Jerusalem, Guds kone.
Bildet: Gud sa til Jerusalem: «Som blomsten på marka gjer eg deg», slik skulle hennar oppvekst vere.
Jerusalem, Guds kone.
Oppvekst.
Herren sa om Jerusalem at han kom over henne som ei baby-jente som foreldra hadde forlete, utan ein gang å skjere av navlestrengen. Kva gjorde han med det?
Esekiel.16,6 Då gjekk eg framom og såg deg der du låg og sprala i ditt blod. Og eg sa til deg: «Du som ligg der i blodet ditt, skal leva; du skal leva 7 og veksa. Som blomen på marka gjer eg deg.»
Det var nok, for det var Gud sa det. Abraham trudd Gud og det vart rekna han til rettferd.
Gal.3,11 At ingen vert rettferdig for Gud ved lova, det er klårt, for det står skrive: Den rettferdige, ved tru skal han leva. Og den rettferdige, ved tru skal han leva. (Habakuk.2,4).
Det som verkar så rart er at han let henne berre ligge der og det gjorde ho også, ho berre låg der, like naken som når ho kom til verda, men ho levde og ho voks, fordi han hadde sagt at ho skulle leve, han gjorde henne som blomen på marka. Ja, den voks no opp av seg sjølv den, så det var vel ikkje noko å bekymre seg for., slik som Jesus sa i bergpreika.
Matt.6,25 Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta [og kva de skal drikka], eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? 26 Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? 27 Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si? 28 Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, 29 men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 30 Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande! 31 Difor må de ikkje vera urolege og seia: ‘Kva skal vi eta?’ eller: ‘Kva skal vi drikka?’ eller: ‘Kva skal vi kle oss med?’ 32 For alt dette er folkeslaga opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. 33 Søk først [Guds] rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg. 34 Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde.
Jerusalem pynta som Guds kone og dronning.
Så kom han over henne når ho var voksen og då vart det slik:
Esekiel.16,8 Då eg gjekk framom, fekk eg sjå at tida di var komen, tida til å elska. Då breidde eg fliken av kappa mi over deg og skjulte den nakne kroppen din. Eg svor deg truskap og gjorde pakt med deg, og du vart mi, seier Herren Gud. 9 Eg vaska deg med vatn, skylde blodet av deg og salva deg med olje. 10 Så kledde eg deg i fargerike klede, tok på deg sandalar av fint skinn, batt lin om hovudet ditt og sveipte deg i silke. 11 Eg pynta deg med smykke, gav deg armband på handa og kjede om halsen. 12 Eg gav deg ring i nasen, ringar i øyra og ei vakker krone på hovudet. 13 Så pynta du deg med gull og sølv og kledde deg i lin, silke og fargerike klede. Du fekk fint mjøl, honning og olje til mat. Du vart svært, svært vakker. Du fekk kongeleg rang. 14 Mellom folka gjekk det gjetord om din venleik, for han vart fullkomen av alt det praktfulle eg gav deg, seier Herren Gud.
Han kledde henne altså ikkje fordi ho fraus, slik vi er vande med, det er ikkje det som er poenget her, denne klednaden har ei anna betydning. Han såg at tida hennar var komen for å elske, derfor kledde henne for å skjule hennar nakne kropp. Mannen og kona hans skal elske kvarandre, sjølvsagt også når dei har samleie, det skulle vel vere lett å forstå og godta?! Men utfordringane dei møter i kvardagen vert ofte krevjande for kjærleiken mellom dei og slik vert den prøvd.
Herren kledde henne for å skjule hennar nakne kropp, det viser at hans kjærleik og omsorg for henne var overordna over det kjønnlege samlivet, for det er naturleg, men Gud er ånd og har makt over den naturen han har skapt. Han pynta henne som si brud og si kone og som ei dronning.
Jau, han gjorde noko nytt, han gav Salomo ein visdom når han var ung, som gjorde han visare enn alle. Denne visdomen finn vi i Høgsongen.
Historie, hore.
Men ho forstod seg ikkje på dette. Ho hugsa korleis egyptarane kjende på henne når ho var i Egypt og så byrja ho tydeleg vis å tenke slik om avgudane laga av stokk og stein, som ho kunne sjå og kjenne på, sanse med sine fysiske sansar, slik fekk ho lyst på dei og vende seg til dei i staden for Herren, som ei kone som var utru mot sin ektemann og vart ei hore. Det var gudane til nabofolka og slik fekk dei makt over henne (Esekiel.16,15…. & Esekiel.23).
