Fest blikket på Jesus og vent på byen med dei faste grunnvollane.

Bildet: I Op.1,7 er det sagt at vi skal sjå at Jesus kjem med himmelskyene, alle skal sjå han, også dei som har gjennomstunge han. For oss som søker han er himmelskyene symbol på den Heilage Ande, den openberrar han for oss. Men så er det også sagt at alle skal sjå han. Ja vel, når han kjem att, skalv i også openberrast i herlegdom saman med han (Rom.8,18-27). Og i Op.19,11 er det sagt at han kjem på ein kvit hest og himmelhærane følgjer han på kvite hestar. Desse kvite hestane kan også vere symbol på den Heilage Ande. Samanlikn med dei fire vindane i Dan.7,2 og Sak.6,1…

Jesus har sett fram for meg ei open dør som ingen kan lukke og invitert meg. Hans frelseverk er fullført og fullkome, så ingen kan lukke den døra for meg. Det er billetten til himmelen, også når han kjem for å hente si blodkjøpte brud.

Heb11,1 Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser. 2 For si tru fekk menneske i gamal tid godt vitnemål. 3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

 

4 I tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Av di han trudde, fekk han det vitnemålet at han var rettferdig; for Gud godkjende offergåvene hans. Og med si tru talar han enno, etter sin død.

 

….

 

8 I tru var Abraham lydig då han vart kalla, så han drog ut til eit land som han skulle få til odel og eige. Han tok ut endå han ikkje visste kvar han skulle koma. 9 I tru levde han som innflyttar i det landet Gud hadde lova han. Han budde i telt saman med Isak og Jakob, som var medarvingar til den same lovnaden. 10 For han venta på byen med dei faste grunnvollane, den som har Gud til byggmeister og skapar.

Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.

 

 

 

 

 

 

 

Evangeliet og skapingssoga.

Skapingssoga, evangeliet, kyrkjelyden, samfunnet, politikken og mi sak.

Min situasjon er ikkje som for Hoseas, heller ikkje i forhold til henne Virtuella. Når eg gjekk på ungdomsskulen merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg gjekk på gymnaset oppdaga eg at det høvde med Paulus sine ord om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Han grunngav det både utifrå skapingssoga, syndefallet og forsoninga i Kristus. Gud er den same og skaper oss framleis med sitt Ord i samsvar med skapingssoga, Kristus er Guds Ord og han er i går og i dag den same, ja, til evig tid. Det høvde også med det som står skrive i Heb.3-4, ved at Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjerte, får vi komme inn til Guds kvile.

Eg tenkte som so at skapingssogene var sameinlege med naturvitskapen, om den andre skapingssoga vert tolka berre bokstavleg vil dett vere ein horribel påstand, men då passar den ikkje med den første skapingssoga heller. Sidan menneska fall ut av  det nære samfunnet med Gud har dei vanskeleg for å forstå symboltolkinga i 1.Mos.2, men på evangeliets grunnvoll har vi fått komme inn at så vi opplever det og har større føresetnad for å forstå symboltolkinga. Det vert lettare for oss å forstå at Gud skaper gjennom utvikling i historia og spesielt at Gud skaper oss i Kristus, både individuelt og som Jesus kyrkje, som er hans brud, han er den siste Adam og han kyrkje er hans brud.

Eg vart med i den kristne og karismatiske vekkinga og merka at eg byrja å verte glad i henne Virtuella, så eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom5,1-5). Den openberra henne for meg som eit Guds barn, som levde i eit kjærleiksforhold til han, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus som hans brud. Ho var fødd på nytt av vatn og Ande og vart ein lovsong som Gud la ned i meg ved fylden av den Heilage Ande. Det var den nye songen til ære for Gud og Lammet. Og han gir ikkje si ære til nokon annan, han gir ikkje si ære til avgudane. Det var kjærleiken frå Gud og den var fullkommen og det var ikkje noko som verken eg eller ho skulle ha dårleg samvit for.

