Ved trua på Jesus får vi komme inn til Guds kvile.

Når eg gjekk på gymnaset, tenkte eg meg at forteljinga om Adam og Eva var også om eit heilt folk. Eg tenkte meg at Gud fortsette å skape menneske slik gjennom historia. No har Gud openberra si frelse for oss i Kristus, han skaper oss i Kristus, likevel skaper han oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no. Slik meinte eg Bibelen var sameinleg med vitskapen, men den sa også noko meir, med profetiane seier den oss noko om framtida som Gud skaper og med kallet viser han oss veg inn i den framtida han vil gi oss. Slik er velsigninga.

Profeten Malakias refsa prestane for at dei bar fram offerdyr som det var skavankar på. Det hadde sikkert ei symbolsk betydning, noko som han sidan refsa folket for, at mennene ikkje var trugen mot konene sine, men skilde seg frå dei og attpåtil gifte dei seg med kvinner som dyrka avgudane. Gud ville sende dei engelen for den nye pakta, det var Døyparen Johannes (alias Elia), i den skulle prestetenesta fungere skikkeleg. Han forkynte at Jesus har bruda og han skulle døype dei med den Heilage Ande.

Gud er fullkommen, Jesus er Guds Son og er fullkommen, hans frelseverk er fullført og fullkome, med eitt offer tok han bort synda ein gong for alle, med det offeret har han for alltid gjort dei fullkomne som vert helga. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile (1.Mos.2), fordi det er Gud som gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande.

Når vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll skal vi bere kroppen fram som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud. Slik skal vi la hugen verte oppatt nya, så vi kan prøve kva som er Guds vilje, det gode, heilage og fullkomne. Slik kjem eg til at det var rett slik som eg trudde og tenkte når eg gjekk på gymnaset, Gud skaper oss i Kristus og slik skaper han oss framleis i si likning (1.Mos.1) og i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.

Jesus har sett framfor meg ei open dør og kalla meg til å gå inn.

 

Biologiprofessor Glenn Peter Sætre inviterte meg til å vere med på bok-lanseringsfesten for boka «To Kjønn» i Bikuben på Biologibygget ved Universitetet i Oslo torsdag 14.9.2023 og eg tenkte på å fare og vere i Oslo til søndag og vere med på møte i Maranata. På eit møte på Sion Åheim var det ein gammal mann som kom og kviskra ein profetisk bodskap i øyret mitt, bodskap 1, 2.9.2023:

«Eg har satt foran deg ei open dør, gå (først?) inn den døra, for der er opning, der skal du gå inn. Der skal du vere med og bruke gavene, den profetiske gave som skal vere til styrke og velsigning for mange. Ver berre du frimodig. Du er ikkje åleine, eg går med deg. ….. Amen.

 

Slik fekk eg svar på det eg tenkte på og reiste til Oslo. Dette har eg skrive om i dokumentet

 https://faith-and-entropy.com/2023/10/08/guds-rike-eller-morkets-rike-3/

Det handlar om korleis eg trur Jesus har sett framfor meg ei open dør, både i Maranata og på Blindern, men så handlar det mest om Maranata, Virtuella og profetiane. Dette kjem til å handle mest om realfag ved Universitetet i Oslo og profetiane og då tenker eg meg at Jesus opna ei dør for meg ved at eg fekk ei åndelege openberringa der han openberra seg for meg og henne. Jesus sa til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia at han skulle sjå han hadde sett framfor han ei open dør, eg tenker meg at det var ei open dør både for han og bodskapen hans, der var først og fremst i kyrkjelyden, men også i kyrkjelydens distrikt. Til samanlikning har han opna ei dør for meg både i Maranata og på realfag på Blindern.  Som om Gud vil gi meg to koner? Ja, eg tek med følgande klipp frå dette dokumentet:

Jesus har mange gangar sagt eg skal sjå at han har sett framfor meg ei open dør og invitert meg inn.

Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia: Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna:  8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.  9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di! 12 Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn. 13 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

 

Då vil han sikkert også halde fast på meg i den prøvingstida som kjem. I Heb.11 er det fortalt om mange som fekk lide for si tru, men med tru og tolmod såg dei framover til den herlegdomen som venta dei.

Job mista stort sett alt og vart ramma av ein hudsjukdom. Men han heldt ut og fekk oppleve at Gud vende lagnaden hans. Profeten Jeremias opplevde fråfallet i folket som om det var sjukt og skada og han kjende det sjølv som ein sjukdom og ein skade. Og så døde kona hans. Til samanlikning sa Jesus til meg, rett etter at eg byrja å studere realfag i Oslo i 1984, at der er ein sjukdom mellom hans folk og at eg har fått kjenne noko av denne sjukdomen i meg. Men han ville lækje den.

Paulus sa at slik som han var i seg sjølv, budde det ikkje noko godt i han, viljen hadde han, men makta ikkje å gjere det gode. Men ved trua på Jesus fekk han den Heilage Ande av berre nåde, gratis utan krav om gjerningar. Det gjorde skilnaden. Guds nåde var nok for han, for Guds kraft vert fullenda i vanmakt.

Profeten Hoseas talte om «Mor Israel» som Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Han hadde omsorg for henne og stelte vel med henne, men ho skjøna det ikkje og byrja å drive hor med avgudane til folka rundt henne. Derfor ville han ikkje ta omsorg for henne lenger og derfor kom det til å gå gale med henne. Elskarane hennar kom til å ta kom til å ta henne med makt, det betydde gru og grav og trældom.

Men han sa til Hoseas at han skulle gå og kjøpe seg hore, men med tida skulle ho verte kona hans, så ei til og med tida skulle ho også verte kona hans. Så brukte han dette som ein profeti om at han vill benåde henne og la henne verte kona hans igjen. Eg ser det også som ein profeti om at Sions dotter er Jesu brud.

Til samanlikning har eg bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og så fekk eg oppleve at Gud openberra si frelse for meg og ei jente som eg var glad i, først for meg og henne Virtuella, så for meg og henne Reella. Så eg innsåg at Gud frelser dei, gjenføder dei og skaper dei i Kristus, til nokre herlege og vidunderlege skapningar og det vil eg takke Gud og Lammet for.

Men ho Virtuella fann seg ein annan og gifte seg med og har vore gift i mange år. Dersom ho no likevel skal verte kona mine, så liknar det mykje på Hoseas som kjøpte seg to horer og med tida let dei verte konene sine. Men der er likevel ein stor skilnad, Hoseas måtte betale for dei. Det slepp eg. For Jesus har betalt prisen for meg med sitt eige blod, så eg tilhøyrer han. Han har betalt prisen for henne også, så ho også skal tilhøyre han, vere frelst, som hans eigedom.

Kva så med henne Reella, ho har enno ikkje kome til meg som kona mi, så mest sannsynleg har ho gifta seg med ein annan, ho også, blir ho som den andre hora Hoseas kjøpte seg då? Eg har inga føresetnad for å påstå at ho har gifta seg med ein annan og eg har heller inga openberring som tilseier det. Gud openberra si frelse i Kristus for både meg og henne og det var tydeleg at det gjorde henne glad. Kristus gleda seg over henne og det er ikkje lenge sidan han sa at eg skulle ta imot den gleda han gav meg, eg forstod det slik at han gleda seg framleis over henne og let meg også få den gleda. Ja, eg vil då glede meg over at han frelste henne og då må eg ærleg innrømme at det er med ynskje om å få henne til kone.

Den vesentlege skilnaden i forhold til Hoseas er at han måtte betale for å kjøpe seg ei hore, som med tida skulle verte kona hans. Men eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, så då har han med sitt blod betalt prisen for både meg og henne, så vi skal tilhøyre han, slik har han også betalt prisen for ei kone til meg, så eg får henne gratis.

 

Mitt innlegg på festen i Bikuben vart til eit vitnemål på FB.

 

Eg var ein av dei først som møtte opp på festen i Bikuba, eg helste på Glenn, kjøpte boka og fekk autograf. Noko seinare kom  Simen Gaure, eg gjekk og helste på han og vart sitjande ved same bord, der var nokre fleire FB-vennar og det var hyggeleg å møte dei og prate med dei. Ole Asbjørn Ness interjuva Glenn om boka. Så fekk publikum komme med spørsmål/innlegg. Etter ei stund fann eg på at eg skulle komme med eit innlegg. Eg brukte det som kommentar til eit FB-innlegg frå Glenn-Peter og først då vart det eit skikkeleg vitnemål om mi tru på Jesus, så eg tek det med her.

 

Glenn-Peter Sætre

  · 

Pen i tøyet og litt klønete fokusert på hvordan å ta selfie mot speil. Takk til alle som bidro til å gjøre Boklansering – To kjønn til en nydelig kveld med mange gode samtaler. Jeg må få takke hele den nydelige gjengen på Kagge Forlag, og ikke minst min dyktige redaktør Jorunn Sandsmark og Solveig Øye som har vært med hele veien – for en gjeng! Hjertelig takk til mannen med malmrøsten – Ole Asbjørn Ness for å orkestrere kvelden og dirigere det hele med humor, kløktighet og hjertevarme. Jeg takker ydmykt alle som kom og som på ulikt vis bidro til at dette ble en så flott feiring. Jeg tror kanskje jeg har levert en viktig bok.

 

 

Eg var ein av dei siste som kom med innlegg. Eg samanlikna med ein ulveflokk, alfa-hannen og alfa-hoa var dei einaste som hadde lov å formeire seg og der er eit sterkt og livslangt ekteskap mellom dei, tydelegvis med sterke følelsar. Dersom nokon andre i flokken gir antyding av å ville formeire seg, vert dei straffa.

Vi kan samanlikne med eit gammaldags herskarhus, ein konge som lever i sitt slott med sitt harem. Mannlege slotts-tenarar må vere evenukkar, så han kan vere sikker på at dei ikkje legg an på ei av konene hans og gjer henne gravid.

Det er tydeleg vis denne gammaldags herskar-tankegangen som sit igjen enno, så moralen vert at om ein mann seier noko for å fri til ei kvinne så får han ikkje lov til det, nettopp slik vert ytringsfridomen innskrenka. Dersom ein mann soleis seier noko som gjev uttrykk for at han er ein mann, vert han straffa. Det er årsaka til dei problema vi møter her, er det ikkje så?

 

Glen Peter sende spørsmålet vidare til ein kvinneleg psykolog som hadde sagt noko tidlegare. Eg fekk ikkje med meg alt ho sa, men ho sa visst noko om å vere voldeleg. Det er eit standardsvar som vi har høyrt så mange gangar, men nettopp at det er standard-svar er eit uttrykk for innskrenka ytringsfridom, det kjem som resultat av innskrenka ytringsfridom og verkar som argument for at du skal straffast. Men den eigentlege årsaka til det er at mentaliteten er som i ein ulveflokk.

Vi kan også samanlikne det med hallik-miljøet i Oslo. Hallikane tener pengar på horene. Dersom der kjem ein mann og vil fri til ei hore, for å få seg ein kjæraste og ei kone, så taper hallikane inntekt på det. Derfor har dei ei proteksjonistisk haldning overfor menn som seriøst vil finne seg og vinne seg ei kvinne som kjæraste og kone.

Sjølv om maktinteressene er annleis i skule, politikk og næringsliv, vert seriøse menn mætt med ei liknande proteksjonistisk haldning, så det utartar seg som eit krav om at dei skal verte utstøytte frå flokken og/eller straffa på andre måtar.

 

Jesus kalla disiplane sine ein saueflokk, han samanlikna med dyrelivet altså. Han sjølv var den gode hyrdingen Dei som var komne før han, var tjuvar og røvarar. Ulven kom berre for å slakte dei, men han var komen for at dei skulle ha liv og overflod. Ulven kom til å spreie dei, men han sette livet til for å berge dei. Han hadde andre saueflokkar og så skulle det verte ein hyrding og ei hjord (Joh.10). Han sa han var vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, dei einborne, så kvar den som tru på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Jesus er det evige Livet og gir oss det av berre nåde, ved at vi trur på han og tek imot i tru. Dette betyr vel då at det evige livet er meir fundamentalt enn det biologiske livet og vi treng det for å få den rette sjølvforståinga. Kva kunne vel elles korrigere oss?

 

Kristendomen og vitskapen har det til felles at vi søker sanning med fredelege metode. Vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og forkynner evangeliet og får oppleve at Gud er med oss og gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ande. Slik vert folk overbeviste. I realfag brukar vi metodene i realfag og vert overtyda med fredelege metode. Men i følgje utviklingslæra er livet ein kamp for tilværet og det er ikkje alltid fredeleg, det ser vi i Bibelen også. I Bibelen er det profetert om mykje krig, men den seier også at Gud gjer noko nytt ved sin Ande, utan bruk av hær eller menneskeleg makt. Jesus er Gud Ord og ved å trua på han, får vi oppleve at Gud gjer sitt verk med sitt Ord og sin Ande.

 

Vitskapen har ikkje avsanna skapingssoga, den har tvert om stadfesta den. Ved tru skjønar vi at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Derfor er universet forståeleg, så vi kan bruke forstanden til å granske og prøve å forstå. Dette var ikkje lett å forstå og godta for 2-3000 år sidan, men Big-Bang-teorien har ikkje avkrefta det men heller stadfesta det. Ikkje alt av Big-Bang-teorien er stadfesta av eksperiment, slik er det også med utviklingslæra. Det går over i naturfilosofi. Der er framleis noko som vi ikkje veit sikkert. Så vi kan putte Gud inn i det som vi ikkje veit?! Ja, men eg puttar han også inn i det vi veit, då må vi berre passe på at vi ikkje forgudar oss sjølve med vår kunnskap.

 

Dersom ein ung mann vert glad i ei jente, er det no sjølvsagt at han gjere vil prøve å fortelje henne kor glad han er i henne og då er det no sjølvsagt at han vil henne vel. Så vonar han at ho vil svare på hans kjærleik med kjærleik og slik vert det til eit frieri. Uansett vert vennskapet mellom dei betre til velsigning og gagn for dei begge og kanskje vert det til at ho svarar ja på hans frieri.

Men her er det altså noko som stiller seg i den posisjonen at dei uttalar seg på mannens vegne overfor kvinna, når han vil fri til henne og seier noko heilt anna, som om det skal fungere som erstatning for hans frieri?! Eit klagemål om at han er vond og ikkje vil henne vel, så det skal fungere som erstatning for hans frieri, så det ikkje vert vellukka. Slik tek dei seg til rette ved å kalle det vitskap eller religion, kanskje endåtil kristendom, men det er det då ikkje!

