Jesus betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den sanne og levande Gud. Det er også poenget med hans kyrkje.
Jesus har sagt eg skal sjå at han har sett fram for meg ei open dør som ingen kan lukke og invitert meg. Dette refererer til brevet til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia, ein engel er ein bodberar, han hadde ein bodskap frå Herren og skulle sjå at Jesus hadde sett framfor han ei open dør for både han og bodskapen han hadde å komme med (Op.3,7-8). Hans frelseverk er fullført og fullkome, så ingen kan lukke den døra for meg. Det er billetten til himmelen, også når han kjem for å hente si blodkjøpte brud.
Jesus er døra inn til sauene og han er den Gode Hyrdingen. Det første han gjorde var å sleppe dei ut. Vi må kle oss i Guds fulle rustning når vi får ut i kvardagen og går ut med evangeliet.
Eg er oppvoksen i kyrkja og mor mi lærde meg å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste, be for folket og landet og be Fadervår. Eg kan samanlikne henne med enka som stod i gjeld til ein mann som kom og till ta dei to sønene sine til trælar, som innfriing av lånet. Profeten Elisja spurde kva ho hadde i huset, ein kopp med olje. Ho skulle gå til naboane å låne kjerald og tøme oljen opp i dei og ved eit Gud under fylte ho alle kara, selde oljen og innfridde lånet. For oss vert oljen symbol på den heilage Ande. Sjølv om det ser lite ut heime med oss sjølve og i ei lita kristen forsamling, så er det ein fager skatt vi har fått i leirkar og den er uendeleg stor, nok til alle som tek imot.
Jesus tek seg av mi sak som si sak, så då er det berre for meg å gi meg heilt til han. Eg har i grunnen gjort felles sak med han, men då er det framleis på den måten at han er vår frelser og Herre og eg er berre ein av dei som han frelser og tek seg av. Eg må bøye meg for han, så reiser han meg opp og soleis ventar eg også at han reiser opp ei frelst kvinne som mi brud.
Gud vil at alle skal verte frelst og komme til å erkjenne sanninga. Så han sende Son sin til verda, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Med sin død på korset sona han all verdens synd, han betalte prisen for oss, for å kjøpe oss tilbake til den levande og sanne Gud. Det er også poenget med hans kyrkje, han betalte prisen for henne med sitt eige blod, så ho skulle vere hans brud.
Bedrifter verdset sine tilsette, på sett og vis som sin viktigaste ressurs. Men det må vere ei fallitt-erklæring for venstresida om dei ikkje er i stand til å tenke meir fundamentalt om menneskeverdet enn dette, så dei ser menneska som salsvare og det er alt. Og ei fallitterklæring for skuleverket og akademiske institusjonar at dei ikkje er i stand til å tenke, lære og seie det som er rett og sant. Men det er det vi har sett dei siste femti åra og dei siste femten åra har det teke av.
Men Jesus sa at vi må verte som born, ja, fødast på nytt av vatn (livsens vatn) og Ande, for å sjå Guds rike og komme inn i det. Når vi lever i fridomen i barnekåret hos Gud, får vi oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born, han oppseder oss og lærer oss opp. Når eg studerte realfag, var det viktig for meg å leve i dette barnekåret hos Gud, eg gjekk på møte i ein evangelisk og karismatisk kyrkjelyd og fekk oppleve at Jesus savar meg gjennom tyding av tungetale, så samtidig som eg studerte realfag samtala eg med han. Det var visst kontroversielt for mange, eg møtte på mange filosofiske problemstillingar og det vart ein åndskamp, men Jesus var med meg og det er han framleis. Djevelen hadde dødens velde, men Jesus sigra over verda og sigra over Djevelen med sin død på korset, med si oppstode frå dei døde sigra han over døden. Ved trua på han skal eg sigre saman med han.
Her vil eg skrive litt om problemstillingane eg møtte, for å vise kor viktig det var for meg å leve i barnekåret hos Gud og korleis han med sitt Ord og sin Ande gav meg svar på problemstillingane. Soleis er dette primært mynta på realistane, samtidig som det er til den evangeliske kyrkjelyden. Eg trur Jesu har sett fram for meg ei open dør på begge plassar. Mange i den evangeliske kyrkjelyden vil nok oppfatte noko av dette som tungt stoff å komme gjennom, men hugs for all del, at det uansett er berre i barnekåret hos Gud vi når fram til det fullkomne.
