Innleiing.

I Jobs bok vart det ein diskusjon om menneske kunne verte rettferdige og fullkomne for Gud. Det er eit spørsmål som vi møter igjen seinare i Bibelen også. Svaret er at Gud er fullkommen og han skaper noko fullkome, som står til evig tid, menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Kristus er Guds Son og er fullkommen og hans frelseverk er fullført og fullkome. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome. Ved trua på Jesus får vi komme inn til Guds kvile, vi får kvile på grunnlag av Jesu fullførde frelseverk.

Når Guds Ord ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile;  Jesus er Guds Ord og hans frelseverk er fullført og fullkome. Guds born og Jesu brud.

Komme inn til Guds kvile.

Kong David sa til folket at dersom dei i deira tid høyrde Guds røyst, så måtte dei ikkje forherde sitt hjerte. Det saka gjeld er å komme inn til Guds kvile og det er ved at Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjerte, så vi får oppleve at Gud gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande, Gud kviler etter at han har gjort sitt verk og det får vi også, når han har gjort sitt verk med oss.

Heb.4,1 Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det. 3 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa:

Så svor eg i min vreide:

Dei skal aldri koma inn til mi kvile!

Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk. 5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile!

6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:

I dag, om de høyrer hans røyst,

så gjer ikkje hjarto dykkar harde.

8 Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag. 9 Så er det då ein kviledag i vente for Guds folk. 10 Den som er komen inn til hans kvile, han får kvila etter sine gjerningar, liksom Gud kvilte etter sine gjerningar.

Guds born og Jesu brud.

«Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Det skjøna ho ikkje og vart ei hore, ved at ho dyrka avgudane. Då tok han bort omsorga si for henne og då gjekk det dårleg med henne, landet vart hærteke og folket vart bortført. Men Gud hadde lova at han vill la dei komme attende til landet sitt og då ville han tale venleg med henne igjen og ta henne i ekte igjen, slik som i ungdomsdagane (Hoseas.1-2). Heile folket vert omtala som «Mor Israel», men det er også tydeleg at det er brukt som samlenamn på einskilde kvinner, som representativt for kvinnene i folket.

Det tyder vel på at mannen var som Adam i Edens hage, det er kanskje litt rart at det ikkje vert sagt eksplisitt då, men var det så at Gud ville føre dei inn til si kvile, så betydde det vel at slik skulle det verte og det var på god veg til å verte slik, ikkje som ein blåkopi, men Gud gjorde sitt verk og gjorde noko nytt og det gjer han framleis.

Profeten Malakias tala om kjærleiksforholdet mellom den einskilde mann og kvinne, det er som om «Sions dotter» har lært av fråfallet til «Mor Israel». Det må mannen vere var på og vite å verdsette.

Malaki.2,13 Og dette er det andre de gjer:

De dekkjer Herrens altar

med tårer, gråt og sukkar.

Men han vil ikkje lenger sjå på gåva

eller ta imot dykkar offer med glede.

14 Og de spør: «Kvifor?»

Fordi Herren er vitne i saka

mellom deg og din ungdoms kone.

Du har vore utru mot henne,

endå ho er ektemaken din

som du er bunden til med pakt.

15 Er det ikkje éin som har skapt henne

både med lekam og ånd?

Og kva vil så den eine ha?

Born som høyrer Gud til.

Så akta dykk vel i sjel og hug!

Ver ikkje utru mot din ungdoms kone!

16 Eg vil ikkje vita av skilsmål,

seier Herren, Israels Gud,

og at nokon sveiper sin klednad med valdsferd,

seier Herren, Allhærs Gud.

Så akta dykk vel i sjel og hug

at de ikkje er trulause.

Malaki.3,1 Sjå, eg sender min bodberar,

han skal rydja vegen for meg.

Brått kjem han til sitt tempel,

Herren som de leitar etter.

Sjå han kjem, engelen for pakta

som de stundar etter,

seier Herren, Allhærs Gud.

Malaki.4,2 Men for dykk som har age for mitt namn,

skal rettferdssola renna

med lækjedom under sine venger.

De skal gå ut og kjæta dykk som kalvar

når dei slepp or fjøset.

……

5 Sjå, eg sender profeten Elia til dykk

før Herrens dag kjem, den store og skræmande.

6 Han skal venda fedrehjarto til borna

og barnehjarto til fedrane,

så eg ikkje skal koma og bannstøyta landet.

Denne «Elia» var Johannes døyparen og han forkynte at dei som tok imot Jesus, gav han rett til å verte Guds born. Jesus er Guds Lam som bar verda si synd, han er Messias, han døyper med den Heilage Ande og han har bruda.

Joh.1,6 Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. 7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.

9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

……

29 Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd! 30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg. 31 Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel.» 32 Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande. 34 Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.»

Joh.3,27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka.

