Vente Jesu gjenkomst kva tid som helst.
Dei fyrste kristne vart opplærde til å vente Jesu gjenkomst kva tid som helst. Etter kvart var der dei som spurde kva som vart av hans gjenkomst. I vår tid er der langt fleire som ventar på det og då er der sikkert langt fleire som spør same spørsmålet, vert det i det heile teke noko av det som dei ventar på. Men kor mange av dei som ventar vil påstå at dei som til no har venta, har gjort det forgjeves?
Jesus er vegen til Faderhuset og døra inn, vi får oppleve å komme inn i samfunnet med Gud og får oppleve at han er ånd og kjærleik og han er god, vi får oppleve at han elskar oss og er god mot oss og har omsorg for oss som vår Far og han oppseder oss og lærer oss opp.
Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Jesus hovudet for kyrkja som er hans brud. Han elskar den einskilde kvinna som si brud og slik elskar han kyrkja som samfunn og fellesskap. Eg vil seie det slik at han elskar mannen og elskar kvinna gjennom han.
Å forkynne evangeliet er både å invitere til å komme tilbake til Faderhuset og invitere til Lammets bryllaup, for Jesus er Guds Lam som bar verda si synd og sona den med sin død på korset, slik betalte han prisen for oss, for å kjøpe oss tilbake til Gud. Han betalte heile prisen, det er oppgjort, så det er berre å komme. Det er berre på det grunnlaget at vi kan kome til Faderhuset og til bryllaupsfesten og verte med på feiringa.
Vi som har søkt samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, har fått oppleve noko av dette og det gjer oss betre i stand til å invitere andre. Då har vi slett ikkje venta forgjeves. Dessutan har ventetida som hensikt at fleire skal få moglegheit til å ta imot av berre nåde og verte med inn i den himmelske herlegdomen.
1.Joh.4,7 Mine kjære, lat oss elska kvarandre,
for kjærleiken er frå Gud,
og kvar den som elskar, er fødd av Gud
og kjenner Gud.
8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud,
for Gud er kjærleik.
9 I dette vart Guds kjærleik openberra mellom oss,
at han sende sin einborne Son til verda
så vi skulle ha liv ved han.
10 Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud,
men at han har elska oss
og sendt sin eigen Son til soning for syndene våre.
11 Mine kjære, har Gud elska oss så, då skyldar òg vi å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, blir Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.
13 At vi blir i han og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vi vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Om nokon vedkjenner at Jesus er Guds Son, blir Gud verande i han og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trudd på den. Gud er kjærleik, og den som blir verande i kjærleiken, blir verande i Gud og Gud i han.
17 I dette har kjærleiken vorte fullenda hos oss, at vi har frimod på dommens dag. For som Kristus er, slik er vi i denne verda. 18 Det finst ikkje frykt i kjærleiken. Den fullkomne kjærleiken driv frykta ut. For frykta ber straffa i seg, og den som fryktar, har ikkje vorte fullenda i kjærleiken. 19 Vi elskar fordi han elska oss først.
Parallelle linjer.
Jesus er Guds Lam som vart slakta for vår skuld og som derfor var verdig til å bryte segla på profetboka.
Joh.Op.5,9 Og dei song ein ny song:
Verdig er du til å ta imot boka
og bryta segla på henne.
For du vart slakta,
og med ditt blod har du frikjøpt for Gud
menneske av alle stammar og tungemål,
av alle folk og folkeslag.
10 Du har gjort dei til eit kongerike,
til prestar for vår Gud,
og dei skal herska som kongar på jorda.
Når Lammet braut segla, var boka allereie skriven, men den vart opa, segl for seg, så framtida vert profetert for oss, segl for segl, steg for steg. Det verkar som der kjem parallelle overlappande linjer på sju steg, først 7 segl, så 7 basunar og så 7 skåler.
Dommedag og frelsa frå domen, ved Jesu gjenkomst, skulle skje når den siste luren ljoma. Men vi ser det også når det sjette seglet vert brote.
Det sjette seglet (Op.6,12-8,1).
Joh.Op.6,12 Og eg såg Lammet bryta det sjette seglet. Då kom det eit stort jordskjelv. Sola vart svart som ei sørgjedrakt, fullmånen vart som blod, 13 og stjernene på himmelen fall ned på jorda slik umogne frukter drys frå eit fikentre i storm. 14 Himmelen rivna og rulla seg saman som ein bokrull, og kvart fjell og kvar øy vart flytt frå sin stad. 15 Kongane på jorda, stormenn og hærførarar, dei rike og dei mektige, kvar slave og kvar fri, alle gøymde dei seg i hòler og mellom berghamrar. 16 Og dei sa til fjella og hamrane: «Fall over oss og løyn oss for andletet til han som sit på trona, og for vreiden til Lammet. 17 For den store vreidedagen er komen, og kven kan då bli ståande?»
Bibelvers relevante for det sjette seglet.
Hoseas.10,7 Samaria skal gå til grunne,
kongen skal bli som ein kvist på vatnet.
8 Avens offerhaugar skal utslettast,
Israels synd.
Torn og tistel skal veksa
opp over altara deira.
Dei skal seia til fjella: Løyn oss!
og til haugane: Fall over oss!
Luk.23,27 Ein stor folkehop følgde med, og mellom dei var det mange kvinner som jamra og gret over han. 28 Men Jesus snudde seg til dei og sa: «Jerusalems døtrer! Gråt ikkje over meg, men gråt over dykk sjølve og borna dykkar. 29 For det kjem dagar då folk skal seia: ‘Lukkelege er dei barnlause, dei morsliv som ikkje har fødd, og dei bryst som ikkje har gjeve die!’ 30 Då skal dei seia til fjella: ‘Fall over oss!’ Og til haugane: ‘Løyn oss!’ 31 For gjer dei slik med det grøne treet, korleis skal det då gå med det tørre?»
I følge Jesu profeti, skjedde dette allereie når Jerusalem vart lagt i ruin.
Heb.1,10 Og vidare:
Du, Herre, grunnla i opphavet jorda,
og himmelen er eit verk av dine hender.
11 Dei skal gå til grunne, men du blir verande.
Dei skal alle eldast som klede.
12 Du rullar dei saman som ei kappe,
dei blir utskifte som klede.
Men du er den same,
åra dine tek aldri slutt.
2.Pet.3,3 Først og fremst skal de vita at i dei siste dagar skal det koma folk som følgjer sine eigne lyster, som spottar 4 og seier: «Kva med lovnaden om at han skal koma att? Fedrane våre er døde, men alt er som det har vore frå verda vart skapt.» 5 Dei som seier så, gløymer at det frå eldgammal tid var himlar og ei jord som i kraft av Guds ord vart til av vatn og ved vatn. 6 Og ved det gjekk verda den gongen under då ho vart overfløymd med vatn. 7 Men dei himlar og den jord som no er, er i kraft av det same ordet sparte til elden. Dei blir haldne oppe til dommens dag, då dei gudlause skal gå under.
8 Men ein ting må de ikkje gløyma, mine kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag. 9 Det er ikkje rett, det somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå tapt, men at alle skal nå fram til omvending.
10 Men Herrens dag skal koma som ein tjuv. Då skal himmelen forgå med eit drønn, elementa skal koma i brann og løysa seg opp, og jorda og alle gjerningane som er gjorde på jorda, skal ikkje finnast meir.
11 Når alt skal gå i oppløysing på dette viset, kor heilagt og gudfryktig må de ikkje då leva 12 medan de ventar på at Guds dag skal koma, og skundar han fram. Då skal himlane løysa seg opp i eld og elementa brenna og smelta. 13 Men etter hans lovnad ventar vi på ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur.
14 Difor, mine kjære: Medan de ventar på dette, må de leggja vinn på å bli ståande for han med fred, utan flekk og lyte. 15 Og Herrens tolmod skal de sjå som eit høve til frelse. Det same har vår kjære bror Paulus skrive til dykk, ut frå den visdomen han har fått. 16 Om dette talar han i alle dei brev der han kjem inn på desse spørsmåla. Det er noko der som er vanskeleg å skjøna, dei ulærde og ustøe vil forvrengja det, slik dei òg kjem til å gjera med dei andre skriftene, til deira eigen undergang.
Her blir det heilt klart at det er ikkje berre symbolsk tale om himmelen med sol, måne og stjerner. Det er tale om himlane, til samanlikning med at Paulus sa han vart rykt inn i den sjuande himmelen, det var heilt klart åndelege himlar, han skreiv sjølv at han var ikkje sikker på om han var i lekamen eller ikkje, men Gud veit det. Eg tenker meg at det var ein forsmak på Jesu gjenkomst, då dei som er døde i Kristus skal stå opp og dei som lever i trua på han skal saman med dei vert omskapte og tekne bort frå jorda.
I følgje Aristoteles var der fire grunnleggande element, jord, vatn, luft og eld. Men Peter tenkte tydeleg vis annleis når han sa at himlane skulle løyse seg opp i eld og elementa skal brenna og smelta. Dette høver mest med Demokrits atomlære, som vi no veit er rett og som har vorte vidareutvikla. Himlane skal forgå med eit brak, det er noko som skjer i atmosfæra altså.
Dette er tydeleg vis ei naturkatastrofe som liknar mest på eit astroeide-nedslag.
Trengseltida.
Jesu profeti om trengselstida.
Jesus profeterte om ei trengsletid og at han skulle komme igjen etter den, slik at den vert avkorta for dei som tilhøyrer han, for han bergar dei ut av den.
Mark.13,14 Når de ser det motbydelege som øydelegg, stå der det ikkje skulle stå – lat den som les opp, tyda det! – då må dei som er i Judea, rømma til fjells, 15 den som er på taket, må ikkje gå ned og inn i huset og henta noko, 16 og den som er ute på marka, må ikkje gå tilbake etter kappa si. 17 Ve dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 18 Og be om at det ikkje må henda om vinteren! 19 For i dei dagane skal det koma ei trengselstid som det aldri før har vore, frå Gud i opphavet skapte verda og fram til no, og som det aldri meir skal bli. 20 Og gjorde ikkje Herren dei dagane kortare, så vart ikkje noko menneske frelst. Men for deira skuld som han valde ut, har han gjort dei dagane kortare.
21 Om nokon då seier til dykk: ‘Sjå, her er Kristus’ eller: ‘Sjå, der er han’, så tru det ikkje! 22 For falske kristusar og falske profetar skal stå fram og gjera teikn og under for å føra dei utvalde vill, om dei kan. 23 Så ver på vakt! Eg har sagt dykk alt på førehand.
Når Menneskesonen kjem
24 Men i dei dagane, etter denne trengselstida, skal
sola formørkjast
og månen mista sitt lys.
25 Stjernene skal falla frå himmelen
og kreftene i himmelrommet bli rokka.
26 Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skyene med stor makt og herlegdom. 27 Han skal senda ut englane og samla dei utvalde frå dei fire verdshjørna, frå den ytste enden av jorda til den ytste enden av himmelen.
Stjernene som fell ned på jorda får først ei symbolsk tyding, men så får det også ei konkret fysisk tyding, då må det sikkert vere eit astroide-nedslag, slik som når dinosaurane vart utrydda, det er førebilete på dommedagen.
Dei som kom ut av den store trengselen.
Det er mange måtar å lide martyrdøden på, i Joh.20,4 er det tale om halshogging. Det er ei gammaldags metode, den vert visst framleis brukt i Islam. Vert den meir vanleg igjen eller har den her ei symbolsk tyding. Det er regelrett slakting og det uttrykket vert brukt i Joh.6,9, men det kanskje med fleire metode. I begge tilfelle ligg det nær å tenke seg at det skjer i den store trengsla og vi har gode grunnar til å rekne med at Jesus kjem att og hentar sine for å berge dei ut av den store trengsla.
Men uttrykket «den Store Trengsla» finn vi her:
Joh.Op.7,13 Då tok ein av dei eldste til orde og spurde meg: «Desse som er kledde i kvite klede, kven er dei, og kvar kjem dei frå?» 14 «Herre», svara eg, «du veit det.» Då sa han til meg:
«Dette er dei som kjem ut av den store trengsla
og har vaska kappene sine
og gjort dei kvite i blodet frå Lammet.
15 Difor står dei for Guds trone
og tener han dag og natt i hans tempel.
Og han som sit på trona,
skal reisa sin bustad over dei.
16 Dei skal ikkje lenger svelta eller tørsta,
og sola skal ikkje falla på dei eller brennande hete.
17 For Lammet, som står midt på trona, skal vera gjetaren deira
og føra dei til kjelder med livsens vatn,
og Gud skal tørka kvar tåre frå auga deira.»
Dette fekk vi vite når det sjette seglet vart brote, men det første vi då fekk vite var dommedagen.
Den sjette basun (Op.9,13-11,14).
I Op.9,13 bles den sjette engelen i basun, først i Op.11,15 er det fortalt at den sjuande engelen bles i basun, så her er det mykje som skjer først. Johannes får ein bokrull som han skal ete.
Joh.Op.10, 5 Og engelen som eg hadde sett stå på havet og på jorda, lyfte høgre handa mot himmelen 6 og svor ved han som lever i all æve, han som skapte himmelen og alt som finst der, og jorda og alt som finst der, og havet og alt som finst der: «Tida er ute. 7 Men når den sjuande engelen lèt basunen lyda, i dei dagane skal Guds mysterium vera fullført, slik han kunngjorde for tenarane sine, profetane.»
8 Den røysta eg hadde høyrt frå himmelen, tala igjen til meg: «Gå bort og ta den opne boka frå handa til engelen som står på havet og på jorda.» 9 Då gjekk eg bort til engelen og sa til han: «Gjev meg den vesle bokrullen.» Han sa til meg: «Ta bokrullen og et han! Han skal svi i magen din, men i munnen din skal han vera søt som honning.»
10 Så tok eg den vesle bokrullen ut av handa på engelen og åt han, og i munnen var han søt som honning, men då eg hadde svelgt han, sveid det i magen. 11 Då vart det sagt til meg: «Endå ein gong skal du tala profetord mot folk og folkeslag og tungemål og mot mange kongar.»
Det siste som skjedde her var at dei to profetane livna til att og steig opp til himmelen.
Op.11,11 Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei. Dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart gripne av stor frykt. 12 Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for auga på fiendane sine. 13 I same stunda kom det eit stort jordskjelv. Tiandedelen av byen rasa saman, og sju tusen menneske vart drepne i jordskjelvet. Dei som var att, vart gripne av redsle og gav Gud i himmelen ære.
14 Det andre veropet er over. Men det tredje veropet kjem snart.
Eg trur dette også har først og fremst ei symbolsk tyding, heilt fram til Jesu gjenkomst, når han hentar si brud.
Den sjuande basun (Op.11,15-Op.14,20).
Herreveldet i verda tilhøyrer Gud og Lammet.
Op.11,15 Den sjuande engelen bles i basunen. Då høyrdest det i himmelen røyster som ropa høgt:
«Herredømet i verda høyrer no til
vår Herre og den han har salva,
og han skal vera konge i all æve.»
16 Dei tjuefire eldste som sit på tronene sine for Guds andlet, kasta seg ned med andletet mot jorda, tilbad Gud 17 og sa:
«Vi takkar deg, Herre Gud, du Allmektige,
du som er og som var,
fordi du har gripe di store makt
og vorte konge.
18 Folkeslaga vart harme,
men no er din vreidedag komen,
og tida då dei døde skal dømmast.
Då skal du løna dine tenarar profetane,
dei heilage og dei som har ærefrykt for ditt namn,
små og store,
og øydeleggja dei som øydelegg jorda.»
19 Då vart Guds tempel i himmelen opna, og paktkista hans vart synleg inne i tempelet. Og det kom lyn og drønn, torebrak og jordskjelv og store hagl.
Kvinna kledd i sola.
Op.12,1 Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet. 2 Ho var med barn og skreik i barselsmerter og fødselsrier.
3 På himmelen synte det seg òg eit anna teikn, ein stor drake, raud som eld. Han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner. 4 Halen hans drog med seg tredjedelen av stjernene på himmelen og kasta dei ned på jorda. Draken stilte seg framfor kvinna som skulle føda, for å sluka barnet så snart det var fødd. 5 Då fødde ho eit gutebarn som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans trone. 6 Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud hadde laga til for henne, og der skulle ho i 1260 dagar få den føda ho trong.
Her vil eg referere til
Høgsangen.6,10 Kven er ho som strålar lik morgonròden,
vakker som månen, klår som sola,
farleg som ein hær under banner?
Over-engelen Mikael og englane hans.
Op.12,7 Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til krig mot draken. Draken kjempa saman med englane sine, 8 men dei vart overvunne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9 Den store draken, den gamle slangen, han som blir kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda, vart kasta ned på jorda, og englane hans vart kasta ned saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa:
«Sigeren og makta og riket tilhøyrer no vår Gud,
og herredømet den han har salva.
For klagaren er kasta,
han som dag og natt førte klagemål mot syskena våre
for vår Guds andlet.
11 Dei har vunne over han i kraft av blodet frå Lammet
og det ordet dei vitna om;
dei hadde ikkje livet så kjært at dei ikkje ville gå i døden.
12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei!
Men ve over jorda og havet,
for djevelen har kome ned til dykk,
og vreiden hans er stor,
for han veit at tida hans er kort.»
Lammet stod på Sion-fjellet saman med dei 144000.
Op.14,1 1 Og eg såg, og sjå! – Lammet stod på Sion-fjellet, og saman med han dei 144 000 som hadde namnet til Lammet og namnet til Far hans skrivne på panna. 2 Frå himmelen høyrde eg ein lyd som bruset av veldige vassmengder og drønn av sterke toreslag. Og lyden var som når harpespelarar spelar på harpene sine. 3 Og dei song ein ny song framfor trona og dei fire skapningane og dei eldste, ein song som ingen kunne læra utan dei 144 000, dei som er frikjøpte frå jorda.
4 Dette er dei som ikkje har gjort seg ureine med kvinner, for dei er som jomfruer. Det er dei som følgjer Lammet kvar han går. Det er dei av menneska som er frikjøpte og skal vera ei førstegrøde for Gud og Lammet. 5 I deira munn vart det ikkje funne løgn, dei er utan feil.
Tre englar forkynner dommen
Op.14,6 Og eg såg endå ein engel, flygande høgt oppe under himmelkvelven. Han hadde eit evig evangelium å forkynna for dei som bur på jorda, for alle folkeslag og stammar, tungemål og folk. 7 Og han ropa med høg røyst: «Ottast Gud og gjev han æra! For no er timen komen då han skal halda dom. Tilbed han som skapte himmelen og jorda, hav og kjelder!»
8 Ein annan engel følgde etter og ropa: «Fallen, fallen er Babylon den store, ho som har skjenkt alle folkeslag med vreidevin frå horeriet sitt.»
9 Ein tredje engel følgde etter dei og ropa med høg røyst: «Den som tilbed dyret og biletet av det og tek imot merket på panna eller handa, 10 skal drikka av Guds vreidevin som er skjenkt ublanda i hans harmes skål, og pinast med eld og svovel for auga på dei heilage englane og Lammet. 11 Røyken frå pina deira stig opp i all æve, og dei har ikkje ro natt eller dag, desse som tilbed dyret og biletet av det, og alle som tek namnet til dyret som merke.» 12 Her må dei heilage halda ut, dei som held seg til Guds bod og trua på Jesus.
13 Frå himmelen høyrde eg ei røyst som sa: «Skriv: Sæle er dei døde som heretter døyr i Herren. Ja, seier Anden, dei skal få kvila frå strevet sitt, for gjerningane deira følgjer med dei.»
Den siste innhaustinga
Op.14,14 Og eg såg, og sjå! – ei kvit sky, og på skya sat det ein som var lik ein menneskeson. Han hadde ein krans av gull på hovudet og ein skarp sigd i handa. 15 Og ein annan engel kom ut frå tempelet og ropa med høg røyst til han som sat på skya:
«Lyft sigden din og haust inn!
For tida er komen for å hausta,
og grøda på jorda er fullmogen.»
16 Og han som sat på skya, lét sigden fara over jorda, og jorda vart hausta.
17 Då kom det endå ein engel ut frå tempelet i himmelen; han òg hadde ein skarp sigd. 18 Så kom det ein annan engel frå altaret. Han hadde makt over elden og ropa med høg røyst til engelen som hadde den skarpe sigden: «Send ut den skarpe sigden din og haust inn drueklasane frå vinmarka på jorda, for no er druene mogne!» 19 Og engelen lét sigden fara over jorda, hausta druene frå vinmarka på jorda og kasta dei i den store vinpressa, som er Guds vreide. 20 Utanfor byen vart vinpressa trødd, og blodet rann frå vinpressa så det stod opp til bekselet på hestane 1600 stadiar borte.
Bibelvers relevante for den sjuande basun.
Dei 144000 var det tale om når det sjette seglet vart brote også (Op.7,1…).
Domen i Op.14,6-13 er det tale om i Op.18-20 også.
I Op 11,18 var det sagt at tida var komen då dei døde skulle dømmast, dette ser vi i Op.19 og her får vi høyre om den første oppstoda.
Innhaustinga, Op.14,14-15.
Daniel.7,13 Eg såg i mine nattsyn, og sjå!
– med himmelskyene
kom det ein som var lik ein menneskeson.
Han gjekk bort mot den gamle av dagar
og vart ført fram for han.
14 Han fekk herskarmakt, ære og rike
så alle folk og nasjonar og tungemål skal tena han.
Hans herskarmakt er ei evig makt
som ikkje skal forgå.
Hans rike går aldri til grunne.
Vinpressa, Op.14,17-20.
Joel.3,6 For sjå, i dei dagane og på den tida,
når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,
7 då vil eg samla alle folkeslag
og føra dei ned i Josjafat-dalen.
Der vil eg halda rettargang med dei
om Israel, mitt folk og min eigedom,
som dei spreidde mellom folka.
Dei delte landet mitt
8 og kasta lodd om folket mitt,
dei gav ein gut for ei hore
og selde ei jente for vin,
og den drakk dei opp.
………
14 Rop dette ut mellom folka,
lys heilag krig, vekk krigarane!
Lat alle stridsmenn møta fram og dra ut!
15 Smi plogskjera om til sverd
og vingardsknivane til spyd!
Den veike skal seia: «Eg er ein helt.»
16 Skund dykk og kom!
Kom saman, alle folkeslag, frå alle kantar,
Herre, før dine krigarar ned!
17 Folkeslaga skal bryta opp
og fara til Josjafat-dalen,
for der vil eg sitja til doms
over folk frå alle kantar.
18 Send sigden ut, for hausten er mogen,
kom og trakk, for vinpressa er full,
pressekummane fløymer over, for vondskapen deira er stor.
19 Larm og atter larm i Dommens dal,
for Herrens dag er nær i Dommens dal.
20 Sol og måne svartnar,
og stjernene mistar sin glans.
Jes.63,1 Kven er han som kjem frå Edom,
frå Bosra i raude klede,
han med den staselege drakta,
han som skrid fram med stor kraft?
«Det er eg,
som talar i rettferd
og har makt til å frelsa.»
2 Kvifor er drakta di så raud,
lik kleda til ein som trakkar druer?
3 «I vinpressa trakka eg åleine,
ingen av folka var med meg.
Eg trakka på dei i min vreide
og trampa dei ned i min harme.
Safta deira spruta på kleda mine,
heile drakta mi vart tilsølt.
4 For eg hadde hemnens dag i hjartet,
året for å løysa ut var kome.
5 Eg såg meg om, det var ingen som hjelpte,
eg undra meg, men fekk inga støtte.
Armen min hjelpte meg,
og harmen min støtta meg.
6 Eg trampa folka ned i min vreide
og knuste dei i min harme,
og blodet deira lét eg renna til jorda.»
Hemnens klednad.
I evangeliske kristne kyrkjelydar brukar vi Joel.3,14-15 symbolsk, for vi strir med åndelege våpen (Ef.6,10-20).
Jesajas.59,13 Vi har gjort opprør
og fornekta Herren,
snudd oss bort frå vår Gud,
tala om undertrykking og fråfall
og brumma usanne ord
som vi unnfanga i hjartet.
14 Retten er driven tilbake,
rettferda står langt borte.
For sanninga har snubla på torget,
og det som er rett, kjem ingen veg.
15 Sanninga er borte,
den som vender seg frå det vonde, blir plyndra.
Herren såg det, og det var vondt i hans auge,
for det fanst ingen rett.
16 Han såg ikkje nokon som kom til hjelp,
han undra seg over at ingen greip inn.
Men hans arm gav han siger,
hans rettferd støtta han.
17 Han kledde seg i rettferd som brynje
og sette frelses hjelm på hovudet.
Han kledde seg i hemnens drakt
og sveipte om seg
lidenskapens kappe.
18 Som gjerninga er, slik gjengjelder han:
harme mot motstandarar,
gjengjeld mot fiendar,
mot fjerne kystar gjer han gjengjeld.
19 Dei skal frykta
Herrens namn i vest
og hans herlegdom i aust.
For han kjem som ein veldig flaum,
Herrens ande driv han fram.
20 Ein som løyser ut, skal koma til Sion,
til dei hos Jakob som vender om frå synd,
seier Herren.
21 Dette er mi pakt med dei, seier Herren:
Min Ande som er over deg,
og mine ord som eg har lagt i din munn,
skal ikkje vika frå din munn
og ikkje frå munnen til borna og barneborna dine,
seier Herren,
frå no og til evig tid.
Hemnens klednad minner om Guds fulle rustning (Ef.6,10-20).

