in rebus og post res, slik som Thomas Aquinas sa. Men dette femner om mykje meir enn aristotelisme. Så Aristoteles var altfor trongsynt altså?! Ikkje berre det, men det var noko han hadde teke heilt feil i. Det vart oppdaga seinare ved Galilei.
Men Martin Luther oppdaga og erkjente at metodene til den Katolske kyrkja ikkje stemte med metodene i kristendomen og så kom reformasjonen. Sitat frå https://snl.no/Martin_Luther :
Han sluttet seg til augustinereremittene – en av senmiddelalderens tiggerordener. Augustinerklosteret i Erfurt hadde også et nært samarbeid med universitetet i byen, og klosterledelsen bestemte at Luther skulle fortsette sine studier og konsentrere seg om teologi.
Luther tilbrakte nesten ti år i Erfurt og ble på flere måter preget av det kulturelle livet i byen. Universitetet i Erfurt var et sentralt miljø for senmiddelalderens skole-teologi, nærmere bestemt for den retningen som gjerne omtales som nominalisme (latin: via moderna). Nominalismen var en kritisk intellektuell tradisjon, og dette kom i teologisk sammenheng blant annet til uttrykk ved at man understreket den store avstanden mellom verden og Gud. Nominalistene avviste at man kan tenke Gud og religiøse sannheter i forlengelsen av verden og menneskelig fornuft. Her skilte via moderna seg fra den andre skolastiske retningen, nemlig realismen (latin: via antiqua).
Erfurt var også et sentralt miljø for tysk humanisme, som med inspirasjon fra italiensk humanisme søkte tilbake til antikkens kildetekster. Humanistene i Erfurt vendte seg tidlig på 1500-tallet mot de lærde skolastikerne ved universitetet. I tillegg var Erfurt byen der middelalderens berømte mystiker Mester Eckhart (cirka 1260–1327) hadde tilbrakt store deler av sitt liv som munk og klosterleder. Både nominalismen, humanismen og mystikken var med på å forme Luther i Erfurt-perioden og påvirket også hans teologi siden. Ikke minst de mystiske røttene for Luthers teologi har vært framhevet i forskningen de siste årene.
…..
Luthers kritikk av Romerkirken vokste gradvis fram i arbeidet med forelesningene. Noen viktige kritikkpunkter ble testet ut i tesene om avlaten som han offentliggjorde 31. oktober 1517 og som gjerne regnes som startskuddet for reformasjonen. Avlaten var et system for kjøp og salg av guddommelig tilgivelse. Mot betaling kunne man kjøpe avlat (tilgivelse) og få redusert plagene i skjærsilden. Bakgrunnen for avlaten var en forestilling om at den katolske kirken forvaltet en «overskytende skatt av gode gjerninger» – et overskudd av gode gjerninger – særlig fra helgenenes hellige liv. Disse gode gjerningene kunne gjøres om til en handelsvare og komme andre mindre hellige mennesker til gode.
I senere teserekker til disputasjonen i Heidelberg i 1518 og disputasjonen i Leipzig i 1519 ble Luthers kritikk skarpere og mer fundamental. Den rettet seg nå ikke lenger bare mot avlaten, men mot hele den romerske kirkens autoritetssystem. Også den katolske skole-teologien ble utsatt for kraftig kritikk.
Fra 1517 av ble Luthers kritikk også spredd offentlig på en måte verden tidligere aldri hadde opplevd. Boktrykkerkunsten ble tatt i bruk for å spre avlatstesene som plakater, og forleggere i en rekke byer oppdaget at det var penger å tjene på å trykke og selge Luthers tekster. Fra cirka 1520 var Luther blitt den mest berømte mannen i hele Europa, og de såkalte «reformatoriske hovedskriftene» som han utga dette året, ble trykt i svære opplag. Her fortsatte han sin kritikk av den romerske kirken, pave- og bispemakten, kirkens bibeltolkning og dens sakramentpraksis og appellerte til «den verdslige øvrighet» (først og fremst fyrstene) om hjelp for å redde kirken ut av dens «babylonske fangenskap» (lik israelittenes fangenskap under egypterne i Det gamle testamentet).
Luther forsøkte lenge å beskytte paven selv mot kritikken og holdt en dør åpen for at han i siste øyeblikk skulle kunne bidra til å løse den umulige situasjonen kirken var i. Våren 1521 var Luther derimot overbevist om at det ikke var håp om at paven ville komme kritikerne i møte. Tvert om mente han nå at paven var selve Antikrist, Satans utsending som ifølge Bibelen skulle komme i de siste tider for å ødelegge kirken innenfra. Luther mente at denne endetidskampen var i gang.
En viktig del av pavekirkens vranglære gjaldt etter Luthers syn klostrene. De fremmet først og fremst skinnhellighet, og de evige klosterløftene om lydighet, fattigdom og kyskhet hadde ifølge Luther ingen basis i Bibelen. Kritikken av klostervesenet fikk store sosiale konsekvenser, og om lag halvparten av alle klostre i Det tyske riket ble etter hvert oppløst. Et liv i kloster var i middelalderen gjerne ansett som et «kall» og ble regnet som særlig hellig. Dette avviste Luther: Guds kall til menneskene var først og fremst et kall til å gå inn i verden – skapt av Gud – og utføre alle former for nyttig arbeid der, og ikke et kall til å tre ut av verden og gjemme seg i et kloster.
Luther selv markerte bruddet med klosterløftene særlig tydelig da han i 1525 inngikk ekteskap med den tidligere nonnen Katarina av Bora (1499–1552). Dette var en hendelse som vakte stor oppsikt i samtiden og som ble kraftig kritisert fra katolsk side.
Så Luthers kritikk av katolisismen høver med profetien i
1.Tim.4,1 Anden seier med klåre ord at i dei siste tider skal somme falla frå trua. Dei skal halda seg til ånder som fører vilt, og til lærdomar som kjem frå vonde makter. 2 Dei vert narra av hyklarar som fer med lygn og er brennemerkte i sitt eige samvit. 3 Dei nektar folk å gifta seg og krev at ein skal halda seg frå visse slag mat, den som Gud har skapt til å verta motteken med takk av dei som trur og kjenner sanninga. 4 For alt det Gud har skapt, er godt, og ingen ting treng vrakast når det vert motteke med takk. 5 Det vert helga med Guds ord og bøn.
For protestantane var det viktig å lese i Bibelen for å finne ut kva kristendom eigentleg var for noko og derfor vart det også viktig at folk lærde seg å lese. Her var mykje symbolikk som måtte tolkast, så vi fekk ein renessanse for den tolkande metoda også; hermenevtikken. I det nye testamentet les vi at ved trua på Jesus får vi den Heilage Ande av berre nåde, gratis utan krav om lovgjerningar. Den openberrar sanninga i Guds Ord for oss, slik at vi erkjenner at Kristus er sanninga som set oss fri.
Dermed har vi ei metode som inneber openberring, så vi innser at Faderen og Sonen eksisterer.
Frå den gamle til den nye pakt.
I den gamle pakt kjende dei ikkje Gud og så viste det seg at dei ikkje trudde på han like vel. Slik vart det tydeleg vis med den Katolske Kyrkja også. Men Gud ville gjere ei ny pakt med folket sitt, der dei alle skulle kjenne han.
Jer.31,33 Nei, såleis er den pakta eg vil gjera
med Israels-folket i dagar som kjem,
lyder ordet frå Herren:
Eg vil leggja mi lov i hugen deira
og skriva henne i hjarta deira.
Eg vil vera deira Gud,
og dei skal vera mitt folk.
34 Då skal ingen lenger
læra sin neste og sin bror
og seia: «Kjenn Herren!»
For dei skal alle kjenna meg,
både små og store, seier Herren.
For eg vil tilgje deira misgjerning
og aldri meir koma deira synd i hug.
Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.
Joel 3,1 Ein gong skal det henda
at eg renner ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;
dei gamle mellom dykk skal ha draumar,
og dei unge skal sjå syner.
2 Jamvel over trælar og trælkvinner
vil eg renna ut min Ande i dei dagane.
Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen og så skal vi gå ut og bere frukt, frukt som varer. Då har vi universalia før tingen, i tingen og etter tingen, der tingen er menneskets kropp.
Då har vi ei psykofysisk dualisme, slik som Descartes meinte eller psykofysisk parallellisme slik som Leibnitz meinte.
Kva så med å sanse og granske denne verda? Vi kan granske ein stein og ein trekubbe, kanskje får vi ein ide om at vi kan lage noko av det, men vi lagar ikkje ein gud ut av det.
Den nye naturvitskapen, oppfylling av profetiar. Renessansen.
Renessansen var gjenoppdaging av antikk kultur og det vart viktig for utvikling av den nye naturvitskapen. Men det betydd også ei oppdaginga v at der var noko som var feil i antikk filosofi og mytologi. Dette har eg skrive om her:
På Aristoteles si tid meinte folk at verda var bygd opp av fire element, jord, vatn, luft og eld. Elementa søkte til sine naturlege stad i verda, det var den naturlege rørsla. Når du slepp ein stein, fell den mot jorda. Luft-bobler i vatn stig opp. Slik rørsle er rettlinja og endar med at tingen kjem til ro på sin naturlege stad. Det er logisk. I tillegg kjem tvungen rørsle, den trengst det ei kraft til. Større kraft gir større fart, konstant kraft gir konstant fart, når krafta sluttar å virke, stoppar gjenstanden.
Galilei Galilei (1564 – 1642) vert rekna for far til moderne vitskap, med sine eksperimentelle metoder. Men han kom på kant med den Katolske Kyrkja, til tross for at Galilei trudde på kristendomen. Den nye naturvitskapen vart så dramatisk at eg tenker på det som profetien om at kreftene i himmelrømda skal skiplast. Hellas var så pass langt bort frå Israel at vi kunne godt kalle det himmelrømda. Her byrja det med at læra om kreftene vart skipla. Seinare har vi med moderne naturvitskap vorte i stand til å nytte naturkreftene både til næringslivet og til å krige.
Matt.24,29 Så snart denne trengselstida er over, skal sola mørkjast og månen missa sitt ljos. Stjernene skal falla ned frå himmelen og kreftene i himmelrømda skakast.
Universaliestriden vart no avløyst av striden om kva som var den rette vitskaplege metode, der partikularia vart erstatta av empirisme og universalia vart erstatta av rasjonalitet. Det var lenge strid om metodene i den nye naturvitskapen var empirisme (erfaringsbasert) eller rasjonalisme (forstandbasert). Men både hypotese og teori var ei syntese av rasjonalitet (forstandig ide) og empiri (erfaring gjennom sansane). Hypotesa vert prøvd i eksperimentet, dersom der er eit tilfelle (eksperiment) der den ikkje passar, så vert den vraka. Elles vert den styrka inntil den vert godteken som teori. Konklusjonen vart at den var ei syntese av begge deler, den var hypotetisk deduktiv. Den var deduktiv ved at det vart tenkt logisk utifrå ein teori, ei hypotese. Vi kjem fram til eit resultat om kva som skal skje i eksperimentet. Så gjer vi eksperimentet og ser om det gjekk slik. I så fall vert hypotesa styrka, elles vert den vraka. Slik var metoda eksperimentell. Med rasjonaliteten vert ei hypotese formulert og så vert det testa med eksperiment om den logiske konsekvensen høver til å beskrive prosessen.
Kanskje kjem der nye eksperiment som avsannar teorien eller som gjer at området der den er gyldig vert avgrensa. Men det betyr likevel ikkje at rasjonaliteten vert avsann, det kan til dømes vere berre å gå til matematikken og finn ein ny formel.
Naturen ligg i såkornet. Det vert brukt symbolsk om den nye naturen. Kva med genetikken?
No veit vi at naturen til hesten «Blakken» ligg i genane. Kva då med universaliet «hest». Dei har liknande eigenskapar og slik er det med genane også og slik kan det definerast vitskapleg utifrå genane. Alt fleircella liv starta med ei befrukta eggcelle, der låg naturen i genane. Slik også når eit korn vert sått og det veks opp til ein plante. Dette finn vi også i Bibelen og det vert brukt symbolsk. Guds Ord er som såkorn som vert sått i våre hjarte og i verda, då er det om å gjere at det får gode veksttilhøve. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile. Då blir vi som såkorn som vert sått i verda.
Joh.12,23 Jesus svara: «Timen er komen då Menneskesonen skal herleggjerast. 24 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.
Når kveitekornet spirer og veks opp til ein plante, er naturen til planten bestemt av naturen til kornet. I akset er det nye korn, som vert befrukta, så dei får ein litt annan natur. Dette vert det ikkje gjort noko vesen av her, poenget er at kornet vert sått og så veks de topp ein plante med aks med mange korn.
1.Kor.15, 35 Men no kunne einkvan seia: «Korleis står dei døde opp; kva slag lekam har dei?» 36 Du uvituge menneske! Det du sår, vert ikkje til nytt liv utan at det døyr. 37 Og det du sår, er ikkje det akset som veks opp, men eit nake korn, anten det er av kveite eller av anna såkorn. 38 Men Gud lèt det få den skapnad som han har vilja, kvart slag korn sin eigen skapnad. 39 Ikkje alt kjøt er av same slag. Det er eitt slag kjøt i menneske, eitt i fe, eitt i fugl, eitt i fisk. 40 Og det finst himmelske lekamar og jordiske lekamar; ein glans har dei himmelske, ein annan dei jordiske. 41 Ein glans har sola, ein annan har månen, og ein annan stjernene. Den eine stjerna lyser med klårare glans enn den andre.
42 Såleis er det òg med oppstoda frå dei døde. Det som vert sått, er forgjengeleg. Men det som står opp, er uforgjengeleg. 43 Det vert sått i vanære, det står opp i herlegdom. Det vert sått i vanmakt, det står opp i kraft. 44 Det vert sått ein lekam som hadde sjel; det står opp ein åndeleg lekam. Så visst som det finst ein lekam med sjel, finst det òg ein åndeleg lekam. 45 Såleis står det skrive: Det fyrste mennesket, Adam, vart til ei levande sjel. Den siste Adam vart ei ånd som gjev liv. 46 Det åndelege var ikkje det fyrste, men det sjelelege. Så kom det åndelege. 47 Det fyrste mennesket var frå jorda og skapt av jord; det andre mennesket er frå himmelen. 48 Slik som det jordiske mennesket var, så er òg dei jordiske, og slik som den himmelske er, så skal òg dei himmelske vera. 49 Og liksom vi har bore biletet av den jordiske, så skal vi òg bera biletet av den himmelske. 50 Men det seier eg, brør: Kjøt og blod kan ikkje arva Guds rike, og forgjengelegdom skal ikkje arva uforgjengelegdom.
51 Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna av, men vi skal alle verta omskapte, 52 i hast, i ein augneblink, når den siste luren ljomar. For luren skal ljoma, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal verta omskapte. 53 For dette forgjengelege må verta ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege ikledt udøyelegdom. 54 Men når dette forgjengelege er ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege er ikledt udøyelegdom, då vert det ordet oppfylt som står skrive: Døden er gløypt og sigeren vunnen. 55 Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger? 56 Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova. 57 Men Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus! 58 Difor, mine kjære brør, ver støe og urikkande; gjer alltid framsteg i arbeidet for Herren! For de veit at arbeidet dykkar i Herren ikkje er fåfengt.
Som sagt er det først når kornet vert befrukta at der kjem ein ny natur. Men her er poenget at når kornet vert sått, kjem det ein ny plante, den gamle planten med sine aks og korn var forgjengeleg, men den nye planten er uforgjengeleg. Vi kan godt forstå det slik at kornet vart befrukta av Guds Ord og Guds Ande, før det fall til jorda og døydde. Derfor vert vi ved oppstoda omskapte.
Elin Therese Slotten kom med ein profeti der ordet DNA vart brukt. Det er ein. Sensasjon og det er svært så interessant. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/03/01/3-2-2024-det-eg-har-for-deg-er-det-du-lengtar-etter-i-djupet-av-ditt-hjarte-det-er-skrive-i-ditt-dna-det-eg-har-for-deg-er-heilt-unikt-og-ingen-kan-erstatte-deg-profetisk-bodskap-ved-elin-therese-s/ :
Ho fekk dette bibelverset:
Sak.4,6 b Ikkje med makt og ikkje med kraft,
men med min Ande,
seier Herren, Allhærs Gud.
Og så denne bodskapen:
«Lenge nok har de brukt menneskeleg styrke og kraft, men eg er ein nidkjær Gud. Eg ser ikkje etter menneska sine raske føter og styrke. Men etter dei som fryktar meg. Eg ser ikkje etter dei som vil få seg eit namn, men etter dei som lengtar etter å vere i mine føregardar. Dei som elskar meg framfor alt. Dei som søker mitt rike og ikkje sitt eige rike. Dei som vil sjå min herlegdom og ære, men ikkje sin eigen. Eg kan gjere kva som helst gjennom kven som helst og eg kan ikkje avgrensast. Eg brukar det som ingen ting er, for å gjere de vise til skamme. Lenge nok har du trutt eg ikkje kan bruke deg, lenge nok har du peika på det eine problemet etter det andre. Eg vel ikkje dei kvalifiserte, men eg kvalifiserer dei utvalde. Eg ynskjer å bruke deg, mitt barn. Eg ynskjer fellesskap med deg. Eg lengtar etter tid med deg. Eg ynskjer å openberre kva eg har for deg og kvifor eg skapte deg. Eg ynskjer å forme deg lik meg. Eg ynskjer å leve nær til deg. Du kan få så mykje av meg, som du sjølv ynskjer. Du kan vere så nær meg, som du sjølv ynskjer. Det er ikkje noko hinder. Du er god nok for meg, akkurat sånn som du er. Du er elska og akseptert av meg. Eg ynskjer å bruke deg til ting du aldrig hadde trutt var mogleg. Ditt kall er så stort at du vil aldri klare å gjere det med menneskeleg styrke, intelligens eller kraft. Berre med min Ande, seier Herren, i fellesskap med meg. Du er skapt for ein større hensikt. Det eg har for deg er det du lengtar etter i djupet av ditt hjarte. Det er skrive i ditt DNA. Det eg har for deg er heilt unikt og ingen kan erstatte deg. Det eg har for deg er viktig. Det eg har for ditt liv er det du vil elske. Ikkje alle har eit kall som Reinert Bonke. Men alle har ei viktig rolle på min kropp. Dersom du berre visste kva eg har for deg, mitt barn, ville du aldrig ønskt å bli nokon andre igjen. Då ville du aldri vorte sjalu på andre sitt kall, gave eller velsigningar og gode andre har. Dersom du berre ville søke meg og sjå til meg for ditt liv og ikkje det jordiske. Du er dyrebar, viktig og spesiell for meg. Og ingen kan erstatte deg i mitt hjerte. Du har mi fulle merksemd og eg høyrer deg, mitt barn.
Eg får komme til Jesus akkurat slik som eg er, det han har for meg er det som eg lengtar etter i djupet av mitt hjarte, det står skrive i mitt eige DNA. Kva er vel meir naturleg enn det? Den Heilage Ande openberrar Ordet for meg, så eg innser at Jesus er Sanninga som set meg fri. Derfor er det også viktig for meg å kjennast ved han, for både Gud og menneske. Ved å sjå på han, får eg den rette innsikta, slik får eg også den rett sjølvforståinga.
Men var det ikkje så at den gamle naturen måtte døy då? Og den eldste naturen ligg vel i genane?! Nei! Det høver ikkje med at Jesus velsigna småborna og sa at Guds rike høyrer slike til, vi må vende om og verte som småborn, ja, fødast på nytt av vatn og Ande for å sjå det og komme inn i det. Det som er født av Anden er ånd, så då er det noko nytt som er kome til, dersom vi er i Anden er vi ikkje i den gamle syndige naturen. Eg tenker meg at sjela er i Anden og den er i kroppen.
Det er ein missforståing av Paulus si lære. Legg merke til at han brukar ordet naturen på to måtar, i den eine samanhengen har den feil, i den andre har den rett. Ved syndefallet vart menneska dåra og forførde, så dei mista mykje av den åndelege og forstandige innsikta. Då miste dei også mykje av si sjølvforståing. Slik fekk dei ein vond natur. Dette liknar platonismen, men merk også skilnaden. Den liknar ormens natur, derfor er det rett å kalle det for den gamle, vonde naturen, men først og fremst fordi Kristus er den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.
Kva så med kyrkja si arvesyndslære? Den påstår vel at synda ligg i genane, som om feilen er i genane altså. Paulus sa då at synda trengde seg gjennom frå den fyrste Adam til alle menneske. Men det var ved at dei alle synda på same måte som Adam. Det er eit sterkt argument for at feilen ligg i genane, men Jesus sa til han at hans nåde var nok for han, for hans kraft vert fullenda i vanmakt. Det er sjølve poenget vi vil fram til, at vi får oppleve Guds kraft i våre liv, at han gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ande. Kven veit vel kav som bor i eit menneske om ikkje Anden som er i mennesket? Så veit heller ingen kva som bor i Gud, utan Guds Ande.
1.Kor.2,5 For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft.
6 Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. 7 Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen. 8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre. 9 Men det står skrive:
Det auga ikkje såg,
det øyra ikkje høyrde,
det som ikkje kom opp
i nokon mennesketanke,
alt det Gud har gjort ferdig
for dei som elskar han,
10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss. 13 Og dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord.
Vi har fått den sjølvforståinga at vår mest fundamentale lengselen vår er tørsten etter det levande vatnet, vi får det gratis, så då auser vi med glede or frelseskjelda.
Jes.12, 2 Sjå, Gud er mi frelse,
eg er trygg og ottast ikkje.
For Herren er mi kraft og min styrke,
og han har vorte mi berging.
3 Med fagnad skal de ausa vatn
or frelseskjeldene.
S.Ordt.4, 23 Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,
for livet går ut frå det.
S.Ordt.5,15 Drikk or din eigen brunn,
rennande vatn or di eiga kjelde!
16 Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,
bekkene dine strøyma på torg og plassar!
17 Du skal ha dei heilt for deg sjølv
og ikkje dela dei med andre.
18 Då skal kjelda di vera velsigna.
Gled deg over din ungdoms kone,
19 den elskelege hind, den yndefulle gasell!
Fryd deg støtt ved hennar barm,
lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!
Joh.Op.22,16 Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.» 17 Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.
På mitt første møte i Maranata, sa Jesus at han vil stige ned og befrukte min kjærleik frå han. Det han elles sa er også svært så relevant i denne samanhengen. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2009-05-10-m-finn-vegen-til-a-skode-jesus-i-hans-herlegdom/ :
Tyding av tungetale, (ved Roar Grande)Mp3-opptak:
«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren, sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk kvar som helst og når som helst. Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din kjærleik frå meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»

