Skip to content

Forskingsfront i fysikk og astronomi – erfaring og teori. Kva med fri fantasi, sciece fixion, dogme og trua på Gud.

Innleiing.

Dette er ei lita oversikt over nyare forskingsresultat og forskingsfronten i fysikk og astronomi og ei samanlikning med skapingssoga og evangeliet om Kristus. Det er bra Gud ikkje krev at vi skal forstå dette:

15780793_1325562350850413_403567831993076466_n.jpg

Filosofihistorie og metode, ei dagsaktuell sak.

Gresk filosofi byrja som naturfilosofi, men dei hadde ikkje metode til å avgjere kva som var rett, så dei vart ikkje samde. Sofistane var advokatar, journalistar og pratmakarar og vart dominerande i samfunnet. Dei rike betalte for å få dei beste pratmakarane som advokatar og det vart lett avgjerande for utfallet av saka, slik vart rettsvesenet korrupt. Men Sokrates prata med folk og påstod at sanninga vart integrert i han gjennom dialog og det gjorde han lykkeleg. Men den tradisjonelt, moralske lærde overklassa påstod han oppvigla folket til opprør og så oppvigla dei folket til opprør mot han, så dei kravde å få han hendretta. Det vart som ein dødsdom for det greske demokratiet. Platon argumenterte for diktatur, folket skulle verte opplærde i moralfilosofi og den mest lærde eliten skulle styre med diktatorisk makt. Men moralfilosofien var kopla til trua på avgudane og var ikkje sameinleg verken med jødedomen eller kristendomen, likevel vart den infiltrert i jødedomen og seinare i kyrkja også. Men det viste seg at den heller ikkje var sameinleg med moderne naturvitskap.

Dette motsetnadsforholdet er her framleis, journalistar har fått stor makt og innflytelse i samfunnet gjennom moderne massemedia, dei forkynner ein moral- og politisk filosofi for å øve press mot evangelisk kristendom, så det verkar som dei smir sine våpen nettopp med den hendsikt, det vert framstilt som vitskap som motsetnad til tru, men merk dykk at eigentleg strir det framleis mot sann naturvitskap.

Det vi har å gjere, som mottiltak, er å gå ut og prate med folk, som Sokrates og erkjenne at Kristus er Sanninga som vert integrert i oss, ved trua smeltar Guds Ord saman med oss i vårt hjerte og gjev oss liv med Gud. Vi må kle oss i Guds full rustning og ta opp kampen (Ef.6). Faderen har gjeve oss den Heilage Ande frå himmelen av berre nåde, den herleggjer og openberrar Kristus for oss som vår frelsar og Herre, då må vi vende oss til han og sjå på han og  lovprise Gud og Lammet for frelsa.

2KO 11,2 – 2KO 11,4 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus. 4 For de toler det svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot.

Elles kan vi la tanken fare fritt, vi har fått barnekår hos Gud, han gav oss ikkje ei trældomsånd, så vi atter skulle frykte, men han gav oss barnekårsanden som gjer at vi ropar Abba, Far. Den Anden Gud har gjeve oss er suveren over den fysiske naturen, fyrst og fremst i vår eigen fysiske kropp, dernest i våre omgjevnadar. Anden ransakar alle ting, jamvel djupnene i Gud. Då kan eg med denne Anden studere realfag, ingen kan stenge Guds Ande ute frå det, men Kristus banar vegen for meg og opnar dører for meg.

Den hypotetisk deduktive metode er metoda som vert brukt i realfaga. Du kan bruke fantasien og tenke fritt for å stille hypotese, men du må tenke logisk utifrå hypotesa (dedusere) og så prøve resultatet med eksperiment og observasjonar. Slik har naturvitskap og teknologi vorte utvikla og det har ført til endring av samfunn, tenkemåte og oppfating av røyndomen. Utvikling av eksperimentelle metodar har også gitt nye metodar til å granske straffesaker. Likevel merkar vi den moral- og politisk-filosofiske propagandaen som overtramp mot den einskilde sin ytringsfridom og dermed som krenking av menneskets grunnleggande rettar, mennesket får ikkje lenger rett til å svare for seg, det svaret som mennesket sjølv vil gje utifrå si eiga overtyding vert erstatta av noko som dei kallar ”kunnskap”. Legg merke til at slik ”kunnskap” vert saman med moral- og politisk-filosofi presentert som vitskap som erstattar og fortrenger ekte realfag. Det er forførerisk.

For naturvitarar vert det då om å gjere å halde fram med å la tanken gå fritt, men vakte seg vel mot å verte dogmatiske. Vi kan vel tru på Gud og på hans Ord og verte inspirerte av hans Ande og bruke det røyndomssynet og kunnskapssynet når vi studerer realfag, berre vi vaktar oss mot å verte forførde slik som ved syndefallet. Då kan inspirasjonen hjelpe oss til å utvikle vår realfaglege kunnskap og innsikt.

Der har kome store naturvitskaplege framsteg dei siste 15-20 åra, med nanoteknologien har gensekvensieringa skote fart, auka datakraft har gjort det mogleg å rekne ut molekylorbitalar på grunnlag av prinsippa i kvantefysikken. Det har kome svar på spørsmål i fysikk og astronomi. Her har det vore vanskeleg å finne og lage eksperiment som gjev svar, det vert dyrt og det kan sjå ut som det er umogleg å lage eksperiment som gjev svar. Men tanken er fri og det er ingen ting i vegen for at vi kan rekne med dei svara som vi finn i Bibelen. Vi må berre ha det klart for oss kva som er tru og kva som er fantasi, kva som er hypotese og kva som er teori, støtta av eksperiment, kva som er vitskap og kva som er science fixion. Og vakte oss vel mot moral- og politisk-filosofiske dogme.

