Jesus har sett fram for meg ei open dør som ingen kan lukke og invitert meg. Hans frelseverk er fullført og fullkome, så ingen kan lukke den døra for meg. Det er billetten til himmelen også når han kjem for å hente si blodkjøpte brud.
Lat namnet ditt helgast.
Når Israels-folket var bortførde til Babylonia, talte Esekiel til Israels-fjella og sa at Israels-folket skulle komme tilbake til landet og dyrke det opp igjen (Esekiel 36,1..). Herrens namn vart vanæra mellom heidningane, fordi dei hadde mista landet som han gav dei. Men han ville føre dei tilbake til landet han gav dei, til ære for sitt namn. Moses hadde profetert at då skulle dei verte hjarteomskorne. Her vert det sagt at dei skal få eit nytt hjarte. I det nye testamentet vert det kalla hjarteomskjeringa i Anden.
Esekiel 36 Difor skal du seia til israelittane: Så seier Herren Gud: Når eg grip inn, de israelittar, gjer eg det ikkje for dykkar skuld, men for mitt heilage namn skuld, som de har vanæra mellom dei folka de kom til. 23 Eg vil helga mitt store namn, som har vorte vanæra mellom folka, ja, som de vanæra mellom dei. Folkeslaga skal sanna at eg er Herren, seier Herren Gud, når eg midt imellom dykk, beint framfor augo deira, viser kor heilag eg er.
Esekiel 36, 26 Og eg vil gje dykk eit nytt hjarta og la dykk få ei ny ånd inni dykk. Eg vil ta steinhjarta ut or kroppen dykkar og gje dykk eit kjøthjarta i staden. 27 Min Ande vil eg gje inni dykk, og eg vil laga det så at de fylgjer mine føreskrifter og tek vare på mine lover, så de lever etter dei.
28 Då skal de få bu i det landet eg gav fedrane dykkar. De skal vera mitt folk, og eg vil vera dykkar Gud. 29 Eg friar dykk for all dykkar ureinskap. Så kallar eg fram kornet og gjer grøda stor; eg lèt ikkje hungersnaud koma over dykk. 30 Eg gjev mykje frukt på trea og stor avling på marka. Så skal de ikkje meir møta spott mellom folka fordi de svelt.
…..
33 Så seier Herren Gud: Den dagen eg reinsar dykk for alle syndene dykkar, lèt eg dykk bu i byane, og det som ligg i røys, skal byggjast opp att. 34 Jord som har lege brakk, skal dyrkast og ikkje sjå ut som ei audn for alle som fer framom. 35 Då skal dei seia: Den jorda der som låg aud, har vorte som hagen i Eden. Og byane som var herja, øydelagde og nedrivne, ligg der no som faste borger. 36 Dei folka som enno er att rundt ikring dykk, skal sanna at eg, Herren, har bygt opp det som var nedrive, og planta der jorda låg brakk. Eg, Herren, har tala og vil gjera det.
Det skulle vere til ære for hans namn og dei sjølve skulle ære og takke han for det. Og så sende Gud Son sin til dei og gjorde sitt verk gjennom han. Då skulle dei ære han for det og Jesus lærde disiplane sine å be: «Fader vår, du som er i himmelen. Lat namnet ditt helgast….»
Sions dotter er Jesu brud og det er indentiteten til den kristne kyrkja. Prestetenesta i den nye pakt.
Reella, Jesu blodkjøpte og salvevigde brud.
Når eg var ein liten gutunge, vart eg opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneska. Etter kvart forstod deg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han om å gi meg ei frelst jente til kjæraste og ei frelst kvinne til kone. Og eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.
Eg studerte realfag i Oslo på slutten av 1980-talet og hausten 1988 oppdaga eg henne Reella og medan eg sat på den store lesesalen øvst (3.etg) i Vilhelm Bjerknes hus, sa eg til Jesus i mitt stille sinn at eg syntest ho var så vakker at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Sjølv om eg ikkje kjende henne og ikkje hadde snakka med henne. Seinare ein gong når eg sat der opplevde eg at den Heilage Ande minna meg om det og dreiv meg til å gå ut og ned og når eg kom ned siste trinna til første etasje, kom ho frå høgre og gjekk rett forbi meg. Då sa eg i mitt stille sinne: «Der er ho». Då fekk eg ei åndeleg openberring, det var som om himmelen opna seg og Jesus openberra seg for meg og for henne og sa det same, samtidig som eg sa det: «Der er ho». Og eg er viss på at ho også opplevde det, det var Gud som openberra si frelse for oss i Kristus. Slik er den kristne vekkinga.
