Innleiing.
Jesus samanlikna Guds rike med ein bonde som sådde kveite i åkeren sin. Såkornet er Guds Ord, åkeren er verda. Men så kom der ein og sådde ugras i kveiten. Tenarane hans spurde han om dei skulle lugge ugras, men han var redd for at dei reiv opp kveiten også, så det fekk berre stå til hausten.
Dette høver dårleg med kyrkjefaderen Augustin si lære om at det er berre gjennom kyrkja menneske kan verte frelst, så dei som står utanfor skal vere forbanna. Likevel er det klart at det er mykje som ikkje høyrer heime i ein kristen kyrkjelyd. I Johannes Openberring2 er det tale om to tilfelle, strategien til Bileam og Jesabel.
Kong Balak ville betale profeten Bielam for å forbanne Israel, men han kunne ikkje seie noko anna enn den profetien som Gud gav han. Men sidan overtalte han Midjanitt-kvinner til å lokke israelittar til hor, derfor braut det ut pest mellom dei. Synda fører forbanning med seg, så no meinte tydelegvis Bileam at han kunne forbanne Israel likevel og vart med midjanittane i krigen mot Israel, men han fall i krigen og Israel vann. Dette var medan Israel var på veg mot det lova landet.
Etter nokre hundrede år vende Israel seg bort frå Herren og dyrka avgudane. Kong Akab gifte seg med Jesabel, dottera til ein Sidonar-konge, ho dyrka Baál-gudane og det gjorde Akab også. Det var på den tida Elia stod fram som profet. I Joh.Op.2,20… er det tale om ei Jesabel som kallar seg profet, men som med læra si lokkar Guds tenarar til å gjere hor og ete avgudsoffer.
I vår tid er det mykje som tyder på at ein ekte profeti soleis vert erstatta av ein falsk profeti. Som om mange erstattar profetane Elia og Johannes døyparen med Bileam og Jesabel.
Evangeliet om Guds rike.
Gud og hans rike er det mest fundamentale.
Jesus lærde oss å be «Fader vår, du som er i himmelen. Lat namnet ditt helgast, lat rike ditt komme. Lat viljen din råde på jorda, slik som in himmelen.» Han forkynte evangeliet om Guds rike og lærde disiplane sine også til å forkynne det, mange fekk oppleve det og gleda seg over det.
Det var noko nytt, som eit lys som gjekk opp for dei som sat i mørke. Men Gud er då evig og alltid den same, slik er det med hans Ord og hans Ande og slik er det med hans rike også. Gud er i sin evige himmel, det er ein evig eksistens, dette er meir fundamentalt enn det han har skapt. Så vi kan ikkje komme til han, utan at han kjem til oss. Så Gud sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.
Prestane i kyrkja stiller seg i den posisjonen at dei skal lære menneske det mest fundamentale; barnevelsigninga, at vi må verte som born, verte fødde på nytt av Guds Ande, for å sjå Guds rike og komme inn idet, at Gud sende Son sin til verda, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av det levande vatnet og Guds Ande.
Søk først Guds rike og hans rettferd.
Jesus sa vi skulle søke først Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det. Den åndelege velsigninga skulle komme først, altså, så den materielle (Matt.6,33). For Jesus disiplar var det heilt klart at dei måtte forsake noko, for å vinne noko verdifullt. Dei måtte ta opp korset sitt og følge han.
Paulus lærer oss at sidan Jesus døde i staden for oss, skal vi sjå det slik at vi er krossfesta med han og i dåpen gravlagde med han. I dåpen er vi også oppreiste med han, vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde, slik er den åndelege velsigninga. Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for dei som trur at Jesus stod oppatt frå dei døde.
Jesus er den Gode Hyrdingen.
Jesus er den Gode Hyrdingen, alle som er komne før han, er tjuvar og røvarar. Derfor er det så viktig for oss å gi han første prioritet i våre liv. Ulven kom for å slakte dei og spreidde dei, men den Gode Hyrdingen sette livet til for sauene. Når han stod opp att frå dei døde, samla han dei igjen og det gjer han framleis, så det skal vere ein hyrding og ei hjord.
Det er om å gjere for oss å halde oss nær til Jesus og la han lære oss å be, så vi ber slik som han ber, så vi ber i Jesu namn.
Såmannen.
Jesus samanlikna Guds rike med ein bonde som sådde korn i åkeren sin. Kornet er symbol på Guds ord. Det vert sått i hjartets jord (Matt.13,1…), så spørst det om det får god grobunn, så det veks og ber fullmoden frukt. Såmannen sår det også i verda (Matt.13,24…), men han har ein uven som sår ugras i kveiten. Tenarane hans spurde om dei skulle lugge ugras, men det tok han ikkje sjansen på, for dei kunne komme til å rive opp noko av kveiten også. Det skulle berre få stå til innhaustinga, det er slutten på verda, då skal det sorterast. Onnefolket er englane, først kastar dei ugraset på elden, så samlar dei kornet i løda.
Såkornet var Guds Ord, men kornet som vert hausta er frelste menneske. Korleis då? Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4).
Prioritetsordninga i mitt bønneliv. Sjå på Jesus og takke han for frelsa.
Eg vart opplærd til å påkalle Jesus som min frelsar og Herre og be han frelse menneske. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg bad han frelse menneske som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne som kjæraste og kone som andre prioritet.
Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus svarde meg gjennom tyding av tungetale. Han minna meg stadig om at frelseverket er fullført og fullkome og sa eg skulle takke han for det. Han la ein lovsong ned i meg og vil at eg skal bidra med det han har gitt meg i hjertet, i kyrkjelyden, eg skal bruke det han har gitt meg. Dette har første prioritet, å be han om ei frelst kvinne til kone kjem som andre prioritet. Eg skal berre glede meg i Herren og takke han for frelsa, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår, gi meg ei frelst kvinne til kone altså. At eg skal glede meg i Herren inneber dermed ei tru og ei oppfatning og ei oppleving av at han råder over kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, som ein kjærleikens konge. Sions Dotter er hans brud og det er identiteten for den kristne kyrkja.
Det verkar for meg som om mange prestar, predikantar og kristne leiarar har ei anna prioritetsordning. Ja, eg er då berre ein vanleg mann som kanskje kjem langt ned på rangstigen i deira hierarki, men der skal då ikkje vere noko hierarki i ein kristen kyrkjelyd! Men kva med regimentlæra, då? Kva betydning har det verdslege regimentet? Vi er i denne verda også, det er vi klar over.
Men vi skal alle søke først Guds rike og hans rettferd, slik skal vi søke den åndelege velsigninga først. Dersom vi prioriterer det materielle framfor det åndelege, så verkar det drepande for det åndelege livet i samfunnet med Gud. Vi kan ikkje tene både Gud og Mammon. Skulle kanskje menneskets kropp kjempe for å overvinne menneskets åndsliv og sjeleliv? Det vil då vere sjølvdestruksjon!
Kven skulle då vere interessert i noko slikt? Verdslege autoritetar i det verdslege regimentet!? Men ei slik makt må dei ikkje få i den kristne kyrkjelyden. Der skal vi tvert om oversjå dei. Vi skal sjå på Jesus og vere opptekne av han, som ei brud som er forelska i sin brudgom.
2.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus. 4 For de toler det svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot.
Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.
Forkynne evangeliet om Guds rike, gå ut på lovnadane.
Jesus sa til disiplane sine at dei skulle søke fyrst Guds rike og han rettferd, så skulle dei få alt det andre i tillegg til det. Dei skulle gå inn i løynkammeret sitt og be til Far sin i det dulde, og Faderen som ser i det dulde skulle løne dei opp i dagen. Han lærde disiplane sine å forkynne evangeliet om Guds rike. Då gjekk dei ut på lovnadane, så slik skulle dei gå inn i det lova landet og legge det under seg. Den oppgåva har vi framleis.
Når det var mottekne på ein plass, slik at folk tok imot bodskapen deira, skulle dei slå seg til ro der. Dersom ikkje, skulle dei berre fare vidare, ja, der vil alltids vere nokon som innser at dei treng å få høyre det.
Luk.9,1 Jesus kalla saman dei tolv og gav dei makt og velde over alle vonde ånder og til å lækja sjukdomar. 2 Så sende han dei ut for å forkynna Guds rike og gjera sjuke gode att. 3 Han sa til dei: «Ta ikkje noko med dykk på vegen, korkje stav eller skreppe eller brød eller pengar; og ingen skal ha med to kjortlar. 4 Når de har teke inn i eit hus, så ver der til de fer lenger. 5 Men er det nokon som ikkje vil ta imot dykk, skal de fara bort frå den byen og rista støvet av føtene. Det skal vera eit vitnemål mot dei.» 6 Så tok dei ut og fór ikring frå landsby til landsby og forkynte den glade bodskapen og lækte folk kvar dei kom.
Luk.10,1 Sidan tok Herren ut sytti andre og sende dei ut føre seg, to og to, til kvar by og kvar bygd som han sjølv skulle til. 2 Og han sa til dei:
Grøda er stor, men onnefolka er få. Bed då han som eig grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si. 3 Gå av stad! Eg sender dykk ut som lam mellom ulvar. 4 Ta ikkje med dykk pung, ikkje skreppe og ikkje skor, og stogga ikkje på vegen for å helsa på folk. 5 Men når de kjem inn i eit hus, skal de seia: «Fred vere med denne heimen!» 6 Vil han som bur der, ta imot fred, skal freden de kjem med, kvila over han. Dersom ikkje, skal han venda attende til dykk sjølve. 7 Gjev dykk til der i huset, og et og drikk det dei byd dykk! For ein arbeidsmann er si løn verd. Flytt ikkje frå hus til hus! 8 Når de kjem inn i ein by og dei tek imot dykk, så et det dei set fram for dykk! 9 Læk dei sjuke som er der, og sei: «Guds rike er kome nær til dykk.» 10 Men når de kjem inn i ein by og dei ikkje vil ta imot dykk, skal de gå ut på gatene og seia: 11 «Jamvel støvet vi har fått på føtene i byen dykkar, kan de ha; vi stryk det av oss. Men det skal de vita: Guds rike er kome nær!» 12 Eg seier dykk: På domedag skal Sodoma sleppa lettare enn den byen.