Problem i fysikk og astronomi, gravitasjonen er det store problemet.

Teori om alt.

Ein tenker seg at dei fem fysiske grunnkreftene skal kunne sameinast i ei kraft. Den elektriske- og den magnetiske krafta er allereie sameina i den elektromagnetiske krafta og den er sameina med den svake og den sterke kjernekrafta i standardmodellen og kvantefelt-teorien (QFT, sjå s. 6) (https://en.wikipedia.org/wiki/Quantum_field_theory ) (https://en.wikipedia.org/wiki/Grand_Unified_Theory ). Men gravitasjonskrafta, formulert i generell relativitetsteori (GT) synest vanskeleg å kombinere med dette, QFT og GT stemmer ikkje overeins, dei kan ikkje begge vere rett (https://en.wikipedia.org/wiki/Theory_of_everything ). Men det må då vere vanskeleg å måle og sjekke, for QTF er på elementær-partikkelnivå, den elektromagnetiske krafta er merkbar i makrokosmos også, men der må vere stor masse for at vi skal merke tyngdekrafta. Ein tenker seg at denne inkompatibiliteten mellom dei er berre tilsynelatande, i områder med stor masse og lite volum, som i svarte hol og ”Big Bang” blir det klart at det stemmer overeins, men kven kan vel sjekke det? Så ein tenker seg ein kvante-gravitasjon og ein strengteori som kanskje kan forklare det, ein ”Theory of everything”. I strengteorien tenker ein seg at ein elementærpartikkel består av strengar som vibrerer på bestemte måtar.

Det er ikkje lenge sidan forskarane ved ”Large Hadron Collider” fann Higgs-bosonet som stadfesta standardmodellen (s. 6) (https://no.wikipedia.org/wiki/Higgs-boson). I ein slik syklotron vert ladde elementærpartiklar akselererte for å få dei opp i høg nok fart, men så har dei også ein sentripetal-akselerasjon for å halde dei i sirkelbane og ladde partiklar som vert akselererte, sender ut stråling og taper dermed energi. Så desse syklotronane må vere store for at sentripetalakselerasjonen skal vere liten. Og vi har ikkje ressursar til å bygge dei store nok til å gjere eksperiment som kan avsløre den grunnleggande teorien som ligg bak.

Nøytrinoar og mørk masse.

Nøytrinoane er små partiklar utan ladning, milliardar av dei suser gjennom oss kvart sekund, i følgje standardmodellen skulle dei ikkje ha masse. Dette vart det forska på, men det var vanskeleg, for dei vekselverka så lite med anna materie at ein registrerbar kollisjon var lite sannsynleg. Dei trengde underjordiske vasstankar, gjerne nedlagde gruvesjakter og måtte vente lenge på ein registrerbar kollisjon. I år fekk Takaaki Kajita og Arthur B. McDonalt nobelprisen i fysikk for sine bidrag til eksperiment som viste at nøytrinoane skifte karakter og derfor måtte dei ha masse. Funnet av Higgs-partikkelen stadfesta standardmodellen, men dette funnet avkrefta den. Men vi veit frå før at i fysikken kan to teoriar begge vere rette, sjølv om vi ikkje får dei til å stemmer over eins. Venteleg vil der vere ein betre og større teori som sameinar dei, men den fattar vi ikkje enno.

Dei har funne ut at der må vere meir masse i dei ytre delane av galaksane enn den synlege, elles ville der ikkje vere nok gravitasjon til å halde dei i galaksens rotasjon, sentrifugalkrafta hadde drege dei ut. Så dei tenker seg at der må vere ”mørk masse” og at det kanskje er partiklar med masse, men utan ladning, så den vert ikkje stoppa av atomstrukturen, men suser rett gjennom, liksom neytrinoane. Då kan dei pendle frå eine sida av galaksen til den andre, dei vil ha minst fart i utkantane av galaksane, bruke mest tid der, dermed vil deira samla gravitasjon vere størst der. Men kva slags eksperiment kan påvise slik masse?

Universets utviding og gravitasjonen, mørk energi.

Berre ein liten del av galaksane ligg så nær ei anna galakse at gravitasjonen er sterk nok til å trekke dei mot kvarandre, Melkeveien og Andromeda kjem til dømes til å kollidere, men for dei aller fleste galaksane er avstanden for stor og den aukar. Universet utvidar seg og det vert forklart ved ”Big-Bang-teorien”. Gravitasjonen bremsar utvidinga og der måtte vere ein hårfin balanse mellom utvidinga og bremsinga for at universet skulle utvide seg slik som det faktisk gjer, slik at der vart solsystem der det kunne verte liv. Denne hårfine balansen var svært usannsynleg, så dei introduserte ein inflasjonsteori, inflasjonen skjedde i ein brøkdel av det fyrste sekund. Sidan der var ein så hårfin balanse mellom utvidinga og bremsinga, var det vanskeleg å finne ut om universet kom til å halde fram med å utvide seg eller kollapse, dersom universet var over ein viss alder, ville det kollapse. Ved å observere den kosmiske bakgrunnsstrålinga, fann dei at universet var berre 13,7 mrd år, så utvidinga var så hurtig at det kom til å halde fram med å utvide seg for alltid.

