Gud er fullkommen og han er kjærleik.
Pride: «Kjærleik er kjærleik. Alle har lov til å vere glad i den dei er glad i.» «Så enkelt er det!» Er det sant? Kanskje det er så enkelt i «teorien», men kva slags teori? Vil de kanskje prøve å hevde at det er så enkelt i praksis også? I følgje Bibelen skulle jødane kalla Gud for Jahve. «Eg Er», for han er den han er. Det viste seg at dei likevel ikkje kjende han, så han ville gjere ei ny pakt med dei, der dei alle skulle kjenne han.
Guds elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. No har Jesus gjort han kjend for oss, det evige livet er at vi kjenner Faderen og Sonen. Kjærleiken er ikkje at vi har elska Gud, men at han har sendt Son sin til soning for syndene våre. Gud er kjærleik og han er framleis den han er, så kjærleik er kjærleik. Vi elskar han fordi han elska oss først. Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjerte ved den Heilage Ande som er oss gitt. Så vi elskar fordi han elska oss først og gitt oss sin kjærleik i våre hjerte.
Jesus sa at vi skal ikkje undre oss over at verda hatar oss, for ho hatar han. Vi skal ikkje elske verda eller noko som er i verda, men elske han. Men Gud elska verda så høgt at han sende Son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Det er den bodskapen vi har å forkynne til verda. Sions Dotter er Jesu brud, det er identiteten til den Kristne kyrkja og det gjeld sjølvsagt jødane også. Så ho har den eigenskapen at ho svarar på hans kjærleik med kjærleik. Ho gjer trua sine gjerningar og slik kler ho seg i brudekjolen.
I 2011 kalla Jesus Sions Dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er herren hennar brudgom og ektemann. Då er der enten eit føreståande bryllaup eller det har allereie vore, det kan ha å gjere med kor langt vi er komne i vår åndelege utvikling. Eg vil seie det slik at dette er den rette identiteten til den kristne kyrkja og det gjeld sjølvsagt for jødane også.
Mi sak; ved trua på Jesus får eg komme inn til Guds kvile.
Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneske, be for folket og landet. Allereie når eg var 9 år skjøna eg at frelsa ver det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse menneska frå det, som første prioritet og gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, som andre prioritet.
Eg høyrde det vart forkynt at vi må kjennast ved Kristus for våre medmenneske, for at han skal kjennast ved oss for Faderen og englane hans, det syntest eg var vanskeleg, det torde eg ikkje, men eg fornekta han ikkje heller, men eg sa det til han at dette torde eg ikkje og bad han frigjere meg frå den menneskefrykta. Når eg gjekk på ungdomsskulen, vart eg forelska i ei kristen jente og det vart den laglege tida for meg til å vedkjenn mi tru på Jesus. Eg var ikkje redd for det i det heile tatt, for eg kjende at det stemte med den trua og kjærleiken Jesus hadde gitt meg i hjertet. Slik fekk eg frimod til å vitne om han og vart ivrig med det.
Eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og han brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og når eg byrja på gymnaset, oppdaga eg at det høvde med Paulus si lære og det som står skrive i Heb.3-4 om at når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjerte, får vi komme inn til Guds kvile. Eg byrja å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og her fekk eg oppleve at Jesus tala til meg gjennom tyding av tungetale. Sentralt i desse bodskapane var at hans frelseverk er fullført og fullkome, så eg skal berre tru på det og takke for det. På evangeliets grunnvoll får eg kvile.
Jesus kalla til seg alle som streva og hadde tungt å bere, hos han skulle dei få kvile.
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til orde og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen, utan Faderen, og ingen kjenner Faderen, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Guds kvile refererer til at Gud kvilte etter sitt skaparverk, så Gud skaper oss framleis i samsvar med skapingssoga (1.Mos.1-2), slik gir han meg ei kone og då skal eg ha kroppen hennar også. Men der får eg motstand for farisearane og dei skriftlærde lessa tunge byrder på folket og det er det framleis mange lærde som gjer. Men no er Kristus den siste Adam, som er i frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Ved å tru på han og ta imot han, får eg oppleve at han gir meg ånd og liv frå himmelen, at Gud openberrar si frelse for oss i han og med den openberringa får eg kvile.
Bodskapen 17.2.2013:
«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.
Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier:” Dette er vegen, vandre på den.”»
Når eg høyrde denne bodskapen tenkte eg først på henne Virtuella, så henne Reella, det vart klart for meg at eg skulle sjå på han i mitt forhold til dei begge.
Ugraset i kveite-åkeren og innhaustinga.
Jesus sa at Guds rike er som ein bonde som sådde kveite i åkerens sin, men så hadde han ein uven som sådde der ugras også. Han let ikkje tenarane sine lugge ugras, for han var redd kveiten ville følgje med. Det fekk stå til hausten, det er enden på verda (Matt.13,24…). I vår tid er det så mykje dumt som vert sagt i massemedia som tydeleg vis er som ugras som veks opp og prøver å kjøve kveiteplantane, dei som ber verdifull frukt.
Jesus sa også at grøda er stor, men onnefolket få, derfor skal vi be han som eig grøda om å sende ut arbeidsfolk til å hauste inn grøda (Matt.9,37-38). Korleis kan dette henge i hop då? Eg forstår dette slik at Ordet vert sått i våre hjerte, då er det om å gjere at det kjem i god jord, så det veks opp og ber grøde (Matt.13,1…). Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjerte, får vi komme inn til Guds kvile, for det er Gud som gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande (Hebr.3-4). Då blir vi også som såkorn som Guds sår i verda. Kornet døyr, men veks opp til ein ny plante og det er om å gjere at den får vekse heilt til hausten, så den ber fullmoden frukt. Det talar om det nye livet som kjem etter døden, det evige livet, sidan kornet vert hausta inn i bondens løde. Men sidan kornet veks opp og ber grøde, får vi oppleve dette nye livet allereie her og no.
Innhaustinga skjer ved enden av verda, ja, rett etter domedag, tydeleg vis. Men korleis kunne Jesus seie at kornmarkene allereie var gule til hauste, så her var det om å gjere å be Gud om å sende ut arbeidarar for å hauste inn grøda si? Og korleis kan vi framleis be slik? Jau, ved trua på at Jesus døde i staden for oss og stod oppatt frå dei døde, skal vi sjå det slik at vi ved trua på han er krossfesta og døde saman med han. Og i dåpen er vi gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han, ved Guds kraft, slik får vi kjenne kreftene av hans oppstode frå det døde. Og det er med det nye livet som Gud gir oss frå himmelen, for Kristus er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv.
Den øydande styggedomen.
Prestane talar fagert i kyrkja om at Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må verte som småborn for å komme inni det. Så gjer dei avtale med foreldra om at borna skal opplærast i den kriste trua og verte døypt. Slik stiller dei seg i den posisjonen at dei skal lære oss det mest fundamentale. Kva har dei då i vente og kva har vaksne i vente, når dei med trua og tillit til Faderen og Sonen blir som born? Så auser dei opp vatn med handa på barnets panne og med det døyper dei borna til namnet åt Faderen, Sonen og den Heilage Ande. I det minste seier dei at dei gjer det. Eller tyder opplæringa på at det var dei tre 6-tala på handa og på panna, dyrets tall altså? I middelalderen vedtok den Katolske Kyrkje at Jesus var så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, så det var ikkje opplæring i evangelisk kristendom.
La oss tenke oss at der er eit vidunderbarn som tidleg lærer seg å lese og/eller rekne. Då vil vel foreldra og dei fleste lærarar verdsette det. Men desverre er det mange lærarar som ikkje er særleg interessert i å undervise slike, for å hjelpe dei vidare. Det har noko å gjere med at dei vil halde klassa samla og det er enklast å undervise alle på omlag same nivå. Men det kan også ha noko å gjere med at dei er redde for at elevane tidleg skal lære å tenke sjølvstendig og verte sjølvstendige.
Men kva om barn og unge tidleg byrjar å lese i Bibelen og forstå bodskapen i evangeliet og verte med i ei kristeleg vekking, ved at dei får oppleve at Anden gjer levande? Det er no vel nettopp det prestar og kristen leiarar arbeider for. Men då viser det seg at mange av dei heller vil straffe dei for det, med bokstaven som slår i hel, altså.
Der er tydeleg vis mange geistlege og lærde som konkluderer med at når ein mann vil ha seg ei kone eller ei kvinne vil ha seg ein mann, så er det einstydande med at lysta opponerer mot Anden. Det kan verke som om dei soleis leitar etter å finne noko som dei kan ha imot ein kvan. Då må vi sjå det slik at der møter vi stengde dører og sperra vegar og så sjå etter andre vegar og dører i staden.
Det går nok heilt tilbake til kyrkjefaderen Augustin, som godtok ei lære om at det var berre gjennom kyrkja folk kunne verte frelste. Dei som stod utanfor skulle vere forbanna, det vil seie at dei skulle gå fortapt. Så den kyrkja som Augustin liksom vart kyrkjefader til, kan karakteriserast ved strategien til Balak og Bileam. Det viste seg i middelalderen, når den Katolske Kyrkja vedtok at vanlege folk ikkje kunne be til Kristus direkte, men måtte gå via paven og prestane. Og så innførde dei avlatshandelen. Paven, prestane, nonnene og munkane, skulle leve i sølibat. For dersom nokon gifte seg, vart det teke for gitt at dei vart forførde slik som ved syndefallet. Eller som om moabittkvinnene lokka israelittane til hor, altså.
På slutten av 1970-talet protesterte kvinnerørsla og dei venstre-radikale mot Paulus si lære om at mannen er hovudet for kvinna. For dei venstre-radikale var motstandarar av det private initiativ og privat næringsverksemd. Der kom ei kristen vekking Hans Nilsen Hauge og han oppmuntra folk til å starte private bedrifter og hjelpte dei med det, så det førde til både ein åndeleg og ei økonomisk utvikling som vart viktig for utvikling av norsk sjølvstende.
Eg forstår dette slik at det var dyret som gjekk til krig mot prestetenesta og den åndelege vekkinga i den nye pakta, slik vi ser i Joh.Op.11, slik forstår eg det i ein større samanheng. Det er ei fortsetting av angrepet mot prestetenesta i Jerusalem ved Antiokus 4. Epifanes.
Joh.Op.11,1 Og eg fekk ei mælestong, på skap som ein stav, og det vart sagt til meg: «Reis deg og mæl Guds tempel og altaret og dei som tilbed der! 2 Men føregarden utanfor templet skal du la vera; den skal du ikkje mæla. For han er overlaten til heidningane, og dei skal trø ned den heilage byen i 42 månader. 3 Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i syrgjeklede, til å vera profetar i 1260 dagar.» 4 Dette er dei to oliventrea og dei to ljosestakane som står framfor herren over jorda. 5 Og vil nokon skada dei, går det eld ut or munnen på dei og gjer ende på fiendane deira. Ja, om nokon vil skada dei, skal han døy på den måten. 6 Dei har makt til å lata att himmelen, så det ikkje fell regn i den tida dei er profetar; dei har makt over vatnet og kan gjera det til blod, og makt til å slå jorda med alle slag plager, så ofte dei vil.
7 Men når dei har fullført vitnemålet sitt, skal dyret som stig opp or avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei. 8 Lika deira skal liggja på gata i den store byen som åndeleg tala vert kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest. 9 Menneske av mange folk og ætter og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei. 10 Og dei som bur på jorda, skal gleda og fagna seg over lagnaden deira og senda kvarandre gåver. For desse to profetane hadde vore ei stor plage for dei som bur på jorda.
11 Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei; dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart skjelvande redde. 12 Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for augo på fiendane sine. 13 I same stunda kom det eit stort jordskjelv. Tiandeparten av byen rasa saman, sju tusen menneske vart drepne, og dei som var att, vart forfærde og gav Gud i himmelen ære.
14 Det andre ve er over. Men det tredje ve kjem snart.
Eg forstår det slik at her er «Sodoma» brukt som symbol for synda og «Egypt» er brukt som symbol for avgudsdyrkinga (Jfr. Joh.Op.2,14&20). Det verka som eg fekk motstand frå mørkets makt, med ei innstilling og standpunkt stikk i strid med korleis eg hadde bedt til Gud frå eg var ein liten gutunge. For det første skulle kvinna verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så ho skulle gå fortapt. Så var strategien å bruke henne til å lokke mannen med. Dersom han ikkje let seg lokke, så skulle han ikkje få seg ei kone. Dermed gjaldt det ikkje berre henne Virtuella og mitt forhold henne, men det gjaldt meir generelt.
