Profeten Joel.
Biblex om Joel.
I følgje Biblex (Hermons Store Bibelhåndbok) veit vi fint lit om når Joel var profet, gjetningane varierer frå 700-300 f.Kr, mest truleg etter eksilet.
Grashoppesvermane kom oftast med vinden frå Arabia og kunne vere så tette at dei skygga for sola, det har skjett i nyare tid også. Dei veks fort frå larve til voksne insekt og har ein ustoppeleg appetitt. Dei åt opp både markens grøde og matlagera.
Joel brukar dette symbolsk om «Herrens Dag», dommedag. Grashoppesvermane kom frå sør og aust, men den militære trusselen kom frå nord.
Grashoppesverm som symbol på fiendehæren.
Joel profeterte om grashopper som likna løver.
Joel.1, 1 Dette er Herrens ord som kom til Joel, son til Petuel.
2 Høyr dette, de eldste,
lyd etter, alle som bur i landet:
Har slikt hendt før i dykkar tid,
eller då dykkar fedrar levde?
3 Fortel om det til borna dykkar,
og dei skal fortelja det til sine born,
som skal fortelja det til den ætt som kjem.
4 Det åma leivde, åt grashoppa opp,
det grashoppa leivde, åt larva opp,
det larva leivde, åt gnagaren opp.
5 Vakna, de drukne, og gråt!
Klag, alle de som drikk vin,
over druesaft de ikkje fekk smaka!
6 For eit folk har drege opp mot mitt land,
sterkt og utan tal.
Tenner har dei som ei løve,
og kjeve som ei løvinne.
7 Dei la mine vintre aude
og braut ned fikentrea,
flekte borken, reiv lauvet av,
så greinene vart kvite.
Grashoppene skulle komme på Herrens dag og når er det?
Joel.2, Herrens dag
1 Blås i horn på Sion,
lyft hærrop på mitt heilage fjell,
så alle i landet skjelv av redsle.
For Herrens dag er nær, han kjem,
2 ein dag med mørker og dimme,
ein dag med skyer og skodd.
Det kjem eit stort og mektig folk
og breier seg som morgonroden på fjellet.
Det har aldri hatt sin like
og skal heller ikkje få det
frå ætt til ætt i alle år.
3 Framføre det et elden opp,
og bakom sleikjer logen.
Framføre er landet som hagen i Eden,
og bakom ligg ei livlaus øydemark;
ingen bergar seg unna.
4 Som hestar er folket å sjå til,
som hingstar fer dei fram.
5 Dei tråvar over åsryggene
liksom larmande vogner,
lik eld som sprakar i halmen,
lik ein veldig hær som er budd til strid.
6 Folkeslag skjelv for dei,
kvart andlet er eldande raudt.
7 Som krigarar rusar dei fram,
som stridsmenn stormar dei murar.
Kvar ein går strake vegen
og bøyer ikkje av frå stigen.
8 Ingen trengjer den andre bort,
kvar mann held sin plass.
Dei rusar fram mellom kastespyd
og lèt seg ikkje stogga.
9 Dei fer inn i byen,
dei stormar opp på muren,
dei trengjer inn i husa.
Gjennom vindauga går dei som tjuvar.
10 Jorda skjelv framføre dei,
og himmelen skjek.
Sol og måne svartnar,
og stjernene misser sin glans.
11 Herren lyfter si røyst
framfor fylkingen han fører;
for veldig er hans hær
og mange dei som lyder hans ord.
Ja, stor og skræmande er Herrens dag,
kven kan halda han ut?
Samanlikning med Johannes Openberring.
