Jesus har sett fram for meg ei open dør som ingen kan lukke og invitert meg. Hans frelseverk er fullført og fullkome, så ingen kan lukke den døra for meg. Det er billetten til himmelen også når han kjem for å hente si blodkjøpte brud.
Komme inn til Guds kvile.
Livet er ein kamp for tilværet, det ser vi mange døme på i det Gamle testamentet, folke bad gudane sine om hjelp, utviklingslæra forklarar det utan kopling til mytologien, men som vitskapleg teori er den er avgrensa. Gud hjelpte folket sitt i kampen for tilværet, men ved trua på han skulle dei også få komme inn til hans kvile, for der er noko som er rett og sant og som er suverent over alt det vi med menneskeleg styrke kan kjempe for. Vi brukar fredelege metode.
I realfag og teknologi har vi også oppdaga sanning som er suveren over kva vi med menneskeleg makt kan kjempe oss fram til. Vi brukar fredelege metode, det fekk sitt gjennombrot i renessansen, det vart mykje strid om metoda, før det vart avklart. Det kom mykje godt som frukt av at kristendomen brukte fredelege metode. I den nye pakt kan vi alle tene Gud som prestar, same kva vi driv med, men eg meiner det vert spesielt viktig og verdifullt når vi søker den realfaglege sanninga, Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, derfor er der ei realfagleg sanning.
Den Lovlause står imot vekkinga i Kyrkja og slik står han imot vekkinga i dei frie kyrkjelydane også og prestane som kjent si opplæring på Universitetet. Reglane for presteopplæringa har tydeleg vis vorte endra og det har gått stilt for seg, tydeleg vis for at den Lovlause skal få stå fram i Kyrkja og kva meir?
På samfunnsfag (humaniora) har dei no tydeleg vis teke i bruk metode som er lygnariske. Det er tydeleg vis den Lovlause som står imot den kristne vekkinga og som vi setje seg inn i Guds hus og gjerer seg sjølv til gud.
Men i dei frie kyrkjelydane er der framleis ein som står imot og så veit vi at når Jesus kjem att , skal han tyne den Lovlause med pusten frå sin munn. Han kjem gang på gang til sin kyrkjelyd og så vidt som eg kan forstå verkar det då slik at han tyner den Lovlause med pusten frå sin munn og det vil han halde fram med, til dess vekkinga bryt laus. Vi skal berre halde fram med å innvie oss for Herren, så vil nok han gjere storverk. Slik innvier vi oss også til å ta imot han når han kjem for å hente oss heim til seg. Er vi som dei vise brurmøyane skal vi sjå at han kjem i god tid og verte med han inn til bryllaupet og eg har tru på at det vert bryllaupsfest også i kyrkjelyden, dette er då stordomstida til Jesus kyrkje på jorda (Op.19,1…).
Vårt liv i samfunn med Gud og både privat, i einsemda heime med oss sjølve, og sosialt i den kristne kyrkjelyden. Så når Israelsfolket kom heim att frå Babylonia, var det viktig for dei å komme i gang med å bygge tempelet, då ville Gud velsigne dei.
Dette er meir fundamentalt enn det politiske livet, det såg vi når Israelsfolket ville ha seg ein konge og vi ser det når det er tale om bryllaupet i himmelen i Op.19, det heng saman med noko som skjer på jorda og får konsekvensar for det politiske livet og slik ser det ut i Op.19-20.
Guds Ord vart fruktbart for menneska si tenking og filosofering og det vart igjen fruktbart ved utvikling av realfag og teknologi. Det er fruktbart for næringslivet, det er meir fundamentalt enn det politiske livet, men vert vonleg fruktbart for det politiske livet og. Den Lovlause står imot og det viser seg som dårskap.
Bygginga av tempelet skal ikkje skje med hær eller makt, men ved Guds Ande (Sak.4). Den Lovlause står imot, men Jesus kjem og tyner han med pusten frå sin munn. Med fredelege metode altså?! Ja, for Gud overtyder menneske ved sitt Ord og sin Ande. Konsekvensen kan like vel verte krig, for styresmaktene er andre regime enn at Jesus regjerer gjennom si brud, frå himmelen. Slik er hans kyrkje annleis enn den Store Skjøkje som dreiv hor med kongane rundt om på jorda. Hennar maktutøving vart som den Lovlause (Op.18,24).