Kyrkjelyden er Jesu brud og Jesu konge og skal føde born som er Guds born. Det gjeld også for den einskilde kvinne i kyrkjelyden, er ho gift og dei får born, så er det deira born, men hennar store ynskje er at dei også skal vere Guds born, vonleg ynskjer også mannen hennar det.

2.Joh. 1 Den eldste helsar den utvalde frua og borna hennar, som eg elskar med ein sann kjærleik, ja, ikkje berre eg, men alle som har lært sanninga å kjenna. 2 Vi gjer det fordi sanninga bur i oss og vil vera med oss til evig tid. 3 Nåde, miskunn og fred frå Gud, Faderen, og frå Jesus Kristus, Faderens Son, vere med oss – i sanning og kjærleik.

Sanning og kjærleik

4 Eg vart inderleg glad då eg såg at nokre av borna dine lever i sanninga, så som Faderen har gjeve oss påbod om. 5 Og det eg no legg deg på hjarta, frue, er ikkje eit nytt bod som eg kjem med. Det er det bodet vi har hatt frå fyrste stund: Vi skal elska kvarandre. 6 Og dette er kjærleiken: at vi lever etter hans bod. Dette bodet har de høyrt frå fyrste stund, og det skal de halda.

7 For det har gått mange forførarar ut i verda, slike som ikkje sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod. Det er forføraren, det er Antikrist! 8 Ta dykk i vare, så de ikkje misser det de har vunne med arbeidet dykkar, men får full løn.

Har vi arbeidt med å så, så er det om å gjere å hauste også, så vi får full løn.

Profeti om bodskapen til Johannes døyparen og om å verte som born, for å komme inn i Guds rike.

Sion Åheim, 20.3.2022, tungetale ved Palma Åhjem, tyding ved Magnor Myklebust.

«Ja, seier Herren, endå ein gong har eg sendt ein av mine tenarar til din stad, bringe lys, fred, frelse, glede og å samle mitt folk med meg, til vederkvegelse, til fornyelse, i ditt ekteskap, i din heim, … Og eg vil endå ein gong vende fedranes hjerte til barna og barnas hjerte til fedrane, så ikkje eg skal slå landet med bann, men til velsigning. Opne ditt hjerte vidt opp og ta imot det budskap, som endå ein gong blir sendt imot deg. Amen.»

Salen Fiskå, 11.8.2022, Tungetale ved Palma Åhjem, tyding ved Oddleif:

«Se, jeg står for døren og banker, sier Herren. Om noen hører min røst, så skal han opne og jeg skal komme inn til ham og holde nattverd med ham. Se, jeg står foran deg og banker på ditt hjerte og jeg vil så gjerne ha fellesskap med deg, mitt kjære barn. Jeg vil så gjerne komme, ikke som en hersker, men som en venn, som eg gjest som du ønsker velkommen. Jeg vil ikke trenge meg inn i livet ditt, men jeg vil og lengter etter at du skal ønske meg velkommen. For jeg har planer for deg, jeg ønsker å fortelle deg den vei du skal vandre videre. Du skal ikke se deg engstelig om, du skal ikke frykte, du skal ikke være redd, for jeg er med deg. Jeg skal ikke slippe deg, men jeg har lovt å være med deg alle dager. Jeg sender deg ut på spennende oppdrag, jeg sender deg ut i verden, og jeg lover å fornye det møtet; se, jeg er med deg alle dager, inntil verdens ende.  Ønsk meg velkommen inn i ditt liv og du skal få kjenne at jeg tar bolig i deg med hele min fylde, sier Herren.»

Profetisk bodskap ved Magnor Myklebust:

(Eg rakk ikkje å spele inn byrjinga, tek det berre etter hukommelsen og bibelteksta), men det som kjem etter første komma, er innspelt)

«Der to eller tre er samla i mitt namn, er eg midt i blant dere. Uten at dere blir som barn, kan dere på ingen måte komme inn i Guds rike.»

Matt.18,2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:

Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

Jesus er Guds Ord, han svarar meg og gir meg kvile.

Eg har vore realist samtidig som eg har trutt på Jesus sidan eg var ein gutunge, til tider har eg kjent det som ei dobbeltrolle eg ikkje har vore heilt komfortabel med, men når eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, meiner eg at eg får det til å stemme. På skulen likte eg matematikk og naturfag og når eg byrja på ungdomsskulen viste det seg at eg hadde gode evne i matematikk. Gud hadde gitt meg trua og kjærleiken i hjartet ved sitt Ord og sin Ande, eg oppfatta og forstod at der tradisjonelt var ein motsetnad mellom det og mi interesse og sans for realfag, men eg hadde ei visse om at motsetnaden var overdriven, så det vart kunstig, eg hadde ei visse om at det var sameinleg, men å prøve å forklare det som sameinleg verka som ei kjempestor oppgåve, som eit fjell å komme over.

