Lovnad og profeti 37. Gjere større gjerningar ved å be i Jesu namn og be Faderen om å la riket sitt komme.

Innvie oss for Kristus, så vi får oppleve at Jesus gjer storverk, sjølv om vi er få.

Innvie meg til å tene Jesus.

Jesus har sett fram for meg ei open dør som ingen kan lukke og invitert meg. Hans frelseverk er fullført og fullkome, så ingen kan lukke den døra for meg. Det er billetten til himmelen, også når han kjem for å hente si blodkjøpte brud.

Op.3,8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.

2.Kor.12,9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg.

Jesus har gitt meg prestetenesta i den nye pakta og kalla meg inn på vegen til det nye Jerusalem. Det er på den nye jorda, men Sions dotter er Jesu brud og blir det nye Jerusalem som kjem ned på den nye jorda. Det er identiteten til Jesus kyrkje, gjennom henne blir han konge på denne jorda (Op.19). Ho er til hjelp for han og når han gir meg ei frelst kvinne til kone, så blir ho til hjelp for meg, så ved å be i Jesu namn, kan eg gjere storverk. Då ber eg først og fremst om at menneske vert frelst så dei vert hans eigedom og så ber eg Faderen om å la riket sitt kome, så tusenårsriket kjem. Prestetenesta i den nye pakt blir fundamentalt viktig for tusenårsriket så ved å tene Gud og Lammet med den, kan eg vonleg både framskunde Jesu komme og bringe utviklinga mot tusenårsriket vidare.  Den lovlause står imot, men kan ikkje stå seg mot den som er kledd i Guds fulle rustning. Jesus kjem og tyner han med pusten frå sin munn. Vi arbeider med fredelege metode og arbeider langsiktig, men vi må vere førebudd på at det likevel vert mykje krig og spetakkel og må vere førebudde på at Jesus kan komme og hente oss kva tid som helst.

Mitt første møte i Maranata.

På mitt første møte i Maranata sa Jesus at om så vi var berre nokre få som innvia oss for han, så var det nok for han til å gjere storverk.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2009-05-10-m-finn-vegen-til-a-skode-jesus-i-hans-herlegdom/ :

MARANATA Oslo søndag 10.5.2009. Kl 18. Tyding av tungetale, ved Roar Grande, Mp3-opptak:

«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren,  sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike  og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk  kvar som helst og når som helst.   Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din   kjærleik frå  meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»

Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg.  Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.

 Vi skulle tru på Jesus og halde fast på hans ord, elske han og elske kvarandre, så ville han openberre seg for oss, han og Faderen ville komme og ta bustad hos oss. Det opplevde eg sterkast i forhold til ei jente som eg vart glad i, først for henne «Virtuella», sidan for henne «Reella».

Mika.6, 8 Herren har då sagt deg, menneske,

kva godt er,

og kva han krev av deg:

At du skal gjera rett,

visa trufast kjærleik

og ferdast audmjukt med din Gud.

Sjå på Jesus og sjå til at du bidreg med det Gud har gitt deg i hjertet.

Eg hadde vore med i den Frie Evangeliske Forsamling sidan 1977, no melde eg meg inn i Jesus Church, men det var ikkje lenge før eg valde å melde meg inn i Maranata i staden. Her kom det jamt og trutt bodskapar gjennom tyding av tungetale og det var viktig for meg. Eg flytta tilbake til Sunnmøre i 2017, her gjekk eg på møte i pinsekyrkjer, men tenkte at det har lite betydning kvar eg står innskrive som medlem, det vesentlege er å ha namnet sitt skrive i livets bok i himmelen. Det ville vere naturleg å vere innskriven i den kyrkjelyden eg går i, men så byrja eg å tenke på at der kjem bodskapar som både er lovnadar til meg og den lokale kyrkjelyden som eg går i og bodskapen som kom i Maranata 29.3.2015 var soleis heilt spesiell. Derfor valde eg å halde fram med å vere medlem der.  Her tek eg med den bodskapen og ein til.

Sjå på trua sin opphavsmann og fullendar.

Bodskapen 17.2.2013, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/05/2013-02-0317-sja-pa-apostelen-og-ovstepresten-jesus/ :

«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»

Når eg høyrde denne bodskapen tenkte eg fyrst på mitt forhold til henne Virtuella, så mitt forhold til henne Reella, at eg skulle sjå på Jesus i mitt forhold til dei begge.

Sjå til at du bidreg.

