Skip to content

Imperialisme og frigjering.

 

Innleiing.

Det har lenge vorte misjonert i Afrika og etter Bibelen skulle det føre til at landet vart vatna og dyrka så det gav god avling. Men det er stadig ramma av tørkekatastrofe. Marxist-leninistane kritiserte misjonen for at den bana vegen for kapitalistar og hevda resultatet var ikkje bra. Men i følgje marxismen er det fyrst og fremst dei underliggande materielle, teknologiske og økonomiske forholda som skal bringe utviklinga vidare. Så kvar er løysinga på desse problema?

Ved studentopprøret i 1968 vart det  protestert mot amerikanarane si krigføring i Vietnam og det førde vidare til at dei venstre-radiale fekk vind i segla utover 1970-talet. AKP-ml (marxist-leninistane) var sentrale i dette. Dei hadde sine kjernesaker, som å protestere mot imperialismen, støtte PLO i sin kamp mot Israel og støtte ulike ”frigjerings-organisasjonar”, spesielt når dei kunne påstå det var å frigjere u-land frå vestleg imperialisme. Men det betydde også at dei hadde eit alternativ og det var også ein form for imperialisme og kva var det? Etter marxismen skulle det etter revolusjonen verte eit ideelt kommunistisk diktatur, styrt av ei liten elite, først viste dei til Kina, men så viste det seg at det var ikkje bra nok, så viste dei til Albania, men så viste det seg at det var heller ikkje bra nok. Den styrande elita vart hylla nær sagt som gudar, men det vart slik som med dei som sette si lit til avgudane tidlegare, dei vart til skamme, for dei var ikkje gudar, dei var laga av stokk og stein og der var ikkje ånd i dei.

Etter Sovjetunionens samanbrot har det vorte erkjent i massemedia at dei kapitalistiske landa er eigentleg vel så marxistiske som desse ”kommunistiske” landa. For etter marxismen skulle kapitalismen utviklast fyrst. Men når kapitalismen vert nok utvikla vil den kollapse og då er det tid for revolusjon og innføring av kommunismen. Så dette skulle komme i dei mest utvikla kapitalistiske landa. Ikkje noko økonomisk verksemd veks heilt opp i himmelen, før eller seinare møter den taket. Ein kan godt tenke seg at dersom økonomien vert altfor trongsynt og einspora så vil den kollapse. Økonomien i eit kapitalistisk samfunn kan kollapse, dess meir einspora og trongsynt økonomi, dei meir sårbar vert den for å bryte saman og eg siktar spesielt til at økonomien vert så oljeavhengig.

Men dei såkalla ”kommunistiske” revolusjonane kom tvert om i lite utvikla kapitalistiske land, som reaksjon mot innføringa av kapitalismen, som om dei ville stoppe utvikling. Så dei ”erkerevolusjonære” brukte ordet kapitalist som eit skjellsord, men mykje tyder på at dei tvert om var nokre ”erke-reaksjonære” bakstrevarar som kjempa imot utvikling og framgang.

I følgje marxismen er det dei underliggande materielle, teknologiske og økonomiske forholda som driv utviklinga vidare, så la oss vere realistiske med tanke på å løyse problema med tørkekatastrofe i Afrika.

Biletet er frå tørkekatastrofa i Etiopia i 2015.

 

 

Imperialismen.

 

I Daniels bok er det profetert om fire stor-rike, dei Babylonske, Mediske, Persiske og Gresk-Syriske stor-rika. Og så det Romerske riket som ei samansetjing av alle desse rika og meir til. Dette var overnasjonale rike, imperium. Og i antikk filosofi ser vi korleis grekarane kom til at dei trengde å utvikle ein moral eller politisk filosofi som dei kunne bruke overfor koloniane, den måtte vere passeleg tolerant, slik at den verka samlande. Den strategien finn vi igjen seinare hos Aleksander den Store.

I det gamle Hellas var det bøndene og aristokratane som eigde jorde og dei stod for reaksjonen mot demokratiet med styrking av trua på Zevs, frå å vere ein av gudane som sprang ut av kaos og rådde på kvar sine område, etter ein kaotisk kamp, skulle han no heretter vere den suverene, allmektige guden som rådde over alt som skjedde med ein universell moral, som om det ikkje var kaos og fri vilje lenger. Tydelegvis som grekarane sitt svar på Israels Gud den Allmektige. Aleksander den Store forstod seg på å føre krig for å få makt, men han forstod seg også på å vere tolerant for å få makt og halde på makta. Demokratiet i Aten fekk fungere vidare.  Han gjorde avtale med egyptarane, dei fekk ha sine lokale gudar, men gjekk med på å kalle han ein gud.

Men Antiokus 4. Epifanes la seg på ei hardare linje og kravde at alle i riket hans skulle dyrke Zevs. Dette kunne ikkje jødane gå med på. Han brukte korrupsjon og svik som metode til å prøve å få dei til å falle ifrå Israels Gud og dyrke Zevs i staden. I Hellas hadde denne religionen si støtte ho dei som eigde jorda, aristokratiet og bøndene og no delte han ut jord til dei som gjekk over til denne religionen. Han drap den jødiske øvstepresten og sette inn  sin erstattar og han ofra der ein gris på eit altar for Zevs. Det er nok dette Daniel profeterte om som at det daglege offeret vart teke bort og den øydande styggedomen vart innsett i staden.

Jødane prøvde å frigjere seg med makt og det såg ut til at dei klarde det til slutt. Men det fungerte ikkje lenger rett. Det var den Duglause Hyrdingen som var oppreist i landet (Sak.11). Han gjætte slaktesauene for sauehandlarane. Så dei vart selde tilbake til trældomen og til døden. Men nokre tente seg rike på det. Dette vart avslørt når Jesus kom til vår jord og øvstepresten, prestane, farisearane og dei skriftlærde støytte han frå seg og kravde å få han hendretta. Men då betalte han prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss fri frå trældomen, kjøpe oss tilbake til den sanne Gud, så vi skal tilhøyre han og leve for han.

I middelalderen kom den tradisjonelt lærde overklassa inn i kyrkja og brakte med seg antikk filosofi. Med den fortrengde dei Guds Ord, moralfilosofien fortrengde den evangeliske forkynninga og så byrja dei med avlatshandel. Det var den Duglause Hyrdingen på nytt, som gjætte slaktesauene for sauehandlarane og nokre tente seg rike på det. Så når europearane kom til Afrika, hadde dei med seg kristendomen, i det minste i namnet, men så kom dei med slavehandelen også.

Dei venstre-radikale kritiserte denne imperialismen og AKP-ml-arane sa det slik at misjonæren kom gjerne fyrst, så kom kapitalisten  trippande etter. Men det er ikkje heilt likegyldig kva måte han kom på. Evangeliet gjev grunnlag for fred og dersom han kom på det grunnlaget og prata med dei i fred og ro, så kunne han vel få til økonomisk verksemd til gagn for både dei og seg sjølv. Men den antikke moral- og politiske filosofien tok opphavleg sikte på ein imperialistisk politikk og no var den komen inn i kyrkja som motsetnad til evangeliet og det gjorde nok sitt til at folket vart trælar i staden for å verte fri, slik som evangeliet ber bodskap om. Men alternativet var at dei brukte hardare metodar, dei jakta på folk med våpen og tok dei som fangar og selde dei som slavar.

Dette minner om den Store Skjøkje i Op.17-18.

ÅPE 18,1 – ÅPE 18,24 {BABYLONS FALL}  Deretter såg eg ein annan engel stiga ned frå himmelen. Han hadde stor makt, og jorda vart opplyst av glansen omkring han. 2 Han ropa med veldig røyst: “Fallen, fallen er Babylon den store! Ho har vorte ein bustad for vonde ånder, ein tilhaldsstad for alle ureine ånder, ja, ei livd for alle slag ureine og avskyelege fuglar. [Babylon: dekknamn for Roma. Sjå 1 Pet 5, 13.] 3 For alle folkeslag har drukke av hennar utukts vin, ein vreidevin. Kongane på jorda har drive hor med henne, og kjøpmennene jorda rundt har vorte rike av hennar store vellivnad.” 4   Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst: Far bort frå henne, folket mitt, så de ikkje vert medskuldige i syndene hennar og ikkje råka av plagene hennar. 5 For syndene hennar når opp til himmelen, og Gud har kome i hug all uretten ho har gjort. 6 Gjev henne att likt for likt, ja, gjev henne dobbelt att for det ho har gjort, og skjenk henne to gonger i det staupet ho sjølv har fylt. 7 Gjev henne like mykje pine og sorg som det ho sjølv har unnt seg av stas og vellivnad. Ho tenkjer med seg: “Her sit eg som dronning, eg er ikkje enkje, og sorg skal eg aldri vita av.” 8 Difor skal plagene hennar koma på éin dag: pest og sorg og hungersnaud, og ho skal brennast opp med eld. For veldig er Herren Gud som dømer henne. 9   Kongane på jorda, som har levt med henne i hor og vellivnad, skal gråta og jamra seg over henne når dei ser røyken stiga opp der ho brenn. 10 Skræmde av lidingane hennar skal dei stå langt borte og ropa: “Ve, ve, du store by, du mektige Babylon by! På éin time kom domen over deg.” 11 Kjøpmennene på jorda skal gråta og syrgja over henne, fordi ingen kjøper varene deira lenger: 12 skipslaster av gull og sølv, dyre steinar og perler, fint lin og purpur, silke og skarlak; alle slag angande tre, alle slag ting av elfenbein og verdfullt tre og kopar, jern og marmor; 13 kanel og krydder, røykjelse, salveolje og virak; vin og olje, fint mjøl og kveite; storfe og småfe, hestar, vogner og trælar, levande menneske. 14   Fruktene som var di hjartans lyst, er borte for deg, og alle dine dyre eigneluter og all din stas har du tapt; aldri skal det finnast meir. 15 Dei som handlar med slikt, kjøpmenn som har tent seg rike på henne, skal stå langt borte, skræmde av hennar liding. Dei skal gråta og syrgja 16 og seia: “Ve, ve deg, du store by, du som var kledd i fint lin og purpur og skarlak, og som lyste av gull og dyre steinar og perler! 17 På éin time er all denne rikdomen tapt.”  Alle som fører skip på havet, og dei som ferdast langs kystane, sjømennene og alle som har sitt arbeid på havet, stod langt borte. 18 Dei såg røyken då ho brann og ropa: “Kvar finst maken til denne store byen?” 19 Og dei kasta støv over hovudet, og gråtande og syrgjande ropa dei: “Ve, ve den store byen, der alle som har skip i sjøen, har vorte rike av dei dyre eignelutene hennar! På éin time er alt lagt øyde.” 20   Gled dykk over hennar fall, du himmel og de heilage, de apostlar og profetar! For Gud har dømt og straffa henne for det ho gjorde mot dykk. 21   Då tok ein mektig engel opp ein stein, stor som ein kvernstein, kasta han i havet og sa: “Såleis skal Babylon, den store byen, kastast ned med veldig kraft, og aldri meir skal han finnast. 22 Harpespelarar og songarar, fløytespelarar og basunblåsarar, aldri meir skal dei høyrast i deg. Handverkarar av alle slag, i deg skal dei aldri meir finnast. Kverna som durar, i deg skal ho aldri meir verta høyrd. 23 Ljoset frå lampa, i deg skal det aldri meir lysa. Røyster frå brur og brudgom, i deg skal dei aldri meir høyrast. For kjøpmennene dine var stormenn på jorda, og med trolldomen din vart alle folkeslag forførte. 24 I denne byen vart det funne blod av profetar og heilage, ja, av alle dei som er myrda på jorda.”

Kjøpmennene handla med varer og trælar, levande menneske. Men når Dyret gjorde revolusjon mot henne, vart det slutt på denne handelen. Babylon er her dekknamn for Roma, men det viser tilbake på det gamle Babylonia, det var eit imperium som la under seg mindre kongerike, inkludert Israel og Judea og bortførde folk som slavar, så det er ein slik imperialisme det vert gjort slutt på. Eg har tolka det slik at det hovudet på Dyret som det er tale om her, er Julius Cæsar, det er politikken til Julius Cæsar som også er politikken til Dyret. Det viser framover mot rennesansen renessansen, den nye naturvitskapen avslørte lygna i avgudsdyrkinga, den førde til ei teknologisk utvikling og den industrielle revolusjon som gjorder slutt på slaveriet, no vart menneska arbeidarar i staden. For slavane var det overgang direkte frå slavesamfunn til kapitalisme. For andre var det overgang frå føydalsamfunn til kapitalisme. Mange opplevde nok dette som ein overgang frå eit medmenneskeleg til eit mindre menneskeleg samfunn og humanismen var vel eit forsøk på å bevare det menneskelege og medmenneskelege som motsetnad både til slavehandelen og den kjenslelaust, kalde teknologien og rasjonaliseringa. Så avskaffinga av slaveriet bar preg av å vere humant, men det kom som resultat av teknologisk og økonomisk utvikling. Rasjonaliseringa i industrien gjorde at dei ikkje trengde så mykje arbeidskraft lenger, så å frigi slavane vart å kvitte seg med overflødig arbeidskraft, så dei slapp å betale for arbeidskraft dei ikkje trengde.

Den vurderinga og erkjenninga stemmer vel bra med marxismen, for Marx hevda at underbyggina var viktigare enn overbygginga, det var først og fremst teknologiske og økonomiske forhold som dreiv historia framover. Klassekampen er sentral i marxismen og då ser vi tilbake på klassekampen i det gamle Romarriket, eg kallar det ein moderat klassekamp som vart ei sentral drivkraft i framveksten av Romarriket og eg hevdar ein slik moderat klassekamp og frigjeringskamp med krav om demokratiske rettar, menneskerettar og fridom har verka som ei konstruktiv drivkraft i framvesten av dei vestlege, kapitalistiske velferdssamfunna. Då tek eg sjølvsagt med nasjonale frigjeringar. Men den ytterleggåande ”radikale” og revolusjonær marxismen (leninisme og stalinisme) spora av i forhold til dette, så i staden for å verke som ei slik drivkraft til utvikling og framgang, verka den reaksjonært mot ei slik utvikling, som ein proteksjonisme. Det viste seg i Sovjet-imperiet.

 

 

 

Korleis går det med misjonen?

 

Kva med kritikken frå marxist-leninistane?

 

Sosialistane (marxist-leninistane) kritiserte misjonen for at den bana vegen for kapitalistane og dei undertrykte folket og utpinte landet, så det verka slik at dei forlengde lidinga. Dei gjekk altså ut ifrå  trongst ein smertefull prosess for å komme fram til det framtidige, ideelle kommunistiske samfunnet. Men når dei har prøvt å ta snarvegen utan teknokratane og kapitalistane, så strir det mot marxismen og det er dei sjølve som har vore reaksjonære påført folket unødvendig mykje liding.

Bibelen gjev lovnad om eit framtidig godt samfunn, dersom folket trur på Gud og er gudlege, skal dei få bu i eit velvatna og fruktbart land, men dersom dei ikkje trur og er ugudlege, kjem jorda til å bere torn og tistel og det endar med at ho vert brend. Det er brukt symbolsk om fiendskap og krig som riv ned og øyder samfunnet og verdiane vi prøver å bygge opp. I u-landa ser vi mange eksempel på at aktiviteten til desse ”erke-revolusjonære” sosialistane har verka slik. Og det kan vel vere at det har seg slik at det er noko med marxismen som ikkje er heilt bra. Den hevdar at den avgjerande drivkrafta til utvikling er i underbygnaden og langt på veg er det bra, men det spørst kva ein meiner med overbygninga. Marxismen er ateistisk, den talar om gud som avgudane, når dei og læra deira utgjer overbygnaden må folket ta del i klassekampen for å kvitte seg med dei og då må der komme eit endeleg oppgjer i ein revolusjon som resulterer i proletariatets diktatur. Men den store feilen er at den soleis fornektar Israels Gud også og hans salve-via konge (Salme.2) og då vert marxismen dogmatisk, diktatorane i proletariatets diktatur vert som avgudar for folket, revolusjonen vart tvert om ein reaksjon som førde folket tilbake til slavesamfunnet.

Dersom evangeliet vart forkynt og motteke, så skulle det føre til at folket vart velsigna, deira liv skulle verte som ein velvatna hage. Først og fremst med ei åndeleg velsigning, ved at hjertets jord vart vatna, det vart sått korn og det vart planta. Dernest med ei materiell velsigning, den fysiske jorda vart vatna, det vart sått og det vart planta og jorda bar grøde. Det har vorte drive misjon i Afrika i lang tid, men det gjekk ikkje alltid slik. Var det fordi evangeliet ikkje vart forkynt rett eller var det fordi det ikkje vart motteke rett? Sosialistane kjempa mot ”imperialismen”, soleis kjempa dei mot at der skulle komme vestlege investeringar. På liknande vis kjempar muslimane mot vestleg imperialisme både i Afrika og i Midt-Austen og kallar det korsferder, slik blir det til motstand mot misjonen også. Men det vi ser no er at folk i staden flyktar frå både Afrika og Midt-Austen til Vesten og kvifor det? For der har det vorte gjort gode og fornuftige investeringar, der er demokrati, fridom og velferd. Flyktningstraumen gjer at der trengst meir bistand og investeringar. Men kvifor sender dei til dømes fisk til Kina for å få den produsert, før den vert sendt ut på verds-marknaden? Jau, fordi dei får meir igjen for pengane. Så dersom vi i staden hadde brukt bistandsmidlar og investert i Afrika og Midtausten i staden, hadde vi fått meir igjen for pengane. Fleire hadde vorte hjelpte, fleire hadde fått arbeid og dei som investerte kunne også ha tent betre på investeringane. Og skulle vi kanskje ikkje ha som målsetjing å bygge opp velferdssamfunn der og? Israels Gud har då den målsetjinga når han talar sitt Ord til oss.

 

Kva med tørke-katastrofene i Afrika?

 

I det siste ti åra har Afrika vorte ramma av fæle tørkekatastrofe. Dersom vi trur på denne glade bodskapen, så kvifor ikkje spørje kva slags investeringar som trengst for å unngå desse tørkekatastrofane? Det hender det kjem minimalt med regn i regntida, jorda ber minimalt grøde, så både folk og dyr tørstar og svelt. I 2013 var det ei stor tørkekatastrofe i Afrika.[2] Der har vore langvarig tørke og gerilja-grupper har forverra problema, til dømes i Somalia[3] og Mali[4]. I artikkelen ”Tørkekatastrofe truer Etiopia” vert det fortalt om tørkekatastrofe i 2015. Det vert fortalt at dei er vande med tørke med ti års mellomrom, men siste ti år har det vore tre tørkeperiode, El Nino er kraftigare og har ført både til tørke og kraftige regnskyll som den torre jorda ikkje har klart å ta til seg, så det har vorte øydeleggande flaum. Skog skulle føre til buffer mot tørke, men energimangel fører til ulovlig hogst. Det vert sagt at Etiopia er sårbart for tørke og klimaendring og ein klimaforskar ved CICERO seier at førebels har det vorte forska lite på konsekvensane av klimaendringane for Etiopia og andre fattige land og det er vanskeleg å få pålitelege data om dette.  Mange stadar i Etiopia var situasjonen verre enn under sveltekatastrofa på Afrikas horn i 2011. då 250 000 døde i hungersnaud. Det internasjonale samfunnet reagerte for seint og det låg det an til no også. Redd Barna meiner at situasjonen mellom anna er eit resultat av global oppvarming, og seier det hastar med klimaførebyggande tiltak for å hindre at krisa forverrar seg og oppmodar verda sine leiarar på klimatoppmøtet i Paris om å hjelpe Etiopia som allereie er ramma av klimaendringar.

Ja, før i tida bad dei Gud om regn og negrane hadde regndans, men med desse formuleringane ser det ut til at vi vert oppmuntra til å be til verda sine toppleiarar ved klimatoppmøtet på liknande vis, enn om dei vil bønnhøyre oss og la det komme nok regn til å gjere slutt på tørken. Desse merkeleg formuleringane står i stil med at det stadig vert argumentert utifrå omsynet til drivhuseffekta i tenkelege og utenkelege samanhengar, så det kan samanliknast med korleis vi tenker utifrå trua på Gud. Det viser at dei har vorte trongsynte i staden for å ha det vidsynet som trua på Gud gjev oss. Ei bokstavtolking av ”klimaforebyggande tiltak” er forresten heilt bort i natta, skal vi kanskje førebygge oss mot klima? Eg meiner desse merkelege formuleringa skjuler noko, ei frykt for det ukjende og ei proteksjonisme slik som når Adam og Eva gøymde seg for Gud med dårleg samvit.

I fylgje platonismen er menneska så dumme og vonde at dei har problem med å få innsikt i ideverda og det godes ide. Derfor må ei lærd overklasse styre med diktatorisk makt. For folket hadde kravt å få Sokrates hendretta, men det var då den tradisjonelt, moralsk lærde overklassa som oppvigla folket til det. Det gjev uttrykk for eit dårleg samvit, til samanlikning med Adam og Eva som gøymde seg for Gud. Den tradisjonelt lærde overklassa kom inn i kyrkja med dette platonske resonnementet som motsetnad til evangeliet og sidan finn vi det igjen i mykje politisk filosofisk tankegods og vi finn det igjen som dårleg samvit for slavehandelen i Afrika. Meir generelt som dårleg samvit for politikken til den Store Skjøkje. Det gjev seg utslag i frykt for at nokon skal forstå og avsløre lygna, sviket, jukset og uretten. Spesielt dei som søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, så dei vert forfølgde. Og så dei som studerer og forskar i realfag, så det vert utøvt eit kunstig press på dei. Det har seg slik at ei tradisjonelt moralsk- og politisk-filosofisk lærd overklasse er vår konkurrent. Dei kan gjere bruk av klimaforskinga og dei resultata den søker og kjem fram til, så det vert deira forlenga arm i deira konkurranse med det einskilde mennesket. Her vert det gjort bruk av kraftige datamaskiner, så då kan det utarte seg som ein konkurranse mellom menneske laga av kjøt og blod og maskiner laga av stål, plast og silisium, til samanlikning med visse filmar der menneska må kjempe mot robotar. Maskinene er overlegne i sine matematiske utrekningar. Men menneska er framleis uslåelege med sin frie vilje og oppfinnsomheit, det er om å gjere å nytte det, med å stille hypotese,  finne opp eksperiment, finne opp ny teknologi og gjere bruk av den.

Med denne moralfilosofiske tradisjonen strir prestane mot den fridomen vi har fått i barnekåret Gud. Derfor er det så viktig for oss å vere bevisst på at vi har fått det av berre nåde ved trua på Kristus og så takke han for det og nytte oss av det. Så vi ber med tru og får oppleve at han svarar oss. Når Guds Ord ved trua smeltar saman med oss i vårt hjerte, får vi komme inn til Guds kvile (1.Mos.2 Heb.4), han gjev oss ei kvile som overgår vår forstand, det er ved fylden av den Heilage Ande.

Med tru forstår vi at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Då kan vi vel be med vit og forstand og prøve å forstå med vit og forstand, så den åndelege velsigninga resulterer i materiell velsigning, som ved at jorda vert vatn og ber grøde. I staden for å gøyme oss vekk med dårleg samvit, slik som Adam og Eva, søker vi samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, med godt samvit, så då kan vi vel få lov til å bruke vit og forstand og foreslå at no brukar vi moderne teknologi til å vatne jorda, så den vert fruktbar. Ja vel, kva vert så det neste? Kvifor ikkje kontakte diverse kapitalistar og teknokratar og lokale styresmakter for å prøve å få til eitt opplegg?

I Etiopia var det lange tørkeperiodar men også kraftige regnskyllar, regnvatnet vert då lagra i grunnvatnet. Det er godt brukande, så det må vere om å gjere å båre etter vatn så det kan nyttast til både drikkevatn og vatning, lage oaser i øydemarka. Der trongst energi, det førde til ulovleg hogs. Trekronene trongst til skugge for sola, for å hindre uttørking av jorda, røtene trengst til å hente vatn lengre nede i jorda. Men eit solcellepanel kunne levere energi og det kunne gi skugge som ei trekrone. Det kan verte laga plantasjar som nyttar dryppvatns-teknologi som leverer passeleg mykje vatn til kvar plante. Ligg grunnvatnet høgt nok, kan det verte planta ein skog av palmer, som med tida når ned til grunnvatnet med røtene og trekronene vert nok skugge til at det kan dyrkast grønsaker og frukt i skogbotnen eller det kan vere beitemark.

Ein treng ikkje kraftige reknemaskiner for å komme med slike gode forslag, det er ikkje det som det står i. Men det er eit spørsmål om å la personleg og privat initiativ med god vilje komme til sin rett, om å møte godvilje med godvilje, i staden for å møte det med vondskap og svik.

 

Kva med Israel?

 

Den same konflikta viser seg i Israel. Jødane er kome heim att til landet sitt. Då er der sterke interesser av å jage dei derifrå. Det er religionen og politikken til Babylon, den Store Skjøkje som viser seg i dette. Men Israels Gud frigjorde dei frå trældomen under avgudane i Egypt og gav dei landet for at dei skulle vere hans folk og han skulle vere deira Gud. Det var eit land som fløymde av mjølk og honning og dei skulle dyrke det, så det gav god avling. Dette var det primære. I den fyrste tida hadde dei ingen konge, men når andre folk fortrengde dei bad dei til Gud og han reiste opp ein dommar som leia dei i striden mot fienden (dommartida). Slik var ei politisk overbygning sekundært, det primære var å dyrke Gud og dyrke jorda. Gud ville gjere noko nytt, skape noko nytt, dei skulle få sjå at det spirte fram, så vi kan godt seie at det var han som soleis ville skape utvikling og framgang. Med tida viste seg at der var mange som stod imot, då vart det konflikt og det viser seg framleis.

Joel profeterte om at i den siste tid ville Gud utgyte sin Ande over alt kjøt.

JOE 3,1 – JOE 3,5 {NÅR ANDEN VERT UTREND}  Ein gong skal det henda  at eg renner ut min Ande over alle menneske.  Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;  dei gamle mellom dykk skal ha draumar,  og dei unge skal sjå syner. 2   Jamvel over trælar og trælkvinner  vil eg renna ut min Ande i dei dagane. 3   Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:  blod og eld og røyksøyler. [teikn: varsel før Herrens dag kjem.] 4   Sola vert omskapt, ho svartnar,  og månen vert som blod,  før Herrens dag kjem, den store og skræmande. 5   Men kvar den som kallar på Herrens namn,  skal verta frelst.  For på Sion-fjellet og i Jerusalem  skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,  så som Herren har sagt.  Og mellom dei som har berga seg,  er dei som Herren kallar.

Jesus sa at Sanningens Ande skulle overtyde verda om synd, dom og rettferd.

 

JOH 16,7 – JOH 16,15 Men eg seier dykk som sant er: Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk. 8 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg; 10 retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger; 11 domen er at hovdingen over denne verda er dømd. 12   Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. 13 Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og kunngjera for dykk det som skal koma. 14 Han skal herleggjera meg, for han skal ta av mitt og forkynna for dykk. 15 Alt det Faderen har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av mitt og forkynna for dykk.

Joel profeterte vidare om at Gud ville halde rettssak med folka fordi dei gjorde folket hans til salsvare, dei gav ein gut for ei hore og selde ei jente for vin og drakk. Dei vart altså selde som trælar.

JOE 3,6 – JOE 3,8 {HERRENS DOM OVER FOLKA}  For sjå, i dei dagar og på den tid,  når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 7   då vil eg samla alle folkeslag  og føra dei ned i Josjafat-dalen.  Der vil eg halda rettargang med dei  om Israel, mitt folk og min eigedom,  som dei spreidde mellom folka.  Dei delte landet mitt [Josjafat-dalen: I denne dalen skal Herren halda dom over folkeslaga (sjå v. 17). Josjafat tyder “Herren dømer”.] 8   og kasta lodd om folket mitt;  dei gav ein gut for ei skjøkje  og selde ei jente for vin – og drakk.

Sosialistane har kritisert kapitalismen for imperialismen og slavehandelen, men når dei vil jage jødane bort frå landet sitt, viser det at det er dei sjølve som med sin politikk gjer menneska til salsvare, så dei vert selde som trælar. Men dersom kapitalistiske land let jødane bu i sitt eige heimland og kanskje endåtil vernar dei i sitt eige heimland (Dan.10,20), så avsannar dei at deira kapitalisme gjer folk til salsvare som trælar. Det har vorte investert i landet, så det har bore god avling og vorte eit velferdssamfunn og det er berre om å gjere å halde fram med det. Det blir nok sett på som ein demonstrasjon av vestleg, demokratisk, kapitalistisk politikk. Og kva så? Det er i alle fall om å gjere at det blir eit godt føredøme til etterfølging.

[1] https://www.nrk.no/urix/torkekatastrofe-truer-etiopia-1.12691602

[2] http://www.vg.no/nyheter/utenriks/unicef-advarer-mot-toerkekatastrofe-afrika/a/10106178/ , (14.1.2017).

[3] http://www.nettavisen.no/nyheter/3192635.html 14.1.2017.

[4] https://strommestiftelsen.no/enda-en-torkekatastrofe-i-afrika 14.1.2017.

1 Comment »

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: