Lovnad og profeti 26. Herren skal gjera deg til hovud, ikkje hale. 1.

Herren skal gjera deg til hovud. Den åndelege og materielle velsigninga.

Gud talte til folket sitt gjennom Moses og sa at han ville gjere dei til hovud, ikkje hale.

5.Mos.28, 1 Er du lydig mot Herren din Gud og legg vinn på å leva etter alle boda hans, som eg gjev deg i dag, skal Herren din Gud setja deg høgt over alle folkeslag på jorda. 2 Og alle desse velsigningane skal koma over deg og nå deg, så sant du er lydig mot Herren din Gud:

3 Velsigna vere du i byen

og velsigna ute på marka!

4 Velsigna vere di livsfrukt

og grøda av di jord,

det dine husdyr ber,

det som vert født av storfe,

og det som kjem til mellom småfe!

5 Velsigna vere di korg og ditt bakstetrog!

6 Velsigna vere du når du kjem inn,

og velsigna når du går ut!

7 Når fiendane dine reiser seg mot deg, skal Herren syta for at du vinn over dei. Dreg dei ut mot deg på éin veg, skal dei røma for deg på sju vegar.

8 Herren skal by velsigninga si vera med deg i matbua di og i alt du tek deg føre. Herren din Gud skal velsigna deg i det landet han gjev deg.

9 Herren vil gjera deg til eit heilagt folk for seg, som han med eid har lova deg, så sant du held boda åt Herren din Gud og ferdast på hans vegar. 10 Alle folk på jorda skal sjå at Herrens namn er nemnt over deg, og dei skal få age for deg.

11 Rikeleg skal Herren gje deg av alt det som godt er, av born og buskap og grøde på marka, i det landet Herren med eid lova fedrane dine å gje deg. 12 Han skal opna for deg sitt rike forrådskammer, himmelen, og la landet få regn i rette tid og velsigna alt det du gjer og tek deg føre. Du skal låna ut til mange folkeslag, men sjølv treng du ikkje låna. 13 Herren skal gjera deg til hovud og ikkje til hale. Alltid skal du ha framgang, aldri tilbakegang, så sant du lyder boda åt Herren din Gud, som eg gjev deg i dag, og legg vinn på å leva etter dei. 14 Du må ikkje vika av, korkje til høgre eller venstre, frå noko av dei boda eg gjev deg i dag, så du ikkje held deg til andre gudar og dyrkar dei.

Kva ulydnad fører til

15 Men vil du ikkje lyda Herren din Gud, legg du ikkje vinn på å leva etter alle boda og føresegnene hans, som eg gjev deg i dag, skal alle desse forbanningane koma over deg og nå deg:

16 Forbanna vere du i byen

og forbanna ute på marka!

17 Forbanna vere di korg og ditt bakstetrog!

18 Forbanna vere di livsfrukt

og grøda av di jord,

det som vert født av storfe,

og det som kjem til mellom småfe!

19 Forbanna vere du når du kjem inn,

og forbanna når du går ut!

20 Kva du så tek deg føre, skal Herren senda forbanning, rådløyse og trugsmål over deg, til du vert utrudd og brått går til grunne, fordi du bar deg så ille åt at du gjekk bort frå meg.

21 Herren skal ikkje la pesten sleppa taket på deg før han har rudt deg ut or det landet du no går inn i og legg under deg. 22 Med tæring og verk skal han slå deg, med kulsing og feber, med turk og kornbrann og rust. Dette skal forfylgja deg heilt til du går til grunne. 23 Himmelen oppover deg skal vera som bronse og jorda under deg som jern. 24 Regnet som kjem over landet ditt, skal Herren gjera til støv og mold. Det skal falla ned på deg frå himmelen, til du vert utrudd.

25 Herren skal syta for at fiendane dine vinn over deg. Dreg du ut mot dei på éin veg, skal du røma for dei på sju vegar. Du skal verta eit skræmsel for alle rike på jorda. 26 Lika av dykk skal verta til føde for fuglane under himmelen og for dyra på marka, og ingen skal skræma dei.

27 Herren skal slå deg med svullar som i Egypt, med verk og skabb og skurv som ikkje kan lækjast. 28 Han skal slå deg med vitløyse, blindskap og vilske. 29 Midt på dagen lyt du trivla deg fram som den blinde trivlar i mørkret.