Op.9,1 Den femte engelen bles i basun. Då såg eg ei stjerne som hadde falle frå himmelen og ned på jorda. Ho fekk nykelen til brunnen som fører ned i avgrunnen. 2 Og då ho opna brunnen, steig det opp røyk som or ein stor omn, så sola og lufta mørktest. 3 Ut or røyken kom det grashopper som spreidde seg over jorda, og dei fekk same makt som skorpionane på jorda. 4 Det vart sagt dei at dei ikkje måtte skada graset på jorda eller noko anna grønt eller noko tre, men berre dei menneske som ikkje hadde Guds segl på panna. 5 Dei fekk ikkje lov til å drepa dei, men dei skulle pina dei i fem månader. Og pinsla var som den pinsle ein skorpion valdar når han stikk eit menneske. 6 I dei dagane skal menneska søkja døden, men ikkje finna han. Dei skal lengta etter å få døy, men døden skal røma frå dei.
7 Grashoppene var liksom hestar budde til strid; på hovudet hadde dei noko som likna kransar av gull, og andleta var som menneskeandlet. 8 Håret deira var som kvinnehår, tennene som løvetenner 9 og bringa som ei jernbrynje. Lyden av vengene deira var som larmen av mange hestar og vogner når dei rasar fram til strid. 10 Dei hadde halar med brodd som skorpionar, og i halane låg makta til å plaga menneska i fem månader. 11 Til konge over seg hadde dei avgrunnsengelen, han som på hebraisk heiter Abaddon, og på gresk Apollyon.
12 Det fyrste ve er over, men det kjem endå to.
Grashoppene i Op.9,1-11 liknar hestar og så likna dei grashoppene i Joel 1-2, ved at dei hadde tenner som løver (Joel.1,6 Op.9,8). Til samanlikning med Jesajas.9,15 kan vi tenke på hovudet som stormennene, halen diltar etter, slik var dei falske profetane, men desse har hale som skorpionar. Hovudet har meir styr på dei, så dei stikk berre dei som ikkje har Guds segl på panna. Det er likevel rart at dei kan vere i stand til å sortere slik, kven kan vite kven som har Guds segl på panna og kven som ikkje har det?
Men deretter vert det fortalt om hestar som også har hovud som løver og dei har mindre styr på halane og dei er farlege.
Joh.Op.9, 13 Den sjette engelen bles i basun. Då høyrde eg ei røyst frå dei fire horna på gullaltaret for Guds åsyn. 14 Røysta sa til den sjette engelen, som hadde basunen: «Løys dei fire englane som står bundne ved den store elva Eufrat!» 15 Og dei fire englane vart løyste, dei som stod ferdige og venta på denne timen, denne dagen, denne månaden og dette året; dei skulle drepa tredjeparten av menneska. 16 Talet på hestfolk i hæren deira var tjue tusen gonger ti tusen; eg høyrde talet. 17 Og såleis var dei hestane og det hestfolket eg såg i synet: Mennene hadde brynjer som var eldraude, mørkeblå og svovelgule; hestane hadde hovud som løver, og ut or munnen deira fór det eld og røyk og svovel. 18 Tredjeparten av menneska sette livet til i desse tre plagene, i elden og røyken og svovelen som kom ut or munnen på hestane. 19 For makta deira ligg ikkje berre i munnen, men i halane òg. For halane deira liknar ormar som har hovud, og med dei gjer dei skade.
Er hovudet stormennene, den styrande overklassa, så er vel halane den ulærde underklassa som diltar etter, men sidan dei er farlege bidreg dei til at dyret får makt. Det kan også vere falske profetar, som i Jes.9,15.
Joel forkynte evangeliet.
Joel forkynte omvending, Guds nåde og frelse og det er lett å kjenne igjen dette som profetiar om evangeliet om Kristus.
Faste og høgtidssamling.
Joel.2,15 Blås i horn på Sion,
lys ut ei faste
og kunngjer høgtidssamling!
16 Kall folket saman og vigsla lyden,
lat dei gamle samlast,
ta småborn og spedborn med!
Lat brudgomen gå ut or sitt rom
og brura ut or sitt kammer!
17 Mellom forhall og altar
skal prestane, Herrens tenarar, gråta og seia:
«Herre, spar ditt folk!
Gjer ikkje din eigedom til spott,
lat ikkje framande råda over dei!
Kvifor skal dei seia mellom folka:
Kvar er deira Gud?»
18 Då vart Herren fylt
med brennhug for sitt land
og viste medkjensle med sitt folk.
19 Og Herren svara sitt folk:
Eg sender dykk korn og vin og olje,
så de kan mettast.
Aldri meir skal eg gjera dykk
til spott mellom folka.
20 Fienden frå nord
vil eg driva langt bort frå dykk
og jaga han til eit turt og øyde land,
hans fortropp til havet i aust,
hans baktropp til havet i vest.
Tev og vond lukt skal stiga opp frå han,
for han sette seg føre å gjera storverk.
21 Ver ikkje redd, du åkerjord,
fagna deg og ver glad!
For Herren gjer storverk.
22 Ver ikkje redde, de dyr på marka,
for beita i øydemarka grønkast,
og trea gjev si frukt,
fikentre og vintre ber rikt.
23 Fagna dykk, de Sions søner,
gled dykk i Herren dykkar Gud!
For i rettferd gjev han dykk haustregn,
han sender dykk regn,
haustregn og vårregn som før.
24 Kvar treskjevoll fyllest med korn,
pressekummane fløymer med druesaft og olje.
Vers 16 minner om at Jesus velsigna småborna. Brudgomen skulle gå ut or sitt rom og det skulle bruda også, dei skulle ikkje vere redde altså. Det minner om bodskapen til Johannes døyparen om at Jesus har bruda. Han sa også at han døyper med den Heilage Ande og det kjem vi til i neste kapittel.
Gud ville renne ut sin Ande over alt kjøt.
Joel profeterte om at Gud ville renne ut sin Ande over alt kjøt, då er det tale om den Heilage Ande som det levande vatnet, det var først og fremst det folket og landet tørsta etter (Joh.4,7… Joh.7,37…).
Joel.3,1 Når Anden vert utrend
1 Ein gong skal det henda
at eg renner ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;
dei gamle mellom dykk skal ha draumar,
og dei unge skal sjå syner.
2 Jamvel over trælar og trælkvinner
vil eg renna ut min Ande i dei dagane.
3 Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:
blod og eld og røyksøyler.
4 Sola vert omskapt, ho svartnar,
og månen vert som blod,
før Herrens dag kjem,
den store og skræmande.
5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,
skal verta frelst.
For på Sion-fjellet og i Jerusalem
skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,
så som Herren har sagt.
Og mellom dei som har berga seg,
er dei som Herren kallar.
Herrens dom over folka
6 For sjå, i dei dagar og på den tid,
når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,
7 då vil eg samla alle folkeslag
og føra dei ned i Josjafat-dalen.
Der vil eg halda rettargang med dei
om Israel, mitt folk og min eigedom,
som dei spreidde mellom folka.
Dei delte landet mitt
8 og kasta lodd om folket mitt;
dei gav ein gut for ei skjøkje
og selde ei jente for vin – og drakk.
9 Og no, Tyrus og Sidon og alle filistarbygder, kva er det de vil meg? Er det noko de vil gje meg lika for, eller vil de gjera meg eitkvart? Brått vender eg det de gjer, mot dykk sjølve, 10 for de tok sølvet og gullet mitt og førte mine dyraste skattar til dykkar eigne tempel. 11 De selde folket i Juda og Jerusalem til jonarane, så dei skulle koma langt bort frå sitt land. 12 No vil eg få dei til å ta ut frå kvar stad som de har selt dei til, og venda mot dykk sjølve det de har gjort. 13 Sønene og døtrene dykkar vil eg la judearane selja. Dei skal selja dei til sabearane, eit folk som bur langt borte. – Herren har tala.
14 Rop dette ut mellom folka:
Bu dykk til heilag krig, vekk krigarane!
Lat alle stridsmenn møta fram og dra ut!
15 Smid plogjerna om til sverd
og vingardsknivane til spyd!
Den veike skal seia: «Eg er ei kjempe.»
