Lovnad og profeti 31. Kjærleikens vingard 1. Guds vingard, Jesus er arvingen.

Bilde: Salomos tempel var kledd med gull på innsida.

Gratulere med nasjonaldagen 17.5.24. I ei tid då det stormar rundt Israel, merkar vi også sterke interesser som strir mot vår nasjon og der er nok ein samanheng, men kven forstår seg på det? Det skulle vel ikkje vere så vanskeleg å forstå at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne er grunnleggande viktig for eit folk og ein nasjon.

Salomos tempel og visdom.

Israel kom på høgda av si makt under kong David, Israel rakk frå Middelhavet til Eufrat. Han tenkte på å bygge eit tempel for Gud, men han budde i sin himmel og trengde ikkje nok hus laga av menneske, som han kunne ha ein plass å bu. Men han sa også at når son hans, Salomo, skulle ta over, så ville han få fred på alle kantar. Gud ville vere far for han og han skulle bygge eit tempel for han. Når så var gjort, bad Salomo Herren om å la namnet sitt bu i dette huset, slik at folk kunne vende om til han, ved å vende seg mot dette huset. Det gjaldt fyrst og fremst dei som budde i Israel, men også dei som budde i nabolanda.

Når Salomo var ung, viste Gud seg for han i ein draum og spurde han kva han ville be om og då bad han om visdom til å styre folket. Det syntest Gud vel om og ville gjere han visare enn alle. Men han skulle også få rikdom og stor makt (1.Kong.3,4-15).

Salomo fekk mykje visdom frå dei gamle vise, det ser vi både i Salomos Ordspråk og Forkynnaren, men når han var ung, gav Gud han ein visdom som overgjekk dette og det må vere den visdomen vi ser i Høgsangen. Det handlar om kjærleiksforholdet mellom den unge den unge møya og ein friar, mellom bruda og brudgomen. Han kalla henne for «den Lytelause Reine». Korleis då? Ved at det stemte med kjærleiksforholdet til Gud.

5.Mos.6,4 Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin. 5 Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile din hug og av all di makt. 6 Desse orda og boda som eg gjev deg i dag, skal du gøyma i hjarta ditt. 7 Du skal prenta dei inn i borna dine og tala om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp. 8 Du skal binda dei på handa di til eit merke og bera dei på panna som ein minnesetel 9 og skriva dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine.

Seinare vende dei seg bort frå Herren, landet vart hærteke, Jerusalem og tempelet vart lagt i grus og dei vart bortførde som slavar. Men etter 70 år fekk dei komme attende, som profetert. Det same gjaldt dei andre små folka som hadde vorte bortførde. Dette er førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag.

Salomos vingard.

I tillegg til visdomen frå dei gamle vise, fekk han ein visdom frå Gud når han var ung, det ser vi i Høgsongen.

I Høgsangen er vinen symbol på kjærleiken, spesielt i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, men det har også å gjere med kjærleiken frå Gud og vår kjærleik til han, for vi skal elske han av heile vårt hjarte.

5.Mos.6,4 Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin. 5 Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile din hug og av all di makt. 6 Desse orda og boda som eg gjev deg i dag, skal du gøyma i hjarta ditt. 7 Du skal prenta dei inn i borna dine og tala om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp. 8 Du skal binda dei på handa di til eit merke og bera dei på panna som ein minnesetel 9 og skriva dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine.

Dei dyrka kjærleiken til Gud i sine hjarte og seg imellom, spesielt i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, så dei gleda seg over kjærleiken og feira det også i lag med andre, både i forlovingstida og i bryllaupet. Det blir symbolisert med å dyrke vingarden, slik at vinen vert symbol på kjærleiken. Eg forstår det som reelt med ein vakker poesi med ein symbolikk som vitnar om deira samfunn med Gud, som er ånd og som elska dei som sine born.

Høgsangen.8, 1 Å, gjev du var min bror,

gjev du hadde soge brystet åt mor mi!

Då skulle eg kyssa deg

når vi møttest der ute,

og ingen vanvørde meg for det.

2 Så leidde eg deg til huset åt mor mi,

inn i koven åt ho som fødde meg.

Eg skjenkte deg kryddevin

og saft av granatepla mine.

3 Hans venstre hand er under mitt hovud,

med den høgre femner han meg.

4 Eg naudbed dykk, Jerusalems døtrer:

Kvi vekkjer de kjærleiken,

kvi eggjar de han før sjølv han vil?

Kjærleiken er sterk som døden

5 Kven er ho som kjem opp frå øydemarka,

stødd til sin ven?