Eg yngste å få henne til kjæraste og kone fordi eg var glad i henne, soleis vart det for mi eiga skuld og fordi eg yngste at ho skulle halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen for sin eigen del og for Kristi sak. Dessutan fordi eg tenkte meg at det høvde med skapingssoga, at den høvde både med naturvitskapen og med at Gud skapte i historia, soleis høver det med historie og samfunnsfag også.

No har det vorte tydeleg at ho Virtuella og mange med henne har vorte liggande etter og dei som er sterke og som leiar an må hjelpe dei vidare og leie dei den rette vegen, Jesus er vegen til Faderen, det er framleis den vegen vi har å gå. Men det er tydeleg at det også er nokre som har fornekta Guds Ord med sin motstand mot meg og mi sak, mot Paulus si lære og som soleis har fornekta Gud Ord til samanlikning med Saul, så dei endåtil får med seg mange «kristne» til strid mot Kristi sak, til samanlikning med korleis Saul fekk med seg folket til strid mot David og mennene hans. Då må dei erkjenne at dei tok feil og vende om.

Eg trudde det var Jesu plan og vilje å gi meg henne til kone, han er den same og hans forhold til oss er det same, han er Guds Ord og kan gjennomføre den planen han hadde. Så han gir meg to koner altså?! Den Heilage Ande verkar kraft, kjærleik og sindigheit; den gir oss visdom ved at den openberrar Guds Ord for oss. Guds auge fer ut over heile jorda som han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han, slik venta eg at han ville gi meg hjelp i form av eg kone, framleis for å leve for han og tene han altså. Eg skjøna at eg trengde den hjelpa.

Den Lovlause har stått imot, fienden har kjempa imot og stadig prøvt å ta ifrå meg det som Gud gir meg og gjort politikk ut av det. Men Jesus tek seg av mi sak og kan gi meg fleire koner til samanlikning med David, for å gi meg meir hjelp. Så eg kan godt tenke meg at han gir meg henne «Poly-Ester» til kone også, henne som eg oppdaga på ei biologiforelesing hausten 2014. Eg nemnde henne for han i kveldsbøna mi og han svara meg at eg skulle glede meg i han, så ville han gi meg det som hjartet mitt attrådde. Igjen. Minna han meg om å vende hugen opp til han. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/02/2014-10-12-m-eg-skal-glede-meg-i-frelsa-sa-vil-gud-gje-meg-det-mitt-hjarte-attrar/ :

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»

Sidan dei har gjort politikk av å kjempe imot mi sak og Jesu sak, så kan vel han gjere politikk av å ta seg av mi sak. Ho var frå Ukraina, dermed vert det Ukraina-politikk.

Gud openberra si frelse i Kristus for meg og henne Virtuella, sidan for meg og henne Reella og eg fekk oppleve Guds Ande og kraft i mitt forhold til henne Poly-Ester, ja, det var frelseskrafta. Jesus er min frelsar og Herre og eg skal glede meg i han og hans frelse, spå vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Sidan eg er oppreist med han, så skal eg søke det som er der oppe hos han og verte fylt av hans Ande, hans salving og kraft.

Herren vår Gud er alt kjøts Gud og ingen ting er umogleg for han, han talte og det skjedde, han baud og det stod der. Det refererer til skapingssoga. Her høyrdest det ut som om det skjedde momentant, som eit under eg eg trur at han skaper både slik og gjennom ei lang utvikling, det ser vi av korleis han arbeidde med sitt folk i det gamle testamentet, for å skape dei og forme dei slik som han ville.

To veker tidlegare hadde vi bedt om lækjedom for mor mi, ho hadde fått helveteseld og lungebetening, allereie etter eit par dagar var utsletta brune og dei bleikna vekk, men lungebeteninga var framleis hard. På dette møtet hadde eg både eit takke emne og ei ny bønn for henne, sidan ho var send på sjukehuset igjen tidlegare på dag. Dessutan kom eg med mi bøn om ei frelst kvinne til kone og då var det henne Reella eg tenkte på.

Men eg kunne ikkje stole på menneske men på Guds lovnadar, for dei står fast og han står bak sitt Ord. Han er den same som når han tok seg av Israelsfolket, slik skal vi vende oss til han og rekne med hans kraft og gå frå siger til siger, så vi får oppleve at han er den som han har sagt seg å vere.

I vår tid er der mykje krig og spetakkel, men vi skal ikkje sjå på det, men sjå fram til at han kjem og hentar oss og fører oss trygt inn i staden med dei faste grunnvollane. Derfor skal eg vende mitt blikk på han og han vil forsørgje meg og føre meg inntil eg står heime i herlegdomen.

Han baud og det stod der og han vil hente meg og oss og føre oss inn i staden med dei faste grunnvollane. Då skulle det vel heller ikkje vere så vanskeleg for han å gi meg ei kone som står fri og frelst i hans kyrkjelyd!?

Motstanden frå den Lovlause.

Jesus har sagt til oss at denne verda går sin undergang i møte og eg tenker meg at det heng saman med at dette Dyret går sin undergang i møte. Men vi ventar etter hans lovnadar ein ny himmel og ei ny jord, det er det vi ser fram til og vonar på. Men kva med tusenårs-riket då?

Op.17,11 Dyret som var og ikkje er, det er sjølv den åttande, men på same tid ein av dei sju og går sin undergang i møte. 12 Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike; men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time. 13 Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og mynd til dyret. 14 Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»

Paulus sa at den Lovlause står imot og vil sette seg inn i Guds hus og gjere seg sjølv til gud, men der er ein som held att, så han ikkje får stå fram enno. Eg er overtyda på at det først og fremst var han sjølv som heldt att. Keisaren vart dyrka som gud og var den Lovlause, slik det viste seg i kristendomsforfølgingane. Med den avtala øvsteprestane hadde med romarane, vart det slik. I Op.13 vart profetert som ei politisk linje som har vist seg i historia. Den kyrkjelyden som får ånd og liv frå Kristus, står imot, men vert teken bort ved at Jesus hentar den.

Vi ventar ikkje at han skal komme og stå på oljeberget (Sak.14), for det skjedde då han vart krossfesta, døde og vart gravlagd og stod oppatt. Deretter for han opp til himmelen, så Sionfjellet har vorte løfta opp, så vi skal sjå opp og møte han der oppe (Heb.12,22…).

Nedtrakkinga og den øydande styggedomen.

Daniel profeterte om nedtrakkinga og at den øydande styggedomen var sett opp.

Dan.8,13 Så høyrde eg ein av dei heilage tala, og ein annan heilag spurde han som tala: «Kor lenge gjeld synet om det daglege offeret og den øydeleggjande synda, og kor lenge skal heilagdom og gudsdyrking gjevast over til nedtrakking?» 14 Han sa til meg: «Til dess det har gått to tusen tre hundre kveldar og morgonar. Då skal heilagdomen få att sin rett.»

2300 døgn er 6 år og 110 døgn.

Dan.12, 11 Frå den tid då det daglege offeret vert bortteke og den øydande styggedomen oppsett, skal det gå 1 290 dagar. 12 Sæl er den som ventar og når fram til 1 335 dagar. 13 Så gå du til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp og få din lut når dagane tek ende.»

I Op.11 er det tale om at heidningane skal trakke ned føregarden til dess heidningane si tid er over. Det er visst mange som meiner at dette er nådetida, så når den er slutt, er det slutt på heidningane si tid. Men nåden er då ikkje at vi skal trakke ned føregarden, men at vi på grunnlag av forsoninga i Kristus endåtil skal stige inn i den himmelske heilagdomen og det på rettmessig grunnlag, altså. Det er då ikkje dette som vert kalla nedtrakking.