Men dette forstod ho ikkje, så ho vart ei hore og då gjekk det ikkje så bra.
Jeremias.2,23 Korleis kan du seia:
«Eg er ikkje urein,
eg har ikkje sprunge etter Ba’al-gudane»?
Sjå kva du dreiv med nede i dalen,
og skjøn kva du har gjort!
Du liknar ei lettføtt kamelhoppe
som renner hit og dit,
24 eit villesel, kjent på steppa.
Ho syp etter anden i sin brunst;
kven kan døyva hennar trå?
Dei som leitar etter henne,
treng aldri springa seg trøytte;
i paringstida finn dei henne lett.
25 Lat ikkje foten din verta berr,
og spar strupen din for torste!
Men du svarar:
«Nei, det er nyttelaust,
for eg elskar dei framande, dei vil eg fylgja.»
I staden for å snakke med friaren, brudgomen og ektemannen vart ho som ei kvige som gjekk over til naboen for å få seg okse og så vart dei gåande og prate bullshit.
Slik har det vorte mykje bullshit i massemedia i det siste. Men det er slikt som vi skal vende oss bort ifrå, ved å tru på Jesus og feste blikket på han (Hebr.12,1…).
Det «tradisjonelle endetidssynet» er at den fjerde hushaldninga varer frå Abraham til Moses. Men det er då ikkje dette som vert forkynnt! Tvert om at Guds lovnad til Abraham står ved lag! Så kva er dette for noko? Verdslege hushaldningar? Verdsleggjering altså! Med slike verdslege hushaldningar vart Jerusalem ei hore.
«Mor Israel» var Guds kone, men vart ei hore og vart straffa for det.
Esekiel var profet 592-570 f.Kr, medan folket var bortførde, Jeremia 625-587 f.Kr og Jerusalem fall i 587 f.Kr. Jesaja var profet 736-700 f.Kr, Hoseas var profet 750-722 f.Kr.
Hoseas sa at «Mor Israel» var Guds kone, men ho vart ei hore, så ho vart straffa og fekk lide for det, ved at dei som dreiv hor med henne fekk makta over henne. Men så ville han gi henne nåde og trulove seg med henne igjen. Det er ein profeti om evangeliet om Kristus og hans kyrkje. Sions dotter er Jesu brud og det er identiteten til Jesu kyrkje. Dette gjeld sjølvsagt jødane også.
Hoseas.1, 1 Herrens ord som kom til Hosea, son til Beeri, i dei dagane då Ussia, Jotam, Ahas og Hiskia var kongar i Juda, og i dei dagane då Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel.
Profetens ekteskap og born
2 Herrens første ord gjennom Hosea. Herren sa til Hosea: «Gå og få deg ei horkvinne og horeborn! For landet horar seg bort frå Herren.» 3 Og han gjekk og tok Gomer, Diblajims dotter, til kone. Ho vart med barn og fødde han ein son. 4 Herren sa til han: «Kall han Jisreel! For om ikkje lenge vil eg straffa Jehus hus for blodbadet i Jisreel og gjera ende på kongedømet i Israel. 5 Og den dagen skal eg bryta sund Israels boge på Jisreel-sletta.»
6 Sidan vart ho med barn att og fekk ei dotter. Herren sa til han: «Kall henne Lo Ruhamá, ‘ikkje miskunn’! For eg vil ikkje lenger visa Israels hus miskunn og ikkje tilgje dei. 7 Men Judas hus vil eg visa miskunn. Eg vil frelsa dei ved Herren deira Gud, men eg vil ikkje frelsa dei med boge, sverd og krig, med hestar og ryttarar.»
8 Då ho hadde vant av Lo Ruhamá, vart ho med barn att og fekk ein son. 9 Herren sa: «Kall han Lo Ammí, ‘ikkje mitt folk’! For de er ikkje mitt folk, og eg er ikkje her for dykk.»
Gud benåda «Mor Israel».
Gud benåda «Mor Israel», så ho vart kona hans igjen.
Hoseas 1,10 Israels born skal bli mange som havsens sand og ikkje kunna målast og ikkje teljast. Der det før vart sagt til dei: «De er ikkje mitt folk», skal det seiast: «Den levande Guds born.» 11 Judas og Israels born skal samla seg og ta seg ein hovding i lag. Dei skal dra opp frå landet. Ja, stor er Jisreels dag.
Hoseas.2,14 Difor vil eg lokka henne, føra henne ut i ørkenen og tala til hjartet hennar. 15 Der vil eg gje henne vingardane tilbake, og Akor-dalen skal bli ein port til von. Der skal ho svara som i ungdomsdagane, som då ho drog opp frå Egypt.
16 Og den dagen, seier Herren, skal ho kalla meg «Min mann». Ho skal ikkje lenger kalla meg «Min Baal». 17 Eg vil fjerna Baal-namna frå munnen hennar, dei skal ikkje nemnast med namn meir.
18 Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med villdyra på marka, fuglane under himmelen og krypet på jorda. Boge, sverd og krigsvåpen vil eg bryta sund og utrydda frå landet, og eg vil la dei bu trygt.
19 Eg vil binda meg til deg for alltid. Eg vil binda meg til deg i rettferd og rett, i kjærleik og miskunn. 20 Eg vil binda meg til deg i truskap, og du skal kjenna Herren.
21 Den dagen vil eg svara, seier Herren, eg vil svara himmelen, og han skal svara jorda. 22 Jorda skal svara kornet, den nye vinen og den fine oljen, og dei skal svara Jisreel.
23 Eg vil så henne ut i landet mitt og miskunna meg over Lo Ruhamá. Til Lo Ammí vil eg seia: «Du er mitt folk.» Og han skal svara: «Min Gud!»
Her tenker eg meg kornet som symbol på Guds Ord, når det ved trua smeltar saman med oss, får vi komme inn til Guds kvile. Då blir vi som såkorn som Gud sår i verda og slik ville han så henne ut i landet (v22-23, Heb.3-4, Matt.13,1-43). Vinen er symbol på kjærleiken og då tenker eg fyrst og fremst på kjærleiken frå Gud, den skal vere mellom oss, også mellom mann og kvinne (Høgsangen). Oljen er symbol på salvinga av den Heilage Ande.
Men kva med det fine linet som ho tidlegare kledde seg med, fekk ho tilbake det? Vi tenker vel slik, han ville ta omsorg for henne og stelle vel med henne som tidlegare. Men står det skrive nokon plass? Profeten Hoseas skreiv vel ikkje noko om det og ho vart då ikkje kledd som ei dronning igjen.
Dette forkynte Jesajas meir om (Jes.1).
Jes.1,2 Høyr, de himlar
og lytt, du jord,
for Herren talar:
Born har eg fostra og oppdrege,
men dei har sett seg opp imot meg.
3 Ein okse kjenner eigaren sin,
eit esel krubba til herren sin.
Men Israel kjenner ikkje,
folket mitt forstår ikkje.
….
21 Å, at den trufaste byen
skulle bli ei hore!
Han var full av rett,
rettferd budde der,
men no – mordarar!
Dei fekk komme attende til landet sitt ved persarkongen Kyros, så han vart eit førebilete på Kristus. Men sjølv når Jesus kom, forstod ikkje Jerusalem at ho var Guds kone og at Sions Dotter var Jesu brud. Ho som verkeleg var «Mor Israel», som fødde Kristus, Guds Son, måtte røme ut i øydemarka (Joh.Op.12).
Dei 144000 og den store kvite skaren.
Dei skal bli mange som havsens sand, som ikkje kan teljast (Hoseas.1,10), men i Joh.Op.7,4…. er det tale om 144000 av Israels-folket som har fått Guds segl på panna. Så er det fortalt om den store flokken av alle folkeslag, som er kledde i kvite klede og har palmegreiner i hendene.
Joh.Op.7,1 Deretter såg eg fire englar som stod på dei fire verdshjørna og heldt dei fire vindane på jorda, så det ikkje skulle blåsa nokon vind over jorda eller havet eller trea. 2 Og eg såg ein annan engel. Han steig fram i aust, der sola ris, og bar den levande Guds segl. Med høg røyst ropa han til dei fire englane som hadde fått makt til å føra skade over jorda og havet: 3 «Rør ikkje jorda eller havet eller trea før vi har merkt vår Guds tenarar med segl på panna.»
4 Og eg høyrde talet på dei som fekk seglet: Det var 144 000, frå alle stammane i Israelsfolket.
5 Av Juda-stammen var det 12 000 med segl,
…..
Den store, kvite flokken
9 Deretter såg eg ein flokk så stor at ingen kunne telja han, av alle folkeslag og ætter, av alle folk og tungemål. Dei stod framfor trona og Lammet, kledde i kvite klede, med palmegreiner i hendene. 10 Og dei ropa med høg røyst:
Sigeren kjem frå vår Gud,
han som sit på trona, og frå Lammet.
11 Alle englane stod rundt trona og dei eldste og dei fire skapningane. Dei kasta seg ned framfor trona med andletet mot jorda og tilbad Gud 12 og sa:
Amen.
All velsigning og pris og visdom,
takk og ære, makt og velde
høyrer vår Gud til i all æve.
Amen.
13 Då tok ein av dei eldste til orde og spurde meg: «Desse som er kledde i kvite klede, kven er dei, og kvar kjem dei frå?» 14 «Herre», svara eg, «du veit det.» Då sa han til meg:
«Dette er dei som kjem ut av den store trengsla
og har vaska kappene sine
og gjort dei kvite i blodet frå Lammet.
15 Difor står dei for Guds trone
og tener han dag og natt i hans tempel.
Og han som sit på trona,
skal reisa sin bustad over dei.
16 Dei skal ikkje lenger svelta eller tørsta,
og sola skal ikkje falla på dei eller brennande hete.
17 For Lammet, som står midt på trona, skal vera gjetaren deira
og føra dei til kjelder med livsens vatn,
og Gud skal tørka kvar tåre frå auga deira.»
To identitetar for «Mor Israel».
Der var tydeleg vis strid mellom to identitetar for «Mor Israel», «Som mora, så dottera», vart det sagt i Esekiel.16,44, men det var ein annan identitet enn den Gud hadde gitt henne. Etter at ho vart benåda, vann ho igjen den idetiteten Gud hadde gitt henne og så vart ho mor til Jesus, Guds Son (Joh.Op.12) og det sjølv om ho ikkje var kledd som ei dronning, ikkje slik at det vart synleg for verda. Men i forhold til Gud var ho det, ho var kledd i rettferdssola, likevel måtte ho røme igjen (Joh.Op.12). Dette til tross for at å forkynne evangeliet om Guds rike var å invitere til bryllaupet til kongssonen, Guds Son, Jesus Kristus.
Dei to identitetane for «Mor Israel» finn vi igjen i
Gal.4, 21 Sei meg, de som vil vera under lova: Høyrer de ikkje på lova? 22 Det står skrive at Abraham hadde to søner, ein med slavekvinna og ein med den frie kvinna. 23 Son til slavekvinna er fødd etter naturens orden, medan son til den frie kvinna er fødd etter Guds lovnad. 24 Dette har ei djupare meining. Dei to kvinnene står for to pakter. Den eine, Hagar, er pakta frå Sinai-fjellet; ho føder til slaveri. 25 Hagar står for Sinai-fjellet i Arabia og svarar til det noverande Jerusalem, som lever i slaveri med borna sine. 26 Men det Jerusalem som er i det høge, er fritt, og det er vår mor. For det står skrive:
27 Gled deg, du barnlause, som ikkje fødde.
Bryt ut i jubel, du som ikkje fekk rier.
For den einslege kvinna har fleire born
enn ho som har mann.
28 Og de, sysken, er born ut frå lovnaden liksom Isak. 29 Men han som var fødd etter naturens orden, forfølgde den gongen han som var fødd ved Anden, og slik er det i dag òg. 30 Men kva seier skriftordet? Driv bort slavekvinna og son hennar! For son til slavekvinna skal ikkje arva saman med son til den frie kvinna. 31 Difor, sysken, er vi ikkje born av slavekvinna, men av den frie kvinna.
Det himmelske Jerusalem.
Så mor vår er det himmelske Jerusalem.
Heb.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsfeiring, 23 til forsamlinga av dei førstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein dommar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nådd fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt, og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.
25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala guddomsord her på jorda, kom ikkje unna. Endå mindre skal vi koma unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen. 26 Den gongen fekk røysta hans jorda til å skjelva. Men no har han lova: Endå ein gong vil eg rista ikkje berre jorda, men himmelen med. 27 Her står det: «endå ein gong.» Dette viser at det som kan rokkast fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rokkast, skal bli ståande. 28 Sidan vi får eit urokkeleg rike, så lat oss vera takksame og slik tena Gud med gudsfrykt og ærefrykt, til glede for Gud. 29 For vår Gud er ein fortærande eld.
Jesus er Guds einborne Son, men alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, så då vart han den førstefødde av mange born. Men her er det tale om ei samling av dei førstefødde. Det må då vere fordi Gud Fader er far deira og det himmelske Jerusalem er mor deira.
I Op.14,1-5 er det tale om dei 144000 som skulle vere ei fyrstgrøde for Gud og Lammet. Då må vel dei vere mellom dei fyrstefødde. Men dei song ein ny song for trona som berre dei kunne lære, dei som var frikjøpte frå verda.
Det som kan rokkast, fordi det er skapt, skal skiftast ut. Kva er det då som vert ståande igjen? Gud skaper også noko som står til evig tid, det som er gjenfødt og som han frelser.
Jesajas.2, 1 Ordet som Jesaja, son til Amos, såg om Juda og Jerusalem:
2 I dei siste dagar skal det skje
at Herrens tempelberg skal stå urokkeleg
som det høgaste av fjella
og raga over høgdene.
Dit skal alle folkeslag strøyma.
3 Mange folk skal dra av stad og seia:
«Kom, lat oss gå opp til Herrens fjell,
til huset åt Jakobs Gud,
så han kan læra oss sine vegar
og vi kan ferdast på hans stigar.
For lov skal gå ut frå Sion,
Herrens ord frå Jerusalem.»
4 Han skal dømma mellom folkeslag
og skifta rett for mange folk.
Dei skal smi sverda om til plogskjer
og spyda til vingardsknivar.
Folk skal ikkje lyfta sverd mot folk,
ikkje lenger lærast opp til krig.
5 Kom, Jakobs hus,
lat oss vandra i Herrens lys!
(Mika.4,1…).
Oppveksten og historia.
Esekiel talte om Jerusalems historie som oppveksten til ein jentunge som om ho ætta frå hetittane og amorittane som var der før Israels-folket kom (Esekiel 16,1-7). Når han sa til henne at ho skulle leve, var det likevel ved den trua som Israelsfolket hadde frå ættefar sin Abraham, han trudde på Gud og det vart rekna han til rettferd og den rettferdige, ved tru skal han leva. Her vert altså Jerusalems historie fortalt som oppveksten til ei jente, frå ho var baby til ho var voksen og moden kvinne, som den nakne sanninga og der var ikkje noko feil med det, det var naturleg.
Vi kan kalle det ei rett, naturfagleg beskriving av oppveksten til ei kvinne og slik kan vi forstå historia. Når eg kallar dette naturfag, så er det naturfag med rasjonalitet, vit og forstand altså. Det viser også at vi treng trua på Gud, for å få det vitet og den forstanden, så den blir til støtte for rasjonaliteten i realfaga.
Men i Esekiel 23 vert det fortalt ei annan slags historie, Ohola og Oholiba hadde erfaring av at egyptiske menn kjende på dei når dei var i Egypt. Det hugsa dei og ved å hugse på det og tenke på det, vart dei opplærde til å tenke annleis og leve annleis enn det Gud ville leie dei inni og lære dei opp til. Her vart det lagt vekt på erfaring og tradisjon, som om den var bundne til det og underlagt verdslege autoritetar, som motsetnad til at Gud ville frigjere dei frå trældomen under avgudane i Egypt og føre dei inn i det nye som han hadde for dei og som han skapte for dei.
Vi ser at vi får to ulike forståingar av historia og av kva som er naturleg og naturfagleg i samsvar med striden mellom empirisme og rasjonalisme. Det var om å gjere å bruke Ockhams razor til å skjere vekk det som var uvesentleg, bruke vit og forstand for å innsjå kva som var vesentleg for å få ei god forståing av naturen, med vit og forstand altså, med «rasjonalitet». Då får vi allereie ein god start, ved å vende oss bort frå ugudlegdom og vende oss til Gud, vende oss bort frå det tome ugudlege pratet og høyre på forkynninga av Guds Ord.
Jesu brud.
Sions dotter som førebilete på Jesu brud.
Israel hadde si stordomstid under kong David og kong Salomo, så det var då «Mor Israel» levde som Guds kone. Gud ville vere far for Salomo, så Høgsangen er førebilete på kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud. Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Så det er både den einskilde kvinna og samfunnet av dei heilage som er Jesu brud. I Høgsangen vert kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne skildra med vaker poesi, det gjeld også samleiet, så vi kan kalle det erotisk poesi, mange vil sikkert tenke seg at det har symbolsk tyding, men kva skulle det kanskje vere symbol på. Poenget er framleis at Gud er ånd og Gud er kjærleik og han var kjærleiken mellom dei, også når dei hadde samleie og elska kvarandre på den måten. I Esekiel 16 vart det då sagt svært så tydeleg tida hennar var komen for å elske, ved at ho fekk seg ein ektemann som ville ligge med henne, ja, ho var då framleis naken og klar for det. Men då kledde han henne og pynta henne, så ho var klar for å vere dronning også.
Og i Høgsangen ser vi også at brudgommen kjem til henne seint på kvelden, for å få henne til å kle på seg og vere med han ut. Så dei skulle feire kjærleiken mellom dei på den måten også.
Høgsangen.2,7 Eg bed dykk, de Jerusalems døtrer,
ved gasellane eller ved hindene i marka:
Uroa ikkje kjærleiken!
Vekk han ikkje før han sjølv vil!
8 Høyr, det er kjærasten,
der kjem han,
springande over fjell,
hoppande over haug.
9 Kjærasten liknar ein gaselle,
ein ung hjort.
Der står han bak muren vår.
Han gløtter inn gjennom vindauga,
kikkar inn gjennom gitteret.
10 Kjærasten tek til orde og seier:
Han
Stå opp, mi kjære, mi vakre jente,
og kom!
11 No er vinteren over,
regnet er forbi, det er borte.
12 Landet blir dekt av blomar.
Songtida er her,
turteldua kan høyrast i landet.
13 Frukta på fikentreet mognar,
og blomen på vinstokken angar.
Stå opp, mi kjære, mi vakre jente,
og kom!
14 Mi due i fjellkløfta,
i livd under bratte berg,
lat meg få sjå deg,
lat meg få høyra røysta di!
For røysta er mjuk
og skapnaden vakker.
Høgs.4,12 Ein stengd hage er mi syster, mi brur,
ein stengd hage, ei forsegla kjelde.
13 Vokstrane dine er ein paradishage
av granateple og herleg frukt,
hennabuskar og nardusplanter,
14 nardus, safran, kalmus, kanel og alle slag røykjelsestre,
myrra, aloe, alle dei finaste urter.
15 Du er kjelda i hagen,
ei oppkome med levande vatn
strøymande frå Libanon.
16 Vakna, nordavind!
Kom, sønnavind!
Blås gjennom hagen min
så urteangen fritt får strøyma.
Ho
Å, om kjærasten min ville koma til hagen
og eta herleg frukt!
Han inviterte gjestar til å komme og vere med på å feire kjærleiken mellom dei.
Høgs.5,1Han
Eg kjem til min hage, mi syster, mi brur,
og plukkar myrra og urter.
Eg et av mi bikake og min honning
og drikk min vin og mi mjølk.
Koret
Et, vener!
Drikk dykk fulle på kjærleik!
Høgsangen.6,8 Seksti dronningar er det, åtti følgjekoner
og unge jenter utan tal.
9 Berre éi er mi due, mi fullkomne,
den einaste for mor si,
elska av henne som fødde henne.
Døtrene ser henne og prisar henne sæl,
dronningar og følgjekoner hyllar henne.
Koret
10 Kven er ho som strålar lik morgonròden,
vakker som månen, klår som sola,
farleg som ein hær under banner?
Symbolsk tyding av sol, måne, stjerne og morgon-råden.
Sol, måne, stjerne og morgon-råden har symbolsk tyding. Det ser vi i følgjande bibelvers.
Malakias.4,2 Men for dykk som fryktar for mitt namn,
skal rettferdssola stå opp
med lækjedom under vengene sine.
De skal sleppa ut og hoppa som kalvar.
Sal.O.4,18 Men dei rettferdiges stig er lik morgonròden,
som veks og klårnar mot høglys dag.
2.Pet.1,19 Difor står profetordet så mykje fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å halda fast på. Det er ei lampe som skin på ein mørk stad til dagen gryr og morgonstjerna stig opp i hjarta dykkar. 20 Men framfor alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i skriftene på eiga hand. 21 For aldri vart noko profetord bore fram ved menneskevilje, men drivne av Den heilage ande tala menneske ord frå Gud.
Op.2,26 Den som sigrar og heilt til det siste held seg til mine gjerningar, skal eg gje makt over folkeslaga.
27 Han skal styra dei med jernstav,
som leirkar skal dei knusast.
28 Ei slik makt har eg fått av Far min. Og eg vil gje han morgonstjerna.
Op.22,16 Eg, Jesus, har sendt min engel for å vitna om dette for dykk i forsamlingane. Eg er Davids rotskot og ætt, den klåre morgonstjerna.» 17 Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tørstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn som gåve.
Eg tenker meg at den morgonen det er tale om her, det er morgonen den sjuande dagen, då Gud kvilte etter alt sitt verk.
Sjå gjerne også Job 3,9 & 38,7 Jesajas.14,12.
Sions dotter er Jesu brud og vi er inviterte til bryllaupet.
Sions dotter er Jesu brud, det er identiteten til den kristne kyrkja og det gjeld sjølvsagt jødane også. I 2011 kalla han henne til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann.
Og ho vert kledd i fint lin, som ei prinsesse og ei dronning, altså.
Joh.Op.19,1 Etter dette høyrde eg noko som likna eit mektig kor frå ein stor skare i himmelen. Dei song:
Halleluja!
Sigeren og æra og makta tilhøyrer vår Gud,
2 for sanne og rettferdige er hans dommar.
Han har dømt den store hora,
ho som øydela jorda med horeriet sitt,
og blodet av tenarane sine
har han kravd av hennar hand.
3 Endå ein gong ropa dei:
Halleluja!
Røyken frå henne stig opp i all æve.
4 Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på trona, og sa:
«Amen. Halleluja!»
5 Og frå trona kom det ei røyst som sa:
«Lova vår Gud, alle hans tenarar,
de som ottast han, små og store!»
6 Då var det som eg høyrde lyden av ein stor skare, eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterke toreslag. Dei ropa:
«Halleluja!
Herren [vår] Gud, Den allmektige,
har vorte konge!
7 Lat oss gleda oss og jubla og gje han æra!
For tida er komen då Lammet skal halda bryllaup.
Brura har gjort seg klar,
8 og det er gjeve henne ei drakt av skinande reint lin.»
Linet er dei rettferdige gjerningane til dei heilage.
9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet hos Lammet.» Og han sa: «Dette er Guds sanne ord.» 10 Eg kasta meg ned for føtene hans og ville tilbe han. Men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar liksom du og syskena dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden i profetordet.
Bryllaupsfesten er i himmelen (v1), men dei rettferdige gjerningar vert gjorde på jorda (v8) og så er det tale om dei som er bedne til bryllaupsmåltidet hos Lammet. Det har seg vel slik at vi er i himmelen samtidig som vi er på jorda, slik som vi ser i Ef.1-2. Det er ved at vi trur på Jesus. Vi har vorte rettferdige for Gud ved trua på at Jesus stod opp att frå dei døde. Og den rettferdige, ved tru skal han leve. Vi skal leve av brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, dei orda Jesus har tala til oss er ånd og liv (Joh.6,63). Dei gjerningane vi skal gjere er å tru på han som Gud sende.
Joh.6,29 Jesus svara: «Dette er den gjerninga Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.» 30 «Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg?» spurde dei. «Kva vil du gjera? 31 Fedrane våre åt manna i øydemarka, som det står skrive: Brød frå himmelen gav han dei å eta.» 32 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. 33 Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.» 34 Då sa dei: «Herre, gjev oss alltid det brødet.» 35 Jesus svara: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tørsta.
Vi forkynner evangeliet som invitasjon til å komme tilbake til Faderhuset og komme til bryllaupet til kongssonen og vi må fyrst og fremst komme sjølve, så vi får oppleve noka av det her og no, vi må søke å oppleve den himmelske herlegdomen så den byrjar å prege oss, for å verte i stand til å invitere andre. Gud har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen i Kristus Jesus og der har han sett oss (Ef.1-2), så vi er i himmelen samtidig som vi er på jorda. Dette ser vi også i Joh.Op.19,7-9.
Den vanlege forkynninga er at vi skal vente på Jesu gjenkomst, at han skal hente oss som i brud og då vert det bryllaup i himmelen (Jfr. Likninga om brurmøyane). Men i Joh.Op.19 ser det ut til at bryllaupet i himmelen skjer først, medan vi framleis er på jorda, dei som trur på Kristus er med på å feirar det i tru og inviterer fleire til å verte med på å feire det. Så kjem Jesus att, Dyret med merket og den falske profet vert kasta i eldsjøen og Djevelen vert bunden for 1000 år. Så kjem den første oppstoda, ja, det skulle skje når Jesus kom att og det gjaldt dei som var døde i trua på han og så skulle han hente dei saman med dei som framleis levde og trudde på han. Men det er det ikkje tale om her, i staden skal dei vere prestar på denne jorda.
Joh.Op.20,4 Og eg såg troner, og nokre sette seg på dei, og dei fekk makt til å halda dom. Og eg såg sjelene til dei som hadde vorte halshogne på grunn av Jesu vitnemål og Guds ord, dei som ikkje hadde tilbede dyret eller biletet av dyret, og ikkje teke mot merket på panna eller handa. Dei vart levande att og herska som kongar saman med Kristus i tusen år.
5 Men dei andre døde vart ikkje levande før dei tusen åra var gått. Dette er den første oppstoda. 6 Sæl og heilag er den som får ta del i den første oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt. Dei skal vera Guds og Kristi prestar og herska som kongar med han i tusen år.
Samanlikn med det som skjer når det femte seglet vert brote.
Joh.Op.6,9 Då Lammet braut det femte seglet, såg eg under altaret sjelene til dei som var slakta ned for Guds ord skuld og for det vitnemålet dei hadde gjeve. 10 Dei ropa med høg røyst: «Herre, du heilage og truverdige, kor lenge vil du venta før du held dom og lèt straffa for blodet vårt koma over dei som bur på jorda?» 11 Då fekk kvar av dei ei kvit kappe, og det vart sagt dei at dei skulle halda seg i ro endå ei lita stund, til talet var fullt på dei medtenarane og syskena som skulle bli drepne slik som dei sjølve.
Jesu gjenkomst og domen.
Dei sju segla, basunane og skålene kan vi forstå som overlappande paralelle linjer i historia og framtida.
Den sjuande basun og den sjuande skåla.
I Joh.Op.16,17… er det fortalt at den sjuande engelen tømde skåla si. Etter det er det mykje som skjer. Det ser ut til at mykje av det same er omtala når den sjuande engelen bles i basun (Joh.Op.11,15-14,20), men i Op.17… kjem vi lengre fram i tid.
I begge tilfelle er det sagt at Gud har teke makta og vorte konge, så her er det overlapping, ja.
Op.11,15 Den sjuande engelen bles i basunen. Då høyrdest det i himmelen røyster som ropa høgt:
«Herredømet i verda høyrer no til
vår Herre og den han har salva,
og han skal vera konge i all æve.»
16 Dei tjuefire eldste som sit på tronene sine for Guds andlet, kasta seg ned med andletet mot jorda, tilbad Gud 17 og sa:
«Vi takkar deg, Herre Gud, du Allmektige,
du som er og som var,
fordi du har gripe di store makt
og vorte konge.
18 Folkeslaga vart harme,
men no er din vreidedag komen,
og tida då dei døde skal dømmast.
Då skal du løna dine tenarar profetane,
dei heilage og dei som har ærefrykt for ditt namn,
små og store,
og øydeleggja dei som øydelegg jorda.»
19 Då vart Guds tempel i himmelen opna, og paktkista hans vart synleg inne i tempelet. Og det kom lyn og drønn, torebrak og jordskjelv og store hagl.
Men i Op.19 ser vi at det heng saman med Lammets bryllaup i himmelen.
Ei slik overlapping finn vi i Op.14,8-13 og Op.18-19, fyrst kjem domen over den Store Skjøkje, så domen over Dyret med merket. Men i Op.18 kjem bryllaupet i himmelen rett etter domen over den Store Skjøkje og før domen over Dyret med merket.
I Op.14,6-13 er det englar som forkynner domen, men i Op.18-19 vert den gjennomførd, så det ligg lengre fram i tid.
I Op.14,14-20 er det fortalt om Jesu gjenkomst, når han kjem og hentar sine, bergar dei frå domen og så vert den gjennomførd.
Så overlappinga passar med at Jesus kjem att og hentar sine til bryllaupet i himmelen, slik det er fortalt i Joh.Op.19. Då kom også den fyrst oppstoda. Korleis kan det då ha seg at den fyrst oppstoda kom i Op.20,5? Det ser ut til at dette var den først oppstoda for dei som hadde lede martyrdøden ved å verte halshogne for si tru på Kristus etter Jesu gjenkomst. Kvifor akkurat halshogging? Det er ein gamaldags avrettingsmåte. Det er vel berre muslimar som praktiserer det framleis. Det kan også ha ei symbols tyding ved protesten mot at Kristus skulle vere hovudet ofr mannen og mannen vere hovudet for kvinna og slik skulle Kristus vere hovudet for kyrkja som er hans brud.

