Den som likar så godt å forbanne.
Bilde-tekst: Pergamonaltaret.
Kong David talte om dei gudlause som fer med lygn og svik, ein som likte så godt å forbanne.
Eg rekar med han tenkte på Sjimi og Akitofel, når David måtte røme for son sin Absalom, men sikkert fleire med dei.
2.Sam.16, 7 Sjimi forbanna han og ropa: «Bort med deg! Bort med deg, din blodhund, ditt illmenne!
2.Sam.17, 23 Då Akitofel såg at rådet hans ikkje vart fylgt, sala han eselet sitt, sette seg på det og reid heim til sin eigen by. Han ordna med alt i huset sitt, og så hengde han seg. Såleis døydde Akitofel, og han vart gravlagd i grava åt far sin.
Slik vart Akitofel eit førebilete på Judas.
Salme 109,1 Til korleiaren. Av David. Ein salme.
Min Gud, som eg lovsyng, ver ikkje tagal!
2 No opnar dei gudlause munnen,
ein svikefull munn, imot meg.
Dei talar til meg med lygnartunge,
3 kringset meg med hatefull tale
og strider mot meg utan grunn.
4 Til løn for min kjærleik
klagar dei meg; men eg bed.
5 Dei løner godt med vondt
og gjev meg hat for min kjærleik.
6 Gjev min motstandar over til ein gudlaus,
lat ein klagar stå ved hans høgre side!
7 Lat han gå domfelt frå retten,
lat hans bøn verta halden for synd!
8 Lat hans levedagar verta få
og ein annan ta hans embete!
9 Lat borna hans verta farlause
og kona hans enkje!
10 Lat borna flakka ikring og be seg,
gå tiggargang frå øydelagd heim.
11 Alt han eig, skal ein ågerkar ta,
framande skal rana frukta av hans strev.
12 Ingen skal visa han truskap meir
eller ynkast over hans farlause born.
13 Hans etterkomarar skal rydjast ut,
deira namn skal strykast i neste ættled.
14 Herren skal minnast hans fedrars skuld,
synda åt mor hans skal ikkje takast bort.
15 Herren skal alltid ha dei for auga,
minnet om dei skal rydjast ut frå jorda.
16 For han tenkte aldri på å visa truskap,
men forfylgde dei arme og fattige,
og dei motlause ville han drepa.
17 Han elska å forbanna
– lat forbanning råka han sjølv!
Han lika ikkje å velsigna
– lat han aldri få velsigning!
18 Han tok forbanning på som ein kledning
– lat henne trengja inn i hans kropp som vatn,
i hans bein som olje!
19 Lat henne verta som ei kappe han sveiper seg i,
som eit belte han alltid bind om seg!
20 Lat dette vera Herrens løn
til dei som klagar meg
og talar vondt imot meg!
21 Men, Herre, du min Herre,
gjer vel imot meg for ditt namn skuld!
Berga meg i din godleik og truskap!
22 For eg er arm og fattig,
mitt hjarta er såra i min barm.
23 Eg kverv som skuggen når dagen hallar;
som ei grashoppe vert eg sopt bort.
24 Knea sviktar fordi eg fastar,
min kropp turkar inn fordi han ikkje får olje.
25 Eg har vorte til spott for dei,
dei rister på hovudet når dei ser meg.
26 Hjelp meg, Herre, min Gud,
frels meg i di miskunn!
27 Så skal dei merka di hand bak dette
og skjøna at du har gjort det, Herre.
28 Om dei forbannar, velsignar du.
Om dei reiser seg mot meg, vert dei til skammar,
og din tenar kan gleda seg.
29 Lat mine fiendar kle seg i vanære
og sveipa seg i skam som i ei kappe!
30 Så vil eg takka Herren med lovsong,
midt i mengda vil eg prisa han.
31 For han står attmed den fattige,
vil hjelpa han mot dei so m dømer han.
Vers 6-8 og 17-19 liknar på Judas. Så salmen minner om Jesus, det er som om han tok over for David ved å døy i staden for han, v 4-5 & 25-31, så det vart ein profeti som gjekk i oppfylling.
Striden om bygging av tempelet og om prestetenesta.
Klagemålet mot øvstepresten.
Men i Sak3 vert Djevelen ståande ved høgre sida av øvstepresten Josva og føre klagemål mot han (Jfr. Salme 109,6).
Sak.3,1 1 Så lét han meg sjå Josva, øvstepresten, som stod framfor Herrens engel, medan Satan stod på høgre sida hans og førte klagemål mot han. 2 Herren sa til Satan: «Gjev Herren må visa deg til rettes, Satan! Ja, gjev Herren, som har valt ut Jerusalem, må visa deg til rettes! Er ikkje denne mannen ein brand, riven ut or elden?» 3 Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen. 4 Og engelen sa til dei som stod framfor han: «Ta av han dei skitne kleda!» Til Josva sa han: «Sjå, eg tek bort syndeskulda di og kler deg i høgtidsbunad.»
Øvstepresten skal sigre saman med Kristus.
Sak.3,5 Då sa eg: «Set ein rein turban på hovudet hans!» Og dei sette ein rein turban på hovudet hans og tok på han kleda, medan Herrens engel stod der. 6 Då gav Herrens engel denne lovnaden til Josva:
7 Så seier Herren, Allhærs Gud:
Går du på mine vegar
og rettar deg etter det eg har fastsett,
skal du få styra mitt hus
og vakta mine føregardar,
og eg vil gje deg tilgjenge
saman med dei som gjer teneste her.
8 Høyr no, Josva, øvsteprest!
Du og embetsbrørne dine,
som sit framføre deg,
de er varselsmenn.
For sjå, eg lèt min tenar Renning koma.
9 Ja, på den steinen eg har lagt framfor Josva,
på denne eine steinen med sju augo
ritar eg den innskrift som skal stå,
lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
På ein einaste dag vil eg ta bort
den skuld som kviler på dette landet.
10 Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud,
skal de be kvarandre til gjestebod
under vintre og fikentre.
Sak.6,11 Og ta imot sølv og gull og lag kroner! Kron så Josva Jehosadaksson, øvstepresten, 12 og sei til han:
Så seier Herren, Allhærs Gud:
Sjå, det kjem ein mann,
hans namn er Renning,
under han skal det renna og gro.
Han skal byggja Herrens tempel,
13 ja, han skal byggja Herrens tempel.
Han skal vinna ære og makt.
På sin kongsstol skal han sitja og styra;
ved hans kongsstol skal det vera ein prest,
og mellom dei skal det rå fred.
14 Kronene skal vera i Herrens tempel til minne om Helem, Tobia, Jedaja og Hen, son til Sefanja.
15 Folk skal koma frå land langt borte
og vera med og byggja Herrens tempel.
Då skal de sanna
at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til dykk.
Dette skal henda dersom de lyder
ordet frå Herren dykkar Gud.
Dei to tempelvitna i Joh.Op.11.
Han og embetsbrørne han var førebilete på prestetenesta i den nye pakta. Serubabel var byggherren som leia arbeidet med på bygge tempelet.
Sak.4, 1 Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein mann vert vekt or svevnen. 2 Han spurde meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein ljosestake som er av gull heilt igjennom. På toppen har han ei oljeskål og sju lamper med sju røyrer til kvar av lampene, som sit øvst på han. 3 Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre for oljeskåla og eitt til venstre.» 4 Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva tyder dette, herre?» 5 Engelen som tala med meg, sa: «Veit du ikkje kva dette tyder?» Eg svara: «Nei, herre.» 6 Då tok han til ords og sa til meg:
Dette er Herrens ord til Serubabel:
Ikkje med makt og ikkje med kraft,
men med min Ande,
seier Herren, Allhærs Gud.
7 Kven er vel du, du mektige fjell?
Framfor Serubabel skal du verta ei slette.
Han skal føra fram toppsteinen,
medan dei ropar:
«Nåde, nåde vere med han!»
8 Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
9 Serubabels hender har tufta dette huset,
og hans hender skal fullføra det.
Då skal du sanna
at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til dykk.
10 Ja, alle som har vanvørdt
den dagen då det tok til i det små,
skal gleda seg når dei får sjå
blyloddet i Serubabels hand.
– Dei sju, det er Herrens augo
som fer over heile jorda.
11 Då tok eg til ords og spurde han: «Men kva tyder dei to oliventrea som står til høgre og til venstre for ljosestaken?» 12 Atter tok eg til ords og spurde: «Kva tyder dei to olivengreinene attmed dei to gullrøyrene som leier den gylne oljen ned frå dei?» 13 Han sa til meg: «Veit du ikkje kva dei tyder?» «Nei, herre,» svara eg. 14 Då sa han: «Det er dei to som er salva med olje. Dei står framfor han som er herre over all jorda.»
Det skjer berre ved Guds Ande, så det er eit åndeleg byggverk.
1.Pet.2, 1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.
4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:
Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,
som er utvald og dyrverdig;
den som trur på han,
skal ikkje verta til skammar.
7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.
9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.
Slik er tenestene til Josva og Serubabel førebilete prestetenesta og byggetenesta i den nye pakta. I Joh.Op.11 ser vi at det framleis er strid om det.
Profetiar om den øydande styggedomen.
Både Daniel og Kristus profeterte om den øydande styggedomen og vi finne det igjen i Johannes Openberring.
Bukken med det store hornet i Daniel 8. Aleksander den Store og Antiokus 4. Epifanes,
Daniel.8,1 I det tredje året Belsasar var konge, fekk eg, Daniel, eit syn; det kom ei tid etter det førre. 2 I dette synet såg eg at eg var i Susa-borga i provinsen Elam, og at eg var attmed Ulai-elva.
3 Då eg såg opp, fekk eg auga på ein ver som stod attmed elva. Han hadde to horn. Begge var store, men det eine var større enn det andre, og det største voks fram sist. 4 Eg såg veren stanga mot vest, mot nord og mot sør. Det fanst ikkje dyr som kunne stå seg mot han, og ingen kunne berga or hans vald. Veren bar seg åt som han ville, og fekk stor makt.