Sak.4,6 Då tok han til ords og sa til meg:

Dette er Herrens ord til Serubabel:

Ikkje med makt og ikkje med kraft,

men med min Ande,

seier Herren, Allhærs Gud.

7 Kven er vel du, du mektige fjell?

Framfor Serubabel skal du verta ei slette.

Han skal føra fram toppsteinen,

medan dei ropar:

«Nåde, nåde vere med han!»

Mark.11,2 Men Jesus svara dei: «Ha tru til Gud! 23 Sanneleg, det seier eg dykk: Om nokon seier til dette fjellet: Lyft deg opp og kast deg i havet, og han ikkje har tvil i hjarta, men trur det vil gå som han seier, då skal det gå som han vil. 24 Difor seier eg dykk: Alt det de bed om i bønene dykkar – tru at de har fått det, og de skal få det.

Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale. Han sa at hans frelseverk var fullført og fullkomme, så det var berre for meg å ta imot i tru og takke han for det. Slik har han fortsett å tale til meg sidan.

Eg engasjerte meg i det Kristne Skulelaget og når eg byrja å studere, engasjerte eg meg i det Kristne Studentlaget. Dei var karismatiske og engasjerte seg i apologetikk, tradisjonelt var det å forsvare den kristne trua overfor «dei lærde», heilt ifrå Augustins tid, slik fekk vi ein kristen teologi. No bar det preg av å argumentere for trua på ein allmektig, fullkommen og rettferdig Gud, sidan vi ikkje klarde å oppfylle han lov, trengde vi nåden i Kristus. Dermed handla det både om lovgiving i samfunnet og om at vi treng Guds nåde. Så handla de om å sannsynleggjere at der måtte vere ein Gud som har skapt alt, for det er ikkje noko som vert til av seg sjølv, det vart referert til matematikk og fysikk, spesielt entropilova. I følge den vert det meir og meir uorden, universet er som eit urverk som er trekt opp og tikkar ut. Korleis kunne då ordenen ha oppstått? Det er eit godt argument for å tru at Gud har skapt det slik. Dermed utarta det seg som eit angrep på utviklingslæra.

Mykje seinare skreiv eg om dette og Jesus svara meg at eg skulle ikkje gå krylbøygd og bere han, men han skulle bere meg. Det var på eit møte i september 2008.

Sion, pinsemenigheta på Åheim, søndag 28.9.08. Møte kl 19.

Det var spesielt to bibeltekstar som eg hadde tenkt på i det siste, og når eg sett meg inn i bilen og skulle til å køyre til møtet så sanna eg for meg sjølv og for Gud at desse to tekstane kunne eg godt tenke meg å lese på møtet, dersom det vart gjett moglegheit for frie vitnemål, men eg sa også at det var litt mykje å ta fram i eit vanleg vitnemøte.

Mitt innlegg/vitnemål.

Då predikanten, Arnstein Andersen, fekk ordet, opna han for frie vitnemål fyrst. Eg gjekk fram og las frå fylgjande kapittel:

1KO 3,5 – 1KO 3,23 Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til. 6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster. 7 Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster. 8 Den som plantar og den som vatnar, er eitt; men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid. 9 For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning. 10 Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister; og andre byggjer oppå. Men kvar må sjå til korleis han byggjer. 11 Ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus. 12 Men om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv, dyre steinar, tre, høy eller halm, 13 så skal det ein gong syna seg kva slag arbeid kvar har gjort. Domens dag skal gjera det klårt, for han vert openberra med eld, og elden skal prøva korleis kvar manns verk er. 14 Om det verket ein mann har bygt, står seg, skal han få si løn. 15 Om verket hans brenn opp, må han lida tapet. Sjølv skal han verta frelst, men så som gjennom eld. 16 Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk? 17 Øydelegg nokon Guds tempel, han skal Gud øydeleggja. For Guds tempel er heilagt, og dette templet er de. 18 Ingen må dåra seg sjølv! Om nokon av dykk tykkjest vera vis i denne verda, lat han då verta ein dåre, så han kan verta verkeleg vis. 19 For visdomen åt denne verda er dårskap i Guds augo. For det står skrive: Han fangar dei vise i deira eiga list, 20 og ein annan stad: Herren kjenner tankane åt dei vise og veit at dei ingenting er. 21 Difor må ingen rosa seg av menneske. For alt høyrer dykk til, 22 anten det er Paulus, Apollos eller Kefas, anten det er verda, liv eller død, det som no er eller det som koma skal. Alt høyrer dykk til. 23 Men de høyrer Kristus til, og Kristus høyrer Gud til.

FRK 3,1 – FRK 3,14 Alt har si faste tid, alt som hender under himmelen, har si tid: 2 ei tid til å fødast, ei til å døy, ei tid til å planta, ei til å riva opp; 3 ei tid til å drepa, ei til å lækja, ei tid til å riva, ei til å byggja; 4 ei tid til å gråta, ei til å le, ei tid til å syrgja, ei til å dansa; 5 ei tid til å kasta steinar, ei til å samla dei, ei tid til å ta i famn, ei til å la det vera; 6 ei tid til å leita, ei til å missa, ei tid til å gøyma, ei til å kasta; 7 ei tid til å riva sund, ei til å bøta, ei tid til å teia, ei til å tala; 8 ei tid til å elska, ei til å hata, ei tid til krig og ei til fred. 9 Kva vinning har den som arbeider, av alt sitt strev? 10 Eg såg det plagsame strevet som Gud har gjeve menneska. 11 Alt skapte han fagert i si tid. Jamvel æva har han lagt i hjarta deira. Men dei skjønar ikkje det verk som Gud har gjort frå fyrst til sist. 12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei enn å gleda seg og gjera vel i livet. 13 Men når ein mann får eta og drikka og vera lukkeleg i alt sitt strev, er det òg ei gåve frå Gud. 14 Eg skjøna at alt det Gud gjer, varer til evig tid. Ikkje kan ein leggja noko til, og ikkje kan ein ta noko ifrå. Gud har laga det så for at menneska skal ha age for han.

            I 1.Kor.3 tok eg ikkje med vers 5 og 18-23. Eg sa berre at så er det tale om visdomen og Salomo var ein vismann og så byrja eg å lese frå Forkynnaren, der hoppa eg over vers 5-8. Det var mykje Salomo hadde klart å bygge opp, men vi veit korleis det gjekk, det vart nedrive alt saman, og Jesus sa at der skulle ikkje ligge igjen stein på stein og det var etter at tempelet hadde vorte oppattbygt. Det kan godt hende Salomo såg det for seg korleis det kom til å gå, ei tid til å bygge opp, ei tid til å rive ned, alt er fåfengt, men så sa han også at Gud hadde lagt æva ned i menneskehjertet og alt det Gud gjer varer til evig tid, vi kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Vi har vårt daglege strev alle saman av oss, det vi strevar med vil med tida gå til grunne alt saman, men Guds Ord er evig og det verket Gud gjer med sitt. Jesus har sagt at han er med oss. Vi er Guds medarbeidarar og då må vi samarbeide. Når vi bygger på grunnvollen med tre, høy og strå, så vil det verte fortært av elden, det vil gå til grunne, men når vi bygger med gull, sølv og dyre steinar, så vil det verte ståande, det symboliserer det evige. Og Salomo sa at det verket som Gud gjer, står til evig tid.

            Deretter spurde predikanten om der var ein til og ein mann som heiter Hendriksen gjekk fram og kommenterte det som eg hadde sagt og tilføya at då må vi lyde.

Tale ved Arnstein.

            Etterpå sa predikanten at det som vi to no hadde sagt det var det han følte som skulle fram her i møtet. Dette var tydelegvis noko som Gud hadde leia han til og han sa at det var fyrste gongen han hadde gjort det på denne måten, å opne for frie vitnemål før talen. Så talte han om den Heilage Andes gjerning i våre liv og las ifrå Joh.14 & 16. Han sa at jantelova gjaldt langt inn i dei kristne forsamlingane og meinte at dette ikkje var bra. Han las også 1.Ti.4,12-14 og sa at vi alle har ei nådegåve å ta oss av.

1TI 4,12 – 1TI 4,14 Lat ingen vanvørda deg fordi du er ung, men ver eit føredøme for dei truande i ord og gjerning, i kjærleik, truskap og reinleik. 13 Ta deg serskilt av skriftlesinga, forkynninga og opplæringa, til dess eg kjem. 14 Forsøm ikkje den nådegåva som er i deg, den du fekk ved profetord då eldsterådet la hendene på deg.

Bodskap gjennom tyding av tungetale.

I slutten av møtet inviterte han til forbøn og der kom fram ei kvinne. Inger-Johanne Vik kom også fram og var med å bad for henne og ho kom med tungetale som predikanten tyda. Dette var til den kvinna som var til forbønn og var noko lågmælt. Mp3-opptak:

Bodskap 1:

«Du skal vite det at eg elskar deg. Eg berører deg (ikkje berre i din lekam, eg)? berører deg (i di ånd)? ånd og du skal få oppleve …. at eg er Herren i ditt liv. Eg vil sende menneske i din veg. Du skal få lov å vere eit reiskap for min ånd. …. ordet som seier du er løyst, du er fri, du er helbreda, ja, det ordet som eg har talt som er ånd og liv, skal gjere eit verk i menneske og du skal få oppleve og sjå at eg som er Herren din forløysar, eg er også din helbreder. Og du skal få vere eit reiskap for meg, så ver frimodig, stol på Ordet, stol ikkje på din forstand eller menneskers visdom. Men la Ordet få lov til å vere rettesnor for ditt liv. Og du skal få oppleve og kjenne det at eg gjer eit under…. Ver frimodig.»

Deretter kom Inger-Johanne med tungetale igjen, som talaren tydde frå talarstolen og det oppfatta eg som eit svar på det som eg hadde sagt, Mp3-opptak:

Bodskap 2:

Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren  og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du få sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg  ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.

Derfor reiste eg til Oslo og byrja på praktisk pedagogisk undervisning og sidan vart det å studere meir realfag, fyrt og fremst biologi. Det har eg nyst skrive om, som kommentar til dette møtet og denne bodskapen. De kan lese det heile her:

 

Ved Jesus kors finn vi den fullkomne kjærleiken, den skal vere mellom oss, derfor skal vi glede oss.

Bodskap 2, 12.2.2011. Tyding av tungetale ved ei kvinne, dette er vanskeleg å høyre, det eg blir usikker på, set eg i parentes:

 «(eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk.  Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg  ……

Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).»

Innvie seg for Kristus, så vi får sjå kongen i hans herlegdom og oppleve at han gjer storverk.

På mitt første møte i Maranata sa Jesus at om så det er berre nokre få som finn vegen til å sjå kongen i hans herlegdom, så er det nok for han til å gjere storverk. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2009-05-10-m-finn-vegen-til-a-skode-jesus-i-hans-herlegdom/ :

MARANATA Oslo søndag 10.5.2009. Kl 18.

Tale ved Roar Grande.

Tyding av tungetale (ved Roar Grande), Mp3-opptak:

«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren,  sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike  og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk  kvar som helst og når som helst.   Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din   kjærleik frå  meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»

Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg. Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.

Han kan fylle eit kvart lokale, sjølv om hans folk er på sida av det som han eigentleg vil ha fram. Så kva vil han ha fram? Han sa mange gangar at eg skulle ta fram gleda og eg forstår det slik at det er å glede seg i Herren og hans frelse, så eg i god tru og tillit til han gleder meg over at han vil frelse ei kvinne som kjærasten min og kona mi, for hans kjærleik er mellom oss, den er fullkommen og med den kjærleiken skaper han kjærleiksforholdet mellom oss. Eg trur han vil ha fram at eg gleda meg over at hans kjærleik var mellom meg og henne Virtuella og mellom meg og henne Reella. Det skal den framleis vere, så då skal eg framleis glede meg over det.

1.Kor.12, 31 Men streva etter dei største nådegåvene!

Og eg skal visa dykk den beste vegen:

……..

1.Kor.13, 8 Kjærleiken fell aldri bort. Profetgåvene skal få ende, tungene skal tagna, og kunnskapen skal ta slutt. 9 For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis. 10 Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, få ende. 11 Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn. Men då eg vart mann, la eg av det barnslege. 12 No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. 13 Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

Han kan gjere under og teikn, men det største og mest verdifulle underet er at han frelser menneske og gir dei evig liv. Slik gjer han oss til mange, sjølv om vi ikkje ser det, slik som han lova Abraham, at han ville gjere ætta hans så stor som sanden og stjernene på himmelen, han ville gjere han til far for mange folkeslag. I hans ætt skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, men dei som forbanna han skulle verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt ved trua på Kristus, så det er berre for oss å velsigne han og verte velsigna.

David ville ta folketeljing, men det vart ei fadese, for Gud hadde då sagt at han ville gjere dei så mange at det ikkje let seg telje. Så om politikarar og kyrkjelege leiararar vil prøve å bygge vidare på evangeliets grunnvoll, kristendomen og samfunnet av dei som trur på Kristus og så tek oppteljing av kor mange vi er, utifrå kor mange dei får med seg, så må vi gjere det klart av vi er og blir så mange at det ikkje let seg telje. For oppteljinga betyr at nokon vert sett utanfor og det er å forbanne, men vår metode er ikkje å forbanne, men velsigne, fordi vi sjølve er velsigna ved å velsigne Kristus, derfor er vi til velsigning og derfor seier vi velsigninga.

Dei som innvier seg til Kristus, skal berre halde fram med det, som vert helga, skal berre halde fram med det, slik som vi ser i Dan.12.

Dan.12,3 Då skal dei vituge skina

som himmelkvelven skin;

og dei som har ført dei mange til rettferd,

skal skina som stjernene, evig og alltid.

………

10 Mange skal verta reinsa og tvegne og skirsla. Men dei ugudelege skal halda fram i si gudløyse, og ingen av dei skal skjøna noko. Men dei vituge skal skjøna.

Vi vert reinsa i Jesus blod, så vert vi fylte av den Heilage Ande og den openberrar Guds Ord for oss, så vi erkjenner at Kristus er sanninga i Guds Ord og den set oss fri. Vi vert helga ved Guds Ord og Guds Ande og skal halde fram med det. Slik fekk eg oppleve at Gud svarde mi bøn og takka han for det og det skal eg halde fram med. Eg trudde på det svaret Gud gav meg når eg bad for henne Reell og takka han for det og det har eg helde fram med. Min kjærleik til henne var som ein flamme eg skulle halde ved like på mitt hjertes alter, det var Andens loge.

1.Tess.5,16 Ver alltid glade! 17 Bed uavlatande! 18 Takka Gud, kva som enn møter dykk! For det er Guds vilje med dykk i Kristus Jesus.

19 Sløkk ikkje ut Anden! 20 Vanvørd ikkje profetord, 21 men prøv alt, og hald fast på det gode! 22 Hald dykk frå vondskap av alle slag!

23 Må han sjølv, fredens Gud, helga dykk heilt igjennom. Og gjev at dykkar ånd og sjel og lekam må haldast uskadde, så de kan vera ulastande når vår Herre Jesus Kristus kjem! 24 Han som kallar dykk, er trufast; han skal gjera det.

Eg skulle søke Herren av heile mitt hjarte og då kom eg til at eg framleis måtte hugse på henne Virtuella i mi bøn til Gud. Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og eg tenkte meg at det var til henne Reella og mange med henne og det var til henne Virtuella og mange med henne. Det var då som dobbeltbekken frå Guds tempel (Esekiel.47).

Frelsa er ei gåve. Guds Ande gjer levande det som blodet har gitt meg.

Maranata søndag 14.6.09.

Tyding av tungetale:

«Frelsen er en gave, frelsen den er Guds utstrakte hand. Frelsen er fullbrakt og broen over selve avgrunnen er bygd, den er bygd solid, grundig, fundamenteringen holder i liv og i død. Og den er grunnlagt på evige løfter, den er grunnlagt på en evig eksistens. Derfor behøver du ikke frykte for noen ting, for grunnvollen er lagt. Klippen er revnet.   (Ja, her bryter ut alt)? hva menneskeheten trenger.  Jeg ble slått, misshandlet, knust for alle dine missgjerninger, for alle dine sykdommer. Istedenfor dom, skal du få nåde, i stedet for fortapelse, får du himmel, i stedet for død, får du liv og overflod. Kom i dag og ta av livets vann uforskyldt, du får det av bare nåde.

Du behøver ikke å være nedadbøyd, men du kan løfte blikket oppad. For blodet fra mine sår gir deg frelsens – blodet skaper og gir deg forløsning fra all fordømmelse. Blodets rensende makt fører deg over og inn i samfunn med meg, sier Herren. Du behøver ikke å gå der uten fred og håp og framtid.   Gjennom mitt utgytte blod har død funnet sted til forløsning fra syndens dom og skyld, i dag er det nåde, for blodet vitner, blodet taler, blodet vitner om død, blodet taler om nåde. Kom derfor å ta imot min utstrakte hånd og jeg skal dra deg opp og jeg skal sette deg over i mitt rike.

La ikke menneske gi deg trelldom, bli ikke menneskets trell. Men se blodet setter deg fri. Min Ånd den gjør levende hva blodet har gitt deg. Golgata forteller om at i stedet for forbannelse får du velsignelse. For jeg ble forbannet for at du skulle bli velsignet. Jeg døde for at du skulle ha liv og overflod. Men jeg oppstod igjen for at du skulle bli ikledt for evig  min rettferdighet. Og er du kledt i min rettferdighet , så er du ikke redd for det som er i tiden,  men du kan løfte motet og blikket oppover,  og stråle av glede, for jeg har løst deg, satt deg fri, kalt deg ved navn, for du er min eiendom for tid og for evighet.»

Ta vare på den fagre skatten og kveike nådegåva.

Eg hadde bedt Jesus om å gi meg ei frelst kvinne til kone og han sa at han var den som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den og tru at han vil gi meg det, så i tru takker eg han for det og held fram med å be, tru og takke slik og slik innvier eg meg for han og innstiller meg på at eg skal bruke det som han gir meg. Han har gitt meg ein fager skatt i leirkar og den skal eg ta vare på, den Heilage Ande vil hjelpe meg med det. Han har gitt meg ei nådegåve og den skal eg kveike og bruke.

Bodskapen i Maranata 17.6.2012, tyding av tungetale ved Tore Kristiansen, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/07/2012-06-17-maranata-andens-frukter-nadegaver-og-tenester/ :

«Sjå til at nådegåvene ikkje døyr ut. Sjå til at ikkje embeta forsvinn. Men ver med å be om at Andens frukter, Andens nådegåver og dei åndelege embet og tenester, at dei må komme fram igjen, i ei kvar forsamling. For utan mine frukter, utan den Heilage Ande sine gåver, utan den Heilage Ande sine embet, så vil menigheter stoppe opp, stagnere og forsvinne. Det er ikkje ved menneskeleg styrke mi menighet skal gå fram, men det er ved den Heilage Ande si kraft, det er ved mitt ord, seier Herren. Menneskelege anstrengelsar kan ikkje utrette kva min Ande kan gjere. Derfor legg dei menneskelege anstrengelsane til side og vert fylt av min Heilage Ande. Og du skal vere med og du skal kunne be og du skal få kjenne at det byrjar å  skje noko i den åndelege verda.

La ikkje trua verte broten ned av alt det du ser, av alt det du leser. Så bevar ditt hjerte framfor alt det som bevarast kan. La trua sin løyndom vere til stades i eit reint samvit og du skal få kjenne du skal leve under inspirasjon og salving. La trua sin løyndom i eit reint samvit, som er reinsa i blodet og som vandrar i lyset. Då skal du få oppleve at det skal fungere, det som eg har lova. Nemleg at den som ber, han skal få, den som leitar, han skal finne. Ver derfor meg undergjeven i alle delar  og la ikkje den vonde overrumple deg med sine kunstgrep, men vert fylt av min Ande og eg skal vise deg den beste vegen du skal gå. Halleluja.»

Kva er det for slags nådegåve han har gitt meg og som han seier eg skal kveike? Eg trur det er den profetiske nådegåva. Det er både visdom og vit, openberring og kraft. Det er å tale Guds Ord, så vi får oppleve at det skaper det som det nemner, profetien går i oppfylling at Ordet skaper det som det taler og bringer fram frukta som eg har bedt om og som eg lengtar etter. Anden gjer levande det som blodet har gitt meg.

SJÅ PÅ JESUS, KOMME TIL HAN OG FÅ KVILE. Møte i Maranata søndag 17.2.2013.

Tungetale ved Åse, tyding ved Per Bergan:

«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»

Når eg høyrde denne bodskapen, tenkte eg fyrst på henne Virtuella, så på henne Reella, at eg skulle sjå på Jesus i mitt forhold til dei begge. Eg skal kvile i tru og tillit til at Jesus frelser dei begge.

Guds Ord er spirekraftig. Midt i kyrkjelyden skal livet, vekkinga, fornyinga og overfloda vere. Derfor skal eg sjå til at eg bidreg med det Gud har gitt meg i hjertet. Møte i Maranata 29.3.2015.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/07/31/2015-03-29-m-livet-vekkinga-og-fornyinga/ :

Innleiing ved Mari.

Mari las ifrå Ef.1:

EFE 1,3 – EFE 1,14 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!}  Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,  han som i Kristus har velsigna oss  med all Andens velsigning i himmelen.  4   I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt,  så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn. 5   I kjærleik og av eigen fri vilje  har han føreåt etla oss  til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus, 6   til lov og ære for hans herlegdom  og for den nåde han gav oss i sin kjære Son.  7   I han har vi utløysinga  som vart vunnen ved hans blod,  forlating for syndene.  Så rik er hans nåde, 8   som han i rikt mål har late oss få.  Han gav oss all visdom og alt skjøn, 9   då han kunngjorde oss løyndomen om sin vilje,  den frie avgjerd han hadde teke 10   om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne:  å sameina alt i Kristus, både det i himmelen og det på jorda.  11   I han har vi fått arvelut,  vi som føreåt var etla til det  etter Guds forsett,  han som gjennomfører alle ting  etter sin plan og vilje. 12   Så skulle vi vera til lov og ære for hans herlegdom,  vi som alt no har sett vår von til Kristus.  13   I han kom de òg til tru  då de høyrde sanningsordet,  evangeliet om frelsa dykkar.  I han er de merkte med eit segl,  Den Heilage Ande som var lova, 14   han som er pantet på arven vår  til dess utløysinga kjem for Guds folk,  til lov og ære for hans herlegdom. 

Tale ved Tore Kristiansen.

Tore hadde vorte minna om eit bibelvers og las ifrå Jak1:

JAK 1,19 – JAK 1,22 {HØYR ORDET OG GJER ETTER DET!}  Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast. 20 For harmen åt eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve.

Han hadde vorte minna om vers 21b: ” ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar”.

1KO 3,6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster.

Han talte om bonden som sådde frøet i tru på at det ville vere spirekraftig, det fekk han berre satse på. Slik er Guds Ord spirekraftig. Så sa han nokre ord om likning om såmannen, vi må berre syrgje for at såkornet får komme i god jord hos oss.

JOH 1,14   Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.

Tore syntest det var så godt å komme i forsamlingar der Ordet ved trua smelta saman med menneska i deira hjerte og soleis vart kjøt. Så lans han ifrå Heb.3,7-4,13. Igjen ser vi at Guds Ord er kraftig:

HEB 4,12 – HEB 4,13   For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar. 13 Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for. 

Så fortalde han om dei som vart liggande etter i vandringa i øydemarka, amalekittane angreip dei og drap mange av dei.  Om dei tolv speidarane, ti av dei kom tilbake med dårleg og nedslåande bodskap, dei forkynnte vantru og folket tok imot bodskapen deira, derfor fekk dei halde fram med å vandre i øydemarka i 40 år til. Men Josva og Kaleb forkynnte ein oppmuntrande bodskap i tru, det var ei anna ånd i dei.

Tore minna oss om Samson som mista krafta og forklarde det med at han ikkje lenger levde innvigd til Herren. Han minna oss også om at folket vraka Herren når ei kravde ein konge, då fekk dei Saul til konge og det vart sagt til  han at han skulle verte ein ny skapning.

1SA 8,6 – 1SA 8,7 Samuel tykte det var ille at dei sa: “Set ein konge over oss, som kan styra oss!” Og han bad til Herren. 7 Men Herren sa til han: “Lyd folket og gjer alt det dei bed deg om! For det er ikkje deg dei har vraka; det er meg dei har vraka og ikkje vil ha til konge over seg.

1SA 10,5 – 1SA 10,6 Sidan kjem du til Guds Gibea, der filistarane har vaktpostane sine. Når du kjem til byen, råkar du ein flokk profetar som er på veg ned frå haugen. Føre dei går det nokre som slår på tromme og spelar på harpe, fløyte og lyre, og sjølve er dei i profetisk glød. [Gibea: byen som Saul var frå (v. 26), nord for Jerusalem.] 6 Då kjem Herrens Ande over deg, så du òg kjem i profetisk glød liksom dei og vert eit anna menneske.

Tungetale ved Aud, tyding ved Tore:

 

«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve  ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»

Motstand frå den Lovlause, men Jesus har sigra og vi skal sigre saman med han.

Jesus gjer oss til langt fleire enn det vi ser på møta, men han er i stand til å fylle eit kvart lokale, vi skal berre innvie oss for han (Bodskapen 10.5.2009). Han har bestemt at i hans kyrkjelyd skal vekkinga og livet vere, derfor skal eg sjå til at eg bidreg med det Gud har gitt meg i hjartet, så vil han rake glørne samen, så det vert eit stort pinsebål, (Bodskapen 29.3.2015).

Like vel ser det ikkje ut til at det har vorte noko av det, som om nokon annan tvert om har bestemt at der ikkje skal vere vekking!? Anden gjer levande, slik får vi vekking. Men bokstaven slår i hel, slik vert det sett stoppar for vekkinga og det vert gjort slutt på den. Det tyder på motstand frå den Lovlause (2.Tess.2), som om eg er den som vert rydja bort, for å verte erstatta av den Lovlause? Korleis då? Eg har bedt Jesus om å gi meg ei frelst kvinne til kone, men så bestemmer dei seg for at då skal ein annan mann ha henne i staden for meg, så ho vert kjærasten og kona til ein annan mann i staden for meg. Det er vel ikkje så vanskeleg å forstå, no når eg er snart 67 år og det har enno ikkje vorte noko av, til tross for at eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone sidan eg var ein gutunge.

I 2.Tess.2 er det tale om fråfallet og det er nok forklaringa på motstanden mot den kristne vekkinga, til tross for at vi har ei kristen kyrkje. Om ein ung mann trur på Kristus og tek forkynninga på alvor, så han vil prøve å finne seg og vinne seg ei kone i helging, må han like vel rekne med å verte lurte (1.Tess.4,6). Slik åndeleggjering må han vente med til sitt neste liv eller om han er heldig, kan han kanskje få henne først når han er gammal, som ei gammal avdanka hore og utlevd bestemor. Det er kva den unge guten og mannen har i vente, dersom han trur litt på det som vert forkynt i kyrkja, for dei har som hensikt å vinne makt ved å erstatte den unge mannen som trur på Kristus. Det er poenget med protesten mot Paulus si lære om at mannen er hovudet for kvinna.

Men Jesus stod opp att frå dei døde og har fått all makt i himmelen og på jorda, han har sett seg ved Faderens høgre hand og sendt oss den Heilage Ande, den er pusten frå hans munn, han pustar på oss så vi vert fylte av den Heilage Ande, så vi får oppleve at vi sigrar saman med han, slik får vi oppleve at han tyner den Lovlause med pusten frå sin munn.

Joh.20,21 Atter sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Faderen har sendt meg, sender eg dykk.» 22 Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den Heilage Ande!


Leave a comment