13 Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hjå dykk, vore gjorde i Tyrus og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og kledt seg i sekk og oske. 14 Men i domen skal Tyrus og Sidon sleppa lettare enn de. 15 Og du, Kapernaum, du som vil opphøgjast like til himmelen, til dødsriket skal du støytast ned!
16 Den som høyrer dykk, høyrer meg, og den som vrakar dykk, vrakar meg. Men den som vrakar meg, vrakar han som har sendt meg.
17 Dei sytti kom glade attende og sa: «Herre, jamvel dei vonde åndene lyder oss når vi nemner ditt namn!» 18 Då sa han til dei: «Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn. 19 Ja, eg har gjeve dykk makt til å trø på ormar og skorpionar, og makt over alt fiendens velde, og ingenting skal skada dykk. 20 Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er skrivne i himmelen!»
21 I same stunda jubla han i Den Heilage Ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. Ja, Far, for dette var din gode vilje. 22 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen veit kven Sonen er utan Faderen, og ingen veit kven Faderen er utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.»
23 Då han var åleine med læresveinane, sa han til dei: «Sæle dei augo som ser det de ser! 24 For eg seier dykk: Mange profetar og kongar hadde hug å sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra det.»
Jesus sa til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia (Joh.Op.3) at han skulle sjå at han hadde sett framfor han ei open dør. Ein engel er ein bodberar, så han har ein bodskap ifrå Gud og treng å få sjå den døra Jesus har sett open for han og bodskapen hans.
Eg tenker meg at det er døra inn i himmelriket og døra inn til sauene, døra inn i kyrkjelyden (Joh.10) og det kan også vere ei dør til folket i kyrkjelydens distrikt. Både når vi går inn og når vi går ut gjennom den døra, blir det å gå ut på lovnadane.
Den einskilde skal bygge på evangeliets grunnvoll, det skal kyrkjelyden også byggast på. Vi skal ikkje bygge på noko anna og då er det noko vi ikkje kan bygge med heller. Det er om å gjere å bygge med noko som er varig, «gull, sølv og dyre edelsteinar», det er likevel ikkje heilt å unngå at vi bygger med noko som ikkje er varig også, «tre, høy og strå», men det vil komme til å brenne opp, for byggverket skal prøvast i elden.
Guds rike eller mørkets rike.
Eg har meint at når vi let oss forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, vert vårt forhold til han gjenoppretta slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen óg som for oss har vorte ei livgivande ånd. Men det verkar som om leiarane i kyrkja og til dels i kristen organisasjonar motsetter seg dette. Som om strategien er slik som ved å dåre og forføre kvinna, for så å bruke henne til å lokke mannen med. Det er sikkert verdslege maktinteresser som står bak og det er ikkje så lett å verte klok på.
Det kan også forklarast ved at verdsleg makt er som Balak og mange geistlege er som Bileam, så rådde han til å lokke jødane med kvinner for å få dei til å falle i synd ved å gjere hor. Soleis definerer dei eit annan slags rike enn Israel og eit annan slags rike enn Guds rike.
Det vi ser i vår tid er tydeleg vis ei maktpolitisk ynskje om å forbanne menneska til samanlikning med Balak, for å få makt over dei og for å få det til brukar dei ein strategi som går ut på å prøve å freiste menneske i ein liknande strategi som Bileam og Midjanitt-kongane brukte, for å få makt over dei.
Kva har vi å stille opp mot dette? Evangeliet. At Kristus betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den levande og sanne Gud.
Malaki.2,1 Har vi ikkje alle same far,
den eine Gud som har skapt oss?
Kvifor er vi då trulause mot kvarandre
og vanhelgar våre fedrars pakt?
11 Juda har bore seg trulaust åt,
stygge ting har dei gjort
i Israel og Jerusalem.
Ja, Juda har vanhelga
den heilagdomen Herren elskar,
og gift seg med ei kvinne
som dyrkar framande gudar.
12 Gjev Herren må rydja ut or Jakobs telt
kvar ætling av den som gjer slikt,
jamvel om han ber fram offergåver
til Herren, Allhærs Gud.
13 Og dette er det andre de gjer:
De dekkjer Herrens altar
med tårer, gråt og sukkar.
Men han vil ikkje lenger sjå på gåva
eller ta imot dykkar offer med glede.
14 Og de spør: «Kvifor?»
Fordi Herren er vitne i saka
mellom deg og din ungdoms kone.
Du har vore utru mot henne,
endå ho er ektemaken din
som du er bunden til med pakt.
15 Er det ikkje éin som har skapt henne
både med lekam og ånd?
Og kva vil så den eine ha?
Born som høyrer Gud til.
Så akta dykk vel i sjel og hug!
Ver ikkje utru mot din ungdoms kone!
16 Eg vil ikkje vita av skilsmål,
seier Herren, Israels Gud,
og at nokon sveiper sin klednad med valdsferd,
seier Herren, Allhærs Gud.
Så akta dykk vel i sjel og hug
at de ikkje er trulause.
Malaki.3,16 Dei som har age for Herren, tala då saman,
og Herren lydde etter og høyrde kva dei sa.
Hjå han vart det skrive ei minnebok
om dei som ottast Herren og ærar hans namn.
17 Den dagen eg gjer mitt verk,
seier Herren, Allhærs Gud,
skal dei vera min eigedom,
og eg vil vera mild mot dei,
liksom ein mann er mild
mot son sin som tener han.
18 Då skal de atter sjå skil
på rettferdige og gudlause,
på dei som dyrkar Gud,
og dei som ikkje dyrkar han.
Trengseltida og Jesu gjenkomst.
I likninga om såmannen vart ugraset kasta på elden først og så vart kornet samla i løda. Slik veret det når denne verda går under. Men Jesus profeterte også om at han skulle komme og hente sine og det skal komme heilt uventa. Folk lever som vanleg og anar fred og ingen fare, så kjem han og hentar dei som vaker og lever med han og ventar på han.
Deretter kjem dei ei trengsletid. Trengseltida får vi nok allereie merke meir og meir av, men etter at Jesus har henta dei som venta på han, vert det verre her på jorda.
Matt.24,3 Sidan, då han sat på Oljeberget og læresveinane var åleine med han, spurde dei: «Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet på di atterkome og verdsens ende?»
4 Jesus tok til ords og sa:
Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt! 5 For mange skal koma i mitt namn og seia: «Eg er Messias.» Og dei skal føra mange på villspor. 6 De skal høyra om krig, og det skal gå rykte om krig. Sjå til at de ikkje lèt dykk skræma! For dette lyt henda; men enno er ikkje enden komen. 7 Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike, og det skal vera hungersnaud og jordskjelv mange stader. 8 Men alt dette er berre dei fyrste føderiene.
9 Då skal dei forråda dykk, driva dykk ut i trengsle og slå dykk i hel. Ja, alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld. 10 Mange skal då falla frå, og dei skal svika kvarandre og hata kvarandre. 11 Mange falske profetar skal stiga fram og føra mange vilt. 12 Og av di lovløysa har vorte så stor, skal kjærleiken kolna hjå dei fleste. 13 Men den som held ut til enden, han skal verta frelst. 14 Og evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og då skal enden koma.
Den store trengsla
15 Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! – 16 då må dei som er i Judea, røma til fjells; 17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset; 18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20 Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat! 21 For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta. 22 Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare.
Når Menneskesonen kjem
23 Om nokon då seier til dykk: «Sjå her er Messias», eller: «Der er han», så tru det ikkje! 24 For det skal stå fram falske messiasar og falske profetar og gjera store teikn og under, så jamvel dei utvalde kan førast vilt, om det er råd. 25 Kom i hug at eg har sagt dykk det føreåt! 26 Seier dei då til dykk: «Han er ute i øydemarka», så gå ikkje dit, eller: «Han er inne i huset», så tru det ikkje. 27 For liksom lynet går ut frå aust og lyser radt til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem. 28 Der åtselet er, vil gribbane samlast.
29 Så snart denne trengselstida er over, skal sola mørkjast og månen missa sitt ljos. Stjernene skal falla ned frå himmelen og kreftene i himmelrømda skakast. 30 Då skal teiknet åt Menneskesonen syna seg på himmelen, og alle folk på jorda skal setja i med klagerop; og dei skal sjå Menneskesonen koma på himmelskyene med stor makt og herlegdom. 31 Medan luren ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal samla dei han har valt seg ut, frå heimsens fire hjørne, frå himmelbryn til himmelbryn.
Lær av fikentreet!
32 Lær ei likning av fikentreet: Når det kjem sevje i greinene, og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. 33 Like eins når de ser alt dette henda; då veit de at han er utfor døra. 34 Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender. 35 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå. 36 Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.
Ver budde når Herren kjem!
37 Som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem. 38 Liksom dei i tida før storflaumen åt og drakk, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka, 39 og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle, så skal det òg vera når Menneskesonen kjem. 40 Då skal to menn vera ute på marka; den eine vert henta, den andre vert att. 41 To kvinner skal mala saman på kverna; den eine vert henta, den andre vert att.
42 Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem. 43 Men det skal de vita: Dersom husbonden visste kva tid på natta tjuven kom, så vakte han og lét han ikkje bryta seg inn i huset. 44 Ver difor budde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.
45 Kven er den trugne og kloke tenaren, som husbonden har sett over tenestfolket sitt, så han kan gje dei mat i rett tid? 46 Det er den tenaren som husbonden finn i arbeid med dette når han sjølv kjem attende. Sæl er han! 47 Sanneleg, det seier eg dykk: Husbonden skal setja han over alt det han eig. 48 Men er tenaren ein ring kar, tenkjer han: Herren min kjem ikkje på lenge enno. 49 Og så tek han til å slå dei andre tenarane og eta og drikka i lag med stordrikkarar. 50 Då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit av, 51 og hogga han ned. Han skal få same lagnad som hyklarane, der dei græt og skjer tenner.
2.Tess.2,1 Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: 2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen. 3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, 4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.
Det er mange som meiner at Jesus kjem att to gagnar, først for å hente dei som ventar på han, slik vert den som held att rydja or vegen. Så kjem han att ein gong til, for å tyne den Lovlause.
