Jesus har sett fram for meg ei open dør som ingen kan lukke og invitert meg (Op.3,7-8). Hans frelseverk er fullført og fullkome, så ingen kan lukke den døra for meg. Det er billetten til himmelen, også når han kjem for å hente si blodkjøpte brud.

Jesus er døra inn til sauene og han er den Gode Hyrdingen. Det første han gjorde var å sleppe dei ut. Vi må kle oss i Guds fulle rustning når vi får ut i kvardagen og går ut med evangeliet.

Velsigning eller forbanning?

Gå inn i den himmelske heilagdomen.

Synda resulterte i forbanning og død, slik er det framleis, den er destruktiv.

Rom.6,20 Medan de træla under synda, var de ikkje bundne av det som er rett. 21 Kva slag frukt hausta de av det? Slikt som de no skjemmest ved, for det fører til døden. 22 Men no er de frigjorde frå synda og har vorte tenarar for Gud; og frukta av det er eit liv i helging og til sist evig liv. 23 For den løn synda gjev, er døden, men Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre.

Når vi bøyer oss for Jesu kors og vedkjenner vår synd for han, reinsar hans blod oss frå all synd og så vert vi fylt av den Heilage Ande.

1.Joh.1, 5 Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han. 6 Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga. 7 Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd.

8 Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.

Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

Vi skal sjå at Jesus lever og er med oss alle dagar, Ja, vi skal feste blikket på han og velsigne han, så vi vert velsigna og vert til velsigning, derfor seier vi også velsigninga. Jesus gjer Gud kjend for oss, vi blir opplyst og vi kjenner hans godleik i sinn og tanke, han er kjærleik og den får vi kjenne og oppleve i hjertet, den gjer oss godt. Derfor takkar og lovprisar vi Gud og Lammet for skapinga og frelsa. Vi har vorte velsigna og vorte til kanal for Guds velsigning, han gjer oss til det, sjå Esekiel 47, Joh.7,37-39. Jesus sa han ville gjere meg til kanal for si velsigning og då må det vere nokon han vil nå på den måten.

Vi er komne inn på heilag grunn og må halde fram med å sjå på Jesus og snakke med han, så vi held fram med å seie velsigninga. Vi må rekne med å få problem når vi går ut i samfunnet, vi ser det og erkjenner det. Kva seier vi då? Vi har ikkje kamp mot kjøt og blod, men mot makter og myndigheiter, mot vondskapen åndehær i himmelrømda. Vi innser det og erkjenner det. Kva seier vi då? Det er forbanninga. Vi har berre med å vende oss til Kristus og verte meir velsigna, han som er i oss er større enn han som er i verda, det er avgjerande.

Men med tru og tolmod får vi framleis gå til Jesus med alle våre problem, same vegen som tidlegare, med same metode og få sjå at han er løysinga på alle våre problem og løyser dei på best mogleg måte. Han har ein fullkommen plan og vilje med oss og vil gjennomføre den. Han har bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen og kalla oss til å gå etter, stige fram for nådens trone, så vi finn miskunn og nåde til hjelp i rette tid.

Korleis skilje mellom godt og vondt og verte i stand til å seie kva som er rett og sant.

Platons idelære.

Platon deltok i demokratiet i Aten, men hendrettinga av Sokrates var eit justismord, så han trekte seg attende og filosoferte. Han konkluderte med at der trongst ei lærd elite som skulle regjere med diktatorisk makt. Her er altså eit klagemål mot mennesket. Men korleis skulle då opplæringa vere? Platon tenkte matematisk og hadde ei idelære med det godes ide, det var fullkomne idear. Det høver bra med vår tru på himmelriket. Men kva med det vondes ide? Det var problematisk og det vart det vondes problem også. Spørsmålet vert korleis det einskilde mennesket, lærd eller ulærd, kan vite kva som er rett og sant.

Jesus er vegen, sanninga og livet.

Vi må alle lære å skilje mellom godt og vondt. Det måtte Jesus også.

Jesaja.7,13 Då sa profeten: «Så høyr då, du Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske, sidan de trøyttar min Gud òg? 14 Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanuel. 15 Rjome og honning skal han eta ved det leitet då han skjønar å vraka det vonde og velja det gode. 16 For før guten skjønar å vraka det vonde og velja det gode, skal det verta audt i landet åt dei to kongane som du reddast for. 17 Og over deg og folket ditt og farshuset ditt skal Herren la det koma dagar som det ikkje har vore maken til sidan Efraim skilde seg frå Juda – Assur-kongen.»

Så blir det om å gjere for oss å velje det gode, ved å velje han.

Joh.14,6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. 7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»

Det gode kjem til oss som ide, det gjer det vond også, korleis kunne vi elles vurder det eine mot det andre? Og så skal vi lære å velje det gode og avvise det vonde. Då treng vi referansen i trua på Gud og hans Ord.

Då treng vi ikkje få dårleg samvit fordi den vonde tanken kom til oss. Men kva om eg fører eit forstandig resonnement, som fører fram til ein fordømmande konklusjon, på sett og vis meiner eg at resonnementet er rett. Kanskje sa eg endåtil noko i mitt stille sinn som var ei forbanning, kanskje utan et eg var heilt klar over det. Og så eg vurderer det først etterpå. Korleis då? Med den trua og kjærleiken Gud har gitt meg i hjertet, har eg kanskje allereie ein annan konklusjon klar i hjertet og ved å løfte blikket opp til Jesus og møte hans blikk får eg det også klart for meg. Det er som når vi går på vegen og viker av, så får vi høyre ei stemme bak oss, dette er vegen, vandre på den.

Kva om eg byrjar å få dårleg samvit fordi eg har tenkt feil? Då må vi også vere klar over at det er nettopp ved klagemålet den vonde prøver å få makt over menneska.

Sjå på Jesus.

Det er berre å vende seg til Jesus og la han vekke vårt reine og gode samvit på nytt.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/05/2013-02-0317-sja-pa-apostelen-og-ovstepresten-jesus/ :

Tungetale ved Åse, tyding ved Per Bergan:

«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»

Skap i meg eit reint hjerte.

Alle for vi vilt som sauer og treng at Gud skaper eit reint hjarte i oss. Ja, det er ikkje noko vi klarar å tenke oss fram til, det er eit verk Gud gjer ved sitt Ord og sin Ande.

Salme.51,12 Gud, skap i meg eit reint hjarta,

gjev meg ei ny og stødig ånd!

13 Kasta meg ikkje bort frå ditt åsyn,

ta ikkje frå meg din Heilage Ande!

Jesajas.53,4 Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg,

og våre pinsler bar han.

Vi trudde han var heimsøkt,

slegen av Gud og ille plaga.

5 Men han vart såra for våre brot

og sundbroten for våre synder.

Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,

og ved hans sår har vi fått lækjedom.

6 Vi fór alle vilt som sauer,

vi vende oss kvar til sin veg.

Men Herren lét råka han

det vi alle var skuld i.

Forske på menneske? Metodene i realfag og humanismen.

Det kan gå fleire veker utan at eg slår på fjernsynet og gjett kvifor. Men slike naturprogram som Lars Monsen laga var og er framleis slikt som kan få meg til å slå det på. Hundane likte å konkurrere slik som i Finnmarksløpet, det var både fin tur og fin sport. Eg fekk inntrykk av at Lars var ikkje av dei som dreiv hundane sine for hardt, dei var turkammeratar og det var ikkje om å gjere å vinne for ein kvar pris. Kampen for tilværet i den ville naturen er ein kamp på liv og død, men kvifor skulle det verte det når dei er på ein slik fin tur, dei må då vel få tid til å nyte turen og naturen?

Eg fekk vite at Lars hadde fått borelia og var med på eit fjernsynsprogram der to biologar forska på sjukdomen.

Sitat frå https://no.wikipedia.org/wiki/Morten_Laane : Carl Morten Motzfeldt Laane (født 1940) er en norsk biolog og professor.[1]

Laane har arbeidet som professor ved Institutt for biovitenskap ved Universitetet i Oslo.[2]

I 2013 gikk Laane ut sammen med sin tidligere kollega Iver Mysterud og hevdet at de hadde funnet en måte å diagnostisere borreliose ved hjelp av mikroskopi. Blant annet hevdet de at blodet til eventyreren Lars Monsen var sterkt forurenset.[3] De fikk tillatelse til å gjennomføre en studie for å underbygge sin hypotese, men året etter ble det avdekket at det i gjennomføringen av studien hadde blitt gjort en rekke regelbrudd.[4] Det ble videre avgjort at hele studien måtte avbrytes og det innsamlede biologiske materialet destrueres.[5] Universitetet i Oslo valgte å ikke klage på avgjørelsen.

Avbrytelsen av studien etterlot et åpent spørsmål om et virkelig var slik at Laane og Mysterud kunne diagnostisere borreliose med mikroskop. For å finne svaret på dette satte Universitetet i Oslo og Folkehelseinstituttet i gang en ny studie, denne viste da at metoden ikke var egnet til å skille infiserte pasienter fra friske.[6]

For det var ikkje lov til å forske på menneske. Og kvifor det? Poenget må vel vere å beskytte den einskilde sin rett til å tale for seg sjølv, men Monsen var då fullt bevisst og hadde full rett til å svare for seg. Eg syntest dette høyrdest ut som eit bra kon sept for å få folk til å interessere seg for naturfag. Frå ein fagleg synsstad er det om å gjere å komme ut til folket med slik allmenn folkeopplysning. Som motsetnad til dette driv dei på til dømes på humanistisk fakultet med religionsforsking, kvinneforsking og kjønnsforsking, med milt sagt tvilsome metode (uvitskaplege), forsking på menneske der mennesket ikkje får svare for seg sjølve og det viser seg i korleis dei bruker “forskingsresultata”, som erstatning for at den einskilde skal få svare for seg sjølv. Så det er ei metode til å få makt over menneska, stikk i strid fridom og demokrati.

Etter so som eg har forstått gjekk forskinga ut på å bruke psykoanalysa på menneske i visse kristne miljø, som om den var eit alternativ og ein konkurrent til den kristne trua. Freuds metode var å samtale med “pasienten” og stille “diagnose”. Men det er noko heilt anna enn å forske for å utvikle ein teori. Like vel brukte dei det som teori som motsetnad til den kristne læra. I staden for at den einskilde skulle få svare for seg som eit fritt og sjølvstendig menneske, stilte dei seg i den posisjon at dei skulle svare i staden for den einskilde. Til samanlikning med korleis paven og dei katolske prestane stilte seg i den posisjonen at dei skulle be i staden for den einskilde.

Ein vesentleg skilnad på psykoanalysa og humansimen har soleis vorte at det som psykoanalysa rekna for å vere underbevisst og som kunne komme fram i samtale med psykolog og psykiater, det rekna humanistane for ei stor del å vere kome fram utan dialog og så kallar dei det endåtil for “vitskap”. Eg tek med ei kjelde:

https://snl.no/humanistisk_psykologi

Som om du ikkje eig di eiga bevisstheit lengre? Som om det ikkje er din eigedom, ja, som om det ikkje er deg sjølv? Då er det avgudsdyrking der dei prøver å få makt over deg med sine tankar og idear og kva meir? Vonde ånder?

1.Kor.10,14 Difor, mine kjære, hald dykk frå avgudsdyrking! 15 Eg talar til dykk som til forstandige menneske. Døm sjølve om det eg seier! 16 Velsignings-kalken som vi velsignar, gjev han ikkje del i Kristi blod? Brødet som vi bryt, gjev det ikkje del i Kristi lekam? 17 Fordi det er eitt brød, er vi alle éin lekam. For vi har alle del i det eine brødet. 18 Sjå på Israels-folket! Har ikkje dei som et av offeret, del i det som skjer på altaret? 19 Kva meiner eg så? At avgudsoffer gagnar, eller at ein avgud er noko? 20 Nei, det heidningane ofrar, ofrar dei til vonde ånder og ikkje til Gud. Men eg vil ikkje at de skal ha samfunn med vonde ånder. 21 De kan ikkje drikka både Herrens kalk og kalken åt vonde ånder. De kan ikkje vera med ved Herrens bord og ved bordet åt vonde ånder. 22 Eller torer vi eggja Herren til harme? Er vi sterkare enn han?

Humanismen framstår som ein “snillisme” som motsetnad til sanninga både i realfag og i kristendomen, men det er lureri.

Kristendomens metode.

Det vi har å gjere er å vere himmelvende, så vi tek imot den Anden og det livet som Jesus gir oss frå himmelen, han kom for å gi oss liv og overflod. Så vi får oppleve Faderens kjærleik og omsorg og det her og no, medan vi framleis er på denne jorda.

Aktuell sak, kvar finn vi Kristus, på ein søppelhaug?

Jens Saugstad er professor i filosofi ved Universitetet i Oslo og la ut dette innlegget på Facebook:

Så dum jeg er:

Eivor Oftestad skriver i Dag og Tid: «Mennesket hadde verdi fordi kvart menneske var eit avbilete av Gud. Gud sjølv verdsette menneska så høgt at han ofra sonen sin for å frelse dei. Og Jesus skulle ikkje berre fødast i ein stall, men òg i hjartet til kvart einaste menneske.

Difor, når Makrina leita etter menneskebarn på søppeldungen, var det Kristus sjølv ho leita etter».

Jeg forstår ikke dette. Hvis Gud ofret sin sønn, kan det bare bety at Gud verdsatte Jesus så lavt at han kunne ofres for å frelse menneskene. Har alle mennesker menneskeverd unntatt Jesus?

Mine kommentarar.

Jesus bad for syndarar heilt til han døde for dei, så han skulle verte den førstefødte mellom mange brør. Slik bad han også om å få heidningane til arv og jordens endar i eige, Salme 2.

Gud er fullkommen, heilag og rein og ikkje noko ureint kjem inn i hans himmel. Jesus er også fullkommen og hans frelsevert er fullført og fullkome, vi kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Det einaste vi kan gjere er å t imot i tru, som eit lite barn. Slik er det også enkelt. Det er berre på grunnlag av reinsinga i Jesu blod vi kan komme inn i Guds himmel og det Nye (himmelske) Jerusalem.

Jesus gjekk bort for å stelle til ein verestad til oss, så henter han oss dit. Det er berre å ta imot og verte med, Gud skaper ein ny himmel og ei ny jord og så kjem det nye Jerusalem ned på den nye jorda. Eg tenker meg at den er forgjengeren som denne, bortsett frå at den er dominert av det Nye Jerusalem, som er evig. Blada på livsens tre gir lækjedom,Gud tørker kvar tåre. Då er der vel noko som er årsak til sjukdom og tårer også, som tyder på at den er naturleg og forgjengeleg som denne. Eller så måtte det vel vere eit heilt nytt univers som er heilt ulikt dette.

Her er nok det mest treffande svaret, tenker eg: Matt.24,15 Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! – 16 då må dei som er i Judea, røma til fjells; 17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset; 18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20 Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat! 21 For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta. 22 Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare.

Når Menneskesonen kjem

23 Om nokon då seier til dykk: «Sjå her er Messias», eller: «Der er han», så tru det ikkje! 24 For det skal stå fram falske messiasar og falske profetar og gjera store teikn og under, så jamvel dei utvalde kan førast vilt, om det er råd. 25 Kom i hug at eg har sagt dykk det føreåt! 26 Seier dei då til dykk: «Han er ute i øydemarka», så gå ikkje dit, eller: «Han er inne i huset», så tru det ikkje. 27 For liksom lynet går ut frå aust og lyser radt til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem. 28 Der åtselet er, vil gribbane samlast.

I den siste tid er det mange som leitar etter “Messias” på feil plass, men då er det eigentleg falske “Messiasar” dei leitar etter.

Her er eit anna bibelvers som kan synast relevant. Matt.25,34 Så skal kongen seia til dei på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borna åt Far min, og ta i eige det riket som er etla åt dykk frå verda vart grunnlagd. 35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; 36 eg var utan klede, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg om meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.» 37 Då skal dei rettferdige svara: «Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tyrst og gav deg drikke? 38 Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller utan klede og kledde deg? 39 Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og kom til deg?» 40 Men kongen skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg.» Legg merke til kva måte dei svarde på, dei spurde kva tid dei hadde hatt slik omsorg for han, som om dei ikkje visste det altså. Det kan bety ei allmenn omsorg for mennesket, der Jesu minste små vart inkludert, sjølv om dei som hadde slik omsorg ikkje visste det.