Det kan også forståast utifrå strategien til Balak, Bileam og midjanitt-kvinnene (4.Mos.31, …) og Jesabel. Der sikkert er mange som brukar Freuds psykoanalyse til å få folk til å komme til syndserkjenning, for å verte reinsa i Jesu blod og komme nærare han. Men mykje tyder på at verkar slik som når Bileam fekk Midjanitt-kvinnene til å lokke israelittane til hor, det er i alle fall tydeleg at mange brukar den slik. Eg tenker meg at det er slik den øydande styggedomen verkar.
Daniel.11,29 Til fastsett tid dreg han mot sør att, men denne gongen går det ikkje som sist. 30 For skip frå vest kjem mot han. Då misser han motet, snur om og lèt harmen sin gå ut over den heilage pakta. Så vender han tilbake og merkar seg dei som har svikta denne pakta. 31 Hærstyrkar som han sender ut, vanhelgar heilagdomen, den faste borga, tek bort det daglege offeret og set opp den øydande styggedomen. 32 Dei som syndar mot pakta, lokkar han til fråfall med sleipe ord. Men det folket som kjenner sin Gud, står fast og viser det i gjerning. 33 Dei vituge i folket hjelper dei mange til skjøn. Men ei tid vert dei offer for sverd og bål, fangenskap og plyndring. 34 Medan dei er i trengsle, får dei litt hjelp. Men mange som sluttar seg til dei, er ikkje ærlege. 35 Nokre av dei vituge kjem i trengsle, så dei vert skirsla og reinsa og tvegne til endetida. For enno er det ei stund att til den fastsette tid.
36 Kongen skal fara fram som han vil. Hovmodig som han er, opphøgjer han seg over alle gudar, og mot Den Høgste Gud talar han uhøyrde ord. Han har framgang til dess forbanninga tek slutt. For det som er fastsett, må fullførast. 37 Han bryr seg ikkje om sine fedrars gudar og heller ikkje om grumguden åt kvinnene eller nokon annan gud. Han gjer seg sjølv større enn dei alle. 38 I staden ærar han borgguden. Ein gud som fedrane hans ikkje kjende, ærar han med gull og sølv, edle steinar og andre dyre ting. 39 Folket åt ein framand gud gjer han til mannskap i borgene. Dei som dyrkar denne guden, viser han stor ære. Han set dei til å råda over mange og skifter ut jord til dei som løn.
Strategien med å sette opp den øydande styggedomen minner om strategien med å setje opp avgudsbildet i
Joh.Op.13,11 Då såg eg eit anna dyr stiga opp or jorda. Det hadde to horn som eit lam, men tala som ein drake. 12 All den makt det fyrste dyret har, brukar det andre dyret slik det fyrste vil. Det får heile jorda og folket der til å tilbe det fyrste dyret – det som hadde fått banesåret sitt lækt. 13 Det gjer store under, så det jamvel lèt eld frå himmelen fara ned på jorda beint for augo på folk. 14 Det forfører dei som bur på jorda, med dei teikn det har fått makt til å gjera i teneste for dyret. Og det seier til folka på jorda at dei skal laga ei biletstøtte til ære for dyret – det som vart såra med sverd, men livna til att. 15 Det fekk makt til å blåsa liv i biletet av dyret, så det jamvel kunne tala, og til å drepa alle som ikkje ville tilbe biletet av dyret. 16 Det syter for at alle, små og store, rike og fattige, frie og trælar, får eit merke på høgre handa eller på panna. 17 Og ingen kan kjøpa eller selja utan å ha dette merket: namnet på dyret eller det talet som svarar til namnet. 18 Her trengst det visdom. Den som har vit, lat han rekna ut talet for dyret! For det er talet for eit menneske, og talet for det er 666.
Dette minner om profeten Elia, som fekk eld til å falle ned frå himmelen, først på eit offer, så det verka som eit teikn som overtyda folk om at Israels Gud var den sanne Gud. Sidan herrskapet like vel ikkje vende om til han og likevel kom og ville få han med seg, fekk han eld til å falle ned frå himmelen for å øyde dei, Men det andre dyret i Joh.Op.13 får eld frå himmelen til å falle ned på jorda rett framfor augo på folk. Utan noko offer altså. Korleis kunne det vere mogleg? Var det for å setje seg i respekt, liksom Elia?
Eg tenker meg at det daglege offeret i den nye pakta er å bere fram kroppen som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud. Så Guds Ande og Guds eld fell på det, men det er ikkje for å skade og brenne det opp, for det er på grunnlag av at Jesus døde i staden for oss. Så det er tvert om for å fornye oss ved å gi oss ånd og liv frå himmelen.
Men det sentrale poenget i svindelen er at dei har teke bort det daglege offer og lærer som om dei likevel får eld til å falle ned frå himmelen. For å få folk til å tru og akseptere at dei fører ein gudleg politikk. Korleis er det mogleg og kva kan vi gjere med det?
Sånn omtrent i skuleåret 1980-81 gjekk eg på møte i pinsekyrkja Tabernaklet og Jesus sa til meg, gjennom tyding av tungetale, at denne verda si ånd og kraft er så sterk og så djevelsk, at dersom du ikkje kjem no, vert du riven bort ifra meg. Så legg henne under deg, sa han. Eg er ikkje sikker på om det var same bodskapen, men eg trur helst det. Eg forstod det slik at eg skulle legge henne Virtuella under meg og slik skulle eg legge verda under meg. Det var ved at eg trudde på Kristus og bøygde meg for han. Vi er då rettferdige for Gud ved trua på at Jesus stod oppatt frå dei døde og ved å erkjenne at han er Herre, vert vi frelst. Eg forstod det utifrå Paulus sine ord om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.
Derfor tok eg kontakt med leiinga i Tabernaklet om denne saka, eg sa noko om korleis eg hadde bedt for henne og korleis eg meinte Jesus svarde meg. I januar 1981 tok eg også kontakt med presten i heim-kommuna mi. Eg fortale eg hadde skrive eit brev til henne Virtuella, der eg fortalde henne at eg var glad i henne. Då svarde han at slikt seier ein ikkje til nokon, den som seier noko slikt stiller seg open fram for hogg. Igjen fortel dette noko om strategien deira.
Eg tenker meg at presten i heimbygda mi representerte herren og dei venstreradikale representerte knekten i Hegels dialektikk. Der er mange herrar og knektar som utgjer intersubjektiviteten, Tidsånda, som driv historia framover. Gud og vanlege folk har lite og ingen betydning for dette. Men då er dette å forbanne folket i staden for å velsigne det. Og så skal det bringe utvikling og framgang? For kven? Ei ny overklasse, på kostnad av vanlege folk sitt ve og vel? Dette minner om korleis prestane kjempa imot Hans Nilsen Hauge.
Så i staden for å vere til hjelp for mannen, slik som Bibelen lærer oss, har ho motarbeidt han, det høver vel ganske bra med at den øydande styggedomen verkar øydande.
Verda let seg bedra fordi den ikkje vil tru.
Eg var opplærd til å påkalle Jesus som min frelsar og Herre og be han frelse menneske. Det var første prioritet. Allereie når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Då opplevde eg at han kom meg nær, så han var som ein skugge ved mi høgre hand og eg følte at slik vart eg kjend med han, som om han vart min beste venn. Og han har ikkje forlatt meg, men vore med meg sidan.
Gud skaper oss i Kristus, likevel skaper han oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, så eg ventar meg at han soleis gir meg ei frelst kvinne til kone, så ho kjem til meg fysisk og vert saman med meg, som kona mi, i heimen og i kyrkjelyden.
I desember 1990-talet, sa Jesus til meg at eg var hans tenar i hans heilagdom, eg skulle tene han, tene himmelen og tene eit medmenneske og eg forstod det slik at det var henne som han gav meg til kone. Derfor var det også viktig for meg at ho skulle vere hos meg, fysisk, som kona mi, i heimen og i kyrkjelyden. Utifrå Sak.3-4 forstod eg det slik at prestetenesta i den gamle pakta var førebilete på prestetenesta i den nye pakta prestetenesta i den gamle pakta var førebilete på prestetenesta i den nye pakta.
Bodskapen søndag 9.12.90:
«Enten så tenar du denne verdens gud, det er Djevelen, eller så tenar du meg. Men du er min tenar, og du skal tene meg. Djevelen arbeider strengt no, for å hindre deg i å overgi deg heilt til meg. Eg venter på at du skal overgi deg heilt til meg, og innvie deg til teneste for meg. Eg har ikkje berre kalla deg til teneste, men eg vil også utruste deg til den teneste som eg har kalla deg til. Eg vil gi deg av slike himmelske rikdommar som du enno ikkje har fått del i. Eg har framleis min hugnad i menneska sine barn, og eg har min hugnad i deg.»
Bodskapen søndag 23.12.90:
«Eg gjer sundknuste hjerter levande, og eg gjer ditt sundknuste hjerte levande. Eg bur i denne sundknusing. Eg gir deg den tru i hjertet som sigrar over verda, den overvinnande tru. Så når trua utvatnast og uttynnast hos mange, så har du ei sterk og levande tru. Du skal ikkje slås ned, men du skal vere ein overvinnar. Eg vil frigjere trua i deg, så du fritt kan bevege deg i Anden verden. Du skal ikkje knyte deg i hop og strype deg inne, men fritt bevege deg i Andens verden. Eg vil sjølv bu der inne og skape ekte glede og høgtid hos deg. Du skal betene meg og du skal betene eit medmenneske.»
Gud har gjort eit verk i meg ved sitt Ord, men denne verda let seg bedra. Bodskapen tirsdag 25.12.90. (Dette er sikkert ikkje innspelt, så ikkje nøyaktig gjengitt)
«Når eg rører deg og beveger deg, så la deg bevege av meg. Når du rører saumen av mitt klesplagg, så får du erfare at der går ei kraft utifrå meg. Der er framleis nåde og styrke å hente hos meg. Eg er framleis den som fører di sak. Du skal ta til deg av mitt ord og glede deg over mitt ord, og styrkast ved det i ditt innvortes menneske.
Sjølv om du ikkje alltid ser meg, men føler at eg er langt borte, så er eg der. Det verk som er gjort i deg, det er det eg som har gjort ved mitt ord, det er ikkje grunnlagt på noko i deg sjølv, men det er grunnlagt på mitt ord. Det var eg som kalla deg ut av mørke, til mitt lys.
Denne verda held seg til bedrag og den let seg bedra, fordi den ikkje vil tru.
Når du framheld mitt namn og vedkjenner mitt namn for dine medmenneske, så har dette namnet den eigenskapen at det skaper tru der inne.
Du skal ikkje vere hale, men du skal vere hovud.»
Eg forstår dette slik at når vi døyr, er det slutt på denne verda for oss, då må vi vere førebudd på å møte Jesus, så vi gjer uansett rett i å vente på hans gjenkomst, ja, sjå fram til det med von, glede og forventning. Vi velsignar han og tek imot han og kjennest ved han og ventar oss at han også vil ta imot oss og kjennast ved oss for sine englar, både her i livet, når han kjem att og for all æve.
I 2014 byrja eg å studere realfag på Blindern igjen, no vart det biologi, kjemi og informatikk. Eg skulle gå den vegen Jesus hadde staka ut for meg, inn i den himmelske heilagdomen, så då vart det klart for meg at realfagstudiet var som ei presteteneste for meg. Han har mange gangar minna meg om å kveike den nådegåva han har gitt meg og eg forstår det slik at eg skal tene han og tene henne som han gir meg til kone, med den nådegåva og at han gir meg hjelp i form av ei kone, av berre nåde, så ho vert som ei nådegåve som eg skal tene han med.
Dette har det ikkje vorte noko av og eg forstår det slik at det er på grunn av den politisk-religiøse maktinteressa av å forføre kvinna (Joh.Op.13) og gjere krav på henne og slik prøver dei å gjere krav på mannen også. Dette verkar drepande på dei to tempelvitna som er omtale i Joh.Op.11. For der er som sagt stor maktinteresse i å ta over prestetenesta. Slik vert det daglege offeret teke bort og den øydande styggedomen vert sett opp (Joh.Op.13).