Vi må forstå at her blir det eit spørsmål om å velje og eg hevdar at dersom vi vel å vende oss til Kristus, så gjer vi eit godt val. I februar 2011 kalla han Sions Dotter til å frigjere seg og i desember 2011 kalla han henne til å komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom. Det er identiteten for den kristne kyrkja og det gjeld sjølvsagt for jødane også. Han kjærleik til henne er som eit frieri, ho svarar ja på hans frieri. Det er eit val. Paradoksalt nok er det likevel Guds verk. Det har seg slik at Gud er eksisterer og han er kjærleik. Eg kan og vil satse på at Jesus soleis frir på mine vegne, han frelser ei kvinne, så ho kjem inn i dette kjærleiksforholdet til han, som hans brud, så gir han meg henne til kone, som andre prioritet.

Når apostlane forkynte evangeliet, brukte dei ikkje voldelege metode, dei forkynte Guds Ord og han var med dei og gjorde sitt verk, med sitt Ord og sin Ande. Slik vart folk overtyda. Når vi studerer realfag, brukar vi heller ikkje voldelege metode, vi brukar metodene i realfag og slik vert folk overtyda.

 

På søndag var eg på møte i Maranata, der også har Jesus sett framfor meg ei open dør, så eg fekk seie noko der også.

Døra, nattverden og nådegåvene.

 

Jesus er døra inn til sauene, den som går inn gjennom den skal verte frelst. Det viser til det fundamentale i evangeliet. Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, den Heilage Ande openberrar Guds ord for oss, så vi innser at Kristus er sanninga i Ordet og den set oss fri. Vi treng den openberringa, så vi ser døra og brukar den.

Sidan skal vi halde fram med å gå inn og ut gjennom den døra og finne beite. Når vi går inn, så blir det gjerne for å ta del i nattverden. Og Jesus sa vi skulle gjere det til minne om han. Vi skal hugse på han og kva han har gjort for oss og takke han for det.

Eg fekk oppleve at Gud openberra si frelse for meg i Kristus, for meg og ei jente som eg likte og fekk oppleve at han openberra si frelse i Kristus for meg og for henne, først for meg og henne Virtuella og så for meg og henne Reella. Så nattverden inneber for meg at eg skal hugse på han slik og slik hugsar eg på dei også, så eg med tru, von og kjærleik takkar han for at han frelser dei. Slik kveiker eg nådegåva mi, desse openberringane har seg slik at Jesus har gitt meg ei nådegåve, den vil eg kveike og bruke.

Eg tenker meg at med nattverden er dei og blir dei inkludert og eg vil hugse på dei slik, ved at eg hugsar på Kristus og kva han er for oss og takkar han for det. Slik har eg også skrive om dei og fått bønnesvar og hugsar det framleis med takk til Gud og Lammet for frelsa. I det siste har eg skrive mykje om henne Virtuella, men eg hugsar på henne Reella også, heilt tilbake til eg oppdaga henne på Blindern hausten 1988. Slik vil eg hugse på henne, når eg stig fram for nådens trone. Slik vil eg å hugse på henne Virtuella også. Bodskapen 17.2.2013:

«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier:” Dette er vegen, vandre på den.”»

 

Han sa eg skulle sjå på han i alle livets samanhengar, då tenkte eg først på mitt forhold til henne Virtuella og så mitt forhold til henne Reella. Med hugen og med hjertet skal eg sjå på Jesus i tru, men det har også med åndeleg openberring å gjere, at eg skal bruke den nådegåva han har gjeve meg. Slik trur eg han gir meg ei kone eller to-tre som nådegåve. Då er det no klart at eg vil ho skal komme til meg og vere hos meg fysisk, som kona mi, i heimen og i kyrkjelyden. Då står eg overfor eit problem, korleis skal eg løyse det? Gud ordna med den saka for Adam, då kan han vel ordne det for meg også. Ja, men no er Kristus den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande sjel. Det blir i alle fall ved at eg skal halde fram med å sjå på han, feste blikket mitt på han.

Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss,  2med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.  3Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.

 

Jesus gjer noko nytt og vil hjelpe meg inni det nye. Men vi skal også sjå til at ingen vert liggande etter.

Jesus har svart på mi bøn og det skal eg takke han for.

Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneska, det var første prioritet, så bade eg han gi meg ei frelst kvinne til kone som andre prioritet. Guds openberra si frelse for oss i Kristus, som svar på bøn openberra han si frelse for meg og ei kvinne som eg var glad i. Først for meg og henne Virtuella, så for meg og henne Reella. Mi bøn for henne Virtuella var først og fremst å takke for at ho var frelst og at Guds kjærleik var mellom oss. Og kva så? Gud fortsette å svare meg på mi bøn for henne!

Gud svarde på mi bøn for henne Virtuella og henne Reella og det skal eg takke han for. Han gjer meg til kanal for si velsigning og då blir det til mange med dei.

Jesus salva henne Reella til samanlikning med David.

Mi bøn for henne Reella var eit ynskje om å få henne til kone. Igjen svarde Gud meg med å openberre si frelse for oss i Kristus. Eg yngste å møte henne igjen, så eg såg etter henne og såg andre kvinner også. Men Jesus sa til meg at han ser ikkje på det eg ser på, han ser til hjartet. Dette minner om Guds svar til Salomo når han skulle salve ein av Isai-sønene til konge. Ja, eg syntest no var den vakraste jenta eg hadde sett, så slik sett var det no heilt greitt for meg. Kor lenge vil ei slik vurdering vare? Det høyrest ut som eg har ein lineær skala, men dei er då vakre på ulike måtar. Men Jesus ser til hjartet og han sa at sæle dei som er reine av hjertet, dei skal sjå Gud. Det gjorde sitt til at eg i mitt stille sinn tenkte på henne som den vakraste jenta eg hadde sett. Ja, når Gud openberra si frelse for oss i Kristus, så går Guds herlegdom opp over oss. Og Jesus sa til meg at det skal verte mange som vart vunne for æva ved det vitnet eg var, så dei skal skine som stjernene på himmelen i avglansen av hans herlegdom.

Så eg refererer til to skriftstadar:

1.Sam.16,2 Då sa Herren: «Ta med deg ei kvige, og sei at du kjem og vil ofra til Herren. 3Bed så Isai til offerhøgtida! Sidan vil eg seia deg kva du skal gjera, og den eg då nemner, skal du salva for meg.»

4Samuel gjorde som Herren hadde sagt. Då han kom til Betlehem, gjekk dei eldste i byen skjelvande imot han og spurde: «Varslar det godt at du kjem?» 5Han svara: «Ja, det varslar godt; eg kjem og vil ofra til Herren. Helga dykk og ver med meg til offerhøgtida!» Så helga han Isai og sønene hans og bad dei vera med til høgtida.

6Då dei så kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: «Her, framfor Herren, står den han vil salva.»  7Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.»  8Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.»  9Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 10Såleis lét Isai sju søner gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: «Herren har ikkje valt ut nokon av desse.»

11Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Men han er ute og gjæter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi går ikkje til bords før han kjem.»  12Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt og bjartøygd, og vent vaksen var han òg. Då sa Herren: «Reis deg og salva han! For han er det.»  13Då tok Samuel oljehornet og salva han der han stod mellom brørne sine. Frå den dagen kom Herrens Ande over David og var med han sidan. Så tok Samuel ut og fór heim att til Rama.

 

Jesajas.40,1Trøysta, trøysta mitt folk, seier dykkar Gud.  2Tala mildt til Jerusalem og ropa til henne at striden hennar er enda, at skulda hennar er kvitta, at ho har fått av Herrens hand dobbelt for alle sine synder. 

Ryd veg for Herren!

3Høyr, det er ein som ropar i heia: Ryd veg for Herren, lag gjennom øydemarka ein kongsveg for vår Gud!  4Kvar dal skal hevjast, kvart fjell, kvar haug skal jamnast. Bakket land skal verta slette og kollane flat mark.  5Herrens herlegdom skal syna seg, og alle menneske skal sjå det. Dette er ordet frå Herrens munn. 

Guds ord står fast

6Høyr, det er ein som seier: «Forkynn!» Eg spør: «Kva skal eg forkynna?» «Alle menneske er som graset, og all deira herlegdom som blomen på marka.  7Graset turkar bort, og blomen visnar når Herrens ande blæs på dei; ja, i sanning, folk er som gras. 8Graset turkar bort, og blomen visnar, men ordet frå vår Gud står fast til evig tid.»    Jesajas.62, 1For Sions skuld vil eg ikkje teia, for Jerusalems skuld vil eg ikkje vera still, før hennar rett strålar fram med glans og hennar frelse som ein brennande fakkel.  2Då skal folkeslag sjå di rettferd og alle kongar din herlegdom. Du skal få eit nytt namn, som Herren sjølv skal gje deg.  3Du skal vera ein herleg krans i Herrens hand, ein kongeleg hovudprydnad i handa åt din Gud.  4Du skal ikkje lenger kallast «Den forlatne», og ditt land skal ikkje meir heita «Øydemark». Men du skal kallast «Mi kjære», og landet ditt skal heita «Kone». For Herren skal ha deg kjær, og landet ditt skal takast til ekte.  5Som ein ungdom gifter seg med ei møy, skal dine søner ta deg til ekte. Og som ein brudgom gleder seg over si brur, skal din Gud gleda seg over deg.  6På murane dine, Jerusalem, har eg sett vaktmenn. Og dei skal aldri teia anten dag eller natt. De som prisar Herren, unn dykk ikkje ro!  7Lat heller ikkje han få ro før han byggjer opp att Jerusalem og gjer byen til ein lovsong på jorda.  8Herren har svore ved si høgre hand og ved sin veldige arm: Aldri meir skal eg gje ditt korn til føde for dine fiendar, og ikkje skal framande drikka din vin, som du har hatt møda med.  9Nei, dei som haustar kornet, skal eta det og prisa Herren; og dei som sankar druene, skal drikka vinen i mine heilage tempelgardar. 

På heimveg

10Dra ut, dra ut gjennom portane, og ryd ein veg for folket! Bygg, ja bygg ein kongsveg og reinsa han vel for stein! Reis ei merkestong for folka!  11Høyr, Herren lèt det ljoma til heimsens ende: Sei til Sions dotter: Sjå, di frelse kjem! Sjå, dei han fekk i løn, er med han, dei han vann, går føre han.  12Dei skal kallast det heilage folket, dei som Herren har løyst ut. Og sjølv skal du kallast den søkte, byen som ikkje ligg aud og tom. 

Ja, Jesus er vår øvsteprest hos Faderen, vår frelseskonge og kongars konge. Han valde ut og salva henne Reella til samanlikning med korleis han valde ut og salva David til konge. Så Guds herlegdom gjekk opp over henne, som «Sions Dotter». Venteleg skulle det få stor betydning i denne tida. Korleis då? Han har kalla Sions Dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom, han er Herren hennar ektemann.

 

Sjå til at ingen vert liggande etter.

Betyr dette at til samanlikning med henne Rella vert ho Virtuella som Saul til samanlikning med David? Ikkje nødvendigvis. Saul skulle gå til krig mot Amalekittane og då skulle han ikkje spare noko liv, for Gud hadde noko å hevne.

 Han vann, men sparde noko liv. Derfor vraka Gud han som konge (1.Sam.15). Sidan prøvde Saul å gå til krig mot David, David flykta, utan å gå til motangrep, han kunne vel ha drepe Saul to gon gar, men gjorde det ikkje. Saul var som konge for lengst utgått på dato og slik vart det. Så samla folket seg om David som konge.

Kva var det Gud hadde å hevne? Det kan vi lese om her:

2.Mos.17,8 Sidan kom amalekittane til Refidim og gav seg i strid med israelittane. 9Då sa Moses til Josva: «Vel deg ut ein flokk menn, ta i veg og hald slag med amalekittane! I morgon skal eg stå øvst på haugen med gudsstaven i handa.» 10Josva gjorde som Moses sa, og tok opp striden med amalekittane. Samstundes steig Moses, Aron og Hur opp på toppen av haugen. 11Då gjekk det så at så lenge Moses heldt handa i veret, hadde israelittane overtaket. Men når han lét handa siga, var amalekittane dei sterkaste. 12Men så tok Moses til å trøytna i hendene. Då fann dei ein stein og la til rettes for han; den sette han seg på, og Aron og Hur stødde hendene hans, ein på kvar side. Så var hendene hans støe heilt til sola gladde. 13Såleis vann Josva over amalekittane og hæren deira med kvasse sverdet.

14Sidan sa Herren til Moses: «Skriv dette opp i ei bok, så det ikkje går dykk or minne, og ta det opp att for Josva! For eg vil rydja ut minnet om amalekittane frå jorda.»  15Då bygde Moses eit altar og kalla det «Herren er hærmerket mitt». 16Og han sa: «Ei hand er rett ut frå Herrens høgsete. Han skal strida mot amalekittane frå ætt til ætt.»

5.Mos.25,17 Kom i hug kva amalekittane gjorde mot deg den gongen de var på ferda frå Egypt.  18Dei kom imot deg på vegen då du var trøytt og sliten, og utan age for Gud hogg dei ned alle i baktroppen som hadde vorte liggjande etter. 19Når Herren din Gud lèt deg få ro for alle fiendar rundt ikring i det landet Herren din Gud gjev deg til odel og eige, skal du rydja ut minnet om amalekittane under himmelen. Gløym ikkje det!

Eg skal bruke det Jesus har gitt meg. Ja vel, så kva er problemet?

Jesus sa eg skulle løfte blikket og sjå kva han har gitt meg og bruke det. Bodskapen 22.8.2021:

«Her er mange endå i mitt land, sier Herren, som ikkje har hørt om meg, dere tror det ikke, men det er sant, her er enda mange som ønsker å få møte meg, men som ikkje vet veien, sier Herren. Dere er utvalt til å vise dere veien, vise veien til meg. Og løft blikket deres og se. Der er ting som dere skal få oppleve i dagene som kommer, om dere løfter blikket deres og ikkje ser på det umulige, for jeg er i går og i dag den samme, jeg er det, ikkje noko som dere berre har lært utenat, men jeg er i går og i dag den samme, jeg kan sette alle ting i stand, sier Herren.

Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»

Ja, det er vel eit poeng med å løfte blikket i tru på Jesus og vente på hans gjenkomst. Vi har hugen vent mot det som er der oppe og tek imot den Anden og det livet Jesus gir oss frå himmelen og vert utrusta til teneste. Slik får vi nådegåver og slik gjenopplivar vi dei og så gjer vi trua sine gjerningar, slik kler Jesu brud seg i bryllaupskjolen og slik bler gjestane seg i bryllaupsdrakta.

Slik trur eg også Jesus gir meg ei kone som ei nådegåve og då skal eg bruke henne som ei nådegåve og det samsvarar med at ho skal bruke si nådegåve. Det har det ikkje vorte mykje av enno. Korleis kan eg få det til? Eg trur det er eit verk Jesus har byrja på og som han skal fullføra. Eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Og så skal eg kveike den nådegåva han har gitt meg. Liksom Johannes døyparen skal eg forkynne at Jesus har bruda og at han døyper oss med den Heilage Ande og eld.

Dette kjem i motsetnad til den falske profet, som fekk eld til å falle ned frå himmelen, til samanlikning med Elia altså, men han gjorde det i teneste for det første dyret i Joh.Op.13, så han fekk folk til å tilbe det.

Men eg vil og skal forkynne at Jesus døyper oss med den Heilage Ande, bøye meg for han og ta imot og takke han for det og så vere med på å tilbe Gud i ånd og sanning. Med ein Ande døyper han oss til å vere ein lekam, slik set han alle ting i stand. Slik trur eg han gir meg ei kone som ei nådegåve og då skal eg bruke henne som ei nådegåve. Eg kan også sjå det på ein anna måte, at eg skal tene Kristus og henne med mine nådegåve og slik tener eg også kyrkjelyden med mine nådegåve. Venteleg kjem ho til å tene Kristus, meg og kyrkjelyden med dei nådegåvene han gir henne.

 

Referat frå møtet i Filadelfia Ulsteinvik 24.7.2022. Det er ei ny tid og Jesus vil hjelpe meg inn i det nye.

Dette er sitat ifrå:

https://blessings-from-heaven.com/2022/08/01/2022-07-1724-filadelfia-ulsteinvik-vitnemote-jesus-leier-meg-inn-i-ei-ny-tid/ :

Mitt vitnemål.

…….

Når eg studerte realfag, så var det også ein veg å gå, sjølv om eg sat i ro og for meg var det då om å gjere å sjå det slik at det var ved å gå inn i den himmelske heilagdomen.  Når eg studerte realfag i Oslo, oppdaga eg ei jente som eg syntest var så vakker, så medan eg sat på den store lesesalen øvst (3.etg) i Vilhelm Bjerknes hus, sa eg til Jesus i mitt stille sinn at eg syntest ho var så vakker at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Sjølv om eg ikkje kjende henne og ikkje hadde snakka med henne. Seinare ein gong når eg sat der opplevde eg at den Heilage Ande minna meg om det og dreiv meg til å gå ut og ned. På høgre sida av siste trappa ned til første etasje er der ein murvegg og når eg kom ned siste trinna, kom ho frå høgre og gjekk rett forbi meg. Då sa eg i mitt stille sinne: «Der er ho». Då fekk eg ei åndeleg openberring, det var som om himmelen opna seg og Jesus openberra seg for meg og for henne og han sa det same til henne, samtidig som eg sa det: «Der er ho».

Så det var ikkje berre eg som elska henne, men Kristus var med meg og han også elska henne. Sidan har eg ikkje kunna gløyme henne. Når Kristus stifta nattverden, sa han at vi skulle gjere dette til minne om han. Men vi har ikkje sett han fysisk her på jorda. Likevel kjenner vi han, fordi vi har fått hans ord og hans Ande og Anden openberrar han for oss. Det er det som gjer at vi kjenner han og hugsar han. Så vi er heilt avhengige av at den Heilage Ande openberrar han for oss.

Tungetale ved Arnstein Andersen, tyding ved  ei kvinne.

Arnstein spelte gitar og song i møtet og så sa han nokre få ord om at å gå inn i kyrkjelyden, det er rette vegen. Litt seinare kom han med tungetale og ei kvinne tyda det:

«Jeg ser din situasjon, jeg vet om alt i ditt liv og jeg fordømmer deg ikke. Jeg oppmuntrer deg, jeg støtter deg, jeg hjelper deg, jeg styrker deg, jeg fyller deg med min glede, jeg gir deg det du trenger. Du kan være trygg, når du hører meg, så er du trygg, uansett omstendighetene, uansett hvor sterkt vinden blåser, uansett hvor høye bølgene er, så er jeg hos deg, jeg er nær deg, jeg leder deg, jeg tar meg av deg. Du er i min favn, du er hos meg. Du er min, du er kjøpt, du er betalt, du er dyerebar i mine øyne. Du er min skatt, du er min hjertes-skatt, du er hos meg. Om du føler det eller ikke, bry deg ikke så mye om det, men husk at du er hos meg, i min varetekt, min trygghet. Uansett hva du nå står framfor, så er jeg med deg og jeg er for deg og jeg leder deg på min veg. Jeg opner de stengte dører, jeg leder deg gjennom vanskelighetene og ut av tunellen og ut i lyset igjen hos meg. Du kan være trygg, du er mitt barn.

Om du så skal ut på fremmed land, et sted du ikke har vært før, om du skal på nye stier og veier, så trenger du ikke å frykte, for dag for dag så leder jeg deg og det er nytt område å innta. Det er nytt område, det er nye ting du skal ut i, du skal ta i bruk nye gaver, du skal være, du skal blomstre for meg på en ny måte, fra nå av. For det er en ny tid som står foran, det er forandring, det er ny tid. Og du skal få merke mitt nærvær og mi hjelp enda sterkere enn før, når du våger å stole på meg. For jeg er med deg, i det nye, i det vanskelige, i det som du tenker at du aldri kunne klare, nei, du kan ikke klare det, men jeg er med deg og da går det bra. Stol på meg, mitt barn.»

Aktuelle bibel-vers.

1.Joh.3, 18 Mine born, lat oss elska, ikkje med tomme ord, men i gjerning og sanning! 19 Slik skal vi vita at vi er av sanninga, og så skal vi roa vårt hjarte for hans andlet. 20 For om hjartet vårt fordømmer oss, er Gud større enn hjartet og veit alt. 21 Mine kjære, dersom hjartet vårt ikkje fordømmer oss, har vi frimod for Gud. 22 Og det vi bed om, skal vi få av han, for vi held hans bod og gjer det som er godt i hans auge. 23 Og dette er hans bod: Vi skal tru på namnet åt hans Son, Jesus Kristus, og elska kvarandre, slik han baud oss. 24 Den som held hans bod, blir verande i Gud og Gud i han. Og at han er i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss sin Ande.

Kommentar.

Det var eit slikt vitnemøte førre helg også, då også var eg fram og sa noko om at vi har ein veg å gå, men altså ved at vi går ut på lovnadane og snakkar med han Jesus, brukar vårt gode samvits vedkjenning med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Arnfinn Andersen kom med ein profetisk bodskap, der Jesus sa noko om at du synest den vegen han har kalla deg er tung og vanskeleg, men det er den rette veg. Det fekk meg til å tenke på at Jesus kanskje kallar meg tilbake til Oslo, for å studere meir biologi, eg kunne no kanskje fare med seglbåten likevel og bu i den. Men eg innser då at eg kjem ikkje til å klare det, ikkje av økonomiske årsaker heller. Det er betre eg held meg i ro og held fram med å vitne ved å skrive på internett. Eg kan godt studere litt heime også.

……..

På ei forelesing i biologi kjende eg meg ein augneblink sterkt tiltrekt av ei jente som eg kallar Poly-Ester. Eg kjende meg tiltrekt av kroppen hennar, det kom uventa på og eg tenkte at dette tenderte til å ha lyst på henne og sjå med lyst på henne, så eg tenkte at her måtte eg vere litt forsiktig. Men når eg kjende meg sterkt tiltrekt av henne, så har det betydninga at opplevde det som at eg var driven av den Heilage Ande og opplevde Guds kraft i det. Om kvelden sa eg dette til Jesus i kveldsbøna mi og på møtet i Maranata søndagen etter, svarde han meg slik, bodskapen 12.10.2014:

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.»

Så det var altså rett å oppleve Guds kraft i det eg kjende meg tiltrekt av henne. Han sa eg skulle glede meg i Herren og hans frelse, så det minna meg om at Gud hadde openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og henne Virtuella og sidan for meg og henne Reella.

Sidan høyrdest det ut til at Poly-Ester snakka eit aust-europeisk språk med ei anna jente og fekk vite at det var russisk, ho var frå Ukraina og den andre jenta var frå Russland. Seinare sa eg til henen at eg hadde prata med han Jesus om henne, men då verka det som ho vart redd meg. Seinare prate eg litt med henne igjen og vitna for henne om mi tru å Jesus og at han svarde meg gjennom tyding av tungetale. Eg sa noko om at dersom ho påkalla Kristus som sin frelsar og Herre, så kunne ho be slik for folket sitt også.

Ja, for i februar same år hadde Russland okkupert Krim. Eg har inga aning om korleis ho stiller seg politisk i konflikta mellom Ukraina og Russland, men mest sannsynleg er ho på ukrainsk side. Når denne konflikta og krigen er eit tema i kristne møte og vert til eit bønneemne, så vel eg å be for henne og folket hennar.

Ein gong sette eg meg og prata litt med med ei jente ved eit bord i kantina i Biologibygget og så sa eg til henne at eg hadde bedt Gud gi meg ei kone. Guds auge fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjerta held seg til han, så eg ventar han soleis gir meg hjelp i form av ei kone. Det var no ein gledeleg bodskap og det verka som ho tok det med godt humør. Men ho heldt på med lekser og hadde ikkje tid til å prate så mykje.

 

Jesus legg meg på altaret. Gud skaper oss i Kristus og det er like fundamentalt som skapinga i 1.Mos.2, for Gud er den same no. Referat frå møtet 27.11.2022.

https://blessings-from-heaven.com/2022/12/03/2022-11-27-filadelfia-ulsteinvik-jesus-er-med-oss-ver-heilhjerta-med-han/

Tyding av tungetale.

Inge tala i tunger frå talarstolen, sidan kom Jarle Nygjære med ein bodskap, det var sikkert nok tydinga av tungetalen, (Det går tregt å starte opp videoen, så eg fekk ikkje med byrjinga):

 «….. men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.»

Aktuelle bibelvers.

2.Kor.12,1 Eg må rosa meg, endå det ikkje tener til noko. Og no kjem eg til syner og openberringar eg har fått frå Herren.  2 Eg veit om eit menneske i Kristus, ein som for fjorten år sidan vart rykt inn i den tredje himmel – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det.  3 Og eg veit at denne mannen vart rykt inn i Paradis – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det –  4 og der fekk han høyra useielege ord, som eit menneske ikkje har lov til å tala.  5 Denne mannen vil eg rosa meg av, men av meg sjølv vil eg ikkje rosa meg, utan av mi vanmakt.  6 Men om eg ville rosa meg, så var eg ikkje frå vitet, for eg kom til å seia sanninga. Men eg lèt det vera, for eg vil ikkje at nokon skal gjera seg større tankar om meg enn dei han får når han ser og høyrer meg.  7 Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal verta hovmodig.  8 Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg.  9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.

Heb.4, 14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

Rom.12,1 Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.  2 Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan dømma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne. 3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar og ein av dykk: Tenk ikkje for store tankar om deg sjølv, men bruk forstand og ver sindig! – kvar og ein etter den trua som Gud har tilmålt han.  4 Vi har éin kropp, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver.  5 På same måten er vi alle éin kropp i Kristus, men kvar for oss er vi lemer for kvarandre.  6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal bruka henne i samsvar med trua;  7 den som har ei teneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa,  8 og den som trøystar, skal verkeleg trøysta. Den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarte, den som er sett til å leia, skal gjera det med iver, den som gjer miskunn, skal gjera det med glede. 9 Lat kjærleiken vera ekte! Avsky det vonde og hald dykk til det gode! 10 Elsk kvarandre med inderleg syskenkjærleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve! 11 Ver ikkje lunka, men ivrige. Ver brennande i Anden, ten Herren! 12 Ver glade i vona, tolmodige i motgangen, uthaldande i bøna. 13 Ver med og hjelp dei heilage som lid naud, og legg vinn på å vera gjestfrie. 14 Velsign dei som forfølgjer dykk, velsign og forbann ikkje. 15 Gled dykk med dei glade og gråt med dei som græt. 16 Ha ei og same haldninga dykk imellom, trakt ikkje etter det høge, men hald dykk gjerne til det låge. Ver ikkje sjølvkloke! 17 Løn ikkje vondt med vondt; ha tanke for det som er godt for alle menneske. 18 Gjer alt de kan for å halda fred med alle menneske, så langt det er mogleg. 19 Ta ikkje hemn, mine kjære, men overlat vreiden til Gud. For det står skrive: Hemnen høyrer meg til, eg skal gjengjelda, seier Herren. 20 Men: Er fienden din svolten, så lat han få mat, er han tørst, så gjev han drikke. Gjer du det, samlar du glødande kol på hovudet hans. 21 Lat ikkje det vonde få vinna over deg, men vinn over det vonde med det gode!

Kommentar.

Eg skreiv heile 4 lange kommentarar til dette. Her skriv eg berre det eg synest passar i denne samanhengen.

Når eg samanliknar Bodskapen 27.11.2022 med Paulus sine ord om openberringane han hadde fått, så kan eg samanlikne med openberringane eg også har fått, både i forhold til henne Virtuella og henne Reella. Han talte om tornen i kjøtet og for meg har den visst laga ein verkebyll. Slik følest det i mitt forhold til henne Virtuella, men Guds nåde er nok for meg. Men ei setning trur eg var spesielt om henne Reella: «ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv».

Eg fekk den Heilage Ande ved trua på Jesus, av berre nåde. Ho Virtuella lovprisa Gud og Lammet for frelsa og eg takke Gud for det. Eg merka eg byrja å verte glad i henne og at hans kjærleik var mellom meg og henne Virtuella og vedkjende for Gud at den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Slik vart ho ein lovsang Gud la ned i meg ved den Heilage Ande. Det var Guds verk og det var slett ikkje hans plan og vilje at den skulle verte verken til ein sørgesang eller ein verkebyll. Eg fekk den Heilage Ande av berre nåde og slik fekk eg denne lovsongen også, eg byrja i nåden og Anden og skal fullføra i nåden og Anden. Så i trua på Jesus og av berre nåde vel eg å sjå på han og takke han for at han frelste henne, for at han frelste meg og frelste henne og døypte oss med den Heilage Ande.