16 Skunda dykk og kom!
Kom saman, alle de folkeslag rundt ikring!
Herre, før dine krigarar dit!
17 Folkeslaga skal ta ut
og fara til Josjafat-dalen.
For der vil eg sitja til doms
over folk frå alle kantar.
18 Sving sigden, for grøda er mogen!
Kom og trakk, for vinpressa er full,
pressekummane fløymer over!
For vondskapen åt folka er stor. (Op.14,14-20).
19 Det er eit mylder og ståk i avgjerdsdalen,
Herrens dag er nær i avgjerdsdalen.
20 Sol og måne svartnar,
og stjernene misser sin glans.
Judas herlege framtid
21 Herren skal torna frå Sion,
la røysta si ljoma frå Jerusalem,
himmel og jord skal skjelva.
Men Herren er eit vern for sitt folk,
ei borg for Israels søner.
22 Då skal de sanna
at eg er Herren dykkar Gud,
som bur på Sion, mitt heilage fjell.
Jerusalem skal vera ein heilag stad,
der skal framande aldri meir koma inn.
23 Den dagen skal det henda
at fjella dryp av druesaft,
og haugane fløymer av mjølk,
og i alle bekkefar i Juda
skal det renna vatn.
Ei kjelde vell fram frå Herrens hus
og vatnar Akasiedalen (Esekiel.47 Sak.14,8).
24 Egypt skal verta ei audn
og Edom ei øydemark
for sitt valdsverk mot judearane.
For det var i deira land
dei spilte skuldlaust blod.
25 Men i Juda skal det alltid bu folk,
og i Jerusalem skal ætt fylgja ætt.
26 Eg vil hemna dei drepne
og ikkje spara dei skuldige.
Fienden gjekk til åtak på Israelsfolket, så det vart ein dommedag, ein Herrens dag, der dei trengde å vende om til han og be om nåde for å verte frelste frå dommen. Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt og den skulle overtyde verda om synd, rettferd og dom.
Joh.16,4 Eg sa ikkje dette til dykk frå fyrst av, for då var eg hjå dykk. 5 No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: «Kvar går du av?» 6 For hjarta dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette. 7 Men eg seier dykk som sant er: Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk. 8 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg; 10 retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger; 11 domen er at hovdingen over denne verda er dømd.
Skulle kanskje brudgomen vere redd for å gå ut frå sitt rom og bruda vere redd for å gå ut or sitt kammer? Kvifor skulle dei vel det? Fordi der var dei som ville selgje han for ei hore og selgje henne for ei flaske vin og drikke? (Joel 3,16 &2,8).
Jesus forkynte fridom for fangar.
Jesajas 61, 1 Herrens Ande er over meg;
for Herren Gud har salva meg.
Han har sendt meg til å forkynna
ein gledebodskap for armingar,
til å lækja dei som har eit knust hjarta,
til å ropa ut fridom for fangar
og frigjering for dei bundne.
2 Eg skal ropa ut eit nådeår frå Herren,
ein dag med straff frå vår Gud.
Eg skal trøysta alle som syrgjer,
3 og gje dei syrgjande i Sion
hovudprydnad i staden for oske,
gledeolje i staden for syrgjeklede
og lovsong i staden for motløyse.
Dei skal kallast rettferds mektige tre,
som Herren har planta
for å syna sin herlegdom.
4 Dei skal byggja opp att gamle ruinar,
reisa det som før vart lagt i øyde,
byggja på nytt dei nedbrotne byar,
som låg der aude frå ætt til ætt.
5 Framande skal stå og gjæta dykkar sauer,
utlendingar skal dyrka dykkar jord
og stella dykkar vingardar.
6 Men de skal kallast Herrens prestar,
tenarar for vår Gud skal dei kalla dykk.
Rikdomen åt folka skal de nyta,
og deira skattar skal de få.
7 De skal få dobbelt att for dykkar skam.
Dei som leid vanære,
skal jubla over sin lut.