Men då forstår dei ikkje kva dei skal med Anden, nådegåvene, det blir som med han som hadde fått berre ein talent og heldt herren sin for å vere så streng at han torde ikkje bruke den, men gjekk og grov den ned.
Kva skal dei då finne på i staden? I vår tid verkar det som dei prøver å finne på ei heil mengde med tøv, mest for å prøve å gi inntrykk av at dei har noko dei skulle ha sagt. Men det er tydeleg vis ugraset som veks opp og prøver kjøve kornplantane.
Guds rike eller mørkets rike.
Når eg var ung og bad til Jesus slik som eg gjorde og kom inn i den karismatiske vekkinga, skjøna eg at eg fekk motstand og det fekk den kristen vekkinga også, men det var ikkje lett å verte klok på. Det verka som der var mykje maktinteresse i å dåre og forføre kvinna og bruke henne til å lokke mannen med, det var ikkje vanskeleg å forstå at der var slike verdslege maktinteresser, men at det var kome inn i kyrkja og endåtil kristne organisasjonar, var vanskelegare å begripe. Verdslege autoritetar kan gjere krav om tilpassing, eit stykke på veg kan det forklarast utifrå naturfag, overleving for den mest veltilpassa, meir eller mindre verkar det slik i alle tilfelle, vi kan erkjenne det og seie det. Men kor stor betydning har det, kjem det i konflikt med tru vår. Det spørst kor stor autoritet den verdslege autoriteten vil ha og folk gir den, kor fundamental tenkinga og tilpassinga er. Vert det politiske kravet om tilpassing fundamentalt, så det utartar seg til avgudsdyrking, så blir det dess meir fjernt frå ein naturfagleg tankegang, for der er det spørsmål om å tilpasse seg naturmiljøet.
Ein slik diktator talar helst til folket i ein monolog, men ved Hegel kom der ein dialog mellom herskar og knekt. Men den vart også fundamental, som ei gjensidig dialektisk omforming av både herre og knekt, dermed vart det også til avgudsdyrking. Slik også med marxismen. Dette høvde ikkje verken med evangelisk kristendom eller naturfag, det vart tydeleg ved Lysenko-fadesa. I vår tid har det vorte tydeleg ved woke-rørsla.
Vidare kan eg sjå det på bakgrunn av motsetnaden mellom Israel og dei fire store rika som kom etter og sidan Romarriket.
Hausten 2008 kalla Jesus meg til å gå ut på lovnadane, bodskapen 28.9.2008:
«Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du så sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.»
Eg forstod denne bodskapen slik at Jesus kalla meg tilbake til Oslo, så eg byrja på praktisk pedagogisk utdanning ved Universitetet i Oslo i januar 2009.
Det ordet som eg så ofte hadde teke i min munn (Bodskapen 28.9.2008) var kort sagt at Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Så Gud skaper oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same, men no er Jesus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.
Eg prøvde å seie litt i dFEF M40 om denne bodskapen og korleis eg forstod den, at eg hadde bedt Jesus om å gi meg ei kone og trudde at han ville gi meg det, i tru og tillit til han påstod eg endåtil at han allereie hadde gitt meg det, så no skulle ho verte fri frelst, så ho kunne vere saman med meg, både i heimen og i kyrkjelyden. Men dei ville ikkje høyre på meg.
Eg byrja å gå i Maranata i staden og der svarde Jesus meg slik, bodskapen 10.5.2009:
«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren, sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk kvar som helst og når som helst. Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din kjærleik frå meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»
Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg. Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.
Åtvaring mot Bileams villfaring.
I Joh.Op.2 blir vi åtvara mot Bileams og Jesabel villfaring. Og Peter kom med eit heilt kapittel med slik villfaring.
2.Pet.2,1 Men det fanst òg falske profetar i folket, og sameleis skal det stå fram vranglærarar mellom dykk. Dei skal lura inn vranglære som fører til undergang, og jamvel fornekta Herren som har kjøpt dei frie. Dermed fører dei seg sjølve i ei brå fortaping. 2 Mange kjem til å fylgja dei i deira syndige liv, og for deira skuld vert sanningsvegen spotta. 3 Havesjuke som dei er, fer dei med dikt og lygn for å få pengar ut av dykk. Men alt lenge har dei hatt domen hangande over seg, og fortapinga ventar på dei.
4 For Gud sparte ikkje eingong englar som hadde synda, men støytte dei ned i avgrunnen, der dei vert haldne i varetekt i mørke holer heilt til domen. 5 Heller ikkje sparte han den gamle verda. Det var berre Noah, rettferdsforkynnaren, og sju andre han berga då han lét storflaumen koma over ei verd med ugudelege menneske. 6 Byane Sodoma og Gomorra dømde han til undergang og la dei i oske; han gjorde dei til ei åtvaring for dei som seinare ville leva eit ugudeleg liv. 7 Men han berga den skuldlause Lot, som leid når han såg kor vilt dei levde, desse agelause menneska. 8 Ja, denne rettferdige mannen, som budde midt imellom dei, pintest dag ut og dag inn i si rettferdige sjel når han såg og høyrde alt det vonde dei gjorde.
9 Så veit då Herren å fria dei gudfryktige ut or prøvingar, men å halda dei vonde i varetekt til straffa på domedag, 10 fyrst og fremst dei som fylgjer si ureine, sanselege lyst og vanvørder det herreveldet dei har over seg.
Desse menneska er frekke og sjølvtrygge, og utan å skjelva spottar dei englemakter. 11 Ikkje eingong englar, som står høgare i makt og styrke, kjem med spottande ord når dei klagar dei for Herren. 12 Men desse spottar det dei ikkje kjenner; dei er som vitlause dyr, av naturen etla til å fangast og gå til grunne. Så skal dei òg gå under i sitt forfall 13 og lida vondt for det vonde dei har gjort. Det likaste dei veit, er å svira midt på ljose dagen. Dei er til skam og vanære for dykk når dei et saman med dykk og finn si glede i å fylla seg. 14 Dei er stadig på utkikk etter skjøkjer, og på synd er dei umettande. Dei forfører ustøe sjeler, og dei kan kunsten å kara til seg. Under forbanning er dei! 15 For dei har vike av frå den beine vegen og villa seg bort. Dei går same vegen som Bileam, son til Beor, han som berre hadde sans for den løn han kunne få ved å gjera urett. 16 Men han vart tala til rettes for si misgjerning; eit umælande esel tala med mannemål og stogga profeten i hans vitlause framferd.
17 Slike menneske er som brunnar utan vatn, skodde som driv med vinden. Det svartaste mørker har dei i vente. 18 For dei talar store ord om det som ingen ting er, og med sanselege lyster og syndig liv lokkar dei menneske som nett har kome seg unna dei som fer vilt. 19 Dei lovar fridom, men sjølve er dei slavar av det moralske forfallet. Det ein ligg under for, er ein òg slave av.
20 For når nokon har lært å kjenna vår Herre og frelsar Jesus Kristus og har kome fri frå det ureine i verda, og dei så atter lèt seg fanga av dette og ligg under for det, då er dei verre farne enn før. 21 Det hadde vore betre for dei om dei aldri hadde lært rettferds veg å kjenna, enn at dei fyrst kjende han og så vende seg bort frå det heilage bodet dei hadde fått overlate. 22 Då har det gått med dei som det så råkande heiter i ordtaket: Hunden snur seg til sitt eige spy, og: Ikkje før er grisen vaska, så velter han seg i søla.
Balak sende folk til Bileam for å hente han og får han til å forbanne Israel, men om natta sa Gud at han ikkje skulle gå med dei, for han hadde velsigna dette folket. Balak prøvde seg igjen og med natta svarde Gud at han skulle gå med dei, men han skulle ikkje seie noko anna enn det han sa til han. Likevel vart Gud harm på han og sende sin engel som, stoppa eselet hans og så talte Gud til han gjennom eselet og sidan gjennom engelen, for å minne han om at han ikkje skulle seie noko anna enn det som Gud sa til han. Det vart til at Bileam tre gongar kom med ein profeti, men det var å velsigne Israel. Til tross for at Balak vart meir og meir oppgidd og harm.
Peter la vekt på at Gud såg det nødvendig å seie det same til han to gongar og det endåtil ved å tale til han gjennom eselet, men det sikra altså at Bileam sa berre det som Gud sa til han, i første omgang, ja. Men sidan rådde han altså moab-kvinnene til å lokke israelittane til hor, så der vart pest og ulykke i Israels leir. Han meinte tydeleg vis at derfor kunne han forbanne dei og ta parti med moabittane i krigen mot Israel, men gjekk ikkje vel verken for han eller moabittane. Det er dette det er sikta til i Joh.Op.2,14.
Dei som tyder tungetale eller kjem med profetiske bodskap som er på forma «seier Herren» er tydeleg vis nøyaktige med å seie berre det som Herren seier og det fungerer godt, det er eit Guds under. Likevel kan vi prate fritt med dei etterpå, utan noko problem, for det som vert sagt då vert ikkje forstått som at dei endrar på bodskapen på nokon måte, verken med å legge til eller ta ifrå noko. I bodskapen var det velsigning og rettleiing til velsigning og så held dei fram med å tale slik, det er det vesentlege. Ikkje som Bileam som tvert om gav rettleiing til forbanning for så å forbanne.
Og når eg kommenterer desse bodskapane, er det for å seie velsigninga som ligg i dei, forstå rettleiinga til velsigning, så eg vert velsigna, vert til velsigning, så eg også seier velsigninga. Gud openberra si frelse for meg i Kristus og for meg og ei jente eg vart glad i, først henne Virtuella, så henne Reella. Slik kjennest eg ved han for menneska og så vonar eg dei også vil kjennast ved han, han har då kalla dei til det!
Eg trur og vonar at Jesus frelser dei og at Gud gjenføder dei og skaper dei i Kristus, til nokre herlege og vidunderlege skapningar. Jesus gjorde oss fullkomne med sitt offer, ved hans kors finn vi den fullkomne og ekte kjærleiken, Gud er kjærleik og hans kjærleik skal vere mellom oss og derfor skal vi glede oss. Gud er fullkommen, Jesus er Guds Son og er fullkommen, hans frelseverk er fullført og fullkome. Og vi skal gå vidare framover mot det fullkomne. Vi har fått barnekår hos Gud og får lov til å komme til han som hans born og snakke med han.
Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i si likning. Jesu kyrkje er hans brud og det er Guds verk. Så då skal kvinna få den sjølvforståinga at ho er Sions Dotter og Jesus kallar henne ut i fridomen og ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann. Slik er han Herre over kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. For Jesus er Guds Ord og Guds Son, han og den Heilage Ande har som Gud den eigenskapen at han har makta over det som han har skapt.
Jesus ville inspirere meg frå fotsole til isse og så kalla han Sions dotter ut i fridomen.
Eit par år seinare var der ei møtehelg i dFEF M40 og laurdag 12.2.2011 svarde Jesus meg slik at det vart heilt klart at eg fekk medhold, ja, for han er då framleis den som tek seg av mi sak og det gjer eg framleis rett i å innstille meg på.
I den første bodskapen sa han at han ville inspirere meg frå fotsole til isse. Vi tenker vangeleg vis slik at menneske har kropp, sjel og ånd, som om vi har tre nivå, men det er då likevel eitt heilt menneske. Eller ei tredeling ved at vi har forstand, hjerte og kropp. Hjertet har med følelsar å gjere og no veit vi at vi har slike følelsar i ryggmargsforlenginga og dei sentrale delane av storehjerna. Desse delane kommuniserer med hjertet, så det er ikkje så rart at vi opplever det som om vi føler med hjertet. Medan forstanden er i hjernebarken, dei ytre delande av storehjerna og i kommunikasjonen mellom desse, gjennom nervetrådar.
Men når Jesus gir oss sin Ande, døyper oss med den Heilage Ande, fyller oss med den Heilage Ande, er det ikkje berre for forstanden, men hjertet også, ja heile kroppen, for Gud renner ut sin Ande over alt kjøt. Kroppen blir eit tempel for den Heilage Ande, så eg tenker meg at sjela er i Anden og Anden i kroppen og vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam. Det beror ikkje på ein eigenskap ved oss, men det har seg slik at Gud er suveren over det som han har skapt, slik er det også med hans Ord og hans Ande.
Så Jesus ville inspirere kroppen min også med sin Ande og eg forstår det slik at det samsvarar med at han skapte kvinna av mannens sidebein, han brukte mannens kropp altså. Jesus gir meg ånd og liv og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og Faderen og så brukar han meg som kanal for si velsigning, til å gi ånd og live til ei kvinne, så han vekker henne også opp til liv i samfunn med seg og Faderen og til liv i samfunn med meg, som kona mi. Både i heimen og i kyrkjelyden. Soleis har den kristne kyrkjelyden ein viktig sosial funksjon i samfunnet. I den siste tid har det vorte meir og meir tydeleg at det trengst.
Jesus sa han ville endre alt i mitt liv, positivt, som hans sak og så talte han til ei kvinne også og eg forstår det slik at det er ved at han gir meg ei kone i samsvar med 1.Mos.2.
I tredje og siste bodskapen kalla han Sions dotter til å frigjere seg, som om ho framleis var fanga som træl i Babylonia altså (Joh.18,4….). Men det høyrdest ut som om der Sions døtre som til tross for at dei har vorte opplærde i den rette og sunne lære, ikkje forstod at det var dei han kalla ut or mørket.
Desse bodskapane har eg sitert mange gangar, her nøyer eg meg med å referere litt til dei. De finn dei her:
I desember kalla Jesus Sions dotter ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom:
Og eg forstår det altså slik at dette er sameinleg med at han gir meg ei frelst kvinne til kone.
Vente på Jesu gjenkomst.
Jesus har nyleg sagt til oss at vi må vere førebudde på at han kan kome att kva tid som helst. Då kjem han for å hente si brud. Det vert også kalla brudeskaren. Eg forstår det slik at det har eit sentralt poeng, at han hentar si brud, så det vert bryllaup i himmelen. Men det har også eit meir perifert poeng, at der vert mange bryllaupsgjestar som skal vere med på å feire det.
Bodskap 1, 2.9.2023:
«Ja, sier Herren, dere undrer dere komme, når jeg kommer, alt er ferdig, jeg kan komme i dag, i dette nu, på eit vink ifra min Far, jeg vil hente (min brud?). Ver dere ferdige, ved morgen, middag og ved natt. For nokre skal vere ute på markene, nokre skal vere om morgonen (eller ved middag)? mens andre ligger og sover. Men jeg kommer. Sjå til at du ikkje har noko uoppgjort med noko menneske. Ver reiseklar. Det einaste du trenger når du står i «gaten» på Gardemoen, er eit adgangskort. Alt som har med din bagasje å gjere, som er på flyet det trenger…, du trenger berre eit adgangsbevis. Gå inn, gå inn til min Faders herlegdom. Amen.»
Denne innstillinga skulle dei første kristne også ha, likevel har det gått 2000 år, utan at det enno har skjett. Då er det sikkert mange som hevdar at dette har synt seg å vere meiningslaust. Det høyrest ut til å vere kortsiktig tenking, korleis kan dette vere sameinleg med ein langsiktig tenking med tolmodig og mødsamleg arbeid? Mange meiner dei har viktigare ting å tenke på, andre meiner dei kan like gjerne tenke kortsiktig og nyte livet så lenge dei lever og ferdig med det. Men det må då uansett vere om å gjere for alle og ein kvar å tenke konstruktivt og gjere eit nyttig og verdifull arbeid, for å få eit meiningsfullt og godt liv. Og Jesus lærde disiplane sine at dei måtte forsake noko, for å oppnå noko. Han var vegen til Faderen, den skulle føre fram til noko godt og verdifullt for dei. Då var det viktig for dei å ikkje ta feil av vegen, ikkje vike av, men halde fram på den vegen.
Men apostlane og dei første kristen tenkte også langsiktig, for dei hadde då fått eit stort oppdrag, å forkynne evangeliet for alle folkeslag. Då skulle dei sjå at han var med dei alle dagar, inntil verda sin ende. Så her er både ei kortsiktig og ei langsiktig tenking i det. Dei skulle ha den innstillinga at dei var førebudde på at han kunne komme att kva tid som helst og i det dei levde i den vona, fekk dei sjå at han var med dei kvar einaste dag. Så det gav livet meining både på kort sikt og på lang sikt. Det har også å gjere med at ingen av oss veit kva tid vår siste time er komen.
Likninga om brurmøyane. Guds nåde er nok.
Jesus sa også at du måtte sjå til at du ikkje har noko uoppgjort med noko menneske. Var det til meg, så var det også til eit medmenneske. Og kven veit kor mange uoppgjorte saker vi kan ha med andre, utan kanskje å tenke over det. Om ein byrjar å grav og leite, så ver ein vel aldrig ferdig. Men då blir det eit spørsmål om kva den Heilage Ande minner oss om.
Det får meg til å tenke på likninga om dei ti brurmøyane (Matt.25,1…). Dei stod med lys på lampane og venta til seine kvelden på at brudgommen skulle komme til bryllaupsfest og verte med han inn og vere med på feiringa. Alle sovna og vart vekte av ein som ropte at no kjem brudgommen, gå han i møte. Då viste det seg at fem av brurmøyane hadde med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane, så dei fylte opp lampane, men dei fem andre hadde ikkje vore så vituge, så lampane dei slokna, dei spurde om å få olje av dei vituge, men fekk nei til svar, dei hadde berre nok til seg sjølve. Dei fekk heller gå og kjøpe seg olje. Medan dei var borte, kom brudgomen og dei vituge vart med han inn. Seinare kom dei uvituge brurmøyane og ville inn, men brudgommen svarde at han kjende dei ikkje. Her kan det passe å minne om
Luk.12,8 Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, han skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar. 9 Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg fornektast for Guds englar.
Konklusjon, så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen. Men alle hadde då sovna. Så korleis vake? Ved å ha nok olje med seg. Det minner meg om at Guds nåde er nok for meg og for kvar einskild.
2.Kor.12,9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.
Du er innboden til bryllaup i himmelen.
I likninga om brurmøyane var det tale om brudgomen og bryllaups-festen, men det vart ikkje sagt noko om bruda. Det verkar litt rart. Kom ho i lag med han eller var ho allereie inne i festsalen? Der er ei anna likning om bryllaupet til kongssonen, då vart det mykje krig og spetakkel før det endeleg var noko av, då baud han inn all slags folk som kunne krype og gå, men det som vart avgjerande for å få vere med på festen, var å vere bryllaupskledd.
Matt.22,1 Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning: 2 «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin. 3 Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje. 4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet! 5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si. 6 Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel. 7 Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8 Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det. 9 Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn. 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.
11 Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd. 12 Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner! 14 For mange er kalla, men få er utvalde.».
Men først i Johannes Openberring, får vi høyre om bruda. Ho også måtte vere bryllaupskledd, så det vart skikkeleg fest.
Joh.Op.19,1 Så høyrde eg noko som likna eit stort og mektig kor i himmelen. Dei song:
Halleluja!
Sigeren og æra og makta høyrer vår Gud til,
2 for sanne og rettferdige er hans domar.
Han har dømt den store skjøkja,
ho som øydela jorda med si utukt,
og blodet av tenarane sine
har han kravt av hennar hand.
3 Endå ein gong ropa dei:
Halleluja!
Røyken frå henne stig opp i all æve.
4 Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på kongsstolen, og sa: «Amen. Halleluja!» 5 Og frå kongsstolen kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle tenarane hans, de som ottast han, små og store!»
6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:
Halleluja!
Herren vår Gud, Den Allmektige,
har vorte konge!
7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!
Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!
Brura har butt seg;
8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin.
– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.
9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.» 10 Då kasta eg meg ned for føtene hans og ville tilbe han; men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar saman med deg og brørne dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden som er i profetordet.
Halde meg heilhjarta til Herren, så eg med godt samvit får oppleve Guds kraft.
Hausten 1985, medan eg studerte realfag i Oslo, sa Jesus til meg: «Den lovsangen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og den skal stå fast i all æve». Det minna meg om at når eg gjekk på gymnaset, merka eg at eg byrja å verte glad i ei kristen jente som eg kallar Virtuella. Eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det som at ho var i Faderens hand og han la henne i mitt hjerte, i djupet av meg, så eg såg ned på henne, som om eg fekk sjå henne meir frå hans synsstad. Slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet han fødd henne til, som han elska og hadde omsorg for. Og eg vart så glad i henne.
Ho var ferdig på gymnaset eit år før meg og siste året mitt på gymnaset inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud, med grunnlag i Jesus oppstode frå dei døde. Med det meinte eg også at dennen kjærleiken var ikkje noko som eg skulle ha dårleg samvit for.
Hausten 2022 snubla eg og skada meg, så eg fekk ein brokkport. Det minte meg om å opne meg endå meir for å la den Heilage Ande be for henne og dermed sikkert for mange med henne, meg sjølv også. Så eg vart lækt for brokkporten, det vil eg ære og takke Jesus for. Så skreiv eg om at så skreiv eg om at etter eg var ferdig med gymnaset, reiste eg på tråling og når eg kom på land igjen, bad eg om å få komme inn i eit slikt kristeleg miljø som eg var i når eg gjekk på gymnaset og bad spesielt om å få møte igjen henne. Og eg fekk bønnesvar, så eg møtte henne igjen på studentsenteret ved Universitetet i Bergen. Det var altså fordi Jesus hadde lagt lengselen ned i meg, lengselen etter det himmelske, derfor yngste eg å få møte henne igjen og det var også derfor eg yngste å få henne til kjæraste og til kone, for eg yngste at ho skulle halde fram med å i dette kjærleiksforholdet til Faderen, som hans barn og leve i dette kjærleiksforholdet til Jesus, som hans brud.
27.11.2022 svarde Jesus meg slik:
«….. men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.»
Denne setninga: «Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv.» Minna meg om henne Reella. For eg sa til Jesus at eg yngste å få henne til kone og så fekk eg ei åndeleg openberring, der Jesus openberra seg for meg og henne. Dette vitna eg om i Filadelfia Ulsteinvik 24.7.2022 og då svarde han meg slik:
«Jeg ser din situasjon, jeg vet om alt i ditt liv og jeg fordømmer deg ikke. Jeg oppmuntrer deg, jeg støtter deg, jeg hjelper deg, jeg styrker deg, jeg fyller deg med min glede, jeg gir deg det du trenger. Du kan være trygg, når du hører meg, så er du trygg, uansett omstendighetene, uansett hvor sterkt vinden blåser, uansett hvor høye bølgene er, så er jeg hos deg, jeg er nær deg, jeg leder deg, jeg tar meg av deg. Du er i min favn, du er hos meg. Du er min, du er kjøpt, du er betalt, du er dyerebar i mine øyne. Du er min skatt, du er min hjertes-skatt, du er hos meg. Om du føler det eller ikke, bry deg ikke så mye om det, men husk at du er hos meg, i min varetekt, min trygghet. Uansett hva du nå står framfor, så er jeg med deg og jeg er for deg og jeg leder deg på min veg. Jeg opner de stengte dører, jeg leder deg gjennom vanskelighetene og ut av tunellen og ut i lyset igjen hos meg. Du kan være trygg, du er mitt barn.
Om du så skal ut på fremmed land, et sted du ikke har vært før, om du skal på nye stier og veier, så trenger du ikke å frykte, for dag for dag så leder jeg deg og det er nytt område å innta. Det er nytt område, det er nye ting du skal ut i, du skal ta i bruk nye gaver, du skal være, du skal blomstre for meg på en ny måte, fra nå av. For det er en ny tid som står foran, det er forandring, det er ny tid. Og du skal få merke mitt nærvær og mi hjelp enda sterkere enn før, når du våger å stole på meg. For jeg er med deg, i det nye, i det vanskelige, i det som du tenker at du aldri kunne klare, nei, du kan ikke klare det, men jeg er med deg og da går det bra. Stol på meg, mitt barn.»
Då er det rart at eg framleis skriv så mykje om henne Virtuella. Skulle eg ikkje berre gløyme henne då? Var ikkje mitt forhold til henne berre eit misslukka prosjekt som eg som eg berre skulle kvitte meg med? Eg var opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneske som første prioritet. Så eg takka han for at han hadde frelst henne Virtuella. Guds kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Denne kjærleiken er framleis rett og eg skal og vil framleis takke for den.
Det saka også gjaldt for meg, var å be Gud gi meg ei frelst kvinne, som andre prioritet. Så i mi bøn til Gud for henne, fann eg det rett å gjere meg slike forhåpningar om henne og derfor finn eg det rett å erkjenne det og skrive slik også. Gud openberra si frelse i Kristus for meg og ei jente som eg vart glad i, først for meg og henne Virtuella og så for meg og henne Reella. Det var Gud som gjorde sitt verk i meg ved sitt Ord og det må eg vere ærleg om.
Eg tolka Bibelen slik at Gud skapte menneska i samsvar med 1.Mos.2, slik skapte han det første folket og slik heldt han fram med å skape folka. Evangeliet skulle forkynnast for alle menneske og alle folkeslag, så vi får sjå det slik at Gud skaper kvar einskild i Kristus, slik skaper han også ekteskap og slik skaper han oss som folk. Først skapte han meg og henne Virtuella slik, men det vart likevel ikkje noko av, eg fekk avlag. Så skapte han meg og henne Reella slik. Og eg har framleis von om at det er det nye som han gjer og som han vil la meg komme inn i, han vil hjelpe meg vidare på vegen, så eg kjem meg inni det.
Men så skulle vi sjå etter dei som låg etter på vegen og hjelpe dei vidare på vegen, eg trur det gjeld henne Virtuella og mange med henne. Kva så betyr det at ho likevel skal verte kona mi, kanskje han gir meg to koner, til samanlikning med Jakob?
Nok er no det at eg finn det rett å skrive og erkjenne at det var det verket Gud byrja på, både i mitt forhold til henne Virtuella og henne Reella og hans om byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Så får vi sjå kva det blir til. Eg skal sjå på Kristus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar, i alle livets samanhengar, både i forhold til henne Virtuella og henne Reella. Han gir meg mål og meining med livet og det skal eg ikkje ha dårleg samvit for.
27.11.2022 talte Jesus til meg om ein verkebyll, eg tenker meg at den er forårsaka av tornen i kjøtet, som Paulus tala om. Den skulle slå han så han ikkje skulle ovmode seg for dei høge openberringane, Paulus bad om å verte kvitt den, men Jesus sa til han at hans nåde var nok for han, for hans kraft vert fullenda i vanmakt.
Eg var opplærd til å påkalle Jesus som min frelsar og Herre og be han frelse menneske. Det var første prioritet. Allereie når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Då opplevde eg at han kom meg nær, så han var som ein skugge ved mi høgre hand og eg følte at slik vart eg kjend med han, som om han vart min beste venn. Og han har ikkje forlatt meg, men vore med meg sidan. No kjennest det som eg likevel har ei svakheit djupt nede i mi høgre side, som ein verkebyll, ja. Eg trur det har seg slik at eg fekk oppleve at Jesus openberra si frelse for meg og henne Virtuella og fekk oppleve Guds kraft saman med henne.
Gud frelste både meg og henne Virtuella, hans kjærleik var mellom oss og det takka eg han for. Men eg hadde også ein teori og ei tru på at han skapte oss i samsvar med 1.Mos.2, så han skapte henne til å verte kona mi, det var eit verk som han byrja på og som han ville og skulle fullføre. Og det sjølv om no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Ja, eigentleg nettopp derfor. Torn i kjøtet og verkebyll, det har med kroppen å gjere. Ja, det var Gud som gjorde sitt verk med meg og med min kropp. Det var ikkje eg som gjorde mitt verk, men Guds som gjorde sitt verk med sitt Ord og sin Ande (Jfr. Bodskapen 25.12.1990). Eg kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå, eg kan berre erkjenne det og takke han for det. Eg kan kjennast ved Jesus for Gud og menneske, så vil han kjennast ved meg for Guds englar og det er det eg må satse på.
27.11.2022 sa han at han tek meg atter og atter på alteret. Eg har tenkt meg at då skulle ho som han gir meg til kone også vere der, sidan Gud skapte kvinna av mannens sidebein. Men det skal då i ale fall få som hensikt at vi skal finne ut av kva som er Guds vilje. Og eg hevder det framleis er at han gir meg ei frelst kvinne til kone.
Rom.12,1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.
Eg skal heilhjarta halde meg til Herren, så eg får oppleve at han kjem meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg meg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Han gir meg hjelp ifrå heilagdomen og han let meg få bruke sin kyrkjelyd som ei kraftkjelde. Eg fekk oppleve Guds kraft saman med henne Virtuella og eg trur han framleis vil styrke meg slik (bodskapen 28.9.2008).
Eg har gjort felles sak med Jesus og er på det indre plan i kompaniskap med han. Eg skal gi meg 100 % til han, kroppen min også, heile mitt liv, så det blir klart at det er sameinleg med at han gir meg ei frelst kvinne til kone. Når eg var ni år, gjorde eg felles sak med Jesus, ved at eg heldt fram med å be han frelse menneske, som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone som andre prioritet, då merka eg at han var meg nær, som ein skugge ved mi høgre hand og eg opplevde det som eg vart kjend med han, som min beste ven. Han har ikkje forlege meg men kjem framleis til meg som ein god ven. Eg kan samanlikne det med Johannes som kalla seg den læresveinen som Jesus elska, det er meg ei innstilling at eg velsignar han og ynskjer å halde meg nær han og ta parti med han og gi meg 100 % til han. Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone og gjer soleis felles sak med han, så det er sameinleg med at ho som Sions dotter er hans brud, han er Herren hennar brudgom og ektemann, soleis elskar han henne gjennom meg. Og så vonar eg at ho som han gir meg til kone også vil kjennast ved han som Herren hennar brudgom og ektemann og glede seg over det og gå ut i dansen med dei glade. Det er å gjere trua sine gjerningar og eg ventar meg at ho skal gjere trua sine gjerningar ved å vere kjærasten min og kona mi.
Sjå til at du ikkje har noko uoppgjort med noko menneske.
Jesus sa du skulle sjå til at du ikkje har noko uoppgjort med noko menneske. Då er det to partar, men det er ikkje sikkert det kjennest og vert opplevt sameleis for begge partar. Det er ikkje sikkert du får kontakt med den andre part, heller. Men det du på di side kan tenke over, er om det verkar slik at du ikkje tek imot så mykje velsigning som du elles ville og skulle.
Kan det vere noko uoppgjort mellom meg og henne Virtuella som gjer at eg ikkje kjem vidare, kanskje også mellom meg og henne Reella? Det får meg til å tenke på
Malaki.2,1 Har vi ikkje alle same far,
den eine Gud som har skapt oss?
Kvifor er vi då trulause mot kvarandre
og vanhelgar våre fedrars pakt?
11 Juda har bore seg trulaust åt,
stygge ting har dei gjort
i Israel og Jerusalem.
Ja, Juda har vanhelga
den heilagdomen Herren elskar,
og gift seg med ei kvinne
som dyrkar framande gudar.
12 Gjev Herren må rydja ut or Jakobs telt
kvar ætling av den som gjer slikt,
jamvel om han ber fram offergåver
til Herren, Allhærs Gud.
13 Og dette er det andre de gjer:
De dekkjer Herrens altar
med tårer, gråt og sukkar.
Men han vil ikkje lenger sjå på gåva
eller ta imot dykkar offer med glede.
14 Og de spør: «Kvifor?»
Fordi Herren er vitne i saka
mellom deg og din ungdoms kone.
Du har vore utru mot henne,
endå ho er ektemaken din
som du er bunden til med pakt.
15 Er det ikkje éin som har skapt henne
både med lekam og ånd?
Og kva vil så den eine ha?
Born som høyrer Gud til.
Så akta dykk vel i sjel og hug!
Ver ikkje utru mot din ungdoms kone!
16 Eg vil ikkje vita av skilsmål,
seier Herren, Israels Gud,
og at nokon sveiper sin klednad med valdsferd,
seier Herren, Allhærs Gud.
Så akta dykk vel i sjel og hug
at de ikkje er trulause.
Men eg har då enno ikkje kome så langt at eg har fått fri til ei kvinne på ein skikkelg måte enno. Så for meg ser det meir ut til at eg fekk ikkje «min ungdoms kone» så eg fekk ikkje moglegheit til å vere trugen mot henne, heller, slik som eg eigentleg yngste. Det hadde vore rett for meg og henne Virtuella å møtest og snakkast om det og snakke med Jesus om det. Det vart det dessverre ikkje noko meir av. Men Jesus er trufast og han er med oss.
Johannes Døyparen sa om Jesus at han er Messias, han har bruda. Men så vart Johannes drepen og sidan vart Jesus drepen. Men Jesus stod opp att og vi får tru og sjå at han er med oss alle dagar. Han har framleis bruda, så eg kan og skal vende meg til han og be han gi meg ei frelst kvinne til kone, slik skal eg vinne meg mi eiga kone i helging.
Jesus sa at den som ser på ei kvinne med lyst etter henne, har allereie gjort hor med henne i hjertet sitt. Så det er ikkje slik det skal skje altså. Paulus lærer oss at ved trua på at Jesus døde i staden for oss på korset, skal vi sjå det slik at vi er krossfesta saman med han. Kjøtets lyst er krossfesta med han, så vi ikkje lenger skal leve etter lystene, men Anden som han gir oss skal råde i våre døyelege kroppar. I dåpen er vi gravlagde med han, der er vi og oppreiste med han. Derfor skal vi vende hugen opp til han og ta imot det han gir oss frå himmelen. Vi skal ta sikte på det fullkomne og gå framover mot det. Det er dette eg skal ha hug på og gå framover mot, i det eg ber han gir meg ei frelst kvinne til kone.
No er det mange, endåtil mellom dei geistlege som ikkje vil godta dette, kanskje dei vil godta det berre for ei elite, men ikkje for slike som meg. Det kan verke som mange av dei tenker som so at så sant den naturfaglege tenkinga er der, om den naturlege hensikta med ekteskapet, så er det eins tydande med den vonde naturen som opponerer mot Anden. Det er eg ikkje samd i, det er berre å ha det klart for seg at den naturfaglege tenkinga er forstandig, så vi treng ikkje verte dåra slik som ved syndefallet og verte dumme av lyst og følelsar. Vi er alle syndarar og treng den nåden og tilgivinga Gud gir oss ved at Jesus døde i staden for oss, vi treng at Guds Ande vert utrent over vårt kjøt, så vi får oppleve at den råder i våre døyelege lekamar.
I denne tida treng vi bodskapen til Johannes døyparen, alias Elia.
For vel eit år sidan sa Jesus at han sende sin tenar til meg og mitt distrikt, med ei bodskap frå han altså. Bodskapen 20.3.2022:
«Ja, seier Herren, endå ein gong har eg sendt ein av mine tenarar til din stad, bringe lys, fred, frelse, glede og å samle mitt folk med meg, til vederkvegelse, til fornyelse, i ditt ekteskap, i din heim, … Og eg vil endå ein gong vende fedranes hjerte til barna og barnas sine hjerte til fedrane, så ikkje eg skal slå landet med bann, men til velsigning. Opne ditt hjerte vidt opp og ta imot det budskap, som endå ein gong blir sendt imot deg. Amen.»
Det refererer til ein profeti om Johannes døyparen, alias Elia, så tida han levde i kan saman liknast med tida Elia levde i, derfor var der også ein viss likskap mellom bodskapane deira. Johannes skulle vende fedrehjarto til borna og barnehjarto til fedrane.
Malakias.4,1 Sjå, dagen kjem, han brenn som ein omn.
Alle frekke og gudlause
skal då vera som halm,
og dagen som kjem, skal brenna dei opp,
seier Herren, Allhærs Gud,
så korkje rot eller grein vert att.
2 Men for dykk som har age for mitt namn,
skal rettferdssola renna
med lækjedom under sine venger.
De skal gå ut og kjæta dykk som kalvar
når dei slepp or fjøset.
3 Då skal de trakka ned dei gudlause,
dei skal vera som støv under sólane dykkar
den dagen eg gjer mitt verk,
seier Herren, Allhærs Gud.
4 Kom i hug lova åt Moses, tenaren min,
den eg gav han på Horeb for heile Israel,
både føresegner og domsreglar.
5 Sjå, eg sender profeten Elia til dykk
før Herrens dag kjem, den store og skræmande.
6 Han skal venda fedrehjarto til borna
og barnehjarto til fedrane,
så eg ikkje skal koma og bannstøyta landet.