Dei måtte vite kor mykje masse som var i universet for å vite kor mykje gravitasjonskrafta bremsa utvidinga. Likevel rekna dei med langt større masse enn dei kunne gjere greie for og mykje av massen i universet veit vi framleis ikkje kva er for noko. Nøytrinoane er ufatteleg små, men der er uhorveleg mange av dei, dersom dei hadde kvilemasse ville det utgjere litt av den ukjende massen.

Sidan har dei funne ut at universets utviding akselererer, det synest endå vanskelegare å forklare, dei prøver å forklare det med ein ”mørk energi”, men då er den er også ein del av massen i universet, så det verkar som der er masse med negativ gravitasjon og det kan samanliknast med inflasjonen.

Når eit hus rasar saman, vert det meir uorden, entropien aukar. Når ein murstein fell til jorda, aukar entropien. Når galaksane akselererer bort frå kvarandre, så må der vel vere ei resultantkraft som forårsakar det. Og når noko vert akselerert av den resultantkrafta, så aukar entropien, sjølv om avstanden no tvert om vert større. Ja, vi kan vel samanlikne det med atom- og molekyl-struktur. Kanskje det er gravitasjonen som har skifta retning? Kven veit? Men korleis vert då dette i forhold til generell relativitetsteori? Den forklarer gravitasjonen ved akselererte referansesystem og her har då akselerasjonen motsett retning. Med den kosmologiske konstanten rekna Einstein med ei fråstøytande gravitasjonskraft, men når Hubble oppdaga at universet utvida seg, kalla Einstein det for si største tabbe. No ser det likevel ut til at der er ei fråstøytande gravitasjonskraft, men vi kan ikkje rekne den for konstant. I hypotesa blir den relatert til ”mørk energi”, masse med fråstøytande gravitasjon, men ingen veit kva det er for noko.

Fleire dimensjonar, gravitasjonsbølgjer.

Gravitasjonsbølgjer.

I relativitetsteorien vert tida rekna som den fjerde dimensjon og den generelle relativitetsteorien forklarar gravitasjonen som krumming av det 4-dimensjonale tid-romet og som akselererte referansesystem. I kvantefysikken vert det også rekna med fleire dimensjonar. Nokre har hevda at dette berre er matematiske modellar, men andre har hevda at det er fysikken som er slik, Stepan Hawking skreiv i sine populærvitskaplege bøker at det er fysikken som er slik.

I følgje Einsteins likningar kunne der vere gravitasjonsbølgjer, bølgjer i det firedimensjonale tid-romet, til samanlikning med bølgjene på ei elles rolig vass-pytt. Nokre amerikanske fysikarar granska ein pulsar som kretsa om ei nøytronstjerne og i 1982 fann dei ut at bana minka med ei rate som svara til utsending av gravitasjonsbølgjer. Sidan vart det bygt to store forskings-institusjonar i USA, der dei skulle prøve å registrere slik gravitasjonsstråling direkte. Åra gjekk utan at dei registrerte noko, men så vart dei forbetra og når dei vart starta opp att, var det ikkje lenge før dei registrerte gravitasjonsstråling. Tre forskarar fekk Kavli-prisen for oppdaginga og to av dei kom til Oslo i september i år, for å ta imot den.

Science-fixion-filmen ”Interstellar”. 

Ein av dei som vann kavli-prisen,  Kip Thorn, heldt eit innleiings-foredrag  til science-fixion-filmen ”Interstellar” i Realfagsbiblioteket, for han hadde visst vore med på å gje idear til filmen. I følgje Einsteins likningar kan der vere svarte hol og det er dei nokså sikre på at der faktisk er. Etter teorien kan der også vere ”makk-hol”, men dei veit ikkje om det faktisk finst, så det får vi framleis rekne for å vere berre ei hypotese, vi kan spekulere på det. Det kan forståast som eit svart hol som er så djupt at det kjem ut att ein annan plass i universet. Ein kunne då tenker seg at masse som kom inn i tunellen verka gravitasjon i begge opningane, på to ulike stadar i universet.

I filmen skulle eit romskip styrast inn i eit slikt makkhol. Der var nokon som spurde om ikkje det ville verte øydelagt av gravitasjonen. Kip Thorn sa noko om at der kanskje kunne vere svarte hol eventuelt makkehol som var mildare og dei kunne forgreine seg. Eg kom i hug at Stephan Hawking skreiv i ei populærvitskapleg bok noko om å presisjonsstyre eit romskip inn i eit svart hol eller makkhol, så kunne ein kanskje unngå at det vart øydelagt. Det måtte vel vere ved å treffe midt i holet, slik at gravitasjonskreftene verka symmetrisk og nulla seg ut.

I følgje spesiell relativitetsteori kan ein tvilling verte sendt ut i verdsromet med eit romskip som kjem opp i stor fart og komme tilbake til jorda og vere yngre enn sin tvilling. For tida går seinare for ein som bevegar seg enn for ein som er i ro, så dersom der er to tvillinger og den eine reiser med eit romskip og kjem tiltak, vil han dere yngre enn den andre. Tvilingparadokset er at den som reiste kunne like gjerne påstå at det var han som var i ro og den andre som bevega seg.

