Lovnad og profeti 18. Esekiels bok, prestetenesta og Johannes Openberring.

For Gud er ein dag som tusen år.

Peter profeterte om Jesu gjenkomst og dommedag, men så sa han også at ein dag er for Gud som tusen år og tusen år som ein dag og i Johannes Openberring 18-20 ser det ut til at dommedagen først resulterte i eit fredsrike på tusen år, før den endelege dommedagen kjem. Kvar blir det då av Jesu gjenkomst, skjer den før dette eller etterpå? Vi skal vente hans gjenkomst kva tid som helst, dei kristne har venta i 2000 år og om så dei må vente i tusen år til, så er det ikkje forgjeves. For i det vi er himmelvende, får vi oppleve at Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen og det gir livet meining. Det bringer historia framover, så vi framskundar hans gjenkomst, slik som Peter også sa i same profetien (2.Pet.3).

Esekiel var profet på den tida Jerusalem vart lagt i grus og folket bortført til Babylonia. Han profeterte om det og profeterte om at Guds herlegdom forlet tempelet og Jerusalem. Sidan profeterte han om at den kom tilbake til tempelet.

Men Kristus bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen, så på evangeliets grunnvoll får vi alle gå inn i heilagdomen, som om vi var prestar. Og få oppleve Guds herlegdom. Gud er ånd og han gir oss herlegdomens Ande. Det er ein åndeleg røyndom, sjølv om den ikkje er fysisk synleg. Dei fleste pinsevennar meiner at dommedagen som skal til for å innføre tusenårsriket blir så dramatisk at Jesus kjem att for å berge sine ut av trengselen og berge dei frå dommedagen.

Oversikt over Esekiels bok.

Esekiel var prest og profet 592-570 f.Kr. Profetien byrja med at han var mellom dei bortførde i Kaldea og der møtte han Herrens herlegdom (Esekiel,1) og menneskesonen, Herren Kristus, til samanlikning med apostelen Johannes i Op.1-5, det er litt skilnad i beskrivinga av Herrens herlegdom og i Esekiel 1 sit menneskesonen på kongsstolen. Til samanlikning med Johannes fekk han ei bokrull å ete (Esek.3,1… Op.10,10).

  Jerusalem fall i 587 f.Kr. og han profeterte om det (Esekiel.4-6). I kap.7 forkynner han at enden kjem for Israels land, så det er endetida altså. I kap.8 kjem Herren Jesus igjen og tek han med til Jerusalem. I kap.9-11 får han sjå at Herrens herlegdom forlet tempelet og Jerusalem, medan folket i byen vart drepne. Her tenker eg meg at Kristus er mannen med skrivesakene og no er det Faderen som sit på trona som såg ut som safir.

Profetane var som vaktmenn på muren og arbeidarar som skulle reparere den, men i staden var dei falske profetane som kalkstrykarar som strauk kalk på muren. Men Gud ville sende eit haglver som var nok til at den skulle ramle ned. Det er det fortalt om i Esekiel 13 og i Johannes Openberring er det profetert om mykje haglver.

Her er fleire kapittel der det vert avsagt dom over Jerusalem. Så vert det avsagt dom over nabofolka (Esekiel.25-32).

I Esekiel 36 vert det fortalt at Gud let Israelsfolket kome tilbake til landet sitt og då vil han gjere noko nytt med dei.

Esekiel.36,26 Og eg vil gje dykk eit nytt hjarta og la dykk få ei ny ånd inni dykk. Eg vil ta steinhjarta ut or kroppen dykkar og gje dykk eit kjøthjarta i staden. 27 Min Ande vil eg gje inni dykk, og eg vil laga det så at de fylgjer mine føreskrifter og tek vare på mine lover, så de lever etter dei.

I kap.36 er dei det fortalt om at Gud sender livsanden inn i landet og bles på dei tørre beina, så dei livnar opp att. Dette er ein profeti om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt, også over dei (Joel 3,1..). Så i desse to kapitla vert det profetert om den nye pakta.

I kap.38-39 går Gog og Magog til krig mot Israel og får med seg mange folk. Men Israels Gud går til motangrep og det vert dommedag. Dette finn vi att i Joh.Op.20,7-10.

I Kap.40-42 er det fortalt om ein mann som målte tempelet og føregarden med ei måle-stang. Det må vel vere måla på det nye tempelet som skulle byggast, når jødane kom heim att til landet sitt.

I Esekiel 43 er det fortalt om at Herrens herlegdom kjem attende til tempelet. Her vert det gjort klart at Herrens kongsstol er i tempelet og den er noko heilt anna enn kongen til Israels-folket. Så øvstepresten har ein heilt annan funksjon enn Israels-folkets konge.

Esekiel.43,1 Så førte han meg til porten, den porten som vender mot aust. 2 Og sjå, der kom herlegdomen åt Israels Gud frå aust. Lyden av han var som duren av store vassmengder, og jorda lyste av herlegdomen hans. 3 Det synet eg såg, likna det synet eg hadde då han kom og ville øydeleggja byen, og det eg hadde attmed Kebar-elva. Då kasta eg meg ned med andletet mot jorda. 4 Og Herrens herlegdom drog inn i templet gjennom den porten som vender mot aust. 5 Då lyfte ånda meg opp og førte meg til den indre føregarden. Og sjå, Herrens herlegdom fylte huset.

6 Då høyrde eg ein som tala til meg inne frå templet, medan mannen stod attmed meg. 7 Han sa til meg: Menneske, dette er staden for min kongsstol, staden der eg vil setja min fot; her vil eg bu mellom Israels-sønene til evig tid. Israelittane skal ikkje lenger gjera mitt heilage namn ureint, korkje dei eller kongane deira, som dei gjorde det med si utukt og med lika av kongane sine når dei døydde. 8 Dei sette sin dørstokk attmed min og sin dørstolpe attmed min, så det berre var ein vegg mellom meg og dei. Dei gjorde mitt heilage namn ureint med all den styggedomen dei fór med. Difor tynte eg dei i min vreide. 9 Men no skal dei få bort frå meg både utukta og lika av kongane sine, og då vil eg bu imellom dei til evig tid.

I kap.47 er det fortalt om livets flod, dette er ein profeti om den nye pakta.

Esekiel.47,1 Mannen førte meg attende til tempelinngangen. Og sjå, det rann vatn fram under dørstokken på austsida av huset. For framsida på templet vender mot aust. Vatnet rann ned på sørsida av templet, sør for altaret. 2 Så førte han meg ut gjennom nordporten, og der ute fylgde han meg ikring til den ytre porten, som vender mot aust. Og sjå, der sildra vatnet ned frå sørsida.

3 Mannen gjekk no austover. Han hadde ei mælesnor i handa og mælte tusen alner. Så lét han meg gå gjennom vatnet, og det nådde meg til okla. 4 Han mælte tusen alner til og lét meg gå gjennom vatnet der; det nådde meg til knea. Endå ein gong mælte han tusen alner og lét meg gå gjennom vatnet att; då nådde det opp til hoftene. 5 Så mælte han tusen alner ein gong til. Då var det ei elv som eg ikkje kunne vassa over. For vatnet hadde stige og vorte til ei elv som ingen kom over utan å symja.

Dyret som steig opp or havet og Dyret som steig opp or avgrunnen (Op.11 &17).

Dyret som steig opp or havet.

Daniel profeterte om fire dyr som stig opp or havet.

Daniel.7,2 Daniel fortalde: Eg såg i eit syn om natta at dei fire himmel-vindane sette storhavet i opprør. 3 Fire store dyr steig opp or havet, og dei var ulike å sjå til.

Dyret i Joh.Op.13 steig også opp or havet og det liknar alle desse fire dyra. Dette er Romarriket som består av alle desse rika, under ein keisar, så det er med ein slik politikk som denne keisaren førde.

Joh.Op.13,1 Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud. 2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt. 3 Eit av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men ulivssåret vart lækt, og heile verda undra seg over dyret og fylgde det. 4 Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»

Dyret som steig opp or avgrunnen.

I Op.11 er det tale om eit dyr som steig opp or avgrunnen.

Joh.Op11,7 Men når dei har fullført vitnemålet sitt, skal dyret som stig opp or avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei.

Det er tydeleg vis det same dyret som er omtala i Op.17.

Op.17,8 Dyret du såg, det var og er ikkje; men det skal koma opp or avgrunnen og gå sin undergang i møte. Og dei som bur på jorda, og som ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok frå verda vart grunnlagd, dei skal undra seg når dei ser dyret som var og ikkje er, men som skal koma att.

Dermed er der ei linje frå Op.11 til Op.17….

Prestetenesta og dåpen, Op11 & 19.

Dei fire vindane er livsanden (1.Mos.2), Guds Ande, så den er fundamentalt viktig for livet på landjorda. At livsanden skulle fare inn i Israels-landet og blåse på dei tørre beina (Esekiel.37), er profeti om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt (Joel.3) også over jødane. At dei skulle stige opp av gravene sine viser betydninga av dåpen.

Dei to oliventrea i Sak.4 er øvstepresten Josva og byggherren Serubabel. Desse to tenestene finn vi igjen i den nye pakt som profet-tenester.

Op.11, 1 Og eg fekk ei mælestong, på skap som ein stav, og det vart sagt til meg: «Reis deg og mæl Guds tempel og altaret og dei som tilbed der! 2 Men føregarden utanfor templet skal du la vera; den skal du ikkje mæla. For han er overlaten til heidningane, og dei skal trø ned den heilage byen i 42 månader. 3 Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i syrgjeklede, til å vera profetar i 1260 dagar.» 4 Dette er dei to oliventrea og dei to ljosestakane som står framfor herren over jorda. 5 Og vil nokon skada dei, går det eld ut or munnen på dei og gjer ende på fiendane deira. Ja, om nokon vil skada dei, skal han døy på den måten. 6 Dei har makt til å lata att himmelen, så det ikkje fell regn i den tida dei er profetar; dei har makt over vatnet og kan gjera det til blod, og makt til å slå jorda med alle slag plager, så ofte dei vil.

7 Men når dei har fullført vitnemålet sitt, skal dyret som stig opp or avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei. 8 Lika deira skal liggja på gata i den store byen som åndeleg tala vert kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest. 9 Menneske av mange folk og ætter og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei. 10 Og dei som bur på jorda, skal gleda og fagna seg over lagnaden deira og senda kvarandre gåver. For desse to profetane hadde vore ei stor plage for dei som bur på jorda.

11 Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei; dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart skjelvande redde. 12 Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for augo på fiendane sine. 13 I same stunda kom det eit stort jordskjelv. Tiandeparten av byen rasa saman, sju tusen menneske vart drepne, og dei som var att, vart forfærde og gav Gud i himmelen ære.

14 Det andre ve er over. Men det tredje ve kjem snart.

Den sjuande basunen

15 Den sjuande engelen bles i basun. Då høyrdest det i himmelen røyster som ropa høgt:

Vår Herre og hans salvevigde

har fått herredøme,

og han skal vera konge i all æve.

16 Dei tjuefire eldste som sit på tronene sine for Guds åsyn, kasta seg ned på andletet, tilbad Gud 17 og sa:

Vi takkar deg, Herre Gud, du Allmektige,

du som er og som var,

fordi du har teke di store makt

og vorte konge.

18 Heidningfolka vart harme,

men no er din vreidedag komen,

og tida då dei døde skal dømast.

Då skal du løna tenarane dine

profetane, dei heilage

og dei som har age for ditt namn,

små og store,

og øyda dei som øyder jorda.

19 Då vart Guds tempel i himmelen opna, og kista som er teiknet på pakta hans, vart synleg der inne. Og det kom lyn og drønn, torebrak og jordskjelv og store hagl.

Den levittiske preste-tenesta skulle verte fornya og fungere på ein ny måte i den nye pakta. Men i staden vart den infiltrert, så den øydande styggedomen øydela den. Dette måtte heilt bort. Jerusalem vart lagt i grus av keisar Vespasian og Titus. Så det resulterte i at desse to profetane vart drepne altså!? Her er noko som skurrar, for det var ingen som fungerte som slike profetar i Jerusalem då byen vart lagt i grus, det skjedde heller før dette, gjennom kristendomsforfølgingane. Dette er ikkje berre ein politisk og militær maktkamp, men ein åndskamp.

Lika til desse to profetane vart liggande på gata i tre og ein halv dag, utan at nokon gravla dei. Dette minner meg om at det gjekk tre dagar før Jesus stod opp att frå dei døde. Så eg forstår det slik at dette fortel oss om betydninga av den Kristne dåpen. Ved trua på Kristus er vi krossfesta med han, i dåpen er vi gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han. Derfor skal vi vende hugen opp til han. Og kva så? Vi får noko av det som er der oppe, som svar på bøn. Vi tek imot i tru og vedkjenner det, ved å kjennast ved hans om vi trur på.

Kol.3,1 Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.

Så då skulle denne prestetenesta fungere i alle generasjonar som kom seinare også.

I Op.11,15-19 møter vi same sigersstemninga som i Op.19 og i Op.20 har prestetenesta vunne fram og kome til sin rett.

Op.20, 4 Eg såg troner, og nokre sette seg på dei; dei fekk makt til å halda dom. Og eg såg sjelene til dei som hadde vorte halshogne fordi dei hadde halde fast på Jesu vitnemål og på Guds ord, og alle som ikkje hadde tilbede dyret eller biletet av det og ikkje teke merket på panna eller handa. Dei vart levande att og rådde saman med Kristus i tusen år. 5 Men dei andre døde vart ikkje levande før dei tusen år var lidne. Dette er den fyrste oppstoda. 6 Sæl og heilag er den som får vera med i den fyrste oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt. Dei skal vera Guds og Kristi prestar og råda med han i tusen år.

Så her er ei linje frå Op.11 til Op.20,6.

Jesu gjenkomst, med frelse på dommedag.

Frelse.

Jesus betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den sanne og levande Gud, så vi skal tilhøyre han. På grunnlag av Jesu fullførde frelseverk, ved trua på at han stod opp att frå dei døde, fekk vi den Heilage Ande, som eit segl som viser at vi tilhøyrer han. Og den Heilage Ande hjelper oss i vårt bønneliv.

1.Kor.1,20 For så mange som Guds lovnader er, i han har dei fått sitt ja. Difor seier vi òg ved han vårt Amen, Gud til ære. 21 Men den som gjer både oss og dykk faste i trua på Kristus, og som har salva oss, det er Gud. 22 Og han har sett sitt segl på oss og gjeve oss Anden til pant i hjarto våre.

Heb.11,1 Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser. 2 For si tru fekk menneske i gamal tid godt vitnemål. 3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

Heb.9,25 Han gjekk heller ikkje inn for å ofra seg sjølv fleire gonger, liksom øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige. 26 Då måtte han ha lide mange gonger etter at verda vart grunnlagd. Men no, ved enden av tidene, har han openberra seg éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer. 27 Like visst som det er så laga at menneska må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.

Rom.8,18 Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.

I Heb.9,28 og Rom.8,24 ser vi at det også er frelse frå dommedag. Det er vår von, men det er også noko som all skapningen stundar etter.

Overlappande linjer i Johannes Openberring.

Der er overlappande linjer i tida som endar opp med innhaustinga og dommedag; Op.11-17.18.19, Op.11-20,6 og Op.16 (dei sju skålene). Op.17-22 kjem etter at vi er ferdige med alle dei sju segla, basunane og skålene, men tråden verte teken oppatt frå Op.12 og 13 og to gongar frå Op.11. Op.17 er fyrst og fremst noko som skjer i Vest-Europa, men som får konsekvensar for heile verda. I siste halvdel av Op.19 kjem domen over dyret og den falske profet.

Joh.Op. 19,11 Eg såg himmelen open, og der fekk eg sjå ein kvit hest. Han som sat på hesten, heiter «Trufast og Sannferdig», for han dømer og strider med rettferd. 12 Augo hans er som logande eld, på hovudet har han mange kroner, og han ber ei innskrift med eit namn som berre han sjølv kjenner. 13 Han er kledd i ei kappe som er duppa i blod, og namnet hans er «Guds ord». 14 Himmelhærane fylgjer han på kvite hestar, kledde i fint lin, kvitt og reint. 15 Og or munnen hans går det ut eit kvast sverd; med det skal han slå folkeslaga. Han skal styra dei med jernstav og trø vinpressa som er fylt av vreidevin, av harmen åt Gud, Den Allmektige. 16 På kappa si, ved hofta, har han eit namn skrive: Kongen over kongane, Herren over herrane.

17 Og eg såg ein engel som stod i sola. Han ropa med høg røyst til alle fuglane som flyg under himmelkvelven: «Kom hit, samla dykk til Guds store gjestebod! 18 De skal få eta kjøt av kongar og hærførarar og heltar, kjøt av hestar og dei som sat på dei, kjøt av alle, frie og trælar, små og store.»

Her er det tale om vinpressa, så det er overlapping med Op.14,18-20 (Jes.63,1-6), det er overlapping mellom den sjuande basun (Op.11,15 -14,20) og den sjuande skåla Op.16,17-22.

Domen over Gog og Magog.

Esekiel profeterte om at Gud drog Gog i Magog-landet til å gå til krig mot Isreal. I tillegg var dei motivert av å rane. Dette er det fortalt om i slutten av Op.20 også, men der er det sagt at det var Satan som forførde dei. Til samanlikning meinte David at det var Gud som fekk han til å halde folketeljing, men sidan kom han til at det var Djevelen som freista han til det.

Vi veit at Djevelens metode er å føre klagemål mot menneska, lokke og forføre dei, for så å føre klagemål mot dei. Her kan vi forstå det slik at han fører klagemål mot Israels-folket, for at desse andre folka kunne klagemålet som argument for å rane dei. Til samanlikning med hans klagemål mot Job.

Esekiel 38, Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 2 Menneske, vend deg mot Gog i Magog-landet, storfyrsten over Mesjek og Tubal. Tal profetord mot han 3 og sei:

Så seier Herren Gud: Sjå, eg kjem imot deg, Gog, storfyrste over Mesjek og Tubal. 4 Eg fører deg ikring og set krokar i kjakane dine. Så lèt eg deg dra ut med heile din hær, med hestar og ryttarar, fint kledde alle i hop, ein veldig flokk med store og små skjold, og alle væpna med sverd. 5 Folk frå Persia, Nubia og Put er med dei; alle saman har skjold og hjelm. 6 Gomer og alle hans fylkingar, Togarma-folket lengst i nord og alle deira fylkingar, mange folk er med deg.

7 Bu deg og gjer deg klar, du og alle dine skarar som er samla hjå deg. Du skal vakta dei. 8 Når lang tid har gått, skal du kallast til teneste. Og når åra er ute, skal du koma til eit land som er bygt opp att etter krig og herjing, og der folket er samla frå mange folk på Israels-fjella, som lenge låg aude. Dei vart henta heim frå folka, og no bur dei alle trygt. 9 Dit opp skal du fara. Du skal koma som eit uver og dekkja landet som ei sky, du og alle fylkingane dine og mange folk med deg.

10 Så seier Herren Gud: Den dagen skal tankar koma opp i deg; du skal leggja vonde planar 11 og seia: «Eg vil fara opp mot eit land med opne byar, gå mot fredelege folk som bur trygt. Dei bur alle på stader som er utan murar og korkje har bommar eller portar. 12 Eg vil rana og røva og ta hærfang og venda handa mot det som er reist av røys, mot eit folk som er samla frå andre folkeslag. No samlar dei seg fe og gods, der dei bur ved heimsens navle.»

Mange av desse namna er namn på etterkomarar etter Jafet.

1.Mos.10,1 Dette er dei ættene som har kome frå sønene til Noah, Sem, Kam og Jafet. Dei fekk søner etter storflaumen. 2 Sønene til Jafet var Gomer, Magog, Madai, Javan, Tubal, Mesjek og Tiras. 3 Sønene til Gomer var Asjkenas, Rifat og Togarma.

Sitar frå https://no.wikipedia.org/wiki/Togarma :

I henhold til tradisjonelle opptegnelser i Armenia og Georgia[trenger referanse] er begge disse folkeslagene foruten flere andre kaukasiske folkeslag etterkommere av Togarma: (armenskThorgom, Թորգոմ; georgiskThargamos, თარგამოს). Videre kommer de lokale navnene for Armenia (Hayq) og Georgia (Kartli/Sakartvelo) tilsynelatende henholdsvis fra Togarmas’ sønner, Haik (Հայք) og Kartlos (ქართლოს).

Armenia er eit kristent land. Aserbadsjan er like langt nord og er eit muslimsk land. Landa og folka som Gog får med seg ser ut til å svare til muslimske land. Vi kjenner igjen mønsteret i vår tid altså.

Og dette er dommedagen som det er tale om etter tusenårsriket.

Esekiel.38, 21 Då kallar eg sverd imot han på alle mine fjell, seier Herren Gud. Den eine skal venda sverdet mot den andre. 22 Eg straffar han med pest og blodsutrenning. Eg sender høljande regn og haglsteinar og lèt det regna eld og svovel over han og fylkingane hans og over alle folka som er med han. 23 Såleis viser eg mitt velde og mi guddomsmakt og gjev meg til kjenne for augo på mange folkeslag. Då skal dei sanna at eg er Herren.

Op.20,7 Og når dei tusen år er til ende, skal Satan sleppast laus or fengslet sitt. 8 Han skal dra ut og forføra folka ved dei fire heimshjørna, Gog og Magog, og samla dei til strid; og talet på dei er som havsens sand. 9 Dei drog opp til høgsletta på jorda og kringsette leiren til dei heilage og den byen som var elska. Men det fór eld ned frå himmelen og gjorde ende på dei. 10 Og djevelen, som hadde forført dei, vart kasta i sjøen med eld og svovel, der dyret og den falske profeten er. Der skal dei pinast dag og natt i all æve.

Dette høver med Peters dommedags-profeti:

2.Pet.3, 3 Fyrst og fremst skal de vita at i dei siste dagar skal det koma folk som fer med spott og fylgjer sine eigne lyster. 4 Hånleg seier dei: «Kva med lovnaden om at han skal koma att? Fedrane våre er døde, men alt er som det har vore frå verda vart skapt.» 5 Dei som seier så, gløymer at himlar var det frå eldgamal tid og ei jord som i kraft av Guds ord steig opp or vatnet og vert halden oppe ved vatn. 6 Og ved vatn gjekk den fyrste verda under då ho vart overfløymd. 7 Men dei himlar og den jord som no er, har dette Guds ord spart til elden; dei vert haldne oppe til domedag då dei gudlause skal gå fortapt.

8 Men ein ting må de ikkje gløyma, de kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag. 9 Det er ikkje så som somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal nå fram til omvending. 10 Men Herrens dag skal koma som ein tjuv. Då skal himmelen forgå med eit brak, elementa skal koma i brann og løysast opp, og jorda og alle gjerningane som er gjorde på jorda, skal koma fram i ljoset.

11 Når no alt dette skal gå i oppløysing, kor heilagt og gudfryktig må de ikkje då leva, 12 medan de ventar på at Guds dag skal koma, og skundar han fram. Då skal himlane øydast i eld og elementa brenna og bråna. 13 Men vi ser fram til det han har lova: ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur.

14 Difor, mine kjære: Sidan de ventar på dette, må de leggja vinn på å verta ståande for han med fred, utan flekk og lyte. 15 Og når Herren i sitt langmod dryer med å koma, skal de sjå det som eit høve til frelse.

Dette kan vere ein atom-krig, men det kan også vere eit astroide-nedslag.

Mark.13,24 Men i dei dagane, etter denne trengselstida, skal sola mørkjast og månen missa sitt ljos. 25 Stjernene skal falla ned frå himmelen, og kreftene i himmelrømda skal skakast. 26 Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skyene med stor makt og herlegdom. 27 Han skal senda ut englane og samla dei utvalde frå heimsens fire hjørne, frå ytste enden av jorda til ytste enden av himmelen.


One response to “Lovnad og profeti 18. Esekiels bok, prestetenesta og Johannes Openberring.”

  1. Lovnad og profeti 24. Guds herlegdom i Esekiels bok og Johannes Openberring 1. – Faith and Entropy Avatar

    […] Lovnad og profeti 18. Esekiels bok, prestetenesta og Johannes Openberring. […]

    Like

Leave a comment