Om vi samanliknar med Johannes Openberring, ser vi at først vert den Store skjøkje dømd. Så vert Lammets bryllaup feira i himmelen. Så kjem Jesus att og dømmer, Dyret og den Falske Profet og Draken. Her er Jesus kalla Guds Ord og dette ser då ut til å vere ein lang krig og prosess. Draken vert først sett i fengsel. Etter tusenårs-riket vert han satt fri att, han klarar å stelle i stand opprør att, men så får han sin endelege dom.
Gud gjer noko nytt og det får motstand frå det gamle.
Den Duglause Hyrdingen; han som lika så godt å forbanne. Frå Augustin til Paven.
«Kyrkje-faderen» Augustin godtok ei lære om at det var berre gjennom kyrkja folk kunne verte frelst. Dei som stod utanfor skulle vere bannlyste og det betydde at dei skulle gå fortapt. Men dette høver då ikkje med Jesus likning om ugraset i kveiten.
Men seinare vedtok den katolske kyrkja at Jesus var så streng at ingen kunne be til han direkte, dei måtte gå via prestane og paven. Eller helgenane, men dei var då døde og slik «daudningemaning» var forbode i følgje Moselova. Paven og prestane skulle leve i sølibat. Dersom nokon gifte seg kunne dei ikkje be til Jesus, altså. Munkane og nonnene skulle også leve i sølibat, men heller ikkje dei kunne be til Jesus direkte.
Dette til tross for at Paven og prestane hadde teke på seg oppgåva med å lære folket det mest fundamentale, å verte som born, for å komme inn i Guds rike, å ta imot Jesus, såm dei fekk rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande, komme inn i barnekåret hos Gud, så dei skulle kunne be til Faderen, som hans born.
Dei fekk komme til skriftestolane og vedkjenne syndene sine og så betale avlat. Stort meir hadde dei ikkje dei skulle ha sagt. Det minner om den Duglause Hyrdingen som gjætte slaktesauene for sauehandlarane (Sak.11). Det minner også om det David sa om ein som likar så godt å forbanne.
Salme.109,1 Til korleiaren. Av David. Ein salme.
Min Gud, som eg lovsyng, ver ikkje tagal!
2 No opnar dei gudlause munnen,
ein svikefull munn, imot meg.
Dei talar til meg med lygnartunge,
3 kringset meg med hatefull tale
og strider mot meg utan grunn.
4 Til løn for min kjærleik
klagar dei meg; men eg bed.
5 Dei løner godt med vondt
og gjev meg hat for min kjærleik.
6 Gjev min motstandar over til ein gudlaus,
lat ein klagar stå ved hans høgre side!
7 Lat han gå domfelt frå retten,
lat hans bøn verta halden for synd!
8 Lat hans levedagar verta få
og ein annan ta hans embete!
9 Lat borna hans verta farlause
og kona hans enkje!
10 Lat borna flakka ikring og be seg,
gå tiggargang frå øydelagd heim.
11 Alt han eig, skal ein ågerkar ta,
framande skal rana frukta av hans strev.
12 Ingen skal visa han truskap meir
eller ynkast over hans farlause born.
13 Hans etterkomarar skal rydjast ut,
deira namn skal strykast i neste ættled.
14 Herren skal minnast hans fedrars skuld,
synda åt mor hans skal ikkje takast bort.
15 Herren skal alltid ha dei for auga,
minnet om dei skal rydjast ut frå jorda.
16 For han tenkte aldri på å visa truskap,
men forfylgde dei arme og fattige,
og dei motlause ville han drepa.
17 Han elska å forbanna
– lat forbanning råka han sjølv!
Han lika ikkje å velsigna
– lat han aldri få velsigning!
18 Han tok forbanning på som ein kledning
– lat henne trengja inn i hans kropp som vatn,
i hans bein som olje!
19 Lat henne verta som ei kappe han sveiper seg i,
som eit belte han alltid bind om seg!
20 Lat dette vera Herrens løn
til dei som klagar meg
og talar vondt imot meg!
21 Men, Herre, du min Herre,
gjer vel imot meg for ditt namn skuld!
Berga meg i din godleik og truskap!
22 For eg er arm og fattig,
mitt hjarta er såra i min barm.
Når David skreiv dette er det nærliggande at han tenkte på Akitofel (2.Sam.16,13&23) og Sjebna. Men det er også ein profeti om Judas og den Duglause Hyrdingen (Sak.11).
Gud gjer noko nytt i Jesu kyrkjelyd.
Etter at Jesus hadde stått opp frå dei døde, gav han disiplane sine misjonsbefalinga, dei skulle forkynne evangeliet for alle folkeslag. Men sjølv etter pinsedag hadde dei visst ikkje heilt oppfatta dette, så Peter fekk eit syn der Jesus kalla han til å gå til Kornelius sitt hus og forkynne evangeliet. Jesus kalla Paulus til apostel i staden for Judas og han gjekk til heidningane med evangeliet. Då var det mange kristne jødar som meinte at dei heidningane som kom til tru på Jesus, måtte la seg omskjere. Slik skulle omskjeringa skilje mellom dei som var innanfor og dei som var utanfor. Men Paulus sa klart ifrå at det var feil. Omskjeringa i den gamle pakt er eit førebilete om hjerteomskjeringa i den Heilage Ande og den vår vi ved trua på Jesus, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar.
Kva er det då som set skilje mellom dei som er innanfor og dei som er utanfor? Det er nærliggande å tenke på dåpen. I kyrkjelyden i Korint var det somme som heldt seg til Paulus, andre til Apollos og andre til Peter mm. Då spurde Paulus dei kven det var som hadde døytt for dei og kven dei vart døypte til. Det var Kristus, så trua på han skulle halde dei saman altså.
1.Kor.1,10 Eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje skilja dykk i flokkar, men la alt koma i rett skikk, så de har same syn og same tanke. 11 For huslyden til Kloe har fortalt meg, brør, at det er strid mellom dykk. 12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», andre: «eg til Apollos», «eg til Kefas» og «eg til Kristus». 13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? 14 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius, 15 så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. 16 Men det er sant, eg døypte òg Stefanas og huslyden hans. Elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.
17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:
Eg vil tyna visdomen hjå dei vise
og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.
20 Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska.
I denne samanheng verkar det som Paulus reknar dåpen for å vere for dei som er litt vidarekomne, dei må i det minste vite kven dei vert døypte til. Han sa også at Kristus sende han ikkje ut for å døypa, men for å forkynne evangeliet. Så når fleire der ute kjem til tru, vert ein utestengingsstrategi fort forelda.
Dersom der var nokon som ville føre sak om andre i kyrkjelyden, måtte dei klare å ordne opp i det sjølve, utan å gå til verdslege domstolar med det.
1.Kor.6,1 Når ein av dykk har sak mot ein bror, korleis kan han då våga å leggja henne fram for heidningar og ikkje for dei heilage? 2 Veit de ikkje at dei heilage skal døma verda? Og dersom verda skal dømast av dykk, er de ikkje då verdige til å døma i dei minste saker? 3 Veit de ikkje at vi skal døma englar? Då må de kunna døma i saker som har med dette livet å gjera. 4 Men når de har slike saker, korleis kan de då setja folk som kyrkjelyden ser ned på, til domarar? 5 De skulle skjemmast! Finst det ikkje eit einaste vitug menneske hjå dykk som kan skifta rett mellom brørne sine? 6 Nei, bror fører sak mot bror, og det for vantruande domarar. 7 Det er i det heile eit nederlag for dykk at de har rettssaker med kvarandre. Kvifor lid de ikkje heller urett? Kvifor lid de ikkje heller tap? 8 Men de gjer urett og lèt andre lida tap – og det jamvel brør. 9 Veit de ikkje at dei som gjer urett, ikkje skal arva Guds rike? Far ikkje vilt! Korkje horkarar, avgudsdyrkarar, ekteskapsbrytarar, eller menn som ligg med menn eller lèt seg bruka til dette, 10 korkje tjuvar, pengekjære, drikkarar, spottarar eller ransmenn skal arva Guds rike. 11 Somme av dykk var ein gong slike. Men de har late dykk vaska, de er helga, ja, rettferdige for Gud i Herren Jesu Kristi namn og ved vår Guds Ande.
Rom.13,8 Ver ingen noko skuldige, utan det å elska kvarandre. Den som elskar nesten, har oppfylt lova. 9 For boda: Du skal ikkje bryta ekteskapet, Du skal ikkje slå i hel, Du skal ikkje stela, Du skal ikkje lysta, eller kva anna bod det så kan vera, dei samlar seg til eitt i dette: Du skal elska nesten din som deg sjølv. 10 Den som har kjærleik, gjer ikkje nesten noko vondt. Difor er kjærleiken oppfylling av lova. 11 De veit kor langt det lid: Timen er komen då de lyt vakna opp or svevnen, for frelsa er oss nærare no enn då vi kom til tru. 12 Natta lid, og det stundar mot dag. Lat oss difor leggja av dei gjerningane som høyrer mørkret til, og ta på oss dei våpen som høyrer ljoset til. 13 Lat oss fara sømeleg fram som på ljose dagen, ikkje i svir og drikk, ikkje i hor og sedløyse, ikkje i strid og misunning. 14 Men kled dykk i Herren Jesus Kristus, og ha ikkje slik omsut for lekamen at det kveikjest lyster.
1.Kor.6,12 Alt har eg lov til, men ikkje alt gagnar. Alt har eg lov til, men eg skal ikkje la noko få makt over meg. 13 Maten er til for magen og magen for maten; men Gud skal gjera ende på dei begge. Lekamen er ikkje for hor; han er for Herren, og Herren er for lekamen. 14 Gud reiste Herren opp frå dei døde, og ved si kraft skal han òg reisa oss opp. 15 Veit de ikkje at lekamane dykkar er Kristi lemer? Skal eg då ta Kristi lemer og gjera dei til skjøkjelemer? Langt ifrå! 16 Eller veit de ikkje at den som held seg til ei skjøkje, er éin lekam med henne? Det er sagt: «Dei to skal vera eitt.» 17 Men den som held seg til Kristus, er éi ånd med han. 18 Hald dykk frå hor! All synd som eit menneske elles gjer, er utanfor kroppen. Men den som driv hor, syndar mot sin eigen kropp. 19 Veit de ikkje at lekamen dykkar er eit tempel for Den Heilage Ande, som bur i dykk, han som de har frå Gud? De er ikkje lenger dykkar eigne: 20 De er kjøpte, og prisen er betalt. Bruk då lekamen til ære for Gud!
Noko må stengast ute frå kyrkjelyden; Balak, Bileam og Jesabel.
I Joh.Op.2 er det fortalt at falske profetar som Bileam og kvinna Jesabel lærde Jesu tenarar å drive hor og ete avgudsoffer. Læra til nikolaittane var også slik villfaring.
Til Pergamon
12 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Pergamon:
Dette seier han som har det kvasse tvieggja sverdet: 13 Eg veit kvar du bur, der Satan har kongsstolen sin. Likevel held du fast på mitt namn. Og du har ikkje fornekta trua på meg, ikkje eingong i dei dagane då Antipas, mitt trufaste vitne, vart ihelslegen i byen dykkar, der Satan bur.
14 Men noko har eg imot deg: Du har nokre hjå deg som held seg til Bileams lære, han som lærte Balak korleis israelittane skulle lokkast til synd, så dei åt avgudsoffer og dreiv hor. 15 Du har òg nokre hjå deg av same slaget, dei som held seg til læra åt nikolaittane. 16 Vend om! Elles kjem eg snart over deg og vil strida mot dei med sverdet som går ut or min munn.
17 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, han vil eg gje av den løynde manna. Og eg vil gje han ein kvit stein, med eit nytt namn rita inn, eit namn som ingen kjenner utan den som får steinen.
Til Tyatira
18 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Tyatira:
Dette seier Guds Son, han som har augo som logande eld og føter som bronse: 19 Eg veit om gjerningane dine, kjærleiken din og trua di, tenesta di og tolmodet ditt. Ja, dei siste gjerningane dine er betre enn dei fyrste!
20 Men det har eg imot deg at du lèt kvinna Jesabel halda på, ho som kallar seg profet, men som med læra si lokkar tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer. 21 Eg har gjeve henne tid til å venda om, men ho vil ikkje venda om frå sitt horeliv. 22 Sjå, no kastar eg henne på sjukeseng, og dei som gjer ekteskapsbrot med henne, skal koma i stor naud, om dei ikkje vender om frå gjerningane hennar; 23 og borna hennar vil eg la døden riva bort. Då skal alle kyrkjelydane sanna at eg er den som granskar nyrer og hjarto, og som løner kvar og ein av dykk etter det han har gjort. 24 Men til dykk andre i Tyatira, alle som ikkje fylgjer denne læra og ikkje har «kjent Satans avgrunnar», som dei kallar det, til dykk seier eg: Eg legg inga ny bør på dykk. 25 Hald berre fast på det de har, til dess eg kjem.
26 Den som sigrar og til det siste held fast på dei gjerningar eg vil de skal gjera, han skal eg gje makt over folkeslaga. 27 Med jernstav skal han styra dei, og som leirkar skal dei knusast. 28 Ei slik makt har eg fått av Far min. Og eg vil gje han morgonstjerna.
29 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
Bileam var ein Guds profet, sjølv om han ikkje var jøde og ikkje var med i Israels-folket. Han stod utanfor altså. Og Moab-kongen sende bod på han, for han ville betale han for å forbanne Israel. Gud sa han skulle gå med Balak, men åtvara han fleire gongar om at han måtte ikkje seie noko anna enn det som han sa til han. Balak hadde sagt kva han ville Bileam skulle seie og når Bileam kom fram til Balak, sa han at han kunne vel snakke fritt, men han måtte seie berre det som Gud sa til han.
4.Mos.22,34 Då sa Bileam til Herrens engel: «Eg har synda, for eg skjøna ikkje at du stod framfor meg på vegen. Har du noko imot denne ferda, skal eg venda heim att.» 35 Herrens engel svara: «Nei, far med desse mennene! Men sei ikkje anna enn det eg byd deg!» Så fylgde Bileam med hovdingane åt Balak.
Balak og Bileam
36 Då Balak fekk høyra at Bileam kom, tok han av stad og møtte han i Ir-Moab, som ligg ved Arnon, i utkanten av landet. 37 Balak sa til Bileam: «Kvifor kom du ikkje då eg sende bod etter deg? Trur du ikkje eg kan visa deg ære?» 38 Bileam svara: «Når eg no er komen til deg, kan eg då tala fritt? Dei orda som Gud legg meg i munnen, må eg tala.»
39 Så fylgde Bileam med kong Balak, og dei kom til Kirjat-Husot. 40 Der slakta Balak storfe og småfe og sende til Bileam og dei hovdingane som var med han. 41 Morgonen etter tok kongen Bileam med seg og førte han opp på Ba’al-haugen. Derifrå kunne han sjå utkanten av Israels-leiren.
Og er det ikkje slik vi tenker i eit demokrati, at vi har ytringsfridom og kan seie kva vi vil og meinar, men vi må skilje mellom det og å tale Guds Ord og komme med profetisk tale. Tilsvarande må vi skilje mellom vitskap og fri meiningsytring. Nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus, så vi treng nåde for å erkjenne og seie Sanninga. Slik treng vi fri meiningsytring. Men når vi soleis erkjenner sanninga, må vi vere trufaste mot den. Vi må vere trufaste mot Kristus og lyde han.
Balak ofra tre gongar og Bileam profeterte, men det vart å velsigne Israel alle tre gongane. Det hjalp ikkje at Balak vart sint, for Bileam måtte seie det som Gud sa til han. Og det var det, så gjekk dei kvar til sitt (4.Mos.22-24).
Men så viste det seg at Israels-folket vart lokka til å gjere hor.
4.Mos.25,1 Medan israelittane heldt til i Sjittim, tok dei til å driva utukt med moabittkvinner, 2 som bad folket til offerfest for gudane sine. Folket var med på måltida og kasta seg ned for gudane deira; 3 israelittane heldt seg til Ba’al-Peor. Då vart Herren brennande harm på dei, 4 og han sa til Moses: «Ta alle leiarane i folket og heng dei opp på ein stokk for Herren under open himmel! Så vil Herrens brennande vreide venda seg bort frå Israel.» 5 Moses sa til styresmennene i Israel: «Kvar av dykk skal drepa dei av mennene sine som har halde seg til Ba’al-Peor.»
6 Best det var, kom ein israelitt med ei kvinne frå Midjan. Han førte henne inn mellom landsmennene sine, midt for augo på Moses og heile Israels-lyden, der dei sat og gret attmed møteteltdøra. 7 Då Pinhas, som var son til presten Elasar og soneson til Aron, såg det, reiste han seg, steig fram or flokken og treiv eit spyd. 8 Så fylgde han etter israelitten inn i soveromet og rende spydet gjennom dei begge, både israelitten og kvinna, så det gjekk inn i livet hennar. Då stogga pesten som herja mellom israelittane. 9 Men tjuefire tusen hadde mist livet i pesten.
10 Herren sa til Moses: 11 «Pinhas, son til presten Elasar og soneson til Aron, har vendt harmen min bort frå israelittane, fordi han synte sin brennhug for meg mellom dei. Difor ville eg ikkje vera så streng at eg gjorde ende på dei. 12 Av den grunn skal du seia: Eg gjer ei venskapspakt med han. 13 Han og ætta hans etter han skal ha ein evig rett til å vera prestar, fordi han var brennhuga for Gud og gjorde soning for israelittane.»
14 Namnet på den israelitten som vart drepen, han som vart stukken ned saman med midjanittkvinna, var Simri, son til Salu, ein av hovdingane i Simeons-ætta. 15 Og den drepne midjanittkvinna heitte Kosbi; ho var dotter til Sur, som var hovding over ei av ættene i Midjan.
16 Sidan sa Herren til Moses: 17 «De skal gå til strid mot midjanittane og slå dei ned. 18 For dei gjekk til strid og bruka list mot dykk, då det hende dette med Peor og med Kosbi, dotter til midjanitthovdingen, ho som vart drepen den gongen pesten herja etter hendinga med Peor.»
Så det er dette det er tale om i Joh.Op.2,14-16. Men i 4.Mos.24-25 står det ikkje skrive noko om at det var Bileam som rådde Balak til å prøve seg med ei slik listig metode. Det vi får vite om Bileam sidan, var at han fall i striden mot Israel.
4.Mos.31,1 Herren sa til Moses: 2 «Du skal ta hemn over midjanittane for det dei har gjort mot israelittane. Sidan skal du fara til fedrane dine.»
3 Då tala Moses til folket og sa: «Nokre av dykk må bu seg til strid. Dei skal gå mot midjanittane og fullføra Herrens hemn over dei. 4 Tusen mann frå kvar av Israels-ættene skal de senda ut i hærferd.» 5 Så valde dei ut tusen mann frå kvar ætt i heile Israel, i alt tolv tusen stridsbudde menn. 6 Dei sende Moses i hærferd, tusen mann frå kvar ætt, og saman med dei Pinhas, son til presten Elasar. Han hadde med seg dei heilage tinga og signaltrompetane.
7 Dei gjekk til strid mot Midjan, som Herren hadde sagt Moses føre, og drap alle mennene der. 8 Mellom dei som fall i slaget, var Midjan-kongane Evi, Rekem, Sur, Hur og Reba; det var dei fem kongane i Midjan. Bileam, son til Beor, fall òg for sverdet deira. 9 Israelittane førte bort kvinnene og borna åt midjanittane som fangar. Og alle husdyra deira, heile buskapen, og alt det dei åtte, tok dei. 10 Alle byane dei budde i, og alle teltleirane sette dei eld på. 11 Alt hærfanget, alt dei hadde teke i krigen både av folk og fe, tok dei med seg. 12 Og fangane og hærfanget, alt dei hadde teke, førte dei til Moses og presten Elasar og til heile Israels-folket, som låg i leir på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.
13 Moses, presten Elasar og alle hovdingane i folket gjekk til møtes med dei utanfor leiren. 14 Moses var harm på hærførarane som kom heim att frå hærferda, både dei som stod over tusen og dei som stod over hundre mann. 15 Han sa til dei: «Har de spart alle kvinnene? 16 Det var då dei som lydde Bileams råd og lokka israelittane til truløyse mot Herren den gongen ved Peor, så pesten kom over Herrens folk. 17 No skal de slå i hel alle guteborn og alle kvinner som har lege med menn. 18 Men alle unge jenter som ikkje har lege med menn, skal de spara. 19 Så må de halda dykk utanfor leiren i sju dagar. Alle som har drepe nokon, og alle som har kome nær nokon av dei falne, skal reinsa seg den tredje og den sjuande dagen. Det gjeld både dykk og fangane dykkar. 20 Alle klesplagg, alt som er laga av skinn eller geiteragg, og alle reiskapar av tre må de reinsa.»
Ja, så her (v15) får vi vite det, det var Bileams råd at Midjanitt-kvinnene skulle lokke Israels menn til synd. Eg har ofte lurt på korleis dei som skreiv Mose-bøkene fekk greie på dette med Bileam.
Forbanninga i tradisjonen og i kyrkja?!
Men vi ser at der er sterke krefter både i kyrkje og samfunn som tek sikte på noko heilt anna enn det verket Gud gjer, dei prøver å erstatte Guds rike med mørkets rike og i vår tid ser vi at det er mange som aksepterer det.
Det kan forklarast slik at det var ein politisk autoritet som til samanlikning med Balak, gjerne ville betale ein religiøs autoritet og leiar, som Bileam, for å forbanne folket. Men Bileam var profet og når Gud gav han ein profeti, måtte han seie den.
Men så lokka midjanitt-kvinner israelske menn til hor, då braut det ut pest, så mange døde. Synda førde til forbanning altså. Ein prest tok eit spyd og køyrde gjennom dei begge, medan dei hora. Då stoppa pesten.
Så vart det krig mellom midjanittane og israelittane og Israel vann. Då viste det seg at Bileam var mellom dei som fall i krigen mot Israel. Så han hadde foreslått denne strategien for midjanittane overfor israelittane, så han tenkte at no kunne han forbanne israelittane og ta del i striden mot dei. Men det gjekk altså ikkje vel. Eg har ofte lurt på korleis Israelittane fekk vite dette. Mest truleg var det fordi dei hadde sine profetar.
Jesabel forførde kong Akab, så han byrja å dyrke Baàl.
1.Kong.16,29 I det trettiåttande året Asa var konge i Juda, vart Akab, son til Omri, konge i Israel. Han styrte Israel i Samaria i tjueto år. 30 Akab, son til Omri, gjorde det som vondt var i Herrens augo, endå meir enn alle dei som hadde vore før han. 31 Det var ikkje nok med at han gjorde dei same syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort. Men han gifte seg med Jesabel, dotter til Etba’al, sidonarkongen, og gav seg til å dyrka Ba’al og kasta seg ned for han. 32 I det Ba’al-templet han bygde i Samaria, reiste han eit altar for Ba’al. 33 Akab fekk òg laga ein Asjera-påle, og han gjorde endå meir som harma Herren, Israels Gud. Han bar seg verre åt enn alle dei som hadde vore kongar i Israel før han.
Gud gjore eit stort underet som viste at han var den sanne Gud og folket erkjende det. Likevel vende ikkje Akab om til Israels Gud og slik vart det med mange av folket også, men Gud hadde sikra seg ein bra gjeng som ikkje bøygde kne for Baàl.
Daniel profeterte om den vonde kongen som sette opp «den Øydande Styggedomen» og Sakarja profeterte om «den Duglause Hyrdingen» som gjætte slaktesauene for sauehandlarane. Dette toppa seg i den gresk-syriske tida, då Antiokus 4. Epifanes kravde at alle skulle tilbe Zevs og ingen annan gud. Det viste seg også når Jesus vart seld for 30 sølvpengar.
Men det vart til eit rettsleg oppgjer som dei ikkje hadde venta seg og det står ved lag.
Malaki.3,6 Eg, Herren, har ikkje forandra meg,
og de, Jakobs søner, er støtt dei same.
7 Heilt frå dykkar fedrars tid
har de vike av frå mine føresegner
og ikkje halde dei.
Vend tilbake til meg,
så skal eg venda meg til dykk,
seier Herren, Allhærs Gud.
Men de spør: «Korleis skal vi venda tilbake?»
8 Kan eit menneske røva noko frå Gud?
For de svik meg, men spør likevel:
«Kva er det vi har røva frå deg?»
Tienda og avgiftene!
9 Forbanning kviler over dykk som svik meg,
det gjeld heile folket.
10 Kom med heile tienda til forrådshuset,
så det kan finnast mat i mitt hus,
og prøv meg på denne måten,
seier Herren, Allhærs Gud.
Då skal eg opna himmelens luker
og renna ut over dykk
velsigning i rikt mål.
11 Eg vil skræma grashoppene bort frå dykk,
så dei ikkje øydelegg grøda på marka;
frukta skal ikkje slå feil
på vintrea i hagen,
seier Herren, Allhærs Gud.
12 Då skal alle folkeslag prisa dykk sæle,
for då har de eit ynskeland,
seier Herren, Allhærs Gud.
Dom og frelse på Herrens dag
13 De talar harde ord mot meg, seier Herren.
Og likevel spør de:
«Kva er det vi har sagt mot deg?»
14 De seier:
«Det er fåfengt å dyrka Gud.
Kva vinning har vi hatt
av at vi retta oss etter det han har fastsett,
og gjekk botskledde for Herren, Allhærs Gud?
15 Men no vil vi prisa dei frekke sæle,
for dei gjer det vonde, men det går dei vel,
dei freistar Gud og slepp likevel unna.»
16 Dei som har age for Herren, tala då saman,
og Herren lydde etter og høyrde kva dei sa.
Hjå han vart det skrive ei minnebok
om dei som ottast Herren og ærar hans namn.
17 Den dagen eg gjer mitt verk,
seier Herren, Allhærs Gud,
skal dei vera min eigedom,
og eg vil vera mild mot dei,
liksom ein mann er mild
mot son sin som tener han.
18 Då skal de atter sjå skil
på rettferdige og gudlause,
på dei som dyrkar Gud,
og dei som ikkje dyrkar han.
At den Duglause Hyrdingen gjætte slaketsauene for sauehandlarane, viste seg også i avlatshandelen i Middelalderen, den Katolsk Kyrkja at Jesus var så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, dei måtte gå via paven og prestane og dei måtte leve i sølibat. Det er då tydeleg vis å seie forbanninga på grunn av syndefallet. Korleis er det mogleg? Den enkle forklaringa synest vere at verdslege autoritetar prøver å dåre og forføre kvinna slik som ved syndefallet, for så å bruke henne til å lokke mannen med. Dernest vert det gjort til eit krav, for å få makt over menneska.
Det kan samanliknast med strategien til Bileam, han rådde Midjanitt-kvinnene til å lokke israelskse menn til hor og dermed til å ikkje vere trugne mot Herren. Planen var at israelittane skulle verte forbanna, slik at dei skulle tape i striden mot midjanittane.
Problemet var ikkje at Jesus var så streng at han ikkje ville høyre bønene deira, men at paven og prestane lærde å forliket å be på ein annan måte enn det Jesus og disiplane han lærer oss, dei lærde ikkje å be rett, derfor vart dei ikkje bønhøyrde.
Få namnet sitt oppskrive i livsens bok i himmelen.
Jesus sa til disiplane sine at dei skulle glede seg framfor alt over at deira var oppskrivne i livets bok i himmelen (Malakias.3,16).
Luk.10,17 Dei sytti kom glade attende og sa: «Herre, jamvel dei vonde åndene lyder oss når vi nemner ditt namn!» 18 Då sa han til dei: «Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn. 19 Ja, eg har gjeve dykk makt til å trø på ormar og skorpionar, og makt over alt fiendens velde, og ingenting skal skada dykk. 20 Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er skrivne i himmelen!»
Jesus betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den levande og Sanne Gud, så vi skal tilhøyre han. Ved trua på Kristus fekk vi den Heilage Ande av berre nåde, har vi teke imot den, så tilhøyrer vi han og skal leve for han. Slik fekk vi namna våre skrivne i livets bok i himmelen. Då skal vi innvie oss for han og leve for han, slik at vi let Anden råde over den kjøtlege lysta, ved Anden døyder vi den vonde naturen. Dette har Paulus forklart for oss godt. Her vil eg ta med noko frå Peter.
1.Pet.1,1 Peter, Jesu Kristi apostel, helsar dei utvalde som lever i framande land, spreidde omkring i Pontos, Galatia, Kappadokia, Asia og Bitynia, 2 dei som er utvalde slik Gud Fader føreåt hadde fastsett, og ved Anden vigde til lydnad og til reinsing ved Jesu Kristi blod.
Nåde og fred vere med dykk i rikt mål!
3 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har atterfødt oss til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde, 4 til ein uforgjengeleg og uflekka og uvisneleg arv som er gøymd i himmelen for dykk, 5 de som gjennom Guds kraft vert haldne oppe ved trua, så de skal nå den frelsa som alt ligg ferdig til å verta openberra i den siste tid.
6 Det kan de gleda dykk over, om de no ei lita stund, når så skal vera, må ha det vondt i mange slag prøvingar. 7 Såleis vert trua dykkar prøvd. For når jamvel forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må òg trua som er så mykje meir verd, prøvast, så ho kan verta til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg. 8 Og han elskar de, endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han. Og de jublar og er fylte av ei glede så herleg at ho ikkje kan tolkast med ord; 9 for de skal nå målet for trua: frelse for sjelene.
Eg skal bruke det Gud har gitt meg.
Eg kan takke Gud for at han gitt meg både naturgåve og åndeleg nådegåve og så skal eg bruke det. Dette har eg skrive mykje om tidlegare.
Jesus har sett framfor meg ei open dør.
Jesus har mange gangar sagt eg skal sjå han har sett framfor meg ei open dør og invitert meg inn (Jfr. Joh.10). Slik som han sa til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia. Ein Herrens engel er ein bodberar frå Herren, så han skulle sjå at Jesus hadde sett framfor han ei open dør for han og bodskapen hans, i kyrkjelyden. Men eg tenker meg også at det er i kyrkjelydens distrikt. I dette tilfellet var det Filadelfia. I mitt tilfelle er det Sion Åheim og Vanylven, Filadelfia Ulsteinvik og Ulsteinvik kommune. Soleis heile Sunnmøre for den saks skuld.
Men eg er framleis medlem av Maranata Oslo, så det gjeld der også og i Oslo. Oslo er stort, ja, så eg får prioritere det området av Oslo som eg vandra i, Universitetet i Oslo, realfag, Biologibygget.