Under apalen vekte eg deg,

der mor di hadde føderier,

der ho fødde deg.

6 Set meg til eit segl på ditt hjarta,

eit segl på din arm!

For kjærleiken er sterk som døden

og mektig som dødsriket i si trå.

Han brenn som logande eld,

han logar mot himmelen.

7 Vassflaumar kan ikkje sløkkja kjærleiken,

elvar kan ikkje fløyma han bort.

Om einkvan ville gje

alt han åtte for kjærleik,

så vart han berre til narr.

Kva skal vi gjera med syster vår?

8 «Vi har ei lita syster,

som enno ikkje har bryst.

Kva skal vi gjera med syster vår

når friarane kjem?

9 Er ho ein mur, vil vi byggja

tindar av sølv på han.

Er ho ei dør, vil vi stengja henne

med ein sederplanke.»

10 Eg er ein mur,

og mine bryst er som tårn.

I augo hans har eg vorte

lik ei som finn fred.

Eg har min eigen vingard

11 Salomo hadde ein vingard i Ba’al-Hamon.

Den gav han til vaktmenn,

og kvar skulle gje han

tusen sekel sølv for frukta.

12 Eg har min eigen vingard.

Dei tusen sekel er dine, Salomo,

to hundre er til dei som vaktar frukta.

Lat meg få høyra di røyst!

13 «Du møy som held til i hagane,

venene lyder på deg.

Lat meg få høyra di røyst!»

14 «Skunda deg, min ven,

fly som gasellen og den unge hjort

over balsam-angande fjell!»

Vingarden vart rasert.

Seinare får vi vite at det var Herren som dyrka vingarden, men så bar den ikkje god frukt lengre. Derfor vart den rasert.

Jesaja.5, Herrens vingard

1 Eg vil syngja ein song om min ven,

songen åt min ven om hans vingard.

Ein vingard hadde min ven

i ein grøderik bakke.

2 Han hakka han opp og reinsa han for stein

og planta han til med gode vintre.

Han bygde eit vakttårn i hagen

og hogg ut ei vinpresse der.

Så venta han ein haust av gode druer,

men beisk var den frukta han fekk.

3 Og no, de Jerusalems-buar

og Juda-menn:

Døm mellom meg og min vingard!

4 Kva meir var det å gjera med hagen

enn det eg alt hadde gjort?

Kvifor bar han så beisk ei frukt,

når eg venta meg gode druer?

5 No skal eg seia dykk

kva eg vil gjera med vingarden min.

Eg tek bort gjerdet, så han vert avbeitt,

riv ned muren, så han vert nedtrakka.

6 Eg gjer han til ei øydemark.

Han skal ikkje skjerast og hakkast meir,

men torn og tistel skal gro der.

Og skyene byd eg

at dei ikkje skal senda regn over han.

7 For vingarden åt Herren, Allhærs Gud,

det er Israels hus,

og folket i Juda er hagen

som han hadde hugnad i.

Han venta rett,

men sjå, det vart blodig urett!

Han venta rettferd,

men høyr, det vart skrik!

Verop

8 Ve dei som legg hus til hus

og åker til åker,

til det ikkje meir finst rom,

og de sit att åleine i landet!

9 Frå Herren, Allhærs Gud,

kling det i øyro mine:

Sanneleg, mange hus skal verta aude,

store, gode gardar skal stå tome.

10 For ein vingard som kan pløyast på ti dagar,

skal berre gje av seg ein bat,

og ein homer såkorn berre ein efa.

11 Ve dei som står tidleg opp om morgonen

og jagar etter sterk drikk,

som sit lenge utover kvelden

eldraude av vin.

12 Dei held gilde med lyre og harpe,

tromme og fløyte – og vin.

Men Herrens gjerning ansar dei ikkje,

dei har ikkje syn for det hans hender har gjort.

13 Difor skal folket mitt førast bort

før dei veit av det.

Stormennene skal forgå av svolt

og den ståkande hopen brenna av torste.

14 Difor opnar dødsriket sitt svelg

og spilar opp sit gap umåteleg;

ned fer stormenn og folkehop,

den ståkande, lystige flokken.

«Mor Israel» var Guds kone og han hadde omsorg for henne og borna hennar.

Moses sa til Israels-folket at dei skulle vere Guds born og profeten Hoseas sa at «Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar var hans born. Ho forstod det ikkje og vart ei hore og han straffa henne ved å ta bort omsorga si for henne. Sidan ville han miskunne seg over henne.

Han var profet i tida 750-722 f.Kr. Det gjekk slik som seinare profetar sa, Jesajas, Jeremias og Esekiel, dei vart bortførde frå landet sitt. Jerusalem fall i 587 f.Kr. Men dei skulle også få komme attende.

Joels bok vart mest sannsynleg skreven etter dette. Her møter vi igjen mykje av same problema. Dei dyrka jorda, men hausten slo feil, på grunn av tørke, grashopper og gnagarar som åt opp avlinga.

I Hoseas 2 er det også tale om ulla og linet som ho skulle kle seg med. I Johannes Openberring frå linet ei symbolsk tyding.

Op.19, 1 Så høyrde eg noko som likna eit stort og mektig kor i himmelen. Dei song:

Halleluja!

Sigeren og æra og makta høyrer vår Gud til,

2 for sanne og rettferdige er hans domar.

Han har dømt den store skjøkja,

ho som øydela jorda med si utukt,

og blodet av tenarane sine

har han kravt av hennar hand.

3 Endå ein gong ropa dei:

Halleluja!

Røyken frå henne stig opp i all æve.

4 Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på kongsstolen, og sa: «Amen. Halleluja!» 5 Og frå kongsstolen kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle tenarane hans, de som ottast han, små og store!»

6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:

Halleluja!

Herren vår Gud, Den Allmektige,

har vorte konge!

7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!

Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!

Brura har butt seg;

8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin.

– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.

9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.»

Ho forstod det ikkje og vart ei hore.

Han hadde omsorg for henne, men det forstod ho ikkje, ho vart ei hore, men då tok han bort omsorga si for henne.

Hoseas.2, 1 De skal seia til brørne dykkar: «mitt folk» og til systrene dykkar: «du som har fått miskunn».

Israels utruskap

2 Før klagemål mot mor dykkar,

før klagemål mot henne!

For ho er ikkje kona mi,

og eg er ikkje mannen hennar.

Lat henne få horemina bort frå andletet

og horemerket frå barmen!

3 Elles skal eg kle henne naken

og stella henne fram som ho var

den dagen ho vart fødd.

Eg vil gjera henne lik ei øydemark, eit turrlende,

og la henne døy av torste.

4 Borna hennar vil eg ikkje miskunna,

for dei er horeborn.

5 For mor deira var utru,

ho som fekk dei, bar seg skamleg åt.

Ho sa: «Eg vil fara etter mine elskarar,

som gjev meg brød og vatn,

ull og lin, olje og vin.»

6 Sjå, difor vil eg stengja

vegen for henne med klunger.

Eg reiser ein mur framføre henne,

så ho ikkje finn sine stigar.

7 Når ho renner etter sine elskarar,

skal ho ikkje nå dei att;

når ho leitar etter dei,

skal ho ikkje finna dei.

Då skal ho seia: «Eg vil attende

til min fyrste mann,

for eg hadde det betre då enn no.»

Ho skjøna ikkje at det var eg

som gav henne kornet, vinen og oljen,

som gav henne sølv og gull i mengd,

som dei bruka når dei dyrka Ba’al.

Difor vil eg ta att kornet mitt, når den tid kjem,

og vinen min, når tida er komen.

Eg vil ta bort ulla mi og linet mitt,

som skulle løyna hennar nakne kropp.

10 No vil eg kle henne naken

beint for augo på hennar elskarar,

og ingen skal fria henne ut or mi hand.

11 Eg gjer ende på all hennar glede,

hennar festar, nymånedagar og sabbatsdagar,

alle hennar høgtider.

12 Eg øydelegg hennar vintre og fikentre.

Om dei har ho sagt: «Dei er mi løn,

som mine elskarar gav meg.»

Eg gjer dei til villskog,

og dyra på marka skal eta dei.

13 Eg krev henne til rekneskap for dei dagar

då ho brende offer for Ba’al-gudane,

pynta seg med ringar og kjeder

og gjekk etter sine elskarar,

men gløymde meg,

lyder ordet frå Herren.

Sidan ville han forbarme seg over henne igjen.

Sidan ville han forbarme seg over henne igjen.

Hoseas.2, 14 Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne. 15 Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt.

16 Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. 17 Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir.

18 Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyra på marka, fuglane under himmelen og kreket på jorda. Boge, sverd og andre krigsvåpen vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil la deg bu trygt. 19 Eg vil trulova meg med deg for alltid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn. 20 Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren.

21 Den dagen vil eg bønhøyra, lyder ordet frå Herren. Eg vil bønhøyra himmelen, og han skal bønhøyra jorda. 22 Jorda skal bønhøyra kornet, vinen og oljen, og dei skal bønhøyra Jisre’el.

23 Eg vil så Israel ut i landet og miskunna meg over ‘Utan miskunn’. Til ‘Ikkje mitt folk’ vil eg seia: «Du er mitt folk.» Og han skal svara: «Min Gud!»

For å forstå korleis himmelen bønhøyrer, må vi forstå symbolbruken av korn, vin og olje.

Kornet, vinen og oljen har symbolsk tyding, dette har eg skrive om her:

Herren venda lagnaden deira ved å frelse dei.

Vingarden vart avbeitt og nedtrakka, den bar torn og tistel og fekk ikkje vatning. Til samanlikning med

1.Mos.3,17 Og til Adam sa han:

«Fordi du høyrde på kona di

og åt av treet

som eg forbaud deg å eta av,

skal jorda vera forbanna for di skuld.

Med møde skal du næra deg av henne

alle dine levedagar.

18 Torn og tistel skal ho bera,

og du skal eta av vokstrane på marka.

19 Med sveitte i andletet

skal du eta ditt brød,

til dess du fer i jorda att;

for av henne er du teken.

Jord er du,

og til jord skal du atter verta.»

Jes.25,6 På dette fjellet skal Herren, Allhærs Gud,

gjera eit gjestebod for alle folk,

eit gjestebod med feite retter,

eit gjestebod med gamal vin,

med feite, mergfulle retter

og gamal, klåra vin.

7 På dette fjellet skal han ta bort

det sløret som ligg over alle folk,

det sveipet som er lagt over alle folkeslag.

8 Han skal gjera døden til inkjes for alltid.

Herren vår Gud skal turka

tårene av alle andlet.

Sitt folks vanære skal han ta bort

frå heile jorda.

For Herren har tala.

Israels frelse og Moabs undergang

9 Den dagen skal dei seia:

«Sjå, dette er vår Gud!

Vi venta på han,

og han frelste oss;

dette er Herren som vi venta på.

Lat oss gleda og fagna oss over hans frelse!»

Jesajas.27, 1 Den dagen skal Herren med sitt sverd,

det harde og store og sterke,

straffa Leviatan,

ormen som rømer så raskt,

Leviatan, ormen som buktar seg fram.

Han skal drepa draken som er i havet.

Herren vaktar vingarden sin

2 Den dagen skal dei seia:

Syng om den herlege vingarden!

3 Det er eg, Herren, som vaktar han

og vatnar han til kvar tid.

Eg vaktar han dag og natt,

så ingen skal skada han.

4 Eg er ikkje lenger harm.

Men finn eg torn og tistel,

då går eg til strid imot dei

og brenner opp alt i hop,

5 – om dei då ikkje søkjer vern hjå meg,

og gjer fred,

ja, gjer fred med meg.

Dei som vakta vingarden gjorde krav på både avlinga og hagen.

Salomo betalte folk til å vakte vingarden, men så gjorde dei krav på både avlinga og hagen.

Paktarane og arvingen

Luk.20,9 Så tok han til å tala til folket og fortalde dei denne likninga:

«Det var ein gong ein mann som planta ein vingard og leigde han bort til nokre vindyrkarar. Så drog han ut or landet og skulle vera borte i lang tid. 10 Då tida kom, sende han ein tenar til paktarane og ville få sin del av avlinga. Men dei slo han og lét han gå tomhendt bort. 11 Då sende eigaren ein annan tenar; men dei slo han òg, spotta han og lét han gå tomhendt bort. 12 Endå ein tredje sende han, og han slo dei til blods, og så kasta dei han ut. 13 Kva skal eg no gjera? tenkte han som åtte vingarden. Jau, eg vil senda son min, som eg har så kjær; han har dei nok age for. 14 Men då vindyrkarane fekk sjå sonen, samrådde dei seg med kvarandre og sa: Der har vi arvingen! Lat oss slå han i hel, så vert arven vår. 15 Så kasta dei han ut or vingarden og slo han i hel.

Kva skal no vingardsherren gjera med desse paktarane? 16 Han skal koma og gjera ende på dei og la andre få vingarden.» Då sa dei som høyrde på: «Det må aldri henda!» 17 Men han såg på dei og sa: «Kva tyder då dette som står skrive:

Den steinen bygningsmennene vraka,

har vorte hjørnestein?

