Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!
12 Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.
13 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
Antikrists alternativ; fornying av Dyret og den Falske Profet.
Jesus vil vi skal vekse opp til han som er hovudet for kroppen som er hans kyrkje.
Han vil fornye meg og si kyrkje https://blessings-from-heaven.com/2016/07/31/2015-03-29-m-livet-vekkinga-og-fornyinga/ .
Antikrist har eit alternativ, fornying av Dyret og den Falske Profet.
Mørkets rike.
På mitt første møte i Maranata (10.5.2009) talte Jesus til oss om noko som vert godkjend i denne tida og som er mørkets rike. Men dei som reiser seg frå det og går over i hans rike og innvier seg for han, får sjå kongen i hans herlegdom, om så det er berre nokre få, så er det nok for han til å gjere storverk.
Eg trur det har med metode å gjere, at dei på Humaniora (Historisk-Filosofisk) og Samfunnsfag ved Universitetet i Oslo har teke i bruk metode som ikkje er vitskaplege og likevel framstiller det som vitskap. Det er som når ei fjør blir til fem høner, det er dikting som vert til avgudar og religion. Ryktet går frå eine sladrekjerringa til den andre inntil ei av dei kjem og lyg deg rett opp trynet om korleis du er og kva du meiner og har sagt. Snakk om Bygdedyret, men by-Dyret kallar det vitskap.
Lygn og baktale er metodene til justismord, trikset for å komme unna med det er å skulde på andre. Det var vel nettopp slik Dyret fekk ulivssåret sitt lækt (Op.13). Legg merke til korleis dei no talar om inkvisisjonen, som om dette var kristendom, for å skulde det på dei kristne. Slik prøver dei å få kristendomsforfølginga til å gjenta seg. I mange diktatur har nok det allereie vore resultatet. Leigekaren ser at ulven kjem og rømer. Men den Gode Hyrdingen sette livet til for sauene, han samlar dei og vi skal følgje han. Han er komen for at vi skal ha liv og overflod av liv.
Den arabiske våren og norsk «godheitstyranni»; Libyakrigen.
I byrjinga av 2011 var den arabiske våren i full blomstring, med demonstrasjonar for å få demokrati og korleis gjekk det?
Sitat frå https://snl.no/Krigen_i_Libya_2011 :
Opprøret mot regimet til Muammar al-Gaddafi i Libya brøt ut i februar 2011. Det sammenfalt med tilsvarende revolter blant annet i nabolandene Tunisia og Egypt vinteren 2011, med krav om regimeskifte og demokrati. Opprøret i Libya føyde seg slik inn i serien av oppstander som utgjorde Den arabiske våren.
Opprøret, som snart utviklet seg til krig, ble drevet fram av både indre og ytre aktører, og i større grad enn i andre land, med unntak av Syria, av utenlandsk innblanding. Opprøret – og den flernasjonale militære intervensjonen – førte til regimeskifte, og at Libya langt på vei gikk i oppløsning.
Først vart det borgarkrig og så vart det full krig ved at NATO hjelpte opprørarane. Mange har kritisert denne krigen, korleis gjekk det med den arabiske våren? Som om der ikkje kom nokon sommar, men vinteren tok over. Regima som kom sidan vart mindre tolerante, spesielt i Libya og Egypt. Under Gaddafi vart Libya var det mest velståande landet i Afrika, men vart bomba til ruinar.
Eg engasjerte meg ikkje særleg i det og gjer det framleis ikkje, men eg har høyrt litt på andre sine vurderingar. Det som blir viktig for oss er kva rolle Krf spelte her, sidan mange i kristne kyrkjelydar hevdar dei fører vår politikk.
Historikaren Terje Tvedt kritiserte «norsk godheitstyrani» med Libya-krigen som eit graverande døm. Sitat frå https://steigan.no/2016/03/terje-tvedt-derfor-truer-godhetstyranniet-demokratiet-selv/ :
Terje Tvedt: – Derfor truer godhetstyranniet demokratiet selv
Begrepet godhetstyranniet har hjemsøkt norsk politisk debatt en stund, særlig etter at Sylvi Listhaug brukte det i innvandringsdebtatten.
Men det var ikke hun som skapte begrepet. Det var professor Terje Tvedt, og han skriver i en kronikk i Aftenposten om hvorfor begrepet er viktig og hvorfor den politiske eliten er så rasende på det.
Begrepet ble først brukt i en studie av maktformer innenfor norsk bistands- og fredspolitikk. I Utviklingshjelp, utenrikspolitikk og makt, utgitt av Makt- og demokratiutredningen i 2003, introduserte jeg to begreper som henger sammen: Det nasjonale godhetsregimet og godhetstyranni.
Jeg hadde over mange år dokumentert hvordan erfaringsbasert kunnskap gang på gang innenfor bistandssystemet ble ignorert. Den grunnleggende årsaken til dette var makten til et moraliserende dogme:
Bistanden var god og bistandsarbeideren drev med gode ting. Kritiske analyser av dens praksis måtte derfor fordømmes, i siste instans, fordi det kunne føre til at liv gikk tapt.
Hva som til enhver tid ble definert som den udiskutabelt «Gode handling» innenfor bistanden endret seg imidlertid radikalt hele tiden, nesten med lovmessig regularitet, fra det ene tiåret til det andre.
