Jesus har sett fram for meg ei open dør som ingen kan lukke og invitert meg (Op.3,7-8). Hans frelseverk er fullført og fullkome, så ingen kan lukke den døra for meg. Det er billetten til himmelen, også når han kjem for å hente si blodkjøpte brud.
Jesus er døra inn til sauene og han er den Gode Hyrdingen. Det første han gjorde var å sleppe dei ut. Vi må kle oss i Guds fulle rustning når vi får ut i kvardagen og går ut med evangeliet.
Justismordet.
Tenk deg at ein mann står fram og heilt seriøst seier kva han meiner, kanskje har han gjort ei bragd i sitt arbeid og er glad for kva han har fått til, så han likar å fortelje det. Og så er det ein annan som høyrer det og fortel det vidare til andre, men endrar på det, slik blir det ofte med ryktespreiing, men kanskje nokon gjer det bevisst. Kanskje nokon undersøker jobben og konkluderer med at det var ikkje så vellykka som han ville ha det til, dette var då ikkje så mykje å skryte av. Men dei kan ikkje av den grunn påstå at det som han sa om kva han meinte og ville og det han prøvde å oppnå ikkje var sant og rett, det var då tross alt hans eige frie val. Men dersom dei attpå til påstår at det som han sa og meinte og prøvde å oppnå var noko heilt anna, då er det å lyge. Sladder og baktale kan verte til lygn, men dette kan attpåtil vere bevisst løgn.
Slik vart det i eit korrupt samfunn, kvinna møtte same problemet men eg hevdar det var først og fremst mannen som møtte dette problemet når han skulle stå fram og seie noko, spesielt med tanke på å finne seg ei kone, det viser seg framleis. Slik vart Israel korrupt og slik vart det greske samfunnet korrupt, det viste seg ved justismordet mot Sokrates og det viste seg ved at den lærde eliten i jødedommen kravde å få Kristus hendretta, til tross for at han var den rettferdige frå Gud. Men då døde han i staden for den einskilde. Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle.
Jes.59,1 Sjå, Herrens hand er ikkje så kort
at han ikkje kan frelsa,
og hans øyra ikkje så tunghøyrt
at han ikkje kan høyra.
2 Nei, det er misgjerningane dykkar
som skil mellom dykk og dykkar Gud.
Syndene dykkar løyner hans åsyn,
så han ikkje høyrer dykk.
3 Hendene dykkar er tilsølte med blod
og fingrane flekka med skuld,
lippene dykkar talar lygn,
og tunga mumlar svik.
4 Ingen stemner til doms med rette,
og ingen fører sak på ærleg vis.
Dei lit på fåfengd og talar lygn,
dei ber på urett og føder vondskap.
….
12 Du ser at våre synder er mange,
våre brot vitnar imot oss.
Ja, våre synder veit vi om,
våre misgjerningar kjenner vi:
13 Vi har reist oss mot Herren,
har fornekta han
og gått bort frå vår Gud.
Vi har tala om vald og fråfall
og mumla fram svikefulle ord
som var avla i hjarta.
14 Difor er retten unnatrengd,
rettferda står langt borte.
På torget er sanninga fallen,
og det rette vinn ikkje fram.
15 Truskapen er borte,
og den som held seg frå vondskap,
vert plyndra.
at det ikkje var retten som rådde.
16 Han såg at ikkje ein steig fram,
og undra seg over
at ingen førte hans sak.
Då kom hans arm han til hjelp,
hans rettferd stødde han.
17 Han tok rettferd på seg til brynje
og sette frelseshjelm på sitt hovud.
Så kledde han seg i hemnens klednad
og sveipte om seg brennhug til kappe.
(Ef.6,10-20).
Gud hadde sagt til dei gjennom Moses at dei skulle kalle han Jahve, «EG Er», for han er den han er. Så dei skulle ikkje misbruke namnet og seie at han var ein annan enn den han var, men holde namnet han heilagt og seie at han var den han var.
Gud sende Son sin til dei, men då sa dei ikkje at han var den han var, men at han var ein annan enn den han var.
Joh.3,16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.
Til samanlikning har dei «kristne» i Noreg gått så langt at dei endåtil sløyfer bibelvers i den nye oversettinga (2024), i følgje Elin.
Gud skaper noko som går til grunne og noko som er evig.
Mennesket er det mest høgtståande pattedyret med mest omsorg for sine ungar. Ekteskap og familieliv har som hensikt å formeire seg og ta omsorg for ungane, det er den mest grunnleggande og naturlege sosiale eininga i samfunnet, slik vert det bygt opp frå grunnen. Det som elles særmerker mennesket framfor andre dyr er fingrane, spesielt tommelen, evna til å lage reiskap og bruke dei og framfor alt den store hjerna, spesielt store-hjerna med språksansen og sansen for matematikk, evna til å tenke symbolsk og kommunisere med språket. Derfor treng vi også Guds Ord, der er mykje symbolikk og vi treng den Heilage Ande til å openberre det for oss.
Gud skapte menneska og velsigna dei og sa dei skulle formeire seg og verte mange og legge verda under seg. I 1.Mos.2 er det fortalt om Adam og Eva og eg forstår det slik at det også handlar om korleis Gud skaper og bygger opp samfunnet på grunnlag av ekteskap og familieliv. Så Gud tenkte konstruktivt og skapte noko nytt og det gjer han framleis.
Men syndefallet førde til forbanning. Gud sette strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt, vi skjønar at det handla om menneskelivet, men ormen var eit meir primitivt dyr og det var då eigentleg ikkje naturleg for det mest høgtståande pattedyret å leve som krypdyr. Dette verka destruktivt på både familielivet og samfunnet. Jorda skulle bere torn og tistel, med sveitte i andletet skulle mannen ete sitt brød til han for i jorda at, for jord var han og til jorda skulle han attende.
Soleis var det mange samfunn som oppstod og gjekk til grunne, også Israel. Kong Salomo talte om ei tid til å bygge og plante og ei tid til å rive ned og rykke opp. Likevel skapte Gud noko som stod til evig tid.
Fork.3,1 Alt har si faste tid,
alt som hender under himmelen, har si tid:
2 ei tid til å fødast, ei til å døy,
ei tid til å planta, ei til å riva opp;
3 ei tid til å drepa, ei til å lækja,
…..
9 Kva vinning har den som arbeider,
av alt sitt strev?
10 Eg såg det plagsame strevet
som Gud har gjeve menneska.
11 Alt skapte han fagert i si tid.
Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.
Men dei skjønar ikkje det verk
som Gud har gjort frå fyrst til sist.
12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei
enn å gleda seg og gjera vel i livet.
13 Men når ein mann får eta og drikka
og vera lukkeleg i alt sitt strev,
er det òg ei gåve frå Gud.
14 Eg skjøna at alt det Gud gjer,
varer til evig tid.
Ikkje kan ein leggja noko til,
og ikkje kan ein ta noko ifrå.
Gud har laga det så
for at menneska skal ha age for han.
15 Det som er, har eingong vore,
og det som skal henda, har hendt før.
Gud tek fram att det som kvarv.
ei tid til å riva, ei til å byggja;
Paulus sa at kyrkjelyden var Guds bygning og Guds åkerland. Han planta, apollos vatna, men Gud gav vekst. Dei var Guds medarbeidarar som bygde på evangeliets grunnvoll og då var det om å gjere å bygge med gull, sølv og edle steinar som bestod eldprøva. Noko som var varig altså og det er berre Gud som kan skape noko som står til evig tid og det gjer han ved å frelse menneske for æva og gi dei evig liv.
1.Kor.3, 5 Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til. 6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster. 7 Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster. 8 Den som plantar og den som vatnar, er eitt; men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid. 9 For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning.