Bodskapen 29.3.2015, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/07/31/2015-03-29-m-livet-vekkinga-og-fornyinga/ :

«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve  ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»

Anden.

Denne bodskapen minna meg om ein bodskap som kom hausten 1985 i dFEF M40 Oslo, der Jesus sa: «Den lovangen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Den pakt du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve.» Den minna meg om at når eg gjekk på gymnaset vart eg litt kjend med henne Virtuella, ho spelte gitar og lovprisa Gud og Lammet for frelsa. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne og vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den kjærleiken var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande.

Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.

 Den openberra henne for meg som Guds barn, fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd, at ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus som hans brud. Eg opplevde det som at ho var i Faderens hand og han la henne i djupet av mitt hjerte, slik at eg såg ned på henne, eg såg henne meir ifrå Faderens synsstad, som det vidunderlege barnet han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for. Og eg vart så glad i henne. Eg opplevde det som at han fylte lengselen i mitt hjerte og det gjorde meg så godt, eg vart så glad.

Siste året på gymnaset inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud og med det meinte eg at vi skulle ikkje ha dårleg samvit for denne kjærleiken som var mellom oss, for den var frå Gud, vi skulle ikkje gøyme oss for han med dårleg samvit, slik som Adam og Eva etter syndefallet, som Guds born skulle vi tvert om komme til han med alle våre behov.

Livet.

Seinare minna denne bodskapen meg også om at vinteren 1977, omlag eit halvt år etter at eg møtte igjen henne Virtuella i Bergen, talte Jesus til meg omlag slik: Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse. Det minna meg om at det vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge (Jak.1,21).

Eg er oppvoksen i kyrkja og vart tidleg med på bedehuset og husmøte og mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste, be for folket og landet og be Fadervår. Når eg var ni år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det som første prioritet og med tida gje meg ei frelst jente til kjæraste og kone, som andreprioritet. Då merka eg at Jesus var meg nær, som ein skugge ved mi høgre hand, så eg vart kjend med han som min beste ven. Sidan har han ikkje forlete meg og eg har ikkje fornekta han, det har han også sagt til meg gjennom desse bodskapane Elin Therese Slotten har kome med i år.

Aus med glede or frelseskjelda og lev ved den.

Bodskapen i Maranata 22.1.2017:

«Du drikk ikkje lengre av dei sprekte brønnar, nei, no drikk du av den levande brønn, no drikk du av den kjelde som aldri går tørr. Derfor, berre kom til kjelda, lev ved kjelda og drikk og aus med glede av denne frelses-kjelda. Så skal du få oppleve, at gleda i Herren skal bli sterkare. Freden i ditt hjerte skal bli endå rikare. Håpet som du har for det evige, det skal lyse endå sterkare. Derfor, bøy deg ned, drikk av kjelda og du skal kjenne, at du får liv og overflod av liv.

Dersom du er oppreist med meg, då søk det som er ovantil. Ikkje ver så oppteken med det som er her, men rett blikket oppover, rett blikket innover i mitt Ord. Og du skal få oppleve, at den glede som eg skal gje, den overgår alle jorda sine brønnar, for dei held ikkje vatn. Men eg, Herren, er kjelda med det levande vatn og den som kjem til meg, han skal ha liv og få overflod av liv. Halleluja.»

Vere himmelvendt, få ein skatt i leirkar, ta vare på den og ver ein skatt for Kristus.

Ta vare på den fagre skatten.

Jesus har opna døra til himmelen og det er overordna alt anna, men det er spesielt viktig at vi nyttar døra heime med oss sjølve og i kyrkjelyden, så vi får oppleve at Jesus fyller oss med sin Ande og styrker oss med si kraft. Slik får vi ein skatt i leirkar og det er viktig for oss å ta vare på den, slik blir vi også ein dyrebar skatt for Kristus. Slik er det også med den nådegåva han gir oss, den skal vi også ved Guds nåde få bruke.

2.Kor.4, 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.

7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.

2.Tim.1, 6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.

……..

13 Ha dei sunne ord som du har høyrt av meg, til føredøme, og stå fast i den tru og kjærleik som vi har i Kristus Jesus. 14 Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.