Den levittiske prestetenesta som førebilete på prestetenesta i den nye pakt.
Dei to oliventrea, to tenester.
Når Israels-folket kom attende til landet sitt, var det viktig for dei å byrje å bygge oppatt tempelet og komme i gang med prestetenesta. Dei fekk motstand frå nabofolka, men Sakarja forklarde motstanden på ein annan måte (Sak.3,1-5 & 4,7).
Sak.3,1 Så lét han meg sjå Josva, øvstepresten, som stod framfor Herrens engel, medan Satan stod på høgre sida hans og førte klagemål mot han. 2 Herren sa til Satan: «Gjev Herren må visa deg til rettes, Satan! Ja, gjev Herren, som har valt ut Jerusalem, må visa deg til rettes! Er ikkje denne mannen ein brand, riven ut or elden?» 3 Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen. 4 Og engelen sa til dei som stod framfor han: «Ta av han dei skitne kleda!» Til Josva sa han: «Sjå, eg tek bort syndeskulda di og kler deg i høgtidsbunad.» 5 Då sa eg: «Set ein rein turban på hovudet hans!» Og dei sette ein rein turban på hovudet hans og tok på han kleda, medan Herrens engel stod der. 6 Då gav Herrens engel denne lovnaden til Josva:
7 Så seier Herren, Allhærs Gud:
Går du på mine vegar
og rettar deg etter det eg har fastsett,
skal du få styra mitt hus
og vakta mine føregardar,
og eg vil gje deg tilgjenge
saman med dei som gjer teneste her.
8 Høyr no, Josva, øvsteprest!
Du og embetsbrørne dine,
som sit framføre deg,
de er varselsmenn.
For sjå, eg lèt min tenar Renning koma.
9 Ja, på den steinen eg har lagt framfor Josva,
på denne eine steinen med sju augo
ritar eg den innskrift som skal stå,
lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
På ein einaste dag vil eg ta bort
den skuld som kviler på dette landet.
10 Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud,
skal de be kvarandre til gjestebod
under vintre og fikentre.
Sak.4, 1 Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein mann vert vekt or svevnen. 2 Han spurde meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein ljosestake som er av gull heilt igjennom. På toppen har han ei oljeskål og sju lamper med sju røyrer til kvar av lampene, som sit øvst på han. 3 Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre for oljeskåla og eitt til venstre.» 4 Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva tyder dette, herre?» 5 Engelen som tala med meg, sa: «Veit du ikkje kva dette tyder?» Eg svara: «Nei, herre.» 6 Då tok han til ords og sa til meg:
Dette er Herrens ord til Serubabel:
Ikkje med makt og ikkje med kraft,
men med min Ande,
seier Herren, Allhærs Gud.
7 Kven er vel du, du mektige fjell?
Framfor Serubabel skal du verta ei slette.
Han skal føra fram toppsteinen,
medan dei ropar:
«Nåde, nåde vere med han!»
8 Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
9 Serubabels hender har tufta dette huset,
og hans hender skal fullføra det.
Då skal du sanna
at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til dykk.
10 Ja, alle som har vanvørdt
den dagen då det tok til i det små,
skal gleda seg når dei får sjå
blyloddet i Serubabels hand.
– Dei sju, det er Herrens augo
som fer over heile jorda.
11 Då tok eg til ords og spurde han: «Men kva tyder dei to oliventrea som står til høgre og til venstre for ljosestaken?» 12 Atter tok eg til ords og spurde: «Kva tyder dei to olivengreinene attmed dei to gullrøyrene som leier den gylne oljen ned frå dei?» 13 Han sa til meg: «Veit du ikkje kva dei tyder?» «Nei, herre,» svara eg. 14 Då sa han: «Det er dei to som er salva med olje. Dei står framfor han som er herre over all jorda.»
Det er to tenester, presteteneste og byggherre, i Op.11 ser vi at begge er profetar. Paulus sa at ein profet talar til oppbygging, både for den einskilde og kyrkjelyden.
Øvstepresten skulle ein gong om året gå inn i det høgheilage med blodet av syndeofferet, først for seg sjølv, så for folket. Men her får han også vite at han skal sjå framover til at Gud let sin tenar «Renning» koma. På ein dag ville Gud ta bort skulda som kvilte på dette landet.
No veit vi at det var Jesus som var det Guds Lam som bar verda si synd og som ofra seg som eit syneoffer, for å sone all verdens synd. Det var det som gjorde at dei fekk tilgjeving i den gamle pakt også, det ser vi i Hebrearbrevet.
Engelen for den nye pakta.
Malakias profeterte om at Herren sende sin bodberar føre seg, som skulle rydje vegen for han.
Malaki.3, Sjå, eg sender min bodberar,
han skal rydja vegen for meg.
Brått kjem han til sitt tempel,
Herren som de leitar etter.
Sjå han kjem, engelen for pakta
som de stundar etter,
seier Herren, Allhærs Gud.
2 Men kven kan tola den dagen han kjem,
kven kan stå seg når han syner seg?
For han er lik elden som smeltaren brukar,
lik luten som vaskarane reinsar med.
3 Han skal sitja og smelta og reinsa sølvet.
Han skal reinsa levittane,
reinsa dei som gull og sølv,
så dei kan bera fram for Herren
offergåver på rett vis.
4 Då skal Herren gleda seg
over offergåvene frå Juda og Jerusalem
som i eldgamle dagar, i framfarne år.
No veit vi at dette var Johannes døyparen, alias Elia. Han vert også kalla engelen for den nye pakta, ein Herrens engel er ein bodberar som kjem med bodskap frå han, han er åndeleg og evig og er ikkje avgrensa av levetida til eit menneske av kjøt og blod.
I Sak.3,1… vert det fortalt at Satan førde klagemål mot øvstepresten Josva, men der var ein engel som tala til forsvar for han. Men i Malakias bok kjem der klagemål mot levittane fordi dei ikkje gjer prestetenesta si skikkeleg, engelen for den nye pakta refsa dei for det. Engelen skal reinsa dei, så dei vert fri frå klagemålet og kan gjere prestetenesta på rett vis. Men her fungerte Johannes døyparen berre som den som bana vegen for Herren, det var han som kom for å reinse både levittane og resten av folket.
Sakens kjerne.
Folket skulle ære Gud ved å bere fram feilfrie offer, Malakias refsa dei for at dei i staden kom med offerdyr som ikkje var feilfrie (Malaki. 1,6-2,9). Og så refsa han mennene for at dei skilde seg med konene sine og endåtil gifte seg med utanlandske kvinner i staden.
Her er tydeleg vis ein samanheng, dersom dei bar fram lytelause synd-offerlam, så skulle det gjere dei bra nok overfor Gud og då skulle også kona vere bra nok for ektemannen og ektemannen vere bra nok for kona si.
Malaki.2, 1 Og no, prestar, kjem dette bodet til dykk:
2 Vil de ikkje høyra
og ikkje leggja dykk dette på hjarta,
så de ærar mitt namn,
seier Herren, Allhærs Gud,
så sender eg forbanning mot dykk.
Eg gjer di velsigning om til forbanning,
ja, eg gjer henne til forbanning
fordi de ikkje tek dette til hjarta.
…..
4 Då skal de skjøna at det er eg
som har sendt dykk dette bodet,
så mi pakt med Levi kan stå ved lag,
seier Herren, Allhærs Gud.
5 Mi pakt med han gav liv og fred,
og det gav eg han så han skulle ottast.
Han ottast meg og hadde age for mitt namn.
6 Påliteleg rettleiing var i hans munn,
og det fanst ikkje svik på hans lipper.
Han ferdast med meg i fred og rettferd
og berga mange frå syndeskuld.
7 For ein prests lipper tek vare på kunnskap,
frå hans munn skal folk be om rettleiing,
for han er sendebod frå Herren, Allhærs Gud.
8 Men de har vike av frå vegen
og fått mange til å falla
med den rettleiing de har gjeve.
Levi-pakta har de brote,
seier Herren, Allhærs Gud.
9 Difor har eg gjort dykk vanvørde
og små for heile folket,
for de aktar ikkje på mine vegar,
men gjer skil på folk
når de gjev rettleiing om min vilje.
Herren vil ikkje vita av skilsmål
Malaki.3, 10 Har vi ikkje alle same far,
den eine Gud som har skapt oss?
Kvifor er vi då trulause mot kvarandre
og vanhelgar våre fedrars pakt?
11 Juda har bore seg trulaust åt,
stygge ting har dei gjort
i Israel og Jerusalem.
Ja, Juda har vanhelga
den heilagdomen Herren elskar,
og gift seg med ei kvinne
som dyrkar framande gudar.
12 Gjev Herren må rydja ut or Jakobs telt
kvar ætling av den som gjer slikt,
jamvel om han ber fram offergåver
til Herren, Allhærs Gud.
13 Og dette er det andre de gjer:
De dekkjer Herrens altar
med tårer, gråt og sukkar.
Men han vil ikkje lenger sjå på gåva
eller ta imot dykkar offer med glede.
14 Og de spør: «Kvifor?»
Fordi Herren er vitne i saka
mellom deg og din ungdoms kone.
Du har vore utru mot henne,
endå ho er ektemaken din
som du er bunden til med pakt.
15 Er det ikkje éin som har skapt henne
både med lekam og ånd?
Og kva vil så den eine ha?
Born som høyrer Gud til.
Så akta dykk vel i sjel og hug!
Ver ikkje utru mot din ungdoms kone!
16 Eg vil ikkje vita av skilsmål,
seier Herren, Israels Gud,
og at nokon sveiper sin klednad med valdsferd,
seier Herren, Allhærs Gud.
Så akta dykk vel i sjel og hug
at de ikkje er trulause.
Sakens kjerne er at den unge, jødiske kona hans ville ha born som høyrer Gud til. Som om ho har lært av det profetane sa om at «Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Dette skulle i alle fall vere den kostbare lærdomen dei måtte ha fått med seg etter Israels fråfall, som førde til at landet vart hærteke og dei vart drepne eller bortførde som slavar.
Bodskapen til Johannes Døyparen, alias Elia.
Johannes Døyparen var å vende fedrane sine hjarte til borna og borna sine hjarte til fedrane. Då skulle vel både fedrane og borna forstå at det som var så viktig, var at dei skulle vere Guds born. Og det var ved at kvinna var Guds kone. Og så var der ei kvinne som fødde Messias, Guds Son.
Malaki.4,2 Men for dykk som har age for mitt namn,
skal rettferdssola renna
med lækjedom under sine venger.
De skal gå ut og kjæta dykk som kalvar
når dei slepp or fjøset.
5 Sjå, eg sender profeten Elia til dykk
før Herrens dag kjem, den store og skræmande.
6 Han skal venda fedrehjarto til borna
og barnehjarto til fedrane,
så eg ikkje skal koma og bannstøyta landet.
Joh.1,9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.
…..
29 Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd! 30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg. 31 Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel.» 32 Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande. 34 Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.»
Joh.3,27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka.
31 Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle. 32 Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitnemålet hans. 33 Den som har teke imot hans vitnemål, har stadfest at Gud talar sant. 34 Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden utan mål. 35 Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand. 36 Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande over han.»
Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til, vi må verte som born, ja, fødast på nytt av vatn (livsens vatn) og Ande, for å sjå det og komme inn i det. Den som gjer seg liten som eit barn er den største i himmelriket.
Matt.18, 1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:
Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
……
10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.
Eg tenker meg at når dei kjem opp i den alderen at dei byrjar å tenke på kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og kjenner det, så fungerer engelen deira som engelen for den nye pakta. I Høgsangen.8 er det tale om ei jente som er for ung til å få seg kjæraste og gifte seg, ho er ikkje kjønnsmoden enno. Kva skal då brørne hennar gjere når friarane kjem? Dei vil verne henne til dess ho er voksen og moden nok. Men Gud er ånd og ho er opplærd til å leve i eit kjærleiksforhold til han, som hans barn. Slik også når ho som Sions dotter blir Jesu brud, det kjærleiksforholdet er mest fundamentalt og bør og skal komme i stand før friarane kjem. Det skal både ho og friarane ha klart for seg. Så mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging (1.Tess.4,3-8).
Sjå Guds Lam.
Jesus var det Guds Lytelause lam som bar verda sin synd. Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt synde-offer tok han den bort ein gang for alle, med eitt offer har han for alltid gjort dei fullkomne som vert helga. Slik vert vi bra nok for Gud, slik vert også kvinna bra nok for mannen og mannen verte bra nok for henne.
Og mannen skal vite å finne og vinne seg si eiga kone i helging. Hennar behov er å få barn med han som høyrer Gud til og det er vel det han også vil. Då er der både ei naturleg side av saka og ei åndeleg side av saka. Kristus er brudgomen som har brud, han er fullkommen og hans frelseverk er fullført og fullkome og den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome. Det livet skal leve i oss og den Anden skal råde i vår døyelege lekam.
Den nye songen og den nye pakta.
Hausten 1985 kom der ein bodskap i dFEF M40 Oslo, der Jesus sa til meg: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve». Det minna meg om at når eg gjekk på gymnaset vart eg litt kjend med ei kristen jente som spelte gitar og lovprisa Gud og Lammet for frelsa. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne, så eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den kjærleiken var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,1-5). Den openberra henne for meg som eig Guds barn, som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn, som han elska og hadde omsorg for og ei ung jente som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud, som han elska og hadde omsorg for. Det gjorde meg så godt og eg vart så glad i henne, det var som om ho var ein lovsong Gud la ned i meg ved fylden av den Heilage Ande. Jau, det var den nye songen, å lovprise Gud og Lammet for frelsa. Og Gud gir ikkje si ære til nokon annan.
Siste året på gymnaset inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde og med det meinte eg at denne kjærleiken skulle vi ikkje ha dårleg samvit for, vi skulle ikkje gøyme oss vekk med dårleg samvit, slik som Adam og Eva etter syndefallet.
Jesaja.42,5 Så seier Herren Gud,
han som skapte himmelen og spente han ut,
og breidde ut jorda med alt som der gror,
han som gjev livspust til folket på jord
og ånd til dei som ferdast der:
6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
og teke deg i handa.
Eg har skapt deg
og gjort deg til ei pakt for folket,
til eit ljos for folkeslaga.
7 Du skal opna blinde augo
og føra fangar ut or fengslet,
dei som sit i mørkret,
ut or fangeholet.
8 Eg er Herren, det er mitt namn.
Eg gjev ikkje mi ære til andre
og ikkje min pris til gudebilete.
9 Det som vart varsla før, er kome,
og no kunngjer eg nye ting.
Før dei enno gror fram,
lèt eg dykk få høyra om dei.
Den nye songen
10 Syng ein ny song for Herren,
lovsyng han frå heimsens endar,
de som ferdast på havet,
og alt som fyller det,
de øyar og strender
og de som bur der!
Og Jesus har sagt eg skal sjå til at eg bidreg med det Gud har gitt meg i hjertet.
Bodskapen 29.3.2015:
«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.
Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»
Motstanden frå den Lovlause.
Keisar Nero.
Dette har Paulus forklart godt for oss, så når han talte om motstanden frå den Lovlause, tenker eg fyrst og fremst på den motstanden han fekk, så han var den som måtte rydjast vekk, slik at den Lovlause kunne stå fram. Det skjedde under kristendomsforfølginga under Nero, slik viste den Lovlause seg, med sine metode. Men han viste seg også som den jødiske øvstepresten.
Den jødiske øvstepresten.
Den jødiske øvstepresten skulle først bere fram eit syndeoffer for seg sjølv, dernest for folket. Då skulle han vel også kunne forkynne Guds miskunn, nåde og tilgiving til dei. Det gjorde Jesus, men det ville dei ikkje godta. Judas selde Jesus for 30 sølvpengar, det var prototypen på den Duglause Hyrdingen (Sak.11), som gjette slaktesauene for sauehandlarane. Men det var øvstepresten som stod bak. Jesus var den gode hyrdingen som sette livet til for sauene, han betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den levande og sanne Gud, så vi skal tilhøyre han.
I Malakias 2 såg vi at sakens kjerne var kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne med tanke på ekteskap, men i Joel 3 ser vi igjen at dei vart til salsvare, tydeleg vis i strid med kjærleiksforholdet mellom dei.
Joel.3,6 For sjå, i dei dagar og på den tid,
når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,
7 då vil eg samla alle folkeslag
og føra dei ned i Josjafat-dalen.
Der vil eg halda rettargang med dei
om Israel, mitt folk og min eigedom,
som dei spreidde mellom folka.
Dei delte landet mitt
8 og kasta lodd om folket mitt;
dei gav ein gut for ei skjøkje
og selde ei jente for vin – og drakk.
Dette hadde tradisjon heilt tilbake til Israels fråfall, «Mor Israel» var Guds kone, men ho vende seg bort frå han som ei hore og dyrka gudane til nabofolka i staden. Ho æra han ikkje som Gud, men han gav ikkje si ære til nokon annan, han gav ikkje si ære til avgudane. Så prestane med øvstepresten i spissen representerte den tradisjonen og Jerusalem vart lagt i grus på nytt.
Det andre Dyret i Op.13, Paven.
I middelalderen var det tydeleg at paven vart den nye versjonen av den Duglause Hyrdingen. Dette har eg skrive om her:
Det merkar vi framleis i dagens samfunn og som om der er mange slike Duglause Hyrdingar. Barnedåpen har fungert som barnevelsigning, på grunn av forkynninga, bøn med tru og ved å seie velsigninga. Men i den siste tid er det mange som seier forbanninga i staden, på ein eller annan måte.
Kristus tyner den Lovlause med pusten frå sin munn.
Den som vert rydja vekk er fyrst og fremst Paulus og bodskapen han, i likskap med bodskapen til Johannes Døyparen. Dernest tenker vi på at Jesus kjem for å hente si brud, slik at det er den som vert rydja bort altså. Men no er stordomstida til Jesus kyrkje, det har han sjølv sagt og han regjerer gjennom den (Op.18). Det kling ikkje saman med sytinga og klaginga frå storparten av dei kristne om avkristning. Det må vere fordi dei retter blikket feil veg og tek sikte på noko anna enn det som er hovudsaka, dei ser bort ifrå det som er sakens kjerne, som vi såg i Malaki2, med politiseringa av kvinna er det mange som tvert om kjempar imot det som er sakens kjerne.
Sakens kjerne er at ein ung mann bad Jesus om å gi han ei frelst kvinne til kone. Det høver også med kvinna sitt behov, som vi såg i Malaki2. Dei har teke imot Jesus og er fødde på nytt av vatn (livsens vatn) og Ande og snakka med Jesus som sin frelsar og Herre og snakkar med Faderens som hans barn. Så snakkar han med Jesus om at han byrjar å verte glad i henne og vedkjenner for han at Guds kjærleik er mellom dei. Så vil han snakke med henne om det. Men det får han ikkje. I staden syter dei for at ho får ein annan mann i staden. Den strategien gjer dei politikk og religion ut av. Så slik går det neste gang han prøver seg med eit frieri også. Og det vert også strategien og politikken overfor andre gutungar som veks opp i den kristne kyrkja og får ei kristen opplæring. Det er ei vidareføring av syndefallet og Israels fråfall. For guten og den unge mannen vert det då som at han først får motstand frå den Lovlause, dernest at den Lovlause har sett seg inn i Guds hus for å erstatte han.
Først skulle han komme til eldsterådet og predikant med sitt bønnebehov, kanskje fekk han også oppleve at den Heilage Ande hjelpte han i sitt bønneliv. Men så meiner den unge jenta at denne unge mannen er så ulærd at han ikkje er i stand til å be rett og svare for seg og det er dette eldsterådet også, så ho går til prestane og via dei kanskje til paven også og dei meinar at Kristus er så streng at slike vanlege folk ikkje kan be til han direkte. Dei må be i staden for han, for poenget er at dei må be om noko anna enn det som var sakens kjerne, så dei kjem berre med ei heil masse tullprat i staden. Slik tilslører dei problemet, at ein annan mann har fått henne i staden. Men er ikkje det slik den Lovlause som har sett seg inn i tempelet?
Om ein mann ber Gud gi han ei kone, så ho vert til hjelp for han, som kona si, også som ei nådegåve i kyrkjelydssamanheng, så krev dei at ein annan mann skal få henne i staden. Men då fungerer ho ikkje lengre rett som nådegåve i kyrkjelyden, tenesta hennar vert falsk. Eg tenker meg at det er ein vesentleg måte for det andre Dyret i Op.13 til å gjere falske under og teikn, i teneste for det første Dyret. Det gjer teikn som liknar teiknet Elia gjorde, men offeret er der ikkje. I den nye pakt er det daglege offeret å bere fram kroppen som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud, men her er det teke bort.

