Lovnad og profeti 49. Guds rike, Guds Son og bruda hans 3. Guds signal for endetidsfolket er eit folk som verkeleg kjenner han.

Jer.31,33 Nei, såleis er den pakta eg vil gjera

med Israels-folket i dagar som kjem,

lyder ordet frå Herren:

Eg vil leggja mi lov i hugen deira

og skriva henne i hjarta deira.

Eg vil vera deira Gud,

og dei skal vera mitt folk.

34 Då skal ingen lenger

læra sin neste og sin bror

og seia: «Kjenn Herren!»

For dei skal alle kjenna meg,

både små og store, seier Herren.

For eg vil tilgje deira misgjerning

og aldri meir koma deira synd i hug.

Guds signal til endetidsfolket er eit folk som verkeleg kjenner han.

Eg vart kjend med Jesus når eg var ein liten gutunge og så skulle eg kjennast ved han for andre.

Eg er oppvoksen i kyrkja og vart tidleg med på bedehuset og husmøte. Mor mi brukte å be kveldsbøna saman med meg og bror min som var vel eitt år eldre enn meg. Det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. På den tida gjekk vi på skule annakvar dag, småskulen (1-3 klasse) ein dag og storeskulen (4-7 klasse) neste dag. Når bror min byrja på storeskulen, fortalde han om stygg mobbing på skulen og det hadde med kjønn og seksualitet å gjere. Dette problemet vart eit bønne-emne i kveldsbøna vår. Eg samanliknar det med enka som hadde to søner og så kom der ein som ho stod i gjeld til og kravde å få dei som trælar. Men så kom profeten Elisja og spurde kva ho hadde i huset. Ho hadde berre ei krus med olje, men ved eit Guds under vart det nok til å betale skulda. Dett er talande for den nåde og frelsa Gud gir oss i Kristus.

Etter kvart skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, så eg vart kjend med han som min beste venn, eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand.

I storeskulen vart det mykje erting på grunn av kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, det var visst underhaldning, litt spennande, men vart kjedeleg og så gjekk det over i stygg mobbing. På ein måte var det barnsleg, dei var ikkje voksen nok til å tenke særleg seriøst over det. Det var i grunnen rart heile greia, men dette også kan vel forståast ut ifrå filosofihistoria og kyrkjehistoria. Ja, i vår tid ser vi at voksne folk lagar underhaldning av det, det er nok «brød og sirkus», men hugs at i Romarriket vart «Brød og Sirkus» ei tragedie for dei som det gjekk ut over.

På ungdomsskulen vart eg forelska i ei jente, det var den laglege tida for meg å vedkjenne Jesu namn, det høvde med trua og kjærleiken som Gud hadde gitt meg i hjertet, kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg gjekk på gymnaset oppdaga eg at det høvde med Paulus si lære og lovnaden om at vi ved trua skulle få komme inn til Guds kvile (Heb.3-4), vi får kvile på grunnlag av Jesu fullførde frelseverk, vi skal feste blikket på han som er Guds Ord og trua sin opphavsmann og fullendar og snakke med han (Heb.12,1…).

Jesus sa eg skulle komme til han med mi sak og sjå at han har sett fram for meg ei open dør som ingen kan lukke og invitert meg (Op.3,7-8). Hans frelseverk er fullført og fullkome, så ingen kan lukke den døra for meg. Det er billetten til himmelen, også når han kjem for å hente si blodkjøpte brud.

Jesus hadde sagt at eg skulle komme til han med mi sak, overlate meg heilt til han og så har han mange gangar sagt at eg skal sjå at han har sett fram for meg ei open dør og invitert meg inn (Op.3,7-8) Så eg vitna om dette på eit møte på Sion Åheim. Eg sa at Jesus har sett framfor meg ei open dør som ingen kan lukke, for Jesu frelseverk er fullført og fullkome. Det refererer til det han sa til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia, så han skulle sjå at Jesus hadde sett fram for han ei open dør for både han og bodskapen han hadde å komme med. Er det meg han har kalla slik, så er det ingen som kan komme inn der i staden for meg og tale i staden for meg.

Eg fekk beskjed om å slutte av, for der var andre som ville sleppe til, så eg runda av. Eg fekk beskjeden akkurat når eg nemnde dette med stygg mobbing i storeskulen, det høyrdest nok ut som eg vart med på det sjølv også, så det verka som ei syndserkjenning, Jesus visste det nok, men eg skal glede meg over at han sona mi synd, eg skal glede meg i han og hans frelse.

Det viste seg at ei kvinne kom med tungetale og predikanten tyda det:

«…….. glede deg over og fryde deg over at jeg på grunn av (Golgata kors?) på grunn av jeg … for deg, til en evig himmelsk herlighet.»

«Takk og lov. Du skal glede deg i meg, du skal fryde deg i meg. For at jeg døde på Golgata kors for deg. Og når jeg døde på Golgata kors for deg, så tok jeg alle dine synder og alle dine plager på meg, for at du skal få lov å slippe å plage deg over din synd. Du skal fryde deg i min frelse, du skal juble over det jeg har gjort for deg på Golgata. At der har jeg dødd for deg, jeg har tatt all din synd. Og du som har lyttet i kveld, jeg har gitt deg dette budskapet for at det skal løfte deg gjennom hverdagen. Og for at du skal løfte dine øyne og du skal se på meg, at snart kommer jeg for å hente min blodkjøpte brud og det er bare min blodkjøpte brud som jeg henter. Og du kan få lov, midt i hverdagen, å juble og glede deg over det i ditt hjerte, at du har fått lov, på grunn av korset, tatt imot frelsen og du er på vei til himmelens herlighet.»

Det er tydeleg at synda og syndserkjenninga har fungert som argument mot at eg skulle få meg ei kone, men det var då ikkje derfor vi skulle bøye oss for korset og vedkjenne vår synd for han, men fordi han med sitt synde-offer tok bort synda ein gong for alle. Detter er ein fundamental motsetnad som viser seg i samfunnet i vår tid.

Gud vil ikkje at vi skal krangle som uvituge ungar, men at vi skal vekse opp til han som er hovudet for kroppen som er Jesu kyrkje og Jesu brud. Jesus er døra inn til sauene og han er den Gode Hyrdingen. Det første han gjorde var å sleppe dei ut. Vi må kle oss i Guds fulle rustning når vi går ut i kvardagen og gå ut med evangeliet.

Leve i fridomen i barnekåret, kjennast ved Jesus og takke han for frelseverket.

Mor mi lærde meg ikkje ferdige løysingar på problema eg møtte, men at eg kunne komme til Jesu med alle mine problem. Eg visste at det var viktig for meg å vedkjenne mi tru på han for dei andre.

Matt.10,32 Den som kjennest ved meg for menneska, han skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen. 33 Men den som fornektar meg for menneska, han skal eg òg fornekta for Far min i himmelen.

 Det torde eg ikkje, men eg sa det til han og bad han sette meg fri frå den menneskefrykta. Eg ville i alle fall ikkje fornekte han og i det siste har han sagt til meg at eg aldri har fornekta han og han har vore hos meg heile tida.

På ungdomsskulen vart eg forelska i ei kristen jente, så eg skriv kjærleiksbrev til henne. Ho svarde at ho ikkje kjende noko for meg og så vende ho seg bort frå Kristus også. Det vart den laglege tid for meg å vedkjenne i tru på Jesus, i eit kjærleiksbrev. Med mitt vitnemål fekk eg henne til å komme attende til Jesus.

Då hadde eg ikkje noko frykt for å vedkjenne Jesu namn i det heile teke. Og kvifor det? Fordi det stemte med trua og kjærleiken eg hadde i hjertet. Eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg gjekk på gymnaset oppdaga eg at det stemte med Paulus si lære og Heb.3-4. Og eg vart frimodig med å vitne. Så kvifor hadde eg tidlegare vore redd for det? Vesentleg fordi forventningane i det kristne miljøet om korleis ein kristen skulle vere tilsa at då ville eg komme til å gi meg ut for noko som eg ikkje var og det ville ikkje halde. Den motsetnaden er der nok enno.

På gymnaset byrja eg å gå regelmessig på møte og i den Frie Evangeliske Forsamling fekk eg oppleve at Jesus svara meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale, hans frelseverk er fullført og fullkomme og det er berre å ta imot i tru og takke for det. Slik var han framleis problemløysaren og det skulle eg innsjå. Vi får komme til han og legge av dei tunge byrdene og finne kvile hos han (Matt.11,28-31). Vi er alle ulike og har alle ulike problem å stri med, men eg er overtyda om at dette vil funger for oss alle, deg også. Fordi Jesus betalt prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den sanne og levande Gud.

Eg og Jesu kyrkjelyd er heilt avhengige av salvinga og fylden av den Heilage Ande.

Gud openberrar si frelse for oss i Kristus og frelser oss så vi får oppleve det, sjølv om det ikkje er fysisk synleg, vi får oppleve frelsekrafta. Gud er ånd og han gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande. Livet er planta i oss ved Guds Ord og det skal vekse. Vi fekk drikke av kjelda med det levande vatnet, så det vare ei kjelde i oss som vella opp til evig liv. Jesus er den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd, han gir oss ånd og liv frå himmelen og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen.

Når dei unge kjem opp i den alderen at ein gut vil få seg ei jente som kjærast og med tida ei kone og ei ung jente vil finne seg ein  kjæraste og med tida ein brudgom og ektemann, så er det viktig for dei å vedkjenne Kristus som sin frelsar og Herre.

Luk.12,8 Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, han skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar. 9 Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg fornektast for Guds englar.

Matt.18,10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn.

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, då blir ho også vekt opp til å leve i samfunn med Faderen og Sonen. Då skulle det vel ikkje vere så vanskeleg for han å føre henne til meg i samsvar med 1.Mos.2, men sidan Jesu er den siste Adam vi som hans kyrkje er hans brud, handlar det først og fremst om at Gud skaper Jesu kyrkje og fører henne til han, i samsvar 1.Mos.2.

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, så eg tenkte eg skulle få ta imot henne som eit Guds barn i samsvar med Matt.18,1-5. Då ville det vere å ta imot Jesus også, så det var velsigning i det, han kom med ny velsigning til oss. Då måtte eg sjå på han og det var ved at den Heilage Ande openberra han for meg. Så det vart klart for meg at ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud.

Joh.6,29 Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.»

Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.

21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»

22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:

Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han.

Dette opplevde eg sterkast når eg vart glad i ei jente, henne Virtuella når eg gjekk på gymnaset og henne Reella når eg studerte realfag i Oslo (eg oppdaga henne hausten 1988). hausten 2014 byrja eg å studere biologi ved Universitetet i Oslo og på ei forelesing kjende eg meg ein augneblink sterkt tiltrekt av ei jente. Eg opplevde det som at eg var driven av den Heilage Ande og styrka av Guds kraft. Likevel tenkte eg meg at her må eg vere litt forsiktig med korleis eg tenker. Når eg la meg om kvelden tenkte eg på dette i kveldsbøna mi og på møtet i Maranata søndagen etter, svara Jesus meg, https://blessings-from-heaven.com/2016/08/02/2014-10-12-m-eg-skal-glede-meg-i-frelsa-sa-vil-gud-gje-meg-det-mitt-hjarte-attrar/

Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland.

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»

 

 Jesus har sagt eg skal bidra med det Gud har gitt meg i hjertet.

Møte i Maranata 29.3.2015, https://blessings-from-heaven.com/2016/07/31/2015-03-29-m-livet-vekkinga-og-fornyinga/ , sitat:

Tungetale ved Aud, tyding ved Tore:

«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve  ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»

Det hadde seg nok slik at eg hadde skrive om lovsongen som Gud la ned i meg ved den Heilage Ande, denne bodskapen minna meg i alle fall om det. Og så minna det meg om at livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge.

Når eg byrja på gymnaset engasjerte eg meg i det kristne skulelaget og der var eg kjend med henne Virtuella. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne og vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, samen enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for denne kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det som at ho var i Guds hand og han la henne i mitt hjerte, slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet som han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for, ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd, ho levde i eit kjærleiksforhold til Kristus som hans brud. Det var ein åndeleg og usynleg røyndom, men den Heilage Ande openberra det for meg, slik er det med rasjonaliteten i kristendomen. Og eg er viss på at eg var kanal for Guds velsigning til henne. Han har sagt til meg mange gangar sidan at eg skal opne meg for fylden av den Heilage Ande og at han vil gjere meg til kanal for si velsigning.

Då skulle der for lengst ha vorte vekking og fornying i Maranata, men det har seg nok slik at Antikrist og den Lovlause står imot. Det sentrale poenget var at i Jesu kyrkjelyd skulle livet vere, det har Jesus bestemt. Han er sjølv det lys levande livet som vart planta i meg og i hans kyrkjelyd ved Guds Ord og det leve, vekse og blomstre der og bere moden frukt. Same enten eg er i Oslo og går på møte i Maranata eller på Sunnmøre og går på møte i ei pinsekyrkje. Sjølv om det no er sesong for meg å halde meg i ro, til samanlikning med Elia som kom til ei fattig enke, så ho skulle forsørge han ved Guds undergjerning. Til samanlikning «forsørgjer» ho Elin meg med profetiske bodskapar på You-tube.

Fornying ved å ta i bruk nye nådegåve.

På møte i Filadelfia Ulsteinvik 24.7.2022 vitna eg om korleis eg fekk ei åndeleg openberring der Jesus openberra seg for meg og henne Reella og han svara meg slik, sitat frå  https://blessings-from-heaven.com/2022/08/01/2022-07-1724-filadelfia-ulsteinvik-vitnemote-jesus-leier-meg-inn-i-ei-ny-tid/ :

Tungetale ved Arnstein Andersen, tyding ved  ei kvinne:

«Jeg ser din situasjon, jeg vet om alt i ditt liv og jeg fordømmer deg ikke. Jeg oppmuntrer deg, jeg støtter deg, jeg hjelper deg, jeg styrker deg, jeg fyller deg med min glede, jeg gir deg det du trenger. Du kan være trygg, når du hører meg, så er du trygg, uansett omstendighetene, uansett hvor sterkt vinden blåser, uansett hvor høye bølgene er, så er jeg hos deg, jeg er nær deg, jeg leder deg, jeg tar meg av deg. Du er i min favn, du er hos meg. Du er min, du er kjøpt, du er betalt, du er dyerebar i mine øyne. Du er min skatt, du er min hjertes-skatt, du er hos meg. Om du føler det eller ikke, bry deg ikke så mye om det, men husk at du er hos meg, i min varetekt, min trygghet. Uansett hva du nå står framfor, så er jeg med deg og jeg er for deg og jeg leder deg på min veg. Jeg opner de stengte dører, jeg leder deg gjennom vanskelighetene og ut av tunellen og ut i lyset igjen hos meg. Du kan være trygg, du er mitt barn.

Om du så skal ut på fremmed land, et sted du ikke har vært før, om du skal på nye stier og veier, så trenger du ikke å frykte, for dag for dag så leder jeg deg og det er nytt område å innta. Det er nytt område, det er nye ting du skal ut i, du skal ta i bruk nye gaver, du skal være, du skal blomstre for meg på en ny måte, fra nå av. For det er en ny tid som står foran, det er forandring, det er ny tid. Og du skal få merke mitt nærvær og mi hjelp enda sterkere enn før, når du våger å stole på meg. For jeg er med deg, i det nye, i det vanskelige, i det som du tenker at du aldri kunne klare, nei, du kan ikke klare det, men jeg er med deg og da går det bra. Stol på meg, mitt barn.»

Når han sa du er min hjerteskatt, tenkte eg det gjaldt henne Reella også og det stemte med at ho var min hjerteskatt. Eg skulle ta i bruk nye gåver, ja, den hausten vart eg lækte for ein brokkport, ved mi eiga kveldsbøn når eg hadde lagt meg, egopna meg meir for å la den Heilage Ande be for meg og henne Virtuella, dermed sikkert for fleire med henne.

På møte i Sion Åheim 2.9.2023 kom ein gammal mann med ein profetisk bodskap om Jesu gjenkomst, https://blessings-from-heaven.com/2023/09/04/2023-09-02-sion-aheim-vi-skal-vere-forebudde-pa-at-jesus-kan-komme-att-kva-tid-som-helst/ :

«Ja, sier Herren, dere undrer dere komme, når jeg kommer, alt er ferdig, jeg kan komme i dag, i dette nu, på eit vink ifra min Far, jeg vil hente (min brud?). Ver dere ferdige, ved morgen, middag og ved natt. For nokre skal vere ute på markene, nokre skal vere om morgonen (eller ved middag)? mens andre ligger og sover. Men jeg kommer. Sjå til at du ikkje har noko uoppgjort med noko menneske. Ver reiseklar. Det einaste du trenger når du står i «gaten» på Gardemoen, er eit adgangskort. Alt som har med din bagasje å gjere, som er på flyet det trenger…, du trenger berre eit adgangsbevis. Gå inn, gå inn til min Faders herlegdom. Amen.»

Litt seinare kviskra han ein profetisk bodskap i øyret mitt,

«Eg har satt foran deg ei open dør, gå (først?) inn den døra, for der er opning, der skal du gå inn. Der skal du vere med og bruke gavene, den profetiske gave som skal vere til styrke og velsigning for mange. Ver berre du frimodig. Du er ikkje åleine, eg går med deg. ….. Amen.»

Eg var invitert til ein boklandserings-fest på Biologibygget ved Universitetet i Oslo og tenkte på å fare og vere på møte i Maranata søndagen etterpå, så eg tok dette som svar og slik vart det.

Eg er heilt avhengig av at Jesus går med meg, for å komme vidare og komme inn i det nye, så det er ved at han gjer under og eg tek i bruk nye nådegåve. Det betyr fornying for meg og Jesu kyrkjelyd.

Han har opna ei dør for meg på realfag ved Universitetet i Oslo også, så eg går inn der også og er viss på at han reiser opp sin kyrkjelyd som si brud der også, han har framleis fleire saueflokkar og det skal verte ein hyrding og ei hjord. Amen

Eg skal gi meg 100% til Jesus.

På møte i dFEF M40, Oslo, hausten 1985 sa Jesus til meg: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakt du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve.»

Hausten 2022 skreiv eg om at når eg gjekk på gymnaset tenkte eg på henne Virtuella som eit Guds barn som eg yngste å ta imot i samsvar med

Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:

Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.

…….

10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn.

Eg yngste å få gi henne ein klem og tenkte meg at der var velsigning i det. Ja, når eg besøkte henne på hybelen, fekk eg oppleve at Jesus var der, midt i mellom oss. Slik også når eg bad om å få møte henne igjen og møtte henne igjen på Universitetet i Bergen. Ho fekk vite at det kom som eit bønnesvar og at eg var glad i henne. Så opplevde eg det som ei åndeleg openberring og ein åndeleg røyndom at eg tok imot henne som eit Guds barn og omfamna henne og gav henne ein klem, for vi var fødde av Anden og det som er født av Anden er ånd. Då var det var også eg som tok imot Jesus på den måten, det var velsigning i det. Slik var det også for henne overfor meg. Det var Jesus som kom med ny velsigning til oss. Då måtte vi sjå på han og takke han for det. Som Guds born levde vi ei eit kjærleiksforhold til Faderen og ho levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Ved trua på Jesus hadde vi fått den Heilage Ande, vi hadde teke imot han og var fødde på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Vi måtte sjå på Jesus og takke han for det, det var å gi den rette forklaringa.

Det var Gud som openberra si frelse for oss i Kristus, ja, vi opplevde det. Det var dette er rekna som første prioritet. Kva som med andre prioritet, at eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone? Jau, ho var frelst og eg yngste å få henne til kjæraste og kone slik som eg hadde bedt, men kva no? Eg skreiv vidare at eg yngste at ho skulle halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen, det var derfor eg yngste å få henne til kone. Då skulle eg berre gi meg 100% til han.

Møte i Filadelfia Ulsteinvik 27.11.2022 https://blessings-from-heaven.com/2022/12/03/2022-11-27-filadelfia-ulsteinvik-jesus-er-med-oss-ver-heilhjerta-med-han/ , sitat:

Inge tala i tunger frå talarstolen, sidan kom Jarle Nygjære med ein bodskap, det var sikkert nok tydinga av tungetalen:

(Det går tregt å starte opp videoen, så eg fekk ikkje med byrjinga) ….. «men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.»

Setninga «ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv» minna meg og henne Reella. Ved å gi meg 100% til han, gjer eg det heilt klart at det er hans om gjer sitt verk med oss. Han har ein fullkommen plan og gjer eit fullkome verk og då kan ingen legge til noko eller ta noko ifrå.

Med mi presteteneste skal eg innvie meg for han, gi meg heilt til han, eg skal bere kroppen fram som eit levande, heilagt offer (Rom.12,1-3), men her seier han at det er han som legg meg på altaret.

Jesus vil gjere storverk med mi presteteneste.

Jesus gjekk inn i den himmelske heilagdomen med sitt eige blod og bana vegen for oss, så vi kan komme etter og stige fram for nådens trone.

Heb.9,11 Men Kristus er komen som øvsteprest for dei frelsesgode som vi no har. Han har gått gjennom det teltet som er større og meir fullkome, og som ikkje er laga av menneskehand, det vil seia: som ikkje høyrer denne skapte verda til. 12 Ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod gjekk han inn i heilagdomen éin gong for alle. Og såleis vann han ei evig utløysing.

Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

Eg trur Jesu vil gjere storverk med mi presteteneste. Korleis då? For det første på grunn av korleis eg bad når eg var ein liten gutunge og ved at eg gjer meg liten som eit Guds barn som treng hans kjærleik og omsorg. Og så ved at eg innvier meg for han med mi presteteneste. Jfr. Bodskapen som kom på mitt første møte i Maranata, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2009-05-10-m-finn-vegen-til-a-skode-jesus-i-hans-herlegdom/ :

Tyding av tungetale, (ved Roar Grande) Mp3-opptak:

«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren,  sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike  og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk  kvar som helst og når som helst.   Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din   kjærleik frå  meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.

Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg.  Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.»

Eg er oppvoksen i kyrkja og vart tidleg med på bedehuset og husmøte. Mor mi brukte å be kveldsbøna saman med meg og bror min som var vel eitt år eldre enn meg. Det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Etter kvart skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, så eg vart kjend med han som min beste venn, eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand.

Når eg byrja på gymnaset byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus svara meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale, han sa at hans frelseverk var fullført og fullkome, så det var berre å ta imot i tru og takke for det. Slik har han halde fram med å svare meg sidan også. Ho Virtuella spelte gitar og lovprisa Gud og Lammet for frelsa. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne, så eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenning opna eg meg meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. så mi bøn for henne var først og fremst ei takkebøn. For meg vart ho langt på veg Guds svar på den bøna eg bad når eg var ein liten gutunge.

Når eg studerte realfag oppdaga eg henne Reella og sa til Jesus at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje kjende henne og ikkje hadde prata med henne. Nokre dagar seinare dreiv den Heilage Ande meg slik at eg møtte på henne og då fekk eg ei åndeleg openberring, der Jesus openberra seg for meg og henne, frå himmelen. «Der er ho» sa eg i mitt stille sinn og han sa det same til henne, samtidig som eg sa det. Igjen skulle eg glede meg i frelsa, glede meg i Herren og takke han for frelsa, no i tru og von om at ho var inkludert i den. Guds kjærleik var utrend i mitt hjerte ved den Heilage Ande som var meg gitt, slik var den kjærleiken eg hadde til henne og for henne og eg skulle berre la den flamme opp, ja, slik skulle eg vere brennande i ånda. Denne Andes loge skulle eg halde ved like på mitt hjartes altar.

Ho studerte biologi og hausten 2014 kalla Jesus meg til å studere biologi. Samtidig var det å gå den vegen Jesu har bana for meg inn i den himmelske heilagdomen. Ho var mitt bønnebarn og takke-emne og no vart det til at eg bad for realistane til samanlikning med korleis eg bad for folket og landet når eg var ein liten gutunge.

Både når eg bad for henne Virtuella og henne Reella gjekk eg den vegen Jesus hadde bana for meg inn i den himmelske heilagdomen, steig fram for nådens trone for å få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid, ved fylden av den Heilage Ande, altså.

Begge desse to bønne-emna kan eg samanlikne med at øvstepresten først bar fram eit syndeoffer for seg sjølv, så for folket. Men no er vi i den nye pakt og skal nytte oss av at med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle.


Leave a comment