Maranata, 16.9.2013, tyding av tungetale ved John Miland:

«Eg har sagt i mitt ord at, ta vare på den fagre skatt som er dykk overgitt ved den Heilage Ande. Du skal vite det, at den vonde, han prøver stadig å røve det frå deg, det du har fått av meg. Derfor har eg sagt i mitt ord, hald deg nær til meg og eg skal halde meg nær til deg, seier Herren. For sjå, den vonde, han skyt brennande piler, men sjå, eg har gitt deg trua sitt skjold, som du kan sløkke alle den vonde sine brennande piler med. Du har ingen ting å frykte mitt barn, når du vandrar med meg og held deg nær til meg, så skal eg bevare deg på alle dine vegar, seier Herren. For sjå, seier Herren, ingen skal kunne rive deg ut av mi hand, så framt du vil halde deg nær til meg, så framt du vil følgje meg. Så skal du vite det, at eg følgjer med deg. Eg har jo sagt i mitt ord, sjå, eg er med deg alle dagar, inn til verda sin ende. Du har ingen ting å frykte, mitt barn, men ver frimodig og gå fram på den veg som eg leier deg. Og lytt til Andens røyst i denne tid og la deg leie, la deg bruke av meg, seier Herren og du skal verte til ei stor velsigning.

Mange av mine born, dei har mista den salving og den kraft som dei ein gong fekk av meg. Og sjå, no fortset dei i eiga kraft og dei finn på det eine og det andre. Og sjå, seier Herren, eg Herren, eg skal openberre mi kraft mellom mine heilage. Det folk som eg har reinsa, det skal forkynne mine gjerningar, seier Herren. Derfor ver observant i denne tida og lytt og sjå kva eg gjer i mellom dei heilage. Sjå ikkje på menneska omkring deg, sjå ikkje på om dei er mange eller få, seier Herren, når eg er mellom dykk, seier Herren, kan de forvente store ting, for eg er underets Gud.

Også i denne by har eg mange som er bundne, og som er bundne av Djevelens band og lenker. Sjå, eg vil løyse dei, eg vil setje dei fri. Sjå, det er mange som lid og eg skal vekke mange i denne tida. Så vere førebudde, mine born, for sjå, plutseleg, så kjem det som eg har tala om, at straumar skal komme og søke meg, for eg Herren, eg skal vere mellom dei og eg skal frelse, eg skal løyse dei og setje dei fri, seier Herren. Derfor skal de, mine born vere klar til å ta imot dei og gi dei mitt ord og fostre dei og lære dei alt eg har befalt dykk. Amen.»

Den vonde prøver stadig å røve frå meg det som Jesus har gitt meg. Det er vel nettopp slik den Lovlause står imot og prøver sette seg inn i tempelet som gud. Erstatte meg ved å ta frå meg det Jesus har gitt meg og bruke det i staden for meg.

Jesu hjerte-skatt.

Ved trua på Jesus får vi komme inn til Guds kvile og det står i kontrast til ein travel arbeidsdag, i kyrkjelyden stig vi fram for nådens trone og då seier vi gjerne slikt som mange meiner ikkje passar seg i ein travel arbeidsdag, der kan vi nok sleppe til med eit lite vitnemål, men må vere førebudd på at vi ikkje får fullføre det vi ville ha sagt, men då må vi hugse at Jesus er med oss ved sin Ande og den kan likevel bruke det til å gjere storverk.

Vi fekk komme til Jesus og drikke av det levande vatnet og så skal vi snakke med han. Eg fekk oppleve at han talte til meg i kyrkjelyden og eg har svara han med å skrive og vitne i kyrkjelyden. På eit møte i Filadelfia Ulsteinvik vitna eg om korleis Jesus svarde på mi bøn for henne Reella og han svarde meg at eg var hans hjarteskatt. Det er ei ny tid eg står framfor, men eg maktar ikkje å komme inn i det, men Jesus er med meg og då går det bra.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2022/08/01/2022-07-1724-filadelfia-ulsteinvik-vitnemote-jesus-leier-meg-inn-i-ei-ny-tid/ :

«Jeg ser din situasjon, jeg vet om alt i ditt liv og jeg fordømmer deg ikke. Jeg oppmuntrer deg, jeg støtter deg, jeg hjelper deg, jeg styrker deg, jeg fyller deg med min glede, jeg gir deg det du trenger. Du kan være trygg, når du hører meg, så er du trygg, uansett omstendighetene, uansett hvor sterkt vinden blåser, uansett hvor høye bølgene er, så er jeg hos deg, jeg er nær deg, jeg leder deg, jeg tar meg av deg. Du er i min favn, du er hos meg. Du er min, du er kjøpt, du er betalt, du er dyerebar i mine øyne. Du er min skatt, du er min hjertes-skatt, du er hos meg. Om du føler det eller ikke, bry deg ikke så mye om det, men husk at du er hos meg, i min varetekt, min trygghet. Uansett hva du nå står framfor, så er jeg med deg og jeg er for deg og jeg leder deg på min veg. Jeg opner de stengte dører, jeg leder deg gjennom vanskelighetene og ut av tunellen og ut i lyset igjen hos meg. Du kan være trygg, du er mitt barn.

Om du så skal ut på fremmed land, et sted du ikke har vært før, om du skal på nye stier og veier, så trenger du ikke å frykte, for dag for dag så leder jeg deg og det er nytt område å innta. Det er nytt område, det er nye ting du skal ut i, du skal ta i bruk nye gaver, du skal være, du skal blomstre for meg på en ny måte, fra nå av. For det er en ny tid som står foran, det er forandring, det er ny tid. Og du skal få merke mitt nærvær og mi hjelp enda sterkere enn før, når du våger å stole på meg. For jeg er med deg, i det nye, i det vanskelige, i det som du tenker at du aldri kunne klare, nei, du kan ikke klare det, men jeg er med deg og da går det bra. Stol på meg, mitt barn.»

Jesu største skatt.

 I kyrkjelyden får vi stige fram for nådens trone og seie mykje som vi ikkje får sagt til menneske vi møter i kvardagen også fordi mange meiner det ikkje passar seg. Når eg stig fram for nådens trone heim med meg sjølv, får eg sagt mykje som er svært så personleg, om mine lengslar, ynskjetenking som er som dagdrøyming og som mange sikkert ville seie ikkje passa seg å seie i kyrkjelyden heller, for dei det er for personleg. Eg tenkte meg at ho Reella steig fram for Kristus som hans brud og det var ved å tru på Jesus og tenke på han som den levande Guds Messias, som sit ved Faderens høgre hand. Eg har skrive det ned og delt det på mi bloggeside og på Facebook og så svarar Jesus meg at dette er hans største skatt. Eg tenkte meg at ho Reella steig fram for Kristus som hans brud. Og så svarde han at det eg har delt med han om mine draumar, ser han på som hans største skatt.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/03/31/2024-3-18-ets-jesus-lengtar-etter-at-du-skal-be-han-om-storre-ting-maranata-2-7-2023-ver-himmelvendt/ :

«Jeg ser alt du har sagt og skrevet ned til meg, sier Herren, det holder jeg som min største skatt. Alt er bevart og tatt vare på hos meg. Du er dyrebar og viktig. Det du deler med meg om dine drømmer og lengsler er viktig for meg. Ikke tro for et øyeblikk at jeg ikke har hørt det eller sett det eller ikke bryr meg. Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for det til å tørre å be meg om mer. Tro meg for mer enn det du kan se. Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv. Tro meg for mer. Rop til meg, så skal jeg vise deg store og ufattelige ting. Ting du ikke kjenner til. Be meg om å vise deg hva du skal tro meg for og jeg skal legge det på hjertet ditt. Jeg har fortrolig samfunn med de som frykter meg og jeg skal vise dem min pakt. Elia var et menneske under samme kår som du. Og han bad inderlig om at det ikke skulle regne og det regnet ikke på jorden i tre år og seks måner. Ett rettferdig menneskes bønn virker med stor kraft. Dine bønner er viktig og de virker. Vær lydig til meg. Lydighet er betre enn offer. Jeg lengter etter at mine barn skal ha fellesskap med meg daglig, høre etter min ledelse og stemme, gå i takt med mitt hjerte. Ikke gå når det er en tid for å sitte, men gå i takt med mine tider og sesonger. Uten et nært, intimt forhold med meg er det umulig for deg å handle utifra mitt hjerte. Kom og sit tett inntil meg, hør mitt hjerteslag som slår for deg og jeg skal vise deg mine tider og veier for deg. Jeg har enda mye mer for deg, mitt elskede barn. Ha ikke det synlige for øyet, men det usynlige. For det synlige tar slutt, men det usynlige er evig. Nå er det tid for å tro meg for mer, også for deg.»