Lova kom ved Moses, nåden og sanninga kom ved Kristus. Avgudane laga av stokk og stein var Lygna, som motsetnad til den er Kristus sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Med Guds «svakheit og dårskap» viser seg som miskunn og nåde til svake menneske og hans omsorg for sine born og dermed for sine henders verk. Guds svakheit gir rom for visdom og Guds dårskap gir rom for visdom. Vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og kjem fram til sanninga i Guds Ord. Det er med evangeliets metode.

Det gir oss også fom for å søke sanninga i realfag med metodene i realfag. Ved tru skjønar vi at det synlege har vorte skapt av Guds Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Derfor er naturen forståeleg, så vi kan granske den med metodene i realfag. Men Gud skaper også noko nytt ved sitt Ord, med si kraft kan han gjer under og teikn som vitnar om han og son sin, til samanlikning med «evidence» i realfag, skilnaden er at det ikkje er repeterbart, fordi Gud er ein, ingen andre kan gjer som han. Og han gir oss ein visdom frå himmelen som herskarane i denne verda ikkje kjende til. Han gjer noko nytt og då er det fundamentalt nytt.

Alle som tok imot Jesus, gav han rett til å verte Guds born og han døde for oss, for at vi skulle få den retten. Då må vi først og fremst ta imot, så vi lever i fridomen i barnekoret, ta imot Faderens kjærleik og omsorg. Det gjer oss I stand til å vere til hjelp for andre. Vi kjem inn I Guds kvile på evangeliets grunnvoll (Heb.3-4). Den kvile er utgangspunkt for all teneste.

I likninga om den bortkomne sonen vart det fest og glede i Fader-huset når bortkomne sonen kom heim att. Men det vart bittert for den heimeverande sonen, så han gjekk ut. Dei lærde jødane ville nok sjå seg sjølv i den rolla og det hadde nok den adressa også, men konklusjonen vart noko heilt anna. Faderen gjekk ut til den heimeverande sonen og sa til han: alt mitt er ditt: Dette sa Jesus om seg sjølv, så han var den heimeverande sonen og det vart endåtil så bittert for han at han vart krossfesta og døde i staden for bortkomne søner, som den eine røvaren på korset. Men eigentleg var han førebudd på det og gav livet sitt på den måten frivillig, så han kunne ta det att. Så vart han den førstefødde mellom mange brør og delte arven med dei.

Eit anna perspektiv på det er at for Gud er menneska som dyrebare edelsteinar, som han vil ha frelst i si hand. Når Kristus var hans einborne Son, så var han arving, så for han også var menneska dyrebare edelsteinar som han ville ha frelst i Guds hand. Dersom vi tek imot nåden i Kristus, blir vi frelst av berre nåde. Dersom vi lid med han, skal vi å eige herlegdomen saman med han, vi skal arve saman med han. Det er mange som må lide og det synest meiningslaust. Men Jesus er livet og gir oss meining med livet, lid vi med han, så får vi også sjå meining i det.

Når Penrose fekk nobelprisen i fysikk, gratulerte «closer to truth» han med å legge ut denne videoen: https://www.youtube.com/watch?v=ypjZF6Pdrws&t=4s . Eg var ein av dei som gratulerte i kommentarfeltet og så tok eg del i den vitskaplege dabatten som også vart debatt om vitskapleg metode. Så kom moralfilosofane og då forkynte eg evangeliet. Mykje seinare kom der ein ateist, men det han hadde å bidra med var stort sett personangrep. Endå seinare kom der ein som fortalde at høgsterett i Storbritannia hadde vedteke at ateismen er ein religion. Når det gjeld Big-Bang-teorien og utviklingslæra også, så går vi frå naturvitskap over i naturfilosofi, men det treng ikkje vere ateisme av den grunn, men det er nødvendig å skilje mellom hypotese og teori.

Synda skilde menneska frå Gud, det er det vondes problem. Men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle og gjorde dei fullkomne som vert helga. På det grunnlaget får eg oppleve samfunnet med han, ei herleg og vidunderleg kvile som han gir meg. På det grunnlaget fekk eg bønnesvar

Vi bad for mor mi i Maranata Oslo og ho vart lækte frå helveteseld og lungebetenning, medan ho var på Sunnmøre. Då var ho 87 år og levde til ho var 91. Og hausten 2022 vart eg lækt for ein brokkport, det var ved at eg let den Heilage Ande be for meg og oss. Jesus er vår øvsteprest og talsmann hos Faderen. Det er berre å seie til han at du ynskjer han skal vere det for deg og. Ved å tru på han får vi den Heilage Ande av berre nåde og den hjelper oss I vårt bønneliv.

Eg har fortalt kva som skjedde og gitt rette forklaringa, noko anna forklaring vil vere ei usann bortforklaring. Sidan du er filosof kan eg vel vente meg at du vil sette di ære i å tenke og seie det som er rett og sant?

Akttuell sak: Inkvisisjonens metode eller kristendomens metode.

Pål Mellem

toeopdrSsnf1j0c 16a4i 01c gk3234l21a2i1t.28g5tt9g7an:u2.c88h  · 

METODE FOR Å OMVENDE FOLK TIL KRISTENDOM

Her er en inkvisisjonsmaske som ble brukt til å stikke hull i øynene til de som ikke ville konvertere til kristendommen.

*Masken er utstilt på inkvisisjonsmuseet i Europa. Kristendommen har ikke vokst ved å forkynne kjærlighet, den vokste mest ved å torturere og drepe mennesker på de verste måtene du kan forestille deg, du må bare forske på den “hellige inkvisisjonen” og det var ikke bare den katolske inkvisisjonen, det var også den protestantiske inkvisisjonen. 😮Du vet faktisk ikke så mye om religionen din, du vet bare hva de har fortalt deg.

Mine kommentarar.

