Komme inn i Guds rike.
Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrde slike til, dei voksne måtte verte som born for å komme inn i det. Det har eit sentralt poeng, at vi som hans born tek imot hans kjærleik, omsorg, oppseding og opplæring. Og eit sekundært poeng, at der er eit samfunn som har slik omsorg for mennesket. Frå vi er små vert vi opplærde til å leve i eit kjærleiksforhold til Kristus, som vår frelsar og Herre og i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans born.
Eg tenker meg at ei ung jente kjem inn i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud og det betyr for henne at ho kan gå til han med sitt behov for ein brudgom og ektemann. Ein ung gut kan gå til han med sitt behov for ei brud og ei kone. Då blir det slik at han elskar henne gjennom han som si brud og si kone. Slik er Jesu kyrkje hans brud og hans kone. Det har eit sentralt poeng, at det blir bryllaup mellom Kristus og hans brud. Det er både i himmelen, på jorda og på den nye jorda. Det har også eit sekundært og meir perifert poeng, at menneske vert invitert til å vere med på å feire bryllaupet. Bruda må kle seg i bryllaupskjole og gjestane må kle seg i bryllaupsdrakt, i Israel var det vanleg at dei fekk den ved inngangen. Det er ved å ta imot den Anden og det livet som vi får ved trua på Jesus, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar.
Jesus samanlikna Guds rike med ein brudgom som kom til bryllaupssalen om kvelden, for å feire bryllaupet. Ti brurmøyar stod utanfor og venta med lys på lampane. Dei sovna og vart vekte av eit rop om at brudgomen kom. Fem av dei hadde ikkje nok olje til lampane sine og gjekk for å kjøpe, men vart for seine til festen. Dei andre fem var klokare og hadde med seg olje på kanner, så dei fylt på og vart ståande der med lys på lampane til han kom og vart med han inn til festen.
Det minner oss om Jesu ord til Paulus om at hans nåde er nok for han, for Guds kraft vert fullenda i vanmakt. Jesu frelseverk er fullført og fullkome, vi kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå, det einaste vi gjere er å på Faderen og Sonen og ta imot i tru. Slik får vi nok olje til lampane og vert ståande på vår post med lys på lampane. Det var oppgåva til brurmøyane og fem av dei var vituge nok til å utføre den heilt til brudgomen kom eg dei vart med han inn og feire bryllaupet.
Dette gjeld for våre liv, i ein kvar generasjon, sjølv om Jesu gjenkomst let vente på seg. Slik er det også profetiar om historisk utvikling. Det er sikkert mange som vil påstå at det ser ikkje ut til å vere utviklinga, det ser heller ut til at dei som trudde på dette vert lurte og vert til skamme. For «Tidsånda» har protestert og opponert mot det. Men vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt (Rom.5,1-5). Skulle det vere nok? Ja.
Trua på Gud, tautologi og erfaring.
Tautologi eller negerbar utsegn.
Tautologi er eit utsegn som alltid er sant, så det kjem ikkje an på kva vi sansar og soleis erfarer i det fysiske miljøet rundt oss. Vitskaplege utsegn er ikkje slik, dei må vere negerbare, det må gå an å påstå det motsatte, då kan det kanskje prøvast med eksperiment, så vi finn ut kva som er rett. Vitskapsteoretikaren Karl Popper er kjend for å gjere dette klart, logikken går heilt tilbake til Aristoteles, men han gjorde den feilen at han brukte logikken på fysiske gjenstandar i staden for teoriar.
Enkle tautologiar er slikt som «det som skjer, det skjer», «eg er den eg er», « eit grønt hus er grønt», «den store steinen er tung fordi den er tung», «den store steinen er tung fordi den er stor og har ei høg særvekt». Dei siste setningane er litt lengre, for der kjem eit resonnement, ein implikasjon, resonnementa kan vere mykje lengre enn dette. Resonnementa kan vere mykje lengre enn dette og dei må kunne førast begge vegar for at det skal vere ein tautologi. Vi kan få ei rekkefølge av påstandar som er ekvivalente, essensielt betyr dei det same, men det var kanskje ikkje lett å innsjå det før vi resonnerte oss fram til det.
Når vi skal prøve ein vitskapleg teori, resonnerer vi oss fram til eit resultat, men vi kan ikkje resonnere oss tilbake igjen, så det er ikkje tautologi. Så prøver vi resultatet eksperimentelt, om det ikkje stemmer, så kan vi konkludere med at teorien er feil. Dersom det stemmer, så har vi likevel ikkje bevist teorien, fordi implikasjonen ikkje går tilbake, vi kan ikkje resonnere oss tilbake igjen til teorien. Så ein teori kan ikkje bevisast eksperimentelt, den eventuelt avsannast. Når den har vorte prøvt mange gangar utan å verte avsanna, kan vi seie at den vert underbygd av eksperiment (we have found evidence for), men det betyr ikkje at den vert bevist (ikkje «prooved», slik som vi provar påstandar i matematikk).
No er det mange som påstår at trua på Gud er ein tautologi, påstanden om at han eksisterer er dermed ikkje vitskapleg. Og kva så? Så er det mange som konkluderer med at derfor er der ingen Gud. Som om alt det dei tenker, meiner og seier er vitskapleg? Men det er det då ikkje? Vi har då brukt språket og matematikken til å seie og formulere svar så mykje, før vi har kome fram til formuleringar som kan kallast ei vitskapleg hypotese og vi har prøvt den omhyggeleg for den har vorte til ein vitskapleg teori. Kven kan påstå at alt dette pratet er berre ein illusjon, at det er feil og endåtil lygnarisk, inntil vi kom fram til ein vitskapleg teori som om det skulle vere den einaste sanninga og kanskje endåtil verte sett på som den endelege sanninga? Så det liksom skulle verte ei religiøs dogme og fungere som ei ny religion til erstatning for trua på Gud? Dette høver ikkje med metodene som er brukt i realfag, det bryt med logikken i realfag, for det vert påstått noko langt meir enn det som ligg i det vitskaplege resultatet. Det vert lagt til ei heil masse som ikkje er vitskap og så vert det framstilt som om det også er vitskap, men det er det ikkje.
Matematisk logikk og trua på Gud og hans Ord.
I realfag brukar vi matematisk logikk. Dersom vi tenker utifrå ein påstand a med kunnskapsmengde A og resonnerer oss fram til påstand b, med kunnskapsmengde B, så er B delmengde av A. Det vil seie at kunnskapen B låg allereie i A frå før, så slik sett er det ikkje ny kunnskap. Dersom også b medfører a, så er A lik B. Dersom nokon klarar å bevise at a medfører b, så kan b vere ei ny setning i matematikken eller ein påstand som er nyttig i naturvitskap eller teknologi. Det kan vere ein verdifull sensasjon at nokon klarde å bevise det. På påstå at B allereie låg i A frå før, så det er ikkje ny kunnskap, verkar då som eit Columbi egg. I staden må vi innrømme at for oss er det likevel ny kunnskap, fordi vi innsåg ikkje at den kunnskapen låg i A før dei beviste at a medfører b. Slik får vi også nytenking, nyskaping, utvikling og framgang.
Aksioma i matematikken er grunnleggande påstandar som vi tenker utifrå, dei er innlysande og enkle å verte samde om og det er enkelt å ha klart for seg kva utgangspunkt vi tenker utifrå. Aksioma i reell analyse er slikt som eksistensen av 1 og 0, kommutativ lov, assosiativ lov og distributiv lov. Ved å legge til aksiomet eksistensen av imaginær eining i = rota av -1, fekk vi kompleks analyse, slik vart matemtikken vidareutvikla, så mykje rekning vart lettare og vi kunne rekne ut mykje meir. I visse tilfelle kan vi erstatte kommutativ lov med antikommutativ lov, i kvatenfysikken bruker vi til dømes antikommutativ lov for multiplikasjon a*b = – a*b. I generell realtivitetsteori vert aksioma for euklidske rom endra, så vi får krumma rom. Det vert ikkje lagt noko som helst slags følelsar i dette, verken moralske eller religiøse, som om det skulle vere revolusjon mot tidlegare godtekne sanningar. Det er matematikken som vert vidareutvikla, vår forstand vert vidareutvikla, den rasjonelle innsikta vert større.
Kva så med mi tru på Gud og hans Ord? Den er som påstand a, med kunnskapsmengde A. Påstand b kan vere at han har omsorg for oss som sine born. Korleis kan eg tenke meg fram til b? Kanskje eg berre skal tru at B er inkludert i A. Dette høyrest enkelt ut, så det er mange som hevdar det er dumt, så dei endåtil spottar oss for det, som om det derfor er feil altså?! Då vil eg samanlikne det med aksioma i reell analyse, det er enkelt, men det betyr ikkje at det er feil. Eg vil heller seie det er rett, fordi det er ei formulering som er så innlysande at den opplagt må vere rett. Dersom nokon i staden påstår at den er så enkel at den er dum og derfor må den vere feil, så er det mykje som går gale. Då kan også mykje i samfunnet rase saman og verte til ruin.
Når eg skal resonnere som at a medfører b, så er eg avhenge av å leve i samfunn med Gud, så eg får oppleve at han rører ved meg og gjer sitt verk med meg ved sitt Ord og sin Ande. Eg vår ete av trea i Edens hage, med unntak av kunnskapstreet. Eg får ete av livsens tre, eg får ta av det det og ete og oppleve at det gir meg liv. Og då er det framleis like fullkome. For Kristus har med sitt syndeoffer for alltid gjort dei som vert helga fullkomne. Han er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv og det er fullkome. Den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome.
Guds bod og menneskebod, som døme på negerbare utsegner.
Det minner om farisearane og dei skriftlærde som var svært så streng i tolkinga av Moselova, når det passa dei sjølve og så kom dei med mange menneskebod i tillegg, slik lessa dei tunge byrder på folket, men letta dei ikkje sjølve. Dei gjekk ikkje inn i himmelriket, men prøvde å stenge det for andre (Matt.23,4&13).
Matt.15,1 Då kom det nokre farisearar og skriftlærde til Jesus frå Jerusalem og sa: 2 «Kvifor bryt læresveinane dine dei føresegnene vi har overteke frå dei gamle? Dei vaskar ikkje hendene før dei et.» 3 «Og de,» svara Jesus, «kvifor bryt de Guds bod av omsyn til dei føresegnene de har overteke? 4 For Gud har sagt: Æra far din og mor di, og: Den som talar vondord mot far sin eller mor si, skal døy. 5 Men de lærer: Den som seier til far sin eller mor si: Det eg skulle ha hjelpt deg med, skal vera ei gåve til templet – 6 han treng ikkje æra far sin eller mor si. Såleis har de gjort Guds bod om inkje av omsyn til dei føresegnene de har overteke. 7 De hyklarar! Jesaja spådde rett om dykk då han sa:
8 Dette folket ærar meg med lippene,
men hjarta deira er langt borte frå meg.
9 Dei dyrkar meg fåfengt,
for det dei lærer, er menneskebod.»
10 Så kalla han folket til seg og sa: «Høyr dette og skjøna det: 11 Det som kjem inn i munnen, gjer ikkje eit menneske ureint. Men det som går ut or munnen, det gjer mennesket ureint.»
12 Då gjekk læresveinane fram og sa til han: «Veit du at farisearane vart arge då dei høyrde dette?» 13 Han svara: «Kvar plante som ikkje Far min i himmelen har sett, skal rivast opp med rot. 14 Bry dykk ikkje om dei! Dei er blinde vegleiarar for blinde; og når ein blind leier ein blind, fell dei begge i grøfta.»
Matt.23,1 Sidan tala Jesus til folket og til læresveinane sine og sa: 2 «På Mose stol sit dei skriftlærde og farisearane. 3 Alt det dei seier til dykk, skal de gjera og halda; men etter gjerningane deira skal de ikkje retta dykk. For dei seier eitt og gjer noko anna. 4 Dei bind tunge bører og legg på akslene åt folk, men sjølve vil dei ikkje røra dei med ein finger. 5 Alle sine gjerningar gjer dei så folk skal sjå det. Dei gjer sine bønereimar breie og sine minneduskar store; 6 dei elskar å ha heidersplassane i gjestebod og sitja fremst i synagogene, 7 og vil gjerne at folk skal helsa dei på torget og kalla dei rabbi.
8 Men de skal ikkje la nokon kalla dykk rabbi; for det er éin som er læraren dykkar, og de er alle sysken. 9 Og kalla ikkje nokon her på jorda far; for de har berre éin Far, han som er i himmelen. 10 Lat heller ikkje nokon kalla dykk rettleiarar; for de har éin rettleiar: Kristus. 11 Den største av dykk skal tena dei andre. 12 Den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.
13 Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De stengjer himmelriket for folk. Sjølve går de ikkje inn, og dei som vil gå inn, hindrar de.
14 Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De slår til dykk husa åt enkjer og held lange bøner for syn skuld. Difor skal de få så mykje hardare dom.
Men Jesus kalla til seg alle som streva og hadde tungt å bere, hos han skulle dei få kvile.
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Gud eksisterer og er suveren over det han har skapt, derfor får trua på han konsekvensar for denne verda.
Det er mange som hevdar at tautologiar har lite eller inga betydning for den reelle verda, men dei har då stor betydning for vår tenking og slik får dei betydning for oss likevel. Når Gud kalla Moses til å leie folket hans ut av Egypt, spurde Moses kven han skulle seie som hadde sendt han, han fekk som svar at han var Abraham, Isak og Jakobs Gud og dei skulle kalle han «Eg Er», eit namn som er ei ufullstendig setning altså, for han er den han er, det er ein tautologi. Men når Moses var på fjellet for å få lova, laga dei seg ein gullkalv og dansa rundt det og sa at dette var guden som førde dei ut av Egypt. Dei sa altså ikkje at han var den han var, men at han var ein annan enn den han var. Slik gjorde dei opprør mot han og derfor strauk han namna deira ut av livets bok. Så gjekk Moses opp på fjellet og fekk lova igjen. Den skulle straffe uretten og slik fekk den betydning for den fysiske realiteten. Og dei fekk ikkje komme inn i det lova landet, men måtte vandre i øydemarka i 40 år, til der kom ein ny generasjon. Så leia Josva dei inn. I det lova landet.
Rasjonalitet, empiri og liberalisme.
Naturvitskapleg metode, matematikk og politikk.
Det var lenge usemje om den nye naturvitskapen var empirisk eller rasjonalistisk, men så kom dei aller fleste tila t den var begge deler, den var hypotetisk deduktiv. Likevel held motsetnaden fram som filosofiske motsetnadar. Det mekanistisk verdsbilde prøver å forklare alt med mekanikkens lover, inkluderte språk, tankar og trua på Gud. Men både Galilei og Newton trudde på Gud og kristendomen. Sidan har kvantemekanikken avsanna det mekanistiske verdsbildet.
Men empiristane argumenterer framleis som utifrå det mekanistisk verdsbildet, med krav om empiri som motsetnad til rasjonalitet, så det endåtil kjem som motsetnad til matematikken. Empirismen vart viktig for liberalismen, som motsetnad til rasjonaliteten til dei eineveldige kongane. Slik også for dei liberale på venstresida, dei kallar seg radikale. Men reindyrka empirisme betyr at du skal ha erfaringsgrunnlag for alt du tenker og seier. Men det betyr at folk ikkje vert i stand til å tenke nytt og skape noko nytt, for erfaring skjer notid og sidan vert det liggande i fortida. Korleis kan dei då vere radikale?
Soleis gir det ikkje særleg optimisme, pågangsmot og håp for framtida. Men matematikken er meir enn naturvitskap, den vert brukt i moderne teknologi og økonomi. Slik har den vore svært så viktig både for vitskapleg utvikling og for utvikling og oppbygging av samfunnet.
Åndeleg og rasjonell innsikt.
Filosofien til rasjonalistane vart viktig og verdifull for meg. Newtons lover er teoriar som vi får vi merke i det som skjer rundt oss og med oss. Men Descartes trudde at Gud eksisterte og gjorde seg til kjenne for hans psyke, så det var ikkje berre tome teoriar for han. Soleis for meg også, eg mekrar ikkje Newtons lover slik. Men det er på grunnlag av nåden eg fekk ved at Jesus døde i staden for meg, ved trua på at han stod opp att frå dei døde er eg rettferdig for Gud, ved trua på at lever tok eg imot han og fekk den Heilage Ande. Så eg får oppleve at Gud eksisterer og rører ved meg ved sitt Ord og sin Ande. Gud er kjærleik og når han rører ved meg opplever eg det som kjærleik, det er herleg og det gjer meg glad. Jesus rører ved meg og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og Faderen og eg trur han gir meg ei kone ved at han rører ved henne og vekker henne også opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Han rører ved meg og han rører ved henne, han rører ved oss, Gud er kjærleik og eg opplever det som kjærleik. Vona om Guds herlegdom gjer meg ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i mitt hjarte ved den Heilage Ande som er meg gitt. Eg opplever det herleg og derfor vil eg lovprise Guds herlegdom.
Ef.1,3 Velsigna er Gud,
vår Herre Jesu Kristi Far,
han som i Kristus velsigna oss
med all Andens velsigning
i himmelen.
4 I Kristus valde han oss ut
før verda vart grunnlagd,
til å stå for hans andlet,
heilage og utan feil.
I kjærleik
5 og etter sin eigen gode vilje
avgjorde han på førehand
at vi skulle få rett til å vera
hans born ved Jesus Kristus,
6 til lov og pris for hans herlegdom og nåde,
som han så rikeleg gav oss
i han som han elskar så høgt.
7 I han har vi fridomen,
kjøpt med hans blod,
tilgjeving for syndene.
For så rik er Guds nåde,
8 som han lét strøyma over oss
med all visdom og forstand,
9 då han gjorde kjent for oss
sin viljes mysterium,
det han gjerne ville gjera i han.
10 Han ville fullføra sin frelseplan
då tida var fullmogen:
å samla alt til eitt i Kristus,
alt i himmelen og på jorda i han.
11 I han fekk vi òg arverett,
slik det frå først var tiltenkt oss
etter forsettet til han som gjennomfører alt
etter sin eigen plan og vilje,
12 så vi som alt har sett vår von
til Kristus,
skal vera til lov og pris
for hans herlegdom.
13 I han høyrde de sanningsordet,
evangeliet om frelsa dykkar.
I han kom de òg til tru,
merkte med seglet til Anden,
Den Heilage, han som var lova,
14 han som er pantet på arven
til Guds eige folk blir sett fri,
til lov og pris for hans herlegdom.
Guds plan og vilje med oss er nettopp at vi skal vere til lov og pris for hans herlegdom (v. 6, 12, 14).
Empirisme og liberalisme som gagnar oss eller som dårskap og trældom under avgudar.
Men denne åndelege og rasjonalistiske innsikta har eg vore i stand til å tenke sjølvstendig og lære av erfaring og det har vore verdifullt for meg. Eg fekk lære av erfaring å gjere praktisk arbeid heime på garden og sidan når eg var på tråling og det er det eg har tent pengar på. Når eg studerte realfag fekk eg lære ved systematiske eksperiment, då var det heilt klart at det var både ved rasjonell innsikt og erfaring. Då vil det verke svart så rart for meg om empiristiske teoretikarar, førestiller seg at dei skal bruke empirismen som argument mot min rasjonalitet for å liksom prøve å lære meg korleis eg skal lære av erfaring. Teoretikarar som kanskje ikkje har vore i praktisk arbeid og knapt nok veit kva det er for noko? Der er sikkert mange ateistar som soleis argumenter mot mi tru på Gud, men argumenta deira held ikkje, for min Gud er ikkje laga av stokk og stein, han er skapar, ikkje skaparverk.
I renessansen vart det strid mellom empirisme og rasjonalisme, før dei kom fram til at metoden i den nye naturvitskapen hadde begge deler, både empiri og rasjonalitet, metoden var hypotetisk deduktiv. Likevel er der visst mange som tenker seg at dei med sin empirisme skal opponere mot rasjonaliteten og avsanne den, men det er då å opponere mot forstanden med eit alternativ som er uforstand og dårskap. Om dei soleis vil opponere mot mi åndelege og rasjonelle innsikt, vert det som å lage seg avgudar av stokk og stein. Men slike gudar er og blir Løgna, som motsetnad til den er Kristus sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Ved trua på han fekk vi den Heilage Ande frå himmelen av berre nåde. Det skal vi ære Gud og Lammet for. Om nokon annan prøver å ta æra for det, så er det ikkje sant. Gud gir ikkje nokon annan sin ære, han gir ikkje sin ære til avgudane. Dei er laga av stokk og stein og der er ikkje ånd i dei.
Empirismen vart til liberalisme ved til dømes John Lock, for dei skulle frigjere seg frå einevelde og diktatur. Likevel vart der ei herskande elite og slik vart det også med den filosofiske retninga Kant – Hegel – Marx …. Dei også rekna seg som liberale, sjølv om det ikkje vart demokrati. Men Marx hevda at dei varene folk produserte vart til avgudar for dei, så dei vart trælar under avgudane sine.
Dette minner om noko som Gud sa til folket sitt.
Jes.2,6 Du har forkasta folket ditt, Jakobs hus.
For der er det fullt av spådomar
og av teikntydarar, som hos filistrane,
overalt er det framande.
7 Landet er fullt av sølv og gull,
overalt er det skattkammer.
Landet er fullt av hestar,
overalt er det vogner.
8 Landet er fullt av avgudar,
folk tilbed noko dei sjølve har laga
med sine eigne hender og fingrar.
9 Mennesket er bøygd,
kvar mann er fornedra.
Tilgjev dei ikkje!
Så la oss tenke litt på kva marknadsliberalisme er for noko, det sentrale poenget er at det er kjøpars marknad. Då er det berre for kjøparen å vere ærleg overfor seg sjølv, overfor Gud og sine næraste om kva han eller ho treng. Og så kjøpe det. Då vil etterspurnaden etter det auke, det vil bidra til å presse prisen opp, men det vil igjen føre til at det vert produsert meir av vara, så prisen går ned. Dette siste poenget vert forsterka av rasjonalisering og masseproduksjon.
Då må vi berre passe på at dette ikkje vert forkludra på nokon måte. Kva kan eventuelt forkludre det? At nokon lokkar dei til å kaste vekk pengar på slikt som dei eigentleg ikkje treng. Og så at der kjem moralfilosofar og argumenterer for å få dei til å bruke pengar på noko anna, det kan verte framstilt som veldedige formål, men dei vert lurte. Det er kunstige behov til samanlikning med dei kunstige gudane laga av stokk og stein. Der er ikkje ånd i dei og det er fullstendig gagnlaust å lage dei og dyrke dei.
Arvesyndslæra, genetikken og liberalismen.
Paulus sa at synda trengde seg gjennom frå syndefallet til alle menneske, ved at dei synda på same måten. Dette må då vere det beste grunnlaget for arvesyndslæra, men korleis skal vi forstå den. Kvar kom den vonde naturen ifrå? Frå genane eller opplæringa? Det blir som spørsmålet om kva som kom først av høna og egget.
Rom.5,12 Difor, liksom synda kom inn i verda ved eitt menneske, og døden saman med synda, slik nådde døden alle menneske fordi dei alle synda. 13 Også før lova var det synd i verda. Og endå synda ikkje blir rekna som synd der det ikkje er noka lov, 14 rådde likevel døden frå Adam til Moses, også over dei som ikkje hadde gjort noko lovbrot slik som Adam. Adam står her som eit bilete på han som skulle koma. 15 Men det er annleis med nåden enn med fallet. På grunn av fallet til den eine måtte dei mange døy, men Guds nådegåve er så uendeleg mykje større: Ho blir gjeven i rikt mål til dei mange på grunn av nåden frå det eine mennesket Jesus Kristus. 16 Og det er annleis med gåva enn med den synda som den eine gjorde. For dommen over eitt menneske førte til fordømming, men nådegåva førte til frikjenning, endå det var mange som hadde falle. 17 Døden fekk herredøme fordi eitt einaste menneske fall. Kor mykje meir skal då ikkje dei som tek imot Guds store nåde og rettferdsgåve, eiga livet og få herredøme ved den eine, Jesus Kristus.
18 Difor: Slik som ein manns fall vart til fordømming for alle menneske, slik fører ein manns rettferdige gjerning til frikjenning og liv for alle menneske. 19 Slik dei mange vart syndarar fordi det eine mennesket var ulydig, skal no dei mange stå rettferdige fordi den eine var lydig. 20 Lova kom til så fallet skulle bli stort. Men der synda vart stor, vart nåden endå mykje større. 21 For liksom synda fekk herredøme ved døden, skal nåden rå gjennom rettferda og gje evig liv ved Jesus Kristus, vår Herre.
Dei som kom etter Adam, hadde ikkje fått noko lov, slik som han han og gjorde ikkje lovbrot slik som han. Likevel nådde døden dei alle fordi dei alle synda. Den mest fundamentale synda var at dei prøvde å gjere seg liksom Gud og dyrka avgudane som dei sjølve hadde laga seg. I det gamle testamentet ser vi at Gud straffa kongar og kongerike for det.
Men ligg det i genane då? Problemet var at synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. For alle menneske og derfor skulle evangeliet forkynnast for alle folkeslag. Dette er så fundamentalt at det kjem ikkje lengre an på genane, det vil seie at det som ligg i genane ikkje lengre er eit godt nok motargument. Gud utgyt sin Ande over alt kjøt (Joel.3,1..). Det betyr ikkje at genane vert endra, utan kanskje om han lækjer ein genetisk sjukdom. Kanskje ved dekoding av genane? Men det også har å gjere med korleis vårt kjøt er og poenget var ikkje at det vert endra, men at han utgyt sin Ande over vårt kjøt.
Det aller meste av vårt genuttrykk skjer av seg sjølv, utan at vi kan endre det på nokon måte. Det av vårt genuttrykk vi av eigen fri vilje kan velje å gi uttrykk for, er svært så overflatisk, slik kan vi prøve å forbetre oss på mange måtar, viljen kan vere god, men svært ofte finn vi at vi maktar det ikkje. Det er nettopp der Gud gir oss rettleiing ved sitt Ord og kjem oss til hjelp ved sin Ande. Dette forklarer Paulus for oss i Romarbrevet.
Rom.8,1 Så finst det no inga fordømming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort deg fri frå lova til synda og døden. 3 Det som var umogleg for lova, sidan ho stod maktlaus fordi vi er av kjøt og blod, det gjorde Gud. Han sende sin eigen Son som syndoffer, i same slag kjøt og blod som syndige menneske har, og heldt dom over synda i oss. 4 Slik skulle det som lova krev, bli oppfylt i oss som ikkje lever slik kjøtet vil, men slik Anden vil.
Den austerrikske munken George Mendel oppdaga arvelovene i 1865. I 1952 klarde Alfred Hershey og Martha Chase å vise at arvematerielet er DNA og året etter laga James Watson og Francis Crick ein modell av eit DNA-molekyl.
John Lock var empirist og liberalist.
Sitat frå https://snl.no/John_Locke :
John Locke var en engelsk filosof og grunnleggeren av den engelske erfaringsfilosofien, eller empirismen. Den var en reaksjon mot den herskende rasjonalismen, forfektet av blant andre René Descartes (1596–1650) og Baruch Spinoza (1632–1677).
Locke var lege og pedagog og underviste i klassiske språk og moralfilosofi ved Universitetet i Oxford fra 1659. Han levde i eksil i Nederland fra 1683 til 1689, hvor flere av hans verker ble ferdigstilt.Lockes hovedverk er An Essay Concerning Human Understanding (fire bind) fra 1690. Her hevder han at menneskene ikke har noen medfødte ideer (bevissthetsinnhold eller forestillinger av noen art), verken religiøse, moralske, logiske eller andre. Ved fødselen er sjelen (bevisstheten) et ubeskrevet blad – en tabula rasa. Alle våre ideer får vi fra erfaringen, som har to kilder: sansning og refleksjon.
Sansningen leverer ideer direkte til bevisstheten ved sin kontakt med egenskaper i den ytre verden. Den gir oss ideer som gult, hvitt, varmt, kaldt og så videre.
Refleksjon er en slags introspeksjon, «den indre observasjon av sjelens virksomhet når denne er opptatt av sine ideer». Gjennom refleksjon får vi forestillinger om sansning, tenkning, tvil, tro og så videre. Ideer fra sansning er enkle og skyldes direkte objekter i den ytre verden, mens ideer ervervet gjennom refleksjon kan være sammensatte og komplekse.
Lockes religionsfilosofi er deistisk. Vi innser med fornuften at verden er skapt av en Gud, og religiøse trossetninger er akseptable dersom de er forenlige med fornuftskunnskaper.
Også i sin pedagogiske filosofi, i verket Some Thoughts Concerning Education fra 1693, viser Locke seg som en forløper for Rousseau. Alt i alt var han en av de store banebryterne for opplysningstidens og liberalismens ideer.
Sitat frå https://no.wikipedia.org/wiki/John_Locke :
John Locke (født 29. august 1632 i Wrington ved Bristol i England, død 28. oktober 1704 i Oates i Essex) var en engelsk filosof og lege. Innenfor epistemologien er Locke ansett som den første av de britiske empiristene. I forbindelse med samfunnskontraktteorien utviklet han et alternativ til Thomas Hobbes‘ naturtilstand og hevdet at staten bare var legitim om den erkjente folkets samtykke, og beskyttet universelle rettigheter som liv, frihet og eiendom. Locke trodde at samtykke formet statens sosialkontrakt. Hvis staten ikke levde opp til dette, mente Locke at folket hadde rett til opprør.
Lockes idéer hadde enorm innflytelse på utviklingen av den politiske filosofien, og er viden betraktet som en av de mest innflytelsesrike opplysningstenkere og bidragsytere til liberalismen. Hans forfatterskap påvirket Voltaire og Rousseau, mange tenkere fra den skotske opplysningstiden, og amerikanske revolusjonære. Denne påvirkningen er gjenspeilet i den amerikanske uavhengighetserklæringen.
Sitat frå https://snl.no/deisme :
Deisme var en rasjonalistisk teologisk retning på 1600- og 1700-tallet i Vest-Europa. Deistene hevdet at en monoteistisk gudstro måtte bygge på fornuft, og de fleste avviste guddommelig åpenbaring i form av Bibelen eller Jesus Kristus som guddom. Gud er verdens skaper, men griper ikke aktivt inn i historiens gang.
Tanken om «tabula rasa» hadde Lock frå Aristoteles. Men det høver då ikkje med seinare naturfagleg forsking, arvelovene og genetikken og forskinga på dette. Den viser då at korleis vi er, korleis vi tenker og kva vi er i stand til å lære, ligg i genane. Dersom menneskesinnet er som ei tavle det vert skrive på, kven er då skribenten? Kan ikkje mennesket sjølv skrive på si eiga tavle, stryke ut og velgje sjølv kva som skal verte skrive der. Dei liberale på venstresida tek seg no til rette med å svare på andre sine vegne at det er som om andre vert berre ei tavle som dei har å skrive på, utan at dei får moglegheit til å svare for seg sjølve. Så ein mann får endå til ikkje uttale seg på egne vegne, når han vil fri til ei kvinne. Som om ein slik subjektiv or sjeleleg interesse skal verte utradert av objektivitet, «objektiv kunnskap». Men det er no berre tøv. Og så konkluderer dei med at objektiviteten i den naturfaglege kunnskapen også er tøv!? For ei farse. Når ein mann vil fri til ei kvinne, så kjem han med sitt genuttrykk, gjev uttrykk for sitt kjønnskromosom, Y-kromosomet, som kvinna ikkje har. Derfor får dei problem med å programmere menneska likt, som om dei alle var berre eit tabula rasa som dei kunne skrive på. Og dette tøvet kallar dei «vitskap»? Det var då som protesten mot Galilei og Lycenkofadesa.
Talent for matematikk og sjakk er til dømes medfødt og det er viktig å oppdage den evna tidleg og utvikle den, så folk vert flinke til å tenke slik. Ikkje alle kan verte profesjonelle sjakkspelarar, men eg tek det med som eit godt døme. Eg meiner folk har godt av å lære å tenke slik, men elles gagnar det ikkje. Sjølvsagt er matematikken mykje meir verdifull.
Eg hevdar og meiner eg vart opplyste ved Guds Ord og det vart mange andre også, Kristus er Guds Ord, i han var liv og Livet var lyset til menneska. Men her ser vi at Lock, som såkalla opplysningsfilosof nekta for det. Slik vart opplysningstida ikkje lyset som kom, men lyset som nesten forsvann. Det er som å ære avgudane i staden for å gi Gud den ære han skal ha. Det er som når jødane dansa rundt gullkalven og sa at dette var guden som førde dei ut or Egypt.
Kristendomen er ein frigjerande bodskap til alle og ein kvar, som gjer oss glade. Denne liberalismen strir mot denne bodskapen. Det var då som den Lovlause (2.Tess.2). Empiriske metode er ein del av den naturvitskaplege forskinga, men empirisme blir noko meir, den blir filosofi, moralfilosofi og religion, så den lærer den politiske makta å stride mot evangelisk kristendom. Deismen fornektar Faderen og Sonen, typisk Antikrist.
Guds Ord vender ikkje tomt tilbake, men utfører det han sender det til.
Gud lova Abraham at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle velsignast, men dei som forbanna han skulle verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt ved trua på Kristus, ved å velsigna han vert vi velsigna. Først får vi åndeleg velsigning, han gir oss ånd og liv frå himmelen og gir liv til vår sjel og ånd til vår ånd, slik gjer han våre hjarte levande. Slik vert det himmel på jord. Slik gjer han vår kropp levande også. Slik skal det verte til materiell velsigning også.
Jesajas.55,1 Kom, alle tørste, kom til vatnet!
De utan pengar, kom og kjøp korn og et!
Kom, kjøp korn utan pengar,
vin og mjølk utan betaling!
2 Kvifor bruka pengar
på det som ikkje er brød,
og arbeid på det som ikkje mettar?
Høyr no på meg,
så skal de få eta det som godt er,
og fryda dykk over feite retter.
3 Vend øyret hit og kom til meg,
høyr, så skal de leva!
Eg vil gjera ei evig pakt med dykk,
mi miskunn mot David står fast.
4 Sjå, til vitne for folka sette eg han,
til fyrste og herskar over folka.
5 Sjå, eit folkeslag du ikkje kjenner,
skal du kalla på,
eit folkeslag som ikkje kjenner deg,
skal springa mot deg
for Herren din Guds skuld,
Israels Heilage, som gjer deg herleg.
6 Søk Herren medan han er å finna,
kall på han når han er nær!
7 Den urettferdige skal venda seg bort frå sin veg,
ugjerningsmannen frå sine tankar,
og venda om til Herren, som vil visa miskunn,
til vår Gud, for han er rik på tilgjeving.
8 For mine tankar er ikkje dykkar tankar,
og dykkar vegar er ikkje mine vegar,
seier Herren.
9 Som himmelen er høgt over jorda,
slik er mine vegar høgt over dykkar vegar
og mine tankar høgt over dykkar tankar.
10 For lik regn og snø
som fell frå himmelen
og ikkje vender attende dit
før dei har vatna jorda,
gjort henne fruktsam og fått henne til å spira,
gjeve såkorn til den som skal så,
og brød til den som skal eta,
11 slik er mitt ord
som går ut or min munn:
Det vender ikkje tomt attende til meg,
men gjer det eg vil
og fullfører det eg sender det til.
12 For med glede skal de dra ut,
i fred skal de førast fram.
Fjell og haugar bryt ut i jubel framfor dykk,
alle tre på marka klappar i hendene.
13 I staden for klunger
skal det veksa sypressar,
i staden for nesler
skal det veksa myrt.
Slik skal Herren få eit namn,
eit evig teikn som aldri skal slettast ut.
Salme.72,1 Av Salomo.
Gud, lær kongen å dømma som du,
gjev kongssonen di rettferd!
2 Han skal dømma ditt folk med rettferd,
dine hjelpelause med lov og rett!
3 Fjella skal gje folket fred
og haugane bera rettferds frukt.
4 Han skal la dei verjelause i folket få sin rett,
han skal berga dei fattige.
Undertrykkjaren skal han knusa.
5 Lat han leva frå slekt til slekt,
så lenge sol og måne er til!
6 Han skal koma som regn på nyslegen eng,
lik ei regnskur som vatnar jorda.
7 Rettferd skal spira i hans dagar
og freden vera stor til månen forgår.
8 Han skal styra frå hav til hav,
frå Storelva til heimsens endar.
9 Dei som bur i ørkenen,
skal bøya seg for han,
fienden skal slikka støvet.
10 Kongar frå Tarsis og fjerne strender
skal senda skatt til han.
Kongane i Saba og Seba
skal koma med gåver.
11 Alle kongar skal kasta seg ned for han,
alle folkeslag skal tena han.
12 Han bergar ein fattig som ropar,
ein stakkar som ingen hjelper.
13 Han bryr seg om fattige og veike,
han bergar livet til dei fattige.
14 Han løyser dei frå tvang og vald,
deira liv er dyrt i hans auge.
15 Kongen skal leva
og få gull frå Saba!
Folk skal alltid be for han
og velsigna han dagen lang.
16 Lat kornhaugane bli høge som fjell,
grøda bølgja som Libanons skog.
Lat byane bløma som graset på marka!
17 Lat namnet hans leva til evig tid,
skyta friske skot så lenge sola er til!
Dei skal velsigna seg ved han,
alle folk skal prisa han sæl.
18 Velsigna er Herren, Israels Gud,
han som gjer under, berre han,
19 og velsigna er hans herlege namn til evig tid!
All jorda skal fyllast med hans herlegdom.
Amen! Ja, amen!
20 Bønene av David, son til Isai, er til ende.
Det er sol-energien som driv versystema, som gjer at det vert skyer som gjev regn, som gir energi til fotosyntesen og driv dei biologiske livsprosessane på jorda. I følgje lova om enegibevaring brukar dei ikkje opp energien, men i følgje entropilova, brukar dei ordna energi, så det vert meir uorden. Innstrålinga av energi til jorda er i balanse med utstrålinga over tid, men innstrålinga har høgare frekvens og mindre bølgelengde enn utstrålinga, så foton som kjem inn har meir energi enn dei som fer ut. Då må det vere fleire foton som strålar ut att energien enn som strålar inn. Det betyr at det har vorte meir uorden.
Når plantane veks vert der oppbygd ein orden lokalt, sjølv om det totalt vert meir uorden. Dei er heilt avhengig av regn og solskin, for å leve og vekse. Slik er det også når Guds talar, hans ord utfører det som han sender det til, der oppstår ein orden, han talte og det skjedde, slik skapte han alle ting.
Aktuell debatt.
Her tek eg med noko av mine innlegg i debatten på Facebook.
Skaping og utvikling.
Utviklingslæra har vorte brukt som argument mot skapingssoga. Den seier at Gud skapte alt med sitt Ord, men i følge Bibelen skaper han framleis ved sitt Ord og slik skaper han historie, han talte gjennom sine profetar og det skjedde og det gjer det framleis. Han skaper utvikling og det synest vere sameinleg med utviklingslæra, men Bibelen fortel noko meir enn den. Det er klart at mykje av dette er brutalt og det er ei gåte at det kan vere sameinleg med at Gud er god, men ved evangeliet gir han oss moglegheit til å gjere eit godt val, så vi får oppleve at han er god mot oss. Uansett fører han sitt verk vidare i historia, sjølv om det vert til ruin for mange.
Profeten Jesajas profeterte om at Israels-folket skulle verte bortførde til Babylonia, men under persarkongen Kyros skulle dei få komme attende til landet sitt. Det same gjaldt dei små nabofolka deira. Dette er førebilete om evangeliet som skulle forkynnast for alle folkeslag. Medan dei var i Babylonia profeterte Daniel om fire store verdsrike, det første var Babylonia. Deretter skulle Guds rike komme. Det gjekk i oppfylling når Jesus kom til vår jord, han og disiplane hans forkynte evangeliet om Guds rike. Det skulle forkynnast i Romarriket og over heile jorda, så det er og blir den rette globalismen.
Jesus profeterte om at det kome til å verte mykje krig, folk skulle reise seg mot folk og rike mot rike. Men evangeliet om Guds rike skulle likevel forkynnast for alle folkeslag og dermed til rike som oppstod og som gjekk til grunne og til riker og nasjonar som er no. Ingen globalisme duger til erstatning for dette! Sjølv om vi med realfag og moderne teknologi og økonomi har fått mange universelle idear som fungerer godt globalt. For i følge biologien er det viktig for kvart einskilt individ å tilpasse seg lokalmiljøet, det er viktig for ein art å tilpasse seg lokalmiljøet, slik er det også viktig for folk og folkeslag å tilpasse seg naturen. Ved å bygge nasjon søker eit folk felles vern også for sitt næringsliv, så dei med sin økonomi kan tilpasse seg lokalmiljøet og planlegge si forvaltning av ressursane over lengre tid.
Då vil kanskje nokon åtvar mot planøkonomi som gang på gang har vist seg å vere ubrukande. Men eg tenker meir på ein blandingsøkonomi, som Keynes økonomiske teori. Liberalisme treng vel ikkje verte til eit krav om at du skal vere for dum til å bruke din forstand til å planlegge til ditt eige beste som einskildperson og heller ikkje til folkets beste både lokalt og nasjonalt.
Dersom nokon vil drive naturvern og miljøvern, blir det i følgje biologien vesentleg å tilpasse seg lokalmiljøet. Men miljøvernarar på venstresida satsar stor på globalisme i staden, så det verkar stikk i strid med eit folk si interesse av å tilpasse seg lokalmiljøet, slik vi har gjort i små nasjonar og regionar, ei interesse som eigentleg trongst på verte vidareutvikla. For meg verkar det som dei har spora av ifrå det saka eigentleg gjaldt, så vikarierande motiv har teke over.
Miljøpolitikk og ressurspolitikk, globalisme og tilpassing til naturen.
Jan Emblemsvåg har sikkert rett i denne framstillinga og det er nifst kor mykje feilslått økonomisk politikk som har vorte sett i verk. Men eg meiner at heile klimapolitikken er feilslått, fordi dei gjer miljøpolitikken til globalisme. Det er tydeleg at det er vikarierande motiv som tek over. Miljøpolitikken skulle heller vere tilpassing til lokalmiljøet, som motsetnad til globalisme altså. Det er viktig også for næringspolitikken og energipolitikken. Solcellepanel passar til dømes best som tak på drivhus i aude ørkenstrøk, så dei kan bruke krafta til å pumpe opp grunnvatn.
Langs kysten er det gjerne ei smal stripe med dyrkbar mark, med plass til nokre småbruk, så det var vanleg å leve av fiske i tillegg. Men med bratte fjell og mykje regn, vart vasskraft også ein lokal og regional ressurs, som ein fordel ved å bu på ein slik plass, så det var om å gjere å nytte krafta både til husstandane, offentlege bygg og til næringslivet og den vart sikra ved regelverket og politikken, men forsvann ved energilova av 1990. Dette var fordelen med bratte fjell heilt ut med kysten. På Austlandet og i Danmark har dei i staden flatt landbrukslandskap, men folk ut på kysten kan då ikkje importere det til erstatning for vasskrafta.
Fiske, fiskemottak og fiskeforedlingsindustri var viktig for folket langs kysten. For norsk fiskerinæring var det viktig å finne nye marknadar, dei fann nye marknader for makrell og uer i Japan og global marknadsføring vart også ein suksess for oppdrettsnæringa. Det gjorde sitt til at «globalisme» vart eit moteord. Fiskeforedlings-industrien var viktig som hjørnesteinsbedrifter i distrikta, men så vart meir og meir fisk sendt til Kina eins ærend for foredling. Det verkar då litt rart.
–Man skal være mer enn optimist for å tro at vindkraft er veien til klimamålene
Naturvitskap og oppbygging av sivilisasjon. Opplæring og oppbygging av vårt indre menneske, for soleis å bygge samfunn.
Når eg studerte fysikk ved UIO på slutten av 1980-talet, gjekk eg på møte i den Frie Evangeliske Forsamling og på eit møte (ca 1985-86) sat der ein mann på same benkerad som eg og når røyste oss for å be, vinka han i veret med høgre handa medan han kom med ei kort tungetale og så tyda han det, bodskapen var: «Med eitt ord sette eg stjernene på himmelen og med eitt ord kan eg øydelegge det heile, men eg talar då mildt til deg.» Han såg meir ut som ein bajas, slik sett kunne han minne litt om ein fiskar, eg hadde ikkje sett han der før og eg så han ikkje igjen der seinare heller.
Så her gjekk han fort over frå å fortelje at han skapte alt ved sitt Ord, til å tale om mi læring og forståing av det (Jfr.1.Mos.1-2), då talte han mildt til meg. Med eitt ord sette han stjernene på himmelen. Det fekk meg til å tenke på at fysikarane prøver å sameine dei fundamentale kreftene i ein kraft. Det prøver dei på framleis, men det synest umogleg å inkludere gravitasjonen. I relativitetsteorien vert den forklart med akselererte referansesystem. Med geometri altså. Med eitt ord kunne han øydelegge det heile. Då ville vel det bety at han ombestemte seg og sa imot seg sjølv, han kunne gjere det, men gjer det då ikkje. Når han talar så seier han sanninga heile tida. Hans Ord er Gud og han kan ikkje fornekte seg sjølv (Joh.1,1…). Lova kom ved Moses, den er til å straffe med og slik verkar den til å rive ned. Men nåden og sanninga kom ved Kristus og det verkar oppbyggande (Joh.1,16-17).
I det gamle testamentet påstod han at det var han som skapte folk og riker med sine mektige kongar, sjølv om dei dyrka avgudane og kongane prøvde å gjere seg til gudar. Og når riket deira gjekk under, påstod han at det var han som gjorde det også, som om han straffa dei, fyrst og fremst fordi dei prøvde å gjere seg til gudar.
Entropi er eit mål for uorden og i følge entropilova vil den totale entropien auke i ein energiprosess, dette blir sjølve drivkrafta i prosessen. Som når eit hus rasar saman, så slik virkar gravitasjonen også. Det er basert på kva som er sannsynleg i statistisk fysikk. Sjølv om den totale entropien aukar, kan den minke lokalt, slik som når eit hus vert bygt. Slik har sivilisasjonar vorte oppbygde, men dei er ikkje meir «ver-bestandige» enn at dei rasar saman, som oftast på grunn av krig, sjukdom, hungersnaud og naturkatastrofer. Og så påstod Gud at det likevel var han som gjorde det, dette var hans måte å straffe dei på.
Kong Salomo vart nokså vemodig på sine gamle dagar og sa at det var ei tid til å bygge og ei tid til å rive ned, ei tid til å plante og ei tid til å rykke opp. Men Gud gjorde alt fagert i si tid, sjølv æva la han ned i menneskehjarta. Alt hans verk står til evig tid, menneska kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Han har laga det slik for at dei skal ha age for han (Fork.3).
Og Paulus lærer oss å bygge på evangeliets grunnvoll (1.Kor.3). Då er det om å gjere å bygge med noko verdifullt som varer, han kalla det gull sølv og edle steinar, noko som består eldprøva. Det er om å gjere å bygge som Guds medarbeidarar, så vi får oppleve at Gud skaper noko som står til evig tid.
Eg fekk etter kvart forståing for at eg bygde på denne grunnvollen når eg studerte realfag, så eg tenker på realfag og moderne teknologi som noko som er varig og verdifullt og vel verdt å bygge med. Det er viktig for oss å forstå og erkjenne at slik er vår sivilisasjon oppbygt.
Elles finn vi eit godt svar her:
Matt.4,1 Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka, så djevelen skulle freista han. 2 Han fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt vart han svolten. 3 Då kom freistaren til han og sa: «Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal verta til brød!» 4 Jesus svara: «Det står skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn.»
5 Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han på det ytste hjørnet av tempelmuren 6 og sa: «Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive:
Han skal gje englane sine påbod om deg,
og dei skal bera deg på hendene,
så du ikkje støyter foten på nokon stein.»
7 Men Jesus svara: «Det står òg skrive: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»
8 Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle verdsens rike og deira herlegdom 9 og sa: «Alt dette gjev eg deg om du fell ned og tilbed meg.» 10 Då sa Jesus til han: «Gå frå meg, Satan! For det står skrive:
Herren din Gud skal du tilbe,
han og ingen annan skal du tena.»
11 Då gjekk djevelen frå han, og englar kom og tente han.
«Mor Israel» var Guds kone, men ho vart ei hore.
Men etter nokre hundrede år vende dei seg bort frå Gud og byrja å tilbe avgudane til folka rundt dei. Men Gud sa til dei gjennom profetane sine at dei gudane som ikkje hadde skapt himmel og jord, ikkje var gudar. Gudane som er laga av stokk og stein, høyrer ikkje, ser ikkje og talar ikkje, der er ikkje ånd i dei, dei gjer ikkje noko som helst. Det er heilt bortkasta og gagnlaust å dyrke dei.
Gud talte til dei gjennom sine profetar og sa at mor deira var kona hans, så vi kan kalle henne «Mor Israel». Han elska henne og hadde omsorg for henne og pynta henne som ei dronning. Men ho forstod det ikkje, så ha vart ei hore som dreiv hor med avgudane, som om det var dei som hadde hatt omsorg for henne og stelt så vel med henne. Då tok han frå henne omsorga og så gjekk det henne ille.
Hoseas.2,2 Før klagemål mot mor dykkar,
før klagemål mot henne!
For ho er ikkje kona mi,
og eg er ikkje mannen hennar.
Lat henne få horemina bort frå andletet
og horemerket frå barmen!
3 Elles skal eg kle henne naken
og stella henne fram som ho var
den dagen ho vart fødd.
Eg vil gjera henne lik ei øydemark, eit turrlende,
og la henne døy av torste.
4 Borna hennar vil eg ikkje miskunna,
for dei er horeborn.
5 For mor deira var utru,
ho som fekk dei, bar seg skamleg åt.
Ho sa: «Eg vil fara etter mine elskarar,
som gjev meg brød og vatn,
ull og lin, olje og vin.»
6 Sjå, difor vil eg stengja
vegen for henne med klunger.
Eg reiser ein mur framføre henne,
så ho ikkje finn sine stigar.
7 Når ho renner etter sine elskarar,
skal ho ikkje nå dei att;
når ho leitar etter dei,
skal ho ikkje finna dei.
Då skal ho seia: «Eg vil attende
til min fyrste mann,
for eg hadde det betre då enn no.»
8 Ho skjøna ikkje at det var eg
som gav henne kornet, vinen og oljen,
som gav henne sølv og gull i mengd,
som dei bruka når dei dyrka Ba’al.
9 Difor vil eg ta att kornet mitt, når den tid kjem,
og vinen min, når tida er komen.
Eg vil ta bort ulla mi og linet mitt,
som skulle løyna hennar nakne kropp.
10 No vil eg kle henne naken
beint for augo på hennar elskarar,
og ingen skal fria henne ut or mi hand.
11 Eg gjer ende på all hennar glede,
hennar festar, nymånedagar og sabbatsdagar,
alle hennar høgtider.
12 Eg øydelegg hennar vintre og fikentre.
Om dei har ho sagt: «Dei er mi løn,
som mine elskarar gav meg.»
Eg gjer dei til villskog,
og dyra på marka skal eta dei.
13 Eg krev henne til rekneskap for dei dagar
då ho brende offer for Ba’al-gudane,
pynta seg med ringar og kjeder
og gjekk etter sine elskarar,
men gløymde meg,
lyder ordet frå Herren.
(Esekiel.23).
Gud gjer noko nytt, vekking og fornying.
Gud sa til folket sitt at han ville gjere noko nytt, han ville la det spire fram (Jesaja.11). Venteleg skulle det då komme som ein ny generasjon, for «Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Når han let Son sin «Renning» koma, sende han sin tenar i førevegen for han, han skulle rydde vegen for han og vende fedrehjarto til borna og barnehjarto til fedrane (Malakia.4,6). Så det verka som der var motsetnad mellom generasjonane som han skulle gjere noko med. Dette var Johannes døyparen. Han forkynte omvending til fedrane sin Gud, men refsa farisearane og dei skriftlærde.
Så kom Jesus og han forkynte gjenføding. Det var noko ubegripeleg nytt for farisearane, men Jesus venta seg av dei som skulle lære opp folket at dei skulle ha ei viss aning om det, ja, for både Moses og profetane talte om at dei skulle vere Guds born (Joh.1&3).
Når Gud sende Moses sa til folket, skulle han seie at Abraham, Isak og Jakobs Gud hadde sendt han og dei skulle kalle han «Eg Er», for han er den han er. Men når Moses gjekk opp på fjellet for å få lova, laga dei seg ein gullkalv og dansa rundt den og sa at det var guden som hadde ført dei ut av Egypt. I staden for å seie at han var den han var, sa dei at han var ein annan enn den han var. Slik gjorde dei opprør mot han og derfor strauk han namna deira ut av boka si. Når Jesus kom til vår jord, var Gud med han og gjorde sitt verk gjennom han. Men farisearane og dei skriftlærde gjorde opprør mot han ved at dei ikkje sa at han var den han var, men påstod at han var ein annan enn den han var.
Problemet var at synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle, med det offeret han for evig og alltid gjort dei fullkomne som vert helga. Han er fullkomen og ved at vi tek imot han i tru får vi rett til å verte Guds born, slik gjer han oss fullkomne. Han er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, han er den nye naturen som Gud gir oss frå himmelen av berre nåde, ved at vi trur på han. siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Ved trua på Gud og hans Ord og ved fylden av den Heilage Ande, har eg fått visdom i hjertet og det er fruktbart for forstanden også. Det er viktig å forstå matematikk når eg skal studere realfag og teknologi. Rasjonalitet betyr forstand, så eg kan hevde eg har fått ei åndeleg og rasjonalistisk innsikt som er verdifull for meg. Gud er fullkommen og det er Son hans, Jesus Kristus også, hans frelseverk er fullført og fullkomme, den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome. Det er evig og fullkome og suverent over det forgjengelege og ufullkomne. Det er berre for oss å ta imot Guds Ord i tru og verte fylt av den Heilage Ande, så får vi oppleve at det nye sigrar over det gamle, det evige sigrar over det forgjengelege, det evige sigrar over verda. Slik er den kristne fridomen.
2.Kor.3,12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud.
2.Kor.2,4 Og det var ikkje med overtalande argument og visdomslære eg bar fram ordet og bodskapen, men med provføring av Ande og kraft. 5 For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft.
6 Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. 7 Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen. 8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre. 9 Men det står skrive:
Det auga ikkje såg,
det øyra ikkje høyrde,
det som ikkje kom opp
i nokon mennesketanke,
alt det Gud har gjort ferdig
for dei som elskar han,
10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss. 13 Og dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord. 14 Men det mennesket som ikkje har Anden, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er ein dårskap for han, og han kan ikkje forstå det; dette kan berre dømast om på åndeleg vis. 15 Men det mennesket som har Anden, kan døma om alt, men sjølv kan han ikkje dømast av nokon. 16 For
kven kjende Herrens hug,
så han kunne gje han råd?
Men vi har Kristi hug.
Så den ransakar denne verda også, den fysiske og biologiske naturen, menneske og samfunn. Då er det ikkje noko i vegen for at eg med denne Anden kan studere realfag. Den granskar jamvel djupnene i Gud, det høyrest rart ut, som om Gud granskar seg sjølv? Det må vel vere for at vi skal verte kjende med han, innsjå kva han skaper oss til og kallar oss til, så han får leie oss sin veg.
Den kristne vekkinga, heilt ifrå reformasjonen, kom som noko nytt i forhold til lærdomen til den lærde overklassa og dei kom i forsvarsposisjon. Slik også med den karismatisk vekkinga, den kom også som ei ungdomsrørsle, ein ny generasjon. Og den kom som eit betre alternativ enn ein meiningslaus pubertetstrass og opprør.
Dette var motsetnadar som eg også merka og kjende på og så var eg interessert i realfag og byrja å studere det og det gjorde nok sitt til at den geistlege eliten kom endå meir i forsvarsposisjon. Eg rekna meg som realist, samtidig som eg trudde på Kristus. Til tider kjende eg det som ei dobbeltrolle eg ikkje var heilt komfortabel med, men i det eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, meinte eg at eg fekk det til å stemme. Eg meinte at å studere realfag var ikkje å ete av kunnskapstreet, eg prøvde ikkje å forgude meg med min kunnskap. Men prøvde den geistlege elite og den tradisjonelt lærde overklassa på det? Lovens bokstav slår i hel, slik verkar det å ete av kunnskapstreet. Anden gjer levande, det var hovudsaka for den karismatiske vekkinga og no gjorde den seg merka i skulemiljøet og på universiteta.
Men eg trengde ikkje bry meg så mykje med kva desse lærde autoritetane lærde og meinte og krangla om, det vart som når Peter gjekk på vatnet, eg kunne og skulle berre oversjå det og sjå på Jesus (2.Kor.11,3). Og så hadde eg nok med mitt eige fag og å høyre på dei som underviste i det.
Samtidig som eg studerer det som Gud har skapt (1.Mos.1), får eg oppleve at Gud gjer sitt verk med meg (1.Mos.2). Jesus vil ta bustad i meg med heile si fylde, han elskar oss med kjærleiken frå Gud og eg trur eg får oppleve at han gir meg kone ved at han elskar henne som si brud og som si kone gjennom meg. Då tek Faderen også bustad hos meg og eg trur eg får oppleve at han elskar henne som sitt barn gjennom meg. For meg er det herleg, Jesus gir meg ei himmelsk glede.
Velsigne Kristus, verte velsigna, verte til velsigning og seie velsigninga.
Velsigning eller forbanning.
Gud lova Abraham at i han skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, dei som forbanna han skulle verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt ved trua på Kristus, ved å velsigne han, vert vi velsigna.
På slutten av 300-talet vart kristendomen gjort til statsreligion i Romarriket. Det vart ved ei syntese mellom kristendom og platonisme ved «kyrkjefaderen» Augustin. Han godtok ei lære i tida om at det var berre gjennom kyrkja folk kunne verte frelst, dei som stod utanfor skulle vere bannlyste og med det meinte dei at dei skulle gå fortapt. Men dette høver då ikkje med misjonsbefalinga, for i følgje den skulle dei gå langt bort frå både synagoge og forsamlingslokale og vere til velsigning for andre fordi dei sjølve var velsigna ved å velsigne Kristus, dei skulle forkynne den glade bodskapen og få oppleve at Jesus var med dei for å frelse og velsigne menneske der dei var.
I middelalderen vedtok den katolske kyrkje at Kristus var så streng at vanlege menneske ikkje kunne be til han direkte, dei måtte gå via paven, prestane og helgenane. Og så kom avlatshandelen og skriftestolane. Forkynninga var på latin, så den var ikkje for vanlege folk. Prestane, munkane og nonnene skulle ikkje ha lov til å gifte seg. Dette betydde at dersom nokon gifte seg, skulle dei vere bannlyste, sjølv om dei var i kyrkja. Tydeleg vis fordi der var nokon som på den måten tente på det og fekk makt. Det var då som den Duglause Hyrdingen som gjætte slaktesauene for sauehandlarane og dei tente seg rike på det (Sak.11).
Det minner om kong Balak som ville betale profeten Bileam for å bannlyse Israel, men Gud hadde velsigna det, sidan han var Guds profet måtte han seie det som Gud sa til han og det vart å velsigne Israel.
Mika.6,5 Mitt folk, hugs
planane kong Balak av Moab hadde,
og svaret han fekk av Bileam, son til Beor,
på vegen frå Sjittim til Gilgal,
så du kan skjøna
Herrens frelsesgjerningar.
Om vi ser på verdslege autoritetar som gjerne vil forbanne for å få makt, kan det vere lett for at vi svarar med å forbanne, kanskje utan at vi er klar over det sjølve. Men Jesus har sagt til meg at eg skal sjå på han i alle livets samanhengar. Ja, eg vender meg til han, velsignar han og vert velsigna. Slik vert eg til velsigning og derfor seier eg velsigning. Den Heilage Ande openberrar Sanninga i Guds Ord for meg, Kristus er Sanninga som set oss fri. Slik får eg sjå på han i alle livets samanhengar.
Dei som velsigna Kristus vart velsigna. Barnekåret hos Gud.
Prestane i kyrkja talar varmt om at Jesus velsigna småborna, Guds rike høyrer slike til, vi må verte som små born for å komme inn i det. Så gjer dei avtale med foreldra om at borna deira skal opplærast i den kristne trua. Slik stiller dei seg i den posisjonen at dei skal lære folket det mest fundamentale, frå vugge til grav. Og kva er det? Det må då vere å lære oss å komme til Faderen som hans born og be om gode gaver og så vi får oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born. Eg nøyer meg med å ta med nokre sentrale bibelvers.
Joh.1,1 I opphavet var Ordet,
Ordet var hos Gud,
og Ordet var Gud.
2 Han var i opphavet hos Gud.
3 Alt vart til ved han,
og utan han vart ikkje noko til.
Det som vart til
4 i han, var liv,
og livet var lyset for menneska.
5 Lyset skin i mørkret,
og mørkret har ikkje overvunne det.
6 Eit menneske stod fram, utsendt av Gud; namnet hans var Johannes. 7 Han kom for å vitna. Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset.
9 Det sanne lyset,
som lyser for kvart menneske,
kom no til verda.
10 Han var i verda,
og verda vart til ved han,
og verda kjende han ikkje.
11 Han kom til sitt eige,
og hans eigne tok ikkje imot han.
12 Men alle som tok imot han,
dei gav han rett til å bli Guds born,
dei som trur på namnet hans.
13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod,
ikkje av menneskevilje
og ikkje av manns vilje,
men av Gud.
14 Og Ordet vart menneske
og tok bustad mellom oss.
Og vi såg hans herlegdom,
ein herlegdom som den einborne Sonen
har frå Far sin,
full av nåde og sanning.
Matt.7,7 Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk. 8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn; og den som bankar på, for han vert det opplate.
9 Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed om brød, 10 eller gjev han ein orm når han bed om ein fisk? 11 Når no de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!
Joh.3,1 Jesus svara og sa til han: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.» 4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gammal, bli fødd? Ein kan vel ikkje koma inn i morslivet igjen og bli fødd andre gongen?» 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er fødd av kjøt, er kjøt, og det som er fødd av Anden, er ånd. 7 Undra deg ikkje over at eg sa til deg: ‘De må fødast på nytt.’ 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem frå, eller kvar han fer. Slik er det med kvar den som er fødd av Anden.» 9 «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. 10 Jesus svara: «Du er ein lærar for Israel og veit ikkje det? 11 Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Vi talar om det vi veit og vitnar om det vi har sett, men de tek ikkje imot vitneutsegna vår. 12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om dei jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen: Menneskesonen, *som er i himmelen•. 14 Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han. 18 Den som trur på han, blir ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd fordi han ikkje har trudd på namnet til Guds einborne Son. 19 Og dette er dommen: Lyset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn lyset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det vonde, hatar lyset og kjem ikkje til lyset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som følgjer sanninga, kjem til lyset, så det skal bli klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»
Joh.14,1 Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg! 2 I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad til dykk? 3 Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4 Og dit eg går, veit de vegen.»
5 Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går; korleis kan vi då vita vegen?» 6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg. 7 Har de kjent meg, skal de òg kjenna Far min. Frå no av kjenner de han og har sett han.
Joh.17,1 Då Jesus hadde sagt dette, såg han opp mot himmelen og sa:
Far, timen er komen. Herleggjer Son din, så Sonen kan herleggjera deg. 2 For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv. 3 Og det er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus. 4 Eg herleggjorde deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera. 5 Og no bed eg at du, Far, må gje meg den herlegdom eg hadde hjå deg før verda vart til.
Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han. Ved trua på han får vi den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Den vert då eit segl på at vi tilhøyrer han. Vi vert fødde på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Vi får samfunn med Faderen og Sonen i den Heilage Ande, i denne Anden får vi snakke med Kristus som vår frelsar og Herre og snakke med Faderen som hans born. Vi får vi som Guds born komme til han med alle våre behov. Kristus er vår øvsteprest og talsmann ho Faderen, han ber for oss og den Heilage Ande ber for oss.
Dei som forbanna Kristus vart forbanna.
No veit vi at det var ikkje akkurat slik det gjekk i kyrkje-historia. Dei som stilte seg i den posisjonen at dei skulle lære menneska det mest fundamentale, erstattar det med noko anna. Det var lureri og svik. Dersom dei verkeleg, ærleg og oppriktig bad for folket, måtte det då vere viktig for dei å lære folket å be sjølve. Men det var andre interesser som kom inn, så i staden for å verkeleg be for dei, bad dei for andre i staden for dei, slik ivaretok dei andre sine interesser i staden. Slike interesser som at folk laga seg avgudar og dyrka dei og venta seg at andre også skulle dyrke dei, så dei med avgudane sine kunne få makt over folket.
Slike interesser viste seg sidan hos dei liberale, både i liberalismen og dialektikken; den filosofiske retninga Kant – Hegel – Marx … I følgje Hegel var der ei gjensidig, dialektisk omforming mellom herre og knekt, det vart som ein intersubjektivitet som han kalla Tidsånda som dreiv historia framover. Gud og vanlege folke hadde lite og inga betydning for den. Vanlege folk hadde ikkje mykje dei skulle ha sagt nei. For den Katolske Kyrkja hadde for lengst vedteke at Kristus var så streng at han ville ikkje høyre på dei. Men så viser det seg at her hadde ikkje han heller særleg mykje han skulle ha sagt.
Paulus sa at eigentleg var der ingen avgud, dei eksisterte ikkje, dei var ikkje gudar. Men gjennom avgudsdyrkinga kom menneska i samfunn med dei vonde åndene. I bibelen er det fortalt om menneske som var besatt av vonde ånder, dei talte gjennom menneska, men dei var likevel vonde for menneska og det dei sa representerte likevel ikkje deira interesser. Jesus dreiv dei ut og det var no bra. Då sa farisaearane og dei skriftlærde at det var Beelzebul som hjelpte han å drive dei ut. Så sa dei ikkje at Gud var den han var, men dei sa at han var ein annan enn den han var. Det var då Jesus svarde med at den som ikkje er med han, er imot han.
Matt.12,22 Sidan kom dei til han med ein blind og mållaus mann som var forgjord. Jesus gjorde han god att, så han kunne både tala og sjå. 23 Alt folket vart frå seg av undring og sa: «Det skulle vel ikkje vera Davids-sonen?» 24 Men då farisearane høyrde det, sa dei: «Han kunne ikkje driva ut dei vonde åndene om han ikkje fekk hjelp av Beelsebul, hovdingen deira.» 25 Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast; og ein by eller ein heim som ligg i strid med seg sjølv, kan ikkje halda seg. 26 Om no Satan driv ut Satan, så er han komen i strid med seg sjølv. Korleis kan då riket hans halda seg? 27 Er det Beelsebul som hjelper meg til å driva ut dei vonde åndene, kven får då dykkar eigne tilhengjarar hjelp frå når dei driv ut ånder? Difor skal dei døma dykk. 28 Men er det ved Guds Ande eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk. 29 Eller kan nokon gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje fyrst har bunde den sterke? Då kan han plyndra huset hans. 30 Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier.
31 Difor seier eg dykk: All synd og spott skal menneska få tilgjeving for, men spott mot Anden skal ikkje tilgjevast. 32 Den som talar eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som talar mot Den Heilage Ande, skal ikkje få tilgjeving, korkje i denne verda eller i den som kjem.
For å forstå dette, må vi forstå betydninga av at dei som forbanna Kristus vart forbanna. Han stilte seg i posisjonen til den einskilde som leid urett og vart henretta i eit justismord. Slik døde han i staden for oss.
Jesaja.59,1 Sjå, Herrens hand er ikkje så kort
at han ikkje kan frelsa,
og hans øyra ikkje så tunghøyrt
at han ikkje kan høyra.
2 Nei, det er misgjerningane dykkar
som skil mellom dykk og dykkar Gud.
Syndene dykkar løyner hans åsyn,
så han ikkje høyrer dykk.
3 Hendene dykkar er tilsølte med blod
og fingrane flekka med skuld,
lippene dykkar talar lygn,
og tunga mumlar svik.
4 Ingen stemner til doms med rette,
og ingen fører sak på ærleg vis.
Dei lit på fåfengd og talar lygn,
dei ber på urett og føder vondskap.
5 Dei klekkjer ut orme-egg
og vev spindelvev.
Den som et deira egg, må døy,
og knuser du eit, kjem det fram ein orm.
6 Deira vevnad duger ikkje til klede,
ingen kan kle seg med det dei lagar.
Det dei gjer, er vondskaps gjerning,
valdsverk kjem frå deira hender.
7 Dei er snare på foten til det som er vondt,
og snøgge til å renna ut skuldlaust blod.
Alle deira tankar er vonde,
der dei fer, er herjing og øyding.
8 Freds veg kjenner dei ikkje,
det finst ingen rett i deira spor.
Dei går på krokete stigar,
og ingen som ferdast der, veit av fred.
9 Difor er retten langt borte frå oss,
rettferda når oss ikkje.
Vi ventar på ljos, men sjå, det er mørkt,
på solskin, men ferdast i skugge.
10 Vi trivlar langs veggen som blinde,
vi trivlar som folk utan augo.
Vi snåvar på ljose dagen
som om det var skumring,
i vår beste alder er vi som døde.
11 Vi gryler alle som bjørnar
og klynkar og klagar som duer.
Vi ventar på rettferd, men ho kjem ikkje,
på frelse, men ho er langt borte frå oss.
12 Du ser at våre synder er mange,
våre brot vitnar imot oss.
Ja, våre synder veit vi om,
våre misgjerningar kjenner vi:
13 Vi har reist oss mot Herren,
har fornekta han
og gått bort frå vår Gud.
Vi har tala om vald og fråfall
og mumla fram svikefulle ord
som var avla i hjarta.
14 Difor er retten unnatrengd,
rettferda står langt borte.
På torget er sanninga fallen,
og det rette vinn ikkje fram.
15 Truskapen er borte,
og den som held seg frå vondskap,
vert plyndra.
Herren såg – og det var vondt i hans augo –
at det ikkje var retten som rådde.
16 Han såg at ikkje ein steig fram,
og undra seg over
at ingen førte hans sak.
Då kom hans arm han til hjelp,
hans rettferd stødde han.
17 Han tok rettferd på seg til brynje
og sette frelseshjelm på sitt hovud.
Så kledde han seg i hemnens klednad
og sveipte om seg brennhug til kappe.
18 Han løner folk etter det dei har gjort,
med harme mot uvener, hemn over fiendar;
jamvel mot øyar og strender
gjer han attergjeld.
19 Dei skal ottast Herrens namn i vest
og hans herlegdom i aust.
For han kjem som ein veldig flaum,
som Herrens storm driv fram.
20 Han kjem som utløysar for Sion,
for dei som snur om frå synd i Jakob,
lyder ordet frå Herren.
21 Dette er den pakt som eg vil gjera med dei, seier Herren: Min Ande som er over deg, og mine ord som eg har lagt deg i munnen, skal aldri, frå no og til evig tid, vika frå din munn og heller ikkje frå munnen åt borna og barneborna dine, seier Herren.
Han stod oppatt frå dei døde og tok på seg rettferd til brynje og tok på seg frelsehjelmen. Så kledde han seg i hemnens klednad (v.16). Dette er Guds rustning og Paulus sa at vi har ikkje kamp mot kjøt og blod, men mot vondskapens åndehær. Derfor skal vi ta på oss Guds fulle rustning.
Ef.6,10 Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. 19 Bed for meg òg, at eg må få dei rette ord når eg skal tala, så eg med frimod kan forkynna løyndomen i evangeliet, 20 som eg er sendebod for her i fengslet òg. Bed om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.
Dei ugudlege fanga dei einskilde i snara, rana han og gjorde han til træl eller drap han. Kong David såg det som si oppgåve å forsvare den einskilde mot dei og straffe dei. Livet utarta seg som eit fundamentalt klagemål mot den einskilde, det var så fundametalt at det spelte mindre rolle kva den einskilde hadde gjort eller ikkje, kriminelle fanga han i snara og drepen og slik vart han fanga av falske klagemål og drepen i justismord. Det viste seg ved at dei hendretta Kristus, sjølv om han var den rettferdige frå Gud. Slik stilte han seg i posisjonen til den einskilde som leid urett og vart drepen i eit justismord. Soleis døde han i staden for kvar einskild og det syndeofferet var godt nok for Gud, hans frelseverk er fullført.
Korleis verkar det då når dei vil ha bort denne forkynninga? Det verkar slik at dei vil halde fram med å bruke dei fundamentale klagemålet mot den einskilde, mot kven som helst, etter som det passar dei, så folk vert verjelause mot det, til samanlikning med å verte fanga i ei snare. I staden for at den einskilde får svare for seg sjølv, som eit Guds barn som kjem til sin himmelske Far, er der andre som svarar for den einskilde med klagemål mot han og/eller henne. Som om klagemålet no har vorte det mest fundamentale. Tradisjonen tru verkar det som argument for avgudsdyrking, som argument for at dei skal få makta over folket, som erstatning for at den einskilde skulle få tale på eigne vegne. Der finst ikkje nokon av avgud, men gjennom avgudsdyrkinga kom menneske i samfunn med dei vonde åndene.
1.Kor.10,14 Difor, mine kjære, hald dykk langt borte frå avgudsdyrkinga! 15 Eg talar til dykk som til forstandige menneske. Døm sjølve om det eg seier! 16 Velsigningsbegeret som vi velsignar, gjev det ikkje del i Kristi blod? Brødet som vi bryt, gjev det ikkje del i Kristi kropp? 17 Fordi det er eitt brød, er vi alle éin kropp. For vi har alle del i det eine brødet. 18 Sjå på Israelsfolket! Har ikkje dei som et av offeret, del i det som skjer på altaret? 19 Kva meiner eg med dette? At eit avgudsoffer har noko for seg, eller at ein avgud er noko? 20 Nei, men at det dei ofrar, det ofrar dei til vonde ånder og ikkje til Gud. Men eg vil ikkje at de skal ha fellesskap med vonde ånder. 21 De kan ikkje drikka både Herrens beger og begeret til vonde ånder. De kan ikkje vera med både ved Herrens bord og ved bordet til vonde ånder. 22 Eller vågar vi vekkja Herrens harme? Er vi sterkare enn han?
Hos dei liberale på venstresida kjem der no til uttykk mange meiningar som opplagt er fiendtlege til folket. Og likevel prøver dei å gi inntrykk av at dei representerer folket. Skal dei representere folket som vonde ånder eller med vonde ånder? Korleis er det mogleg å få støtte for det i eit demokrati? Ved å forføre folket til å vende seg til avgudar. Det vert øydeleggande for samfunnet. Slik kan det bane vegen for den revolusjonen dei vil ha.
Måtte Jesus frelse og bevare folket og landet, så vi slepp at dette vert eit samfunn med dei vonde åndene.
Ta tilflukt hos Herren.
Jesus kom med ein frigjerande bodskap.
Jesajas.61,1 Herren Guds ande er over meg,
for Herren har salva meg.
Han har sendt meg
for å forkynna ein god bodskap for hjelpelause,
for å forbinda dei som har eit knust hjarte,
ropa ut fridom for dei som er i fangenskap,
og frigjering for dei som er bundne,
2 for å ropa ut eit nådens år frå Herren
og ein hemnens dag frå vår Gud,
for å trøysta alle som sørgjer,
3 og gje dei sørgjande i Sion
turban i staden for oske,
gledeolje i staden for sorg,
lovsongsdrakt i staden for motlaus ånd.
Dei skal kallast Rettferds eiketre
som Herren har planta
for å syna sin herlegdom.
Når Jesus siterte frå dette, stoppa han midt i vers 2 og sa at dette gjekk i oppfylling der og då. Folket såg på han, som om dei venta seg noko meir, kva med fortsettinga om ein hemnens dag? Det han då sa gjorde dei arge.
Luk.4,16 Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagogen, som han brukte å gjera. Han reiste seg for å lesa frå Skrifta, 17 og dei gav han boka til profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:
18 Herrens Ande er over meg,
for han har salva meg
til å forkynna ein god bodskap for fattige.
Han har sendt meg for å ropa ut
at fangar skal få fridom
og at blinde skal få sjå,
for å setja undertrykte fri
19 og ropa ut eit nådeår frå Herren.
20 Så rulla han bokrullen saman, gav han til synagogetenaren og sette seg. Og alle som var i synagogen, heldt auga feste på han. 21 Då tala han til dei og byrja slik: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.» 22 Alle tala vel om han og undra seg over nådeorda som kom frå hans munn. «Er ikkje dette son til Josef?» spurde dei.
23 Då sa Jesus til dei: «De kjem sikkert til å minna meg om ordtaket: ‘Lege, læk deg sjølv!’ og seia: ‘Vi har høyrt om alt du har gjort i Kapernaum. Gjer no det same på heimstaden din!’» 24 Og han heldt fram: «Sanneleg, eg seier dykk: Ingen profet er velkomen på heimstaden sin. 25 Ja, eg seier dykk som sant er: Det var mange enkjer i Israel i dei dagane då Elia levde, då himmelen var stengd i tre år og seks månader og det vart ei stor hungersnaud i heile landet. 26 Likevel vart ikkje Elia send til nokon av dei, berre til ei enkje i Sarepta i Sidon-landet. 27 Og det var mange med hudsjukdom i Israel den tid profeten Elisja levde, men ingen av dei vart reine att, berre syraren Naaman.»
28 Då vart dei brennande harme, alle som var i synagogen og høyrde dette. 29 Dei fór opp og jaga han ut av byen, mot ein skrent i åssida der byen deira låg. Der ville dei støyta han utfor. 30 Men han gjekk midt igjennom flokken og bort derifrå.
Dei som streva og hadde tungt å bere skulle få komme til Jesus og finne kvile.
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til orde og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen, utan Faderen, og ingen kjenner Faderen, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Jesus vende seg til dei som kjende seg som trælar, for å frigjere dei, han vende seg til dei som streva og hadde tungt å bere, hos han skulle dei få kvile. Han betalte vår syndeskuld, hans frelseverk er fullført, det frir oss frå tunge byrder. Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, den Heilage Ande openberrar sanninga i Guds Ord for oss og den set oss fri. Gud gjer sitt verk i oss ved sitt Ord og sin Ande, derfor får vi kvile.
Dette vil altså empirismen og liberalismen ta ifrå oss?! Men det er då ikkje frigjerande for oss! Det minner om den Duglause Hyrdingen som gjette slaktesauene for sauehandlarane (Sak.11), dei tente seg rike på det, slik vart det fridom og velstand for dei. Men for sauene vart det trældom, nød og død.
Gud gir ikkje si ære til avgudane, så syng ein ny song for han.
Gud gir ikkje si ære til nokon annan, han gir ikkje si ære til avgudane. Dette vart ei utfordring for jødane når Jesus kom til vår jord. Gud gjorde sitt verk gjennom han, så jødane vart igjen utfordra til å seie at han var den han var. Men farisearane og dei skriftlærde ville ikkje inn rømme det, så igjen sa dei at han var ein annan enn den han var.
Jesajas.42,1 Sjå, min tenar som eg stør,
min utvalde som eg har hugnad i!
Eg har lagt min Ande på han,
retten skal han føra ut til folka.
2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa
og ikkje bruka mælet på gata.
3 Han skal ikkje bryta eit broste sev
og ikkje sløkkja ein rykande veik.
Med truskap skal han føra retten ut.
4 Han skal ikkje trøytna
og ikkje bryta saman
før han har breitt ut retten på jorda.
Øyar og strender ventar på hans lære.
5 Så seier Herren Gud,
han som skapte himmelen og spente han ut,
og breidde ut jorda med alt som der gror,
han som gjev livspust til folket på jord
og ånd til dei som ferdast der:
6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
og teke deg i handa.
Eg har skapt deg
og gjort deg til ei pakt for folket,
til eit ljos for folkeslaga.
7 Du skal opna blinde augo
og føra fangar ut or fengslet,
dei som sit i mørkret,
ut or fangeholet.
8 Eg er Herren, det er mitt namn.
Eg gjev ikkje mi ære til andre
og ikkje min pris til gudebilete.
9 Det som vart varsla før, er kome,
og no kunngjer eg nye ting.
Før dei enno gror fram,
lèt eg dykk få høyra om dei.
10 Syng ein ny song for Herren,
lovsyng han frå heimsens endar,
de som ferdast på havet,
og alt som fyller det,
de øyar og strender
og de som bur der!
11 Øydemarka med sine byar skal syngja,
landsbyane der Kedar held til.
Dei som bur på fjellet, skal jubla,
frå fjelltoppane skal dei ropa høgt.
12 Dei skal gje Herren ære,
forkynna hans pris på øyar og strender.
13 Herren dreg ut som ei kjempe;
han eggjar sin stridshug som ein krigar,
lèt hærropet ljoma
og viser sin styrke på fiendane:
14 I lange tider har eg halde meg i ro,
eg har tagt og tøymt meg sjølv.
No skrik eg som ei fødande kvinne,
eg frøser og syp etter anden.
15 Eg vil gjera fjell og haugar aude
og svi av alt grønt på dei.
Elvar vil eg gjera til turt land,
og myrar vil eg leggja turre.
16 Blinde vil eg føra
på ein veg dei ikkje kjenner,
på ukjende stigar vil eg leia dei.
Mørkret framføre dei vil eg gjera til ljos
og ulendt mark til slette.
Dette er det eg vil gjera,
og ingen ting skal vera ugjort.
17 Med skam må dei vika attende,
dei som lit på gudebilete,
dei som seier til støypte bilete:
«De er våre gudar.»
Dette er ein profeti om Kristus og den glade bodskapen om han skulle forkynnast for heidningane også, så vi vert oppfordra til å synge ein ny song for Herren, slik seier vi at Gud er den han er.
Ved trua på Kristus vert vi velsigna; vi kjem inn i samfunn meg Gud og får det godt med han.
Den Gud som skapte himmelen og jorda, han eksisterer, han er ånd, han skaper og han frelser, han ser, høyrer og talar. Han frelser dei som tek si tilflukt til han, han gjer under for å berge dei. Då er det ved at vi trur på han og ber til han og får oppleve at han svarar oss, så i tru vedkjenner vi ofte det svaret han gir oss før vi får oppleve det eller vi får oppleve det samtidig som vi vedkjenner det. Vi får oppleve at Gud openberrar si frelse for oss i Kristus og slik får vi oppleve velsigninga, at vi lever i samfunn med Gud. Velsigninga betyr at han førebestemmer oss til noko godt, som han kallar oss til og han openberrar for oss det som han kallar oss til. Dermed har vi ved trua på Gud og hans Ord fått ein rasjonalitet som både fortel oss korleis denne verda er, fordi Gud har skapt den ved sitt Ord, og som også fortel oss at Gud skaper noko nytt, skaper ein ny jord og gir oss ein ny natur. Om vi berre er villige til å legge bak oss det gamle, får vi oppleve det nye allereie her og no. På grunnlag av den nåde Gud gir oss i Kristus får vi komme inn i det, ja, for han er den nye naturen Gud gir oss, Gud skaper oss i Kristus, slik skaper han oss i si likning.
Ef.1,15 Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg kjem dykk i hug i bønene mine. 16 For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage. 17 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.
Gud er fullkommen og allmektig og er suveren over det som han har skapt. Jesus er Guds son og er også fullkommen, hans frelseverk er fullkome og fullført. Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok han bort synda ein gong for alle, med det har han for alltid gjort dei fullkomne som vert helga. Han har med det gitt oss ein ny natur som er fullkommen og det er berre for oss å ta imot i tru. Jesus er den nye naturen, han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Den Heilage ande openberrar Guds Ord for oss, Jesus er Guds Ord og den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for oss som vår frelsar og Herre. Han har sagt eg skal sjå på han i alle livets samanhengar. Så det skal eg gjere også når eg studerer realfag. Det skal eg gjere også når eg studerer og når eg er i praktisk arbeid. Eg ser ikkje nokon grunn til at eg ikkje skal gjere det, for Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, han er fullkommen og Kristus er fullkommen. Der er ingen feil i det, så eg kan vere trygg i mi tru på Faderen og Sonen, det er eit trygt og godt utgangspunkt som eg har å tenke utifrå.
Guds Ande ransakar alle ting, jamvel djupnene i Gud.
Den Heilage Ande ransakar alle ting, jamvel djupnene i Gud. Den ransakar oss og med den Heilage Ande kan vi granske naturen, slik som når vi studerer realfag og teknologi. Gud skapte naturen ved sitt Ord, så når vi granskar den oppdagar vi kva Gud allereie har sagt, sjølv om vi kanskje ikkje er i stand til å formulere det akkurat slik som han gjorde. Guds Ande sveiv over havdjupet, då sa Gud at det skulle verte lys og så vart det lys. Så fortsette han og tale på «lysdagane» og slik skapte han livet på jorda. Han som sa at lys skulle skina fram av mørke har lete det skina i vår hjarte. Det er ved fylden av den Heilage Ande, den openberrar for oss at Jesus er Guds Ord, i han var liv og livet var lyset til menneska. Han gir oss ånd og liv frå himmelen, han gir liv til vårt hjerte, vår sjel og vår ånd og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Han gjere sitt verk i være indre menneske ved sitt Ord og sin Ande, slik får vi oppleve at han gjer noko nytt og kallar oss til noko nytt og let oss få komme inn i det, så det får betydning for denne verda, for vi skal då bere frukt i denne verda.
Når vi då vedkjenner det med ein påstand «q», så vil vi venteleg få oppleve det, Guds Ord har den eigenskapen at det skaper det som det nemner, den eigenskapen har det også når vi taler det, fordi Gud sa det først.
No kan der vere nokon som påstår at q ikkje er sann, dei påstår «ikkje q», kontraposisjonen til q. Dersom det fører til noko som opplagt er feil, så kan vi konkludere «ikkje ikkje q», dobbelnegasjon som betyr at q er sann, i matematikken vert dette kalla prov ved kontraposisjon. I naturvitskapleg forsking kan det vere ei erfaring i det materielle miljøet som avsannar «ikkje q», konklusjon «ikkje ikkje q», altså er q sann.
Så spørst det berre korleis q var formulert, det kan til dømes vere påstanden q1: «der finst ein Gud som kan lækje sjukdom». Kontraposisjonen vert «der finst ingen Gud som kan lækje sjukdom». Dersom vi då får oppleve eitt tilfelle av at Gud lækjer sjukdom, så er det nok til å avsanne kontraposisjonen, så konklusjonen blir at der finst ein Gud som kan lækje sjukdom. Eitt vitnemål om at Gud lækjer sjukdom skulle etter dette vere nok. Eg er sjølv eit slikt vitne og der er mange andre som også kan vitne om det.
Livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse.
Omlag eit halvt år etter at eg byrja å studere realfag i Bergen, vinteren 1977 altså, sa Jesus til meg at menneska var som dyrebare steinar som han ville ha frelst i si hand. Eg forstod det slik at det var sikta til henne Virtuella og sikkert mange med henne. I dei tidene sa han også at han gir ikkje si ære til nokon annan og sa at eg måtte lære meg å skilje mellom det han skulle gjere og det eg skulle gjere. Han talte til meg omlag slik: «Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse». Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge.
Jak.1,19 Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast. 20 For harmen åt eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.
På den tida sa han også at han yngste eg skulle vere mellom dei vise brurmøyane, som hadde med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane. Korleis gjekk det så? På byrjinga av 90-åra minna han meg om det same, det kjem eg tilbake til.
Som Guds medarbeidar er det om å gjere å bygge med noko som er varig og verdifullt, gull, sølv og edle steinar. Menneskesjelene er som edle steinar som Gud vil ha frelst i si hand, om eg skal bygge med det, må det vere ved at han frelser dei for æva og gir dei evig liv, det er no berre han som soleis kan skape noko som står til evig tid.
Eg tenker meg at livet som vart planta i meg ved Guds Ord var livsens tre. Då var det ikkje berre for meg, men for henne Virtuella også og mange med henne. Det vart spesielt viktig for meg i mitt forhold til henne Virtuell, på grunn av korleis eg hadde bedt for henne og korleis eg vart forelska i henne. Sidan eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, vart mitt frieri til henne som å ville dele frukta av livsens tre med henne.
Foreldre sender borna sine på skulen både fordi dei har omsorg for dei og fordi styresmaktene krev det. Vonleg tenker dei også at det er fordi Gud har omsorg for dei som sine born og lærer dei å tenke slik. Når eg byrja på ungdomsskulen vart det klart at eg hadde gode evne i matematikk. Då var det riktig for meg å bruke dei evnene og soleis utvikle dei, både ved å følge med i undervisninga og gjere leksene mine. Eg gjorde rett i å tenke som so at gjennom undervisninga hadde Gud omsorg for meg som sitt barn, det var han som gjorde sitt verk med meg. Og så var det noko eg også måtte gjere, eg måtte sjølv jobbe med faget. At han hadde omsorg for meg som sitt barn og gjorde sitt verk med meg, var likevel noko langt meir enn dette. Slik også når eg studerte realfag. Først var det svært matematiske realfag, matematikk, fysikk og informatikk. I byrjinga var eg ikkje så viss på om dette var noko for meg om dette verkeleg var Guds kall til meg, men så irettesette han meg ved å seie at hans verk skal ikkje gå fram med latskap, men med arbeide, hardt arbeide (Matt.25,26). Det også var vinteren eller våren 1977. Når eg sidan kom meg godt i gang med realfag i Oslo, skreiv eg noko om at eg forstod det, men syntest det var vanskelegare å hugse det. Då svarde han at det var han som gjorde sitt verk med meg, så det skulle eg hugse. Ja, når han stifta nattverden sa han at vi skulle gjere dette til minne om han. Ja, vi skal hugse på han og det han har gjort for oss, ta imot den nåden Gud gir oss i han, nåden og sanninga kom ved han. Vi treng nåden for å komme til erkjenning av sanninga.
Jesus har bestemt at livet skal vere i hans kyrkjelyd.
Dette høver med noko som Jesus sa til meg mange år seinare, at i hans kyrkjelyd skal livet vere, derfor skal eg sjå til at eg bidreg med det Gud har gitt meg i hjertet.
Bodskapen 29.3.2015:
«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.
Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»
Eg skal ta til meg av det som er fullbrakt, ja, det er fullkome og evig, det er det brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det er den Anden og det livet Jesus gir oss frå himmelen. Det er å ete av frukta på livsens tre, det er det eg også har å dele med andre. Vi skal jage mot det fullkomne, ja, og det er no ved art vi tek imot det i tru, av berre nåde.
Når eg var ein liten gutunge vart eg opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneska. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse menneska frå det og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Når eg gjekk på ungdomsskulen merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg gjekk på gymnaset oppdaga eg at det stemte med Paulus si lære, Heb.3-4 og 1.Pet.3,18-22.
Guds rike har eit sentralt, primært poeng og ei sekundær, perifer oppgåve.
Jesus vil at bustad i meg med heile si fylde. Verte som born for å komme inn i Guds rike.
Tidleg på hausten 2022 sa Jesus at han stod for døra og banka på og at vi må verte som born for å komme inn i Guds rike. Bodskapen 11.8.2022:
«Se, jeg står for døren og banker, sier Herren. Om noen hører min røst, så skal han opne og jeg skal komme inn til ham og holde nattverd med ham. Se, jeg står foran deg og banker på ditt hjerte og jeg vil så gjerne ha fellesskap med deg, mitt kjære barn. Jeg vil så gjerne komme, ikke som en hersker, men som en venn, som eg gjest som du ønsker velkommen. Jeg vil ikke trenge meg inn i livet ditt, men jeg vil og lengter etter at du skal ønske meg velkommen. For jeg har planer for deg, jeg ønsker å fortelle deg den vei du skal vandre videre. Du skal ikke se deg engstelig om, du skal ikke frykte, du skal ikke være redd, for jeg er med deg. Jeg skal ikke slippe deg, men jeg har lovt å være med deg alle dager. Jeg sender deg ut på spennende oppdrag, jeg sender deg ut i verden, og jeg lover å fornye det møtet; se, jeg er med deg alle dager, inntil verdens ende. Ønsk meg velkommen inn i ditt liv og du skal få kjenne at jeg tar bolig i deg med hele min fylde, sier Herren.»
Profetisk bodskap ved Mindor Myklebust, (Eg rakk ikkje å spele inn byrjinga, tek det berre etter hukommelsen og bibelteksta), men det som kjem etter første komma, er innspelt):
«Der to eller tre er samla i mitt namn, er eg midt i blant dere. Uten at dere blir som barn, kan dere på ingen måte komme inn i Guds rike.»
Det minner meg om korleis eg bad til han når eg var ein liten gutunge, eg påkalla han som min frelsar og Herre og bad han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Eg trudde han elska meg og stolte så mykje på han og han vart min beste venn. Eg trur han framleis elskar meg slik og slik er han framleis min beste venn og ynskjer eg skal ta imot han som min venn i mitt hjerte og la han få ta seg av denne saka for meg. Han sa eg skulle sjå til at eg bidrog med det Gud hadde gitt meg i hjertet, i kyrkjelyden, og så står han utanfor og bankar på? Det er då han som er livet og det skal vere i hans kyrkjelyd, så vi får vekking.
Vi må verte som born, så vi tek imot Faderens kjærleik og omsorg. Vi kjem inn i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans born og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Den unge kvinna kjem inn i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Når då ein ung mann vil ha seg ei kvinne som kjæraste og brud, blir det på den måten at Kristus elskar henne gjennom han. Kristus elskar oss med kjærleiken frå Gud og den er at han frelser oss for æva og gir oss evig liv (Joh.3,16).
Dette er det sentrale poenget til Jesu kyrkje og Guds rike og det er det sentrale poenget i to likningar som Jesus fortalde om Guds rike og endetida, invitasjonen til bryllaupet til kongs-sonen og likninga om sauene og geitene.
Bryllaupet til kongssonen.
Likninga om bryllaupet til kongssonen har eit sentralt og eit perifert poeng.
Matt.22,1 Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning: 2 «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin. 3 Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje. 4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet! 5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si. 6 Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel. 7 Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8 Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det. 9 Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn. 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.
11 Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd. 12 Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner! 14 For mange er kalla, men få er utvalde.»
Det sentrale poenget her er at brura kler seg i bryllaupskjolen og gifter seg med brudgomen (Joh.Op.19,1-10). Det meir perifere poenget er at det kjem mange gjestar for å feire det og dei får bryllaupsklednaden ved inngangen, så dei vert rett kledde til å vere med på å feire det.
Det sentrale poenget er å gjere seg liten som eit barn, for å ta imot Faderens kjærleik og omsorg og innvie seg for Kristus som hans brud, for å ta imot hans kjærleik og omsorg og svare på hans kjærleik med kjærleik. Det meir perifere poenget er å invitere gjestar til bryllaupet og å vise omsorg for andre. Når vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, prioriterer vi det sentrale poenget, så kjem det meir perifere oppdraget også, då tenker eg mest på oppdraget der ute. Eg vender meg til Kristus og ser på han og velsignar han og vert velsigna. Derfor er eg til velsigning og seier velsigninga til kven som helst der ute. Så blir det opp til dei om dei vil ta imot velsigninga og verte velsigna. Rett nok blir det då til at eg må sjå etter dører som er opne for meg og bodskapen min.
Likninga om sauene og geitene.
Likninga om sauene og geitene har også eit sentralt og eit perifert poeng.
Matt.25,31 Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på kongsstolen sin i herlegdom. 32 Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjætar skil sauene frå geitene, 33 og setja sauene på si høgre side, og geitene på si venstre.
34 Så skal kongen seia til dei på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borna åt Far min, og ta i eige det riket som er etla åt dykk frå verda vart grunnlagd. 35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; 36 eg var utan klede, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg om meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.» 37 Då skal dei rettferdige svara: «Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tyrst og gav deg drikke? 38 Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller utan klede og kledde deg? 39 Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og kom til deg?» 40 Men kongen skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg.»
41 Så skal han seia til dei på venstre sida: «Gå bort frå meg, de bannstøytte, til den evige elden som er laga til åt djevelen og englane hans. 42 For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, men de gav meg ikkje drikke; 43 eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var utan klede, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje om meg.» 44 Då skal dei svara: «Herre, når såg vi deg svolten eller tyrst eller framand eller utan klede eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?» 45 Men han skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.» 46 Så skal dei gå bort til evig straff, men dei rettferdige til evig liv.
Det sentrale poenget her er at den som gjer seg liten som eit barn som Jesus velsigna, er den største i Guds rike. Faderen har omsorg for sine born og slik har han omsorg for sine henders verk. Dei som soleis hadde omsorg for folket, hadde omsorg for Jesu minste små og slik hadde dei omsorg for han, utan at dei var klar over det når dei gjorde det.
På veg til det Nye Jerusalem.
Jesus kalla meg inn på vegen til det Nye Jerusalem.
Jesus hadde tidlegare sagt til meg at eg skulle innvie meg til å tene han. Han kalla meg inn på vegen til det nye Jerusalem, men det er då på den nye jorda. Det nye Jerusalem er Jesu brud, bryllaupet skal vere i himmelen, så kjem det nye Jerusalem ned på den nye jorda. Vi skal jage mot det fullkomne og det må no vere ved at vi feste blikket på Jesus og ser fram til å få vere med på å feire Lammets bryllaup i himmelen og få komme inn i det nye Jerusalem på den nye jorda.
Bodskapen 2.12.1990:
«I den første tid, så utvalde eg Abraham. Den utveljinga står fast enno i dag, ja til evig tid. Like fast står det at det var eg som utvalde min elska Son, Jesus. Og eg vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel. Og eg vender mine hender til nasjonane, dei er der biletleg tala utstrekte med innbyding til mine nådegåver, endåtil dei som ikkje vil ha noko med mitt namn å gjere, men som berre vil trakke det ned under føter, innbyr eg til fellesskap.
Og det var eg som utvalde deg. Og eg innbyr deg i dag til å innvie deg til teneste for meg. Du skal ikkje tene denne verda, men du skal tene himmelen. Verda og all si lyst forgår, men eg vil gi deg av dei himmelske verdiar og skattar, som er gull verd, og som aldrig forgår. Eg kallar deg no inn på vegen til det nye Jerusalem. Du skal sette di tru og tillit til meg. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.
Du har høyrt det før, at eg er den som døyper deg med den Heilage Ande og eld. To gangar har du høyrt det, og tre gangar har eg talt til deg, og eg trykker no på åtvaringa sin knapp; i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Eg vil sjølv komme og ta bustad i deg. I det høge og heilage bur eg, og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.
Du skal ikkje føle deg vissen og kraftlaus i din kvardag, men alt du treng i dagane som ligg føre, det har du i meg.»
Jesus følgde opp med fleire bodskapar i desember 1990, her er heilt sikkert noko som er viktig å få med seg.
Jesus gir meg den tru i hjartet som sigrar over verda.
Når trua vert utvatna og uttynna hos mange, skal eg likevel ha ei sterk og levande tru.
Bodskapen søndag 9.12.90.
«Enten så tenar du denne verdens gud, det er Djevelen, eller så tenar du meg. Men du er min tenar, og du skal tene meg. Djevelen arbeider strengt no, for å hindre deg i å overgi deg heilt til meg. Eg venter på at du skal overgi deg heilt til meg, og innvie deg til teneste for meg. Eg har ikkje berre kalla deg til teneste, men eg vil også utruste deg til den teneste som eg har kalla deg til. Eg vil gi deg av slike himmelske rikdommar som du enno ikkje har fått del i. Eg har framleis min hugnad i menneska sine barn, og eg har min hugnad i deg.»
Søndag 23.12.90.
«Eg gjer sundknuste hjerter levande, og eg gjer ditt sundknuste hjerte levande. Eg bur i denne sundknusing. Eg gir deg den tru i hjertet som sigrar over verda, den overvinnande tru. Så når trua utvatnast og uttynnast hos mange, så har du ei sterk og levande tru. Du skal ikkje slås ned, men du skal vere ein overvinnar. Eg vil frigjere trua i deg, så du fritt kan bevege deg i Anden verden. Du skal ikkje knyte deg i hop og strype deg inne, men fritt bevege deg i Andens verden. Eg vil sjølv bu der inne og skape ekte glede og høgtid hos deg. Du skal betene meg og du skal betene eit medmenneske.»
Det evige livet og dei nedbrytande kreftene.
Når vi lagar gjenstandar som er verdifulle for oss, bygger hus og soleis bygger samfunn, så får vi oppleve at det vert nedbrote. Vi forklarar det med entropilova. Vårt ytre menneske vert også nedbrote. Men når vi kjem inn i Guds rike, får vi oppleve at Jesus bringer liv og uforgjengelegdom fram i lyset for oss. Eg får oppleve det ved at Jesus har teke bustad i meg, han er livets fyrste.
Bodskapen onsdag 5. juli 1995:
«Ja, for jeg har fridd deg ut av mørkets makt og satt deg inn i min elskede Sønns rike. Du har fått oppleve min grenseløse nåde; å gå over ifra død til liv, ifra Satans makt til Gud, ifra mørke og inn i et underfullt lys. Du var død, men nå er du levende, og levende i meg, sier Herren. For også jeg var død, men jeg oppstod og jeg lever. Og derfor bringer jeg liv og uforgjengelighet fram for lyset, ved evangeliet. Og det er dette budskap du har tatt imot.
Så er det ikke lenger døden og de nedbrytende krefter som har makt over livet ditt. Men det er jeg som er livets fyrste og som har tatt bolig ved troen i ditt hjerte. For at du skal leve med meg og for at du når dagen kommer skal herske med meg, sier Herren. For jeg har satt deg inn i noe nytt, noe levende, noe ekte og noe virkelig, du har fått del i det evige livet. Dette som er upåvirkelig av alle dødens krefter, dette som er upåvirkelig av alle denne verdens mørke og nedbrytende krefter, du har fått del i det evige livet, det som står, det som blir, det som tåler alle ildens prøver, som blir stående i evigheters evighet. Det er ditt liv, fordi du er mitt barn.
Jeg vet at du kan oppleve å møte mørke stunder på din vandring. Jeg vet at du kan føle at fiendehæren står rundt deg på alle kanter. Men fordi du er mitt barn, så har jeg satt deg opp på en ryddet vei. En banet vei. Intet rovdyr, ingen løve skal kunne komme opp på den. Og ingen veifarende på denne veien skal fare vill. Og den veien, den går til Sion. Den går til den stad som jeg har beredt for deg. Så skal du følge trofast i mine fotspor og du skal erfare; den veien du går på, om den kan være smal og kronglete, det er livets vei, den går til livets mål, det mål som jeg har til deg, mitt elskede barn.»
Jesus er min sakførar.
Tirsdag.25.12.90.
«Når eg rører deg og beveger deg, så la deg bevege av meg. Når du rører saumen av mitt klesplagg, så får du erfare at der går ei kraft utifrå meg. Der er framleis nåde og styrke å hente hos meg. Eg er framleis den som fører di sak. Du skal ta til deg av mitt ord og glede deg over mitt ord, og styrkast ved det i ditt innvortes menneske.
Sjølv om du ikkje alltid ser meg, men føler at eg er langt borte, så er eg der. Det verk som er gjort i deg, det er det eg som har gjort ved mitt ord, det er ikkje grunnlagt på noko i deg sjølv, men det er grunnlagt på mitt ord. Det var eg som kalla deg ut av mørke, til mitt lys.
Denne verda held seg til bedrag og den let seg bedra, fordi den ikkje vil tru.
Når du framheld mitt namn og vedkjenner mitt namn for dine medmenneske, så har dette namnet den eigenskapen at det skaper tru der inne.
Du skal ikkje vere hale, men du skal vere hovud.»
Ha olje på lampar og kanner, som dei fem vise brurmøyane.
Året etter sa han igjen at han yngste eg skulle vere mellom dei hadde olje på kanner i tillegg til oljen på lampane. Han rørte ved meg og yngste at eg skulle gi respons på det ved at eg opna munnen og takka han for det i kyrkjelyden. Som hans barn, skulle komme inn i hans heilagdom, leve i den og vere hans tenar i hans heilagdom.
Bodskapen søndag 13.1.91. Formiddag:
«Du skal ikkje gå på måfå, men vere leda av meg. I dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Legg bak deg di fortid ein gong for alle. Ikkje la deg binde av di fortid. La deg fylle av min Ande, så det vert endå herlegare i denne siste nådetida. Når middnattsropet lyder:” Brudgomen kjem, gå han i møte, då vil dei som har kristen-namnet skiljast i to flokkar, ein flokk som går han i møte og ein flokk som ikkje gjer det. Derfor ville eg så gjerne at du skulle ha olje både på lamper og kanner.»
Kveld:
«I denne siste tid har Djevelen fare ned på jorda i stor vreide, for å plage mi menighet, for han veit at han har berre ei kort tid igjen. Enno idag fer mine auge utover heile jorda, for å sjå etter kven som let seg frelse, (lede, bruke), og det vert til sorg for mitt hjerte, når mennesker unndrar seg frå min kjærleik. Du skal ikkje vere nederlagsstemmt, men du skal la deg fylle og vere sterk i det du ser hen til Golgata kors.»
Takka Jesus for det han har gitt meg i hjertet, i forsamlinga av dei heilage.
Bodskapen 2.Påskedag. 01.04.91:
«Ja, lovsang, det sømmer seg for de hellige. Derfor skal du ikke være av dem som trekker deg tilbake, som ikke våger å lovprise mitt navn, for vit at jeg har nedlagt noe i ditt hjerte som du skal få lov til å glede deg over. Og du skal få la din munn løpe over med noe av dette som jeg har nedlagt der inne, for jeg er jo den som har skapt alt og som også har skapt deg og tatt meg av deg. Og nå ønsker jeg at du skal prise meg for dette verk.
Jeg har lagt merke til din trofasthet, jeg vet om dette at du ønsker å tjene meg og du ønsker å la meg få ta hånd om deg. Men vit at jeg lengter etter dette at du ville opne din munn for meg, så jeg kan få lytte til din røst og at du kan prise meg i de helliges forsamling. Så når jeg oppmuntrer deg igjen og igjen til dette, så er det nettopp for at du skal kjenne dette, at den som opner sin munn, han får også oppleve dette, jeg fyller deg.
Det var bare en som kom tilbake fordum også, og ga meg ære. Og så ofte er det sånn jeg rører ved deg og du opplever dette at jeg vederkveger din sjel, men du glømmer dette at jeg ønsker også at du skal prise meg i de helliges forsamling, for det som jeg har gjort for deg. Derfor vil jeg igjen si til deg, vær frimodig, når jeg rører ved ditt hjerte, så vit at det er nettopp for at jeg vil du skal glede deg i denne min frelse.»
Luk.17,11 Medan Jesus var på vegen til Jerusalem, drog han gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea. 12 Då han skulle gå inn i ein landsby, kom det ti spedalske menn imot han. Dei vart ståande langt unna 13 og ropa: «Jesus, meister, miskunna deg over oss!» 14 Då Jesus fekk sjå dei, sa han: «Gå og vis dykk for prestane!» Og medan dei var på veg dit, vart dei reine. 15 Ein av dei kom attende då han såg han var lækt. Han lova Gud med høg røyst, 16 kasta seg ned for Jesu føter og takka han. Denne mannen var ein samaritan. 17 Då sa Jesus: «Vart dei ikkje reine alle ti? Kvar er så dei ni? 18 Var det ingen annan enn denne framande som kom attende og ville gje Gud æra?» 19 Og han sa til mannen: «Reis deg og gå heim! Trua di har frelst deg.»
Jesus hadde sagt at dei skulle gå og vise seg for prestane, på veg dit vart dei lækte og då var det ein av dei som snudde tilbake til Jesus for å gi Gud æra, så kunne han berre gå rett heim att.
Eg får leve i Guds heilagdom og oppleve dei himmelske kreftene, så mitt liv vert ein fristad for fangar og forfølgde.
Bodskapen 13.10.1991:
«Ja, veien er open, adgangen er fri, gjerdets skillevegg er borte. I kraft av mitt fullbrakte forløsningsverk på Golgata, så bana jeg en ny og levende vei, like inni Helligdommen. Nå er ikke adgangen lenger bare for en enkelt mann, en enkelt gang, men i dag er adgangen open og fri for den som kommer på forløsningens grunn, for den som kommer på blodets grunn. Du som mitt elskede barn, du får komme, du får være, du får leve i min helligdom.
Der innfor mitt hellige åsyn lar jeg deg fornemme den himmelske atmosfære, lar jeg deg fornemme de himmelske og de evige krefter, lar jeg deg fornemme av de kommende goder, sier Herren, det som jeg har beredt for den som elsker meg. Men allerede her, så får du kjenne, du lever ditt åndelige liv, i meg, innfor mitt åsyn, i sammen med meg, og denne verden blekner i lyset av min herlighet, og denne verdens storhet blir for ingenting å regne i lyset av min herlighet, sier Herren. Og i lyset av kongens åsyn, der har nettopp du funnet ly.
Der i ly av mitt hellige åsyn, skal du få være, skal du få leve, skal du få kjenne at de himmelske krefter tilflyter ditt liv, så du kan tjene meg midt i menigheten, så du kan tjene meg midt iblant menneskene som er i nød. Så ditt liv kan være et fristed for de etterfulgte, så ditt liv kan være et fristed for de fangne, også du midt i en mørk og vanskelig verden kan få være med å bringe himmelsk lys og himmelsk liv til en fallen og forkommen menneskeslekt. Fordi du er min tjener i min helligdom, så sender jeg deg ut for å bringe himmelen inn til mennesker i mørke og til mennesker i nød.»
I dei to første avsnitta er det tale om det primære oppdraget, i det tredje avsnittet kjem det sekundære oppdraget, å tene han både i kyrkjelyden og i mellom menneske i nød, han vil gjere mitt liv til ein fristad for fangar og forfylgde, bringe himmelsk lys og liv til ei fallen og forkommen menneskeslekt. Eg skal tene han i hans heilagdom, for å bringe himmelen inn til menneske i mørke og i nød.
Jesus har allereie kalla Sions Dotter si brud og si kone.
Jesus har no allereie kalla seg både brudgom og ektemann. Bodskapen 18.12.2011:
«Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og oppover, for eg har reinsa deg.
Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.»
Han har drege henne opp or grava, ja, det er betydninga av den kristne dåpen og det er betydninga av dåpen med den Heilage Ande.
Det sekundære oppdraget, gå ut i dansen med dei glade og bringe himmelen til menneske i naud.
Hausten 2014 byrja eg å studere realfag igjen i Oslo, først vart det biologi og informatikk, sidan vart det kjemi og molekylærbiologi. Og no sa han at eg skulle gå den vegen han hadde staka ut for meg, det er vegen gjennom forhenget i den himmelske heilagdomen. Så det vart klart for meg at han soleis hadde gitt meg ei presteteneste, prestetenesta i den nye pakta og slik tente eg han med å studere realfag. Då var det altså ved at eg tok imot Faderens omsorg.
Menneska treng ikkje vere så veldig misslukka for å innsjå at dei treng Guds nåde og velsigning (Rom.3,8). Eg vil påstå at dei aller fleste i dagens samfunn kjenner seg vellukka på ein eller annan måte og gleder seg over det og gjev uttrykk for det på ein eller annan måte. Då utartar det sekundære oppdraget seg slik at vi skal gå ut og glede oss saman med dei glade, «gå ut i dansen med dei glade». Dei som studerte realfag gleda seg over si faglege innsikt og resultata dei oppnådde og det kunne eg også, dei fekk ei fagleg glede og det fekk eg også og kunne glede meg saman med dei. Men eg har ei djupare gledeskilde, Guds bekk som alltid er full av vatne, Guds frelseskilde, den er meir fundamental, den er sikker, den er gratis, eg får det ved trua på Kristus av berre nåde, utan krav om gjerningar, eg må berre vende meg til han, bøye meg for han og drikke av det levande vatnet.
Det er mange som gir uttrykk for glede gjennom rockemusikken og eg har viste døme på korleis eg godt kan glede meg saman med dei ved å lytte til musikken deira. Det er primært fordi eg likar harmonien i musikken deira og synest det er flått, så finn eg meining i tekstane deira og når eg finn ei slik meining som høver med Guds Ord, slår eg meg til ro med det og nyt det som ein lovsong til han. Mange av desse songane har ei glede og optimisme som verkar fjern og urealistisk for mange, men nettopp derfor treng vi evangeliet, for det er ein trygg grunnvoll å bygge på, det gir oss ei sikker glede og optimismen som går ut over dette jordelivet. Ikkje alle songane gir uttrykk for glede av å vere vellukka, mange kan gi uttrykk for kjærleikssorg og vemod, slik også gir dei uttrykk for kva dei har på hjartet. Då må vi hugse på at Gud gir oss nåde for at våre hjarte skal leve, det er den bodskapen vi har teke imot og som vi skal bringe til verda.
Jes.57,1 Det lydde eit ord:
Bygg, ja bygg og ryd ein veg!
Ta bort kvar støytestein
frå vegen åt mitt folk!
15 Så seier han som er høgt opphøgd,
han som tronar evig og heiter Den Heilage:
I det høge og heilage bur eg
og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
og hjarta til liv hjå dei knuste.
16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
og ikkje alltid vera harm.
Elles kom deira ånd
til å missa si kraft for mitt åsyn,
deira livsande som eg har skapt.
Jfr. Jes.42.
Guds nåde er nok for meg.
Eg føler meg svak og ser at eg har kome til kort, men Guds nåde er nok for meg. Bodskapen søndag. 26.09.93.
«Ja, jeg kom som Guds rene ord, for å openbare min Fars herlighet. Jeg kom for å vise en verden i nød, i mørke, i fortvilelse, at Gud den allmektige Far, han elsker menneskene med en evig kjærlighet. Derfor kom jeg med nåde, derfor så kom jeg med sannhet, derfor så fullførte jeg mitt frelserverk på Golgata. For at nåden skulle openbares for alle mennesker, for at du mitt elskede barn som er her i dag, skulle få erfare min nåde, skulle få oppleve min nåde, skulle få oppleve at du ble rettferdiggjort uforskyldt av den nåde som jeg er for deg, sier Herren. Du er rettferdiggjort uforskyldt av nåden, i kraft av mitt verk. Du lever i min nåde, du skal få leve av min nåde og du skal få erfare at min nåde er nok for deg, sier Herren, og du skal få erfare at min kraft, den skal fullendes i din skrøpelighet.
Ja, du har så lett for å se på din svakhet, og du har så lett for å se på din tilkortkommenhet, og du har så lett for å se på de høye fjell som reiser seg foran deg, men hvil nå i dette mitt kjære barn, min nåde er nok. Min nåde er nok for deg, min nåde er nok for deg i dag, som den har vært i dager som har gått og som ligger bak, så har du erfart og kjennt at jeg har løfta deg opp og jeg har bært deg på Fader-armer. Og du får erfare det igjen nettopp nå, i den situasjon som du befinner deg, at min nåde er nok for deg, og du skal få erfare i dager som kommer, at den nåde du ble frelst ved, den skal bære deg like hjem, inntil du når målet, inntil du er framme. For den gjerning som jeg har begynnt, sier Herren, den vil jeg selv fullføre. Jeg vil fullføre den i ditt liv, med ditt liv, igjennom deg, inntil min egen dag, inntil dagen gryr, inntil du står hjemme og du sammen med alle de hellige, skal få prise og ære meg, for det verk jeg gjorde og den nåde jeg viste nettopp til deg.»
Her ser vi igjen at det sentrale og primære er at Guds nåde er nok, så den einskilde får oppleve at Gud gjer sitt verk i han og i henne, så då er det på sin plass at den einskilde ærar og takkar han for det i forsamlinga av dei heilage.
Jesus er med oss alle dagar og fornyar vårt indre menneske.
Det ytre mennesket er skrøpeleg og vert skrøplegare med tida, men det indre livet med Gud vert fornya.
Bodskapen 24.3.1991:
«Lidelsens gåte, den har alltid vært vanskelig å forstå når du går her nede. Men vit at du skal få lov til å oppleve dette, at jeg sa at ikke bare noen dager, men alle dager er jeg med deg. Derfor skal du være frimodig om du opplever dette, at det utvortes går til grunne, og vit at løftet gjelder fremdeles, at det innvortes skal fornyes dag for dag. Derfor skal du trygt reine med dette mitt ord, som fører deg videre fremover i de nye perspektiver, så du kan oppleve dette at jeg er trofast, som har gitt deg mitt løfte.
Det var noen som ikke ville ta imot Ordet. Det var noen som opplevet dette, at Ordet ble dem til ingen nytte, fordi det ikke smeltet sammen med troen i deres hjerte. Men vit at jeg som kallte deg, jeg som førte deg ut fra mørke inni mitt underfulle lys, jeg gav deg også troen, så du skulle få lov til å reine med at jeg står bakom mitt Ord.
Igjen står du ved en skillevei, igjen står du der og spørr. Vit at jeg er fremdeles den som sier: Dette er veien, vandre på den. Derfor ønsker jeg fremdeles: Du skal ha et disippel-øre, så du hører min røst og følger meg, der hvor jeg leder deg.»
Jesus har gitt meg ein fullkommen skatt i hjertet. Bruke talentane. Han gir meg fullkomne gaver, han frelser menneske.
Jesus har gitt meg ein skatt i leirkar og den vert fornya ved den Heilage Ande.
Bodskapen 10.10.1993:
«Ja, for jeg er lysenes Far, og hos meg er ikke forandring, eller skiftende skygge, som det kan være hos menneskene, som det kan være i ditt liv. Der er det ting som forandres og skiftes, for du er et menneske, men jeg er din Gud, og hos meg er det ikke forandring eller skiftende skygge. Men jeg er den som gir gode gaver, jeg er den som gir fullkomne gaver og nettopp i kveld så skal du få oppleve, at der finnes rikdommer som er skjult i mørke, skatter på lønnlige steder. Du skal få oppleve at jeg kaster lys inni ditt mørke, sier Herren, så du får oppleve at lyset på nytt kommer opp i ditt hjerte og du får se der er en skatt som jeg har lagt inni ditt hjerte, jeg har lagt noe av det evige, fullkomne, mitt eget liv inni ditt hjerte.
Ja, du har en skatt. Og om du ser på lærkaret, så vet du at det er skrøpelig, både ditt lærkar og alle som er omkring deg sine lærkar. De er skrøpelige, men du har en skatt, i lærkar, for jeg har flyttet inn, jeg bor i ditt liv, jeg bor i ditt hjerte. Derfor skal du ikke være opptatt av lærkaret, for lærkaret, det er i ferd med å gå til grunne, men vit mitt elskede barn, den skatt som er i deg, den fornyes dag for dag, ved min Ånd.
Så skal du være såre frimodig, så skal du øse ut, og dele ut, kaste ditt brød, både til høyre og til venstre. Du vil ikke alltid se frukt-resultater i nuet og i øyeblikket, men kast ditt brød ut på vannet, del ut til sju, del ut til åtte og du skal vite at i tidens fylde, så skal du finne det igjen, for det kommer en dag der hjemme i himmelen, og da skal det lyde over ditt liv: “Du har vært tro over lite, jeg vil sette deg over meget, gå inn til din Herres glede. Vær frimodig, så ut ved alle vann og du skal få erfare det skal bli rikdoms overflod i ditt eget liv. Og du skal få se, om ikke her i tiden, så skal du i evigheten få se at der er noen som stråler i lysglans av min herlighet, som ble vunnet ved ditt vitnesbyrd, ved at du øste ut, ved at du strødde ut av det jeg hadde gitt deg. Evigheten alene vil vise, men vit; jeg tar vare på hos din trofasthet.»
Matt.25,14Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei alt han åtte. 15 Ein gav han fem talentar, ein annan to og den tredje ein talent – etter som kvar dugde til. Så drog han ut or landet.
16 Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til. 17 Han som hadde fått to, gjorde det same og tente to til. 18 Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane åt husbonden sin.
19 Då det hadde gått ei lang tid, kom husbonden heim att og ville halda rekneskap med tenarane sine. 20 Han som hadde fått fem talentar, kom fram og hadde med seg fem til og sa: «Herre, du gav meg fem talentar; sjå, eg har tent fem til.» 21 Då sa husbonden til han: «Det var rett, du gode og trugne tenar! Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!» 22 Så kom han fram som hadde fått to talentar, og sa: «Herre, du gav meg to talentar; sjå, eg har tent to til.» 23 «Det var rett, du gode og trugne tenar!» svara husbonden. «Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!»
24 Til slutt kom han fram som hadde fått ein talent, og sa: «Herre, eg visste at du er ein streng mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strådde. 25 Difor vart eg redd og gjekk bort og gøymde talenten din i jorda. Sjå her har du ditt.» 26 Då sa husbonden til han: «Du låke og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strådde. 27 Då burde du ha gjeve pengane mine til dei som driv med utlån; så hadde eg fått dei att med renter når eg kom heim. 28 Ta difor talenten frå han og gjev han til den som har ti! 29 For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal missa jamvel det han har. 30 Kast den duglause tenaren ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.»
Vere Guds born, Jesu brud og Jesu kone, for så å invitere til Lammets bryllaup.
Jesus har nyst minna oss om at vi må verte som born for å komme inn i Guds rike (Møte på Salen Fiskå 11.8.2022). Dette er viktig og verdifullt for oss, vi får komme til Faderen med alle våre behov og får oppleve at han elskar oss og gir oss gode gåver og har omsorg for oss som sine born, oppseder oss og lærer oss opp, gjennom oppveksten og etter at vi har vorte vaksne også. Då er det spesielt viktig for ein ung mann å få komme til Kristus med sitt behov for ein kjæraste, ei brud og ei kone og det er spesielt viktig for ei kvinne å få komme til han med sitt behov for ein kjæraste, ein brudgom og ein ektemann.
Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
Vi skal innby folk til å verte med på å feire bryllaupet til Guds Son, Jesus Kristus, og slik innbyr vi til møte i kyrkjelyden. Korleis kan vi innfri? Igjen ved at vi vert som born. Ved at vi er som dei vise brurmøyane som hadde med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane, så når vekkeropet kom, om at brudgomen kjem, etterfylte dei med olje og vart ståande på sine postar med lys på lampane, så dei fekk sjå at han kom og vart med han inn i bryllaups-salen.
Paulus framstilte kyrkjelyden for Kristus som ei rein møy, som hans brud altså (2.Kor.11,3). Gud har sett oss i himmelen saman med Kristus, så vi har fått himmel på jord. Då kan vi vel få bryllaup mellom Kristus og hans brud i himmelen og på jorda, medan vi framleis er her på denne jorda.
Ef.1,3 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,
han som i Kristus har velsigna oss
med all Andens velsigning i himmelen.
Ef.2,4 Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.
Heb.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.
25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen. 26 Hans røyst fekk den gongen jorda til å skjelva. Men no har han lova: «Endå ein gong vil eg skaka, ikkje berre jorda, men himmelen med.» 27 Her står det: «endå ein gong». Det syner at det som kan rikkast, fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rikkast, skal verta ståande. 28 Sidan vi får eit rike som ikkje kan rikkast, så lat oss vera takksame og såleis tena Gud til hans hugnad, med otte og age. 29 For Gud er ein øydande eld.
Bryllaupet kjem etter at den Store Skjøkje er dømd. Eg tenker meg det inneber at Jesus Kyrkje får større makt, fordi Jesus er hennar ektemann og han er kongars konge.
Joh.Op.19,1 Så høyrde eg noko som likna eit stort og mektig kor i himmelen. Dei song:
Halleluja!
Sigeren og æra og makta høyrer vår Gud til,
2 for sanne og rettferdige er hans domar.
Han har dømt den store skjøkja,
ho som øydela jorda med si utukt,
og blodet av tenarane sine
har han kravt av hennar hand.
3 Endå ein gong ropa dei:
Halleluja!
Røyken frå henne stig opp i all æve.
4 Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på kongsstolen, og sa: «Amen. Halleluja!» 5 Og frå kongsstolen kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle tenarane hans, de som ottast han, små og store!»
6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:
Halleluja!
Herren vår Gud, Den Allmektige,
har vorte konge!
7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!
Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!
Brura har butt seg;
8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin.
– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.
9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.» 10 Då kasta eg meg ned for føtene hans og ville tilbe han; men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar saman med deg og brørne dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden som er i profetordet.
Det er mange som meiner at bryllaupet skjer i himmelen etter bortrykkinga og så då vert bruda kona hans altså og så kjem ho ned på den nye jorda. Men her er noko som er vanskeleg å forstå. Det står ikkje noko om bortrykking rett før bryllaupet. Noko seinare kjem der kjem ei oppstode frå dei døde, men dei skal faktisk vere på denne jorda.
Joh.Op.20, 4 Eg såg troner, og nokre sette seg på dei; dei fekk makt til å halda dom. Og eg såg sjelene til dei som hadde vorte halshogne fordi dei hadde halde fast på Jesu vitnemål og på Guds ord, og alle som ikkje hadde tilbede dyret eller biletet av det og ikkje teke merket på panna eller handa. Dei vart levande att og rådde saman med Kristus i tusen år. 5 Men dei andre døde vart ikkje levande før dei tusen år var lidne. Dette er den fyrste oppstoda. 6 Sæl og heilag er den som får vera med i den fyrste oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt. Dei skal vera Guds og Kristi prestar og råda med han i tusen år.
Eg tenker meg at denne oppstoda er betydninga av den kristne dåpen og dåpen med den Heilage Ande (Esekiel.37).
Jesus er i himmelen, men han sa også vi skulle få sjå at han er med oss alle dagar inntil verda sin ende. Og når det Nye Jerusalem kjem ned på den nye jorda, vert den kalla Jesu brud.
Joh.Op.21,9 Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, fylte med dei sju siste plagene, kom og sa til meg: «Kom, så skal eg visa deg brura, maken åt Lammet.» 10 I ånda førte han meg opp på eit stort og høgt fjell og viste meg den heilage byen, Jerusalem, som kom ned frå himmelen, frå Gud.
Jesus la lovsongen ned i meg.
Gud er stor og talar store ord om meg og oss, han har gitt meg store lovnadar. Korleis kan eg innfri? Korleis kan eg vere så stor i Guds rike? Ved at eg gjer meg liten som eit barn, som treng Faderens kjærleik og omsorg. For han er stor og kan gjere storverk med meg og oss.
Når eg var ein liten gutunge vart eg opplærde til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse mine næraste, be han frelse menneske og soleis be for folket og landet. Så byrja eg å be han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Eg høyrde det vart forkynt at det var viktig for oss å vedkjenne vår tru for andre menneske.
Matt.10,32 Den som kjennest ved meg for menneska, han skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen. 33 Men den som fornektar meg for menneska, han skal eg òg fornekta for Far min i himmelen.
Luk.9,23 Så sa han til dei alle: «Vil nokon vera i lag med meg, lyt han seia nei til seg sjølv og dag for dag ta krossen sin opp og fylgja meg. 24 For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal berga det. 25 Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men misser seg sjølv og går til grunne? 26 For den som skjemmest ved meg og orda mine, han skal Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen åt Far sin og dei heilage englane. 27 Sanneleg, det seier eg dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei får sjå Guds rike.»
Eg trudde på Jesus i mitt hjarte og bad til han, men torde ikkje fortelje det til andre, men eg vedkjende det for Kristus og bad han fri meg frå den menneskefrykta. Når eg gjekk på ungdomsskulen vart eg glad i ei kristen jente og det vart den lagelege tida for meg til å vedkjenne mi tru på Jesus. Slik fekk eg frimod og når eg gjekk på gymnaset, vart ivrig med å vitne om mi tru på han. Eg byrja å gå i den Frie Evangeliske Forsamling, dei kristne forkynt at Jesu frelseverk var fullført og fullkome, det gjorde dei her også og så forkynte dei at det var berre å tru og ta imot og byrje å takke han for det. Og så kom der bodskap gjennom tyding av tungetale som stadfesta det og det vart då heilt klart for meg at han tala til meg personleg.
Hausten 1985 sa Jesus til meg: «Den lovsangen eg la ned i deg, den er din og den skal vere di i all æve, i djupet av deg, der er den. Den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve». Det minna meg om at når eg gjekk på gymnaset, vart eg litt kjend med ei kristen jente som eg kallar Virtuella. Eg merka at eg byrja på verte glad i henne, så eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det som at ho var i Guds hand og han la henne i djupet av meg, framfor meg, det vart som om eg såg ned på henne, som om eg fekk sjå henne meir frå Guds synsstad. Slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet han fødde henne til, av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd, som han elska og hadde omsorg for. Og eg vart endå meir glad i henne. Vi var begge frelste og var i Guds hand. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Gud gav meg visdoms og openberrings Ande til kunnskap om seg, derfor innsåg eg dette og takka Faderen og Sonen for det. Det sentrale poenget i dette er at hennar sjel var som ein dyrebar edelstein som Gud hadde frelst i si hand og slik var ho verdifull for meg også. Han vil frelse henne og han vil frelse fleire menneske, så dei også vert som dyrebare steinar i hans hand. Slik blir dei verdifulle for meg også, så eg trur eg skal få oppleve å få glede meg over det. Eg gleda meg framfor alt for at mitt namn var oppskrive i livsens bok i himmelen og slik gleda meg over at det gjaldt henne også og vonar å få flede meg over at fleire vert frelst også.
Deet minna meg også om at siste året på gymnaset inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud, med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Eg meinte det innebar at eg skulle ikkje ha dårleg samvit på grunn av denne kjærleiken.
1.Pet.3,18 For Kristus leid og EIN gong for synder, ein rettferdig for urettferdige, so han kunde føra oss fram til Gud, han som leid dauden i kjøtet, men vart levandegjort i åndi; 19 i åndi gjekk han og burt og preika for åndene som var i varetekt, 20 dei som fordom hadde vore stride, den gong Guds langmod venta i Noahs dagar, medan arki vart bygd, der nokre få – åtte sjeler – vart frelste gjenom vatn, 21 det som no og frelser oss i motbiletet sitt, dåpen, som ikkje er avleggjing av ureinskap på kroppen, men eit godt samvits pakt med Gud ved Jesu Kristi uppstoda, 22 han som er uppfaren til himmelen og er ved Guds høgre hand, der englar og makter og krafter er han underlagde.
Det er ikkje på grunnlag av noko i meg sjølv eller noko av det eg ser og sansar rundt meg, men på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde, det er grunnlagt på Guds Ord. Rett nok har Gud skapt alle ting ved sitt Ord, men no skaper han noko nytt ved sitt Ord, like fundamentalt som då han skapte himmel og jord altså, ja, for ikkje å seie meir fundamentalt, for når han frelser oss, skaper han noko som står til evig tid. Livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse. Og eg trur det var liv til henne også og det skal vere i Jesu kyrkjelyd og der skal eg også ære og takke han for det.
På veg mot det fullkomne.
Den Heilage Ande let meg få kjenne at Jesus lever i meg og når han gir meg ei frelst kvinne til kone, når han frelser ei kone til meg, openberrar den Heilage Ande henne for meg som eit Guds barn, som lever i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Han løfter henne opp til seg, så det vert eit møte mellom han og henne, eit bryllaup mellom han og henne, bruda hans vert kona hans. Han er fullkommen og dette er det fullkomne som eg og vi skal ta sikte på, ved at Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte. Slik gjeld det meg og mitt liv og kjem som hans svar på mi bøn om ei frelst kvinne til kone, ho er hans brud og hans kone og han elskar henne som si brud og som si kone gjennom meg. Den openberringa er noko som Gud gjer i mitt indre menneske ved sitt Ord og sin Ande, han bygger meg opp i mitt indre menneske.
Bodskapen 30.1.2022:
«Mine barn, som jeg elsker, som jeg har gitt mitt liv for, jeg ønsker at dere skal være hellige og rene liksom jeg er hellig og ren, sier Herren. Jeg ønsker at det liv som jeg har kallt dere til, skal være et liv som dere kan være – som jeg kan være stolt av. Jeg ønsker at det liv dere lever her i verden, skal være et liv hvor jeg bestemmer, et liv hvor jeg taler til dere og gjennom dere. Jeg ønsker at dere skal leve her i denne verden og også vite at dere er ikke av denne verden. For jeg har tatt dere ut og gitt dere et nytt liv, et nytt hjerte, og dere er nye skapninger i meg, sier Herren. At dere har fått en ny identitet. Derfor skal du ikke se på deg sjølv og dine egne mangler, din egen ufullkommenhet. Men du skal se på meg, for se, jeg gjør alle ting nye. Se jeg gjør alle ting nye, sier Herren. Også i ditt liv. Derfor skal du vende deg bort fra det som ikke gir frukt, du skal vende deg bort frå det tomme snakk, du skal vende deg bort fra ugudelighet. Så skal du vende deg til meg og se opp på meg og jeg skal virke i deg og gjennom deg, som bare jeg kan gjøre, sier Herren.
Se, jeg vet om dine gjerninger, jeg vet at du har liten styrke, jeg vet at du har trådt feil. Men jeg vil at du nå skal se på meg, se, jeg har sett foran deg en open dør, sier Herren. Og den døren skal du gå inn igjennom, jeg inviterer deg på nytt til å gå inn gjennom opne dører. Jeg inviterer deg på nytt til å gå videre med meg, sier Herren. Og løpet er ikke fullført enda, du har ikke kommet til veis ende. Men du skal jage mot målet, mot den seierspris som jeg har kallt deg til, sier Herren. For det er en seierspris jeg har kallt deg til, ikke en nederlagspris, men en seierspris. Og derfor skal du ha målet i sikte, du skal ha min ånd i ditt hjerte og være bevisst på at jeg vil bruke deg, jeg vil tale til deg. Og du skal få se noe som du ikke har sett på lenge, du skal få se at jeg kaller på de ufrelste, jeg kaller på bønnebarna, jeg vil igjen skape nytt liv i ditt hjerte, men også i de som enno ikke kjenner meg. Og du skal få se at det er bare en måte å komme til tro på, det er at mitt namn holdes høyt, mitt namn proklameres. Og når jeg blir opphøyet, så skal jeg dra alle til meg, sier Herren. Halleluja.»
Eg skal glede meg i Herren, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår.
Og eg trur framleis han vil gi meg ei frelst kvinne til kone, det er ved at eg går den vegen han har staka ut for meg, den vegen han kallar meg og leier meg og det er til Sion (Bodskapen 5.7.1995). Det er ein veg å gå, men i Heb.12 er det sagt at vi er komne til Sion-fjellet, den levande Guds by, det himmelske Jerusalem. Og det medan vi framleis er på denne jorda, altså.
Eg skal glede meg i Herren alltid og takke og lovprise han for det fullførde frelseverket, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår, at han gir meg ei frelst kvinne til kone.
Bodskapen 20.5.2012:
«Ja, eg har sagt i mitt ord, seier Herren, gled deg i meg, så eg skal gi deg kva ditt hjerte attrår. Og du skal vite at gleda i meg, det er din styrke. For sjå, seier Herren, når du frydar deg og gleder deg i mi frelse, ja, sjå då vert du oppteken med det som høyrer mitt rike til, seier Herren. Derfor vil eg at du mitt kjære barn, skal vende deg bort og sjå bort ifrå det som skjer i denne verda. Men du skal vere oppteken med det som er der oppe og søke meg, seier Herre. For sjå, det som skjer på jorda no i denne tida, det har eg føresagt i mitt ord. Og då har eg sagt at de skal løfte hovudet, for forløysinga stundar til, seier Herren. Eg kjem snart, eg kjem snart, derfor ver ikkje opptatt av det som skjer her nede.
Ja, eg skal ta meg ut eit folk i denne siste tida, som eg skal reinse og eg skal reinse dei nidkjært til gode gjerningar, det er eit folk som eg har heilaggjort hjertet, det er eit folk som vandrar i lyset. Og sjå, det er eit folk som søker meg og vert fylt av den Heilage Ande, for sjå, når du er fylt av den Heilage Ande, seier Herre, då kan ingenting stoppe deg. Men då (har du å) gå på og du skal få oppleve at kvar du går, så vinn du meir enn siger, for sjå, den kraft og den Ande som bur i deg, seier Herren, den er sterkare enn den som er i verda. Du har ingen ting å frykte mitt barn, derfor søk meg, vert fylt av min Ande, seier Herren, og du skal få kjenne at den kraft som kjem frå meg, den overvinner alt, seier Herren, både frykt og redsel, for sjå, seier Herren, min kjærleik, min kraft, den bringer frykta ut, seier Herren, derfor skal du vere frimodig i denne tida og bruke det som eg har gitt deg. Amen.»
Ja, vi veit no at han kjem for å hente oss bort frå denne jorda, det skal vi sjå fram til og vi skal trøyste kvar andre med det ordet. Men kva tid det skjer, veit vi ikkje. Det har gått mange generasjonar utan at det har skjett, likevel har ikkje vona om Guds herlegdom gjort dei til skamme, heller ikkje oss, så langt, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt (Rom.5,1-5). Den gjer ikkje meg heller til skamme, men i tru kan eg takke for at Gud openberra si frelse for meg i Kristus, at han openberra den for meg og henne Virtuella og at han openberra den for meg og henne Reell. Han frelste henne Virtuella og det skal eg takke han for. Eg trur også han frelste henne Reella, så eg takkar han for det også. Eg kan takke han for det i forsamlinga av dei heilage. Det er ein rett som eg har som Guds barn, ja, men det er også å gjere rett ved å ære og takke Gud og Lammet, ja, det er å lyde og tene Kristus.
Det som eg no seier har eg ikkje grunnlag for i noko som eg har sett og sansa i den fysiske verda, ikkje i meg sjølv heller, men i Guds Ord. Ved trua smeltar Ordet saman med meg i mitt hjarte, så eg får komme inn til Guds kvile, han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile. Den får konsekvensar for mitt liv og dermed for denne verda, den er utgangspunktet for mi teneste.
Guds kraft og nattverden.
Gud ser utover jorda får å styrke og hjelpe den som er heilhjarta mad han.
2.Krøn.16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.»
Så Jesus kalla meg til å søke han av heile mitt hjarte og då kom eg til at eg måtte søke han både i mott forhold til henne Reella og henne Virtuella, eg måtte framleis hugse på dei begge i mitt hjerte og i mi bøn til Gud. Eg grunngir det med at når Jesus stifta nattverden, sa han at vi skulle gjer det til minne om han. (Jfr. Bodskapen 11.8.2022 og brevet til engelen for kyrkjelyden i Laodikea, Joh.Op.3). Og korleis kan vi hugse på han? Ved at vi tek vare på hans ord og ved at den Heilage Ande openberrar det for oss, så vi oppdagar og innser at Kristus er Sanninga i Guds Ord og den set oss fri. Slik openberra Gud si frelse for oss i Kristus, for meg og henne Virtuella og for meg og henne Reella.
Eg har fortalt at eg oppleve at Guds kjærleik, eg vedkjende det for Gud og at den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenning opna eg meg endå meir for den og fekk ei nye fylde av den Heilage Ande (Rom.5,1-5). Det gjorde meg glad, eg kjend meg styrka og den motiverte meg. Når eg møtte henne igjen i Bergen og ho fekk vite at det kom som eit bønnesvar fordi eg var glad i henne, så opplevde eg å verte endå meir fylt av den Heilage Ande og styrka ved Guds kraft og eg er overtyda om at ho også opplevde det. Ja, det var då til henne også, eg var kanal for Guds velsigning til henne.
Eg forklarar dette med nattverden, den er som frukta av livsens tre, eg tok av den og delte med henne. Det gjorde eg rett i, eg opplevde det herleg og gjer rett i å takke Gud og Lammet for det, i forsamlinga av dei heilage. Eg gjorde rett i det, i samsvar med mitt gode samvits pakt med Gud, så eg aktar å halde fram med å ta av frukta på livets tre og dele med andre, med henne Virtuella og henne Reella og mange med dei. Men no tenker eg spesielt på henne Virtuella, fordi eg opplevde å verte styrka så mektig ved Guds kraft, ved at eg delte det med henne. Og eg opplever det som at eg framleis treng å verte styrka av Guds kraft slik, så eg vil framleis ta ut av det evige livet og dele med henne, ta ut av det fullkomne for å dele det med henne.
Bodskapen 29.3.2015:
«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.
Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»
Gud kjem meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone.
Når eg byrja på Ungdomsskulen tenkte på lovnaden om at alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, javel, så tenkte eg slik då og bevisstgjorde meg sjølv på det, at eg tok imot han. Sidan har han fortalt meg at i han har eg barnekåret, så eg får be til Faderen og han gir meg gode gåver, eg er arving, han har gitt meg arverett, eg får bruke arven, vel og merke med Faderen framleis som formyndar. I han har eg alt eg treng, så eg skal ikkje mangle noko. I han har eg det lova landet. Eg forstår det slik at sentralt i dette er at han gir meg ei kone.
Debatt.
EN:
La oss si at historien i Bibelen var sann. I Israel på den tiden var tradisjonen at Bruden var ansvarlig for at det var nok å spise og drikke. Brudgommen var gjerne ca 12-13 år gammel. Nettopp kjønnsmoden og dermed gifteklar.
Tradisjonelt var det drøssevis med gjester, så ryktene om dette underet med vann til vin vile surra rundt i lange tider.
Det var mange historieskrivere på den tiden som skrev ned alt de så og hørte. Det rare er at alle undere og spektakulære hendelser Bibelen forteller om, ikke en eneste av disse mange historieskrivere samt korrespondanse mellom Romerske ledere til Rom, nevner det med et eneste ord. Hva er sannsynligheten?
Eg:
Det er dei som har makta og dei som vinn krigen som skriv historie. Det virka som Lukas var ein historieskrivar for dei lavare samfunnslaga som opplevde kva forkynninga og undergjerningane til Jesus og disiplane hans (Luk.1,1-4 apgj.1,1…) og han skreiv spesielt for ein som tydelegvis var av høgare rang; vyrde Teofilus.
Jesus og disiplane hans prioriterte å gå til dei fattige og dei som var utstøtte av det jødiske samfunnet, for dei trengde det mest. På toppen av det heile refsa Jesus farisearane og dei skriftlærde. Då gjekk det slik at dei også vart utstøytte. Når dei då einsame, betalte øvsteprestane Judas for å svike han. Etter at han hadde stått opp fråd ei døde, betalte dei soldatana for å seie at disiplane hans stal liket medan dei sov.
Slik står det skrive i
Matt.28,11 Medan kvinnene var på vegen, kom nokre av vaktmennene inn til byen og fortalde overprestane alt det som hadde hendt. 12 Overprestane og dei eldste kom då saman, og dei vart samde om kva dei skulle gjera. Dei gav soldatane mange pengar 13 og sa: «Sei at læresveinane hans kom om natta og stal han medan de sov. 14 Og skulle landshovdingen få høyra om det, skal vi tala med han, så de kan vera trygge.» 15 Dei tok imot pengane og gjorde som dei var føresagde. Såleis kom det ordet ut mellom jødane, og det har halde seg til denne dag.
Dersom soldatane kom med den forklaringa overfor sine overordna, ville dei stille svakt. Det rare er at jødane godtok den.
Eg vil heller seie det slik at når dei fekk så mykje motstand, var det rart at Kristus og læra han ikkje berre vart gløymd. Men disiplane hans forkynte den i Romarriket også, med livet som innsats, mest truleg var det berre Johannes som overlevde kristendomsforfølgingane.
Korleis var det mogleg? Fordi Gud sjølv vitna om Son sin og han la vitnemålet inn i disiplane sine ved den Heilage Ande. Johannes sa at det var tre som vitna, vatnet, Anden og blodet og dei vitnar om det same, at Jesus er Guds Son (1.Joh.5,5-12).
EN:
Torbjørn Sivertstøl Hva du overser her er at INGEN, utenom Eliten selv, kunne skrive og lese. Det var ingen skoler for folket. Og evangeliene er skrevet på gresk mens det lokale språket i Israel på den tiden var Arameisk. Og det var DØDSSTRAFF for alle utenom Eliten for å utgi noe som helst, som ikke var skrevet av dem selv…
Eg:
Interessant. Eg veit ikkje kvar du har dette ifrå, det må vel vere historiskrivinga til eliten som gjerne ville ha det slik? Så dei var meir fiendtlege til vanlege folk enn kva vi ser i Bibelen. Om eg er modig nok til å oversjå det no, så er det ikkje mykje å skryte av. Om du gjer meg observant på det, tener det mest til å skryte av vanlege folk på Jesus tid og likevel våga å ytre seg.
Jesus kritiserte farisearane og dei skriftlærde for at dei kom med menneskebod i tillegg til Moselova, så dei endåtil byrja å erstatte den med dei. Men så diktatoriske som dette var dei enno ikkje og eg veit ikkje om dei nokon gong vart det. Når Jesus var i synagoga sende dei han boka til profeten Jesaja og han las ein profeti ifrå den, men avslutta midt i profetien og sa at dette gjekk i oppfylling i denne dag. Dei såg på han, for dei venta sikkert på fortsettinga, men det som han sa då, det likte dei ikkje.
Dette var rett etter at Jesus hadde vorte freista av Djevelen (Luk.4). Eg tenker meg at dette var ein verdsleg religiøs autoritet, men vi får ikkje vite kven det var, anna enn at det var Djevelen. Han siterte frå det Gamle Testamentet for å prøve å få Jesus til å gjere under, men Jesus svarde med å sitere frå andre skriftstadar i det Gamle Testamantet. Til slutt viste han Jesus alle verdsens rike ogt sa at han skulle få dei om om bøygde seg for å tilbe han, men slik avslørte han seg som Djevelen og Jesus sa han skulle berre komme seg vekk.
Dersom Djevelen hadde fått Jesus til å gjere under, så kunne han vel hevde at det skjedde fordi han oppfordra han til det og dermed kunne han vel ta ære for det. Då kunne det vel kanskje endåtil finnast i dei historiske dokumenta til den lærde eliten? Men Jesus sa at Djevelen var far til Lygna og i det gamle testamantet er avgudane laga av stokk og stein kalla Lygna. Som motsetnad til dette er Jesus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane.
Jesajas profeterte om Jesus at han la sin Ande på han, for å føra retten ut til folkeslaga. Han gav ikkje si ære til nokon annan, han gav ikkje si ære til avgudane. Han gav oss ein ny song.
Jes.42,1 Sjå, min tenar, som eg støttar,
min utvalde, i han har eg mi glede!
Eg har lagt min Ande på han,
han skal føra retten ut til folkeslaga.
2 Han skrik ikkje og ropar ikkje,
røysta hans høyrest ikkje i gatene.
3 Han bryt ikkje eit knekt siv
og sløkkjer ikkje ein rykande veike.
Med truskap skal han føra retten ut.
4 Han skal ikkje slokna og ikkje bli knekt
før han har sett retten igjennom på jorda.
Fjerne kystar ventar på hans lov.
5 Så seier Gud Herren,
som skapte himmelen og spente han ut,
som breidde ut jorda og alt som spirer der,
som gjev pust til folket på jorda
og ånd til dei som ferdast der:
6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
og gripe handa di.
Eg har forma deg
og gjort deg til ei pakt for folket,
til eit lys for folkeslaga,
7 for å opna blinde auge
og føra fangar ut or fengselet,
dei som sit i mørkret,
ut frå fangehola.
8 Eg er Herren, det er mitt namn.
Mi ære gjev eg ikkje til andre,
min lovsong ikkje til gudebilete.
9 Dei første ting, sjå, dei er komne.
No fortel eg noko nytt.
Før det spirer fram,
får de høyra om det.
10 Syng for Herren ein ny song,
ein lovsong for han frå endane av jorda,
de som ferdast på havet,
og alt som fyller det,
de kystar og alle som bur der!
11 Ørkenen og byane der skal stemma i,
landsbyane der Kedar bur.
Dei som bur i Sela, skal jubla,
dei skal ropa frå fjelltoppane.
12 Dei skal gje Herren ære,
forkynna hans pris på kystane.
13 Herren dreg ut som ein helt,
som ein krigar eggjar han si stridslyst,
han ropar, ja, lèt hærrop ljoma,
han viser sin styrke for fiendane:
14 Eg har vore taus i lange tider,
har tagd og halde meg tilbake.
No skrik eg som ei fødande kvinne,
eg stønnar og snappar etter pusten.
15 Eg gjer fjell og haugar aude
og tørkar ut alt grønt på dei.
Elvar gjer eg til tørt land,
sjøar tørkar eg ut.
16 Eg fører dei blinde
på ein veg dei ikkje kjenner,
på stigar dei ikkje kjenner,
leier eg dei.
Eg gjer mørkret framfor dei til lys
og ulendt mark til slette.
Dette er det eg vil gjera,
og eg skal ikkje la det vera.
17 Med skam må dei vika tilbake,
dei som stolar på gudebilete,
dei som seier til støypte bilete:
«De er våre gudar.»

