Den kristne vekkinga er livgivande for ånd, sjel og lekam og tek sikte på den første oppstoda, ved Jesu gjenkomst.
Vi skal tenke som so at ved trua på Kristus er vi krossfesta med han og i dåpen er vi gravlagde med han. Der er vi også oppreiste med han. Derfor skal vi vende hugen opp til han og ta imot den Anden og det livet han gir oss frå himmelen. Soleis er den kristne vekkinga som oppstoda. Men det må vi også sjå skilnad på.
Esekiel profeterte om at når Gud frelser folket sitt, vert det som dei står opp frå dei døde.
Esekiel.37,1 Herrens hand kom over meg, og i ånda førte han meg ut og sette meg ned i ein dal som var full av bein. 2 Han førte meg rundt ikring dei. Og sjå, det låg ei stor mengd med bein utover dalen, og dei var heilt turre. 3 Så sa han til meg: «Menneske, kan desse beina livna opp att?» Eg svara: «Herre Gud, det veit berre du.» 4 Då sa han til meg: «Tal profetisk over desse beina og sei til dei: De turre bein, høyr Herrens ord! 5 Så seier Herren Gud til desse beina: Sjå, eg lèt det koma livsande i dykk, så de livnar opp att. 6 Eg lèt det koma sener og kjøt på dykk og dreg hud over. Så gjev eg dykk livsande, og de livnar opp att. Då skal de sanna at eg er Herren.» 7 Eg tala profetisk som eg var føresagd. Og medan eg tala, tok det til å buldra og skjelva. Beina la seg innåt kvarandre, bein til bein. 8 Og medan eg såg på, kom det sener og kjøt på dei, og det drog seg hud over dei. Men livsande var det ikkje i dei. 9 Då sa han til meg: «Tal profetisk til livsanden! Menneske, tal og sei til han: Så seier Herren Gud: Kom, livsande, frå heimsens fire hjørne og blås på desse drepne mennene, så dei livnar opp att.» 10 Eg tala profetisk, som han baud meg. Då kom det livsande i dei, og dei livna; dei reiste seg opp og stod. Det var ein veldig hær. 11 Så sa han til meg: Menneske, desse beina er heile Israels-folket. Høyr kva dei seier: «Våre bein har turka inn; vår von har vorte til inkjes, det er ute med oss!» 12 Tal difor profetisk og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or dei. Så fører eg dykk til Israels-landet. 13 De skal sanna at eg er Herren, når eg opnar gravene og lèt dykk, mitt folk, stiga opp or dei. 14 Eg gjev dykk min Ande, så de livnar opp att, og lèt dykk bu i dykkar eige land. Då skal de sanna at eg, Herren, har tala og sett det i verk, lyder ordet frå Herren.
Eg ser dette på grunnlag av evangeliet, Kristus døde i staden for oss, då skal vi ved trua på han sjå det slik at vi er krossfesta og døde med han og i dåpen er vi gravlagde med han. Der er vi også oppreiste ved han, for vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde, vi får oppleve Guds frelseskraft, Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen og vekker oss opp til liv i samfunn med seg. Så dei fire vindane er den Heilage Ande (v.9, Dan.7,2 Op.7,1).
Gud forsona verda med seg, ved at Kristus døde i staden for oss. Når vi tek imot den nåden Gud gir oss i han, får vi oppleve at Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Så vi er borgarar av himmelen, samtidig som vi er borgarar av denne jorda, vi er i verda, men ikkje av denne verda. Då har vi også to tenkemåtar, men dei er sameinlege, ved at vi let oss forsone med Gud. Så eg hevdar at den opplæringa eg får i Guds Ord er sameinleg med realfag.
Paulus sa at Gud har sett oss i himmelen med seg.
Ef.1,3 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i Kristus har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen. 4 I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt, så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn. 5 I kjærleik og av eigen fri vilje har han føreåt etla oss til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus, 6 til lov og ære for hans herlegdom og for den nåde han gav oss i sin kjære Son. 7 I han har vi utløysinga som vart vunnen ved hans blod, forlating for syndene. Så rik er hans nåde, 8 som han i rikt mål har late oss få. Han gav oss all visdom og alt skjøn, 9 då han kunngjorde oss løyndomen om sin vilje, den frie avgjerd han hadde teke 10 om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne: å sameina alt i Kristus, både det i himmelen og det på jorda.
Ef.2,4 Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.
Paulus seier at Gud fullfører sin frelseplan ved å sameine det som er i himmelen og det som er på jorda. Han har reist oss opp frå døden, saman med Kristus og sett oss i himmelen med han (EF.1,10 & Ef.2,6).
Kanskje det er slik dei to tempevitna i Joh.Op.11 stig opp i himmelen? Nei, eg trur dei allereie var i himmelen på denne måten, det var derfor dei kunne gjere slike under. Det viser nok til Jesus, gjenkomst, når han hentar si brud, eg trur nok helst det, ja.
I Joh.Op.20,1.. vart det fortalt at ein engel steig ned frå himmelen og batt Draken for 1000 år (Op.19,19-20,3). Sjelene til dei som hadde vorte halshogne fordi dei vitna om Jesus, vert levande så dei skal regjere med han i 1000 år, vere prestar for Gud og Lammet. Slik blir 1000-årsriket. Så spørst det om ikkje dette er den kristne vekkinga vi ser i Esekiel.37? Men den vekkinga har vi allereie, slik også med prestetenesta. Og i følgje Paulus har ikkje oppstoda allereie vore (2.Tess.2), sjølv om vi får kjenne kreftene av Jesus oppstode frå dei daude Den åndelege vekkinga verkar som når dei fire vindane bles på dei tørre beina. Det skjer allereie no. Slik får vi også del i den første oppstoda.
Det er viktig for oss å komme inn i dei ferdiglagde gjerningane (Ef.2,10). Korleis då? Ved å ta imot bodskapen til Johannes Døyparen om at Jesus har bruda og han er den som døyper oss med den Heilage Ande.
Jesu gjenkomst; oppstoda frå dei døde og dommedag.
Leve i eit personleg forhold til Jesus og soleis vake og vente på hans gjenkomst.
Vi kjem inn i eit personleg forhold til Kristus, då får vi også oppleve at han samlar oss hos seg, i kyrkjelydar og så ser vi fram til den endelege samlinga i himmelen (Joh.10,1). Dette er og blir sentralt i vår forståing av profetiane. Vår sjel og vår subjektivitet kjem til sin rett når vi påkallar Kristus, takkar og lovpriser han som frelsar og Herre og ber til han. Når Gud svarar vår bøn, gjennom tyding av tungetale, lækjedom eller eit annan slags under, er det viktig at vi ærar og takkar han for det.
I likninga om dei ti brurmøyane vart det fortalt at alle sovna, så vart dei alle vekte av ropet: "Brudgomen kjem". Men berre fem hadde med seg nok olje og vart ståande med lys på lampane når han kom. Jesus avslutta denne likninga med å seie: 13 "Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen." (Matt.25). Denne likninga gjeld for alle, heilt fram til Jesu gjenkomst, sjølv om dei ikkje fekk oppleve det i si levetid. Det vesentlege er å ta imot nåden Gud gir oss i Kristus, så han gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Slik skal vi også vake og vente på Jesu gjenkomst.
Jesus profeterte om at det skulle verte krig (Matt.24), falske messiasar og prefetar skulle framstå, men hold ut. Matt.24, 13-14: "Men den som held ut til enden, han skal verta frelst. 14 Og evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og då skal enden koma."
Matt.24, 44 "Ver difor budde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det." Så vi skal vente på hans gjenkomst, men vere budde på at han likevel kjem på ei tid vi ikkje venta det. Då vert det litt annleis enn kva vi venta.
Når Jesus gav disiplane sine misjonsbefalinga, sa han at dei skulle sjå at han var med dei alle dagar. Når vi vender hugen opp til han og tek imot den Anden og det livet han gir oss frå himmelen, openberrar Anden for oss at Herren er i det det høge og heilage og bur hos den som er bråten og nedbøygd i ånda. Gud utrustar oss til teneste ved sitt Ord og sin Ande.
Vi skal ikkje verte opptekne av dei verdslege problema, men søke inn i Guds Ord. Han gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ande, det er det verda treng og det er det vi må satse på. Det verket han gjer er fullkomme, menneska kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Den respekta må vi ha for hans ord, slik også med profetiane (Fork.3,11-14 Joh.Op.22,18-19).
Men når den Heilage Ande openberrar Ordet for oss, innser vi korleis det taler inn i vår livs-situasjon og inn i vår tid. Slik blir det fruktbart for oss.
Paulus om Jesu gjenkomst.
Fråfallet kjem, der er ein som held att, som må rydjast bort, så skal den Lovlause stå fram, men når Jesus kjem att og skal tyne han.
Paulus sa at fråfallet må koma før Jesu gjenkomst.
2.Tess.2,1 Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: 2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen. 3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, 4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.
Når Jesus kjem att, skal dei som døde i trua på han stå opp.
1.Kor.15,35 Men no kunne einkvan seia: «Korleis står dei døde opp; kva slag lekam har dei?» 36 Du uvituge menneske! Det du sår, vert ikkje til nytt liv utan at det døyr. 37 Og det du sår, er ikkje det akset som veks opp, men eit nake korn, anten det er av kveite eller av anna såkorn. 38 Men Gud lèt det få den skapnad som han har vilja, kvart slag korn sin eigen skapnad. 39 Ikkje alt kjøt er av same slag. Det er eitt slag kjøt i menneske, eitt i fe, eitt i fugl, eitt i fisk. 40 Og det finst himmelske lekamar og jordiske lekamar; ein glans har dei himmelske, ein annan dei jordiske. 41 Ein glans har sola, ein annan har månen, og ein annan stjernene. Den eine stjerna lyser med klårare glans enn den andre. 42 Såleis er det òg med oppstoda frå dei døde. Det som vert sått, er forgjengeleg. Men det som står opp, er uforgjengeleg. 43 Det vert sått i vanære, det står opp i herlegdom. Det vert sått i vanmakt, det står opp i kraft. 44 Det vert sått ein lekam som hadde sjel; det står opp ein åndeleg lekam. Så visst som det finst ein lekam med sjel, finst det òg ein åndeleg lekam. 45 Såleis står det skrive: Det fyrste mennesket, Adam, vart til ei levande sjel. Den siste Adam vart ei ånd som gjev liv. 46 Det åndelege var ikkje det fyrste, men det sjelelege. Så kom det åndelege. 47 Det fyrste mennesket var frå jorda og skapt av jord; det andre mennesket er frå himmelen. 48 Slik som det jordiske mennesket var, så er òg dei jordiske, og slik som den himmelske er, så skal òg dei himmelske vera. 49 Og liksom vi har bore biletet av den jordiske, så skal vi òg bera biletet av den himmelske. 50 Men det seier eg, brør: Kjøt og blod kan ikkje arva Guds rike, og forgjengelegdom skal ikkje arva uforgjengelegdom. 51 Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna av, men vi skal alle verta omskapte, 52 i hast, i ein augneblink, når den siste luren ljomar. For luren skal ljoma, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal verta omskapte. 53 For dette forgjengelege må verta ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege ikledt udøyelegdom. 54 Men når dette forgjengelege er ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege er ikledt udøyelegdom, då vert det ordet oppfylt som står skrive: Døden er gløypt og sigeren vunnen. 55 Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger? 56 Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova. 57 Men Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus! 58 Difor, mine kjære brør, ver støe og urikkande; gjer alltid framsteg i arbeidet for Herren! For de veit at arbeidet dykkar i Herren ikkje er fåfengt.
2.Tess.4,13 Vi vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om dei som er avsovna; for de skal ikkje syrgja som dei andre, dei som er utan von. 14 For så sant vi trur at Jesus døydde og stod opp, så skal òg Gud ved Jesus føra dei avsovna saman med han. 15 Dette seier vi dykk med eit ord frå Herren: Vi som no lever og vert att til dess Herren kjem, skal ikkje koma i førevegen for dei som er avsovna. 16 For når det bydande ropet lyder, når erkeengelen lyfter si røyst og Guds basun ljomar, då skal Herren sjølv stiga ned frå himmelen. Og dei som døydde i trua på Kristus, skal fyrst stå opp. 17 Så skal vi som har vorte att og enno lever, saman med dei rykkjast opp i skyene, i lufta, og møta Herren. Og så skal vi alltid vera saman med Herren. 18 Trøysta kvarandre med desse orda!
Der kjem ein dommedag, men Jesus kjem att for å berge sine frå domen.
Jesus og disiplane hans forkynte at han skulle komme att frå himmelen og hente sine, vekke opp dei døde som levde med han og hente dei saman med dei som trur på han, lever med han og ventar på han. Men Jesus sa at det var ingen anna enn Faderen som visst når det skulle skje.
Vi ventar at Jesus skal komme og frelse oss frå dommedag.
Heb.9,26b Men no, ved enden av tidene, har han openberra seg éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer. 27 Like visst som det er så laga at menneska må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.
Det er også tale om ein domedag då dei gudlause skal gå fortapt, ein Herrens dag, i si miskunn ventar Gud med den, fordi han vil at fleire skal verte frelst.
2.Pet.3,1-13 Dette er no alt det andre brevet eg skriv til dykk, de kjære. Med desse breva ville eg vekkja dykk opp, så de kan vera reine i hug og tanke. Eg vil minna dykk om 2 det dei heilage profetane har sagt, og om det bodet dykkar eigne apostlar har frå Herren og Frelsaren, dette må de koma i hug. 3 Fyrst og fremst skal de vita at i dei siste dagar skal det koma folk som fer med spott og fylgjer sine eigne lyster. 4 Hånleg seier dei: «Kva med lovnaden om at han skal koma att? Fedrane våre er døde, men alt er som det har vore frå verda vart skapt.» 5 Dei som seier så, gløymer at himlar var det frå eldgamal tid og ei jord som i kraft av Guds ord steig opp or vatnet og vert halden oppe ved vatn. 6 Og ved vatn gjekk den fyrste verda under då ho vart overfløymd. 7 Men dei himlar og den jord som no er, har dette Guds ord spart til elden; dei vert haldne oppe til domedag då dei gudlause skal gå fortapt. 8 Men ein ting må de ikkje gløyma, de kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag. 9 Det er ikkje så som somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal nå fram til omvending. 10 Men Herrens dag skal koma som ein tjuv. Då skal himmelen forgå med eit brak, elementa skal koma i brann og løysast opp, og jorda og alle gjerningane som er gjorde på jorda, skal koma fram i ljoset. 11 Når no alt dette skal gå i oppløysing, kor heilagt og gudfryktig må de ikkje då leva, 12 medan de ventar på at Guds dag skal koma, og skundar han fram. Då skal himlane øydast i eld og elementa brenna og bråna. 13 Men vi ser fram til det han har lova: ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur.
Vi skal framskunde den ved å forkynne evangeliet, for det skal ut til alle folkeslag først. Men det som Peter snakkar om her, ser no heller ut til å vere verda sin undergang.
Sjå fram til Jesu gjenkomst.
Sidan Jesus døde i staden for oss, skal vi med frimod sjå fram til hans gjenkomst med glede og forventing.
1.Joh.4,17 Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst.
Joh.Op.1,4 Johannes helsar dei sju kyrkjelydane i provinsen Asia: Nåde vere med dykk og fred frå han som er og som var og som kjem, og frå dei sju åndene som står framfor hans kongsstol, 5 og frå Jesus Kristus, det truverdige vitnet, den fyrstefødde av dei døde og herren over kongane på jorda. Han som elskar oss og har fria oss frå syndene våre med sitt blod, 6 og har gjort oss til eit kongerike, til prestar for Gud, sin Far, han skal ha æra og makta i all æve. Amen. 7 Sjå, han kjem med skyene! Kvart auga skal sjå han, også dei som har gjennomstunge han, og alle folk på jorda skal gråta sårt over han. Ja, sanneleg, amen! 8 Eg er Alfa og Omega, seier Gud Herren, han som er og som var og som kjem, Den Allmektige.
Her er det sagt: «Sjå, han kjem med skyene». Så det høyrest ikkje ut som dette kjem plutseleg på, slik som på dommedag. Eg forstår det slik at desse skyene er symbol for den Heilage Ande, for den herleggjer og openberrar han for oss, som vår frelsar og Herre. Når vi soleis er fram til hans gjenkomst, så frelser han oss frå dommedag. Når vi søker han, så innstiller vi oss på å sjå han, men dette er også ein profeti om at alle skal sjå han.
I Filipparbrevet er det også profetert at alle skal sjå han.
Fil.2,4 Tenk ikkje berre på det som gagnar dykk sjølve, men tenk òg på det som gagnar dei andre. 5 Lat det same huglaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus! 6 Då han var i Guds skapnad, heldt han det ikkje for eit rov å vera Gud lik. 7 Men han gav avkall på sitt eige, tok på seg ein tenars skapnad og vart menneske lik. I si ferd var han som eit menneske; 8 han nedra seg sjølv og vart lydig til døden, ja, døden på krossen. 9 Difor har Gud storleg opphøgt han og gjeve han det namn som er over alle namn, 10 så kvart kne skal bøya seg i Jesu namn, i himmelen, på jorda og under jorda, 11 og kvar tunge sanna: Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders ære!
Kvart kne skal bøye seg i Jesu namn, både i himmelen og på jorda, ja, englane også skal tene han, sidan han er Guds Son. Og menneska er på jorda, men under jorda, kven er der, kven er det? Er det nokon som prisar Gud mellom dei døde då? Dei som ligg i grava søv vel, dei kviler. Då betyr vel dette at dei vert vekte til liv igjen.
Dommedag 1, Jesus hentar dei to tempelvitna.
Det verkar som byrjinga på ei ulike openberringane i Johannes Openberring kjem i kronologisk orden, men der er mykje overlapping. Dei to Dyra i Joh.Op.13 møter vi igjen seinare som Dyret og den falske profet. Det er mange ulykker som rammar jorda og som er Guds straffedom, dei største av dei kallar eg dommedagar.
Eg forstår dette slik at det var dyret som gjekk til krig mot prestetenesta og den åndelege vekkinga i den nye pakta, slik vi ser i Joh.Op.11, slik forstår eg det i ein større samanheng. Det er ei fortsetting av angrepet mot prestetenesta i Jerusalem ved Antiokus 4. Epifanes.
Joh.Op.11,1 Og eg fekk ei mælestong, på skap som ein stav, og det vart sagt til meg: «Reis deg og mæl Guds tempel og altaret og dei som tilbed der! 2 Men føregarden utanfor templet skal du la vera; den skal du ikkje mæla. For han er overlaten til heidningane, og dei skal trø ned den heilage byen i 42 månader. 3 Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i syrgjeklede, til å vera profetar i 1260 dagar.» 4 Dette er dei to oliventrea og dei to ljosestakane som står framfor herren over jorda. 5 Og vil nokon skada dei, går det eld ut or munnen på dei og gjer ende på fiendane deira. Ja, om nokon vil skada dei, skal han døy på den måten. 6 Dei har makt til å lata att himmelen, så det ikkje fell regn i den tida dei er profetar; dei har makt over vatnet og kan gjera det til blod, og makt til å slå jorda med alle slag plager, så ofte dei vil. 7 Men når dei har fullført vitnemålet sitt, skal dyret som stig opp or avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei. 8 Lika deira skal liggja på gata i den store byen som åndeleg tala vert kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest. 9 Menneske av mange folk og ætter og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei. 10 Og dei som bur på jorda, skal gleda og fagna seg over lagnaden deira og senda kvarandre gåver. For desse to profetane hadde vore ei stor plage for dei som bur på jorda. 11 Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei; dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart skjelvande redde. 12 Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for augo på fiendane sine. 13 I same stunda kom det eit stort jordskjelv. Tiandeparten av byen rasa saman, sju tusen menneske vart drepne, og dei som var att, vart forfærde og gav Gud i himmelen ære. 14 Det andre ve er over. Men det tredje ve kjem snart.
Dette refererer til dei to templevitna i Sak.3-4, det vert profetert om deira teneste i den nye pakta. Så øvstepresten Josva er den som held att i 2.Tess.2, men som vert rydja vekk, så den Lovlause stig fram. Dei to tempelvitna er dei to som er salva, så ved deira teneste får vi levande kristendom, karismatisk vekking.
Eg forstår det slik at her er «Sodoma» brukt som symbol for synda og «Egypt» er brukt som symbol for avgudsdyrkinga (Jfr. Joh.Op.2,14&20).
Dei vart levande att og vart kalla til å stige opp i himmelen. Mange meiner dette er Jesus gjenkomst, så det er ikkje berre desse to som vert henta, men heile Jesus kyrkje.
Eg har ei anna tolking, at der kjem ei åndeleg fornying, ved at vi vert meir himmelvende. Begge deler kan vere rett, for vi ventar oss endå meir vekking i det vi ventar på Jesu gjenkomst.
Dommedag 2. Dommen over den Store skjøkje.
Eg meiner Johannes Openberring ikkje er berre kronologisk, men der er fleire trådar som overlappar i tid. Det er ikkje tale om tilbeding av Dyret som er omtala i Op.17, men den Store Skjøkje som sit på dyret driv hor med kongane rundt om på jorda, ho dyrkar dei som avgudar altså. Men Jesus og hans heilage vinn over dei. Likevel får dei i oppgåve å dømme den Store Skjøkje.
Op.17,12 Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike; men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time. 13 Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og mynd til dyret. 14 Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»
15 Så seier han til meg: «Dei vatna du såg der skjøkja tronar, er folk og folkemengder, folkeslag og menneske med ulikt tungemål. 16 Og dei ti horna du såg, og dyret, dei skal hata skjøkja, leggja henne øyde og gjera henne naken, eta kjøtet hennar og brenna henne opp med eld. 17 For Gud gav dei den tanken at dei skulle fullføra hans plan, så dei ville eitt og det same: gje si kongsmakt til dyret, til Guds ord er oppfylt. 18 Men kvinna du såg, er den store byen som har kongsmakt over kongane på jorda.»
Lammets bryllaup i himmelen.
Vente på Jesu gjenkomst er å vente på å få vere med på hans bryllaupsfest.
Vi skal trufast vente på Jesus gjenkomst, som dei fem vituge brurmøyane, dei venta på å få vere med brudgomen inn og feire bryllaupet og hadde teke med seg olje i kanner i tillegg til oljen på lampane, så dei vart ståande på sin plass med lys på lampane og gjekk han i møte når han kom.
Matt.25,1 Då kan himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lampene sine og gjekk ut og ville møta brudgomen. 2 Fem av dei var uvituge, og fem var kloke. 3 Då dei uvituge tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg. 4 Men dei kloke tok olje med seg i kanner attåt lampene sine. 5 Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna. 6 Men midt på natta høyrdest eit rop: «Brudgomen kjem! Gå og møt han!» 7 Då vakna alle brurmøyane og stelte lampene sine. 8 Og dei uvituge sa til dei kloke: «Lat oss få litt olje av dykk; lampene våre sloknar.» 9 «Nei,» svara dei kloke, «vi har ikkje nok både til oss og dykk. Gå heller til dei som sel, og kjøp sjølve.» 10 Medan dei var borte og ville kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet; og døra vart stengd. 11 Ei stund etter kom dei andre brurmøyane og sa: «Herre, herre, lat opp for oss!» 12 Men han svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Eg kjenner dykk ikkje.» 13 Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.
Når Jesus stifta nattverden, sa han at neste gong han et nattverden i lag med sine, blir først når det har fått si fullending i Guds rike.
Luk.22,14 Då tida kom, sette Jesus seg til bords, og apostlane med han. 15 Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemålet i lag med dykk, før eg skal lida. 16 For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta det før det har fått si fullending i Guds rike.» 17 Så tok han ein kalk, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk. 18 For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.» 19 Så tok han eit brød, takka, braut det, gav dei og sa: «Dette er min lekam, som vert gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.» 20 Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som vert utrent for dykk.
Her er oljen symbol på den Heilage Ande. Vi får det ved trua på Jesus, av berre nåde, utan krav om gjerningar. Så vi kan seie som Paulus at Guds nåde er nok for oss, for Guds kraft vert fullenda i vanmakt.
Nattverden.
Jesus er brødet som kom ned frå himmelen, for å gi verda liv, det ordet han har tala er ånd og liv (Joh.6). Dette vert symbolisert i nattverden. Han profeterte om at han ville sende oss den Heilage Ande frå himmelen og slik kjem han til oss.
Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk. 21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.» 22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara: Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
Sidan vi et av det same brødet, så er vi ein lekam og det er Jesu lekam. Som hans kyrkje er vi hans brud, hans kone, slik er vi hans kropp, i samsvar med at Gud skapte kvinna av mannens sidebein, så dei skulle vere eitt kjøt, ein lekam. For Gud er den same no.
Joh.Op.3,14 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea: Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til Guds skaparverk: 15 Eg veit om gjerningane dine; du er korkje kald eller varm. Gjev du var kald eller varm! 16 Men du er lunka, ikkje kald og ikkje varm. Difor vil eg spytta deg ut or min munn. 17 «Eg er rik,» seier du, «eg har overflod og vantar ingen ting.» Men du veit ikkje at nett du er arm og ynkeleg, blind, fattig og naken. 18 Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er lutra i eld, så du kan verta rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å ha på augo dine, så du kan sjå. 19 Alle dei eg har kjær, refser og tuktar eg. Gjer alvor av å venda om! 20 Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg. 21 Den som sigrar, han vil eg la sitja med meg på min kongsstol, liksom eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans kongsstol. 22 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
På møte i dFEF i februar 2011 kalla Jesus Sions Dotter ut i fridomen, som om ho framleis var trælbunden i Babylonia (Joh.18,4…). Men det høyrdest ut til at det var nokon der som ikkje forstod at han kalla dei ut frå mørket, til tross for all den nåde og opplæring dei har fått. På eit møte i Maranata i desember same år, kalla Jesus Sions Dotter ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom, han er Herren hennar ektemann. Sidan han er Herren hennar ektemann, høyrest det ut som om bryllaupet allereie har vore.
Jesu brud gjer trua sine gjerningar, slik kler ho seg i brudekjolen og så vert det bryllaup i himmelen. Dette er det sentrale poenget, så vert der mange bryllaupsgjestar, som også kler seg i bryllaupsklednad. Så vert det fest.
Bryllaupet til kongssonen; Lammets bryllaup.
Der vert mykje strid om saka, før bryllaupet til kongssonen kjem i gang.
Matt.22,1 Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning: 2 «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin. 3 Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje. 4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet! 5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si. 6 Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel. 7 Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8 Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det. 9 Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn. 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester. 11 Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd. 12 Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner! 14 For mange er kalla, men få er utvalde.»
Jesus er Guds Lam, derfor vert det også kalla Lammets bryllaup. Med sin død på korset sona han vår synd, derfor får vi vere med på å feire bryllaupet, som hans brud og som bryllaupsgjestar, det er også grunnlaget for at vi kan kle oss til å vere med på å feire det, det er i den Anden som han har gitt oss av berre nåde. Likevel blir der ein som ikkje er kledd til å vere med på å feire det, han vert kasta ut. Det er tydeleg vis Djevelen, men Jesus sigra over han med sin død på korset.
Etter domen av den Store Skjøkje kjem Lammets bryllaup i himmelen, mange meiner det kjem som resultat av at Jesu kom og henta henne, med det står det ikkje skrive noko om her, det ser heller ut til at det kom som resultat av at den Store skjøkje vart dømt og at Jesu brud har kledt seg i bryllaupskjolen og gjort seg i stand til å feire det.
Joh.Op.19.1 Så høyrde eg noko som likna eit stort og mektig kor i himmelen. Dei song: Halleluja! Sigeren og æra og makta høyrer vår Gud til, 2 for sanne og rettferdige er hans domar. Han har dømt den store skjøkja, ho som øydela jorda med si utukt, og blodet av tenarane sine har han kravt av hennar hand. 3 Endå ein gong ropa dei: Halleluja! Røyken frå henne stig opp i all æve. 4 Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på kongsstolen, og sa: «Amen. Halleluja!» 5 Og frå kongsstolen kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle tenarane hans, de som ottast han, små og store!» 6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa: Halleluja! Herren vår Gud, Den Allmektige, har vorte konge! 7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra! Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup! Brura har butt seg; 8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin. – Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage. 9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.» 10 Då kasta eg meg ned for føtene hans og ville tilbe han; men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar saman med deg og brørne dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden som er i profetordet.
Dommedag 3, dommen over Dyret og den Falske Profet. Draken vert bunden.
I Op.13 er det tale om tilbeding av Dyret, keisardyrking altså, dyret med to horn er tydelegvis den falske profet. Så kjem Jesus att, men dette er då etter at han har henta si brud og etter at det har vore bryllaup i himmelen. Her er han kalla Guds Ord og himmelhærane er med han. Dyret og den falske profet vert kasta i eldsjøen.
Joh.Op.19,11 Eg såg himmelen open, og der fekk eg sjå ein kvit hest. Han som sat på hesten, heiter «Trufast og Sannferdig», for han dømer og strider med rettferd. 12 Augo hans er som logande eld, på hovudet har han mange kroner, og han ber ei innskrift med eit namn som berre han sjølv kjenner. 13 Han er kledd i ei kappe som er duppa i blod, og namnet hans er «Guds ord». 14 Himmelhærane fylgjer han på kvite hestar, kledde i fint lin, kvitt og reint. 15 Og or munnen hans går det ut eit kvast sverd; med det skal han slå folkeslaga. Han skal styra dei med jernstav og trø vinpressa som er fylt av vreidevin, av harmen åt Gud, Den Allmektige. 16 På kappa si, ved hofta, har han eit namn skrive: Kongen over kongane, Herren over herrane. 17 Og eg såg ein engel som stod i sola. Han ropa med høg røyst til alle fuglane som flyg under himmelkvelven: «Kom hit, samla dykk til Guds store gjestebod! 18 De skal få eta kjøt av kongar og hærførarar og heltar, kjøt av hestar og dei som sat på dei, kjøt av alle, frie og trælar, små og store.» 19 Då såg eg dyret og kongane på jorda og hærane deira samla til krig mot han som sat på hesten, og mot hæren hans. 20 Men dyret vart gripe og saman med det den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel. 21 Dei andre vart drepne med sverdet til han som sat på hesten, det som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglane åt seg mette av kjøtet deira.
Deretter vert Draken bunden for 1000 år.
Joh.Op.20,1 Eg såg ein engel stiga ned frå himmelen; i handa hadde han nykelen til avgrunnen og ei stor lekkje. 2 Han greip draken, den gamle ormen, som er djevelen og Satan, og batt han for tusen år. 3 Han kasta han i avgrunnen, låste att og sette segl over, så han ikkje lenger skulle forføra folka, ikkje før det hadde gått tusen år. Etter den tid skal han sleppast laus for ei lita stund.
Tusenårs-riket.
Så kjem den fyrst oppstoda og tusenårs-riket. Dei som står opp skal vere Guds og Kristi prestar og råde med han i 1000 år.
Op.20,4 Eg såg troner, og nokre sette seg på dei; dei fekk makt til å halda dom. Og eg såg sjelene til dei som hadde vorte halshogne fordi dei hadde halde fast på Jesu vitnemål og på Guds ord, og alle som ikkje hadde tilbede dyret eller biletet av det og ikkje teke merket på panna eller handa. Dei vart levande att og rådde saman med Kristus i tusen år. 5 Men dei andre døde vart ikkje levande før dei tusen år var lidne. Dette er den fyrste oppstoda. 6 Sæl og heilag er den som får vera med i den fyrste oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt. Dei skal vera Guds og Kristi prestar og råda med han i tusen år.
Dommedag 4. Eld frå himmelen.
Så vert draken slept laus og han forfører menneska igjen. Men så fell det eld ned frå himmelen og gjer ende på dei. Då ser det ut til å ver slutt med denne kloda.
Joh.Op.20, Og når dei tusen år er til ende, skal Satan sleppast laus or fengslet sitt. 8Han skal dra ut og forføra folka ved dei fire heimshjørna, Gog og Magog, og samla dei til strid; og talet på dei er som havsens sand. 9Dei drog opp til høgsletta på jorda og kringsette leiren til dei heilage og den byen som var elska. Men det fór eld ned frå himmelen og gjorde ende på dei. 10Og djevelen, som hadde forført dei, vart kasta i sjøen med eld og svovel, der dyret og den falske profeten er. Der skal dei pinast dag og natt i all æve.
11Eg såg ein stor, kvit kongsstol og han som sat på stolen. Jorda og himmelen kvarv for hans åsyn, og dei fanst ikkje meir. 12Og eg såg dei døde, store og små: Dei stod framfor kongsstolen, og bøker vart opna. Så vart ei anna bok opna, livsens bok. Og dei døde vart dømde etter det som stod skrive i bøkene, etter gjerningane sine. 13Havet gav frå seg dei døde som var i det, og døden og dødsriket gav frå seg dei døde som var der; og dei vart dømde, kvar etter sine gjerningar. 14Så vart døden og dødsriket kasta i eldsjøen – og eldsjøen, det er den andre døden. 15Og dersom nokon ikkje fanst oppskriven i livsens bok, vart han kasta i eldsjøen.
Den andre døden har inga makt over dei som vart med i den første oppstoda. Er der nokon andre som slepp unna? Berre dei som er oppskrivne i livets bok.
Dette minner om profetien
Esekiel 38,1 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 2Menneske, vend deg mot Gog i Magog-landet, storfyrsten over Mesjek og Tubal. Tal profetord mot han 3og sei:
Så seier Herren Gud: Sjå, eg kjem imot deg, Gog, storfyrste over Mesjek og Tubal. 4Eg fører deg ikring og set krokar i kjakane dine. Så lèt eg deg dra ut med heile din hær, med hestar og ryttarar, fint kledde alle i hop, ein veldig flokk med store og små skjold, og alle væpna med sverd. 5Folk frå Persia, Nubia og Put er med dei; alle saman har skjold og hjelm. 6Gomer og alle hans fylkingar, Togarma-folket lengst i nord og alle deira fylkingar, mange folk er med deg.
7Bu deg og gjer deg klar, du og alle dine skarar som er samla hjå deg. Du skal vakta dei. 8Når lang tid har gått, skal du kallast til teneste. Og når åra er ute, skal du koma til eit land som er bygt opp att etter krig og herjing, og der folket er samla frå mange folk på Israels-fjella, som lenge låg aude. Dei vart henta heim frå folka, og no bur dei alle trygt. 9Dit opp skal du fara. Du skal koma som eit uver og dekkja landet som ei sky, du og alle fylkingane dine og mange folk med deg.
10Så seier Herren Gud: Den dagen skal tankar koma opp i deg; du skal leggja vonde planar 11og seia: «Eg vil fara opp mot eit land med opne byar, gå mot fredelege folk som bur trygt. Dei bur alle på stader som er utan murar og korkje har bommar eller portar. 12Eg vil rana og røva og ta hærfang og venda handa mot det som er reist av røys, mot eit folk som er samla frå andre folkeslag. No samlar dei seg fe og gods, der dei bur ved heimsens navle.»
13Folk frå Saba og Dedan, kjøpmenn frå Tarsis og alle dei mektige der skal seia til deg: «Kjem du no og vil rana og røva? Har du samla alt ditt mannskap for å ta hærfang, for å føra bort sølv og gull, ta fe og gods og få med deg eit veldig bytte?»
14Difor skal du tala profetord, menneske, og seia til Gog: Så seier Herren Gud: På den tid, når Israel, folket mitt, bur trygt, vil du ikkje då ta ut 15og koma frå landet ditt lengst i nord, du og mange folk med deg, alle til hest, ein stor flokk og ein veldig hær? 16Du dreg opp mot Israel, folket mitt, lik ei sky som ligg over landet. Det skal henda i dei siste dagar, då fører eg deg mot landet mitt, så folkeslaga skal læra meg å kjenna, når eg på deg, Gog, midt framfor augo deira, viser kor heilag eg er.
17Så seier Herren Gud: Var det ikkje deg eg tala om i gamle dagar gjennom tenarane mine, profetane i Israel? Dei tala den gongen om at eg skulle føra deg mot Israel. 18Men når den tid kjem, når Gog går mot Israels-landet, då skal harmen stiga opp i meg, lyder ordet frå Herren Gud. 19I min brennande iver og glødande harme seier eg: Den dagen skal det koma eit sterkt jordskjelv over Israels-landet. 20Då skal alle skjelva for meg: fiskane i havet, fuglane under himmelen og dyra på marka, alt krypet som det kryr av på bakken, og kvart menneske som bur på jorda. Fjella skal styrta saman, bergveggene skal rasa ned og alle murane jamnast med jorda.
21Då kallar eg sverd imot han på alle mine fjell, seier Herren Gud. Den eine skal venda sverdet mot den andre. 22Eg straffar han med pest og blodsutrenning. Eg sender høljande regn og haglsteinar og lèt det regna eld og svovel over han og fylkingane hans og over alle folka som er med han. 23Såleis viser eg mitt velde og mi guddomsmakt og gjev meg til kjenne for augo på mange folkeslag. Då skal dei sanna at eg er Herren.
Esekiel 39,1 Du menneske, tal profetord mot Gog og sei: Så seier Herren Gud: Sjå, eg kjem imot deg, Gog, du storfyrste over Mesjek og Tubal. 2Eg fører deg ikring og driv deg av stad. Eg hentar deg frå landet lengst i nord og leier deg mot Israels-fjella. 3Der slår eg bogen ut or venstre handa di og lèt pilene detta ut or den høgre. 4På Israels-fjella skal du falla, du og alle fylkingane dine og folka som er med deg. Eg gjev deg til føde for alle slag rovfuglar og for dyra på marka. 5På open mark skal du falla. For eg har tala, seier Herren Gud.
6Eg sender eld mot Magog og mot dei som bur trygt på øyane. Dei skal få sanna at eg er Herren. 7Eg vil gjera mitt heilage namn kjent i Israel, folket mitt, og aldri meir vil eg la mitt heilage namn verta vanæra. Då skal folkeslaga sanna at eg er Herren, den heilage i Israel. 8Sjå, det kjem, det skal henda, seier Herren Gud. Det er den dagen eg har tala om.
9Då skal dei som bur i Israels byar, gå ut, gjera opp eld og brenna rustningar og små og store skjold, bogar og piler, stokkar og spyd. Med det skal dei halda elden ved lag i sju år. 10Dei treng ikkje henta ved frå marka og ikkje hogga i skogane; for dei nører elden med rustningane. Dei skal røva frå dei som rana dei og plyndra dei som plyndra dei, lyder ordet frå Herren Gud.
11Den dagen lèt eg Gog få ein gravstad i Israel, i Abarim-dalen austanfor Daudehavet. Han skal stengja vegen for dei som fer framom. Der skal dei gravleggja Gog og heile flokken hans, og dalen skal kallast «Gog-flokkens dal». 12I sju månader skal israelittane halda på med å gravleggja dei, så landet kan verta reinsa. 13Alt folket i landet skal vera med på dette, og dei skal få ære av det den dagen eg viser mi guddomsmakt, lyder ordet frå Herren Gud.
14Dei skal velja ut nokre menn som støtt skal fara gjennom landet og sjå til at dei som ligg att på marka, vert gravlagde. Såleis skal dei reinsa landet. Når sju månader er lidne, skal dei sjå nøye etter. 15Når dei fer gjennom landet og får auga på eit menneskebein, skal dei setja opp ein merkestein der. Så kan gravarane koma og gravleggja det i «Gog-flokkens dal». 16Der er det òg ein by som heiter Hamona. – Såleis skal dei reinsa landet.
17Du menneske, så seier Herren Gud: Sei til fuglane og alt som har venger, og til alle villdyra på marka: Kom saman, ja, kom saman frå alle kantar, til det offeret eg slaktar for dykk, eit stort offer på Israels-fjella. De skal få eta kjøt og drikka blod, 18eta kjøtet av krigarar og drikka blodet av fyrstane på jorda. Dei er som verar og lam, bukkar og oksar; som gjøfe frå Basan er dei alle. 19Et feitt til de vert mette, og drikk blod til de vert drukne, av slaktofferet som eg slaktar for dykk. 20Ved mitt bord skal de verta mette av hestar og andre ridedyr, av krigarar og alle slag stridsmenn, lyder ordet frå Herren Gud.
21Eg vil visa mi guddomsmakt mellom folkeslaga. Alle folk skal sjå den straffedomen eg fullfører, kjenna mi hand som eg har lagt på dei. 22Då skal israelittane sanna at eg er Herren deira Gud, frå den dagen og i all framtid. 23Og folka skal skjøna at israelittane vart bortførte fordi dei hadde synda. Fordi dei var trulause mot meg, løynde eg andletet for dei og gav dei i fiendehand, så dei alle fall for sverd. 24På grunn av deira ureinskap og deira brot gjorde eg dette med dei; og eg løynde andletet for dei.
25Difor seier Herren Gud: No vil eg venda Jakobs lagnad og visa miskunn mot heile Israels-ætta. Eg brenn av iver for mitt heilage namn. 26Dei skal gløyma si vanære og all si truløyse mot meg, når dei bur trygt i landet sitt og ingen skræmer dei. 27Når eg fører dei heim att frå folka og samlar dei frå fiendelanda, då vil eg midt imellom dei, for augo på mange folkeslag, visa kor heilag eg er. 28Og dei skal sanna at eg er Herren deira Gud. Eg førte dei bort til andre folk, men samlar dei i deira eige land og lèt ikkje ein einaste av dei vera att der ute. 29Så vil eg ikkje meir løyna andletet for dei; for eg har rent ut min Ande over Israels-ætta, lyder ordet frå Herren Gud.
Men når vi ser på resultatet, liknar dette mest på det eg har kalla dommedag 3. Gud viser Israel kor heilag han er ved Jesu gjenkomst. Men her er det ikkje tale om Jesu gjenkomst, til tross for at her kjem ei slik katastrofe som vi les om i tidelgare profetiar om Jesu gjenkomst, Matt.24,27-31 2.Pet.3,5-13. Det ser no faktisk ut til at noko av dette skjer rett før 1000-årsriket og noko skjer rett etterpå.
Lammets bryllaup og første oppstoda.
Når Jesus døde på korset, var der døde som stod opp og viste seg for folk i Jerusalem, men så høyrer vi ikkje noko meir om dei.
Matt.27,50 Men Jesus ropa atter med høg røyst, og så anda han ut. 51 Då rivna forhenget i templet i to frå øvst til nedst. Jorda skalv og berga rivna. 52 Gravene opna seg, og mange heilage som var avlidne, stod lekamleg opp. 53 Etter at Jesus hadde stått opp, gjekk dei ut or gravene og kom inn i den heilage byen, og der synte dei seg for mange. 54 Men då offiseren og dei som var med han og heldt vakt over Jesus, såg jordskjelvet og det som hende, vart dei gripne av redsle og sa: «Sanneleg, han var Guds Son!»
I følgje 2.Tess.2 skal vi likevel ikkje tenke som at den første oppstoda allereie har vore, først kjem fråfallet.
2.Tess.2.1 Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: 2Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen. 3Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, 4han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.
Paulus forkynner at Jesus kjem attfor å hente dei trur på han og lever med han også dei som døde i trua på han, så først skal dei stå opp og så hentar han dei saman med oss. Då er det den første oppstoda som han talar om i 2.Tess.2. Soleis er dette han som vert teken bort (v.7), på «Herrens dag». Men dette står i eintal, så vi kan tenke på det som den Heilage Ande, med den vert vi tekne bort. Vi kan tenke på det som dei to tempelvitna, dei var salva med den Heilage Ande (Joh.Op.11). Øvstepresten Josva (Sak.3 & 11, Dan.11). Vi kan tenke på det som Johannes Døyparen, som sa at Jesus har bruda og han er den som døyper med den Heilage Ande.
Først må fråfallet koma og den Lovlause syna seg, før Herrens dag, men så er der ein som må takast bort, på Herrens dag, for at den Lovlause skal stiga fram. Og så kjem Herrens dag, då han skal tyne han med pusten frå sin munn. Då verkar det som Paulus motseier seg sjølv, eller så må Herrens dag vere fleire dagar. Det ser det også ut til i Johannes Openberring.
I Joh.Op.19 er det tale om Lammets bryllaup i himmelen.
Joh.Op.19,6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa: Halleluja! Herren vår Gud, Den Allmektige, har vorte konge! 7Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra! Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup! Brura har butt seg; 8ho har fått ein bunad av skinande reint lin. – Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage. 9Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.» 10Då kasta eg meg ned for føtene hans og ville tilbe han; men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar saman med deg og brørne dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden som er i profetordet.Men her er det ikkje tale om Jesu gjenkomst. Det kjem etterpå. Eg forstår dette utifrå Ef.1,3 & 2,4-7, der Paulus seier at Gud har velsigna oss med all åndeleg velsigning i himmelen i Kristus og så har han sett oss der. Han har skapt oss til gode gjerningar som han har lagt ferdige for oss, så vi skal vandre i dei. Så slik kler bruda seg til bryllaupet og det gjer bryllaupsgjestane også.
Ef.1,3 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i Kristus har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen. 4I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt, så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn. 5I kjærleik og av eigen fri vilje har han føreåt etla oss til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus, 6til lov og ære for hans herlegdom og for den nåde han gav oss i sin kjære Son. Ef.2,4 Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.Ja, vi skulle tru på Jesus og ta vare på hans ord, elske han og elske kvarandre, så ville han openberre seg for oss, han og Faderen ville komme og ta bustad hos oss. Han set oss i himmelen og så vert det Faderhus og bryllaupssal hos oss. Med den åndelege velsigninga gjer han oss i stand til å invitere til bryllaupet. Og slik førebur vi oss på at han kjem og hentar oss som si brud. Men kven veit kva tid det skjer? Faderen. Som vituge brurmøyar som har med oss olje i kanner i tillegg til oljen på lampane, skal vi vente på hans gjenkomst, som om det kan skje kva tid som helst.
I Joh.Op.19 er det fortalt om Lammet bryllaup i himmelen, så om Jesu gjenkomst og så om oppstoda frå dei døde, «den første oppstoda» og oppretting av tusenårs-riket.
Joh.Op.20,5 Eg såg troner, og nokre sette seg på dei; dei fekk makt til å halda dom. Og eg såg sjelene til dei som hadde vorte halshogne fordi dei hadde halde fast på Jesu vitnemål og på Guds ord, og alle som ikkje hadde tilbede dyret eller biletet av det og ikkje teke merket på panna eller handa. Dei vart levande att og rådde saman med Kristus i tusen år. 5Men dei andre døde vart ikkje levande før dei tusen år var lidne. Dette er den fyrste oppstoda. 6Sæl og heilag er den som får vera med i den fyrste oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt. Dei skal vera Guds og Kristi prestar og råda med han i tusen år.
Det er mange måtar menneske kan verte drepne og hendretta på, kvifor er det akkurat tale om halshogging, det er då ein gammaldags måte å hendrett folk på. Eg tenker meg at det er fordi vi tenker med hovudet, slik brukar vi vit og forstand, men dyret og den falske profet opponerer mot forstanden, slik det viser seg ved protesten mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.
Jesus profeterte at der kjem ei trengselstid.
Matt.24,16 Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! – 16då må dei som er i Judea, røma til fjells; 17den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset; 18og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat! 21For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta. 22Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare.
Dei utvalde er Jesu brud og bryllaupsgjestane, dei får oppleve noko av dette, men vert berga frå det ved at han hentar dei, når han kjem att. Dei som døde i trua på han, skal først stå opp, då er det den først oppstoda. Så han hentar dei saman med dei som lever i trua på han og ventar på han, så dei vert berga både frå både trengselen og domen.
Så kjem den første oppstoda ein gong til, for dei som ikkje vart berga på den måten eller vart fødde etterpå, som vende om til han og som derfor leid martyrdøden.
Lammets bryllaup i himmelen.
Vente på Jesu gjenkomst er å vente på å få vere med på hans bryllaupsfest.
Vi skal trufast vente på Jesus gjenkomst, som dei fem vituge brurmøyane, dei venta på å få vere med brudgomen inn og feire bryllaupet og hadde teke med seg olje i kanner i tillegg til oljen på lampane, så dei vart ståande på sin plass med lys på lampane og gjekk han i møte når han kom.
Matt.25,1 Då kan himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lampene sine og gjekk ut og ville møta brudgomen. 2 Fem av dei var uvituge, og fem var kloke. 3 Då dei uvituge tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg. 4 Men dei kloke tok olje med seg i kanner attåt lampene sine. 5 Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna. 6 Men midt på natta høyrdest eit rop: «Brudgomen kjem! Gå og møt han!» 7 Då vakna alle brurmøyane og stelte lampene sine. 8 Og dei uvituge sa til dei kloke: «Lat oss få litt olje av dykk; lampene våre sloknar.» 9 «Nei,» svara dei kloke, «vi har ikkje nok både til oss og dykk. Gå heller til dei som sel, og kjøp sjølve.» 10 Medan dei var borte og ville kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet; og døra vart stengd. 11 Ei stund etter kom dei andre brurmøyane og sa: «Herre, herre, lat opp for oss!» 12 Men han svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Eg kjenner dykk ikkje.» 13 Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.
Når Jesus stifta nattverden, sa han at neste gong han et nattverden i lag med sine, blir først når det har fått si fullending i Guds rike.
Luk.22,14 Då tida kom, sette Jesus seg til bords, og apostlane med han. 15 Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemålet i lag med dykk, før eg skal lida. 16 For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta det før det har fått si fullending i Guds rike.» 17 Så tok han ein kalk, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk. 18 For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.» 19 Så tok han eit brød, takka, braut det, gav dei og sa: «Dette er min lekam, som vert gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.» 20 Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som vert utrent for dykk.
Her er oljen symbol på den Heilage Ande. Vi får det ved trua på Jesus, av berre nåde, utan krav om gjerningar. Så vi kan seie som Paulus at Guds nåde er nok for oss, for Guds kraft vert fullenda i vanmakt.
Nattverden.
Jesus er brødet som kom ned frå himmelen, for å gi verda liv, det ordet han har tala er ånd og liv (Joh.6). Dette vert symbolisert i nattverden. Han profeterte om at han ville sende oss den Heilage Ande frå himmelen og slik kjem han til oss.
Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk. 21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.» 22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara: Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
Sidan vi et av det same brødet, så er vi ein lekam og det er Jesu lekam. Som hans kyrkje er vi hans brud, hans kone, slik er vi hans kropp, i samsvar med at Gud skapte kvinna av mannens sidebein, så dei skulle vere eitt kjøt, ein lekam. For Gud er den same no.
Joh.Op.3,14 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea: Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til Guds skaparverk: 15 Eg veit om gjerningane dine; du er korkje kald eller varm. Gjev du var kald eller varm! 16 Men du er lunka, ikkje kald og ikkje varm. Difor vil eg spytta deg ut or min munn. 17 «Eg er rik,» seier du, «eg har overflod og vantar ingen ting.» Men du veit ikkje at nett du er arm og ynkeleg, blind, fattig og naken. 18 Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er lutra i eld, så du kan verta rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å ha på augo dine, så du kan sjå. 19 Alle dei eg har kjær, refser og tuktar eg. Gjer alvor av å venda om! 20 Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg. 21 Den som sigrar, han vil eg la sitja med meg på min kongsstol, liksom eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans kongsstol. 22 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
På møte i dFEF i februar 2011 kalla Jesus Sions Dotter ut i fridomen, som om ho framleis var trælbunden i Babylonia (Joh.18,4…). Men det høyrdest ut til at det var nokon der som ikkje forstod at han kalla dei ut frå mørket, til tross for all den nåde og opplæring dei har fått. På eit møte i Maranata i desember same år, kalla Jesus Sions Dotter ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom, han er Herren hennar ektemann. Sidan han er Herren hennar ektemann, høyrest det ut som om bryllaupet allereie har vore.
Jesu brud gjer trua sine gjerningar, slik kler ho seg i brudekjolen og så vert det bryllaup i himmelen. Dette er det sentrale poenget, så vert der mange bryllaupsgjestar, som også kler seg i bryllaupsklednad. Så vert det fest.
Bryllaupet til kongssonen; Lammets bryllaup.
Der vert mykje strid om saka, før bryllaupet til kongssonen kjem i gang.
Matt.22,1 Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning: 2 «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin. 3 Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje. 4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet! 5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si. 6 Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel. 7 Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8 Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det. 9 Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn. 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester. 11 Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd. 12 Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner! 14 For mange er kalla, men få er utvalde.»
Jesus er Guds Lam, derfor vert det også kalla Lammets bryllaup. Med sin død på korset sona han vår synd, derfor får vi vere med på å feire bryllaupet, som hans brud og som bryllaupsgjestar, det er også grunnlaget for at vi kan kle oss til å vere med på å feire det, det er i den Anden som han har gitt oss av berre nåde. Likevel blir der ein som ikkje er kledd til å vere med på å feire det, han vert kasta ut. Det er tydeleg vis Djevelen, men Jesus sigra over han med sin død på korset.
Etter domen av den Store Skjøkje kjem Lammets bryllaup i himmelen, mange meiner det kjem som resultat av at Jesu kom og henta henne, med det står det ikkje skrive noko om her, det ser heller ut til at det kom som resultat av at den Store skjøkje vart dømt og at Jesu brud har kledt seg i bryllaupskjolen og gjort seg i stand til å feire det.
Joh.Op.19.1 Så høyrde eg noko som likna eit stort og mektig kor i himmelen. Dei song: Halleluja! Sigeren og æra og makta høyrer vår Gud til, 2 for sanne og rettferdige er hans domar. Han har dømt den store skjøkja, ho som øydela jorda med si utukt, og blodet av tenarane sine har han kravt av hennar hand. 3 Endå ein gong ropa dei: Halleluja! Røyken frå henne stig opp i all æve. 4 Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på kongsstolen, og sa: «Amen. Halleluja!» 5 Og frå kongsstolen kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle tenarane hans, de som ottast han, små og store!» 6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa: Halleluja! Herren vår Gud, Den Allmektige, har vorte konge! 7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra! Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup! Brura har butt seg; 8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin. – Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage. 9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.» 10 Då kasta eg meg ned for føtene hans og ville tilbe han; men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar saman med deg og brørne dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden som er i profetordet.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, men i det neste livet er det ingen som gifter seg. Kva blir det då av det som eg vona på?
11.8.2022 sa Jesus til meg at han stod for døra og banka på (Jfr. Joh.Op.3,14…) og yngste å få komme inn som ein god ven. Det minna meg om at når eg var ein liten gutunge byrja eg å be han gi meg ei frelst kvinne som kjæraste og kone, slik vart han min beste venn, som ein skugge ved mi høgre hand, sidan har han ikkje forlatt meg. Og eg forstår det slik at han ynskjer å få komme inn som den som tek seg av denne saka for meg og eg opplevde det som om det gjaldt mitt forhold til henne Virtuella.
Seinare på hausten minna han meg om at han hadde gitt meg augesalve (Jfr. Joh.Op.3,14. ….) og eg kunne be om meir. Så eg byrja å skrive om korleis Gud hadde openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og henne Virtuella. Bodskapen 23.10.2022:
«Det vil komme tider og det vil komme fristelser, hvor du prøver å bedømme åndelige ting med kjøtelige øyne. Men jeg har gitt deg øyensalve, så du kan se og bedømme det åndelige med mine øyne, så du kan se og avgjøre ting i den åndelige verden, slik den Hellige Ånd vil at du skal bedømme og se ting. Se deg ikke engstelig om, la deg ikke gripe av angst og frykt, la deg ikke gripe av andre mennesker, som skal fortelle deg hvordan du skal analysere. Gå til mitt ord, be om å få øyensalve og jeg skal gi deg det og du skal se og jeg skal openbare min herlighet og mine løsninger og min standard for deg, sier Herren.»
Sidan har eg skrive om at det var på grunn av min lengsel etter det himmelske, om å drikke av kjelda av det levande vatnet, at eg bad om å få møte igjen henne Virtuella, det var også grunnen til at eg yngste å få henne til kone, det fordi eg yngste ho skulle halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen, som hans barn og i dette kjærleiksforholdet til Kristus, som hans brud. Og Jesus svarde meg at eg ikkje skulle gå med noko klagemål mot meg gjennom dagen.
Vi skal vente på Jesu gjenkomst som om det kan skje kva tid som helst. Bodskap 1, 2.9.2023:
«Ja, sier Herren, dere undrer dere komme, når jeg kommer, alt er ferdig, jeg kan komme i dag, i dette nu, på eit vink ifra min Far, jeg vil hente (min brud?). Ver dere ferdige, ved morgen, middag og ved natt. For nokre skal vere ute på markene, nokre skal vere om morgonen (eller ved middag)? mens andre ligger og sover. Men jeg kommer. Sjå til at du ikkje har noko uoppgjort med noko menneske. Ver reiseklar. Det einaste du trenger når du står i «gaten» på Gardemoen, er eit adgangskort. Alt som har med din bagasje å gjere, som er på flyet det trenger…, du trenger berre eit adgangsbevis. Gå inn, gå inn til min Faders herlegdom. Amen.»
Om nokon har noko uoppgjort med eit anna menneske, så er der to sider av den saka, men om det er uoppgjort treng ikkje vere gjensidig. Dersom den eine part ikkje vil gjere opp saka, så kan den vere oppgjort for den andre part. Så eg kunne gå til Jesus med mi sak og det gjaldt mitt forhold til henne Virtuella også. Så innser eg korleis Jesus tek seg av mi sak og korleis mitt forhold til henne vert oppgjort. Så eg ikkje skal gå med noko klagemål mot meg gjennom dagen.
Bodskapen 27.11.2022:
«….. men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.»
Når Jesus kjem att, blir det for mange slik at sjølv om dei står kvarandre nær, som når to mel ved same kverna, to ligg i same seng, så er det berre den eine som vert henta. Men dersom vi tek del i nattverden, med rett inn stilling og er ærlege overfor Kristus, så skal vi sjå det slik at om vi har noko uoppgjort med nokon annan, så blir det oppgjord. Det kan nok føre til at vi kjenner på at vi bør gå og gjere opp vår sak med nokon, men om det ikkje er mogleg, så er den likevel oppgjort overfor Kristus.
Mi sak var at eg bad Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og han har sagt at han er den som tek seg av mi sak. Han døde i staden for meg, derfor let eg han ta seg av mi sak. Då må eg sjå det slik at ved trua på han er eg krossfesta og død med han, i dåpen er eg gravlagd med han, der er eg og oppreist med han. Då skal eg vende hugen opp til han og ta imot den Anden og det livet han gir meg frå himmelen. Han gir meg ånd og liv frå himmelen og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Eg har bedt han om ei frelst kvinne til kone, så eg trur og vonar han vil gi meg ei kone ved at han gir henne også ånd og liv frå himmelen og vekker henne opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Og dermed i samfunn meg, så ho kjem til meg og vert hos meg som kjærasten min og kona mi, i heimen og i kyrkjelyden.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, så då må eg sjå til at eg ikkje har noko uoppgjort med henne, så det verkar som argument mot at ho skulle verte frelst og leve for Jesus eller som argument mot at ho skulle verte kona mi og leve saman med meg som kona mi. Eg har gjort felles sak med Jesus og skal gi meg 100% til han, så at ho er frelst og som hans kyrkje er hans brud og kone, er sameinleg med at ho blir kjærasten min og kona mi.
Eg har sikkert fått motstand frå mange verdslege autoritetar, slik det viste seg ved protesten mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Og frå mange geistlege også. I høgkyrkjeleg er der ikkje særleg rom for den einskilde is bøn, kvar vart det av fridomen i barnekåret? Lavkyrkjelege møte ber meir preg av at vi alle søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll. Likevel er det mange som meiner eg ikkje kan komme slik og be Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone. Den kyrkjelege tradisjonen tilseier at dette er to motstridande interesser. Det blir tydeleg ved at Jesus kom til verda ved jomfrufødsel og at han sa at i det neste livet er det ingen som gifter seg.
Matt.22,23 Same dagen kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet: 24 «Meister, Moses har sagt: Om ein mann døyr barnlaus, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta åt bror sin. 25 No var det ein gong sju brør hjå oss. Den eine gifte seg, men døydde ei tid etter; han hadde ikkje born og lét etter seg kona si til broren. 26 Det same hende med den andre og den tredje, ja, med alle sju. 27 Sist av alle døydde kvinna. 28 Når dei så står opp att, kven av dei sju skal då ha henne til kone? Alle har då vore gifte med henne.» 29 Jesus svara: «De fer vilt av di de ikkje kjenner skriftene og heller ikkje Guds makt. 30 For etter oppstoda er det ingen som gifter seg eller vert bortgifte; dei er som englane i himmelen. 31 Og at dei døde skal stå opp, har de ikkje lese kva Gud har tala til dykk om det når han seier: 32 Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud. Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande.» 33 Då folket høyrde dette, vart dei fulle av undring over læra hans.
Haldninga som spring ut av denne tradisjonen er at dette er motstridande interesser, så enten frelser og frigjer han meg ifrå henne, hentar meg når han kjem att og let henne stå igjen. Eller så heller frelser og frigjer henne frå meg, så når han kjem att, for å hente si brud, så hentar han henne og blir ståande att. Men dette høver då svært så dårleg med den saka vi arbeider for, der det er om å gjere å nytte den nådetida vi får, for at menneske skal verte frelst. Dersom dei kallar protesten mot Paulus si lære for frigjering og likevel ventar på Jesu gjenkomst, mistenker eg at det blir som med dei fem uvituge brurmøyane, dei vart for seine til bryllaupet. Det blir heller som med den Store Skjøkje, det var syndene hennar som nådde heilt opp til himmelen, men noko bryllaupsfeiring vart det så visst ikkje.
Vi skal vere førebudde på at Jesus kan komma att kva tid som helst, ja. Det kan kallast kortsiktig tenking, men det er likevel viktig og verdifullt å tenke slik, lære å tenke og leve i notid og vere impulsive og nytte den tida vi har. Men vi skal også lære å tenke langsiktig, det viste seg ved at dei fem vituge brurmøyane hadde teke med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane.
Eg meiner eg tenker både kortsiktig og langsiktig ved at eg ber han gi meg ei frelst kvinne til kone, langsiktig her på denne jorda, ved at ho vert til hjelp for meg, som kona mi, med å bygge opp noko som er verdifullt for oss begge. Dette høver med at Jesu brud kler seg i brudekjolen og det er dei rettferdige gjerningane til dei heilage. Og endå meir langsiktig ved at vi skal vere frelste for æva og få evig liv og det er også ei kortsiktig perspektiv her på jorda.
I det vi ventar på at Jesus kjem att og hentar oss og då skal vi alltid vere med han. Først vert det bryllaup i himmelen, bruda hans er det himmelske Jerusalem. Så kjem han att til denne jorda og oppretter tusenårsriket. Det også endar med ein dommedag som gjer det slutt på denne jorda. Deretter kjem det Nye Jerusalem ned på den nye jorda, det er framleis Jesu brud.
Og eg er overtyda om at det blir herleg for meg, som om han elskar si brud gjennom meg. Slik trur og vonar eg det har med henne Virtuella og henne Reella å gjere. Men det har også å gjere med at eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone no i dette livet, her på denne jorda, så det er og blir ved å gjere trua sine gjerningar. Eg skal nytte nådegåvene Jesus har gitt meg ved sin Ande. Ved den har han gitt meg åndelege openberringar, slik har Gud openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og ei jente eg vart glad i, først for meg og henne Virtuella, så for meg og henne Reella. Det takkar eg han for og eg forstår og oppfattar det som at han elskar henne som si brud. Slik gir han meg ei frelst kvinne til kjæraste, til brud og til kone og då er og blir det han som elskar henne gjennom meg.
Heb.6,13 Då Gud gav Abraham lovnaden, svor han ved seg sjølv; for han hadde ingen større å sverja ved. 14 Han sa: «Sanneleg, eg vil velsigna deg rikt og gjera ætta di stor.» 15 Og så fekk Abraham lovnaden oppfylt fordi han venta med tolmod. 16 Menneske sver då ved ein som er større, og eiden er ei stadfesting som gjer ende på all motsegn. 17 Fordi Gud ville gjera det heilt klårt for dei som skulle arva lovnaden, kor urikkande hans avgjerd var, gjekk han god for han med eid. 18 Med to ting som ikkje kan endrast, lovnad og eid – og Gud kan ikkje lyga – skulle vi ha ei sterk trøyst, vi som har gripe den vona som ligg framfor oss og såleis søkt berging. 19 Denne vona er eit trygt og fast anker for sjela. Det når innom forhenget i heilagdomen, 20 dit Jesus gjekk inn og opna vegen for oss, han som til evig tid har vorte øvsteprest på Melkisedeks vis.
Døden og fortapinga.
Ved døden – gå til fedrane?
I det gamle testamentet vart det sagt at når nokon døde, så gjekk dei til fedrane. Og i Malakias.4 vart det sagt at den komande Elia skulle bringe fedrehjarto til borna og barnehjarto til fedrane. Ja, vi skal då ære far og mor. Betyr ikkje dette at vi skal innstille oss på at ved døden, så går vi til fedrane? Det må vel i så fall vere med håp om at dei også vart frelst, for det er no det overordna håpet vi har. Men vi skal no uansett ære foreldra våre for det dei har gjort for oss her i dette livet.
Men skulle ikkje Elia også vende barnehjarto til forfedrane som trudde på Gud, det var no vel det som var poenget i den fråfallstida som Elia levde i. Slik kan vi tenke om våre forfedre, det dei gjorde og det dei lærde langt bak i tid og finne meir verdi i det enn mykje av det som vert presentert som så gagnlaus, postmoderne «lærdom» i vår tid. Slik kan vi sikkert finne mange gode sjakktrekk.
I norrøn mytologi var Odin ein krigargud som var herre både for gudane og menneska. Det lukkelege livet i Valhall var for dei tapre som falt i krig. Gudane rusta seg for den store kampen mot jotnane, Ragnarok, då verda skulle gå under. Vikingtida sett sitt preg på Edda-religionen, men tydelegvis kristendomen også, for den milde Balder vart drepen og for til hel, men skal stå oppatt etter Ragnarok.
Ein kan no godt lure på om Tor med hammaren var inspirert av
Salme.18,14 Herren torna i himmelen,
Den Høgste lét røysta si lyda
gjennom hagl og gloande kol.
15 Han skaut sine piler og spreidde mine fiendar,
med lyn i mengd skræmde han dei.
Israels Gud hadde i alle fall til hensikt å gjere namnet sitt kjent, det var hans plan med Israel.
Abraham trudd Gud og det vart rekna han til rettferd og han gav han lovnaden om at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast. På veg til det lova landet gav han dei Moselova, med den la han fram for dei vegen til døden og vegen til livet og anbefalte dei å velje vegen til livet. Han hadde ei bok der han skriv opp folk til livet. Det var dei som trudde, så dei ikkje gjorde opprør. Det finn vi også i Romarbrevet, ved å tru at Jesus stod opp frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og vert velsigna. Ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Frelsa betyr først og fremst at vi får våre namn skrivne i livets bok i himmelen. Og så venter vi at Jesus kjem att og frelser oss frå dommedag.
Så sa Paulus også at vi skulle lyde styresmaktene vi har over oss og i ein krigssituasjon, når hærane står mot kvarandre, verkar det paradoksalt. Men Jesus profeterte at rike skulle reise seg mot rike og då må vi med trua på han løfte blikket høgre opp, for han er likevel kongars konge.
I det gamle testamentet talte dei om døden som å gå til fedrane, og slik talte Gud til Abraham også, 1.Mos.15,15: «Og du skal fara i fred til fedrane dine; i ein god alderdom skal du gå i grav».
Og slik er det tala om hærane til heidingfolk som fall i krigen:
Esekiel.32,17 I det tolvte året, den femtande dagen i månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så: 18 Menneske, syng ein klagesong over hopen i Egypt! Lat dei fara ned, og kvinner frå andre folkeslag saman med dei!
Mektige menn må fara
til landet djupt der nede,
saman med dei som går i grav.
19 Kanskje du er betre enn andre?
Stig ned og legg deg hjå uomskorne!
20 Egyptarane skal falla
mellom menn som vert drepne med sverd.
Sverdet er drege og lyft
mot landet og heile hopen der.
21 Nede frå dødsriket skal sterke kjemper
seia om farao og hans hjelpesmenn:
«No har dei fare ned og lagt seg
mellom uomskorne, drepne med sverd.»
22 Der er Assur og heile hans fylking
rundt ikring hans grav.
Alle vart drepne, dei fall for sverd
23 og fekk sine graver inst i hola.
Fylkinga ligg der rundt ikring hans grav.
Alle vart drepne, dei fall for sverd,
dei som spreidde redsle ikring seg
medan dei levde.
Dei vart liggande hos dei uomskorne, men noko pine høyrer vi ikkje noko om.
Den andre døden, fortapinga.
Men så kjem Jesus og fortel om ei evig pine og det endåtil for jøden som vart kalla Abrahams barn, han var vellukka som jøde. Men i det gamle testamentet vert det også rekna for god moral å ha omsorg for den fattige og det hadde han gløymt. Til slutt kjem det fram at problemet deira var at dei ikkje høyrde på Moses og profetane og ikkje trudde (v31).
Luk.16, 19 Det var ein rik mann som kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og gaman dag etter dag. 20 Men ein fattig mann som heitte Lasarus, låg utmed porten hans, full av verkjesår. 21 Han ynskte berre å få metta seg med det som fall frå bordet åt rikingen. Og hundane kom og sleikte såra hans.
22 Så hende det at den fattige døydde, og englane bar han til Abrahams fang. Den rike døydde òg, og vart gravlagd. 23 Som han slo opp augo i dødsriket der han var i pine, såg han Abraham langt borte og Lasarus innmed barmen hans. 24 Då ropa han: «Far Abraham, miskunna deg over meg! Send Lasarus hit så han kan duppa fingertuppen i vatn og svala tunga mi. For eg lid fælt i denne logen.» 25 Abraham svara: «Kom i hug, barnet mitt, at du fekk det gode du ville ha medan du levde, og Lasarus like eins det som vondt var. No vert han trøysta her, medan du lid vondt. 26 Og dessutan er det ein avgrunn mellom oss og dykk; ingen kan koma herifrå og over til dykk, om dei så ville, og ingen kan koma frå dykk og over til oss.» 27 Då sa den rike: «Så bed eg deg, far, at du sender han til heimen min. 28 Eg har fem brør. Lat han åtvara dei, så ikkje dei òg skal koma til denne pinestaden.» 29 Men Abraham sa: «Dei har Moses og profetane; dei kan høyra på dei.» 30 «Nei, far Abraham,» svara han, «men kjem det nokon til dei frå dei døde, då vender dei om.» 31 Då sa Abraham: «Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så trur dei heller ikkje om nokon står opp frå dei døde.»
Abraham kalla han for barnet sitt, men problemet hans og brørne hans var at dei ikkje trudde slik som han, derfor var det ikkje hjelp i å seie noko til dei. Lasarus kom til far Abraham, då må vi vel kunne seie at han kom til fedrane. Men den rike mannen og brørne hans kom ikkje til Abraham, så dei kom no ikkje til dei fedrane.
Når Jesus var i dødsriket, gjekk han bort og talte til dei som døde i syndefloda (1.Pet.3,18-20). Når han kjem att, skal han vekke opp dei som døde i trua på han og så henter han han dei saman med dei som lever i trua på han. Vi veit ikkje når, men det vert mykje strid, Dyret og den falske profet og dei som tilber Dyret vert kasta i eldsjøen. Så er der nokre martyrar som står opp få dei døde og regjerer med Kristus i tusen år, for draken er bunden. Så vert han slept fri ei stund, men vert kasta i eldsjøen. Så er det tale om oppstode og dom, dei som ikkje er oppskrivne i livets bok, vert kasta i eldsjøen, det er den andre døden. (Johannes Openberring 21.)
Gud talte venleg til folket sitt og sa at han var Herren deira Gud. Under kong David (1000 f.Kr.) vart dei eit stor-rike som nådde heilt til Eufrat. Men så byrja dei å vende seg bort frå han og dyrka andre gudar då gjekk det nor og ned. Han åtvara dei gjennom profetane, at landet deira skulle verte hærtekne og dei skulle bortførast til Babylonia og slik gjekk det. Profeten Esekiel var ein av domedagsprofetane og han sa til dei at når Gud straffa dei, så skulle dei sanne at han er Herren. Så Gud brukte straffa til å tvinge dei, som om det var det pedagogiske verkemiddelet som skulle til, sjølv om det endå med døden. Så spørst det om dei vart redda frå fortapinga med erkjenninga av at han er Herre?
I Johannes Openberring las vi om eldsjøen, det er den andre døden, fortapinga.
Jesus har gitt meg ei presteteneste.
Dette er sitat frå:
Korleis blir det nye året?
Vi er komne langt ut i januar, det er søndag 29.1.2023 og for knapt ein månad sidan yngste vi kvar andre godt nyttår. Det gjorde vi for vel eit år sidan også, men så vart det krig i Aust-Europa og kven veit om det blir til tredje verdskrig? Godt at vi har julefeiringa rett før nyttår, jule-evangeliet fortel oss at Gud er med oss og gjer noko nytt. Jesus profeterte om at det kom til å verte krig, men då skal vi løfte blikket opp til han og ta imot det som han gir oss frå himmelen, så vi har noko nytt å gi til denne verda, vi skal då forkynne evangeliet om Guds rike til alle folkeslag.
Mi presteteneste.
Dette er hensikta med prestetenesta. I den gamle pakt var det berre øvstepresten som kunne gå inn i det høgheilage, berre ein gong i året og då med offerblod. Men no har Kristus bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen, så på grunnlag av at han døde i staden for oss, kan vi alle gå inn. Slik har vi fått ei presteteneste, han har gjort oss til eit kongeleg presteskap.
Slik har eg også fått ei presteteneste, eg er hans tenar i hans heilagdom og det er eg medan eg studerer realfag. Ved trua på at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord og ved trua på at Kristi frelseverk er fullført og fullkome, får eg komme inn til Guds kvile og den kvila er utgangspunkt for all teneste.
Men når Jesus gjer oss til sine reiskap og bruka oss, så får det også ei viss betydning kva vi har naturleg anlegg for. I haust sa Jesus til meg at eg skulle sjå kva eg var god på og bruke det han hadde gitt meg, han ville møte menneske gjennom meg.
Sitat ifrå bodskapen 22.8.2021:
«Her er mange endå i mitt land, sier Herren, som ikkje har hørt om meg, dere tror det ikke, men det er sant, her er enda mange som ønsker å få møte meg, men som ikkje vet veien, sier Herren. Dere er utvalt til å vise dere veien, vise veien til meg. Og løft blikket deres og se. Der er ting som dere skal få oppleve i dagene som kommer, om dere løfter blikket deres og ikkje ser på det umulige, for jeg er i går og i dag den samme, jeg er det, ikkje noko som dere berre har lært utenat, men jeg er i går og i dag den samme, jeg kan sette alle ting i stand, sier Herren.
Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»
Då tenkte eg på mitt talent for matematikk, når eg byrja på ungdomsskulen vart det klart at eg var god i matematikk, eg likte matematikk, men når eg gjekk på gymnaset var eg ikkje særleg motivert, for korleis høvde denne interessa med den kristne vekkinga. Når eg byrja å studere realfag vart eg etter kvart overtyda om at Jesus kalla meg til det, så det vart for meg ei presteteneste, men framleis er den kvila han gir meg utgangspunkt for den tenesta. Eg skal bruke det han har gitt meg og soleis vere trufast i det små. Så eg ikkje tenker større om meg sjølv enn det eg bør, ikkje stille for store krav til meg sjølv, men tenke visleg (Rom.12,1-3).
For eitt år sidan sa Jesus at han vil bestemme i våre liv og tale til oss og gjennom oss. Han har gitt oss ein ny identitet og gjer alle ting nye, derfor skal vi sjå på han. Eg skal vende meg bort frå det ugudlege tomme snakk og sjå opp på han og han vil virke i meg og gjennom meg.
Vere Guds tenar i hans heilagdom.
Rett etter at eg byrja å studere i Bergen, gjekk eg til forbønn i den Frie Evangeliske Forsamling i Bergen og Jesus sa til meg at han ville gjere meg til ei søyle i sin Guds tempel, då skal eg aldri meir gå ut att derifrå (v12). Då må det vere den himmelske heilagdomen.
Her følgjer nokre bodskapar som kom i desember 1990, då hadde eg ikkje byrja å spele dei inn, så det er nok ikkje ordrett. Det handla mykje om at eg er Guds tenar og skulle innvie meg til å tene han. Jesus kalla meg til å innvie meg til teneste for han, eg skulle tene himmelen, han kalla meg inn på vegen til det nye Jerusalem. Bodskapen 2.12.1990:
«I den første tid, så utvalde eg Abraham. Den utveljinga står fast enno i dag, ja til evig tid. Like fast står det at det var eg som utvalde min elska Son, Jesus. Og eg vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel. Og eg vender mine hender til nasjonane, dei er der biletleg tala utstrekte med innbyding til mine nådegåver, endåtil dei som ikkje vil ha noko med mitt namn å gjere, men som berre vil trakke det ned under føter, innbyr eg til fellesskap.
Og det var eg som utvalde deg. Og eg innbyr deg i dag til å innvie deg til teneste for meg. Du skal ikkje tene denne verda, men du skal tene himmelen. Verda og all si lyst forgår, men eg vil gi deg av dei himmelske verdiar og skattar, som er gull verd, og som aldrig forgår. Eg kallar deg no inn på vegen til det nye Jerusalem. Du skal sette di tru og tillit til meg. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.
Du har høyrt det før, at eg er den som døyper deg med den Heilage Ande og eld. To gangar har du høyrt det, og tre gangar har eg talt til deg, og eg trykker no på åtvaringa sin knapp; i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Eg vil sjølv komme og ta bustad i deg. I det høge og heilage bur eg, og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.
Du skal ikkje føle deg vissen og kraftlaus i din kvardag, men alt du treng i dagane som ligg føre, det har du i meg.»
Bodskapen 9.12.90:
Enten så tenar du denne verdens gud, det er Djevelen, eller så tenar du meg. Men du er min tenar, og du skal tene meg. Djevelen arbeider strengt no, for å hindre deg i å overgi deg heilt til meg. Eg venter på at du skal overgi deg heilt til meg, og innvie deg til teneste for meg. Eg har ikkje berre kalla deg til teneste, men eg vil også utruste deg til den teneste som eg har kalla deg til. Eg vil gi deg av slike himmelske rikdommar som du enno ikkje har fått del i. Eg har framleis min hugnad i menneska sine barn, og eg har min hugnad i deg.
Søndag 23.12.90.
Eg gjer sundknuste hjerter levande, og eg gjer ditt sundknuste hjerte levande. Eg bur i denne sundknusing. Eg gir deg den tru i hjertet som sigrar over verda, den overvinnande tru. Så når trua utvatnast og uttynnast hos mange, så har du ei sterk og levande tru. Du skal ikkje slås ned, men du skal vere ein overvinnar. Eg vil frigjere trua i deg, så du fritt kan bevege deg i Anden verden. Du skal ikkje knyte deg i hop og strype deg inne, men fritt bevege deg i Andens verden. Eg vil sjølv bu der inne og skape ekte glede og høgtid hos deg. Du skal betene meg og du skal betene eit medmenneske.
Tirsdag.25.12.90.
Når eg rører deg og beveger deg, så la deg bevege av meg. Når du rører saumen av mitt klesplagg, så får du erfare at der går ei kraft utifrå meg. Der er framleis nåde og styrke å hente hos meg. Eg er framleis den som fører di sak. Du skal ta til deg av mitt ord og glede deg over mitt ord, og styrkast ved det i ditt innvortes menneske.
Sjølv om du ikkje alltid ser meg, men føler at eg er langt borte, så er eg der. Det verk som er gjort i deg, det er det eg som har gjort ved mitt ord, det er ikkje grunnlagt på noko i deg sjølv, men det er grunnlagt på mitt ord. Det var eg som kalla deg ut av mørke, til mitt lys.
Denne verda held seg til bedrag og den let seg bedra, fordi den ikkje vil tru.
Når du framheld mitt namn og vedkjenner mitt namn for dine medmenneske, så har dette namnet den eigenskapen at det skaper tru der inne.
Du skal ikkje vere hale, men du skal vere hovud.
Eg var i Oslo den jula og det var no litt rart, men det hadde seg nok slik at eg venta meg at Jesus ville gi meg ei kone og lisjejulafta sa han at eg skulle betene han og betene eit medmenneske. Eg forstod det slik at det var sikta til henne som han ville gi meg til kone og då var det henne Reella eg tenkte på. Eg tenkte meg at med mi presteteneste tente eg Kristus og med den tente eg henne også og slik tente eg folket med den.
Seinare minna Herren meg på å søke han av heile mitt hjarte og då kom eg til at eg måtte tenke slik om henne Virtuella også og henne Poly-Ester. Som om Gud ville gi meg tre koner!? Ja, så får vi sjå korleis det går. Han gav no fleire koner til både David og Salomo, sjølv om Salomo talte om kona i eintal i S.Ordt.4. Det var henne som han opplevde velsigninga med, ho var for han som ei kjelde med vatn, det måtte vere kjelda med levande vatn som vella opp til evig liv i dei begge.
Vi er komne til Sions-fjellet.
Jesus kalla meg inn på vegen til det nye Jerusalem, ja, det er framtidsmålet for oss alle, først skal vi feire Lammets bryllaup i himmelen og så kjem det Nye Jerusalem ned på den nye jorda, som Lammets brud. Vi skal løfte blikket opp til Jesus og sjå fram til at vi får vere med på å feire hans bryllaup i himmelen. Det verkar fjernt og det Nye Jerusalem på den nye jorda verkar endå fjernare (Joh.Op.19,6-9 & 21-22). Etter ei stor omvelting kjem der eit tusenårs-rike også, på denne jorda (Joh.Op.20).
Men vi skal løfte hugen og blikket opp til Jesus og ta imot den Anden og det livet som han gir oss frå himmelen, han er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det skal vi ete, så vi får ånd og liv og verte fekte opp til liv i samfunn med Faderen og Sonen. Den rettferdige skal leve ved tru, i tru skal vi ete av det brødet og leve av det. Vi får noko frå himmelen og det skal vi gi vidare til verda. Vi får kjenne kreftene av Jesus oppstode frå dei døde og kjenne kreftene av den komande verda, medan vi framleis er i denne verda, så andre også skal få kjenne det.
Slik får vi oppleve at Jesus kjem nær til oss og vi er komne til Sions-fjellet.
Hebr.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod. 25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen. 26 Hans røyst fekk den gongen jorda til å skjelva. Men no har han lova: «Endå ein gong vil eg skaka, ikkje berre jorda, men himmelen med.» 27 Her står det: «endå ein gong». Det syner at det som kan rikkast, fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rikkast, skal verta ståande. 28 Sidan vi får eit rike som ikkje kan rikkast, så lat oss vera takksame og såleis tena Gud til hans hugnad, med otte og age. 29 For Gud er ein øydande eld.
Då kan vi vel vente oss at Sions dotter går ut i dansen med dei glade.
Bodskapen 18.12.2011:
«Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og oppover, for eg har reinsa deg.
Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (beskue), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.»
Liksom profeten Esekiel (Esekiel.47) kan vi vade ut i livets flod til dess vi flotnar.