Når Jesus slepte ut sauene sine, gjekk han føre dei, så der ligg leiarskap i det også! Sidan skulle dei få gå inn og ut og finna beite (Joh.10,1…).
Salme.23,1 Ein Davids-salme.
Herren er min hyrding,
det vantar meg ingen ting.
2 Han lèt meg liggja i grøne enger;
han fører meg til vatn der eg finn kvile,
3 og gjev meg ny kraft.
Han leier meg på dei rette stigar
for sitt namn skuld.
4 Om eg så går i dødsskuggens dal,
ottast eg ikkje for noko vondt.
For du er med meg.
Din kjepp og din stav, dei trøystar meg.
5 Du dukar bord åt meg
framfor augo på mine fiendar.
Du salvar mitt hovud med olje;
mitt staup fløder over.
6 Berre godleik og miskunn
skal fylgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus
i lange tider.
Opplysninga som motsetnad til formørkinga.
Gud har skapt alle ting, han er den store konstruktøren, som hans medarbeidarar tenker og arbeider vi konstruktivt.
Gud har skapt alle ting, han er den store konstruktøren. Ved Guds nåde får vi vere hans medarbeidarar, han lærer oss til å tenke og arbeide konstruktivt og så får vi oppleve at han gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande, både som einskilde personar og som Jesu kyrkje. Det er viktigast, mest fundamentalt og verdifullt, han skaper noko som står til evig tid.
Eg har skrive to dokument om konstruktiv og destruktiv tenking tidlegare:
I Lovnad og Profeti 47-49 har eg skrive om at Jesus vil fornye meg og sin kyrkjelyd.
Formørking ved Antikrist, opplysning ved Guds Ord og Guds Ande.
Gud som sa at lys skulle skina fram av mørke har lete det skina i våre hjarte, slik har vi fått ein fager skatt i leirkar. 1.Mos.1,1-4. 2.Kor.4,6. Joh.1,1.. 1.Joh.1,1..
Lova kom ved Moses, nåden og Sanninga kom ved Kristus. Djevelen er Lygnaren og far til Lygna, avgudane laga av stokk og stein er Lygna. Som motsetnad til den er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Kven er Lygnaren, utan han som fornektar Faderen og Sonen? Han er Antikrist. Der kom formørking ved Antikrist, rettferdssola vart formørka, eg trur det er den symbolske tydinga av at sola skulle verte formørka. Joel.2,1-2 & 3,4 Malaki.4,2.
Joh.8, 31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33 «Vi er Abrahams ætt,» la dei imot, «og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?» 34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda. 35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid. 36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie.
Trua kjem av forkynninga og forkynninga av Kristi Ord. Vi er heilt avhengige av at den Heilage Ande openberrar Ordet for oss, for å komme til erkjenning av sanninga. Det er metode til å komme til erkjenning av Sanninga og pedagogisk metode. Vi er heilt avhengige av salvinga av den Heilage Ande.
1.Joh.2,18 Mine born, den siste tida er komen. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at den siste tida er komen. 19 Dei har gått ut frå oss, men dei var ikkje av oss. Hadde dei vore av oss, hadde dei vorte verande hjå oss. Såleis skulle det syna seg at ikkje alle er av oss. 20 Men de er salva av Den Heilage, og alle har de kunnskap. 21 Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga lygn kjem frå sanninga. 22 Og kven er lygnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen. 23 Den som fornektar Sonen, har heller ikkje samfunn med Faderen. Den som vedkjennest Sonen, har samfunn med Faderen òg. 24 Lat det då verta verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av. For dersom det vert verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av, vert de òg verande i Sonen og Faderen. 25 Og dette er det han har lova oss: det evige livet.
26 Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vilt. 27 Men de har fått salving av han; ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon lærer dykk. For hans salving lærer dykk alt og er sannferdig og utan lygn. Vert difor verande i han, så som de har lært.
1.Joh.5, 1 Kvar den som trur at Jesus er Kristus, er fødd av Gud. Og den som elskar Gud, elskar det som er født av han. 2 På dette kjenner vi at vi elskar Guds born, at vi elskar Gud og held hans bod. 3 Å elska Gud er å halda hans bod, og hans bod er ikkje tunge. 4 For alt som er født av Gud, sigrar over verda. Og det som har sigra over verda, er vår tru.
Vitnemålet om Sonen
5 Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son? 6 Han er den som kom med vatn og blod, Jesus Kristus, ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga. 7 Det er tre som vitnar: 8 Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same. 9 Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son. 10 Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i seg. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til lygnar, fordi han ikkje har trutt Guds eige vitnemål om Son sin. 11 Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i Son hans. 12 Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.
Bøn og forbøn
13 Dette har eg skrive til dykk så de skal vita at de har evig liv, de som trur på namnet åt Guds Son. 14 Og denne frimodige tillit har vi til han at han høyrer oss når vi bed om noko som er etter hans vilje. 15 Og når vi veit at han høyrer oss, kva vi så bed om, då veit vi òg at vi alt har det vi har bede han om.
Antikrist og «den endelege openberringa».
Antikrist skulle komme, mange Antikristar var allereie komne, for Antikrists ånd var allereie i verda (1.Joh.2,18 1.Joh.4,3). Med menneskebod som kom i tillegg til Moselova vart det bokstaven som slo i hel, som motsetnad til Anden som gjer levande, så den gjorde slutt på livet i Anden, i samfunnet med Faderen og Sonen, gjorde slutt på salvinga og openberringa ved Anden. Soleis har mange kristne mista salvinga. Hugs at Saul fornekta Guds Ord, derfor mista han salvinga.
Sidan bokstaven slår i hel livet i Anden og gjer slutt på openberringa, kva er då den endelege openberringa? Det er som når ormen freista Eva med at dersom dei åt av kunnskapstreet, skulle dei verte liksom Gud og kjenne godt og vondt, slik vart ho forførd og åt av frukta på kunn skapstreet og gav mannen sin med seg og han åt. Den «siste openberringa» var då at dei såg at dei var nakne og derfor gøymde dei seg for Gud med dårleg samvit.
Ta vare på den fagre skatten, bruk nådegåva og bidra med det Gud har gitt deg i hjertet.
Vi har fått ein fager skatt i hjertet ved den Heilage Ande, som vi må vite å verdsette og ta vare på.
2.Kor.3,1 Tek vi no atter til å gje oss sjølve lovord? Eller treng vi, som visse andre, tilrådingsbrev frå dykk eller til dykk? 2 Nei, de er sjølve vårt tilrådingsbrev, skrive i hjarto våre, kjent og lese av alle menneske. 3 For de syner dykk som Kristi brev, eit brev som har vorte til ved vår teneste. Det er ikkje skrive med blekk, men med den levande Guds Ande, ikkje på steintavler, men i menneskehjarto.
4 Denne overtydinga har vi i Kristus, for Guds åsyn. 5 Ikkje så at vi av oss sjølve duger til dette; vi kan ikkje tenkja ut noko, som om det kom frå oss. Nei, vår dugleik er av Gud, 6 han som gjorde oss til tenarar for ei ny pakt, som ikkje byggjer på bokstav, men på Ande. For bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande. 7 Den tenesta som var føreskriven med bokstavar hogne i stein, var ei dødens teneste. Likevel var ho omgjeven av ein slik herlegdom at israelittane ikkje kunne sjå Moses i andletet; så sterk var glansen frå det, endå det var ein glans som kvarv. 8 Kor mykje større herlegdom har ikkje då Andens teneste? 9 For hadde fordømingstenesta herlegdom, så må rettferdstenesta vera endå mykje rikare på herlegdom.
2.Kor.3,17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
Livet vart planta i oss ved Guds Ord og det skulle vekse.
Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.
Jesus har bestemt at i hans kyrkjelyd skal livet vere, der skal vekkinga, livet, fornyinga og overfloda vere. Så eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud hadde gitt meg i hjartet.
Eg skal sjå at Jesu har sett fram for meg ei open dør, som ingen kan lukke og kalla meg til å gå inn. Som ein Herrens engel, det vil seie ein som har ein bodskap frå Herren å komme med, så eg får komme med bodskapen min altså. I hovudsak er det framleis ved å skrive dokument som dette, men no verkar det som eg rekker langt lengre og langt fleire med det. Som Guds medarbeidarar skal vi så og hauste, plante, vatne og bygge. Men Gud gir vekst, han gjer storverk.
Prestetenesta og opplæringa, døyparen Johannes og Jesus.
Profeten Malakias sa at i byrjinga gav dei levittiske prestane rett opplæring, men sidan veik dei av.
Malaki.2,4 Då skal de skjøna at det er eg
som har sendt dykk dette bodet,
så mi pakt med Levi kan stå ved lag,
seier Herren, Allhærs Gud.
5 Mi pakt med han gav liv og fred,
og det gav eg han så han skulle ottast.
Han ottast meg og hadde age for mitt namn.
6 Påliteleg rettleiing var i hans munn,
og det fanst ikkje svik på hans lipper.
Han ferdast med meg i fred og rettferd
og berga mange frå syndeskuld.
7 For ein prests lipper tek vare på kunnskap,
frå hans munn skal folk be om rettleiing,
for han er sendebod frå Herren, Allhærs Gud.
8 Men de har vike av frå vegen
og fått mange til å falla
med den rettleiing de har gjeve.
Levi-pakta har de brote,
seier Herren, Allhærs Gud.
9 Difor har eg gjort dykk vanvørde
og små for heile folket,
for de aktar ikkje på mine vegar,
men gjer skil på folk
når de gjev rettleiing om min vilje.
Døyparen Johannes kom og lærde opp folket og rydda dermed vegen for Jesus. Han skulle vende fedrehjarto til borna og barnehjarto til fedrane, så han styrka familien altså, men det går nok heilt tilbake til Moses og tida før dei fall ifrå. Han forkynte at alle som tok imot Jesu gav han rett til å verte Guds born, dei er ikkje fødde av kjøt og blod, men av Gud og han er ånd, det som er født av Anden er ånd. Han forkynte at Jesus har bruda, han er Messias, han døyper med den Heilage Ande (Joh.1,33 Joh.3,28-30).
Joh.1,9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.
Så kom Jesus og varsla at bodskapen hans ville skape strid mellom søsken og mellom born og foreldre. Dei som ville vere hans læresveinar måtte velje han framfor alt anna. Kva så med ekteskapet? Gud skapte kvinna av mannens sidebein, så dei skulle ver eitt kjøt og det som Gud hadde bunde ihop, skulle ikkje menneske skilje.
Gud hadde sagt til Adam at dei ikkje skulle ete av kunnskapstreet, om dei gjorde det skulle dei døy. Og slik gjekk det. Men Kristus døde i staden for oss, han betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den sanne Gud, så vi skal vere hans born, leve i fridomen i barnekåret og få oppleve at Faderen elskar oss og har omsorg for oss som sine born, at han oppsede rogg os lærer oss opp. Som Jesu kyrkje skal vi vere hans brud og få oppleve at han elskar henne og har omsorg for henne som si brud og si kone.
Dei som ville vere Jesu læresveinar, måtte ta opp krossen sin og følgje han, dei måtte gi avkall på mykje, klart det var offer, men han lova dei at dei skulle oppnå noko med det. Det hadde seg slik at han kalkulerte med kva som skulle til for å vinne og når han døde på korset, sigra han over Djevelen, det var den avgjerande sigeren. Djevelen hadde dødens velde, men Jesu stod oppatt frå dei døde og viste dermed at han hadde sigra over både Djevelen og døden.
Jesus gjekk inn i den himmelske heilagdomen med sitt blod og bana vegen for oss, så vi kan komme etter og stige fram for nådens trone, får å få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Slik har vi alle fått prestetenesta i den nye pakt. I samsvar med fridomen i barnekåret er det vi sjølve som skal få og finne hjelp på denne måten, fyrst og fremst til vårt eige beste, dernest til våre næraste. Ved at vi får hjelp, kan vi også vere til hjelp for andre.
Gud har skapt alle ting, han er den store konstruktøren og vi kan vere glade for å få vere hans medarbeidararer, han lærer oss å tenke og arbeide konstruktivt, for å oppnå noko verdifullt, for ved trua på Kristus er vi velsigna og vert til velsigning. I Sak.3-4 ser vi at Josva var øvsteprest og Serubabel var byggherre, desse tenestene finn vi igjen i den nye pakta, begge deler var å tenke og arbeide konstruktivt.
Ved trua på Kristus får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4), vi får alle stige fram for nådens trone, for Jesu frelseverk er fullført og fullkome, på det grunnlaget får vi kvile. Den kvila er utgangspunkt for all teneste. Gud skaper noko fullkome, som står til evig tid. Det er mest verdifullt.