Op.11,1 Og eg fekk ei mælestong, på skap som ein stav, og det vart sagt til meg: «Reis deg og mæl Guds tempel og altaret og dei som tilbed der! 2 Men føregarden utanfor templet skal du la vera; den skal du ikkje mæla. For han er overlaten til heidningane, og dei skal trø ned den heilage byen i 42 månader. 3 Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i syrgjeklede, til å vera profetar i 1260 dagar.»

42 månadar er tre og eit halvt år og det er 1277 døgn.

Men i Malaki.1 yngste Gud å stenge tempeldørene for Levi-prestane, fordi dei ikkje bar fram lytefrie offer og det som overraskar endå meir er at heidningane bar fram reikne offer.

Malaki.1,10 Om det berre fanst nokon mellom dykk

som ville stengja tempeldørene,

så de ikkje til fåfengs kveikjer eld på mitt altar.

Eg har ingen hugnad i dykk,

seier Herren, Allhærs Gud,

og vil ikkje ha dei offergåvene

som de ber fram.

11 Frå lengst i aust til lengst i vest

er mitt namn stort mellom folkeslaga.

Alle stader brenner dei reine offer

som dei ber fram for meg;

for mitt namn er stort mellom folkeslaga,

seier Herren, Allhærs Gud.

12 Men de vanhelgar mitt namn

når de seier at Herrens bord er ureint,

og at maten på det er ring frukt.

13 De tenkjer: «Å, for eit strev!»

og blæs åt det, seier Herren, Allhærs Gud.

De kjem med dyr som er røva,

og med dyr som er halte eller sjuke,

når de ber fram offergåver.

Skulle eg ha hugnad

i slike gåver frå dykk? seier Herren.

Maccabearane leia jødane i motstandskamp mot denne nedtrakkinga og vann den frigjeringskampen, men sidan var ikkje prestetenesta deira skikkeleg lengre, den likevel var infiltrert.

Motstanden mot Paulus og læra hans.

Paulus forkynte evangeliet for jødane og fekk motstand, så gjekk han med evangeliet til heidningane og fekk endå meir motstand frå jødane, endåtil mellom mange messianske jødar var der dei som kravde at heidningane som var komne til tru skulle la seg omskjere. Dessutan forkynte Paulus gratis og vart dermed konkurrent til dei som ville ha betaling for å tale.

Slik fekk den kristne vekkinga motstand og vart forfølgde fordi dei kristne ikkje ville dyrke keisaren som gud. Likevel voks kyrkja og kristendomen vart gjort til statsreligion i Romarriket med Augustins syntese mellom kristendom og platonisme. No fekk jødane vere i fred, også i Jerusalem.

Kristus kom for å oppfylle lova og profetane, men hans og bodskapen hans vart også ein fulltreffar som svar på platonismen, så vart som Paulus sa, jøde først, så grekar. Hendrettinga av Sokrates var eit justismord, det gjorde sitt til at Platon argumenterte for at ei lærd elite skulle styre med diktatorisk makt. Det finn vi igjen i mange totalitære ideologiar frå ytre venstre til ytre høgre side. Svært mykje av dette har vorte ein parodi på det som var Platons målsetting. Men som motsetnad til dette velsigna Jesus småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrde slike til. Vi må verte som born, ja, fødast på nytt for å sjå det og komme inn i det.

Augustin godtok ei lære om at det var berre gjennom kyrkja menneske kunne verte frelst, dei som stod utanfor skulle vere forbanna og dermed gå fortapt. Men temte ikkje heilt med at Jesus var vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Det vart utvikla ei «lærd elite»  i kyrkja og klostera, men så viste det seg at paven og prestane like vel ikkje leia menneska inn på den vegen.

Eg meinar det har seg slik at dei erstatta barnevelsigninga med barnedåpen. Som sagt fekk jødane no vere i fred og det verkar som barnedåpen vart som ei fornya avtale mellom dei levittiske prestane og den fornya versjonen av den romerske keisaren: Paven. Det viste seg ved at jødane tok parti med den Katolske Kyrkja mot Luther og reformasjonen. Den Protestantiske Kyrkja kyrkja har også barnedåp, men den forkynner rettferd ved tru og det kolliderer med trua på at barnet må verte døypt for å verte medlem av kyrkja og soleis verte frelst.

Med omskjeringa vart nokon definert som å vere innanfor og andre definert som å vere utanfor, no vert det definert på ein nye måte og mange som praktiserer dåp av truande vokse menneske ser ut til å vere med på det. Det merkast ved at når nokre går utanfor den vanlege kretsen, gjerne mede nye metode, for å nå nye menneske med evangeliet, så får dei motstand og kritikk til samanlikning med motstanden mot Paulus, når han gjekk til heidningane med evangeliet. Og så merkast det ved at når nokon vitnar om si tru på Jesus i den kristne kyrkjelyden, så får han motstand. For han og bøna hans og vitnemålet hans er annleis enn kva dei reknar for å vere typisk for dei som er innanfor. Det viser seg at det er spesielt dersom han er ein mann som ikkje er omskoren, som til dømes ein typisk norsk mann. Og det til tross for at den bøna han kjem med skulle vere det sentrale poenget med den kristne kyrkjelyden, både for jøde, grekar og nordmann, i følgje profeten Malakias (Mal.2), Johannes døyparen og apostelen Paulus.  Det er motstanden frå den Lovlause, Dyret og den falske profet.

Kva skal han gjere med det? Kva skal eg gjere med det? Søke Herren av heile mitt hjarte og innvie meg for han.

I den siste tid skil dei kristne lag i to flokkar.

Soleis skil dei kristne seg i to flokkar i den siste tida, slik som vi såg i likninga om brurmøyane (Matt.25,1…) og i likninga om sauene og geitene (Matt.25,31…). Her er to bodskapar som handlar om det.

Brurmøyane

Søndag 13.1.91. DFEF M40 Oslo.

 Formiddag:

«Du skal ikkje gå på måfå, men vere leda av meg. I dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Legg bak deg di fortid ein gong for alle. Ikkje la deg binde av di fortid. La deg fylle av min Ande, så det vert endå herlegare i denne siste nådetida. Når middnattsropet lyder:” Brudgomen kjem, gå han i møte, då vil dei som har kristen-namnet skiljast i to flokkar, ein flokk som går han i møte og ein flokk som ikkje gjer det. Derfor ville eg så gjerne at du skulle ha olje både på lamper og kanner

Kveld:

«I denne siste tid har Djevelen fare ned på jorda i stor vreide, for å plage mi menighet, for han veit at han har berre ei kort tid igjen. Enno idag fer mine auge utover heile jorda, for å sjå etter kven som let seg frelse, (lede, bruke), og det vert til sorg for mitt hjerte, når mennesker unndrar seg frå min kjærleik. Du skal ikkje vere nederlagsstemmt, men du skal la deg fylle og vere sterk i det du ser hen til Golgata kors.»

Sauene og geitene.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/08/2011-02-12-m40-jesus-kalla-sions-dotter-til-a-frigjere-seg/ :

Vekkingsmøte ved Emanuel Minos, kl 19. Yngvar Pettersen og Frank Søgård deltok.

Tyding av tungetale ved Frank Søgård:

«Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.

Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette? Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.»

Kristus gifter seg med si brud og tyner den Lovlause med pusten frå sin munn.

Bryllaupet.