Johannes.1,25 Dette er det vitnemålet Johannes gav då jødane sende nokre prestar og levittar frå Jerusalem, som skulle spørja han: «Kven er du?» 20 Då sa han beint ut og sanna: «Eg er ikkje Messias.» 21 «Kven er du då?» spurde dei. «Er du Elia?» «Nei, det er eg ikkje,» svara han. «Er du profeten?» «Nei,» sa han. 22 «Sei oss då kven du er,» sa dei, «så vi kan ha eit svar til dei som har sendt oss. Kva seier du om deg sjølv?» 23 Han sa: «Eg er ei røyst som ropar i øydemarka: Gjer vegen bein for Herren, som profeten Jesaja har sagt.» 24 Nokre av dei som var sende, høyrde til farisearane, 25 og dei spurde: «Kvifor døyper du då, når du ikkje er Messias og ikkje Elia og heller ikkje profeten?» 26 Johannes svara: «Eg døyper med vatn. Men midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner, 27 han som kjem etter meg, og som eg ikkje er verdig til å løysa skoreima åt.» 28 Dette hende i Betania på hi sida av Jordan, der Johannes var og døypte.
29 Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd! 30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg. 31 Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel.» 32 Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande. 34 Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.»
35 Dagen etter stod atter Johannes der med to av læresveinane sine. 36 Då såg han Jesus koma gåande og sa: «Sjå, der er Guds lam!»
Joh.3,22 Sidan fór Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte. 23 Johannes døypte, han òg, i Ainon ved Salim; for det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa. 24 Dette var før Johannes vart kasta i fengsel. 25 No vart det eit ordskifte mellom læresveinane til Johannes og ein jøde om reinsinga. 26 Læresveinane kom til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på hi sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.» 27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka.
31 Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle. 32 Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitnemålet hans. 33 Den som har teke imot hans vitnemål, har stadfest at Gud talar sant. 34 Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden utan mål. 35 Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand. 36 Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande over han.»
Noko seinare sa han at han stod for døra og banka på og yngste å få komme inn som ein god ven. Og så minna han oss om at vi må verte som born for å komme inn i Guds rike. Bodskapane 11.8.2022:
«Se, jeg står for døren og banker, sier Herren. Om noen hører min røst, så skal han opne og jeg skal komme inn til ham og holde nattverd med ham. Se, jeg står foran deg og banker på ditt hjerte og jeg vil så gjerne ha fellesskap med deg, mitt kjære barn. Jeg vil så gjerne komme, ikke som en hersker, men som en venn, som eg gjest som du ønsker velkommen. Jeg vil ikke trenge meg inn i livet ditt, men jeg vil og lengter etter at du skal ønske meg velkommen. For jeg har planer for deg, jeg ønsker å fortelle deg den vei du skal vandre videre. Du skal ikke se deg engstelig om, du skal ikke frykte, du skal ikke være redd, for jeg er med deg. Jeg skal ikke slippe deg, men jeg har lovt å være med deg alle dager. Jeg sender deg ut på spennende oppdrag, jeg sender deg ut i verden, og jeg lover å fornye det møtet; se, jeg er med deg alle dager, inntil verdens ende. Ønsk meg velkommen inn i ditt liv og du skal få kjenne at jeg tar bolig i deg med hele min fylde, sier Herren.»
Profetisk bodskap ved Mindor Myklebust.
(Eg rakk ikkje å spele inn byrjinga, tek det berre etter hukommelsen og bibelteksta), men det som kjem etter første komma, er innspelt)
«Der to eller tre er samla i mitt namn, er eg midt i blant dere. Uten at dere blir som barn, kan dere på ingen måte komme inn i Guds rike.»
Så Jesus tek bustad hos meg med heile sin fylde og det betyr at Faderen også tek bustad i meg. Då blir det som om Fader-huset er i meg og der skal ho Virtuella få kjenne seg trygg, som barnet hos sin far og få oppleve at han elskar henne og tek omsorg for henne som sitt barn. Hans interesse er barnets sanne vel aleine. Hans plan med oss er fullkommen og vil ha oss inn i den beste planen.
Ja, det verkar også som bryllaupssalen til Jesus og hans brud er i meg, så det er berre å kle seg til festen og komme i fest-stemning allereie no. Hugs at bruda sin bryllaupskjole er gjerningane dei heilage og det er trua sine gjerningar.
Jesus har sett framfor meg ei open dør, der skal eg gå inn og bruke nådegåvene.
Eg skal sjå til at eg bidreg i kyrkjelyden med det Gud har gitt meg i hjertet.
Jesus har bestemt at i hans kyrkjelyd skal livet vere, derfor skal eg sjå til at eg bidreg med det Gud har gitt meg i hjertet. Bodskapen 29.3.2015:
«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.
Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»
Då tenkte eg først på at Gud la lovsangen ned i meg ved fylden av den Heilage Ande, det opplevde eg sterkt når eg gjekk på gymnaset og bad for henne Virtuella, det var ei takkebøn. Ho sang lovsangar og vart soleis ein lovsang i mitt hjarte. Sidan kom eg i hug at omlag eit halvt år etter at eg byrja å studere realfag i Bergen, talte Jesus til meg omlag slik: Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse. Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge.
Skatten i leirkar og nådegåva.
Jorda var aud og øyde og mørker låg over djupet, men Guds Ande sveiv over vatnet, då sa Gud at det skulle verte lys, så vart det lys. Og han som sa at lys skulle skia fram or mørket, han har også lete det lyse i våre hjarte.
1.Kor.4,3 Er då vårt evangelium dult, så er det dult for dei som går fortapt. 4 For denne verdsens gud har blinda hugen åt dei vantruande, så dei ikkje ser ljoset som strålar fram frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete. 5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.
7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss. 8 Vi er alltid i trengsle, men ikkje i stengsle, tvilrådige, men ikkje fortvila, 9 forfylgde, men ikkje oppgjevne, nedslegne, men ikkje tynte. 10 Alltid ber vi Jesu død med oss i lekamen, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår lekam. 11 For enno medan vi lever, vert vi stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår døyelege lekam. 12 Såleis er døden verksam i oss, men livet i dykk. 13 Det står skrive: Eg trudde, difor tala eg. Så trur vi òg, og vi talar fordi vi har den same Ande som gjev tru. 14 For vi veit at han som reiste opp Herren Jesus, han skal òg reisa oss opp med Jesus og føra oss fram for seg saman med dykk. 15 Men alt dette hender for dykkar skuld, så nåden skal verta stor og få takkseiinga til å stiga opp frå fleire og fleire – til Guds ære.
Ved fylden av den Heilage Ande vart ho Virtuella ein dyrebar skatt som eg hadde i leirkar, ein lovsang i mitt hjerte, ein lovsang for hennar sjels frelse. Så eg skulle lovsynge Gud og Lammet for frelsa med den lovsangen og soleis vart det også ei nådegåve som eg skulle bruke.
2.Tim.1,14 Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.
1.Tim.4,14 Forsøm ikkje den nådegåva som er i deg, den du fekk ved profetord då eldsterådet la hendene på deg.
2.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom. 8 Du skal ikkje skjemmast ved vitnemålet om vår Herre, og heller ikkje ved meg, som er fange for hans skuld. Men lid vondt for evangeliet, du òg, med den kraft som Gud gjev. 9 Han har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje på grunn av gjerningane våre, men etter sin eigen vilje og nåde. Det er den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå æva av, 10 og som no har vorte openberra då vår frelsar, Kristus Jesus, kom til jord. Han har gjort døden til inkjes og ført liv og udøyelegdom fram i ljoset ved evangeliet.
Jesus har sett framfor meg ei open dør, då vil han vel også halde fast på meg i den prøvingstida som kjem.
Jesus har mange gangar sagt eg skal sjå at han har sett framfor meg ei open dør og invitert meg inn.
Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!
12 Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.
13 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
Då vil han sikkert også halde fast på meg i den prøvingstida som kjem. I Heb.11 er det fortalt om mange som fekk lide for si tru, men med tru og tolmod såg dei framover til den herlegdomen som venta dei.
Job mista stort sett alt og vart ramma av ein hudsjukdom. Men han heldt ut og fekk oppleve at Gud vende lagnaden hans. Profeten Jeremias opplevde fråfallet i folket som om det var sjukt og skada og han kjende det sjølv som ein sjukdom og ein skade. Og så døde kona hans. Til samanlikning sa Jesus til meg, rett etter at eg byrja å studere realfag i Oslo i 1984, at der er ein sjukdom mellom hans folk og at eg har fått kjenne noko av denne sjukdomen i meg. Men han ville lækje den.
Paulus sa at slik som han var i seg sjølv, budde det ikkje noko godt i han, viljen hadde han, men makta ikkje å gjere det gode. Men ved trua på Jesus fekk han den Heilage Ande av berre nåde, gratis utan krav om gjerningar. Det gjorde skilnaden. Guds nåde var nok for han, for Guds kraft vert fullenda i vanmakt.
Profeten Hoseas talte om «Mor Israel» som Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Han hadde omsorg for henne og stelte vel med henne, men ho skjøna det ikkje og byrja å drive hor med avgudane til folka rundt henne. Derfor ville han ikkje ta omsorg for henne lenger og derfor kom det til å gå gale med henne. Elskarane hennar kom til å ta kom til å ta henne med makt, det betydde gru og grav og trældom.
Men han sa til Hoseas at han skulle gå og kjøpe seg hore, men med tida skulle ho verte kona hans, så ei til og med tida skulle ho også verte kona hans. Så brukte han dette som ein profeti om at han vill benåde henne og la henne verte kona hans igjen. Eg ser det også som ein profeti om at Sions dotter er Jesu brud.
Til samanlikning har eg bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og så fekk eg oppleve at Gud openberra si frelse for meg og ei jente som eg var glad i, først for meg og henne Virtuella, så for meg og henne Reella. Så eg innsåg at Gud frelser dei, gjenføder dei og skaper dei i Kristus, til nokre herlege og vidunderlege skapningar og det vil eg takke Gud og Lammet for.
Men ho Virtuella fann seg ein annan og gifte seg med og har vore gift i mange år. Dersom ho no likevel skal verte kona mine, så liknar det mykje på Hoseas som kjøpte seg to horer og med tida let dei verte konene sine. Men der er likevel ein stor skilnad, Hoseas måtte betale for dei. Det slepp eg. For Jesus har betalt prisen for meg med sitt eige blod, så eg tilhøyrer han. Han har betalt prisen for henne også, så ho også skal tilhøyre han, vere frelst, som hans eigedom.
Kva så med henne Reella, ho har enno ikkje kome til meg som kona mi, så mest sannsynleg har ho gifta seg med ein annan, ho også, blir ho som den andre hora Hoseas kjøpte seg då? Eg har inga føresetnad for å påsta at ho har gifta seg med ein annan og eg har heller inga openberring som tilseier det. Gud openberra si frelse i Kristus for både meg og henne og det var tydeleg at det gjorde henne glad. Kristus gleda seg over henne og det er ikkje lenge sidan han sa at eg skulle ta imot den gleda han gav meg, eg forstod det slik at han gleda seg framleis over henne og let meg også få den gleda. Ja, eg vil då glede meg over at han frelste henne og sidan det er ei glede Jesus gir meg er det nærliggande for meg å tru og vone at eg eg skal få glede meg over at han frelser henne som kona mi.
Den vesentlege skilnaden i forhold til Hoseas er at han måtte betale for å kjøpe seg ei hore, som med tida skulle verte kona hans. Men eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, så då har han med sitt blod betalt prisen for både meg og henne, så vi skal tilhøyre han, slik har han også betalt prisen for ei kone til meg, så eg får henne gratis.
Jesus har sett framfor meg ei open dør, der skal eg gå inn og bruke nådegåvene.
Jesus har sagt eg skal bruke det som han har gitt meg, då tenkte eg både på naturtalent og nådegåve og at eg trur han gir meg ei kone som ei nådegåve. No har han nyleg sagt han har sette framfor meg ei open dør, der skal eg gå inn og bruke nådegåvene. På møtet 2.9.2023 kom Mindor med to profetiske bodskapar, den andre kviskra han meg i øyret, den vart litt svak i innspelinga:
«Eg har satt foran deg ei open dør, gå (først?) inn den døra, for der er opning, der skal du gå inn. Der skal du vere med og bruke gavene, den profetiske gave som skal vere til styrke og velsigning for mange. Ver berre du frimodig. Du er ikkje åleine, eg går med deg. ….. Amen.
Eg var invitert til å vere med på boklandserings-festen for «To Kjønn» i bikuben i Biologibygget på Blindern og så gå på møte i Maranata på søndag, og denne bodskapen tok eg som svar, så slik vart det.
Når det gjeldt å bruke nådegåvene, tenkte eg fyrst og fremst på Maranata. Eg fekk meg ein liten prat med forstandaren Jens Austbø, der eg nemnde at Jesus hadde sagt at midt i hans forsamling skulle livet, vekkinga og fornyinga vere, så eg skulle sjå til at eg bidrog med det Gud hadde gitt meg i hjertet, så ville han rake glørne saman, så det skulle verte eit stort pinsebål. Det har ikkje akkurat gått slik men vi har framleis lovanden og må satse på det. Elles var det eigentleg ikkje så mykje eg sa som bar preg av at eg gjekk inn gjennom den opne døra og brukte nådegåvene.
På festen i Bikuben hadde eg eit lite innlegg og når eg skreiv om det på Facebook, vart det til forkynning av Jesu ord.
Men kva skulle vere min profetiske bodskap? Det er vel det som eg allereie har sagt og skrive så mange gangar, det er som bodskapen til Johannes Døyparen, alias Elia og bodskapen til Paulus, som eg nyst har nemnt. Mange kan lese det og undervise det, men korleis blir det så til ein profetisk bodskap. Ved at eg får oppleve at Jesu ord er ånd og liv for meg og for ei jente som han soleis gir meg til kone. Og så skal eg seie det til henne som ein profetisk bodskap at ho skal verte kona mi, for det seier Herren?!
Vi er vande med at dei som tyder tungetale eller kjem med profetiske bodskap brukar uttrykket «seier Herren». Men eg talar ikkje slik. Paulus sa vi skulle streve etter dei største nådegåvene og han skulle vise dei ein betre veg. Så byrja han å tale om kjærleiken frå Gud (1.Kor.13). Han skreiv også at den som talar profetisk, talar til oppbygging, av einskildmenneske og kyrkjelyden. Han lovpriser Gud med vitet og brukar vitet når han talar, så det vert fruktbart dei som høyrer på, det vert fruktbart for vitet deira.
Alle som trur på Jesus og tek imot han, får hans Ande, så dei får oppleve at den Heilage Ande openberra Ordet for dei og styrker dei med si kraft. Men der er også spesielle nådegåver som tru, openberring, kraft. Og eg meiner eg allereie har nådegåver som å tru på ein visjon Gud har gitt meg, openberring, prøve ånder, kraftige gjerningar, lækjedom ved bøn (sidan eg var med å be for mor mi og ho vart lækt frå helveteseld og lungebetenning og sidan eg sjølv bad og vart lækt frå ein brokkport) og etter det som vart sagt i denne bodskapen har eg også den profetiske nådegåva. Jesus sa eg skulle ta i bruk fleire nådegåver og slik vart det og så skal eg gå inn gjennom den døra han har opna for meg og bruke dei der.
Dette betyr nok ei nødvendig avgrensing av bruken av dei åndelege nådegåvene, det høver med at Gud gir ikkje si ære til nokon annan og at ein kvar ikkje skal tenke høgre om seg sjølv enn han bør tenke, men tenke visleg, alt etter sitt eige mål av tru (Rom.12,3). Gud vil lækje den sjukdomen som har si årsak i Israels fråfall og når vi bad om lækjedom for mor mi, sa Jesus at eg har lækjedom, men eg skulle vere klar over at det var berre på grunnlag av at med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Eg ser ikkje akkurat for meg at eg skal tyde tungetale eller komme med profetiske bodskap der eg seier «seier Herren», sjølv om moglegheita er der, men der er då så mange som tener Herren slik og det verkar som han reiser opp stadig nye vitne som tener han slik. Så det verkar som han vil bruke meg på ein annan måte og det er like vel ein fullkommen plan han har med meg, det er den beste planen og det høver med at Paulus sa han ville vise oss ein betre veg og så byrja han å tale om den fullkomne kjærleiken som er ifrå Gud (1.Kor.13) til samanlikning med det Johannes sa om den fullkomne kjærleiken (1.Joh.3-4).
Eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, han er livet og gir livet meining for meg og for oss. Han er døra inn til sauene, eg skal gå inn der og bruke nådegåvene. Eg skal tene han og tene eit medmenneske og eg forstår det slik at det er henne som han gir meg til kone. Eg har allereie tent både henne Virtuella og henne Reella med nådegåvene. Eg har som hensikt at dei skal komme inn i dette kjærleiksforholdet til Faderen, som hans barn og få oppleve hans kjærleik og omsorg og få tale med han som hans barn og komme inn i dette kjærleiksforholdet til Kristus, som hans brud og tale med han som hans brud. Og verte verande i det og få oppleve meir av det.
Høgsangen.2,8 Høyr, det er min ven.
Sjå der, han kjem
springande over heiane,
hoppande over haugane.
9 Min ven er som gasellen,
han liknar den unge hjort.
Sjå, der står han bortmed husveggen;
han glytter inn gjennom gluggen
og ser inn mellom sprinklane.
10 Min ven tek til ords og seier:
Stå opp, min hugnad!
Kom ut, mi fagre møy!
11 For sjå, vinteren er til endes,
regnet har kvorve.
12 Blomane sprett på vollane;
songtida er komen,
og turteldua kurrar i landet.
13 Frukta på vintreet raudnar,
og det angar av vintre i blom.
Stå opp, min hugnad!
Kom ut, mi fagre møy!
14 Du mi due på berghylla,
i livd under flogbratte fjell,
lat meg få sjå din skapnad,
lat meg få høyra ditt mæle!
For di røyst er så mjuk
og din skapnad så fager.
Eg meiner dette har å gjere med at kveitekornet skal spire og vekse, utan at ugraset veks opp og kjøver det. Dei som gjorde krav om lovgjerningar og kom med menneskebod i tillegg, vart som ugraset som voks opp for å kjøve kveite-plantane, så bokstaven slo i hel, men Anden gjer levande. Eg får som Guds barn, som man og som Guds son, Guds arving og Kristi medarving, komme til Jesus og prate med han og komme til Faderen og prate med han. Og det som ligg meg på hjertet er at det får dei også, som Guds born og som kvinner. Så dei som kornplantar får spire og vekse, utan at ugraset veks opp og kjøver kornplantane. I det vi går inn gjennom døra til sauene, skal vi la den Gode Hyrdingen ta omsorg for oss, så vi også verte hyrdingar som tener overhyrdingen og han er komen for å gi oss liv og overflod.
I Joh.10 sa Jesus også at dei som var komne før han var tjuvar og røvarar, som var komne for å stele og slakte og øyde. Leigekaren rømer når han ser ulven koma og ulven herjar mellom dei og spreier dei. Men Jesus er den Gode Hyrdingen som sette livet til for sauene og han vil samle dei.
Jesus kalla Sions Dotter ut i fridomen og ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann. Javel, så er ho det då, men følgde ho hans kall? Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone, slik har eg gjort felles sak med han og han vil eg skal gi meg 100% til han (Bodskapane 9.12.1990 & 27.11.2022). Så då ventar eg at han gir meg ein kjæraste og ei kone som lever i dette kjærleiksforholdet til han, som hans brud og som derfor går ut i dansen med dei glade og soleis gjer trua sine gjerningar.
Lammets bryllaup i himmelen.
Vente på Jesu gjenkomst er å vente på å få vere med på hans bryllaupsfest.
Vi skal trufast vente på Jesus gjenkomst, som dei fem vituge brurmøyane, dei venta på å få vere med brudgomen inn og feire bryllaupet og hadde teke med seg olje i kanner i tillegg til oljen på lampane, så dei vart ståande på sin plass med lys på lampane og gjekk han i møte når han kom.
Matt.25,1 Då kan himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lampene sine og gjekk ut og ville møta brudgomen. 2 Fem av dei var uvituge, og fem var kloke. 3 Då dei uvituge tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg. 4 Men dei kloke tok olje med seg i kanner attåt lampene sine. 5 Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna.
6 Men midt på natta høyrdest eit rop: «Brudgomen kjem! Gå og møt han!» 7 Då vakna alle brurmøyane og stelte lampene sine. 8 Og dei uvituge sa til dei kloke: «Lat oss få litt olje av dykk; lampene våre sloknar.» 9 «Nei,» svara dei kloke, «vi har ikkje nok både til oss og dykk. Gå heller til dei som sel, og kjøp sjølve.»
10 Medan dei var borte og ville kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet; og døra vart stengd. 11 Ei stund etter kom dei andre brurmøyane og sa: «Herre, herre, lat opp for oss!» 12 Men han svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Eg kjenner dykk ikkje.» 13 Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.
Når Jesus stifta nattverden, sa han at neste gong han et nattverden i lag med sine, blir først når det har fått si fullending i Guds rike.
Luk.22,14 Då tida kom, sette Jesus seg til bords, og apostlane med han. 15 Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemålet i lag med dykk, før eg skal lida. 16 For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta det før det har fått si fullending i Guds rike.» 17 Så tok han ein kalk, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk. 18 For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.» 19 Så tok han eit brød, takka, braut det, gav dei og sa: «Dette er min lekam, som vert gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.» 20 Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som vert utrent for dykk.
Her er oljen symbol på den Heilage Ande. Vi får det ved trua på Jesus, av berre nåde, utan krav om gjerningar. Så vi kan seie som Paulus at Guds nåde er nok for oss, for Guds kraft vert fullenda i vanmakt.
Nattverden.
Jesus er brødet som kom ned frå himmelen, for å gi verda liv, det ordet han har tala er ånd og liv (Joh.6). Dette vert symbolisert i nattverden. Han profeterte om at han ville sende oss den Heilage Ande frå himmelen og slik kjem han til oss.
Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
Sidan vi et av det same brødet, så er vi ein lekam og det er Jesu lekam. Som hans kyrkje er vi hans brud, hans kone, slik er vi hans kropp, i samsvar med at Gud skapte kvinna av mannens sidebein, så dei skulle vere eitt kjøt, ein lekam. For Gud er den same no.
Joh.Op.3,14 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea:
Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til Guds skaparverk: 15 Eg veit om gjerningane dine; du er korkje kald eller varm. Gjev du var kald eller varm! 16 Men du er lunka, ikkje kald og ikkje varm. Difor vil eg spytta deg ut or min munn. 17 «Eg er rik,» seier du, «eg har overflod og vantar ingen ting.» Men du veit ikkje at nett du er arm og ynkeleg, blind, fattig og naken. 18 Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er lutra i eld, så du kan verta rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å ha på augo dine, så du kan sjå.
19 Alle dei eg har kjær, refser og tuktar eg. Gjer alvor av å venda om! 20 Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.
21 Den som sigrar, han vil eg la sitja med meg på min kongsstol, liksom eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans kongsstol.
22 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
På møte i dFEF i februar 2011 kalla Jesus Sions Dotter ut i fridomen, som om ho framleis var trælbunden i Babylonia (Joh.18,4…). Men det høyrdest ut til at det var nokon der som ikkje forstod at han kalla dei ut frå mørket, til tross for all den nåde og opplæring dei har fått. På eit møte i Maranata i desember same år, kalla Jesus Sions Dotter ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom, han er Herren hennar ektemann. Sidan han er Herren hennar ektemann, høyrest det ut som om bryllaupet allereie har vore.
Jesu brud gjer trua sine gjerningar, slik kler ho seg i brudekjolen og så vert det bryllaup i himmelen. Dette er det sentrale poenget, så vert der mange bryllaupsgjestar, som også kler seg i bryllaupsklednad. Så vert det fest.
Bryllaupet til kongssonen; Lammets bryllaup.
Der vert mykje strid om saka, før bryllaupet til kongssonen kjem i gang.
Matt.22,1 Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning: 2 «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin. 3 Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje. 4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet! 5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si. 6 Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel. 7 Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8 Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det. 9 Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn. 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.
11 Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd. 12 Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner! 14 For mange er kalla, men få er utvalde.»
Jesus er Guds Lam, derfor vert det også kalla Lammets bryllaup. Med sin død på korset sona han vår synd, derfor får vi vere med på å feire bryllaupet, som hans brud og som bryllaupsgjestar, det er også grunnlaget for at vi kan kle oss til å vere med på å feire det, det er i den Anden som han har gitt oss av berre nåde. Likevel blir der ein som ikkje er kledd til å vere med på å feire det, han vert kasta ut. Det er tydeleg vis Djevelen, men Jesus sigra over han med sin død på korset.