5 Medan eg stod og såg på dette, kom det ein bukk frå vest. Han fór fram over heile jorda utan å koma nær marka. Bukken hadde eit stort horn i skallen. 6 Han kom bort til veren med dei to horna, den eg såg attmed elva, og fór imot han med styrlaus kraft. 7 Eg såg korleis han kom heilt bort til veren, stanga til han i sinne og braut begge horna hans. Veren hadde ikkje kraft til å stå seg imot han. Bukken kasta han til jorda og trakka på han, og ingen kunne berga veren frå hans makt.
8 Bukken fekk stor makt. Men nett då han var på det sterkaste, vart det store hornet avbrote, og det voks opp fire andre horn i staden, eitt for kvar av dei fire himmelretningane. 9 Frå eitt av desse skaut det fram eit nytt lite horn. Det voks seg større og større, mot sør og mot aust og mot det fagre landet. 10 Det voks heilt opp til himmelhæren, og det kasta nokre av denne hæren og av stjernene ned på jorda og trakka på dei. 11 Jamvel mot hovdingen over hæren briska det seg. Det tok frå han det daglege offeret, og staden der heilagdomen hans står, vart vanæra. 12 Det reiste seg mot Gud og skipa til ei gudsdyrking i strid med det daglege offeret. Hornet kasta sanninga til jorda, og det hadde lukka med seg i alt det tok seg føre.
13 Så høyrde eg ein av dei heilage tala, og ein annan heilag spurde han som tala: «Kor lenge gjeld synet om det daglege offeret og den øydeleggjande synda, og kor lenge skal heilagdom og gudsdyrking gjevast over til nedtrakking?» 14 Han sa til meg: «Til dess det har gått to tusen tre hundre kveldar og morgonar. Då skal heilagdomen få att sin rett.»
15 Då eg, Daniel, hadde hatt dette synet og freista å skjøna det, stod det brått framfor meg ein skapnad som såg ut som ein mann. 16 Og over Ulai høyrde eg ei menneskerøyst som ropa: «Gabriel, forklar synet for denne mannen!» 17 Så kom han bort til den staden der eg stod, og då han kom, vart eg redd og kasta meg ned med andletet mot jorda. Han sa til meg: «Høyr, menneske! For synet gjeld endetida.» 18 Medan han tala til meg, låg eg sanselaus med andletet mot jorda. Men han tok i meg, reiste meg opp 19 og sa:
«No vil eg la deg få vita kva som skal henda når det lid til endes med vreiden; for synet gjeld endetida. 20 Veren du såg, den som hadde to horn, er kongane i Media og Persia. 21 Den raggete bukken er kongen i Javan. Det store hornet han hadde i skallen, er den fyrste kongen. 22 Når dette hornet vart avbrote, og det voks opp fire andre i staden, tyder det at det skal koma fire kongerike av folket hans, men dei skal ikkje ha same kraft som han. 23 Ved slutten av herredømet deira, når brotsmennene har fylt syndemålet sitt, skal det stå fram ein konge med hardt andlet og sleip tunge. 24 Han skal få stor makt, men ikkje ved eiga kraft. Han skal gjera uhyggjeleg skade og ha lukka med seg i det han tek seg føre. Han skal gjera ende på mektige menn og folket av dei heilage. 25 Fordi han er klok, skal svikarferda lukkast for han. Han skal vera stor i eigne tankar og rydja ut mange når dei minst ventar det. Han skal reisa seg mot hovdingen over hovdingane og verta knust, men ikkje ved menneskehand. 26 Det er sant, dette synet om kveldar og morgonar som her er fortalt. Du skal gøyma på synet, for det peikar langt fram i tida.»
27 Eg, Daniel, var sjuk i fleire dagar. Så stod eg opp og gjorde mi teneste hjå kongen. Eg var lamslegen av synet og skjøna det ikkje.
Det store hornet i skallen på bukken er Aleksander den Store. I vers 24-26 er det tale om Antiokus 4. Epifanes.
70 veker til profetordet vart stadfest, ei evig rettferd ve Kristus. Daniel 9.
Daniel.9,20 Medan eg endå tala og bad og sanna mi eiga synd og synda åt Israel, folket mitt, og bar fram for Herren min Gud ei inderleg bøn for min Guds heilage fjell, 21 ja, medan eg endå heldt på å be, kom Gabriel, den mannen eg før hadde sett i synet, og flaug heilt bort til meg. Det var på den tid kveldsofferet skulle berast fram. 22 Han ville læra meg og sa: «Daniel, no er eg komen og vil gje deg fullt skjøn. 23 Då du tok til å be, gjekk det ut eit ord, og eg er komen og vil kunngjera deg det; for du er elska av Gud. Så merk deg ordet og gjev akt på synet!
24 Sytti veker er fastsette
for ditt folk og din heilage by
før vondskapen har nått sitt mål,
før synda tek slutt.
Då vert skulda utstroken,
det kjem ei evig rettferd,
det profetane såg, vert stadfest,
og Det høgheilage vert salva.
25 Du skal vita og skjøna: Frå den tid det ordet gjekk ut at folket frå Jerusalem skulle førast attende og byen byggjast opp att, og til det kjem ein som er salva, ein fyrste, skal det gå sju veker. I 62 veker skal så byen stå der atterreist og oppattbygd med gater og vollgraver. Men tidene skal vera harde. 26 Etter desse 62 vekene skal den salvevigde rydjast or vegen og ikkje meir vera til.
Byen og heilagdomen skal øydeleggjast
av hæren åt ein fyrste som kjem.
Han skal enda sine dagar i ein flaum.
Den fastsette øydelegging
skal vara til krigen er slutt.
27 Éi veke gjer han pakta tung for mange,
midt i veka gjer han ende
på slaktoffer og grødeoffer.
På styggedoms venger
kjem det ein som herjar,
heilt til den fastsette øydelegging
strøymer ned over øydaren sjølv.»
Kva betyr desse 70 vekene? Det skulle gå 70 år før jødane fekk komme heim att til landet sitt. Allereie når Jeremias profeterte dette, gjekk det ut eit ord om det, men eg trur det er sikta til at Kyrus gav beskjed om at dei skulle få vende heim. Jerusalem fall i 587 f.Kr. Kyros var konge i Persia 559-529 f.Kr. Jødane fekk vende heim att i 538 f.Kr, etter 49 år altså. Skulle det gå 70 år, skulle det ikkje skje før i 517 f.Kr. Tempelet vart gjenreist i 520-515 f.Kr, men der var ein del strid om det.
70 år etter Jerusalems fall, var Dareios 1 konge i Persia. Men i Daniel.9 ser det ut til at dei 70 åra har vorte til 70 veker. I kommentarane i NB94 vert ei veke rekna for å vere 7 år, så 70 veker blir altså 490 år og 490 f.Kr Dette blir uansett ikkje nøyaktig. Etter dette blir 70 år til ti veker. Ei slik tolking finn vi ikkje i kommentarane i BS79/85.
Kva er poenget med å snakke om veker, når det er over 500 år? Det får meg til å tenke på at gud kvilte den sjuande dagen, så det er 70 kviledagar og Gud ville føre folket sitt inn til si kvile. Når Peter spurde om det var nok å tilgje 7 gangar, svarde Jesus 70 ganger sju, like mange gangar som det er dagar i 70 veker altså.
Kven er det som kjem etter 62 veker då? Det må vel vere Antiokus 4. Epifanes. Han var konge i Syria 175-164 f.Kr.
NB: Norsk Bibel.
BS: Bibelselskapet.
Motstand frå fyrsten over Persia.
Herren måtte kjempe mot kongane i Persia, det er vel dette vi les om i Esters bok, Esra og Nehemja.
Daniel.10,13 Fyrsten over Persarriket gjorde motstand mot meg i 21 dagar. Då kom Mikael, ein av dei fremste hovdingane, og hjelpte meg. Eg gjekk frå han der hjå persarkongen. 14 No er eg komen og vil la deg få vita kva som skal henda folket ditt i dei siste dagar. For dette er endå eit syn som gjeld dei dagane.»
15 Medan han tala såleis til meg, bøygde eg hovudet og stod mållaus. 16 Men sjå, ein som var lik eit menneske, tok på lippene mine. Då eg opna munnen, kunne eg tala. Og eg sa til han som stod framfor meg: «Herre, synet har teke så på meg at all mi kraft er borte. 17 Korleis skulle eg, den ringe tenaren åt herren min, kunna tala med ein herre som deg? Kreftene sviktar, og eg kan ikkje pusta lenger.»
18 Han som var lik eit menneske, tok atter i meg og styrkte meg. Han sa: «Ver ikkje redd, du som er elska av Gud. Fred vere med deg! Ver frimodig og sterk!» Og då han tala med meg, fekk eg att styrken, og eg sa: «Tal, herre! For du har styrkt meg.» 19 Då sa han: «Veit du kvifor eg er komen til deg? No må eg nok fara attende og strida mot fyrsten over Persia. Og når eg det har gjort, kjem fyrsten over Javan. 20 Men eg skal fortelja deg det som er skrive i Sanningsboka. Det finst ikkje ein som hjelper meg mot dei, utan Mikael, hovdingen dykkar.
Den Duglause Hyrdingen.
I Sak.11 er det tale om den Duglause Hyrdingen som gjette slaktesauene for sauehandlarane. Han viste dei ikkje lengre miskunn og det hang saman med at han og dei var så pengegriske, så Judas vart prototypen på den Duglause Hyrdingen.
Sak.11, 4 Så har Herren min Gud sagt: «Gjæt sauene som skal slaktast!» 5 Dei som kjøper dei, slaktar dei utan å bøta for det, og dei som sel dei, seier: «Lova vere Herren, eg vart rik!» Og deira eigne hyrdingar sparer dei ikkje. 6 «For eg vil ikkje lenger spara folket i landet,» lyder ordet frå Herren. «Sjå, eg vil la menneska falla i hendene på kvarandre og i hendene på kongen deira; dei skal herja landet, og eg vil ikkje berga nokon ut or deira hand.»
7 Så gjætte eg slaktesauene for sauehandlarane. Eg tok meg to stavar; den eine kalla eg Godvilje, den andre kalla eg Samband, og eg gjætte sauene. – 8 Eg rudde or vegen dei tre hyrdingane på ein månad.
Men eg miste tolmodet med dei, og dei fekk uvilje mot meg òg. 9 Eg sa: «Eg vil ikkje gjæta dykk. Dei som held på å døy, får døy; dei som går til grunne, får gå til grunne; og dei som er att, får eta kvarandre opp.» 10 Så tok eg staven min Godvilje og braut han av; eg ville løysa opp den pakta som eg hadde gjort med alle folkeslaga. 11 Og ho vart oppløyst den dagen. Sauehandlarane som vakta på meg, skjøna då at dette var Herrens ord.
12 Eg sa til dei: «Om de så synest, så gjev meg løna mi; om ikkje, så lat det vera!» Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke. 13 Men Herren sa til meg: «Ta pengane og kast dei til smeltaren, den herlege summen som dei har verdsett meg til.» Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, til smeltaren. 14 Så braut eg av den andre staven, Samband; eg ville bryta brorskapen mellom Juda og Israel.
15 Herren sa til meg: «Bu deg atter som ein hyrding, ein duglaus hyrding! 16 For sjå, eg vil reisa opp ein hyrding i landet, ein som
ikkje ser etter dei som går seg bort,
ikkje leitar etter dei som går seg vilt,
ikkje lækjer dei som er skadde,
ikkje syter for mat til dei friske,
men et kjøtet av dei feite dyra
og riv klauvene av dei.»
17 Ve den duglause hyrdingen min,
som går bort frå sauene!
Sverd mot armen og høgre auga hans!
Armen hans skal visna bort,
og det høgre auga sløkkjast ut.
Dette strekker seg langt bak i tid, heilt ifrå jødane fall ifrå Davids-ætta. Og kor langt fram i tid?
Matt.24.
Matt.24,15 Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! – 16 då må dei som er i Judea, røma til fjells; 17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset; 18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20 Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat! 21 For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta. 22 Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare.
Daniel 8-12 samanlikna med Joh.Op.11 & 12.
Det ser ut til at i Joh.11-12 finn vi fortsettinga av Daniel 8,9-12.
I Daniel.8,17… & 9,21…. er det engelen Gabriel som talar til Daniel. I Daniel.10-12 er det ein mann som talar til han, i NB94 sin kommentar til kapittel 9 er han kalla engel, men han likna eit menneske (vers 16) og eg er overtyda om at dette er Kristus. Samanlikn med korleis han openberra seg for Johannes i Op.1. Eg tenker meg at dei to andre (Daniel.12,5) var Moses og Elia (Matt.17,1-13). Den eine spør kor lenge dette skal vare. Her blir det snakk om dagar og år.
Daniel 10,15 Medan han tala slik til meg, bøygde eg andletet mot jorda, mållaus. 16 Ein som var lik eit menneske, rørte då ved leppene mine. Då opna eg munnen og tala, eg sa til han som stod framfor meg: «Herre, synet gav meg slike krampar at all mi kraft er borte. 17 Korleis skulle tenaren til herren min kunna tala med ein herre som deg? Kreftene tek slutt, og det er ikkje livspust i meg lenger.»
18 Han som var lik eit menneske, rørte ved meg endå ein gong og gav meg styrke. Han sa: «Ver ikkje redd, du som er høgt elska. Fred vere med deg! Ver sterk, ver sterk!» Og då han tala med meg, vart eg styrkt og sa: «Tal, herre! For du har gjeve meg styrke.»
Daniel.12,7 Mannen som var kledd i lin, og som var over vatnet i elva, lyfte høgre og venstre hand mot himmelen, og eg høyrde at han svor ved Han som lever evig: «Éi tid og tider og ei halv tid. Når makta til det heilage folket er heilt knust, skal alt dette ta slutt.» 8 Eg høyrde det, men skjøna det ikkje og spurde: «Herre, kva er slutten på dette?» 9 Han svara: «Gå bort, Daniel, for desse orda skal vera gøymde og forsegla til endetida. 10 Mange skal bli reinsa, lutra og vaska reine. Men dei urettferdige skal gjera urett, og ingen av dei skal forstå. Men dei kloke skal forstå. 11 Frå den tid då det daglege offeret blir bortteke og det motbydelege som øydelegg, blir oppsett, skal det gå 1290 dagar. 12 Sæl er den som ventar og når fram til 1335 dagar. 13 Og du, gå til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp til din lut når dagane tek ende.»
Joh.Op.11,7 Men når dei har fullført vitnemålet sitt, skal dyret som stig opp or avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei. 8 Lika deira skal liggja på gata i den store byen som åndeleg tala vert kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest. 9 Menneske av mange folk og ætter og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei. 10 Og dei som bur på jorda, skal gleda og fagna seg over lagnaden deira og senda kvarandre gåver. For desse to profetane hadde vore ei stor plage for dei som bur på jorda.
11 Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei; dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart skjelvande redde. 12 Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for augo på fiendane sine.
Joh.Op.12,1 Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet. 2 Ho var med barn og skreik i barnsnaud og føderier.
3 På himmelen synte det seg eit anna teikn òg: ein stor eldraud drake; han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner. 4 Med halen drog han med seg tredjeparten av stjernene og kasta dei ned på jorda. Draken steig fram for kvinna som skulle føda; han ville sluka barnet så snart det var født. 5 Då fødde ho eit gutebarn, som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans kongsstol. 6 Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud har laga til for henne; der skulle ho få mat og det ho elles trong i 1260 dagar.
Daniel bøygde seg for mannen kledd i lin, Daniel 12, 7, til samanlikning med korleis Johannes bøygde seg for Kristus i Openberring 1,12…., så mannen i Dan.12,7 må vere Kristus. Her er det også tale om ei tid, tider og ei halv tid, det minner om at det var tørke i Israel i tre og eit halvt år, før Elia steig fram på Karmel.
Det vesle hornet i Dan.8, «den Lovlause» og Draken.
Det som er sagt om det vesle hornet i Dan.8 høver med det som er sagt om «den Lovlause» i 2.Tess.2. og det som er sagt om Draken i Johannes Openberring 12.
Dan.8,10 Det voks heilt opp til himmelhæren, og det kasta nokre av hæren og nokre av stjernene ned på jorda og trakka dei ned. 11 Ja, det voks heilt opp til fyrsten for hæren. Det tok frå han det daglege offeret, og staden der heilagdomen hans står, vart vanæra. 12 Hornet fekk makt til å gjera opprør mot det daglege offeret. Det kasta sanninga til jorda og lukkast i alt det gjorde.
Dan.8, 25 Fordi han er kløktig, skal han lukkast med sitt svik. Han skal vera stor i eigne tankar, og med lett hjarte skal han utsletta mange. Han skal reisa seg mot fyrsten over fyrstane og bli knust, men ikkje ved menneskehand. 26 Synet om kveldar og morgonar, det som her er fortalt, er sant. Men du skal halda synet skjult, for det gjeld ei fjern framtid.»
2.Tess.2,1 Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome, og det at vi skal samlast hos han, bed vi dykk, sysken: 2 Lat dykk ikkje så lett driva ut i forvirring, og lat dykk ikkje skremma, verken av åndsbodskapar, av påstandar eller av brev som dei seier er frå oss, om at Herrens dag er komen. 3 Lat ingen føra dykk vill på nokon måte! For først må fråfallet koma og den lovlause syna seg, han som er fortapingssonen. 4 Det er motstandaren, han som opphøgjer seg over alt det som gud og heilagdom heiter, så han til og med set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Hugsar de ikkje at eg sa dette då eg var hos dykk? 6 Og de veit kva som no held han att, så han først openberrar seg når hans tid kjem. 7 Lovløysa er alt verksam med si kraft, men i løyndom, for han som enno held att, må først ryddast av vegen. 8 Då skal den lovlause syna seg, han som Herren Jesus skal drepa med pusten frå sin munn og gjera til inkjes den dagen han kjem i herlegdom. 9 Når den lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje ville elska sanninga så dei kunne bli frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur løgna. 12 Og slik får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.
Den vonde kongen i Dan.11 sette opp teltet sitt mellom det heilage fjellet og havet.
Dan.11. 45 Han set opp kongsteltet sitt mellom havet og det herlege, heilage fjellet. Men han går mot undergangen, og ingen hjelper han.
Og draken i Op.12 vart ståande på stranda ved havet.
Joh.Op.12, 17 Draken vart harm på kvinna og drog av stad og ville føra krig mot dei andre i ætta hennar, mot dei som rettar seg etter Guds bod og held fast på vitnemålet om Jesus. 18 Og han vart ståande på stranda ved havet.
I følgje den antikke mytologien sprang gudane ut av eit opphavleg kaos og etter ein gude-strid vart dei herskarar på kvar sine område. Zevs var den mektigaste. Thyphon regjerte der nede under sivilisasjonen og fastlandet.
Antiokus 4. Epifanes og antikk mytologi.
Den vonde kongen i Dan.11 æra borgguden, ein gud som fedrane ikkje kjende.
Dan.11,36 Kongen skal fara fram som han vil, opphøgja seg og gjera seg større enn alle gudar. Mot Gud over gudane talar han uhøyrde ord. Han har lukka med seg heilt til vreiden tek slutt. For det som er fastsett, må skje. 37 Han bryr seg ikkje om sine fedrars gudar, heller ikkje om guden som kvinnene elskar, eller nokon annan gud. Han gjer seg sjølv større enn dei alle. 38 I staden ærar han borgguden. Ein gud som fedrane hans ikkje kjende, ærar han med gull og sølv, edle steinar og andre dyre ting. 39 Han går mot dei sterke festningane med hjelp frå ein framand gud. Dei som dyrkar denne guden, viser han stor ære. Han set dei til å råda over mange og deler ut jord som løn.
Og Antiokus 4. Epifanes kravde at alle i riket hans skulle dyrke Zevs. Etter dette ser det ut til at Darken i Johannes Openberring 12 er Zevs. Kva betydning hadde han i gresk mytologi?
Som reaksjon mot demokratiet i Aten fann diktaren og krigaren Aiskhylos på at Zevs skulle vere gud over alle gudar og styre med ein universell moral, så diktatorisk at alt som skjedde var hans verk. Men korleis kunne ein av dei gudane som sprang ut av kaos få så stor makt? Det verkar då mest som ein ny gud for grekarane også.
Det var nok inspirert trua på Israels Gud, så det vart grekarane sitt svar på jødane sin Gud den allmektige. Men han var då ikkje slik. Så jødane kunne ikkje gå med på å dyrke denne guden og gjorde opprør mot Antiokus 4. Epifanes. Då gjorde dei avtale med Romarriket. Dette står det skrive om i 1.Maccabearbok
https://bibel.no/nettbibelen/les/nb-2011/1MA/1MA.1
og her :
https://snl.no/Antiokhos_4._Epifanes
Men sidan Draken hadde sju hovud, likna det mest på Typhon, som tapte mot Zevs, men var klar til opprør https://en.wikipedia.org/wiki/Typhon :
«Typhon attempted to overthrow Zeus for the supremacy of the cosmos. The two fought a cataclysmic battle, which Zeus finally won with the aid of his thunderbolts. Defeated, Typhon was cast into Tartarus, or buried underneath Mount Etna, or in later accounts, the island of Ischia.
Jødane sin frigjerings-kamp i maccabear-tida.
Johannes Openberring kjem som ei fortsetjing av Daniels bok. I Daniels bok er det fortalt om Antiokus 4. Epifanes. Han vart eit stort problem for jødane og jødedomen og det vert det profetert om Sak.11 også, om den Duglause Hyrdingen. Den hardaste reaksjonen mot demokratiet i Aten kom i den Gresk-Syriske tida, når Antiokus 4. Epifanes bestemte at alle i riket hans skulle dyrke Zevs, all anna guds-dyrking skulle vere forbode. Den antikke naturfilosofien var eit saga blott, no var det dette folket skulle opplærast i, som om dette var visdomen og det intellektuelle framsteget, men eigentleg var fornyinga ei forsterking av diktaturet. Antiokus sine metode var svik og korrupsjon og i 1.Maccabearbok ser det ut til at den metoden gjennomsyrde samfunnet og politikken. Slik lokka han jødane til synd og fråfall og kravde at dei skulle dyrke Zevs i staden for å dyrke Israels Gud. Den jødiske øvstepresten vart drepen og Antiokus innsette sin øvsteprest i staden. Det vart sett vaktmenn i Jerusalem som skulle passe på at ingen skulle få dyrke Israels Gud lenger, om dei det gjorde, så vart dei drepne. Nokre rømde ut i øydemarka, men soldatar kom etter dei og massakrerte nærmare tusen jødar medan dei ville halde sabbat. Då var det ein prest som motiverte sønene sine, ”maccabear-brørne”, utifrå trua på deira fedrars Gud og deira heilage skrifter, til å få med seg jødane i ein væpna motstandskamp. Dei vann fleire store sigrar og klarde etter kvart å jage fienden ut av landet og frigjere Jerusalem og dei andre byane. Heidningar, som dyrka Zevs, og fråfallne jødar vart drepne eller jaga frå landet (1.Macc.2,42-48 1.Macc.3,1-9). Det var nok hardt for jødar å vere jaga frå landet utan nåde, men dette var ein krigssituasjon og dessutan var dei opplærde til å vere så gjennomført svikeriske at ein kunne ikkje vere trygge for kva dei fann på. Så det var jødane som med si tru på sine fedrars Gud som klarde å gjere slutt på dette diktaturet, slik knuste dei den hardaste reaksjonen mot demokratiet i Athen. Ein av makkabearbrørne, ”Simeon”, overlevde og han vart både konge og øvsteprest. Men også han vart sviken og myrda. Men no hadde jødane vorte samde om at framtidige øvsteprestar skulle komme frå hans ætt og dei skulle vere kongar også, inntil det stod fram ein profet. Men dette var ikkje i samsvar med Moselova, for etter den skulle øvsteprest og konge vere to personar med klart ulike oppgåver, så no fungerte øvstepresten likevel ikkje slik som han eigentleg skulle. Han vart som ”den Duglause Hyrdingen” (Sak.11).
Jødane gjorde vennskaps-avtale med Romarane, men korleis gjekk det? Dette kan vi sjå utifrå profetiane i Daniels bok og Johannes Openberring.
Under frigjeringskampen hadde dei høyrt om framgangen til romarane og gjorde vennskapsavtale med dei. Det fekk fiendane deira høyr om og det gjorde sitt til at dei prøvde å fine seg inn, men kva verdi hadde det, når metoden deira var svik? Denne tida var det profetert om både i Daniels bok og i Sakraja.11. I Daniels bok er det spesielt nøye profetert om Antiokus 4. Epifanes, det er som om historia er skriven på førehand. Daniel profeterte også om Mikael, den store kongen, som vernar folket ditt (Daniel.10,13&12,1) og når dei gjorde vennskapspakt med romarane, såg det nok ut til at dei kunne vente seg at den kongen skulle framstå i Romarriket. Og klassekampen var noko nytt som særmerkte Romarriket heilt frå byrjinga av. For kring 600 f.Kr kom romarane under herredømet til etruskar-kongar, men i 509 klarde dei å jage dei framande ut av landet. I striden mot ytre fiendar var overklassa avhengig av støtte frå underklassa og gjennom klassekampen klarde underklassa å kjempe til seg stadig større demokratiske og sosiale rettar. Slik må klassekampen ha verka som ei konstruktiv indre drivkraft som vart sentral i framveksten av Romarriket. Krigane resulterte i auka rikdom i byane, medan bøndene i sør-Italia vart utarma, så det vart ei nytt klasseskilje, men hæravdelingane var framleis avhengige av stønad frå underklassa, så no vart det borgarkrig. General Julius Cæsar tok parti med underklassa i deira klassekamp og vann over dei andre hæravdelingane og vart eineherskar. Sidan viste det seg at han trådde etter kongsmakt og då vart han myrda. Det vart hemna og hemnen gjekk ut over hans politiske rivalar. Sidan vart keisar Augustus eineherskar, han prøvde å blåse liv i dei gamle institusjonane med den gamle religionen og med ”romarmoralen” vart dei som levde lettlyndt og umoralske jaga frå landet. Han førde ein forsonande politikk overfor overklassa, som keisar skulle han vere øvste leiar for religionen og han skulle dyrkast som ein gud, slik vart det keisardyrking i Romarriket. Så dette kan samanliknast med jødane sin frigjeringskamp, når dei jaga dei som levde umoralsk ut av landet, men motivet var likevel fundamentalt forskjellig, for jødane kriga mot dei som dyrka Zevs og alle andre gudar enn deira fedrars Gud, men i Romarriket var Zevs framleis guden over alle dei andre gudane og no kom keisardyrkinga i tillegg. Så Zevs er draken og keisaren er dyret i Johannes Openberring kap.13.
Jødane gjorde pakt med døden, men den skulle ikkje stå ved lag.
Moses la fram for jødane vegen til livet og vegen til døden og anbefalte dei å velje vegen til livet. Det gjorde Jesus også. Hadde dei valt det, så hadde dei kome mykje betre ut av det med Romarane. Men dei valde vegen til døden, så dei endåtil gjorde pakt med døden, ved at dei hendretta Kristus og forfølgde dei kristne til døden. Men Gud vekte Kristus opp frå dei døde, så deira pakt med døden stod ikkje ved lag.
Jes.28, 11 Ja, gjennom folk med stammande lipper
og med framandt tungemål
skal han tala til dette folket,
12 han som sa til dei:
«Her er staden
der dei kan slå seg ned.
Lat den trøytte få ro,
her kan han kvila.»
Men dei ville ikkje høyra.
13 Så skal då Herrens ord
for dei verta «bod på bod,
krav på krav,
litt her og litt der!»
Når dei går, skal dei snåva,
detta bakover og skamslå seg,
gå i snara og verta fanga.
Hjørnesteinen på Sion
14 Så høyr då Herrens ord, de spottarar
som rår over folket i Jerusalem!
15 De seier: «Vi har gjort ei pakt med døden,
ein avtale med dødsriket.
Når flaumen kjem veltande,
skal han ikkje nå oss.
For vi har gjort lygn til livd
og løynt oss bak svik.»
16 Difor, så seier Herren vår Gud:
Sjå, eg legg ein grunnstein på Sion,
ein velprøvd stein,
ein dyrverdig, grunnfast hjørnestein.
Den som trur, tek det med ro.
Underleg er Herrens gjerning
17 Eg vil gjera rett til mælesnor,
rettferd til loddsnor.
Hagl skal sopa bort lygnlivda,
vatn skal skylja vekk deira gøymsle.
18 Den pakt de har med døden,
skal setjast ut av kraft,
avtalen med dødsriket
skal ikkje stå ved lag.
Når flaumen kjem veltande,
skal han slå dykk ned.
19 Så tidt han kjem farande,
skal han riva dykk med seg.
For morgon etter morgon skal han koma,
ja, både dag og natt.
De skal skjelva av redsle
når de skjønar bodskapen.