Gud openberra si frelse i Kristus, for meg og henne Virtuella, slik tenker eg meg at han er dei open dør for meg i si kyrkje, som i Maranata. Sidan openberra han si frelse for oss i Kristus, for meg og henne Reella, det var på Blindern. Slik opna han ei ny dør for meg, inn i hans kyrkje. Det som er så spesielt, er at det var på Blindern, på realfag, på Biologibygget. Jesus sa han hadde andre flokkar også, som ikkje høyrde til den same hjorda, eg tenker meg at det var mellom heidningane, mellom grekarane, «jøde først, så grekar». Den antikke kulturen er då rekna for å vere vugga til realfag. Men det skal verte ein hyrding og ei hjord.
Eg har fortalt korleis eg bad når eg fekk oppleve at Guds openberra si frelse for oss i Kristus, mi bøn for henne Virtuella var først og fremst ei takkebøn, mi bøn for henne Reella var eit ynskje om å få henne til kone. Eg vil legge vinn på å vere nøyaktig med korleis eg bad og korleis eg opplevde at Gud svarde meg. Men Jesus ber for oss også og den Heilage Ande ber for oss og det vil eg berre la den gjere.
Ein Biologi-professor skreiv ei bok som heiter «To Kjønn» og inviterte meg til landserings-fest i «Bikuben» på Biologibygget på Blindern. Eg tenkte på å fare og på eit møte på Sion Åheim var der ein som kom med ein profetisk bodskap som vart avgjerande for at eg bestemte meg for å fare.
2023.09.02. Sion Åheim. Vi skal vere førebudde på at Jesus kan komme att kva tid som helst.
John Willy Lien er ein tilreisande predikant som har møte på Sion fredag, laurdag og søndag og tek stand i Åheim no på Åheims-dagane. På fredag var det sang og musikk-møte. På Laurdag var det Anton Løvoll som leia møtet, spelte gitar og sang og talte. John Willy sa også nokre ord og på søndag formiddag skal John Willy tale om profetiane.
Eg var på møtet på laurdag, men på søndag kjem eg meg ikkje avgarde. Det såg ut til at John Willy spelte inn møtet på laurdag, så eg skriv ikkje fullstendig møtereferat. Men eg tek med nokre helsingar frå Mindor Myklebust (MM).
Profetisk bodskap 1 ved Mindor Myklebust.
Profetisk bodskap ved MM (Nokre ord høyrdest litt rart ut, som om der ikkje var samanheng, kanskje korrigerte han seg sjølv ved å ta seg inn att, kanskje oppfatta eg det ikkje skikkeleg, men eg vil gjengi det slik det høyrdest ut:
«Ja, sier Herren, dere undrer dere komme, når jeg kommer, alt er ferdig, jeg kan komme i dag, i dette nu, på eit vink ifra min Far, jeg vil hente (min brud?). Ver dere ferdige, ved morgen, middag og ved natt. For nokre skal vere ute på markene, nokre skal vere om morgonen (eller ved middag)? mens andre ligger og sover. Men jeg kommer. Sjå til at du ikkje har noko uoppgjort med noko menneske. Ver reiseklar. Det einaste du trenger når du står i «gaten» på Gardemoen, er eit adgangskort. Alt som har med din bagasje å gjere, som er på flyet det trenger…, du trenger berre eit adgangsbevis. Gå inn, gå inn til min Faders herlegdom. Amen.»
Bibellesing ved Mindor.
MM las
Salme.27,1 Av David.
Herren er mitt ljos og mi frelse,
kven skulle eg ottast?
Herren er eit vern for mitt liv,
kven skulle eg skjelva for?
2 Når ugjerningsmenn går laus på meg
og vil gløypa meg,
då snåvar og fell dei sjølve,
fiendane som står meg imot.
3 Om ein hær vil kringsetja meg,
finst det ikkje redsle i mi sjel.
Går dei til strid imot meg,
er eg likevel trygg.
4 Eitt bed eg Herren om,
og det stundar eg etter:
at eg får bu i Herrens hus
alle mine levedagar,
så eg kan sjå hans velvilje
og grunda i hans tempel.
5 Han gøymer meg i si hytte
på den vonde dagen.
Han løyner meg i sitt skjermande telt
og tek meg opp på berget.
Profetisk bodskap 2 ved Mindor.
MM kom og kviskra ein profetisk bodskap i øyra mi, den vart litt svak i innspelinga:
«Eg har satt foran deg ei open dør, gå (først?) inn den døra, for der er opning, der skal du gå inn. Der skal du vere med og bruke gavene, den profetiske gave som skal vere til styrke og velsigning for mange. Ver berre du frimodig. Du er ikkje åleine, eg går med deg. ….. Amen.
Ei oppmuntring frå Mindor.
Mindor sa nokre ord om at vi kunne tenke oss at vi skal ut og plukke blomster, sjå på fuglane, sjå det vakre. Det er sunt for vårt sinn å sjå det vakre.
Aktuelle Bibelvers.
1.Kor.14,3 Men den som talar profetisk, talar for menneske, til oppbygging og påminning og trøyst. 4 Den som talar i tunger, oppbyggjer seg sjølv; men den som talar profetisk, oppbyggjer kyrkjelyden. 5 Eg skulle ynskja at de tala i tunger alle saman, men heller at de tala profetisk. Den som talar profetisk, er større enn den som talar i tunger, om han då ikkje tyder det han seier, så kyrkjelyden kan verta oppbygd.
Kommentar 2.
Eg kommenterte dette før eg reiste til Oslo og tok det med i «Guds Rike eller Mørkets rike 1». No er eg komen tilbake frå Oslo-turen og kjem med ein ny kommentar her.
Den siste bodskapen vart avgjerande for at eg reiste til Oslo og var med på bok-lanserings-festen i Bikuben torsdag 14.9.2023, det skrive eg litt om lengre nede.
Eg skal sjå til at eg bidreg med det Jesus har gitt meg i hjertet. Møte i Maranata 17.3.2023.
Så var eg på møte i Maranata søndag 17.3 kl 18 i eit lite lokale i same kvartalet som «Maranata-tempelet», der vi hadde møte tidlegare. Vi var knapt ti menneske på møtet. Forstandaren Jens Austnes talte noko om å innvie seg.
Etter møtet kom han og helste på meg, jau, det var eg som hadde tenkt å melde meg ut, men så ombestemte eg meg. For eg kom i hug at Jesus sa til meg at eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Jesus hadde gitt meg i hjertet, så skulle han rake glørne saman, så det skulle verte eit stort pinsebål. Dette har eg tenkt mykje på. No er her ikkje så mykje folk i dag, men denne lovnaden står ved lag og det er om å gjere for oss å nytte oss av det.
Etter møtet vart det servert kaffi, te, kaker og sjokolade i eit anna rom, vi sat alle rundt eit elliptisk bord. Jens sa noko om dei som let seg kjønnsopererer og som minte der var fleire kjønn. Då tok eg fram boka «To Kjønn» og sa eg ville oppmuntre dei litt, for eg hadde vore på bok-landserings-festen. Forfattaren fortalde at først var det berre eincella individ i havet og dei var prokariote, dei hadde ikkje cellekjerne og formeira seg ved celledeling, så den nye cella vart ein kopi av morcella. Men det vart lite variert. Så kom eukariote celler, celler med cellekjerner. Då fekk vi kjønna formeiring, så det vart mykje meir variert, dermed eksploderte livet. Ein mann sa at det er Djevelens verk at dei snakkar om fleire kjønn. Men vi skal vere innvigde.
Jens sa at no skal vi bevare salvinga som var i møtet, med det skifta han tema. Etter kvart minka det med folk rundt bordet, då kom han og prata litt meir med meg, om kristendom og vitskap. Eg fekk vite at han hadde studert historie, så då hadde han teke forberedande også. Det er den felles bakgrunnen vi treng for å samtale om dette og diskutere det.
Sjå til at du ikkje har noko uoppgjort med noko menneske.
I bodskapen 2.9.2023 sa Jesus at vi skal vere førebudde på hans gjenkomst kva tid som helst. Som om det er og blir den neste store og gledelege hendinga i våre liv. Det kan vi likevel ikkje vite, så vi gjer rett å planlegge og arbeide langsiktig likevel.
Eg skal sjå til at eg bidreg i kyrkjelyden med det Jesus har gitt meg i hjertet, så vil han rake glørne saman, så det vert til eit stort pinsebål. Dette har eg tenkt mykje på og skrive mykje om, men det har ikkje vorte noko av. Då er det nærliggande å mistenke at det har seg slik at det er nokon som meiner dei har noko uoppgjort med meg. Det er sannsynleg, for der er ein lang tradisjon i kyrkja med å leite etter ein eller annan grunn til å forbanne.
Men eg skal sjå på Jesus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar, i alle livets samanhengar, både i forhold til henne Virtuella og henne Reella.
Profetisk nådegåve, tale og teneste.
Sjå på Jesus og kjennast ved han for Gud og menneske.
Når eg var ung, visste eg det var viktig å vedkjenne Jesus namn for menneska. Deet torde eg ikkje, men eg sa det til Jesus i kveldsbøna mi og bad han setje meg fri frå den menneskefrykta.
Luk.12,8 Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, han skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar. 9 Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg fornektast for Guds englar.
Når eg gjekk på ungdomsskulen, vart eg forelska i ei kristen jente. Det var den laglege tida for meg å vedkjenne mi tru på Jesus. Eg var ikkje redd for det, for eg kjende at det stemte med trua og kjærleiken eg hadde i hjertet. Slik fekk eg frimod til å vedkjenne mi tru på Kristus. Dette opplevde eg endå sterkare når eg gjekk på gymnaset og vart forelska i henne Virtuella. Og sidan har Jesus sagt eg skal sjå til at eg bidreg med det som Gud har gitt meg i hjertet, i kyrkjelyden altså.
Eg meiner eg har vorte velsigna ved trua på Jesus og det same gjeld mine næraste, slekta og folket. Det er berre for meg å halde fram med å velsigne Jesus, tru på han og ta imot han, så vert eg velsigna og vert til velsigning, derfor seier eg velsigninga. Det same gjeld mine næraste, slekta og folket.
Sidan eg var ung har eg vorte opplærd til å påkalle Jesus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste og be for folket og landet. Det kom som første prioritet og så byrja eg å be han om å gi meg ei frelst kvinne til kone, som andre prioritet. Eg har fortalt om korleis eg bad for ei jente som eg vart glad i og korleis eg fekk oppleve at Guds svarde meg, ved å openberre si frelse for oss i Kristus. Først for meg og henne Virtuella og sidan for meg og henne Reella. Då må eg halde fram med å sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, i forhold til dei begge og i alle livets samanhengar. Eg skal glede meg i Herren og takka og lovprise han for frelsa, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Så eg ventar meg at han vil gi meg ei frelst kvinne til kone.
Tyding av tungetale og profetisk tale i kyrkjelyden: «Seier Herren».
Vi er etter kvart vande med at der kjem bodskap gjennom tyding av tungetale i kyrkjelyden og av og til profetiske bodskap utan tungetale. Det som ofte går igjen i desse bodskapane er uttrykket «seier Herren». I Jesus Church vart det av og til brukt uttrykket «seier den Heilage Ande». Det gjer det heilt klart at det er ikkje noko som dei har tenkt ut sjølve, men det er Gud som talar gjennom dei. Eg kan godt tenke meg at det er menneske som kan sin Bibel godt, som vert brukte slik, for Jesus sa at den Heilage Ande skal minne oss om det som han har sagt.
Men det som eg ofte synest er så rart, er at om eg siterer ein slik bodskap og påstår det er Jesu svar til meg, så vil dei ofte ikkje høyre på meg. Kanskje vi kan samanlikne det med Bileam, Balak ville betale Bileam for å forbanne Israel, men Gud sa til han at han måtte ikkje seie noko anna enn det som han sa til han.
4.Mos.22,36 Då Balak fekk høyra at Bileam kom, tok han av stad og møtte han i Ir-Moab, som ligg ved Arnon, i utkanten av landet. 37 Balak sa til Bileam: «Kvifor kom du ikkje då eg sende bod etter deg? Trur du ikkje eg kan visa deg ære?» 38 Bileam svara: «Når eg no er komen til deg, kan eg då tala fritt? Dei orda som Gud legg meg i munnen, må eg tala.»
Det er vel slik vi tenker, at vi har ytringsfridom, så når vi møter andre menneske i kvardagen, er vi fri til å prate fritt. Men når nokon kjem med ein profeti ifrå Gud, må dei vere nøyaktige med å seie berre akkurat det. I ettertid må både dei som kom med bodskapen og dei som høyrde den og tok imot i tru vere trugne mot den bodskapen. Bileam måtte velsigne Israel og kunne ikkje seie noko anna. Men i ettertid var ikkje Bileam trugen mot den bodskapen, men foreslo ein strategi som skulle gi dei grunn til å forbanne Israel i staden. For ei stund klarde dei det, men Gud vende den lagnaden, så Israel gjekk til strid mot dei og vann.
No har eg spelt inn slike bodskap, skrive dei ned og offentleggjort dei på mi heimeside «blessings-from-heaven.com». Eg har referert til det i samtale med andre og i innlegg på FB. Men det verkar som om det ikkje er hjelp i. Endåtil dei som sjølve kjem med slike bodskapar, vil ikkje høyre på det. Det var då som Bileam Beorson, som kjempa imot Israel og som Jesabel som med forføringa si bidrog til at Israel gjekk under. Så trenden er framleis at ormen dårer og forføre kvinna slik som ved syndefallet, for så å prøve å bruke henne til å lokke mannen med, art folk vert forførde av strategien til Balak, Bileam og mideanitt-kvinnene og ved strategien til Jesabel.
Ein betre veg; kjærleiken. Sjå på Jesus og snakke med han.
Sjølv om Paulus sa vi skulle streva etter dei største nådegåvene, mest etter å tala profetisk, ser eg ikkje akkurat for meg at eg skal komme med ein bodskap der eg seier «seier Herren» eller «så seier Herren», det ventar eg meg ikkje. Men Paulus tala om ein betre veg og så byrja han å tale om kjærleiken. Jesus har nyleg minna oss om at vi må verte som born, for å komme inn i Guds rike. Når han har omsorg for oss som sine born og gjev oss gode gåver, kven kan då hindre han, kven kan då hindre oss i å ta imot? Om det vert sagt som ein profeti, kven kan då hevde at den er ikkje gyldig i den forstand at det er til oss. Om det er ein profeti, men på den måten at eg hevdar det er noko Gud gir meg; kven kan då hevde at det ikkje er gyldig? At det er noko som ein kva annan skal ha i staden? Det er då eg sjølv som ber og veit sjølv kva eg ber om og det er eg sjølv som får svar. Når Jesus elskar si brud og har omsorg for henne, kven kan då hevde at det er ikkje til henne, men til ein kva annan i staden? Der er sikkert nok mange som prøver seg på noko slikt, sjølv om dei ikkje klarer det, men der kjem nok eit rettsleg oppgjer på det.
1.Kor.12,31 Men streva etter dei største nådegåvene! Og eg skal visa dykk den beste vegen:
1.Kor.13,1 Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle. 2 Om eg har profetgåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru, så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting. 3 Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige, ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då gagnar det meg ingen ting.
4 Kjærleiken er langmodig, kjærleiken er velviljug, han misunner ikkje, briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp. 5 Kjærleiken gjer ikkje noko usømeleg, han søkjer ikkje sitt eige, harmast ikkje, gøymer ikkje på det vonde. 6 Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. 7 Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.
8 Kjærleiken fell aldri bort. Profetgåvene skal få ende, tungene skal tagna, og kunnskapen skal ta slutt. 9 For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis. 10 Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, få ende. 11 Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn. Men då eg vart mann, la eg av det barnslege. 12 No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. 13 Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.
1.Kor.14,1 Jag etter kjærleiken, streva etter åndsgåvene og mest etter å tala profetisk. 2 For den som talar i tunger, talar ikkje for menneske, men for Gud. Ingen skjønar han, han talar løyndomar ved Anden. 3 Men den som talar profetisk, talar for menneske, til oppbygging og påminning og trøyst. 4 Den som talar i tunger, oppbyggjer seg sjølv; men den som talar profetisk, oppbyggjer kyrkjelyden. 5 Eg skulle ynskja at de tala i tunger alle saman, men heller at de tala profetisk. Den som talar profetisk, er større enn den som talar i tunger, om han då ikkje tyder det han seier, så kyrkjelyden kan verta oppbygd.
…………
14 For om eg bed når eg talar i tunger, så bed mi ånd, men vitet har ikkje nytte av det. 15 Kva så? Eg vil be med ånda, men eg vil òg be med vitet. Eg vil lovsyngja med ånda, men eg vil òg lovsyngja med vitet. 16 For om du lovar Gud i di ånd, korleis kan då ein som er til stades og ikkje skjønar dette, seia «Amen» til di takkebøn? Han veit ikkje kva du seier. 17 Du held nok ei god takkebøn, men ingen annan vert oppbygd av det. 18 Eg takkar Gud; eg talar meir i tunger enn nokon av dykk. 19 Men når kyrkjelyden er samla, vil eg heller tala fem ord med vitet, så andre kan læra noko, enn tusenvis av ord i tunger. 20 Brør, ver ikkje uvituge som born! I vondskap skal de vera born, men i vit skal de vera fullvaksne.
Gud er fullkommen og hans kjærleik er fullkommen og han har vist oss den, ved at ha let Son sin, Jesus Kristus, døy på eit kors i staden for oss. Derfor er det så viktig for oss å bøye oss for Jesus kors og ta imot den ekte kjærleiken. Og så halde fram med å sjå på Jesus og ta imot hans kjærleik og omsorg og så svare på den kjærleiken med kjærleik, som ei brud som lever i eit kjærleiksforhold til sin brudgom. Som Guds born lever vi i eit kjærleiksforhold til Faderen, tek imot han kjærleik og omsorg og varar på hans kjærleik med kjærleik.
Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrendt i våre hjarte, ved den Heilage Ande som er oss gitt.
Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.
Tyding av tungetale og profetiske bodskapar, der det vert sagt «seier Herren», skal då sjølvsagt gjere oss vituge og forstandinge, gi oss visdom og vit både i hjerte og sinn og soleis gi oss noko verdifullt.
Rom.8, Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.
28 Vi veit at alle ting tener dei til gode som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29 Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken. 30 Og dei som han føreåt etla til dette, dei har han òg kalla. Og dei han kalla, dei har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, dei har han òg herleggjort.
31 Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han?
33 Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive:
For di skuld vert vi drepne
dagen lang,
vi vert rekna som slaktesauer.
37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.
Bruke nådegåvene.
Eg har tidlegare skrive om at Jesus har gitt meg ei presteteneste og eg forstår det slik både når eg søker han heime med meg sjølv og i kyrkjelyden og når eg studerer realfag. Eg må innvie meg til å tene han slik og det gjer meg i stand til å ta i bruk fleire nådegåver.
Jesus har sagt eg skal sjå på han og snakke med han. Det er ved tru og openberring ved Anden. 2.9.2023 minna han meg igjen om at han har sett framfor meg ei open dør og no sa han at eg skulle gå inn der og bruke nådegåvene, bruke den profetiske nådegåva. Då tenkte eg både på Maranata Oslo og realfag på Blindern, spesielt Biologibygget og denne Bok-landserings-festen i Bikuben.
Debatt om utviklingslæra og skapingssoga.
Boklandsering «To kjønn».
Torsdag 14.9.2023, var eg på fest i «Bikuben» i Biologibygget på Blindern, vi feira boklandsering; «To kjønn», av biologiprofessor Glenn Peter Sætre. Først vart han interjuva av Ole Asbjørn Ness. Deretter vart det spørsmål og kommentarar frå salen. Eg var ein av dei siste som kom med innlegg. Eg samanlikna med ein ulveflokk, alfa-hannen og alfa-hoa var dei einaste som hadde lov å formeire seg og der er eit sterkt og livslangt ekteskap mellom dei, tydelegvis med sterke følelsar. Dersom nokon andre i flokken gir antydning av å ville formeire seg, vert dei straffa.
Vi kan samanlikne med eit gammaldags herskarhus, ein konge som lever i sitt slott med sitt harem. Mannlege slotts-tenarar må vere evenukkar, så han kan vere sikker på at dei ikkje legg an på ei av konene hans og gjer henne gravid.
Det er tydeleg vis denne gammledags herskar-tankegangen som sit igjen enno, så moralen vert at om ein mann seier noko for å fri til ei kvinne så får han ikkje lov til det, nettopp slik vert ytringfridomen innskrenka. Dersom ein mann soleis seier noko som gjev uttrykk for at han er ein mann, vert han straffa. Det er årsaka til dei problema vi møter her, er det ikkje så?
Glen Peter sende spørsmålet vidare til ein kvinneleg psykolog som hadde sagt noko tidlegare. Eg fekk ikkje med meg alt ho sa, men ho sa visst noko om å vere voldeleg. Det er eit standardsvar som vi har høyrt så mange gangar, men nettopp at det er standard-svar er eit uttrykk for innskrenka ytringsfridom, det kjem som resultat av innskrenka ytringsfridom og verkar som argument for at du skal straffast. Men den eigentlege årsaka til det er at mentaliteten er som i ein ulveflokk.
Seinare kom han med dette innlegget på FB:
pedsrontoSu5I6ggt6k :cl179mtgå33o570u05i ukcu2f34k11t a1rgt6 ·
Pen i tøyet og litt klønete fokusert på hvordan å ta selfie mot speil. Takk til alle som bidro til å gjøre Boklansering – To kjønn til en nydelig kveld med mange gode samtaler. Jeg må få takke hele den nydelige gjengen på Kagge Forlag, og ikke minst min dyktige redaktør Jorunn Sandsmark og Solveig Øye som har vært med hele veien – for en gjeng! Hjertelig takk til mannen med malmrøsten – Ole Asbjørn Ness for å orkestrere kvelden og dirigere det hele med humor, kløktighet og hjertevarme. Jeg takker ydmykt alle som kom og som på ulikt vis bidro til at dette ble en så flott feiring. Jeg tror kanskje jeg har levert en viktig bok.
Eg delte det og tok med kommentaren ovanfor og følgande kommentarar:
Vi kan også samanlikne det med hallik-miljøet i Oslo. Hallikane tener pengar på horene. Dersom der kjem ein mann og vil fri til ei hore, for å få seg ein kjæraste og ei kone, så taper hallikane inntekt på det. Derfor har dei ei proteksjonistisk haldning overfor menn som seriøst vil finne seg og vinne seg ei kvinne som kjæraste og kone.
Sjølv om maktinteressene er annanleis i skule, politikk og næringsliv, vert seriøse menn mætt med ei liknande proteksjonistisk haldning, så det utartar seg som eit krav om at dei skal verte utstøytte frå flokken og/eller straffa på andre måtar.
……
Dersom ein ung mann vert glad i ei jente, er det no sjølvsagt at han gjere vil prøve å fortelje henne kor glad han er i henne og då er det no sjølvsagt at han vil henne vel. Så vonar han at ho vil svare på hans kjærleik med kjærleik og slik vert det til eit frieri. Uansett vert vennskapet mellom dei betre til velsigning og gagn for dei begge og kanskje vert det til at ho svarar ja på hans frieri.
Men her er det altså noko som stiller seg i den posisjonen at dei uttalar seg på mannens vegne overfor kvinna, når han vil fri til henne og seier noko heilt anna, som om det skal fungere som erstatning for hans frieri?! Eit klagemål om at han er vond og ikkje vil henne vel, så det skal fungere som erstatning for hans frieri, så det ikkje vert vellukka. Slik tek dei seg til rette ved å kalle det vitskap eller religion, kanskje endåtil kristendom, men det er det då ikkje!
Vi må forstå at her blir det eit spørsmål om å velje og eg hevdar at dersom vi vel å vende oss til Kristus, så gjer vi eit godt val. I februar 2011 kalla han Sions Dotter til å frigjere seg og i desember 2011 kalla han henne til å komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom. Det er identiteten for den kristne kyrkja og det gjeld sjølvsagt for jødane også. Han kjærleik til henne er som eit frieri, ho svarar ja på hans frieri. Det er eit val. Paradoksalt nok er det likevel Guds verk. Det har seg slik at Gud er eksisterer og han er kjærleik. Eg kan og vil satse på at Jesus soleis frir på mine vegne, han frelser ei kvinne, så ho kjem inn i dette kjærleiksforholdet til han, som hans brud, så gir han meg henne til kone, som andre prioritet.
Når apostlane forkynte evangeliet, brukte dei ikkje voldelege metode, dei forkynte Guds Ord og han var med dei og gjorde sitt verk, med sitt Ord og sin Ande. Slik vart folk overtyda. Når vi studerer realfag, brukar vi heller ikkje voldelege metode, vi brukar metodene i realfag og slik vert folk overtyda.
Skapingssoga og utviklingslæra.
Aktuell sak, FB-innlegg av Glenn-Peter Sætre.
Glenn-Peter Sætre
potdrsoneSc6862e9114f571m 26b.50mh1kr 3plt9ii:uem.egsm01a 31 ·
Til mine venner som holder/leser Dagen. Avisen videreformidler stadig vekk konspirasjonsteorier, som at fagmiljøene innen evolusjonsbiologi konspirerer om å dekke over og skjule informasjon som “motbeviser” evolusjonsteorien. Senest i går i en artikkel hvor jeg ble sitert. En populær gjenganger er påstander om fotspor fra dinosaurer og mennesker som krysser hverandre og andre påståtte bevis på at dinosaurene levde blant oss inntil ganske nylig. De fleste dinosaurene døde ut for omlag 66 millioner år siden. Dersom noen skulle finne en fossil/levning av en klassisk dinosaur som er yngre enn dette ville det vekket begeistring i fagmiljøet og forskerne som gjorde oppdagelsen ville blitt berømte. Det ville derimot ikke ført til at evolusjonsteorien ble forkastet – kun en spennende justering av evolusjonshistorien (som uansett stadig revideres og forbedres med nye funn og ny kunnskap). En vakker gren av dinosaurenes evolusjonstre døde dessuten aldri ut – fuglene lever blant oss i beste velgående. Ja, fugler ER dinosaurer. Jeg synes det er litt trist at enkelte kristne føler at troen deres kommer i konflikt med naturvitenskapen og som et resultat forkaster den til fordel for vranglære og konspirasjonsteorier. Å søke sannhet burde være et felles mål både for troende og i vitenskapen.
Mine kommentarar:
Vitskapen har ikkje avsanna skapingssoga, den har tvert om stadfesta den. Ved tru skjønar vi at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Derfor er universet forståeleg, så vi kan bruke forstanden til å granske og prøve å forstå. Dette var ikkje lett å forstå og godta for 2-3000 år sidan, men Big-Bang-teorien har ikkje avkrefta det men heller stadfesta det. Ikkje alt av Big-Bang-teorien er stadfesta av eksperiment, slik er det også med utviklingslæra. Det går over i naturfilosofi. Der er framleis noko som vi ikkje veit sikkert. Så vi kan putte Gud inn i det som vi ikkje veit?! Ja, men eg puttar han også inn i det vi veit, då må vi berre passe på at vi ikkje forgudar oss sjølve med vår kunnskap.
Kristendomen og vitskapen har det til felles at vi søker sanning med fredelege metode. Vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og forkynner evangeliet og får oppleve at Gud er med oss og gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ande. Slik vert folk overbeviste. I realfag brukar vi metodene i realfag og vert overtyda med fredelege metode. Men i følgje utviklingslæra er livet ein kamp for tilværet og det er ikkje alltid fredeleg, det ser vi i Bibelen også. I Bibelen er det profetert om mykje krig, men den seier også at Gud gjer noko nytt ved sin Ande, utan bruk av hær eller menneskeleg makt. Jesus er Gud Ord og ved å trua på han, får vi oppleve at Gud gjer sitt verk med sitt Ord og sin Ande.
Jesus kalla disiplane sine ein saueflokk, han samanlikna med dyrelivet altså. Han sjølv var den gode hyrdingen Dei som var komne før han, var tjuvar og røvarar. Ulven kom berre for å slakte dei, men han var komen for at dei skulle ha liv og overflod. Ulven kom til å spreie dei, men han sette livet til for å berge dei. Han hadde andre saueflokkar og så skulle det verte ein hyrding og ei hjord (Joh.10). Han sa han var vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, dei einborne, så kvar den som tru på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Jesus er det evige Livet og gir oss det av berre nåde, ved at vi trur på han og tek imot i tru. Dette betyr vel då at det evige livet er meir fundamentalt enn det biologiske livet og vi treng det for å få den rette sjølvforståinga. Kva kunne vel elles korrigere oss?
Hos mange dyreartar er det ein hanne som har eit harem og markerer sitt revir. I ein ulveflokk er det litt spesielt, for alfa-hannen og alfa-hoa var dei einaste som har lov å formeire seg og der er eit sterkt og livslangt ekteskap mellom dei, tydelegvis med sterke følelsar. Dersom nokon andre i flokken gir antydning av å ville formeire seg, vert dei straffa. Eg såg ein gong ein naturfilm om ein ulveflokk i eit revir, ei hoe gav frå seg lukt som fortalde at ho var i ferd med å verte klar for paring. Men i staden for at hannar la an på henne og kanskje slost om henne, ville heile gjengen straffe henne. Ho prøvde å komme seg unna, men gjerdet stod i vegen.
Vi kan samanlikne med eit gammaldags herskarhus, ein konge som lever i sitt slott med sitt harem. Mannlege slotts-tenarar må vere evenukkar, så han kan vere sikker på at dei ikkje legg an på ei av konene hans og gjer henne gravid.
Det er tydeleg vis denne gammledags herskar-tankegangen som sit igjen enno, så moralen vert at om ein mann seier noko for å fri til ei kvinne så får han ikkje lov til det, nettopp slik vert ytringfridomen innskrenka. Dersom ein mann soleis seier noko som gjev uttrykk for at han er ein mann, vert han straffa. Om samfunnet vert som i ein ulveflokk, kan det vere kvinna også som vert straffa. Det vert eit kunstig krav om tilpassing. Vi kan vel tenke oss at det vil virke til avspora seksualitet og kanskje også at nokon vil skifte kjønn.