Du skal ikkje ha lukke med deg der du ferdast, men dag etter dag skal du trælkast og plyndrast, og det finst ingen som hjelper deg. 30 Om du trulovar deg med ei kvinne, skal ein annan mann ta og krenkja henne. Byggjer du deg hus, får du ikkje bu i det, og plantar du ein vingard, får du ikkje ta han i bruk. 31 Oksen din skal slaktast medan du ser på, men du får ikkje eta av han. Eselet ditt skal røvast beint for augo dine og kjem aldri tilbake til deg. Småfeet ditt skal fiendane få, og ingen kjem deg til hjelp. 32 Sønene og døtrene dine skal gjevast til eit framandt folk, medan du ser på. Heile dagen skal du stira etter dei med lengsle, men handa di er maktlaus. 33 Eit folk du ikkje kjenner, skal eta opp det du har avla på jorda di, og det du har vunne med alt ditt strev. Dag etter dag skal du trælkast og trakkast ned. 34 Du kjem til å missa vitet av det synet du får sjå. 35 Herren skal slå deg på kne og på lår med vonde svullar som ikkje kan lækjast; dei skal breia seg frå hovud til hæl.

36 Både deg og den kongen du set over deg, skal Herren føra bort til eit folk som korkje du eller fedrane dine har kjent, og der skal du dyrka andre gudar, gudar av stokk og stein. 37 Der skal du verta eit skræmsel, eit ordtak og eit spottord mellom alle dei folk som Herren fører deg bort til.

38 Mykje korn skal du så i åkeren, men lite skal du hausta inn; for grashoppene et det opp. 39 Vingardar skal du planta og dyrka, men vin får du korkje drikka eller lagra; for makken et opp druene. 40 Oliventre skal du ha i heile landet, men du får ikkje salva deg med olje; for frukta dett ned. 41 Søner og døtrer skal du få, men du skal missa dei; for dei må fara i fangenskap. 42 Alle trea dine og grøda på jorda di skal grashoppene ta. 43 Innflyttaren som bur hjå deg, skal nå høgare og høgare, medan du sig djupare og djupare. 44 Han skal låna ut til deg, men du har ingen ting å låna han. Han skal vera hovud og du hale.

45 Alle desse forbanningane skal koma over deg. Dei skal forfylgja deg og nå deg att til du vert utrudd, fordi du ikkje lydde Herren din Gud og ikkje heldt dei bod og føresegner som han har gjeve deg. 46 Dei skal vera teikn og under for deg og etterkomarane dine til alle tider.

47 Du tente ikkje Herren din Gud med glede og av hjartans lyst då du hadde rikeleg av alt. 48 Difor skal du, svolten, tyrst og kledelaus, ja snau for alt, træla under dei fiendane Herren sender imot deg. Han skal leggja eit jernåk på nakken din, heilt til han har rudt deg ut.

49 Herren vil senda mot deg eit folk langt bortanfrå, frå verdsens ende. Dei kjem flygande som ørnar, og du skjønar ikkje språket deira. 50 Det er eit folk med harde andlet; dei tek ikkje omsyn til dei gamle og er ikkje milde mot dei unge. 51 Dei et opp det du får av buskapen, og det du dyrkar på jorda, til det er ute med deg. Dei leiver korkje korn, vin eller olje, korkje ungdyra i storfeet ditt eller det som kjem til mellom småfeet ditt, før dei har gjort ende på deg. 52 Dei kringset deg i alle byane dine, til dess dei høge festningsmurane som du set di lit til, styrtar ned. Og når dei kringset deg i alle byane i heile det landet som Herren din Gud gjev deg, 53 då skal du eta dine eigne born, kjøtet av sønene og døtrene dine, som Herren din Gud gjev deg; så stor ei trengsle og hard ei naud kjem fienden til å føra over deg. 54 Jamvel den finaste og mest bortskjemde mannen hjå dykk vil då sjå skeivt til bror sin og kona si som han tek i famn, og til dei borna han enno har att. 55 Han unner ingen av dei ein kjøtbit av borna som han et, fordi han ikkje har anna att i den trengsle og naud som fienden fører over deg i alle byane dine. 56 Jamvel den finaste og mest bortskjemde kvinna, som aldri har prøvt å setja foten på jorda, så fin og bortskjemd som ho var, vil sjå skeivt til mannen sin som ho tek i famn, og til son sin og dotter si. 57 Ho vil ikkje dela med dei etterferda som kjem ut or henne, eller borna ho har født. Og snøydd for alt et ho dei i løynd, i den trengsle og naud som fienden fører over deg i byane dine.

