Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile.
Verte som born, for å komme inn i Guds rike.
Jesus sa til jødane at dei måtte vende om og verte som born for å komme inn i det, ei far gir gode gaver til borna sine, kor mykje meir skal ikkje Faderen gi den Heilage Ande til dei som ber han. Det er ikkje lite, slik gir Gud oss seg sjølv, ja, så vi skal verte fødde av Anden og det som er født av Anden er ånd (Matt.18,1-3, Johannes.3,3-5, Luk.11,13). Då skal vi ikkje kalle nokon på jorda for far. Her er det ikkje jordiske fedre det er tale om, men Gud er ånd og han er far til åndene.
Matt.21,8 Men de skal ikkje la nokon kalla dykk rabbi; for det er éin som er læraren dykkar, og de er alle sysken. 9 Og kalla ikkje nokon her på jorda far; for de har berre éin Far, han som er i himmelen. 10 Lat heller ikkje nokon kalla dykk rettleiarar; for de har éin rettleiar: Kristus.
Heb.12,9 Vi har hatt våre jordiske fedrar som tukta oss, og vi hadde age for dei. Skal vi ikkje mykje heller bøya oss under han som er Far til åndene, så vi kan vinna livet?
Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile.
Når Gud førde folket sitt ut frå Egypt, hadde han ein plan A, å føre dei til det lova landet, der han skulle vere deira Gud og dei skulle vere hans folk, han ville føre dei inn til si kvile. Vandringa i øydemarka i 40 år, vart ein plan B, men han var med dei like vel. Men så hadde han ei bok som han skreiv i, han skriv opp namna deira i livsens bok, men så vart mange av dei utstrokne, sidan dei gjorde opprør mot han. Gud stilte han dei på val, om dei ville velje døden eller livet og anbefalte dei å velje livet. Slik er det framleis, har du fått høyre den galde bodskapen er det ditt eige ansvar om du vil ta imot og vert frelst eller ikkje.
Dersom du har teke imot Guds rike som eit lite barn, så er profetiane om Guds rike først og fremst lovnadar om det livet som er planta i deg ved Guds Ord, at det skal leve, vekse og blomstre (Jak.1,21 Esekiel.16.6-7). Når ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile.
Heb.4,1 Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det. 3 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa:
Så svor eg i min vreide:
Dei skal aldri koma inn til mi kvile!
Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk. 5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile!
6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:
I dag, om de høyrer hans røyst,
så gjer ikkje hjarto dykkar harde.
Misjonsbefalinga.
Misjonsbefalinga er:
Matt.28,18 Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»
Så lenge verda står altså. Kvar finn vi verdens undergang i Johannes Openberring? Her:
Joh.Op.21, 1 Eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort, og havet var ikkje meir.
Eg har ofte stussa på kvifor der står skrive at havet ikkje var meir, betyr det at der ikkje er hav på den nye jorda? Men det er ei misforståing. Det er havet på denne jorda som ikkje er meir. No veit vi at slik kjem det til å gå med denne jorda, når solsystemet er dobbelt så gammalt som no, kjem sola til å æse opp som ei supernova, så den rekk heilt hit ut, alt vatn vil fordampe og vert blåst bort av solvinden, før jorda vert slukt av sola.
Men kvifor trengst denne presiseringa då? Jau, fordi ofte er det fastlandet som vert kalla verda, Guds lov og rett (Guds Ord, evangeliet) skulle nå like til verdens ende og til øyane langt borte. At «denne verda går sin undergang i møte» kan også forståast slik at denne sivilisasjonen går under (jfr. Joh.18-19). Men evangeliet om Kristus er eit evig evangelium og endåtil i siste kapittel i Joh.Op.22 vert det sagt at vi skal sjå at Jesus kjem snart.
Joh.22,12 Sjå, eg kjem snart, og mi løn har eg med meg; eg vil gje kvar og ein att etter det han har gjort. 13 Eg er Alfa og Omega, den fyrste og den siste, opphavet og enden. 14 Sæle er dei som vaskar kleda sine, så dei får rett til å eta av livsens tre og gå inn gjennom portane i byen. 15 Men utanfor er hundane og trollmennene og dei som driv hor, drapsmennene, avgudsdyrkarane og alle som elskar lygn og talar lygn.
16 Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.» 17 Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.
Eg hevdar dette er rett i alle generasjonar som har vore sidan Jesus gav misjonsbefalinga, fordi våre liv på denne jorda er kort.
Liberalisme som betyr fridom for herrskapet, men krenkar fridomen til undersottane. Den Lovlause.
At nokon tek seg til rett på denne måten, for å erstatte ein annan og tale i staden for ein annan, det må då vere uretten sett i system. Slik vert visst mørkets rike godteke i vår tid. Dette minner om han som vert fortrengd, så den Lovlause skal erstatte han.
