Halde fram mot det fullkomne og hjelpe dei som heng etter.
Jesus er vegen til Faderen, han har bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen og der skal vi få nåde til hjelp i rette tid. Og så skal vi gå ut og vere til hjelp for dei som heng etter og hjelpe andre inn på denne vegen. Samtidig skal vi halde fram på vegen mot det fullkomne (Daniel.12,10).
Fil.3,1 Og så, mine sysken: Gled dykk i Herren! Eg blir ikkje trøytt av å skriva det på nytt, og det skal gjera dykk trygge. 2 Hald auge med hundane, hald auge med dei vonde arbeidarane, hald auge med dei som skamskjer seg. 3 For det er vi som er dei omskorne. Vi gjer teneste ved Guds Ande, vi er stolte i Kristus Jesus og set ikkje vår lit til det ytre.
……
8 Ja, eg reknar alt som tap mot det som er så mykje meir verdt: å kjenna Kristus Jesus, min Herre. For hans skuld har eg tapt alt, og eg reknar det som skrap så eg kan vinna Kristus 9 og bli funnen i han, ikkje med mi eiga rettferd, den som lova gjev, men med den rettferda vi får ved trua på Kristus, rettferda frå Gud, bygd på trua. 10 Då kjenner eg han og krafta av hans oppstode, får del i hans lidingar og blir lik han ved at eg døyr som han 11 – om eg berre kunne nå fram til oppstoda frå dei døde!
Fram mot målet
12 Eg meiner ikkje at eg alt har nådd dette, eller alt er fullkomen, men eg jagar etter det for å gripa det, for eg er sjølv gripen av Kristus [Jesus]. 13 Mine sysken, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det, men eitt gjer eg: Eg gløymer det som ligg bak, og strekkjer meg mot det som er framanfor, 14 og jagar fram mot målet, mot den sigersprisen som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus. 15 Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nådd fram til mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud òg openberra dette for dykk. 16 Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!
Gå mot det lova landet og sjå til at ingen vert liggande etter.
Vi er på veg mot det lova landet, ja, er i ferd med å gå inne i det, ved å gå ut på lovnadane i Guds Ord. Då må vi sjå til at ingen vert liggande etter.
Heb.3, 7 Difor, som Den Heilage Ande seier:
I dag, om de høyrer hans røyst,
8 så gjer ikkje hjarto dykkar harde
som den gongen fedrane dykkar trassa meg,
den dagen dei eggja meg i øydemarka.
9 Der eggja dei meg
og sette meg på prøve,
10 endå dei hadde sett mine gjerningar i førti år.
Difor fekk eg uvilje mot denne ætta
og sa: Dei fer alltid vilt i sitt hjarta,
dei kjenner ikkje mine vegar.
11 Så svor eg i min vreide:
Dei skal aldri koma inn til mi kvile!
12 Sjå til, brør, at ikkje nokon av dykk har eit vondt, vantruande hjarta, så han fell frå den levande Gud. 13 Set mot i kvarandre kvar dag så lenge det heiter «i dag», så ikkje nokon av dykk skal la seg dåra av synda og verta forherda. 14 For vi har fått del i Kristus. Lat oss berre heilt til enden halda fast på det grunnlaget som vi hadde i den fyrste tida.
Heb.4, 1 Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det. 3 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa:
Så svor eg i min vreide:
Dei skal aldri koma inn til mi kvile!
Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk. 5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile!
6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:
I dag, om de høyrer hans røyst,
så gjer ikkje hjarto dykkar harde.
8 Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag. 9 Så er det då ein kviledag i vente for Guds folk. 10 Den som er komen inn til hans kvile, han får kvila etter sine gjerningar, liksom Gud kvilte etter sine gjerningar. 11 Lat oss difor streva etter å koma inn til denne kvila, så ingen er ulydig og fell. Vi må ikkje ha dei til føredøme som var ulydige i øydemarka.
12 For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar. 13 Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for.
Guds Ord er som eit tviegga sverd og i bodskapen 8.6.2024. sa Jesus at vi skulle bruke det som eit våpen.
Det var også nokre som vart liggande etter fordi dei var svake og då kom amalekittane og angreip dei. Då leia Josva Israelsfolket i striden mot dei, medan Moses stod på fjellet og løfta «hyrdestaven» mot himmelen med begge hendene. Josva og hæren hans vann etter ein lang kamp. Og Herren sa at han vil til alle tider stride mot amalekittane (2.Mos.17,8-16).
2.Mos.17,14 Sidan sa Herren til Moses: «Skriv dette opp i ei bok, så det ikkje går dykk or minne, og ta det opp att for Josva! For eg vil rydja ut minnet om amalekittane frå jorda.» 15 Då bygde Moses eit altar og kalla det «Herren er hærmerket mitt». 16 Og han sa: «Ei hand er rett ut frå Herrens høgsete. Han skal strida mot amalekittane frå ætt til ætt.»
5.Mos.17,17 Kom i hug kva amalekittane gjorde mot deg den gongen de var på ferda frå Egypt. 18 Dei kom imot deg på vegen då du var trøytt og sliten, og utan age for Gud hogg dei ned alle i baktroppen som hadde vorte liggjande etter. 19 Når Herren din Gud lèt deg få ro for alle fiendar rundt ikring i det landet Herren din Gud gjev deg til odel og eige, skal du rydja ut minnet om amalekittane under himmelen. Gløym ikkje det!
Ei hand er utrakt frå nådens trone, den kvila Gud gir oss er utgangspunkt for all teneste.
Vi skal halde fram mot det lova landet og gå inn i det ved å gå ut på lovnadane. Vi skal også hjelpe dei som ligg etter. Då må vi rekne med at det vert strid slik som når Josva og hæren hans fekk strid mot Amalekittane, men Gud vil framleis stride mot slike «amalekittar». Vi får komme inn til Guds kvile og den er utgangspunkt for all teneste.
På møtet i Betel Volda, søndag 12.11.06. Kl 18, talte Kjell-Arve Tolås over temaet «Guds arm er utstrakt» og der kom bodskap gjennom tyding av tungetale om same tema, både før og etter tala. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2006-11-12-betel-kanal-for-guds-velsigning/ :
Før talen var der ei gammal dame som kom med tungetale og Tolås tyda det:
«Eg vet akkurat (korleis du har det) ……, so ønskar eg fyrst og fremst å løfta deg opp på fanget mitt. Eg spør ikkje fyrst og fremst etter kva du kan gjera for meg, eg krev ikkje at du skal tjena meg, eg ønskar berre og lengtar etter at du skal få lena hodet ditt inntil mitt hjerte, og vera der på mitt fang, vera der i min nærhet, det er dette som er den hvileplass som er utgangspunktet for all tjeneste, det er dette som er den hvileplass der du kan få henta ny styrke, her finst det legedom for din sårede sjel, her kan du få kjenna det løftet som eg vil gi deg ved min hånd, eg løfta deg – løfta deg i ditt indre og eg løfta deg opp tilbake til et liv av verdighet, for du er dyrebar i mine øyne. Eg tok deg ikkje på avbetaling, eg betalte heile prisen og det kosta mitt eget blod, derfor skal du også få kjenne at du skal få senka dine skuldre, du kan få slappe av, vera mitt barn, eg som har sagt gjennom mitt ord, se hvor stor kjærlighet Faderen har vist oss, at vi skal kalles Guds barn, og det er vi. Du er barnet mitt, og som barnet mitt vil eg dra omsorg for deg. La meg dra omsorg for mine barn og mine henders verk, sier Herren.
Og fordi du er barn, så har du også del i arverett, ikkje berre har eg gitt deg barnerett, men eg har også gitt deg arverett. Du er arving til mine løfter, du er arving til det himmelske hjem. Men du skal vite at også de herlige løftene som gjelder det – den herlighet som ligger fram forbi, når du en gang skal få se meg som eg er og bli meg lik, de løftene skal nøye bli oppfylt. Men eg har ikkje berre gitt deg løfter for det som kommer, eg har også gitt deg løfter for din vandring imot dette herlige hjem. Og eg har gitt deg løfter som du også er arving til, løfter som gjelder, midt inni den situasjon som kan møta deg i hverdagen. Når du kjenner trykket, når du kjenner at motløsheten og bekymringen vil overvelda deg, då ønsker eg, sier Herren, at du skal opna testamentet ditt, og så skal du få lesa, både det gamle og det nye, det skal du få lesa det som arving. Det skal du få lesa det og ta det til deg, det er gyldig, sier Herren, for eg som er testamentator, eg gikk i døden, testamentet er gyldig, les det som arvingen og la det få løfta deg, og la det du leser få vera min sterke hånd som løfter deg opp og gir deg nytt mot. Eg som har gitt løftene som ligg fram forbi, eg har også gitt løftene som gjeld i dag. Og du skal få merka at slik skal du bli boren, slik skal du bli løfta fram. Og du skal få kasta på meg det som tynger deg. Eg vil ingenlunde sleppa deg, eg vil ingenlunde forlata deg. Eg er trofast heile vegen, heile dagen, og alle dagar, bli i min nærhet. Halleluja.»
Kjell-Arve Tolås heldt tale over temaet ”Guds arm er utstrakt”, henta frå 2.Mos.17,16.
I avslutninga av møte kom der tungetale ved ein ung mann og Tollås tyda det:
«….eg som sitter på tronen, sier Herren, eg har oversikten, når du er midt inni prøvelsen, så ser du berre det som vil stenga veien, og du synest veien er ufarbar, den er uframkommelig. Men du skal vite at eg som siter på tronen, eg har den fulle oversikten. Og derfor skal du få vera trygg, du skal få overlata saken din i mine hender. Og du skal få oppleva underveis, akkurat når du trenger det og på den måten du behøver det og har behov for det, så skal du få kjenna igjen og igjen at en hånd er nettopp utrakt ifrå denne trone.
Dette er ikkje fordømmelsens trone, det er ikkje den store hvite dommens trone, men eg site på nådens trone, sier Herren, og eg har opna adgangen inn til denne tronen ved mitt eget blod, så du skal få tre fram med frimodighet, og du skal få oppleva at når du trer inn så kommer eg deg i møte med miskunn og nåde i hjelp i rette tid. Eg kan komma på min egen måte, ved at min hånd openbares, men som oftest kommer eg i samarbeid med nokon av mine, som har tatt sin tilflukt til meg, eg minna de om forbønn, eg minna de om et besøk, eg minna de om et oppmuntrande ord, eg minna de å komma også deg i møte på den måten at du får oppleva håndspåleggelse, du får oppleva varme og du får oppleva forståelse og imøtekommenhet. Det er eg som kommer deg i møte også på den måten, gjennom mine. Og du skal også få vera eit redskap for meg, som eg vil virka gjennom, slik at også gjennom dine svake hender flyter min kraft, til hjelp og utfrielse. Ikkje lat dine hender synka ned i motløshet og oppgitthet. Du er lem på mitt legeme, og eg vil bruka deg, eg vil bruka deg som kanal for mi velsignelse og du skal få vera berar av min herlighet. Og så skal du få oppleva at eg som er på tronen, eg har det fulle overblikk, og du skal få vere trygg, trygg i mine allmakts hender. Ver derfor frimodig. Amen. Amen. I Jesu namn.»
Saul vraka Guds Ord, derfor vart han vraka som konge. Likevel heldt han fram lenge på overtid i den maktposisjonen.
Gud gav folket ein slik kong som dei ville ha og let Samuel salve Saul til konge. Men så valde han ein mann etter sitt eige hjerte til å verte konge i staden for han.
1.Sam.13,6 Filistarane samla seg til strid mot Israel; dei hadde tre tusen vogner og seks tusen hestfolk, og fotfolk så mange som sanden på havsens strand. Dei kom og slo leir ved Mikmas, midt for Bet-Aven. 6 Då no israelittane såg kva fare dei var i fordi fiendehæren trengde på, gøymde folket seg i holer, hellerar og bergskorter, i kjellarar og brunnar. 7 Nokre av dei rømde over Jordan til Gad- og Gilead-landet.
Saul var framleis i Gilgal, og alt folket fylgde han, skjelvande av redsle. 8 Han venta i sju dagar, til den tida Samuel hadde fastsett. Men Samuel kom ikkje til Gilgal, og folket tok til å spreia seg og gå frå Saul. 9 Då sa han: «Kom hit med brennofferet og måltidsofferet!» Så bar han fram brennofferet. 10 Men då han det hadde gjort, kom Samuel. Saul gjekk til møtes med han og ville helsa han velkomen. 11 Men Samuel sa: «Kva har du gjort?» Saul svara: «Eg såg at folket tok til å spreia seg og gå frå meg. Du kom ikkje til fastsett tid, og filistarane samla seg ved Mikmas. 12 Då tenkte eg: No kjem filistarane ned til Gilgal og tek på meg før eg har fått be Herren om velvilje. Så våga eg meg til å bera fram brennofferet.» 13 Då sa Samuel til Saul: «Du har bore deg uvitug åt. Du har ikkje halde deg etter det bodet som Herren din Gud gav deg. For då ville Herren ha stadfest kongedømet ditt over Israel for alle tider. 14 Men no skal kongedømet ditt ikkje stå ved lag. Herren har leita seg ut ein mann etter sitt hjarta. Og han har Herren kalla til fyrste over folket sitt. For du har ikkje halde deg etter det Herren baud deg.»
Gud ville stride mot Amalekittane til alle tider og gjennom profeten Samuel sende han kong Saul til å gjennomføre det. Men han var ulydig og vraka Gud Ord og derfor vraka Gud han som konge.
1.Sam.15,1 Ein dag sa Samuel til Saul: «Det var meg Herren sende for å salva deg til konge over folket hans, over Israel. Lyd no Herrens ord! 2 Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg vil straffa amalekittane for det dei gjorde mot Israel, at dei la hindringar i vegen for israelittane då dei drog opp frå Egypt. 3 Dra no ut og slå amalekittane, og bannlys alt det dei eig! Vis ikkje medkjensle, men drep menn og kvinner, småborn og spedborn, oksar og sauer, kamelar og esel!» 4 Så kalla Saul folket til våpen og mønstra dei i Tela’im. Det var to hundre tusen mann, og av dei var ti tusen frå Juda.
….
7 Saul slo amalekittane og forfylgde dei frå Havila til bortimot Sjur, som ligg austanfor Egypt. 8 Han fanga amalekittkongen Agag levande. Og alt folket bannstøytte han og hogg dei ned med sverd. 9 Men Saul og mennene hans sparte Agag og det beste av småfeet og storfeet, gjøfeet og lamma. Dei sparte alt som var noko verdt, og ville ikkje bannstøyta det. Men alt fe som var ringt og verdilaust, det bannstøytte dei.
10 Då kom Herrens ord til Samuel, og det lydde så: 11 «Eg angrar at eg gjorde Saul til konge; for han har vendt seg bort frå meg og ikkje halde seg etter mitt ord.» Då vart Samuel harm og ropa til Herren heile natta. 12 Morgonen etter stod han tidleg opp og ville fara til møtes med Saul. Han fekk høyra at Saul var komen til Karmel og hadde reist seg eit minnesmerke der. Så hadde han snutt og fare nedetter til Gilgal.
13 Då Samuel kom til Saul, sa Saul til han: «Velsigna vere du av Herren! Eg har halde meg etter Herrens ord.» 14 Men Samuel sa: «Kva er det då for bræking som læt for øyro mine, og kva er det for rauting eg høyrer?» 15 Saul svara: «Det er nokre krøter dei har teke frå amalekittane og drive hit. Folket sparte det beste av småfeet og storfeet, av di dei ville ofra det til Herren din Gud; men resten har vi bannstøytt.» 16 Då sa Samuel til Saul: «Hald opp, så skal eg kunngjera deg kva Herren tala til meg i natt.» «Tal!» svara Saul. 17 Samuel sa: «Endå du har så små tankar om deg sjølv, er du likevel hovding over Israels-ættene! Herren har salva deg til konge over Israel. 18 Sidan sende han deg i veg og sa: Gå og bannstøyt amalekittane, dette syndige folket, og strid mot dei til du har gjort ende på dei! 19 Kvifor lydde du ikkje Herrens ord, men kasta deg over hærfanget og gjorde det som vondt var i Herrens augo?» 20 Saul svara: «Eg lydde Herrens ord og gjekk den vegen Herren sende meg. Eg førte Agag, amalekittkongen, hit og gjorde ende på amalekittane. 21 Men folket tok noko småfe og storfe av hærfanget, det beste av det som var bannlyst, og ville ofra det til Herren din Gud her i Gilgal.»
22 Då sa Samuel:
«Trur du Herren har hugnad
i brennoffer og slaktoffer
så som i lydnad mot Herrens ord?
Nei, lydnad er betre enn slaktoffer,
og viljug hug er betre enn verefeitt.
23 Trass er jamgodt med spådoms-synd,
og stridlynde er som avgudsdyrking.
Fordi du har vraka Herrens ord,
har han vraka deg som konge.»
Det er noko som er merkverdig rart her og det er at når Saul snakka med Samuel vart det påstand mot påstand, for det Saul sa var opplagt feil.
Samuel salva David til konge i staden for Saul.
Gud valde David til konge i staden for Saul og sende Samuel til å salve han til konge.
1.Sam.16,6 Då dei så kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: «Her, framfor Herren, står den han vil salva.» 7 Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.» 8 Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 9 Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 10 Såleis lét Isai sju søner gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: «Herren har ikkje valt ut nokon av desse.»
11 Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Men han er ute og gjæter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi går ikkje til bords før han kjem.» 12 Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt og bjartøygd, og vent vaksen var han òg. Då sa Herren: «Reis deg og salva han! For han er det.» 13 Då tok Samuel oljehornet og salva han der han stod mellom brørne sine. Frå den dagen kom Herrens Ande over David og var med han sidan. Så tok Samuel ut og fór heim att til Rama.
Det vart med tida tydeleg at Gud hadde salva David til konge, men Saul hadde mista salvinga og vart meir og meir misunneleg på David og fekk ei anna ånd i staden, så David måtte ta røminga. Saul og hæren hans vart ein langt verre fiende for David og flokken hans enn Amalekittane. I minst to tilfelle kunne David ha drepe han, men han ville ikkje drepe den som Gud hadde salva, sjølv om salvinga for lengst hadde vike frå han, no talar eg om den symbolske tydinga av salvinga og det er då det som er poenget, den var symbol på den Heilage Ande, men den hadde vike frå han. Han hadde vraka Guds Ord og mista salvinga. Likevel heldt han fram som konge for Guds folk, som eigentleg skulle regjere etter Gud Ord og vilje. I staden forfølgde han den som Gud hadde salva, det vart då som den Lovlause som sette seg inn i tempelet og prøvde å gjere seg sjølv til gud, derfor forfølgde han David. Men David overlet det til Gud å dømme han.
David tala om dette som at ugudlege menneske var etter han og la snarer for han, for å prøve å fange han, men han tok si tilflukt til Herren og takka han for hans frelse og omsorg, han gav han det han trengde og salva hans hovud.
Salme.23. 1 Ein Davids-salme.
Herren er min hyrding,
det vantar meg ingen ting.
2 Han lèt meg liggja i grøne enger;
han fører meg til vatn der eg finn kvile,
3 og gjev meg ny kraft.
Han leier meg på dei rette stigar
for sitt namn skuld.
4 Om eg så går i dødsskuggens dal,
ottast eg ikkje for noko vondt.
For du er med meg.
Din kjepp og din stav, dei trøystar meg.
5 Du dukar bord åt meg
framfor augo på mine fiendar.
Du salvar mitt hovud med olje;
mitt staup fløder over.
6 Berre godleik og miskunn
skal fylgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus
i lange tider.
Salme 104,14 Gras lèt du gro for dyra,
og for menneska vokstrar som dei kan dyrka.
Slik lèt du brødet koma frå jorda
15 – og vinen som gjer menneske glade.
Du lèt andletet skina av olje,
og gjev brød som styrkjer mennesket.
Vinen er symbol på kjærleiken frå Gud og oljen er symbol på salvinga av den Heilage Ande, den gir oss visdom og openberring. Denne vinen og oljen gjer oss glade.
Vi skal gå ut og hjelpe dei som ligg etter.
Vi må verte fylte av Guds Ande, hans salving og hans kraft og så skal vi gå ut og hjelpe dei som ligg etter, sitat frå
Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland:
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.
Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.
Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»
Vi må vere førebudd på motstand, liksom Josva fekk strid mot Amalekittane og liksom David fekk motstand frå Saul, vi får motstand frå den Lovlause. Så vi må kle oss i Guds fulle rustning.
Ef.6,10 Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. 19 Bed for meg òg, at eg må få dei rette ord når eg skal tala, så eg med frimod kan forkynna løyndomen i evangeliet, 20 som eg er sendebod for her i fengslet òg. Bed om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/05/2013-09-16-m-ta-vare-pa-den-fagre-skatten/ :
Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland:
«Eg har sagt i mitt ord at, ta vare på den fagre skatt som er dykk overgitt ved den Heilage Ande. Du skal vite det, at den vonde, han prøver stadig å røve det frå deg, det du har fått av meg. Derfor har eg sagt i mitt ord, hald deg nær til meg og eg skal halde meg nær til deg, seier Herren. For sjå, den vonde, han skyt brennande piler, men sjå, eg har gitt deg trua sitt skjold, som du kan sløkke alle den vonde sine brennande piler med. Du har ingen ting å frykte mitt barn, når du vandrar med meg og held deg nær til meg, så skal eg bevare deg på alle dine vegar, seier Herren. For sjå, seier Herren, ingen skal kunne rive deg ut av mi hand, så framt du vil halde deg nær til meg, så framt du vil følgje meg. Så skal du vite det, at eg følgjer med deg. Eg har jo sagt i mitt ord, sjå, eg er med deg alle dagar, inn til verda sin ende. Du har ingen ting å frykte, mitt barn, men ver frimodig og gå fram på den veg som eg leier deg. Og lytt til Andens røyst i denne tid og la deg leie, la deg bruke av meg, seier Herren og du skal verte til ei stor velsigning.
Mange av mine born, dei har mista den salving og den kraft som dei ein gong fekk av meg. Og sjå, no fortset dei i eiga kraft og dei finn på det eine og det andre. Og sjå, seier Herren, eg Herren, eg skal openberre mi kraft mellom mine heilage. Det folk som eg har reinsa, det skal forkynne mine gjerningar, seier Herren. Derfor ver observant i denne tida og lytt og sjå kva eg gjer i mellom dei heilage. Sjå ikkje på menneska omkring deg, sjå ikkje på om dei er mange eller få, seier Herren, når eg er mellom dykk, seier Herren, kan de forvente store ting, for eg er underets Gud.
Også i denne by har eg mange som er bundne, og som er bundne av Djevelens band og lenker. Sjå, eg vil løyse dei, eg vil setje dei fri. Sjå, det er mange som lid og eg skal vekke mange i denne tida. Så vere førebudde, mine born, for sjå, plutseleg, så kjem det som eg har tala om, at straumar skal komme og søke meg, for eg Herren, eg skal vere mellom dei og eg skal frelse, eg skal løyse dei og setje dei fri, seier Herren. Derfor skal de, mine born vere klar til å ta imot dei og gi dei mitt ord og fostre dei og lære dei alt eg har befalt dykk. Amen.»
Jesus salva henne Reella til samanlikning med David. Kva då med Virtuella?
Eg har skrive og vitna om at Gud at eg fekk ei åndeleg openberring der Kristus openberra seg for meg og henne Reella, ho var fantastisk vakker og så såg Jesus til hjertet hennar og salva henne med den Heilage Ande til samanlikning med når Samuel salva David til konge.
Kva så med henne Virtuella, Jesus hadde då for lengst salva henne også med den Heilage Ande. Ho og mange med henne har tydeleg vis vorte liggande etter og då skal dei som er sterke gå ut og hjelpe dei vidare på vegen eventuelt hjelpe dei inn att på vegen til Faderen. Då må vi vere førebudde på motstand, så det vert strid til samanlikning med at Josva fekk krig med amalekittane. Det er også mogleg vi får strid til samanlikning med korleis David fekk strid mot Saul, for dei er komne i maktposisjonar der dei eigentleg skulle tene Gud i tråd med hans Ord, men så har dei fornekta det og likevel sit dei i slike maktposisjonar.
Det kan utarte seg slik at dei først blir ustabile til samanlikning med Saul og så går det dårleg. Det går slik som det vart profetert om den Lovlause og dei som han forfører.
2.Tess.2,3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, 4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.
Eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar.
Kristus er Guds Ord og er trua sin opphavsmann og fullendar. Eg skal feste blikket på han.
Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.
Eg skal sjå på han, høyre på han og snakke med han, i tru skal eg erkjenne det verk han har byrja på og takke han for det med von om at han vil fullføra det.
Livet vart planta i meg ved Guds Ord når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse. Når eg gjekk på gymnaset vart eg litt kjend med ei kristen jente som eg kallar Virtuella. Ho spelte gitar og lovprisa Gud og Lammet for frelsa, ho lovprisa Kristus som sin Herre og frelsar. Han er Guds Ord og det forkynte ho både med tale og song. Då sa ho Sanninga og gleda seg over at den sette henne fri.
Eg merka eg at eg byrja å verte glad i henne, så eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,5).
Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.
Gud la lovsongen ned i meg, ved fylden av den Heilage Ande. Det var den nye songen, å lovprise Gud og Lammet for frelsa og han gir ikkje si ære til nokon annan (Jesaja.42,8-9.
Jesaja 42, Sjå, min tenar som eg stør,
min utvalde som eg har hugnad i!
Eg har lagt min Ande på han,
retten skal han føra ut til folka.
2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa
og ikkje bruka mælet på gata.
3 Han skal ikkje bryta eit broste sev
og ikkje sløkkja ein rykande veik.
Med truskap skal han føra retten ut.
4 Han skal ikkje trøytna
og ikkje bryta saman
før han har breitt ut retten på jorda.
Øyar og strender ventar på hans lære.
5 Så seier Herren Gud,
han som skapte himmelen og spente han ut,
og breidde ut jorda med alt som der gror,
han som gjev livspust til folket på jord
og ånd til dei som ferdast der:
6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
og teke deg i handa.
Eg har skapt deg
og gjort deg til ei pakt for folket,
til eit ljos for folkeslaga.
7 Du skal opna blinde augo
og føra fangar ut or fengslet,
dei som sit i mørkret,
ut or fangeholet.
8 Eg er Herren, det er mitt namn.
Eg gjev ikkje mi ære til andre
og ikkje min pris til gudebilete.
9 Det som vart varsla før, er kome,
og no kunngjer eg nye ting.
Før dei enno gror fram,
lèt eg dykk få høyra om dei.
Den nye songen
10 Syng ein ny song for Herren,
lovsyng han frå heimsens endar,
de som ferdast på havet,
og alt som fyller det,
de øyar og strender
og de som bur der!
11 Øydemarka med sine byar skal syngja,
landsbyane der Kedar held til.
Dei som bur på fjellet, skal jubla,
frå fjelltoppane skal dei ropa høgt.
12 Dei skal gje Herren ære,
forkynna hans pris på øyar og strender.
Eg fekk motstand og den kristne og karismatisk vekkinga fekk motstand. Det eg har å gjere då er berre å gi meg 100% til Kristus og la han ta seg av mi sak. Så vert det også heilt klart at han og eg fekk motstand frå den Lovlause, men han tyner han med pusten frå sin munn. Vi trudd på Kristus og kjendest ved han som vår frelsar og Herre, då sa vi Sanninga. Ho Virtuella sa Sanninga. Skal ho kanskje ikkje halde fram med det? Eller skal ho erstatte det med noko anna? Då må det i så fall vere løgn. Vi æra og takka Gud som hadde byrja den gode gjerning i oss, han gjorde sitt verk med oss, så vi skulle vere til lov og pris for hans herlegdom, ja, det var meininga.
Ef.1,3 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,
han som i Kristus har velsigna oss
med all Andens velsigning i himmelen.
4 I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt,
så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn.
5 I kjærleik og av eigen fri vilje
har han føreåt etla oss
til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus,
6 til lov og ære for hans herlegdom
og for den nåde han gav oss i sin kjære Son.
Men vi fekk motstand, som om der var ein kvan anna som hadde byrja si gjerning med oss i staden og som skulle fullføra den. Men det var ikkje sant og det vil som kjent betyr at det var løgn. Alternativet var avgudane og i det gamle testamentet er avgudane laga av stokk og stein kalla Lygna. Djevelen er far til Lygna.
Men Kristus er Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Han er den same og evangeliet er uendra, han tilbod til henne er framleis at ho for komme til han slik som ho gjorde når ho gjekk på gymnaset, ta imot han i tru og byrje å lovprise han som sin frelsar og Herre, kjennast ved hans om Sanninga som set henne fri, tale hans ord, så ho byrjar å snakke sant igjen.
Det same gjeld sikkert for mange med henne og det var dette oppdraget Jesus gav til kyrkja som er hans brud, at ho skal tru på han, elske han, leve for han og tene han. Det gir oss meining med livet.

