Lovnad og profeti 4. Breva til englane for kyrkjelydane i Joh.Op.2-3.

AKTUELL SAK.

I denne profetiske bodskapen er lovnadane til alle dei sju englane for dei sju kyrkjelydane i Op.2-3 tekne med.

I slutten av breva til dei sju kyrkjelydane i Op.2-3 sa Jesus at den som har øyre, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane. I den Frie Evangeliske Forsamling, Pinserørsla og i Maranata har eg fått oppleve at predikantar og andre har høyrt det og talt det, både gjennom talene og gjennom tyding av tungetale og for meg har dette vore overveldande og eg har teke imot med takk, då har eg også teke imot utfordringa, at eg skal høyre kva Anden talar til kyrkjelyden, tru det som vert sagt, så eg skjønar det med hjertet. Men då oppdagar vi at den gamle endetidslæra med tidshushaldningane er avlegs, for den er feil.

HISTORISK BAKGRUNN.

Desse sju kyrkjelydane var ut mot vest-kysten av Tyrkia. Dette var det høgkulturelle senteret i Antikkens Helles, men vart eit stridens eple i dei gresk-persiske krigane, då tok Aten over førarskapet.

Aleksander den Store gjekk sigrande ut av desse krigane, så vart riket hans delt i fire og med tida vart prestetenesta i Jerusalem eit stridens eple.

https://faith-and-entropy.com/…/striden-om-prestetenesta…

EFESOS.

Joh.Op.2, Til Efesos

1 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Efesos:

Dette seier han som held dei sju stjernene i si høgre hand, han som går omkring mellom dei sju gull-ljosestakane: 2 Eg veit om gjerningane dine; du har arbeidt, og du har halde ut. Eg veit òg at du ikkje kan tola dei vonde. Du har prøvt dei som kallar seg apostlar, men ikkje er det, og du har funne at dei er lygnarar. 3 Du har halde ut, og du har tolt mykje for mitt namn skuld og ikkje gått trøytt.

4 Men det har eg imot deg at du har gjeve opp din fyrste kjærleik. 5 Kom i hug kvar du stod før du fall! Vend om og gjer på nytt dei fyrste gjerningane dine! Elles kjem eg over deg og tek ljosestaken din bort – om du ikkje vender om. 6 Men den ros skal du ha, at du hatar gjerningane åt nikolaittane, som eg sjølv gjer.

7 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, han vil eg la eta av livsens tre, som er i Guds paradis.

…..

Vår første kjærleik er at Gud er Kjærleik og han elskar oss i Kristus. Vi elskar fordi han elska oss fyrst.

1.Joh.4, 7 De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. 8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. 9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. 10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. 11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.

13 At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han.

17 Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst. 20 Om nokon seier at han elskar Gud, men likevel hatar bror sin, då er han ein lygnar. Den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, han kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett. 21 Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må elska bror sin òg.

TIL SMYRNA

8 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Smyrna:

Dette seier den fyrste og den siste, han som var død og har vorte levande: 9 Eg veit om trengsla di og fattigdomen din – men du er rik. Eg veit òg at du vert spotta av dei som kallar seg jødar, men ikkje er det, for dei er Satans synagoge. 10 Ver ikkje redd for det du skal lida! Djevelen kjem til å kasta nokre av dykk i fengsel, så de skal setjast på prøve, og de skal lida vondt i ti dagar. Ver tru til døden, så skal eg gje deg livsens krone!

11 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, skal ikkje skadast av den andre døden.

Jak.1, 1 Jakob, Guds og Herren Jesu Kristi tenar, helsar dei tolv ættene som lever i framandt land.

Prøving og freisting

2 Hald det berre for ei glede, mine brør, når de møter alle slag prøvingar; 3 for de veit at når trua dykkar vert prøvd, lærer de tolmod. 4 Men tolmodet må syna seg i fullført gjerning, så de kan vera fullkomne og heile og ikkje liggja etter i noko.

5 Dersom nokon av dykk vantar visdom, skal han be til Gud, og han skal få; for Gud gjev alle, viljug og utan vondord. 6 Men han må be i tru, utan å tvila. For den som tvilar, liknar havbåra som vert driven ikring og kasta hit og dit av vinden. 7 Ikkje må eit slikt menneske venta å få noko av Herren, 8 tvihuga som det er og ustøtt i all si ferd.

9 Den bror som står lågt i verda, skal rosa seg av sitt høge stand. 10 Men den rike skal rosa seg av sitt låge stand; for som blomen i graset skal han gå til grunne. 11 Sola stig og brenn, graset visnar, blomen fell og all hans venleik kverv. På same måte skal den rike visna midt i alt sitt arbeid.

12 Sæl er den som held ut i freistingar. Når han har stått si prøve, skal han få livsens krone, som Gud har lova dei som elskar han. 13 Ingen må seia når han vert freista: «Eg vert freista av Gud.» For Gud vert ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen. 14 Når nokon vert freista, vert han lokka og dregen av si eiga lyst. 15 Sidan, når lysta er svanger, føder ho synd, og når synda er mogen, føder ho død. 16 Far ikkje vilt, mine kjære brør!

17 All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovantil, frå ljosens Far. Hjå han er det ikkje forandring eller skifte mellom ljos og mørker. 18 Av sin frie vilje har han født oss ved sanningsord, så vi skal vera ei fyrstegrøde av hans skapningar.

TIL PERGAMON

12 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Pergamon:

Dette seier han som har det kvasse tvieggja sverdet: 13 Eg veit kvar du bur, der Satan har kongsstolen sin. Likevel held du fast på mitt namn. Og du har ikkje fornekta trua på meg, ikkje eingong i dei dagane då Antipas, mitt trufaste vitne, vart ihelslegen i byen dykkar, der Satan bur.

14 Men noko har eg imot deg: Du har nokre hjå deg som held seg til Bileams lære, han som lærte Balak korleis israelittane skulle lokkast til synd, så dei åt avgudsoffer og dreiv hor. 15 Du har òg nokre hjå deg av same slaget, dei som held seg til læra åt nikolaittane. 16 Vend om! Elles kjem eg snart over deg og vil strida mot dei med sverdet som går ut or min munn.

17 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, han vil eg gje av den løynde manna. Og eg vil gje han ein kvit stein, med eit nytt namn rita inn, eit namn som ingen kjenner utan den som får steinen.

4.Mos.22-25

Mika.6,5 Mitt folk, kom i hug kva planar han hadde,

Balak, kongen i Moab,

og hugs det svaret han fekk

av Bileam, son til Beor,

på vegen frå Sjittim til Gilgal,

så du kan skjøna

Herrens frelsesgjerningar.

TIL TYATIRA

18 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Tyatira:

Dette seier Guds Son, han som har augo som logande eld og føter som bronse: 19 Eg veit om gjerningane dine, kjærleiken din og trua di, tenesta di og tolmodet ditt. Ja, dei siste gjerningane dine er betre enn dei fyrste!

20 Men det har eg imot deg at du lèt kvinna Jesabel halda på, ho som kallar seg profet, men som med læra si lokkar tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer. 21 Eg har gjeve henne tid til å venda om, men ho vil ikkje venda om frå sitt horeliv. 22 Sjå, no kastar eg henne på sjukeseng, og dei som gjer ekteskapsbrot med henne, skal koma i stor naud, om dei ikkje vender om frå gjerningane hennar; 23 og borna hennar vil eg la døden riva bort. Då skal alle kyrkjelydane sanna at eg er den som granskar nyrer og hjarto, og som løner kvar og ein av dykk etter det han har gjort. 24 Men til dykk andre i Tyatira, alle som ikkje fylgjer denne læra og ikkje har «kjent Satans avgrunnar», som dei kallar det, til dykk seier eg: Eg legg inga ny bør på dykk. 25 Hald berre fast på det de har, til dess eg kjem.

26 Den som sigrar og til det siste held fast på dei gjerningar eg vil de skal gjera, han skal eg gje makt over folkeslaga. 27 Med jernstav skal han styra dei, og som leirkar skal dei knusast. 28 Ei slik makt har eg fått av Far min. Og eg vil gje han morgonstjerna.

29 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

…..

Joh.Op.22, Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.» 17 Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

2.Pet.1, 19 Difor står profetordet dess fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å akta på; det er eit ljos som skin på ein mørk stad, til dagen strålar fram og morgonstjerna går opp i hjarto dykkar.

20 Men framom alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i Skrifta på eiga hand. 21 For aldri er noko profetord framkome ved menneskevilje; men drivne av Den Heilage Ande tala menneske ord frå Gud.

Her har eg skrive om Jesabel, Bileams villfaring og den falske profet:

https://faith-and-entropy.com/…/ein-profet-som-elia-eller…

Strategien er kort sagt å prøve å lokke nokon til synd, for på få makt over dei med synda og slik vert det til avgudsdyrking. Ei slik politisering av kvinna fører til at menneska dyrkar kongane på jorda som avgudar, jfr. Den Store Skjøkje, Joh.Op.17-18.

TIL SARDES

Joh.Op.3,1 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Sardes:

Dette seier han som har dei sju Guds ånder og dei sju stjernene: Eg veit om gjerningane dine! Du har ord på deg for å leva, men du er død. 2 Vakna, og styrk dei andre som held på å døy! For eg har funne at gjerningane dine ikkje held mål for min Gud. 3 Kom i hug korleis du tok imot og høyrde! Hald fast på det og vend om! Men om du ikkje vaker, skal eg koma som ein tjuv, og du skal ikkje vita kva time eg kjem over deg.

Men du har nokre få i Sardes som ikkje har sulka til kleda sine. Og dei skal gå med meg i kvite klede, for dei er verdige til det. 5 Ja, den som sigrar, skal verta kledd i kvite klede, og eg skal aldri stryka namnet hans ut or livsens bok, men kjennast ved namnet hans for Far min og englane hans.

6 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

……

1 Tess 5,2 for de veit sjølve grant at Herrens dag kjem som ein tjuv um natti.

1 Tess 5,4 Men de, brør, er ikkje i myrkret, so dagen skulde koma på dykk som ein tjuv;

2 Pet 3,10 Men Herrens dag skal koma som ein tjuv; då skal himlane forgangast med dundrane ljom, og himmelklotane skal koma i brand og verta uppløyste, og jordi og alle verk på henne skal verta uppbrende.

Matt.24, 37 Som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem. 38 Liksom dei i tida før storflaumen åt og drakk, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka, 39 og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle, så skal det òg vera når Menneskesonen kjem. 40 Då skal to menn vera ute på marka; den eine vert henta, den andre vert att. 41 To kvinner skal mala saman på kverna; den eine vert henta, den andre vert att.

42 Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem. 43 Men det skal de vita: Dersom husbonden visste kva tid på natta tjuven kom, så vakte han og lét han ikkje bryta seg inn i huset. 44 Ver difor budde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.

45 Kven er den trugne og kloke tenaren, som husbonden har sett over tenestfolket sitt, så han kan gje dei mat i rett tid? 46 Det er den tenaren som husbonden finn i arbeid med dette når han sjølv kjem attende. Sæl er han! 47 Sanneleg, det seier eg dykk: Husbonden skal setja han over alt det han eig. 48 Men er tenaren ein ring kar, tenkjer han: Herren min kjem ikkje på lenge enno. 49 Og så tek han til å slå dei andre tenarane og eta og drikka i lag med stordrikkarar. 50 Då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit av, 51 og hogga han ned. Han skal få same lagnad som hyklarane, der dei græt og skjer tenner.

Då ser vi at denne åtvaringa gjaldt først og fremst denne generasjonen, medan Johannes framleis var i live, slik som Lauvås seier. Men den gjeld også alle seinare generasjonar heilt opp til no og det er både for jødar og heidningar.

Korleis då? Slik:

Kol.3,1 Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han

Vi skal vende hugen opp til Jesus og ta imot den Anden og det livet som han gir oss frå himmelen. Slik skal vi vere førebudde på at livet her på jorda kan ta ein brå slutt, same enten det er ved døden eller ved at han kjem att og hentar dei som lever i trua på han.

…..

Herren sa om Jerusalem at han kom over henne som ei baby-jente som nokon hadde forlatt, utan ein gang å skjere av navlestrengen. Kva gjorde han med det?

Esekiel.16, Då gjekk eg framom og såg deg der du låg og sprala i ditt blod. Og eg sa til deg: «Du som ligg der i blodet ditt, skal leva; du skal leva 7 og veksa. Som blomen på marka gjer eg deg.»

Det var nok, for det var Gud sa det. Abraham trudd Gud og det vart rekna han til rettferd.

Gal.3,11 At ingen vert rettferdig for Gud ved lova, det er klårt, for det står skrive: Den rettferdige, ved tru skal han leva. Og den rettferdige, ved tru skal han leva. (Habakuk.2,4).

Så kom han over henne når ho var voksen og då vart det slik:

Esekiel.16,6 Då eg gjekk framom, fekk eg sjå at tida var komen for deg, tida til å elska. Då breidde eg snippen av kappa mi over deg og løynde din nakne kropp. Eg svor deg truskap og gjorde pakt med deg, og du vart mi, lyder ordet frå Herren Gud.

Han kledde henne og pynta henne som ei dronning. Han var mannen hennar, så borna han fekk med henne skulle vere Guds born. Men dette forstod ho ikkje, så ho vart ei hore og då gjekk det ikkje så bra.

Det «tradisjonelle endetidssynet» er at den fjerde hushaldninga varer frå Abraham til Moses. Men det er då ikkje dette som vert forkynnt! Tvert om at Guds lovnad til Abraham står ved lag! Så kva er dette for noko? Verdslege hushaldningar? Verdsleggjering altså! Med slike verdslege hushaldningar vart Jerusalem ei hore.

Jeremias.2,23 Korleis kan du seia:

«Eg er ikkje urein,

eg har ikkje sprunge etter Ba’al-gudane»?

Sjå kva du dreiv med nede i dalen,

og skjøn kva du har gjort!

Du liknar ei lettføtt kamelhoppe

som renner hit og dit,

24 eit villesel, kjent på steppa.

Ho syp etter anden i sin brunst;

kven kan døyva hennar trå?

Dei som leitar etter henne,

treng aldri springa seg trøytte;

i paringstida finn dei henne lett.

25 Lat ikkje foten din verta berr,

og spar strupen din for torste!

Men du svarar:

«Nei, det er nyttelaust,

for eg elskar dei framande, dei vil eg fylgja.»

I staden for å snakke med friaren, brudgomen og ektemannen vart ho som ei kvige som gjekk over til naboen for å få seg okse og så vart dei gåande og prate bullshit.

Slik har det vorte mykje bullshit i massemedia i det siste. Men det er slikt som vi skal vende oss bort ifrå, ved å tru på Jesus og feste blikket på han (Hebr.12,1…).

TIL FILADELFIA

7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:

Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!

12 Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.

13 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

….

Engelen for kyrkjelyden i Filadelfia fekk tydeleg vis motstand frå folk frå Satans Synagoge, men han måtte berre gå inn gjennom døra med bodskapen sin, så måtte dei gi seg. Her følgjer nokre bibelvers og ei historieskriving som viser kva Satans Synagoge er for noko.

Rom.2, 28 For rett jøde er ikkje den som er jøde i det ytre, og rett omskjering er ikkje den dei gjer i det ytre, på kroppen. 29 Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjarta, ikkje etter bokstaven, men ved Anden. Han får si ros, ikkje av menneske, men av Gud.

Kol.2,6 De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han. 7 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud! 8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus. 9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, 10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. 11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Gal.5, 1 Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under trældoms åk. 2 Eg, Paulus, seier dykk: Lèt de dykk omskjera, vil Kristus inkje gagna dykk. 3 Atter slår eg fast at kvar den som lèt seg omskjera, er skuldig til å halda heile lova. 4 De som vil verta rettferdige for Gud ved lova, de er skilde frå Kristus, de er falne ut or nåden. 5 Men vi held oss til trua og ser ved Anden fram mot den rettferd som er vår von. 6 For i Kristus Jesus gjer det korkje frå eller til om ein er omskoren eller uomskoren; her gjeld berre tru, verksam i kjærleik. 7 De var komne godt i gang med laupet. Kven er det som har hindra dykk i å vera lydige mot sanninga? 8 Han som kalla dykk, har ikkje overtalt dykk til dette. 9 Litt surdeig syrer heile deigen. 10 Men Herren gjev meg den tiltru til dykk at de ikkje vil tenkja annleis enn eg. Den som forvirrar dykk, skal få sin dom, kven han så er. 11 Om det er så, brør, at eg no òg forkynner omskjering, kvifor vert eg då forfylgd? Då er ikkje krossen ein støytestein lenger. 12 Måtte dei berre skamskjera seg, dei som set dykk opp!

Fil.3, 1 Elles mine brør: Gled dykk i Herren! Eg vert ikkje trøytt av å ta det opp att, og det er det tryggaste for dykk. 2 Hald auga med hundane, med dei vonde arbeidarane, dei som skamskjer seg. 3 For det er vi som er dei omskorne, vi som gjer vår teneste ved Guds Ande; vi har vår ros i Kristus Jesus og set ikkje vår lit til oss sjølve. 4 Eg har rett nok det eg kunne setja mi lit til hjå meg sjølv. Om nokon meiner at han kan lita på seg sjølv, kan eg det endå meir. 5 Eg er omskoren på den åttande dagen, er av Israels folk og Benjamins ætt, ein hebrear av hebrearar, i syn på lova ein farisear, 6 så brennande ihuga at eg forfylgde kyrkja, ulastande i mi rettferd etter lova. 7 Men det som var meg ei vinning, det har eg for Kristi skuld halde for tap. 8 Ja, eg held i sanning alt for tap fordi kjennskapen til Kristus Jesus, min Herre, er så mykje meir verd. For hans skuld har eg tapt alt, og eg held det for skrap, så eg kan vinna Kristus 9 og verta funnen i han, ikkje med mi rettferd, den som er av lova, men med den som ein får ved trua på Kristus, rettferda frå Gud på grunn av trua. 10 Då kjenner eg han og krafta av hans oppstode, får del i hans lidingar og vert lik han med di eg døyr som han – 11 om eg òg kunne nå fram til oppstoda frå dei døde.

Omskjeringa i den gamle pakt vart gjort på mannens kropp og var symbol på hjerteomskjeringa i den Heilage Ande. Den har vi fått ved trua på Jesus og den er god nok. Dersom nokon då krev at dei skal verte omskorne på kroppen i tillegg, er det som om dei skjer vekk noko meir, derfor kalla Paulus det skamskjering. I vår tid har dette gått så langt at dei vert kjønnsopererte, for liksom å skifte kjønn.

Når jødane skulle innta det lova landet, skulle dei utrydde dei folka som var der før dei. Men hensikta med det på lang sikt var å gjere namnet sitt kjent mellom folkeslaga, det var «Abraham, Isak og Jakobs Gud» og det var «Eg Er», «Jahve», for han er den han er, han eksisterer altså, sjølv om han vanleg vis ikkje er fysisk synleg. Men så viste det seg at jødane sjølve ikkje trudde på han og fall ifrå han, då forsvann dette poenget som var hovudsaka og då mista dei landet sitt.

Dei fekk komme tilbake til landet sitt og så sende Gud Jesus til dei og han gjorde Guds verk fordi Faderen var med han og gjorde sitt verk. Han ære Gud for det, men det gjorde ikkje dei, dei sa ikkje at han var den han var, men at han var ein annan enn den han var. Derfor vart dei bortførde frå landet sitt igjen.

Men når Jesus døde på korset, reiv han ned skiljeveggen mellom jødar og heidningar og gjorde slutt på fiendskapen.

Ef.2, 11 De var ein gong heidningar og vart kalla uomskorne av dei som kallast dei omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand. 12 Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, utan del i paktene og lovnaden og difor utan von og utan Gud i verda. 13 Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær ved Kristi blod. 14 For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned det gjerdet som skilde, fiendskapen. 15 Då han gav sin lekam, avlyste han lova med hennar bod og føresegner. Såleis skulle han gjera fred og skapa dei to til eitt nytt menneske. 16 I ein lekam skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og der gjorde ende på fiendskapen. 17 Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær. 18 Ved han har vi begge tilgjenge til Faderen i ein Ande. 19 Så er de ikkje lenger framande og utlendingar, men de er borgarar saman med dei heilage og høyrer Guds husfolk til. 20 De er oppbygde på apostel- og profetgrunnvollen, men hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv. 21 Han held heile bygningen saman, så han i Herren veks til eit heilagt tempel, 22 og ved han vert de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.

Satans synagoge vert då slike som skamskjer seg for å definere eit nytt folk med sin moralfilosofi, som skal fortrenge og utrydde andre folk. Rasisme altså. Så det er nettopp derfor dei avviser den evangeliske forkynninga.

Men som ein kvit mann kom eg til trua på at Kristus stod opp frå dei døde, at han er Guds Son og Faderen tok han til seg og sette han ved si høgre hand i himmelen. Eg tok imot han i tru og det gav meg rett til å verte Guds barn. Så Israels Gud er min Gud.

Dette vart då forkynt for søskena mine også og eg vonar dei også vil ta same standpunkt.

Bodskapen i Maranata Oslo 30.10.2016:

“For sjå eg har sett framfor deg ei open dør, der det er ingen som kan lukke den til. For det er eg Herren som har opna den opp. Og det er nettopp for ei tid som dette eg har utvalt deg. Derfor, så frykt ikkje mitt barn, sjå deg du ikkje engsteleg om. For det er eg Herren som er din Gud. Eg var med mitt folk opp igjennom, heilt ifrå eg kalla på Abraham i Ur, så var eg med og forma og danna meg eit folk. Eg var med dei, eg trøysta dei, eg gav dei vatn, eg gav dei mat. Og endå ein gong, så vil eg sjå til det folk. Og eg, Herren, eg skal gå fram foran deg. Og ingen ting skal hindre meg i å fullføre det som eg har byrja i ditt liv.