Don Lincoln bruker her https://youtu.be/GgvajuvSpF4 eit døme med tre observatører, der det ikkje er akselerasjon. Forklaringa er at den som er i ro på jorda eksisterer i berre eitt referansesystem. Men den som reiste eksisterte i to referansesystem.

Når romskipet snur, vert det akselerert og det verkar som eit gravitasjonsfelt, der den som er i romskipet er lengre nede i gravitasjonsfeltet og der går tida seinare. Dette er ei anna sak, dette er generell releativitetsteori.

Filmen er om ein som vert med på ei reise ut i verdsromet i eit romskip. Men dei vert litt forsinka og det kan verte nok til at han ikkje frå sjå att dottera i  live. Det vert svært så sentimentalt med mykje følelsar og det minner meg om motsetnaden vi ofte kan kjenne mellom følelsar og den analytiske, matematiske tenkinga. Motsetnaden mellom hjerne og hjerte. Men så blir det til at dei styrer romskipet inn i eit svart hol som er nesten eit makkhol. Og då blir det slik at han ser dottera si gjennom fleire retningar, men ho kan ikkje sjå han. Ho følte at han var nær henne, som eit spøkelse. Han stakk finger regelmessig bort til klokka hennar og fekk sekundvisaren til å gå att og fram, til samanlikning med effekta av gravitasjonsbølgjer. Det var det teiknet ho fekk på at han verkeleg var der, nær henne. For å få dette til, hadde dei visst fått hjelp av nokre vesen som levde i fleire dimensjonar. Det vart til at han kom seg ut av holet igjen og kom seg attende til jorda. Men då var dottera hans så gammal og skrøpeleg at ho låg til sengs og born og barneborn var samla rundt henne.

Roger Penrose: ”Mote, tru og fantasi”. Eit alternativ til inflasjonsteorien.

Roger Penrose utvikla singularitetsteoremet i lag med Stephan Hawking, ein singularitet er eit punkt der ein matematisk funksjon får null i nemnar, det er ikkje lov i matematikken, så der er funksjonen ikkje definert. Men ein tenker seg at i svarte vert massens volum null, så tettleiken får null i nemnar, slik tenker ein seg også ”Big Bang” som ein singularitet. Det er ikkje lov i matematikken og fysikkens lover på matematisk form bryt saman, det kan ikkje observerast, men dei har formulert eit singularitets-teorem.  Dei er kjende for sine populærvitskaplege bøker, ”The Nature of Space and Time” skreiv dei i lag. No har Penrose kome med ei ny bok: ”FASHION, FAITH AND FANTASY in the New Physics of the Univers”. I Haust heldt han foredrag om den på Realfagsbiblioteket på Blindern. Eg var på laboratorieøving, så eg fekk det ikkje med meg, eg kom der rett etterpå, han var der framleis, bøkene  var utselde, berre ei utstillingsbok var att. Eg bladde litt i den, nei, dette såg ut til å vere for vanskeleg. Men eg har lese litt om den på internett. Han innrømmer at fysikarane ikkje er immune mot motetrendar, dogmatisk tru eller rein fantasering, det kan virke produktivt, men det kan og føre forskinga på avvegar:

In this provocative book, he argues that fashion, faith, and fantasy, while sometimes productive and even essential in physics, may be leading today’s researchers astray in three of the field’s most important areas–string theory, quantum mechanics, and cosmology. Arguing that string theory has veered away from physical reality by positing six extra hidden dimensions, Penrose cautions that the fashionable nature of a theory can cloud our judgment of its plausibility. In the case of quantum mechanics, its stunning success in explaining the atomic universe has led to an uncritical faith that it must also apply to reasonably massive objects, and Penrose responds by suggesting possible changes in quantum theory. Turning to cosmology, he argues that most of the current fantastical ideas about the origins of the universe cannot be true, but that an even wilder reality may lie behind them. Finally, Penrose describes how fashion, faith, and fantasy have ironically also shaped his own work, from twistor theory, a possible alternative to string theory that is beginning to acquire a fashionable status, to “conformal cyclic cosmology,” an idea so fantastic that it could be called “conformal crazy cosmology.” The result is an important critique of some of the most significant developments in physics today from one of its most eminent figures.

Boka har fire delar, 1 Fashion, om strengteori, 2 Faith, om kvantefysikk og gravitasjon, 3 Fantasy, om ”Big Bang”, 4 A new physcics of the univers. I del 4 presenterer han sin eigen twistor-teori, som greier seg med 4 dimensjonar, tid-romet. I del 3 beskriv han nokre problem i kosmologien som er forsøkt løyst med inflasjonsteorien. Han kallar det fantasi, ikkje berre for å vere kritisk, men så vidt som eg kan forstå, for å gjere merksam på at her trengst det ein god del meir fantasering.

Ja, no har dei gjort observasjonar som underbygger ”mørk energi”, masse med ”fråstøytande gravitasjon”, men kvar er massen? Denne fråstøytande krafta kan vel ha vore verksam heile tida og vore sjølve krafta i ”Big Bang” og erstatte heile inflasjonsteorien.

Bibelen gjev svar, men forstår vi det?

Fysikken og Bibelens røyndomsforståing.

Higgs-partikkel eller Guds-partikkel?

Higgs-partikkelen har vorte kalla Guds-partikkelen og det verkar som Higgs sjølv bidrog til det, noko han angra på. Mange har henvendt seg til han og reknar det nærmast for å vere eit Guds-bevis og viser til Thoraen/Bibelen. Men Higgs sjølv seier han har vore ateist sidan han var ein gutunge, og det reknar han som ei vesentleg forklaring på sin vitskaplege suksess, han trur ikkje at Gud skapte alt på sju dagar, han er ein ikkje-truande. Det ser ut til at han vart meir og meir ein nerd som ikkje kasta vekk tid og krefte på sosialt engasjement, men berre interesserte seg for fysisk forsking og det vart vesentleg for hans suksess.

Forskarane treng arbeidsro for å drive grunnforsking.

Men han påstår at med dagens utdannings- og forsnings-politikk ville han ikkje klart å oppnå ein slik suksess, vesentleg på grunn av kravet om resultat i form av publisering, vi kan forstå det som eit krav om sosialt engasjement.

Det er fleire som har gjeve uttrykk for det same, ein kan frykte for det vil verke som ein offentleg/statleg overvåking, i frykt for at dei ska komme fram til resultat som ikkje passar med  deira moralske/politiske filosofi. I verste fall kan det verke slik at forskings-resultata vert bestillingsverk. Kravet om publisering/sosialt engasjement gjer at forskinga vert overflatisk, dei får ikkje arbeidsro til å forske på dei grunnleggande problema og det er nettopp dei grunnleggande problema som særmerker fysikken.

Gud skapte himmel og jord på 7 dagar, men det var ikkje jord-dagar.

Bibelen fortel at Gud skapte alt på 6 dagar og så kvilte han den sjuande dagen.

1.Mos.1

1. I opphavet skapte Gud himmelen og jorda.

2 Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet.  3 Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys.  4 Gud såg at lyset var godt, og Gud skilde lyset frå mørkret.  5 Gud kalla lyset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, første dagen.

Så han definerte «dag» som lys og «natt» som mørke før han sette dei to lysa på himmelen, altså før der var jord-dagar. Då vert det fullstendig feil å rekne dette som jord-dagar. Mange kristne likar å vere nøyaktige med bokstavtolkinga, det er bra, men kvifor har dei då ikkje erkjennt dette? Dei hr då tvert om likt tradisjonell oppfatning i staden for å vere nøyaktige med bokstavtolkinga! Dersom dette var jord-dagar, så måtte jorda ha vore til før «Gud» skapte den, men kva er det for ein gud? Ein gud som prøver å innbille menneska at han har skapt det etter at det allereie var til? Det tyder på ei tilsniking, ormen som forførde menneske og som soleis klarde å gjere seg til denne verda sin gud.

Røyndomssyn i Bibelen og i fysikken. Den kristne visdomen.

For omlag 3000 år sidan oppstod den tanken i det gamle Hellas at naturen var forståeleg, slik byrja naturfilosofien og den stod i motsetnad til trua på avgudane som regjerte på kvar sine områder. Men det stemmer overeins med trua på Israels Gud og eg kjenner meg viss på at dei hadde det derifrå. For Gud har skapt alle ting ved sitt Ord og held alle ting oppe ved sitt Ord, så der er ei lovmessighet og den er i prinsippet forståeleg. Han skapte mennesket i si likning, så då skulle det vel ha gode føresetnadar for å forstå seg på det, det spørst berre kor mykje vi klarar å forstå. Likevel har han makt over det han har skapt og kan gjere under, men han sette mennesket over alt det andre han hadde skapt og sjølv om han har makt til å gjere nett kva han vil, har han valt å gjere seg avhengig av menneske, så når han gjer under, gjer han seg til kjenne for eit menenske og let det få vite kva han vil gjere, så det vert hans medarbeidar. Korleis då?

Guds Ande sveiv over vatna, då sa Gud at det skulle verte lys, så vart det lys. Han skapte mannen av mold frå marka og bles livsens Ande i nasa hans og han vart til ei levande sjel. Han er den same no og han skaper oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, men no er Kristus den siste Adam, som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Paulus sa at han som sa at lys skulle skine fram av mørke, han har late det skine i våre hjarto. Det er ved at han har gjeve oss sitt Ord og sin Ande.

2.Kor.4, 4 For guden i denne verda har blinda forstanden til dei vantruande, så dei ikkje ser lyset som strålar frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete.  5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar, for Jesu skuld.  6 For Gud, som sa: «Lys skal stråla fram frå mørkret», han har late det skina i våre hjarte, så kunnskapen om Guds herlegdom i Jesu Kristi andlet skal lysa fram.

7 Men vi har denne skatten i leirkrukker, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje koma frå oss.

Jesus kalla det Sanningsanden og Paulus sa at Anden ransakar alle ting, jamvel djupnene i Gud.

1.Kor.2, 1 Då eg kom til dykk, sysken, var det ikkje med meisterskap i talekunst eller visdom eg forkynte Guds mysterium.  2 For eg hadde fastsett at eg ikkje ville vita av noko anna hos dykk enn Jesus Kristus og han krossfest.  3 Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk.  4 Og eg bar ikkje fram bodskapen min med overtydande visdomsord, men med Ande og kraft som prov.  5 For trua dykkar skulle ikkje byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft.

6 Men vi forkynner ein visdom for dei som er mogne, ein visdom som ikkje høyrer denne verda til, eller herrane i denne verda, dei som går til grunne.  7 Nei, vi forkynner eit mysterium, Guds løynde visdom. Før tidene tok til, hadde Gud fastsett at denne visdomen skulle føra oss fram til herlegdomen.  8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent. Hadde dei kjent den, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre.  9 Men som det står skrive:

Det auge ikkje såg og øyre ikkje høyrde,

det som ikkje kom opp i noko menneskehjarte,

alt det Gud har gjort ferdig for dei som elskar han,

10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden utforskar alle ting, til og med djupnene i Gud. 11 For kven veit kva som bur i mennesket, utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss. 13 Og dette talar vi om med ord som Anden har lært oss, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss. For det åndelege tolkar vi med ord som høyrer Anden til. 14 Menneska slik dei er i seg sjølve, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er dårskap for dei, og dei kan ikkje forstå det, for det kan berre dømmast om på åndeleg vis. 15 Men det mennesket som har Anden, kan dømma om alt, og sjølv kan det ikkje dømmast av nokon. 16 For

kven kjende Herrens sinn, så han kunne gje han råd?

Men vi har Kristi sinn.

Salomos Ordspråk. 8.

Høyr, Visdomen ropar,

forstanden lyfter si røyst.

 

2 Visdomen stiller seg på toppen av høgdene,

ved vegen, der stigane møtest.

 

3 Ved portane inn til byen,

der folk går inn, ropar ho høgt:

 

4 Eg ropar til dykk, de menn,

mi røyst når ut til menneska.

 

5 Lær dykk klokskap, de urøynde,

få forstand i hjartet, de dårar!

 

6 Høyr, eg talar om det som er edelt,

frå leppene mine kjem ærlege ord.

 

7 Tunga mi talar sanning,

og leppene avskyr urett.

 

8 Kvart ord frå min munn talar om rettferd,

dei er ikkje svikefulle og falske.

 

9 Dei er gode for den som forstår,

og rette for den som finn kunnskap.

 

10 Ta imot mi formaning heller enn sølv

og kunnskap framfor utvalt gull.

 

11 For Visdomen er betre enn perler,

av alle skattar er ingen som ho.

 

12 Eg, Visdomen, bur i lag med klokskap;

kunnskap og omtanke finst hos meg.

 

13 Å frykta Herren er å hata det vonde.

Eg hatar hovmod og stormod,

den vonde vegen og all svikefull tale.

 

14 Meg høyrer råd og klokskap til,

innsikt er eg, og styrke har eg.

 

15 Ved meg herskar kongar,

og fyrstar fastset kva som er rett.

 

16 Ved meg rår fyrstar og stormenn,

alle som styrer rettferdig.

 

17 Eg elskar dei som elskar meg,

og dei som leitar, finn meg.

 

18 Hos meg er velstand og prakt,

rettferd og varig rikdom.

 

19 Mi frukt er betre enn det finaste gull,

den vinning eg gjev, er betre enn utvalt sølv.

 

20 Eg går på rettferds veg,

held meg på dei rette stigar.

 

21 Eg gjev rikdom i eige til dei som elskar meg,

og fyller skattkammera deira.

Opphavet til Visdomen

22 Herren bar meg fram som sitt første verk,

før hans gjerningar i fjerne tider.

 

23 Frå eldgammal tid vart eg forma,

i opphavet, før jorda vart til.

 

24 Eg vart fødd då djupa ikkje fanst

og dei vassrike kjeldene ikkje var til.

 

25 Før fjella vart sette på plass,

før høgdene vart eg fødd.

 

26 Han hadde enno ikkje laga jorda og marka

og dei første støvkorn på landjorda.

 

27 Eg var der då han grunnfeste himmelen

og rissa opp himmelranda over djupet,

 

28 då han gav kraft til skyene der oppe

og kjeldene i djupet fekk styrke,

 

29 då han sette grense for havet

så vatnet stansa der han baud,

då han rissa opp grunnvollane under jorda.

 

30 Eg var byggmeister hos han.

Eg var til glede for han dag etter dag

og leika meg støtt for hans andlet.

 

31 Eg leika på hans vide jord

og gledde meg med menneska.

 

32 Så høyr no på meg, born!

Sæle er dei som følgjer mine vegar.

 

33 Høyr på formaninga og bli vise,

forakt henne ikkje!

 

34 Sælt er det mennesket som høyrer på meg,

som dagleg vaker ved dørene mine

og held vakt ved portane mine.

 

35 For den som finn meg, finn livet

og vinn velvilje hos Herren.

 

36 Men den som ikkje finn meg, skader si sjel.

Alle som hatar meg, elskar døden.

 

 

Imponerande teoretikarar.

Gud skapte menneska i si likning, så då skulle dei vel ha gode føresetnadar for å forstå seg på skaparverket, men der er det stor forskjel på folk. Store matematikarar har utvikla matematikk som vi brukar til å forklare naturen med og nokre fysikarar har utvikla sine teoriar før dei hadde empirisk grunnlag for det og så viste det seg i ettertid at det stemmte og det er imponerande.

Einstein fekk Nobelprisen for at han oppdaga den fotoelektriske effekta, men ikkje for relativitetsteorien, som han sidan vart så berømt for. Sikkert fordi den enno ikkje kunne underbyggast med observasjon og eksperiment, men det kom seinare, oppdaginga av gravitasjonsbølger er vel den siste store stadfestinga.

Og Peter Higgs gav teorien for Higgs-partikkelen lenge før dei fann den.

Eksperimenteringa kan forståast som eit sjangse-spel og slik er det med å stille hypoteser også og det er gledelege overraskingar når vi opplever at det klaffar. Dette passar bra med Jesus ord: «Leit, så skal du finne».

Teori og erfaring – Guds Ord og Guds Ande. Fleire dimensjonar.

I vitskapen skil vi mellom teori og erfaring. Vi brukar sansane til å erfare det fysiske miljøet rundt oss og teoriane er forklaringar på korleis den fysiske naturen verkar. Men Guds Ord, Guds Ande og Guds rike kjem i tillegg til dette. Guds Ord er teori, men ikkje berre teori, Guds Ande er ikkje berre teori, men ein åndeleg røyndom og slik er det med Guds rike også. Så vi talar om å erfare dette også, i tillegg til den fysiske naturen og det er det som er så om å gjere for oss. Å få oppleve at Jesus er med oss ved sin Ande, å få oppleve kreftene av hans oppstode frå dei døde. Så vi kan seie og vitne om at vi har erfart at han lever og er med oss.

Eg får oppleve at han er oppstått og lever i mitt hjerte og han har kalla meg inn i nye dimensjonar i hans Ande. Dette skal eg nok få oppleve meir av. Ingen teori og ingen erfaring berre i det fysiske miljøet kan erstatte dette. Men eg må komme til han slik som eg er. Så eg må bere fram lekamen som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud.

Rom8,1 Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.  2 Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan dømma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne.

3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar og ein av dykk: Tenk ikkje for store tankar om deg sjølv, men bruk forstand og ver sindig! – kvar og ein etter den trua som Gud har tilmålt han.

Leve i samfunn med Gud og få oppleve at han gjer sitt verk i våre liv ved sitt Ord og sin Ande.

Bibelen seier at Gud skapte alle ting ved sitt Ord. Adam levde i samfunn med han og fekk oppleve at han gjorde sitt verk med han. Men han fall ifrå han og vart utestengde frå det nære samfunnet med han og han vart dømd til døden. Slik skilde synda menneska frå Gud. Men Jesus døde i staden for oss, med eitt offer tok han bort synda ein gong for alle. Så på evangeliets grunnvoll får vi kome inn att i det nære samfunnet med han og oppleve at han gjer sitt verk med oss. Vi vert reinsa i Jesu blod og fylte av den Heilage Ande, Guds Ande ransakar alle ting, jamvel djupnene i Gud. Ingen ting i den fysiske naturen er skjult for Guds Ande. Ved Guds nåde er der heller ingen ting i vår fysiske natur vi treng å skjule for den. Det er den subjektive, sosiale og pedagogiske side av saka.

Når vi lærer å forstå noko, så ”bygg vi om våre kognitive skjema” som pedagogane seier, så vi får orden i tankane våre og forstår betre. Auka orden betyr at entropien minkar, entropien kan minke lokalt sjølv om totalentropien aukar, men det er kanskje litt dristig å bruke entropiomgrepet her, for vi veit ikkje korleis minnet er representert i hjerna.

Gud oppseder oss og lærer oss opp ved sitt Ord og sin Ande. Då betyr vel det at vi frå orden i vår tenking, og meir orden svarar til redusert entropi. Han fyller oss med sin Ande og openberrar sin herlegdom for oss, slik løfter han oss opp, så vi skal få sjå meir av hans herlegdom. Han løfter oss opp på høgare fjell, så vi skal få sjå meir av det landet han har lova oss, altså ved opeberreing ved Guds Ande. Dette er eit Guds under og då reknar eg med at det resulterer i auka orden, redusert entropi, også total-entropi. Når Gud fyller oss med sin Ande, kan vi få oppleve at Gud lækjer oss frå sjukdom og skade, det betyr meir orden og redusert entropi.

Bibelen fortel om at Gud ved sin Ande løfta menneske opp og flytte dei til ein annan stad. Enok, Elia og Jesus løfta han opp og tok bort frå denne jorda. Fysisk sett betyr dette også redusert entropi. Og det er profetert om at Jesus skal komme tilbake og hente dei som tilhøyrer han, dei som han har kjøpt med sitt blod, dei som er hans brud. Det vert eit vitnemål for andre om Gud og Lammet.

Dette er opplagt Guds under som vi må ære Gud og Lammet for. Gud er den same og han er framleis verksam med si skaparkraft. Han har skapt alle ting ved sitt Ord og held alle ting oppe ved sitt Ord.

APPENDIKS.

Kvantefelt-teori.

https://nn.wikipedia.org/wiki/Kvantefeltteori

Kvantefeltteori (engelsk Quantum field theoryQFT) er ein fysisk teori som nyttarkvantemekanikk på felt. Kvantefeltteori er grunnlaget for store delar av moderne teoretisk fysikk, særskild innan partikkelfysikk. Han vart utvikla blant anna av Paul DiracVladimir FockWolfgang PauliSin-Itiro TomonagaJulian SchwingerRichard Feynman og Freeman Dyson.

Kvantfeltteorien kombinerer den spesielle relativitetsteorien med kvantemekanikken, ved å tillate skaping og tilinkjesgjering av partiklar, det vil sei overgangar mellom materie (med masse) og energi. Partiklane blir skildra som ladning av felt, og krefter mellom partiklar blir skildra som utveksling av virtuelle partiklar (virtuelle vekselverknadsboson). Dette blir ofte visualisert med feynmandiagram, ein skildringsmåte som vart funnen opp av Richard Feynman.

Standardmodellen i partikkelfysikken er ein spesiell type kvantefeltteori – ein såkalla gaugeteori – som skildrar den fundamentale strukturen hos materien og vekselverknadane til denne. Bruk av kvantefeltteori på elektromagnetiske felt leiar til kvanteelektrodynamikk (QED, quantum electrodynamics) som òg blir nytta innan atomfysikk. Moderne kondensert fase-fysikk brukar kvantefeltteori for å skildre eigenskapar, til dømes for superleiarar. Innanfor kosmologi brukast kvantefeltteori for å skildre eigenskapane til det tidlege universet, til dømes inflasjonsfasen.

Higgs-boson.

https://no.wikipedia.org/wiki/Higgs-boson

Et Higgs-boson er en elementærpartikkel postulert i 1964. Partikkelen er et skalarboson (et boson med spinn 0) som har masse, antakelig rundt 125 GeV/c²,[a] men ingen ladning. I juli 2012 ble det oppdaget en ny partikkel som kunne være Higgs-bosonet.[1] Dette ble senere bekreftet.

partikkelfysikkens standardmodell forklarer den såkalte Higgs-mekanismen hvorforelementærpartikler kan ha hvilemasse. Mekanismen forklarer massen som et resultat av partiklenes vekselvirkning med et allestedsnærværende kvantefelt medvakuumforventningsverdi ulik null, det såkalte Higgs-feltet. Higgs-feltet har som andre kvantefelt en assosisert partikkel som kan eksistere fra feltet, og denne er Higgs-bosonet. Higgs-bosonets eksistens bekrefter Higgs-mekanismen som igjen bekrefter standardmodellen.[2]

Elementærpartiklenes masse utgjør imidlertid bare en liten del, rundt 2 %, av massen til ordinær materie. Resten, rundt 98 %, kommer fra energi lagret i kraftfeltet til den sterke kjernekraften.[3]

Historie[rediger kilde]

Higgs-bosonet er oppkalt etter Peter Higgs som først postulerte dets eksistens i en artikkel i 1964.[4]Higgs’ artikkel var en av tre uavhengige artikler som ble trykket i Physical Review Letters i 1964 som alle la frem spontant symmetribrudd som løsningen på et av datidens store problem: hvordan bosoner kan ha (stabil) masse i en kvantefeltsteori ; de andre to artiklene var av François Englert og Robert Brout;[5] og av Gerald GuralnikC. R. Hagen, og Tom Kibble (GHK).[6] De tre artiklene la en viktig grunnstein for standardmodellen som i stor grad ble utformet på 1970-tallet. To av de tre artiklene (av Higgs og GHK) inneholdt likninger for det hypotetiske feltet som siden har blitt kjent som Higgs-feltet, men det var bare Higgs som eksplisitt beskrev en massiv kvant (partikkel) forbundet med krumningen til det effektive potensialet som bestemmer feltet vakuumforventningsverdi, og det er denne som siden har blitt kjent som Higgs-bosonet.[7]

Higgs ga imidlertid intet anslag for partikkelens masse, og dermed hvordan man skulle lete etter den. Utover 1970-tallet forsøkte en rekke forskningsgrupper å beregne hvordan partikkelen vekselvirket med andre partikler og estimere grenser for hvilken masse partikkelen kunne ha. Systematiskenøytronspredningseksperimenter kunne i 1975 utelate at partikkelen hadde en masse på under 15 GeV/c².[8] Året før hadde en annen forskningsgruppe kommet til at massen ikke kunne ligge mellom 1,030 og 18,2 MeV/c².[9] Dermed var de enkleste mulighetene utelukket, og for å søke etter partikler med tyngre masse krevdes store og dyre partikkelakseleratorer.

Byggingen av Large Electron–Positron Collider (LEP) ved CERN i 1989 ga nye muligheter for å lete etter Higgs. Da LEP ble stengt ned i 2000 kunne masser opp til 114 GeV/c² utelukkes med 95 % konfidensintervall.[10] Etter stengingen av LEP ble Fermilabs Tevatron-akselerator det nye senteret for Higgs-leting. Masser mellom 156 og 177 GeV/c² ble utelukket og enkelte eldre resultater bekreftet, før fokus ble flyttet til byggingen av Large Hadron Collider (LHC) ved CERN.[7] LHC startet å produsere kollisjoner sent i 2009 og ved utgangen av 2011 kunne de første foreløpige analysene presenteres. De utelukket masser fra 127 GeV/c² og oppover, og ga hint om at en ny partikkel kunne befinne seg i området 124–126 GeV/c².[7][11] Det neste halve året fortsatte resultatene fra de to eksperimentene ATLAS og CMS å bekrefte en ny partikkel i dette masseområdet og 4. juli 2012 slapp CERN pressemeldingen om at det med 99,99995 % sannsynlighet («5 sigma») var oppdaget et nytt boson med en masse på omtrent 125 GeV/c².[12]

1 Comment »

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: