HUSHALDNINGAR.
Det tradisjonelle endetids-synet til pinsevennane og frie venner er kalla hushaldningslæra og dispensjonalismen, men eigentleg er der berre to moglege hushaldningar, bokstaven som slår i hel eller Anden som gjer levande.
I Bibelen ser vi at sola, månen og stjernene er brukt symbolsk, i visse tilfelle kan det tenkast at det skal forståast både symbolsk/åndeleg og bokstavleg/materielt. Som til dømes Joel.2 og Mark.15,33. Men dersom de kuttar ut den symbolske tolkinga, så misforstår de til samanlikning med ei som tilbad himmelhæren. Med ei slik misforståinga kjempa den Katolske Kyrkja mot den nye naturvitskapen.
I Bibelen er det tale om hushaldarar i kongehus og så brukar Jesus dei i to likningar om Guds rike, arbeidarane i vingaren (Matt.20,1..) og den uærlege men kloke hushaldaren (Luk.16,1..). Folket klaga på den uærlege hushaldaren, at han sløste vekk eigedomen, ho herren hans ville avsette han. For å fine seg inn med folket, reduserte han låna deira og var soleis endå meir uærleg og sløste endå meir. Likevel rosa Herren han for å vere klok. Det skal mykje fantasering og filosofering til for å begripe at ein verdsleg herre ville ha rosa han. Men slik er det med evangeliet om den nåden vi får i Kristus. Slik må vi forstå apostlane som kloke hushaldarar. Det kan vi lese om her Matt.24,45… Tit.1,7
1.Pet.4, 10 Ten kvarandre, kvar med den nådegåve han har fått, og ver gode hushaldarar over Guds mangfaldige nåde.
1.Kor.4, 1 Så skal de då halda oss for Kristi tenarar og hushaldarar over Guds løyndomar. 2 Og av hushaldarar krevst det at dei er true.
Gal.4, 1 Lat meg forklara dette. Så lenge ein arving er umyndig, er det ingen skilnad på han og trælen, endå han er herre over heile eigedomen. 2 Han står under formyndarar og hushaldarar til den tid far hans har fastsett. 3 Såleis var det med oss òg. Då vi var umyndige, var vi trælar under grunnkreftene i verda. 4 Men då tida var fullkomen, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinne, fødd under lova. 5 Han skulle kjøpa dei frie som var under lova, så vi kunne få barnekår. 6 Og sidan de er born, har Gud gjeve sin Sons Ande i hjarto våre, og Anden ropar: «Abba, Far!» 7 Difor er du ikkje lenger træl, men son. Og er du son, då er du òg arving, innsett av Gud.
Apropos hushaldningar, så er det dette det er spørsmål om. Slik er det berre to moglege hushaldningar for oss, då er det klart at det er om å gjere for oss å komme inn i fridomen i barnekåret. Alternativet er å prøve å halde oss attende i trælekåret.
DEI FYRSTE KRISTNE VART FORFØLGDE FORDI DEI IKKJE VILLE TILBE KEISAREN OG PÅ GRUNN AV HUSHALDNINGA DEIRA.
Dei fyrste kristne ville ikkje tilbe keisaren, derfor vart dei forfølgde. Men der var ein annan grunn til det også. Dei fyrste kristne fekk den reine visdomen frå Gud og forkynte den for kven som helst, gratis, utan betaling. Derfor stod dei sterkt i konkurransen med den tradisjonelle overklassa som hadde lang opplæring og vart betalt for å lære frå seg. Slik stod Paulus sterkt i konkurransen innad i kyrkjelyden også. Det verka som han fekk sterkare og sterkare konkurranse, så på slutten av sitt virke profeterte han om at han kom til å verte rydda vekk og då ville det vise seg at nokre av konkurrentane ville stå fram som grådige ulvar.
Ap.gj.20,28 Ta vare på dykk sjølve og på heile den hjord som Den Heilage Ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for! Ver hyrdingar for Guds kyrkjelyd, som han vann med sitt eige blod! 29 For eg veit at når eg er borte, vil det koma inn iblant dykk grådige ulvar, som ikkje sparer flokken. 30 Og mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fer med rang lære og vil lokka læresveinane med seg. 31 Så vak då, og kom i hug at eg i tre år, natt og dag, alt i eitt med tårer i augo talde for kvar einaste ein.
Kol.1, 24 No gleder eg meg over det eg må lida for dykk, og det som enno vantar i Kristi lidingar, utfyller eg på min eigen kropp; eg lid for hans lekam som er kyrkja. 25 Hennar tenar har eg vorte fordi Gud har sett meg til å gjera ein hushaldars gjerning hjå dykk: å fullføra tenesta med Guds ord, 26 den løyndomen som har vore duld i alle tider og for alle ætter, men som no er openberra for hans heilage. 27 Gud ville kunngjera for dei kor rik og herleg denne løyndomen er for folkeslaga: Kristus mellom dykk, von om herlegdom! 28 Han er det vi forkynner. Og vi rettleier og underviser alle menneske i den fulle visdom, så vi kan føra kvart menneske fram til mognad i Kristus. 29 For å nå dette målet arbeider og strider eg i hans kraft som verkar i meg med styrke.
Ef.1, 1 Difor bøyer eg mine kne, eg, Paulus, som no er Jesu Kristi fange for dykkar skuld, de heidningar. 2 De har høyrt om den nåden Gud har gjeve meg, at eg skal vera ein hushaldar hjå dykk over den løyndomen 3 som vart kunngjord for meg i ei openberring. Dette har eg med nokre få ord skrive om ovanfor. 4 Og når de les det, kan de skjøna kor vel eg kjenner Kristi løyndom. 5 I farne ætter fekk ikkje menneska vita om denne løyndomen, men no har han ved Anden vorte openberra for hans heilage apostlar og profetar: 6 at heidningane er medarvingar; dei høyrer med til same lekamen og har del i lovnaden – i Kristus Jesus og ved evangeliet. 7 Og eg vart ein tenar for evangeliet då Gud greip inn med si kraft og gav meg si nådegåve.
1.Kor.9, 1 Er eg ikkje fri? Er eg ikkje apostel? Har eg ikkje sett Jesus, vår Herre? Er ikkje de mitt verk i Herren? 2 Er eg ikkje apostel for andre, så er eg det i alle fall for dykk. For de er seglet på apostelembetet mitt i Herren. 3 Dette er mitt forsvar mot dei som dømer meg. 4 Har ikkje vi òg rett til å få mat og drikke? 5 Har ikkje vi òg rett til å ha med oss ei truande kone, liksom dei andre apostlane og Herrens brør og Kefas? 6 Er det berre eg og Barnabas som ikkje har rett til å sleppa å arbeida? 7 Kven er soldat på eigen kostnad? Kven plantar ein vingard utan å få eta av frukta? Eller kven gjæter ein buskap utan å drikka av mjølka frå denne buskapen? 8 Talar eg dette berre ut frå menneskeleg tankegang? Seier ikkje lova det same? 9 I Moselova står det: Du skal ikkje setja muleband på ein okse som treskjer. Men er det oksane Gud har omsut for? 10 Er ikkje dette sagt med tanke på oss? Jau, det er for vår skuld det er skrive. For den som pløyer, skal gjera det med von, og den som treskjer, skal gjera det med von om å få sin del. 11 Har vi sått dei åndelege ting hjå dykk, er det då for mykje om vi haustar dykkar timelege ting? 12 Om andre har denne retten hjå dykk, skulle ikkje vi ha han endå meir? Men vi har ikkje nytta denne retten. Vi finn oss i alt, så vi ikkje skal leggja noko hinder for Kristi evangelium. 13 Veit de ikkje at dei som gjer teneste i templet, lever av det som kjem inn til templet, og at dei som tener ved altaret, får sin del av det som vert ofra? 14 På same måten har Herren fastsett at dei som forkynner evangeliet, skal leva av evangeliet.
15 Men eg har ikkje nytta nokon av desse rettane. Eg skriv heller ikkje no for å gjera krav på dei. Eg ville heller døy enn at nokon skulle ta frå meg dette som eg er byrg av. 16 For om eg forkynner evangeliet, så er ikkje det noko å rosa seg av; det er eg nøydd til å gjera. Ve meg, om eg ikkje forkynner evangeliet! 17 Gjer eg det friviljug, då har eg krav på løn. Men gjer eg det fordi eg må, då er det ein hushaldars oppgåve som er meg pålagd. 18 Kva er så mi løn? Jau, at eg forkynner evangeliet for inkje og ikkje nyttar dei rettar evangeliet gjev meg.
19 Endå eg er fri og ikkje træl for nokon, har eg gjort meg til træl for alle for å vinna så mange som råd.
HEILAGGJERINGA.
Paulus var hushaldar for Guds nåde og lærer oss at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Med heilaggjeringa ved Guds Ord og Guds Ande framstilte han kyrkjelyden for Kristus som ei rein brud.
2.Kor.11, For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.
1.Tess.4, 2 De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande
Sjølvsagt vil den unge mannen prøve å vinne seg ei kone og her er det sagt at han skal gjere det i helging. Då skal ikkje nokon prøve å lure han. Men i denne siste tida har det vist seg at der er mykje utspekulert maktinteresse nettopp i å lure han på det. Så det har vorte proklamert ope som protest mot Paulus si lære. Det er som om de vil erstatte han med Judas og den Duglause Hyrdingen. Då er det ikkje rart om de får vanskar med å sjå at Kristus er kongen i Guds rike (Salme.45).
NÅR JESUS KJEM ATT, SKAL HAN TYNE DEN LOVLAUSE MED PUSTEN AV SIN MUNN. DET ER BÅDE EIN LANGDRYG PROSESS OG EI MOMENTAN HENDING.
Paulus sa at oppstoda enno ikkje hadde vore, til tross for at der var nokre som stod opp frå dei døde når Jesus døde på korset, men han talar om oppstoda frå dei døde når Jesus kjem att, så det vert til vitne for alle, det kjem uventa men vert som når lynet går ut frå aust og skin like til vest, synleg for alle. Men han skal komme att og tyne den Lovlause med pusten frå sin munn (2.Tess.2), som når han pusta på disiplane sine og sa at dei skulle ta imot den Heilage Ande, så det er ved utgyting av den Heilage Ande, soleis er det også tale om ein langdryg prosess. Dei skulle sjå at han var med dei alle dagar og slik skal vi vende blikket opp til han og sjå at han kjem med himmelskyene (den Heilage Ande) inntil han vert synleg for alle. Der kjem ein dommedag, men det er likevel litt rart med dommedagsprofetane som skremde folk, for vi skal trøyste kvarandre med denne bodskapen, dessutan er det dette all skapningen lengtar fram mot, ikkje berre menneske altså (Rom.8,18-27).
Kven var det som måtte rydjast vekk, for at den Lovlause må stå fram? Paulus sa at dei visste det. Kvifor skreiv han det ikkje eksplisitt då? Fordi det var han sjølv, han fekk vite det og fortalde det til kyrkjelyden. Jesus hadde valt han til apostel i staden for Judas, alias “den Duglause Hyrdingen”, sjå Sak.11. Men så skulle der komme ein ny versjon av “den Duglause Hyrdingen”, jf. Paven med avlatshandelen. Den som skulle rydjast vekk var den nytestamentlege versjonen av den jødiske øvstepresten, sjå Joh.Op.11 og sjå det på bakgrunn av Sak.3-4.
Det som særmerker tusenårsriket er at prestetenesta i den nye pakta kjem til sin rett. Med den vert Guds tempel og Guds trone bygt for menneska, men Gud tempel må då framleis vere Jesu kropp, Jesu brud, sjølv om det ikkje er sagt eksplisitt. Jesu evangelium er eit evig evangelium, alle som tek imot vert oppskrivne i Lammets bok og får komme inn i det Nye Jerusalem på den nye Jorda og det er Lammets brud.
ETTER AT KRISTUS STOD OPP FRÅ DEI DØDE, TOK HAN PÅ SEG HEMENS KLEDNAD.
Jesaja.59, Difor er retten unnatrengd,
rettferda står langt borte.
På torget er sanninga fallen,
og det rette vinn ikkje fram.
15 Truskapen er borte,
og den som held seg frå vondskap,
vert plyndra.
at det ikkje var retten som rådde.
16 Han såg at ikkje ein steig fram,
og undra seg over
at ingen førte hans sak.
Då kom hans arm han til hjelp,
hans rettferd stødde han.
17 Han tok rettferd på seg til brynje
og sette frelseshjelm på sitt hovud.
Så kledde han seg i hemnens klednad
og sveipte om seg brennhug til kappe.
18 Han løner folk etter det dei har gjort,
med harme mot uvener, hemn over fiendar;
jamvel mot øyar og strender
gjer han attergjeld.
19 Dei skal ottast Herrens namn i vest
og hans herlegdom i aust.
For han kjem som ein veldig flaum,
som Herrens storm driv fram.
20 Han kjem som utløysar for Sion,
for dei som snur om frå synd i Jakob,
lyder ordet frå Herren.
21 Dette er den pakt som eg vil gjera med dei, seier Herren: Min Ande som er over deg, og mine ord som eg har lagt deg i munnen, skal aldri, frå no og til evig tid, vika frå din munn og heller ikkje frå munnen åt borna og barneborna dine, seier Herren.
KLE OSS I GUDS FULLE RUSTNING, TIL EIGE FORSVAR.
Paulus la saka si fram for keisaren og dit vart han send. Han hadde sagt til kyrkjelyden at dei skulle kle seg i Guds fulle rustning, det var til eige forsvar, men her finn vi igjen same «våpena» som Jesus tok på seg for å kle seg i hemnens klednad.
Ef.6, 10 Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. 19 Bed for meg òg, at eg må få dei rette ord når eg skal tala, så eg med frimod kan forkynna løyndomen i evangeliet, 20 som eg er sendebod for her i fengslet òg. Bed om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.
Djevelen og dei vonde åndsmaktene prøver å få makt over menneska med klagemålet sitt, men må halde seg langt vekke, heilt ut i horisonten. Kor langt borte er det? Det kjem an på kor høgt oppe du er. Men når vi har teke imot nåden Gud gir oss i Kristus, fått tilgiving for syndene og vorte reinsa i hans blod, så let han syndene våre ver så langt bort frå oss som aust er frå vest.
Salme103, 11 Så høg som himmelen er over jorda,
så stor er Herrens nåde
over dei som ottast han.
12 Så langt som aust er frå vest,
så langt tek han våre synder bort frå oss.
ÅNDELEG OG MATERIELL TOLKING AV DOMEDAG.
MATT.24.
For det første har vi i Johannes Openberring ei symbolsk/åndeleg tolking av sola og månen og stjernene som skal falle ned frå himmelen, sjå til dømes Joh.Op.9,2 & Joh.Op.12. I Matt.24,9 er det også tale om kreftene i himmelrømda, kvifor akkurat der? Fordi det er der åndskampen føregår (Ef.6,12). Igjen ei symbolsk tolking altså.
Matt.24,27 For liksom lynet går ut frå aust og lyser radt til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem. 28 Der åtselet er, vil gribbane samlast.
29 Så snart denne trengselstida er over, skal sola mørkjast og månen missa sitt ljos. Stjernene skal falla ned frå himmelen og kreftene i himmelrømda skakast. 30 Då skal teiknet åt Menneskesonen syna seg på himmelen, og alle folk på jorda skal setja i med klagerop; og dei skal sjå Menneskesonen koma på himmelskyene med stor makt og herlegdom. 31 Medan luren ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal samla dei han har valt seg ut, frå heimsens fire hjørne, frå himmelbryn til himmelbryn.
Men at stjernene skal falle ned, kan også vere eit astroidenedslag. Ormen vart dømd til å krype på buken, det refererer til utryddinga av dinosaurane for 62-65 millionar år sidan. Det skjedde ved eit astroidenedslag. Og det vert brukt som førebilete på dommedag.
Peter talar om Jesu gjenkomst og domedag som ei så dramatisk hending at denne jorda er spart til elden, verdens undergang altså.
2.PET.3 & OP.20.
2.Pet.3,7 Men dei himlar og den jord som no er, har dette Guds ord spart til elden; dei vert haldne oppe til domedag då dei gudlause skal gå fortapt.
8 Men ein ting må de ikkje gløyma, de kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag. 9 Det er ikkje så som somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal nå fram til omvending. 10 Men Herrens dag skal koma som ein tjuv. Då skal himmelen forgå med eit brak, elementa skal koma i brann og løysast opp, og jorda og alle gjerningane som er gjorde på jorda, skal koma fram i ljoset.
