Bodskapen til Johannes døyparen.
Johannes døyparen var ein profet som Elia og det viser også at Israel på den tida var å samanlikne med Israel på Elia si tid, då hadde dei vendt seg bort frå Gud og dyrka avgudane i staden.
Malakia profeterte om Johannes døyparen slik:
Malaki.4, 5 Sjå, eg sender profeten Elia til dykk
før Herrens dag kjem, den store og skræmande.
6 Han skal venda fedrehjarto til borna
og barnehjarto til fedrane,
så eg ikkje skal koma og bannstøyta landet.
Han forkynte at alle som tok imot Jesus gav han rett til å vere Guds born. Han har bruda og han døyper med den Heilage Ande. Ja, Moses hadde sagt at dei skulle vere Guds born. Og Gud ville vere far for Salomo og gav han ein visdom som gjorde han visare enn dei gamle vise og den visdomen finn vi i Høgsangen, den handlar om kjærleiken mellom bruda og brudgomen. Og Jesus sa at han hadde større visdom enn Salomo.
Luk.1, 27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka.
31 Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle. 32 Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitnemålet hans. 33 Den som har teke imot hans vitnemål, har stadfest at Gud talar sant. 34 Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden utan mål. 35 Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand. 36 Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande over han.»
Joh.1,1 I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.
6 Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. 7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.
9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.
14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»
16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.
Døyparen vitnar
19 Dette er det vitnemålet Johannes gav då jødane sende nokre prestar og levittar frå Jerusalem, som skulle spørja han: «Kven er du?» 20 Då sa han beint ut og sanna: «Eg er ikkje Messias.» 21 «Kven er du då?» spurde dei. «Er du Elia?» «Nei, det er eg ikkje,» svara han. «Er du profeten?» «Nei,» sa han. 22 «Sei oss då kven du er,» sa dei, «så vi kan ha eit svar til dei som har sendt oss. Kva seier du om deg sjølv?» 23 Han sa: «Eg er ei røyst som ropar i øydemarka: Gjer vegen bein for Herren, som profeten Jesaja har sagt.» 24 Nokre av dei som var sende, høyrde til farisearane, 25 og dei spurde: «Kvifor døyper du då, når du ikkje er Messias og ikkje Elia og heller ikkje profeten?» 26 Johannes svara: «Eg døyper med vatn. Men midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner, 27 han som kjem etter meg, og som eg ikkje er verdig til å løysa skoreima åt.» 28 Dette hende i Betania på hi sida av Jordan, der Johannes var og døypte.
29 Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd! 30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg. 31 Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel.» 32 Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande. 34 Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.»
Joh.3, 27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka.
31 Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle. 32 Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitnemålet hans. 33 Den som har teke imot hans vitnemål, har stadfest at Gud talar sant. 34 Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden utan mål. 35 Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand. 36 Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande over han.»
Luk.11, 29 Som no folket flokka seg om han, tok han atter til ords:
Denne ætta er ei vond ætt. Ho krev teikn, men ho skal ikkje få noko anna teikn enn Jona-teiknet. 30 For liksom Jona vart eit teikn for folket i Ninive, såleis skal Menneskesonen verta det for denne ætta. 31 Dronninga frå landet i sør skal stå fram i domen saman med mennene i denne ætta og føra klagemål mot dei. For ho kom heilt frå verdsens ende og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo! 32 Folk frå Ninive skal stå fram i domen saman med denne ætta og føra klagemål mot henne. For dei vende om då Jona bar fram bodskapen sin. Og her er meir enn Jona!
Johannes døyparen sin bodskap resulterte i at himmelriket vart storma.
Matt.11, 1 Då Jesus hadde sagt det han ville leggja dei tolv læresveinane sine på hjarta, fór han derifrå og tok til å læra og forkynna kring i byane.
2 Johannes, som sat i fengsel, fekk høyra om alt det Kristus gjorde. Han sende bod med læresveinane sine og spurde: 3 «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?» 4 Jesus svara: «Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser: 5 Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp, og evangeliet vert forkynt for fattige; 6 og sæl er den som ikkje støyter seg på meg!»
Jesus vitnar om Johannes
7 Då dei var farne, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: «Kvifor gjekk de ut i øydemarka? Ville de sjå eit sevstrå som svagar i vinden? 8 Nei! Kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein mann med fine klede? Dei som går i fine klede, held til i kongsgardane. 9 Men kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein profet? Ja, eg seier dykk: Meir enn ein profet! 10 Det er om han dette er skrive:
Sjå, eg sender min bodberar føre deg,
han skal rydja vegen for deg.
11 Sanneleg, det seier eg dykk: Aldri har det stått fram nokon større mellom dei som er fødde av kvinner, enn døyparen Johannes. Men jamvel den minste i himmelriket er større enn han. 12 Frå Johannes døyparens dagar og til no vert himmelriket storma, og dei som stormar det, riv det til seg. 13 For alle profetane og lova har profetert heilt til Johannes kom. 14 Og vil de tru det: Han er den Elia som skulle koma. 15 Den som har øyro, han høyre!
16 Men kva skal eg likna denne ætta med? Ho er lik born som sit på torget og ropar til kvarandre:
17 Vi bles på fløyte for dykk,
men de ville ikkje dansa.
Vi song syrgjesongar,
men de ville ikkje klaga.
18 For Johannes kom; han korkje åt eller drakk, og folk seier: Han er forgjord. 19 Menneskesonen kom; han både et og drikk, og dei seier: Sjå, for ein storetar og vindrikkar, og ven med tollarar og syndarar! Men Visdomen har fått rett, det syner gjerningane hans.»
Men dette folket var ikkje balansert og var ikkje i stand til å dømme rett, dei fekk ikkje augo opp for Guds rike, såg det ikkje og tok ikkje imot.
Vere balansert og dømme rett.
I jussen er det viktig å vere balansert, for å dømme rett, det er også viktig for oss alle og for samfunnet vårt, demokratiet er avhengig av det. Sanninga skulle sette oss fri og det var viktig for utviklinga av eit fritt og demokratisk samfunn.
I vår tid ser vi at ytringsfridomen vert nytta til vulgære meinings-ytringar fjernt frå å erkjenne at noko er rett og sant, til samanlikning med sofistane i det gamle Hellas. Og vi må vere førebudde på at hensikta med det er innføre diktatur med strid og krig.
Balansert alkoholmoral.
Både i det gamle og det nye testamentet vert det sagt at vi skal ikkje drikke oss fulle på vin eller sterk drikk. Men den krev ikkje at vi skal vere avhalds-folk. Den er balansert. Eg kan til dømes referere til: Jes.28 Gal.5,16-21 Rom.13,13.
Men poenget er ikkje at vi skal tene etter bokstaven, men etter Anden, slik er den kristne vekkinga, då skal vi vake.
Luk.21,34 Ta dykk i vare, og lat ikkje hjarta dykkar tyngjast av svir og drikk eller verdslege suter, så den dagen kjem uventa på dykk 35 som ei snare. For han skal koma over alle som bur på heile jorda.
Folk kan ha gode grunnar for å vere avhalds-folk og dei kan velje det av fri vilje. Men vi kan ikkje påstå at Bibelen og kristendommen krav det. Eg får frysningar når eg høyrer predikantar som forkynner evangeliet og som direkte eller indirekte påstår at folk som sit og kosar seg med god mat, med øl eller vin attåt, ikkje er kristne og går fortapt fordi dei drikk alkohol. Det er nifst. Det er løgn og vranglære. For det første kjem dei med menneskebod i tillegg og som erstatning for Moselova og profetane. For det andre krev dei at folk skal vere meir «kristelege» enn kva Jesus var sjølv. Kva er det for slags kristendom? Det er såkalla «kristendom», men ikkje ekte kristendom altså. Kva er poenget?
Vere balansert i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.
Dette blir som grashoppene som kom for å ete opp avlinga, øydelegge vintrea og fikentrea. Hugs at vinen har ei symbolsk tyding, den symboliserer kjærleiken. Kjem dei for å ete opp kjærleiken?
Grashoppene og gnagarane var snyltarar, som ved at dei gjev ein gut for ei hore og sel ei jente for vin og drikk. Det er ikkje akkurat det avholds-folk er interessert i, nei. Men så var det dette med å vere balansert, om du ikkje snylter på den eine måten, kan du gjere det på ein annan måte. Hugs at snyltarane kom for å øyde legge vinhausten for dei også. Og det er den symbolske tydinga som er viktigast, den åndelege velsigninga, snyltarane gnog den opp med lovlæra og menneskeboda.
Kva med symbolikken her? Ei vinflaske symboliserer kjærleiken mellom ein ung mann og ei ung kvinne. Skal ikkje kjærleiken få vere der, skal dei ikkje få oppleve at kjærleiken frå Gud er der mellom dei og vert viktig for dei i kjærleiksforholdet dei imellom, i ei kjærleikstid og forlovingstid og sidan i ekteskapet?
Det er tydeleg vis dette som er så viktig i kjærleiksforholdet mellom brudgomen og bruda i Høgsangen. Ho sa til Jerusalems døtre at dei måtte ikkje vekke kjærleiken for tidleg, ikkje før han sjølv vil. Ho tala om den personifiserte kjærleiken, ho tenkte sikkert både på Herren Gud og på kongen, brudgomen (Salme 45).
Høgsongen.2,4 Inn i vinhuset har han ført meg;
hans merke over meg er kjærleik.
5 Styrk meg med druekaker,
kveik meg med eple!
For eg er sjuk av kjærleik.
6 Hans venstre hand er under mitt hovud,
med den høgre femner han meg.
7 Eg naudbed dykk, Jerusalems døtrer,
ved gasellane og hindane i marka:
Vekk ikkje kjærleiken!
Eggja han ikkje før sjølv han vil!
Sjå, han kjem!
8 Høyr, det er min ven.
Sjå der, han kjem
springande over heiane,
hoppande over haugane.
9 Min ven er som gasellen,
han liknar den unge hjort.
Sjå, der står han bortmed husveggen;
han glytter inn gjennom gluggen
og ser inn mellom sprinklane.
10 Min ven tek til ords og seier:
Stå opp, min hugnad!
Kom ut, mi fagre møy!
11 For sjå, vinteren er til endes,
regnet har kvorve.
12 Blomane sprett på vollane;
songtida er komen,
og turteldua kurrar i landet.
13 Frukta på vintreet raudnar,
og det angar av vintre i blom.
Stå opp, min hugnad!
Kom ut, mi fagre møy!
14 Du mi due på berghylla,
i livd under flogbratte fjell,
lat meg få sjå din skapnad,
lat meg få høyra ditt mæle!
For di røyst er så mjuk
og din skapnad så fager.
Han kom for å vekke henne og få henne med seg ut, ho tenkte på det og vurderte det, det verka som ho ville vere balansert altså! Men så vart ho for sein.
Høgsongen.5, 1 «Eg kjem til min hage, mi syster, mi brur,
og plukkar min myrra og balsam.
Eg et min honning og mi honningkake
og drikk min vin og mi mjølk.»
Ja, et og drikk, mine vener,
og lat kjærleiken riva dykk med!
Såleis er min ven
2 Eg søv, men mitt hjarta vaker.
Høyr, min ven, han bankar på.
«Lat opp for meg, mi syster,
min hugnad, mi due,
du lytelause, reine.
For mitt hovud er fullt av dogg,
natta har vætt mine lokkar.»
3 «Eg har teke av meg kjolen,
skal eg ta han på att?
Eg har vaska mine føter,
skal eg sulka dei til att?»
4 Min ven stakk handa inn gjennom luka,
då kløktest mitt hjarta for hans skuld.
5 Eg stod opp, ville opna for min ven;
det draup myrra av hendene mine,
av fingrane rennande myrra
som vætte dørklinka.
6 Så opna eg døra for min ven,
men min ven hadde fare sin veg.
Eg vart reint ifrå meg fordi han var borte.
Eg leita etter han, men fann han ikkje;
eg ropa på han, men han gav ikkje svar.
7 Då møtte eg vaktmennene
som sveiv ikring i byen.
Dei slo meg så eg fekk sår.
Dei reiv sjalet av meg,
vaktmennene på murane.
8 «Eg naudbed dykk, Jerusalems døtrer!
Om de finn min ven,
kva skal de då seia han?
At eg er sjuk av kjærleik.»
9 «Kva er din ven framom andre,
du fagraste av kvinner?
Kva er din ven framom andre,
sidan du naudbed oss så?»
Dette vert brukt symbolsk om den kristne vekkinga, både om kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og kjærleiksforholdet mellom Kristus og kyrkja som er hans brud.
Jesu gjorde vatn til vin i eit bryllaup. Den symboliserer kjærleiken.
Ved bryllaupet i Kanaan gjekk dei lens for vin, då gjorde Jesus sitt første kjende under.
Joh.2, 1 Tredje dagen stod det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der, 2 og Jesus og læresveinane hans var òg bedne. 3 Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: «Dei har ikkje meir vin.» 4 «Kva har du med mitt å gjera, kvinne?» svara Jesus. «Min time er enno ikkje komen.» 5 Mor hans sa då til tenarane: «Det han seier dykk, skal de gjera.»
6 No stod det nokre vasskar av stein der, som skikken var etter dei føreskriftene jødane hadde om reinsing. Det var seks kar, og kvart av dei tok to eller tre anker. 7 «Fyll kara med vatn,» sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa. 8 Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Dei så gjorde. 9 Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom ifrå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen 10 og sa: «Alle set fyrst fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den ringare. Du har gøymt den gode vinen til no.»
11 Dette fyrste teiknet sitt gjorde Jesus i Kana i Galilea. Han openberra herlegdomen sin, og læresveinane hans trudde på han. 12 Sidan fór han ned til Kapernaum saman med mor si og brørne og læresveinane sine, og der vart dei verande nokre dagar.
Vinen symboliserer framleis kjærleiken og vi treng å forstå den symbolikken for å vere balansert.
Jesus er det sanne vintreet.
Jesus er det sanne vintreet, vi er greinene, Faderen er vingårdsmannen.
Joh.15, 1 Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen. 2 Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort; og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. 3 De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. 4 Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, såleis kan ikkje de heller bera frukt utan at de er i meg. 5 Eg er vintreet, de er greinene. Den som er i meg, og eg i han, han ber mykje frukt; men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. 6 Den som ikkje vert verande i meg, vert kasta ut som ei grein og visnar. Folk samlar saman greinene og kastar dei på elden, og dei brenn. 7 Vert de verande i meg, og vert orda mine verande i dykk, så bed om kva de vil, og de skal få det. 8 På den måten vert Far min herleggjord at de ber mykje frukt, og de skal vera mine læresveinar.
9 Som Faderen har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik! 10 Held de boda mine, er de i min kjærleik, liksom eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik. 11 Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk, og gleda dykkar kan vera fullkomen. 12 Og det er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk. 13 Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. 14 De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. 15 Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har sagt dykk alt eg har høyrt av Far min. 16 De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn. 17 Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!
Vinen i nattverden symboliserer Jesu blod.
Når Jesus feira påske i lag med disiplane sine, vart det servert vin og Jesus kalla det frukta av vintreet. Han brukte den til nattverds-vin, slik fekk den ei spesiell symbolsk tyding, den symboliserte Jesu blod og sjela er i blodet. Så ved nattverden får vi Jesu lekam og sjel, vi får hans identitet.
Luk.22, 7 Så kom den dagen i usyrdebrødshelga då påskelammet skulle slaktast. 8 Då sende Jesus Peter og Johannes i veg og sa: «Gå og stell til for oss, så vi kan halda påskemåltid.» 9 «Kvar vil du vi skal stella det til?» spurde dei. 10 Han svara: «Når de kjem inn i byen, møter de ein mann som ber ei krukke med vatn. Han skal de fylgja til det huset han går inn i, 11 og så skal de seia til han som eig huset: Meisteren spør: Kvar er romet der eg kan halda påskemåltid saman med læresveinane mine? 12 Då skal han syna dykk ein sal ovanpå med benker og puter. Der skal de stella til.» 13 Så gjekk dei og fann det så som han hadde sagt, og dei stelte til påskemåltidet.
Nattverds-vinen symboliserer den fullkomne kjærleiken.
Nattverds-vinen symboliserte Jesu blod. Då symboliserer den framleis kjærleiken, men no vart det presisert at den symboliserte den fullkomne kjærleiken frå Gud.
1.Joh.4,7 De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. 8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. 9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. 10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. 11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.
13 At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han.
17 Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst. 20 Om nokon seier at han elskar Gud, men likevel hatar bror sin, då er han ein lygnar. Den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, han kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett. 21 Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må elska bror sin òg.
Gud skapte mann og kvinne og ekteskapet og er den ekte kjærleiken mellom dei.
Vere greiner på det sanne vintreet.
Når vi talar om ekteskapet, gjer vi rett i å tenke på at det er noko som er ekte og noko som er skapt, for Gud skapte mannen og skapte kvinna av mannens sidebein, så ho skulle vere ei hjelp for han. Han er sjølv den ekte kjærleiken mellom dei. Då er det noko som er ekte og noko som er skapt og slik vert det ekteskap.
Slik er det i alle fall i kjærleiksforholdet mellom Kristus og kyrkja som er hans brud. Og det skal vere fruktbart for kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. For Jesus er det sanne vintreet, vi er greinene. Det er berre ved at vi er i han, som greina er i vintreet, at vi kan bere frukt.
Ære og takke Gud, då skal det ikkje bli skilsmisse.
Malakias refsa prestane fordi dei kom med offerdyr som ikkje var lytelause. Gud tok det som ei fornærming, dei æra og takka han ikkje slik som dei skulle. Her må vi forstå symbolikken i ofringa, det er tydeleg at der er ein samanheng mellom dette og at menn skilde seg frå konene sine. Dersom dei hadde æra og takka han slik som dei skulle, så skulle mannen vere fornøgde med kona si og ikkje skilje seg frå henne.
Malaki 2,1 Og no, prestar, kjem dette bodet til dykk:
2 Vil de ikkje høyra
og ikkje leggja dykk dette på hjarta,
så de ærar mitt namn,
seier Herren, Allhærs Gud,
så sender eg forbanning mot dykk.
Eg gjer di velsigning om til forbanning,
ja, eg gjer henne til forbanning
fordi de ikkje tek dette til hjarta.
3 Sjå, eg vil truga ætta dykkar.
Avfall av offerdyr etter høgtidene dykkar
kastar eg i andletet på dykk,
og med det skal de berast bort.
4 Då skal de skjøna at det er eg
som har sendt dykk dette bodet,
så mi pakt med Levi kan stå ved lag,
seier Herren, Allhærs Gud.
5 Mi pakt med han gav liv og fred,
og det gav eg han så han skulle ottast.
Han ottast meg og hadde age for mitt namn.
6 Påliteleg rettleiing var i hans munn,
og det fanst ikkje svik på hans lipper.
Han ferdast med meg i fred og rettferd
og berga mange frå syndeskuld.
7 For ein prests lipper tek vare på kunnskap,
frå hans munn skal folk be om rettleiing,
for han er sendebod frå Herren, Allhærs Gud.
8 Men de har vike av frå vegen
og fått mange til å falla
med den rettleiing de har gjeve.
Levi-pakta har de brote,
seier Herren, Allhærs Gud.
9 Difor har eg gjort dykk vanvørde
og små for heile folket,
for de aktar ikkje på mine vegar,
men gjer skil på folk
når de gjev rettleiing om min vilje.
Herren vil ikkje vita av skilsmål
10 Har vi ikkje alle same far,
den eine Gud som har skapt oss?
Kvifor er vi då trulause mot kvarandre
og vanhelgar våre fedrars pakt?
11 Juda har bore seg trulaust åt,
stygge ting har dei gjort
i Israel og Jerusalem.
Ja, Juda har vanhelga
den heilagdomen Herren elskar,
og gift seg med ei kvinne
som dyrkar framande gudar.
12 Gjev Herren må rydja ut or Jakobs telt
kvar ætling av den som gjer slikt,
jamvel om han ber fram offergåver
til Herren, Allhærs Gud.
13 Og dette er det andre de gjer:
De dekkjer Herrens altar
med tårer, gråt og sukkar.
Men han vil ikkje lenger sjå på gåva
eller ta imot dykkar offer med glede.
14 Og de spør: «Kvifor?»
Fordi Herren er vitne i saka
mellom deg og din ungdoms kone.
Du har vore utru mot henne,
endå ho er ektemaken din
som du er bunden til med pakt.
15 Er det ikkje éin som har skapt henne
både med lekam og ånd?
Og kva vil så den eine ha?
Born som høyrer Gud til.
Så akta dykk vel i sjel og hug!
Ver ikkje utru mot din ungdoms kone!
16 Eg vil ikkje vita av skilsmål,
seier Herren, Israels Gud,
og at nokon sveiper sin klednad med valdsferd,
seier Herren, Allhærs Gud.
Så akta dykk vel i sjel og hug
at de ikkje er trulause.
Gud sende ein profet som Elia.
Gud ville sende ein profet som Elia, for å bane veg for Herren, han skulle vende fedrehjerta til borna og barnehjerta til fedrane, så han ikkje skulle komme å forbanne landet, men velsigne. Det var Johannes døyparen.
Malaki.3, 1 Sjå, eg sender min bodberar,
han skal rydja vegen for meg.
Brått kjem han til sitt tempel,
Herren som de leitar etter.
Sjå han kjem, engelen for pakta
som de stundar etter,
seier Herren, Allhærs Gud.
2 Men kven kan tola den dagen han kjem,
kven kan stå seg når han syner seg?
For han er lik elden som smeltaren brukar,
lik luten som vaskarane reinsar med.
3 Han skal sitja og smelta og reinsa sølvet.
Han skal reinsa levittane,
reinsa dei som gull og sølv,
så dei kan bera fram for Herren
offergåver på rett vis.
4 Då skal Herren gleda seg
over offergåvene frå Juda og Jerusalem
som i eldgamle dagar, i framfarne år.
…..
11 Eg vil skræma grashoppene bort frå dykk,
så dei ikkje øydelegg grøda på marka;
frukta skal ikkje slå feil
på vintrea i hagen,
seier Herren, Allhærs Gud.
……
16 Dei som har age for Herren, tala då saman,
og Herren lydde etter og høyrde kva dei sa.
Hjå han vart det skrive ei minnebok
om dei som ottast Herren og ærar hans namn.
17 Den dagen eg gjer mitt verk,
seier Herren, Allhærs Gud,
skal dei vera min eigedom,
og eg vil vera mild mot dei,
liksom ein mann er mild
mot son sin som tener han.
18 Då skal de atter sjå skil
på rettferdige og gudlause,
på dei som dyrkar Gud,
og dei som ikkje dyrkar han.
Han skulle reinsa levittane. Jesus var det Guds Lam som bar verda si synd, derfor vart den levittiske prestetenesta fornya i den nye pakta. Sjå Op.11. Johannes døypte og han døypte Jesus også. Men så døypte Jesus og disiplane han også. Og Jesus skulle døype dei med en Heilage Ande.
Malaki.4, 2 Men for dykk som har age for mitt namn,
skal rettferdssola renna
med lækjedom under sine venger.
De skal gå ut og kjæta dykk som kalvar
når dei slepp or fjøset.
3 Då skal de trakka ned dei gudlause,
dei skal vera som støv under sólane dykkar
den dagen eg gjer mitt verk,
seier Herren, Allhærs Gud.
Formaning og lovnad
4 Kom i hug lova åt Moses, tenaren min,
den eg gav han på Horeb for heile Israel,
både føresegner og domsreglar.
5 Sjå, eg sender profeten Elia til dykk
før Herrens dag kjem, den store og skræmande.
6 Han skal venda fedrehjarto til borna
og barnehjarto til fedrane,
så eg ikkje skal koma og bannstøyta landet.
Gud sende døyparen Johannes, alias Elia, før Herrens dag. Jesus var Herren og det vart ein dommedag, men han frelste også nokre frå den, ved at han døde i staden for dei og lærde dei å dømme rett.
Ved å tru at Gud vekte han opp frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste.
Gud skapte ekteskapet, derfor er skilsmisse feil.
Jesus refererte til skapingssoga, i staden for Mose-lova, når han tala om ekteskapet.
Matt.19,1 Då Jesus hadde sagt dette, tok han ut frå Galilea og fór til Judea-landet austanfor Jordan. 2 Mykje folk fylgde han, og han lækte dei der. 3 Nokre farisearar ville setja han på prøve og kom til han og spurde: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si av kva grunn som helst?» 4 Han svara: «Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet skapte dei til mann og kvinne 5 og sa: Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt? 6 Så er dei ikkje lenger to; dei er eitt. Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja.» 7 Dei spurde han: «Kvifor har då Moses sagt at mannen skal gje kona skilsmålsbrev og senda henne frå seg?» 8 Jesus svara: «Fordi hjarto dykkar er så harde, gav Moses dykk lov til å skiljast frå konene dykkar. Men frå opphavet var det ikkje så. 9 Og det seier eg dykk: Den som skil seg frå kona si for noko anna enn hor, og gifter seg med ei anna, han bryt ekteskapet.»
10 Då sa læresveinane til han: «Er det slik mellom mann og kvinne, då er det betre å la vera å gifta seg.» 11 Men Jesus svara: «Dette er noko som ikkje alle kan ta til seg, men berre dei som det er gjeve. 12 For somme lever ugifte fordi dei er fødde uskikka til ekteskap, andre fordi menneske har gjort dei uskikka til det; men det finst òg dei som sjølve har gjort seg uskikka til ekteskap for himmelriket skuld. Lat dei ta det til seg, dei som kan.»
Betydde dette at fleirkoneri var feil? Abraham var gift med Sara og så gifta han seg med hushjelpa si også, sidan skilte han seg frå henne. Jakob hadde to koner og Gud gav mange koner til David. Men Gud gav Adam ei kone og det var vel nok. Med tida fekk han i alle fall nok problem med den eine kona, til tross for at ho eigentleg skulle vere til hjelp for han.
Mannen skal vite å vinne seg ei kone i helging.
Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Så mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging.
1.Tess.4, 1 Elles, brør, bed og påminner vi dykk i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til hugnad for Gud, og såleis lever de alt. Men de må gjera endå større framsteg i dette! 2 De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande.
9 Om kjærleiken til brørne treng vi ikkje skriva til dykk, for de har sjølve lært av Gud å elska kvarandre. 10 Og de syner denne kjærleiken mot alle brørne i heile Makedonia. Men vi legg dykk på hjarta, brør, at de må gjera endå større framsteg i det. 11 De skal setja dykkar ære i å leva eit roleg liv, passa pliktene dykkar og arbeida med hendene, som vi har sagt dykk. 12 Då kan de ferdast sømeleg mellom dei som er utanfor, og de treng ikkje hjelp av nokon.