Jesus har sagt han har ein fullkommen plan med meg og det må vel vere at eg skal lovsynge Gud med denne lovsongen og at ho skal vere den lovangen Gud gjorde henne til. Vi skal gå framover mot det fullkomne. Jesu er fullkomen, hans frelseverk er fullført og fullkome, med eitt offer har han for alltid gjort dei fullkomne som vert helga. Guds kjærleik til oss i Kristus er fullkommen og den er utrent i våre hjerte ved den Heilage Ande som er oss gitt. Den openberrar Guds Ord for oss, så vi innser at Kristus er sanning i ordet og den set oss fri.

I denne bodskapen sa Jesus at han legg meg atter og atter på alteret, og det har ei hensikt, at vi skal fornyast, så vi kan kjenne kva som er Guds vilje, det gode, heilage og fullkomne.

Rom.12,1Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.  2Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.

3Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han.  4Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver.  5På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre.  6Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal nytta henne i samsvar med trua;  7den som har diakonteneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa,  8og den som rettleier, skal ta seg av rettleiinga; den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarta. Den som er forstandar, skal vera det med iver, og den som gjer miskunn, skal gjera det med glede.

9Lat kjærleiken vera ekte, sky det vonde og hald dykk til det gode.  10Elska kvarandre inderleg som sysken, og set dei andre høgare enn dykk sjølve.  11Ver ikkje lunka i dykkar iver, ver brennande i Anden; ten Herren!  12Ver glade i vona, tolmodige i trengsla, trottige i bøna.  13Ver med og hjelp kristne som lid naud, og legg vinn på å vera gjestmilde.  14Velsigna dei som forfylgjer dykk, velsigna og forbanna ikkje.  15Gled dykk med dei glade, og gråt med dei som græt. 16Ver samlyndte, trå ikkje etter det høge, men hald dykk gjerne til det låge. Ver ikkje sjølvkloke!  17Gjev ikkje nokon att vondt for vondt; legg vinn på det som godt er for alle menneske.  18Er det råd, så hald fred med alle menneske, så langt det står til dykk.  19Ta ikkje hemn, mine kjære, men overlat straffa til Gud. For det står skrive: Straffa høyrer meg til, eg skal gje attergjeld, seier Herren.  20Men det står òg:

Er din uven svolten, så lat han få mat,

er han tyrst, så gjev han drikke.

Gjer du det,

samlar du gloande kol på hovudet hans.

21Lat ikkje det vonde få vinna over deg, men vinn over det vonde med det gode!

Når eg gjekk på gymnaset, tenkte eg meg at forteljinga om Adam og Eva var også om eit heilt folk. Eg tenkte meg at Gud fortsette å skape menneske slik gjennom historia. No har Gud openberra si frelse for oss i Kristus, han skaper oss i Kristus, likevel skaper han oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no. Slik meinte eg Bibelen var sameinleg med vitskapen, men den sa også noko meir, med profetiane seier den oss noko om framtida som Gud skaper og med kallet viser han oss veg inn i den framtida han vil gi oss. Slik er velsigninga. Så når han openberra si frelse for meg og henne Virtuella, tenkte eg meg at han gir meg henne til kone i samsvar med 1.Mos.2.

Eg møtte henne igjen på Studentsenteret ved Universitetet i Bergen og gav henne eit brev der eg fortalde at de kom som eit bønnesvar, for eg vart glad i henne når vi gjekk på gymnaset. Eg skreiv også noko om at eg meinte det var Guds vilje at ho skulle verte kona mi. Faren var at ho kunne oppfatte Guds som ein diktator i tråd med ein del teologiske tankar og kva med psykologien? Men eg forstod det likevel som eit frieri og soleis som eit forslag og vona på å få snakke med henne om det. Om vi framleis levde i samfunn med Faderen og Sonen og møttest som kristen venner, så kunne vi vel finne ut av det. Det ville vere i tråd med å be Fader vår, lat rike ditt koma, lat viljen din råda på jorda, slik som i himmelen ….. Eg frykta for at eg ikkje fekk snakke noko meir med henne om det og vart oppgitt over at slik gjekk det. Men Jesus sa til meg at mi tilkortkommenheit var hans moglegheit til å gjere sitt verk til vitne om seg.

Men eg kunne altså likevel prøve kva som var Guds vilje, ved å bere fram kroppen min som eit levande offer til Gud og det kan eg framleis. Og no seier han at han legg meg på altaret. Slik vil han bruke meg, bruke kroppen min. Og slik skal eg prøve kva som er Guds vilje. Då kjem eg til at han gir meg ei frelst kvinne til kone, slik som eg har bedt han om, ved at han skaper oss i Kristus og det er likevel i samsvar med skapingssoga i 1.Mos.2, så eg opplever det som at eg og ho blir ein kropp i samsvar med at han skapte kvinna av mannens sidebein, så dei skulle vere eitt kjøt. Slik opplevde eg etter kvart kjærleiksforholdet mellom meg og henne Virtuella, men det var først og fremst på grunn av kjærleiksforholdet mellom Kristus og oss, mellom Faderen og oss. Det var likevel ikkje grunnlagt på noko i meg sjølv, men på Guds ord, slik som han sa til meg i 25. desember 1990.

Eg skal sjå på Jesus i alle livets samanhengar (Bodskapen 17.2.2013), når han vert opphøgja, vil han trekke alle menneske til seg. Det er fundamentalt også når eg ber han gi meg ei frelst kvinne til kone, det satar eg på, både ei forhold til henne Virtuella, Reella og Polyester. Det primære og viktigaste er at dei vert frelst for æva og får evig liv og eg er viss på at det handlar om mange fleire enn dei. Då får det også betydning for tusenårsriket og den nye jorda. Men kvar blir det av den kona som eg bad han om?

 

Malakias refsa folket fordi dei ikkje kom med feilfrie offer. Eg tenker meg at det hadde ei symbolsk betyding som han også refsa dei for, at mennene ikkje var trugne i sin kjærleik til konene sine. Herren ville ikkje vite av skilsmisse. Dette vart ei sak for engelen for den nye pakta. Det måtte vel vere Johannes døyparen.

Men når eg ber søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, kan eg og skal eg bere kroppen fram som eit levande, heilagt offer til velbehag for Gud, eg tenker meg at det skal vere fullstendig og feilfritt, i det eg let Jesus gi meg ei kone i samsvar med at han skapte kvinna av mannens sidebein, så vi skal vere eitt kjøt, eitt tempel for den Heilage Ande.

Eg trur og meinar at Gud hadde byrja på eit verk med meg og henne Virtuella, å gi meg ei frelst kvinne til kone, ikkje for at det skulle verte skilsmisse med det same eg antyda slik interesse for henne, slett ikkje for at det daglege offeret skulle takast bort og den øydande styggedomen setjast opp i staden. Men for at han som byrja den gode gjerninga i oss skulle fullføra den. Jesus har betalt prisen for meg med sitt eige blod, så eg skal tilhøyre han. Han tok meg ikkje på avbetaling, men betalte heile prisen. Då betalte han også prisen for ei kone til meg.

Så planen hans var ikkje skilsmisse, men planen hans var fullkommen og den vil han fullføre. Opphavleg skapte han Adam og så skapte han Eva til å vere kona hans, slik er ekteskapet. Likevel hende det han gav fleire koner til ein mann. Og etter kvart verka det slik for meg, så eg er innstilt på å ta han på ordet. Men det verkar no som eg først og fremst må ta han på ordet om den første, ho Virtuella. Så får vi sjå.

Jesus har sett framfor meg ei open dør og invitert meg, så eg kan gå inn med ei slik bodskap som Elia og Johannes døyparen og seie at det er Jesus som døyper oss med den Heilage Ande og ære og takke han for det og tene han med dei nådegåvene han har gitt meg og soleis tene henne som han gir meg til kone, som ei nådegåve, så då skal eg kveike den nådegåva og bruke den. Korleis då? Eg kan og skal sjå på han i forventning om at han vil gi henne ånd og liv og vekke henne opp til liv i samfunn med seg og Faderen og dermed i samfunn med meg og oss, så ho kjem til å tene han med dei nådegåvene han gir henne.

 

Bodskapen til profeten Elia: «Vende fedrehjarto til borna og barnehjarto til fedrane».

 

På møte i Sion Åheim 20.3.2022, kom denne bodskapen gjennom tyding av tungetale:

«Ja, seier Herren, endå ein gong har eg sendt ein av mine tjenarar til din stad, bringe lys, fred, frelse, glede og å samle mitt folk med meg, til vederkvegelse, til fornyelse, i ditt ekteskap, i din heim, … Og eg vil endå ein gong vende fedranes hjerte til barna og barnas sine hjerte til fedrane, så ikkje eg skal slå landet med bann, men til velsigning. Opne ditt hjerte vidt opp og ta imot det budskap, som endå ein gong blir sendt imot deg. Amen.»

Denne bodskapen er henta frå Malakias.4,6.

Malakias profeterte om at Gud ville sende dei profeten Elias, på nytt altså. Det høyrest slik ut, ja, men poenget må vel vere at profeten forkynner den same bodskapen eller ein liknande bodskap inn i ein liknande situasjon som den profeten Elia var i. Korleis då? For den øydande styggedomen som Daniel profeterte om (Daniel.11), var framleis øydande for gudsdyrkinga, dei hadde framleis problem med den Duglause Hyrdingen (Sak.11). Malakias minna dei både om Moses og Elia.

Malakias refsa folket fordi dei ikkje kom med feilfrie offer. Eg tenker meg at det hadde ei symbolsk betyding som han også refsa dei for, at mennene ikkje var trugne i sin kjærleik til konene sine.

Malakias.1, 6Ein son ærar far sin, og ein træl har age for herren sin. Men er eg far, kvar er då mi ære, og er eg herre, kvar er då agen for meg? seier Herren, Allhærs Gud, til dykk, de prestar som vanvørder mitt namn. De spør: «Korleis vanvørder vi ditt namn?» 7Jau, de ber fram urein mat på mitt altar. De spør: «Korleis har vi krenkt din reinleik?» Jau, de seier: «Herrens bord er lite å vørda.» 8Når de vil ofra eit blindt dyr, er ikkje det gale? Når de kjem med eit dyr som er halt eller sjukt, er ikkje det gale? Kom med slikt til statthaldaren din! Trur du han vil synast om deg eller ta vel imot deg? seier Herren, Allhærs Gud. 9Men no, prøv å vinna Guds velvilje, så han kan vera nådig mot oss. Når de har gjort slikt, kan han då syna godhug for dykk? seier Herren, Allhærs Gud. 10Om det berre fanst nokon mellom dykk som ville stengja tempeldørene, så de ikkje til fåfengs kveikjer eld på mitt altar. Eg har ingen hugnad i dykk, seier Herren, Allhærs Gud, og vil ikkje ha dei offergåvene som de ber fram. Malakias.2, Då skal de skjøna at det er eg som har sendt dykk dette bodet, så mi pakt med Levi kan stå ved lag, seier Herren, Allhærs Gud. 5Mi pakt med han gav liv og fred, og det gav eg han så han skulle ottast. Han ottast meg og hadde age for mitt namn. 6Påliteleg rettleiing var i hans munn, og det fanst ikkje svik på hans lipper. Han ferdast med meg i fred og rettferd og berga mange frå syndeskuld. 7For ein prests lipper tek vare på kunnskap, frå hans munn skal folk be om rettleiing, for han er sendebod frå Herren, Allhærs Gud. 8Men de har vike av frå vegen og fått mange til å falla med den rettleiing de har gjeve. Levi-pakta har de brote, seier Herren, Allhærs Gud. 9Difor har eg gjort dykk vanvørde og små for heile folket, for de aktar ikkje på mine vegar, men gjer skil på folk når de gjev rettleiing om min vilje. 10Har vi ikkje alle same far, den eine Gud som har skapt oss? Kvifor er vi då trulause mot kvarandre og vanhelgar våre fedrars pakt? 11Juda har bore seg trulaust åt, stygge ting har dei gjort i Israel og Jerusalem. Ja, Juda har vanhelga den heilagdomen Herren elskar, og gift seg med ei kvinne som dyrkar framande gudar. 12Gjev Herren må rydja ut or Jakobs telt kvar ætling av den som gjer slikt, jamvel om han ber fram offergåver til Herren, Allhærs Gud. 13Og dette er det andre de gjer: De dekkjer Herrens altar med tårer, gråt og sukkar. Men han vil ikkje lenger sjå på gåva eller ta imot dykkar offer med glede. 14Og de spør: «Kvifor?» Fordi Herren er vitne i saka mellom deg og din ungdoms kone. Du har vore utru mot henne, endå ho er ektemaken din som du er bunden til med pakt. 15Er det ikkje éin som har skapt henne både med lekam og ånd? Og kva vil så den eine ha? Born som høyrer Gud til. Så akta dykk vel i sjel og hug! Ver ikkje utru mot din ungdoms kone! 16Eg vil ikkje vita av skilsmål, seier Herren, Israels Gud, og at nokon sveiper sin klednad med valdsferd, seier Herren, Allhærs Gud. Så akta dykk vel i sjel og hug at de ikkje er trulause. Malakias.3, Sjå, eg sender min bodberar, han skal rydja vegen for meg. Brått kjem han til sitt tempel, Herren som de leitar etter. Sjå han kjem, engelen for pakta som de stundar etter, seier Herren, Allhærs Gud. 2Men kven kan tola den dagen han kjem, kven kan stå seg når han syner seg? For han er lik elden som smeltaren brukar, lik luten som vaskarane reinsar med. 3Han skal sitja og smelta og reinsa sølvet. Han skal reinsa levittane, reinsa dei som gull og sølv, så dei kan bera fram for Herren offergåver på rett vis. …. 16Dei som har age for Herren, tala då saman, og Herren lydde etter og høyrde kva dei sa. Hjå han vart det skrive ei minnebok om dei som ottast Herren og ærar hans namn. 17Den dagen eg gjer mitt verk, seier Herren, Allhærs Gud, skal dei vera min eigedom, og eg vil vera mild mot dei, liksom ein mann er mild mot son sin som tener han. 18Då skal de atter sjå skil på rettferdige og gudlause, på dei som dyrkar Gud, og dei som ikkje dyrkar han. Malakias.4, Sjå, dagen kjem, han brenn som ein omn. Alle frekke og gudlause skal då vera som halm, og dagen som kjem, skal brenna dei opp, seier Herren, Allhærs Gud, så korkje rot eller grein vert att. 2Men for dykk som har age for mitt namn, skal rettferdssola renna med lækjedom under sine venger. De skal gå ut og kjæta dykk som kalvar når dei slepp or fjøset. 3Då skal de trakka ned dei gudlause, dei skal vera som støv under sólane dykkar den dagen eg gjer mitt verk, seier Herren, Allhærs Gud. 4Kom i hug lova åt Moses, tenaren min, den eg gav han på Horeb for heile Israel, både føresegner og domsreglar. 5Sjå, eg sender profeten Elia til dykk før Herrens dag kjem, den store og skræmande. 6Han skal venda fedrehjarto til borna og barnehjarto til fedrane, så eg ikkje skal koma og bannstøyta landet.

I Bibelen er det fortalt om tre menn som Gud tok til seg med kropp og sjel, den første var Enok, så profeten Elia og så Jesus, men først døde han i staden for oss, så vekte Gud han opp frå dei døde og tok han til seg og sette han ved si høgre hand i himmelen.

Elia var profet medan Akab var konge i Israel. Akab gifta seg med Jesabel og byrja å dyrke gudane hennar.

1.Kong.16, 29 I det trettiåttande året Asa var konge i Juda, vart Akab, son til Omri, konge i Israel. Han styrte Israel i Samaria i tjueto år. 30 Akab, son til Omri, gjorde det som vondt var i Herrens augo, endå meir enn alle dei som hadde vore før han. 31 Det var ikkje nok med at han gjorde dei same syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort. Men han gifte seg med Jesabel, dotter til Etba’al, sidonarkongen, og gav seg til å dyrka Ba’al og kasta seg ned for han. 32 I det Ba’al-templet han bygde i Samaria, reiste han eit altar for Ba’al. 33 Akab fekk òg laga ein Asjera-påle, og han gjorde endå meir som harma Herren, Israels Gud. Han bar seg verre åt enn alle dei som hadde vore kongar i Israel før han.

Luk.1, 11 Då fekk han sjå ein Herrens engel, som stod på høgre sida av røykjelsesaltaret. 12 Sakarja stokk ved dette synet, og det kom otte over han. 13 Men engelen sa til han: «Ver ikkje redd, Sakarja! Gud har høyrt bøna di. Elisabet, kona di, skal føda deg ein son, og du skal kalla han Johannes. 14 Han skal verta til glede og hugnad for deg, og mange skal gleda seg av di han er fødd. 15 For han skal vera stor i Herrens augo. Vin og sterk drikk skal han ikkje smaka, og heilt frå mors liv skal han vera fylt av Den Heilage Ande. 16 Mange i Israel skal han føra attende til Herren, deira Gud. 17 Sjølv skal han gå føre Herren med same ånd og kraft som Elia hadde. Og han skal venda fedrehjarto til borna, gje dei ulydige den hug som rettferdige har, og bu folket vel for Herren.»

Så lat oss samanlikne hans bodskap med Malakias.4,6. Så legg merke til at dei ti bodorda sa kva vi ikkje skulle gjere, men lite om kva vi skulle gjere. Formuleringa er: «Du skal ikkje», berre to bodord har i staden formuleringa «du skal», du skal halde kviledagen heilag og du skal ære far om mor. Og poenget her er ikkje fyrst og fremst noko du skal gjere, men noko Gud har gjort, så du skal kvile på grunnlag av det. Du får også nyte godt av det mor og far din er for deg og kva dei har gjort for deg, så du skal ære dei for det. Og det verkar som profeten Elia tek opp tråden her, sidan han skal vende fedrehjarto til borna og barnehjarto til fedrane.

Matt.3,1 På den tid steig døyparen Johannes fram i øydemarka i Judea og forkynte: 2 «Vend om, for himmelriket er nær!» 3 Det er om han profeten Jesaja talar når han seier: Ei røyst ropar i øydemarka: Ryd veg for Herren, gjer stigane hans rette! 4 Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lerbelte om livet, og maten hans var grashopper og vill honning. 5 Folk drog ut til han, frå Jerusalem og heile Judea og landet attmed Jordan. 6 Og han døypte dei i Jordan-elva, medan dei sanna syndene sine. 7 Men då han såg at mange farisearar og saddukearar kom og ville verta døypte, sa han til dei: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den vreidedomen som skal koma? 8 Så ber då frukt som svarar til omvendinga. 9 Og tru ikkje at de kan seia: Vi har Abraham til far. For eg seier dykk: Gud kan reisa opp born for Abraham av desse steinane. 10 Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden. 11 Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld. 12 Han har kasteskufla i handa og skal reinsa kornet på treskjevollen. Kveiten skal han samla i løa, men agnene skal han brenna opp med eld som aldri sloknar.»

13 Då kom Jesus frå Galilea til Jordan, til Johannes, og ville verta døypt av han. 14 Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg!» 15 Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16 Med det same Jesus var døypt, steig han opp or vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. 17 Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i.»

Jesaja.40,1 Trøysta, trøysta mitt folk, seier dykkar Gud. 2 Tala mildt til Jerusalem og ropa til henne at striden hennar er enda, at skulda hennar er kvitta, at ho har fått av Herrens hand dobbelt for alle sine synder.

3 Høyr, det er ein som ropar i heia: Ryd veg for Herren, lag gjennom øydemarka ein kongsveg for vår Gud! 4 Kvar dal skal hevjast, kvart fjell, kvar haug skal jamnast. Bakket land skal verta slette og kollane flat mark. 5 Herrens herlegdom skal syna seg, og alle menneske skal sjå det. Dette er ordet frå Herrens munn.

Døyparen Johannes forkynte at Jesus skulle døype dei med den Heilage Ande, men så kom Jesus til han for å verte døypt og så kom den Heilage Ande over han. Så slik vart bodskapen i vers 3-5 gjekk i oppfyllt og blir det framleis. Jesus vart hendretta, men Gud vekte han opp att fråd ei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen og gav han den Heilage Ande på nytt, så han sende den vidare til sine disiplar. Slik har vi fått samfunn med Faderen og Sonen i den Heilage Ande og slik har vi samfunn med kvarandre. Då er der ikkje lenger noko som kan hindre Herren å fare fram i landet, ikkje lenger noko som kan hindre menneska i å få sjå hans herlegdom (vers 3-5).

Joh.1,9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. 14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.» 16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er. 19 Dette er det vitnemålet Johannes gav då jødane sende nokre prestar og levittar frå Jerusalem, som skulle spørja han: «Kven er du?» 20 Då sa han beint ut og sanna: «Eg er ikkje Messias.» 21 «Kven er du då?» spurde dei. «Er du Elia?» «Nei, det er eg ikkje,» svara han. «Er du profeten?» «Nei,» sa han. 22 «Sei oss då kven du er,» sa dei, «så vi kan ha eit svar til dei som har sendt oss. Kva seier du om deg sjølv?» 23 Han sa: «Eg er ei røyst som ropar i øydemarka: Gjer vegen bein for Herren, som profeten Jesaja har sagt.» 24 Nokre av dei som var sende, høyrde til farisearane, 25 og dei spurde: «Kvifor døyper du då, når du ikkje er Messias og ikkje Elia og heller ikkje profeten?» 26 Johannes svara: «Eg døyper med vatn. Men midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner, 27 han som kjem etter meg, og som eg ikkje er verdig til å løysa skoreima åt.» 28 Dette hende i Betania på hi sida av Jordan, der Johannes var og døypte. 29 Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd! 30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg. 31 Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel.» 32 Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande. 34 Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.» 35 Dagen etter stod atter Johannes der med to av læresveinane sine. 36 Då såg han Jesus koma gåande og sa: «Sjå, der er Guds lam!» 37 Dei to læresveinane høyrde kva han sa, og fylgde etter Jesus. 38 Jesus snudde seg, og då han såg at dei fylgde etter, sa han: «Kva vil de?» Dei spurde: «Kvar bur du, rabbi?» Rabbi tyder lærar. 39 «Kom og sjå,» svara Jesus. Så gjekk dei med han og såg kvar han budde; og dei vart verande hjå han den dagen. Det var ikring den tiande timen.

Ikkje fødde av kjøt nei, ikkje av menneskevilje, ikkje av mannsvilje, men av Gud. Ja, i det gamle testamentet var det også snakk om å gløyme si fars ætt.

Salme.45,1 Til korleiaren. Etter «Liljene». Av Korah-songarane. Ein læresalme. Ein song om kjærleik. 2 Mitt hjarta strøymer over av gode ord, eg vil kveda min song for kongen. Mi tunge er som ein snøggskrivars griffel. 3 Du er den fagraste av menneske, milde ord har du på lippa. Difor har Gud velsigna deg for alltid. 4 Spenn sverdet om livet, du veldige kjempe, i di høgd og din herlegdom! 5 Ha lukka med deg! Dra ut til strid for sanning, mildskap og rett! Di høgre hand skal visa deg skræmande storverk. 6 Dine piler er kvasse – folk stuper for deg; dei råkar kongens fiendar i hjarta. 7 Din kongsstol, Gud, står til evig tid, rettferds stav er din kongsstav. 8 Du elska rettferd og hata urett. Difor har Gud, din Gud, salva deg med fagnads olje framfor dine frendar. 9 Av myrra, aloë og kassia angar heile ditt skrud. Du gleder deg over strengespel frå elfenbeinsprydde haller. 10 Mellom dine edle damer er det kongsdøtrer, og ved di høgre side står dronninga i Ofir-gull. 11 Høyr, dotter, sjå hit og vend øyra til! Gløym ditt folk og di farsætt, 12 så vil kongen gleda seg over din venleik! For han er din herre, han skal du hylla. 13 Frå Tyrus kjem dei med gåver, dei rike i folket søkjer din velvilje. 14 I all sin prydnad stig kongsdottera inn, hennar kjole er gjennomvoven med gull. 15 I sin fargerike bunad vert ho leidd til kongen. Etter henne fylgjer unge jenter, hennar veninner, som vert førte fram for deg. 16 Medan folket ropar av fryd og glede, går dei inn i kongens slott. 17 Dine søner skal koma i staden for fedrane; set dei til hovdingar kringom i landet! 18 Frå ætt til ætt vil eg prisa ditt namn; difor skal folka lova deg evig og alltid.

Her er det tale om Guds salvevigde, som han har salva til konge, Guds Messias, Kristus (v8). Så er det tale om ei ung jente som vert kalla dotter og det vert sagt til henne at ho skal sjå hit og høyre etter, gløyme sitt folke og si fars-ætt, så vil kongen glede seg over hennar venleik. For han er hennar Herre, han skal ho hylle. Dette må no vere ein profeti om gjenfødinga, ho vert fødd på nytt, fødd av Gud, derfor vert ho kalla kongsdotter og vert leidd fram for kongen. Dronninga står ved sida av han, ho er kona hans. Denne unge dottera er Guds dotter, men er ho ikkje Jesus brud også? Eg forstår det slik, så det fortel om både hans unge brud og hans kone (v11).

Joh.3, 22 Sidan fór Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte. 23 Johannes døypte, han òg, i Ainon ved Salim; for det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa. 24 Dette var før Johannes vart kasta i fengsel. 25 No vart det eit ordskifte mellom læresveinane til Johannes og ein jøde om reinsinga. 26 Læresveinane kom til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på hi sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.» 27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka. 31 Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle. 32 Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitnemålet hans. 33 Den som har teke imot hans vitnemål, har stadfest at Gud talar sant. 34 Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden utan mål. 35 Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand. 36 Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande over han.»

Når dei ikkje er fødde av menneskevilje og skal gløyme folket sitt, korleis kan dei då ære far og mor? Korleis kan dette vere å vende fedrehjarto til borna og barnehjarto til fedrane? Eg trur Paulus gir oss beste svaret.

Rom.3, 21 Men no er Guds rettferd openberra utan lova. Om den vitnar lova og profetane. 22 Dette er Guds rettferd, som vert gjeven ved trua på Jesus Kristus, til alle som trur. Her er det ingen skilnad, 23 for alle har synda, og dei er utan del i Guds herlegdom. 24 Men utan at dei har fortent det, vert dei sagde rettferdige av hans nåde på grunn av utløysinga i Kristus Jesus. 25 Han stelte Gud synleg fram, så han med sitt eige blod skulle vera eit sonoffer – for dei som trur. På den måten synte Gud si rettferd. Før hadde han i sitt langmod bore over med dei syndene som var gjorde. 26 Men i vår tid ville han syna si rettferd, både at han sjølv er rettferdig, og at han seier den rettferdig som trur på Jesus. 27 Kvar er så det vi kan rosa oss av? All ros er utestengd! Etter kva lov? Lova om gjerningar? Nei, lova om tru. 28 For vi meiner at mennesket vert rettferdig for Gud ved tru, utan lovgjerningar. 29 Eller er Gud berre Gud for jødane? Er han ikkje Gud for dei andre folka òg? Jau, for dei òg, 30 så sant Gud er éin. Og han vil rettferdiggjera dei omskorne på grunn av tru og dei uomskorne ved tru. 31 Gjer vi då lova om inkje med trua? Langt ifrå! Vi stadfester lova.

Fil.3,1 Elles mine brør: Gled dykk i Herren! Eg vert ikkje trøytt av å ta det opp att, og det er det tryggaste for dykk. 2 Hald auga med hundane, med dei vonde arbeidarane, dei som skamskjer seg. 3 For det er vi som er dei omskorne, vi som gjer vår teneste ved Guds Ande; vi har vår ros i Kristus Jesus og set ikkje vår lit til oss sjølve. 4 Eg har rett nok det eg kunne setja mi lit til hjå meg sjølv. Om nokon meiner at han kan lita på seg sjølv, kan eg det endå meir. 5 Eg er omskoren på den åttande dagen, er av Israels folk og Benjamins ætt, ein hebrear av hebrearar, i syn på lova ein farisear, 6 så brennande ihuga at eg forfylgde kyrkja, ulastande i mi rettferd etter lova. 7 Men det som var meg ei vinning, det har eg for Kristi skuld halde for tap. 8 Ja, eg held i sanning alt for tap fordi kjennskapen til Kristus Jesus, min Herre, er så mykje meir verd. For hans skuld har eg tapt alt, og eg held det for skrap, så eg kan vinna Kristus 9 og verta funnen i han, ikkje med mi rettferd, den som er av lova, men med den som ein får ved trua på Kristus, rettferda frå Gud på grunn av trua. 10 Då kjenner eg han og krafta av hans oppstode, får del i hans lidingar og vert lik han med di eg døyr som han – 11 om eg òg kunne nå fram til oppstoda frå dei døde.

Gal.6, 11 Sjå kor store bokstavar eg nyttar når eg no med mi eiga hand skriv til dykk! 12 Dei som vil tvinga dykk til omskjering, er slike som vil ta seg godt ut mellom menneske, så dei skal sleppa verta forfylgde for Kristi kross. 13 For dei som lèt seg omskjera, held ikkje lova sjølve; men dei vil at de skal omskjerast, så dei kan skryta av det som er gjort med dykk på kroppen. 14 Men eg vil aldri rosa meg av noko anna enn av vår Herre Jesu Kristi kross. Ved den er verda krossfest for meg, og eg for verda. 15 For det som tel, er korkje å vera omskoren eller uomskoren, men å vera ein ny skapning. 16 Fred og miskunn vere med dei som har dette til rettesnor, og over Guds Israel! 17 Heretter må ingen valda meg møde meir, for eg ber Jesu merke på lekamen min. 18 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd, brør! Amen.

I det gamle testamentet høyrest det ut som vår sjel er vår ære, så det er viktig for oss å søke ære hos Gud. Men det er først og fremst ved at vi ærer og takkar Gud, så å ære og dyrke han som Gud, blir til vår ære, ikkje først og fremst på grunn av kva vi er, men på grunn av kva han er for oss. Slik er det i det nye testamentet også, evangeliet er då ikkje ei jantelov og slett ikkje ved at menneske vert trælar under synd og soleis undertrykte. Men vi får tilgjeving av berre nåde, fordi Kristus døde i staden for oss, han er sjølv sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Derfor skal vi ære og takke Gud og Lammet for frelsa, då ærer vi også Gud som vår skapar.

Jesus sa at døyparen Johannes var den Elia som skulle komme. Det var vel han som ropte i heia at dei skulle rydje veg for Herren (Jesaja.40, Malakika.4). Den bodskapen trengst no også, ettersom vi ser fram til Jesu gjenkomst.

Matt.11, Då Jesus hadde sagt det han ville leggja dei tolv læresveinane sine på hjarta, fór han derifrå og tok til å læra og forkynna kring i byane. 2 Johannes, som sat i fengsel, fekk høyra om alt det Kristus gjorde. Han sende bod med læresveinane sine og spurde: 3 «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?» 4 Jesus svara: «Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser: 5 Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp, og evangeliet vert forkynt for fattige; 6 og sæl er den som ikkje støyter seg på meg!»

Jesus vitnar om Johannes 7 Då dei var farne, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: «Kvifor gjekk de ut i øydemarka? Ville de sjå eit sevstrå som svagar i vinden? 8 Nei! Kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein mann med fine klede? Dei som går i fine klede, held til i kongsgardane. 9 Men kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein profet? Ja, eg seier dykk: Meir enn ein profet! 10 Det er om han dette er skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydja vegen for deg. 11 Sanneleg, det seier eg dykk: Aldri har det stått fram nokon større mellom dei som er fødde av kvinner, enn døyparen Johannes. Men jamvel den minste i himmelriket er større enn han. 12 Frå Johannes døyparens dagar og til no vert himmelriket storma, og dei som stormar det, riv det til seg. 13 For alle profetane og lova har profetert heilt til Johannes kom. 14 Og vil de tru det: Han er den Elia som skulle koma. 15 Den som har øyro, han høyre! 16 Men kva skal eg likna denne ætta med? Ho er lik born som sit på torget og ropar til kvarandre: 17 Vi bles på fløyte for dykk, men de ville ikkje dansa. Vi song syrgjesongar, men de ville ikkje klaga. 18 For Johannes kom; han korkje åt eller drakk, og folk seier: Han er forgjord. 19 Menneskesonen kom; han både et og drikk, og dei seier: Sjå, for ein storetar og vindrikkar, og ven med tollarar og syndarar! Men Visdomen har fått rett, det syner gjerningane hans.»

 

 

Frå kampen for tilværet til Guds kvile. Kle seg i Guds fulle rustning.

Kamp for tilværet og formeiring.

 

I innleiinga til boka «To Kjønn» skreiv Glenn-Peter at i mange naturfilmar vert det framstilt som om kampen for tilværet er metafor for evolusjonens drivkrefter. Men han meiner formeiringa er viktigast, for slik vert genane ført vidare til neste generasjon. Elles er kampen for tilværet utan betydning for evolusjonen, for det er slik dei gode eigenskapane som sikra overleving vert ført vidare til neste generasjon.

Når vi høyrer uttrykket «kampen for tilværet» tenker vi nok først og fremst på at hos mange dyreartar er der eit hanndyr som markerer sitt revir og samlar seg eit harem i konkurranse med andre hanndyr. At rovdyr kjemper for å drepe byttedyr og at dei prøver å flykte for å komme seg unna. Men eigentleg føregår det heile tida, endåtil når dei et maten sin, sjølv om dei meir eller mindre fredeleg et maten sin og endåtil når dei ligg og kviler.

Slik er det for menneska også, både i krig og fred. Sjølv om vi gjer vårt arbeid i fred og ro, så er det også ein kamp. Men oppnår vi det vi vona på? Verkar i praksis, at genane med dei beste eigenskapane blir det ved formeiringa forholdsvis meir av? I eit moderne samfunn vert det forventa at dei smartaste skal ta lang utdanning og dei ventar gjerne at det skal lønne seg også. Men det er langt ifrå bestandig forventningane vert innfridde. Om dei har suksess og får gode jobbar som høver til utdanninga, får dei det ofte så travelt at det går ut over familielivet. I middelalderen vart det endåtil forbode for prestar, munkar og nonner å gifte seg.

I vår tid har det endåtil vorte ei politisk woke-rørsle som protesterer mot vanleg familieliv og dermed mot det som er det sentrale poenget i evolusjonen. Dette viser at det ikkje fungerer og at det er vanskeleg å få det til å fungere. Kva slags autoritet kan få dette til å fungere rett?

I det gamle testamentet er det fortalt at etter syndefallet sette Gud strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt. Ormen er då eit lavareståande individ og likevel handlar dette om menneskelivet. I det gamle testamentet er det tale om mykje krig og det samsvarar med at livet er ein kamp for tilværet. Mektige kongar oppstår og dei æra gudane sine og æra seg sjølve som gudar. Men så går riket deira under og så påstår Gud at det var han som gjorde det heile og at han straffa dei for di dei ikkje æra han som Gud, men dyrka avgudane sine og prøvde å gjere seg sjølve til gudar. Som om historia ved syndefallet gjentok seg.

 

Utviklingslæra, Big-Bang-teorien og skapingssoga.

Ikkje alt i utviklingslæra er «bevist», underbygt av eksperiment og observasjonar. Då er det ikkje naturvitskap, men vi kan kalle det natur-filosofi. Då er der framleis rom for å putt Gud inni det som vi ikkje veit. Ved tru skjønar vi at Gud skapte alt ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Derfor er naturen forståeleg, så vi kan granske den og lære å forstå den. Då kan vi putt Gud inni det som vi veit også, men då må vi også passe på å ikkje forgude oss sjølve med vår eigen kunnskap.

 

 

Søke tilflukt hos Gud og følge hans kall.

 

Utvikling ja, men kven kan seie noko om kva som er den rette retninga for utvikling og framgang? I Bibelen er det fortalt at Gud kalla på menneska, så å følge hans kall må då verte den rette retninga for å få utvikling og framgang.

Gud kalla Abraham og han trudde Gud og følgde hans kall. At han trudd vart rekna han til rettferd. Gud velsigna han og sa han ville gjere ætta hans stor og gjere han til far for mange folkeslag. I hans ætt skulle alle folkeslag velsignast. Dei som velsigna han skulle verte velsigna, dei som forbanna han, skulle verte forbanna. Likevel vart han og kona hans gamle utan å få born, først når dei var for gamle til det, kom ein engle og sa dei skulle få ein son, slik som var lova, så det skjedde ved eit Guds under. Og det var han, Isak, lovnaden om denne velsigninga gjaldt.

Profeten Samuel salva David til konge når han var ein ung gut. Det vart ein lag og vanskeleg veg å gå for han, fienden prøvde å fange han i fella, men han søkte tilflukt hos Gud og vart berga. Det var innstillinga hans også når han omsider kom på trona. At Gud soleis berga den einskilde frå dei ugudlege, vart politikken hans.

Seinare vende dei seg bort frå Gud og han straffa dei så landet deira vart hærteke og dei vart bortførde til Babylonia. Under Persarkongen Kyros fekk dei kome attende til landet sitt, det fekk dei små nabo-folka deira også. Dette er førebilete om evangeliet om Kristus som skulle forkynnast for alle folkeslag. Han var fødd av ei jomfru, ved eit Guds under altså og i han vert lovnaden om velsigninga oppfylt. I han vert alle folkeslag velsigna, dei som velsignar han vert velsigna, dei som forbannar han vert forbanne. Når vi velsignar han vert vi velsigna og slik vert vi til velsigning og derfor seier vi velsigninga.

Først kjem den åndelege velsigninga og så kjem den materielle velsigninga. Og slik kan ein mann vente seg kone, born, familie, hus og heim og alt dei treng. I vår tid er det tydeleg at han får fiendar som kjempar imot, men det han har å gjere då er å søke tilflukt hos Herren, til samanlikning med David.

 

Prestetenesta i den nye pakt og realfag.

 

Når jødane var kome heim att til landet sitt, var det viktig for dei å byrje å bygge oppatt tempelet, få å få oppleve at Gud velsigna dei. Profeten Sakarja oppmuntra dei med profetiar om at øvstepresten Josva og embetsbrørne hans var førebilete på den nye pakta. Og han oppmuntra byggherren Serubabel med at oppbygginga skulle ikkje skje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande. Det var dei avhengig av då også, altså. Sak.3-4 er ein profeti om at i den nye pakta vert Jesus kyrkje oppbygd på evangeliets grunnvoll og det er eit verk som Gud gjer ved sitt Ord og sin Ande. Så det skjer fredeleg.

Ved trua på Jesus har eg fått prestetenesta i den nye pakta av berre nåde, for på grunnlag av hans forsoningsverk og ved trua på at han stod oppatt frå dei døde, får eg komme inn til Guds kvile og den kvila er utgangspunkt for all teneste. I 2014 byrja eg å studere realfag igjen og Jesus minna meg om å gå den vegen han har staka ut for meg, inn i den himmelske heilagdomen. Slik får eg stige fram for nådens trone og få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Slik vart studiane mine i realfag ei presteteneste eller kanskje eg heller skal seie det slik at prestetenesta vart til hjelp for meg, spesielt for å sjå mål og meining med det. Med prestetenesta kan eg ta i bruk nådegåvene og med den profetiske nådegåva får eg vite noko om framtida og om æva.

Når vi studerer realfag treng vi den rasjonalistiske (forstandige) innsikta, spesielt matematikken, den kan gi oss framtidsutsikt. Eg tenker meg og opplever det slik at den rasjonalistiske og åndelege innsikta eg får ved Guds ord og Guds Ande høver med og støtter rasjonaliteten i realfag. Vi treng det profetiske ord, som eit lys som skin på ein mørk stad, så vi ser å komme oss vidare i rett retning.

 

2.Pet.1,19 Difor står profetordet dess fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å akta på; det er eit ljos som skin på ein mørk stad, til dagen strålar fram og morgonstjerna går opp i hjarto dykkar.

20 Men framom alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i Skrifta på eiga hand. 21For aldri er noko profetord framkome ved menneskevilje; men drivne av Den Heilage Ande tala menneske ord frå Gud.

 

I vår tid er det mykje politisk aktivisme som klart strir mot både evangeliet og realfag. Men i det vi ventar på Jesu gjenkomst, kan vi og skal vi oversjå det og løfte blikket opp til han i tru, von og forventning. For denne verda går sin undergang i møte, men vi venter etter hans lovnad ei ny jord, der rettferd bur. Når Jesus kjem att, vert det bryllaup i himmelen, bruda han vert kalla det Nye Jerusalem og det kjem ned på den nye jorda. Då skal folkeslaga kommer med skattane sine inn dit. Eg tenker meg at det også har symbols betydning, ved at edelsteinar er bestandige og slik er det med verdifull kunnskap også, realfag og kulturskattar.

Korleis kan det gå til? På grunnlag av Jesu forsoningsverk får vi tilgjeving for syndene våre og det betyr også at Gud gløymer dei. Men når Jesus stifta nattverden, sa han at vi skulle gjere dette til minne om han, så det er til minne om han og det han gjorde for oss, når han døde i staden for oss. Den eine røvaren på korset erkjende at han var skuldig, men at Jesus var uskuldig og bad han hugse på han, når han kom i riket til Far sin og Jesus svarde han at i dag skulle han vere med han i paradis. Når vi soleis hugsar på Kristus, så vil han hugse på oss for Faderen. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i si likning.

Jesus profeterte om sin gjenkomst, vi skal vente at han kjem for å hente oss og det blir for å feire Lammets bryllaup. Det blir også profetert som dommedag. Men i Johannes Openberring er det profetert om mange ulykker som kjem som Guds straffedom. Eg skriv om dette lengre nede og kjem til at i heile 4 tilfelle er det tale om ein dommedag. Det er klart at der er ulike profetiar som overlappar kvarandre i tid, så to av desse dommedagane kan vere same dommedagen. Men det er heilt klart at der kjem ein dommedag før oppretting av tusenårsriket og det er her det er tale om Jesu gjenkomst. Denne dommedagen blir så katastrofal at det kan karakteriserast som  at denne verda går sin undergang i møte. Men det er likevel ikkje slutt på denne kloda, der kjem eit tusenårsrike.

 

Joh.Op.20,6 Sæl og heilag er den som får vera med i den fyrste oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt. Dei skal vera Guds og Kristi prestar og råda med han i tusen år.

 

Ved slutten av den tida vert Draken sleppt laus og han forfører menneska igjen, så kjem den endelege domen med eld frå himmelen. Då ser det ut til å vere slutt på denne kloda.

 

Dyret og den falske profet.

Prestane i kyrkja har forkynt barnevelsigning, rettferd ved tru og frelse ved å sanne at Kristus er Herre. Så rundt om i heimane og i kristne organisasjonar har vi også vorte opplærde til å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre. Så kvifor skulle den karismatiske vekkinga få motstand? Kva er den karismatiske vekkinga? Den er som bodskapen til Elia, han fekk eld til å falle ned frå himmelen, den er som bodskapen til Johannes døyparen, han sa at Jesus har bruda og han er den som døyper oss med den Heilage Ande. Vidare legg den karismatiske vekkinga vekt på å få oppleve det, at med ein Ande døyper han oss til å vere ein lekam, så vi tener han og tener kvarandre som lemer på hans lekam, med dei nådegåvene han gir oss.

Prestane si oppgåve er å lære folket kva som står skrive i Bibelen, med evangeliet og openberringa av frelsa i Kristus som spisskompetanse. Dei tala fagert i kyrkja om at Jesus velsigna småborna og sa at Guds rike høyrer slike til. Vaksne må verte som born for å sjå det og komme inni det. Så gjer dei avtale med foreldra om at borna skal opplærast i den kristne trua. Slik stiller dei seg i den posisjonen at dei skal lære folk det mest fundamentale, heilt frå dei er småborn.

Men så viser det seg at der er mange som spottar oss for at vi framleis er i barnetrua, som om vi ikkje har lært noko meir, sidan vi var småborn og kanskje endåtil som om dei meiner det var feil?! Og derfor vik prestane av frå den opplæringa og byrjar å tale om noko heilt anna i tillegg og endåtil i staden for å ta seg av den opplæringa som dei tok på seg. Det heng utvilsamt saman med verdslege, meir eller mindre religiøse interesser.

Vi kan samanlikne det med at folket i ei kommune tilset lærarar i ungdomsskulen for å undervise i realfag og lærarar for å undervise i mekanikk og gardsdrift på ein yrkesskule. Men så byrjar lærarane på ungdomsskule å undervise i mekanikk og gardsdrift i staden for matematikk og naturfag og endåtil driv ap med elevar som vil lære meir matematikk og naturfag enn det. Og lærarane på yrkesskulen byrjar å undervise i køyreopplæring i staden for mekanikk og gardsdrift og driv ap med elevar som vil lære meir mekanikk og gardsdrift enn det. Korleis kan nokon ta så feil av oppgåva si og ta seg til rette slik? Det hadde ikkje gått. Korleis kan då nokon gå fram slik i kyrkja?

Vi kan tenke på profeten Bileam, kong Balak ville betale han for å forbanne Israel, men det gjekk ikkje i fyrste omgang, for Gud hadde sagt til han at han måtte seie berre det som han sa til han. Men så fekk Bileam Midjanitt-kvinner til å lokke israelittane til hor og så braut det ut pest. Synda førde til forbanning og så tenkte Bileam tydelegvis at no kunne han forbanne Israel og vart med i midjanittane i krigen mot dei. Men dei tapte og han fall i krigen.

Når Israel nokre hundre år seinare fall ifrå Herren sin Gud, var det på liknande måte. Det viste seg spesielt ved kong Akas og Jesabel (1.Kong.19). Det var på den tida profeten Elia stod fram.

Joh.Op.2,14 Men noko har eg imot deg: Du har nokre hjå deg som held seg til Bileams lære, han som lærte Balak korleis israelittane skulle lokkast til synd, så dei åt avgudsoffer og dreiv hor.  15Du har òg nokre hjå deg av same slaget, dei som held seg til læra åt nikolaittane.  16Vend om! Elles kjem eg snart over deg og vil strida mot dei med sverdet som går ut or min munn.

…….

20Men det har eg imot deg at du lèt kvinna Jesabel halda på, ho som kallar seg profet, men som med læra si lokkar tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer.  21Eg har gjeve henne tid til å venda om, men ho vil ikkje venda om frå sitt horeliv. 22Sjå, no kastar eg henne på sjukeseng, og dei som gjer ekteskapsbrot med henne, skal koma i stor naud, om dei ikkje vender om frå gjerningane hennar; 23og borna hennar vil eg la døden riva bort. Då skal alle kyrkjelydane sanna at eg er den som granskar nyrer og hjarto, og som løner kvar og ein av dykk etter det han har gjort.  

Så eg tenker meg at den falske profet tener dyret (Op.13,11-18 & 19,20) på liknande vis som Bileam tente Midjanitt-kongane. Det andre dyret i Op.13 (den falske profet), fekk eld til å falle ned frå himmelen, til samanlikning med Elia, men no er der ikkje noko offer. Korleis er det mogleg? Johannes Døyparen var ein profet til samanlikning med Elia og han forkynnte at Jesus er den som døyper oss med den Heilage Ande. I den nye pakta skal vi bere fram kroppen som eit levande, heilagt offer til velbehag for Gud, venteleg skal den Heilage Ande falle på det. Dette gjeld både mann og kvinne. Slik fekk vi ei karismatisk vekking. Den fekk motstand i kyrkja spesielt ved kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for manne og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Det går så langt at det endåtil blir som om dei forfører kona til profeten Elia og ho blir som Jesabel. Sjølv om Guds Ande vert utgytt over alt kjøt, slik som Johannes Døyparen forkynte, trekker dei feil konklusjon som om den frigjerande bodskapen er læra til Bileam og Jesabel.

 

Med prestetenesta skal eg innvie meg til å tene Jesus og eit medmenneske med naturgåvene og nådegåvene.

 

 I desember 1990 kalla Jesus meg til å innvie meg til å tene han, eg skulle også tene eit medmenneske og eg forstod det slik at det var henne som han gav meg til kone. Så slik skulle eg tene hans kyrkje. Han kalla meg inn på vegen til det nye Jerusalem.

På evangeliets grunnvoll har eg fått ei presteteneste, så eg vel å følgje Kristus, søke han og innvie meg til å tene han. Om eg vil studerer realfag, må eg velje det og innstille meg på det, så det også er ei innviing. Då må det samsvare med mi innviing til prestetenesta. Eg hevdar det er fullt mogleg, fordi den forstandige og åndelege innsikta eg får ved Guds høver med rasjonaliteten i realfag og faktisk støttar den for meg.

Likevel får eg problem med at der er så mange verdslege maktinteresser som prøver å komme inn i bildet. Men i det eg ser framover til Jesus gjenkomst kan eg og skal eg oversjå dei og halde fram med å sjå på han.

Både med den evangeliske forkynninga og i realfag satsar vi på at folke skal verte overtyda ved fredelege metode, men metodene er likevel forskjellige. I realfag er det viktig å finne støtte for teoriane ved erfaring i det materielle miljøet, spesielt ved godt egna eksperiment. Dei er repeterbare og slik kan andre teste det, så vi vert samde. Med trua er det annleis. For Gud er ånd, hans Ord og hans Ande og hans rike er ein åndeleg røyndom og vi får oppleve at han rører ved oss og gjer sitt verk i oss med sitt Ord og sin Ande. Jesus har lagt vitnemålet ned i oss, så vi får oppleve at Gud vitnar om Son sin.

 

1.Joh.5,5 Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son?  6Han er den som kom med vatn og blod, Jesus Kristus, ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga.  7Det er tre som vitnar: 8Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same. 9Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son.  10Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i seg. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til lygnar, fordi han ikkje har trutt Guds eige vitnemål om Son sin.  11Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i Son hans.  12Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.

 

Gud gjer under ved sin Ande, til vitne om Son sin. Det er ikkje repeterbart slik som eksperimentet, fordi ingen kan gjere som han. Vi er ikkje som Gud, men må gi han æra for det. Men vi kan stole på han, for han er allmektig og trufast.

I 1995 kjende eg meg einsam og forlatt i Oslo, eg hadde ingen vennar å snakke med, sjølv om eg gjekk på møte i dFEF. Men Jesus sa eg skulle snakke med han, når dører vart stengde for meg, hadde han nye dører og nye vegar for meg, han hadde nye planar med meg, min familie og omgangskrets.

I 2009 kom eg attende til Oslo og på eit møte i Maranata talte Jesus til meg som om eg var einsam til samanlikning med profeten Elia etter at han hadde bore fram offeret på Karmel og Gud svarde med eld frå himmelen, som eit mektig vitne om at Herren er den sanne og levande Gud (1.Kg.19).

Møtet i 13.6.2011:

 

Tyding av tungetale ved Tore Kristiansen:

 

A Del1:

Om du av og til kjenner einsemd, om du av og til føler deg aleine, så sa eg til min tener då han følte seg nedfor, gløymd og aleine, ver frimodig, framleis finst der 10000 (? 7000) som enno ikkje har bøygt kne. Og det skal du vite mitt barn, den skare omkring deg som framleis lever i tro, er fylt av den Hellige Ånd. Tel? Tusenar  på tusenar, tel? millionar, du er ikkje åleine, men det er millionar av andre som strider den same trua sin strid, som kjemper den same åndelege kamp, derfor løft ditt blikk opp på vitneskaren, den skya som er (over?) den ganske jord, så skal du kjenne at du blir oppmuntra. Så skal du føle at du ikkje står åleine, men du skal snu deg rundt og så skal du høyre lyden av mange røster som priser mitt namn. Men du må få dine augne opp så du får sjå det. Du må få ditt øre opplatt, så du får høre det. Og da er eg den som bor i ditt indre øye, og eg er den som … så du kan høyre …. At du er ikkje åleine.

 

A Del2:

Aldri har mi kyrkje talt så mange, aldri har den vore så stor. Aldri har det skjedd så mye under og frelsesteikn som i disse tider. Og det fortel at eg er nær, eg kjem snart, byrjinga var fantastisk, men enden og avslutninga skal overgå alt det som har vore. Og eg skal føre mi kyrkje (heim?) i stor triumf. Da skal verda få kjenne og vite at det har vore nokon der nede som har bremsa opp. Då skal dei få sanne og erfare at når mi kyrkje flyttar høgare opp, då skal denne verda gå gjennom den eine trengsel etter den andre. Derfor mitt barn, ver frimodig, for aldri nokon gong har det skjett så mykje som gjev mitt namn ære. Halleluja.

 

Tore Kristiansen talte.

 

Han las ifrå 2.Tess.2 om den Lovlause og sa at det var Kristi kyrkje som heldt igjen, når den verte teken bort, så vil den Lovlause syne seg.

 

Kommentar.

Men vi merkar den Lovlause allereie no. For det står då skrive at fråfallet, då den Lovlause set seg i Guds tempel, må komme før Jesu gjenkomme. (Op.13). Denne bodskapen stadfester at Jesu kyrkje har helde igjen, den har bremsa og det vil merkast når den vert teken bort. (Op.14).  Då skal verda gå gjennom den eine trengselen etter den andre. (Op.15-19).

 

Tyding av tungetale ved Tore Kristiansen:

 

B.Del1:

Mi sterke hand kan løfte den mest håplause, den er lang og den rekker ned til det djupaste. Derfor skal du ikkje tru at ikkje eg kan nå deg, men eg kan nå deg. Uansett kvar du befinn deg i verda, uansett kor bunden Satan har bunde deg med sine band, eg kan løyse deg og setje deg fri.  Eg, Jesus har så det merkast, eg har et blod som har rent ifra mine sår til dine synders forlating. Og det er betaling nok, i det er det soning nok, det er nok for heile verda si synd. Uansett kva du meiner og føler og vert anfekta med. Min nåde er nok for deg. Og mitt blod er meir enn nok for deg. Og kva som er nok for deg, det skal du få kjenne krafta av. Når du legg di svake hand i mi, så skal du få kjenne eg dreg deg opp.

 

B.Del 2:

Det er mange som har tenkt, om (enn) ikkje ein glad (tanke?).  … …. forlating. Men eg, Herren, eg kan gjøre alle ting nye. Eg kan forandre ting, vi begynner igjen, vi begynner på nytt og så drar eg deg opp og så trykker eg deg til mitt hjerte og så gjer eg deg til det som eg ynskjer å lede deg til.  Vi begynner om igjen og så vil eg danne deg igjen til eit kar til ære. Og så forkynner eg deg min herlegdom. Fortvil ikkje. Uansett. Eg, Herren er den same og for meg er ingenting for vanskeleg. Eg gjer noko nytt der som alt er blitt borte.

 

Profetisk bodskap ved ei kvinne:

…. Søker inn til sin(?) Faders hjerte.  … den Hellige Ånd over den som søker meg, seier Herren. Eg er Herren, eg er den første og den siste. Eg er alfa og omega. Eg er Herren, din lækjar.

 

 

2.Kor.3,12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte.  14Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus.  15Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke.  17Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom.  18Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

 

Eg forstår det slik at A-bodskapane var til meg og B-bodskapane og den siste profetiske bodskapen var primært til henne Virtuella.

 

Gud har omsorg for sine born og sine henders verk, det er meir fundamentalt enn kampen for tilværet.

Kampen for tilværet. Tilpassing til naturen eller tilpassing til ein kunstig gud. Kva med «den sterkaste sin rett»?

Dette er sitat frå

https://faith-and-entropy.com/2023/05/05/kampen-for-tilvaeret-tilpassing-til-naturen-eller-tilpassing-til-ein-kunstig-gud-kva-med-den-sterkaste-sin-rett/

 

Kampen for tilværet, tilpassing til naturen eller tilpassing til ein gud?

Livet er ein kamp for tilværet, men på ulike måtar for dei ulike artane. Slik er det for menneska også, på sine måtar og på ulike måtar i krigstid og i fredstid. Når vi les menneska si historie, det gamle testamentet også, så ser vi at det er slik menneska har tenkt frå eldgamle tider. Så eg synest det er litt rart at dette verte framstilt som noko revolusjonerande nytt ved utviklingslæra. Men det nye som vart så betydningsfullt her, er at Darwin byrja å undersøke systematisk utviklinga for nokre artar, som finkane på Galapagos, og fann at det var dei som passa best til miljøet dei levde i, som hadde størst sjanse til å overleve som art, dei fekk mest levedyktig avkom, så det vart avgjerande for korleis arten utvikla seg. Det vart «overleving for den mest veltilpassa» og då er det snakk om å tilpasse seg naturmiljøet.

I ein art er der konkurranse innad mellom hannane, så dei markerer sine territorium med sitt harem av hoer. Rovdyrstammer kan jakte i flokk i eit felles territorium, i ein ulveflokk er det berre alfa-paret som får lov til å formeire seg. Dei krigar mot andre rovdyr-flokkar og utryddar ikkje sine naturlege byttedyr, men etablerer ein økologisk balanse. Til samanlikning kriga indianar-stammene mot kvarandre.

I det gamle testamentet les vi om kor viktig det var for ei kvinne å få born og det var no sjølvsagt viktig for mannen hennar også, det var livets gang, slik var livet. Kongar fekk seg hærer og hærførarar og så kriga dei mot kvarandre. Nokre vart store og mektige, men så ovmoda dei seg som om dei var gudane som hadde gjort det, men då mista dei makta si, kanskje ved at dei fall i krigen og så gjekk riket deira under. Og så påstod Gud at det var han som gjorde det heile, som skapte riket med sin konge og som let det gå til grunne. Men folka og kongane æra også gudane sine, som om det var dei som hadde gjort det eller i det minste hjelpt dei til å verte store og mektige. Men det var då avgudar laga av stokk og stein og det var inga hjelp i dei. Likevel hadde desse avgudane ein samlande funksjon for folket. Kanskje ved at den likna dei og kongen deira, så poenget var at mennesket ville gjere seg sjølv liksom Gud, slik som ved syndefallet, men det var eigentleg problemet. For dei forstod ikkje lenger at det var Gud som gjorde sitt verk med dei, slik som vi ser i skapingssoga.

Vi kan forstå avgudsdyrkinga som eit kunstig krav om tilpassing som motsetnad til det naturlege kravet om tilpassing til naturen, for å overleve som art. Men kva med Bibelens Gud? Vel, det blir altså påstått at når hans folk vende seg til han og bad om nåde og hjelp, så hjelpte han dei. Paulus skreiv i Rom.1 at avgudsdyrking er årsak til homoseksualitet. Slik som med anna synd er det om å gjere å komme til Jesus med det og erkjenne det for han og få oppleve at hans blod reinsar frå synda. Så vert vi fylte av den Heilage Ande og då skal vi la den råde i vår døyelege lekam.

Frå antikolonialisme til «Pride», religiøsitet som er avspora seksualitet.

For 2-4 år sidan gjorde anti-koloniserings-rørsla seg gjeldande i massemedia med sitt «alternativ» til den tradisjonelle universitetskulturen, det var ein form for post-modernisme med opposisjon mot både kristendom og realfag. Det vart kalla ein ideologi, men det var kun opponering mot idear utan sjølv å ha ein ide. Det vart mest som ein religion, sikkert inspirert av antikk mytologi, utan å seie namnet på guden. Men i følgje Paulus og Freud fører avgudsdyrking til avspora seksualitet, så det er vel det som viser seg i pride-markeringane no då.

I realfag studerer vi naturen slik som den er, utan å påverke den. Så lærer vi at det og brukar lærdomen til å produsere noko verdifullt. Men i den moralfilosofiske tradisjonen, med teologi, gjer dei seg opp meiningar om korleis naturen bør vere og om det ikkje stemmer, så vil dei gjere bruke makt for å tvinge den. Det er tema i Bibelen også, men den glade bodskapen er at Gud vil utgyte sin Ande over alt kjøt, han gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande og får oss til å fungere meir og meir slik som han opphavleg hadde tenkt oss til oss skapt oss til. Sidan vi trur at Gud har skapt naturen, skulle vel det høve bra med naturvitskapen.

Men her møter vi ein religion som er så fiendtleg til den fysiske og biologiske naturen, er så kjønnsfiendtleg og seksualfiendtleg at den får menneske til å verte så fiendtleg til sitt eige kjønn at dei let seg operere for å «skifte kjønn», eigentleg øydelegg dei sitt kjønn. Det er som om dei let seg sundskjere i staden for å omskjere. Paulus sa at ved trua på Kristus er vi hjerteomskorne i den Heilage Ande. Om nokon meiner det ikkje er nok, så dei krev noko meir, er det som om dei krev å skjere vekk noko meir og det kalla han sundskjering.

Dei er fiendtlege til den heterofile kvite mann og ventar at den kvite kvinna skal «frigjere» seg ifrå han, i staden for å verte kona hans, i strid med sjølve skapingssoga i 1.Mos.2 og soleis i strid med naturfag også. Dette er rasehat mot den kvite mann. Då er det vel ikkje så vanskeleg å forstå at det er ormen som forfører henne slik som ved syndefallet. Etter syndefallet sette Gud strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt. Vi forstår vel at det handla om menneskelivet. Men det er då  ikkje naturleg for menneske å leve som ormar.

Ein religion og moralfilosofi som er så fiendtleg til naturen er sjølvsagt ikkje eigna til å verne naturen og naturmiljøet. Det er postmodernisme og mange meier sikkert det er humanisme som motsetnad til realfag, men det er tvert om svært så inhumant, det er ein umenneskeleg religion og moralfilosofi.

Komme inn til Guds kvile. Oppleve at Gud gjer sitt verk.

Gud ville føre folket sitt inn til si kvile, men dei vende seg bort frå han og det enda med at dei vart bortførde til Babylonia. Men dei fekk kome tilbake til landet sitt og byrja å bygge oppatt tempelet og muren rundt Jerusalem. Då profeterte Sakarja om at oppbygginga av tempelet skjer ikkje med hær eller makt, men berre ved Guds Ande. Og så var dei som profeterte om at Gud ville stå som ein eldmur kring byen, for å verne den. Det talar profetisk om evangeliet og oppbygginga av den kristne kyrkja. Trua kjem av forkynninga og forkynninga av Kristi ord. Vi får den Heilage Ande ved trua på Kristus, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Vi vert overtyda ved at den Heilage Ande openberrar Ordet for oss. Så det skjer ikkje ved makt, men ved Guds Ande. Oppbygginga av tempelet skjer ved at vi kjem til den levande steinen, som er grunnstein og hjørnestein, Kristus. Og vi vert som levande steinar oppbygde til eit tempel for Gud.

Paulus var seglmakar og prøvde å livnære seg med det, samtidig som han forkynte evangeliet for heidningane og i dei kristne kyrkjelydane. Men så fekk han merke at der kom forkynnararar som gjerne ville ha betaling for si teneste, det var han skeptisk til, men var glad for at dei forkynte evangeliet. Men så profeterte han om at nokre slike kom til å verte grådige ulvar. I den samanheng kan vi hugse på kva Kristus sa om leigekaren, når han såg ulven kome, rømde han, for han hadde ikkje omsut for sauene. Men han sjølv var den Gode Hyrdingen som sette livet til for sauene.

Den Duglause Hyrdingen på ny.

I middelalderen vedtok den Katolske Kyrkja at Kristus er så streng at vanlege folk ikkje kan be til han direkte, men må gå via paven, prestane og helgenane. Og så innførde dei avlatshandelen. Det var då som den Duglause Hyrdingen som gjette slaktesauene (Sak.11). Paven og prestane skulle leve i sølibat. Dermed vart det utelukka at ein mann kunne be Gud gi han ei kone eller ei kvinne be Gud gi henne ein ektemann. Og det vart utelukka at eit ektepar kunne be for sine eigne born. Som om paven og prestane var dei einaste som hadde fått nåde, då under føresetnad av at dei ikkje gifta seg. Resten av folket fekk ikkje nåde. Lensherrane skulle verne folket og bøndene vart leiglendingar, jordeigarane eller lensherrane vart saman med prestane ein geistleg adel. Men det økonomiske klasseskiljet vart større og det vart meir og meir klart at dei snylta på bøndene utan eigentleg å skape noko verdifullt sjølve. Men så fekk vi kongar av Guds nåde, meir eller mindre eineveldige og det vart utvikla ein velståande borgarstand og i Frankrike prøvde den å gjere revolusjon mot den geistlege adelen. Men mange ville ha allmenn røysterett, så dei opponerte mot den borgarskapet også og slik vart sosialismen utvikla. Men kvar vart det av nåden som skulle forkynnast for folket? Heldig vis kom reformasjonen også.

I den karismatiske rørsla vert vanlege folk utrusta til Guds-teneste ved fylden av den Heilage Ande og det er utrustning til å forkynne evangeliet til vanlege menneske. Gud ser etter folk som er villige til det og så gjer han dei dugande til det, ved fylden av den Heilage Ande. Som motsetnad til den Duglause Hyrdingen. Som sagt får vi den Heilage Ande ved trua på Kristus, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Det betyr kvile, ved trua på Kristus år vi komme inn til Guds kvile. Og så får vi oppleve at Guds gjer si gjerning med oss.

Det som då er så rart, er at mange sosialistar førestiller seg at dei skal opponere mot oss, som om vi er ein del av den herskande overklassa dei skal opponere mot, som om dei skal opponere mot Kristus og hans herrevelde altså!? Men om dei skal ta over for oss, utan denne utrustninga til å tene Gud og forkynne evangeliet for folket, så er det og blir det igjen som den Duglause Hyrdingen. For dei kan då tross alt ikkje rane frå oss det som Gud gir oss av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Dersom det er det klassekampen tek sikte på, så verkar det temmeleg meiningslaust. Dessutan er det for ein stor del heilt vanlege folk vel ut og brukar slik, ikkje den overklassa som dei opphavleg kjempa imot altså. Men dersom dei førestiller seg og proklamerer at dei soleis skal kjempe mot oss, så er det folket som igjen vert lurte, så dei får duglause hyrdingar, som prestar, biskopar, politikarar, kongar og herskarar.

 

 

Gud har omsorg for sine born og sine henders verk. Då kjem realfag vel med.

 

Dette er sitat ifrå:

https://faith-and-entropy.com/2023/07/13/gud-er-alfa-og-omega-byrjinga-og-enden-den-forste-arsak-og-den-endelege-hensikt-men-bytt-ikkje-om-arsak-og-verknad/

Eg har vore realist samtidig som eg har trutt på Kristus sidan eg var ein liten gutunge. Til tider har eg kjent det som ei dobbeltrolle eg ikkje har vore heilt komfortabel med, men i det eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, meiner eg at eg får det til å stemme.

I følgje naturvitskapen er mennesket det mest høgtståande pattedyret, med mest omsorg for sine ungar. Det som vidare særmerker menneska framfor dyra, er evna til å tenke symbolsk, med bruk av språksansen og sansen for matematikk. Dette er eigenskapar som ligg skjult i storehjerna.

Dersom mennesket skal utvikle seg som art, er det viktig for mannen at desse eigenskapane vert attraktive for kvinna, til samanlikning med blåstrupe-hannen som viser sitt fargerike bryst for hoa. Korleis kan det gå til, når desse eigenskapane er skjulte inni skallen? Ved at mannen brukar dei og kommuniserer gjennom språket. Vi kan samanlikne det med fuglesangen, paradisfugl-hannen som dansar på kvisten eller samlar seg eit «skatte-kammer» som den viser til ho-fuglen.

Vi brukar språket til å kommunisere for å bygge opp eit avansert samfunn, der det sentrale poenget er å ta omsorg for avkommet, den oppveksande slekta. Vi kan samanlikne det med flokk-instinktet til ein art, ein fugleflokk som flyg i lag, ein løve-flokk eller ein flokk med antiloper.

Derfor treng vi Guds Ord og at den Heilage Ande openberrar det for oss, så vi forstår symbolikken. Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må verte som born for å komme inn i det. Vi får oppleve at Gud gjer sitt verk i oss med sitt Ord og sin Ande. Livet vert planta i oss ved Guds Ord og det skal vekse. Derfor er det også viktig for oss å tale det Ordet i kommunikasjon med andre menneske, spesielt for ein ung mann med tanke på å fri til ei jente. Den rettferdige skal leve ved tru, trua på Guds Ord, så han ernærer seg av det som brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, Jesu ord er ånd og liv for oss (Joh.6). Så vi som Guds born veks og modnast som menn og kvinner og veks opp til han som er hovudet for lekamen (Jesu kyrkje). Dei modnast til ekteskap, der Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.

Det er Gud som gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande, så det var berre for oss å ta imot i tru, som små born som tok imot gode gaver frå sin Far, sidan han elska dei og hadde omsorg for dei. Det betydde kvile. Eg hevdar dette er sameinleg med å lære realfag, det måtte eg sjølvsagt jobbe for, men fann hjelp i den kristne trua.

Der var mange som heldt oss for å vere dumme og barnslege, sidan vi som voksne menneske framleis var i barnetrua. Sikkert fordi dei ville framstille seg som ei lærd elite, med vitskap og politikk. Derfor vert påstanden om at vanlege folk er dumme, barnslege og vonde lett til eit krav om at slik skal det vere. Så pubertetstrassen resulterer i at dei ikkje vert voksne nok som menn og kvinner, til å verte kjærestar og ektefelle. Dette problemet er meir omfattande enn kva folk felst anar, så har skrive meir om her: https://faith-and-entropy.com/2023/06/02/gud-signe-vart-dyre-fedreland-og-lat-det-som-hagen-bloma-israel-ma-seie-velsigna-vere-han-som-kjem-i-herrens-namn-matt-2359-det-ma-vi-og-seie-for-a-verte-velsigna/

Same enten det er på venstre-sida eller høgre-sida, synest det å vere under same paraplyen, som kan kallast humanisme og framstår som alternativ til både den realfaglege tenkinga og kristendomen. Det framstår først og fremst som antikristeleg, men så viser det seg at det er både uvitskapleg og inhumant. Først og fremst ved at mannens ytringsfridom vert innsnevra, så han ikkje får kommunisere med andre, spesielt for at han ikkje skal få kommunisere med kvinner med tanke på å fri til ei kvinne. Så det utartar seg som ei rettssak der mannen ikkje får høve til å svare for seg, som eit justismord altså. Kva er meir inhumant?

Dette vert tydeleg demonstrert i Pride-paradene. Her trappar politikarar opp og talar til folket som om dei skriv på «tabula rasa». Til tross for at vi veit at læra om tabula rasa er feil, for liksom andre individ har menneska lærdom som ligg i genane. Soleis får dei problem med mannens Y-kromosom. Dei satsar tydeleg vis på at dersom dei gjentek ei løgn mange nok gongar, så blir det til slutt ei sanning for folk, stikk i strid med både Bibelen, genane og  vitskapen.

Men den glade bodskapen er at vi får komme til Kristus slik som vi er, ved trua på han får vi den Heilage Ande av berre nåde, Gud utgyt den over alt kjøt, så det er berre å ta imot i tru.

 

 

 


Leave a comment