11 Når no alt dette skal gå i oppløysing, kor heilagt og gudfryktig må de ikkje då leva, 12 medan de ventar på at Guds dag skal koma, og skundar han fram. Då skal himlane øydast i eld og elementa brenna og bråna. 13 Men vi ser fram til det han har lova: ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur.
Her ser det verkeleg ikkje ut til at det er plass til noko tusenårsrike etter at han kjem att. Det sentrale og viktige poenget her er å innvie seg til å leve for Kristus, det skal gi oss eit meiningsfullt og verdifullt liv her og no, samtidig som vi samlar oss skattar i himmelen. Så uansett får vi eit meiningsfullt og verdifullt liv her og no, same enten vi lever til han kjem att eller ikkje. Dei som tenker som so at alle dei som har levt tidlegare og venta på hans gjenkomst og ikkje fekk oppleve det, vart lurte og skuffa, så har dei misforstått. Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, fordi Guds kjærleik er utrent i våre hjarte ved den Heilage Ande, som er oss gitt. Derfor har vi frimod på dommedag, den fullkomne kjærleiken driv angsten ut (1.Joh.4,17-19).
Det er i alle fall noko i profetiane Matt.24 og 2.Pet.3 som høver best med den endelege domen i Joh.Op.20.
Joh.Op.20,9 Dei drog opp til høgsletta på jorda og kringsette leiren til dei heilage og den byen som var elska. Men det fór eld ned frå himmelen og gjorde ende på dei. 10 Og djevelen, som hadde forført dei, vart kasta i sjøen med eld og svovel, der dyret og den falske profeten er. Der skal dei pinast dag og natt i all æve.
Domen
11 Eg såg ein stor, kvit kongsstol og han som sat på stolen. Jorda og himmelen kvarv for hans åsyn, og dei fanst ikkje meir.
Men her er det ikkje tale om Jesu gjenkomst.
Vi må sjå Johannes Openberring på grunnlag av tidlegare profetiar og det er ikkje lett. Daniel fekk vite at profetboka var forsegla til endetida, så han fekk ikkje vite meir. Men apostelen Johannes fekk ta over stafettpinnen etter Daniel, for Lammet som var slakta, var verdig til å ta imot profetboka og opna det eine seglet etter det andre, så Johannes fekk nye profetiar om endetida. Så Johannes Openberring gir oss betre innsikt i tidlegare profetiar og blir ein fasit.
Det viser også at vi må audmjuke oss for Kristus slik som Johannes (Op.1) og lovprise Gud og Lammet slik som vi ser i Op.4-5, for å få openberring og innsikt i det.
KLE DEG I GUDS FULLE RUSTNING. LØFT SIGERSMERKET.
Langfredag 2019 talte Tore Kristiansen om å kle seg i Guds fulle rustning og etterpå kom denne bodskapen gjennom tyding av tungetale:
«Løft seiersmerket, fra den stad du befinn deg, i det omstendet du er, løft sigersmerket, det er kva eg gjorde på korset. Påkall mitt namn og la det få lov til å lyde, så skal du få lov til å kjenne krafta frå korset, krafta frå den Heilage Ande, den skal setje deg fri, løfte deg opp og gi deg forløysing. For du treng utfriing og utfriinga du treng, den har eg til deg. Den er blodkjøpt på korset, den er blodkjøpt på det verket eg gjorde. Derfor takk meg for blodet, takk meg for forsoninga, det er alt saman gjort til din eigedom.
Bry deg ikkje om andre meiner, men sjå til at ditt hjerte er i rett forhold til meg. Tenk ikkje på alt det som har vore, men sett ein strek over di fortid, så skal eg, Herren, gjere alle ting nye. For i dag skal eg hjelpe deg, i kveld skal eg fornye deg. No er den velbehagelege tid. Derfor, lov meg og pris meg, så skal du få kjenne at det som du trudde var tapt, det skal eg vekke til live igjen og atter ein gong skal du vere med i kampen, endå ein gong skal du gå ut i dansen med dei glade, for eg, Herren, eg fornyar deg og gjennoppliver deg. Halleluja.»