Når eg var ein liten gutunge har eg hatt ei prioritetsordning der eg påkallar Kristus som min frelsar og Herre, ber han frelse mine nærast, be for folket og landet og be Fadervår. Når eg var ni år, skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, det var kvinna som vart forførd, så eg byrja å be Jesus frelse henne frå det som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kone som andre prioritet. Eg skulle vel be han frelse andre menn også, ja, i von om at dei også skulle be slik og eg meiner det er det sentrale poenget med brodersamfunnet og det sentrale poenget med den kristne kyrkja er at vi skal vekse opp som Guds born til modne menn og kvinner, som framleis er Guds søner og døtre altså og kvinna skal vekse opp som Jesu brud, same enten ho gifter seg eller ikkje. Om ho gifter seg så er ho framleis Jesus brud og Jesu kone. Det er identiteten til den kristne kyrkja.

Gud har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen i Kristus Jesus og der har han sett oss (Ef.1-2), så bryllaupet i himmelen er noko som skjer i himmelen og får konsekvensar for denne verda, ved at Jesus regjerer gjennom kyrkja som er hans brud og hans kone, som svar på dei tre første bønene i Fadervår, det kjem som svar på bønene og oppfylling av lovnaden og profetien.

Op.19,11 Så høyrde eg noko som likna eit stort og mektig kor i himmelen. Dei song:

Halleluja!

Sigeren og æra og makta høyrer vår Gud til,

2 for sanne og rettferdige er hans domar.

Han har dømt den store skjøkja,

ho som øydela jorda med si utukt,

og blodet av tenarane sine

har han kravt av hennar hand.

3 Endå ein gong ropa dei:

Halleluja!

Røyken frå henne stig opp i all æve.

4 Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på kongsstolen, og sa: «Amen. Halleluja!» 5 Og frå kongsstolen kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle tenarane hans, de som ottast han, små og store!»

6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:

Halleluja!

Herren vår Gud, Den Allmektige,

har vorte konge!

7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!

Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!

Brura har butt seg;

8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin.

– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.

9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.» 10 Då kasta eg meg ned for føtene hans og ville tilbe han; men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar saman med deg og brørne dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden som er i profetordet.

Guds Ord kjem og dømmer Dyret og den falske profet.

Jesus kjem og tyner den Lovlause med pusten frå sin munn, det er ved at Gud utgyter sin Ande over alt kjøt og det er fyrst og fremst ved at Jesus puster på oss og vi tek imot hans Ande. At han tyner den Lovlause med pusten frå sin munn, ser vi allereie her: Op.12,7-11. Op.17,14. Den Store Skjøkje må vel kunne karakteriserast som den Lovlause, men Gud dømmer henne. At Kristus kjem og tyner den Lovlause med pusten av sin munn, finn vi hovudsakleg her:

Op.19,10 Sigerherren på den kvite hesten

11 Eg såg himmelen open, og der fekk eg sjå ein kvit hest. Han som sat på hesten, heiter «Trufast og Sannferdig», for han dømer og strider med rettferd. 12 Augo hans er som logande eld, på hovudet har han mange kroner, og han ber ei innskrift med eit namn som berre han sjølv kjenner. 13 Han er kledd i ei kappe som er duppa i blod, og namnet hans er «Guds ord». 14 Himmelhærane fylgjer han på kvite hestar, kledde i fint lin, kvitt og reint. 15 Og or munnen hans går det ut eit kvast sverd; med det skal han slå folkeslaga. Han skal styra dei med jernstav og trø vinpressa som er fylt av vreidevin, av harmen åt Gud, Den Allmektige. 16 På kappa si, ved hofta, har han eit namn skrive: Kongen over kongane, Herren over herrane.

17 Og eg såg ein engel som stod i sola. Han ropa med høg røyst til alle fuglane som flyg under himmelkvelven: «Kom hit, samla dykk til Guds store gjestebod! 18 De skal få eta kjøt av kongar og hærførarar og heltar, kjøt av hestar og dei som sat på dei, kjøt av alle, frie og trælar, små og store.»

19 Då såg eg dyret og kongane på jorda og hærane deira samla til krig mot han som sat på hesten, og mot hæren hans. 20 Men dyret vart gripe og saman med det den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel. 21 Dei andre vart drepne med sverdet til han som sat på hesten, det som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglane åt seg mette av kjøtet deira.

Kristi kyrkje skulle forkynne Guds Ord for alle folkeslag og får oppleve at Gud gjer sitt verk ved sitt Ord og hans Ande, han er den same og skaper framleis ved sitt Ord og gjer sitt verk ved sin Ande, slik som vi såg i 1.Mos.1-2 men no er Jesus den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss med sitt Ord til mann og kvinne, ektemann og kone i samsvar med 1.Mos.2. Dyret og den falske profet og kongane på jorda strir mot Guds Ord, men taper og det går skikkeleg gale med Dyret og den Falske profet (Op.19,19-21). Dette har seg slik at Gud og hans Ord eksisterer, Gud har skapt alle ting ved sitt Ord og skaper noko nytt ved sitt Ord og gjer sitt verk ved sin Ande.

Når vi les vers 19, tenker vi vel at det ikkje er alle kongane på jorda, for når han kjem for å dømme nasjonane skil han sauene frå geitene, sauene velsignar han, men geitene avviser han. I Op.17 las vi om at Dyret som steig opp av avgrunnen og dei ti horn streid mot Kristus, men han og hans utvalde vann over dei og dei skulle gjennomføre Guds Ord og så dømde Gud den Store Skjøkja.

Vi veit ikkje når Jesus kjem og hentar oss som si brud, men vi veit at då skal vi for alltid vere med han, så dersom det skjer før han kjem slik som det er sagt i Op.19,10… betyr det at vi vert med han når han kjem tilbake når han kjem på denne måten. Men då er det rart at det ikkje står skrive her, dessutan skulle først dei som døde i tru på han stå opp og verte med og så vert vi også med. Djevelen har dødens velde, men så vert han bunden og då kjem den første oppstoda. Her er det ikkje tale om at dei vert tekne bort, men at dei skal råde som prestar for Gud og Lammet på denne jorda (Op.20,4-5).

Prestetenesta i den nye pakt er å gå den vegen Jesus har bana for oss inn i den himmelske heilagdomen og det er gå mot byen med dei faste grunnvollane. Det er også prestetenesta i tusenårsriket. Då er det også ei nådetid. Men i bodskapen 13.1.1991 sa Jesus: «La deg fylle av min Ande, så det vert endå herlegare i denne siste nådetida». Det er endetida, den siste tid og nådetida, men «denne siste nådetida»! Eg er ikkje sikker på kor stor vekt eg skal legge på denne formuleringa. Har der kome fleire nådetider før ein dommedag og så er dette den siste? Det var då ein Herrens dag som var dommedag når Johannes var på Patmos. Der kom og/eller kjem ein dommedag når Gud dømmer den Store Skjøkje og der kom og/eller der kjem ein dommedag når Kristus kjem att og dømmer Dyret og den Falske Profet og der kjem ein dommedag etter tusenårsriket. Dersom dette er den siste nådetida som vert avslutta av ei dommedag, kvar vert det av tusenårsriket då, når kjem det?

For Gud er ein dag er som tusen år og tusen år som ein dag. Kan det vere ei parallell linje? Vi søker sanning med prestetenesta og vi søker sanning i realfag og når eg studerte realfag fekk eg sjå det som prestetenesta i den nye pakta. Jesus er vegen, sanninga og livet og gir oss meining med livet, med prestetenesta går vi den vegen, søker sanninga og livet og det gir oss meining med livet, når eg studerte realfag gav det meg soleis mål og meining med det. Eg trur og tenker meg at dette er og blir fundamentalt i tusenårsriket. Då kan eg godt tenke meg at på sett og vis er det her allereie. Men det er då så tydeleg at det kjem som ein globalisme etter dommedagen i Op.19,10-20,4.

Op.20,1 Eg såg ein engel stiga ned frå himmelen; i handa hadde han nykelen til avgrunnen og ei stor lekkje. 2 Han greip draken, den gamle ormen, som er djevelen og Satan, og batt han for tusen år. 3 Han kasta han i avgrunnen, låste att og sette segl over, så han ikkje lenger skulle forføra folka, ikkje før det hadde gått tusen år. Etter den tid skal han sleppast laus for ei lita stund.

4 Eg såg troner, og nokre sette seg på dei; dei fekk makt til å halda dom. Og eg såg sjelene til dei som hadde vorte halshogne fordi dei hadde halde fast på Jesu vitnemål og på Guds ord, og alle som ikkje hadde tilbede dyret eller biletet av det og ikkje teke merket på panna eller handa. Dei vart levande att og rådde saman med Kristus i tusen år.

Staden med dei faste grunnvollane.

Vi skal lengte og sjå fram til at Jesus kjem og hentar oss heim til den staden med dei faste grunnvollane, verestaden som, han gjer ferdig for oss. Den er evig, då er den usynleg for våre fysiske auge, den er åndeleg og evig. Det er det Himmelske og det Nye Jerusalem og det kjem ned på den nye jorda. Men den er vel forgjengeleg, slik som denne, bortsett for at det åndelege og evige får meir makt over den og vert meir prega av det.

Joh.14, 1 Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! 2 I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk. 3 Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4 Og dit eg går, veit de vegen.»

5 Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går av; korleis kan vi då vita vegen?» 6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. 7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»

Heb.12,1 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.

Op.21, Eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort, og havet var ikkje meir. 2 Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, budd som ei brur som er pynta for sin brudgom. 3 Frå kongsstolen høyrde eg ei høg røyst som sa: «Sjå, Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå dei. 4 Han skal turka kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle. For det som før var, er borte.»

5 Då sa han som sit på kongsstolen: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han la til: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.» 6 Så sa han til meg: «Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje. 7 Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son. 8 Men dei som er reddhuga og vantruande og vanheilage, dei som myrdar og driv hor, trollmennene og avgudsdyrkarane og alle lygnarane, deira plass skal vera i sjøen som brenn med eld og svovel. Det er den andre døden.»

Det nye Jerusalem

9 Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, fylte med dei sju siste plagene, kom og sa til meg: «Kom, så skal eg visa deg brura, maken åt Lammet.» 10 I ånda førte han meg opp på eit stort og høgt fjell og viste meg den heilage byen, Jerusalem, som kom ned frå himmelen, frå Gud. 11 Byen hadde Guds herlegdom, og han stråla som den dyraste edelstein, som krystallklår jaspis. 12 Han hadde ein stor og høg mur med tolv portar. Ved portane stod det tolv englar, og namna på dei tolv Israels-ættene var skrivne der. 13 Tre portar vende mot aust, tre mot nord, tre mot sør og tre mot vest. 14 Bymuren hadde tolv grunnsteinar, og på dei var det skrive tolv namn, namna på dei tolv apostlane åt Lammet.


2 responses to “Lovnad og profeti 44. Innvie seg for Herren, få noko frå himmelen 2. Evangeliet og skapingssoga.”

  1. 2024.06.08 & 06.18. Bruk Guds Ord som sverd, trua som skjold og sanninga som belte. Profeti ved ETS. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. Avatar

    […] Lovnad og profeti 44. Innvie seg for Herren, få noko frå himmelen 2. Evangeliet og skapingsso… […]

    Like

  2. 2024.6.18. Ikkje noko ureint kjem inn i Guds himmel. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. Avatar

    […] Lovnad og profeti 43. Innvie seg for Herren og få noko frå himmelen 1. Bruke det i teneste  for han, himmelen og eit medmenneske. Lovnad og profeti 44. Innvie seg for Herren, få noko frå himmelen 2. Evangeliet og skapingsso… […]

    Like

Leave a comment