Matt.5, 8 Sæle dei som er reine i hjarta, dei skal sjå Gud.
Eg såg etter henne seinare også og såg andre kvinner også, jau, der var mange vakre kvinner, men eigentleg var det henne eg såg etter og tenkte på. Likevel fekk eg meg nok ein korreks ved at Jesus sa til meg at han ser ikkje på det som eg ser på, men han ser til hjertet. Som til dømes når Samuel skulle salve David til konge.
1.Sam.16,6 Då dei så kom og han fekk sjå Eliab, sa han til seg sjølv: «Her, framfor Herren, står no hans salva.» 7 Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren, for eg har vraka han. Her gjeld ikkje det som menneske ser. For menneska ser det som auga ser, men Herren ser på hjartet.» 8 Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 9 Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 10 Slik lét Isai dei sju sønene gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: « Herren har ikkje valt ut nokon av desse.»
11 Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Han er ute og gjeter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi set oss ikkje til bords før han kjem.» 12 Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt, hadde vakre auge og var vakker å sjå til. Herren sa: «Reis deg og salva han! For han er det.» 13 Då tok Samuel hornet med olje og salva han midt mellom brørne hans. Frå den dagen kom Herrens ande over David og var med han sidan. Så braut Samuel opp og drog heim att til Rama.
Eg fortsette å tenke på henne og hugse på henne i bøn til Gud, med takkseiing og med dei svara Jesus gav meg kom eg til at det skulle eg også gjere. Ho hadde langt lyst hår, som rakk heilt ned på beltet, typisk idealkvinne for ein ung kvit mann. Så eg kalla henne lenge «Miss Oslo 1990», for same kva slags skjønnheits-konkurranse eg kunne tenke meg ho deltok i, så ville eg ha kåra henne til vinnar. Eg tenkte på korleis ei så vakker kvinne kunne ha vorte til og tenkte då både utifrå utviklingslæra og skapingssoga, så eg takka Gud for at han hadde skapt henne og vona Jesus ville frelse henne. Seinare har eg kalla henne Reella.
Eit stykke framfor matematikkbygget er der ei kort men brei trapp ned mot den sentrale plassen på Blindern og ein gang kom springane ned trappa, frå mi venstre side rett framfor meg, med det lange lyset håret flagrande etter. Det var eit fantastisk flått og vakkert syn som gleda meg. Og Jesus svarde meg at eg skulle vere brennande i brennande i ånda og la kjærleikens flamme brenne. Sjølvsagt tala han om den fullkomne kjærleiken som han har til oss og som er kjærleiken frå Faderen. Slik er den kristne vekkinga.
Eg la merke til at ho gjekk til og frå Biologibygget og der såg eg henne igjen mange gangar. Eg yngste å få møte henne og snakke med henne og kom henne så nær at eg møtte henne ansikt til ansikt, likevel fekk eg ikkje fram eit ord, for i mitt sinn og min tanke snakka eg med han Jesus i staden. Og han i kyrkjelyden (dFEF M40) sa han at slik som han hadde vore mot meg, ville han vere mot den som eg bad for. Ja, han hadde no snakka med meg og då ville han vel snakke med henne også. Slik er den kristne vekkinga.
Ho hadde tydeleg vis mange venner og våren 1989 laga dei ein revy som heitte «Hva er vitsen». Eg møtte igjen ein av vennane hennar på T-bana, sikkert ein av dei som var med på revyen og tenkte på å prate med han. Men sidan vi ikkje skal fare med baktale, må vi vere varsame med kva vi seier om andre menneske, så eg hadde som prinsipp at du skal ikkje snakke om nokon i staden for å snakke med nokon. Men i bøn til Gud kan vi og skal vi snakke om andre menneske. Og Jesus svarde meg i kyrkjelyden igjen og minna meg om å vitne om han, det var det oppdraget han hadde gitt oss, men så tagde eg. Det var ei irettesetting og rettleiing. I dette tilfellet var det altså lettare og rettare å prate med ein av gute-vennane hennar enn å prate med henne. Eg kan samanlikne det med Jesus når han hadde stått oppatt frå dei døde, Maria fekk ikkje røre ved han, sidan han enno ikkje var herleggjord, men det fekk dei mannlege disiplane hans. Det fortel oss noko om korleis brodersamfunnet skal fungere, vi skal vere samde om at kvinna skal leve i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud og hans kone og så skal vi alle leve i kjærleiksforholdet til Faderen, som hans born. Slik er den kristen vekkinga.
Dette betyr at ho er Jesu blodkjøpte og salvevigde brud, det trur eg framleis og takkar Gud og Lammet for det. Når eg sidan har tenkt på henne, bedt for henne og skrive om henne, har eg fått fantastisk oppløftande svar. Eg kan godt seie at eg falt pladask for henne, men ikkje berre for henne, det vart slik som når Johannes la seg langflat for Kristus:
Joh.Op.1, Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:
Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste 18 og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nyklane til døden og dødsriket.
Jesus salva henne til samanlikning med David, så ho er Sions Dotter, Jesu brud og han vil regjere gjennom henne. Det trur eg og takkar Faderen og Sonen for det. Javel, så slik vil eg be for henne også.
Joh.Op.11, 15 Den sjuande engelen bles i basun. Då høyrdest det i himmelen røyster som ropa høgt:
Vår Herre og hans salvevigde
har fått herredøme,
og han skal vera konge i all æve.
16 Dei tjuefire eldste som sit på tronene sine for Guds åsyn, kasta seg ned på andletet, tilbad Gud 17 og sa:
Vi takkar deg, Herre Gud, du Allmektige,
du som er og som var,
fordi du har teke di store makt
og vorte konge.
18 Heidningfolka vart harme,
men no er din vreidedag komen,
og tida då dei døde skal dømast.
Då skal du løna tenarane dine
profetane, dei heilage
og dei som har age for ditt namn,
små og store,
og øyda dei som øyder jorda.
19 Då vart Guds tempel i himmelen opna, og kista som er teiknet på pakta hans, vart synleg der inne. Og det kom lyn og drønn, torebrak og jordskjelv og store hagl.
Sjå også Joh.Op.19,1-10
Her vil eg minne om kva betydning salvinga har for oss:
1.Joh.2,18 Mine born, den siste tida er komen. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at den siste tida er komen. 19 Dei har gått ut frå oss, men dei var ikkje av oss. Hadde dei vore av oss, hadde dei vorte verande hjå oss. Såleis skulle det syna seg at ikkje alle er av oss. 20 Men de er salva av Den Heilage, og alle har de kunnskap. 21 Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga lygn kjem frå sanninga. 22 Og kven er lygnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen. 23 Den som fornektar Sonen, har heller ikkje samfunn med Faderen. Den som vedkjennest Sonen, har samfunn med Faderen òg. 24 Lat det då verta verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av. For dersom det vert verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av, vert de òg verande i Sonen og Faderen. 25 Og dette er det han har lova oss: det evige livet.
26 Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vilt. 27 Men de har fått salving av han; ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon lærer dykk. For hans salving lærer dykk alt og er sannferdig og utan lygn. Vert difor verande i han, så som de har lært.
Jesus gav meg ei presteteneste.
Jesus bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen og kallar oss til å komme etter og stige fram for nådens trone.
Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.
Det er ei presteteneste, først og fremst for oss sjølve, dernest for dei som vi ber for, våre næraste, dei vi møter i kvardagen, lokalsamfunnet. Til samanlikning med at den levittiske øvstepresten først bar fram eit syndeoffer for seg sjølv, dernest for Israels-folket.
Jesus kalla meg til å vere hans tenar i hans heilagdom, ei presteteneste og den hadde han visst store planar med. Så ved å stige fram for nådens trone, kan eg gjere store gjerningar, fordi han kjem meg i møte og gjer sitt verk. Dette kalla han meg til gjennom tyding av tungetale eit par år seinare, så eg tek det med i denne samanhengen, det var på møte i den Frie Evangelisk Forsamling i Møllergata 40 i Oslo.
Søndag 2.12.90.