Eg tek ikkje med innlegga eg svara på, så dette vert stykkevis, men fruktbar. Om de vil sjå samanhengen, kan de klikke på linken.

Kristendomens metode var å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og gå ut og forkynne den glade bodskapen til kven som helst. Menneska vart kom til tru ved forkynninga av Jesus Ord og ved at den Heilage Ande overtyda dei. Det var med fredelege metode, til tross for at dei var forfølgde med voldelege metode fordi dei ikkje ville tilbe keisaren som gud. Men dette er eit døme på at paven vart ein fornya versjon av den romerske keisaren. Motsetnaden mellom evangelisk kristendom og slike verdslege religiøse autoritetar er den same, også vi vår tid.

Kristendomen pr definisjon Læra til Kristus og apostlane hans! Vi kan samanlikne det med ein mann talar seriøst og meiner kva han seier. Dersom då nokon påstår at han sa noko heilt anna, så er det lygn. Så vi kan samanlikne det med “retts-prosessen” mot Sokrates, det var eit justis-mord. Det var hendrettinga av Jesus og dei første kristne også. Det er visst mange som brukar slike metode og som endåtil kallar det vitskap. Men du behøver ikkje komme å prøve å lyge meg rett opp i trynet på den måten der, for eg trur ikkje på lygn.

Kristus og disiplane hans brukte sine metode og det brukte dei fryste kristne også og vi er mange som framleis brukar same metodene og dei er fredelege, vi satsar på å forkynne det som står skrive i det Nye testamentet og ser det på bakgrunn av det gamle og får hjelp av den Heilage Ande. Vi satsar på at det er nok til å overtyde folk. Keisaren og soldatane hans brukte sine metode, paven brukte sine metode. Vikingane brukte sine metode. Men det var ikkje dei kristne sine metode, kva styresmaktene fann på av politiske og militære metode, var ikkje deira ansvar. Og sjølv om vi lever i eit demokrati kan ikkje vanlege folk heilt stillast til ansvar for kva styresmaktene finn på. Dette skulle no vel ikkje vere så vanskeleg å forstå?

Når kristendomen vart statsreligion i Romarriket, var det eigentleg ved ei syntese mellom nyplatonisme og kristendom, ved Augustin og då veit vi at svakare med tida og på 1200-talet kom der ei syntese mellom kristendom og aristotelisme, ved Thomas Aquina og det vart kyrkja sin erklærte filosofi. Du som gir inntrykk av å vere så lærd skulle vel vite dette?! Då skulle det ikkje vere så vanskeleg å forstå relasjonen til Sokrates heller?

Du viser dermed at du ikkje kjenner til historia i Midt-Austen mellom Sokrates/Platon si tid og tid då Jesus gjekk her på jorda, så du forstår ikkje den politiske situasjonen som Jesus var i når han kom til vår jord. I staden diktar til samanlikning med dei som dikta opp avgudar, ei slik metode er ikkje brukbar som samanliknande politikk.

Apropos Ad-Hominen, dei kristne fekk misjonbefalinga, dei skulle forkynne den glade og frigjerande bodskapen til menneska, Lova kom ved Moses, nåden og sanninga kom ved Kristus. Avgudane laga av stokk og stein var Løgna. Djevelen var løgnaren og far til løgna og han rådde ved døden. Som motsetnad til dette er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Men Kristus var det Guds Lam som bar verda si synd og sona den med sin død på korset, der sigra han over Djevelen. Med si oppstode sigar han over døden. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den levande og sanne Gud, så vi skal tilhøyre han. Jesus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, med den vekker han oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Paulus kalla det Andens teneste, som motsetnad til å træle under lovens bokstav, det kalla han for dødens teneste, bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande. Når du påstår at kristendomens metode er å slå i hel, så er det å påsta at den er det motsette av kva den eigentleg er, det var då som Antikrist.

Jesus er Guds Ord og Guds Son, han er kristendomen. Når han gav disiplane misjonsbefalinga, sa han at han hadde fått all makt i himmel og på jord, derfor skulle dei gå og gjere alle folk til hans læresveinar, ved å forkynne den glade bodskapen og så skulle dei sjå at han var med dei alle dagar inntil verda sin ende. Ved tru på han skal vi sigre saman med han og då er det med hans metode. Ved å tru på at Gud vekte han opp frå dei døde vert vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre vert vi frelst. Korleis kan det vere så lett å verte rettferdig for Gud som er fullkommen. Fordi Kristus er fullkommen og feilfri og hans frelseverk er fullkome. Ved å tru på det seier vi oss samd med Gud i at han redda den rettferdige frå døden, Djevelen kom ikkje nokon veg med sine klagemål mot han. Sidan han døde i staden for oss, skal vi tenke som at vi er krossfesta og døde saman med han, så får vi også del i oppstoda saman med han. Men dersom du ikkje trur at han stod opp att frå dei døde, då blir det som om du meinar at han ikkje var rettferdig og skulle rettmessig dømmast til døden. Då blir det som om du vil dømme den rettferdige, men du kjem ikkje langt overfor den levande og sanne Gud med det. Slik forstår eg Joh.3,16-21.

AKPml hadde si stordomstid i universitetsmiljøet på 1970-talet. Eg var med i det Kristne Studentlaget og snakka ein del med dei, dei såg på oss som rekrutterings-konkurrentar. Vi lova eit liv etter døden, så folk gjekk med mot å lide urett, så dei vart fattige og utarma og fekk lite og inkje ut av dette livet, medan andre sikra seg profitten. Jau, dei hadde eit poeng, kyrkje og prestane og deira samansvorne har gjerne den haldninga at Guds rike får vente til etter døden og ein gong i framtida, inntil vidar er det dei som har makta. Vanlege folk skulle ikkje lengre få be til Gud som sin Far, fridomen i barnekåret var røva frå dei. Likninga om den bortkomne sonene fekk altså den betydninga at det var deira eigen feil, så dei måtte berre finne seg i det.