10 Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister; og andre byggjer oppå. Men kvar må sjå til korleis han byggjer. 11 Ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus. 12 Men om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv, dyre steinar, tre, høy eller halm, 13 så skal det ein gong syna seg kva slag arbeid kvar har gjort. Domens dag skal gjera det klårt, for han vert openberra med eld, og elden skal prøva korleis kvar manns verk er. 14 Om det verket ein mann har bygt, står seg, skal han få si løn. 15 Om verket hans brenn opp, må han lida tapet. Sjølv skal han verta frelst, men så som gjennom eld. 16 Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk? 17 Øydelegg nokon Guds tempel, han skal Gud øydeleggja. For Guds tempel er heilagt, og dette templet er de.
Barnekår hos Gud eller trældom?
«Mor Israel» og borna hennar.
«Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Han hadde omsorg for henne som si kone, men det forstod ho ikkje og svarde ikkje på hans kjærleik med kjærleik og når han talte til henne svara ho han ikkje og æra han ikkje, i staden svara ho på hans kjærleik og omsorg ved å elske avgudane i staden, ho æra avgudane i staden for å ære og takke Gud for hans kjærleik og omsorg. Når Gud talte til henne, spurde ho avgudane i staden. Så han tok bort omsorga si for henne og ho vart straffa ved at landet vart hærteke og folket vart drepne eller bortførde til Babylonia som slavar. Avgudsdyrkinga var ein styggedom for Herren og den ville han ikkje ha i sitt folk og det landet han gav dei.
Medan dei var bortførde ville han tale venleg til henne igjen, slik som i ungdomstida når han fridde til henne og så ville han la dei komme attende til landet sitt og slik gjekk det.
Slik profeterte Hoseas (ikring 750-722 f.Kr.), Jesajas (ikring 736-722 f.Kr.) profeterte også om det og kom med mange Messias-profetiar). Etter han profeterte Mika slik:
Mika.2,1 Ve dei som tenkjer ut urett
og emnar på vondt
medan dei ligg på si lege!
Dei set det i verk når det ljosnar av dag,
fordi det står i deira makt.
2 Dei trår etter marker og røvar dei,
etter hus og tek dei.
Dei slår under seg mann og hus,
bonden og hans eigedom.
3 Difor seier Herren:
Eg tenkjer ut ei ulukke mot denne ætta,
den kan de aldri fria dykk frå.
De skal ikkje lenger gå stolte ikring,
for det vert ei vond tid.
4 Den dagen skal dei syngja ei nidvise
og setja i med ein klagesong over dykk.
«Det er ute med oss,» skal dei seia,
«vi er herja og øydelagde!
Jorda åt folket mitt skifter eigar.
Å, han har teke markene frå oss
og delt dei ut til fråfalne!»
5 Då skal det ikkje finnast nokon i Herrens lyd
som kastar lodd
og deler ut jord til andre.
6 «Hald opp med å preika!» seier dei.
«Ingen må preika så.
Tek skjellsorda aldri slutt?»
7 Korleis er det du talar, Jakobs hus?
Har Herren mist tolmodet?
Er det så han fer fram?
Har eg ikkje venlege ord
til dei som ferdast rett?
8 Lenge har folket mitt bore seg fiendsleg åt.
De dreg kappa av fredelege folk;
dei som ferdast trygt, vert krigsfangar.
9 De driv kvinnene i folket mitt bort
frå heimane dei var glade i.
De har for alle tider
teke mi ære frå borna deira.
10 Stå opp og far bort herifrå!
Dette er ingen kvilestad,
for her er ureinskap
som valdar skade og tyning.
11 Kom det ein mann som fór med laust snakk
og tala lygn og svik:
«Eg spår for deg om vin og drikk»,
sjå, det var ein profet for dette folket!
Herren vil samla Israels rest
12 Eg vil samla dykk alle, Jakob.
Eg vil samla Israels rest,
føra dei saman som sauer i ei kve,
som ein bøling på beite,
– ein ståkande flokk av menneske.
13 Han som brøyter veg, går føre dei;
dei bryt seg gjennom porten og fer ut.
Kongen deira går føre dei,
Herren sjølv går i brodden for dei.
Her ser det ut til at det var «stormenn» som røva jorda frå småkårsfolk og gjorde dei til trælar. Men så gjekk det slik med dei sjølve også, ved at landet vart hærteke av Babylonarane. Vers 13 ser ut til å vere ein profeti om at dei skulle få komme attende frå Babylonia til landet sitt og det er også ein Messias-profeti.