«I den første tid, så utvalde eg Abraham. Den utveljinga står fast enno i dag, ja til evig tid. Like fast står det at det var eg som utvalde min elska Son, Jesus. Og eg vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel. Og eg vender mine hender til nasjonane, dei er der biletleg tala utstrekte med innbyding til mine nådegåver, endåtil dei som ikkje vil ha noko med mitt namn å gjere, men som berre vil trakke det ned under føter, innbyr eg til fellesskap.
Og det var eg som utvalde deg. Og eg innbyr deg i dag til å innvie deg til teneste for meg. Du skal ikkje tene denne verda, men du skal tene himmelen. Verda og all si lyst forgår, men eg vil gi deg av dei himmelske verdiar og skattar, som er gull verd, og som aldrig forgår. Eg kallar deg no inn på vegen til det nye Jerusalem. Du skal sette di tru og tillit til meg. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.
Du har høyrt det før, at eg er den som døyper deg med den Heilage Ande og eld. To gangar har du høyrt det, og tre gangar har eg talt til deg, og eg trykker no på åtvaringa sin knapp; i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Eg vil sjølv komme og ta bustad i deg. I det høge og heilage bur eg, og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.
Du skal ikkje føle deg vissen og kraftlaus i din kvardag, men alt du treng i dagane som ligg føre, det har du i meg.»
Søndag 9.12.90. TENESTA.
Enten så tenar du denne verdens gud, det er Djevelen, eller så tenar du meg. Men du er min tenar, og du skal tene meg. Djevelen arbeider strengt no, for å hindre deg i å overgi deg heilt til meg. Eg venter på at du skal overgi deg heilt til meg, og innvie deg til teneste for meg. Eg har ikkje berre kalla deg til teneste, men eg vil også utruste deg til den teneste som eg har kalla deg til. Eg vil gi deg av slike himmelske rikdommar som du enno ikkje har fått del i. Eg har framleis min hugnad i menneska sine barn, og eg har min hugnad i deg.
Søndag 23.12.90.
Eg gjer sundknuste hjerter levande, og eg gjer ditt sundknuste hjerte levande. Eg bur i denne sundknusing. Eg gir deg den tru i hjertet som sigrar over verda, den overvinnande tru. Så når trua utvatnast og uttynnast hos mange, så har du ei sterk og levande tru. Du skal ikkje slås ned, men du skal vere ein overvinnar. Eg vil frigjere trua i deg, så du fritt kan bevege deg i Anden verden. Du skal ikkje knyte deg i hop og strype deg inne, men fritt bevege deg i Andens verden. Eg vil sjølv bu der inne og skape ekte glede og høgtid hos deg. Du skal betene meg og du skal betene eit medmenneske.
Kommentar: Eg skulle betene Kristus og eit medmenneske og eg forstod det slik at det var henne som han gav meg til kone og då var det henne Reella eg tenkte på.
Tirsdag.25.12.90.
Når eg rører deg og beveger deg, så la deg bevege av meg. Når du rører saumen av mitt klesplagg, så får du erfare at der går ei kraft utifrå meg. Der er framleis nåde og styrke å hente hos meg. Eg er framleis den som fører di sak. Du skal ta til deg av mitt ord og glede deg over mitt ord, og styrkast ved det i ditt innvortes menneske.
Sjølv om du ikkje alltid ser meg, men føler at eg er langt borte, så er eg der. Det verk som er gjort i deg, det er det eg som har gjort ved mitt ord, det er ikkje grunnlagt på noko i deg sjølv, men det er grunnlagt på mitt ord. Det var eg som kalla deg ut av mørke, til mitt lys.
Denne verda held seg til bedrag og den let seg bedra, fordi den ikkje vil tru.
Når du framheld mitt namn og vedkjenner mitt namn for dine medmenneske, så har dette namnet den eigenskapen at det skaper tru der inne.
Du skal ikkje vere hale, men du skal vere hovud.
Onsdag 10.04.91. M40. Så Guds ord og hauste grøda.
Du kan fremdeles ha full tillit til mitt ord. Og det er ikke dine prestasjoner jeg er ute etter, men det er ditt villige og varme hjerte som verden trenger. Og når du formidler mitt ord, skal du vite at det i seg selv er 100% spiredyktig. Derfor så skal du være med å kaste ditt brød på vannet, i tidens løp skal du finne det igjen, sier Herren.
Når du bevisstgjør deg sjølv på å hengi deg helt til meg, så gir du i din overgivelse meg mulighet til å handle med deg, til å utruste deg, til å styrke deg, til å gi deg mine tanker, til å gi deg mine ord. Se, det er jo ikke i eget ærende du skal gå, men det er mitt ærende du skal få gå, og det er deg jeg vil bruke, det er min menighet som skal være redskap i den innhøstning som nå er, sier Herren.
Derfor skal du stille deg til rådighet så sterk som du er, uten å søke etter spesielle nivåer før du mener å være brukbar, men slik du er, vil jeg bruke deg, og slik du setter deg i bevegelse for å tjene meg, skal du få oppleve at når du vender oppmerksomheten imot dem som trenger meg, mer enn hva du trenger meg, så vil du få se at jeg Herren gir deg å vokse i nåde og kjennskap. Jeg, Herren, gir deg å styrkes til ditt innvortes menneske og du skal oppleve ditt liv berikes og din tjeneste på jord skal bli en reise i tjeneste for den Høyeste. Du skal få glede deg over å gå mine gjerninger, sier Herren.
Søndag 13.10.91. Videobandopptak i M40.
Formiddagsmøte.
Ja, veien er open, adgangen er fri, gjerdets skillevegg er borte. I kraft av mitt fullbrakte forløsningsverk på Golgata, så bana jeg en ny og levende vei, like inni Helligdommen. Nå er ikke adgangen lenger bare for en enkelt mann, en enkelt gang, men i dag er adgangen open og fri for den som kommer på forløsningens grunn, for den som kommer på blodets grunn. Du som mitt elskede barn, du får komme, du får være, du får leve i min helligdom.
Der innfor mitt hellige åsyn lar jeg deg fornemme den himmelske atmosfære, lar jeg deg fornemme de himmelske og de evige krefter, lar jeg deg fornemme av de kommende goder, sier Herren, det som jeg har beredt for den som elsker meg. Men allerede her, så får du kjenne, du lever ditt åndelige liv, i meg, innfor mitt åsyn, i sammen med meg, og denne verden blekner i lyset av min herlighet, og denne verdens storhet blir for ingenting å regne i lyset av min herlighet, sier Herren. Og i lyset av kongens åsyn, der har nettopp du funnet ly.
Der i ly av mitt hellige åsyn, skal du få være, skal du få leve, skal du få kjenne at de himmelske krefter tilflyter ditt liv, så du kan tjene meg midt i menigheten, så du kan tjene meg midt iblant menneskene som er i nød. Så ditt liv kan være et fristed for de etterfulgte, så ditt liv kan være et fristed for de fangne, også du midt i en mørk og vanskelig verden kan få være med å bringe himmelsk lys og himmelsk liv til en fallen og forkommen menneskeslekt. Fordi du er min tjener i min helligdom, så sender jeg deg ut for å bringe himmelen inn til mennesker i mørke og til mennesker i nød.
Kommentar.
Jesus bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen, både for jødar og heidningar, slik vart også gjerdets skillevegg mellom jødar og heidningar borte.
Ef.2,11 De var ein gong heidningar og vart kalla uomskorne av dei som kallast dei omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand. 12 Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, utan del i paktene og lovnaden og difor utan von og utan Gud i verda. 13 Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær ved Kristi blod. 14 For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned det gjerdet som skilde, fiendskapen. 15 Då han gav sin lekam, avlyste han lova med hennar bod og føresegner. Såleis skulle han gjera fred og skapa dei to til eitt nytt menneske. 16 I ein lekam skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og der gjorde ende på fiendskapen. 17 Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær. 18 Ved han har vi begge tilgjenge til Faderen i ein Ande. 19 Så er de ikkje lenger framande og utlendingar, men de er borgarar saman med dei heilage og høyrer Guds husfolk til. 20 De er oppbygde på apostel- og profetgrunnvollen, men hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv. 21 Han held heile bygningen saman, så han i Herren veks til eit heilagt tempel, 22 og ved han vert de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.
Eg skal tene Kristus og eit medmenneske, det må vere henne som han gir meg til kone og då er det henne Reella eg tenker på. Eg skal ikkje tene noko menneske i staden for han og henne som han gir meg til kone, men eg skal tene han i kyrkjelyden og mellom menneske i nød. Då blir det det til gagn for kyrkjelyden og for desse menneska, det blir fruktbart. Eg skal tene han i hans heilagdom, ei presteteneste altså og då må eg innvie meg til det og la han utruste meg til det.
No er stordomstida til Jesu kyrkje. Møte i Maranata 2.pinsedag, måndag 13.6.2011.
No er stordomstida til Jesus kyrkje og den vert sikkert nok berre større og sterkare inntil han kjem og hentar henne. Etter det kjem det ei trengsletid. Slik vart det forkynt gjennom tale og tyding av tungetale på dette møtet.
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/08/2011-06-13-m-no-er-stordomstida-til-jesu-kyrkje/ :
Tyding av tungetale ved Tore Kristiansen:
A Del1:
«Om du av og til kjenner einsemd, om du av og til føler deg aleine, så sa eg til min tener då han følte seg nedfor, gløymd og aleine, ver frimodig, framleis finst der 10000 som enno ikkje har bøygt kne. Og det skal du vite mitt barn, den skare omkring deg som framleis lever i tro, er fylt av den Hellige Ånd. Tel? Tusenar på tusenar, tel? millionar, du er ikkje åleine, men det er millionar av andre som strider den same trua sin strid, som kjemper den same åndelege kamp, derfor løft ditt blikk opp på vitneskaren, den skya som er (over?) den ganske jord, så skal du kjenne at du blir oppmuntra. Så skal du føle at du ikkje står åleine, men du skal snu deg rundt og så skal du høyre lyden av mange røster som priser mitt namn. Men du må få dine augne opp så du får sjå det. Du må få ditt øre opplatt, så du får høre det. Og da er eg den som bor i ditt indre øye, og eg er den som … så du kan høyre …. At du er ikkje åleine.»
A Del2:
«Aldri har mi kyrkje talt så mange, aldri har den vore så stor. Aldri har det skjedd så mye under og frelsesteikn som i disse tider. Og det fortel at eg er nær, eg kjem snart, byrjinga var fantastisk, men enden og avslutninga skal overgå alt det som har vore. Og eg skal føre mi kyrkje (heim?) i stor triumf. Da skal verda få kjenne og vite at det har vore nokon der nede som har bremsa opp. Då skal dei få sanne og erfare at når mi kyrkje flyttar høgare opp, då skal denne verda gå gjennom den eine trengsel etter den andre. Derfor mitt barn, ver frimodig, for aldri nokon gong har det skjett så mykje som gjev mitt namn ære. Halleluja.»
Tore Kristiansen talte.
Han las ifrå 2.Tess.2 om den Lovlause og sa at det var Kristi kyrkje som heldt igjen, når den verte teken bort, så vil den Lovlause syne seg.
Tyding av tungetale ved Tore Kristiansen:
B.Del1:
«Mi sterke hand kan løfte den mest håplause, den er lang og den rekker ned til det djupaste. Derfor skal du ikkje tru at ikkje eg kan nå deg, men eg kan nå deg. Uansett kvar du befinn deg i verda, uansett kor bunden Satan har bunde deg med sine band, eg kan løyse deg og setje deg fri. Eg, Jesus har så det merkast, eg har et blod som har rent ifra mine sår til dine synders forlating. Og det er betaling nok, i det er det soning nok, det er nok for heile verda si synd. Uansett kva du meiner og føler og vert anfekta med. Min nåde er nok for deg. Og mitt blod er meir enn nok for deg. Og kva som er nok for deg, det skal du få kjenne krafta av. Når du legg di svake hand i mi, så skal du få kjenne eg dreg deg opp.»
B.Del 2:
«Det er mange som har tenkt, om (enn) ikkje ein glad (tanke?). … …. forlating. Men eg, Herren, eg kan gjøre alle ting nye. Eg kan forandre ting, vi begynner igjen, vi begynner på nytt og så drar eg deg opp og så trykker eg deg til mitt hjerte og så gjer eg deg til det som eg ynskjer å lede deg til. Vi begynner om igjen og så vil eg danne deg igjen til eit kar til ære. Og så forkynner eg deg min herlegdom. Fortvil ikkje. Uansett. Eg, Herren er den same og for meg er ingenting for vanskeleg. Eg gjer noko nytt der som alt er blitt borte.»
Profetisk bodskap ved ei kvinne:
«…. Søker inn til sin(?) Faders hjerte. … den Hellige Ånd over den som søker meg, seier Herren. Eg er Herren, eg er den første og den siste. Eg er alfa og omega. Eg er Herren, din lækjar.»
Eg trur og forstår det slik at bodskap A var til meg og bodskap B var til ei kristen kvinne som eg vart glad i når eg gjekk på gymnaset. Eg har skrive mykje om korleis eg har bedt for henne og korleis Gud har svara meg, då har eg kalla henne Virtuella. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus og lovprisa Gud og Lammet for frelsa. Sidan har ho tydeleg vis vendt seg bort frå han og kome på avstand, men eg ynskjer ho skal komme tilbake og komme inn att i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen, lovprise Gud og Lammet for frelsa og vie seg for Kristus som hans brud.
Her har eg skrive om korleis dette har med «den Lovlause» å gjere:
Motstanden frå den Lovlause.
Som sagt på møtet 13.6.2011. er kyrkja som er Jesu brud den som held att, så den Lovlause stig fram først etter at den verte teken bort, ved at Jesus hentar henne. Då veit vi at dei døde som tilhøyrde Jesus skal først stå opp, så skal dei som lever og tilhøyrer han saman med dei omskapte og verte tekne bort. Men i byrjinga av 2.Tess.2 sa han at før Herrens dag, skulle fråfallet koma og den Lovlause syna seg. Dette er ei sjølvmotseiing, først står den Lovlause fram, så kjem Herrens dag. Så vert det sagt at Jesus kjem att først og så står den Lovlause fram. Det må vere Jesu gjenkomst på ein dag som kjem seinare enn Herrens dag. Den Lovlause stod fram ved den jødiske øvstepresten og keisar Nero, det viste seg ved kristendomsforfølgingane, slik viste den Lovlause seg. Jesus kyrke klarde å stå imot og det vil den gjere heilt til Jesus hentar henne.
Så motsetnaden er den same no som då, men no er det langt fleire som vert frelste, som vert med i Jesu brud, både mellom jødar og heidningar. Like vel kjem dei kristne til å skilje seg i to flokkar, liksom brurmøyane som venta på han, men halva av dei hadde ikkje med seg nok olje til lampane sine, så dei gjekk bort for å kjøpe olje, men vart for seine til bryllaupet. Slik også når Jesus kjem for å dømme nasjonane (Matt.25,31-46).
Jesus skal tyne den Lovlause med pusten frå sin munn, det er ved sin Ande og det er også men den vi er i stand til å stå den Lovlause imot. Kyrka som er Jesu brud er dei menneska som har hans Ande, den er som eit segl som viser at dei tilhøyrer han. Sjølv om vi møtest i eit hus, må vi vere førebudde på at vi kan få motstand frå den Lovlause, slik som Paulus profeterte når han sa eit siste farvel med kyrkjelyden i Milet.
Apgj.20, 16 For Paulus hadde sett seg føre å sigla utanom Efesos, så han ikkje skulle verta heft i Asia. Han skunda på for å nå fram til Jerusalem til pinsedagen, om det var råd.
17 Frå Milet sende han bod til Efesos og kalla til seg dei eldste i kyrkjelyden. 18 Og då dei kom, tala han til dei:
De veit korleis eg har levt all den tid eg har vore saman med dykk, frå den fyrste dagen eg sette foten i Asia. 19 Eg har tent Herren audmjukt og med tårer i alle dei prøvingar som jødane har ført over meg med dei vonde planane sine. 20 De veit at eg ikkje har halde att noko av det som kunne gagna dykk; men eg har forkynt dykk det og lært dykk det både ute blant folket og i heimane. 21 Eg har vitna både for jødar og grekarar om omvendinga til Gud og trua på vår Herre Jesus Kristus. 22 Og no fer eg til Jerusalem, bunden av Anden. Kva som skal møta meg der, veit eg ikkje. 23 Men Den Heilage Ande vitnar for meg i by etter by at det ventar meg lekkjer og vanskar. 24 Men ikkje det grann vørder eg livet mitt, berre eg kan fullføra laupet og den tenesta eg fekk av Herren Jesus: å vitna om evangeliet om Guds nåde. 25 Og no veit eg at de aldri meir skal sjå meg, alle de som eg har vore saman med og forkynt riket for. 26 Difor vitnar eg for dykk i dag at eg er utan skuld om nokon taper livet sitt; 27 for ikkje på nokon måte har eg forsømt å forkynna heile Guds råd og vilje.
28 Ta vare på dykk sjølve og på heile den hjord som Den Heilage Ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for! Ver hyrdingar for Guds kyrkjelyd, som han vann med sitt eige blod! 29 For eg veit at når eg er borte, vil det koma inn iblant dykk grådige ulvar, som ikkje sparer flokken. 30 Og mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fer med rang lære og vil lokka læresveinane med seg. 31 Så vak då, og kom i hug at eg i tre år, natt og dag, alt i eitt med tårer i augo talde for kvar einaste ein. 32 Og no gjev eg dykk over til Gud og hans nådeord, som kan oppbyggja dykk og gje dykk arv saman med alle dei som er helga. 33 Eg har aldri trått etter sølv eller gull eller klede frå noko menneske. 34 De veit sjølve at eg med desse hendene mine har sytt for det vi trong, både eg og dei som var med meg. 35 Alltid har eg vist dykk at såleis må vi arbeida, så vi kan ta oss av dei veike. Lat oss minnast Herren Jesu ord: Det er sælare å gje enn å få.
36 Då han hadde sagt dette, bøygde han kne saman med dei alle og bad. 37 Då brast dei alle i gråt, og dei tok Paulus om halsen og kyste han. 38 Det som gjorde dei mest sorg, var det han hadde sagt, at dei aldri meir skulle sjå han att. Så fylgde dei han til skipet.
Eg skal glede meg i Herren, så vil han gi meg det mitt hjarte attrår, med Jesu Ande, hans salving og kraft, skal eg vinne meir enn siger.
Hausten 2014 byrja eg å studere realfag ved Universitetet i Oslo igjen og spesielt biologi, det var nytt for meg, så det vart å byrje på grunnkurset. Jesus sa at eg skulle gå den vegen han hadde staka ut for meg, då tenkte eg på min studiesituasjon. Sidan sa han at det også var den vegen han hadde bane for meg inn i den himmelske heilagdomen. Då vart det heilt klart for meg at det var med den prestetenesta han hadde gitt meg og det var i min studiesituasjon, som om studiane var ei presteteneste han hadde gitt meg. Som sagt har vi alle fått prestetenesta i den nye pakt, til gang for oss sjølve og våre næraste, vår omgangskrets, men dette høyrdet storarta ut. Jesus var med meg og talte til meg gjennom bodskap i kyrkjelyden, så han gjekk med meg og leia meg. Her er godt eit døme.
Møte i Maranata 12.10.2014, tungetale ved Mari, tyding ved John Miland.
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.
Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.
Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»
Som vanleg skreiv eg referat frå slike møte og forklarde bodskapen var svar på mi bøn og her forklarde eg korleis eg opplevde Guds kraft i det eg vart tiltrekt av ei vakker jente, ja, eg vart tiltrekt av kroppen hennar, men det var på den måten at eg opplevede Guds kraft. https://blessings-from-heaven.com/2016/08/02/2014-10-12-m-eg-skal-glede-meg-i-frelsa-sa-vil-gud-gje-meg-det-mitt-hjarte-attrar/
Gud openberra si frelse i Kristus for meg og henne Reella, ved sin Ande, at Jesus gav oss sin Ande, si salving og si kraft. Det vil eg takke han for og glede meg i han, vår frelsar og Herre. Som hans tenar i hans heilagdom vil eg vende meg til han og innvie meg til han og ta imot den Anden og det livet han gir meg frå himmelen, så eg vert endå meir fylt av hans Ande, hans salving og hans kraft. Han vil utruste meg til tenesta og det er ved at han døyper meg med den Heilage Ande.
Hans auge fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han (2.Krøn.16,9) og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Hensikta er framleis å leve for han og tene han og ho blir til hjelp for meg i det, ved at han døyper henne også med den Heilage Ande og utrustar henne også til å tene han med den nådegåva som han gir henne.