Vi vert heilaggjorde ved Guds Ord og Guds Ande, den openberrar Ordet for oss, så vi innser Sanninga i Ordet og den set oss fri, så vi vert verkeleg fri.Vi skal tru på Kristus, så vi tenker på han og då tenker vi rett, slik lyder vi han. Det betyr ein viss tankekontroll, men det gjer oss godt, det har seg slik at Faderen elskar oss og har omsorg for oss som sine born, også med å lære oss opp og oppdra oss.

Verte som born for å komme inn i Guds rike og få oppleve at han gjer storverk.

Gud sende Johannes Døyparen, alias Elia, for å bane vegen for Jesus, hans bodskap er framleis brennaktuell.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2022/04/03/2022-03-20-sion-aheim-gud-vil-vende-fedrehjerta-til-borna-og-bornehjerta-til-fedrane/ :

Tungetale ved Palma Åhjem, tyding ved Magnor Myklebust.

«Ja, seier Herren, endå ein gong har eg sendt ein av mine tjenarar til din stad, bringe lys, fred, frelse, glede og å samle mitt folk med meg, til vederkvegelse, til fornyelse, i ditt ekteskap, i din heim, … Og eg vil endå ein gong vende fedranes hjerte til barna og barnas sine hjerte til fedrane, så ikkje eg skal slå landet med bann, men til velsigning. Opne ditt hjerte vidt opp og ta imot det budskap, som endå ein gong blir sendt imot deg. Amen.»

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2022/08/19/2022-8-1114-salen-fiska-kven-er-rette-kandidaten-til-a-bli-brukt-av-gud-jesus-star-for-dora-og-bankar-pa-verte-som-born/ :

Tungetale ved Palma Åhjem, tyding ved Oddleif.

«Se, jeg står for døren og banker, sier Herren. Om noen hører min røst, så skal han opne og jeg skal komme inn til ham og holde nattverd med ham. Se, jeg står foran deg og banker på ditt hjerte og jeg vil så gjerne ha fellesskap med deg, mitt kjære barn. Jeg vil så gjerne komme, ikke som en hersker, men som en venn, som eg gjest som du ønsker velkommen. Jeg vil ikke trenge meg inn i livet ditt, men jeg vil og lengter etter at du skal ønske meg velkommen. For jeg har planer for deg, jeg ønsker å fortelle deg den vei du skal vandre videre. Du skal ikke se deg engstelig om, du skal ikke frykte, du skal ikke være redd, for jeg er med deg. Jeg skal ikke slippe deg, men jeg har lovt å være med deg alle dager. Jeg sender deg ut på spennende oppdrag, jeg sender deg ut i verden, og jeg lover å fornye det møtet; se, jeg er med deg alle dager, inntil verdens ende.  Ønsk meg velkommen inn i ditt liv og du skal få kjenne at jeg tar bolig i deg med hele min fylde, sier Herren.»

Profetisk bodskap ved Magnor Myklebust.

(Eg rakk ikkje å spele inn byrjinga, tek det berre etter hukommelsen og bibelteksta), men det som kjem etter første komma, er innspelt)

«Der to eller tre er samla i mitt namn, er eg midt i blant dere. Uten at dere blir som barn, kan dere på ingen måte komme inn i Guds rike.»

Denne hausten skreiv eg meir om korleis eg bad for henne Virtuella når eg gjekk på gymnaset og når eg møtte henne igjen i Bergen. Eg har skrive om det sidan også, det var ein lengsel Gud hadde lagt ned i meg og som eg fekk oppleve at han fylte ved den Heilage Ande. Den lengselen har eg skrive meir om sidan og det er med ord og visdom som eg har fått ved å gå inn i det høgheilage og stige fram for nådens trone. No har Jesus sagt at det eg har skrive om min lengsel, held han for å vere sin største skatt.

Vere førebudd på at Jesus kan komme att kva tid som helst.

Bodskapen 2.9.2023,sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2023/09/04/2023-09-02-sion-aheim-vi-skal-vere-forebudde-pa-at-jesus-kan-komme-att-kva-tid-som-helst/ :

Profetisk bodskap 1 ved Magnor Myklebust.

Profetisk bodskap ved MM (Nokre ord høyrdest litt rart ut, som om der ikkje var samanheng, kanskje korrigerte han seg sjølv ved å ta seg inn att, kanskje oppfatta eg det ikkje skikkeleg, men eg vil gjengi det slik det høyrdest ut:

«Ja, sier Herren, dere undrer dere komme, når jeg kommer, alt er ferdig, jeg kan komme i dag, i dette nu, på eit vink ifra min Far, jeg vil hente (min brud?). Ver dere ferdige, ved morgen, middag og ved natt. For nokre skal vere ute på markene, nokre skal vere om morgonen (eller ved middag)? mens andre ligger og sover. Men jeg kommer. Sjå til at du ikkje har noko uoppgjort med noko menneske. Ver reiseklar. Det einaste du trenger når du står i «gaten» på Gardemoen, er eit adgangskort. Alt som har med din bagasje å gjere, som er på flyet det trenger…, du trenger berre eit adgangsbevis. Gå inn, gå inn til min Faders herlegdom. Amen.»

Profetisk bodskap 2 ved Magnor Myklebust:
     

MM kom og kviskra ein profetisk bodskap i øyra mi, den vart litt svak i innspelinga:

«Eg har satt foran deg ei open dør, gå (først?) inn den døra, for der er opning, der skal du gå inn. Der skal du vere med og bruke gavene, den profetiske gave som skal vere til styrke og velsigning for mange. Ver berre du frimodig. Du er ikkje åleine, eg går med deg. ….. Amen.»

Vi skulle sjå til at vi ikkje hadde noko oppgjort med nokon, då tenkte eg på mitt forhold til henne Virtuella og eg skreiv om at ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Det ville eg at ho skulle halde fram med og at ho som hans brud skulle kle seg i bryllaupskjolen og vere førebudd på at han kjem og hentar henne heim til seg, som si brud.

Eg var invitert til å vere med på ein boklandserings-fest på Biologibygget ved Universitetet i Oslo  og tenkte på å fare og den bodskapen Magnor kviskra i øyret mitt tok eg som svar og rekna med å møte ei open dør både på Biologibygget og i Maranata søndags kvelden, så eg for.

Motstanden frå den Lovlause.

Motstand mot meg og den kristne vekkinga.

Når eg byrja på gymnaset, kom eg med i den karismatiske vekkinga, den fekk motstand i det etablerte kyrkjelydsliv og kjende på at eg med mi bøn også fekk motstand, men dette var ikkje godt å verte klok på. Eg byrja å gå i den Frie Evangeliske forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale og det var litt rart for meg å få oppleve at han som eg opplevde som min beste venn når eg var ein liten gutunge, no tala til meg frå himmelen. Han sa at hans frelseverk var fullført og fullkome, så det var berre for meg å ta imot i tru og takke han for det. Slik har han fortsett å tale til meg seinare også.

Etter at eg møtte igjen henne Virtuella i Bergen, har han sagt at han er den som tek seg av mi sak, eg skulle komme til han med den, så eg byrja å gå til leiinga i kyrkjelyden om det, både pinsekyrkje, dFEF og så Maranata.

Eg forstår det slik at den motstanden som den kristne vekkinga møter og som eg møter, er motstanden frå den Lovlause. Det er berre for meg å gi meg fullt og heilt til Kristus, så blir det heilt klart. Først og fremst skal ho vere frelst, vere Guds barn og Kristi brud, så ho blir mi brud fordi ho er Kristi brud.

Derfor står den Lovlause meg i mot og tek sikte på å erstatte meg. Slik er også motstanden mot den kristne vekkinga.

Den framande makta som kom inn i Israel ved deira fråfall.

Det viser seg at det er den unge guten som ber Jesus gi han ei frelst jente til kjæraste og kone som får motstand, når han prøver å vinne seg si eiga kone i helging, vert han lurte og fortrengde. Det vart tydeleg i den Katolske Kyrkja i  Middelalderen og det er tydeleg i vår tid. Den tradisjonen går heilt tilbake til Israels fråfall. Moses hadde sagt at dei skulle vere Guds born og seinare profetar sa at Mor Israel var Gud kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Men ho vart ei hore, ved a ho dyrka gudane til folka rundt dei. Sidan kom dei som ho hadde drive hor med og tok henne med makt, om ho overlevde vart det som trælkvinne i staden for å vere dronning. Slik profeterte dei om at  landet skulle verte hærteke og folket bortførde som slavar og slik gjekk det, dei vart bortførde til Babylonia. Når det gjekk slik med Mor Israel, Guds kone, kunne vel ein israelsk mann vente seg noko betre betre med han, nei, kvinnene vart tekne med makt, om han overlevde, vart det som slave. Men allereie ved avgudsdyrkinga som kom inn i landet deira, kom der ei makt som streid imot at Mor Israel skulle vere Guds kone og dei skulle vere Guds born.

Ved kong Kyros fekk dei komme attende til landet sitt og det same gjaldt dei små nabofolka deira. Dette er førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag.

Kristus forkynte evangeliet om Guds rike, men fekk motstand.

Kristus kom og forkynte evangeliet om Guds rike, ein frigjerande bodskap, som skulle frigjere dei frå trældomen under synda og avgudane, som om dei framleis var i Babylonia, Egypt og endåtil Sodoma. Men han fekk motstand, som om den framande makta allereie var etablert i landet. Så han fekk motstand, så han profeterte at Jerusalem skulle verte lagt i ruinar til samanlikning med Jeremias, bortsett frå at han sjølv vart hendretta før det skjedde.

Det var som om keisaren med si makt erstatta den unge mannen sin posisjon overfor Gud, når han ville ha seg ei kone og den maktposisjonen sikra Paven seg i den Katolske Kyrkja. Det er ein standard strategi dei brukar for å prøve å få makt og den viser seg også i vår tid. Dei hevda vi som framleis var i barnetrua var dumme og ulærde, så dei skulle liksom be for oss og lære oss å be slik dei ville, men då vart det å be i staden for oss om noko som dei ville i staden for det som vi eigentleg ville. Men i staden for å vere Guds born og lære andre opp som Guds born, vart dei snyltarar, den Lovlause som stod imot og ville gjere seg sjølv til gud, tjuvar og røvarar som var komne før Kristus.

Men eg snakkar med Berget og han skal tyner den Lovlause med pusten frå sin munn.

Jesus rekna med motstand og visste kva som skulle til for å vinne.

Jesus var førebudd på motstand og visste kva som skulle til for å vinne.

Luk.14,25 Mykje folk fylgde med han, og han snudde seg og sa til dei:

26 Om nokon kjem til meg, må han setja det høgare enn far og mor, kone og born, brør og systrer, ja, sitt eige liv, elles kan han ikkje vera min læresvein. 27 Den som ikkje ber krossen sin og fylgjer etter meg, kan ikkje vera min læresvein.

28 Vil ein av dykk byggja eit tårn, set han seg ikkje då fyrst ned og reknar etter kva det vil kosta, om han har nok til å fullføra det? 29 For har han lagt grunnmuren, og ikkje er god til å gjera tårnet ferdig, då vil alle som ser det, gjera narr av han 30 og seia: «Denne mannen gjekk i gang med å byggja, men greidde ikkje å fullføra det.» 31 Eller om ein konge vil dra i krig mot ein annan konge, set han seg ikkje då fyrst ned og tenkjer etter om han med sine ti tusen mann er sterk nok til å møta den andre, som kjem mot han med tjue tusen? 32 Og er han ikkje det, sender han menn av stad og tingar om fred medan fienden enno er langt borte.

33 Såleis kan ingen av dykk vera min læresvein utan at han seier frå seg alt det han eig.

34 Salt er ein god ting. Men misser saltet si kraft, kan det då verta til salt att? 35 Det duger korkje i mold eller møk; dei kastar det ut.

Den som har øyro å høyra med, han høyre!

Innvie oss for Jesus, vere himmelvende, Maranata.

Så når vi merkar at vi får motstand, frå den Lovlause, må vi dess meir innvie oss for Kristus, det blir framleis ved å ta opp korset vårt og følge etter han, men no har han bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen, så vi skal gå den vegen og ta imot den Anden og det livet som han gir oss frå himmelen. Vi skal vente på at han kjem att og hentar oss heim til seg, som si brud og slik skal vi også innvie oss til å tene han. Det har også som hensikt vi held att, så den Lovlause ikkje får sleppe til og at Jesus skal tyne den Lovlause med pusten frå sin munn når han kjem att.

Den Lovlause i Jobs bok.

I Johannes Openberring les vi om at Dyret og den falske profet vart kasta i eldsjøen, men draken vart bunden for 1000 år og så skulle han løysast igjen. Dette høyrest rart ut, draken ver no vel den verste fienden? Det vart ei ny forføring og ein ny dom der draken vart kasta i eldsjøen.

Eg trur det har seg slik at ormen er eit verkeleg biologisk dyr, draken skriv seg frå dinosaurane, nokre av dei kunne løfte buken frå bakken, men dei vart utrydda, soleis dømde Gud ormen til å måtte skride på buken. Tyrannosaurusen er nok det største og sterkaste rovdyret som har levt på jorda. Soleis talar Gud i Jobs bok om Leviatan som den ypperste av Guds skapningar. I den frie naturen lever dyra i fridom, men byttedyra er også fritt vilt for rovdyra. Der gjeld jungelens lov, den sterkaste sin rett.

Jau, det stemmer bra med biologien og utviklingslæra, men kva med det menneskelege, siviliserte samfunnet og kva med at draken vart eldsprutande, då er vi over på mytologi (Job.41,9-12, jfr. Op.9,17).

Gud sette strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt og vi skjønar at det gjeld det menneskelivet og det menneskelege samfunnet. Når den Lovlause set seg inn i tempelet og gjer seg sjølv til gud, blir det som om jungelens lov skal gjelde i det menneskelege samfunnet, dei får ikkje lengre lov å leve som menneske lengre, men degenererer til ormens nivå. Men det er då ikkje naturleg for menneske.  

Den vesentlege skilnaden skilnaden på krypdyr og pattedyr er at pattedyra har mykje meir omsorg for sine ungar. Menneska er det mest høgtståande pattedyret med mest omsorg for sine born. Dessutan har menneska eit suverent intellekt med ei språksans som vi brukar i samfunnet. Og den utviklar vi i samfunnet med Gud, han har då skalt alle ting med sitt Ord og gitt oss sitt Ord, så vi kan snakke med han, som hans born.

Jesus gir meg det som er meg gitt av berre nåde, då skal eg bøye meg for han og vende hugen opp til han.

Jesus gir meg det som er meg gitt av berre nåde, utan krav om gjerningar. Eg skal ikkje berre stå på elvebredda og sjå på livets flod, men hoppe uti og flyte, det er ikkje berre noko som eg skal sjå på, lære og studere på altså, men eg skal oppleve at det er til meg og for meg.

Eg fekk komme til Jesus og drikke av kjelda med det levande vatnet og det skal eg halde fram med. Eg skal bøye meg for han og det inneber ei erkjenning av at sidan han døde på korset i staden for meg, så er eg krossfesta med han, død med han og i dåpen gravlagd med han. Der er eg også oppreist med han og skal vende hugen opp til han og ta imot den Anden og det livet han gir meg frå himmelen.

Ho Reella var så vakker at med vanleg menneskeleg tankegang måtte eg vere svært så innbilsk om eg tenkte meg at eg skulle få henne til kjæraste og kone. Dei som ville vere Jesu læresveinar måtte halde han for å vere viktigare og meir verdifull enn alt anna på jord. Ja vel Og kva så? Når eg i tru ber han om å frelse henne Reella for æva og gi henne evig liv og i von takkar han for det, blir det viktigare for meg enn alt mogleg anna på jord, sjølvsagt fordi han er vår frelsar og Herre og soleis er viktigast for oss. Slik tenker eg, så verdifullt er det for meg, men eg meiner det er ikkje berre noko eg tenker meg, det er ikkje berre noko som eg innbiller meg, men det er ein åndeleg røyndom. Eg hadde sagt til Jesus at om eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne og så fekk eg oppleve at Gud ved sin Ande openberra si frelse for oss i Kristus. Og det skal eg takke han for og glede meg i Herren og hans frelse, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Sidan han er viktigare for meg enn alt anna, blir også dette viktigare for meg enn alt anna.

Og kva så? Korleis kan eg komme vidare med det? Halde fram med å drikke av kjelda med det levande vatnet og leve ved den. Den gir liv til mann og kvinne og til kjærleiksforholdet mellom dei, så det vert ekteskap og familieliv. Jesus var komen for å gi oss ånd og liv og liv i overflod og det gjeld ekteskap og familieliv også.

S.Ordt.4,20 Lyd på det eg seier, son min,

vend øyra til og høyr mine ord!

21 Slepp dei aldri ut or syne,

gøym dei djupt i hjarta!

22 For dei er liv for den som finn dei,

og helsebot for heile kroppen.

23 Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,

for livet går ut frå det.

S.Ordt.5,15 Drikk or din eigen brunn,

rennande vatn or di eiga kjelde!

16 Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,

bekkene dine strøyma på torg og plassar!

17 Du skal ha dei heilt for deg sjølv

og ikkje dela dei med andre.

18 Då skal kjelda di vera velsigna.

Gled deg over din ungdoms kone,

19 den elskelege hind, den yndefulle gasell!

Fryd deg støtt ved hennar barm,

lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!


Leave a comment