Joh.10,1 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans. 5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.» 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda.
Etter at dei kom attende frå Babylonia skulle vel «Mor Israel» vel ha lært og det varde ikkje lenge før Malakias kom med ei rettleiing og åtvaring til den unge mannen om å vere trugen mot kona si.
Malaki.2,13 Og dette er det andre de gjer:
De dekkjer Herrens altar
med tårer, gråt og sukkar.
Men han vil ikkje lenger sjå på gåva
eller ta imot dykkar offer med glede.
14 Og de spør: «Kvifor?»
Fordi Herren er vitne i saka
mellom deg og din ungdoms kone.
Du har vore utru mot henne,
endå ho er ektemaken din
som du er bunden til med pakt.
15 Er det ikkje éin som har skapt henne
både med lekam og ånd?
Og kva vil så den eine ha?
Born som høyrer Gud til.
Så akta dykk vel i sjel og hug!
Ver ikkje utru mot din ungdoms kone!
16 Eg vil ikkje vita av skilsmål,
seier Herren, Israels Gud,
og at nokon sveiper sin klednad med valdsferd,
seier Herren, Allhærs Gud.
Så akta dykk vel i sjel og hug
at de ikkje er trulause.
Legg merke til at det er heilt naturlege behov hos kvinna Mika 2,9 Malaki.2,9, samtidig som det er eit åndeleg, ja, himmelsk behov, for det ser ut som ho har lært av «Mor Israel» sitt fråfall, så ho ynskjer seg born som høyrer Gud til. Mange geistlege vil sikkert hevde at det er jordiske behov som motsetnad til det himmelske. Men dersom ho har lært, så er den motsetnaden kunstig for henne, kva skulle forårsake den motsetnaden om ikkje dei kunstige avgudane?
Men korleis kan vel mannen tilfredsstille desse behova hennar? Ved å søke først Guds rike og hans rettferd, så skal dei få alt det andre i tillegg. Ha denne prioritetsordninga klart for seg. Det er det kvinna også må gjere. Dei må verte som born, ja, fødast på nytt, for å sjå Guds rike og komme inn i det. Så dei lever i fridomen i barnekåret hos Gud.
Den øydande styggedomen er destruktiv.
I Mika 2 såg det ut til at det var «stormenn» som røva jorda frå småkårsfolk og gjorde dei til trælar. Men så gjekk det slik med dei sjølve også, ved at landet vart hærteke av Babylonarane. Ein slik strategi fekk dei merke endå hardare ved Antiokus 4. Epifanes, som sette opp den øydande styggedomen (Dan.11-12) og den Duglause Hyrdingen (Sak.11) som gjætte slaktesauene for sauehandlarane.Paven vart ein fornya versjon av den Duglause Hyrdingen og den Romerske Keisaren. Men når vi lever i barnekåret hos Gud, oppdagar vi vel den øydande styggedomen i kyrkja si historie også og i samfunnet, så vi avskyr den. Den er årsak til ei trenseltid.
Matt.24, 15 Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! – 16 då må dei som er i Judea, røma til fjells; 17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset; 18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20 Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat! 21 For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta. 22 Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare.
Matt.22,1 Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning: 2 «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin. 3 Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje. 4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet! 5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si. 6 Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel. 7 Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8 Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det. 9 Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn. 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.
11 Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd. 12 Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner! 14 For mange er kalla, men få er utvalde.»
Trælen og sonen, arvingen og paktarane.
Sonen i huset har større rettar enn trælen, men så lenge sonen er ein gutunge er det ikkje særleg skilnad på han og trælen. Det kan endåtil vere slik at sonen lærer mykje av trælen.
Gal.4,1 Lat meg forklara dette. Så lenge ein arving er umyndig, er det ingen skilnad på han og trælen, endå han er herre over heile eigedomen. 2 Han står under formyndarar og hushaldarar til den tid far hans har fastsett.