Når vi går på skule og skal prøve å gjere vårt beste, verkar det som eit offer, men då får vi lov å sjå det slik at offeret er som å ta opp krossen sin å følgje Jesus, ja, gå den vegen han har bana for oss inn i den himmelske heilagdomen. I samsvar med fridomen i barnekåret, får vi gjere vår viktige val i samråd og samtale med Jesus i tru og tillit til at han elskar oss og har omsorg for oss, vi lever i fridomen i barnekåret og får oppleve at Faderen elskar oss og har omsorg for oss. Vi må gjere nokre viktige val i livet og det er viktig for oss å snakke med Faderen og Sonen om det, så vi får råd og vegleiing til å gjere gode val. Jesus har gjort Faderen kjend for oss, vi er hans vener (Joh.15,15), Guds born og medarbeidarar.
Jesus betalte prisen for oss med sitt eige blod, så vi som hans kyrkje skulle vere hans brud. Då betalte han prisen for ei kone til meg også.
Jesu sak er at han bad Faderen om å gi han heidningane til arv og jorda sin endar til eige.
Salme.2,1 Kvifor ståkar folkeslaga,
kvifor legg folka gagnlause planar?
2 Kongane på jorda reiser seg,
fyrstane legg råd i lag
mot Herren og den han har salva:
3 «Lat oss slita sund deira lekkjer
og kasta deira reip av oss!»
4 Han som tronar i himmelen, ler,
Herren spottar dei.
5 Så talar han til dei i sin vreide,
med brennande harme skræmer han dei:
6 «Det er eg som har sett inn min konge
på Sion, mitt heilage fjell.»
7 Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.
Han sa til meg: «Du er son min,
eg har født deg i dag.
8 Bed meg, så gjev eg deg folka til arv
og heile jorda til eige.
9 Du skal knusa dei med jernstav
og slå dei sund som leirkar.»
10 Og no, de kongar, far visleg fram,
ta imot åtvaring, de styrarar på jord!
11 Ten Herren med age og glede, 12 kyss skjelvande jorda for hans føter,
så han ikkje skal verta vreid
og de gå til grunne på vegen.
For lett kan hans vreide kveikjast. Sæle er alle som flyr til han.
Men då vart det altså på den måten at han vart knust i staden for oss, han betalte prisen for oss med sitt eige blod. På det grunnlaget tek vi tilflukt til han, då ser vi det slik at vi er knuste saman med han, ja, krossfesta saman med han. Vi er hans eigedom fordi han betalte prisen for oss med sitt eige blod.
Jes.57,13 Lat dine avgudar berga deg
når du skrik!
Ein storm skal lyfta dei alle opp,
ein vind skal føykja dei bort.
Men dei som flyr til meg, skal arva landet
og ta mitt heilage fjell i eige.
Han vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
14 Det lydde eit ord:
Bygg, ja bygg og ryd ein veg!
Ta bort kvar støytestein
frå vegen åt mitt folk!
15 Så seier han som er høgt opphøgd,
han som tronar evig og heiter Den Heilage:
I det høge og heilage bur eg
og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
og hjarta til liv hjå dei knuste.
16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
og ikkje alltid vera harm.
Elles kom deira ånd
til å missa si kraft for mitt åsyn,
deira livsande som eg har skapt.
Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, så vi skulle tilhøyre han, som hans brud. då betalte han prisen for ei kone til meg også.
Jesus tek seg av mi sak som si sak.
På møte i dFEF M40, Oslo, sa Jesus at han tek seg av mi sak som si sak. Han sak er å frelse menneske, så dei vert hans eigedom, som hans kyrkje, hans brud. Mi sak er at eg har bedt han om ei frelst kvinne til kone, så ho blir mi brud altså. Slik gjer eg felles sak med han og han gjer felles sak med meg.
Deretter kalla han Sions dotter til å frigjere seg. Så slik tek hans seg av mi sak som si sak. Då må eg berre stole på han og takke han for det, gi meg heilt til han og innvie meg for han.
Møte i dFEF M40, Oslo, 12.2.2012, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/08/2011-02-12-m40-jesus-kalla-sions-dotter-til-a-frigjere-seg/ :
Møte kl 15:30. Tale ved Owe Henrik Larsen: Kraftfull evangelisering i endetida. Tyding av tungetale ved Frank Søgård:
«Eg har behag i deg, eg elska deg så høgt, før du vart fødd, såg eg deg. Du var rekna med på Golgata, ikkje for å leve eit liv for deg sjølv, men leve eit liv for meg og i meg, leve eit liv som kan fortelje andre menneske kva eg vann på Golgata for heile menneskeheta. Du skal ikkje vandre i syn (”beskuelse”), men i tru og eg har gøymt visdom for deg på stadar som du skal erobre og innta, som eg skal openberre meg i. Og du skal få sjå kor enkelt og liketil det er når eg har gjort deg til ein menneskefiskar, når eg har salva deg frå himmelen, eg har bygd deg opp innvendig og gitt deg bodskap om at du skal gå ut, så skal du ikkje frykte for verken kvar stega dine tek deg eller for kva hendene dine utfører for meg, eller kva du seier om meg, for eg skal inspirere deg frå fotsole til isse. Og eg skal tenne deg på ein måte som du aldrig har vore i nærleiken av. Men eg må ha deg villig, brukbar, open, så eg kan få min veg og vilje fram gjennom deg, seier Herren.
Trur du ikkje eg ser deg når du er aleine, trur du ikkje eg ser deg når dine tankar bringer deg langt av stad? Trur du ikkje eg ser deg og høyrer deg når dine bønner stiger opp til meg og du er utruleg lengselsfull mot dette, å om eg kan vinne nokon for Jesus. Dette har eg lagt ned i deg og mitt namn er Jesus, mitt namn er verdens frelsar, mitt namn er vakrare enn noko anna namn og mitt namn er ei kraftkjelde, ikkje berre for deg, men alle du kjem i nærleiken av. Eg veit om alt, seier Herren, men eg seier det ikkje til nokon, eg veit om alt i ditt liv og eg vil endre alt i ditt liv, ikkje negativt, men positivt som mi sak, og du skal få vere ein mann, ei kvinne som alltid vil vere i dei beste åra av ditt liv, for meg, for sjølv når du er nedtrykt, så er eg der, når du er oppskrytt, så er eg der også. Når du er i stille farvatn, så er eg der. Når du er i stormens brus, så er eg der. Og eg vil alltid vere deg nær, for å vise deg enda betre veg til å vere eit brennande vitne og eit rett vitne for meg. Verden treng deg fordi den treng meg. Og du er min munn og mine hender. Så eg har denne bodskapen til deg, eg som er alfa og omega, byrjinga og enden, denne dagen har eg gitt deg til di velsigning og forstand, så du kan nytte den rett til di framtid, til Guds ære.»
Møte kl 17. Tale ved Yngvar Pettersen: Omsorgsarbeid for alle.
Tyding av tungetale ved ei kvinne, dette er vanskeleg å høyre, det eg blir usikker på, set eg i parentes:
«(eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk. Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg ……
Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).»
Vekkingsmøte ved Emanuel Minos, kl 19. Yngvar Pettersen og Frank Søgård deltok.
Tyding av tungetale ved Frank Søgård:
«Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.
Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette? Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.»
Jesus minna oss om at han kjem for å dømme nasjonane, sjå likninga om sauene og geitene, Matt.25,31-46.
Vi er på veg mot det fullkomne og skal berre halde fram mot det (Fil.3,12….), for Jesu frelseverk er fullført og fullkomen, han er fullkommen og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome, vi skal berre sjå på han og lengte etter det.
Det er ei ny tid eg står framfor og han vil hjelpe meg inn i det nye, https://blessings-from-heaven.com/2022/08/01/2022-07-1724-filadelfia-ulsteinvik-vitnemote-jesus-leier-meg-inn-i-ei-ny-tid/ sitat frå tyding av tungetale:
«Om du så skal ut på fremmed land, et sted du ikke har vært før, om du skal på nye stier og veier, så trenger du ikke å frykte, for dag for dag så leder jeg deg og det er nytt område å innta. Det er nytt område, det er nye ting du skal ut i, du skal ta i bruk nye gaver, du skal være, du skal blomstre for meg på en ny måte, fra nå av. For det er en ny tid som står foran, det er forandring, det er ny tid. Og du skal få merke mitt nærvær og mi hjelp enda sterkere enn før, når du våger å stole på meg. For jeg er med deg, i det nye, i det vanskelige, i det som du tenker at du aldri kunne klare, nei, du kan ikke klare det, men jeg er med deg og da går det bra. Stol på meg, mitt barn.»