18 Kvar den som fell mot denne steinen, skal skada seg. Men den som steinen fell på, skal verta knust.»

19 Dei skriftlærde og overprestane ville gjerne leggja hand på han med det same, for dei skjøna at det var dei han sikta til med denne likninga. Men dei torde ikkje for folket.

Fikentreet som profetisk indikator.

Jesus brukte fikentreet som eit profetisk teikn, så det også symbolsk tyding, som om det var Israelsfolket? Men det same gjaldt for dei andre trea, når knoppane sprett, nærmar det seg sommaren.

Luk.21 Templet skal øydeleggjast

5 Det var nokre som tala om templet, kor fint det var prydd med fagre steinar og tempelgåver. Då sa Jesus: 6 «Det kjem ein dag då det de ser her, skal rivast ned; det skal ikkje liggja att stein på stein.»

Trengslene tek til

7 Då spurde dei: «Meister, når skal dette henda, og kva er teiknet på at den tida er nær?» 8 Han svara:

Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt! For mange skal koma i mitt namn og seia: «Det er eg», og: «Tida er nær». Fylg ikkje etter dei! 9 Og når de høyrer om krig og opprør, så lat dykk ikkje skræma! For fyrst må dette henda; men enden kjem ikkje straks. 10 Og han heldt fram: Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike; 11 det skal koma store jordskjelv, og mange stader hungersnaud og pest, og det skal henda fælslege ting og syna seg store teikn frå himmelen.

12 Men før alt dette hender, skal dei leggja hand på dykk og forfylgja dykk, gje dykk over til domstolen i synagogene og kasta dykk i fengsel; og de skal førast fram for kongar og landshovdingar for mitt namn skuld. 13 Då skal de få vitna for dei. 14 Legg dykk på minne at de ikkje treng tenkja ut føreåt korleis de skal svara for dykk. 15 Eg skal gje dykk ord og visdom som ingen av motstandarane dykkar skal kunna stå seg for eller seia imot. 16 Jamvel foreldre og sysken, skyldfolk og vener skal svika dykk og valda nokre av dykk døden. 17 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. 18 Men ikkje eit hår på hovudet skal de missa. 19 Held de ut, skal de nå fram til livet.

Jerusalem skal øydeleggjast

20 Når de ser Jerusalem kringsett av hærar, då skal de vita at byen snart ligg øyde. 21 Då må dei som er i Judea, røma til fjells; dei som er i byen, må koma seg ut, og dei som er ute på landet, må ikkje gå inn i byen. 22 For straffedomstida er komen, då alt som står skrive, skal oppfyllast. 23 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! For det skal verta stor naud i landet; vreidedomen skal råka dette folket. 24 Dei skal falla for sverd og førast bort som fangar til alle folkeslag. Og andre folk skal trakka Jerusalem under fot til dess tida åt folkeslaga er ute.

Menneskesonen kjem

25 Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjerner, og på jorda skal folka verta gripne av redsle og rådløyse når hav og brotsjøar dyn. 26 Folk skal forgå av redsle og gru for det som kjem over jorda. For kreftene i himmelrømda skal skakast. 27 Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom. 28 Men når dette tek til å henda, då rett dykk opp og lyft hovudet! For utløysinga dykkar er nær.

Lær av fikentreet!

29 Så fortalde han dei ei likning:

Sjå på fikentreet og alle andre tre. 30 Når de ser at lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. 31 Såleis òg når de ser at dette hender, då veit de at Guds rike er nær. 32 Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender. 33 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.

Vak og bed!

34 Ta dykk i vare, og lat ikkje hjarta dykkar tyngjast av svir og drikk eller verdslege suter, så den dagen kjem uventa på dykk 35 som ei snare. For han skal koma over alle som bur på heile jorda. 36 Vak kvar tid og stund, og bed om styrke så de kan koma velberga frå alt dette som skal henda, og stå dykk for Menneskesonen.

37 Om dagen var Jesus i templet og lærte folket, men om kvelden gjekk han ut til den høgda som heiter Oljeberget, og var der om natta. 38 Og tidleg om morgonen flokka folket seg om han i templet og høyrde på han.


One response to “Lovnad og profeti 31. Kjærleikens vingard 1. Guds vingard, Jesus er arvingen.”

  1. Lovnad og profeti 33. Jesus kjem og tyner den Lovlause med pusten frå sin munn. – Faith and Entropy Avatar

    […] Lovnad og profeti 31. Kjærleikens vingard 1. Guds vingard, Jesus er arvingen. Lovnad og profeti 32. Kjærleikens vingard 2. Jesus er det sanne vintreet. […]

    Like

Leave a comment