Evangeliet gjeld likevel, så dersom det vart forkynt for dei og dei trudde og tok imot, så hadde dei fått evig liv. Det innser vi og opplever vi no, i det vi vender hugen opp til Kristus og tek imot den Anden og det livet han gir oss frå himmelen, får vi oppleve den åndelege og himmelske velsigninga her og no (Ef.1,3 & 2,4-7). Då ventar vi oss også materiell velsigning.

Nøda må ver svært stor for å få folk til å risikere livet i ein krig for å røve til seg rikdom, det har vel ofte vore eit motiv for krig, men for å tene slike politiske ideologar som AKP? Det må vere roseraud drøymepolitikk. Men når Jesu disiplar risikerte livet og gjekk i martyrdøden, så var det fordi dei hadde ei visse i trua, ved den hadde dei fått ein dyrebar skatt, det evige livet var planta i dei ved Guds Ord og vona om Gud herlegdom gjorde dei ikkje til skamme, for Guds kjærleik var utrent i deira hjarte ved den Heilage Ande som var dei gitt (Rom.5,5).

Men muslimane vert lova at dei skal få eit liv etter døden og går med i den heilage krigen og mister livet, dei vert rekna som martyrar som får ei heil mengde jomfruer i livet etter døden. Så no har tydeleg vis tidlegare AKP-ml-folk og andre venstreradikale ateistar oppdaga at det er betre å satse på det i staden?! Men dei trur då ikkje på nokon gud. Det er lureri altså.

Og så er det religiøsitet som er avspora seksualitet.

Eg hevdar reformasjonen og pietismen som vi fekk frå Tyskland var viktig for at vi fekk skulegang og opplysning, så folket og landet vart utvikla fram mot sjølvstende, fridom og demokrati. Og det med forholdsvis fredlege metode. Soleis har Venstre og Krf sine merittar, men fekk vanskar med å fornye seg. Det vart kristne vekkingar, korleis stilte dei seg til, som slike som ville ha æra, for å få vind i segla, men så viste det seg at dei tvert om vart ei belastning for vekkinga og motarbeidde vekkinga. Det var Gud som gjorde sitt verk ved sitt Ord og sin Ande og det måtte vi gi han all æra for, vi måtte også takke og ære han for at vi vart eit fritt og demokratisk, kristent land med velstand, i tru og von om at han også ville gjere meir. Ikkje for å ta bort æra frå aktørane i utdanninga, kyrkjelydslivet, politikken og næringslivet, men dette er fundamentalt.

Vi må verte som born, ja fødast på nytt for å sjå Gud rike og komme inn idet. Det som er født av Anden er ånd og Jesus sa at hans rike var ikkje av denne verda. Gud er ånd og dei som vil tilba han må tilbe i ånd og sanning. Eg hevdar samfunnet med han er det mest fundamentale samfunnet som finst og vi treng det i eit kvart samfunn. Han gav oss misjonsbefalinga og så skal vi vente på hans gjenkomst. Inntil då kjem dei kristne til til å skilje seg i to flokkar, den eine går han i møte, den andre ikkje, sjå likninga om brurmøyane (Matt.25,1-13). Han kjem til å skilje folk og nasjonar som sauer og geiter. Her også må dei kristne vere nøye med kvar dei står (Matt.25,31-46).

Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, han er ein god Far som elskar oss og har omsorg for oss, som oppseder oss og lærer oss opp ved sitt ord. Jesus er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Klart vi kan ta feil, men om vi sporar av frå vegen, skal vi få høyre ei stemme bak oss som seier dette er vegen, vandre på den. Det trur eg er den Heilage Ande som minner oss om Ordet.

Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må verte som born, ja, fødast på nytt for å sjå det og komme inn i det. Eg er oppvokst i kyrkja og livet vart plant i meg ved Guds Ord når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse. Det var barnedåp, ja, men for meg verka det som barnevelsigning. Men det fungerer ikkje som dåp, det viser seg når vi vert eldre, då ber det gale avstad. Når det vart usemje i kyrkjelyden, spurde Paulus kven det var dei var døpte til, det var då verken han, Peter eller Apollos, men Kristus. Så sa han endåtil at Jesus sende han ikkje ut for å døype men forkynne evangeliet, rettferd ved tru og frelse ved å vedkjenne at Kristus er Herre. Og det var det sentrale poenget i reformasjonen. Gud er heilag, fullkommen og rein og noko ureint slepp ikkje inn i himmelen. Men Kristus er Guds Son, han er fullkommen og hans frelseverk er fullført og fullkome. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den levande og sanne Gud. Det er berre på det grunnlaget vi får komme inn i Guds himmel. Men då er det også like enkelt som når eit lite barn tek imot Guds rike. Det har ein fundamental verdi for oss her og no, først og fremst individuelt, så i samfunnet, men verdslege rike er noko heilt anna.

Den spanske inkvisisjonen vart brukt mot jødar og muslimar, men det er ikkje den motsetnaden vi ser i vår tid. https://no.wikipedia.org/wiki/Den_spanske_inkvisisjonen

Synda skilde menneska frå Gud, det er det vondes problem. Men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle og gjorde dei fullkomne som vert helga. På det grunnlaget får eg oppleve samfunnet med han, ei herleg og vidunderleg kvile som han gir meg. På det grunnlaget fekk eg bønnesvar i Maranata Oslo, ved at han lækte mor mi frå helveteseld og lungebetenning, medan ho var på Sunnmøre. Då var ho 87 år og levde til ho var 91. Og hausten 2022 vart eg lækt for ein brokkport, det var ved at eg let den Heilage Ande be for meg og oss. Jesus er vår øvsteprest og talsmann hos Faderen. Det er berre å seie til han at du ynskjer han skal vere det for deg og. Ved å tru på han får vi den Heilage Ande av berre nåde og den hjelper oss I vårt bønneliv.

Dersom du vil vite kva kristendom er for noko, så må du lese det nye testamentet, vil du verte meir avansert, ser du det på bakgrunn av det gamle testamentet. Tenk deg at du står og pratar med ein person eller ei lita gruppe og så kjem der ein annan og skubbar deg vekk og seier til dei noko heilt anna og påstår at det er dette du meinar og står for i staden, og vil dei skal krevje deg til rekneskap for det. Det er metoden til justismord, dersom de godtek slike metode, kva kan vi då vente oss, anna enn at det er historia som gjentek seg?

Eg er oppvoksen i kyrkja og mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Jesus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste, be for folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse kvinna frå det som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone som andre prioritet. Då merka eg at han var hos meg som ein skugge ved mi høgre hand og eg vart kjend med han som min beste ven. Ho lærde meg ikkje ferdige løysingar på problema eg møtte, men at eg kunne komme til Jesu med alle mine problem. Først på gymnaset byrja eg å gå regelmessig på møte og i den Frie Evangeliske Forsamling fekk eg oppleve at Jesus svara meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale, hans frelseverk er fullført og fullkomme og det er berre å ta imot i tru og takke for det. slik var han framleis problemløysaren og det skulle eg innsjå. Vi får komme til han og legge av dei tunge byrdene og finne kvile hos han (Matt.11,28-31). Vi er alle ulike og har alle ulike problem å stri med, men eg er overtyda om at dette vil funger for oss alle, deg også. Fordi Jesus betalt prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den sanne og levande Gud.

Politikk, psykoanalyse og kristendom.

Destruktiv politisk tenking med revolusjon som visjon.

Dei radikale og revolusjonære har som hensikt å rive ned samfunnet, for å gjere revolusjon og bygge opp noko nytt. Men korleis kan dei unngå at den destruktive tenkinga vert destruktiv for dei sjølve også, blir den ikkje i mange tilfelle først og fremst destruktiv for dei sjølve. Om dei tenker destruktivt for andre, kjem det ikkje til å verke tilbake på dei sjølve? Kanskje ved å snylte? Men dette høver då ikkje med arbeidarane sitt konstruktive arbeid som dei vil ha noko igjen for gjennom klassekampen. Snyltarane må vel heller satse på å smigre med sin utdanning og sin politikk? Har kanskje ikkje proletariatets diktatur bestandig vore snyltarar? Kven elles?

Mange venstreradikale ateistar (ex. AKP-ml på 1970-talet) forakte kristendomen på grunn av at det betydde å lide med Kristus, ta opp krossen sin og følge han. Dei påstod at dei forlenga lidinga. Det var betre for di undertrykte å gjere revolusjon og risikere å døy i krigen, då vart dei tross alt ferdig med lidinga. Trikset til den herskande overklassa og dei kristen var å få dei til å finne seg i lidinga ved at dei lokka med evig liv og herlegdom etter døden og truge med fortaping og evig pine som straff. Det var nok relevant for den katolske kyrkja i middelalderen med etterdønningar, men det som gjer skilnaden er den evangeliske forkynninga. Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, så vi får leve i fridomen i barnekåret hos Gud og få oppleve at han elskar oss og tek omsorg for oss som sine born, han gir oss gode gåver, oppseder oss og lærer oss opp. Kristus elskar si kyrkje som si brud og tek omsorg for henne.

Dødsdrifta og livsdrifta, korset og oppstoda.

Psykoanalysa var eitt av alternativa dei hadde til kristendomen. Sigmumd Freud var jøde og vert kalla psykoanalysa sin far. Gjennom samtale med psykisk sjuke pasientar stilte han diagnoser og på grunnlag av nokså like diagnoser påstod han at menneska vert motiverte av aggresjon og seksualitet. Religiøsitet er avspora seksualitet. Eg tok med ein gong ei forsvarsstilling til desse påstandane, eg har då tross alt ein fri vilje og kan velje sjølv kva ev il og kva som skal motivere meg. Dette er ikkje akkurat vitskap. Men så kopla eg det til naturvitskapen og utviklingslæra, påstanden om at livet er ein kamp for tilværet. Der høvde det i grunnen ganske bra. At religiøsitet er avspora seksualitet høvde med Paulus sine ord om avgudsdyrkinga i Rom.1.

Men seinare i Romarbrevet forkynte han at ved trua på Jesus fekk vi den Heilage Ande av berre nåde, så vi skulle la den råde over den kjøtlege lysta i kroppen, vi skulle ikkje verte drevne av kjøtets lyst, men av Anden. Ja vel, så eg skulle vere motivert av Guds kjærleik og dreven av den Heilage Ande og det i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Det var no vel noko kontroversielt, best å vere litt forsiktig.

Freuds motivasjonsteori kan også formulerast slik at mennesket vert motivert av livsdrifta og dødsdrifta. Dette høver vel betre for oss som trur på Kristendomen. I det gamle testametet sa Gud til folket at han la fram for dei vegen til døden og vegen til livet og anbefalte dei å velje livet, så skulle dei leve. Jesus talte også om vegen og porten til døden eller til livet.

Matt.7,13 Gå inn gjennom den tronge porten! For vid er den porten og brei er den vegen som fører til fortaping, og mange er dei som går inn gjennom den. 14 Men trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han.

Joh.14,1 Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! 2 I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk. 3 Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4 Og dit eg går, veit de vegen.»

5 Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går av; korleis kan vi då vita vegen?» 6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. 7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»

Når vi går denne vegen, betyr det av vi berre verte motiverte av livsdrifta? Nei, faktisk ikkje, for han sa at den som vil vere hans læresvein må kvar dag ta opp krossen sin og følge etter han. Ved trua på at han døde i staden for oss, skal vi sjå det slik at vi er krossfesta og døde i saman med han. Då verkar dødsdrifta slik at det som ikkje er liv laga, døyr, det er dei destruktive kreften som sjølve døyr. Så vi får byrje med noko nytt som er liv laga. Klart vi treng noko nytt som erstatning.

Korleis blir det då med dei som tvert om protesterer mot dette? Då blir det vel slik at dei destruktive kreften verkar destruktivt i dei. Då verkar det også destruktivt for lokalsammet, eller hur?

I dåpen er vi gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han, derfor skal vi vende hugen opp til han og ta imot det brødet han gir oss frå himmelen, brødet som kom ned for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Slik får vi oppleve hans frelseskraft og Guds skapar kraft, Gud skapar noko nytt ved sitt Ord og sin Ande. Resultatet er at det verkar konstruktivt altså, som motsetnad til dei destruktive kreftene. Både naturlege og åndelege krefter kan verke destruktivt og det må vi lære å sjå skilnad på.

Når vi då går ut og møter andre menneske og forkynner evangeliet for dei, skal det verke konstruktivt i lokalsamfunnet, dersom dei tek imot bodskapen.

Ødipussyndromet.

Freud påstod også at når ein gutunge vert avvand, kan han oppfatte faren som ein konkurrent om mora, Freud kalla det Ødipus-komplekset, basert på ei religiøs myte frå antikken. Eg har vanskeleg for å forstå at dette skulle vere noko særleg problem i ein kristen familie, der dei praktiserer barnevelsigning. På grunnlag av den religiøse myta påstod han at suttebehovet var seksuelt motivert, men dette er langt ifra nokon naturfagleg tankegang, i følge naturfagleg tenking var suttebehovet barnet behov for å få mat og drikke og mora elska barnet sitt og tok omsorg for det ved å gi det morsmelk. Som det mest høgtståande pattedyret skulle vi forstå det! Sjølvsagt har faren kjærleik og omsorg for dei begge.

Om dette skulle vere noko problem, må det vere fordi andre interesser kjem inn, fra samfunnet utanfor. Som at prest og biskop, psykolog og psykiater og diverse andre «lærde» maktpersonar vert misunneleg og sjalu på både faren og sonen og kanskje døtra med. Derfor kallar eg det i stadne for Ødipus-syndromet. Dei vert endå til misunneleg på Gud Fader og Son hans Jesus Kristus og Guds born. Dei vert misunneleg på Guds born, så dei prøver å hindre dei i å få den omsorga som Faderen vil gi dei.

Freud var jøde og dei hadde for lengst falle ifrå Gud, kva var alternativet? Avgudane? Her brukte han i alle fall ei religiøs myte. Eg tvilar ikkje på hans faglege motiv og metode, men det var ikkje å forske for å finne ein vitskapleg teori, resultata hans må sjåast i relasjon til metoden, ikkje til ein teori. Eller skulle det kanskje underbygge ei religiøs haldning. Jau, sidan han hadde ein påstand om religionen, så. Det verkar som det resulterer i eit klagemål mot mennesket, at det høver med Djevelens fundamentale klagemål mot mennesket. Så spørst det om det vert brukt slik også.

Prestane i kyrkja likar å bruke psykologien og psykiatrien og har kontakt med psykologar og psykiaterar i beredskap. Her må vi vere førebudd på og vere på vakt mot at Freuds pskoanalyse kan fungere som Djevelens fundamentale klagemål mot mennesket og at han brukar det slik som vi ser i

Op.13,1Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud. 2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt.

Den gamle vonde naturen er som Kain, den nye gode naturen er som Abel, Kain vart misunneleg på han og slo han i hel.

Heb.11,4 I tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Av di han trudde, fekk han det vitnemålet at han var rettferdig; for Gud godkjende offergåvene hans. Og med si tru talar han enno, etter sin død.

Heb.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.

25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen.

1.Joh.3,11 For dette er den bodskapen de har høyrt frå fyrste stund: Vi skal elska kvarandre. 12 Vi må ikkje vera som Kain; han var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige.

13 De må ikkje undra dykk, brør, om verda hatar dykk. 14 Vi veit at vi har gått over frå døden til livet, vi som elskar brørne. Den som ikkje elskar, er enno i døden. 15 Den som hatar bror sin, er ein mordar, og de veit at ingen mordar har evig liv i seg. 16 Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet for oss. Så er det vår skyldnad å gje livet for brørne.


One response to “Lovnad og profeti 46 Konstruktiv eller destruktiv tenking? Søke sanning med fredelege metode 2. Metodene i kristendomen og metodene i realfag.”

  1. Lovnad og profeti 50. Jesus vekker vårt reine samvit, så vi skal sjå på han og kjennast ved han som Sanninga som set oss fri. 1. Kyrkjelyd, familieliv og utdanning. – Faith and Entropy Avatar

    […] Lp45 Konstruktiv eller destruktiv tenking? Søke sanning med fredelege metode. 1. Trældom eller barnekår hos Gud? Lp46 Konstruktiv eller destruktiv tenking? Søke sanning med fredelege metode 2. Metodene i kristend… […]

    Like

Leave a comment