Tenk deg at trælen byrja å be Faderen om gode gåver til sonen, men så byrja han å be i staden for sonen, for å få det sjølv. Finn vi ei slik forklaring i Bibelen? Nei, ikkje akkurat for ein vanleg træl, men for paktarane og då vart det ein voldeleg revolusjon mot arvingen.
Luk.20, Så tok han til å tala til folket og fortalde dei denne likninga:
«Det var ein gong ein mann som planta ein vingard og leigde han bort til nokre vindyrkarar. Så drog han ut or landet og skulle vera borte i lang tid. 10 Då tida kom, sende han ein tenar til paktarane og ville få sin del av avlinga. Men dei slo han og lét han gå tomhendt bort. 11 Då sende eigaren ein annan tenar; men dei slo han òg, spotta han og lét han gå tomhendt bort. 12 Endå ein tredje sende han, og han slo dei til blods, og så kasta dei han ut. 13 Kva skal eg no gjera? tenkte han som åtte vingarden. Jau, eg vil senda son min, som eg har så kjær; han har dei nok age for. 14 Men då vindyrkarane fekk sjå sonen, samrådde dei seg med kvarandre og sa: Der har vi arvingen! Lat oss slå han i hel, så vert arven vår. 15 Så kasta dei han ut or vingarden og slo han i hel.
Kva skal no vingardsherren gjera med desse paktarane? 16 Han skal koma og gjera ende på dei og la andre få vingarden.» Då sa dei som høyrde på: «Det må aldri henda!» 17 Men han såg på dei og sa: «Kva tyder då dette som står skrive:
Den steinen bygningsmennene vraka,
har vorte hjørnestein?
18 Kvar den som fell mot denne steinen, skal skada seg. Men den som steinen fell på, skal verta knust.»
Avgudsdyrking på heilag grunn er ein øydande styggedom.
Kristus åtvara mot falske Messiasar og falske profetar (Matt.24,23…). Apostelen Johannes åtvara mot Antikrist, falske profetar og falske gudar (1.Joh.2,18… 4,1.. 5,21). Paulus åtvara mot den Lovlause (2.Tess.2) og avgudsdyrkinga.
1.Kor.10,14 Difor, mine kjære, hald dykk frå avgudsdyrking! 15 Eg talar til dykk som til forstandige menneske. Døm sjølve om det eg seier! 16 Velsignings-kalken som vi velsignar, gjev han ikkje del i Kristi blod? Brødet som vi bryt, gjev det ikkje del i Kristi lekam? 17 Fordi det er eitt brød, er vi alle éin lekam. For vi har alle del i det eine brødet. 18 Sjå på Israels-folket! Har ikkje dei som et av offeret, del i det som skjer på altaret? 19 Kva meiner eg så? At avgudsoffer gagnar, eller at ein avgud er noko? 20 Nei, det heidningane ofrar, ofrar dei til vonde ånder og ikkje til Gud. Men eg vil ikkje at de skal ha samfunn med vonde ånder. 21 De kan ikkje drikka både Herrens kalk og kalken åt vonde ånder. De kan ikkje vera med ved Herrens bord og ved bordet åt vonde ånder. 22 Eller torer vi eggja Herren til harme? Er vi sterkare enn han?
Vi les om at menneske var besatt av vonde ånder, korleis kunne det ha gått til? Det må vel vere ved avgudsdyrking, dei hadde det vondt og det verka destruktivt, men Jesus og disiplane hans dreiv dei ut ved den Heilage Ande, det var frigjerande for menneska. Men så er det også tale om ånd som ein tenkemåte i samfunnet, så vi møter den tenkemåten, korleis merkar vi det? Det er som om tenkemåten kjem til oss og vi merkar det ved at vi byrjar å tenke slik og det må vere slik vi kan kjenne og prøve åndene. Vi må væpne oss mot det og vere på vakt mot det, ved å ta på oss Guds fulle rustning.
Ef.6, Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. 19 Bed for meg òg, at eg må få dei rette ord når eg skal tala, så eg med frimod kan forkynna løyndomen i evangeliet, 20 som eg er sendebod for her i fengslet òg. Bed om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.