58 Dersom du ikkje legg vinn på å leva etter alle dei lovbod som er skrivne i denne boka, og ikkje ottast dette herlege og agelege namnet, Herren din Gud, 59 då skal Herren senda uhøyrde plager over deg og ætta di, store plager og stygge sjukdomar som ikkje tek ende. 60 Atter skal han senda over deg alle dei farsottene som du kjenner frå Egypt, og som du gruar for, og dei skal ikkje sleppa taket i deg. 61 Og alle andre sjukdomar og plager som ikkje er nemnde i denne lovboka, skal Herren senda over deg, til dess du vert utrudd. 62 De som før var mange som stjernene på himmelen, skal verta til ein liten flokk, fordi du ikkje lydde Herren din Gud. 63 Liksom Herren før gledde seg over å gjera vel mot dykk og la dykk auka i tal, så skal han gleda seg over å gjera ende på dykk og rydja dykk ut. De skal rykkjast opp or det landet du no går inn i og legg under deg.

64 Herren skal spreia deg mellom alle folka frå den eine enden av jorda til den andre, og der skal du dyrka andre gudar, som korkje du eller fedrane dine har kjent, gudar av stokk og stein. 65 Mellom desse folka skal du aldri få ro og aldri finna kvile for foten din. Der skal Herren gje deg eit skjelvande hjarta, eit sviktande syn og ei motlaus sjel. 66 Livet ditt skal hanga i ein tynn tråd. Dag og natt skal du leva i redsle og aldri vera trygg for livet ditt. 67 Om morgonen skal du seia: «Gjev det var kveld!» og om kvelden: «Gjev det var morgon!» Slik redsle skal du kjenna i hjarta ditt, og så fælt er det du får sjå. 68 Herren skal senda deg attende til Egypt på skip, den vegen eg sa at du aldri meir skulle sjå. Der skal de freista å selja dykk sjølve til trælar og trælkvinner til fiendane, men det finst ingen som vil kjøpa.

Dei fekk oppleve velsigninga periodevis i dommartida, ved at dei søkte han og bad om nåde og miskunn, då reiste han opp ein dommar til å leie dei. Sidan  fekk dei ei stordomstid under kong David og Salomo. Seinare vende dei seg bort frå han og fekk oppleve forbanninga i staden, heilt til dei vart bortførde til Babylonia. Det er berre å lese, så ser vi det. Mykje nifse greier.

Når dei kom attende til landet sitt, var det var som om Gud demonstrerte det for dei, det var viktig for dei å byrje å bygge oppatt tempelet og komme i gang med prestetenesta, då ville Gud velsigne (Haggai 1). Oppbygginga av det nye tempelet skulle ikkje skje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande (Sak.3-4). Dette viste framover mot evangeliet om Kristus. Og han gjorde det klart at den åndelege velsigninga er mest fundamental og må komme først, så kjem den materielle velsigninga etterpå.

Matt.6,33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt.

Samanlikning med andre bibelvers.

Her vil eg ta med nokre stikkord og vise til andre bibelvers. Noko av forbanningane finn vi igjen i dei ti landeplagene og så finn vi dei igjen i profetiane.

Han skal opne sitt forrådskammer, himmelen.

5.Mos.28,12 Han skal opna for deg sitt rike forrådskammer, himmelen, og la landet få regn i rette tid og velsigna alt det du gjer og tek deg føre. Du skal låna ut til mange folkeslag, men sjølv treng du ikkje låna.

Det var viktig for dei å få regn til å vatne avlinga i rette tid. Dette vert brukt symbolsk om den åndelege velsigninga.

Salme 72, Gud signe kongen!

1 Av Salomo.

Gjev kongen dine domar, Gud,

lat kongssonen få rettferd frå deg!

2 Så skal han døma ditt folk med rettferd

og dine armingar med lov og rett.

3 Då skal fjella gje folket fred

og haugane rettferd.

4 Gjev kongen må hjelpa dei verjelause i folket,

så dei får sin rett.

Han skal berga dei fattige

og knusa valdsmannen.

5 Lat han leva frå ætt til ætt

så lenge sol og måne skin.

6 Han skal vera lik regnet

som fell på nyslegen eng,

lik ei regnskur som væter jorda.

7 I hans dagar skal rettferd gro

og lukke og fred råda

så lenge månen er til.

8 Lat han styra frå hav til hav,

frå Storelva til heimsens endar.

9 Dei som bur i øydemarka,

skal bøya seg for han,

hans fiendar skal slikka støvet.

10 Kongar frå Tarsis og fjerne strender

skal senda skatt til han.

Kongane i Saba og Seba

skal koma med sine gåver.

11 Han skal alle kongar hylla,

han skal alle folkeslag tena.

12 For han bergar den fattige som ropar,

armingen som ingen hjelpar har.

13 Han ynkast over småkårsfolk

og bergar livet åt dei fattige.

14 Han løyser dei frå tvang og vald,

deira liv er dyrt i hans augo.

15 Gjev kongen må leva

og få gullet frå Saba!

Folk skal alltid be for han

og velsigna han dagen lang.

16 Lat det vera slik mengd med korn i landet

at det bylgjar over åsane.

Lat grøda vera som skogen på Libanon,

lat byar bløma og breia seg som graset på marka.

17 Lat namnet hans leva til evig tid,

skyta friske skot så lenge sola skin.

Alle folk skal velsigna seg med det

og prisa han sæl.

18 Lova vere Herren, Israels Gud,

han som gjer under, einast han!

19 Hans herlege namn vere evig lova!

All jorda er full av hans herlegdom.

Amen, amen.

*

20 Her endar bønene av David, son til Isai.

Dette er då så tydeleg ein Messias-profeti. David visste at Messias var hans konge og det visste Salomo også, Messias var Israels konge frå før dei fekk ein verdsleg konge.

Her følgjer nok ein Messias-profeti.

Jesaja.9, 2 Det folket som ferdast i mørkret,

skal sjå eit stort ljos;

over dei som bur i skuggelandet,

skal ljoset stråla.

3 Du lèt dei fegnast,

gjer gleda stor.

Dei gleder seg for ditt åsyn

som ein gleder seg i kornskurden,

som ein jublar når hærfang vert utskift.

4 For det tunge åket,

stonga over nakken deira

og staven åt drivaren deira,

har du brote sund som på Midjans dag.

5 Ja, kvar støvel som trampa i stridsgny,

og kvar kappe dregen i blod,

skal brennast og verta til føde for elden.

6 For eit barn er oss født,

ein son er oss gjeven.

Herreveldet kviler på hans aksler,

og han skal kallast:

Underfull Rådgjevar, Veldig Gud,

Evig Far, Fredsfyrste.

7 Så skal herredømet verta stort

og freden utan ende

over Davids kongsstol

og over riket hans.

Han skal grunnfesta det og halda det oppe

med rett og rettferd

frå no og til evig tid.

I sin brennhug

skal Herren, Allhærs Gud, gjera dette.

Han skal gjere deg til hovud.

Gud ville gjere Israelsfolket til hovud for andre folk og det hang saman med at han ville gjere dei rike.

5.Mos.28,13 Herren skal gjera deg til hovud og ikkje til hale. Alltid skal du ha framgang, aldri tilbakegang, så sant du lyder boda åt Herren din Gud, som eg gjev deg i dag, og legg vinn på å leva etter dei.

Dei skulle vere hovud, ikkje hale. Dei vart samanlikna med eit dyr, altså, der Israelsfolket var hovudet på dyret. I deira stordomstid, under David og Salomo regjerte dei over andre folk. Men sidan dei vende seg bort frå han, vart det annleis, der kom andre storrike, med sine hovud og hale.

Gud hogg av både hovud og hale.

Jesajas 9, 8 Eit ord har Herren sendt mot Jakob,

det har slege ned i Israel.

9 Dei har fått merka det, heile folket,

dei som bur i Efraim og Samaria.

Men stolte og hovmodige sa dei:

10 «Teglsteinsmurar har rasa saman,

vi byggjer opp att med tilhoggen stein.

Morbærtre er felte,

vi plantar sedertre i staden.»

11 Då lét Herren Resin,

deira fiende, reisa seg mot dei,

og han eggja deira motstandarar.

12 Aramearane kom frå aust og filistarane frå vest

og slukte Israel med vidope gap.

Men med det har harmen hans ikkje lagt seg,

og enno retter han ut si hand.

13 Men folket vende ikkje om

til han som slo det,

dei søkte ikkje Herren, Allhærs Gud.

14 Då hogg Herren av Israel både hovud og hale,

palmegrein og sev på ein einaste dag.

15 Dei eldste og stormennene er hovudet,

profetane som lærer lygn, er halen.

16 Dei som førte dette folket, førte vilt,

og dei som lét seg leia, fór vilt.

17 Difor sparte ikkje Herren unggutane deira

og hadde ikkje medynk med farlause og enkjer;

for alle var gudlause og gjorde vondt,

kvar einaste munn tala dårskap.

Men med det har harmen hans ikkje lagt seg,

og enno retter han ut si hand.

Svullar, v27&34.

2.Mos.9,8 Herren sa til Moses og Aron: «Ta hendene fulle med sot frå omnen, og Moses skal kasta det opp i veret så farao ser på! 9 Då skal det verta til støv over heile Egypt, og støvet skal setja svullar som bryt ut med blemmer både på folk og fe i heile Egypt.» 10 Så tok dei sot frå omnen og gjekk fram for farao, og Moses kasta det opp i veret. Då kom det svullar både på folk og fe. 11 Og spåmennene greidde ikkje møta Moses for svullane skuld. For det kom svullar på spåmennene som på alle andre egyptarar. 12 Men Herren gjorde farao hard i hugen, så han ikkje høyrde på dei. Det gjekk som Herren hadde sagt til Moses.

Op.16,1 Så høyrde eg ei høg røyst frå templet som sa til dei sju englane: «Gå av stad og tøm dei sju skålene med Guds vreide ut over jorda!» 2 Då gjekk den fyrste og tømde si skål ut over jorda. Og vonde, farlege svullar braut ut på dei menneska som bar merket åt dyret, og som tilbad biletet av dyret.

Ei anna landeplage som vi også finn att i Johannes openberring, er at vatnet vart til blod. 2.Mos.7, 17-25  Joh.Op.16,3&4 8,8.

Kristus er hovudet for si kyrkje.

Lydnaden (5.Mos.28,2) finn vi igjen i den nye pakta også.

Rom.1,1 Paulus, Jesu Kristi tenar, kalla til apostel og utvald til å forkynna Guds evangelium, helsar dei kristne i Roma. 2 Dette evangeliet har Gud føreåt gjeve lovnad om gjennom profetane sine i heilage skrifter, 3 evangeliet om Son hans, Jesus Kristus, vår Herre, som menneske komen av Davids ætt, 4 men ved heilagdoms Ande innsett som Guds mektige Son då han stod opp frå dei døde. 5 Ved han har eg fått nåde og apostelembete, så eg i alle folkeslag skal føra menneske til lydnad og tru, til ære for hans namn. 6 Mellom dei er de òg, de som er kalla til å høyra Jesus Kristus til. 7 Eg helsar dykk alle, som er elska av Gud, de heilage som er kalla av han. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

Sions dotter er Jesus brud, det er identiteten for Jesus kyrkje og det gjeld sjølvsagt for jødane også. Han er hovudet for si kyrkje.

Ef.4, Så legg eg dykk på hjarta, eg som er fange for Herrens skuld, at de må leva eit liv som er verdig det kallet de har fått. 2 Ver audmjuke, ta dykk ikkje til rettes, men ver tolsame, så de ber over med kvarandre i kjærleik. 3 Legg vinn på å vera eitt i Anden, i den fred som bind saman: 4 Ein lekam, ein Ande, liksom de fekk ei von då de vart kalla, 5 ein Herre, ei tru, ein dåp, 6 ein Gud og Far for alle, han som er over alle, gjennom alle og i alle.

7 Nåden er gjeven kvar einskild av oss alt etter som Kristi gåve vert tilmælt. 8 Difor står det:

Han steig opp i det høge

og førte bort fangar;

han gav menneska gåver.

9 Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han fyrst hadde stige ned til det djupaste av jorda? 10 Og han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt. 11 Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. 12 På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp, 13 til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad.

14 Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. 15 Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. 16 Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.


Leave a comment