Dobbel arv skal dei få i landet,
evig glede skal dei ha.
8 «For eg er Herren, som elskar rett
og hatar ran og urett.
Trufast vil eg gje dei løn
og gjera ei evig pakt med dei.
9 Namngjeten vert deira ætt mellom folkeslaga,
deira etterkomarar mellom folka.
Alle som ser dei, skal skjøna
at dei er ei ætt som Herren har velsigna.»
10 Eg vil gleda meg storleg i Herren,
mi sjel skal jubla i min Gud.
For han har kledt meg i frelsesskrud
og sveipt meg i rettferds kappe,
lik ein brudgom som pryder sitt hovud,
lik ei brur som tek på seg sine søljer.
11 For liksom jorda lèt groen renna,
og hagen lèt sædet brydda,
så skal Herren vår Gud
la rettferd gro fram
og lovsong lyda for alle folkeslag.
Når Jesus las dette, stoppa han opp i vers 2.
Luk.4,16 Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagoga, som han var van med. Då han reiste seg og ville lesa frå Skrifta, 17 gav dei han boka åt profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:
18 Herrens Ande er over meg,
for han har salva meg til å forkynna
ein gledebodskap for fattige.
Han har sendt meg for å ropa ut
at fangar skal få fridom,
og at blinde skal få sjå,
for å løysa dei trælka or tvang
19 og ropa ut eit nådeår frå Herren.
20 Så rulla han bokrullen saman, gav han til tenaren og sette seg. Og alle som var i synagoga, heldt augo sine feste på han. 21 Då tala han til dei og byrja såleis: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.» 22 Alle lét vel om han og undra seg over dei herlege orda som kom frå hans munn. «Er ikkje dette son til Josef?» spurde dei.
23 Då sa Jesus til dei: «De kjem sikkert til å minna meg om ordtaket: Lækjar, læk deg sjølv! og seia: Vi har høyrt om alt du har gjort i Kapernaum; gjer no det same på heimstaden din!» 24 Og han heldt fram: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ingen profet er velkomen på heimstaden sin. 25 Ja, eg seier dykk som sant er: Det var mange enkjer i Israel medan Elia levde, då himmelen var stengd i tre år og seks månader, og det vart ei stor hungersnaud i heile landet. 26 Likevel vart ikkje Elia send til nokon av dei, men berre til ei enkje i Sarepta i Sidon-landet. 27 Og det var mange spedalske i Israel den tid profeten Elisja levde, men ingen av dei vart reine att, berre syraren Na’aman.» 28 Då vart dei brennande harme, alle som var i synagoga og høyrde dette. 29 Dei fór opp og dreiv han ut or byen og bort på stupet av det fjellet som byen deira var bygd på; der ville dei støyta han utfor. 30 Men han gjekk midt igjennom flokken og fór sin veg.
Når Jesus las ifrå Jes.61,2, stoppa han utan å ta med:
«ein dag med straff frå vår Gud.
Eg skal trøysta alle som syrgjer,»
Det han så sa, viste at han dømde heilt annleis enn farisearane og dei skriftlærde, derfor vart dei arge.
Kva var då fienden frå nord, i Joel.2,20?
Etter dette var fienden frå nord framleis det gresk-syriske riket, sjølv mo dei hadde klart å frigjere seg frå diktaturet til Antiokus 4. Epifanes, var prestetenesta deira likevel infiltrert og øydelagd, ved at dei kom med ei heil mengde menneskebod, eigentleg til erstatning for Guds bod. Og så mangla dei forkynninga av omvending for å få nåde, miskunn og tilgiving hos Gud. Då vart dei som grashopper som åt opp avlinga for folk.
Men Jesus forkynte slik som Joel forkynte og derfor vart dei hans fiendar. Herrens dag kom og vart til ruin for Jerusalem, slik Jesus profeterte. Men på Herrens dag fekk Johannes stige opp i himmelen fekk nye profetiar (Op.4,1).