2.Tess.2,7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.
Dei som godtek og har si glede i denne uretten, endar i fortapinga. Den Lovlause, har det noko med liberalisme å gjere, dei liberale? Det høyrest fint ut med fridom, ja, vi forkynner då fridomen i Kristus. Men kven er det fridom for? Med den fridomen vi får i Kristus får den einskilde komme til han slik som han er, med sine eigne behov og tale på eigne vegne. Vi får komme til Kristus slik som vi er og komme til Faderen som hans born.
Men dersom liberalismen er fridom for ein annan til å komme i staden for den einskilde, i staden for hans og/eller henner sjel, då er det ikkje den kristne fridomen og heller ikkje menneskeleg fridom. Så spørst det kva eller kven det er fridom for. Her må vi visst vite å prøve åndene. Hugs at Gud elska verda så høgt at han gav Son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Det sentrale poenget er då at han frelser vår sjel for æva og gir oss evig liv.
Mor Israel var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born.
Kong Salomo gav vingarden over til vaktmenn/paktarar (Høgsangen.8,11), men så fall mesteparten av folket frå Davidsætta og sidan falle mest heile gjengen frå. Korleis gjekk det då?
Jeremias 2,23 Korleis kan du seia:
«Eg er ikkje urein,
eg har ikkje sprunge etter Ba’al-gudane»?
Sjå kva du dreiv med nede i dalen,
og skjøn kva du har gjort!
Du liknar ei lettføtt kamelhoppe
som renner hit og dit,
24 eit villesel, kjent på steppa.
Ho syp etter anden i sin brunst;
kven kan døyva hennar trå?
Dei som leitar etter henne,
treng aldri springa seg trøytte;
i paringstida finn dei henne lett.
25 Lat ikkje foten din verta berr,
og spar strupen din for torste!
Men du svarar:
«Nei, det er nyttelaust,
for eg elskar dei framande, dei vil eg fylgja.»
Kvinna vart som ei ku som for over til naboen for å få seg okse og sidan vart dei gåande og prate bullshit, så det var ikkje hjelp i å prøve å seie noko til henne. Det er tydeleg vis slik massemedia vert fylt med bullshit i vår tid.
Kvifor det? For i staden for å vende om og verte som born, for å komme inn i Guds rike, vanvørde de den visdomen og oppsedinga som Gud gir sine born. Dei lest som dei var så vise at den unge guten ikkje var kompetent til å prate med dei, men det var bullshit og det er det framleis.
Den unge sonen vart sett under formyndarar. Barnekår med Gud som formyndar.
Jødar og heidningar, barnelærdomen åt verda.
Paulus gjer det kunststykket at han talar om barnlærdomen åt verda for både jødar og heidningar. Men det er begge deler trælekåret, som motsetnad til fridomen i barnekåret hos Gud.
Gal.4, 1 Lat meg forklara dette. Så lenge ein arving er umyndig, er det ingen skilnad på han og trælen, endå han er herre over heile eigedomen. 2 Han står under formyndarar og hushaldarar til den tid far hans har fastsett. 3 Såleis var det med oss òg. Då vi var umyndige, var vi trælar under grunnkreftene i verda. 4 Men då tida var fullkomen, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinne, fødd under lova. 5 Han skulle kjøpa dei frie som var under lova, så vi kunne få barnekår. 6 Og sidan de er born, har Gud gjeve sin Sons Ande i hjarto våre, og Anden ropar: «Abba, Far!» 7 Difor er du ikkje lenger træl, men son. Og er du son, då er du òg arving, innsett av Gud.
Paulus har omsut for galatarane
8 Den tid de ikkje kjende Gud, træla de under gudar som i røynda ikkje er gudar. 9 Men no når de kjenner Gud, ja, det som meir er, når de er kjende av Gud, korleis kan de no på nytt venda attende til desse veike og fattigslege grunnkreftene i verda? Vil de atter træla under dei? 10 De aktar nøye på dagar og månader, høgtider og år. 11 Eg er redd at alt strevet mitt med dykk har vore fåfengt.
Lureriet.
Her talar Paulus om historia til både jødar og heidningar. Så la oss no tenke oss at ein av trælane, som kanskje er arbeidsleiar og har vorte formyndar for den vesle sonen, seier at faren har det så travelt at han ikkje har tid til å snakke med han, så han kan snakke med han i staden. Han er ikkje voksen nok til å forstå kva han skal be om, så det vil vere bortkasta tid for faren å høyre på han. Så han skal be for han i staden. Slik stiller han seg i den posisjonen at han liksom ber på vegne av sonen, men for å kare til seg sjølv og andre i staden for at sonen skal få noko som helst.
Med slikt lureri er det tydeleg vis mange som finn si glede i uretten i vår tid.
2.Tess.2, 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.
Men dersom den unge guten likevel har vakse opp heime med far sin og vorte oppseda og opplærd av han, då vert lureriet deira avslørt og så viser det seg at det heller er dei som ikkje er kompetente til å prate med han.
Barnekåret hos Gud.
Men no tenker eg på ein ung Gud som er oppvoksen i ein kristen heim, som vart velsigna som barn og opplærd i den kristne trua. Sjølv om han har barnekår hos Gud, er han umyndig. Vi er alle syndarar, som den bortkomne sonen, men på grunnlag av nåden Gud gir oss i Kristus, frå vi komme heim at til Faderhuset og då er det om å gjere at han vert opplærd til å leve som den heimeverande Sonen. Så han påkallar Kristus som sin frelsar og Herre og ber han frelse sine næraste og gi han ei frelst kvinne til kone. Ei som han har kjøpt med sitt eige blod, så ho tilhøyrer han som hans brud. Først og fremst er ho Kristi brud og så vert ho hans brud ved at han bøyer seg for Kristus og kjennest ved han som sin frelsar og Herre. Då blir det slik at Kristus elskar henne som si brud gjennom han og kjærleiken er først og fremst at han gir dei det evige livet.
Joh.3,3 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.» 4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?» 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.» 9 «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. 10 Jesus svara: «Du er ein lærar i Israel og veit ikkje det? 11 Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vitnar om det vi har sett; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt. 12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.
Så i tru og tillit til Kristus får den unge mannen sjå framover til å vere med på å feire Lammets bryllaup i tru og von om at han sjølv skal få seg ei frelst kvinne som kjæraste og kone.
Mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging.
Den unge guten får ansvaret med å vinne seg si eiga kone i helging.
1.Tess.4, 2 De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande.
I vår tid er det tydeleg vis mykje maktinteresse som viser seg i å prøve å lure mannen på dette.
2.Tess.2,10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.
Då bør han uansett komme til Faderen med den saka, sjølv om det skulle vere som ein bortkomen son, men aller helst som den heimeverande sonen, for i følgje Rom.8 har vi fått barnekår hos Gud og er arvingar, så vi får be som arvingar. Vi får be om noko som vi har rett på, som arvingar, det inkluderer at ein mann får seg ei kone og at ei kvinne får seg ein mann, for Gud har då skapt menneska slik.
Den vesle gutungen får komme inn til far sin og be om gode gåver, sjølv om han er under formyndarar, ber han om eit egg til frukost, så får han det.
Luk.11, 11 Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om ein fisk, 12 eller gjev han ein skorpion når han bed om eit egg? 13 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gje Den Heilage Ande frå himmelen til dei som bed han!»
Å få den Heilage Ande er ikkje lite, for slik gir Gud oss seg sjølv, den Heilage Ande hjelper oss i vårt bønneliv.
Rom.8,18 Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.
Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt, det gav fridom som motsetnad til trældom.
Den kristne og karismatiske vekkinga starta bra med at vi fekk oppleve at Guds Ande vart utrent over vårt kjøt.
Joel.3, 1 Ein gong skal det henda
at eg renner ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;
dei gamle mellom dykk skal ha draumar,
og dei unge skal sjå syner.
2 Jamvel over trælar og trælkvinner
vil eg renna ut min Ande i dei dagane.
3 Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:
blod og eld og røyksøyler.
4 Sola vert omskapt, ho svartnar,
og månen vert som blod,
før Herrens dag kjem,
den store og skræmande.
5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,
skal verta frelst.
For på Sion-fjellet og i Jerusalem
skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,
så som Herren har sagt.
Og mellom dei som har berga seg,
er dei som Herren kallar.
6 For sjå, i dei dagar og på den tid,
når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,
7 då vil eg samla alle folkeslag
og føra dei ned i Josjafat-dalen.
Der vil eg halda rettargang med dei
om Israel, mitt folk og min eigedom,
som dei spreidde mellom folka.
Dei delte landet mitt
8 og kasta lodd om folket mitt;
dei gav ein gut for ei skjøkje
og selde ei jente for vin – og drakk.
Så i staden for å få seg ei frelst jente til kjæraste og kone, vert dei begge selde som trælar.
Mannen skulle vite å vinne seg si eiga kone i helging, men slik vert han lurte (2.Tess.2,6). Men Kristus døde i staden for oss og han er trufast. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han. Slik er Jesu kyrkje hans brud. Når han kjem att er det berre for å hente si blodkjøpte brud. Når det no har vore så mykje diskusjon om Jesus gjenkomst vil eg seie at den problemstillinga de først og fremst må stille dykk overfor og stille folket overfor, er du ein av dei som han har kjøpt med sitt eige blod, så du tilhøyrer han.
Høgsongen, kjærleiken med Gud som formyndar.
Døyparen Johannes forkynte omvending til Israels Gud, til samanlikning med Elia og då sa han at Jesus har bruda og han er den som døyper med den Heilage Ande. Når Salomo var ung, sa Gud han skulle vere son hans og vere ein fredsæl konge og gav han så ein visdom som gjorde han visare enn alle dei gamle vise. Denne visdomen finn vi i Salomos Høgsong, den fortel om kjærleiken mellom kongen (Salomo) og henne «lytelause reine». Vi finne det også i Esekiel.16,6-14.
Så dette er førebiletet på kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud. I Høgsongen forkynner «den lytelause reine» til Jerusalems døttre at dei skal ikkje vekke kjærleiken for tidleg, ikkje før den sjølv vil. Så brørne til den unge jenta vil verne henne mot friarane. Poenget er vel at dei skal få oppleve at det har med Gud og hans kjærleik å gjere, den kjærleiken er sterk som døden (Høgsangen.8). dette skulle vel verte heilt klart for oss no når vi har fått evangeliet om Kristus, ikkje minst slik som apostlane Johannes og Paulus har forkynt det for oss.
Så den unge jenta vart sett under formyndarar (Høgsangen 8) og det vart nok bruda også, så hennar refreng vart å ikkje vekke kjærleiken for tidleg. Men så kom han og vekte henne og ville ha henne med seg ut, men då vart ho for sein og vart heilt ifrå seg.
Høgsangen.5,1 Så opna eg døra for min ven,
men min ven hadde fare sin veg.
Eg vart reint ifrå meg fordi han var borte.
Eg leita etter han, men fann han ikkje;
eg ropa på han, men han gav ikkje svar.
7 Då møtte eg vaktmennene
som sveiv ikring i byen.
Dei slo meg så eg fekk sår.
Dei reiv sjalet av meg,
vaktmennene på murane.
8 «Eg naudbed dykk, Jerusalems døtrer!
Om de finn min ven,
kva skal de då seia han?
At eg er sjuk av kjærleik.»
Til samanlikning har Jesu kalla Sions dotter ut i fridomen, for han er herren hennar brudgom og ektemann.
Syng ein ny song for Herren. Gud gir ikkje si ære til nokon annan.
Å forkynne evangeliet om Kristus er å invitere til bryllaup et til Guds Son. Det er ein bryllaupsfest som aldri tek slutt. Verken i himmelen eller på jorda eller den komande verda. Å påstå noko anna er berre å prate bullshit. Der kjem til å vere ein som ikkje er bryllaupskledde, som vert bunden og kasta ut (Joh.Op.20,1-3), men det er då verkeleg ikkje for at festen skal ta slutt, men heller for at den skal halde fram.
Til samanlikning med Høgsangen la Gud ein ny sang i mitt hjerte og min munn og han gir ikkje si ære til nokon annan.
Jes.42,1 Sjå, min tenar som eg stør,
min utvalde som eg har hugnad i!
Eg har lagt min Ande på han,
retten skal han føra ut til folka.
2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa
og ikkje bruka mælet på gata.
3 Han skal ikkje bryta eit broste sev
og ikkje sløkkja ein rykande veik.
Med truskap skal han føra retten ut.
4 Han skal ikkje trøytna
og ikkje bryta saman
før han har breitt ut retten på jorda.
Øyar og strender ventar på hans lære.
5 Så seier Herren Gud,
han som skapte himmelen og spente han ut,
og breidde ut jorda med alt som der gror,
han som gjev livspust til folket på jord
og ånd til dei som ferdast der:
6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
og teke deg i handa.
Eg har skapt deg
og gjort deg til ei pakt for folket,
til eit ljos for folkeslaga.
7 Du skal opna blinde augo
og føra fangar ut or fengslet,
dei som sit i mørkret,
ut or fangeholet.
8 Eg er Herren, det er mitt namn.
Eg gjev ikkje mi ære til andre
og ikkje min pris til gudebilete.
9 Det som vart varsla før, er kome,
og no kunngjer eg nye ting.
Før dei enno gror fram,
lèt eg dykk få høyra om dei.
10 Syng ein ny song for Herren,
lovsyng han frå heimsens endar,
de som ferdast på havet,
og alt som fyller det,
de øyar og strender
og de som bur der!
(Jfr. Joh.Op.5,9)
Sjå på trua sin opphavsmann og fullendar og han gir deg ei herleg og vidunderleg kvile.
Tyding av tungetale i Maranata Oslo 17.2.2013:
«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.
Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»