Det skjer ikkje ved makt, det skjer ikkje ved kraft, men det skjer åleine med min Ande. Og eg har utgytt av min Ande over alt kjøt. De treng ikkje leite etter meg, for eg er komen nær til. Still dykk til disposisjon for meg. Eg Herren vil fylle deg, eg Herren vil forme deg. Eg Herren vil danne deg. Eg skal gjere deg til eit kar til mitt namns ære og for mitt rikes framgang. Dette kan ikkje du på menneskeleg vis. Men ved den Heilage Ande, så skal det skje når krafta kjem og bryt lenker og band. Og føre deg inn i eit land som flyt av melk og honning. Og du skal vite og kjenne at (Herren?), eg byrja, eg skal fullføre, for eg Herren, eg er din Gud. Halleluja.”

https://blessings-from-heaven.com/…/2023-06-24-husmote…

https://blessings-from-heaven.com/…/2023-11-2512-2-jesus…

TIL LAODIKEA

14 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea:

Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til Guds skaparverk: 15 Eg veit om gjerningane dine; du er korkje kald eller varm. Gjev du var kald eller varm! 16 Men du er lunka, ikkje kald og ikkje varm. Difor vil eg spytta deg ut or min munn. 17 «Eg er rik,» seier du, «eg har overflod og vantar ingen ting.» Men du veit ikkje at nett du er arm og ynkeleg, blind, fattig og naken. 18 Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er lutra i eld, så du kan verta rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å ha på augo dine, så du kan sjå.

19 Alle dei eg har kjær, refser og tuktar eg. Gjer alvor av å venda om! 20 Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.

21 Den som sigrar, han vil eg la sitja med meg på min kongsstol, liksom eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans kongsstol.

22 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

….

Når Jesus stifta nattverden, sa han at han skulle ikkje drikke denne vinen før han drikk den ny i riket til Faderen:

Matt.26,26 Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka, braut det og gav det til læresveinane og sa: «Ta dette og et det! Dette er min lekam.» 27 Så tok han ein kalk, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av den! 28 Dette er mitt blod, paktblodet, som vert utrent for mange til forlating for syndene. 29 Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta frå vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket åt Far min.»

Med nattverden forkynner vi Herrens død til dess han kjem.

1.Kor.11,23 Den natta Herren Jesus vart sviken, tok han eit brød, 24 takka og braut det og sa: «Dette er min lekam som er for dykk. Gjer dette til minne om meg!» 25 Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod. Så ofte som de drikk av han, så gjer det til minne om meg!» 26 For så ofte som de et dette brødet og drikk av kalken, forkynner de Herrens død til dess han kjem. 27 Den som et brødet og drikk Herrens kalk på urett vis, syndar mot Herrens lekam og blod. 28 Kvar og ein må prøva seg sjølv, og så skal han eta av brødet og drikka av kalken. 29 For den som et og drikk utan å tenkja på at det er Herrens lekam, han et og drikk seg sjølv til doms. 30 Difor er det mange veike og sjuke hjå dykk, og nokre sovnar av. 31 Men dømde vi oss sjølve, vart vi ikkje dømde. 32 Når vi vert dømde av Herren, vert vi refste, så vi ikkje skal verta fordømde saman med verda.

Slik har nattverden ei symbolsk betydning, vi tek imot brødet frå himmelen, det ordet han har tala til oss er ånd og liv, frå himmelen (Joh.6).

I brevet til engelen for kyrkjelyden i Laodikea sa han:

Joh.Op.3, 20 Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.

Slik er nattverden, ny i riket til Faderen. Slik er oppfyllinga av profetien:

Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.

21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»

22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:

Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han.

Slik får vi Guds rike i oss og mellom oss i dei evangeliske og karismatiske forsamlingane.

Dersom de vil sjå framover mot oppretting av tusenårsriket, så må det vel vere nettopp ved å ta del i nattverden og dersom de har vanskar for å innsjå det, er det berre å be Jesu om augesalve (Joh.Op.3,20).

https://blessings-from-heaven.com/…/2022-8-1114-salen…


Leave a comment