Etter domen av den Store Skjøkje kjem Lammets bryllaup i himmelen, mange meiner det kjem som resultat av at Jesu kom og henta henne, med det står det ikkje skrive noko om her, det ser heller ut til at det kom som resultat av at den Store skjøkje vart dømt og at Jesu brud har kledt seg i bryllaupskjolen og gjort seg i stand til å feire det.
Joh.Op.19.1 Så høyrde eg noko som likna eit stort og mektig kor i himmelen. Dei song:
Halleluja!
Sigeren og æra og makta høyrer vår Gud til,
2 for sanne og rettferdige er hans domar.
Han har dømt den store skjøkja,
ho som øydela jorda med si utukt,
og blodet av tenarane sine
har han kravt av hennar hand.
3 Endå ein gong ropa dei:
Halleluja!
Røyken frå henne stig opp i all æve.
4 Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på kongsstolen, og sa: «Amen. Halleluja!» 5 Og frå kongsstolen kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle tenarane hans, de som ottast han, små og store!»
6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:
Halleluja!
Herren vår Gud, Den Allmektige,
har vorte konge!
7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!
Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!
Brura har butt seg;
8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin.
– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.
9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.» 10 Då kasta eg meg ned for føtene hans og ville tilbe han; men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar saman med deg og brørne dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden som er i profetordet.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, men i det neste livet er det ingen som gifter seg. Kva blir det då av det som eg vona på?
11.8.2022 sa Jesus til meg at han stod for døra og banka på (Jfr. Joh.Op.3,14…) og yngste å få komme inn som ein god ven. Det minna meg om at når eg var ein liten gutunge byrja eg å be han gi meg ei frelst kvinne som kjæraste og kone, slik vart han min beste venn, som ein skugge ved mi høgre hand, sidan har han ikkje forlatt meg. Og eg forstår det slik at han ynskjer å få komme inn som den som tek seg av denne saka for meg og eg opplevde det som om det gjaldt mitt forhold til henne Virtuella.
Seinare på hausten minna han meg om at han hadde gitt meg augesalve (Jfr. Joh.Op.3,14. ….) og eg kunne be om meir. Så eg byrja å skrive om korleis Gud hadde openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og henne Virtuella. Bodskapen 23.10.2022:
«Det vil komme tider og det vil komme fristelser, hvor du prøver å bedømme åndelige ting med kjøtelige øyne. Men jeg har gitt deg øyensalve, så du kan se og bedømme det åndelige med mine øyne, så du kan se og avgjøre ting i den åndelige verden, slik den Hellige Ånd vil at du skal bedømme og se ting. Se deg ikke engstelig om, la deg ikke gripe av angst og frykt, la deg ikke gripe av andre mennesker, som skal fortelle deg hvordan du skal analysere. Gå til mitt ord, be om å få øyensalve og jeg skal gi deg det og du skal se og jeg skal openbare min herlighet og mine løsninger og min standard for deg, sier Herren.»
Sidan har eg skrive om at det var på grunn av min lengsel etter det himmelske, om å drikke av kjelda av det levande vatnet, at eg bad om å få møte igjen henne Virtuella, det var også grunnen til at eg yngste å få henne til kone, det fordi eg yngste ho skulle halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen, som hans barn og i dette kjærleiksforholdet til Kristus, som hans brud. Og Jesus svarde meg at eg ikkje skulle gå med noko klagemål mot meg gjennom dagen.
Vi skal vente på Jesu gjenkomst som om det kan skje kva tid som helst. Bodskap 1, 2.9.2023:
«Ja, sier Herren, dere undrer dere komme, når jeg kommer, alt er ferdig, jeg kan komme i dag, i dette nu, på eit vink ifra min Far, jeg vil hente (min brud?). Ver dere ferdige, ved morgen, middag og ved natt. For nokre skal vere ute på markene, nokre skal vere om morgonen (eller ved middag)? mens andre ligger og sover. Men jeg kommer. Sjå til at du ikkje har noko uoppgjort med noko menneske. Ver reiseklar. Det einaste du trenger når du står i «gaten» på Gardemoen, er eit adgangskort. Alt som har med din bagasje å gjere, som er på flyet det trenger…, du trenger berre eit adgangsbevis. Gå inn, gå inn til min Faders herlegdom. Amen.»
Om nokon har noko uoppgjort med eit anna menneske, så er der to sider av den saka, men om det er uoppgjort treng ikkje vere gjensidig. Dersom den eine part ikkje vil gjere opp saka, så kan den vere oppgjort for den andre part. Så eg kunne gå til Jesus med mi sak og det gjaldt mitt forhold til henne Virtuella også. Så innser eg korleis Jesus tek seg av mi sak og korleis mitt forhold til henne vert oppgjort. Så eg ikkje skal gå med noko klagemål mot meg gjennom dagen.
Bodskapen 27.11.2022:
«….. men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.»
Når Jesus kjem att, blir det for mange slik at sjølv om dei står kvarandre nær, som når to mel ved same kverna, to ligg i same seng, så er det berre den eine som vert henta. Men dersom vi tek del i nattverden, med rett inn stilling og er ærlege overfor Kristus, så skal vi sjå det slik at om vi har noko uoppgjort med nokon annan, så blir det oppgjord. Det kan nok føre til at vi kjenner på at vi bør gå og gjere opp vår sak med nokon, men om det ikkje er mogleg, så er den likevel oppgjort overfor Kristus.
Mi sak var at eg bad Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og han har sagt at han er den som tek seg av mi sak. Han døde i staden for meg, derfor let eg han ta seg av mi sak. Då må eg sjå det slik at ved trua på han er eg krossfesta og død med han, i dåpen er eg gravlagd med han, der er eg og oppreist med han. Då skal eg vende hugen opp til han og ta imot den Anden og det livet han gir meg frå himmelen. Han gir meg ånd og liv frå himmelen og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Eg har bedt han om ei frelst kvinne til kone, så eg trur og vonar han vil gi meg ei kone ved at han gir henne også ånd og liv frå himmelen og vekker henne opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Og dermed i samfunn meg, så ho kjem til meg og vert hos meg som kjærasten min og kona mi, i heimen og i kyrkjelyden.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, så då må eg sjå til at eg ikkje har noko uoppgjort med henne, så det verkar som argument mot at ho skulle verte frelst og leve for Jesus eller som argument mot at ho skulle verte kona mi og leve saman med meg som kona mi. Eg har gjort felles sak med Jesus og skal gi meg 100% til han, så at ho er frelst og som hans kyrkje er hans brud og kone, er sameinleg med at ho blir kjærasten min og kona mi.
Eg har sikkert fått motstand frå mange verdslege autoritetar, slik det viste seg ved protesten mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Og frå mange geistlege også. I høgkyrkjeleg er der ikkje særleg rom for den einskilde is bøn, kvar vart det av fridomen i barnekåret? Lavkyrkjelege møte ber meir preg av at vi alle søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll. Likevel er det mange som meiner eg ikkje kan komme slik og be Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone. Den kyrkjelege tradisjonen tilseier at dette er to motstridande interesser. Det blir tydeleg ved at Jesus kom til verda ved jomfrufødsel og at han sa at i det neste livet er det ingen som gifter seg.
Matt.22,23 Same dagen kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet: 24 «Meister, Moses har sagt: Om ein mann døyr barnlaus, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta åt bror sin. 25 No var det ein gong sju brør hjå oss. Den eine gifte seg, men døydde ei tid etter; han hadde ikkje born og lét etter seg kona si til broren. 26 Det same hende med den andre og den tredje, ja, med alle sju. 27 Sist av alle døydde kvinna. 28 Når dei så står opp att, kven av dei sju skal då ha henne til kone? Alle har då vore gifte med henne.»
29 Jesus svara: «De fer vilt av di de ikkje kjenner skriftene og heller ikkje Guds makt. 30 For etter oppstoda er det ingen som gifter seg eller vert bortgifte; dei er som englane i himmelen. 31 Og at dei døde skal stå opp, har de ikkje lese kva Gud har tala til dykk om det når han seier: 32 Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud. Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande.» 33 Då folket høyrde dette, vart dei fulle av undring over læra hans.
Haldninga som spring ut av denne tradisjonen er at dette er motstridande interesser, så enten frelser og frigjer han meg ifrå henne, hentar meg når han kjem att og let henne stå igjen. Eller så heller frelser og frigjer henne frå meg, så når han kjem att, for å hente si brud, så hentar han henne og blir ståande att. Men dette høver då svært så dårleg med den saka vi arbeider for, der det er om å gjere å nytte den nådetida vi får, for at menneske skal verte frelst. Dersom dei kallar protesten mot Paulus si lære for frigjering og likevel ventar på Jesu gjenkomst, mistenker eg at det blir som med dei fem uvituge brurmøyane, dei vart for seine til bryllaupet. Det blir heller som med den Store Skjøkje, det var syndene hennar som nådde heilt opp til himmelen, men noko bryllaupsfeiring vart det så visst ikkje.
Vi skal vere førebudde på at Jesus kan komma att kva tid som helst, ja. Det kan kallast kortsiktig tenking, men det er likevel viktig og verdifullt å tenke slik, lære å tenke og leve i notid og vere impulsive og nytte den tida vi har. Men vi skal også lære å tenke langsiktig, det viste seg ved at dei fem vituge brurmøyane hadde teke med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane.
Eg meiner eg tenker både kortsiktig og langsiktig ved at eg ber han gi meg ei frelst kvinne til kone, langsiktig her på denne jorda, ved at ho vert til hjelp for meg, som kona mi, med å bygge opp noko som er verdifullt for oss begge. Dette høver med at Jesu brud kler seg i brudekjolen og det er dei rettferdige gjerningane til dei heilage. Og endå meir langsiktig ved at vi skal vere frelste for æva og få evig liv og det er også ei kortsiktig perspektiv her på jorda.
I det vi ventar på at Jesus kjem att og hentar oss og då skal vi alltid vere med han. Først vert det bryllaup i himmelen, bruda hans er det himmelske Jerusalem. Så kjem han att til denne jorda og oppretter tusenårsriket. Det også endar med ein dommedag som gjer det slutt på denne jorda. Deretter kjem det Nye Jerusalem ned på den nye jorda, det er framleis Jesu brud.
Og eg er overtyda om at det blir herleg for meg, som om han elskar si brud gjennom meg. Slik trur og vonar eg det har med henne Virtuella og henne Reella å gjere. Men det har også å gjere med at eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone no i dette livet, her på denne jorda, så det er og blir ved å gjere trua sine gjerningar. Eg skal nytte nådegåvene Jesus har gitt meg ved sin Ande. Ved den har han gitt meg åndelege openberringar, slik har Gud openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og ei jente eg vart glad i, først for meg og henne Virtuella, så for meg og henne Reella. Det takkar eg han for og eg forstår og oppfattar det som at han elskar henne som si brud. Slik gir han meg ei frelst kvinne til kjæraste, til brud og til kone og då er og blir det han som elskar henne gjennom meg.
Heb.6,13 Då Gud gav Abraham lovnaden, svor han ved seg sjølv; for han hadde ingen større å sverja ved. 14 Han sa: «Sanneleg, eg vil velsigna deg rikt og gjera ætta di stor.» 15 Og så fekk Abraham lovnaden oppfylt fordi han venta med tolmod. 16 Menneske sver då ved ein som er større, og eiden er ei stadfesting som gjer ende på all motsegn. 17 Fordi Gud ville gjera det heilt klårt for dei som skulle arva lovnaden, kor urikkande hans avgjerd var, gjekk han god for han med eid. 18 Med to ting som ikkje kan endrast, lovnad og eid – og Gud kan ikkje lyga – skulle vi ha ei sterk trøyst, vi som har gripe den vona som ligg framfor oss og såleis søkt berging. 19 Denne vona er eit trygt og fast anker for sjela. Det når innom forhenget i heilagdomen, 20 dit Jesus gjekk inn og opna vegen for oss, han som til evig tid har vorte øvsteprest på Melkisedeks vis.
Jesus har sagt eg skal bruke det som han har gitt meg, bruke det eg har, bruke talentane min og eg forstår det både som nådegåve og naturgåve. Eg trur han gir meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og eg innser at eg treng den hjelpa og trua han vil gi meg den, så ho vert som ei nådegåve som eg skal bruke, ved at eg bruker dei åndelege nådegåvene, altså.