…….
Den såkalte stortingsdebatten som fulgte etter at Jens Stoltenberg de facto hadde erklært Libya krig demonstrerer dette til alt overmål. De var så gode alle sammen, Martin Kolberg (A), Karin S. Woldseth (FrP), Erna Solberg (H), Bård Vegar Solhjell (SV), Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Dagrun Eriksen (KrF). Sistnevnte begrunnet sin støtte til bombinga slik:
Den arabiske verden trenger nå en reformasjon der man ikke bare skifter ut tyranni med folkestyre, men der man også skifter ut vilkårlig maktmisbruk med respekt for menneskerettigheter, skifter ut kvinneundertrykkelse med likeverd og likestilling, skifter ut fordommer med utdanning, skifter ut korrupsjon med en rettsstat.
Kristelig folkeparti gikk altså i krig for kvinnefrigjøring, likeverd og likestilling.
Og ingen av de andre debattantene og absolutt ingen i de norske mediene pekte på det absurde i å begrunne krig med godhet. Hvis du først har erobret godhetstronen, så hersker du over debatten. De som kritiserer deg eller ditt standpunkt beviser jo dermed at de er onde. Terje Tvedt skriver:
Godhetstyranniet er en ny form for maktutøvelse, og grunnen til at det så ofte påvirker debattklimaet nå avspeiler både dype historiske prosesser i forholdet mellom sekularisme og lutheranisme, trekk ved det postmoderne samfunnet generelt og spesielt den nye meningsbærende elitens sosiale bakgrunn.
Denne nye elitens samtidsimperialisme overfor fortiden innebærer at alle som har kjempet for sosiale og politiske fremskritt, arbeiderbevegelsen og solidaritetsbevegelsen, blir modellert og omformet til et speilbilde av deres egen banaliserende moralisering.
Nå har det jo vist seg at Norges krig mot Libya var katastrofal, den ødela et av Afrikas mer velfungerende land og la det i hendene på jihadistiske militser, og hele krigen må sies å ha vært en forbrytelse mot menneskeheten. Men den ble ikke diskutert i Norge, fordi godhetstyrannene klarte å selge den som en barmhjertighetshandling.
Bedre er det ikke i Syria. Der har Norge vært en aktiv deltaker i den krigen som har drevet 12 millioner mennesker på flukt og lagt millionbyer i grus, og det uten at det har vært noen protester å snakke om. Og igjen er det godhetstyranniet som har gått imperialismens og krigens ærend. Er det ikke på tide å lære?
Jesu kalla «Sions Dotter» til å frigjere seg. Gjorde ho det?
Det synest som omgrepet «godheits-tyrannar» høver godt med geitene i likninga i Matt.25,31-46. Var det nokon som tenkte på korleis «Jesu minste små» hadde det i Libya før krigen eller som bryr seg om korleis det gjekk med dei etterpå? Der var sikkert samfunnsengasjerte og politisk engasjerte menneske på møtet i dFEF M40, Oslo, 12.2.2012, der var ei gruppe med bokbord, det var kanskje «Norge i Dag». Men kor mange oppfatta og brydde seg om siste bodskapen, eg tek med eit utklipp:
«Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida.»
Luft og vatn er det mest fundamentale vi har å leve av og det er gratis. Slik er det også med den frigjerande bodskapen i evangeliet, vi får livets vatn av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Men Krf med Dagrun Eriksen i spissen har forkynt eit anna evangelium som erstatning for evangeliet om Kristus, ein ny Antikrist med ei ny endeleg openberring altså.
Gal.1,6 Det undrar meg at de så snøgt har vendt dykk bort frå han som kalla dykk ved Kristi nåde, og har gått over til eit anna evangelium. 7 Men det finst ikkje noko anna evangelium; det er berre nokre som forvirrar dykk og vil forvrengja Kristi evangelium. 8 Men om vi sjølve, ja, om ein engel frå himmelen skulle forkynna dykk eit anna evangelium enn det vi har forkynt, så skal han vera forbanna! 9 Vi har sagt det før, og eg seier det på nytt: Om nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de har motteke, skal han vera forbanna!
I denne bodskapen kalla Jesus til Sions dotter til å frigjere seg, som om ho framleis var fanga i Babylonia. Og kvifor kom ho dit? Mor Israel var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Han stelte vel med henne, men ho skjøna det, så ho æra og takka han ikkje for det. Ho hadde ikkje omsorg for ektemann og born, men vart ei hore. Derfor tok han bort omsorga for henne. Derfor vart landet hærteke og folket bortført.
Som mora, så dottera, sa han til Jerusalem (Esekiel.16,2&44). Hoseas profeterte også om dette og at dei skulle få komme attende til landet sitt og då ville han ta henne i nåde og ta henne til ekte igjen. I Malaki.2 ser det ut til at ho hadde lært.
Men i denne bodskapen kallar Herren Sions dotter til å frigjere seg, som om ho framleis er i trældomen i Babylonia. Og så lærar han henne å ha omsorg for sine næraste, ektemann og born og vise interesse for folk i nabolaget, med tanke på at dei skulle verte frelst.
Kva var Krf sitt motiv med i Libya-krigen? Den var motivert av kvinna sin seksualitet til samanlikning med «Mor Israel» når ho dreiv hor med gudane til folka rundt henne. I seksuell frustrasjon vart det også til aggresjon. Kvifor? På grunn av hennar hyklarskap, at ho meinte ho var for fin til å komme til Kristus og ære og takke han som sin frelsar og Herre og komme til han med sine behov og be for sine næraste og for folket i nabolaget. Ho var så høg på pæra at ho ville drive politikk i staden for å ta seg av den viktige sosiale funksjonen Jesus hadde til henne i lokalmiljøet.
Det er mange predikantar som klagar over synd og umoral i samfunnet, men ei vesentleg årsak er den øydande styggedomen som står på heilag grunn, som til dømes at Krf sin politikk er religiøsitet som er avspora seksualitet.
Gud gjer noko nytt, men den etablerte «lærde» elite prøvde å hindre folk i å komme inn i det nye.
Profetane profeterte om at Gud ville gjere noko nytt, som ein renning frå Isai-stuven (Jes.11). Men den etablerte «lærde» elite var fornøgde med det gamle og avviste det nye, så dei endåtil prøvde å stenge himmelriket for folk.
Matt.23, Jesus åtvarar mot dei skriftlærde og farisearane
1 Sidan tala Jesus til folket og til læresveinane sine og sa:
2 «På Mose stol sit dei skriftlærde og farisearane. 3 Alt det dei seier til dykk, skal de gjera og halda; men etter gjerningane deira skal de ikkje retta dykk. For dei seier eitt og gjer noko anna. 4 Dei bind tunge bører og legg på akslene åt folk, men sjølve vil dei ikkje røra dei med ein finger. 5 Alle sine gjerningar gjer dei så folk skal sjå det. Dei gjer sine bønereimar breie og sine minneduskar store; 6 dei elskar å ha heidersplassane i gjestebod og sitja fremst i synagogene, 7 og vil gjerne at folk skal helsa dei på torget og kalla dei rabbi.
8 Men de skal ikkje la nokon kalla dykk rabbi; for det er éin som er læraren dykkar, og de er alle sysken. 9 Og kalla ikkje nokon her på jorda far; for de har berre éin Far, han som er i himmelen. 10 Lat heller ikkje nokon kalla dykk rettleiarar; for de har éin rettleiar: Kristus. 11 Den største av dykk skal tena dei andre. 12 Den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.
Ve-rop over dei skriftlærde og farisearane
13 Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De stengjer himmelriket for folk. Sjølve går de ikkje inn, og dei som vil gå inn, hindrar de.
14 Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De slår til dykk husa åt enkjer og held lange bøner for syn skuld. Difor skal de få så mykje hardare dom.
15 Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De dreg land og strand for å vinna ein einaste tilhengjar, og når det har lukkast, gjer de han til ein som fortener helvete dobbelt så mykje som de sjølve.
Jfr. Mika.2.
Minnet og arvesynda. Openberringa og genetikken.
«Mor Israel» var Guds kone, men så hugsa ho at når ho var i Egypt, så var der mannfolk som kjende på henne (Esekiel.23) og byrja å tenke slik, så ho byrja å drive hor med gudane til folka rundt henne. Her ser vi kva betydning erfaring i det materielle miljø kan ha og spesielt minnet om det. Det var vel slik syndefallet trengde seg gjennom til alle menneske og det har kyrkja kalla arvesyndslæra (Rom.5,18). I siste bodskapen 12.2.2012 talte Jesus til Sions Dotter som om ho framleis var fanga i trældomen i Babylonia og sa at ho skulle frigjere seg. Han ville vende hennar ansikt mot framtida, ho skulle berre lengte etter hans om gir liv. Som ei ung kvinne som er forelska i sin brudgom altså (Hoseas.2 & 2.Kor.11,2-3.). Korleis kan vi sjå inn i framtida? Ved at Gud openberrar sitt Ord for oss ved sin Ande.
Mange meinar at slik openberring er uvitskapleg, men Kristus er Sanninga i Guds Ord, som set oss fri og det er visdom frå Gud. Om dei vil erstatte den med noko anna, så er det Lygn og dårskap og det er ikkje realfag.
Elin Therese Slotten kom med ein profeti der ordet DNA vart brukt og det på ein heilt annan måte enn å påstå at arvesynda låg i genane, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/03/01/3-2-2024-det-eg-har-for-deg-er-det-du-lengtar-etter-i-djupet-av-ditt-hjarte-det-er-skrive-i-ditt-dna-det-eg-har-for-deg-er-heilt-unikt-og-ingen-kan-erstatte-deg-profetisk-bodskap-ved-elin-therese-s/ :
Sak.4,6b Ho fekk dette bibelverset:
Ikkje med makt og ikkje med kraft,
men med min Ande,
seier Herren, Allhærs Gud.
Og så denne bodskapen:
«Lenge nok har de brukt menneskeleg styrke og kraft, men eg er ein nidkjær Gud. Eg ser ikkje etter menneska sine raske føter og styrke. Men etter dei som fryktar meg. Eg ser ikkje etter dei som vil få seg eit namn, men etter dei som lengtar etter å vere i mine føregardar. Dei som elskar meg framfor alt. Dei som søker mitt rike og ikkje sitt eige rike. Dei som vil sjå min herlegdom og ære, men ikkje sin eigen. Eg kan gjere kva som helst gjennom kven som helst og eg kan ikkje avgrensast. Eg brukar det som ingen ting er, for å gjere de vise til skamme. Lenge nok har du trutt eg ikkje kan bruke deg, lenge nok har du peika på det eine problemet etter det andre. Eg vel ikkje dei kvalifiserte, men eg kvalifiserer dei utvalde. Eg ynskjer å bruke deg, mitt barn. Eg ynskjer fellesskap med deg. Eg lengtar etter tid med deg. Eg ynskjer å openberre kva eg har for deg og kvifor eg skapte deg. Eg ynskjer å forme deg lik meg. Eg ynskjer å leve nær til deg. Du kan få så mykje av meg, som du sjølv ynskjer. Du kan vere så nær meg, som du sjølv ynskjer. Det er ikkje noko hinder. Du er god nok for meg, akkurat sånn som du er. Du er elska og akseptert av meg. Eg ynskjer å bruke deg til ting du aldrig hadde trutt var mogleg. Ditt kall er så stort at du vil aldri klare å gjere det med menneskeleg styrke, intelligens eller kraft. Berre med min Ande, seier Herren, i fellesskap med meg. Du er skapt for ein større hensikt. Det eg har for deg er det du lengtar etter i djupet av ditt hjarte. Det er skrive i ditt DNA. Det eg har for deg er heilt unikt og ingen kan erstatte deg. Det eg har for deg er viktig. Det eg har for ditt liv er det du vil elske. Ikkje alle har eit kall som Reinert Bonke. Men alle har ei viktig rolle på min kropp. Dersom du berre visste kva eg har for degt, mitt barn, ville du aldrig ønskt å blir nokon andre igjen. Då ville du aldri vorte sjalu på andre sitt kall, gave eller velsigningar og gode andre har. Dersom du berre ville søke meg og sjå til meg for ditt liv og ikkje det jordiske. Du er dyrebar, viktig og spesiell for meg. Og ingen kan erstatte deg i mitt hjerte. Du har mi fulle merksemd og eg høyrer deg, mitt barn.
Jesus vil gjere storverk med mi presteteneste.
Jesus gjekk inn i den himmelske heilagdomen med sitt eige blod og bana vegen for oss, så vi kan komme etter og stige fram for nådens trone. Slik har vi all fått ei presteteneste og det er om å gjere at vi nyttar den til vårt eige beste, dernest til det beste for våre næraste. Vi får den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar.
Heb.9,11 Men Kristus er komen som øvsteprest for dei frelsesgode som vi no har. Han har gått gjennom det teltet som er større og meir fullkome, og som ikkje er laga av menneskehand, det vil seia: som ikkje høyrer denne skapte verda til. 12 Ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod gjekk han inn i heilagdomen éin gong for alle. Og såleis vann han ei evig utløysing.
Når Guds Ord ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4). Ei syntese altså?! Ikkje på same måten, ikkje som Hegels dialektikk i alle fall, med ei gjensidig omforming av Herre og knekt. For Gud er fullkommen, Kristus er fullkommen og hans frelseverk er fullkome, menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Det livet og den Anden som Jesu gir oss frå himmelen er fullkomme, det er berre å ta imot i tru og takke for det. Då har eg også noko å gi vidare til andre menneske.
Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.
Den er også at eg skal bere fram kroppen som eit levande, heilagt offer til velbehag for Gud, så eg skal kunne få greie på kva som er Guds vilje.
Rom.12, Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.
3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre. 6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal nytta henne i samsvar med trua;7 den som har diakonteneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa, 8 og den som rettleier, skal ta seg av rettleiinga; den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarta. Den som er forstandar, skal vera det med iver, og den som gjer miskunn, skal gjera det med glede.
9 Lat kjærleiken vera ekte, sky det vonde og hald dykk til det gode.
I det eg ber fram kroppen som eit levande offer, ventar eg at Gud gir meg ei kone i samsvar med sitt eige Ord, både i skapingssoga (1.Mos.2), korleis Jesus forkynte det og korleis Paulus forkynte det, på grunnlag av både skapingssoga og evangeliet. Sidan eg var ein liten gutunge har eg bedt Jesu gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og han har sagt eg skal komme til han med den saka, vi må verte som born for å komme inn i Guds rike, eg skal gi meg heilt til han. Det er no tydeleg at eg har fått motstand ved at ein annan gjer krav på henne, på grunnlag av det fundamentale klagemålet mot mennesket, Djevelens klagemål mot mennesket. Slik har også Kristus og den kristne og karismatiske vekkinga fått motstand. Dei har gjort krav på henne for å ta seg av henne i staden. Ved at ein annan mann skulle få henne som kjæraste og kone i staden. Og det har dei gjort politikk og religion ut av. Det var då som den Store Skjøkje. Ho vert forførd slik at andre frå sin vilje med henne i staden, styresmakter som vert gudar for menneska i staden for den sanne og levande Gud. Først vart kvinna forførd, så lokka ho med seg mannen. Med politikken sin vil dei prøve å få sin vilje med mannen også, så det kan minne om Sodoma.
1.Mos.1,9 Dei to englane kom til Sodoma om kvelden, medan Lot sat i byporten. Då Lot fekk sjå dei, reiste han seg og gjekk imot dei, bøygde seg til jorda 2 og sa: «Gode herrar, ver med tenaren dykkar heim, gjev dykk til der i natt og vaska føtene! Så kan de stå tidleg opp i morgon og ta i veg att.» Dei svara: «Nei, vi vil vera ute på torget i natt.» 3 Men han nøydde dei så hardt at dei vart med han. Og då dei kom inn i huset, laga han til eit måltid for dei. Han baka usyrt brød, og dei åt.
4 Men før dei hadde lagt seg, kom folket i byen, mennene i Sodoma, unge og gamle, kvar einaste mann, og slo ring om huset. 5 Dei ropa på Lot og sa til han: «Kvar er dei mennene som kom til deg i natt? Lat dei koma ut til oss, så vi kan få vår vilje med dei!»
6 Då gjekk Lot ut i døra til dei, stengde henne etter seg 7 og sa: «Kjære brør, gjer ikkje slik ei ugjerning!
Då kjem vel Gud Ord i konflikt med Dyret og den Falske Profet, slik vi ser i Op.19,11-21). Bra, for når eg var ein liten gutunge, vart eg også opplærd til å be Fadervår.
I Op.11 vert Jerusalem kalla Sodoma og Egypt, Egypt minner om avgudsdyrking som resulterer i avspora seksualitet (Rom.1), slik som til dømes i Sodoma. Det gir oss eit hint om at det var slikke maktinteresse som resulterte i drapet på dei to tempelvitna. Det vart endå meir tydeleg at det var det som var motivet for Krf i Libyakrigen.
I Op.17 er det sagt at vi som trur på Jesus skal sigre over dette dyret. Men i Op.19 er det tale om dei to dyra i Op.13, der det siste vert kalla den Falske profet.
Matt.6,7 Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur at dei vert bønhøyrde berre dei brukar mange ord. 8 Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng før de bed han om det. 9 Difor skal de be såleis:
Fader vår, du som er i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
10 Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.
11 Gjev oss i dag vårt daglege brød.
12 Forlat oss vår skuld,
som vi òg forlèt våre skuldmenn.
13 Før oss ikkje ut i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt, og makta og æra i all æve.
Amen.
Vi får ta imot Gud rike som små born, vi kjem inn i det og det kjem inn i oss, vi skal søke det og oppleve det i heimen og i kyrkjelyden, den vert oppreist som Jesu brud (Op.19,1…). Men vi skulle også be om at Guds rike skulle komme til vår jord. Då blir det tydeleg at Dyret og den Falske Profet står i vegen og strir imot, men dei vert dømde. Djevelen står imot, men han vert bunden for 1000 år. Det er vel det vi ser i slutten av likninga om bryllaupet til kongssonen, så bryllaupet i himmelen pågår enno, altså.
Matt.22, 1 Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning: 2 «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin. 3 Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje. 4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet! 5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si. 6 Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel. 7 Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8 Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det. 9 Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn. 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.
11 Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd. 12 Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner! 14 For mange er kalla, men få er utvalde.»
Filosofi, vitskap og verdensherredømme.
Vitskap, filosofi, politikk og religion, verdensherredømme?
Antikk filosofi var først naturfilosofi, så moralfilosofi og politisk filosofi. Først ved renessansen fekk vi moderne vitskap, realfag og teknologi vart ein kjempesuksess, det vart verdifullt for næringslivet og klart det påverka den politiske tenkinga og tenkinga for oss alle.
Det viser at det har vore verdifullt for oss å ynskje å lære å tenke rett, erkjenne kva som er sant og få lov til å seie det og seie kva vi ærleg tala meiner og så er det berre å halde fram med det.
Det har ofte vore ein motsetnad mellom det einskilde individ og verdsleg makt, derfor er menneskerettane viktige for oss og så må vi skilje mellom kva som er fundamentalt rett og sant og kva som er maktutøving.
Kva er problemet? Ved trua på Jesus skal vi sigre over verda.
Jesus forkynte evangeliet om Guds rike og gav disiplane sine misjonsbefalinga, at dei skulle forkynne det vidare til alle menneske, folk og nasjonar. Vi må ta imot det som små born, så vi kjem inn i det og det kjem inn i oss, då er det mest fundamentalt for oss og vert mest fundamentalt i eit kvart verdsleg samfunn og rike vi er i og kjem inn i.
Dei som ikkje har teke imot det har og får eit problem, kva gjer dei med det? Dei prøver vel å erstatte det med noko anna, men det er og blir feilslått, for der er ingen annan Gud, ingen gud kan erstatte han og ikkje noko rike kan erstatte Guds rike.
På byrjinga av 1980-talet sa Jesus til meg at denne verda si ånd og kraft er så sterk og så djevelsk at dersom eg ikkje kom no, så ville ev verte riven bort ifrå han. Det var i pinsekyrkja Tabernaklet i Marken i Bergen, så eg kontakta eldsterådet om mitt forhold til henne Virtuella. Han sa også at eg skulle legge henne under meg. Eg hadde bedt for henne Virtuella og opplevt at han openberra seg for henne som frelsar og Herre, sjølv om ho fysisk var langt borte, eg var i Bergen og ho var i Oslo. Eg helga han som frelsar og Herre i mitt hjarte og opplevde altså at han vart helga som frelsar og Herre for henne også. Så slik skulle eg legge henne under meg og slik skulle eg legge verda under meg.
Ja, vi er rettferdige for Gud ved trua på at Jesus stod oppatt frå dei døde og vi vert frelste ved å erkjenne at han er Herre. Slik skal vi altså sigre over verda og slik er mannen hovudet for kvinna.
Kvifor har det vorte så mykje tale om globalisme?
I dei siste åra har vi høyrt mykje om globalisme og det er nok mange som lurer på kvar slike tankar og idear kjem ifrå. Det var først og fremst evangeliet om Guds rike som vart forkynt som eit globalt rike og dernest var det matematikken og den moderne naturvitskapen som vart globale teoriar. Det vart igjen grunnlaget for moderne teknologi, som vart fruktbart for næringslivet. Det førde til ei økonomisk utvikling som vart meir og meir global. I Noreg har vi til dømes fått mykje eksportindustri og det har vorte meir av det, med store selskap som kunne drive internasjonal marknadsføring, slik vart det også internasjonale selskap. Slik har det til dømes skjett ei enorm utvikling av oppdrettsnæringa.
Det verkar som venstresida og samfunnsvitarar har prøvt å leve opp til dette med å utvikle politikk og med internasjonal politikk som dei likar å kalla globalisme. Mange prøver tydeleg vis å bryte ned nasjonalstaten, som om dei trur på ein utopi i staden. Men der må no vel vere noko meir seriøse tankar som ligg bak? Jau, forslaget om ei verdensregjering, som toppen av eit hierarki, som ikkje heilt utraderer nasjonalstaten. Men hugs at verdslege rike vil aldri kunne erstatte Guds rike, for oss som har tek imot det er Guds rike det mest fundamentale samfunnet og riket i eit kvart samfunn og rike vi er i og kjem til.
Verdensregjering.
Politisk makt på ulike nivå.
Her er ein artikkel som vart skreven i 2008, om forslaget til ei verdensregjering, sitat frå
https://www.apollon.uio.no/artik…/2008/verdensregjering.html :
«Den store politiske prosjektet bør være å arbeide for et føderalt, politisk system toppet av en verdensregjering, mener filosofen Thomas Pogge. Han tror også USA vil måtte slutte seg til et slikt system – selv om det med tiden vil undergrave USAs stilling som supermakt.
Tanken om at hele verden bør samles i én stat har vært fremmet fra antikken til våre dager. Blant dem som har foreslått ulike former for en verdensregjering, finner vi Dante, Kant og Albert Einstein. Hovedargumentene har ofte vært å unngå krig og konflikt. Man har også hevdet at en sentral regjering vil kunne være en motmakt mot lokal undertrykkelse og brudd på menneskerettigheter.
……
Regjeringer på ethvert nivå, inkludert på verdensnivå, kan bli undertykkende, medgir Pogge.
– Fordelen med et flernivåsystem er at det alltid vil være et annet styringssystem – over, under eller på samme nivå – som allerede har godt organiserte og ferdigutviklede redskaper, og som dermed kan gi støtte og beskyttelse til undertrykte, offentliggjøre overgrep, og om nødvendig kjempe mot undertrykkerne.
….
EU er en interessant modell for hvordan en føderal stat er i ferd med å vokse frem på regionalt plan. Men EU har, som Pogge påpeker, åpenbare svakheter. EU har fra Romatraktaten til i dag primært bygd på samarbeidet på toppnivå mellom regjeringer. Det har vært få folkeavstemninger, og enkelte av disse har gått imot EUs forslag.
……
– Heller ikke politikerne i de ulike nasjonalstatene vil bejuble ideen med å lage én stat – noe som kan svekke deres egen makt, innrømmer Pogge. Men han tror det kan skapes et klima hvor også politikere og næringsliv innser at en maktoverføring til føderalt nivå kan være i deres egen interesse. Han minner om at EU ble grunnlagt på en forståelse av at hvis europeiske land ble lenket sammen økonomisk, ville det motvirke risikoen for krig. Det kom også til som en motvekt mot USAs voksende økonomiske makt. Et argument for utvidelsen av EU var at den ville konsolidere demokratiet i nye medlemsstater som også er nye demokratier.
Pogge avviser at hans scenario er utopisk ved å vise til at politikk ikke bare hviler på et fundament av økonomi, men også på moralsk legitimitet.
……
Men alle amerikanske presidenter, også Barak Obama, er påvirket av den ”realistiske” skolen i statsvitenskapen hvor makt til syvende og sist er rett. Vil ikke amerikanerne gjennomskue en bevegelse som vil underminere deres maktbase?»
Sitat slutt.
Dei må gjerne prøve seg med nytenking, men for meg verkar det kunstig til samanlikning med dei kunstige avgudane, som var ei belastning med tunge byrder for folket og som med tida vart til beinharde diktatur.
Riket til Aleksander den Store, Selevkideriket og Romarriket.
Tankar heilt ifrå antikken, ja, Aleksander den Store var opplærd av Aristoteles. Han forstod at han måtte vere tolerant for å haldet det store riket saman. Der var to heilt ulike folk som han prøvde å gjer til eitt rike, ved å oppmode offiserar og soldatar til å gifte seg med persiske kvinner. Han tok persarar i teneste, endåtil i hæren, noko som gjorde dei greske og makedonske rådgjevarane forarga. Dei kjende seg som herrar og landevinnarar og ville ha æra og rikdomen sjølve. Dette høver med profetien i Daniels bok, at fotstykket av biletstøtta var laga av jern og leire.
Dan.2,31 Konge, i synet såg du ei veldig biletstøtte. Denne støtta var stor og stråla sterkt. Ho stod beint framfor deg og såg skræmeleg ut. 32 Hovudet på støtta var av reint gull, brystet og armane av sølv, magen og hoftene av kopar; 33 leggene var av jern og føtene dels av jern, dels av brend leire. 34 Medan du stod og såg på biletstøtta, vart ein stein riven laus, men ikkje med menneskehender, og han råka føtene, som var av jern og leire, og krasa dei. 35 Då gjekk det sund alt saman, både jernet og leira, koparen, sølvet og gullet. Det vart som agner frå treskjevollen om sommaren. Vinden tok det og føykte det bort, så det ikkje fanst dusta att. Men steinen som hadde råka biletet, vart til eit stort fjell, som fylte heile jorda.
Dette gjorde riket svakt, det gjorde også Romarriket svakt, for det var heile biletstøtta, alle dei fire rika til saman, det var heile biletstøtta som fall i knas. Den vesle steinen var Guds riket og den voks seg stor og vart til eit globalt rike. Det er den sterke og levedyktige globalismen som det er verdt å satse på.
Aleksanders rike vart delt i fire og med tida viste deg seg at det nordlege Selevkide-riket ikkje var så tolerant like vel. Det strekte seg frå Persia til Syria og langt inn i Tyrkia. Antiokud 4. Epifanes kravde at alle i riket hans skulle dyrke Zevs og sette opp den øydande styggedomen i Jerusalem. Sjå Dan.11-12 og 1.Macc.
Klimapolitikk.
Nytt sitat frå
https://www.apollon.uio.no/artik…/2008/verdensregjering.html :
«– Dessuten må vi starte med enkeltspørsmål og ikke forsøke å få amerikanerne til å godta en svær pakke med endringer. Det bør legges press på USA til å signere Kyoto-avtalen og dens etterfølger. Så bør det legges press på organer hvor USA er spesielt innflytelsesrike, som Verdens handelsorganisasjon (WTO). Samtidig bør man jobbe aktivt i Det internasjonale valutafondet (IMF), Verdensbanken og andre internasjonale organer for å få dem mer rettferdige og mer innflytelsesrike, eksemplifiserer han.»
Argumentasjonen for klimapolitikk som internasjonal miljøvern og globalisme sviktar i mange ledd og det vert sjølvsagt altfor omfattande til å ta med alt her. Det vesentlege synest vere at dei har avvist Guds rike og gøymer seg med dårleg samvit, slik som Adam og Eva etter syndefallet og fryktar dommedag.
Klimavedtaket i den amerikanske fysikkorganisasjonen.
Den Amerikanske Fysikkorganisasjonen (APS; American Physical Society) gjorde eit klimavedtak, der dei åtvara mot menneskeskapt global oppvarming. Men det fekk mykje kritikk, også frå sine eigne medlemmar.
- For det første kom det ikkje gjennom den vanlege vitskaplege prosessen med forsking, først undersøke ei hypotese, prøve den og når den består mange nok prøver vert den til ein teori som det er vitskapleg semje om. I staden var det nokre få som fina seg inn med leiinga for å få den til å gjere vedtaket.
- For det andre kom dei med eit råd til styresmaktene om kva som måtte gjerast. Men det var då ei politisk vurderingssak, der alle moglege miljøproblem måtte vurderast opp mot kvarandre og alle mogelege løysingar vurderast. No vart det framstilt som om CO2-utslepp var det eine store miljøproblemet og løysinga på det var løysinga på alle moglege miljøproblem.
Den amerikanske fysikaren Harold Lewis var ein av dei først som protesterte. 6.10.2010 trekte han seg frå APS i protest. Sitat frå https://en.wikipedia.org/wiki/Harold_Lewis :
«In his view, it was “the global warming scam, with the (literally) trillions of dollars driving it, that has corrupted so many scientists, and has carried APS before it like a rogue wave. It is the greatest and most successful pseudoscientific fraud I have seen in my long life as a physicist.»
Ivar Giæver, ein norsk-amerikanske nobelpris-vinnar i fysikk trekte seg også i protest.
Sitat frå https://en.wikipedia.org/wiki/Ivar_Giaever :
Giaever has repeatedly professed skepticism of global warming, calling it a “new religion”.[11][12][13] On 13 September 2011, he resigned from the American Physical Society over its official position.[14]
Her er eit kort interjuv med Ivar Giæver:
Nobelprisvinnar i fysikk 2022 seier at der finst inga klimakrise. Sitat frå https://www.document.no/2023/05/11/fjorarets-nobelprisvinner-i-fysikk-det-finnes-ingen-klimakrise/ :
Den amerikanske fysikeren John Clauser, som i 2022 ble tildelt Nobelprisen i fysikk, sier at pseudovitenskap om klimaet har villedet folk, medier og politikere, og skapt en situasjon som truer verdensøkonomien og milliarder av mennesker.
Uttalelsen fra Clauser kommer i forbindelse med at han den 5. mai ble innvalgt i styret for CO2 Coalition, en ideell USA-basert organisasjon som etterstreber en bedre forståelse av klimaendringene, menneskehetens rolle i Jordens klimasystem og klimamodellenes begrensninger.
Clauser langer voldsomt ut mot det han nærmest oppfatter som et galehus:
«Folks oppfatning om klimaendringer gjenspeiler en farlig korrumpering av vitenskapen som truer verdensøkonomien og milliarder av menneskers velferd. Villedet klimaforskning har fått spredning i form av en massiv og sensasjonsjournalistisk pseudovitenskap, som igjen har avstedkommet en rekke andre onder på helt andre områder. Denne pseudovitenskapen har blitt fremmet og utvidet av like villedede markedsføringsfolk, politikere, journalister, regjeringsetater og miljøaktivister.»
I virkeligheten finnes det ingen klimakrise, sier han:
«Etter min oppfatning finnes det ingen reell klimakrise. Det finnes imidlertid et høyst reelt problem med å skaffe en anstendig levestandard for den store befolkningen i verden, og med det en tilhørende energikrise. Denne blir helt unødig forsterket av det som etter min oppfatning er feilaktig klimavitenskap.»
John Clauser, som fikk Nobelprisen for sin banebrytende forskning på fenomenet kvantesammenfiltring, vil gi enda større intellektuell tyngde til organisasjonen, som allerede har mange vitenskapsfolk i sine rekker, kommenterer CO2 Coalitions styreformann William Happer.
Clauser har tidligere kritisert at Nobelprisen i fysikk for 2021 belønnet arbeid med datamaskinbaserte klimamodeller, og er selv i ferd med å utvikle en klimamodell som tar større hensyn til skyenes rolle i klimasystemet.
Prosessen omfatter det synlige lyset som reflekteres av cumulusskyer, som i gjennomsnitt dekker halve Jorden. Foreliggende modeller har grovt undervurdert denne responsen fra skyene, som sørger for en svært kraftig, dominerende termostatisk kontroll av Jordens temperatur.
FNs klimapanel (IPCC) erkjenner selv at virkningen av skyene skaper den største usikkerheten ved prognosene fra klimamodeller, men det er ikke gjort særlige fremskritt på dette feltet, kommenterer CO2 Coalition.
World Science Festival.
Brian Green er ein matematikar som leier «World Science Festival», sitat frå
https://no.wikipedia.org/wiki/Brian_Greene :
Brian Greene (født 9. februar 1963) er en amerikansk fysiker og superstrengteoretiker. Siden 1996 har han vært professor ved Columbia University.
Han ble født i New York og viste tidlig store evner innen matematikk.[trenger referanse] Da han var tolv år gammel fikk han privatundervisning av en professor ved Columbia University fordi han var forbi high school-nivået.
Hans bok The Elegant Universe: Superstrings, Hidden Dimensions, and the Quest for the Ultimate Theory (1999) er en popularisering av superstrengteori og M-teori. Den var finalist for Pulitzer-prisen i sjangeren non-fiction og vinner av The Aventis Prizes for Science Books i 2000.
The Elegant Universe ble senere gjort til en spesialserie på PBS med Greene som forteller. Hans andre bok, The Fabric of the Cosmos (2004) handler om rom, tid og universets natur.
https://www.youtube.com/@WorldScienceFestival/videos
Strengteorien er ein matematisk teori om nokre små løkker som vibrerer og så tenker dei seg at dette er den minste eininga som alt består av, slik blir det teoretisk fysikk eller dei tenker seg at det kan verte det. Men dei har ikkje noko erfarings grunnlag for det, så Roger Penrose er ikkje med på å kalle det fysikk. Dei håper på å konstruere ein teori for å sameine dei fundamentale fysiske kreftene i ei kraft. Om dei klarer det, korleis kan dei då få støtte i eksperiment? Både Einstein, Penrose og Peter Higgs klarde å utvikle teori som vart stadfesta av eksperiment først lenge seinare. Men detter er så småstilt at det verkar utenkeleg.
Han lagar videoar der han interjuvar og samtalar med vitskapsfolk og mange av dei er jødar, han er sjølv jøde. Dei har festar i auditorier og ein gang entra han sena og proklamerte ei gledeleg framtidsutsikt, at om 200 år vi Trump vere gløymd. Men dei som utvikla vitskapen vil ikkje vere gløymde. Frå salen kom der også til uttrykk eit ynskje om ei ateistisk styresmakt. Det har seg nok slik at der er mange som held vitskap for å vere ateisme.
I massemedia har der kome slagord som «Follow the Science», «følg vitskapen». Men dette er å misbruke ordet «vitskap». Fysikaren Sabine Hossefelder gjer oss merksam på at her vert ordet vitskap definer som noko heilt anna enn tidlegare, det er in misbruk av ordet og ho kallar det «nonsence», tullprat altså. Her har ho ein video på litt over 4 minutt om det:

