Lovnad og profeti 22. Sjå at Jesus er med oss alle dagar inntil verda sin ende.

Sjå at Jesus er med oss alle dagar og sjå at han kjem med skyene.

Når Jesus gjekk her på jorda, sa han at han hadde fått makt over alt som menneske heiter. Det var ikkje tome ord, for Faderen var med han og gjorde sitt verk gjennom han. Når han stod oppatt frå dei døde, sa han til disiplane sine at han hadde fått all makt i himmel og på jord, derfor gav han dei misjonsbefalinga og sa at dei skulle sjå at han var med dei alle dagar inntil verda sin ende. På pinsedag sende han dei den Heilage Ande, den skulle openberre han for dei, slik som han hadde lova. Dette finn vi igjen i byrjinga av Johannes Openberring.

Sæl er den som les og høyrer dette og held fast på det.

Joh.Op.1,1 Dette er Jesu Kristi openberring, som Gud gav han for at han skulle visa tenarane sine det som snart skal henda. Han sende engelen sin og kunngjorde det for tenaren sin, Johannes. 2 Han er det som her vitnar og ber fram Guds ord og Jesu Kristi vitnemål, alt det han har sett. 3 Sæl er den som les orda i denne profetien, og dei som høyrer dei og held fast på det som der står skrive! For tida er nær.

Helsing

4 Johannes helsar dei sju kyrkjelydane i provinsen Asia: Nåde vere med dykk og fred frå han som er og som var og som kjem, og frå dei sju åndene som står framfor hans kongsstol, 5 og frå Jesus Kristus, det truverdige vitnet, den fyrstefødde av dei døde og herren over kongane på jorda. Han som elskar oss og har fria oss frå syndene våre med sitt blod, 6 og har gjort oss til eit kongerike, til prestar for Gud, sin Far, han skal ha æra og makta i all æve. Amen.

7 Sjå, han kjem med skyene! Kvart auga skal sjå han, også dei som har gjennomstunge han, og alle folk på jorda skal gråta sårt over han. Ja, sanneleg, amen!

8 Eg er Alfa og Omega, seier Gud Herren, han som er og som var og som kjem, Den Allmektige.

Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må verte som småborn, ja fødast på nytt for å sjå det og komme inn i det. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn (livets vatn) og Ande og det som er født av Anden er ånd, dei er som vinden, du merkar den, men ser den ikkje.

Slik er det også med dei fire vindane, dei vert omtala som fire hestar som fer ut over jorda, dei er ikkje fysisk synlege, men får stor betydning for det som skjer på jorda. Guds Ande er ikkje fysisk synleg, men vi får merke at den rører ved oss.

Når Moses førde Israels-folket ut av Egypt, mot det lova landet, var Gud med dei i skya og den var fysisk synleg. I det gamle testamentet er det fortalt at den fylla tempelet og då verka det som den også var fysisk synleg. Men Gud ville fortsette med å bu der ved sin Ande, sjølv om den ikkje var fysisk synleg. Då fungerer skya altså som symbol på den Heilage Ande.

Slik også når det vert sagt i Op.1,7 at vi skal sjå at Jesus kjem med himmelskyene (Op.1,7). Jesus har gjort oss til eit kongerike, til prestar for Gud Fader. Prestetenesta i den nye pakta har vi fått av berre nåde, på grunnlag av forsoninga i Kristus. På evangeliets grunnvoll søker vi samfunn med Faderen og Sonen, vi skal søke Herren av heile vårt hjarte, så vi innvier oss for han som prestar for han. Vår lekam er eit tempel for den Heilage Ande, til samanlikning med skya som fylla tempelet. Derfor blir også møtelokalet eit tempel der vi får merke Guds Ande i atmosfæra. Der to eller tre er samla i Jesus namn er han midt i mellom dei, slik som hann har lova. Sjølv om det ikkje er fysisk synleg, er han på skya i kroppane våre oss og i møtelokalet.

For Jesus er vår øvsteprest og han gjekk inn i den himmelske heilagdomen og bana vegen for oss, så vi får komme etter. Derfor må vi løfte blikket og hugen opp til han og ta imot den Anden og det livet som han gir oss frå himmelen. Slik får vi sjå at han kjem med himmelskyene, sjølv om det ikkje er fysisk synleg. Slik skal vi vere førebudde på at han kjem og bergar oss på dommedag, ved at han hentar oss heim til seg.

Kva så når det drøyer? Det livet han gir oss frå himmelen skal leve og vekse i oss og bere frukt her i denne verda. Med den Anden han gir oss frå himmelen utrustar han oss til å tene han i hans kyrkjelyd og ved å forkynne evangeliet for dei som vi møter i lokalmiljøet.

Vi får merke at vi får motstand, vi får merke at «den Lovlause» står imot, men vi skal sjå fram til at Jesus kjem att og tyner han med pusten av sin munn (2.Tess.2), ved utgyting av den Heilage Ande altså. Den openberrar sanninga i Guds Ord for oss, så den set oss fri, i den Heilage Ande og ved vedkjenninga av Sanninga skal vi sigre over verda. Vi skal sjå at han kjem på himmelskyene, sjølv om det enno ikkje er fysisk synleg og slik skal vi forkynne, Gud har openberra si frelse for oss i Kristus ved sitt Ord og sin Ande, det skal vi tru på og forkynne, sjølv om det ikkje er fysisk synleg.

I Op.19 er det sagt at han kjem på ein kvit hest;

Op.19,11 Eg såg himmelen open, og der fekk eg sjå ein kvit hest. Han som sat på hesten, heiter «Trufast og Sannferdig», for han dømer og strider med rettferd.

Eg trur og meiner den kvite hesten også er symbol på den Heilage Ande, det stemmer med symbolikken der dei vire vindane vart omtala som fire hestar. Når Guds Ord vert forkynt og den Heilage Ande openberrar det, så får det denne verknaden som vi ser her. For Gud eksisterer og gjer sitt verk med sitt Ord og sin Ande.

Jesus er kongars konge og øvsteprest til evig tid.

Gud har innsett sin konge på Sion.

Salme 2 er ein profeti om at Kristus er jødane sin konge.

Salme.2,1 Kvifor ståkar folkeslaga,

kvifor legg folka gagnlause planar?

2 Kongane på jorda reiser seg,

fyrstane legg råd i lag

mot Herren og den han har salva:

3 «Lat oss slita sund deira lekkjer

og kasta deira reip av oss!»

4 Han som tronar i himmelen, ler,

Herren spottar dei.

5 Så talar han til dei i sin vreide,

med brennande harme skræmer han dei:

6 «Det er eg som har sett inn min konge

på Sion, mitt heilage fjell.»

7 Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.

Han sa til meg: «Du er son min,

eg har født deg i dag.

8 Bed meg, så gjev eg deg folka til arv

og heile jorda til eige.

9 Du skal knusa dei med jernstav

og slå dei sund som leirkar.»

10 Og no, de kongar, far visleg fram,

ta imot åtvaring, de styrarar på jord!

11 Ten Herren med age og glede, 12 kyss skjelvande jorda for hans føter,

så han ikkje skal verta vreid

og de gå til grunne på vegen.

For lett kan hans vreide kveikjast. Sæle er alle som flyr til han.

David profeterte om Messias.

Dette verka reelt og relevant når David var konge og son hans, Salomo, tok over. Men det ser mest ut til å vere ein Messias-profeti frå David sjølv. Israels-folket levde lenge utan konge, dei hadde berre prestetesta, så den var meir fundamenta enn deira jordiske konge, men Kristus var allereie kongen deira og han skulle verte deira øvsteprest til evig tid etter Melkesedeks vis, slik som David profeterte. Når Jesus bad Faderen om å gi han heidningane til arv og jorda sine endar i eige, vart det på den måten at han bad for syndarar og døde for dei på korset, så han vart knust i staden for dei.

Salme 110,1 Ein Davids-salme.

Herren seier til min herre:

«Set deg ved mi høgre hand

til eg får lagt dine fiendar

til skammel for dine føter!»

2 Frå Sion retter Herren ut

din mektige kongsstav.

Ver herre mellom dine fiendar!

3 Ditt folk møter viljug fram

den dagen du mønstrar din hær.

I heilagt skrud kjem din ungdom til deg

som dogg ut or morgonrodens fang.

4 Herren har svore og angrar det ikkje:

«Du skal vera prest til evig tid

på Melkisedeks vis.»

5 Herren er ved di høgre side,

han knuser kongar på sin vreidedag.

6 Han dømer folkeslag – det er fullt av lik,

hovdingar knuser han vidt over jord.

7 Kongen drikk or bekken ved vegen,

difor lyfter han hovudet høgt.

Jes.53, 1 Kven trudde

det bodet vi høyrde,

og kven fekk sjå Herrens makt?

2 Han rann som ein kvist for Guds åsyn,

som ein renning or turr jord.

Nokon herleg skapnad hadde han ikkje,

det var ingen hugnad å sjå han.

3 Vanvørd var han, folk heldt seg unna,

ein mann i pinsler, velkjend med sjukdom,

ein svivørd mann som ingen ville sjå på;

vi rekna han for inkje.

4 Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg,

og våre pinsler bar han.

Vi trudde han var heimsøkt,

slegen av Gud og ille plaga.

5 Men han vart såra for våre brot

og sundbroten for våre synder.

Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,

og ved hans sår har vi fått lækjedom.

6 Vi fór alle vilt som sauer,

vi vende oss kvar til sin veg.

Men Herren lét råka han

det vi alle var skuld i.

7 Ille medfaren vart han,

men bar det audmjukt;

han lét ikkje opp sin munn,

som lammet dei fører til slakting,

og sauen som teier når han vert klypt;

han lét ikkje opp sin munn.

8 Gjennom trengsle og dom vart han teken bort.

Men kven i hans samtid vørde vel det?

Bortriven vart han or levandelandet,

for sitt folks brot laut han døy.

9 Dei gav han ei grav mellom gudlause,

hjå ein rikmann, då han var død,

endå han ikkje hadde gjort nokon urett,

og det ikkje fanst svik i hans munn.

10 Det var Herrens vilje

å knusa han med sjukdom.

Men fordi han gav sitt liv til soning,

skal han få etterkomarar og leva lenge,

og ved han skal Herrens vilje ha framgang.

11 Etter all si møde og sjelenaud

skal han sjå ljos og mettast.

Og når dei kjenner han,

skal han, min rettferdige tenar,

gjera dei mange rettferdige;

for han har bore deira synder.

12 Difor gjev eg han dei mange til del,

og dei sterke skal han få til hærfang,

fordi han gav sitt liv i døden

og vart rekna mellom brotsmenn.

Han tok på seg synda åt dei mange

og bad for brotsmenn.

Be i Jesu namn og få oppleve at det verkar.

Ved trua på Kristus skal vi vere krossfesta med han og oppnå noko med det.

Ved trua på at Gud vekte Kristus opp frå dei døde, verte vi rettferdige for Gud og ved å vedkjenne at han er Herre, vert vi frelste. Då skal vi sjå det slik at vi er krossfesta med han, så vi er knuste saman med han.

Jes.57, 12 Eg vil fortelja om di rettferd

og om dine gjerningar;

dei gagnar deg ikkje.

13 Lat dine avgudar berga deg

når du skrik!

Ein storm skal lyfta dei alle opp,

ein vind skal føykja dei bort.

Men dei som flyr til meg, skal arva landet

og ta mitt heilage fjell i eige.

Han vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde

14 Det lydde eit ord:

Bygg, ja bygg og ryd ein veg!

Ta bort kvar støytestein

frå vegen åt mitt folk!

15 Så seier han som er høgt opphøgd,

han som tronar evig og heiter Den Heilage:

I det høge og heilage bur eg

og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.

Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde

og hjarta til liv hjå dei knuste.

16 For eg vil ikkje evig føra klagemål

og ikkje alltid vera harm.

Elles kom deira ånd

til å missa si kraft for mitt åsyn,

deira livsande som eg har skapt.

Slik får vi ved trua på han ei åndeleg og rasjonalistisk innsikt som gir meining med livet.

Forkynne Herrens død inntil han kjem.

Ved nattverden forkynner vi Herrens død til dess han kjem.

1.Kor.11,23 For eg har fått frå Herren det som eg har overgjeve dykk:

Den natta Herren Jesus vart sviken, tok han eit brød, 24 takka og braut det og sa: «Dette er min lekam som er for dykk. Gjer dette til minne om meg!» 25 Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod. Så ofte som de drikk av han, så gjer det til minne om meg!» 26 For så ofte som de et dette brødet og drikk av kalken, forkynner de Herrens død til dess han kjem. 27 Den som et brødet og drikk Herrens kalk på urett vis, syndar mot Herrens lekam og blod. 28 Kvar og ein må prøva seg sjølv, og så skal han eta av brødet og drikka av kalken. 29 For den som et og drikk utan å tenkja på at det er Herrens lekam, han et og drikk seg sjølv til doms. 30 Difor er det mange veike og sjuke hjå dykk, og nokre sovnar av. 31 Men dømde vi oss sjølve, vart vi ikkje dømde. 32 Når vi vert dømde av Herren, vert vi refste, så vi ikkje skal verta fordømde saman med verda.

Men vi skal også forkynne at han stod opp att frå dei døde og det med ei overbevisning som vi får ved at vi søker han og finn han, så vi får sjå at han er med oss alle dagar, inntil verda sin ende (Joh.14,15-23).

Ordet om korset er ein dårskap for verda, men ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. Den gir oss ein visdom frå himmelen som verka ikkje kjende til.

1.Kor.2,1 Då eg kom til dykk, brør, forkynte eg ikkje Guds vitnemål med meisterskap i talekunst eller visdom. 2 For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest. 3 Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk. 4 Og det var ikkje med overtalande argument og visdomslære eg bar fram ordet og bodskapen, men med provføring av Ande og kraft. 5 For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft.

6 Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. 7 Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen. 8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre. 9 Men det står skrive:

Det auga ikkje såg,

det øyra ikkje høyrde,

det som ikkje kom opp

i nokon mennesketanke,

alt det Gud har gjort ferdig

for dei som elskar han,

10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss. 13 Og dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord. 14 Men det mennesket som ikkje har Anden, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er ein dårskap for han, og han kan ikkje forstå det; dette kan berre dømast om på åndeleg vis. 15 Men det mennesket som har Anden, kan døma om alt, men sjølv kan han ikkje dømast av nokon. 16 For

kven kjende Herrens hug,

så han kunne gje han råd?

Men vi har Kristi hug.

Med denne visdomen kan vi vite kva Gud i sin nåde har gitt oss, ta imot det i tru og von og takke han for det. Vi kan gå inn i heilagdomen og oppdage det og erkjenne det og tal om det med andre som også trur og går inn i heilagdomen og får noko frå himmelen (Salme 73,16-18).

Jeremias 29,10 Så seier Herren: Når sytti år er lidne for Babylonia, skal eg sjå til dykk. Då vil eg gjera det eg har lova, og føra dykk heim att til denne staden. 11 For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.

12 Når de kallar på meg og kjem til meg med bønene dykkar, vil eg høyra på dykk. 13 Når de søkjer meg, skal de finna meg. Ja, søkjer de meg av eit heilt hjarta, 14 lèt eg dykk finna meg, seier Herren. Så vil eg venda lagnaden dykkar og samla dykk frå alle dei folk og stader som eg har drive dykk bort til, lyder ordet frå Herren. Og eg vil la dykk koma heim att til den staden eg førte dykk bort ifrå.

Be i Jesu namn.

Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Då er vi arvingar og Kristi medarvingar og kan be som arvingar. Vi kan be i Jesu namn om at han må få heidningane til arv og jorda sine endar i eige, så det er og blir hans arv. Og som hans medarvingar får vi også noko.

Joh.14,8 Filip seier til han: «Herre, lat oss få sjå Faderen, så har vi nok.» 9 Jesus svarar: «No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Faderen. Korleis kan du då seia: Lat oss få sjå Faderen? 10 Trur du ikkje at eg er i Faderen og Faderen i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Faderen som er i meg og gjer sine gjerningar. 11 Tru meg når eg seier at eg er i Faderen og Faderen i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld. 12 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur på meg, han skal gjera dei gjerningane som eg gjer. Ja, han skal gjera større gjerningar enn dei, for eg går til Faderen. 13 Det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal verta herleggjord gjennom Sonen. 14 Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.

Bryllaup i himmelen.

Vi skal gjere trua sine gjerningar og det er først og fremst at Faderen gjer sine gjerningar i oss og gjennom oss. Slike gjerningar er bryllaupskjolen som Jesu brud kler seg for å bu seg til bryllaupsfesten, men då er vel dette noko som skjer både i himmelen og på jorda.

Joh.6, 29 Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.»

Op.19, 1 Så høyrde eg noko som likna eit stort og mektig kor i himmelen. Dei song:

Halleluja!

Sigeren og æra og makta høyrer vår Gud til,

2 for sanne og rettferdige er hans domar.

Han har dømt den store skjøkja,

ho som øydela jorda med si utukt,

og blodet av tenarane sine

har han kravt av hennar hand.

3 Endå ein gong ropa dei:

Halleluja!

Røyken frå henne stig opp i all æve.

4 Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på kongsstolen, og sa: «Amen. Halleluja!» 5 Og frå kongsstolen kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle tenarane hans, de som ottast han, små og store!»

6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:

Halleluja!

Herren vår Gud, Den Allmektige,

har vorte konge!

7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!

Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!

Brura har butt seg;

8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin.

– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.

9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.» 10 Då kasta eg meg ned for føtene hans og ville tilbe han; men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar saman med deg og brørne dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden som er i profetordet.

Det er noko som skjer i himmelen, som får konsekvensar for denne verda. Jesus har fått makta i kyrkja som er hans brud, slik får han makta på denne jorda, som kongars konge.

Frelse frå forføringa og domen.

Der er sterke religiøse og politiske makt-interesser i verda som strir mot barnekåret hos Gud, mot hans kjærleik og omsorg for sine born, så menneske vert som bortkomne søner. Der ligg mykje svindel og lureri i det, ved falske messiasar og profetar, spesielt ved Dyret med merket og den falske profet. Men Jesus frelser oss frå å verte lurte og forførde slik, til å verte med på å feire hans bryllaup i himmelen.

Men Jesus kjem att og kastar Dyret og den Falske profet i eldsjøen og så han han med seg løn til dei som har gjort trua sine gjerningar.

Op.16, 12 Den sjette engelen tømde si skål i den store elva Eufrat. Då turka vatnet i elva bort, så det kunne rydjast veg for kongane frå Austerland. 13 Og eg såg at det kom tre ureine ånder or gapet på draken og or gapet på dyret og or munnen på den falske profeten; dei likna froskar. 14 Dette er djevleånder som gjer under og teikn, og dei går ut til kongane i heile verda og vil samla dei til krigen på den store dagen åt Gud, Den Allmektige. – 15 «Sjå, eg kjem som ein tjuv. Sæl er den som vaker og som vaktar kleda sine, så han ikkje må gå naken og visa si skam.» – 16 Og dei samla kongane på den staden som på hebraisk heiter Harmageddon.

Op.22, 7 Sjå, eg kjem snart. Sæl er den som tek vare på dei profetiske orda i denne boka.»

Op.22,12 Sjå, eg kjem snart, og mi løn har eg med meg; eg vil gje kvar og ein att etter det han har gjort. 13 Eg er Alfa og Omega, den fyrste og den siste, opphavet og enden. 14 Sæle er dei som vaskar kleda sine, så dei får rett til å eta av livsens tre og gå inn gjennom portane i byen.


One response to “Lovnad og profeti 22. Sjå at Jesus er med oss alle dagar inntil verda sin ende.”

  1. Lovnad og profeti 36. Fader vår, du som er i himmelen 3. Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen. – Faith and Entropy Avatar

    […] Lovnad og profeti 22. Sjå at Jesus er med oss alle dagar inntil verda sin ende. […]

    Like

Leave a comment