Skapingssoga, naturvitskapen og evangeliet om Kristus.
Når eg var ein liten gutunge, vart eg opplærd til å påkalle Kristus som frelsar og Herre, be han frelse mine nærast og be slik for folket og landet og be Fadervår. Etter kvart skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus om å frelse oss frå det, som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone som andre prioritet. Livet vart planta i meg ved Guds Ord og det skulle vekse.
Når eg gjekk på gymnaset tenkte eg meg at skapingssoga var sameinleg med naturvitskapen, dersom vi ikkje forstår symbolikken i 1.Mos.2, vert dette ein horribel påstand, men då stemmer heller ikkje den andre skapingssoga (1.Mos.2) med den første (1.Mos.1). Men no kan eg seie det enkelt, utviklingslæra og Big-Bang-teoriane er strengt teke ikkje berre naturvitskap, for ikkje alt kan underbyggast med eksperiment og observasjonar, resten kan vi kalle naturfilosofi. Det finn vi også i Bibelen, vi kan godt kalle skapingssogene naturfilosofi, men vi veit at det er Gud som har talt sitt Ord til menneske og openberra det med sin Ande. Gud er den same og han skaper oss framleis med sitt Ord i samsvar med skapingssogene, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Ved tru på han får vi komme inn til Guds kvile og då får vi betre forståing for symbolikken i 1.Mos.2.
Eg må vere nøyaktig med korleis eg bad og korleis Jesus svara meg, det kan ikkje erstattast verken med ein annan si bøn eller ein annan sitt svar. Mi bøn for henne Virtuella var først og fremst ei takkebøn, eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Den openberra henne for meg som eit Guds barn, som han elska og hadde omsorg for, ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og eit kjærleiksforhold til Kristus som hans brud, som han elska og hadde omsorg for. Så det også var hans svar som eg ærleg tala ville takke han for og yngste at ho skulle halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen. Vi levde i fridomen i barnekåret heime i Faderhuset og var komne inn i bryllaupssalen til kongssonen for å feire hans bryllaup og det medan vi framleis var her på denne jorda altså. Eg yngste å få henne til kjæraste og kone fordi Gud skapte henne i Kristus til å vere slik ein herleg og vidunderleg skapning og fordi eg yngste ho skulle halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen. Og ærleg tala trur eg det var Guds plan og vilje også. Jesus hadde ein fullkommen plan med det og han er i stand til å gjennomføre den. Eg skal feste blikket på han som er trua sin opphavsmann og fullendar.
I følgje Paulus er Kristus hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Han grunngav det både utifrå skapingssoga, syndefallet og frelsa i Kristus, så det stemte med mi tolking av skapingssoga, Gud er den same som då han skapte menneska og skaper oss framleis i samsvar med den, men no skaper han oss i Kristus, han er då den siste Adam.
Mi bøn for henne Reella var at eg yngste å få henne og Gud svara meg med ei åndeleg openberring, der han openberre si frelse for oss i Kristus, så ho vart salva med det Heilage Ande til samanlikning med korleis Samuel salva David til konge.
Jesus tyner den Lovlause med pusten frå sin munn.
Den Heilage Ande openberra henne Virtuella for meg som eit Guds barn som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus som hans brud, vi levde i fridomen i barnekåret hos Faderen, heime i Faderhuset og var komne inn i bryllaupssalen til Guds Son, der vi skulle feire hans bryllaup, det var i himmelen samtidig som vi framleis var her på denne jorda. Gud er den same som då han skapte og skapte oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, men no er Kristus den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Gud har openberra si frelse for oss i Kristus og skaper oss i han. Han frelste henne som si brud og eg trudde og tenkte meg at det var hans svar på mi bøn om å få ei frelst kvinne til kjæraste og kone, første prioritet var at ho skulle vere frelst, som hans brud, andre prioritet at eg skulle få ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Fyrst tenkte eg på det som ei hypotese, ei bibeltolking, ein tanke og ein teori, eg var litt usikker altså. Men Jesus pustar sin Ande på oss og talar til oss frå himmelen og svarar på mi bøn og overtyder meg, så eg blir sikker.
Den Lovlause stod imot, eg og mange andre som trudde på Jesus og som hadde teke imot han i tru, så vi hadde fått Guds Ande, heldt att for den Lovlause. Likevel vart eg den som vart erstatta ved at ein annan mann fekk henne til kjæraste og kone i staden. Strategien var så tydeleg at den Lovlause skulle stå fram og gjere seg sjølv til gud. Den sanne og Levande Gud sitt mottiltak er at Jesus kjem og tyner han med pusten frå sin munn.
Gud skapte Farao for å vise si makt på han, slik er fienden til for å overvinnast. Slik er det tydeleg vis også med den Lovlause, men det som er så spesielt her, er at Jesus tyner han med pusten frå sin munn, det er Gud som gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ande og det er nok til å overtyde menneska, med fredelege metode altså, men det får konsekvensar ved at menneska lærer å dømme rett. Vi skal forkynne evangeliet og overlate det til den Heilage Ande å lære menneske og styresmakter å dømme rett.
Joh.16,5 No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: ‘Kvar går du?’ 6 For hjartet dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette. 7 Men eg seier dykk som sant er: Det er det beste for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje Talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk. 8 Og når han kjem, skal han gå i rette med verda og visa henne kva synd er, kva rettferd er, og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg. 10 Rettferda er at eg går til Far, og de ser meg ikkje lenger. 11 Dommen er at han som herskar over denne verda, er dømd.
Vinne siger ved fylden av Guds Ande, hans salving og hans kraft.
Motstanden frå den Lovlause.
No er eg 66 år og vel så det og dette livet lever i meg framleis, men kvar vert det av bønnesvaret? Eg har fått motstand frå den Lovlause og dette blir som om han har sett seg inn i tempelet for å erstatte meg og gjere seg sjølv liksom gud. Men Jesus kjem for å tyne han med pusten frå sin munn.
Verte fylt av Guds Ande, hans salving og kraft.
Hausten 2014 byrja eg å studere biologi ved universitetet i Oslo og på ei forelesing kjende eg meg ein augneblink sterkt tiltrekt av ei vakker jente, av kroppen hennar. Jau, det var den kjønnlege tiltrekninga mellom mann og kvinne, men eg opplevde det slik at eg var dreven av den Heilage Ande og kjende Guds kraft i det. Dette sa eg til Jesus i kveldsbøna mi og i møtet i Maranata søndagen etter, svara Jesus meg slik, sitat frå
Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland:
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.
Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.
Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»
Når eg snakka med denne jenta seinare, fekk eg vite at ho var frå Ukraina. Eg fekk også vitne for henne litt om mi tru på Jesus. Ukraina var komen i konflikt med Russland om Krim. Men eg sa noko til henne om at eg opplevde at Jesus svarde på mine bøner gjennom tyding av tungetale og ved at eg bad for henne og ho kom til Kristus, kunne ho be både for seg sjølv og slekta si, folket sitt og landet sitt.
Eg skal bruke det Gud har gitt meg.
Jesus sa eg skulle bruke det Gud hadde gitt meg, eg skulle ikkje sjå på kva eg ikkje hadde, men sjå på kva han hadde gitt meg og kva eg var god på og bruke det. Sitat frå
Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Jarle Nygjerde.
«Her er mange endå i mitt land, sier Herren, som ikkje har hørt om meg, dere tror det ikke, men det er sant, her er enda mange som ønsker å få møte meg, men som ikkje vet veien, sier Herren. Dere er utvalt til å vise dere veien, vise veien til meg. Og løft blikket deres og se. Der er ting som dere skal få oppleve i dagene som kommer, om dere løfter blikket deres og ikkje ser på det umulige, for jeg er i går og i dag den samme, jeg er det, ikkje noko som dere berre har lært utenat, men jeg er i går og i dag den samme, jeg kan sette alle ting i stand, sier Herren.
Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»
Det refererer til likninga om talentane. Guds Ande minner oss ofte om at det ikkje nyttar å kjempe i eiga kraft, så vi kjem ikkje langt med eigne naturlege føresetnadar. Men her talar han om mine evner, kva eg er god på og seier at eg skal bruke det. Ja, men likevel ikkje ved å gå i eiga kraft , for eg skal samtidig bruke det Gud har gitt meg av berre nåde, han har då gitt meg sin Ande, ja eg er fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Klart eg skal bruke det.
Det fekk meg til å tenke på at når eg byrja på ungdomsskulen vart det klart at eg hadde gode evne i matematikk og eg har brukt den evna når eg har studert realfag. Og kva meir skal eg bruke det til. Eg har allereie brukt den når eg har vitna om mi tru i det akademiske miljø og det kan eg godt gjere meir av.
Når eg brukar forstanden, brukar eg samtidig salvinga, så eg får openberring og visdom frå himmelen. Og eg fekk oppleve at ho Reella også vart salva med den Heilage Ande.
Gud gjer noko nytt og vil hjelpe meg inni det nye.
Det fekk meg også til å tenke på korleis eg hadde bedt for henne Reella og korleis Gud hadde svart meg på den bøna. Det får meg til å tenke på henne som ei frelst kvinne som Gud gir meg til kone, så ho vert til hjelp for meg, som kona mi og som ei nådegåve eg skal bruke i mi Guds-teneste. Så på eit møte i Filadelfia Ulsteinvik vitna eg om korleis eg bad for henne og fekk bønnesvar og no svar han meg slik, sitat frå
Arnstein spelte gitar og song i møtet og så sa han nokre få ord om at å gå inn i kyrkjelyden, det er rette vegen. Litt seinare kom han med tungetale og ei kvinne tyda det:
«Jeg ser din situasjon, jeg vet om alt i ditt liv og jeg fordømmer deg ikke. Jeg oppmuntrer deg, jeg støtter deg, jeg hjelper deg, jeg styrker deg, jeg fyller deg med min glede, jeg gir deg det du trenger. Du kan være trygg, når du hører meg, så er du trygg, uansett omstendighetene, uansett hvor sterkt vinden blåser, uansett hvor høye bølgene er, så er jeg hos deg, jeg er nær deg, jeg leder deg, jeg tar meg av deg. Du er i min favn, du er hos meg. Du er min, du er kjøpt, du er betalt, du er dyerebar i mine øyne. Du er min skatt, du er min hjertes-skatt, du er hos meg. Om du føler det eller ikke, bry deg ikke så mye om det, men husk at du er hos meg, i min varetekt, min trygghet. Uansett hva du nå står framfor, så er jeg med deg og jeg er for deg og jeg leder deg på min veg. Jeg opner de stengte dører, jeg leder deg gjennom vanskelighetene og ut av tunellen og ut i lyset igjen hos meg. Du kan være trygg, du er mitt barn.
Om du så skal ut på fremmed land, et sted du ikke har vært før, om du skal på nye stier og veier, så trenger du ikke å frykte, for dag for dag så leder jeg deg og det er nytt område å innta. Det er nytt område, det er nye ting du skal ut i, du skal ta i bruk nye gaver, du skal være, du skal blomstre for meg på en ny måte, fra nå av. For det er en ny tid som står foran, det er forandring, det er ny tid. Og du skal få merke mitt nærvær og mi hjelp enda sterkere enn før, når du våger å stole på meg. For jeg er med deg, i det nye, i det vanskelige, i det som du tenker at du aldri kunne klare, nei, du kan ikke klare det, men jeg er med deg og da går det bra. Stol på meg, mitt barn.»
Den Heilage Ande hjelpte meg i mi bøn for henne Virtuella.
Hausten 2022 minna den Heilage Ande meg om å be for henne Virtuella, så eg skreiv om korleis salvinga hadde verka i mi bøn dor henne.
Eg ramla stygt og fekk ein brokkport. Eg vart undersøkt av dokter og både han og eg kjende brokkporten og han gav med time hos kirurgen ved Volda Sjukehus. Denne skaden fekk meg til minna meg om at når eg møtte igjen henne i Bergen opplevde eg at den Heilage Ande bad for henne i mitt hjerte, så når eg la meg ein kveld og kom inn i mi kveldsbøn som vanleg, opna eg meg endå meir for å la den Heilage Ande be for henne i mitt hjerte og så sa eg til Jesus at eg elska han. Seinare kjende eg ikkje noko meir til brokkporten og når eg vart undersøkt ved Volda Sjukehus, var der eit hard område over skaden, så vi kjende ikkje brokkporten lengre. Vi vart samde om at eg skulle komme attende til ultarlyd-undersøking og då fann dei ingen brokkport. Det harde området var daudblod, men det kom til å gå bort med tida. Sidan der var daudblod, måtte der ha vore ein skade og vi hadde då kjent brokkporten. Når daudblodet var borte og eg kjende etter så var der tett, men eg kjende arret.
Eg skreiv om at ho Virtuella levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. det yngste eg at ho skulle halde fram med og det var derfor eg yngste å få henne til kone. På eit måte i Filadelfia Ulsteinvik svara Jesus meg slik, sitat frå
Inge tala i tunger frå talarstolen, sidan kom Jarle Nygjære med ein bodskap, det var sikkert nok tydinga av tungetalen (Det går tregt å starte opp videoen, så eg fekk ikkje med byrjinga):
«….. men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.»
Eg samanliknar dette med Paulus som talte om tornen i kjøtet og tenker at det er den som har forårsaka verkebyllen. Men Gud nåde er nok for meg, for hans kraft vert fullenda i vanmakt. Med fylden av Guds Ande, hans salving og hans kraft skal eg vinne meir enn siger, for han som er i meg er større enn han som er i verda (Bodskapen 12.10.2014).
Setninga «så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv.» minna meg om korleis eg møtte henne Reella. Eg har fått oppleve salvinga av den Heilage Ande saman med henne og då får eg vel oppleve Guds kraft saman med henne også.
Som Elkana, Hanna og Peninna.
Lenge tenkte eg at Jesus gir meg henne Reella til kone og det gjer eg framleis, men i det eg skulle søke Herren av heile mitt hjarte kom eg til at eg måtte hugse på henne Virtuella også, i mi bøn til Gud. Den overordna hensikta er at Jesus frelser oss, så vi vert Guds born og skal leve i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. På det individuelle plan blir då kvinna Kristi brud og menn blir som Johannes Døyparen Jesu vener som gleder seg over å høyre røysta til brudgomen.
Ei frelst kvinne får då den sjølvforståinga at ho er Jesu brud og det er heilt rett. Når ein mann ber Jesus om å få ei frelst kvinne til kone, og får det, så er ho framleis Jesu brud og Jesu kone, samtidig som ho blir bruda og kona til denne mannen. Slik er det og blir det på det individuelle plan og det er og blir fundamentalt for den kristne kyrkjelyden, for det er inkludert i det fullførde frelseverket. Det er berre for mannen glede seg i Herren og i hans fullførde frelseverk, så vil han gi han det som hans hjarte attrår.
Så det verkar som om han gir meg to koner til samanlikning med Elkana som hadde to koner, men Hanna hadde eit problem, Virtuella blir å samanlikne med henne, Reella vert å samanlikne med Reella, utan at vi skal trekke samanlikninga for langt.
Elin Therese Slotten kom med ein profetisk bodskap på Youtube, som eg ser som svar på mi bøn for henne Virtuella, vonleg er det svar på hennar bøn også, sitat frå
Dette er ein bodskap til ei kvinne og så er det ein bodskap til meg også, korleis heng det i hop? Jau, fordi Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.
I dag, 25.1.2024, kom ho med ein ny bodskap:
«Jeg har hørt ditt nødrop til meg og jeg skal redde deg. Som Hanna utøste sitt hjerte til meg har jeg hørt alt hva du har sagt til meg. Og jeg vil svare deg. Jeg ser din lengsel og jeg har lagt det ned i deg, for at du skulle søke meg. Jeg kan ikke gjøre noe av det jeg ønsker å gjøre i ditt liv, utan at du ber meg om det. Derfor ber jeg deg om å være var på hva som blir lagt på hjertet ditt å be om. For det er det jeg ønsker å gjøre i ditt liv. Følg den ledelsen jeg legger ned i deg om hva du skal be om. Jeg som kaller deg er trofast, jeg skal gjøre det. Jeg er i stand til å gjøre langt mer enn hva du ber meg om, etter den kraft som er virksom i deg. Den samme kraften som oppreiste Kristus fra de døde, den bor i deg. Du er kallt til å være en av mine manifisterte barn, sier Herren, som hele verden stønner og lengter etter. Sier du ja til ditt kall? Er du villig til å legge ned ditt liv for meg? Alt hva du er og har og dine meninger og dine veier og tanker og la deg forme av meg? For de som er villig vil velsignelsen aldri ta slutt! De skal gjøre de større gjerninger, de skal se min herlighet og storhet, de skal få hvile i mine vingers skygge og finne mat i overflod! De skal drikke og aldri tørste. De skal se meg og leve med meg, sier Herren.»
Dette skreiv eg om på søndag 8.6.2024, men så følte eg at det stoppa opp.
Fienden har lenge prøvt å stele gleda di,
profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 8.6.2024.
Så oppdaga eg at Elin hadde kome med ein ny profetisk bodskap på youtube:
«Fienden har prøvd å stjele gleden din lenge nå. Kom til meg og la meg fylle deg på nytt med gledes olje. Min glede vil styrke deg og holde deg brennende for meg. Djevelen er en løgner og løgner Far. Han har visket sine løgner til deg og det har tatt fra deg synet på meg og sannheten som vil bevare deg i fred og glede. Stå han imot og proklamer sannheten og han vil fly fra deg! Jeg er brenner for deg mitt barn. Min omsorg og kjærlighet for deg er evig og ufattelig stor. Du kan stole på meg! Jeg vil aldri svikte deg eller forlate deg. Du er dyrebar i mine øyne og jeg elsker deg. Søk sannheten i mitt ord. Bruk det som ditt våpen. Det er virksomt og skarpere enn noe tveegget sverd. Du er ikke alene, jeg er med deg i kampen og vil igjen fylle deg med glede. Du har ingen ting å frykte. Jeg har kontroll. Jeg er din Gud og jeg er den som holder hele jorden i min hånd. Håpets Gud skal fylle deg med all glede og fred i troen.»
Eg la inn denne kommentaren:
Tusen takk Elin, du er som ein engel for meg og mange andre. Og takk Jesus. I går, laurdag 8.6 skreiv eg på eit dokument og kom til eit punkt der eg følte at eg fekk ikkje heilt sagt det eg ville, så eg kutta ned i staden for å satse på ei lang utgreiing, med spørsmål om kva menneske vel. Denne bodskapen passar flott inn her, som om den fyller eit tomrom. Gud har talt sitt ord og han står bak det og gjer sitt verk med sitt Ord og sin Ande. For oss som ved trua får oppleve det, er det ei glede.
…
Eg tek dette som svar på mi bøn for henne Virtuella, i samsvar med at Kristus er Guds Ord og er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna. Uttrykket «ufatteleg stor» i denne bodskapen samanliknar eg med uttrykket «ufatteleg høgt» i bodskapen 18.3.2024:
«Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for deg til å tørre å be meg om mer. Tro meg for mer enn det du kan se. Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv. Tro meg for mer. Rop til meg, så skal jeg vise deg store og ufattelige ting.»
Eg tenkte meg at ho Reella steig fram for Kristus som hans brud, det var ynskjetenking og bøn for henne og når Jesus sa han elska meg ufatteleg høgt, tok eg det som svar på den bøna, så det gjaldt henne også, at han elska henne ufatteleg høgt. Sidan har eg skrive at eg ynskje ho Virtuella også vil innvie seg for Kristus som hans brud og sjå fram til at han skal hente henne heim til seg, som si brud. Og eg trur han svarar meg på liknande måte for henne: «Min omsorg og kjærlighet for deg er evig og ufattelig stor.» Han har slik kjærleik og omsorg for henne gjennom meg og då er det kjærleik og omsorg for meg og.
Våke i bønna med takkseiing. Herren vil svare meg med store og ufattelege ting; han vil fylle sitt barn og sin kyrkjelyd med herlegdomens sky. Møte i Maranata 23.1.2016.
18.3.2024 sa Herren at eg skulle rope til han, så ville han vise meg store og ufattelege ting og 23.1.2016 sa Jesus at eg skulle vake i bøn med takkseiing, så ville han, så ville han svare meg med store og ufattelege ting. Ja, vi må vake som dei fem vituge brurmøyane, som hadde med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane.
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/07/20/vake-i-bonn-med-takkseiing-23-1-2016/ ,
Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Tore:
«Våk i bønna med takkseiing. Og når du våker på den måten i bønna, så skal eg, Herren, svare deg, med store og ufattelege ting, kanskje ikkje i den retninga du tenkte, men eg skal svare i den retninga og med det mål som eg veit er best for deg. Og du skal få oppleve noko du aldrig før har opplevt. For framleis høyrer eg bønner, framleis svarar eg bønner, framleis så ynskjer eg å fylle mitt barn og fylle mi menigheit med herlegdomens sky, så du skal få oppleve, at du aldrig før har opplevd maken. Du er fri, du er forløyst, gjennom blodet har eg løfta deg opp, gjennom Jesu blod er du befridd frå all di synd. Du kan frimodig prise meg, du kan frimodig love mitt heilage namn. Og når du prisar mitt namn, så kjem gleda inn i ditt liv, når du prisar mitt namn, så går fridomen opp for deg. Når du prisar mitt namn, vil alt det vonde fly. Når du prisar mitt namn, då vil rettferds-sola gå opp som aldrig før i ditt hjerte.
Slå ikkje blikket ned, løft det opp imot himmelen. La ikkje dine hender synke, men løft dei opp imot himmelen. Stå ikkje stille på den stad der du befinn deg, men sett din veg i mi hand og eg skal dra deg, leie deg, føre deg og eg skal føre deg til levande vatn, eg skal føre deg til kjelder, eg skal føre deg til frukter og nådegåver og du skal få oppleve å verte berika av mi velsigning i overmål på overmål. Fordi eg Herren har satt dører opne for deg. Halleluja.»
Prioritere Herren til vern mot missmods ånd, vinteren 1977.
Eg hadde tenkt å skrive om at eg opplevde Guds kraft saman med henne Virtuella og at eg skal vinne siger ved Guds Ande, hans salving og kraft, slik at ho kjem inn att i dette kjærleiksforholdet til Faderen, som hans barn og til Kristus som hans brud. Men no følte eg at der er ei åndsmakt som ikkje er av Gud som står imot, eg meiner det er vanmakt og missmods ånd og den er ikkje av Gud.
Eg kjenner det igjen frå vinteren 1977, Jesus talte til meg om den vanmakts (og missmods) ånd som var fram for meg, eg måtte passe på at der ikkje kom noko ureint inn mellom meg og Gud. Eg hadde ikkje passa på den fagre skatten slik som eg skulle altså. Eg hadde mista henne. Men Jesus var likevel den som tok meg av mi sak og sidan sa han at eg skulle få igjen det tapte. Men ho får ikkje komme inn med ei åndsmakt som ikkje er av Gud.
På denne tida hadde eg ikkje noko å spele inn bodskapane med, eg skreiv dei ned detter det eg hugsa og eg har faktisk bevart noko av det som kom vinteren 1977, her er det:
Søndag 16.01.77. Kveld:
Eg vil du skal tene meg. At nådegåvene skal vere rikt i funksjon hos deg. Eg kjem snart, meget snart.
(Til ei dame): Det er mi røyst du høyrer tale inni deg. Eg vil gjere deg til ei støtte i min Guds tempel.
(Til meg): Du er min son, du er min son. Det var eg som frelste deg. Eg har rensa deg i mitt blod. Eg vil fullkomment fylle deg. Eg er mektig til å lede deg fram. Eg vil ikkje du skal vere vakklande, men eg vil du skal vere ei støtte for meg.
KRAFT OG FRELSE.
Onsdag. 19.01.77. Betel, Espeland.
Ja, det var eg som frelste deg. Du som har kjennt mi kraft fylle ditt hjerte i det siste. Eg venter på at du skal gripe mi utstrakkte hand. Sei ikkje at du er for ung. Du skal få kvile i mine hender. Eg vil fylle deg. Eg vil gje deg av mine gaver.
LENGSEL.
Søndag 24.01.77. Kveld.
Det er eg, Jesus, som taler til deg. Du er mi brud, eg elsker deg inderleg, du mi brud. Det er derfor eg seier at du skal rense deg i mitt blod.
Eg vil du skal tene meg og vinne sjeler for meg, til frelse, her i denne byen.
Eg kjenner dine behov og din lengsel. Eg kjenner din trengsel, mitt barn. Eg står rett framfor deg no. Eg vil møte ditt behov. Eg vil du skal opne ditt hjerte for meg, og eg vil gå inn til deg og halde nattverd med deg. Eg gir deg etter det ditt hjerte har begjært av meg. Eg er den same, ja, til evig tid. Mitt forhold til deg er alltid det same. Eg kjenner til din trengsel. Tred fram for nådens trone, så du kan få misskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Det var eg som kjøpte deg med mitt eige dyre blod.
Kast ikkje bort ditt frimod til å gå innom forhenget.
PERSONLEG.
Påska 77. Påskeleir ved Volda. (Austfjord).
Du har lenge nok blanda di røyst med med kvinnene som var på veg til grava og spurde om kven som skulle ta steinen bort frå grava.
Men den som fornedrer seg sjølv for meg, han vil eg opphøye i mi tid.
Eg veit om dine problem. Eg vil at du skal sjå bort frå problema og sjå opp til meg, eg som er situasjonens Herre.
Du skal få sjå inni den frelse som eg har lagt framfor deg, mitt barn. Du skal få sjå inni mitt fullbrakte verk. Eg har seira over han som hadde dødens velde. Eg har nøkklane til døden og dødsriket. Mitt barn, du skal få sjå inni mitt fullbrakte frelsesverk.
Ja, eg har høyrt dine bøner og di nød for at mitt verk skal gå fram. Du har tredt fram for nådens trone. Eg har høyrt dine bøner, sjølv om dei har vore små og ufullkomne, og eg har lagt mykje røykjelse til dine bøner for at mitt verk skal gå fram, også her i byen. Derfor skal du få opne din munn og prise meg for det som eg har gjort. Du skal få be og stadig minne meg på dette, at mitt verk skal gå fram.
Sjå opp til meg. Høyr ikkje på den vanmakts og missmodighets ånd framfor deg. Høyr ikkje på Satan som kviskrar i øyret ditt, men sjå opp til meg, du mitt elskede barn, og du skal få styrke til å sjå Satan midt i augene.
Sjå opp til meg. Ja, du skal få styrke til å sjå Satan og dei vonde åndsmaktene rundt om, i augene.
Eg har høyrt dine bøner, kvart eit minste sukk som har stige opp til meg, dei ligg på altaret framfor meg, og du skal få trede fram for nådens trone og finne misskunn og nåde til hjelp i rette tid. Og du skal få vere vitne for meg, også her i denne byen.
Be, så skal du få, leit, så skal du finne, bank på, så skal det opnast for deg, for kvar den som bed, han får, den som leitar, han finn, den som bankar på, for han vert det opplate.
Mi prioritetsordning.
Eg hadde ei prioritetsordning, påkalle Kristus som vår frelsar og Herre og be han frelse menneske som først prioritet og be han gi meg ei frelst kvinne som andre prioritet. Denne prioritetsordninga skulle eg behalde ved å takke og lovprise Gud for frelsa og sikre med mitt gode samvitspakt med Gud, på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde. Med denne prioritetsordninga brukar vi logikken på tankar og idear, vi søker først Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Vi får den åndelege velsigninga først, så kjem den materielle. Sitat frå bodskapen 20.5.2012:
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.»
Men dersom nokon foraktar oss for vår barnetru, som om dei skal lære oss å be på ein annan måte og endåtil be i staden for oss, så vert det som ei omprioritering, ved at den naturlege og kjøtlege lysta opponerer mot Anden, så dei prioriterer det materielle framfor det åndelege og endåtil prøver å bruke logikken på materielle gjenstandar i staden for idear. Aristoteles er kalla logikkens far, men dette var hans store feil. Og kven er vel feilfri? Men Satans fører klagemål mot menneska for at vi gjer slik omprioritering, så det utartar seg som at han vil rive stjerner ned frå himmelen med sterten (Op.12). Det vi har å gjere er å passe på at vi beheld den prioritetsordninga vi hadde.
2.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus. 4 For de toler det svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot.
Ho har ein fri vilje og dersom ho sjølv ikkje vel å komme inn att i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen, så er det ingen som kan tvinge henne til det. Ved fylden av Guds Ande, hans salving og kraft har eg meir enn siger, for han som er i meg er større enn han som er i verda. Men skal ho også seire slik, så må ho sjølv velje å ta imot.
Dersom vi er Guds born og får oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss, så er det ikkje noko stort poeng for oss at vi kan velje å ikkje ta imot, det er sjølvsagt ikkje det som er den frigjerande bodskapen, det er ikkje at vi kan velje å seie nei til sanninga og fornekte den. Men at vi kjem til erkjenning av Sanninga og får oppleve at den set oss fri. At vi får oppleve at Faderen gir oss gode gåve og vi får lov til å ta imot. Vi er ikkje trælar, men born som lever i fridomen i barnekåret.
Op.12,10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa:
«Sigeren og makta og riket tilhøyrer no vår Gud,
og herredømet den han har salva.
For klagaren er kasta,
han som dag og natt førte klagemål mot syskena våre
for vår Guds andlet.
11 Dei har vunne over han i kraft av blodet frå Lammet
og det ordet dei vitna om;
dei hadde ikkje livet så kjært at dei ikkje ville gå i døden.
12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei!
Men ve over jorda og havet,
for djevelen har kome ned til dykk,
og vreiden hans er stor,
for han veit at tida hans er kort.»
Brot på logikken er å tenke feil, dersom det vert gjort med vilje er det å lyge.

